Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

13 Samansettinga av jordskifteretten og jordskifteoverretten i jordskifte-, grensegangs- og rettsutgreiingssaker

13.1 Gjeldande rett

Jordskiftedomstolen si samansetting er i dag regulert i jordskiftelova § 9. Hovudregelen er at jordskifteretten i den einskilde saka er samansett av ein jordskiftedommar og to meddommarar. Dersom partane er samde om det og jordskiftedommaren samtykker, kan jordskifteretten settast utan meddommarar. Jordskifte overretten er samansett av ein jordskifteoverdommar og fire jordskiftemeddommarar. I § 9 siste ledd er det ein særregel for skjønnssaker, som vert tolka slik at jordskifteretten alltid må vere sett med to meddommarar når jordskifteretten opptrer som skjønnsrett.

Kravet om at partane må vere samde om at jordskifteretten kan settast utan meddommarar for at det skal vere høve til dette, inneber at det må liggje føre skriftleg samtykke frå alle partar. Dette er ikkje uproblematisk, fordi perifere partar ikkje interesserer seg for rettens samansetting og derfor heller ikkje gjev noko skriftleg samtykke til handsaming med einedommar. Der dei «aktive» partane skriftleg har godkjent handsaming med einedommar, vert nok regelen diverre ofte broten. Dette er ei lovstridig handsaming som er ein absolutt opphevingsgrunn dersom det vert anka over dette, jf. tvistemålslova § 384 nr. 1.

13.2 Framlegget i rutinerapporten

Rutinegruppa foreslår at det vert gjort til hovudregel at jordskifteretten skal settast utan meddommarar, d.v.s. med jordskiftedommaren som einedommar. Ein vil då sleppe arbeidet med å innhente samtykke frå alle partar, og ein vil vidare sleppe problemet med dagens lovstridige praksis. Det er dessutan mange jordskiftesaker som er enkle og som eignar seg godt for handsaming med einedommar. Rutinegruppa foreslår vidare at jordskifteretten skal settast med to meddommarar dersom nokon av partane krev det, eller retten finn det ønskjeleg. Subsidiært foreslår gruppa ein regel som går ut på at hovudregelen er to meddommarar, men dersom ein part krev einedommar og ingen protesterer innan ein frist som jordskiftedommaren har sett, så kan jordskifteretten settast med einedommar.

I skjønnssaker foreslår arbeidsgruppa ikkje nokon endring, bortsett frå ei presisering i jskl. § 9 sjette ledd om at desse sakene alltid skal gå med to meddommarar. Sjølv om gjeldande regel vert tolka slik i dag, er den uklår og har gjeve opphav til diskusjonar. Det har mellom anna vore ulike oppfatningar om det skal vere to eller fire skjønnsmenn/meddommarar i skjønnssaker.

Når det gjeld jordskifte overretten, foreslår arbeidsgruppa inga endring i hovudregelen om at samansettinga skal vere ein jordskifteoverdommar og fire meddommarar. Derimot vert det gjort framlegg om at dei sakene som har vorte handsama av jordskiftedommaren åleine i underinstansen, berre skal handsamast med to meddommarar i jordskifteoverretten i staden for fire. Dersom nokon krev at det skal vere fire meddommarar, eller retten sjølv ønskjer det, skal overretten settast saman etter hovudregelen. Tanken er her at det ofte ikkje vil vere nødvendig med fire meddommarar i overretten når saka er av ein slik karakter at partane har valt å la henne gå utan meddommarar i underinstansen. Det vert eit meir naturleg forhold mellom sakshandsaminga i første og andre instans med ein slik regel. At overretten likevel kan settast med fire meddommarar dersom ein part eller retten ønskjer det, er ein tryggleiksventil.

Rutinegruppa ønskjer og at overretten skal kunne sette ein frist med preklusiv verknad for å kreve fire meddommarar der hovudregelen skal vere to meddommarar.

13.3 Høyringsfråsegner

Hjå høyringsinstansane er det god oppslutning om arbeidsgruppa sine framlegg.

Når det gjeld framlegget om at einedommar skal vere hovudregelen i jordskifteretten, gjev fleire representantar for Jordskifteverket uttrykk for at dette er noko dei i alle høve har praktisert lenge, og at det ofte er svært vanskeleg å få perifere partar til å uttale seg om meddommarspørsmålet. Dei ønskjer framlegget velkomen fordi praksisen deira då ikkje lenger vil innebere nokon feil i sakshandsaminga.

