Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

1.1 Kunnskap gir moglegheiter

Kunnskap er grunnlaget for demokrati, verdiskaping og velferd. Utdanning, forsking og innovasjon, og samspelet mellom desse, er avgjerande for å lykkast med omstilling, framtidig verdiskaping og dermed berekrafta for velferdssamfunnet. Derfor har regjeringa høge ambisjonar om å halde fram med å utvikle Noreg som kunnskapsnasjon.

Kunnskap er også nøkkelen til at det skal vere mogleg for kvar av oss å skape seg eit godt liv, og til å møte dei utfordringane samfunnet vårt står overfor i åra som kjem. Regjeringa vil legge til rette for at den einskilde får utvikla kompetansen sin, slik at kompetansen er tilpassa endra behov i arbeidslivet framover. Kunnskapspolitikken skal gi alle innsikt og forståing, som gir grunnlag for sjølvstende, fridom og deltaking i samfunnet. Derfor er det viktig med god utdanning for alle og særskilt viktig for god integrering av nye borgarar.

Kunnskapsdepartementet arbeider etter tre overordna mål:

  • Alle deltek i arbeids- og samfunnsliv.

  • Alle har den kompetansen som dei sjølve og samfunnet treng.

  • Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet.

Alle deltek i arbeids- og samfunnsliv

Menneske som får utnytta evnene og ferdigheitene sine på ein god måte, vil kunne realisere ønska og ambisjonane sine, og bidra til fellesskapet ved å delta i arbeids- og samfunnsliv. Kompetansenivået i Noreg er høgt. Det legg grunnlaget for brei deltaking, vellykka omstilling og høg produktivitet i arbeidslivet.

Kompetanse og arbeid er nøkkelen til deltaking i samfunnet. Barnehage, skule, utdanning og arbeidsliv er viktige samfunnsinstitusjonar der vi lærer og samhandlar. Den kunnskapen vi får mellom anna gjennom desse, er eit viktig grunnlag for nokre av dei verdiane som skaper samfunnet vårt.

Alle barn i barnehage har rett til eit barnehagetilbod av høg kvalitet som gir alle like moglegheiter uavhengig av bakgrunn. Retten til barnehageplass har derfor blitt utvida i dei siste åra. Regjeringa har gitt barnehagepolitikken ein tydelegare sosial profil gjennom gratis kjernetid for barn i alderen 2–5 år og eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Ordningane er viktige tiltak som legg til rette for at fleire barn får gå i barnehage. Ei evaluering frå Institutt for samfunnsforskning i juni 2019 om moderasjonsordningane viser at fleire barn går i barnehage etter at ordninga med redusert foreldrebetaling for låginntektsfamiliar blei innført, men at det framleis er ein del i målgruppa som ikkje kjenner til ordningane, eller som synest det er vanskeleg å søke om plass.

Forskinga viser at eit godt barnehagetilbod er særskilt viktig for utsette barn, og at tidleg innsats gir store gevinstar seinare, både for den einskilde og for samfunnet. Det har vore ein jamn auke i talet på barn som får spesialpedagogisk hjelp i barnehage i dei siste fem åra. Ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) leverte rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge våren 2018. Gruppa slo fast at tilbodet til barn under skulepliktig alder er for dårleg, og at den store variasjonen i kvaliteten på barnehagetilbodet er særleg kritisk for barn med særskilde behov.

For dei yngste elevane er det mykje som er nytt, og dei skal lære korleis dei kan lære. Dette krev god kunnskap hos lærarane og høg kvalitet i utdanninga deira når det gjeld begynnaropplæring. Den pågåande fagfornyinga for grunnopplæringa skal vareta dei yngste elevane. Læring skal skje gjennom eit breitt spekter av aktivitetar der leik gir høve til kreativ og meiningsfylt læring. Utkast til nye læreplanar har vore ute på høyring våren 2019, og forslaga for dei lågaste trinna i skulen legg vekt på undring, utforsking, kreativitet og læring gjennom leik.

Grunnskulen gir ikkje eit godt nok tilbod til barn og unge med særskilde behov. Sjølv om tenestene i seg sjølve er gode, ser vi at nokre barn og unge ikkje får den hjelpa dei treng fordi tenestene ikkje samarbeider godt nok. Dette blei bekrefta av Nordahl-gruppa.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Innsatsen mot mobbing og krenkingar har resultert i mellom anna klargjering av pliktene til dei tilsette i barnehagen, og eit eige lovarbeid om barnehagemiljøet er i gang. I grunnopplæringa er det mellom anna innført eit nytt regelverk med nulltoleranse for mobbing og aktivitetsplikt for skulane til å løyse mobbesaker. I tillegg har regjeringa lagt til rette for ei omfattande kompetansesatsing retta mot skular, barnehagar og kommunar. Fylkesvise mobbeombod er på plass i alle fylka, noko som bidreg til å sikre elevanes rett til ein skulegang utan mobbing.

Noreg er prega av høg deltaking i arbeidslivet, låg arbeidsløyse og høg kompetanse i befolkninga. Likevel er det ein stor del av befolkninga som står eller er i fare for å bli verande utanfor arbeidslivet. Offentleg finansiert utdanning, gode ordningar for utdanningsstøtte og gode studentvelferdstilbod gir god tilgang til høgare utdanning i Noreg. Høgare utdanning og etter- og vidareutdanning skal gi den einskilde betre føresetnader for å delta i samfunns- og arbeidslivet. Universitet, høgskular og fagskular med lærestadar eller tilbod over store delar av landet gjer tilgangen på høgare utdanning god. Universiteta, høgskulane og fagskulane har eit viktig samfunnsoppdrag i å utdanne kandidatar som samfunnet treng, og utføre forsking til beste for samfunnet. Dei nyutdanna kandidatane frå høgare utdanning i Noreg får seg relativt raskt arbeid, og ei spørjeundersøking viser at arbeidsgivarane jamt over er nøgde med kunnskapen hos nyleg tilsette kandidatar. Studentane opplever òg i ganske stor grad at kompetansen dei får, er relevant for arbeidslivet.

Stadig fleire søker seg til universitet og høgskular. Talet på søkarar, studentar og uteksaminerte kandidatar har auka i fleire år. I 2018 var det om lag 118 000 kvalifiserte førstevalssøkarar, og i haustsemesteret var det rundt 259 000 registrerte studentar som blei finansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I 2018 var det 2,1 kvalifiserte førstevalssøkarar per studieplass; i 2008 var det 1,4. Talet på uteksaminerte kandidatar var over 47 000 i 2018, ein auke på 2 pst. frå året før. I 2019 gjekk talet på søkarar ned for første gong på ti år, og det var då om lag 112 500 kvalifiserte førstevalssøkarar.

Det er ei positiv utvikling at fleire vel å ta ei høgare utdanning. Samtidig er det ei utfordring for sektoren å møte det auka behovet og målet om god tilgang på relevante tilbod for alle dei kvalifiserte søkarane. Stortinget har i perioden 2009–19 løyvd midlar til å utvide det årlege opptaket med om lag 12 000 studentar til universitet og høgskular. I tillegg har sektoren medverka til å møte behova gjennom å opprette nye studietilbod og studieplassar innanfor rammeløyvinga.

Noreg har behov for å sikre arbeidskraft for framtida. Framover vil aldring av befolkninga gi markert høgare utgifter til pensjonar og helse- og omsorgstenester. Høg sysselsetjing og produktivitet er viktig for samfunnet og for berekrafta i den norske velferdsmodellen. Då er det viktig å få sysselsett og integrert dei som kjem nye til landet, og inkludere dei som av andre grunnar fell ut av utdanningssystemet. Inkludering og integrering er viktig for å hindre utanforskap og for å sikre eit samfunn med små forskjellar og der det er moglegheiter for alle. Regjeringa la i 2018 fram Integrering gjennom kunnskap – regjeringens integreringsstrategi 2019–2020. Hovudformålet er å auke deltakinga i arbeids- og samfunnsliv.

Innvandrarar i Noreg har høg grad av sysselsetjing samanlikna med innvandrarar i andre OECD-land; dette gjeld både kvinner og menn. Flyktningar har betydeleg lågare sysselsetjingsgrad enn resten av befolkninga og andre innvandrarar. Ei forklaring på dette er at mange flyktningar manglar utdanning, kvalifikasjonar og digitale ferdigheiter som den norske arbeidsmarknaden krev.

Gode norskferdigheiter og grunnleggande kjennskap til samfunnet er ein føresetnad for å få arbeid og utdanning. Samstundes er formell kompetanse i aukande grad viktig for å få og bli verande i arbeid. Det har vore ei utfordring at flyktningar ikkje kjem raskt nok i gang med aktivitetar som er målretta mot arbeid og utdanning. Regjeringa vil at kvalifiseringa skal starte opp raskt, og at fleire skal få formelle kvalifikasjonar gjennom utdanning og som ein del av introduksjonsprogrammet. Tidleg kompetansekartlegging og karriererettleiing i mottak skal føre til meir målretta kvalifiserings- og karriereval for den einskilde, og til at kommunane raskt skal kunne tilby tiltak som er tilpassa den einskilde flyktningen. Tal frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) syner at rekordmange nykomne innvandrarar i 2018 gjekk over i arbeid eller utdanning etter deltaking i introduksjonsprogrammet.

Forsking viser at sivilsamfunnet og frivillig aktivitet er viktige for å skapa og halde oppe tillit og fellesskapskjensle for innbyggarane i eit land. Saman med barnehage, skule og arbeidsplassar er fritidsaktivitetar og frivillige organisasjonar dei viktigaste møteplassane i kvardagen. Frivillige organisasjonar og andre sosiale aktørar spelar ei rolle i å skape møteplassar og kjennskap mellom folk. Regjeringa sin integreringspolitikk har som mål at innvandrarar bidreg med sin eigen innsats, og at det er mogleg for dei å delta i det norske samfunnet.

Barnehagen og grunnopplæringa skal gi barn og unge med innvandrarbakgrunn eit godt grunnlag for vidare utdanning og deltaking i samfunnet og arbeidslivet som vaksne. Det er derfor eit mål å auke delen barn med innvandrarbakgrunn som går i barnehage. Alle må få best mogleg støtte til å lære norsk for å betre sjansane den einskilde har til å lykkast i utdanningsløpet og vidare i livet.

Alle har den kompetansen som dei sjølve og samfunnet treng

Granavolden-plattforma har som mål å skape eit berekraftig velferdssamfunn gjennom å omstille norsk økonomi, skape vekst og fleire jobbar, bygge infrastruktur i heile landet og fremje det grøne skiftet. Satsing på kompetanse er ein føresetnad for at ny teknologi skal føre til innovasjon og omstilling i norsk økonomi. Regjeringa har derfor sett i gang kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet, og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Gjennom reforma vil regjeringa legge betre til rette for etter- og vidareutdanning for arbeidstakarar, i samarbeid med arbeidslivet og dei som tilbyr utdanning.

Kompetansenivået i Noreg er høgt. Det bidreg til brei deltaking, omstilling og vekst i norsk arbeids- og næringsliv, og førebygger utanforskap. Samfunnet blir stadig meir kunnskapsintensivt og teknologisk avansert. Med det aukar krava til kompetanse og evne til omstilling, hos både arbeidstakarar og arbeidsgivarar. Aukande levealder betyr at fleire må stå lenger i arbeid, og inn- og utvandring gjer at kompetansen i arbeidsstyrken varierer. Den demografiske utviklinga gjer det endå viktigare at sysselsette kan halde ved like og oppgradere kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring. Regjeringa sette våren 2017 ned Kompetansebehovsutvalet for å få ei fagleg vurdering av Noregs kompetansebehov. I februar 2019 la utvalet fram sin andre rapport, NOU 2019: 2 Fremtidige kompetansebehov II. Utfordringer for kompetansepolitikken. Våren 2018 sette regjeringa ned eit ekspertutval for å vurdere behova for etter- og vidareutdanning, om utdanningssystemet er i stand til å møte desse behova, og om rammevilkåra for investering i ny kompetanse er tilstrekkeleg gode. I juni 2019 la utvalet fram NOU 2019: 12 Lærekraftig utvikling. Livslang læring for omstilling og konkurranseevne.

Dei to utvala peikar på fleire kompetansepolitiske utfordringar. Teknologisk utvikling og raske omstillingar krev ny og oppdatert kompetanse hos arbeidstakarane. Det kan bli betre samsvar mellom kompetansen hos den einskilde og kompetansebehova i arbeidslivet. Svake grunnleggande ferdigheiter og lågt oppnådd utdanningsnivå kan gjere vidare utdanning og tilknyting til arbeidsmarknaden krevjande for nokre grupper. Tilboda om etter- og vidareutdanning som eksisterer i dag, er ikkje tilstrekkeleg fleksible og tilpassa behova i arbeidslivet. For mange arbeidstakarar tek ikkje del i etter- og vidareutdanning. Ofte er det dei med størst behov for betre kompetanse som ikkje tek del i opplæring i arbeidslivet.

Lågare inntekt medan ein tek vidareutdanning, er for mange ein barriere mot å investere i kompetansebygging. Våren 2017 sette regjeringa ned Livsopphalds-utvalet. Utvalet fekk i oppdrag å greie ut modellar og løysingar for å sikre inntekt slik at fleire vaksne kan ta opplæring på grunnskule- og vidaregåande nivå. I november 2018 la utvalet fram NOU 2018: 13 Voksne i grunnskole- og videregående opplæring. Finansiering av livsopphold. I rapporten peikar utvalet på at ulike grupper har ulike føresetnader for å finansiere livsopphaldet under opplæringa.

