Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

21 Grensegang og regulering av grenser i samband med grensegangssak - endring av jordskiftelova § 88

21.1 Gjeldande rett

I jordskiftelova § 88 om grensegang, siste punktum, har jordskifteretten heimel til å regulere ulaglege grenser på den måten han meiner er mest tenleg for dei eigedomane det gjeld. Det er ikkje noko vilkår at partane set fram krav om det eller at dei sjølv meiner at grensene er ulaglege, og føresegna seier ingenting om kor omfattande grensereguleringa skal vere eller om garanti mot tap. Regelen var ny i 1950-lova, og i Ot. prp. nr. 31 for 1950 uttaler departementet følgjande på s. 29:

«Etter gjeldande lov har ikkje retten makt til å regulere ulaglege grenser om partane ikkje kan semjast. Departementet meiner at retten bør få same rett til å regulere ulaglege grenser i serskild grensegangssak som han har på jordskifte etter § 16.»

Nærare vert ikkje innføringa av regelen kommentert.

Når det gjeld det geografiske omfanget av ei grensegangssak, står det i jordskiftelova § 89 første ledd første punktum at reglane om jordskifte gjeld på tilsvarande måte i grensegangssaker «så langt dei høver». I jordskiftelova § 25 andre ledd er det bestemt at om jordskifteretten «finn det nødvendig for å gjennomføre eit formålstenleg jordskifte», kan gå utanom kravet og ta med i skiftet «attverande delar av eigedomen og likeeins andre eigedomar».

Ingen av dei to spørsmåla er drøfta noko nærare i førearbeida til 1979-lova, men på s. 29 i Ot. prp. nr. 31 for 1950 uttaler departementet seg slik:

«Jordskifteretten bør avgjøre sjølv etter fritt skjøn kva omfang ei grensegangssak bør ha for å tene føremålet sitt.»

I kommentarutgåva til Austenå og Øvstedal er dette ikkje drøfta, bortsett frå at det står på s. 317 om omfanget av ei grenseregulering:

«Grensereguleringa må ikkje gå lenger enn det som med rimeleghet er nødvendig for å unngå ei «ulagleg grense».»

Gjeldande rett vil etter dette vere at jordskifteretten kan regulere ei grense dersom han finn den utenleg og ikkje kjem til ei løysing gjennom minneleg makeskifte, sjå § 88 i.f. Vidare vil det vere gjeldande rett at jordskifteretten kan utvide ei grensegangssak til å omfatte grenser som ikkje er teke med i kravet dersom han finn dette «nødvendig for å gjennomføre eit tenleg jordskifte».

21.2 Framlegget i høyringsnotatet

Slik det vert vurdert i høyringsnotatet, strir det mot disposisjonsprinsippet både at jordskifteretten på eige initiativ kan flytte grenser som partane er nøgd med, og at jordskifteretten «etter fritt skjøn» skal kunne avgjere kva omfang ei grensegangssak skal ha. I prinsippet vil partane kunne krevje ei grensegangssak for å få fastlagt grensa mellom to hageflekkar, og ende opp med ei langt meir omfangsrik sak med fastlegging og regulering av grenser dersom jordskifteretten finn dette tenleg.

Etter framlegget i høyringsnotatet er det partane som skal ha kontrollen over omfanget av saka, på same måte som dei ville ha for dei ordinære domstolar. Jordskifteretten skal derfor ikkje gå lenger enn kravet rekk. Ein føresetnad er at rekvirenten i kravet gjer klårt greie for kva for grenser han ønskjer klårlagt og eventuelt regulert. Partane skal likevel kunne sette fram krav om å utvide saka, noko jordskifteretten må take stilling til under omsyn til saka sitt omfang, samanhengen med resten av saka etc.

Det vert sagt i høyringsnotatet at det etter denne føresegna berre bør vere tale om mindre grensejusteringar, då større endringar bør skje i alminneleg jordskiftesak.

