Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 61 020 km². Rundt 60 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km² er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 anerkjenner norsk suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte forskrifter for Svalbard.

Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og det største lokalsamfunnet. Ifølgje befolkningsregisteret for Svalbard er det per 01.09.2013 totalt 2 125 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 676 busette (inklusive 16 busette i Pyramiden). Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. Ifølgje befolkningsregisteret er det til saman 34 heilårs busette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 10 heilårsbusette. Som ein ser av tabellen har det vore ein nesten kontinuerleg vekst i befolkninga i Longyearbyen siste tiår. Frå 2012 til 2013 var det likevel ein liten nedgang. For nærare omtale av denne utviklinga, sjå pkt. 2.1.3.

Tabell 1.1 Befolkningstal 2005–2013 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

Longyearbyen

1932

1905

2018

2068

2112

2041

2084

2173

2125

Ny-Ålesund

36

37

37

41

37

43

39

40

34

Barentsburg

717

448

525

440

417

491

450

413

676*

* inkl. 16 busette i Pyramiden

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2013–2014) Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2014 er omtalt nærare under pkt. 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Det er nedfelt i Politisk plattform for fleirtalsregjeringa at Regjeringa ser nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i utanrikspolitikken. Hovudprioriteringane og verkemidla i satsinga er konkretisert i fleire dokument, seinast i Meld. St. 7 (2011–2012) Nordområdene - visjon og virkemidler (nordområdemeldinga), som vart lagt fram hausten 2011. Meldinga gjev ein samla gjennomgang av nordområdepolitikken, med vekt på korleis Regjeringa meiner Noreg bør møte utfordringane og moglegheitene i nord i eit generasjonsperspektiv. Svalbard er Noregs nordlegaste region og ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk, markerer at Noreg er ein viktig aktør i nordområda.

Regjeringa legg om lag kvart tiande år fram ei stortingsmelding om Svalbard. Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken er beskrivne i meldinga og gir – saman med dei årlege svalbardbudsjetta – uttrykk for gjeldande svalbardpolitikk fram til neste stortingsmelding om Svalbard. Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken har lege fast i lang tid og vart seinast stadfesta i siste stortingsmelding om Svalbard (St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard). Desse måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa

Det er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken. Historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka.

Måla fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Måla har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener difor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla for norsk svalbardpolitikk i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Gjennom stortingsmeldinga som blei lagt fram i 2009 vart det gjort ein heilskapleg gjennomgang av svalbardpolitikken og lagt rammer for denne dei neste åra. Det blir framleis lagt opp til ei stabil og føreseieleg styresmaktsutøving og god samfunnsutvikling på øygruppa innafor ramma av dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Hovudmål og delmål

Justis- og beredskapsdepartementet – som har fag- og koordineringsansvar for norsk polarpolitikk både i Arktis og Antarktis – har følgjande hovudmål og delmål for dette:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Justis- og beredskapsdepartementet

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg og konsistent politikk for polarområda

  1. Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

  2. Sikre ei god statleg forvaltning på Svalbard gjennom Sysselmannen

  3. Leggje til rette for at lokaldemokratiet fungerer og at det framleis er eit robust lokalsamfunn i Longyearbyen

2.1 Heilskapleg og konsistent politikk for polarområda

Regjeringa la våren 2009 fram St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard (svalbardmeldinga). Det hadde då skjedd ei betydeleg utvikling på Svalbard sidan førre stortingsmelding om Svalbard blei lagt fram i 2000. Mellom anna vart det i 2002 etablert lokaldemokrati i Longyearbyen, og det hadde òg vore ein auke i aktivitetsnivået på dei fleste områda, inkludert forsking og turisme som er to av dei pilarane svalbardsamfunnet er tufta på.

Eit hovudmål for svalbardpolitikken er å oppretthalde ei robust busetjing i Longyearbyen. Å vere til stades på Svalbard bidrar til å sikre ei truverdig og effektiv forvaltning av Noregs store land- og sjøområde. Regjeringa vil difor arbeide for å vidareføre eit levedyktig svalbardsamfunn der miljøforvaltning, forsking, koldrift og reiseliv blir foreina innafor rammer som sikrar at øygruppa blir teken vare på som eitt av verdas best forvalta villmarksområde.

Klimaendringane i Arktis og den betydninga desse endringane har for det globale klimaet, gjer at Svalbard er eit viktig område for studium av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringane. Kunnskap vert omtalt som navet i Regjeringas nordområdestrategi, og Svalbard si rolle som plattform for norsk og internasjonal polarforsking, kunnskap og utdanning er eit viktig satsingsområde.

Svalbard har ein unik natur- og kulturarv som norske styresmakter har eit særskilt ansvar for å bevare, og all næringsverksemd, ressursutnytting og forsking skal skje innafor dei rammer omsynet til bevaring av Svalbards naturmiljø og kulturminne set. Samstundes er det òg viktig å behalde naudsynt handlefridom framover, for å kunne møte nye utfordringar og nytte dei til ei kvar tid beste verkemidla i forvaltninga av øygruppa.

Beredskap og tryggleik på Svalbard

Klimaendringane skaper moglegheiter for og forventningar om aktivitetsauke i nord. Eit varmare polhav vil bidra til at fiskeriaktivitetane flytter nord og austover. Mindre is vil på sikt kunne opne nye ruter for den internasjonale skipsfarten mellom aust og vest. I svalbardmeldinga er det framheva at Longyearbyen vil kunne få auka betyding mellom anna som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette vart forsterka gjennom Stortinget si behandling av meldinga.

Auka aktivitet og trafikk i Arktis krev eit styrkt redningssamarbeid mellom dei landa som har ansvar for søk og redning i arktiske farvatn. Noreg underteikna i 2011 ei avtale med Canada, Danmark, Finland, Island, Russland, Sverige og USA om samarbeid om søk og redning i samband med luft- og sjøfart i Arktis. Noregs ansvarsområde for søk og redning er blitt utvida ved at Noreg tek ansvar lenger aust mot russisk ansvarsområde, og nord for Svalbard opp til polpunktet.

Figur 2.1 Ansvarsområde for søk- og redning i Arktis

Figur 2.1 Ansvarsområde for søk- og redning i Arktis

Det styrkte redningssamarbeidet er viktig for optimal utnytting av dei ressursane som finst i regionen og for å komme naudlidande til unnsetning så raskt som mogleg. For å styrkje arbeidet med søk og redning på Svalbard og i nærliggande havområde, har Stortinget etter forslag frå Regjeringa vedteke at Sysselmannen frå 2014 skal ha to store likeverdige helikopter. Det er inngått kontrakt med Lufttransport AS om leige av to Super Puma helikopter med avansert utstyr. Bakgrunnen for dette er både det utvida ansvarsområdet som følgjer av avtala nemnd over, og den auka betydinga Longyearbyen vil få som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette vil styrkje redningsberedskapen på fleire måtar. Helikoptra har auka rekkevidde og vil kunne plukke opp 18 naudstilte innafor ein radius på 120 nautiske mil. Vidare har helikoptra større lasteevne, nytt moderne søkeutstyr og betre kommunikasjons- og sikkerheitsutstyr. I tillegg vert utrykkingstida på reservehelikopteret som no er to timar i kontortida og 12 timar utanom denne, redusert til to timar heile døgnet. Vidare vil styrkinga auke tryggleiken for mannskapet. For å få tilfredsstillande hangarforhold for dei nye helikoptra vert det bygt ein ny moderne hangar. I revidert nasjonalbudsjett og i det ordinære statsbudsjettet for 2013 vart det løyvd midlar til hangaren. Hangaren skal etter planen stå klar 1. april 2014. Det vert foreslått løyvd midlar over svalbardbudsjettets kap. 6 (Sysselmannens transportbudsjett) for å drifte hangaren frå 2014.

Tenestefartøyet til Sysselmannen er òg ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Det er særs viktig at helikopter og båt kan samverke på ein god måte. Sysselmannens kontrakt om leige av tenestefartøy gjekk ut i 2012. For 2013 vart det inngått ein ny eittårig kontrakt. Frå 2014 er det inngått kontrakt med Remøy Management AS om leige av eit fartøy med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens nye helikopter. Det nye fartøyet er eit nybygg frå Havyard-verftet i Sogn og Fjordane. For å setje Sysselmannen i stand til å løyse nye og større utfordringar innafor arbeidet med redning og beredskap og for å tilpasse seg dei nye arbeidstidsføresegnene for politiet, foreslår Regjeringa å styrkje politibemanninga med tre nye stillingar frå 1. juli 2014. For ytterlegare omtale av desse tema, sjå del II, kap. 6 Sysselmannens transportteneste.

Auka aktivitet i så vel farvatna rundt Svalbard som i nordområda generelt har følgjer for sjøtryggleiken på Svalbard, og gjev forvaltninga utfordringar som må møtast. Førebygging er sentralt i så måte, og av viktige tiltak som er treft dei siste åra, kan mellom anna nemnast innføring av hamne- og farvasslova for Svalbard.

Utgreiingar og vurderingar frå Det Norske Veritas og Kystverket har dessutan synt at innføring av losteneste og losplikt på Svalbard, vil redusere risiko for hendingar og miljøskade i moderat til stor grad og styrkje tryggleiken til sjøs. Ved Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2012, vart det difor vedteke å innføre ei statleg losteneste for all skipstrafikk i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet. Med heimel i loslova fastsatte Fiskeri- og kystdepartementet forskrift 25. juni 2012 om losteneste på Svalbard. Forskrifta tok til å gjelde 1. juli 2012. Det er gjort enkelte tilpassingar i reglane ut frå lokale forhold på øygruppa, og det vil òg vere overgangsordningar med trinnvis innføring av losplikt for å gje aktuelle verksemder tid til å tilpasse seg det nye regelverket.

I eigenskap av fylkesmann skal Sysselmannen i medhald av Instruks for samfunnssikkerhets- og beredskapsarbeidet til Fylkesmannen og Sysselmannen på Svalbard av 18. april 2008 samordne samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet, og ivareta rolla som pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. I eigenskap av både politimeister og fylkesmann har Sysselmannen på Svalbard ei særs sentral og viktig rolle, både for å førebyggje uønskte hendingar og i å handtere oppståtte hendingar, både ikkje-planlagde som til dømes naturkatastrofar og planlagde hendingar som til dømes kriminalitet og terrorisme.

