Prop. 29 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Arbeidsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeidsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2012.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2012 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2012.

Arbeidsdepartementet fremmar forslag om å auke løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 36,2 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 654,2 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 374 mill. kroner. Samla gjer Arbeidsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar vert nedsett med om lag 992 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med om lag 170,6 mill. kroner.

Til forsida