Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

19 Anke over fremmingsvedtaket

19.1 Gjeldande rett

Etter jordskiftelova § 62 femte ledd kan vedtak etter § 14 om å fremme jordskifte ankast inn for jordskifteoverretten når jordskifteretten i særlege høve finn det tenleg. Når det ikkje foreligg slike særlege høve som gjer at jordskifteretten finn dette tenleg, kan fremmingsvedtaket ikkje prøvast før alt arbeidet er gjort, og jordskiftet er slutta.

19.2 Framlegget i høyringsnotatet

Eit jordskifte kan ha store konsekvensar for dei involverte partane, og det er viktig at det ikkje vert halde jordskifte dersom dei materielle vilkåra ikkje er oppfylt. I denne samanhengen står fremmingsvedtaket etter § 14 sentralt. Dersom jordskifteretten ikkje finn at dette vedtaket skal ankast straks, kan det ikkje ankast før heile jordskiftet er slutta. På det tidspunktet vil det vere gjort svært mykje arbeid, og sjølv om tilhøvet til dei materielle vilkåra skulle vere noko usikkert, skal det mykje til for at heile jordskiftet skal verte oppheva. I tillegg vil fremmingsvedtaket kome i bakgrunnen etter at jordskiftet er gjennomført, og vil dermed ikkje verte vurdert så kritisk som det burde. Det vert i høyringsnotatet dessutan argumentert med at ein regel om at fremmingsvedtaket kan påankast straks, vil skjerpe jordskifteretten si grunngjeving av vedtaket. Vidare må det vere ein fordel for jordskifteretten dersom fremmingsvedtaket er omtvista og kanskje avsagt under dissens, at det vert overprøvd før meir arbeid er gjort.

Det er på det reine at eit fremmingsvedtak som vert anka, vil medføre forseinking av jordskiftet. T.d. i høve til samferdselsjordskifta vil dette kunne vere eit problem. I høyringsnotatet vert dette vurdert slik at fremminga av desse jordskifta vil vere mindre omstridde enn ein del andre jordskifte, ettersom reguleringsplanen alt vil vere vedteke og jordskifteretten si oppgåve vil vere å reparere skadene. Vidare vil ikkje omsynet til at vilkåret skal vere oppfylt, vere noko mindre viktig i høve til desse jordskifta.

På denne bakgrunnen vert det i høyringsnotatet gjort framlegg om at fremmingsvedtaket skal settast til påanke før saka eventuelt går vidare. Det vert understreka at førehands påanke ikkje skal ha innverknad på høvet til å anke heile jordskiftet på det grunnlaget at det seinare har vist seg at vilkåret i § 3 bokstav a ikkje er oppfylt. Det som ikkje vil kunne gjerast til ankegrunn, er at skiftet ikkje skulle vore fremma i utgangspunktet, det vil vere rettskraftig avgjort.

19.3 Høyringsfråsegner

Ein utbreidd oppfatning i Jordskifteverket er at dette ikkje er eit heldig framlegg. Dette vert grunngjeve med at det ofte vil vere vanskeleg å foreta ei grundig analyse av desse spørsmåla på et så tidleg tidspunkt i saka, og at fremmingsvedtaket derfor uansett vil ha ein noko «foreløpig» karakter. Vidare vert det grunngjeve med at sjølv om det kan vere stor motstand mot jordskiftet på fremmingstidspunktet, skifter partane ofte meining undervegs. I lys av dette vil anke over fremmingsvedtaket kunne vere bortkasta tid og pengar for partar som seinare likevel vil verte nøgd med resultatet. Det vert og argumentert med at anke over fremmingsvedtaket vil skape «vinnarar» og «taparar» i saka alt før jordskiftet har kome i gang, noko som vil kunne skade arbeidet med å finne fram til tenlege løysingar. Vidare vil sjølv enkle saker verte mykje forseinka. Desse argumenta går att i dei aller fleste fråsegnene frå Jordskifteverket, og hos desse høyringsinstansane er oppfatning stort sett at dagens regel ikkje bør endrast.

