Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

15 Avvising av tilleggskrav

15.1 Gjeldande rett

Det er i dag jordskiftelova § 26 som regulerer dette. Etter første ledd andre punktum kan det settast fram krav om eit meir omfattande skifte, d.v.s. fleire tiltak innanfor skiftefeltet. Dersom vilkåra i jordskiftelova §§ 1 og 3 a for fremming av jordskiftesak er oppfylt, har jordskifteretten ikkje heimel til å avvise kravet. Denne regelen gjeld i dag direkte for alle saker etter § 2, og den gjeld tilsvarande for grensegangssaker etter jordskiftelova kap. 11. Under kap. 21 i proposisjonen vert dette foreslått endra for grensegangs- og rettsutgreiingssaker, med eigne reglar i det einskilde kapittel. Jordskifteretten kan ikkje på eiga hand utvide saka til å omfatte løysing av fleire problem enn dei partane sjølve tek opp i kravet sitt, men står fritt til sjølv å avgjere val av verkemiddel og kor langt ein skal gå i bruken av dei for å løyse dei problema som kravet nemner.

Etter jordskiftelova § 25 første ledd andre punktum kan partane sette fram krav om utviding av skiftefeltet. Når partane sett fram slikt krav, er regelen den same som for krav om meir omfattande skifte etter § 26 - dersom vilkåra etter §§ 1 og 3 a er oppfylt, kan retten ikkje avvise kravet. I tillegg til at partane kan sette fram krav om utviding av skiftefeltet, kan jordskifteretten sjølv gjere vedtak om å gå utanom kravet og ta med i skiftet attverande delar av eigedomane og like eins andre eigedomar. Føresetnaden er at jordskifteretten finn dette nødvendig for å gjennomføre eit føremålstenleg jordskifte, jf. jordskiftelova § 25 andre ledd. Denne føresetnaden gjeld berre når jordskifteretten gjer dette av eige tiltak, sjå Ot. prp. nr. 56 for 1978-79 s. 81-82.

15.2 Framlegget i rutinerapporten

Jordskiftelova § 26 første ledd andre punktum gjev partane høve til å sette fram krav om eit meir omfattande skifte. Formelt - og reelt - kan difor partane når som helst under saka kreve at jordskifteretten løyser nye problem, utan omsyn til om dette er rasjonelt eller ikkje.

Når jordskifteretten vert sett, kjem det ofte fram mange tilleggskrav under handsaminga av saka. Jordskifteretten har eit ønskje om å hjelpe partane med dei problema som partane gjerne vil at jordskifteretten skal løyse, men dette er sjølvsagt ressurskrevande og kan ofte taka lang tid. Talet på tilleggskrav som kan trekkast inn i saka, bør difor avgrensast.

Det er, slik rutinegruppa ser det, ikkje ønskjeleg å avvise alle tilleggskrav. Det kan vere tilfelle der det tvillaust er fornuftig å handsame tilleggskravet som ein del av den opprinnelege saka. Rutinegruppa går difor inn for at det skal settast ein frist for å kome med tilleggskrav, og etter utløpet av denne fristen skal jordskifteretten ikkje kunne ta til følgje eit tilleggskrav, med mindre det ikkje er tvil om at det er fornuftig å handsame spørsmålet i same saka. Det må vidare vere eit krav at nye partar ikkje må trekkast inn i saka, at problemet kan løysast på minneleg vis og at det ikkje er nødvendig å utvide talet på rettsmøte i saka.

Jordskiftelova § 25 om utviding av skiftefeltet er ikkje uttrykkeleg omhandla av rutinegruppa, men det går fram av samanhengen at drøftinga og omfatter denne paragrafen.

15.3 Høyringsfråsegner

Dei færraste har uttalt seg til dette. Av dei som har gjort det, er dei fleste samde i framlegget. Nokre meiner likevel at det er tilstrekkeleg om jordskifteretten får høve til å avvise tilleggskrav, slik at retten sjølv kan taka stilling til kva den ser som tenleg i det einskilde tilfelle.

Advokatforeininga uttaler:

«Arbeidsgruppen fremmer forslag om at jordskifteloven § 26 bør endres slik at tilleggskrav som fremsettes etter at saken er fremmet skal avvises dersom tilleggskravet medfører at det må innkalles til nytt møte, saken utsettes og nye parter tilkalles.

Etter Advokatforeningens syn er en slik regel for bombastisk. Tilleggskrav som fremsettes er ofte et resultat av problemstillinger som kommer opp under saken, og selv om avgjørelse av tilleggskravene ikke alltid er nødvendig for å avgjøre det opprinnelige krav, vil det ofte være en sammenheng som gjør det naturlig å behandle tilleggskravene samtidig.

At dette kan føre til forsinkelse av den aktuelle sak er en ulempe, men ved vurderingen av jordskiftedomstolens arbeidsbyrde generelt vil ulempen trolig være mindre enn om kravet senere blir fremmet som ny selvstendig sak. På den annen side bør retten ha adgang til å avvise tilleggskrav som enten er fremsatt i den hensikt å trenere saken, eller som det ikke er naturlig å avgjøre i forbindelse med hovedkravet. Advokatforeningen mener således at jordskifteloven § 26 bør få en bestemmelse som gir jordskifteretten kompetanse til å avvise slike krav, men uten at bestemmelsen pålegger avvisning.»

