Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

23 Endring av jordskiftelova § 17

23.1 Gjeldande rett

Jordskiftelova § 17 seier i dag at tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller anna innan skiftefeltet eller med utanforståande skal jordskifteretten om det trengst av omsyn til jordskiftet, avgjere ved dom. Denne føresegna vert nytta både i tradisjonelle jordskiftesaker, rettsutgreiingssaker og grensegangssaker, truleg og i skjønssaker. I t.d. ei grensegangssak vert den nytta både til å avseie dom i den aktuelle grensetvisten, og til å avgjere prejudisielle («underliggjande») rettstvistar om t.d. eigedomsretten til eit bruksnummer.

23.2 Framlegget i høyringsnotatet

§ 17 slik den no lyder, høver slik den vert vurdert i høyringsnotatet dårleg i rettsutgreiings-, og grensegangs- og skjønssaker. Årsaka til dette er todelt: For det første er det ikkje naturleg å kalle desse sakstypene jordskiftesaker. For det andre vil det aldri trengast i høve til desse sakene å avseie dom i «underliggjande rettstvistar». Slike spørsmål vil retten kunne take stilling til prejudisielt, slik det vert gjort i dei ordinære domstolar og skjønsrettar.

I høyringsnotatet vert det derfor gjort framlegg om å endre § 17 slik at den kjem meir i samsvar med bruksområdet sitt. Dette vert gjort ved å taka inn ein regel som seier at jordskifteretten, i andre typer saker enn jordskiftesaker og dersom ein part krev det, kan avseie dom i tvistar som nemnt i første punktum. Det skal, som før, vere ein føresetnad at det er naudsynt å taka stilling til spørsmålet for å ta avgjerd i saka. Det må vidare vere ein føresetnad at rettsspørsmålet ligg innanfor jordskifteretten sitt naturlege arbeidsområde, d.v.s. først og fremst eigedoms- og bruksrettstilhøve. Denne avgrensinga må seiast å ligge inne i § 17 første ledd, første punktum.

23.3 Høyringsfråsegner

Høyringsinstansane i Jordskifteverket er, i den grad dei har kome med merknader til framlegget, positive. Det er eit utbreidd syn at dette er ei tenleg opprydding, slik at ein slepp å ty til kunstige fortolkingar av paragrafen. Nokre meiner likevel at endringa ikkje er naudsynt.

Justisdepartementet har ingen innvendingar av innhaldsmessig art.

Den Norske Advokatforening uttaler at tredje ledd bør omformulerast slik at det ikkje er tvil om at kompetansen ikkje rekk lenger enn til å avseie dom i tvistar om grenser, eigedomsrett og bruksrett, i samsvar med det som klårt har vore meininga. Vidare uttaler dei at det bør seiast at jordskifteretten i desse tilfella skal (i staden for kan) avseie dom dersom ein part krev det.

23.4 Departementet sine merknader

Departementet er samd med Den Norske Advokatforening i at «kan» bør byttast ut med «skal».

Departementet kan ikkje sjå at tredje ledd i framlegget må endrast for å få fram at det berre er i spørsmål om grenser, eigedomsrett, bruksrett o.l. at jordskifteretten har kompetanse til å avseie dom, da ein meiner at dette går fram av tilvisinga til første ledd.

Det vert gjort framlegg om endring av § 17 i samsvar med dette.

Til forsiden