I internasjonale samanlikningar er Noreg eit land som lykkast godt med digitalisering. Vi har god infrastruktur, god tilgang på utstyr og avanserte brukarar. Samstundes manglar 1 av 5 vaksne i Noreg eit grunnleggande nivå i digitale ferdigheiter. Nesten alle treng grunnleggande digitale ferdigheiter for å klare seg i det norske samfunnet. Derfor er digitale ferdigheiter løfta fram i fagfornyinga i grunnopplæringa. På arbeidsplassen skaper digitalisering endring. Arbeidet skjer med nye hjelpemiddel. Kommunikasjon og organisering blir endra. For nokre blir sjølve jobben endra, og arbeidstakaren møter høgare krav til IKT-ferdigheiter. Digitaliseringa fører òg med seg strengare krav til skriftlege og sosiale ferdigheiter, evne til informasjonshandtering, kritisk tenking og etisk vurdering. I mange verksemder, og særleg i IKT-næringa, er det behov for spesialistkompetanse i informatikk og andre fag som støttar digitalisering. I dei seinare åra har det vore ein auke i talet på studieplassar, men framleis skårar Noreg lågt når det gjeld talet på uteksaminerte kandidatar med høgare utdanning i realfag og teknologi, fag som er viktige for å kunne lykkast i den digitale transformasjonen.

Kompetansen til personalet er avgjerande for kvaliteten på barnehagetilbodet. Regjeringa har fastsett ei skjerpa pedagognorm som inneber at alle barnehagar minst skal ha éin pedagogisk leiar per sju barn under tre år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over tre år. Den skjerpa pedagognorma tok til å gjelde frå 1. august 2018. Per 31. desember 2018 blei pedagognorma oppfylt i 54 pst. av alle ordinære barnehagar. Både skjerpa pedagognorm og innføring av ei bemanningsnorm skal medverke til høgare kvalitet.

Den reviderte kompetansestrategien for barnehagen, som blei lagd fram hausten 2017, skal bidra til at alle tilsette i barnehagen får meir kompetanse. Ei evaluering av kompetansestrategien viser at kommunale og private barnehagar har brukt tilretteleggingsmidlar i om lag like stor grad. Midlane er etterspurde og ser ut til å vere eit viktig tiltak.

Det har vore ein gledeleg stor auke i talet på studentar på barnehagelærarutdanninga (BLU) i dei siste åra. Hausten 2017 nemnde Kunnskapsdepartementet opp ei ekspertgruppe for å betre forståinga av barnehagelærarrolla i barnehagen. Gruppa leverte rapporten sin i desember 2018, og gav mellom anna følgande viktige råd: Eit fleirtal av dei tilsette i barnehagen bør vere barnehagelærarar, det trengst meir forsking på barnehagen, og barnehagelærarutdanninga bør styrkast.

Gode lærarar er det viktigaste for at elevane skal lære. For at læraryrket skal bli attraktivt for fleire, må vi ha ei god og attraktiv lærarutdanning og gode ordningar for etter- og vidareutdanning for dei lærarane som allereie er i skulen. Det er viktig at lærarutdanninga er relevant for dei oppgåvene og utfordringane som ein nyutdanna lærar møter i skulen. Regjeringa har løfta grunnskulelærarutdanninga til mastergradsnivå. Eit hovudgrep i strategien Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene er partnarskap mellom lærarutdanningane og skule- og barnehageeigarar for å etablere lærarutdanningsskular og lærarutdanningsbarnehagar. Nesten 1 av 10 søkarar til høgare utdanning vil bli lærar. I 2019 var det fleire som fekk tilbod om studieplass i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 og lektorutdanninga enn året før. Talet på tilbod gjekk litt tilbake for faglærar- og grunnskulelærarutdanning 5–10.

Ei OECD-undersøking frå juni 2019 viser at norske ungdomsskulelærarar trivst godt i yrket, og at dei bruker mindre tid enn før på å få ro i timane. Noreg er det landet som har hatt størst positiv endring på dette området, og funnet er ekstra positivt fordi trenden går motsett veg i fleire andre land. Ro og gjensidig respekt i klasserommet er avgjerande for at elevane skal meistre og lære.

Ein nøkkel til å heve læringsutbyttet i skulen er å satse på kompetansen til lærarane. Ein lærar bør kunne ta i bruk ny kunnskap til å vidareutvikle si eiga undervisning og å bidra til å utvikle skulen. Lærarens digitale kompetanse er viktig for nytta av digitale verktøy i utdanninga. Forsking viser at elevane lærer meir når lærarane har fordjuping i det faget dei underviser i. Derfor har regjeringa skjerpa krava til fagleg fordjuping. I perioden 2014–19 har om lag 34 000 lærarar over heile landet fått tilbod om vidareutdanning gjennom Kompetanse for kvalitet – strategi for lærere og skoleledere frem mot 2025. Talet på lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava for å undervise i matematikk, engelsk og norsk, har gått ned med om lag 8 000 lærarar sidan 2015. Dette viser at regjeringa si satsing på vidareutdanning har hatt effekt.

Det blir òg utvikla nye karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling i klasserommet, gjennom lærarspesialistar og spesialistutdanningar. Evalueringa av dei to første åra med lærarspesialistar viser at både lærarane og rektorane er positive til ordninga. Rektorane meiner at lærarspesialistane bidreg til ein betre kultur for læring på heile skulen, og at dei løftar kvaliteten på undervisninga.

I tillegg til å satse på gode lærarar ønsker regjeringa fleire lærarar inn i skulen. Som ein del av satsinga på tidleg innsats i skulen har regjeringa sidan 2015 auka lærartettleiken på 1.–4. trinn. Frå hausten 2018 er det innført ei norm for lærartettleik på skulenivå for 1.–10. trinn. Norma slår fast forholdstalet mellom elevar og lærarar i den ordinære undervisninga. I skuleåret 2018–19 skal det maksimalt vere 16 elevar per lærar på 1.–4. trinn og 21 elevar per lærar på 5.–7. trinn og 8.–10. trinn. Stortinget har vedteke at lærarnorma skal bli evaluert undervegs, og at evalueringa skal sjåast i samanheng med tiltak for å rekruttere eit tilstrekkeleg tal på kvalifiserte lærarar.

Skulen og innhaldet i skulen må tilpassast det at elevane møter eit nytt samfunns- og arbeidsliv der andre kompetansar og eigenskapar er viktige, samstundes som behovet for grunnleggande ferdigheiter ligg fast. Arbeidet med fagfornyinga er i gang som ein del av oppfølginga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet og Innst. 19 S (2016–2017). Utkast til nye læreplanar har vore ute på høyring våren 2019 og skal bli fastsette hausten 2019. Heile fagfornyinga skal tre i kraft frå skuleåret 2020–21. Målet er å styrke utviklinga av djupnelæringa og forståinga til elevane. Verdigrunnlaget skal bli løfta fram i læreplanane, mellom anna gjennom følgande tre tverrfaglege tema: demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring.

3 av 4 som starta i vidaregåande opplæring i 2013, hadde fullført og bestått innan 5 år. I dei siste åra har det vore ein auke i delen som gjennomfører, og delen er no rekordhøg. Regjeringa har som mål at innan 2030 skal 9 av 10 gjennomføre vidaregåande opplæring. Gjennomføringa er særleg låg innanfor yrkesfaga. Utvalet om vidaregåande opplæring, Lied-utvalet, skal i desember 2019 levere hovudinnstillinga si og vil foreslå endringar i strukturen, organiseringa og fagsamansetjinga i vidaregåande opplæring. Dette omfattar innretninga på studiespesialiserande og andre studieførebuande utdanningsprogram, hovudmodellen og ansvarsforholda i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma og overgangar mellom yrkesfag og studieførebuande utdanningsprogram, inkludert påbygg til generell studiekompetanse.

Regjeringa satsar på fag- og yrkesopplæringa og gjennomfører eit yrkesfagløft i samarbeid med skuleeigarane og partane i arbeidslivet. Yrkesfaglærerløftet er ein sentral del av satsinga til regjeringa på yrkesfaga. Lærlingtilskotet har auka reelt med 25 000 kroner per lærekontrakt etter at Solberg-regjeringa tiltredde i 2013. Frå 2017 er det lovfesta at kontraktar som er inngått etter utlysing av offentlege organ, skal innehalde krav om bruk av lærlingar.

Frå hausten 2020 blir strukturen i dei yrkesfaglege tilboda i vidaregåande opplæring endra, slik at dei blir meir relevante for elevar, lærlingar og arbeidslivet. For andre år på rad er det like mange søkarar til yrkesfag som til studieførebuande utdanningsprogram på Vg1. I 2018 fekk 21 700 yrkesfagelevar læreplass i ei bedrift. Dette er 74 pst. av dei som søkte. Det var både det høgaste talet på læreplassar og den største delen av søkarane nokon gong. Det er likevel for mange som ikkje får læreplass.

Regjeringa har innført fleire endringar som skal gjere fag- og yrkesopplæringa meir tilgjengeleg for ufaglærte. I 2018 er det etablert ei ordning med Fagbrev på jobb, jf. Innst. 290 L (2017–2018) og Prop. 52 L (2017–2018). Ordninga skal gjere det enklare å kombinere arbeid og opplæring. Regjeringa har òg sett i verk forsøk med både modulstrukturert opplæring på grunnskulenivå og forsøk med modulstrukturerte læreplanar i lærefag i vidaregåande opplæring for vaksne.

Regjeringa vil at høgare yrkesfagleg utdanning (fagskuleutdanning) skal styrkast og bli meir tilgjengeleg og synlegare som eit utdanningsval etter vidaregåande opplæring, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Som tilbydarar av yrkesretta utdanningar er fagskulane viktige for å kunne lykkast med kompetansereforma Lære heile livet. Dette gjeld mellom anna tiltaka fleksible vidareutdanningstilbod og treparts bransjeprogram for særleg utsette bransjar.

Det må ikkje bli for stort gap mellom det studentane lærer, og behova i det framtidige arbeidslivet. Å unngå dette krev eit endå tettare samarbeid mellom høgare utdanning og arbeidslivet. For kandidatar frå nokre utdanningar er overgangen frå høgare utdanning til arbeid vanskeleg, og dei slit med å få relevant arbeid. Tilgangen på praksisplassar er for dårleg i mange studium, og nokre praksisstudium har for låg kvalitet. Lærestadane samarbeider ikkje nok med arbeidslivet om innhaldet i og organiseringa av studia for at studentane kan lære det som trengst. Det blir lagt for lite vekt på innovasjon og entreprenørskap i utdanningane. Regjeringa har varsla at ho vil legge fram ei stortingsmelding om arbeidslivsrelevans i høgare utdanning, etter planen våren 2021.

I dei siste åra har stadig fleire fullført utdanningane dei har begynt på, men framleis er det for få som fullfører innanfor den normerte tida for studiet. Med verknad frå studieåret 2019–20 har regjeringa endra vilkåra for omgjering av lån til stipend, slik at ein del av studiestøtta no blir gitt som stipend berre når graden blir fullført. Kombinert med eit høgare nivå på studiestøtta og tiltak for å styrke kvaliteten i høgare utdanning legg det eit godt grunnlag for at gjennomføringa i høgare utdanning blir betre.

Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet

Kunnskap og evna til å ta han i bruk er den viktigaste faktoren for vår framtidige konkurranseevne. Forsking og utdanning påverkar økonomien ved å heve kvaliteten på arbeidskrafta og gjere det mogleg å ta i bruk og utvikle kunnskap om nye løysingar, produkt og tenester.

I tråd med Granavolden-plattforma vil regjeringa auke investeringane i høgare utdanning og forsking og legge til rette for at kunnskapen kan bli teken i bruk. Regjeringa vil satse på heile breidda av forskingsinstitusjonar og stimulere til betre samspel og samarbeid mellom offentlege og private forskingsaktørar.

Forsking og høgare utdanning står sentralt i utviklinga av eit berekraftig samfunn – miljømessig, sosialt, kulturelt, økonomisk og politisk. Vi må ha kunnskap for å kunne gjere dei riktige vala slik at vi kan halde oppe velstand og velferd, ta vare på ein klode som er i ferd med å bli overbelasta, og verne om sentrale verdiar som fridom og demokrati. Medlemslanda i FN vedtok i 2015 2030-agendaen, som består av 17 globale mål for ei berekraftig utvikling (berekraftsmåla). Regjeringa meiner at berekraftsmåla er sentrale i møte med dei globale utfordringane i vår tid, og vil spele ei aktiv rolle i oppfølginga av dei. Agendaen ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng, og både utdanning og forsking vil måtte stå sentralt om vi skal følge opp berekraftsagendaen.

Skal vi ha eit godt grunnlag for omstilling, verdiskaping og innovasjon både i offentleg sektor og i næringslivet, er vi avhengige både av ny innsikt og kunnskap og av ein arbeidsstyrke med høgt kompetansenivå. Forskingsinstitutt, universitet og høgskular gir viktige bidrag til innovasjon og omstilling. Prioriteringane for forsking og høgare utdanning som regjeringa har fastsett i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028, er eit godt utgangspunkt for at forskinga og den høgare utdanninga kan utvikle og spreie relevant kunnskap av høg kvalitet som gir grunnlag for innovasjon og grønt skifte. Langtidsplanen inneheld tre overordna mål og fem langsiktige prioriteringar som gjeld for ti år. Planen inneheld òg tre opptrappingsplanar for perioden 2019–22: Teknologiløft (800 mill. kroner), FoU for omstilling og fornying i næringslivet (450 mill. kroner) og Kvalitet i høgare utdanning (250 mill. kroner). Satsingane legg til rette for den nødvendige omstillinga som det norske samfunnet og næringslivet må gjennom.

Studentane er i hovudsak godt nøgde med utdanningane, og universiteta og høgskulane jobbar generelt bra med utvikling av studiekvalitet. Det er like fullt naudsynt å auke kvaliteten ytterlegare for å kunne møte behova i samfunns- og arbeidslivet. Utfordringane som blei skildra i Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning, gjeld i stor grad framleis. Meldinga peikar på at utdanningskvaliteten nokre stadar ikkje er god nok, og at studentaktive læringsformer og digitale verktøy i for liten grad blir brukte i undervisninga. Tiltak er sette i gang for at utviklinga av utdanningane ikkje blir overlaten til den einskilde undervisaren, men skjer i fellesskap i fagmiljøa for å sikre heilskapen i studieprogramma.