Det står vidare i høyringsnotatet at det for all regulerande verksemd som jordskifteretten driv med, skal vere eit krav at ingen av partane skal lide tap. Dette er sjølvsagt, men det bør likevel kome klårt til uttrykk i § 88 at grensereguleringa ikkje skal påføre nokon part tap. Jordskiftelova § 38 om oppgjer i skog, pengar eller andre verdiar vil gjelde tilsvarande dersom det ikkje let seg gjere å ordne grensa på ein lagleg måte utan at ein eller fleire partar går ut med tap.

I høyringsnotatet vert det etter dette gjort framlegg om å endre jordskiftelova § 88 med sikte på å sikre at retten ikkje kan gå utanfor partane sitt ønskje når det gjeld omfanget av saka, at endringar ut over mindre justeringar vert gjennomført som vanleg jordskiftesak etter § 2 bokstav b og at ingen av partane skal lide tap ved grensejusteringa. Ein ser det slik at § 88 er ein noko lang og uoversiktleg paragraf, og det er derfor gjort framlegg om å dele den opp i fem ledd. Innhaldet i dei tre første ledda er uendra, det fjerde er heilt nytt og det femte svarar til dei to siste setningane i § 88 i dag, med dei endringane som det er gjort greie for ovanfor.

21.3 Høyringsfråsegner

I Jordskifteverket er det skepsis til den delen av framlegget som går ut på at grenseregulering berre skal kunne skje etter krav frå ein part. Når det gjeld framlegget om at jordskifteretten ikkje skal kunne utvide den rettsfastsettande verksemda til å omfatte grenser som partane sjølv ikkje har bedt jordskifteretten om å ta stilling til, er meiningane noko meir varierte. På dette punktet er det heller ikkje fullt ut semje om kva som er gjeldande rett i dag.

Sunnhordland jordskifterett uttaler:

«Etter framlegget sin 5. ledd, andre punktum, må retten ha eit krav frå ein part for å kunne gjere ei mindre justering av grensa. Jordskifteretten har ein spesiell kompetanse i slike skjøn som den noverande § 88 gjev høve til. Ulaglelege grenser som hindrar effektiv drift i landbruket vil retten av eige tiltak etter dette framlegget ikkje kunne regulere.

Dette er uheldig avdi jordskifteretten har ein særleg kompetanse i å regulere grenser i høve til driftstilhøva i landbruket. Korleis eit slikt skjøn verkar i høve til disposisjonsprinsippet kan sikkert diskuterast. Jordskifteretten kan i alle vanlege jordskiftesaker koma med framlegg til løysingar og endringar ovanfor partane. Vi ser ingen formelle vanskar med av eige tiltak å halde slike skjøn også i grensegangssaker.

Jordskifteretten kan sjølvsagt ikkje halde grensegang og regulere andre grenser enn dei som framgår av kravet. Etter vårt syn vil partane sine interesser bli tatt vare på med LD sitt framlegg til siste setning i § 88.»

Valdres jordskifterett uttaler:

«Den ordninga vi har hatt til no, har fungert svært fleksibelt og fint. Vi kan ikkje minnast at nokon har klaga på ei slik ordning eller oppfatta ordninga som eit overgrep. Når det gjeld forholdet til § 3 a, så gjeld denne sjølvsagt også i samanheng med grenseregulering.

I svært mange saker er det praktisk med regulering: Lange skoggrenser med merketre som grensemerke. Dersom retten skal bli pliktig til å få stukke grensa om alle slike merketre dersom partane ikkje samtykkjer til noko anna, så gjer vi ein dårleg jobb. Samfunnet går trass alt inn med relativt store midlar i slike saker. Det bør såleis framleis vera høve til regulering av ulaglege grenser i framtida utan at partane krev det. Det at ei slik ordning bryt noko med disposisjonsprinsippet, kan neppe vera avgjerande. Disposisjonsprinsippet gjeld ikkje fullt ut for jordskifteretten, og kan heller ikkje gjera det. Eks.: Partane kan ikkje trekke kravet attende etter at saka er fremma, skifteplan/bruksordninga blir fastsett slik retten finn mest tenleg osv.

Det har aldri vore praktisert at grensegangssaker blir utvida utan krav. Vi kan heller ikkje sjå at gjeldande § 88 skulle gje heimel til det.»

