Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapitler: 700–783 og 2711–2790 Inntektskapitler: 3700–3751, 5572 og 5631

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Omtale av særlege tema

6 Sosiale helseskilnader

St.meld. nr. 20 (2006–2007), Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller, utgjer helsedelen av utjamningspolitikken til regjeringa. Det er mange årsaker til helseskilnader, frå grunnleggjande faktorar som økonomi og oppvekstvilkår, via risikofaktorar som arbeids- og bumiljø, til meir direkte påverknadsfaktorar som helseåtferd og bruk av helsetenester. Jo høgare inntekt og utdanning, desto sunnare helseåtferd. Til dømes er det store sosiale skilnader i røykemønster som fører til store sosiale skilnader i dødsrate. Arbeidet for å redusere sosiale helseskilnader vil difor krevje langsiktig og målretta innsats på mange område. Sosiale skilnader som medverkar til helseskilnader skal reduserast. Gode og trygge oppvekstvilkår for alle, rettferdig fordeling av inntekt og likt høve til utdanning og arbeid er den beste investeringa samfunnet kan gjere for å redusere sosiale helseskilnader. I strategien legg ein vekt på å hindre sosial utstøyting av grupper som fell ut av utdanning og arbeid av helsegrunnar eller andre årsaker. Gode universelle ordningar er det viktigaste verkemidlet for å redusere sosiale helseskilnader, men mange grupper kan ha behov for målretta tenester. Universelle ordningar må difor supplerast med individuelt brukartilpassa tenester og tiltak som tek vare på dette. Utviklinga på innsatsområda i stortingsmeldinga skal følgast opp gjennom eit system for rapportering som skal gi systematisk oversikt over utviklinga av arbeidet for å redusere sosiale helseskilnader. I dette høve gir Helsedirektoratet ut ein årleg rapport om arbeidet med å utjevne sosiale helseskilnader – Folkehelsepolitisk rapport. Den første rapporten kom i 2009 og ein tilsvarande rapport kjem i 2010. I det følgende er en oppsummering av utviklinga på innsatsområda i stortingsmeldinga.

Inntekt

Mål

Måla på inntektsområdet er å (1) Redusere økonomiske skilnader i befolkninga, (2) Få bukt med fattigdom, og (3) Sikre grunnleggjande økonomisk tryggleik for alle.

Utvikling

Den generelle utviklinga som gjeld ulik inntekt i Noreg har i perioden 2001 til 2006 vorte sterkt påverka av tilpassing til nye skattereglar, først og fremst ved utviklinga i aksjeutbyte. Dersom vi ser bort frå effekten av denne tilpassinga, er den generelle langsiktige trenden frå 1988 fram til 2007 at skilnaden i inntekt viser ein svak, men jamn auke.

Perioden frå 1997 fram til om lag 2001 er prega av ein reduksjon i talet på personar med varig låginntekt, både ut frå OECD og EU sine definisjonar av låginntekt. Utviklinga etter 2001 er noko ulik for dei to låginntektsdefinisjonane. For EU sin låginntektsdefinisjon er utviklinga nokså stabil med små endringar i kor stor del av befolkninga som har varig låginntekt. For OECDs metode finn vi likevel ein auke i talet på personar med varig låginntekt kvart år frå 2001 (1,8 pst.) og til 2004 (3,0 pst).

Verkemiddel

Regjeringa har i dei siste åra gjort endringar i skattesystemet som har medverka til større omfordeling. Endringar i formueskatten har medverka til auka skatt for dei rikaste samtidig som dei auka botnfrådraga har redusert skatten for dei med mindre formuar. Aksjerabatten, som gav ein særskilt fordel for dei som eig aksjeformuar, er fjerna heilt.

I statsbudsjettet for 2009 vart arveavgifta endra ved at rabatten for unoterte aksjar vart redusert. Dette har også medverka til auka skatt for dei med høge formuar. Samtidig vart arveavgiftssatsane reduserte og fribeløpa heva kraftig, noko som har medverka til at dei som arvar meir moderate formuar kjem like godt eller betre ut med det nye arveavgiftssystemet.

Lette i minstefrådraget og auka foreldrefrådrag har gitt breie skattelettar for dei med middels og låge inntekter. Fleire minstepensjonar har også medverka til å auke inntektene til ei stor gruppe med låge inntekter.

I tillegg til omfordelinga gjennom skattesystemet har den økonomiske politikken til Regjeringa i denne perioden lagt til rette for høg sysselsetjing og økonomisk vekst. Arbeidsdeltaking er viktig for å sikre velferda for den enkelte, og Regjeringa har lagt vekt på målretta tiltak overfor grupper i arbeidsmarknaden med svakast kvalifikasjonar. Samtidig medverkar offentlege velferdsordningar med å sikre inntekt for dei som vert arbeidsledige eller av andre grunnar fell utanfor arbeidslivet. Gode, offentlege velferdsordningar er avgjerande i fordelingspolitikken og dempar samtidig verknaden av dramatiske svingingar i økonomien. Eit døme på dette er satsinga på barnehagar.

Arbeidsinntekt er nøkkelen til å bringe folk ut av ein situasjon med varig låg inntekt, og eit godt utbygd tryggingsnett er avgjerande for dei som av ymse grunnar fell utanfor arbeidslivet. Dette er også hovudproblemstillingar i innstillinga frå Fordelingsutvalet, NOU 2009: 10. Utvalet peikar mellom anna på at barnehagar og resten av utdanningssystemet er mellom faktorane med størst innverknad på sosiale skilnader seinare i livet. Innstillinga frå Fordelingsutvalet vil i 2010/2011 verte følgd opp med ei stortingsmelding om fordeling.

Det vart utarbeidd ein eigen Handlingsplan mot fattigdom som vedlegg til budsjettet for 2007, og som er følgt opp i kvart statsbudsjett etter det, også 2010. Regjeringa vil arbeide for å få bukt med fattigdom og for å redusere sosiale og økonomiske skilnader gjennom universelle velferdsordningar, sterke fellesskapsløysingar og ved å gi alle høve til å delta i arbeidslivet.

Oppvekst

Mål

Måla på oppvekstområdet er (1) full barnehagedekning og reduserte sosiale skilnader i barnehagebruk, (2) forholdsvis færre elevar som møter til skulestart utan tilfredsstillande språkdugleik, (3) forholdsvis færre elevar som går ut av grunnskuleutdanninga med svake grunnleggjande ferdigheiter, (4) forholdsvis færre elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, (5) betre tilgang til skulehelsetenesta, (6) tidleg identifisering og god oppfølging av barn i risikogrupper, og (7) redusere sosiale skilnader i barn og unges organisasjons- og kulturdeltaking.

Utvikling

Målet om full barnehagedekning er, ut i frå gjeldande regelverk om rett til barnehageplass, oppnådd, og frå 2011 vil hovudtyngda av dei øyremerkte tilskota til barnehagar verte innlemma i rammetilskotet. Det er ikkje tilgjengelege data på nasjonalt nivå om kor mange barn som har språkvanskar i og utanfor barnehage.

Verkemiddel for å oppnå at barnehagen skal vere inkluderande og gi eit tilpassa tilbod til alle barn er mellom anna statleg tilskot til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage, prioritet ved opptak og statleg tilskot for å betre språkforståinga hos minoritetsspråklege barn i førskulealder. Det øyremerkte tilskotet til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage vil verte innlemma i rammetilskotet til kommunane frå 2011. Kommunane har ansvar for å leggje til rette eit inkluderande barnehagetilbod som stettar det behovet kvart enkelt barn har for oppfølging og støtte i samsvar med gjeldande regelverk.

Talet på elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, er generelt høgt og viser ein klar sosial gradient. For yrkesfagleg utdanning, vil om lag halvparten av elevane med foreldre som berre har grunnskuleutdanning ha slutta undervegs eller ikkje ha fullført med bestått karakter. Når det gjeld grunnleggjande ferdigheiter, har vi data frå dei nasjonale prøvane i lesing, rekning og engelsk. Prøvane viser at det er ein samanheng mellom meistringsnivå og utdanninga til foreldra. 21,7 pst. av elevane på åttande trinnet, som har foreldre med berre grunnskule eller inga fullført utdanning, presterer på lågaste meistringsnivå (nivå 1) i engelsk, medan det berre gjeld 5,2 pst. av elevane som har foreldre med høgskule- eller universitetsutdanning. 14, 8 pst. av elevane på åttande trinnet, med foreldre med utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, presterer på det høgaste meistringsnivået (nivå 5) i engelsk medan dette gjeld 3,9 av elevane med foreldre med berre grunnskule eller inga fullført utdanning. Dei fleste barn gjennomgår helseundersøkingar før skulestart, men ein reknar med at det er forholdsvis færre barn som gjennomgår helsekontrollar etterkvart som dei vert eldre. Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta har gjort ei oppsummering av kunnskap om sosiodemografiske skilnader i bruk og tilgang til helseteneste i Noreg. Denne viser at bruken av skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom, ein bruk som ungdommane i hovudsak bestemmer sjølve, er styrt av behov og ikkje sosiodemografiske skilnader.

Verkemiddel

Regjeringa har som mål at alle barn som er fødde og oppvaksne i Noreg skal rå med norsk før dei byrjar på skulen. Forsøk med gratis kjernetid i barnehage er eit element i ein tiltakskjede for å sikre gode nok språkkunnskapar hos førskulebarn og ein betre førebudd skulestart. Forsøket inneber at alle fire- og femåringar i fem bydelar i Oslo med mange minoritetsspråklege barn får tilbod om gratis barnehage i kjernetida, dvs. 5 ganger 4 timar i veka. Prosjektet er ein del av områdesatsinga i Søndre Nordstrand og Groruddalen i Oslo. Forsøket med gratis kjernetid er vidareført i 2010 og er også utvida med tilbod om gratis kjernetid til treåringar i område i Drammen. Forsøket med gratis kjernetid for fire- og femåringar skal evaluerast.

Språkløftet, Oppfølging av barn på grunnlag av språkkartlegging på helsestasjonen, er eit fireårig prosjekt (2007–2011) som skal medverke til å betre dei grunnleggjande språkferdigheitene. Målgruppe er eit utval barn som etter språkkartlegging på helsestasjonen, har særskilt behov for språkstimulering og oppfølging. Språkløftet skal sjåast i samanheng med utviklingsprosjekt i skular med meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar. Prosjekta vert gjennomførte som modellutprøving i 9 kommunar der ymse lokale tiltak skal utviklast og prøvast ut. Begge prosjekta er også ein del av Søndre Nordstrand- og Groruddalssatsinga i Oslo. Satsingane er i tråd med St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen, som Regjeringa la fram våren 2009, og som vart behandla i Stortinget i mars 2010. Meldinga legg vekt på å styrkje likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar og styrkje barnehagen som læringsarena, og dessutan at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap.

Den nasjonale strategiplanen Likeverdig opplæring i praksis! Strategi for bedre læring og større deltakelse av språklige minoriteter i barnehage, skole og utdanning 2007–2009, vart avslutta i 2009, og det ligg no føre ein rapport Veien videre, Sluttrapport Likeverdig opplæring i praksis. Rapporten gir ei oversikt over prosjekta som har vore ein del av strategien og kan gi idear til å setje i gang eller føre vidare tiltak.

Ei velfungerande barnevernteneste kan medverke til å fange opp problem tidleg og gi barna betre høve til å utvikle gode ferdigheiter. I ny § 6-7 a i barnevernlova, som tredde i kraft juli 2009, har barneverntenesta no fått ei plikt til å gi nærmare bestemte opplysningar til den som har gitt melding til barneverntenesta. Vidare, etter januar 2010, har det vorte ei lovfesta plikt for barneverntenesta til å utarbeide individuell plan for barn med behov for langvarige og koordinerte tenester når det er nødvendig for å skape eit heilskapleg tilbod for barnet (§ 3-2 a i barnevernlova). Barne-, likstillings- og inkluderingsdepartementet vil utarbeide forskrift med føresegner om når det skal utarbeidast individuell plan med heimel i barnevernlova. Aldersgruppa 18 til 23 år, som er i kontakt med barnevernet, er eit prioritert område. Med verknad frå 1. juli 2009 vart barnevernlova endra slik at barneverntenesta no må grunngi fagleg kvifor tiltak for barn over 18 år ikkje skal vidareførast. Når tiltak skal avsluttast skal det grunngiast i barnets beste.

Barne-, likstillings- og inkluderingsdepartementet har samarbeidd med Arbeids- og velferdsdirektoratet om eit treårig utviklingsarbeid for utsette unge frå 17 til 23 år i 8 kommunar. Arbeidet har vorte evaluert av Nova, som leverte sluttrapport i juni 2010. Evalueringa viser at kommunane har etablert nye samarbeidsformer om målgruppa, og at arbeidet har vorte meir målretta gjennom prosjektperioden. Evalueringa viser at god vaksenkontakt har vore ein viktig suksessfaktor ved tiltaka. Barne-, likstillings- og inkluderingsdepartementet vurderer korleis arbeidet skal følgjast opp.

Det er eit mål å betre oppfølginga av barn og unge som vert utsette for overgrep og vald i nære relasjonar. Justis- og politidepartementet har i samarbeid med dei departementa det vedkjem utarbeidd Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2008–2011, Vendepunkt, som inneheld tiltak retta mot barn. Barn med rusmisbrukande foreldre og/eller foreldre som er psykisk sjuke er særleg utsette og sårbare som gruppe. Mange av dei vert ikkje fanga opp av hjelpeapparatet og får ikkje den hjelpa dei treng. Stortinget vedtok i juni 2009 endringar i helselovgivinga for å styrkje rettsstillinga til barn som lever med foreldre som har ei liding eller problematikk som kan gå ut over dei oppgåvene og funksjonane foreldre eller føresette skal ta hand om overfor barna sine. Lova skal medverke til at barna vert fanga opp tidleg, og at helsepersonell set i gang prosessar som set barnet og foreldra betre i stand til å meistre situasjonen når ein forelder er alvorleg sjuk. Etter endringane i spesialisthelsetenestelova har helseføretaka frå nyttår 2010 plikt til å ha barneansvarleg personell på sengepostane. Dette skal vere personar som har fokus på barn til pasientar. I tillegg vert informasjonsarbeidet styrkt gjennom til dømes kompetansenettverket www.barnsbeste.no og hefta Dei usynlege barna. Regjeringa har, som nemnt innleiingsvis, som mål at forholdsvis færre elevar går ut av grunnutdanninga med svake grunnleggjande ferdigheiter.