Fylkesjordskiftekontoret i Nord-Trøndelag uttaler:

«Vi er helt enig i at den ordningen for sammensetting av jordskifteretten som gjelder i dag blir snudd slik det er foreslått i rapporten. Problemet med dagens ordning er som påpekt at det kreves en klar viljesytring fra samtlige parter før en sak kan behandles som enedommersak. (......)

Det må være små betenkeligheter med å gjennomføre den foreslåtte speilvending. Enhver av partene vil fortsatt ha anledning til å kreve retten satt med meddommere og som sikkerhet kan jordskiftedommeren selv bestemme at det skal være med meddommere.»

Fylkesjordskiftekontoret i Vestfold uttaler:

«En speilvending av dagens system med en jordskiftedommer og to meddommere til jordskiftedommeren som enedommer, når intet annet er krevd, synes å ha mye for seg. Blant annet slipper man de nå ofte noe uklare forhold hvor hovedpartene har undertegnet på kravet, mens mer perifere parter ikke har underskrevet.»

Justisdepartementet uttaler:

«Vi har ingen innvendinger mot forslaget til endringer i jordskifteloven § 9.»

Det er likevel ikkje alle som støttar framlegget. Telemark, Møre og Romsdal og Oppland fylkesjordskiftekontor og Eidsivating og Gulating jordskifteoverrettar meiner at det må skillast mellom grensegang- /rettsutgreiingssaker og tradisjonelt jordskifte, fordi det er eit stort innslag av skjønn i tradisjonelle jordskiftesaker. Desse høyringsinstansane er og redde for at partar kan vegre seg for å kreve meddommarar, fordi ein konsekvens av dette vil vere auka sakskostnader ikkje berre for parten sjølv, men og for dei andre partane.

Fylkesjordskiftekontoret i Telemark uttaler:

«Mange jordskiftesaker innebærer betydelig skjønn, og jordskifteretten kan derfor ikke sammenlignes direkte med herredsretten. Vi stiller et spørsmålstegn ved om det er riktig å innføre enedommer som hovedregel i jordskifteretten. Partene vil føle at ved å kreve meddommere påfører de saken kostnader, både for seg selv og for de øvrige partene. Dette blir lett en sperre for å kreve meddommere. Vi lurer på om ikke forslaget på s. 45 kan være et fornuftig alternativ. Dette lyder: «Et annet alternativ er å beholde dagens hovedregel med at jordskifteretten settes med meddommere, men med mulighet for å kreve enedommer. Dersom enedommer er krevd og ingen protesterer mot dette innen en gitt frist, blir retten satt med jordskiftedommeren som enedommer.»

Fylkesjordskiftekontoret i Møre og Romsdal uttaler:

«Vi kan ikke se at det er så mye ekstra arbeid med å administrere en meddomsrett. Det virker uheldig å kalle nyordningen med enedommer hovedregelen. En må huske på at partene ofte møter uten advokat, en kan ikke uten videre sammenligne med de ordinære domstoler.»

Eidsivating jordskifteoverrett uttaler:

«Rett nok finnes enkle saker der behovet for meddommere er lite, men disse bør ikke være retningsgivende for jordskifteprosessen m.h.t. rettens sammensetning. Jordskifteprosessen bør utformes for de saker som er samfunnsviktige. Disse medfører store konsekvenser for partene og har en vanskelighetsgrad som ligger over det en finner ved vanlige skjønnssaker. Disse jordskiftesakene kan ikke sammenliknes med tvistesaker for de alminnelige domstoler, som tilfellet er med grensegang.

Vi følger gruppens tilråding når det gjelder saker etter jskl. § 2 h og § 88 (rettsutgreiing og grensegang), men for øvrige jordskiftesaker etter § 2 er det viktig for både rettssikkerheten og etatens omdømme på bygdene at jordskifteretten som hovedregel settes med to meddommere.»

Ingen har uttalt seg om framlegget om presisering av regelen om at det alltid skal vere to meddommarar i skjønnssakene.

Alle som har uttalt seg, er samde i framlegget om to meddommarar i jordskifte overretten i dei sakene som har vorte handsama utan meddommarar i underretten.

13.4 Departementet sine merknader

Når det gjeld dagens regel i jskl. § 9 femte ledd om vilkåret for å sette jordskifteretten utan meddommarar, er departementet samd i at denne har vist seg å ikkje fungere godt i saker med meir uoversiktlege og perifere partshøve.