Agder jordskifteoverrett uttaler:

«Jordskifteretten kan i dag utvide grensegangssaker til å omfatte grenser som partene selv ikke har krevd oppgått. For grenser som det er naturlig å se i sammenheng når en avgjørelse skal fattes, bør jordskifteretten etter vår mening fortsatt ha anledning til å gå utenom partenes påstander med hensyn til omfanget av saken. På denne måten kan en forhindre at eiendommer som har samme hjemmelsgrunnlag for sine grenser, får ulike avgjørelser. En forutsetter at ordningen ikke blir misbrukt av jordskifteretten til å gå opp grenser som ikke har sammenheng med de grensene som er krevd oppgått av partene. Etter vår vurdering bør jordskiftelovens § 88 derfor forbli uendret, med mulig unntak av forslagets siste setning i siste ledd (....). Praksis i jordskifteretten er vel også i dag at grensene justeres slik at det tas hensyn som ivaretar dette forhold.»

Frostating jordskifteoverrett uttaler:

«Disposisjonsprinsippet er grunnleggjande og jordskifteretten kan ikkje (....) tvinge partane til å gå opp grenser dei sjølv ikkje er interessert i å få gått opp.

Når det gjeld regelen i § 88 om regulering av ulaglege grenser, kan eg ikkje sjå at der er grunn til å endre på denne. Regelen i § 3a om at ingen skal li tap gjeld også for grenseregulering, jfr. § 89.»

Hålogaland jordskifteoverrett uttaler:

«Den foreslåtte endringa av denne paragrafen har ingenting for seg. Det er ingen problem å få greie på kva for grenser partane ønskjer å få gått opp. På kravsskjemaet skal dei da også opplyse om ca. kor lang grensestrekning det dreier seg om. Mange legg ved kart med innteikna aktuell grense. Når det ikkje er gjort, kan ein be om å få det samtidig som ein sender kvittering for mottatt krav.

Det bør ikkje stå noko i lova om at retten ikkje kan gå utanom kravet. Eg har sjølv opplevd fleire tilfelle da det ikkje berre har vore fornuftig, men rett og slett nødvendig å gjera det.

Det som står om grenseregulering i gjeldande lov er tilstrekkeleg. Det står «---er mest tenleg for dei eigedomane det gjeld.» Ut frå dette går ikkje jordskifteretten inn for ei regulering som er til skade for ein eigedom.»

Fylkesjordskiftekontoret i Troms uttaler:

«Det synest som at departementet har et (....) lite realistisk syn på hvordan grensegang i jordskifteverket i dag praktiseres (....). Jordskifteretten har i dag full kontroll over hva som skal behandles under en grensegang, og har slett ikke anledning til å gå ut over partenes krav.

I dag kan jordskifteretten selv foreta mindre grensejusteringer i de tilfellene hvor ingen av partene er enige, under forutsetning om at eiendommene har nytte av det. Her er det som regel snakk om justeringer av kronglete og ulaglige grenser som ikke har noen verdimessig betydning. Slike reguleringer skjer også alltid gjennom et makebytte. En av oppgavene til jordskifteverket er at vedkommende eiendom får tydlige og greie grenseforløp i ettertid. Hvis jordskifteverket ikke skulle ha anledning til å rette opp en del av de verste «vinkelgrensene», ville det også føre til en urimelig stor ressursbruk ved innmåling av grensene. Vi mener derfor at jordskifteretten selv må ha hjemmel til å foreta mindre grensejusteringer der det er påkrevd og fornuftig, uten at partene er enige om det.»

Høyringsinstansane utanfor Jordskifteverket slutter i stor grad opp om framlegget.

Den Norske Advokatforening uttaler:

«Departementet har med utgangspunkt i disposisjonsprinsippet foreslått at jordskifteretten skal være bundet av de krav som fremsettes i et krav om grensegang og at utvidelse av saken bare skal kunne skje etter krav fra en part. Jordskifteretten skal altså ikke av eget initiativ kunne regulere uhensiktsmessige grenser etc. dersom ingen av partene krever slik regulering. Advokatforeningen støtter lovutkastet på dette punkt.»