Modellforsøket Heilskapleg skuledag (2009–2012) i regi av Kunnskapsdepartementet skal utvikle og prøve ut ulike modellar for ein heilskapleg skuledag på 1.–4. trinnet på ni utvalde skular i seks kommunar. Dette er ei vidareføring av forsøk i 11 kommunar i 2007/2008, evaluerte av Sintef. Modellane skal ha i seg elementa dagleg fysisk aktivitet, skulemat, leksehjelp og kulturelle aktivitetar. Modellforsøket skal styrkje kvaliteten i SFO og sjå på betre samarbeid og ressursutnytting i ein heilskapleg skuledag der SFO stør opp om læringa og læringsmiljøet i skulen. Utvida skuledag vil særleg vere viktig for elevar som i liten grad vert følgde opp utanom skuletida. Frå og med skuleåret 2008–2009 har elevar på 1.–4. trinnet fått 5 fleire veketimar à 60 minutt i faga norsk, matematikk og engelsk. Fysisk aktivitet, gratis frukt og grønt, skulemåltid og leksehjelp er andre sentrale innsatsområde i samband med tilrettelegging for ein variert og heilskapleg skuledag og eit godt læringsmiljø. Gratis frukt og grønt til elevar på skular med ungdomstrinn er lovforankra i opplæringslova frå skulestart 2008. Frå skuleåret 2009–2010 vart timetalet på mellomtrinnet (5.–7. trinnet) utvida med 2 timar til fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsundervisning. Tiltaket er lovforankra i opplæringslova. Frå skuleåret 2010–2011 er det i samband med utvida skuledag innført gratis leksehjelp etter obligatorisk skuletid for elevar på 1.–4. trinn.

Eit anna bidrag for å betre ferdigheiter er evaluering av prestasjonane til elevane som grunnlag for vurdering og tidleg innsats via nasjonalt kvalitetsvurderingssystem, NKVS. Ny lærarutdanning, eit varig system for etter- og vidareutdanning og styrkt skuleleiarkompetanse, er andre sentrale innsatsområde. I denne samanhengen vil rettleiarkorps for skuleutvikling verte etablerte som prøveprosjekt i to fylke frå skuleåret 2009–2010 og skal på ein toårsperiode vere eit landsdekkjande tilbod til barne- og ungdomsskular, vidaregåande skular, kommunar og fylkeskommunar.

Det er store sosiale skilnader i læringsutbyte, deltaking og utdanningsval, trass i at utdanningssystemet i stor grad er formelt likt, og grunnlaget for seinare års skuleprestasjonar vert lagt tidleg. Mange elevar og lærlingar fullfører ikkje vidaregåande opplæring. Det er mange faktorar som kan spele ei viktig rolle for å medverke til å gjennomføre vidaregåande opplæring. Blant anna er det viktig at elevane får hjelp til å velje utdanningsveg som dei er nøgde med. Eit ledd i dette arbeidet er forsøksprosjektet Individuell utviklingsplan for utdannings- og yrkesrådgiving. Prosjektet vert prøvt ut i nokre fylke i skuleåra 2009–2010. Vidare har det, for å førebyggje fråfall i vidaregåande opplæring, frå hausten 2010 starta eit fireårig utprøvingsprosjekt av eit nytt praktisk fag, arbeidslivsfag, på ungdomstrinnet. Elevar på 8.–10. trinnet skal jobbe praktisk med tilpassa arbeidsoppgåver henta frå yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal gå føre seg i tett samarbeid med lokalt næringsliv. Eit anna prosjekt som vert vidareført er eit forsøk, der elevane som avsluttar ungdomsskulen, skal kunne få opplæring i eit planlagt toårig løp, der hovuddelen av opplæringa vil vere praksisretta og gå føre seg i bedrift. Første delrapporten frå evalueringa av forsøket viser at praksisbrevordninga ser ut til å hindre fråfall mellom ungdom som deltek i prosjektet.

Kulturdepartementet vil styrkje leselyst og leseferdigheiter ved å utvikle folkebiblioteka som arena for lesing og litteraturformidling. 2010 er eit nasjonalt leseår og er start på eit nasjonalt leseløft i perioden 2010–2014 retta mot både barn, unge og vaksne. I 2010 er det løyvd 3 mill. kroner for å styrkje folkebiblioteka som brubyggjar i samfunnet og møtestad for grupper som i liten grad deltek i kultur- og organisasjonsliv.

For å stimulere til auka deltaking mellom grupper som er underrepresenterte i kulturlivet, vil ordninga med den kulturelle skulesekken og tilskota til kulturkort for ungdom verte vidareførte. Spelemidlane til den kulturelle skulesekken utgjer i 2010 i alt 167 mill. kroner.

For Regjeringa er det viktig å sikre barn og unge likeverdige vilkår for å delta i organisasjonslivet. Fleire av dei største byane står overfor spesielle utfordringar når det gjeld å aktivisere barn og ungdom, og det er etablert ei tilskotsordning i regi av Kulturdepartementet med føremål å inkludere fleire og nye grupper inn i dei ordinære aktivitetstilboda til idrettslaga. Tilskotet til ordninga både i 2009 og 2010 var på 8 mill. kroner årleg. Vidare har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet ei eiga tilskotsordning retta mot barn og unge i større bysamfunn, der det vert gitt tilskot til ei rekkje aktivitetar og prosjekt på kultur- og fritidsområdet, som skal medverke til å sikre gode vilkår for deltaking for alle. Ordninga femner om 23 bykommunar og var i 2010 på rundt 48 mill. kroner.

Gjennom prosjektstøtteordninga Mangfald og inkludering vert det gitt støtte til prosjekt drivne av barn og unge som fokuserer på mangfald, holdningar og deltaking for alle. Ordninga vert forvalta av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar på vegner av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Arbeid og arbeidsmiljø

Mål

Måla på arbeids- og arbeidsmiljøområdet er eit meir inkluderande arbeidsliv og sunnare arbeidsmiljø.

Utvikling

Ved utgangen av juli 2010 var det registrert 78 242 heilt arbeidsledige, mot 77 356 ved utgangen av juli 2009. Det er vidare verd å merkje seg at det er mellom dei yngste at arbeidsløysa er størst. Aldersgruppa 20–29 år utgjer om lag ein tredel av alle ledige. Også kjønnsskilnadene er markante i denne aldersgruppa. Arbeidsløysa blant menn har til no i 2010 lege om lag 50 pst. høgare enn for kvinner. Den registrerte arbeidsløysa blant personar med innvandrarbakgrunn er om lag tre gonger så stor som i resten av befolkninga.

Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) vart først inngått for perioden 2001–2005 og vart deretter forlengd for perioden 2006–2009. Regjeringa og partane i arbeidslivet inngjekk 24. februar 2010 ein ny IA-avtale som gjeld ut 2013. Den nye avtalen skal medverke til at (1) sjukefråveret vert redusert, (2) personar med redusert funksjonsevne vert rekrutterte, og (3) den gjennomsnittlege avgangsalderen går opp.

Verkemiddel

Nav-lova § 14a gir brukarane rett til behovsvurdering, arbeidsevnevurdering og aktivitetsplan og vart innført frå februar 2010. Lova vidarefører i stor grad den metodikken som vart innført hausten 2008 som ledd i ein ny felles oppfølgingsmetodikk for Nav-kontora. Frå 1. mars 2010 er det innført ein ny stønad, arbeidsavklaringspengar, som erstattar attføringspengar, rehabiliteringspengar og tidsavgrensa uførestønad. Arbeidsavklaringspengar skal sikre inntekt i ein overgangsperiode der det på grunn av sjukdom eller skade er behov for arbeidsretta tiltak, medisinsk behandling eller anna oppfølging frå Nav for å kome i arbeid. Føremålet med ordninga er å leggje til rette for tidlegare og tettare oppfølging av stønadsmottakarar for at fleire raskare skal kome tilbake i arbeid eller i arbeidsretta aktivitet. Ordninga vil også gi eit enklare regelverk og mindre omfattande stønadsbehandling. Eit sentralt prinsipp for innføringa av arbeidsavklaringspengar er at ein langt tydelegare enn før skil mellom retten til yting og retten til oppfølging mot arbeid. Mange av dei arbeidsretta tiltaka var til dømes tidlegare berre for brukarar som hadde rett til attføringspengar, medan dei no har eigne inngangsvilkår som tek utgangspunkt i behovet kvar enkelt har for slike tiltak. Ytinga skal vere 66 pst. av den pensjonsgivande inntekta til mottakaren før arbeidsevna vart nedsett. Det skal likevel vere ei minste årleg yting på 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda (for tida 151 282 kroner). Det skal givast barnetillegg etter fast sats.

Kvalifiseringsprogrammet med kvalifiseringsstønaden som høyrer med rettar seg mot personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, som har ingen eller svært små ytingar i folketrygda. Dette handlar i stor grad om personar som utan eit slikt program ville vore avhengige av økonomisk sosialhjelp som hovudinntektskjelde over lengre periodar. Føremålet med kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønaden er å medverke til at fleire i målgruppa kjem i arbeid. Tilbodet skal givast til personar som ein reknar med vil ha sjanse til å kome i arbeid gjennom tettare og meir forpliktande hjelp og oppfølging, også i tilfelle der vegen fram kan vere relativt lang.

Ved utgangen av mai 2010 var det registrert 17 435 søknader om deltaking i programmet, og sidan 1. januar 2008 er det gjort vedtak om å stette 13 718 søknader. Per 31. mai 2010 var det 8961 deltakarar i programmet. Totalt har 2364 personar gjennomført eller avvikla programmet etter ein plan i løpet av 2008 og så langt i 2010.

Eit inkluderande arbeidsliv inneber at tilhøva på arbeidsmarknaden vert lagde til rette for arbeidstakarar som heilt eller delvis ikkje kan utføre dei vanlege arbeidsoppgåvene sine og for arbeidstakarar som mellombels eller varig har fått nedsett funksjonsevne. Arbeidet med å skape eit meir inkluderande arbeidsliv må forankrast på kvar enkelt arbeidsplass.

Det er store skilnader i fysiske og psykososiale arbeidsmiljøbelastningar mellom dei ulike yrkesgruppene i arbeidslivet. Eit viktig bidrag for å utjamne sosiale helseskilnader er å arbeide for at alle arbeider under gode og helsefremjande arbeidsforhold. Viktige verkemiddel for å redusere sosiale skilnader i helse er å vidareføre og styrkje arbeidet for eit godt og sikkert arbeidsmiljø i bransjar med store arbeidsmiljøbelastningar. Arbeidstilsynet har difor gjennomført tilsynssatsingar mellom anna i næringane/sektorane bygg- og anlegg, transport, asylmottak, politiet, barnehagar, reinhald, verkstadindustrien og nærings- og nytingsindustrien, hotell- og restaurant og undervisning. Tilsynet gjennomførte eit prosjekt i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten og partane i arbeidslivet retta mot utvalde bransjar for å fremje inkludering og hindre sjukefråvere. Arbeidstilsynet har også sett i gang ei satsing retta mot å auke kunnskapen om reglane i arbeidslivet og sentrale vilkår for eit godt arbeidsmiljø hos unge arbeidstakarar og arbeidsgivarane deira, og gjennomføre tilsyn i lærlingbedrifter og bransjar med mange unge arbeidstakarar. Eit anna viktig verkemiddel er bedriftshelsetenesta, som skal hjelpe verksemdene i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet. Frå 1. januar 2010 er det innført krav om bedriftshelseteneste i åtte nye risikoutsette bransjar og ei ordning med godkjenning av bedriftshelsetenester. Den nye IA-avtalen legg vekt på et godt arbeidsmiljø. Avtalen fastset også at ein i større grad enn tidlegare skal leggje vekt på det systematiske helse-, miljø og tryggleiksarbeidet for å nå delmåla om redusert sjukefråvere, auka sysselsetjing av arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og auka gjennomsnittleg pensjonsalder.

Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og -helse (Noa) er etablert som ei avdeling ved Statens arbeidsmiljøinstitutt, og har som oppgåve å samordne, systematisere og formidle kunnskap om arbeidsmiljø og arbeidshelse til styresmakter og andre brukargrupper. Kvart tredje år gir Noa ut ei faktabok som gir ein samla nasjonal status og viser utviklingstrekk for norsk arbeidsmiljø og -helse. Ei ny faktabok vil verte gitt ut på nyåret 2011, der data samla inn gjennom Statistisk sentralbyrås Levekårsundersøking 2009 vil stå sentralt. Departementet planlegg å leggje fram ei stortingsmelding om arbeidsforhold, arbeidsmiljø og tryggleik våren 2011 med sikte på å utvikle arbeidsmiljø- og tryggleiksarbeidet vidare.

Nasjonal strategiplan for arbeid og psykisk helse vart lansert i 2007 og gjeld alle med psykiske lidingar og vanskar, også dei som i tillegg har rusmiddelproblem eller andre utfordringar. Strategien handlar om å førebyggje og hindre utstøyting frå arbeidslivet på grunn av psykiske lidingar/problem, og å leggje til rette for at dei som ønskjer og kan, skal kunne gjere seg nytte av arbeidsevna si. Å delta i arbeidslivet medverkar til meistring og sjølvtillit, sikrar inntekt og reduserer fattigdom. For mange vil deltaking i arbeidslivet vere den beste måten å kome seg ut av eit vanskeleg tilvere på.

I statsråd 18. desember 2009 vart det oppnemnt eit utval som skal greie ut spørsmål knytte til sjukefråvere og utstøyting i helse- og omsorgssektoren. Utvalet er eit ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 20 (2006–2007), Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller, og er breitt samansett med representantar frå partane i arbeidslivet, forskarar, helse- og omsorgssektoren og arbeidsmiljøstyresmakta. Utvalet har levert ein delrapport om kunnskapsstatus til Helse- og omsorgsdepartementet i juni 2010 og skal levere den endelege innstillinga si i form av ei offenteleg utgreiing innan utgangen av 2010. Delrapporten dekkjer den delen av mandatet som handlar om å skildre omfang og utvikling, og å drøfte årsaker til sjukefråvere og utstøyting frå helse- og omsorgssektoren. Ein vil arbeide meir med innhaldet i det vidare arbeidet med utgreiinga.

Helseåtferd

Mål

Målet er reduserte sosiale skilnader i helseåtferd og omfattar kosthald, fysisk aktivitet, røyking, alkohol og andre rusmiddel.