Sysselmannen har i 2013 utarbeidd ei ny risiko- og sårbarheitsanalyse for Svalbard. Dokumentet belyser eit utval risikoområde innafor hovudkategoriane naturhendingar, store ulykker og alvorlege tilsikta hendingar. Analysen er gjort i samarbeid med dei lokale beredskapsaktørane på Svalbard og dannar grunnlag for revisjon og vidareutvikling av eit heilskapleg beredskapsplanverk. Sysselmannen vil fortsetje det gode samarbeidet med dei lokale beredskapsaktørane og overordna styresmakter i utviklinga av tryggleiken på Svalbard.

Av Regjeringas melding til Stortinget om samfunnstryggleik (Meld. St. 29 (2011–2012)), går det dessutan fram at det er eit mål for Regjeringa at befolkninga skal oppleve stor grad av tryggleik for liv, helse og viktige verdiar. Røynsle frå hendingar viser kor viktig det er å ha system for å oppretthalde samfunnets grunnleggjande funksjonsevne når alvorlege hendingar inntreff.

Longyearbyen lokalstyre har sidan det blei oppretta i 2002 utvikla seg i retning av å bli meir lik ein vanleg kommune. Frå 2011 er kommunane pålagt ei generell beredskapsplikt gjennom ny lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelsesloven). Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunen skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planlegge ut frå dette. 18. desember 2012 blei Longyearbyen lokalstyre pålagt ei tilsvarande plikt gjennom ei forskrift om dette med heimel i sivilbeskyttelseslova, som gjer delar av lova gjeldande for Svalbard. Forskrifta om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre pålegg lokalstyret sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og kvalitetsmessig godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og vurdere behovet for eventuelle særskilte førebuingar.

Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet samarbeidar om korleis flom- og skredførebygging bør skje på Svalbard. Spørsmålet er omtala i Meld. St. 15 (2011–2012) punkt 4.4.

2.1.1 Samordne og koordinere Regjeringas politikk for polarområda

For å nå hovudmåla i svalbardpolitikken og dei delmåla som er nemnde over, har styresmaktene fleire verkemiddel. Det interdepartementale polarutvalet er eit særs viktig organ for dei sentrale styresmaktene si koordinering og samordning av norsk polarpolitikk. Vidare er dei viktigaste verkemidla lovgiving, løyvingar over statsbudsjettet herunder svalbardbudsjettet, Sysselmannen på Svalbard, som statens øvste representant på øygruppa, og lokal forvaltning gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Det interdepartementale polarutvalet

Koordinering og oppfølging av politikkområda til fagdepartementa som gjeld Svalbard og polarområda elles, er viktig for å nå hovudmåla i polarpolitikken. Av instruksen for Det interdepartementale polarutvalet går det fram at det er justis- og beredskapsministeren som leier dette utvalet og difor har det overordna koordineringsansvaret for Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Det er nødvendig å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Polarutvalet fungerer i denne samanhengen som eit verktøy for Justis- og beredskapsdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

Svalbardutvalet vart oppretta allereie i 1965. I 1971 vart ansvarsområdet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet.

Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng og Statsministerens kontor, Norsk Polarinstitutt og Sysselmannen på Svalbard. Utvalet har møter om lag ti gonger i året.

Figur 2.2 Oversikt over Det interdepartementale polarutvalet.

Figur 2.2 Oversikt over Det interdepartementale polarutvalet.

Plikta til å leggje fram saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken, saman med andre viktige saker for Polarutvalet, gjer at desse kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk polarpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagt fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartements mynde til å treffe avgjerder, eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartementet, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justis- og beredskapsdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for regjeringa.

Justis- og beredskapsdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for koordineringa av regjeringas politikk for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Utanriksdepartementet leiar den norske delegasjonen til desse møta, der mellom anna òg Justis- og beredskapsdepartementet deltek.

Arktisk Råd

Arktisk Råd er det einaste sirkumpolare samarbeidsorganet som omfattar alle dei arktiske landa. Rådet blei etablert i 1996, og medlemmane deler på å ha formannskapet, med to år av gongen. Sverige har hatt formannskapet sidan hausten 2011 og perioden vart avslutta med ministermøte i Kiruna våren 2013. Canada overtok deretter formannskapet. Noreg er ein pådrivar i arbeidet med å styrkje Arktisk Råd. Styrkinga skjer gjennom opptak av nye observatørar, etablering av eit eige sekretariat – som er lagt til Tromsø, og ved å handtere utfordringar som følgje av klimaendringane og mogligheitene for auka menneskeleg aktivitet i Arktis. Regjeringa arbeider for at Arktisk Råd møter desse utfordringane med sikte på å nytte moglegheitene på eit berekraftig vis. Rådet har dei siste åra utvikla seg frå eit reint drøftande organ til eit forum som òg tek initiativ til å forhandle fram juridisk bindande avtaler mellom medlemslanda i rådet. I 2011 vart det, etter initiativ frå Arktisk Råd, inngått ei avtale mellom dei åtte arktiske landa om søk og redning i Arktis. Etter same modell har landa forhandla fram ei avtale om beredskap og respons for handtering av oljeforureining i dei arktiske farvatna. Denne vart underteikna på ministermøtet våren 2013. Dette har bidrege til å styrkje og sikre Arktisk Råd som den viktigaste internasjonale møteplassen for å forme ny politikk for handtering av utfordringar i Arktis. På same møte blei òg India, Italia, Japan, Kina, Singapore og Sør-Korea tekne opp som permanente observatørar. Det blei òg bestemt at EU skal bli observatør, men dette vil først skje når nokre uteståande spørsmål mellom EU og Canada er avklarte. Opptaket av nye observatørar bidrar til å bekrefte Arktisk Råd si sentrale stilling som internasjonal møteplass for arktiske spørsmål. Utanriksdepartementet leier den norske delegasjonen til møta i Arktisk Råd, der mellom anna òg Justis- og beredskapsdepartementet deltek.

Lovgiving

Normaliseringa av samfunnsfunksjonane på Svalbard og dei stadig meir omfattande folkerettslege pliktene Noreg tek på seg reint generelt, har dei siste åra ført til eit aukande behov for å innføre nye lover og forskrifter for Svalbard. Lovgiving er dessutan eit viktig verkemiddel for å sikre ei fornuftig samfunnsutvikling på Svalbard innanfor rammene av dei overordna måla i svalbardpolitikken. Riksrevisjonen peika i sin forvaltningsrevisjon av Svalbard (Dokument nr. 3:8 (2006-2007)) på at Svalbard på nokre område syntest å vere underregulert. Regjeringa har lagt vekt på dette og drøfta difor lovgivingssituasjonen grundig i svalbardmeldinga. Det vart då slått fast at ny lovgiving for fastlandet skal innførast for Svalbard òg, med mindre særlege tilhøve taler mot dette. Det vart òg varsla ein gjennomgang av lovgivinga og rettstilhøvet på nokre særskilde felt.

Fleire sentrale lover er dei seinare åra gjort gjeldande for Svalbard. Her kan nemnast hamne- og farvasslova, konkurranselova, loslova og sikkerheitslova.

All ny lovgiving vert likevel ikkje gjort gjeldande for Svalbard heilt automatisk. Lovgivinga om privatrett, strafferett og om rettspleie gjeld på Svalbard når ikkje anna er fastsett, mens anna offentlegrettsleg lovgiving ikkje gjeld utan når det er særskilt fastsett. Dette er slått fast i Svalbardlova § 2. Gjennom behandlinga av svalbardmeldinga kom ein fram til at dette systemet skulle førast vidare, og utanrikskomiteen slutta seg til at dette er ei formålstenleg løysing, fordi rammene for lokalsamfunnet er noko annleis enn for fastlandet. Det vert såleis gjort ei spesiell vurdering av tilhøvet til Svalbard ved innføring av offentlegrettsleg lovgiving, men då altså med det utgangspunktet at lover skal gjelde for Svalbard med mindre særlege grunnar talar imot det.

På nokre rettsområde er det framleis naudsynt å vurdere særskilt i kva mon lovgivinga skal gjelde for Svalbard. Dette gjeld så vel allereie vedtekne lover og forskrifter som ny lovgiving. Ein må mellom anna vurdere om det skal gjerast tilpassingar i høve til staden, og/eller om det er naudsynt med overgangsordningar. Til dømes skal nærings- og selskapslovgivinga no tilpassast for Svalbard. Det gjeld i første rekkje rekneskaps-, og bokføringslova. Dei andre delane av lovgivinga på dette feltet, mellom anna aksjelova, revisorlova og lova om stiftingar vil bli vurderte i etterkant av dette.

Vidare er det slått fast at sjølv om Longyearbyen på fleire område liknar på eit lokalsamfunn på fastlandet, og det er eit mål at det òg skal vere eit robust familiesamfunn, skal det likevel ikkje vere eit livsløpsamfunn. Utlendingslova gjeld heller ikkje. Det offentlege tenestetilbodet innanfor helse- og sosialområdet er difor avgrensa. I ei lovregulering av tenesteytinga innanfor t.d. helsesektoren, må det difor gjerast ei eiga vurdering av kva for reglar som er naudsynte. Helse- og omsorgsdepartementet arbeider for tida med å modernisere helselovgivinga for Svalbard. Føremålet er ikkje å innføre nye typar tenester på øygruppa, men å leggje lovgivinga tettare opp til fastlandslovgivinga (sjå meir om dette i pkt. 4.7).

Vidare er Direktoratet for tryggleik og beredskap i gang med å utgreie brannlovgivinga på Svalbard. Ein rapport med anbefalingar om tilpassingar for Svalbard og vidare prosess for arbeidet, vil truleg bli lagt fram i løpet av hausten.