Utdanningsinstitusjonane er godt i gang med å gjennomgå studieprogramma for å sikre heilskap og samanheng. Ein forventar også meir bruk av fagfellevurdering for å styrke kvalitetskulturen og utvikling av system for merittering i utdanningane. Dikus kvalitetsprogram er ei samlenemning på midlar til utvikling av kvalitet i høgare utdanning. I 2018 blei Dikus kvalitetsprogram utvida med Program for studentaktiv læring. I kvalitetsprogramma inngår også ordninga senter for framifrå utdanning (SFU). Opptrappingsplanen for kvalitet i høgare utdanning i langtidsplanen skal mellom anna nyttast til å bygge opp Dikus kvalitetsprogram.

Internasjonalt samarbeid står sentralt for å lykkast med å heve kvaliteten i høgare utdanning og forsking. I ein global arbeidsmarknad er det òg av stor verdi at norske studentar tek heile eller delar av utdanninga i utlandet, og at utanlandske studentar kjem til norske institusjonar. Noregs deltaking i utvekslingsprogrammet til EU, Erasmus+, bidreg til dette. Det er òg nødvendig å delta i internasjonalt forskingssamarbeid når vi skal møte dei store samfunnsutfordringane som til dømes klimaendringane inneber. Slik deltaking gjer det samstundes mogleg å dele kostbar forskingsinfrastruktur. Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet våren 2020. Ambisjonen er å skape ei kulturendring ved norske universitet og høgskular slik at mobilitet blir ein naturlig del av studia.

Fagevalueringar i regi av Noregs forskingsråd syner at den gjennomsnittlege kvaliteten på norsk forsking er tilfredsstillande, samtidig som vi har gode fagmiljø som hevdar seg internasjonalt – og nokre forskingsmiljø som hevdar seg i verdstoppen. Evne til gjennomslag på internasjonale konkurransearenaer som EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, er ein indikator på kvaliteten i forskinga. Her går utviklinga rett veg. Deltakinga så langt har innfridd ambisjonen til regjeringa om at minst 2 pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020 skal gå til norske aktørar. I tida som kjem, blir det viktig å halde fram med det gode arbeidet som blir gjort med å søke forskingsprosjekt og samarbeid gjennom deltaking i rammeprogrammet. 65 pst. av midlane i programmet er lyste ut til no. Deltakinga i rammeprogrammet gir tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur.

I lys av kor mykje Noreg investerer i forsking, har vi framleis relativt få forskarar og forskingsmiljø på internasjonalt toppnivå. OECDs gjennomgang av den norske politikken for forsking og høgare utdanning frå 2017 peika på at ein i det norske systemet i for liten grad klarer å flytte ressursar til dei gode fagmiljøa, både internt på institusjonane og mellom dei. Ved å satse målretta på unge forskartalent vil dei få moglegheit til å bygge seg opp til eit høgt internasjonalt nivå medan dei framleis er attraktive for næringslivet og er ettertrakta samarbeidspartar for verdsleiande forskingsmiljø.

Tilgang til forskingsdata og resultat frå forsking er viktig for at fleire forskarar og universitet skal kunne bygge vidare på det som andre har kome fram til. Sjølv om talet på ope tilgjengelege artiklar har betra seg betydeleg i dei siste åra, ligg framleis for mykje av forskingsresultata bak dyre betalingsmurar og er utilgjengelege for samfunnet. Regjeringa ønsker at dei forskingsresultata som er finansierte av det offentlege, også skal kome fellesskapet til gode gjennom openheit i forskinga. Ei samanslutning av europeiske forskingsråd, inkludert vårt eige Noregs forskingsråd, finansierer Plan S. Kjernen i Plan S er at dei deltakande institusjonane frå og med 2021 vil krevje at alle artiklar som er resultat av forsking dei finansierer, skal vere tilgjengelege frå publiseringstidspunktet. Det presset som no kjem frå mange land, bidreg til at internasjonale konsern no revurderer forretningsmodellane sine.

1.2 Hovudprioriteringar

Barnehage og grunnopplæring

Innføringa av fagfornyinga i grunnopplæringa skal skje frå hausten 2020. Regjeringa foreslår å løyve totalt 250 mill. kroner til læremiddel i samband med fagfornyinga. Av dette skal 170 mill. kroner gå til å dekke meirutgifter kommunane har til innkjøp av læremiddel til fagfornyinga. 15 mill. kroner gå til å utvikle læremiddel der det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling og 15 mill. kroner gå til omsetjing, tilpassing og utvikling av digitale læremiddel på samisk.

Regjeringa vil fjerne økonomiske barrierar som hindrar barn frå familiar med låg inntekt i å få gå på skulefritidsordninga (SFO). Regjeringa foreslår derfor å løyve 58,2 mill. kroner for å innføre inntektsgradert foreldrebetaling i SFO frå hausten 2020. Løyvinga skal sikre at foreldrebetalinga for eit heiltidstilbod i SFO på 1.–2. trinn maksimalt skal utgjere 6 pst. av den samla person- og kapitalinntekta til hushaldet. Regjeringa ønsker å hjelpe familiar med barn med særskilde behov. Regjeringa foreslår derfor å løyve 21 mill. kroner til gratis SFO for elevar på 5.–7. trinn med særskilde behov frå hausten 2020.

Regjeringa foreslår å bruke 430 mill. kroner i 2020 til tiltak for å fremme kvaliteten og kompetansen i barnehagane. 190 mill. kroner av dette vil gå til den regionale ordninga for kompetansetiltak. Midlane skal i hovudsak nyttast til barnehagebasert kompetanseutvikling, der heile personalet saman arbeider med å utvikle den pedagogiske praksisen i den einskilde barnehagen.

Lærarnorma blei innført hausten 2018. Målet er at elevane gjennom auka lærartettleik oppnår betre grunnleggande og faglege ferdigheiter, opplever inkludering og eit godt læringsmiljø, og at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. I 2020 legg regjeringa opp til at midlar til tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats på 1.–10. trinn, innlemmast i rammetilskotet til kommunane. Midlane i 2020 gis ei særskilt fordeling som tek omsyn både til kommunar med eit relativt og med eit absolutt behov for lærarårsverk. I tillegg er 400 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med ei særskild satsing på tidleg innsats i skulen, som mellom anna kan nyttast til fleire lærarårsverk. Samla sett inneber dette at midlar som kan nyttast til fleire lærarårsverk som følge av lærarnormen, blir vidareførte på om lag same nivå i 2020 som i 2019.

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil gi rett til barnehageplass for barn i mottak. Regjeringa foreslår for 2020 å løyve 10,6 mill. kroner for å dekke heiltidsplass i barnehage for 2- og 3-åringar i mottak og vidareføre ordninga med gratis kjernetid for 1-åringar i mottak.

Arbeidet mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø har høg prioritet hos regjeringa. Regjeringa foreslår å løyve totalt 117 mill. kroner til dette arbeidet i 2020.

Gode lærarar med solid og oppdatert kunnskap er nøkkelen til at elevane skal lære meir. Regjeringa vil halde fram med den omfattande satsinga på kvalifisering av og vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar og foreslår å bruke 1 543 mill. kroner til dette i 2020. Løyvinga gir mellom anna rom for å tilby vidareutdanning til om lag 6 050 lærarar hausten 2020 innanfor ordninga Kompetanse for kvalitet. Departementet forventar at kapasiteten vil vere god nok til å gi tilbod til alle som ønsker vidareutdanning i matematikk, norsk og engelsk. Regjeringa vil styrke satsinga på karrierevegar for lærarar for å gi fleire skular tilgang til lærarspesialistar. Derfor vil regjeringa legge til rette for å auke talet på lærarspesialistar frå 1 200 i 2019 til 1 500 i 2020.

Departementet foreslår å styrke utstyrsstipendordninga for elevar i vidaregåande opplæring med 25 mill. kroner. Med dette forslaget vil elevar på fleire yrkesfaglege utdanningsprogram få eit høgare utstyrsstipend enn i dag.

Kompetansepolitikk og livslang læring

Departementet foreslår å auke løyvingane til kompetansereforma til regjeringa, Lære heile livet. Departementet foreslår ein auke på 30 mill. kroner til å opprette eit nytt program forvalta av Kompetanse Noreg, Kompetanseprogrammet. Av desse midlane vil 15 mill. kroner gå til å styrke bransjeprogram retta mot bransjar som er særleg utsette for omstilling. Samla foreslår departementet 97 mill. kroner til Kompetanseprogrammet i 2020.

Lågare inntekt medan ein tek vidareutdanning, er for mange ein barriere mot å investere i kompetansebygging. Departementet foreslår derfor 41 mill. kroner til endringar i utdanningsstøtteordningar som skal gjere det enklare å kombinere utdanning og opplæring med arbeid.

Regjeringa ønsker fleire fagfolk med relevant og god utdanning tilpassa behovet i arbeidslivet. Departementet foreslår derfor å løyve 5 mill. kroner til 100 nye studieplassar ved fagskulane i 2020.

Regjeringa har som mål at fleire skal gjennomføre vidaregåande opplæring og ta fagbrev for å auke kompetansen i befolkninga. Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner til tiltak retta mot ungdom som fell ut av vidaregåande opplæring.

I tillegg foreslår departementet midlar til andre tiltak i samband med kompetansereforma. Dette gjeld mellom anna ordningar der universitet og høgskular kan søke om midlar til å utvikle og tilby fleksible utdanningstilbod, både vidareutdanningar og anna høgare utdanning.

Høgare utdanning og forsking

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til forsking og høgare utdanning med 585 mill. kroner i 2020 for å følge opp Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Av dette er 315 mill. kroner knytte til dei tre opptrappingsplanane i den reviderte langtidsplanen: Teknologiløft, FoU for fornying og omstilling i næringslivet og Kvalitet i høgare utdanning. Styrkinga skjer over budsjetta til mange departement. For ei samla oversikt over regjeringas oppfølging av planen, sjå del III, kapittel 5.

Over Kunnskapsdepartementets budsjett foreslår regjeringa å følge opp langtidsplanen gjennom følgande aukar i løyvingar:

  • 43 mill. kroner til grunnleggande IKT-forsking for digital transformasjon

  • 20 mill. kroner til FoU for fornying og omstilling i næringslivet

  • 55 mill. kroner til Dikus kvalitetsprogram

  • 30 mill. kroner til forskartalent for fagmiljø av framifrå kvalitet

  • 15 mill. kroner til polarforsking

  • 12 mill. kroner til styrking av Kavliinstituttet for nevrovitskap ved NTNU

Regjeringa foreslår ein auke på 11 mill. kroner til om lag 250 nye studieplassar. Regjeringa foreslår 208 mill. kroner til å vidareføre og trappe opp talet på studieplassar som Stortinget har løyvd midlar til i budsjetta for åra 2014–19. Regjeringa foreslår 36 mill. kroner til fleksible vidareutdanningstilbod. Dei kjem i tillegg til 20 mill. kroner som regjeringa vidarefører frå 2019 til utvikling av studietilbod.

Regjeringa foreslår 35 mill. kroner i startløyving for Vikingtidsmuseet ved Universitetet i Oslo. Midlane blir foreslått over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Byggeprosjektet med brukarutstyr har ei samla kostnadsramme på 2,4 mrd. kroner, og skal etter planen vere ferdig i 2025.

Regjeringa vil halde fram med satsinga på oppgradering og utvikling av læringsareal og bygg ved universitet og høgskular for å møte nye og endra behov i undervisning og forsking. Regjeringa foreslår 161 mill. kroner til ordninga i 2020.

Regjeringa foreslår 40 mill. kroner til forprosjekt for ny campus i Trondheim for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Midlane blir foreslått over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I tillegg får NTNU ført vidare 10 mill. kroner til arbeidet med campusprosjektet.

Regjeringa har framleis høge ambisjonar om å få bygd fleire studentbustader, og foreslår tilsegn om tilskot til 2 200 nye hybeleiningar i 2020.

Regjeringa foreslår å fullføre innfasinga av elleve månader med studiestøtte for heiltidsstudentar i høgare utdanning og fagskule i undervisningsåret 2019–20. Utvidinga gir ein realvekst i støtta på 2,3 pst., og løyvingsbehovet i 2020 aukar med 152 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån.

Integrering

Regjeringa la i 2018 fram Integrering gjennom kunnskap – regjeringens integreringsstrategi 2019–2020. Hovudformålet er å auke deltakinga i arbeids- og samfunnsliv. Oppfølging av tiltaka i strategien er viktig i 2020 og i åra framover. Regjeringa vil nytte 156 mill. kroner frå integreringstilskotet til målretta integreringstiltak for å følge opp integreringsstrategien. Sentrale tiltak er 16 mill. kroner til å styrke kompetansen til lærarar i norskopplæringa for vaksne innvandrarar, 15 mill. kroner til minoritetsrådgivarordninga, 15 mill. kroner til ei ny tilskotsordning for fagopplæring, og 10 mill. kroner til å styrke områdesatsingane, 5 mill. kroner til å styrke tilbodet til innvandrarkvinner utanfor arbeidslivet gjennom Jobbsjansen del A og 25 mill. kroner til å styrke tilskot til meir grunnskuleopplæring til innvandrarungdom gjennom Jobbsjansen del B.

Forslag til ny integreringslov blei sendt ut på høyring hausten 2019. Lovforslaget inneber endringar som skal bidra til at fleire som deltek i introduksjonsprogrammet, får ei varig og stabil tilknyting til arbeidslivet.

Andre saker

Regjeringa bygger politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Det er eit potensial i offentleg forvaltning for å bli meir effektive. Regjeringa fortsett derfor med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma, og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Den årlege effektiviseringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Kunnskapsdepartementet inneber dette at løyvinga totalt blir redusert med 254 mill. kroner på utgiftssida.