Utvikling

Dei siste 20 åra har alle grupper i landet fått betre helse, men betringa har vore større for personar med lang utdanning og høg inntekt enn for personar med kort utdanning og låg inntekt. Generelt er det slik at grupper med lang utdanning og høg inntekt har eit meir helsesamt kosthald og er meir fysisk aktive enn dei med kort utdanning og låg inntekt. Det same mønsteret gjeld for røyking og andre rusmiddel enn alkohol.

Veikskapar i ernæringa i nordmenns kosthald, kombinert med for lite fysisk aktivitet, medverkar mellom anna til overvekt, fedme, type 2-diabetes, hjarte- og karsjukdomar, fleire kreftformer, muskel- og skjelettplager osb. Sidan 1999 har grønsakforbruket på engrosnivå auka frå om lag 60 til 68 kg og fruktforbruket frå om lag 69 til 94 kg per innbyggjar per år. Omsetninga av brus med sukker har auka mykje sidan 1970-åra. Høgaste nivået nådde omsetninga i 1997, med 93 liter per innbyggjar, og har sidan minka til 71 liter per innbyggjar i 2008. Dette er likevel for høgt, og urovekkjande sidan det er svært sannsynleg at om ein drikk for mykje væske med sukker i kan risikoen for overvekt auke. Forbruket av godteri har auka mykje dei siste tretti åra og var nesten 15 kg per innbyggjar i 2008. Saltinntaket er dobbelt så høgt som tilrådd og det meste kjem frå ferdigmat. Prosentdelen spedbarn som vert fullamma ved 4 månader er auka frå 44 pst. i 1998 til 46 pst. i 2006. Målet i Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007–2011) er at delen med spedbarn som vert fullamma ved 4 månaders alder, skal auke frå 44 pst. til 70 pst. Det er store skilnader i fullamming etter mors utdanningsnivå; i 2006 var det 23 pst. av mødrene med grunnskule som høgaste utdanning som fullamma i 4 månader, og 53 pst. av mødrene med universitets-/høgskuleutdanning.

Forekomsten av overvekt blant barn og unge fell med aukande sosioøkonomisk status. For fedme er ikkje tendensen like tydeleg. Førekomsten av fedme blant vaksne fell med høgare utdanningsnivå. Over tid førekjem likevel fedme oftare både blant dei med kort og lang utdanning.

Vi finn dei same sosiale skilnadene i fysisk aktivitetsnivå som for kosthald. Delen av dei som er fysisk aktive aukar med aukande sosioøkonomisk status. Det same gjeld for deltaking i organisert, fysisk aktivitet og medlemskap i frivillige organisasjonar innan kultur og fritid. Av 40–45 åringar med grunnskule som høgaste fullførte utdanning er det forholdsvis dobbelt så mange som ikkje trener med høg intensitet på fritida, samanlikna med dei som har minst 4 års høgskule- eller universitetsutdanning. Dersom ein bruker all fysisk aktivitet med moderat intensitet som indikator, finn vi framleis ein sosial gradient, sjølv om han er svakare. Fysisk inaktivitet er ein sjølvstendig risikofaktor for fleire sjukdomar og ei viktig årsak til overvekt og fedme. Inaktivitetsutviklinga har samanheng med livsstils- og samfunnsendringar som inneber redusert kvardagsaktivitet. Aktivitetsnivået i befolkninga er lågare enn ein har rekna med tidlegare og utviklinga går i negativ retning. Særleg urovekkjande er det at dette også rammar sosialt skeivt og medverkar til auka helseskilnader mellom grupper i befolkninga.

I 2009 røykte om lag 21 pst. dagleg – det tilsvarar over 800 000 menneske. Det er tre gonger så mange som røykjer mellom dei med grunnskule som høgaste utdanning, samanlikna med dei med universitets- eller høgskuleutdanning. Blant unge (16–24 år) gjekk den delen som røykte dagleg, ned frå 16 pst. i 2007 til 15 pst. i 2008. På ti år er prosentdelen meir enn halvert.

Alkoholforbruket blant ungdom auka kraftig frå 1993 til 2003, men har gått noko tilbake dei seinare åra. Den største nedgangen ser ein blant gutar. Prosentdelen gutar som seier dei har vore rusa minst ein gong, er høgare i gruppa med låg og middels sosial status enn i gruppa med høg sosial status. Prosentdelen jenter som seier dei har vore rusa minst ein gong, er derimot minst i gruppa med middels sosial status og omtrent på same nivået i gruppene med låg og høg sosial status. Prisutviklinga på alkohol viser at den relative prisen på alkohol har gått ned sidan 2000. Den største nedgangen finn vi for sterkvin og brennevin. Det har vore ein auke i talet på skjenkjestader frå 1992 til 2008, og talet på skjenkjestader med løyve til å skjenkje brennevin (gruppe 3) har auka forholdsvis kraftig i denne perioden. Prosentdelen skjenkjestader som berre har løyve til å skjenkje alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 har gått ned.

Verkemiddel

Føringane for ernæringsarbeidet er lagde i Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007–2011). Det vert lagt vekt på å redusere sosiale skilnader i kosthaldet. I 2007 vart avgifta på alkoholfrie drikkevarer lagt om slik at avgiftsplikta omfattar drikkevarer som er tilsett sukker eller søtstoff. Drikkevarer utan tilsett sukker/søtstoff, t.d. Farris, jus og liknande er det ikkje avgift på. Avgifta auka frå 1. januar 2009 med om lag 60 pst. Helse- og omsorgsdepartementet og Finansdepartement har i 2010 starta opp eit arbeid for å vurdere om nye reglar i EU om merking av totalt sukkerinnhald kan danne grunnlag for ei ny gradert sukkeravgift. Dette arbeidet held fram. Andre mulige endringar for å gjere dagens avgifter på alkoholfrie drikkevarer, sukker og sjokolade og sukkervarer meir treffsikre vil bli vurdert.

Merkjeordninga Nøkkelholet for sunn mat vart innført ved eiga, felles nordisk forskrift i 2009. Undersøkingar viser at forbrukarane har god kjennskap til denne ordninga, som skal medverke til å gjere det enklare å velje sunt og til å redusere sosiale skilnader i kosthald. Det er sett i gang arbeid med å kartleggje om utviding av nøkkelholsmerking til kiosk, bensinstasjons- og serveringsmarknaden er rett veg å gå for å betre tilbod og tilgang på sunnare alternativ. Helsestyresmaktene vil i 2010/2011 lansere nye kostråd som ledd i arbeidet med å nå ut med kosthaldsinformasjon til heile befolkninga.

Helsestyresmaktene er opptekne av kva marknadsføring av usunn mat og drikke overfor barn og unge har å seie på kosthald. Noreg har sidan 2007 leidd eit europeisk nettverk som arbeider for å redusere marknadsføring av usunn mat og drikke overfor barn og unge. Arbeidet er eit samarbeid med Verdas helseorganisasjon (WHO).

Gratis utdeling av vitamin D-dropar til spedbarn med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn er eit verkemiddel for å førebyggje rakitt. Tilbodet er landsomfattande sidan våren 2009.

Det er lange tradisjonar for å ta i bruk avgifter og tiltak for å redusere tilgang både i det tobakksførebyggjande arbeidet og i alkoholpolitikken. Det er i 2009 fastsett ei forskrift om innføring av biletåtvaringar på tobakkspakkane. Denne påbyr biletåtvaringar på sigarettpakkane frå juli 2011 og på andre tobakksprodukt frå januar 2012. Merking med åtvaring treffer alle i målgruppa, og store åtvaringar med bilete fungerer uavhengig av språk og leseferdigheiter.

Tiltak for å redusere rusmiddelbruk er viktige for å betre sosiale levekår og redusere sosiale helseskilnader. Dette er også understreka i Regjeringa sin opptrappingsplan for rusfeltet. Over 80 pst. av tiltaka i planen er sette i verk. Rusmiddelproblem fører til at mange fell ut av arbeidslivet, og rusførebygging er difor også viktig i eit fattigdomsperspektiv. Å styrkje rusførebygginga i arbeidslivet er eit viktig delmål i opptrappingsplanen. I tillegg er det ei stor satsing på tidleg intervensjon for å styrkje tilbodet til utsette grupper og hindre at rusmiddelproblem utviklar seg. Som eit ledd i dette er rettleiaren Frå bekymring til handling utarbeidd i eit samarbeid mellom Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Politidirektoratet og Utdanningsdirektoratet, som inneheld kunnskap om risiko- og vernefaktorar og tilrådingar om korleis ein kan handle på bakgrunn av bekymringar. Den nasjonale satsinga vert ført vidare og styrkt i 2010 for å medverke til endra praksis i kommunane, mellom anna gjennom dei sju regionale kompetansesentera på rusfeltet.

Staten og Oslo kommune inngjekk i 2007 ein 10-årig intensjonsavtale om eit samarbeid for å betre miljø- og leveforholda for befolkninga i Groruddalen. Same året vart det sett i gang ei områdebasert satsing på lågterskeltiltak i fleire bydelar i Groruddalen. Satsinga vert vidareført og vart i 2008 styrkt gjennom ei tilsvarande satsing i bydel Søndre Nordstrand. Satsinga er eit ledd i Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga, og siktemålet er å styrkje helsa til innvandrarbefolkninga gjennom tiltak som fremjar fysisk aktivitet, gode kostvanar og sunn livsstil, også god tannhelse. Sjå elles avsnittet om sosial inkludering.

Arbeidet med å utvikle og leggje til rette lokalbaserte tilbod for å fremje sunne levevanar med vekt på fysisk aktivitet og sunt kosthald er vidareført i 2009 og 2010. I tråd med føringar for løyvinga frå Stortinget, jf. Budsjett-innst. S. nr. 11 (2007–2008), vert innsatsen målretta mot grupper med forhøgd risiko for å utvikle sjukdom relatert til levevanar. Det vert lagt vekt på å inkludere minoritetsgrupper og på å jamne ut sosiale helseskilnader. Tilboda byggjer på kunnskap og erfaringar frå mellom anna evalueringa og oppfølginga av grøn resept-ordninga. Ved utgangen av 2009 var det etablert såkalla frisklivstilbod i om lag 70 kommunar eller interkommunale samarbeid. I mange kommunar vert det lagt til rette for samarbeid mellom frisklivstilbodet, Nav, spesialisthelseteneste, attføring, frivillige organisasjonar og lågterskeltilbod i regi av andre lokale aktørar. Ein viser til nærmare omtale av tilbod for å fremje sunne levevanar under kap. 719, post 60.

Handlingsplan for fysisk aktivitet (2005–2009) er gjennomført og evaluert. Evalueringa rår til at ein fører arbeidet vidare, og viser at trendar i samfunnet stør opp under dette samtidig som det er etablert eit større medvit om kva fysisk aktivitet har å seie for helse og livskvalitet. Ein arbeider med prioriteringar i ei vidare nasjonal satsing på auka fysisk aktivitet i befolkninga. Ein viser til nærmare omtale under kap. 719, post 73.

Helsetenester

Mål

Målet er likeverdige helse- og omsorgstenester både med tanke på tilgang, bruk og resultat. Delmåla omfattar (1) styrkt kunnskap om sosiale skilnader i bruk av helsetenester og (2) Styrkt kunnskap om forhold som medverkar til sosiale skilnader i bruk av helsetenester og forhold som kan motverke slike skeive forhold.

Utvikling

Vi har framleis lite tilgjengleg kunnskap om eventuelle sosiale skilnader i tilgang til helsetenester. Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet analysert om det er systematiske skilnader i bruk av helsetenester etter utdanning, yrke og/eller inntekt i den norske befolkninga med utgangspunkt i datamaterialet frå helse- og levekårsundersøkingane. Rapporten avdekkjer nokre sosiale skilnader i bruk av enkelte typar primærhelsetenester og i bruk av spesialisthelsetenester for enkelte aldersgrupper. Hovudinntrykket er at i den grad det vert avdekt slike skilnader, så følgjer det ein sosial gradient. Det vil seie at prosentdelen som bruker ulike helsetenester aukar med stigande utdanning og inntekt i grupper med same behovet for helsetenester. Den sosiale gradienten er sterkare blant menn enn blant kvinner.

I 2009 lanserte Helsedirektoratet rapporten Likt for alle? Sosiale skilnader i bruk av helsetjenester. Rapporten var utarbeidd av forskar Jon Erik Finnvold ved Statistisk sentralbyrå, og var ei kunnskapsoppsummering og presentasjon av forsking som seier noko om korleis helsetenesta fungerer overfor ulike sosiale grupper. Rapporten presenterer forsking som mellom anna ser på moglege vridingsmekanismar i helsevesenet, slik som fritt brukarval og ulike finansieringsordningar. Vidare viser ein litteraturgjennomgang at fordelingseffektar i liten grad vert problematiserte når ein introduserer systemreformer. Til slutt i rapporten vert det presentert ein studie som viser at for barn med astma i Noreg ser det ut som sannsynet for å få behandling på det mest spesialiserte nivået i behandlingskjeda aukar med utdanninga til foreldra.

Verkemiddel

Med utgangspunkt i Nasjonal helseplan 2007–2010 er det starta eit arbeid med å fastsetje nasjonale indikatorar som måler kvalitet, yting og effekt av helsetenester ut frå eit sett internasjonale kvalitetskriterium. Det er eit mål å utvikle indikatorar som skal seie noko om tilgangen til helsetenester og ulikskapar på tvers av faktorar som m.a. fagfelt, kjønn, alder og geografiske område – målt med utgangspunkt i heile befolkninga.

I St.meld. nr. 35 (2006–2007) Tilgjengelighet, kompetanse og sosial utjevning – framtidas tannhelsetjenester legg regjeringa ein heilskapleg politikk for tannhelsetenester til befolkninga. Det overordna målet er utjamning av sosiale skilnader i tannhelse. Helsedirektoratet har bestilt to rapportar frå Statistisk sentralbyrå som ei oppfølging av Levekårsundersøkinga 2008. Rapportane skal handle om den delen av utvalet som oppga å ha sjølvrapportert dårleg eller svært dårleg tannhelse. Rapportane vil mellom anna sjå på kva andre sosioøkonomiske variablar som kjenneteiknar denne gruppa.

