Prognosemodellen i departementet sin valdatabase

Eg viser til din telefonsamtalen din med departementet den 16. september 2009, der du peika på ein mogleg feil i prognosemodellen i departementet sin valdatabase, då du ikkje fekk resultata for Rogaland fylke til å stemma.

Torarin Hals Bakke
Steinliveien 2 B
1185 OSLO


Vår ref 09/2389-1 TRA

Dato 30.09.2009


Gode Torarin!

Eg viser til din telefonsamtalen din med departementet den 16. september 2009, der du peika på ein mogleg feil i prognosemodellen i departementet sin valdatabase, då du ikkje fekk resultata for Rogaland fylke til å stemma.

Som alle veit i dag, hadde du heilt rett, og feilen vart retta i databasen same dag.

Feilen oppstod fordi grunnlaget for korleis ein reknar røystene i prognosemodellen var for lågt i Stavanger kommune, då førehandsrøystene i Stavanger ved ein feil ikkje vart tekne med i berekningsgrunnlaget.

No er det heldigvis slik at dei reelle valresultata ikkje vert rekna ut i denne databasen. Den lagar som namnet seier, berre eit prognostisert resultat. Den reelle fordelinga av mandata og kåringa av kandidatane skjer hos fylkesvalstyra og hos Riksvalstyret.

For å oppretthalda tilliten til valordninga er det likevel særs viktig at så mange som mogleg følgjer med på gjennomføringa av valet. Eg vil takka deg for engasjementet ditt, og for at du gjorde departementet merksam på feilen du hadde oppdaga.


Med helsing


Magnhild Meltveit Kleppa