Figur 1.1 Målbilde for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2020

Figur 1.1 Målbilde for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2020

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

408 309

401 654

409 701

2,0

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

40 671

216 285

431,8

Sum kategori 07.10 408 309 442 325 625 986 41,5

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

660 260

655 315

640 035

-2,3

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

13 779

15 633

15 913

1,8

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

119 148

110 526

138 029

24,9

223

Sametinget

46 599

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 244 052

1 291 202

1 177 480

-8,8

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

4 270 042

4 821 907

3 105 915

-35,6

227

Tilskot til særskilde skular

198 383

204 426

210 121

2,8

228

Tilskot til frittståande skular o.a.

4 938 172

5 033 795

5 420 095

7,7

229

Noregs grøne fagskule – Vea

30 384

28 021

-100,0

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

741 915

771 276

720 897

-6,5

Sum kategori 07.20 12 262 734 12 932 101 11 428 485 -11,6

Barnehagar

231

Barnehagar

820 541

967 392

807 777

-16,5

Sum kategori 07.30 820 541 967 392 807 777 -16,5

Høgare yrkesfagleg utdanning

240

Fagskular

693 702

767 214

825 342

7,6

241

Felles tiltak for fagskular

17 265

29 599

30 893

4,4

242

Noregs grøne fagskule – Vea

31 570

Sum kategori 07.40 710 967 796 813 887 805 11,4

Kompetansepolitikk og livslang læring

251

22. juli-senteret

11 723

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

544 525

656 136

-100,0

253

Folkehøgskular

853 752

904 830

956 829

5,7

254

Studieforbund mv.

221 951

228 388

222 877

-2,4

255

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

100 192

104 642

108 451

3,6

256

Kompetanse Noreg

71 485

72 842

113 183

55,4

257

Kompetansepluss

199 442

177 723

174 334

-1,9

258

Tiltak for livslang læring

151 932

249 369

233 376

-6,4

Sum kategori 07.50 2 143 279 2 393 930 1 820 773 -23,9

Høgare utdanning og forsking

260

Universitet og høgskular

35 838 702

37 211 526

38 588 134

3,7

270

Studentvelferd

369 005

662 779

822 442

24,1

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

174 831

272

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

601 000

273

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

164 495

274

Universitetssenteret på Svalbard

139 842

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

286 621

280

Felles einingar

605 932

914 930

-100,0

281

Felles tiltak for universitet og høgskular

735 691

495 761

-100,0

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

19 098

18 962

19 303

1,8

285

Noregs forskingsråd

4 638 079

4 878 074

4 813 985

-1,3

286

Regionale forskingsfond

189 119

287

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

512 358

493 789

218 120

-55,8

288

Internasjonale samarbeidstiltak

2 687 132

2 675 593

3 496 001

30,7

289

Vitskaplege prisar

44 969

Sum kategori 07.60 45 405 997 47 351 414 49 558 862 4,7

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

40 793 278

42 127 533

45 284 627

7,5

Sum kategori 07.80 40 793 278 42 127 533 45 284 627 7,5

Integrering og mangfald

290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

253 233

264 480

292 960

10,8

291

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

15 208 461

11 807 740

9 765 990

-17,3

292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

2 004 908

1 526 555

1 346 538

-11,8

Sum kategori 07.90

17 466 602

13 598 775

11 405 488

-16,1

Sum utgifter

120 011 707

120 610 283

121 819 803

1,0

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–29

Driftsutgifter

6 696 027

6 942 254

7 287 243

5,0

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

65 135

125 785

136 105

8,2

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapar

46 856 400

48 777 669

50 067 558

2,6

60–69

Overføring til kommunesektoren

20 668 997

17 351 020

13 148 721

-24,2

70–89

Overføring til private

18 394 044

18 818 951

20 451 459

8,7

90–99

Utlån, avdrag o.a.

27 331 104

28 594 604

30 728 717

7,5

Sum under departementet

120 011 707

120 610 283

121 819 803

1,0

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

964

Sum kategori 07.10 964

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

24 044

7 291

14 907

104,5

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

15 980

8 033

8 884

10,6

3225

Tiltak i grunnopplæringa

35 627

19 734

23 617

19,7

3229

Noregs grøne fagskule – Vea

5 906

3 058

-100,0

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

41 566

57 942

45 863

-20,8

Sum kategori 07.20 123 123 96 058 93 271 -2,9

Høgare yrkesfagleg utdanning

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

6 146

Sum kategori 07.40 6 146

Kompetansepolitikk og livslang læring

3256

Kompetanse Noreg

7 167

8 573

8 803

2,7

Sum kategori 07.50 7 167 8 573 8 803 2,7

Høgare utdanning og forsking

3271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

627

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

3280

Felles einingar

10 699

611

-100,0

3281

Felles tiltak for universitet og høgskular

10

-100,0

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

50

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

5 749

5 698

6 236

9,4

Sum kategori 07.60 16 498 6 319 6 873 8,8

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

17 296 038

17 916 463

17 997 930

0,5

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 072 173

4 857 196

5 120 420

5,4

Sum kategori 07.80 21 368 211 22 773 659 23 118 350 1,5

Integrering og mangfald

3290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

1 351

3291

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

264 824

10 875

11 223

3,2

3292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

16 062

24 185

28 055

16,0

Sum kategori 07.90

282 237

35 060

39 278

12,0

Sum inntekter

21 798 200

22 919 669

23 272 721

1,5

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–29

Sal av varer og tenester o.a.

473 941

180 203

173 938

-3,5

50–89

Skatter, avgifter og andre overføringar

4 180 149

4 963 441

5 234 023

5,5

90–99

Utlån, avdrag o. a.

17 144 110

17 776 025

17 864 760

0,5

Sum under departementet

21 798 200

22 919 669

23 272 721

1,5

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er det gitt ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kunnskapsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2018–2019 og alle vedtak frå tidlegere sesjonar der rapporteringa ikkje blei varsla avslutta i Prop. 1 S (2018–2019) eller som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 291 S (2018–2019) om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017-2018 meinte at ikkje var utkvitterte.

I kolonnen lengst til høgre i tabellen nedanfor er det oppgitt om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no blir avslutta eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal legge fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt først bli avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa blir avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan t.d. gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle blir Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Tabell 3.1 Oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Kvittert ut (ja/nei)

2018–2019

16

Skule: SFO og foreldreøkonomi

Ja

2018–2019

51

Barnehage: Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Nei

2018–2019

69

Barnehage: Bemanningsnorma i barnehage

Ja

2018–2019

70

Støtteordningar for studentar med barn

Ja

2018–2019

197

Skule: Fritak frå skulefag

Nei

2018–2019

198

NORPART-programmet

Ja

2018–2019

199

Regionale forskingsfond

Ja

2017–2018

60

Skule: Lærarnorm

Ja

2017–2018

62

Kortkurs ved folkehøgskular

Nei

2017–2018

106

Skule: Fysisk aktivitet i skulen

Ja

2017–2018

379

Masterutdanning i luftfart

Ja

2017–2018

381

Kvoteordninga for utanlandsstudentar

Ja

2017–2018

460

Barnehage: Ideelle og kommersielle barnehagar

Ja

2017–2018

461

Barnehage: Vilkår for private barnehagar

Nei

2017–2018

520

Studentombod

Ja

2017–2018

533

Tap av statsborgarskap

Nei

2017–2018

534

Rask domstolsbehandling, statsborgarskap

Nei

2017–2018

535

Tap av statsborgarskap pga. grunnleggande nasjonale interesser

Nei

2017–2018

553

Opptak til PPU

Ja

2017–2018

592

Barnehage og skule: Løysingar som skjuler alvorleg skadeleg innhald på nettbrett, pc og liknande digitale einingar

Ja

2017–2018

600

Skule: Seksualundervisning

Nei

2017–2018

601

Skule: Spørsmål om seksuell trakassering inn i Elevundersøkinga

Ja

2017–2018

783

Skule: Følge opp elevar som er utsette for negativ sosial kontroll og ikkje møter på skulen

Ja

2017–2018

785

Fleire sanksjonsmoglegheiter i tilfelle der barn blir etterlatne i utlandet mot si vilje

Nei

2017–2018

794

Sikre at støttetenester er tilgjengelege for avhopparar frå ekstreme miljø

Ja

2017–2018

800

Foreldrerettleiingskurs i introduksjonsprogrammet og innføring i barnehage- og skulesystem og barnevern

Nei

2017–2018

801

Barnehage: Gjennomgå regelverket for krav til stadleg leiar

Nei

2017–2018

802

Barnehage: Finansieringssystemet for private barnehagar

Nei

2017–2018

803

Barnehage: Vikarbruk i kommunale barnehagar

Ja

2017–2018

805

Barnehage: Etablere eit uavhengig tilsynssystem for barnehagesektoren

Nei

2017–2018

806

Barnehage: Gi informasjon til Stortinget om innføringa av bemannings- og pedagognorm

Nei

2017–2018

807

Barnehage: Plan for gjennomføring av bemanningsnorm og dekning av meirkostnader

Ja

2017–2018

808

Skule: Kunnskapsoversikt om dei yngste barna i skulen

Ja

2017–2018

809

Skule: Evaluering av skulestart for seksåringane

Ja

2017–2018

832

Skule: Sikre barne- og ungdomsorganisasjonar tilgang til skular og andre offentlege bygg

Ja

2017–2018

883

Skule: Avtalar for tilsetjing av skuleleiar/rektor

Nei

2017–2018

886

Skule: Nedsetje utval for nasjonalt kvalitetsvurderingssystem

Nei

2017–2018

887

Rangering av søkarar til høgare utdanning

Nei

2016–2017

11

Skule: Styrking av dei praktisk-estetiske faga

Ja

2016–2017

65

Skule: Evaluering av skulefritidsordninga

Ja

2016–2017

67

Skule: Hovudmål og målformgrupper

Nei

2016–2017

108, pkt. 26

Private høgskuletilbod i dei statlege finansieringsordningane

Ja

2016–2017

642

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Nei

2016–2017

643

Evaluering av fagskulereforma

Nei

2016–2017

648

Fri rettshjelp ved tilbakekall av statsborgarskap

Ja

2016–2017

649

Tilbakekall av statsborgarskap

Ja

2016–2017

651

Tilbakekall av statsborgarskap for barn og barnebarn

Ja

2016–2017

671

Skule: Tidsfrist for fylkesmannen i mobbesaker

Ja

2016–2017

672

Statlege oppreisingsordningar og mobbing

Nei

2016–2017

681

Barnehage: Etablering og utviding

Ja

2016–2017

774

Skule: Vern av lærartittelen

Nei

2016–2017

897

Skule: Melding om kulturskule

Nei

2016–2017

900

Skule: Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Nei

2016–2017

901

Skule: Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Nei

2016–2017

903

Skule: Spesialundervisning og lærarkompetanse

Nei

2015–2016

439, pkt. 10

Auka karenstid for norsk statsborgarskap

Nei

2015–2016

480

Skule: Minoritetselevar og overnattingsturar

Nei

2015–2016

505

Identitetsavklaringsprogram

Ja

2015–2016

788

Barnehage: Kommunen sitt tilsyn

Ja

2015–2016

789

Barnehage: Kartlegging i barnehagane

Nei

2015–2016

791

Barnehage: Personopplysningar

Nei

2015–2016

792

Barnehage: Omsorgs- og læringsmiljø

Nei

2015–2016

796

Barnehage: Krav om norsk og samisk språk

Nei

2015–2016

800

Barnehage: Rekruttering av menn

Nei

2015–2016

853

Tiltak mot tvangsekteskap

Ja

Oppmodingsvedtak under kunnskaps- og integreringsministeren

Vedtak frå 2018–2019-sesjonen

Vedtak nr. 16, 13. november 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:222 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Mona Fagerås, Audun Lysbakken og Freddy André Øvstegård om lovfestet rett til SFO/AKS-plass, jf. Innst. 30 S (2018–2019):

«Stortinget ber regjeringen, som en del av arbeidet med den varslede stortingsmeldingen om tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage og skole, vurdere relevante tiltak for å unngå at elever blir utestengt fra SFO på grunn av foreldrenes økonomi.»

Stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap, som blir lagd fram hausten 2019, vil omhandle ei vurdering av hindringar for deltaking i skulefritidsordninga (SFO), inkludert økonomiske hindringar. I samband med meldingsarbeidet foreslår departementet i budsjettforslaget for 2020 å innføre ei moderasjonsordning for familiar med låg inntekt, slik at foreldrebetalinga i SFO for desse familiane blir redusert, jf. programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtak nr. 16, 13. november 2018 er å rekne som kvittert ut med forslaget til innføring av moderasjonsordning og omtalen i meldinga.

Vedtak nr. 51, 22. november 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:231 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes om en mangfoldig barnehagestruktur der pengene går til barnas beste, jf. Innst. 51 S (2018–2019):

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringssystemet for private og kommunale barnehager med sikte på å ivareta de små og ideelle barnehagene og en mangfoldig barnehagesektor.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I kapittel 5 i høyringsnotatet har departementet vurdert moglege endringar i finansieringssystemet for private barnehagar. Departementet ser at det kan vere ei utfordring at finansieringssystemet ikkje gir gode nok driftsvilkår for små private barnehagar. Departementet vurderer at grunnprinsippa i dagens finansieringssystem skal vidareførast, slik at finansieringa av barnehagane framleis skjer gjennom statlege overføringar til rammetilskotet til kommunen. Departementet meiner at kommunens utgifter til private barnehagar framleis skal spegle kommunens utgifter til tilsvarande kommunale barnehagar. Departementet meiner likevel at det kan vere hensiktsmessig å differensiere driftstilskotet til private barnehagar etter storleiken på barnehagen, slik at tilskota i større grad speglar dei reelle kostnadene ved dei private barnehagane. I høyringsnotatet varslar departementet ei nærare utgreiing av endringar i berekninga av driftstilskot til private barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 51, 22. november 2018 overfor Stortinget på ein eigna måte. Jf. også vedtak nr. 802, 31. mai 2018 om modellar i finanseringssystemet som varetek eit mangfald av barnehagar.