I februar 2007 vedtok Stortinget å endre helseregisterlova for å etablere eit personidentifiserbart Norsk pasientregister (NPR). Per i dag vert det samla inn data som kan personidentifiserast frå somatiske sjukehus, psykisk helsevern for barn og unge, psykisk helsevern for vaksne og spesialisert behandling for rusmiddelavhengige. I tillegg inneheld NPR data om ulykker og skadar behandla ved Oslo skadelegevakt ved Ullevål universitetssykehus frå 1. mai 2009. Data i NPR som kan personidentifiserast kombinert med kopling mot sosioøkonomiske register gjer det mogleg å studere utbreiing av sjukdom og helsetenesteforbruk etter sosiale kjenneteikn som utdanning og inntekt. Aktuelle temaområde kan vere dei store folkehelsesjukdomane som KOLS eller diabetes, førekomst av ulykker og skadar, eller behandling i psykisk helsevern. Helsedirektoratet har oppretta ein dialog med NPR om høve til å studere sosiale skilnader i helsetenestebruk.

Sosial inkludering

Mål

Målet er å betre levekåra for dei vanskelegast stilte. Dette omfattar delmåla (1) forholdsvis færre vaksne med svake grunnleggjande ferdigheiter i skulen, (2) gi fleire moglegheit til å kome i arbeid, (3) syte for at ingen er bustadlause, (4) betra tilgang til og styrking av helse- og omsorgstenester for utsette grupper, og (5) reduserte levekårsskilnader mellom geografiske område.

Utvikling

Det finst per i dag inga god oversikt over kor stor del av vaksenbefolkninga som manglar kompetanse på grunnskulenivå eller tilsvarande grunnleggjande ferdigheiter etter Kunnskapsløftet, og dermed ikkje kor stor del deltakarar i vaksenopplæring utgjer av vaksne med kompetansebehov. Vi har heller ikkje god oversikt over kva utdanning innvandrarar har når dei kjem til Noreg. Det er behov for å utvikle betre statistikk på dette området. Utdanningsdirektoratet er inne i ein prosess med å utvikle indikatorar i samanheng med vidareutvikling av Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem.

56,1 pst. av innsette i fengsel og 30,9 pst. av innbyggjarane i Noreg har grunnskule som høgaste fullførte utdanningsnivå. 10 pst. av dei innsette har ikkje fullført grunnskulen, og 86,6 pst. av dei innsette under 25 år har ikkje fullført vidaregåande opplæring. Om lag 40 pst. av dei innsette rapporterer om lese- eller skrivevanskar.

4,8 mrd. kroner er nytta til Startlån i 2009, og det vart utbetalt i alt 7893 Startlån. Dette er 21 pst. fleire saker enn på tilsvarande tidspunkt i 2008.

Verkemiddel

Utdanning har ein tydeleg samanheng med levekår. Svake grunnleggjande ferdigheiter og manglande grunnutdanning aukar faren for å falle ut av arbeidslivet. Det er difor eit mål å løfte kunnskapsnivået for dei som treng det mest. Motivasjon, god rettleiing, finansiering av livsopphald under utdanning og fleksible ordningar for læring både innanfor og utanfor utdanningssystemet er viktige faktorar. Regjeringa har i 2010 vidareført Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) for å styrkje lese-, skive-, rekne- og IKT- ferdigheitene til vaksne, og programmet vart styrkt med endå 20 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett. I 2009 og 2010 vidareførte og styrkte Regjeringa innsatsen for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga, mellom anna gjennom introduksjonsprogrammet. Programmet som omfattar opplæring i norsk og samfunnskunnskap, eit tiltak der føremålet er å styrkje moglegheitene nyss komne innvandrarar har for å delta i yrkes- og samfunnslivet. Ny sjanse er ei forsøksordning som har til føremål å prøve ut metodar for å kvalifisere innvandrarar utan fast tilknyting til arbeidsmarknaden, til utdanning eller arbeid. Sistnemnde vart styrkt med 15 mill. kroner i 2009 og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap med 95 mill. kroner. Ny sjanse vil i 2011 rettast mot innvandrarar frå landgrupper med låg sysselsetjing og høg arbeidsløyse, innvandrarkvinner som er heime med barn og som ikkje får sosialhjelp, arbeidslaus innvandrarungdom mellom 18 og 25 år som er avhengige av sosialhjelp og langtidsledige innvandrarar som får sosialhjelp.

Dei viktigaste oppgåvene til Husbanken er å medverke til å førebyggje og motverke at nokon er bustadlause. Tiltak som stør dette målet har første prioritet innanfor alle låne- og tilskotsordningane som Husbanken forvaltar. Omlegginga av bustøtteregelverket frå juli 2009 førte til at om lag 14 500 fleire fekk bustøtte ved utgangen av 2009. Dei nye mottakarane er til dels einslege forsørgjarar og barnefamiliar, men først og fremst einslege. Det å skaffe fram utleigebustader til vanskelegstilte sto sentralt i statsbudsjettet for 2009. I samband med tiltakspakken frå regjeringa som vart lagd fram i januar 2009, vart det løyvt endå 555,6 mill. kroner til dette føremålet, noko som gav rom for endå 1500 utleigebustader. I alt 2441 utleigebustader har vorte finansierte via bustadtilskotet. Dette er ein auke på 150 pst. samanlikna med 2008.

Forutan mål om å hjelpe fleire vanskelegstilte med bustad, arbeider Husbanken saman med relevante aktørar for eigna butilbod til personar som vert lauslatne frå fengselsopphald eller utskrivne frå institusjon. Å gi ungdom i overgangen frå barnevernstiltak og andre vanskelegstilte ungdomar hjelp til å skaffe seg bustader har også vore prioritert. Ein arbeider mot eit mål om at ingen skal opphalde seg meir enn tre månader i mellombels butilbod og at nødvendige akuttplassar får ei verdig utforming og vert berre nytta i ein kort periode.

Norsk institutt for by- og regionsforsking har på oppdrag frå Husbanken gjennomført ei undersøking om utkasting og tvangssal. Det har vore ein nedgang i talet på krav om utkasting og talet på fråvik frå 2007 til 2008, etter ein sterk auke frå 2006 til 2007. Det er avgrensa datatilgang med tanke på å lage ei oversikt over kven som vert kasta ut. Kvalitative data tyder på at økonomien er god nok, men at ein likevel ikkje betaler husleiga. Dette kan ha samanheng med tilleggsvanskar knytte til rus og/eller psykiatri. Unge som bur åleine og einslege forsørgjarar er overrepresenterte mellom dei som vert ramma av tvangssal.Utdanning er av dei mest effektive tiltaka for å førebyggje tilbakefall til kriminalitet. Undervisningstilbodet i fengsla er difor vorte mykje styrkt dei siste åra. Det er no etablert eit skuletilbod i alle norske fengsel der det skal vere eit skuletilbod.

Fengselspopulasjonen i norske fengsel har til dels omfattande rusmiddelproblem. I tillegg har ein stor del også psykiske problem/lidingar. Det vert arbeidd med å få på plass individuell plan som verktøy for innsette med behov for langvarige og samordnande tenester. Samarbeidet med andre aktørar (spesialisthelsetenesta innafor psykisk helsevern og rus, kriminalomsorga, sosialtenesta i kommunane og Nav) er videreutvikla m.a. gjennom etablering av ei helsefagleg ressursgruppe som skal utvidast til også å omfatte representantar for sosialtenesta. Dei fleste fengsel har sett i verk legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Det er etablert samarbeid mellom Nav-kontor og nokre større fengsel.

Kriminalomsorga har nyleg utarbeidd ein heilskapleg strategi for å motverke rusmiddelmisbruk i fengsla for perioden 2008–2011, som skal sikre betre rehabilitering og behandling av innsette og domfelte rusmisbrukarar. Rusmeistringseiningane er etablerte for rusmiddelavhengige i fengsel og som er vurderte til å ha rett til nødvendig helsehjelp for det å vere rusmiddelavhengig. Det er i 2009 etablert 6 nye rusmeistringseiningar. Samtidig legg ein opp til auka bruk av overføring til straffegjennomføring utanfor fengsel etter straffegjennomføringslova § 12 (behandlings- eller omsorgsinstitusjon). Promilleprogrammet skal utvidast til å omfatte andre rusmiddel enn alkohol. Den treårige prøveordninga med straffereaksjonen Narkotikaprogram med domstolskontroll vil verte lengd til 2011.

Ordninga med lågterskel helsetiltak for rusmiddelavhengige er oppretta for å gi eit helsetilbod til rusmiddelavhengige med store helseproblem, og som ikkje klarer å bruke det ordinære helsetilbodet. Det er også sett i verk eit forsøk med koordinerande tillitsperson i 28 kommunar. Koordinerande tillitsperson skal medverke til å betre samhandlinga mellom dei ymse nivåa og tenestene og styrkje individuell oppfølging. Frå 2008 er det etablert rusrådgivarar hos Fylkesmannen. Rusrådgivaren skal medverke til at fleire kommunar kan dra nytte av ymse statlege tilskotsordningar for å gi brukaren individuell oppfølging og auke den delen som får individuell plan. Tilskotsordninga til kommunalt rusarbeid vart styrkt med 59 mill. kroner for 2009, til saman over 300 mill. kroner. Ei styrking av kommunalt rusarbeid vil medverke til utbygging og gjennomføring av akutt-tiltak, lågterskeltiltak, tiltak før, i staden for og etter opphald i spesialisthelsetenesta og styrking av oppfølgingstenestene i bustader til rusmiddelavhengige.

For å styrkje kvaliteten i tenestene skal det lagast rettleiarar og retningslinjer for heile rusfeltet fram til 2015. Dette gjeld til dømes retningslinjer for kartlegging, behandling og oppfølging av pasientar med samtidige psykiske lidingar og ruslidingar, retningslinjer for oppfølging av gravide i legemiddelassistert rehabilitering og barna deira, og dessutan retningslinjer for opioid-avhengige. I løpet av 2010 har Helsedirektoratet i oppdrag å lage rettleiarar for tilvising til tverrfagleg spesialisert behandling, rettleiar for kommunalt rusarbeid og retningslinjer for tverrfagleg spesialisert behandling.

Gjennom opptrappingsplan for rusfeltet er ambisjonen at tenestene skal verte meir tilgjengelege for dei om lag 60 pst. av innsette i norske fengsel som har rusmiddelproblem. Personar som er rusmiddelavhengige må sikrast tilgang til raskare hjelp på alle nivå. Det skal opprettast fleire behandlingsplassar, det kommunale rusarbeidet skal prioritere vekst i kapasitet, med tiltak som til dømes individuell oppfølging, lågterskeltiltak og oppfølgingstenester. For å betre helsetenestetilbodet skal kapasiteten i kommunane, i tverrfagleg spesialisert behandling og tilbodet frå dei frivillige organisasjonane betrast.

I 2010 vart det gitt eit tilskot på 323 mill. kroner til kommunalt rusarbeid fordelt på om lag 240 kommunar. Om lag 250 mill. kroner vert gitt i tilskot til frivillige organisasjonar, både til førebyggjande og rehabiliterande føremål. Mange aktivitets- og lågterskel arbeidstiltak som t.d. aviser som =Oslo, Metafor, Virkelig osb. får støtte gjennom denne ordninga. Kirkens Bymisjon har på oppdrag frå Helse og omsorgsdepartementet etablert 24SJU for å tilby eit døgnope helse- og velferdstilbod for dei mest hjelpetrengjande rusmiddelavhengige i Oslo. Tilbodet vil ha fagpersonar som arbeider både ambulant og oppsøkjande, heile døgnet, heile året. Ei arbeidsgruppe har greidd ut problemstillingar knytte til den heilskaplege pasientutviklinga for rusmiddelmisbrukarar gjennom arbeidet med Samhandlingsreforma.

For 2009 og 2010 er det årleg sett av 50 mill. i statsbudsjettet til utvikling av organisatoriske forpliktande samhandlingsmodellar mellom kommune og spesialisthelsetenesta innan psykisk helse og til etablering av ACT-team (Assertive Community Treatment). Tiltaka rettar seg mot menneske med alvorlege psykiske lidingar med langvarige og samansette behov for samtidige tenester frå både spesialist- og primærhelsetjenesta. Det vil i løpet av 2010 vere etablert 16 ACT-team og 45 samarbeidsprosjekt rundt om i landet. Ein nasjonal evaluering av ACT-satsinga er i gang. Behandlinga vert gitt der pasienten/brukaren oppheld seg; det vere seg i eigen heim, på arbeid/skule, oppfølging under institusjonsopphald etc. På oppdrag frå Helsedirektoratet er det også sett i gang ei nasjonal, forskingsbasert evaluering av ACT- satsinga.

Under innsatsen for sosial inkludering er det eit mål å redusere levekårsskilnader mellom geografiske område. I Noreg har dødsraten dei siste 30 åra vore gjennomgåande lågast på Vestlandet og høgast i Nord-Noreg. Det kan også vere store lokale skilnader. I Oslo er den venta levetida heile 10–12 år lengre i dei vestlege enn i dei austlege bydelane. Ei av forklaringane på slike geografiske skilnader er at det er samanheng mellom bustad og sosiale forhold. Områdesatsingar i Groruddalen og Oslo Sør omfattar tiltak for å betre barns oppvekstvilkår og har gjort det mogleg å prøve nye tiltak for å møte spesielle helseutfordringar i innvandrarbefolkninga. Desse tilboda er nærmare skildra under innsatsområdene oppvekst og helseåtferd.

Gjennom tiltaket Ungdomsfyrtårn skal alle bydelane utvikle og drive eit ungdomstilbod. Dei enkelte tiltaka vart starta opp i 2007 og er vidareførte i 2008 og 2009. I bydel Bjerke har tiltaket Nysirkus vore gjennomført som planlagt også i 2009.

Nav Ung 16–24 er eit tiltak som har til føremål å fange opp ungdom som fell ut av vidaregåande skule. Det vert stilt 15 tiltaksplassar til disposisjon for tiltaket og det skal gjennomførast i bydelane Grorud og Stovner. Prosjektet har i dag 12 deltakarar. Januar 2010 starta prosjektet opp att og vert utvida med to tilsette, ein i kvar bydel.

Rapportering

Utviklinga på innsatsområda i stortingsmeldinga skal følgjast gjennom eit rapporteringssystem som skal gi systematisk og oppdatert oversikt over utviklinga av arbeidet for å redusere sosiale helseskilnader. Det er etablert eit interdepartementalt samarbeid om utvikling av denne rapporteringa. Helsedirektoratet har fått ansvaret for utviklingsarbeidet i nært samarbeid med aktuelle fagdirektorat og fagmiljø. Direktoratet skal gi ut ein årleg rapport basert på rapporteringssystemet. Den første rapporten vart utgitt hausten 2009, og den andre rapporten kjem ein gong hausten 2010.

