Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

31 § 2 bokstav b i jordskiftelova

31.1 Gjeldande rett

§ 2 bokstav b har følgjande ordlyd:

«forme ut eigedomar på nytt ved ombyting av grunn»

Det er sagt i førearbeida, jf Ot. prp. nr. 56 (1978-79), at regelen svarer delvis til § 2 nr. 2 i lova av 1950. Dette inneber at regelen tek sikte på jordskifte i område der eigedomane ligg i eineeige, og der vanskane særleg er knytt til arrondering (teigblanding, «ulagelege eigedomstilhøve»). Regelen gjeld for alle slags eigedomar.

31.2 Framlegget i oppgåverapporten

Arbeidsgruppa gjer framlegg om at § 2 bokstav b skal lyde:

«forme ut eigedomar på nytt ved ombyting av grunn og rettar»

Framlegget inneber at ein eigar kan gje frå seg eigedomsrett (eit areal) og til dømes få tilbake ein bruksrett til veg. Dette vert gjort ved at den som får rett til å byggje veg over ein granneeigedom, vert trekt frå ein tilsvarande verdi i skifterekneskapet.

Arbeidsgruppa viser til at dette vert gjort i paksis i dag, og ønskjer ei lovfesting av praksis.

31.3 Høyringsfråsegner

Dei som uttaler seg til framlegget, er positive.

31.4 Departementet sine merknader

Departementet gjer framlegg om at § 2 bokstav b i jordskiftelova vert endra slik at ein får heimel til å byte mellom grunn og rettar på eineeigde eigedomar. Framlegget omfattar ikkje byte mellom rettar åleine på eineeigde eigedomar. Ein gjer vidare framlegg om at regelen vert avgrensa til å gjelde for positive alltidvarande realservituttar. Framlegget omfatter såleis ikkje personlege servituttar.

Departemenet legg vidare til grunn at det må vere ein funksjonell samanheng mellom grunnen og retten som vert bytt. Dette inneber at når det vert lagt ut ein veg over den tenande eigedom si innmark, så skal det bytast med areal, og ikkje til dømes med ein tidsavgrensa fiskerett. Det er areal, og ikkje retten til fiske, den tenande eigedomen vert «avkorta» med som følgje av vegretten. Fører eit byte av grunn i strandsona til at fiskeretten til den tenande eigedomen vert redusert, vil eit byte med del av ein fiskerett kunne vere aktuelt.

Departementet viser til at mange positive servituttar er skipa for å avhjelpe ein særleg mangel på den herskande eigedom. Departementet legg til grunn at slike servituttar ikkje kan bytast med grunn dersom ikkje dei særlege grunnane som låg føre då servitutten vart skipa, har falt bort. Departementet viser elles til bruksordningsreglane i §§ 2 bokstav c og 33-35 som og omfattar omskiping av bruksrettar, mellom anna flytting av slike rettar og til avløysingsreglane, jf §§ 2 bokstav d og 36-40.

Departementet sitt framlegg byggjer på at det i einskilde høve vil vere meir tenleg å byte grunn mot rettar enn grunn mot grunn. Dette vil til dømes gjelde når arealet er minimumsfaktoren på den eine eigedomen medan vedkomande bruksrett som det skal bytast med, kan vere minimumsfaktoren på den andre eigedomen.

Departementet gjer vidare framlegg om at det skal vere heimel for å byte rettar mot rettar i realsameiger. Dette vil vere ei lovfesting av gjeldande praktisering av § 2 bokstav b. Særleg på Vestlandet vert det halde skogskifte i realsameiger. Ein vil ofte kunne finne teigblanding i slike områder (sameiga er inndelt i bruksteigar), eller ein finn at utnyttinga av rettane er utenlege sett i høve til utviklinga av vedkomande næring, teknologi m.v. Når vilkåra for å løyse opp realsameige etter § 2 bokstav a ikkje er oppfylt, eller når eit skifte av rettar vil vere meire tenleg enn oppløysing, finn departementet det difor naudsynt med ein klår heimel for å kunne byte rettar mot rettar.

Til forsiden