Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

33 Vilkåret for bruksordning etter jordskiftelova § 2 bokstav c nr. 2

33.1 Gjeldande rett

Jordskiftelova § 2 bokstav c nr. 2 har følgjande ordlyd:

«gi reglar om bruken i område der det ikkje er sambruk mellom eigedomar, når jordskifteretten finn at eigedomstilhøva gjer bruken særs vanskeleg»

Departementet viser til brev dagsett 2. desember 1996 frå «Bruksordningsutvalget», der det vert gjeve ei god framstilling av den historiske utviklinga av instituttet for bruksordningar og sams tiltak. Brevet er teke inn som sitat under pkt. 26.2. Departementet viser vidare til Ot. prp. nr. 56 (1978 - 79) om revisjon av jordskiftelova s. 46 flg og til Jordskiftelovutvalet si innstilling, NOU 1976: 50 s. 34- 35. Departementet viser elles til dei breie utgreiingane «Bruksordningsutvalget» har gjort på s.19-23 og 68-72. Innstillinga frå «Bruksordningsutvalget» følgjer proposisjonen som utrykt vedlegg.

Medan § 2 bokstav c nr. 1 regulerer jordskifteretten sin kompetanse til å gje bruksordningsreglar i område med rettsleg grunna sambruk (i sameige og i servituttilhøve), det såkalla rettslege fellesskap, regulerer § 2 bokstav c nr. 2 kompetansen i område der det ikkje er rettsleg grunna sambruk, det såkalla geografiske fellesskap. Regelen kom inn som ny i jordskiftelova av 1979.

Departementet viser til at § 2 bokstav c nr. 2 er ein klår unntaksregel. I Ot. prp. nr. 56 (1978-79) s. 75 første spalte første avsnitt vert det uttalt:

«(....) Regelen, sett i samanheng med vanskeleg utnytting i § 1, er så romsleg at den t.d. vil fange inn dei vanskane det kan vere med å nytte ut areal der sand-, grus- og torvmasser (jfr. § 5 bokstav e og h) strekkjer seg over fleire eigedomar, og kvar eig sitt. Utnyttinga er her slik at den eine anten øydelegg for andre eller hindrar andre i ei tenleg utnytting. Det kan også vere slik at alle blir tvinga til urasjonell eller uøkonomisk drift. Dette kan i sin tur hindre og seinke ei opprydding i landskapet som kunne føre over areala til annan produksjon etter kvart som massane blir tatt ut.»

Rekkevidda av § 2 bokstav c nr. 2 var oppe for Høgsterett i den såkalla «Grusdommen», Rt. 1995 s. 1474. Eigaren av ein eigedom der det vart gjort uttak av grus og sand, krevde jordskifte. Masseuttaket var kome så langt at skråningstoppen på uttaket lå nært opp mot ein granneeigedom. Grusryggen fortsette frå eigedomen til rekvirenten og inn på denne granneeigedomen. Vidare masseuttak ville såleis kome i konflikt med eigedomsretten til grannen. Jordskifteretten kom til at det skulle gjerast eit arealbyte i medhald av jskl. § 2 bokstav b, i kombinasjon med ei bruksordning etter jskl. § 2 bokstav c nr. 2. Høgsterett fann samrøystes at jordskifteretten ikkje hadde gått utanfor ramma av det faglege skjønn som retten har anledning til å utøve då jordskifteretten fremma saka etter jskl. § 2 bokstav c nr. 2.Den bruksordninga jordskifteretten hadde etablert, lå likevel utanfor jordskiftelova si ramme. Høgsterett la i denne samanheng vekt på at eigaren av naboeigedomen, som var imot jordskifte, ikkje fekk delta i råstoffutvinninga (dissens 3-2).

33.2 Framlegget i oppgåverapporten

Arbeidsgruppa gjer framlegg om at ordet «særs» blir tatt ut av ordlyden i § 2 bokstav c nr. 2. Ein ville då stå att med følgjande ordlyd:

«gi reglar om bruken i område der det ikkje er sambruk mellom eigedomar, når jordskifteretten finn at eigedomstilhøva gjer bruken vanskeleg»

Framlegget vert mellom anna grunngjeve med at:

«....dersom det skal være anledning til å flytte eiendom og samle teiger, så burde et mindre drastisk virkemiddel, bruksordning kunne brukes dersom det løser problemene. I praktisk handling vil en kunne flytte eiendommer og samle teiger til store sammenhengende områder, bl.a. for å få en mer fornuftig inndeling av jakten, mens det stilles strengere krav til utjenligheten av dagens forhold før en kan gi regler for bruken av det same området til jakt. Det er imidlertid en vesentlig forskjell ved at arealbytte er varig omforming, mens bruksordning er midlertidig omforming......»

Arbeidsgruppa viser til at ei bruksordning vil gje partane - gjennom vedtekter om stemmegjeving m.v.- ein reell styringsrett med omsyn til utviklinga. Bruksordninger vil såleis bli meir dynamiske, og ha lettare for å følgje utviklinga. Det vert vist til eit døme som gjeld når beitebruken i utmark har brote saman. Når jordskifteretten konstaterer at vilkåra i §§ 1 og 3 bokstav a vert oppfylt, kan det fremmast sak for å få samla teigane, og leggje ut eigedomane slik at dei som ønskjer beitebruk vert samla i eit hjørne av området og dei andre vert samla i eit anna område. Dersom jordskifteretten alternativt skulle halde bruksordning for å ordne beitet, ville krava med omsyn til vanskeleg vere strengare.