Sektorovergripande verktøy

Kommunehelseprofilar skal gjere data om faktorar som påverkar helsa, data om helsetilstand og data om helsetenester meir tilgjengelege for kommunane. Helsedirektoratet utfører arbeidet i samarbeid med Statistisk sentralbyrå og Nasjonalt folkehelseinstitutt. I 2009 arbeider ein med å utvikle fleire indikatorar med vekt på forhold som påverkar helsa.

Ny plan- og bygningslov tredde i kraft 1. juli 2009. I tillegg til miljø, samfunnstryggleik og barn og unges oppvekstmiljø er helse mellom dei omsyna som har fått sterkare fokus. I lovas kapittel 3, § 3-1 f går det fram at planlegginga skal ta vare på omsynet til folks helse og motverke sosiale helseskilnader. Dei nye planføresegnene understøttar den sektorovergripande planlegginga i fylke og kommunar.

Ny forskrift til konsekvensutgreiingar, med heimel i plan- og bygningslova, tredde også i kraft 1. juli 2009. Her er helseperspektivet og plan styrkt som verkemiddel for å motverke sosiale helseskilnader, jf. ny formulering i § 4 i forskrifta: «Planer og tiltak som etter § 3 skal behandles etter forskriften dersom de kan få konsekvenser for helsens fordeling i befolkningen.»

Ny lov om fylkeskommunars oppgåver i folkehelsearbeidet, gjeldande frå 1. januar 2010, pålegg fylkeskommunane å medverke til ei jamnare sosial fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa (§1). I tillegg skal fylkeskommunane ha den nødvendige oversikta over helsetilstanden i fylket og dei faktorane som kan verke inn på denne, også trekk ved utviklinga som kan skape eller halde oppe sosiale helseskilnader. Det går føre seg eit utgreiingsarbeid i breitt samarbeid med KS, representantar frå fylkeskommunane, Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet om konkretisering av rolla til fylkeskommunane i folkehelsearbeidet, og om metodar for å skaffe fram fylkesvise oversikter over helse, og faktorar som påverkar denne.

Helse i plan er eit femårig utprøvingsarbeid som vert avslutta i 2010, leidd av Helse- og omsorgsdepartementet, Miljøverndepartementet og Helsedirektoratet, og har som hovudmål å utvikle metodar ved bruk av plan og bygningslova som verktøy for å forankre folkehelse i kommunale og regionale plan- og styringsdokument, også plan som verktøy for å motverke sosiale helseskilnader. Det ligg føre ein rekkje rapportar utarbeidde av Helsedirektoratet og dessutan meir forskingsbaserte undervegs- og sluttrapport utarbeidd av Møreforsking og Norsk institutt for by- og regionforskning.

Helse- og omsorgsdepartementet er i gang med utviklingsarbeid på folkehelseområdet, der sosial ulikskap i helse inngår, til dømes gjeld dette arbeid med utkast til ny helse- og omsorgslov og utkast til ny folkehelselov og dessutan ny Nasjonal helse- og omsorgsplan.

Kunnskapsutvikling

Regjeringa etablerte frå 2007 ei ny og heilskapleg satsing på forsking om sjukefråvere og utstøyting gjennom Program for forskning om årsaker til sykefravær, uførhet og utstøting (2007–2016) i regi av Noregs forskingsråd. Forskingsprogrammet skal medverke til betre kunnskap om årsakene til sjukefråvere, uførleik og utstøyting frå arbeidslivet. Folkehelseprogrammet i Noregs forskingsråd skal medverke til å auke kunnskapen om helsefremjande og sjukdomsførebyggjande tiltak. Prioriterte område er fysisk aktivitet, kosthald, psykisk helse og sosial ulikskap i helse. Forskingsrådet skal leggje spesiell vekt på prosjekt som inkluderer problemstillingar knytte til sosial ulikskap i helse og oppfølging av Handlingsplan for betre kosthald i befolkninga 2007–2011. Program for helse- og omsorgstenester i Noregs forskingsråd skal stimulere til utvikling av relevant ny kunnskap om helse- og omsorgstenesta. Forskingsrådet skal leggje vekt på prosjekt som inkluderer problemstillingar knytte til sosial ulikskap i tilgjengelegheit, bruk og resultat av helse- og omsorgstenesta.

Ved Nasjonalt folkehelseinstitutt er forsking og helseovervaking ein vesentleg del av verksemda. Instituttet har sett i gang eit arbeid med å lage eit presentasjonssystem for å overvake sosiale helseskilnader. Overvakingssystemet vil innehalde tekst og tal på indikatorar som er viktige i eit overvakingsperspektiv. I 2009 har instituttet laga ein rapport om sosiale skilnader i skadar og ulykker i Noreg og Norden. Sosiale helseskilnader inngår som eitt av ti temaområde i forskingsstrategien til Divisjon for epidemiologi for perioden 2009–2013. I denne perioden har divisjonen som mål å:

  • Beskrive sosiale forskjeller i sykelighet og dødelighet gjennom tidsperioder

  • Beskrive sosiale forskjeller i helsetilstander som er forbundet med særlig nedsatt livskvalitet

  • Beskrive sosiale forskjeller i bruk av helsetjenester

  • Beskrive sosiale forskjeller i helserelatert atferd og i forekomst av sykdomsframkallende og sykdomsbeskyttende eksponeringer

  • Forstå hvordan sosiale helseforskjeller oppstår ved å følge familier over generasjoner og søsken gjennom lange tidsperioder

Fleire forskingsprosjekt er sette i gang, til dømes analysar av sosiale skilnader i dødsrate i ulike aldersgrupper over tid.

7 Andre særlege tema

7.1 Sektorovergripande miljøvernpolitikk

Helse- og omsorgsdepartementet si målsetjing er å oppnå tryggare og meir helsefremjande miljø. Viktige tiltak er å tydeleggjere miljøfaktorane i folkehelsearbeidet, støtte kommunane sitt arbeid med miljøretta helsevern, under dette god forvaltning av regelverk, bidra til å førebygge skader og ulykker, førebygge forgiftingar, førebygge astma, allergi og inneklimasjukdommar, og forbetre miljø og helse for barn. Forslag til ny lov om folkehelsearbeid skal sendast på høyring oktober 2010, og trer etter planen i kraft 1. januar 2012. Lova skal mellom anna bidra til betre prioritering og systematisk arbeid innan folkehelse, under dette miljøretta helsevern.

Departementet har lagt til grunn at helseføretaka, med sitt betydelege forbruk, må ta miljøansvar. Gjennom innkjøpa sine har dei ei makt som kan bidra til å påverke både produsent- og leverandørsida på ein positiv måte. Med ein bygningsmasse på om lag 4 mill. kvm bidreg helseføretaka til betydelege utslepp av klimagassar, både gjennom eiga drift og gjennom anskaffingar. Innkjøp av utstyr, materiell og tenester utgjer meir enn 16 mrd. kvart år. I tillegg er sektoren ein stor byggherre med mange store prosjekt innan utbygging. Departementet har i møter bedt dei regionale helseføretaka om å følje opp regjeringa sin Handlingsplan 2007–2010, Miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffingar. Det blei i 2008 publisert ein rapport som kartlegg etablerte miljøtiltak med overføringsverdi og som utredar nye miljøtiltak innanfor spesialisthelsetenesta. Dei regionale helseføretaka er bedt om å arbeide i fellesskap for å sikre ei heilskapleg tilnærming for å oppfylle dei nasjonale miljø- og klimamåla med utgangspunkt i rapporten sine anbefalingar. Arbeidet er organisert som eit prosjekt der dei regionale helseføretaka samarbeider, og vert leia av Helse Vest RHF. Dei er bedt om å følje opp anbefalingane frå rapporten med omsyn til utvikling av miljøkrav i samband med innkjøp. Dei skal i samarbeid vurdere strategiar for å nå regjeringa sine målsetjingar på miljø- og klimaområdet ved bruk av samordna innkjøp. I 2009 blei det etablert eit felles miljø- og klimaforum for dei regionale helseføretaka. Forumet er rådgjevande og vert leia av Helse Vest RHF. Alle dei regionale helseføretaka og kvart einskilt helseføretak deltek i forumet. Dei er bedt om å vurdere i samarbeid om helseføretaka bør verte miljøsertifiserte. Dette arbeidet finn stad no, og det er laga ein rapport som skal på høyring i alle helseføretak i landet, før den vert sendt til Helse- og omsorgsdepartementet innan 1. oktober 2010.

Statens strålevern overvakar førekomsten av radioaktive stoff i miljøet i Noreg. Målingar blir gjort jevnleg av luft, jord, vatn, fisk, sediment og utvalde indikatororganismar, samt i husdyr og enkelte matvarer som ein del av det nasjonale programmet for overvaking. Dette dannar ein del av basisen for vurderingar av konsekvensar og studiar av effektar. I tillegg har Strålevernet bygd opp ein omfattande beredskap for å redusere konsekvensane av eventuelle atomulykker. Strålevernet har også eit målenettverk og eit verktøy for varsling og prognose som gjer det mogeleg å redusere risiko for solskader. Lov 12. mai 2000 om strålevern og bruk av stråling og forskrift 21. november 2003 om strålevern og bruk av stråling inneheld mellom anna føresegner om disponering av radioaktige stoff, inkludert utslepp. Miljøverndepartementet har det konstitusjonelle ansvaret for radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet, og har fått delegert myndigheit etter strålevernlova og strålevernforskrifta sine føresegner om ytre miljø, jf. kgl. res. 10. november 2006. I avtale mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Miljøverndepartementet av 2006 vert Strålevernet sine fagdirektoratfunksjonar overfor Miljøverndepartementet omtalt på dette området. Regjeringa har hatt på høyring forslag til regelverk under Statens strålevern i form av ny strålevernforskrift og ny forskrift om radioaktiv forureining i det ytre miljø. Målet er at begge forskriftene trer i kraft samstundes 1. januar 2011.

Helsedirektoratet og Nasjonalt folkehelseinstitutt, samt Statens helsetilsyn, helsetilsyna i fylka og fylkesmennene, er rådgjevarar for sentrale og lokale helsemyndigheiter, og dei greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining. Både forskrift om miljøretta helsevern og kommunehelsetenestelova peikar på kommunane sitt ansvar for oversikt, rådgjeving og medverknad som ledd i arbeidet med å fremje folkehelse og bidra til gode forhold med omsyn til miljøet. Kommunane skal også gjennom planlegginga si sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet, mellom anna biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale, som kan ha negativ innverknad på helsa.

Nasjonal strategi for barns miljø og helse, Barnas framtid, for planperioden 2006–2016 skal føljast opp. Som eit ledd i oppfølginga av strategien skal Statistisk sentralbyrå leie arbeidet med å utvikle statistikk, eit nasjonalt barnebarometer, om barn sitt miljø og helse. Fyrste rapportering vil bli lagt fram i 2011.

7.2 Oppfølging av likestillingslova sitt krav om å gjere greie for likestilling

Det overordna målet for norsk helseteneste er at brukarar og pasientar skal få eit likeverdig tilbod uavhengig av den enkelte sin økonomi, sosiale status, alder, kjønn og etnisk bakgrunn. Departementet sitt mål for ei likestilt helseteneste er konsentrert om to aksar. Den eine er å inkludere kjønnsperspektivet i all verksemd der dette er relevant. Den andre er å rette særskilt merksemd mot lidingar som kvinner eller menn har, eller sjukdommar kor det eine kjønnet er i fleirtal eller har spesielle vanskar. I departementet sine styringsdokument er dei regionale helseføretaka og Helsedirektoratet bedne om å leggje vekt på at helsetenestene vert utvikla i eit kjønnsperspektiv. Særskilde utfordringar knytt til kvinners eller menns helse skal bli møtt med tilstrekkjeleg kunnskap og ressursar.

Strategiplan for kvinners helse 2003–2013 som blei presentert for Stortinget i St.meld. nr. 16 (2002–2003), Resept for et sunnere Norge, inneber at perspektivet på kjønn skal vere sentralt i sektoren for helse og omsorg, både i forsking, utforming av politikk, førebygging og tenester. Det er etablert ei strategisk satsing på forsking på kvinner si helse i regi av Noregs forskingsråd. Perspektivet på kjønn er nedfelt i Forskingsrådet sine nye programplanar. I 2009 fekk åtte prosjekt tilskot frå dei øyremerka midlane knytta til Kvinner si helse i Noregs forskingsråd. Desse prosjekta inngår i porteføljen til fleire av helseprogramma og omhandlar mellom anna tema som kvinner og osteoporose, sosial ulikskap i kvinner si helse, brystkreft og effekt av fysisk aktivitet, vald mot kvinner og om svangerskap. I Forskingsrådet si totale portefølje var det i tillegg 31 andre prosjekt med heilt spesifikk relevans for kvinnehelse. Perspektivet på kjønn er relevant i større randomiserte kliniske studier i programmet Klinisk forsking, men også i epidemiologiske og andre studier i Folkehelseprogrammet. Programmet Klinisk forsking hadde 14 større kliniske studier i 2009, fire av desse har adressert kjønnsperspektivet spesifikt i studiedesign og/eller analysar. Av dei fire studia er eit innanfor hjarte-/karlidingar, to om diabetes, eit om hjerneslag og eit innanfor rygg og andre muskel/skjelettlidingar. Perspektiv og bevisstgjering om ulikskap mellom kjønn i klinisk forsking er teke hand om gjennom styringsbodskap til dei regionale helseføretaka.

I 2006 etablerte Helse- og omsorgsdepartementet eit nasjonalt kompetansesenter for kvinnehelse knytta til Oslo universitetssjukehus HF, Rikshospitalet. Kompetansesenteret har særskilde oppgåver innan forsking, kompetanseoppbygging, rådgjeving og formidling av kunnskap om kvinnehelse.