Vedtak nr. 69, 3. desember 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019, Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 2 S (2018–2019) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2019 og forslaget til statsbudsjett for 2019:

«Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2019 redegjøre for erfaringer med innfasing av bemanningsnormen i barnehagen.»

Departementet viser til omtale av bemanningsnorm og pedagognorm i barnehage i Prop. 85 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 69, 3. desember 2018 er kvittert ut.

Vedtak nr. 197, 12. desember 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 12 S (2018–2019):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at fritak for skolefag ikke blir gitt dersom dette ikke er i overensstemmelse med elev og foresattes ønsker, at fritaket må være faglig begrunnet, og at konsekvensene av et fritak er gjort godt kjent for eleven og foresatte.»

Departementet vil be Utdanningsdirektoratet sjå til at regelverket på området blir rett forstått og følgt opp ute i kommunane, og at elevane og foreldra får nødvendig rettleiing og informasjon. Opplæringslovutvalet leverer innstillinga si 1. desember 2019. Departementet vil i oppfølginga av denne innstillinga vurdere om det er behov for justering av lovverket i denne samanhengen, og deretter legge saka fram for Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2017–2018-sesjonen

Vedtak nr. 60, 4. desember 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen innføre en norm for lærertetthet på skolenivå. Målet er at det høsten 2018 skal være 1 lærer per 16 elever i 1.–4. klasse og 1 lærer per 21 elever i 5.–10. klasse, fra høsten 2019 er målet at det skal være 1 lærer per 15 elever i 1.–4. klasse og 1 lærer per 20 elever i 5.–10. klasse. Normen skal evalueres underveis og sees i sammenheng med tiltak for å rekruttere et tilstrekkelig antall kvalifiserte lærere. Dagens lærerutdanning, herunder gjeldende opptakskrav, og regjeringens kompetansekrav skal legges til grunn. Det foretas en kvalitetssikring av kostnader knyttet opp til oppdaterte GSI-tall på skolenivå, slik at ingen kommuner skal tape på innføringen av normen. En justering av de samlede kostnadene legges inn i regjeringens forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2018. Videre skal det utredes hvordan innfasingen av en norm kan gjennomføres uten fare for forsterket lærermangel i deler av landet.»

Vedtaket er omtala i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen viser til vedtakets ordlyd hvor det ble lagt til grunn at det skulle foretas en kvalitetssikring av kostnader knyttet til oppdaterte GSI-tall på skolenivå, slik at ingen kommuner skulle tape på innføringen av lærernormen.
Komiteen finner ikke at slik kvalitetssikring av kostnader er fremlagt og avventer dette før anmodningsvedtaket kan kvitteres ut.
Komiteen viser til at utdannings- og forskningskomiteen i sitt svarbrev av 28. mars 2019 til komiteen har følgende uttalelse om vedtaket:
«Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil vise til at vedtaket forutsetter at ingen kommuner skal tape på innføringen av normen, og at det skal utredes hvordan innfasingen av en norm kan gjennomføres uten fare for forsterket lærermangel i deler av landet.
Disse medlemmer vil vise til at KS i sitt høringssvar til statsbudsjettet for 2019, jf. Prop. 1 S (2018–2019), mener at innføringen av lærernormen er underfinansiert med 100 mill. kroner. Dette går ut over kommuner som ikke vil oppfylle normkravet med bevilgningen av øremerkede midler og økningen av frie inntekter til tidlig innsats. Videre vil disse medlemmer dessuten vise til manglende rapportering om hvordan innfasingen av lærernormen kan gjennomføres uten fare for forsterket lærermangel i deler av landet. Disse medlemmer mener på denne bakgrunn at anmodningsvedtaket ikke er tilstrekkelig fulgt opp.»»

Departementet viser til at det frå hausten 2018 er innført ei norm for lærartettleik på skulenivå for 1.–10. trinn. I skuleåret 2018–19 skal gruppestorleik 2 (det vil seie forholdstalet mellom lærarar og elevar i ordinær undervisning) vere maksimalt 16 elevar på 1.–4. trinn, maksimalt 21 elevar på 5.–7. trinn og maksimalt 21 elevar på 8.–10. trinn. Frå hausten 2019 skal gruppestorleik 2 vere 15 elevar på 1.–4. trinn, 20 elevar på 5.–7. trinn og 20 elevar på 8.–10. trinn. Norma gjeld på kvart hovudtrinn på skulenivå.

I perioden 2015–19 har kommunane fått eit øyremerkt tilskot til auka lærartettleik på 1.–4. trinn. Etter innføringa av lærarnorma inngår tilskotet som del av kompensasjonen til kommunane til auka lærartettleik på 1.–10. trinn. Desse midlane blir, på same måte som i perioden 2015–19, fordelte etter delkostnadsnøkkelen for grunnskulen, slik at ingen kommunar taper på innføringa av lærarnorma. I berekninga av kompensasjon for lærarnorma legg departementet til grunn at kommunane har brukt det øyremerkte tilskotet i perioden 2015–18 til fleire lærarårsverk. I berekninga av kompensasjon for lærarnorma bruker departementet GSI-tal frå skuleåret 2014–15 for 1.–4. trinn, det vil seie årsverkstal frå før innføringa av det øyremerkte tilskotet til auka lærartettleik på 1.–4. trinn, og GSI-tal frå skuleåret 2017–18 for 5.–10. trinn, det vil seie årsverkstal frå før innføringa av lærarnorma. Berekninga av kompensasjon til lærarnorma tek ikkje omsyn til endringar i elevtal, lærartettleik eller liknande som har skjedd ved skulane etter det skuleåret som er lagt til grunn i berekningane. Kommunane som opplever auka elevtal som skyldast demografiske endringar, blir kompenserte på vanleg måte gjennom innbyggartilskotet.

I samband med revideringa av budsjettet for 2018 blei det løyvd 200 mill. kroner til innføring av lærarnorma utover det eksisterande tilskotet til auka lærartettleik på 1.–4. trinn. I budsjettavtalen for statsbudsjettet 2019 blei det semje om å løyve 285 mill. kroner i øyremerkte midlar til auka lærartettleik i 2019. For hausten 2018 og for året 2019 er kommunane meir enn fullt ut kompenserte for innføringa av lærarnorma. Kompensasjonen for hausten 2018 og for året 2019 er berekna på skulenivå, og departementet legg til grunn at årsverk kan bli flytta mellom hovudtrinn.

I Prop. 1 S (2018–2019) varsla regjeringa følgande:

«Over tid vil det vere større fleksibilitet til å flytte årsverk mellom hovudtrinn og mellom skolar for å oppfylle krava. Fram til innlemming i rammetilskottet blir det derfor lagt til grunn for berekning av kompensasjon at eksisterande årsverk berre kan flyttast mellom hovudtrinn, men ikkje mellom skolar i den einskilde kommune. Lågare fleksibilitet til å flytte årsverk inneber isolert sett eit høgare løyvingsnivå. For å ta omsyn til situasjonen i enkeltkommunar vert det tildelt i tillegg særskilde stimuleringsmidlar i 2019. Til saman blir kommunesektoren kompensert meir enn fullt ut for innføring av lærarnorma i 2019. Fram til innlemming i rammetilskottet vert løyvinga fordelt dels etter den eksisterande delkostnadsnøkkelen for grunnskolen og dels etter objektive kriterier, med utgangspunkt i behov per innbyggar, for å ivareta både kommunar med eit relativt og absolutt behov for lærarårsverk.»

Departementet viser til at regjeringa i kommuneproposisjonen for 2020 seier følgande, jf. Prop. 113 S (2018–2019):

«En konsekvens av lærernormen er at enkelte skoler behøver flere lærere på ett eller flere hovedtrinn enn det de hadde før normen ble innført. Dette kan skolene og kommunene løse enten gjennom nyansettelser, eller ved å flytte lærerårsverk mellom hovedtrinn innad på en enkelt skole eller mellom skoler innad i hver enkelt kommune. Over tid vil det være større fleksibilitet til å flytte årsverk mellom hovedtrinn og mellom skoler for å oppfylle kravene.»

Tal frå GSI for skuleåret 2018–19 viser at dei fleste skulane oppfylte lærarnorma per 1. oktober 2018. 75 pst. av skulane oppfylte norma på 1.–4. trinn, medan 90 pst. av skulane oppfylte ho på 5.–7. trinn og 80 pst. på 8.–10. trinn. Det viser at dei fleste skulane har lykkast med å rekruttere nok lærarar som følge av lærarnorma.

Departementet legg til grunn at vedtaket er kvittert ut.

Vedtak nr. 62, 4. desember 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med folkehøyskolene med sikte på å finne en modell for å fase ut tilskudd til kortkurs der grunnbevilgningen i så fall må økes tilsvarende.»

Regjeringa tek sikte på å fase ut tilskotet til kortkursa frå 1. januar 2021, jf. omtale i Prop. 114 S (2018–2019). Folkehøgskulane får ein tilsvarande auke i grunnløyvinga. Dei to pensjonistfolkehøgskulane, Stiftelsen Nestor Seniorutvikling og Nordnorsk Pensjonistskole, vil framleis kunne halde kortkurs med rett til tilskot, med unntak av reisekurs utanfor Norden.

Kunnskapsdepartementet vil ha dialog med Folkehøgskolerådet om korleis tilskotet til kortkursa skal fasast ut. Departementet tek sikte på å sende forslag til endringar i folkehøgskulelova ut på høyring hausten 2019.

Vedtak nr. 106, 7. desember 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:8 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe, Marit Arnstad, Åslaug Sem-Jacobsen og Marit Knutsdatter Strand om å innføre en ordning som sikrer elever på 1.–10. trinn minst én time fysisk aktivitet hver dag, jf. Innst. 51 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen fremme sak for Stortinget om en ordning som sikrer elever på 1.–10. trinn minst én time fysisk aktivitet hver dag innenfor dagens timeantall.»

Vedtaket er omtala i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen viser til anmodningsvedtakets ordlyd hvoretter det skulle fremmes sak for Stortinget om en ordning som sikrer elever på 1.–10. trinn minst én time fysisk aktivitet hver dag innenfor dagens timeantall. Komiteen avventer sak til Stortinget før vedtaket kan utkvitteres.»

I Prop. 1 S (2018–2019) tilrådde departementet at det ikkje blei innført ei ny obligatorisk ordning med fysisk aktivitet i skulen. Departementet tilrådde at det heller blir satsa på frivillige tiltak, erfaringsspreiing, dokumentasjon og forsvarleg evaluering av praksis i skulen. I Innst. S 12 (2018–2019) sa Stortinget følgande:

«Komiteen ser frem til resultatene fra studien og mener denne vil kunne gi et bedre faglig grunnlag for å kunne vurdere hvordan man oppnår økt fysisk aktivitet i skolen. Komiteen mener at én times daglig fysisk aktivitet i skolen innenfor dagens timetall skal være et mål som ikke må gå på bekostning av metodefriheten til lærerne eller medføre ekstra forpliktelser til rapportering fra skolene. Målet bør heller ikke gå på bekostning av gode lokale løsninger som faste aktivitetsdager, ekskursjoner eller annen aktivitet i skoletiden.
Komiteen ber regjeringen legge lærernes metodefrihet til grunn i sitt videre arbeid med fysisk aktivitet, samt vurdere løsninger som ikke bidrar til unødig byråkratisering eller detaljstyring av sektoren. Komiteen er gjort kjent med at flere skoler prioriterer fysisk aktivitet i ulike former og ber regjeringen i sitt videre arbeid se på hvordan man kan bidra til erfaringsdeling og spredning av kunnskap og pedagogiske opplegg som bygger opp under lærernes faglige skjønn og ansvar.
Komiteen mener den enkelte skole i samarbeid med lærerne må finne gode løsninger for hvordan man best mulig kan legge til rette for økt fysisk aktivitet, og hvor man tar hensyn til de ulike forutsetninger man har lokalt. Fysisk aktivitet i skolen bør bidra til at elevene opplever mestring og glede ved aktivitet, og det er dermed viktig at tiltakene er godt lokalt tilpasset og skapt av et lokalt, positivt engasjement.
Komiteen mener en sentral utfordring er kompetanse og ressurser som gir lærerne inspirasjon og gode faglige opplegg som innebærer bruk av fysisk aktivitet. Dette kan blant annet gjøres ved å etablere en nettressurs hvor skoler og lærerne får tilgang til gode fagdidaktiske eksempler som muliggjør god undervisning i enkeltfag samtidig som man har økt fysisk aktivitet. Slike ressurser kan utarbeides med bakgrunn i erfaringene fra forskningsprosjektet og med bakgrunn i erfaringer fra kommuner som allerede er kommet langt i å ha én times fysisk aktivitet hver dag innenfor dagens rammetimetall. Det kan også være aktuelt å vurdere om ressurser laget med tilknytning til eksisterende læreplanverk kan fornyes og forbedres i forbindelse med nye læreplaner i fagfornyelsen. Den enkelte lærer og skole skal med dette kunne ivareta et godt innhold, god planlegging og god gjennomføring av tilbud og tiltak for økt fysisk aktivitet. Komiteen mener derfor regjeringen i sitt videre arbeid må ivareta at skolene får tilgang til undervisningsressurser og kompetanse som muliggjør at alle skoler på enkelt vis kan nå målet om én times fysisk aktivitet, og ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med status i dette arbeidet.»

I Granavolden-plattforma seier regjeringa at ho vil legge til rette for meir fysisk aktivitet i skulen og på SFO, med mål om éin time dagleg fysisk aktivitet innanfor timetalet i dag, utan at det går ut over metodefridommen til lærarane.

I rapporten Schools in motion frå Noregs idrettshøgskule ser forskarane på kva for effekt to ekstra timar med fysisk aktivitet og kroppsøving har på helsa, læringa og læringsmiljøet til ungdomsskuleelevar. På bakgrunn av resultata i denne rapporten og funn i ei systematisk kunnskapsoppsummering som blei utført av Kunnskapssenter for utdanning (KSU) i 2016, har departementet i strategien Skaperglede, engasjement og utforskertrang. Praktisk og estetisk innhold i barnehage, skole og lærerutdanning presentert tiltak som legg til rette for meir fysisk aktivitet gjennom å stimulere til lokale initiativ og spreiing av god praksis. Strategien blei lagd fram i august 2019 og vil gi eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet.