2.1.2 Sikre ei god statleg forvaltning på Svalbard gjennom Sysselmannen

Sysselmannen på Svalbard er regjeringas øvste representant på øygruppa. Sysselmannen har rolle både som politimeister og fylkesmann og er ein av de viktigaste aktørane i det lokale forvaltningsapparatet på Svalbard og i forvaltninga av dei statlege interessene på øygruppa. I tillegg til å forvalte norsk svalbardpolitikk og ta vare på Noregs rettar og plikter etter Svalbardtraktaten, har Sysselmannen ei viktig rolle som premissleverandør for utforminga av svalbardpolitikken.

Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalestyresmakt, og miljøforvaltning på øygruppa.

Svalbard er i utstrekning Noregs største politidistrikt, og Sysselmannen har mynde på lik linje med ein politimeister på fastlandet. I denne eigenskapen er Sysselmannen òg leiar for den Lokale redningssentralen (LRS). Vidare har Sysselmannen i kraft av å vere fylkesmann det koordinerande ansvaret for samfunnsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen utgjer òg ein viktig statleg ressurs for oljevernberedskapen. Bevaring av Svalbards særeigne villmarksnatur er eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Sysselmannen har ansvaret for den lokale miljø- og kulturminneforvaltinga for heile øygruppa og utøvar denne gjennom mellom anna svalbardmiljølova med forskrifter. I arbeidet med å utøve mynde, vere tilstades og halde beredskap i nordområda, er transporttenesta til Sysselmannen heilt avgjerande. Dette gjeld både helikoptertenesta og tenestefartøyet. Dei nye kontraktane for helikopter og tenestefartøy er med på å styrkje Sysselmannens kjerneoppgåver, og auke tryggleiken på øygruppa.

Det at både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon, mogleggjer ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø.

Sysselmannen er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. På fleire fagområde er han likevel underlagt andre departement. For nærare omtale av utfordringar på til dømes miljøvernområdet, sjå pkt. 4.1.

Befolkningsauken i Longyearbyen dei siste ti åra og ei utvikling der stadig fleire lover blir gjort gjeldande på øygruppa, har ført til auke i Sysselmannens oppgåver både i omfang og kompleksitet. Ikkje minst gjeld dette fordi interessa for Svalbard er stor både frå nasjonalt og internasjonalt hald, frå politiske aktørar, næringsaktørar, forskingsmiljø og media. Regjeringa legg vekt på at Sysselmannen må utviklast vidare i rolla som regjeringas øvste representant på øygruppa og som premissleverandør for utforminga av norsk svalbardpolitikk. Stortinget slutta seg til dette gjennom si behandling av svalbardmeldinga, og understreka spesielt at rednings- og politiressursane til ei kvar tid må vere tilstrekkeleg dimensjonerte til å handheve Sysselmannens ansvar innafor desse områda.

Arbeidet med å reparere og oppgradere sysselmannsgarden vart sluttført i 2012. Garden er viktig som lokale for representasjon. Sysselmannens administrasjonsbygning har i fleire år hatt for liten kapasitet. Bygningen blei frå 2012 innlemma i den statlege husleigeordninga. Arbeidet med å utvide bygningen vert sett i gang hausten 2013 og vert etter planen ferdigstilt i 2014. Dette vil gje større kontorareal, og mellom anna sikre eit tidsmessig stabsrom til bruk i krisesituasjonar.

2.1.3 Leggje til rette for at lokaldemokratiet fungerer og at det framleis er eit robust lokalsamfunn i Longyearbyen

Å oppretthalde norske samfunn på øygruppa er eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Denne målsetjinga blir oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre (LL) har etter at det vart oppretta i 2002 blitt ein viktig medspelar for dei sentrale styresmaktene ved at dei innafor ramma av norsk svalbardpolitikk arbeider for ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet i Longyearbyen. Lokalstyret får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet mottek departementet innspel frå lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte med Justis- og beredskapsdepartementet. På desse møta blir mellom anna viktige budsjettspørsmål og aktuelle problemstillingar diskuterte. LL underrettar Justis- og beredskapsdepartementet om lokale utfordringar, mens departementet nyttar møta til å formidle statleg politikk og forventningar til lokalstyret. Justis- og beredskapsdepartementet ser ein stor verdi i denne dialogen. Som ei oppfølging etter svalbardmeldinga er det òg etablert eit fast årleg kontaktmøte mellom LL og Det interdepartementale polarutvalet.

Den vellykka satsinga på Svalbard, og Longyearbyen især, har òg hatt innverknad på tenestetilbodet i Longyearbyen som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Veksten i samfunnet har mellom anna skapt behov for fleire bustader, og barnehage- og skuleplassar. For å medverke til at lokalstyret kan setje i verk naudsynte tiltak innafor skule- og barnehageområdet, vart budsjettet deira styrkt med i alt 2,7 mill. kroner frå og med 2010.

Solide og tilstrekkelege rammevilkår er ein viktig føresetnad for at LL skal kunne handtere noverande og ikkje minst framtidige oppgåver på ein god og effektiv måte.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa planområde, Longyeardal. Dette inneber mellom anna energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggjesaksbehandling, veg, vatn, avløp, renovasjon, kaiteneste, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, utvikling og samordning av samfunnstenester retta mot barn, ungdom og vaksne, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid, barnehagar og drift av skulen.

Longyearbyen lokalstyre har til no organisert verksemda si slik at strategiske oppgåver, utøving av mynde og overordna bestillarfunksjon blir tekne hand om i lokalstyrets eigen administrasjon. Sjølve driftsoppgåvene for samfunnet har i hovudsak blitt ivaretekne gjennom tre «kommunale» føretak: Oppvekstføretak KF med ansvar for oppvekst, Kultur- og fritidsføretak KF med ansvar for kultur og fritid og Bydrift KF med ansvar for drift av teknisk infrastruktur. Lokalstyret har no vedteke ein ny modell, der føretaka blir fjerna og det øvste nivået skal bestå av administrasjonssjefen og to sektorleiarar. I nivået under ligg dei ulike einingane som bibliotek, kulturhus, barnehage, skule, vatn, plan og bygg. Endringane blir sette i verk frå årsskiftet 2013–2014.

Den norske busetjinga på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Det siste tiåret har det vore ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund.

Tabell 2.2 Utvikling i talet på gjestedøgn

År

Gjestedøgn

2005

78 000 (ca)

2006

82 000 (ca)

2007

86 000 (ca)

2008

88 951

2009

82 307

2010

81 718

2011

85 785

2012

84 142

Etter ein topp i 2008 med nær 89 000 gjestedøgn gjekk talet ned i åra 2009–2010 for så å auke igjen dei to siste åra. Talet på gjestedøgn i 2012 var likevel lågare enn i åra 2007–2008.

Utviklinga i kolnæringa er utfordrande, og Store Norske må tilpasse seg utviklinga mellom anna med å redusere talet på tilsette. Talet på tilsette i Store Norske dei siste åra går fram av tabellen nedanfor:

Tabell 2.3 Talet på tilsette i Store Norske

År

Talet på tilsette

2005

314

2006

366

2007

396

2008

387

2009

368

2010

337

2011

370

2012

396

2013

300*

*prognose per 31.12.13

Etter ein nedgang i talet på tilsette i Store Norske i åra 2007–2010 har talet auka att i åra 2011 og 2012. Selskapet har i 2013 sett i verk tiltak for å redusere talet på tilsette frå ca. 380 medio 2013 til «ned mot 300» ved utgangen av 2013. Nærings- og handelsdepartementet følgjer nøye den tilpassinga selskapet no gjennomfører - mellom anna med å redusere talet på tilsette - for å ha eit meir robust økonomisk fundament for den vidare drifta.

Lokale aktørar har teke initiativ til å etablere eit næringsutviklingsselskap i Longyearbyen. Dette er eit positivt initiativ og vil kunne medverke i arbeidet med å etablere og utvikle ny kunnskapsbasert næringsaktivitet i Longyearbyen. Longyearbyen Næringsforeining i samarbeid med Longyearbyen lokalstyre er i oppstarten av arbeidet med å lage ein næringsanalyse. Målet er at analysen kan medverke til å utvikle eit meir robust næringsliv i Longyearbyen. Nærings- og handelsdepartementet, Innovasjon Noreg og Justis- og beredskapsdepartementet har til saman tildelt 0,8 mill. kroner til dette arbeidet.

Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stor mon frå 1970-talet. Ein ser i aukande grad eit behov for ei oppgradering til det som er standard elles. Dette gjeld både vegar, bustader, røyrframføringar og liknande. Longyearbyen lokalstyre har kontinuerleg merksemd på korleis dette vedlikehaldsetterslepet kan handterast.

Klima- og forureiningsdirektoratet påla Longyearbyen lokalstyre, som eig kraftverket, eit reinsekrav frå juli 2012. Tidspunktet vart seinare forlenga til 2014. I budsjetta for 2012 og 2013 vart det løyvd 43,8 mill. kroner til å starte bygging av reinseanlegget. For 2014 vert det føreslått å vidareføre løyvinga med ytterlegare 41 mill. kroner i investeringskostnader og 1 mill. kroner i driftskostnader.

Desember 2012 braut det ut brann i energiverket i Longyearbyen. Brannen førte til betydelege skadar og avdekte samtidig fleire svake sider i energiforsyninga i Longyearbyen. Dei løyvingsmessige konsekvensane av å utbetre desse svakheitene blei spelte inn i arbeidet med Revidert nasjonalbudsjett 2013, og gjennom behandlinga i Stortinget 21. juni 2013 fekk Regjeringa tilslutning til å styrkje lokalstyret med 5,1 mill. kroner for å utbetre forholda ved kraftverket og slik styrkje beredskapen i Longyearbyen.

Våren 2013 kom ei tilstands- og levetidsvurdering av energiforsyninga i Longyearbyen. Dei faglege vurderingane i analysen er klare på at det er eit sterkt behov for oppgraderingar og investeringar i kraftverket for å sikre leveransen av straum og varme og forlenge levetida til kraftverket. Som eigar av kraftverket i Longyearbyen er Longyearbyen lokalstyre ansvarleg for tryggleiken i leveransen av varme og energi i lokalsamfunnet. Dei faglege anbefalingane i tilstands- og levetidsvurderinga har, saman med kritiske brot i nettopp leveransen av varme og energi våren og forsommaren 2013, ført til at lokalstyret ønskjer å prioritere dette arbeidet straks. Longyearbyen lokalstyre vil derfor setje i gang arbeidet med opprusting av kritiske tryggleiksfaktorar allereie hausten 2013. Konsekvensen av dette er at arbeidet med å reinse kraftverket vert nedprioritert i den perioden opprustingane finn sted. Arbeidet med å reinse kraftverket vil etter planen bli teke opp igjen i 2014/2015.