15.4 Departementet sine merknader

Departementet er samd med rutinegruppa i at det trengst ei endring av reglane på dette området. Jordskifteretten har i dag i for liten grad kontroll over utviklinga av saka. Departementet er likevel, saman med mellom anna Den Norske Advokatforening, skeptisk til ein regel som pålegg jordskifteretten å avvise tilleggskrav, dersom handsaminga av tilleggskravet vil innebere ekstra rettsmøte eller inndraging av fleire partar. Det er etter departementet si oppfatning ønskjeleg med ein noko smidigare regel som ivaretek både trongen til å verte ferdig med ei sak innanfor rimeleg tid, og trongen til å handsame ein del spørsmål i samanheng når dette er rasjonelt. Dette er i samsvar med det syn som kjem fram i fleire av høyringsfråsegnene.

I tvistemålslova er høvet til å kome med tilleggskrav regulert i kap. 5. Dette er reglar som og er gjort gjeldande for skjønnssaker, og som etter departementet sitt nye framlegg for prosessordning for jordskifteretten sine skjønn vil gjelde og for desse. I kap. 21 i proposisjonen er det gjort framlegg om ein regel for utviding av grensegangssaker i jordskiftelova § 88 fjerde ledd, og i kap. 22 i proposisjonen er det gjort framlegg om at denne regelen skal gjelde tilsvarande for rettsutgreiingssaker (ny § 88 a andre ledd). Reglane i jordskiftelova kap. 4 vil difor heretter berre gjelde for saker etter jordskiftelova § 2.

Det som i særleg grad skil reglane i jordskiftelova kap. 4 frå reglane i tvistemålslova og dei reglane departementet gjer framlegg om for rettsutgreiings- og skjønnssaker, er at retten sjølv kan gå utanfor partane sitt krav. Etter § 25 kan jordskifteretten av eige tiltak gjere vedtak om å trekke andre eigedomar inn skiftet, og etter § 26 kan jordskifteretten sjølv velje verkemiddel og kor langt han skal gå i bruken av dei. Bakgrunnen for dette er mellom anna at jordskifteinstituttet spring ut av ein «nytte»-tankegang, der jordskifteretten har eit sjølvstendig ansvar for å maksimere nytteeffekten av jordskiftet i skiftefeltet. Ei viktig oppgåve for jordskifteretten er, gjennom omforming av eigedoms- og bruksrettstilhøva, å leggje til rette for meir lønsam drift til beste for grunneigaren og samfunnet. I eit samfunnsperspektiv vert dette sett på som så viktig at ein ikkje kan la disposisjonsprinsippet gjelde fullt ut. Elles er vel utviding av ei sak mot partane si vilje ikkje veldig praktisk, etter som jordskifteretten stort sett har meir enn nok med å ta seg av dei problema som partane sjølv ønskjer å få løyst.

Departementet ser det slik at det er ønskjeleg med ein regel som etter fremming gjev jordskifteretten høve til å avvise krav både om utviding av skiftefeltet etter § 25, og eit meir omfattande skifte innanfor grensene til skiftefeltet etter § 26. Som nemnt legg departementet vekt på at dette skal vere ein smidig regel, og går difor imot at jordskifteretten etter ein fastsett frist skal vere forplikta til å avvise tilleggskrav, i tråd med det som har kome fram i fleire av høyringsfråsegnene. Slik departementet ser det, er det særleg to omsyn ein slik regel må ivareta: Omsynet til prosessøkonomi, d.v.s. at jordskifteretten må kunne handsame tilleggskrav som det opplagt er fornuftig å ta med i same saka, og omsynet til at saka på eit relativt tidleg tidspunkt må ha eit oversiktleg omfang slik at den kan planleggast.

I tvistemålslova § 62 er regelen at alle endringar av saka må gjerast så tidleg som råd. Dersom dette ikkje er gjort, kan retten i orskurd avvise kravet om endring når forseinkinga har som føremål å forhale saka eller overrumple motparten, eller når motparten krev det og saka elles ville verte nemnande forseinka. Slik departementet ser det, bør og regelen i jordskiftesaker vere at tilleggskrav og krav om utviding bør settast fram så tidleg som råd. Departementet meiner likevel at retten bør ha høve til å avvise kravet sjølv om det ikkje kunne vore sett fram tidlegare. Det er større trong for dette i jordskiftesaker enn i andre saker av di det ikkje treng vere rettstvistar, det er nok at noko er uklårt eller vanskeleg og at vilkåra i §§ 1 og 3 bokstav a er oppfylt. I samsvar med det rutinegruppa har gjort framlegg om, bør difor jordskifteretten kunne sette ein frist for framsetting av nye krav. Etter utløpet av denne fristen skal kravet som hovudregel avvisast, med mindre svært gode grunnar taler for å taka det til følgje. Det skal likevel ikkje vere eit krav at utvidinga ikkje skal medføre fleire rettsmøte eller inndraging av fleire partar, men utvidinga og den forseinkinga av saka som utvidinga vil føre med seg, bør vere relativt ubetydeleg samanlikna med resten av saka. Det bør mellom anna takast omsyn til korleis partane stiller seg til utvidinga, kor viktig utvidinga synest å vere, kor praktisk det synest å vere å handsame kravet i same saka m.v.

Departementet vil etter dette gjere framlegg om ein regel i samsvar med det som er sagt i avsnittet ovanfor, og som skal gjelde både for krav om utviding av skiftefeltet etter § 25 og for krav om eit meir omfattande skifte innanfor skiftefeltet etter § 26.

Når det skal takast avgjerd som går ut på å ta til følgje eit krav om utviding av saka etter §§ 25 eller 26, skal dette gjerast i vedtak. Vilkåra i §§ 1 og 3 bokstav a må vere oppfylt, og jordskifteretten vurderer på same måte som for fremmingsvedtak om utvidingsvedtaket skal kunne påankast straks. Avvising av krav skal gjerast i orskurd, på same måte som avvising av krav om jordskifte etter § 14.

Til forsiden