I strategien skriv regjeringa at ho vil samle ei rekke tiltak for auka fysisk aktivitet i barnehage, skule og SFO i satsinga Barn og unge i bevegelse. Gjennom satsinga vil kommunar som ønsker å satse på fysisk aktivitet og fysisk-motorisk utvikling for barn og unge i eit folkehelseperspektiv, få hjelp til eit slikt arbeid. Satsinga skal også hjelpe til med å fremje variert og tilpassa opplæring og estetiske læringsprosessar i alle faga i skulen. Departementet vil hjelpe til med å samle og spreie erfaringar og gode eksempel på korleis fysisk aktivitet kan inngå som metode i fag. Erfaringane frå skular som er gode i dette, vil bli samla og spreidde i samarbeid med mellom anna Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Unge menneske blir mindre fysisk aktive særleg på ungdomstrinnet. Derfor ønsker departementet å legge særleg til rette for at det blir utvikla undervisningsressursar for fysisk aktiv læring på 8.–10. trinn. Stønads- og rettleiingsmateriellet som blir utvikla til innføringa av fagfornyinga i 2020, til rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen og til ny rammeplan for SFO, vil inngå i satsinga. Kommunane vil bli oppfordra til å bruke dei vidareutdanningstilboda som finst for tilsette i barnehage og skule. Vidare vil departementet engasjere elevane sjølve, mellom anna gjennom å invitere elevar til å utvikle app-ar og spel som har som mål å få fleire i aktivitet. Dette kan gjennomførast på fritida eller som element i ei rekke ulike fag. Tiltaka og satsinga skal til saman bidra til å nå målet om éin time dagleg fysisk aktivitet innanfor timetalet i dag, utan at det går ut over metodefridomen til lærarane.

Departementet gjennomfører no ei fornying av alle faga i skulen. Dei nye læreplanane legg til rette for at målet om éin times fysisk aktivitet kvar dag kan nåast, samtidig som lærarane skal behalde metodefridomen sin. Kroppsøvingsfaget skal legge særskilt til rette for og stimulere til ein fysisk aktiv livsstil og rørsleglede, men òg andre fag har fått ei meir praktisk og utforskande innretning.

Departementet legg til grunn at dei tiltaka som er nemnde her, samla sett gjer at vedtak nr. 106, 7. desember 2017 er kvittert ut.

Vedtak nr. 460, 13. februar 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage, jf. Innst. 114 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen utrede lovendringer som kan gi kommunene mulighet til å skille mellom ideelle og kommersielle private barnehager, samt om det ved et slikt skille kan være formålstjenlig med alternative organisasjonsformer for å drive ideelle barnehager.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I høyringsnotatets kapittel 4 har departementet vurdert om kommunen skal få heimel til å stille vilkår om at nye private barnehagar skal vere ideelle for å få tilskot. Departementet er i tvil om kommunen bør få ein slik lovheimel, og ber i høyringa om innspel på dette. I utgreiinga har departementet sett nærare på kva som utgjer ein ideell barnehage, og ber om innspel på om det er nødvendig å stille krav til type organisasjonsform for å drive ideell barnehage.

Hovudmålet med dei framlagde endringane er at regelverket skal vere betre tilpassa utviklinga i barnehagesektoren. Endringane skal legge til rette for eit mangfald av barnehagar med høg kvalitet. Dei skal sikre gode driftskår for ulike typar barnehagar og barnehageeigarar, og sikre at offentlege tilskot og foreldrebetaling kjem barna til gode.

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er kvittert ut.

Vedtak nr. 461, 13. februar 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage, jf. Innst. 114 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at private barnehager har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår minst på linje med ansatte i offentlige barnehager, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Departementet viser til at Stortinget også har tilsvarande oppmodingsvedtak som gjeld andre tenesteområde enn barnehagar. Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) sette hausten 2018 ned eit offentleg utval som skal kartlegge ulike former for offentleg finansierte velferdstenester der private aktørar tek del i tenesteproduksjonen. Utvalet skal mellom anna kartlegge lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår hos leverandørar, for om mogleg å få eit bilde av om det er store forskjellar mellom tilsette i offentleg og privat sektor. Utvalet skal ifølge mandatet levere delutgreiingar hausten 2019 og hausten 2020. Departementet vil derfor følge opp oppmodingsvedtak nr. 461, 13. februar 2018 i samband med oppfølginga av den offentlege utgreiinga frå dette utvalet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 533, 15. mars 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 533, 15. mars 2018, gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 L (2016–2017) Endringer i statsborgerloven mv. (tap av statsborgerskap ved straffbare forhold eller av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser), jf. Innst. 173 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om at tap av statsborgerskap, uavhengig av årsak, skal avgjøres av domstolen.»

Oppmodingsvedtaket er under behandling. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Vedtak nr. 534, 15. mars 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 534, 15. mars 2018, gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 L (2016–2017) Endringer i statsborgerloven mv. (tap av statsborgerskap ved straffbare forhold eller av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser), jf. Innst. 173 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen utrede om det kan etableres en ordning med rask domstolbehandling av saker som gjelder tap av statsborgerskap av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser.»

Oppmodingsvedtaket er under behandling. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Vedtak nr. 535, 15. mars 2018

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 535, 15. mars 2018, gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 L (2016–2017) Endringer i statsborgerloven mv. (tap av statsborgerskap ved straffbare forhold eller av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser), jf. Innst. 173 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om tap av statsborgerskap av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser, og at slikt tap skal avgjøres av domstolen.»

Oppmodingsvedtaket er under behandling. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Vedtak nr. 592, 10. april 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:124 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jorunn Gleditsch Lossius, Geir Jørgen Bekkevold, Knut Arild Hareide og Hans Fredrik Grøvan om at det skal være pålagt at nettbrett/PC eller lignende enheter som er tilgjengelige for barn i barnehagen og småskolen, skal benytte filter som hindrer elever tilgang til skadelig innhold på nett, jf. Innst. 191 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide nasjonale retningslinjer for barnehage- og skoleeiere, slik at de tar i bruk løsninger som skjuler alvorlig skadelig innhold på nettbrett, PC og lignende digitale enheter.»

Barnehage- og skuleeigar har ansvar for å sørge for sikringa og tryggleiken til barna når dei er i barnehagen og på skulen, og for at det innhaldet barna møter, er i samsvar med barnehagelova og opplæringslova. Dette inneber at dei har ansvar for tilfredsstillande tryggleik i sine nett, slik at dei kan vareta brukarane og oppgåvene sine på ein best mogleg måte. Skule- og barnehageeigar er også ansvarleg for at medarbeidarane har den nødvendige kompetansen for å gjere gode vurderingar om bruk av digitale verktøy og gi barna opplæring i digitale ferdigheiter, slik det er fastsett i rammeplan for barnehagen og skulen sine læreplanar. I dagens barnehagelov og opplæringslov er det ikkje heimel for å krevje at alle skular bruker eit filter eller liknande på skulen sine IKT-plattformer eller verktøy. Som omtala i Prop. 1 S (2018–2019) har Kunnskapsdepartementet på bakgrunn av oppmodingsvedtaket gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide nasjonale retningslinjer for barnehage- og skuleeigarar om førebygging, skjerming og handtering av tilgang til alvorleg skadeleg innhald gjennom digitale einingar som blir nytta i pedagogisk arbeid for barn i barnehage og elevar på 1.–4. trinn i grunnskulen.

Utdanningsdirektoratet har løyst oppdraget gjennom å utarbeide ein rettleiar med tydelege tilrådingar til barnehage- og skuleeigar om førebygging, skjerming og handtering av tilgang til alvorleg skadeleg innhald gjennom digitale einingar som blir nytta i pedagogisk arbeid for barn i barnehage og elevar på 1.–4. trinn i grunnskulen. Rettleiaren peiker på eigna tiltak for å førebygge at barn blir utsette for alvorleg skadeleg innhald, inkludert informasjon om skjerming og eigna tiltak for korleis barnehage og skuleeigar kan hindre at barn får tilgang til slikt innhald, gjennom skjermingstiltak. I tillegg gir rettleiaren råd om eigna tiltak for å handtere ein situasjon der eit barn har blitt utsett for alvorleg skadeleg innhald. Etter departementet si vurdering er dette ein god måte å følge opp Noregs forplikting etter barnekonvensjonen artikkel 17e om å fremje utvikling av eigna retningslinjer for å verne barn mot informasjon og stoff som er skadeleg for velferda deira. Teknologien er i stadig utvikling, og departementet vil vurdere om det er behov for andre tiltak for å skjerme barn og unge mot skadeleg innhald på nettbrett, PC og liknande, inkludert om det er behov for å presisere plikta i lovverket. Spørsmålet om lovregulering må også sjåast i samanheng med forslaget til ny opplæringslov frå opplæringslovutvalet.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 592, 10. april 2018 er kvittert ut.

Vedtak nr. 600, 12. april 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:71 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om tiltak mot seksuell trakassering, jf. Innst. 208 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen, i forbindelse med pågående fornying av læreplanene, om å sikre at seksualundervisningen i skolen inkluderer grensesetting og respekt for andres grenser.»

Vedtaket er omtalt i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen viser til at arbeidet med fornyelse av læreplaner er på gang og avventer ferdigstillelse av dette før vedtaket kvitteres ut.»

I Granavolden-plattforma seier regjeringa at ho vil «betre seksualundervisninga i grunnskulen og vektlegge grensesetjing og respekt for eigne og andre sine grenser». I fagfornyinga har utkast til læreplanar vore ute på brei høyring våren 2019, og det har kome inn 7 000 høyringssvar, som departementet skal vurdere før fastsetjinga av endelege læreplanar. I dei læreplanane som har vore ute på høyring, er temaet godt dekt i fleire fag. Dei nye læreplanane skal gjelde frå hausten 2020.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 601, 12. april 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:71 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om tiltak mot seksuell trakassering, jf. Innst. 208 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen avklare hvordan spørsmål om seksuell trakassering skal tas inn i Elevundersøkelsen eller andre relevante undersøkelser i skolen.»

Kunnskapsdepartementet viser til at denne saka har både ei juridisk og ei fagleg side. Den juridiske vurderinga handlar mellom anna om lov og forskrifter som er styrande for gjennomføringa av Elevundersøkinga, og om spørsmåla som kan stillast. Når det gjeld den faglege sida, viser departementet til at Utdanningsdirektoratet allereie planlegg ein brei gjennomgang av heile undersøkinga i 2020, inkludert kva for spørsmål som skal stillast. Den komande fagfornyinga som tek til å gjelde frå hausten 2020, vil påverke denne prosessen. Den nye Elevundersøkinga skal vere klar hausten 2021. Departementet meiner det vil vere lite heldig å ta inn eit heilt nytt spørsmål i Elevundersøkinga for skuleåret 2019–20 i forkant av denne breie gjennomgangen.

Departementet viser til at Ungdata-undersøkinga, som blir gjennomført på ungdomstrinnet og i vidaregående opplæring, er ei relevant undersøking. Ungdata har hatt med eit spørsmål om seksuell trakassering sidan 2016. Dette er ei stor og relevant undersøking som NOVA har ansvaret for. Ungdata har høg svarprosent, og sjølv om undersøkinga ikkje er avgrensa til skulekvardagen, er det departementets vurdering at Ungdata er ei god og relevant kjelde til temaet seksuell trakassering blant ungdom.

Departementet legg til grunn at hensikta med vedtaket er vareteke gjennom den årlege Ungdata-undersøkinga, der spørsmål om seksuell trakassering har vore med sidan 2016, og at vedtaket er kvittert ut.

Vedtak nr. 783, 29. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:118 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Masud Gharahkhani, Lene Vågslid, Siri Gåsemyr Staalesen, Maria-Karine Aasen-Svensrud og Jan Bøhler om tiltak mot sosial kontroll og æresvold, jf. Innst. 260 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen forsterke innsatsen for å sikre at kommuner og fylkeskommuner følger opp elever som utsettes for negativ sosial kontroll og som uteblir fra skolen, og at barnevernet varsles når det er grunnlag for dette.»

Utdanningsdirektoratet har tidlegare utarbeidd og publisert ein rettleiar for skular og skuleeigarar om barn som ikkje møter på skulen. 20. august 2019 publiserte direktoratet eit nytt kapittel 8 i rettleiaren; det omhandlar bekymring for elevar som skal flytte utanlands åleine. Med dette nye kapittelet utkvitterer departementet eit tiltak i handlingsplanen mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting som gjeld det å sikre oppfølgingssamtale for elevar som skal flytte til utlandet utan foreldra sine. I rettleiaren står mellom anna følgande:

«Formålet med oppfølgingssamtalen er å kartlegge situasjonen for å vite hva du og skolen skal gjøre videre og hvordan dere eventuelt skal hjelpe eleven. Dersom meldeplikten er utløst, skal dere melde saken til barneverntjenesten umiddelbart, og videre oppfølging bør skje i samarbeid med barneverntjenesten. I slike tilfeller bør dere vurdere i samarbeid med barneverntjenesten om dere bør gjennomføre en oppfølgingssamtale. Les mer om meldeplikten under regelverk.
Den som har oppfølgingssamtale med eleven bør stille spørsmål som avdekker om eleven har gitt frivillig samtykke til å flytte til et annet land eller om det er mistanke om at samtykket er gitt under press. Du bør vurdere å ha samtale med eleven dersom foreldrene søker om permisjon eller forlenget permisjon fra skolen, eller melder fra om flytting til utlandet. Foreldre bør kalles inn til samtale for å avklare forholdet rundt utenlandsreisen og videre skolegang. Her bør foreldrene også informeres om at alle barn som er bosatt i Norge, men som oppholder seg i utlandet inntil tre måneder, har rett og plikt til grunnskoleopplæring. Videre bør foreldrene informeres om barns samtykkerett etter barneloven § 40 tredje ledd og § 41 femte ledd nevnt over.»