Komiteen bad under si behandling av svalbardmeldinga Regjeringa vurdere om ansvaret som grunneigar i Longyearbyen bør overførast frå Store Norske til andre. Ei arbeidsgruppe under leiing av Nærings- og handelsdepartementet har gjort ein slik gjennomgang og Justis- og beredskapsdepartementet har no saka til vurdering.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2014

Regjeringa har gjennom dei siste åtte åra hatt spesiell merksemd på å leggje til rette for eit robust familiesamfunn i Longyearbyen, god styresmaktsutøving gjennom styrking av Sysselmannen og arbeidet med redning og tryggleik.

Skatten i lønnstrekkordninga på Svalbard vart auka frå 1. januar 2006. Auken skuldast ei tilpassing til skattereforma på fastlandet. Samstundes blei det nedsett ei arbeidsgruppe for å vurdere skattesystemet på Svalbard. Gruppa konkluderte med at ein framleis bør leggje vekt på å bruke lågt skattenivå som verkemiddel for å sikre busetjing og aktivitet på Svalbard. På bakgrunn av dette foreslo Regjeringa i statsbudsjettet for 2008 å redusere skattesatsen på lønnsinntekt til 8 pst., noko som vart vedteke av Stortinget. For ytterlegare å leggje til rette for barnefamiliar i Longyearbyen, er det innført eit eige svalbardtillegg i barnetrygda.

Robust leveranse av kraft og straum er avgjerande for eit velfungerande lokalsamfunn. Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for kraftverket i Longyearbyen. I 2007 vart det løyvd midlar for etablering av eit nytt moderne reservekraftanlegg i Longyearbyen. Vidare har Klima- og forureiningsdirektoratet pålagt Longyearbyen lokalstyre eit reinsekrav. Som nemnt over vart det i statsbudsjettet for 2012 og 2013 løyvd til saman 43,8 mill. kroner i investeringsmidlar til dette formålet. Reinsinga vert fullfinansiert gjennom ei ytterligare løyving på 41 mill. kroner til investeringar (og om lag 1 mill. kroner til drift) i 2014. Samstundes vil Longyearbyen lokalstyre etter anbefalingar i ei tilstandsvurdering frå våren 2013, setje i gang arbeidet med opprusting av kritiske tryggleiksfaktorar allereie hausten 2013.

Regjeringa legg vekt på at Sysselmannen skal utviklast vidare i den viktige rolla som regjeringas øvste representant på øygruppa og som premissleverandør for utforminga av norsk svalbardpolitikk. Sysselmannsgarden er viktig som bustad for sysselmannen og som lokale for representasjonsoppgåver. Arbeidet med å oppgradere og reparere garden vart sluttført i 2012. Sysselmannens administrasjonsbygg har i fleire år hatt for liten kapasitet. Ei utviding av bygget vert sett i gang hausten 2013 og bygget skal etter planen stå ferdig hausten 2014. Dette vil gje større kontorareal, og mellom anna sikre eit tidsmessig stabsrom til bruk i krisesituasjonar. Begge desse byggeprosjekta vert løyste gjennom husleigeordninga til Statsbygg og ein auke i husleiga.

Som ein konsekvens av auka aktivitet på Svalbard og i dei nærliggande havområda og utvida ansvarsområde i Arktis, har Stortinget etter forslag frå Regjeringa vedteke at Sysselmannen frå 2014 skal ha to store likeverdige helikopter. Dette vil bidra til å styrkje redningsberedskapen på fleire måtar. Helikoptra har lengre rekkevidde og vil kunne plukke opp 18 naudstilte innafor ein radius på 120 nautiske mil. Vidare har helikoptra større lasteevne, nytt moderne søkeutstyr og betre kommunikasjons- og tryggleiksutstyr. For å få tilfredsstillande hangarforhold for helikoptra frå 2014, vert det bygt ein ny moderne hangar. Som ei følgje av denne styrkinga vert det foreslått å auke løyvinga til Sysselmannens transportkapittel med 65,3 mill. kroner.

Tenestefartøyet til Sysselmannen er òg ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng, mellom anna ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er fartøyet heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Frå 2014 er det inngått kontrakt med Remøy Management AS om leige av eit nytt fartøy som vert bygd på Havyard-verftet i Sogn og Fjordane. Som ei følgje av denne styrkinga vert det foreslått å auke løyvinga til Sysselmannens transportkapittel med 17,3 mill. kroner.

I tillegg vert det foreslått å styrkje Sysselmannen med tre politistillingar frå 1. juli 2014 for å setje Sysselmannen betre i stand til å løyse nye og større utfordringar på rednings-, beredskaps-, og tryggleiksområdet innafor dei gjeldande arbeidstidsføresegnene for politiet.

Løyvinga på Sysselmannens driftsbudsjett er foreslått auka med om lag 6,7 mill. kroner til nye stillingar i miljøvernavdelinga og i politiavdelinga, og til å dekkje utstyr og auka husleige i samband med at administrasjonsbygget vert utvida. Sysselmannens transportbudsjett er styrkt med 81 mill. kroner i samband med dei nye leigekontraktane for tenestefartøy og helikopter og for å dekkje leige av ny helikopterhangar på lufthamna. Vidare er Longyearbyen lokalstyre i tillegg til løyvingane til reinseanlegget tilført omlag 0,35 mill. kroner mellom anna i samband med ordninga med maksimalpris i barnehagar, to årlege opptak i barnehagar, og innføring av valfag i ungdomsskulen.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2014 er 455,8 mill. kroner. Dette er 138,5 mill. kroner eller 43,7 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2013. I auken ligg det òg kompensasjon for prisstigning.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2014 er stipulert til 323,2 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 post 50 Tilskot. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Som det går fram av rekneskapstala for 2009–2012 var inntektene desse åra uvanleg høge. Dette har gitt eit positivt resultat som inneber at svalbardbudsjettet heller ikkje i 2012 mottok tilskot, men tilbakeførte midlar til statskassa. Endringar i reglane for skattlegging av bedrifter som blei vedtekne frå 2012, og eit venta svakare driftsresultat for Store Norske Spitsbergen Kolkompani, er venta å gje lågare skatteinntekter att frå 2014.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2014 er rekna til 120 mill. kroner, ei nedgang frå 159 mill. kroner i 2013. Dette fører til at tilskotet over kap. 480 post 50 må aukas med 177,5 mill. kroner i 2014. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 28 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som mellom anna inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5), Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20) og til Longyearbyen lokalstyre (kap. 3), kor det vert løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. I tillegg innehelder svalbardbudsjettet fleire små budsjettkapittel, som til dømes løyving til Svalbard kyrkje, Svalbard skattekontor og Staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i pkt. 5 nedanfor. I del II er det ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2014 er det foreslått løyvd netto om lag 728 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justis- og beredskapsdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2013 var om lag 536 mill. kroner.

4.1 Miljøverndepartementet

Sysselmannen har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal miljøvernstyresmakt på Svalbard. Det faglege styringsansvaret for Sysselmannens miljøvernoppgåver ligg hos Miljøverndepartementet. Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning, Klima- og forureiningsdirektoratet (frå 1. juli 2013 slått saman til Miljødirektoratet) og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til Sysselmannens miljøvernarbeid.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 191 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 91 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Miljødirektoratet, Statens kartverk og til forsking og overvaking mellom anna i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Driftsbudsjettet for Sysselmannen, inkludert miljøvernavdelinga, blir løyvd over svalbardbudsjettets kap. 5 Sysselmannen. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettets kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II.

Miljøverndepartementet styrkte svalbardbudsjettet varig med ei rammeoverføring på 2 mill. kroner i 2012 til to nye stillingar i miljøvernavdelinga hos Sysselmannen, og med ei rammeoverføring på 1,5 mill. kroner i 2013 til ytterligare 1 ½ stilling i miljøvernavdelinga.

Gruvedrift er framleis den sentrale næringsverksemda på Svalbard, men òg forsking/utdanning og turisme har blitt viktige næringsvegar. Til dømes er det ein tydeleg auke frå 2011 til 2012 i talet passasjerar som besøker Svalbard med oversjøiske cruiseskip. Skipa har generelt hatt fleire seglingar til Svalbard i 2012, og det har vore fleire større skip. I tillegg er talet på private småbåtar som besøker Svalbard i løpet av sommarsesongen aukande. Talet på ilandstigningsstader har òg auka i same perioden.

Sjølv om folketal og næringsaktivitet framleis er lite i høve til Svalbards areal, påverkar lokal verksemd miljøet både gjennom inngrep, forstyrringar og slitasje knytt til ferdsel, og i utslepp til vatn, luft og grunn. Den lokale påverkinga er moderat og særleg knytt til områda kring busetjingane og gruveområda.

Ei rekkje miljøgifter blir transporterte langvegs frå med is- og havstraumar til Arktis. Kvikksølv, PCB, bromerte flammehemmarar og perfluorerte organiske sambindingar er blant dei miljøgiftene som er rekna som mest problematiske. Målingar på Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund viser at PCB i luft er redusert med 69 pst. i tidsrommet 1999 til 2010. Det er no òg registrert ein betydeleg nedgang i PCB i til dømes isbjørn, polarlomvi og ringsel. Kvikksølv vert ført med luft- og havstraumar nordover til Arktis, og kvikksølvnivået i miljøet er særskilt høgt her. Det er likevel ikkje påvist auka kvikksølv i miljøet på Svalbard. Det er registrert ein nedgang på 30 pst. av bly i luft på Zeppelinfjellet for perioden 1994–2010. På den andre sida er fleire nye kjemiske stoff påvist i sediment og ei rekkje arktiske dyr. Frå tidlegare er bromerte flammehemmarar funne i prøvar frå isbjørn og polarmåke frå Svalbard og Bjørnøya. Ei fersk undersøking har no påvist fosfororganiske flammehemmarar (PFR) i dyr på Svalbard.