Å utvikle gode rekrutteringsstrategiar for menn i omsorgsyrka krev betre og meir systematisk kunnskap enn vi har i dag. Gjennom regjeringa sin plan for kompetanse og rekruttering, Kompetanseløftet 2015, er det gitt støtte til prosjektet Menn i omsorgsyrker ved Høgskolen i Telemark, som vert avslutta i 2010. Helse- og omsorgsdepartementet har i tildelingsbrevet for 2010 gitt Helsedirektoratet i oppdrag å greie ut korleis Kompetanseløftet 2015 kan medverke til å få fleire menn i omsorgsyrka. Oppdraget er mellom anna forankra i St.meld. nr. 8 (2008–2009) om menn, mannsroller og likestilling.

Regjeringa har lagt fram ein opptrappingsplan for rusfeltet (2006–2010) med ei heilskapleg satsing på feltet. Eit hovudmål er å gi individuelt utforma tenestetilbod, som mellom anna er tilpassa kvinner sine særskilde behov.

Gatehospitalet til Frelsesarmeen gir eit tilbod til rusmiddelavhengige som treng døgnbasert tilbod innan pleie og omsorg med medisinsk oppfølging. Erfaringane frå Gatehospitalet er at kvinner har behov for eit skjerma og tilpassa tilbod i denne fasen. Helse- og omsorgsdepartementet har styrka tilskotet slik at tilbodet frå hausten 2008 er utvida med ei eiga kvinneavdeling.

Likestillingsrapport

Av tilsette i Helse- og omsorgsdepartementet i 2009, var 66 pst. kvinner. Den største gruppa stillingar i organisasjonen er seniorrådgjevarar med 65 pst. kvinner og 35 pst. menn. Tala inneheld ikkje tilsette i utlandet eller dei med permisjon utan løn.

Tabell 7.1 Stillingar, Helse- og omsorgs-departementet 2009 (kvinner/menn)

Dep.råd/eksp.sjef

5/5

Avd.direktør mv.

14/11

Underdirektør

15/4

Spesialrådgjevar

4/3

Seniorrådgjevar

54/29

Rådgjevar

25/11

Seniorkonsulent

3/0

Førstekonsulent

14/7

Konsulent

1/0

Totalt

135/70

Oversikta viser at det i Helse- og omsorgsdepartementet er 63 pst. kvinnelege leiarar når alle leiarstillingar er medrekna. Ser ein øvste leiarnivå åleine, som omfattar departementsråd og ekspedisjonssjefar, var kvinnedelen i 2009 på 50 pst. mot 40 pst. tidlegare år.

Tabell 7.2 Tilhøve løn, Helse- og omsorgs-departementet 2009 (kvinner/menn, 1000 kr/år)

Dep.råd/eksp.sjef

1 078/1 109

Avd.direktør mv.

687/646

Underdirektør

547/581

Spesialrådgjevar

687/924

Seniorrådgjevar

480/518

Rådgjevar

401/408

Seniorkonsulent

415/–

Førstekonsulent

380/361

Konsulent

328/–

Totalt

471/499

Skilnaden i gjennomsnittleg årsløn mellom kjønna var i 2009 på 27 800 kroner. Dette er ein auke på om lag 10 000 kroner frå 2008.

Tabell 7.3 Arbeidstid, Helse- og omsorgs-departementet 2009 (kvinner/menn)

Heiltid

113/64

Deltid

15/1

Førebels/vikariat

7/5

Totalt

135/70

Talet på mellombelse stillingar har gått noko ned dei siste åra. Helse- og omsorgsdepartementet hadde eit gjennomsnittleg legemeldt fråvær grunna sjukdom i 2009 på 4,2 pst, som er ein liten oppgang frå føregåande år. Dette skuldast mellom anna ein auke i lange legemeldingar.

Tabell 7.4 Fråvær grunna sjukdom, Helse- og omsorgsdepartementet 2009

Kvinner

5,1 %

Menn

2,7 %

Totalt

4,2 %

Helse- og omsorgsdepartementet vil som før ha fokus på likestilling i nåverande og framtidige planlagde aktivitetar.

Helsedirektoratet hadde per 31. desember 2009 ein kvinneandel på 68 pst. Den største stillingsgruppa i verksemda var seniorrådgjevarar, 188 kvinner og 104 menn.

Tabell 7.5 Stillingar, Helsedirektoratet 2009 (kvinner/menn)

Assisterande direktør

0/1

Divisjonsdirektør

1/5

Avdelingsdirektør

18/16

Seksjonssjef

4/2

Bibliotekar, farmasøyt, lege

9/6

Seniorrådgjevar

188/104

Rådgjevar

145/49

Prosjektleiar

8/6

Førstekonsulent

46/11

Førstesekretær/konsulent

24/6

Totalt

443/206

Det går fram at det var 46 pst. kvinner i gruppa leiarar (assisterande direktør, divisjonsdirektør og avdelingsdirektør). Dette ligg innanfor Hovudavtalen sitt mål om 40 pst. kvinner i gruppa (HA § 21), og er ein positiv auke på eitt prosentpoeng frå 2008. I gruppa avdelingsdirektørar var det 52 pst. kvinner, medan det i gruppa divisjonsdirektørar var 16 pst. Dette vil direktoratet setje inn tiltak for å betre i 2010, med målretta rekruttering i ledige divisjonsdirektørstillingar. Dei gjennomsnittlege forskjellane i løn mellom kvinner og menn har gått ned frå 70 372 kroner i 2007 til 67 176 kroner i 2009. Utviklinga går i riktig retning, og det er viktig å fortsetje den gode trenden med særlege tiltak i 2.3.4- og 2.3.3-forhandlingar for grupper stillingar der dette kjem fram spesielt. Gjennomsnittleg årsløn i Helsedirektoratet per 31. desember 2009 var 487 049 kroner. Løn til helsedirektøren vert fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet, og er ikkje med i berekninga. Gjennomsnittleg løn for kvinner (utan assisterande direktør og divisjonsdirektør) er 465 759 kroner, og for menn (utan assisterande direktør og divisjonsdirektør) 532 935 kroner. Kvinneløna har halde seg stabil på om lag 87 pst. av mennene si løn. Dette er eit gap som direktoratet har som mål å minske i tida som kjem. I gruppa divisjonsdirektørar var lønsdifferansen 0 i 2007, 27 729 kroner i 2008, medan i 2009 tente den kvinnelige divisjonsdirektøren 3614 kroner meir enn gjennomsnitt for mannlige divisjonsdirektørar.

Tabell 7.6 Tilhøve løn i den øvre leiargruppa, Helsedirektoratet 2009 (kvinner/menn 1000 kr/år)

Assisterande direktør

–/1 028

Divisjonsdirektør

904/900

Totalt

904/922

Tabell 7.7 Tilhøve løn, Helsedirektoratet 2009 (kvinner/menn 1000 kr/år)

Avdelingsdirektør

703/735

Seksjonssjef

546/660

Bibliotekar, farmasøyt, lege

387/703

Seniorrådgjevar

508/543

Rådgjevar

422/419

Prosjektleiar

639/663

Førstekonsulent

362/372

Førstesekretær/konsulent

343/329

Totalt

465/532

Det har vore liten prosentvis endring i forskjellen i løn mellom kvinner og menn i dei ulike stillingsgruppene frå 2007 til 2009. I gruppene rådgjevarar og førstesekretær/konsulent tener kvinner litt meir enn menn. Menn har om lag 99 pst. av kvinneløn. Det er ein liten forskjell i løn mellom kjønn i gruppene avdelingsdirektør og førstekonsulent, men utviklinga er negativ sett i likestillingsperspektiv. Kvinneløn har gått frå 97 til 96 pst. og frå 98 til 97 pst. av menn si løn. I gruppa seniorrådgjevar er det noko større lønsforskjell, men ei positiv utvikling, der kvinnene si løn har auka frå 92 til 94 pst. av menn si løn. I gruppa prosjektleiar har kvinneløn auka frå 75 til 96 pst. av menn si løn. Dette kan sjåast som ei positiv utvikling, men skuldast meir stillingen sin art. Prosjektleiarar vert rekruttert frå ulike kompetansegrupper og for ein avgrensa periode, så data er lite eigna for samanlikning over tid. Den største lønsforskjellen finst i gruppa bibliotekar, farmasøyt og lege, der kvinneløn har vore 58 til 55 pst. av menn si løn. Legar trekkjer gruppa menn opp, og bibliotekarar trekkjer gruppa kvinner ned. I 2009 hadde Helsedirektoratet 15 kvinner og 6 menn i vikariat og 62 kvinner og 27 menn i mellombelse stillingar. Av dei mellombels tilsette var 12 kvinner og 12 menn engasjert for 6 månader.

Tabell 7.8 Arbeidstid, Helsedirektoratet 2009 (kvinner/menn)

Heiltid

348/168

Deltid

19/5

Mellombels/vikariat

77/33

Totalt

444/206

Direktoratet har i all hovudsak eit stabilt sjukdomsfråvær. Kvinner har høgare fråvær enn menn, og kvinner som arbeider deltid har høgare fråvær enn kvinner som arbeider heiltid.

Tabell 7.9 Fråvær grunna sjukdom, Helsedirektoratet 2009 (kvinner/menn, pst.)

Heiltid

7,38/4,04

Deltid

9,17/3,39

Totalt

6,51

13 pst. av dei tilsette avvikla velferdspermisjon i 2009, ni pst. av kvinnene og 23 pst. av mennene. Kvinner nytta velferdspermisjon 255 gonger med eit snitt på ein dag per gong. Mennene avvikla 66 permisjonar med eit snitt på 2 dagar. 30 pst. av dei tilsette avvikla omsorgspermisjon i 2009, 32 pst. av kvinner og 26 pst. av mennene. Kvinnene nytta velferdspermisjon 552 gonger med eit snitt på 8 dagar per gong. Mennene avvikla 161 permisjonar med eit snitt på fire dagar. Trekkjer ein ut fødselspermisjonar, har 6 pst. av kvinnene, 29 personar, avvikla eit snitt på 66 dagar og tre pst. av mennene, åtte personar, har avvikla 40 dagar.

Helsedirektoratet ønskjer at organisasjonen i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga. Målet er å oppnå ei balansert samansetning når det gjeld alder og kjønn, rekruttere fleire personar med innvandrarbakgrunn og leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne. For å oppnå denne målsettinga har Helsedirektoratet følgjande tiltak:

  • Målretta rekruttering for å få eit breitt søkjergrunnlag og med tanke på å få kvinner inn i mannsdominerte stillingsgrupper

  • Medviten haldning til å jamne ut skilnader via bl.a. 2.3.4- og 2.3.3-forhandlingar (kvinner, seniorar mv.)

  • Sjukdomsfråværet skal følgjast systematisk opp av den enkelte leiar med fokus på førebyggande tiltak og tilrettelegging. Sjukdomsfråværet vert jamleg tatt opp i AMU, i leiarmøter, i måltavla og i årleg analyse av sjukdomsfråværet. Direktoratet har som mål å redusere fråvær som skuldast sjukdom i 2010. Tiltak for å nå målet vil vere endå tettare oppfølging av sjukmeldte så tidleg som mogleg, med fokus på nærvere, tilrettelegging på arbeidsplassen og ulike tiltak for å leggje til rette for og stimulere eldre arbeidstakarar til å stå lengre i arbeid.

  • Internt nærvereprosjekt der fokus er å setje i gang gode og målretta tiltak for å legge til rette, førebyggje fråvær som skuldast sjukdom, men også behalde kompetanse ved m.a. å leggje til rette for fleksible og livsfaseorienterte løysingar.

  • Annonsere alle stillingar på nettstader for innvandrarar og personar med nedsett funksjonsevne for å tiltrekkje denne gruppa søkjarar til stillingane.

Nasjonalt folkehelseinstitutt har om lag 910 tilsette pr. 31. desember 2009, av desse er om lag 70 pst. kvinner. I leiande stillingar er det om lag 50 pst. kvinner. Talet på kvinner i faglege seniorstillingar er stabil, men har auka noko for forskarar med professorkompetanse. Instituttet har store grupper tilsette (bioingeniørar, laborantar, administrativt personell og yngre akademikarar) der det generelt er overvekt av kvinner.

Tabell 7.10 Andel kvinner, talet på stillingar (samt løn kvinner som andel av løn menn), Nasjonalt folkehelseinstitutt 2009

Avdelingsingeniør

81% av 112 (100%)

Overingeniør

69% av 87 (94%)

Sr. ingeniør

58% av 36 (101%)

Førstekonsulent/kons

78% av 81 (99%)

Rådgjevar

81% av 67 (98%)

Sr. rådgjevar

71% av 73 (102%)

Overlege

45% av 31 (101%)

Stipendiat

72% av 46 (99%)

Forskar – alle

59% av 176 (94%)

Forskar 1183

38% av 55 (102%)

Direktør/ass direktør

33% av 3

Divisjonsdirektør

33% av 6 (98%)

Avdelingsdirektør

52% av 44 (102%)

Totalt

70% av 906 (89%)

Kvinner utgjer 69,3 pst. av dei mellombels tilsette. Dersom ein inkluderar om lag 40 tilsette i bistillingar (30 pst. stilling eller mindre), er 19,7 pst. av kvinnene og 17,1 pst. av menn tilsette i deltidsstillingar. Utover bistillingar er dei fleste av desse i 80 pst. eller 90 pst. stilling, medan dei har ei 100 pst. stilling i botn. Vanlegaste årsak er omsorg for born eller redusert stilling etter fylte 55–60 år. Det skjer så å seie ikkje at nokon har ufrivillig deltidsstilling ved instituttet. Fråvær grunna sjukdom på årsbasis i 2009 var 3,4 pst. for menn og 6,7 pst. for kvinner. Uttak av fødselspermisjon fordeler seg med 43 personar/10 511 kalenderdagar for kvinner og 7 personar/624 kalenderdagar for menn. Med andre ord stod kvinner for vel 94 pst. av uttaket av permisjonar i samband med fødsel og adopsjon. Fråvær grunna sjuke born fordeler seg noko jamnare. Her stod kvinner og menn for respektive 114 personar/544 dagar og 41 personar/163 dagar. Sagt med andre ord utgjer kvinner 77 pst. av dette fråværet. Kvinner utgjer 73 pst. av dei som er 40 år eller yngre i 2010. Folkehelseinstituttet har ingen særlege personalpolitiske satsingar retta direkte mot kvinner, men legg vekt på å utvikle leiing og kultur som oppmuntrar og stimulerer alle medarbeidarar, og der det vert lagt til rette for kompetanseutvikling for alle. Den fremste utfordringa er å auke talet på kvinner blant seniorforskarar, slik at det gjev eit rett bilete av forholdet mellom kvinner og menn blant yngre forskarar og fagpersonell. Dette kan gjerast ved å leggje til rette for at kvinner tek del i meritterande aktivitetar og får tilgang til faglege tiltak for utvikling, noko som i neste runde gjev grunnlag for kompetanseopprykk. Instituttet har i dag diverre ikkje tal for deltaking på kurs og faglege konferansar for våre tilsette. Analysar av løn viser ingen ubalanse innan dei ulike stillingsgruppene som kan forklarast ut frå kjønn. Auke i gjennomsnittleg løn frå 2009 til 2010 var nesten dobbelt så høg for kvinner som for menn.