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 783, 29. mai 2018 er kvittert ut gjennom publiseringa av kapittel 8 i rettleiaren om bekymring for elevar som skal flytte utanlands åleine.

Vedtak nr. 785, 29. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:118 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Masud Gharahkhani, Lene Vågslid, Siri Gåsemyr Staalesen, Maria-Karine Aasen-Svensrud og Jan Bøhler om tiltak mot sosial kontroll og æresvold, jf. Innst. 260 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen vurdere flere sanksjonsmuligheter i tilfeller der barn etterlates i utlandet mot sin vilje og under uforsvarlige forhold.»

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe med sekretariat i Helse- og omsorgsdepartementet som skal gjennomgå inntil ti saker om barn og unge som har blitt etterlatne i utlandet og returnert til Noreg. Kunnskapsdepartementet har i tillegg sett i gang ei kartlegging av saker i kommunar som gjeld personar som er etterlatne i utlandet. Kartlegginga skal ligge føre innan utgangen av 2020. Departementet vil følge opp oppmodingsvedtak nr. 785, 29. mai 2018 i samband med oppfølginga av funna frå desse oppdraga.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 794, 29. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:118 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Masud Gharahkhani, Lene Vågslid, Siri Gåsemyr Staalesen, Maria-Karine Aasen-Svensrud og Jan Bøhler om tiltak mot sosial kontroll og æresvold, jf. Innst. 260 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sikre at støttetjenester er tilgjengelig for avhoppere fra ekstreme miljøer.»

Vedtaket gjeld ulike former for negativ sosial kontroll knytt til familie, oppvekst og religion. Departementet viser til eksisterande støttetilbod til personar som er utsette for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald og tvangsekteskap. Regjeringa har styrkt dette arbeidet og mellom anna etablert ei mentorordning. Kunnskapsdepartementet foreslår å ytterlegare styrke arbeidet mot negativ sosial kontroll gjennom å auke støtta til bo- og sttøttetilbodet for etablering av fleire plassar, betre ettervernet og auke støtta til mentorordninga for personar som er utsette for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald og tvangsekteskap. Forslaget vil sikre tilgjengelege støttetenester for personar som bryt ut av ekstreme miljø, jf. omtale på kapittel 291, postane 61, 71 og 73.

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er kvittert ut.

Vedtak nr. 800, 31. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 45 L (2017–2018) Endringer i introduksjonsloven (opplæring i mottak og behandling av personopplysninger mv.), jf. Innst. 327 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sikre at deltakere i introduksjonsprogrammet får foreldreveiledningskurs, samt innføring i norsk barnehage- og skolesystem og barnevern.»

IMDi og Kompetanse Noreg har fått i oppdrag å utarbeide forslag til faglege emne som deltakarane i introduksjonsprogrammet følger i ein avgrensa periode. Som ein del av dette oppdraget skal direktorata kome med eit forslag til korleis kurs i foreldrestøtte kan bli ein del av introduksjonsprogrammet og gjerast obligatorisk. Departementet har sendt forslag til ny integreringslov ut på offentleg høyring. Forslaget om korleis kurs i foreldrestøtte skal bli ein obligatorisk del av introduksjonsprogrammet, er ein del av denne høyringa.

Asylsøkarar i mottak har plikt til å delta i opplæring i norsk og opplæring i norsk kultur og norske verdiar. Under tema 5 «Barns rettigheter og foreldrerollen» i opplæring i norsk kultur og norske verdiar blir det gitt opplæring i norsk barnehage- og skulesystem og barnevern. Deltakarar i introduksjonsprogram som har vore i mottak, har dermed fått innføring i norsk barnehage- og skulesystem og barnevern. Med utgangspunkt i opplæringa i norsk kultur og norske verdiar har IMDi og Kompetanse Noreg fått i oppdrag å utvikle ein grunnleggande modul som også kan bli gitt til dei som blir busette direkte i ein kommune. Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 801, 31. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket for krav til stedlig leder i barnehager, og tilse at unntaksbestemmelsen er slik at den ikke benyttes til å redusere kostnader i barnehagesektoren.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I kapittel 14.1 i høyringsnotatet har departementet presisert at unntaksregelen ikkje kan brukast til å redusere kostnader i barnehagane. Det er uheldig at unntaket frå hovudregelen om at kvar barnehage skal ha ein styrar, berre står i merknaden til lovføresegna, og ikkje i lov eller forskrift. Dette gjer at regelverket blir mindre tilgjengeleg for barnehagane. Departementet meiner også at det som står i merknaden, er for uklart. For å gjere regelverket tydelegare meiner departementet at det er hensiktsmessig å fastsetje ei ny føresegn i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar. Føresegna kan regulere når det kan gjerast unntak frå kravet om at kvar barnehage skal ha ein styrar. I høyringa har departementet bedt høyringsinstansane om innspel til korleis unntaket frå kravet om at kvar barnehage skal ha ein styrar, bør utformast. Departementet har også bedt om innspel til om føresegna bør regulere kor høg stillingsbrøk styraren skal ha, eller om det skal vere opp til kvar barnehage å vurdere dette. Departementet vil arbeide vidare med dette i oppfølginga av høyringa.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 801, 31. mai 2018 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 802, 31. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen i sitt videre arbeid med regulering av barnehagesektoren se på modeller i finansieringssystemet som så langt som mulig ivaretar et mangfold av barnehager og barnehageeiere, samt reduserer etterslepet i tilskuddsgrunnlaget overfor private barnehager.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I kapittel 5 i høyringsnotatet har departementet vurdert moglege endringar i finansieringssystemet for private barnehagar. Departementet ser at det kan vere ei utfordring at finansieringssystemet ikkje gir gode nok driftsvilkår for små private barnehagar. Departementet vurderer at grunnprinsippa i dagens finansieringssystem skal vidareførast, slik at finansieringa av barnehagane framleis skjer gjennom statlege overføringar til rammetilskotet til kommunen. Departementet meiner at kommunens utgifter til private barnehagar framleis skal spegle kommunens utgifter til tilsvarande kommunale barnehagar. Departementet meiner likevel at det kan vere hensiktsmessig å differensiere driftstilskotet til private barnehagar etter storleiken på barnehagen, slik at tilskota i større grad speglar dei private barnehaganes reelle kostnader. I høyringsnotatet varslar departementet ei nærare utgreiing av endringar i berekninga av driftstilskot til private barnehagar. Departementet ser også at det kan vere behov for eigne mekanismar i finansieringssystemet, slik at private barnehagar får ei finansiering som gjer at dei kan oppfylle nye lovkrav samtidig som kommunane. Departementet har bedt Utdanningsdirektoratet om å greie ut korleis dette kan bli gjort.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 802, 31. mai 2018 overfor Stortinget på ein eigna måte. Jf. også vedtak nr. 51, 22. november 2018, om finansieringssystemet for private og kommunale barnehagar.

Vedtak nr. 803, 31. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre forventningene til innkalling av vikarer i kommunale barnehager og at alle relevante kostnader til vikarbruk tas med i regnskapet til kommunene.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I høyringsnotatets kapittel 14 har departementet tydeleggjort forventningane til innkalling av vikarar i kommunale barnehagar, og at utgifter til vikarar skal takast med i berekninga av kommunens gjennomsnittlege ordinære driftskostnader og i rekneskapane til dei private barnehagane.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 803, 31. mai 2018 er kvittert ut.

Vedtak nr. 805, 31. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen ved evalueringen av kommunens tilsynsansvar sikre at det etableres et uavhengig tilsynssystem for barnehagesektoren.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I kapittel 10 i høyringsnotatet foreslår departementet å legge ansvaret for tilsyn med økonomiske forhold ved private barnehagar til departementet. Departementet vil delegere tilsynsoppgåva til Utdanningsdirektoratet.

Forslaget inneber at kommunen framleis vil vere tilsynsmyndigheit for andre reguleringar i barnehageloven og forskrift. Kvalitet og innhald i barnehagetilbodet er ei oppgåva som krev innsikt i lokale forhold og prioriteringar. Slike tilsyn vil i større grad basere seg på stadlege tilsyn og kjennskap til den aktuelle barnehagen det blir ført tilsyn med. Slike tilsyn kan derfor best utførast av den einskilde kommunen. Ved å flytte ansvaret for økonomitilsynet til nasjonalt nivå vil kommunen få større moglegheit til å prioritere tilsyn med andre forhold enn økonomi.

Regjeringa vil i løpet av 2019 fremje eit lovforslag om å flytte ansvaret for tilsyn med økonomiske forhold ved private barnehagar frå kommunane til Kunnskapsdepartementet. Med atterhald om at Stortinget vedtek flytting av ansvaret, vil oppgåva bli delegert til Utdanningsdirektoratet og lagt til direktoratet si eksisterande lokalisering i Molde. Kunnskapsdepartementet tek sikte på at oppbygginga av den nye eininga skal starte hausten 2020.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 805, 31. mai 2018 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 806, 31. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget våren 2019 og våren 2020 med informasjon om hvordan innføringen av bemanningsnormen og skjerpet pedagognorm har påvirket pedagogtettheten og voksentettheten i barnehagene.»

Departementet viser til omtale av bemanningsnorm og pedagognorm i barnehage i Prop. 85 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020 med informasjon om utviklinga i pedagogtettleiken og vaksentettleiken i barnehagane basert på offentleg tilgjengeleg statistikk.

Vedtak nr. 807, 31. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake i statsbudsjettet for 2019 med en plan for gjennomføring av bemanningsnormen som inneholder dekning av merkostnader for både offentlige og private barnehageeiere, og som sikrer at normen oppfylles i alle barnehager i løpet av overgangsordningen med varighet fram til 1. august 2019. Planen skal innrettes med sikte på en rettferdig fordeling mellom kommunene og bærekraftig økonomi i de små private barnehagene ved innføring av normen.»

Vedtaket er omtalt i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen registrerer at regjeringen arbeider med tiltak på barnehagesektoren, men etterlyser en plan for gjennomføring av bemanningsnorm og dekning av merkostnader slik anmodningsvedtaket forutsatte, før vedtaket kvitteres ut.»

Regjeringa er oppteken av at alle kommunar og private barnehageeigarar skal ha moglegheit til å innføre bemanningsnorma i barnehagane. Departementet utarbeidde i 2018 ei mellombels øyremerkt tilskotsordning for å styrke innføringa av bemanningsnorma. Overgangsordninga varer ut 2020.

Bemanningsnorma var i gjennomsnitt allereie oppfylt og finansiert i dei kommunale barnehagane ved innføring av norma 1. august 2018. Dei private barnehagane får i gjennomsnitt like mykje driftstilskot som dei kommunale. Private barnehagar får driftstilskot som er rekna ut på bakgrunn av utgiftene i kommunale barnehagar i same kommune to år før tilskotsåret. Dei fleste private barnehagar har derfor kunna oppnå lik bemanning som dei kommunale barnehagane utan auka tilskot. Det øyremerkte tilskotet til bemanningsnorm i barnehage er fordelt til små private og kommunale barnehagar som ligg i kommunar som ikkje oppfylte bemanningsnorma.

Frå 2017 til 2018 har det vore ein stor reduksjon i talet på kommunar som ikkje oppfylte bemanningsnorma i kommunale barnehagar, frå 106 til 31 kommunar. I 2020 blir driftstilskotet til private barnehagar basert på kommunens rekneskapstal frå 2018. Det vil seie at nesten alle private barnehagar i 2020 vil få kommunale tilskot som reflekterer bemanningsnorma.

Departementet legg til grunn at vedtaket er kvittert ut.

Vedtak nr. 808, 31. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:149 S (2017–2018) Representantforslag om behovet for evaluering av seksårsreformen med sikte på å innrette skolen slik at den bedre ivaretar behovene til de yngste elevene og Dokument 8:150 S (2017–2018) Representantforslag om evaluering av seksårsreformen og en skolestart på barns premisser, jf. Innst. 317 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en kunnskapsoversikt om forskning på de yngste barna i skolen, slik at den kan tas i bruk i arbeidet med fagfornyelsen, og på egnet måte komme tilbake til Stortinget.»

Vedtaket er omtalt i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen viser til at vedtaket forutsetter at regjeringen kommer tilbake til Stortinget med kunnskapsoversikten. Komiteen avventer dette før vedtaket kan kvitteres ut.»

Departementet gav våren 2018 eit oppdrag til Kunnskapssenter for utdanning om å utarbeide ei kunnskapsoversikt om forsking på dei minste barna i skulen. Rapporten De yngste barna i skolen: lek og læring, arbeidsmåter og læringsmiljø. En forskningskartlegging blei levert i oktober 2018.

Kartlegginga omfattar 32 artiklar, der ni tek for seg forsking på forholdet mellom leik og læring. Ytterpunkta går frå eit syn om at leiken må vere mest mogleg fri, til at leiken må vere vaksenstyrt for at barna skal tileigne seg kunnskap og faglege ferdigheiter. Mellom desse to ytterpunkta finst det eit stor rom for leik der den vaksne gir rettleiing. Kapittelet konkluderer med at det hastar med å utvikle ein leikbasert pedagogikk for dei yngste elevane ettersom tidleg innsats har blitt forstått som at lærarstyrte praksisar må inn i barnehagen.