Samstundes vert miljøet på Svalbard påverka på meir gjennomgripande måte gjennom klimaendringar. Temperaturane i Arktis har dei siste tiår auka dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Dette kan òg merkast på Svalbard. I Longyearbyen har gjennomsnittstemperaturen sidan midten av 1960-talet i snitt auka med 0,9°C per tiår. På Svalbard kan ein òg observere rask tilbaketrekking av brefrontane og massetap frå breane, og stigande temperatur i permafrosten. Stigande temperatur, raskt minkande sjøis og meir nedbør vil føre med seg store endringar i økosystem og i livsvilkåra for arktiske arter. Dette gjeld særleg arter som har sjøisen som leveområde, slik som isbjørn og sel. Ein kan allereie sjå effektar av varmare klima og mindre is på utbreiinga av slike arter. På lengre sikt er det fare for at fleire av dei vil forsvinne frå svalbardområdet. Endringar i permafrosttemperatur og tjukkleik på det aktive øvste jordlaget kan endre hydrologien og vilkåra for plante- og dyrelivet. Klimaendringane kan òg skape vanskar for infrastrukturen i framtida og påverke reiseliv og forsking og anna næringsaktivitet.

Miljøvernarbeidet vil i 2014 ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard. Det vil bli lagt særleg vekt på å avgrense belastninga på Svalbards natur og kulturminne og sikre viktige leveområde for sårbare arter og verneområda sin kvalitet som referanseområde for forsking. Forvaltinga må ta omsyn til endringar i klima og tilførsel av forureining, og sikre at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor. Forvaltningsplanar for dei store verneområda vil framleis ha høg prioritet. Ein forvaltningsplan skal ta hand om verneformålet og samtidig leggje til rette for bruk som er i samsvar med dette formålet. Eit utkast til forvaltningsplanar og medfølgjande forskriftsendringar for dei store naturreservata på Aust-Svalbard er fastsett, og førebuingane til arbeidet med slike planar for nasjonalparkane er starta opp.

Miljøvernarbeidet vil òg ha merksemd på klimaendringane og deira betyding for forvaltninga av miljøet på Svalbard. Ein ser her starten på nye omfattande miljøutfordringar, både som følgje av at arter får problem med å tilpasse seg klimaendringane, og som følgje av at nye hav- og kystområde blir isfrie og meir tilgjengelege for ferdsel og anna aktivitet. Det er òg ei utfordring å førebyggje introduksjon og spreiing av framande arter, og rydde opp i lokale forureiningar til luft, jord og vatn.

Det arbeidet som er starta opp med å utgreie Svalbard som eit mogeleg verdsarvområde, vil halde fram. Den strenge reguleringa av inngrep og barmarkskøyring som kan påverke våtmarksområda skal førast vidare. For Ramsar-områda på Svalbard skal det utarbeidast forvaltningsplanar som skal ta omsyn til våtmarker og artene som er knytte til desse områda.

Ein handlingsplan for isbjørn, som er særleg sårbar for effektane av klimaendringar vert ferdigstilt og arbeidet med å implementere handlingsplanen skal startast opp.

I 2014 vil arbeidet med nytt geodetisk observatorium i Ny-Ålesund være godt i gang. Vidare vil det gå føre seg sjømåling omkring Svalbard.

Svalbards rolle og betydning som internasjonal forskingsplattform er styrkt, ikkje minst når det gjeld klima, gjennom Det internasjonale polaråret IPY, og initiativet «Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System» (SIOS). Det vil difor bli arbeidd for å leggje til rette for ei målretta forskingsverksemd og ei effektiv miljøovervaking på Svalbard som set myndigheitene i stand til å følgje og dokumentere spesielt klimautviklinga, og tilpasse miljøforvaltninga til endringar i klima og miljøforhold.

Oppfølginga av miljøvernoppgåvene representerer ei stadig større utfordring for Sysselmannen, og omfanget av søknader etter svalbardmiljølova har dei siste åra auka, først og fremst som ei følgje av meir forskingsaktivitet og turisme. Auka aktivitet og ferdsle på Svalbard gjer at det òg blir eit større behov for nye miljøverntiltak der Sysselmannen vil ha ei viktig rolle. Dette omfattar til dømes miljøverntiltak som sikrar verneområda. Det er òg naudsynt med tiltak for å avgrense lokal forureining, og vern av kulturminne i og utanfor busetjingane.

Kulturminneverdiane vert påverka av auka utbygging i busetjingane, ferdsel i terrenget og klimaendringar. Det er særleg behov for auka innsats i samband med dei industrielle kulturminna som til dømes dei freda taubane- og uteanlegga til gruvene i Longyearbyen og den gamle kraftstasjonen. Desse er viktige symbolstrukturar for Longyearbyen og Svalbard og har alle nådd ei kritisk grense med omsyn til vidare bevaring.

Kunnskap er ein føresetnad for god forvaltning av miljøet på Svalbard. Norsk Polarinstitutt gjennomfører omfattande forsking på Svalbard. I tillegg vil Framsenteret (FRAM - Nordområdesenter for klima- og miljøforsking) gjennom fleirfaglege og tverrfaglege forskingsprosjekt bringe fram ny kunnskap relevant for forvaltninga av øygruppa.

Svalbards miljøvernfond feira femårs jubileum i 2012, og i jubileumsåret delte fondet ut i overkant av 13 mill. kroner til ulike miljøprosjekt. Sidan oppstart i 2007 har fondet gitt støtte til 295 prosjekt med ein samla sum på 52,5 mill. kroner. Årleg fordeler fondet om lag 8–10 mill. kroner til miljøprosjekt. Private og offentlege verksemder, privatpersonar og organisasjonar kan søkje om støtte frå fondet. Fondsmidlane skal i hovudsak brukast til skjøtsel, vedlikehald, informasjons- og opplæringstiltak, prosjekt som skal undersøkje eller gjenopprette miljøtilstanden og prosjekt som skal ta vare på kulturminne. Fondet har to årlege rundar med tildeling.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. For 2014 er om lag 91 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 17.

Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard. Polarinstituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har eit kontor og logistikkverksemd i Forskingsparken i Longyearbyen. Kvart år har instituttet ei betydeleg ekspedisjonsverksemd på Svalbard både på land og i farvatna rundt øygruppa. Det er òg ei viktig oppgåve for Norsk Polarinstitutt å frambringe og leggje til rette for miljøfagleg kunnskap. Denne kunnskapen er grunnlag for vidare utvikling av verkemiddel og tiltak i miljøvernforvaltninga på Svalbard og for Sysselmannens fortløpande forvaltning og saksbehandling med omsyn til naturforvaltning.

Instituttet har styrkt forskings- og overvakingsverksemda si på Svalbard. Instituttet legg vekt på innhenting av kunnskap om arter og bestandar av arter Noreg har eit særskilt forvaltningsansvar for. Det gjeld spesielt arter som det kan haustast av, trekkjande arter, raudlistearter som er under reelt press i Svalbards natur, klimasårbare arter og sentrale arter i det marineterrestre økosystemet knytt til Svalbard. Relevante område og tiltak som kan nemnast i denne samanhengen er innsatsen innanfor SEAPOP (kartlegging og overvaking av sjøfugl), etableringa av ICE (Ice, Climate and Ecosystem-senteret) som har styrkt klimaforskinga og klimaovervakinga, etablering av eit intensivt og ekstensivt program for vegetasjonsovervaking for Svalbard (ferdsel og klima) og iverksetjing av styrkt bestandsovervaking av isbjørn og kvalross. Polarinstituttet har òg gjennomført ei oppdatering av overvakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ) som vil medverke til å gi eit betre grunnlag for vurdering av om miljøforvaltninga når måla sine.

Norsk Polarinstitutt har no fullført ny flyfotografering av Svalbard. Fotograferinga skal vere med på å gi oppdaterte digitale kart som mellom anna gjer redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg vil karta mogleggjere betre overvaking av brear, noko som vil vere eit betydeleg bidrag til norsk klimaforsking. Vidare er vegetasjonsovervakinga og overvakinga av isbjørnbestanden styrkt.

4.2 Nærings- og handelsdepartementet

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskapa Nærings- og handelsdepartementet har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. Ved utgangen av 2012 hadde SNSK-konsernet 396 tilsette. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta medverkar vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetjinga på Svalbard.

Konsernet fekk i 2012 eit driftsresultat på -386,2 mill. kroner mot 53,2 mill. kroner i 2011. Det fekk eit årsresultat på -233,6 mill. kroner, mot 55,4 mill. kroner i 2011. SNSK produserte 1,2 mill. tonn kol i 2012 mot nær 1,4 mill. tonn i 2011.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i Svea Nord. Ved Stortingets behandling av prosjektet i 2001, jf. St.prp. nr. 2 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Svea Nord-prosjektet og Innst. S. nr. 67 (2001–2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skulle drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. I Meld. St. 13 (2010–2011) Aktivt eierskap er målet med statens eigarskap i SNSK formulert slik:

«Formålet med statens eierskap i Store Norske Spitsbergen Kulkompani er å bidra til at samfunnet i Longyearbyen opprettholdes og videreutvikles på en måte som understøtter de overordnede målene i norsk Svalbard-politikk. Selskapet skal drives etter bedriftsøkonomiske prinsipper og med sikte på en markedsmessig avkastning på investert kapital. Ut fra nasjonale hensyn mener regjeringen at det er viktig at staten fortsatt er den dominerende aksjonæren i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Arbeidsplassene knyttet til kullgruvedriften har i mange år bidratt vesentlig til stabil, helårlig norsk aktivitet og bosetting på Svalbard. Regjeringen har et langsiktig perspektiv på statens eierskap og vil ikke redusere statens eierskap.»

Meldinga fekk Stortingets tilslutnad 9. juni 2011.