Norges Landbrukshøgskole uttaler:

«.....spørsmål om regulering av ulaglege grenser. Her er vi samde i framlegget til endring, det bør vere opp til i det minste ein av partane om grensene skal endrast, og endringane må ha karakter av justering. Større endringar må bli å sjå på som jordskifte. Det hadde vore ein fordel om denne lovstaden kunne harmoniserast med tilsvarande lovstad i delingslova om justering. Eit viktig moment i denne samanhengen er omsynet til tredjemann, t.d. panthavar.»

Framlegget vert og støtta av Regjeringsadvokaten, Dommerforeningen, Olje- og energidepartementet og Justisdepartementet, utan at desse høyringsinstansane går nærare inn på framlegget.

21.4 Departementet sine merknader

Departementet viser til pkt. 21.2 ovanfor om framlegget i høyringsnotatet. Til dette framlegget har det kome svært varierte fråsegner, både når det gjeld oppfatninga av kva som er gjeldande rett, og synspunkt på framlegga til endringar.

Framlegget er forsåvidt todelt. For det første går framlegget ut på at jordskifteretten ikkje skal kunne utvide grensegangssaka til å omfatte grenser som ikkje er omfatta av kravet, anten det opprinnelege kravet eller eit seinare krav. Høyringsfråsegnene viser at her er delte meiningar om kva som gjeld i dag. For det andre går framlegget ut på at jordskifteretten ikkje skal kunne justere/regulere grensa i ein grensegangssak med mindre dette vert kravd av ein part. Her er lovteksten klår med omsyn til kva som er gjeldande rett, og i Jordskifteverket er motstanden stor mot denne delen av framlegget. Framlegget får i det store og heile støtte fra høyringsinstansane utanfor Jordskifteverket.

Departementet kan ikkje sjå at det har kome tunge motførestillingar mot den første delen av framlegget om at retten ikkje skal kunne la saka omfatte grenser som partane ikkje har kravd oppgått. Her vil det derfor verte gjort framlegg til lovendring i samsvar med framlegget i høyringsnotatet.

Når det gjeld den andre delen av framlegget, er det eit motargument at dersom ingen av partane krev grenseregulering, vil jordskifteretten måtte merke grensestrekningar som kan vere meir eller mindre ulaglege. Vidare er det eit motargument at utgangspunktet for jordskifteretten sin eksistens er å rydde opp i ulaglege eigedoms- og driftstilhøve i landbruket. Departementet er forsåvidt samd med fleirtalet av høyringsinstansane i at mindre justeringar av ulaglege grenser kan gjennomførast utan at det er kravd av ein part. Departementet meiner likevel at desse omsyna først og fremst gjer seg gjeldande for grenser mellom landbrukseigedomar. Det er ikkje like opplagt at jordskifteretten uoppfordra skal kunne regulere ei grense mellom to bustadeigedomar i eit villastrøk, ei grense som eigarane på båe sider av grensa er nøgd med. Ein slik heimel bør jordskifteretten etter departementet si oppfatning ikkje ha. Ved avgrensing av kompetansen til uoppfordra å kunne regulere grenser til grenser for landbrukseigedomar, kan det vere eit spørsmål om det skal vere krav om landbrukseigedom på begge sider av grensa, eller om det skal vere tilstrekkeleg at den eine eigedomen er landbrukseigedom. Omsynet til landbruksinteresser tilseier det siste alternativet. Dette inneber ikkje at det ved regulering av ei slike grense skal leggjast større vekt på interessene til landbrukseiendommen enn på interessene til den andre eigedomen.