Tabell 7.11 Stillingar, Norsk pasientskade-erstatning 2009 (kvinner/menn, pst.)

Direktør

–/100

Ass. direktør

–/100

Avdelingsdirektør

60/40

Seksjonssjef

57/43

Informasjonssjef

100/–

Økonomisjef

100/–

Seniorrådgjevar

62/38

Rådgjevar

81/19

Førstekonsulent

86/14

Konsulent

85/15

Seniorsekretær

50/50

Totalt

73/27

Tabell 7.12 Tilhøve løn, Norsk pasientskade-erstatning 2009 (kvinner/menn, pst. av lønnsmassen)

Direktør

–/100

Ass. direktør

–/100

Avdelingsdirektør

59/41

Seksjonssjef

56/44

Informasjonssjef

100/–

Økonomisjef

100/–

Seniorrådgjevar

62/38

Rådgjevar

81/19

Førstekonsulent

85/15

Konsulent

84/16

Seniorsekretær

67/33

Totalt

70/30

I Norsk pasientskadeerstatning er det i stor grad samsvar når det gjeld fordelinga mellom kjønna og del av den totale løna. Deltidsstillingar er i all hovudsak grunna permisjon i form av redusert arbeidstid knytt til omsorg for små born. I tillegg kjem ekstrahjelp til registrering av statistikk, stipendiatstilling og legespesialistar/sakkyndige som er tilsett i bistillingar. Per april 2010 var det i alt 17 mellombels tilsette medarbeidarar (vikariat/engasjement), av desse 11 kvinner (65 pst.) og seks menn (35 pst.). Desse er tilsett i eigne prosjektstillingar eller som vikarar for fast tilsette medarbeidarar i permisjon. Gjennomsnittleg tal timar for medarbeidarar som arbeidde overtid i 2009, viste liten forskjell mellom kjønna (27 timer i snitt for kvinner, 24 timer for menn). Anslagsvis 65 pst. av kvinneleg tilsette arbeidde overtid, om lag 50 pst. av mannlege tilsette. Uttak av permisjon er i hovudsak grunngjeve med fødsels- og omsorgspermisjon. Gitt andel av fertile kvinner som arbeider i Norsk pasientskadeerstatning, er det desse som står for hovudtyngda av permisjonane. Med få unntak tar menn ut fedrekvota (10 veker), i tillegg til to veker ved fødselen. Fråvær grunna sjukdom er noko høgare for kvinner enn for menn, noko som langt på veg kan forklarast gjennom auka fråvær grunna graviditet. Kvinneleg tilsette sin del av fråvær i 2009 grunna sjukt barn var 65 pst., dvs. noko lågare enn den totale delen kvinneleg tilsette skulle tilseie. Mangfald og likestilling er viktige element i etaten sin personalpolitikk. I personalpolitikkdokumentet heiter det: «Alle medarbeidere i NPE er likeverdige, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, religion, kulturelle forskjeller eller seksuell legning. Det er en målsetting at NPE skal ha en god balanse mellom kvinner og menn og ulike aldersgrupper i arbeidsstokken. Det skal jobbes aktivt med å rekruttere flere medarbeider med innvandrerbakgrunn og å legge til rette for medarbeidere med funksjonshemming.» Likestilling er gjennom personalpolitikken kartlagt som eit viktig område, men også eit område der mykje er på plass og det ikkje er store utfordringar. Etaten tilbyr ei rekkje tiltak i sin livsfasepolitikk, mellom anna for arbeidstakarar med omsorg for små born. Av personalpolitikken følgjer vidare at: «Det skal tilstrebes en god balanse av kjønn og alder på alle nivåer i virksomheten. Ved oppnevning av medlemmer til prosjekter, arbeidsgrupper mv. skal det tilstrebes en jevn fordeling av kjønn og alder.» Som tala ovanfor viser, er det stor overvekt av kvinner i arbeidsstokken. Særleg gjer dette seg gjeldande blant saksbehandlarar. Det er eit mål å ha meir balansert kjønnsfordeling. Etaten arbeider med å tiltrekkje seg fleire menn, mellom anna gjennom tekstar i utlysingar som appellerer til begge kjønn, oppfordring til menn om å søkje i annonsar for ledige stillingar mv. I tillegg vert det arbeidd med tiltak for å behalde mannlege arbeidstakarar, mellom anna ved vinkling av aktivitetar innan velferd mv. Tiltak for likestilling vert vurdert jamleg som ein del av personalpolitikken. Status og eventuelle nye tiltak vert diskutert mellom NPE si leiing og tillitsvalde.

Statens autorisasjonskontor for helsepersonell hadde per 31. desember 2009 ein kvinneandel på 72,5 pst. Dei største stillingsgruppene er seniorkonsulentar, rådgjevarar og førstekonsulentar.

Tabell 7.13 Stillingar, Statens autorisasjonskontor for helsepersonell 2009 (kvinner/menn)

Direktør

0/1

Assisterande direktør

0/1

Avdelingsleiar

1/1

Administrasjonssjef

1/0

Arkivleiar

1/0

Seniorrådgjevar

4/2

Rådgjevar

6/0

Seniorkonsulent

8/2

Førstekonsulent

6/2

Konsulent

2/2

Totalt

29/11

Gjennomsnittleg løn i etaten var ved årsskiftet 427 183 kroner for kvinner og 525 379 kroner for menn, som gjer eit samla gjennomsnitt på 476 281 kroner. Statens autorisasjonskontor er ein liten organisasjon slik at den øvre leiargruppa har eit spedt stillingsnivå. Dette gjer at skilnadene når det gjeld løn vert forholdsvis store. Det var tre kvinner og tre menn i denne gruppa ved årsskiftet.

Tabell 7.14 Tilhøve løn, Statens autorisasjons-kontor for helsepersonell 2009 (kvinner/menn, 1000 kr/år)

Direktør

–/864

Assisterande direktør

–/602

Avdelingsleiar

557/557

Administrasjonssjef

490/–

Arkivleiar

471/–

Seniorrådgjevar

467/482

Rådgjevar

413/–

Seniorkonsulent

356/490

Førstekonsulent

326/356

Konsulent

333/324

Sum

3 417/3 677

Gjennomsnitt totalt

427/525

Tabell 7.15 Tilhøve løn i den øvre leiargruppa, Statens autorisasjonskontor for helsepersonell 2009 (kvinner/menn, 1000 kr/år)

Direktør

–/864

Assisterande direktør

–/602

Avdelingsleiar

557/557

Administrasjonssjef

490/–

Arkivleiar

471/–

Sum

1 519/2 024

Gjennomsnitt totalt

506/674

Fråvær grunna sjukdom var på totalt 8,23 pst. i 2009. I 2008 var det på 5,93 pst. Autorisasjonskontoret er ein liten organisasjon slik at nokre få sjukmeldte over lang tid gir prosentvis store utslag.

Statens helsetilsyn hadde per. 31. desember 2009 ein kvinneandel på 62 pst. Den største gruppa stillingar i organisasjonen er seniorrådgjevarar, som består av 30 kvinner og 16 menn.

Tabell 7.16 Stillingar, Statens helsetilsyn 2009 (kvinner/menn)

Ass. direktør

0/1

Avdelingsdirektør

0/3

Underdirektør/fagsjef

6/5

Arkivleiar

0/1

Informasjonssjef

1/0

Seniorrådgjevar

30/16

Rådgjevar

16/6

Førstekonsulent

2/4

Konsulent

6/1

Totalt

61/37

Oversikta viser at det er 43,7 pst. kvinner i gruppa leiarar (avd.dir., underdirektør, fagsjef, arkivleiar, informasjonssjef). Dette ligger innanfor Hovudavtalen sitt mål om 40 pst. kvinner i leiarstillingar innanfor definert gruppe for leiarar, og er ei positiv endring sidan 2008. Da var det 33,3 pst. kvinner i leiarstillingar. Den øvre leiargruppa i Statens helsetilsyn omfattar assisterande direktør, avdelingsdirektør informasjonssjef, i tillegg til direktør. Kvinnedelen i denne gruppa er på berre 20 pst. Statens helsetilsyn vil i framtida ha fokus på ulikskap når det gjeld kjønn i leiargruppa ved eventuell vakanse i dei øvre leiarstilingane. Den gjennomsnittlige skilnaden i løn totalt mellom kjønna er gått ned samanlikna med tidligare år, og utviklar seg i riktig retning. Gjennomsnittlig årsløn i Statens helsetilsyn er per 31. desember 2009 518 279 kroner. Løn til direktøren vert fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet, og er ikkje med i berekninga. Gjennomsnittsløna var 496 822 kroner for kvinner og 553 655 kroner for menn. Skilnaden i gjennomsnittlig løn mellom kjønna er 56 833 kroner. Ved å utelate stillingane assisterande direktør og avdelingsdirektørane, som alle er menn, utgjer gjennomsnittlig løn for menn 517 176 kroner. Forskjellen i gjennomsnittlig løn mellom kjønna er då betydeleg lågare og utgjer 20 354 kroner.

Tabell 7.17 Tilhøve løn, Statens helsetilsyn 2009 (kvinner/menn, 1000 kr/år)

Underdirektør/fagsjef

625/570

Arkivleiar

–/423

Informasjonssjef

614/–

Seniorrådgjevar

542/588

Rådgjevar

431/424

Førstekonsulent

379/372

Konsulent

332/338

Totalt

496/517

Tabell 7.18 Tilhøve løn i den øvre leiargruppa, Statens helsetilsyn 2009 (kvinner/menn, 1000 kr/år)

Avdelingsdirektør

–/837

Ass. direktør

–/904

Totalt

–/854 1

Forskjellen i gjennomsnittlig løn mellom kjønna, 20 354 kroner, er ein reduksjon i forhold til i fjor. Da var forskjellen mellom kjønna 37 512 kroner. Noko av endringa kan forklarast med at Statens helsetilsyn ved tildeling av nye oppgåver i 2009 har rekruttert fleire nye medarbeidarar i relativt høge lønstrinn, kor majoriteten av nytilsette er kvinner. I tillegg kan noko av utslaget ligge i gjennomførte 2.3.4- forhandlingar i 2009. I 2007 var to kvinner og to menn tilsett i engasjement. Tre kvinner var tilsett i vikarstillingar. I 2008 var det tilsett ei kvinne og ein mann i engasjementstillingar. I 2009 var det tilsett ei kvinne i engasjementstilling og ein mann i vikarstilling. Ei deltidsstilling for kvinne i 2009 er oppretta etter ønske om redusert stilling frå vedkommande.

Tabell 7.19 Arbeidstid, Statens helsetilsyn 2009 (kvinner/menn)

Heiltid

58/33

Deltid

2/4

Mellombels/vikariat

1/1

Totalt

61/38

Helsetilsynet hadde eit gjennomsnittlig fråvær grunna sjukdom (inklusiv eigenmeldt fråvær) i 2009 på 3,6 pst., som er i samsvar med målsetjinga i IA-avtalen om at Helsetilsynet ikkje skal ha eit fråvær grunna sjukdom som overstig 4,5 pst. Gjennomsnittlig fråvær grunna sjukdom i 2009 for kvinner var 2,82 pst. og for menn 4,99 pst. For 2008 var fråvær grunna sjukdom 4,83 pst. for kvinner og 4,29 pst. for menn. Statens helsetilsyn har ikkje spesielle utfordringar når det gjeld likestilling mellom kjønna. Det er derfor ikkje satt i gang planar om aktivitetar retta særskilt mot aspektet likestilling. Statens helsetilsyn vil uansett ha fokus på likestilling i nåverande og framtidige planlagde aktivitetar.

Ved Statens institutt for rusmiddelforsking var det var per 31.desember 2009 30 kvinner og 11 menn, ein del på 73 pst. Den største gruppa stillingar i organisasjonen er forskarar som utgjer 10 kvinner og ni menn.

Tabell 7.20 Stillingar, Statens institutt for rusmiddelforsking 2009 (kvinner/menn)

Direktør

0/1

Forskingsleiarar

1/1

Forskarar

8/5

Seniorrådgjevarar

2/1

Rådgjevarar

3/2

Informasjonssjef

0/1

Administrasjonssjef

1/0

Seniorkonsulentar

2/0

Konsulent

1/0

Hovudbibliotekar

1/0

Spesialbibliotekar

2/0

Bibliotekar

1/0

Totalt

21/11

Mellombelse stillingar:

Forskarar

2/4

Stipendiatar

4/1

Rådgjevarar

3/0

Totalt

9/5

Grupper stillingar ved instituttet er delt inn i (a) leiarstillingar (b) forskar- og stipendiatstillingar, medarbeidarar innan forsking og stillingar innan dokumentasjon, og (c) teknisk- administrative stillingar. I gruppe (b) var det 25 kvinner og 10 menn, medan det i dei teknisk- administrative stillingane var fire kvinner. I dei faste leiarstillingane var det to menn og ei kvinne. Den øvste leiargruppa omfattar direktør, forskingsleiarar, informasjonssjef, administrasjonssjef (tre menn og to kvinner). Det gjennomsnittlige lønsnivået for kvinnene i stillingsgruppe (b) svarte per 31. desember 2009 til lønssteg 59 i statsregulativet og for mennene lønssteg 63. Dette kan relaterast til ein høgare gjennomsnittsalder og kompetanse for menn. Ser ein på dei reine forskarstillingane, låg gjennomsnittet for både kvinner og menn på lønssteg 66.