Det er lagt til grunn at gruvedrifta skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske prinsipp og uavhengig av statleg støtte. Samstundes skal selskapet gjennom sitt virke bidra til at samfunnet i Longyearbyen blir halde ved lag. Vidare er det lagt til grunn at omsyn til helse, miljø og tryggleik har høgste prioritet i alle vurderingar knytte til gruvedrifta. Koldrifta er framleis den viktigaste berebjelken i svalbardsamfunnet.

Styret i SNSK vedtok i september 2010 ein forretningsplan for kolgruve i Lunckefjell, og leverte same månad ein søknad til Sysselmannen på Svalbard om løyve til opning av kolgruve der. Miljøverndepartementet bestemte i desember 2010 at søknaden skulle avgjerast av departementet og ikkje av Sysselmannen. Miljøverndepartementet gav i desember 2011 SNSG løyve etter svalbardmiljølova til å opne kolgruve i Lunckefjell. Med bakgrunn i dei forretningsvise vurderingane meddelte Nærings- og handelsdepartementet same dag styret i SNSK at departementet ikkje ville motsetje seg selskapet sine planar for å opne kolgruve i Lunckefjell.

Over ein periode på fleire år har det vore gjennomført omfattande geologisk kartlegging i Svea-området. Resultatet av dette arbeidet har ifølgje selskapet gitt god kunnskap om kolfelta i området. Lunckefjell si plassering gjer det til ein naturleg oppfølgjar etter Svea Nord-gruva. Fjellet er nær utslaget av Svea Nord-gruva og mogleggjer bruk av eksisterande infrastruktur i Svea. Arbeidet med å opne gruva er i gang. I mai 2012 blei det opna samband mellom gruva i Svea Nord og Marthabreen. Oppstart i Lunckefjell er planlagt slik at det fell saman med avslutninga av Svea Nord-gruva. Planlagt oppstart av hovudproduksjonen er i 2015. Selskapet prospekterer etter kol både i Svea- og i Longyearbyområdet.

Kolprisen har den seinare tida hatt ein nedovergåande trend. Samstundes er krona styrkt. Dette er ei utfordring for lønsemda og likviditeten i selskapet. Det er naudsynt at selskapet gjennomfører tilpassingar som gir eit meir robust økonomisk fundament. Nærings- og handelsdepartementet følgjer utviklinga.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 27,5 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2014.

Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvaret for infrastrukturen på staden. Per 31. desember 2012 var det engasjert 25 personar i Kings Bay AS. Selskapet skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. Selskapets driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar, og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. I all hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå ei rekkje land.

Investeringane som er gjort i Ny-Ålesund dei siste åra har resultert i at Ny-Ålesund i dag står fram som ein særs god og funksjonell base for internasjonal forsking og miljøovervaking. Ny-Ålesund har utvikla seg til å bli ein forskingsstasjon med ein framifrå miljøprofil og eit senter for internasjonal forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.

Det internasjonale aspektet er ein kvalitet ved Ny-Ålesund der forskarar frå mange land kan møtast og drive forsking i nært samarbeid. Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, nederlandske, sørkoreanske, kinesiske og indiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 land har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Det er òg planlagt ein ny tsjekkisk forskingsstasjon i Ny-Ålesund. For ytterlegare omtale, sjå Nærings- og handelsdepartementets Prop. 1 S (2013–2014).

Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet i Ny-Ålesund har vist seg å vere stor. Det er ei generell oppfatning at globale endringar i klimaet først vil kunne observerast i polarregionane på grunn av endringar i isforholda og fordeling av varme atlantiske og kalde arktiske vassmassar. Farvatna kring Kongsfjorden-Krossfjorden, der marinlaboratoriet ligg, er ein godt eigna stad for å drive slik forsking. Marinlaboratoriet er det nordlegaste i verda og strategisk plassert på randa av Polhavet. Den framtidsretta utforminga gjer at laboratoriet er funksjonelt for marin eksperimentell forsking på høgt nivå, og laboratoriet er ei viktig brikke i nasjonale og internasjonale marine forskingsnettverk.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

Ny-Ålesund-symposiet vart arrangert for sjuande gong i 2013. Symposiet er eit forum der inviterte deltakarar frå styresmakter, forskarar, politikarar og næringsliv møtest for å drøfte økonomi, miljø, politikk og samfunn med utgangspunkt i eit Arktis i endring. Symposiet er eit årleg arrangement.

Kraftstasjonen i Ny-Ålesund er den lokale verksemda som utgjer den største kjelda til forureining i Ny-Ålesund; først og fremst gjennom utsleppa av NOX, CO2 og partiklar. I samband med Stortingets behandling av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, blei Stortinget orientert om dei endra planane for nytt kraftverk. Nærings- og handelsdepartementet vil gjere ei ny vurdering av prosjektet, når selskapet har utarbeidd ein ny plan. Nytt kraftverk er utsett inntil ein har nye utgreiingar om kost- /nytteeffekt. Det finst enno ikkje tilgjengelege teknologiske løysingar på marknaden som gir reinsa utslepp.

Ein energianalyse som Kings Bay fekk laga i 2009, syner at det viktigaste miljøtiltaket som kan gjerast i Ny-Ålesund no, er å gjennomføre ENØK-tiltak. Desse tiltaka vil kunne redusere energibruken til elektrisitet og fjernvarme med om lag 40 pst., samanlikna med 2009-nivå, noko som vil redusere dieselforbruk og miljøutsleppa NOx, CO2 og partiklar tilsvarande. Energianalysen tek føre seg både tiltak retta mot energibruken og mot framtidig energiproduksjon. Tiltak som er foreslått i analysen omfattar berre tiltak for å redusere energibruken. Kings Bay har gjennomført nokre av tiltaka i analysen. Dei samla resterande kostnadene for å oppnå full reduksjon i drivstoffbruk og tilhøyrande reduksjon i forureinande utslepp frå kraftstasjonen, er rekna å utgjere om lag 20,1 mill. kroner. Selskapet sitt normale investerings-, drifts- og vedlikehaldsbudsjett strekkjer ikkje til for å gjennomføre ENØK-tiltak i det tempo som internasjonale forskingsinstitusjonar ventar av ein spydspiss for arktisk miljøforsking. Å vidareutvikle staden som ein «grøn stasjon» vil krevje ei ekstra satsing på ENØK-tiltak.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925, og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard, har Direktoratet ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal Direktoratet, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard gir utmål, råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagte gruver. For å sikre at drift, leiting og undersøking skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, mellom anna gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krava som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for Direktoratet:

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet.

Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål i 2014:

  • syte for forsvarleg forvaltning av mineralressursar

  • redusere miljøkonsekvensar av mineraluttak

  • syte for forsvarlege sikringstiltak og gjennomføring av tilsynsverksemd

  • styrkje kommunikasjon og brukarorientering

  • syte for forsvarleg og berekraftig forvalting av mineralressursar på Svalbard.

For 2014 vil Direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av Direktoratet under kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og handelsdepartementets Prop. 1 S (2013–2014).

Svalbard Reiseliv AS

Svalbard Reiseliv AS er eigd av, og opererer på bakgrunn av, handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Ved utgangen av 2012 hadde Svalbard Reiselivsråd 63 medlemmer. Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS er å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for Regjeringa og reiselivsnæringa. Svalbard Reiseliv AS organiserer mellom anna opplæring av Svalbard-guidar som skal leggje til rette for kvalitetsopplevingar tilpassa arktisk kultur og natur innan berekraftige rammer. For 2014 er det føreslått å løyve 2,1 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS.

I 2012 vart det registrert 84 142 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Året før var det registrert 85 575 gjestedøgn. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar. Ein prosess for å få utarbeidd ein masterplan for reiseliv på Svalbard vart initiert i 2010, der Svalbard reiselivsråd ønskte å få eit overordna planverk for næringa si framtidige utvikling på øygruppa. Av ulike årsaker har prosessen stått på vent i nokre år. Arbeidet med planen vart sett i gang ved årsskiftet 2012–2013.

Sesongsvingingane er ei sentral utfordring for reiselivet på Svalbard. Belegget på overnattingsstadane er høgt i høgsesongen rundt påske og i sommarmånadene, men i skulder- og lågsesongane er det eit stort uutnytta potensial. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsnæringa arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard utanfor høgsesongane.

I Regjeringas nye reiselivsstrategi «Destinasjon Norge» varslar ein framhalden stønad til Svalbard Reiseliv AS.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile føremål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan lese ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen. Verksemda ved Svalbard Satelittstasjon er difor ein strategisk viktig del av norsk romverksemd, som bidreg til gode overvakings- og navigasjonstenester i nordområda og som gjer Noreg til ein attraktiv partnar for internasjonal samarbeid om romverksemd. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Norsk Romsenter Eigedom AS og 50 pst. av Kongsberg Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. Det er ei rekkje antenner i bruk på SvalSat og det er planar om å byggje fleire. Både amerikanske og europeiske organisasjonar innan romverksemd og forsking (NASA og ESA) og vêrvarslinga (NOAA og EUMETSAT) nyttar antenner på SvalSat. Fleire asiatiske romorganisasjonar kjøper òg tenester frå stasjonen på Svalbard. SvalSat er òg bakkestasjon for den norske satellitten AISSAT-1. Denne vart skoten opp i juli 2010, og har gitt Kystvakta og Sysselmannen mykje betre informasjon om skipstrafikken i farvatna rundt Svalbard.

SvalSat er verdas mest kostnadseffektive nedlesingsstasjon for satellittar i polare baner. Det er etablert eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen, og dette nettet gjer det samstundes mogleg i samarbeid med Telenor å tilby generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer mellom anna verksemda ved SvalSat. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer innafor dei reglane som er sette i forskrifta.

Stortinget gav i juni 2013 si tilslutnad til Meld. St. 32 (2012–2013) Mellom himmel og jord: Norsk romverksemd for næring og nytte. I meldinga vert det slått fast at ein ønskjer å vidareføre utnyttinga av dei geografiske fortrinna Svalbard har for romverksemd.