Når det gjeld tilhøvet til panthavarar, som Norges Landbrukshøgskole tar opp i si høyringsfråsegn, er utgangspunktet her som elles i jordskiftelova at justeringa ikkje skal innebere einsidig overføring av areal frå ein eigedom til ein annan. Etter jordskiftelova § 3 bokstav a skal jordskiftet ikkje fremmast dersom nokon eigedom vil vere dårlegare stilt etter skiftet enn før. Etter jordskiftelova § 30 tredje ledd er det fastsett at dersom det ikkje let seg gjere å leggje ut eigedomane «på tenleg måte etter skiftegrunnlaget, kan jordskifteretten overføre jord mot vederlag i pengar eller anna. Overføring av jord må ikkje nyttast i slikt omfang at det vert til ulempe for dei eigedomane det gjeld.» Det følgjer av førearbeida (Ot. prp. nr. 56 (1978-79) s. 84) at dette er ein regel som er meint å skulle nyttast i særlege høve, og at den ikkje gjev heimel for å kompensere større tap av realverdiar med pengar. Dersom dette skjer, vil ein nærme seg grensa for avhending, og tilhøvet til eventuelle panthavarar vert eit problem. Dette er lite drøfta i tilknytning til jordskiftesaker, nettopp fordi utgangspunktet er at realverdiar skal erstattast med realverdiar. Ein viser til kommentarutgåva til Austenå og Øvstedal s. 83. Direkte handler sitatet om kven som skal kallast inn til handsaming av fremmingsspørsmålet i jordskiftesaker, jf. formuleringa i jordskiftelova § 13 første ledd første punktum «...andre som skiftet vedkjem.», men det har relevans og for dette som vert drøfta her:

«Rettshavar til ein pante- eller annan tryggingsrett, ein løysingsrett eller ein odelsrett treng ikkje varslast. Grunnen til det ligg i og for seg i sjølve føremålet med skiftet. Det er eit vilkår for å kunne halde jordskifte at det ikkje fører til skade for nokon av eigedomane som er med. Det vil seie at for slike rettshavarar som nemnt, får skiftet ingen konsekvensar.»

Dette er ikkje til stor forskjell frå regelen i delingslova § 2-3 første ledd andre punktum, sjølv om denne fastslår at det kan skje einsidig overføring av «mindre arealer». I andre ledd er nemleg tilhøvet til panthavarar regulert, og der er det fastsett at «Panterett faller bort i areal som avstås fra en eiendom ved grensejustering etter første ledd. Panterett i eiendom som får tillagt slikt areal, utvides til også å omfatte dette.». Omsynet til panthavar set derfor ei grense for kor langt ein kan gå i einsidig arealoverføring mellom eigedomar etter delingslova. På same måte vil det måtte vere etter jordskiftelova, både når det gjeld alminnelege jordskiftesaker med omarrondering av eigedomar og grenseregulering i medhald av jordskiftelova § 88. Dei avgrensingane som følgjer av jordskiftelova §§ 3 bokstav a og 30 tredje ledd gjeld naturleg nok uavhengig av om eigedomane er pantsett eller ikkje. Når det gjeld omfanget av den grenseregulering som jordskifteretten vil ha heimel til å foreta etter jordskiftelova § 88, følgjer det i tillegg av ein dom av Frostating lagmannsrett av 10. oktober 1986 (sak nr. 144/1985) at reguleringa ikkje kan gå lenger enn det som er nødvendig for å unngå ei «ulagleg grense». Dette er i samsvar med ovanfor nemnde omsyn, og er omtalt i kommentarutgåva til Austenå og Øvstedal s. 317-318.

§ 89 vert delt opp i tre ledd, og det vert gjort ei endring som går ut på at «§ 3 bokstav b» i andre punktum vert endra til «§ 3 bokstav a». Gjeldande tilvising til § 3 bokstav b har ikkje noko sjølvstendig tyding i desse sakene ved sida av samrådingsregelen i § 20 tredje ledd, sjå og nedanfor under pkt. 22.4. I tillegg vil den verte omfatta av den generelle tilvisinga til resten av jordskiftelova i § 89 nytt første ledd. Det som derimot må vere klårt, er at § 3 bokstav a ikkje gjeld i grensegangssaker, med unntak av der grensene vert regulert. Departementet meiner dette er så viktig at det med fordel kan seiast i lova.

Når det elles gjeld tilvisinga til resten av jordskiftelova i § 89 nytt første ledd, så vert denne, sjølv om den ikkje er ny, gått noko nærare inn på i kommentarane til paragrafen.

Det vil bli gjort framlegg til lovendringar i samsvar med drøftingane ovanfor.

Til forsiden