Departementet meiner likevel at argumentasjonen i rapporten og ein del av høyringsfråsegnene tyder på at bruken av einedommar har fått eit større omfang enn det som var intensjonen då regelen kom inn. Framlegget om å gjere sakshandsaming med einedommar til hovudregel er etter departementet si oppfatning og eit teikn på dette. Regelen i lova av 1950 var at jordskifteretten berre kunne settast utan meddommarar dersom saka gjekk som voldgiftssak, og voldgift vart funne uheldig av di partane misser ankeretten ved voldgift. Tanken då denne regelen vart endra, var at einedommar først og fremst skulle nyttast i enklare saker dominert av teknisk arbeid, jf. Ot. prp. nr. 56 for 1978-79 s. 58 og 78.

Departementet er samd med dei høyringsinstansane som går imot framlegget. Det er fortsatt departementet si haldning at meir kompliserte tvistesaker og saker med mykje skjønn skal gå med meddommarar, og ein er etter dette skeptisk til framlegget om å gjere det til ein hovudregel at jordskifteretten skal settast utan meddommarar. Det er utan tvil slik at ein del av sakene for jordskifteretten kan gå med jordskiftedommaren som einedommar, men dette er etter departementet si oppfatning ikkje god nok grunn til å gjere einedommar til hovudregel. Sjølv om ein part kan kreve retten sett med meddommarar, vil framlegget etter departementets oppfatning ha ein uheldig signaleffekt i ein situasjon der bruken av einedommar snarare bør bli mindre.

Departementet har vurdert ei delt løysing, t.d. einedommar som hovudregel i grensegang- og rettsutgreiingssaker og to meddommarar som hovudregel i dei meir tradisjonelle jordskiftesakene med mykje skjønn. Ein har likevel kome fram til at dette vil vere vanskeleg å halde seg til både for retten og partane, etter som ei sak for jordskifteretten ofte er sett saman av mange ulike element.

Som ei følgje av dette går departementet inn for at hovudregelen fortsatt skal vere at jordskifteretten skal settast med to meddommarar. Departementet si intensjon er at dette ikkje berre skal vere hovudregelen i lova, men og i praksis. Dei sakene som vil vere mest aktuelle for handsaming med einedommar, er grensegangssaker og andre enkle saker med lite innslag av skjønn.

For å unngå problemet med at alle dei partane som er interesserte nok til å uttale seg om spørsmålet, ønskjer einedommar, medan dei meir perifere partane ikkje gjer dette, og dermed kan blokkere for dei andre, går departementet inn for ei speilvending av dagens regel. Dette framlegget er drøfta av arbeidsgruppa, men har fått ein subisdiær karakter i høve til framlegget om einedommar som hovudregel. Fylkesjordskiftekontoret i Telemark går i si høyringsfråsegn som nemnt inn for dette framlegget. Etter denne ordninga vil vilkåret for å sette jordskifteretten utan meddommarar vere at ein part ber om einedommar, og at ingen av dei andre partane protesterer innan ein frist som jordskifteretten fastset. I tillegg må retten vere samd i at saka kan gå utan meddommarar.

Departementet meiner vidare at det bør vere tilgang til å sette jordskifteretten med fire meddommarar der heilt spesielle omsyn gjer seg gjeldande. Dette vil først og fremst gjelde store og kompliserte saker med mykje skjønn og/eller der det trengst mykje forskjellig kompetanse i saka. Det skal vere eit vilkår at minst ein part krev det og at retten sjølv finn det ønskjeleg.

Departementet støtter vidare framlegget om at saker som har gått med einedommar i underretten, som hovudregel skal gå med to meddommarar dersom saka vert anka til jordskifteoverretten. Dersom ein part krev det, eller jordskifteoverretten finn det nødvendig, skal jordskifteoverretten likevel settast med fire meddommarar. Departementet går vidare inn for arbeidsgruppa sitt framlegg om at jordskifteoverretten skal kunne sette ein passande frist for partane for å kreve fire meddommarar. Dersom krav ikkje er sett fram innan fristen, skal jordskifteoverretten settast med to meddommarar i dei sakene som har gått utan meddommarar i underretten.

Saker som har gått med to meddommarar i underretten, skal fortsatt gå med fire meddommarar i overretten.

Til forsiden