Andre høyringinstansar meiner at framlegget går for langt, men at det likevel kan vere ønskjeleg med ei endring av dagens regel slik at det vert lettare å sette fremmingsvedtaket til påanke enn det er i dag.

Nord- og Midhordland jordskifterett og Gulating jordskifteoverrett Bergen uttaler:

«Ein slik regel som vert foreslått av departementet kunne i ein del tilfelle ha hindra bortkasta arbeid med jordskifte som seinare er blitt oppheva av jordskifteoverretten. Ein har døme på at omfattande jordskifte etter § 2 a over skoggrensa er fremja og gjennomført, endå ordning var vel så tenleg og endå partar protesterte frå første stund og bad om at vedtaket skulle setjast til påanke.

Det er klart at noverande tekst er streng, men endringa som er foreslått av departementet går for langt andre vegen og gjev ein kverulant med midlar endå ein moglegskap til å trenere eit bra jordskifte i lang tid.

Ein meiner at det er tilstrekkeleg å sløyfe orda «i særlege høve». Då kan jordskifteretten stengje for utidige anker på fremjingsvedtaket når nytten av jordskiftet er openberr og udiskutabel.

Tilfelle der det er aktuelt å sette fremmingsvedtaket til påanke er når vedtaket ikkje er samrøystes, når partane er sterkt usamde eller når retten er i tvil om jordskiftet skal fremjast eller ikkje. I det siste tilfellet bør likevel jordskifteretten heller arbeide vidare med å skaffe fram neir materiale slik at den får eit betre grunnlag for si avgjerd.»

Frostating jordskifteoverrett uttaler:

«At eit fremmingsvedtak automatisk skal kunne ankast er etter mi meining eit tilbakesteg i høve til reglane i dag. På fremmingstidspunktet kan der vere partar som er usikre på kva ein kan oppnå med eit jordskifte og såleis er imot, men erfaringane viser at mange av desse endrar syn når detaljane i ein jordskifteprosess er på plass.

At eit fremmingsvedtak automatisk skal kunne ankast gjev også godt spelerom for dei som er interesserte i å trenere saka. Dette vil vere med på å seinke framdrifta og auke kostnadene og har lite med rettstryggleiken for partane å gjere.

Å gje visse føringar på når eit fremmingsvedtak bør stillast til førehands påanke, som t.d. når det er dissens eller retten er i tvil, er greit.»

Den Norske Advokatforening uttaler:

«Advokatforeningen mener det bør inntas en bestemmelse som gir jordskifteretten kompetanse til å fremme saken (uten adgang til anke over fremmingsvedtaket) når «særlige grunner» tilsier det. Man tenker da særlig på tilfeller hvor det haster å få fremmet saken, og hvor det kan være uhensiktsmessig å avvente behandlingen i ankeinstans.»

19.4 Departementet sine merknader

Departementet er samd med fleirtalet av høyringsinstansane i at framlegget går for langt når det stiller opp ein unntaksfri regel om at fremmingsvedtaket skal settast til påanke. Departementet er likevel samd med dei høyringsinstansane som meiner at dagens regel er for streng, og at regelen bør endrast samstundes som det vert gjeve føringar for når eit fremmingsvedtak skal settast til påanke.

Departementet slutter seg til Nord- og Midhordland jordskifterett og Gulating jordskifteoverrett Bergen i at det vil vere tilstrekkeleg å fjerne orda «i særlege høve» i jordskiftelova § 62 femte ledd. Ein er og samd i at døme på situasjonar der fremmingsvedtaket bør settast til påanke, er tvil om saka bør fremmast eller ikkje og sterk usemje mellom partar. Ein er ikkje samd i at dissens i jordskifteretten utan vidare skal vere grunn til å sette fremmingsvedtaket til påanka, her må kvar einskild situasjon vurderast for seg.

Det vert gjort framlegg i samsvar med dette.

Til forsiden