33.3 Høyringsfråsegner

Dei fleste av høyringsfråsegnene slutter opp om framlegget.

Den Norske Advokatforening går inn for framlegget og uttaler mellom anna:

«Advokatforeningen har ikke innvendinger mot forslaget til endring av bestemmelsen om bruksordning, slik at vilkåret om at bruken skal være «særs» vanskelig går ut.»

33.4 Departementet sine merknader

Departementet går i mot framlegget i oppgåverapporten og legg til grunn at § 2 bokstav c nr. 2 framleis skal vere ein unntaksregel.

Departementet meiner at framlegget i oppgåverapporten er for vidtgåande. Framlegget inneber at heilt vanlege vanskar med omsyn til bruken kan utløyse ei bruksordningssak på eineeigde eigedomar utan noko som helst rettsleg fellesskap. Etter departementet si vurdering vil rekkevidda av ein slik regel vere omfattande, og med uoversiktlege konsekvensar.

Departementet viser til at avgrensinga med omsyn til «særs vanskeleg» knyter seg til bruken. Slik departementet ser det, er dette inga god avgrensing. Etter departementet si vurdering må fleire tunge omsyn kunne gå inn i vurderinga. Eit hovudomsyn må vere konsekvensane som tiltaket fører med seg, både for eigen og andre sine eigedomar.

Departementet vil på dette grunnlag gjere framlegg om å endre lova slik at vurderinga vert knytt til ein rettsleg standard,«særlege grunnar». Dette er eit langt meir innarbeidd omgrep i lovgjevinga. Departementet sitt framlegg inneber ei «oppmjuking» i høve til gjeldande rett. § 2 bokstav c nr. 2 vil etter departementet sitt framlegg likevel vere ein unntaksregel. Det vil såleis ikkje vere heimel for å fremme ei bruksordning etter § 2 bokstav c nr. 2 på grunnlag av alminnelege vanskar.

Anlegg av t.d. eit skitrekk, kan illustrere problemet. Skitrekket vert planlagt i eit område der det ikkje føreligg rettsleg betinga sambruk Etablering av eit slikt anlegg, eller ikkje etablering, ville kunne vere avgjerande for at partane, kvar for seg eller saman, kunne starte opp andre og større turisttiltak i lokalsamfunnet og i distriktet. Det vert t.d. etablert hotell i nærleiken av skitrekket og partane får særleg nytte av infrastrukturanlegga til hotellet, t.d. vegar som kan nyttast til tømmerkøyring. Etter departementet si meining vil dette vere eit døme som vert omfatta av departementet sitt framlegg.

Eit anna døme vil vere «driftsfellesskap i skog». Teigblanding, lange og smale teigar og teigar som kvar for seg er for små til at den einskilde eigar kan drive skogen rekningssvarande åleine, er eit anna døme. «Skogplantasjane» på Vestlandet er og eit døme. Skogen vart planta utan særleg tanke på eigedomsgrenser og eigedomstilhøve. Når skogen etter kvart skal avvirkast, må ein ofte sjå på større områder under eitt. Startar ein grunneigar å hogge ut sin skog, vil skogen på naboeigedomane fort bli skada på grunn av vindfelling m.v.

Nok eit døme vil vere når jskl. § 31 er til hinder for å fremme ei sak etter § 2 bokstav b (arealbyte). Faren for at jordskifteretten kan kome i skade for å «forfordele» utbyggingsrettar i strid med § 31 er til hinder for å gjennomføre eit ønskjeleg og naudsynt arealbyte. Det er ikkje noko rettsleg grunna sambruk mellom eigedomane. Jordskifteretten kan såleis ikkje ikkje gjennomføre bruksordning etter § 2 bokstav c nr.1.

I vurderinga av «særlege grunnar» vil det - etter departementet si meining - vere relevant å trekke inn konsekvensane av å bruke andre verkemiddel i jordskiftelova, som arealbyte etter § 2 bokstav b. Dersom kostnadene med å bruke alternative virkemidlar vert vesentleg større enn for bruksordning etter § 2 bokstav c nr. 2, vil dette vere eit døme på «særlege grunnar».

Gjeldande rett vil sjølvsagt og vere omfatta av framlegget.

Dei særlege grunnane må elles som i dag ha sitt utgangspunkt i eigedomstilhøva på staden.

Departementet sitt framlegg må og vurderast i lys av framlegget til ny § 34 bokstav b. Etter denne føresegna kan ikkje retten lenger tvinge ein part til å vere med på investeringar i prosjekt som etter måten kan innebere stor risiko. Det ligg såleis til parten om han vil vere med, heilt eller delvis. Høgsterett (3-2) fant at ein part ikkje kan stengast ute frå å ta del i utvinninga av ein ressurs som i utgangspunktet låg på hans eigen eigedom, jf Rt. 1995 s. 1474. Etter departementet sitt framlegg til ny § 34 bokstav b vel parten sjølv om han vil vere med, og i tilfelle med kor mykje. Vel han å stå utanfor, skal han ha vederlag for ressursen (utnyttingsretten) sin. Vederlaget som skal svarast, skal baserast på marknadsverdi.

Til forsiden