Tabell 7.21 Tilhøve løn , Statens institutt for rusmiddelforsking 2009 (kvinner/menn, 1000 kr/mnd)

1017 Stipendiat

32/31

1057 Informasjonssjef

–/43

1058 Administrasjonssjef

43/–

1062 Direktør

–/75

1064 Konsulent

27/–

1077 Hovudbibliotekar

34/–

1109 Forskar

39/20

1110 Forskar

43/41

1183 Forskar

49/34

1363 Seniorkonsulent

28/–

1364 Seniorrådgjevar

34/40

1410 Bibliotekar

14/0

1434 Rådgjevar

31/34

1515 Spesialbibliotekar

32/0

Totalt

35/35

Tabellen over syner gjennomsnittlig utbetalt bruttoløn basert på stillingsprosenten til den einskilde medarbeidar. Skilnaden i gjennomsnittlig løn i 2009 mellom kjønna er 289 kroner, som er ein reduksjon frå i fjor. Då var skilnaden mellom kjønna 3767 kroner.

Tabell 7.22 Tilhøve løn i den øvre leiargruppa, Statens institutt for rusmiddelforsking 2009 (kvinner/menn, 1000 kr/mnd)

Direktør

–/75

Forskingsleiarar

44/49

Informasjonssjef

–/43

Administrasjonssjef

43/–

Hovudbibliotekar

34/–

Totalt

40/55

Tabell 7.23 Arbeidstid, Statens institutt for rusmiddelforsking 2009 (kvinner/menn)

Heiltid

18/9

Deltid

3/0

Mellombels/vikariat

9/6

Totalt

30/15

Tabell 7.24 Uttak av permisjon Statens institutt for rusmiddelforsking 2009 (kvinner/menn)

Heiltid

2/0

Deltid

1/0

Totalt

3/0

Det er ingen menn som har permisjon. Det er ikkje registrert anna fråvær, og det vert i hovudsak ikkje praktisert bruk av overtid ved instituttet. I instituttet sin lokale tilpassingsavtale til Hovudavtalen i staten, er det nemnt ulike likestillingstiltak, mellom anna kjønnsnøytrale kriterier for fastsetjing av løn og at kvinner skal få same høve som menn til å arbeide med kvalifiserande arbeidsoppgåver og til å ivareta prosjektleiarfunksjonar og andre leiarfunksjoner. Slik fordelinga av menn og kvinner er ved instituttet, og slik vilkåra for arbeid og løn fordeler seg, har ikkje instituttet sett det som naudsynt med særskilte tiltak utover dette.

Statens legemiddelverk er ein etat med høg kvinnedel. I 2009 utgjorde kvinnelige tilsette 70 pst. av arbeidsstokken. I nyrekrutteringar er det fokus på at ei jamnare fordeling av kjønn vil verke positivt for arbeidsmiljø og fagleg utvikling. Leiargruppa er 10 personar der 70 pst. er kvinner. Mellomleiargruppa er 18 personar der 60 pst. er kvinner.

Tabell 7.25 Stillingar, Legemiddelverket 2009 (kvinner/menn)

Legemiddelinspektør

4/1

Overingeniør

4/2

Laborant

1/0

Forskar 1108

33/8

Forskar 1109

4/8

Utredningsleiar

0/1

Driftsleiar

0/1

Seksjonssjef

8/8

Seniorkonsulent

5/0

Seniorrådgjevar

37/19

Førstekonsulent

25/4

Rådgjevar

11/5

Spesialbibliotekar

0/1

Direktør

1/0

Ass direktør

0/1

Fagdirektør

1/0

Avdelingsdirektør

6/2

Overlege

2/5

Avdelingsoverlege

0/2

Arkivleiar

0/1

Konsulent 1064

38/7

Konsulent 1065

1/1

Sekretær 1070

2/0

Avdelingsingeniør 1084

7/0

Avdelingsingeniør 1085

2/5

Totalt

192/82

Tabell 7.26 Tilhøve løn, Legemiddelverket 2009 (kvinner/menn, lønstrinn)

Leiar

75,1/74,5

Ikkje leiar

52,9/59,9

I arbeidet med å jamne ut skilnader i løn vart det i 2008 tatt inn eit punkt i den lokale lønspolitikken som peikar på at der dokumenterte skilnader når det gjeld løn ikkje kan forklarast med anna enn kjønn, skal arbeidsgivar i samråd med dei tillitsvalde rette opp skilnader i løn i samråd med likestillingslova § 5.

Tabell 7.27 Arbeidstid, Legemiddelverket 2009 (kvinner/menn)

Heiltid

165/73

Deltid

27/9

Totalt

192/82

Legemiddelverket har dei siste åra hatt auka fokus på å vere ein arbeidsplass som tilbyr god balanse mellom jobb og familie. Vi har til dømes gjennom fleire år hatt tilbod om å kunne jobbe heime for tilsette som har hatt dette behovet i kortare eller lengre periodar. Ordninga har ofte vore brukt som eit alternativ til redusert arbeidstid for den tilsette. I 2010 har vi fått utvida fleksibilitet for dei tilsette ved innføring av mobilt kontor. Ei slik løysing aukar fleksibiliteten for dei tilsette til å kunne gjennomføre oppgåvene sine uavhengig av å vere fysisk tilstade på arbeidsplassen. For tilsette som likevel ynskjer redusert arbeidstid for kortare eller lengre periodar, har Legemiddelverket ein praksis for å leggje til rette for dette.

Tabell 7.28 Fråvær grunna sjukdom og permisjonar i Legemiddelverket etter kjønn 2009 (kvinner/menn, pst.)

Fråvær grunna sjukdom

7,6/4,2

Permisjonar

10/5,1

Legemiddelverket har i 2010 hatt stort fokus på arbeidet med å redusere fråvær grunna sjukdom. Det er gjennomført kantineseminar for alle tilsette med tema IA-avtalen. Det er og innført elektronisk Personalhandbok der alle tilsette og leiarar lett kan finne rutinar for oppfølging ved fråvær grunna sjukdom og tilrettelegging av arbeidsplassen. I tillegg er det i samarbeid med bedriftshelsetenesta sett opp fem faste IA-/dialogmøter gjennom året der leiar og tilsett kan få ei vurdering av tiltak for tilrettelegging og handlingsplan i den enkelte saka. I tillegg skal det for Leiarforumet gjennomførast caserelatert opplæring i oppfølging av fråvær grunna sjukdom, i regi av bedriftshelsetenesta. Legemiddelverket har gjennomført fleire tiltak for å fremje likestilling og forhindre diskriminering i verksemda. For å sikre god kunnskap og rett fokus i arbeidet har Personaleininga det siste året deltatt på konferanse i regi av LDO, Mangfold på ordentlig, samt Difi-kurs med føredrag frå LDO, Diskrimineringsjuss i praksis. Det er vidare sett av eit seminar for Leiarforum for 2010 med tittel: Likestilling og mangfold på arbeidsplassen. Av planlagde tiltak bør det nemnast at Legemiddelverket jobbar med å utvikle ei spørreundersøking for alle som avsluttar arbeidet i etaten. Denne skal innehalde eit eige punkt som omhandlar rettferd og likskap, samt intoleranse overfor diskriminerande atferd. I tillegg er det arbeid på gang med personalpolitiske retningslinjer der både likestilling og mangfald er vesentlege element.

Statens strålevern hadde ved utgangen av 2009 omtrent like mange tilsette kvinner som menn.

Tabell 7.29 Stillingar, Statens strålevern 2009 (kvinner/menn)

Arkivleiar

0/1

Avdelingsingeniør

1/1

Avdelingsdirektør

0/3

Bibliotekar

1/0

Driftsleiar

0/1

Forskar

12/14

Førstekonsulent

4/0

Hovudbibliotekar

1/0

Informasjonssjef

1/0

Konsulent

2/0

Overingeniør

1/5

Overlege

1/1

Rådgjevar

9/7

Seksjonssjef

5/3

Senioringeniør

0/3

Seniorrådgjevar

8/11

Økonomisjef

1/0

I alt

47/50

Oversikta viser at det er 40 pst. kvinner i gruppa leiarar (avdelingsdirektør, informasjonssjef, seksjonsleiar).

Tabell 7.30 Tilhøve løn, Statens strålevern 2009 (kvinner/menn), 1000 kr/år

Arkivleiar

–/435

Avdelingsingeniør

371/384

Avdelingsdirektør

–/748

Bibliotekar

378/–

Driftsleiar

–/384

Forskar

453/464

Førstekonsulent

391/–

Hovudbibliotekar

435/–

Informasjonssjef

641/–

Konsulent

378/–

Overingeniør

428/443

Overlege

644/644

Rådgjevar

415/409

Seksjonssjef

554/554

Senioringeniør

–/486

Seniorrådgever

486/476

Økonomisjef

496/–

Gjennomsnitt

466/478

Den gjennomsnittlige skilnaden når det gjeld løn var i 2009 om lag 3 pst. mellom kvinner og menn mot 6 pst. i 2007. Gjennomsnittlig årsløn i Strålevernet var per 31. desember 2009 473 607 kroner. Løn til direktøren vert fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet og er ikkje med i berekninga.

Tabell 7.31 Skilnad i løn for leiarstillingar, Statens strålevern 2009 (kvinner/menn, 1000 kr/år)

Avdelingsdirektør

–/748

Informasjonssjef

641/–

Seksjonssjef

554/554

Gjennomsnitt

568/651

Den gjennomsnittlige skilnaden i løn mellom kvinner og menn i leiarstilling var i 2009 82 750 kroner. Det at kvinnene har løn tilsvarande 87 pst. av kva menn tener, heng saman med at avdelingsdirektørane er menn, medan brorparten av seksjonssjefane er kvinner. Gruppa av tilsette i deltidsstilling har dei seinaste to åra utgjort i overkant av 15 pst. og den gjennomsnittlige størrelsen på deltidsstillingar har vore litt over 60 pst. Det var ingen vesentleg forskjell på kvinner og menn verken når det gjeld del eller størrelse på stilling. Om lag halvparten av dei deltidstilsette ønskte redusert stilling grunna oppgåver innan omsorg – kvinner ønskte dette noko oftare enn menn. Når det gjelder permisjonar i forbindelse med fødsel/barsel er det ingen forskjell mellom kvinner og menn, alle tilsette nyttar desse muligheitene fullt ut. Fråvær grunna sjukdom ved Statens strålevern har i gjennomsnitt vore 3,5 pst. dei seinaste tre åra, om lag 4,5 pst. for kvinner og i overkant av 2 pst. for menn. Det eit mål å få ei jamn fordeling av menn og kvinner i alle kategoriar stillingar. Hovudoppgåva i forhold til likestilling for Statens strålevern er særlig å rekruttere kvinner til dei overordna stillingane det ikkje er tilsett kvinner. Når det gjeld ekstern rekruttering til slike stillingar, vil det være aktuelt å oppfordre kvinner til å søke. Internt gjeld det å nytte det Strålevernet disponerer via støtte til etterutdanning og relevant vidareutdanning, forskartermin og utdanningspermisjonar. Doktorgrad er eit fortrinn i konkurransen om seniorstillingar innan strålevern og beredskap. Blant de tilsette i Statens strålevern har om lag 10 pst. av kvinnene doktorgrad, medan det tilsvarande for menn er 30 pst. Eit vesentlig tiltak vil være å stimulere fleire kvinner til å ta doktorgrad.

7.3 Omtale av tilsettingsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Administrerande direktør i AS Vinmonopolet hadde per 31. desember 2009 ei årleg løn på 1 733 312 kroner. I tillegg til løna har administrerande direktør ei fast godtgjering for bil på 150 000 kroner per år. Vinmonopolet innførte i 2007 ei leiarpensjonsordning som vert dekka over drifta. Total pensjonskostnad for administrerande direktør i 2008 var 772 000 kroner.

Administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF har i rekneskapsperioden 2009 motteke løn på 1 932 197 kroner, medan andre ytingar summerer seg til 7288 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 250 370 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. Under gitte føresetnader har leiargruppa rett på etterløn i 12 månader frå dato for fråtreding. Etterløn vil bli redusert med løn frå ny arbeidsgivar. Det er ikkje gitt lån/sikkerhetsstilling til administrerande direktør.

Administrerande direktør i Helse Vest RHF har i rekneskapsperioden 2009 motteke løn på 1 851 000 kroner, medan andre ytingar summerer seg til 39 000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 585 000 kroner. I dette beløpet inngår også utgifter knytta til pensjon utover kollektiv pensjonsordning. Det er ikkje inngått avtale om sluttvederlag eller liknande for administrerande direktør. Det er ikkje gitt lån/sikkerhetsstilling til administrerande direktør.

Administrerande direktør i Helse Nord RHF har i rekneskapsperioden 2009 motteke løn på 1 555 000 kroner, medan andre ytingar summerer seg til 9000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 195 000 kroner. I tillegg til løn tener administrerande direktør opp halvannan månads studie- og oppdateringspermisjon for kvart heile år i funksjon som administrerande direktør. Dersom administrerande direktør må fråtre, eller sjølv veljar å slutte i stillinga si, pliktar Helse Nord RHF å betale løn i 6 månader ut over vanleg oppseiingstid.

Konstituert administrerande direktør i Helse Midt-Noreg RHF fram til 18. mai 2009 har i rekneskapsperioden 2009 motteke løn på 677 000 kroner, medan andre ytingar summerer seg til 2000 kroner. Pensjonsutgiftene til konstituert administrerande direktør utgjorde 63 000 kroner. Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg RHF frå 18. mai 2009 har i rekneskapsperioden 2009 motteke løn på 788 000 kroner, medan andre ytingar summerer seg til 57 000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 93 000 kroner. Pensjonskostnadene er i det heile knytt til kollektiv pensjonsordning i KLP for begge direktørane. Ved avgang etter oppmoding frå styret har administrerande direktør krav på løn i oppseiingstida som er 6 månader.

Norsk Helsenett SF hadde i rekneskapsperioden 2009 ingen utgifter til administrerande direktør. Statsføretaket tok over den samla verksemda i Norsk Helsenett 30. oktober 2009. Konstituert administrerande direktør i perioden 1. oktober – 31. desember, blei løna over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett med til saman om lag 270 000 kroner. Ny administrerande direktør blei tilsett 16. november 2009, med tiltreding frå 1. januar 2010. Avtalt årsløn frå 1. januar 2010 er 1 200 000 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. Ved avgang etter oppmoding frå styret har administrerande direktør i tillegg til løn i oppseiingstida krav på sluttvederlag i 9 månader etter utløpet av oppseiingstida. Dersom administrerande direktør har andre inntekter i perioden før ev. sluttvederlag, skal sluttvederlaget reduserast med løn frå ny arbeidsgjevar. Det er ikkje gitt lån/sikkerhetsstilling til administrerande direktør.