Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

20 Tvistehandsaming i jordskifteretten - tilhøvet til tvistemålslova sine reglar for hovudforhandling

20.1 Gjeldande rett

I dag er ikkje tvistemålslova sine reglar for hovudforhandling gjort gjeldande for jordskifteretten. Dette har mellom anna den konsekvens at vitneforklåringar m.v. skal førast inn i rettsboka etter reglane i tvistemålslova § 127 om bevisopptak utanfor hovudforhandling. Dette er ikkje tilsikta, og praksis i jordskifterettane er at ein følgjer reglane for hovudforhandling når tvistar vert handsama. Truleg vert bevisopptak gjort etter dei reglane som gjeld for hovudforhandling og når jordskifteretten handsamar andre typer spørsmål.

20.2 Framlegget i høyringsnotatet

Det vert i høyringsnotatet gjort framlegg om å endra jordskiftelova § 91 slik at tvistemålslova kap. 23 med unntak av §§ 323-326 vert gjort gjeldande for jordskifteretten. Bakgrunnen for framlegget er at det er ønskjeleg å endre lova slik at den kjem i samsvar med praksis. Vidare høver reglane i kapitlet om hovudforhandling for jordskifteretten, med unntak av §§ 323-326 om rettens samansetting.

20.3 Høyringsfråsegnene

Svært få høyringsinstansar har kommentert dette framlegget. Ein del høyringsinstansar i Jordskifteverket har likevel uttalt at dei støttar framlegget for så vidt gjeld tvistehandsaming, men ikkje elles.

20.4 Departementet sine merknader

Ein konsekvens av at reglane for hovudforhandling ikkje er gjort gjeldande for jordskifteretten, er at bevisopptak for jordskifteretten skal skje etter reglane i tvistemålslova § 127 om bevisopptak utanfor hovudforhandling. Etter gjeldande rett gjeld dette uansett om det er eit tvistespørsmål som vert handsama, eller ikkje

Det går fram av høyringsnotatet at endringa er meint å gjelde for tvistehandsaming, d.v.s. i utgangspunktet ikkje for handsaming av t.d. verdsettings- og reguleringsspørsmål. Når det gjeld slike spørsmål, vil det ikkje vere tenleg med eit krav om at handsaminga skal skje etter reglane for hovudforhandling, sjølv om det ofte vil vere praktisk å handsame viktige spørsmål i rettsmøte med partane til stades. Der handsaminga - eller delar av handsaminga - går føre seg i rettsmøte, vil det etter framlegget i høyringsnotatet derfor fortsatt vere reglane for bevisopptak utanfor hovudforhandling som skal gjelde. Dette skulle ikkje vere naudsynt. Departementet meiner at sjølv om reglane for hovudforhandling ikkje høver for handsaming av verdsetting og regulering, bør bevisføring om slike spørsmål i rettsmøte, der partane er innkalt, kunne skje som vanleg under hovudforhandling.

Det vert gjort framlegg i samsvar med dette.

Til forsiden