Svalbard Rakettskytefelt

Andøya Rakettskytefelt A/S oppretta i 1997 Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Med ei lokalisering nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar. Den siste var i desember 2011.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Tabell 4.1 UNIS, utvikling i budsjett, tildeling, talet på tilsette og studentar

År

Tildeling (mill. kr)

Talet på tilsette

(i parentes: tilsette i mindre stillingsbrøkar, såkalla II-stillingar)

Talet på studentar

(årsverk)

2005

77,5

52 (20)

126

2006

94,9

49 (20)

113

2007

75,5

62 (22)

145

2008

78,7

70 (28)

127

2009

83,7

73 (29)

119

2010

89,5

74 (27)

120

2011

97,22

69 (28)

150

2012

105,27

84 (28)

160

UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet.

UNIS har utvikla kvalitetssikringssystem som skal sikre at aktiviteten lever opp til krav sett av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). UNIS tilbyr forskings- og feltbasert undervisning og eit læringsmiljø prega av stor samhandling mellom student og tilsett, både i vitskapleg og administrativ stab.

Senteret har som mål å vere ein trygg og kjent samarbeidspartnar for både den einskilde studenten og dei norske universiteta og høgskulane. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og over halvparten av studentane er utanlandske.

UNIS skal utøve forsking og undervisning med minst mogeleg negativ påverknad på miljøet. Svalbardmiljølova er ein premiss for all aktivitet, og UNIS arbeider for å avgrense miljøpåverknadene av verksemda.

Verksemda til selskapet medverkar til å styrkje aktiviteten i Longyearbyen, i tillegg til koldrift og turisme. Dei tilsette bur og verkar i Longyearbyen, hjelper til i utviklinga av både institusjonen og samfunnet og engasjerer seg i lokale lag, foreiningar og anna sosialt og kulturelt liv. Rekneskapen for 2012 viser at UNIS kjøpte 51 pst. av varer og tenester lokalt i Longyearbyen.

Relasjonane til russarane i Barentsburg blir utvikla gjennom god kontakt og auka fagleg samarbeid.

Senteret spelar òg ei sentral rolle i vidareføring av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

UNIS vart tildelt om lag 112 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2013. Regjeringa foreslår å løyve om lag 117,9 mill. kroner til UNIS i 2014 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Det omfattar budsjetteffekten for det siste halvåret for dei studieplassane som vart gitt i samband med statsbudsjettet for 2011.

Noregs forskingsråd

Kunnskapsdepartementet vil føre vidare svalbardsatsinga gjennom Noregs forskingsråd og satsinga vil venteleg bli om lag 40 mill. kroner i 2014. Ein stor del av dette er knytt til polarforskingsprogrammet som starta opp i 2011. Regjeringa auka satsinga på klimaforsking frå 2013, der ein del blir svalbardrelevant forsking på klimaet i Arktis. Etter aukinga har Polarprogrammet ei ramme på 45 mill. kroner årleg. Programmet skal prioritere svalbardrelevant forsking høgt. Av den tilrådde auken på 42 mill. kroner til klimaforsking i Forskingsrådet, er 25 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet. Fleire program i Forskingsrådet løyver midlar til polarforsking, der ein større eller mindre del skjer på Svalbard. Kunnskapsdepartementet gir løyvingar til fleire av desse. Det gjeld mellom anna NORKLIMA (Klimaendringar og konsekvensar for Noreg) der om lag 1/3 av midlane dekkjer polare problemstillingar, PETROMAKS (Utnytting av petroleumsressursane), Havet og kysten, Miljø 2015 og Program for romforsking.

Ei mindre satsing under Polaravtala mellom Forskingsrådet og US National Science Foundation, dekkjer reine arktiske tema. Det er òg skipa ei mindre satsing for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland på Svalbard. Noregs forskingsråd har gjennom Svalbard Science Forum (SSF) eit særskilt ansvar for koordinering av og informasjon om forskingsverksemd på øygruppa. SSF blei styrkt med auka ressursar og eit nytt mandat frå 2011 og skal vidareutviklast som eit viktig reiskap for fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgjeving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard.

Svalbard Integrated Arctic Observing System (SIOS)

Det har vore arbeidd vidare med å utvikle Svalbard som plattform for internasjonal forsking. SIOS er eit internasjonalt prosjekt på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur ESFRI (European Strategy Forum on Research Infrastructure). SIOS skal opne og koordinere forskartilgangen til forskingsinfrastrukturen på Svalbard retta inn mot jordsystemmodellering. Modellane skal gje sikrare og meir detaljerte klimaprognosar. Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Storbritannia, Frankrike, Italia, Spania, Nederland, Polen, Tsjekkia, Russland, Kina, Sør-Korea, Japan, India og USA er med i den førebuande fasen, som har fått 4 mill. EURO i støtte frå EUs 7. rammeprogram for forsking. Noregs forskingsråd koordinerer prosjektet. SIOS har fått forlenga forprosjektfasen (Preparatory Phase) med eit ekstra år og skal levere den endelege rapporten ved utgangen av 2014. Deretter skal Noreg ta endeleg stilling til om og korleis SIOS i så fall skal etablerast på Svalbard.

EISCAT

EISCAT er ein vitskapeleg internasjonal organisasjon som driv fire store radaranlegg for atmosfæreforsking, mellom anna på nordlys. Desse er lokaliserte i Noreg, Sverige og Finland. Informasjonen som radarane gir er viktig for grunnforsking, navigasjon, satellittposisjonering, telesamband med meir. På oppdrag frå EISCAT er det Universitetet i Tromsø som driv dei norske anlegga som ligg i Tromsø og på Svalbard. Prosjektet, EISCAT-3D, som òg er på ESFRIs vegkart for europeisk forskingsinfrastruktur, arbeider med eit konsept for eit nytt oppgradert radarsamband, men då på fastlandet. Noregs forskingsråd dekkjer årleg kontingent til EISCAT på i underkant av 5 mill. kroner.

Rapport frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning

For å følgje utviklinga i polarforskinga, og svalbardforskinga spesielt, publiserte NIFU i 2012 utgreiinga «Norsk polarforsking – forsking på Svalbard. Ressursinnsats og vitskapeleg publisering - indikatorar 2010. Rapport 3/2012». NIFU har publisert tilsvarande rapportar frå 2001 og 2008. Rapporten syner at den internasjonale interessa for å drive forsking på Svalbard er aukande, men at Noreg framleis er den klart største aktøren. Etableringa av UNIS har bidrege vesentleg til dette. Nest etter Noreg hadde Polen og Tyskland størst forskingsaktivitet, etterfølgd av Frankrike og Storbritannia. I alt har ti nasjonar eigne forskingsstasjonar på Svalbard og forskarar frå om lag tjue ulike nasjonar driv forsking på øygruppa. Norske svalbardforskarar har utstrekt internasjonalt samarbeid. Noreg har ei viktig rolle som tilretteleggjar og koordinator for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard.

Grunnopplæringa

Regjeringa foreslår å løyve 0,1 mill. kroner til innføring av valfag på 10. trinn frå hausten 2014, jf. Prop. 1 S (2012–2013) for Kunnskapsdepartementet. Valfag er innført på 8. trinn frå hausten 2012 og det blir teke sikte på å utvide tilbodet til 9. og 10. trinn frå hausten 2013 og 2014.

Meteorologiske tenester

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt. Utgifter til Meteorologisk institutt sin del av husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen blir finansiert over kap. 0019 på Svalbardbudsjettet.

Barnehagar

Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Kongen har i medhald av § 25 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad for Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Fylkesmannen i Troms gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som barnehagestyresmakt. Sysselmannen på Svalbard skal involverast i tilsynet for å ta hand om dei særskilte utfordringane for Svalbard.

Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettets kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre. Det er foreslått å løyve 0,25 mill. kroner til dekning av nominell vidareføring av maksprisen i barnehagar og opptrapping mot to opptak i året.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to formar for skattlegging; lønstrekk og likning. Etter ordninga med lønstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto løn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn løn og pensjon vert skattlagd ved likning, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar.

På Svalbard blir løn og pensjon skattlagd etter ein sats på 8 pst. opp til 12G, og med 22 pst. for inntekt over 12G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt som t.d. kapital- og næringsinntekt vert som utgangspunkt skattlagd med 16 pst.

Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår, jf. pkt. 2.1.1. Med dette som utgangspunkt er det gjort ei rekkje endringar i skattesystemet for Svalbard dei seinare år.

Som nemnt tidlegare vart dei seinaste justeringane i skattereglane for Svalbard gjort med verknad frå og med inntektsåret 2012, og gjaldt skattlegging av investeringar og aktivitet utanfor Svalbard. Mellom anna for å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard vert utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa, skal selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, no skattleggjast etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (28 pst.) for slike overskot.

Svalbard skattekontor

I samband med at skatteetaten frå 2008 vart organisert i fem regionar, skifta Svalbard likningskontor namn til Svalbard skattekontor. Likningsnemnda skifta namn til Svalbard skatteklagenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard skattekontor.

I samband med etableringa av Svalbard miljøvernfond skal Svalbard skattekontor stå for det praktiske arbeidet med refusjonen av gebyret til fastbuande, sjå omtale under kap. 4.1.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal skattekontoret rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

Statistisk sentralbyrå

Utarbeiding av god statistikk er viktig for å kunne gi regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga i svalbardsamfunnet. Som eit ledd i dette innførde mellom anna Regjeringa i 2007 statistikklova for Svalbard. Statistisk sentralbyrå (SSB) har dei seinare åra prioritert ei styrking av svalbardstatistikken. SSB leiar no statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for svalbardstatistikk. Omfanget av offisiell svalbardstatistikk har dei siste åra auka betydeleg, og all ny statistikk blir publisert på ei eiga temaside (www.ssb.no/svalbard). Temasida blir oppdatert jamleg og brukarane får tilgang på eit breitt spekter av statistikk om svalbardsamfunnet frå denne sida. I 2010 vart det publisert ein ny rapport som tok føre seg levekåra for dei busette i Longyearbyen. Rapporten er tilgjengeleg frå temasida for Svalbard. Formidlinga av svalbardstatistikken er òg styrkt ved opprettinga av publikasjonen «Dette er Svalbard».

4.5 Samferdselsdepartementet

Svalbard er knytt til telenettet på fastlandet via fiberkabelen som vart etablert i 2004. Kabelen vart primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå satellittstasjonsverksemda på SvalSat. Den erstatta det gamle satellittsambandet og inneber at det òg kan tilbydast tenester med stor kapasitet til befolkning, næringsliv og forskingsverksemd i og rundt Longyearbyen.

I revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart det løyvd 60 mill. kroner til ein ny fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen. For å ha ei reserveløysing ved eventuelle brot i drifta, blei det i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013 gitt tilskot på ytterlegare 30 mill. kroner til å leggje ein ekstra kabel. Kabelen skal auke kapasiteten på overføring av forskingsdata frå Ny-Ålesund til fastlandet og vidare til andre land. Ein slik auke vil gjere Svalbard meir attraktiv som senter for internasjonal forsking.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Som for resten av dei bedriftsøkonomisk ulønsame lufthamnene Avinor driv, blir underskotet dekt inn ved hjelp av overskot frå dei større, lønsame lufthamnene.

4.6 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barnevernstenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barnevernstenesta sine oppgåver etter barnevernslova vert utførte av Longyearbyen lokalstyre for Longyearbyen planområde, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2.

Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barnevernstenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernslova § 2-3 tredje ledd.

I 2012 blei det ikkje refundert utgifter til tiltak i barnevernet for barn på Svalbard. Utgiftene er i 2013 budsjettert til 0,5 mill. kroner.

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2012 utbetalt barnetrygd til om lag 435 barn busette på Svalbard. I 2014 er det venta at 7,5 mill. kroner vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard, av desse utgjer svalbardtillegget 1,7 mill. kroner over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2014 ikkje budsjettert med utgifter til kontantstøtte på Svalbard over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse Nord RHF har gjennom Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF (UNN) ansvar for dei offentlege helsetenestene på Svalbard. Dette inneber at UNN, avdeling Longyearbyen sjukehus, skal syte for naudsynte helsetenester til dei norske busetjingaene på øygruppa. Det vert òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som ferdast på øygruppa og havområda omkring. I Barentsburg er det eiga helseteneste, men Longyearbyen sjukehus hjelp til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling, og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Longyearbyen yter òg tenester som kan samanliknast med primærhelsetenesta på fastlandet, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helsesøsterteneste og fysioterapiteneste. Sjukehuset har òg tannlegeteneste. Sjukehuset har vidare tilbod om bedriftshelseteneste. Det blir òg ytt tenester innafor barne- og ungdomspsykiatri av personell som kjem frå UNN med jamne mellomrom.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk naudmeldeteneste, omgåande hjelp, ambulanseteneste, redning utanfor veg i samarbeid med frivillige, redningshelikopterteneste organisert via og i samarbeid med Sysselmannen og flyambulanse til fastlandet. Sjukehuset har eit utstrekt samarbeid med UNN om mellom anna videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE) som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand mellom Longyearbyen sjukehus og UNN.

Den alminnelege helselovgivinga gjeld førebels i lita mon for Svalbard. Helse- og omsorgsdepartementet fremja våren 2013 eit høyringsnotat med forslag om at større delar av helselovgivinga skal gjerast gjeldande for Svalbard. Høyringsfristen var 23. august 2013, og departementet arbeider vidare med saka ut frå høyringsfråsegna. Hovudformålet med forslaga er å gjere helselovgivinga for Svalbard meir moderne og å leggje den nærare fastlandslovgivinga. Departementet foreslår utviding av virkeområdet for ei rekkje lover og forskrifter til å gjelde Svalbard, heilt eller delvis. Forslaga vil mellom anna medverke til å sikre kvalitet og pasienttryggleik i helsetenestene på Svalbard. Framlegga inneber ikkje at det blir innført nye typar tenester på Svalbard.

Helse- og omsorgskomiteen hadde under behandlinga av Prop. 91 L (2010–2011) Lov om kommunale helse – og omsorgstenester (helse- og omsorgstjenesteloven) denne merknaden i Innst. 424 l (2010–2011):

«Komiteen har merket seg uttalelser om lovens stedlige virkeområde og slutter seg til nødvendigheten av å vurdere om hele eller deler av lovgivingen skal gjøres gjeldende også for Svalbard. Komiteen ser fram til å få seg forelagt en slik gjennomgang og vurdering.»

I arbeidet med høyringsnotatet har departementet gått gjennom sine ansvarsområde og sett på kva lover som bør innførast mellom anna ut frå dei overordna politiske og rettslege føringane for Svalbard. Departementet kom til at helse- og omsorgstenestelova, pasientrettslova og nokre andre lover ikkje bør gjerast gjeldande, og dei blir difor haldne utanfor framlegginga om utviding av virkeområdet for helselovgivinga på Svalbard. Dette har samanheng med at Svalbard ikkje skal vere eit livsløpssamfunn og at det difor ikkje blir ytt omsorgstenester der, og vidare at helsetenesta på Svalbard ikkje er organisert på same måten som på fastlandet. Det må òg takast omsyn til at utlendingslova ikkje gjeld for Svalbard, i vurderinga av om det skal innførast rett til helsetenester.

Nokre av dei lovene som etter framlegget skal gjelde for Svalbard er helsepersonellova, helsetilsynslova, smittevernlova, helseberedskapslova og matlova. For nokre av lovene er det framlegg om tilpassingar i høve til staden eller overgangsordningar. Det er naudsynt med nokre mindre lovendringar for å få heimel i alle dei aktuelle lovene. Reglane om kva lover og forskrifter som skal gjelde og nærare tilpassingar vil gå fram av ein samla forskrift. Utkast til forskrift var teke inn i høyringsnotatet.

4.8 Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard.

Alle dei som ønskjer det, skal ha tilgang til Svalbard kyrkje som er kontinuerlig døgnopen året rundt.

I Longyearbyen er meir enn 30 nasjonar representerte i befolkninga eller som studentar ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Den polske forskarstasjonen i Hornsund får betening frå katolsk prest, med tilrettelegging frå Svalbard kyrkje. Det er ei målsetjing at busetjinga i Barentsburg skal få tenester av den russiskortodokse kyrkja. Likevel besøker soknepresten i Svalbard kyrkje Barentsburg ved ulike høve. Kyrkja på Svalbard utfører tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg, i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av prest og kateket. Talet på gudstenestedeltakarar har dei siste åra vore på gjennomsnittleg om lag 60 personar per gudsteneste. Samla tal for personar som deltok i gudstenester var 3009 i 2012. 16 barn vart døypte og kyrkja hadde 13 konfirmantar i 2012.

Peisestova i kyrkja vert driven av hushaldsstyraren og er ein samlingsstad for kyrkja sitt arbeid for busetjinga, gjester og turistar. Peisestova er òg senter for pårørande ved ulykker og katastrofar. Kyrkja har babysong, barnegospelkor, konfirmantarbeid og speidargruppe som del av planen for trusopplæring. Vern av klima og miljø er naturlege tema innanfor trusopplæringa. Kultur er eitt av Svalbard kyrkje sine satsingsområde. Svalbard kyrkje hadde 25 ulike kulturarrangement i løpet av 2012. Året før låg talet på 21. I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

Ein viser elles til dei målformuleringane som er sette for Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2013-2014) frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Bygg og eigedomar

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedomane i Longyearbyen. Svalbardbudsjettet dekkjer post- og bankbygget, Statsbygg sitt administrasjonsbygg, 111 bustader og nokre lagerbygg. Dei andre eigedomane som er Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmannens administrasjonsbygg, og Svalbard kyrkje er innlemma i den statlege husleigeordninga med løyving over statsbudsjettet kap. 2445 under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Det same gjeld dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund.

4.9 Kulturdepartementet

På Kulturdepartementets budsjett for 2014 er det framlegg om å setje av midlar til kulturtiltak på Svalbard. Det blir over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd, ytt tilskot til kulturtiltak på Svalbard. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre. Storleiken på tilskotet blir fastsett av Norsk Kulturåd på eit seinare tidspunkt.

Vidare blir det over kap. 326, post 80 Tilskot til tiltak under Nasjonalbiblioteket, gitt tilskot til bibliotekteneste på Svalbard. Nasjonalbiblioteket forvaltar tilskotet og storleiken blir fastsett på eit seinare tidspunkt. Longyearbyen lokalstyre, Kultur- og fritidsforetaket, har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Svalbard museum får i statsbudsjettet for 2014 ei løyving på 1,7 mill. kroner over kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er innlemma i det nasjonale museumsnettverket.

Svalbardposten får pressestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før i oktober same året. Svalbardposten fekk 441 394 kroner i produksjonstilskot i 2012. Tilskotet for 2013 vil venteleg bli om lag det same.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2014

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2012, vedteke budsjett for 2013 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2014. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Utgifter

299 340

317 290

455 791

Inntekter

299 791

171 552

132 546

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

0001

Svalbard kyrkje

4 301

4 215

4 360

3,4

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

860

960

0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

126 681

146 063

193 418

24,7

0004

Tilskot til Svalbard Museum

10 200

10 484

11 200

6,8

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

39 078

35 813

42 515

18,7

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

78 017

84 500

165 580

95,9

0007

Tilfeldige utgifter

4 026

2 500

2 678 7,1

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

1 827

2 220

2 300

3,6

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 177

1 500

1 550

3,3

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

3 040

3 125

3 230

3,4

0018

Navigasjonsinnretningar

3 756

3 860

4 000

3,6

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

6 332

6 300

6 510

3,3

0020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

17 021

12 700

15 300

20,5

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 3022)

3 022

3 050

3 150

3,3

Sum kategori 06.80

299 340

317 290

455 791

43,7

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

01-23

Driftsutgifter

152 483

155 158

244 243

57,4

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

3 011

1 500

3 700

146,7

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

2 950

3 125

3 230

3,4

70-89

Overføringar til private

114 836

157 507

204 618

29,9

Sum under departementet

273 280

317 290

455 791

43,7

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

8 701

200

200

0

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1 860

500

500

0

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 9)

0

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

5 100

4 820

4 820

0

3022

Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 22)

0

3030

Skattar og avgifter

524 550

166 032

127 026

-23,5

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

-240 419

145 738

323 245

121,8

Sum kategori 06.80

299 791

317 290

455 791

43,7

Til forsida av dokumentet