23 artiklar omhandlar arbeidsmåtar og læringsmiljø for dei yngste elevane, og der fire studiar viser at dei yngste barna har størst utbyte av utforskande og elevsentrerte undervisningsformer. Konklusjonen er at læraranes profesjonskompetanse bør bli styrkt, særleg når det gjeld korleis dei skal ta i bruk digital teknologi, og korleis dei skal samarbeide i profesjonsfellesskapet. Ni artiklar har sett på kvaliteten i relasjonane i klasserommet, og eit konsistent og utvitydig funn er at positive lærar–elev-relasjonar er svært viktig for dei yngste elevane. Når dei opplever at dei får kjenslemessig støtte frå læraren, verkar dette positivt inn på læringsutbytet, dei får ein meir positiv tilknyting til skulen, dei har mindre problemåtferd og betre sosial kompetanse. Ein god vaksen–barn-relasjon i barnehagen kan bidra til ein god skulestart, og barn som har hatt eit positivt læringsmiljø i barnehagen, gjer det også bra på skulen. Tidleg innsats for dei yngste barna handlar altså om å utvikle tryggleik, slik at dei får utvikla trua på sitt eige potensial og sin eigen kompetanse, og tillit til at personane rundt dei kan støtte dei i læringa. Seks studiar omhandlar læringsmiljøet og viser at god organisering av læringsaktivitetane ser ut til å ha betydning for elevane sin impulskontroll og åtferdsregulering. Skulen bør ha stor merksemd på å identifisere sårbare elevar og vere raskt ute med å gi dei den støtta dei treng. Fire artiklar omhandlar kjenneteikn ved gode lærarar og kvalitet i klasserommet. Høgt kvalifiserte lærarar som gjennomfører ei god organisering av undervisninga og aktivitetane i klasserommet, får elevar med god fagleg og sosial utvikling.

Forskarane viser til at det er samsvar mellom norske policydokument, lover og forskrifter og det som forskinga viser er gode pedagogiske arbeidsmåtar for dei yngste elevane. Samtidig foreslår forskarane at lærarane i barnehagen og skulen samarbeider om å utforme ei leikbasert undervisning tilpassa dei første åra i skulen. Kartlegginga viser til at policydokument og forsking anbefaler ei meir elevsentrert undervisning i skulen, og konkluderer med at det må vere samanheng mellom lærarprofesjonens kunnskap om korleis barn lærer, og korleis lærarane underviser dei yngste barna i skulen.

Departementet legg til grunn at det er gitt god informasjon om kunnskapsoversikta, og at oppmodingsvedtak nr. 808, 31. mai 2018 er kvittert ut.

Vedtak nr. 809, 31. mai 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:149 S (2017–2018) Representantforslag om behovet for evaluering av seksårsreformen med sikte på å innrette skolen slik at den bedre ivaretar behovene til de yngste elevene og Dokument 8:150 S (2017–2018) Representantforslag om evaluering av seksårsreformen og en skolestart på barns premisser, jf. Innst. 317 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen igangsette en ekstern evaluering av forholdet mellom intensjonene og prinsippene for skolestart for seksåringene, slik de ble uttrykt i Reform 97, sammenliknet med dagens situasjon for seksåringene i skolen. Som en del av dette arbeidet skal det innhentes mer kunnskap om hvordan seksåringene ivaretas i skolen, som for eksempel lærernes pedagogiske praksis overfor de yngste, overgangen fra barnehage til skole, organisering av skoledagen og læringsmiljøet. Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget med resultatene på egnet måte.»

Departementet gav våren 2018 eit oppdrag til Kunnskapssenter for utdanning om å utarbeide ei kunnskapsoversikt om forsking på dei minste barna i skulen, og rapporten De yngste barna i skolen: lek og læring, arbeidsmåter og læringsmiljø. En forskningskartlegging blei levert i oktober 2018. Rapporten viser kva som kan vere gode arbeidsmåtar, og kva som er eit trygt og godt læringsmiljø for dei yngste elevane. Læreplangruppene har brukt dette grunnlaget i arbeidet med nye læreplanar innanfor fagfornyinga. Læreplanane var ute på høyring våren 2019. Læreplanforslaga for dei lågaste trinna i skulen legg vekt på undring, utforsking, kreativitet og læring gjennom leik. Dei nye læreplanane blir fastsette hausten 2019–våren 2020, og heile fagfornyinga trer i kraft frå hausten 2020.

Departementet legg til grunn at intensjonen med oppmodingsvedtak nr. 809, 31. mai 2018 er oppfylt gjennom det arbeidet som er gjort med dei nye læreplanane for dei lågaste trinna i skulen, og at vedtaket er kvittert ut.

Vedtak nr. 832, 5. juni 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:176 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Tore Storehaug og Geir Jørgen Bekkevold om nasjonale retningslinjer for barne- og ungdomsorganisasjoners tilgang til bruk av skoler og andre offentlige rom, jf. Innst. 347 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med KS og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner med sikte på å sikre barne- og ungdomsorganisasjoner tilgang til skoler og andre offentlige bygninger lokalt, og unngå at skoleeierne bidrar til usaklig forskjellsbehandling ved utlån.»

Etter dialog og møte mellom KS, LNU og departementet om denne saka sende kunnskapsministeren og LNU ut eit felles brev 16. november 2018 til alle kommunar og fylkeskommunar. I brevet blei kommunane oppfordra til å møte dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane med opne dører og gi dei tilgang til å låne kommunane sine lokale. Det blei også vist til at mange kommunar har utvikla gode tekniske løysingar som gjer det enklare for organisasjonane å finne fram til kva for lokale som er tilgjengelege.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 832, 5. juni 2018 er kvittert ut.

Vedtak nr. 883, 11. juni 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:194 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Mani Hussaini, Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Audun Lysbakken, Mona Fagerås og Hadia Tajik om tillitsreform i skolen, jf. Innst. 378 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen undersøke i hvilken grad detaljerte målkrav og indikatorer knyttet til elevresultater benyttes i ansettelsesavtaler med skoleledere og rektorer. Videre ber Stortinget regjeringen vurdere konsekvensene av dette sett i lys av overordnet del av læreplanen og melde tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å la spørsmål om denne tematikken inngå i spørjinga til Skule-Noreg våren 2019. Dette er ei spørjing som omfattar grunnskular, vidaregåande skular, kommunar og fylkeskommunar. Resultata vil ligge føre hausten 2019 og gi eit nyttig grunnlag for å sjå om målkrav og indikatorar knytte til elevresultat inngår i tilsetjingsavtalar med skuleleiarar og rektorar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 886, 11. juni 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:194 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Mani Hussaini, Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Audun Lysbakken, Mona Fagerås og Hadia Tajik om tillitsreform i skolen, jf. Innst. 378 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen nedsette et utvalg der partene i skolesektoren er representert, for å gjennomgå Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem i lys av fagfornyelsen og fremme forslag til endringer på egnet måte.»

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS) skal gi eit kunnskapsgrunnlag, både nasjonalt og lokalt, om mellom anna læringsutbytet for elevane, og bidra til kvalitetsutvikling og dialog om verksemda i skulen. Den pågåande fagfornyinga i grunnopplæringa skal vere klar til 2020, og NKVS må bli vidareutvikla i samsvar med prinsippa for fagfornyinga. Departementet vil invitere partane i skulesektoren til ein gjennomgang av NKVS i lys av fagfornyinga når dei nye læreplanane er klare.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2016–2017-sesjonen

Vedtak nr. 11, 11. oktober 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet, jf. Innst. 19 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en plan for hvordan de praktisk-estetiske fagene i skolen kan styrkes på kort og lang sikt. Planen må også omhandle rekruttering av kvalifiserte lærere til de praktisk-estetiske fagene.»

Vedtaket er omtala i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen har merket seg at departementet vil legge fram en plan for styrking av de praktiske-estetiske fagene i skolen mv. i 2019 og avventer denne før vedtaket kvitteres ut.»

Departementet la i august 2019 fram ein strategi om praktisk og estetisk innhald i barnehage, skule og lærarutdanning. Måla i strategien er å styrke dei praktiske og estetiske faga i skulen og det andre praktiske og estetiske innhaldet i barnehagen og skulen, å styrke den praktiske og estetiske kompetansen og profesjonsfellesskapet i barnehage og skule og å betre rekrutteringa av lærarar med praktisk og estetisk fagkompetanse.

Strategien rettar seg primært mot arbeid med dei praktiske og estetiske fagområda kropp, rørsle, mat og helse og kunst, kultur og kreativitet i barnehagen og faga musikk, kunst og handverk, kroppsøving og mat og helse i skulen, og mot dei praktiske og estetiske faga i lærarutdanningane.

Strategien løftar fram moglegheiter og eigenverdi for faga og fagområda og legg vekt på kor viktige estetiske læringsprosessar og praktiske arbeidsformer er i alle fag. I tillegg skildrar strategien nokre tydelege utfordringar.

Éi av utfordringane er kompetanse. Departementet har høge ambisjonar for kompetanse til alle lærarar, uavhengig av fag, og vil derfor etablere masterutdanningar i praktiske og estetiske fag og halde fram med å gi lærarar høve til å ta etter- og vidareutdanning. Departementet foreslår òg verkemiddel som kan bidra til at skuleeigarar i større grad prioriterer formell kompetanse hos dei lærarane som skal undervise i faga i skulen.

Strategien gir ei oversikt over rammene for arbeidet på dette fagområdet og tiltak som er sette i gang, og peikar ut ei retning for ytterlegare forsterking av vedteken politikk. Strategien skildrar nokre nye verkemiddel for å styrke faga og kompetansen til lærarane og profesjonsfellesskapa i faga. Departementet uttrykker òg nokre forventningar til barnehage- og skuleeigarar og til lærarutdanningane om deira bidrag for å styrke det praktiske og estetiske innhaldet og arbeidsformene i barnehage, skule og lærarutdanning.

Departementet legg til grunn at vedtaket blei kvittert ut gjennom framlegginga av strategien i august 2019.

Vedtak nr. 65, 22. november 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:114 S (2015–2016) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Trine Skei Grande, Iselin Nybø og Abid Q. Raja om å endre skolefritidsordningen til en aktiv fritidsordning og styrke kvaliteten i tilbudet, jf. Innst. 69 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en nasjonal evaluering av skolefritidsordningen (SFO) og følge den opp med en stortingsmelding.»

NTNU Samfunnsforskning publiserte i desember 2018 rapporten Lek, læring og ikke-pedagogikk for alle, som er ei nasjonal evaluering av SFO. Departementet vil behandle evalueringa i meldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap som blir lagd fram for Stortinget hausten 2019.

Departementet meiner at vedtak nr. 65, 22. november 2016 dermed er kvittert ut.

Vedtak nr. 67, 22. november 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:116 S (2015–2016) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete, Magne Rommetveit, Terje Breivik, Geir Sigbjørn Toskedal og Audun Lysbakken om å sikra alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt, jf. Innst. 68 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede en endring av opplæringslova § 2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elever på ungdomsskolen rett til opplæring på hovedmålet og rett til å tilhøre en egen målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Departementet viser til det foreløpige overslaget som Stortinget blei orientert om i budsjettproposisjonen for 2019, for kva det vil koste dersom elevar på ungdomstrinnet skal få rett til opplæring på hovudmålet sitt og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe slik som elevar på barnetrinnet.

Kunnskapsdepartementet sette 22. september 2017 ned eit lovutval som fekk i oppgåve å gjere ein heilskapleg gjennomgang og ei vurdering av regelverket på området til grunnopplæringa. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. desember 2019. Departementet vil vurdere ei eventuell endring av opplæringslova § 2-5 fjerde ledd til å gjelde heile grunnskolen i samband med oppfølginga av tilrådingane frå utvalet.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 642, 2. mai 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med evalueringen av de kvalitetshevende tiltakene vurdere om fagskoler etter bestemte kriterier bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnad.»

Kunnskapsdepartementet vil følge opp vedtaket i samband med ei midtvegsevaluering av fagskulereforma, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning. Departementet set i gong evalueringa i 2020 og kjem tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 643, 2. mai 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen foreta en midtveis-evaluering av fagskolereformen etter 3 år og en full evaluering etter 5 år.»

Kunnskapsdepartementet vil følge opp vedtaket og set i 2020 i gang ei midtvegsevaluering av fagskulereforma, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning. Departementet kjem tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 648, 9. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 648, 9. mai 2017, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:33 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen, Heidi Greni, Marit Arnstad, Kari Henriksen, Rasmus Hansson, Trine Skei Grande og André N. Skjelstad om domstolsbehandling ved tilbakekall av statsborgerskap, jf. Innst. 269 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendring om fri rettshjelp i saker om tilbakekall av statsborgerskap.»

Departementet har fremja Prop. 141 L (2018–2019) om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m. der det blir foreslått at tilbakekall av statsborgarskap framleis skal bli vedteke av forvaltninga. Samtidig blir det foreslått å gi fri rettshjelp i form av fritt rettsråd utan behovsprøving og at klagesaker skal behandlast i nemndmøte i Utlendingsnemnda med personleg frammøte. Departementet fremjar etter ei heilskapleg vurdering ikkje forslag om fri rettshjelp i form av fri sakførsel utan behovsprøving ved eventuell etterfølgande domstolsbehandling av Utlendingsnemndas vedtak, men foreslår å opne for at nokre fleire enn i dag kan få innvilga behovsprøvd fri sakførsel.

Departementet meiner at vedtak nr. 648, 9. mai 2017 er kvittert ut.

Vedtak nr. 649, 9. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 649, 9. mai 2017, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:33 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen, Heidi Greni, Marit Arnstad, Kari Henriksen, Rasmus Hansson, Trine Skei Grande og André N. Skjelstad om domstolsbehandling ved tilbakekallelse av statsborgerskap, jf. Innst. 269 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre statsborgerloven slik at tilbakekallelser av statsborgerskap etter statsborgerloven § 26 annet ledd skal skje ved dom.»

Departementet fremjar etter ei heilskapleg vurdering ikkje forslag om å endre statsborgarlova slik at tilbakekalling etter statsborgarlova § 26 andre ledd skal skje ved dom. Departementet har fremja Prop. 141 L (2018–2019) om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m. der det blir foreslått at tilbakekall av statsborgarskap framleis skal bli vedteke av forvaltninga. Samtidig blir det foreslått å styrke forvaltningsbehandlinga med fritt rettsråd utan behovsprøving, at klagesaker skal behandlast i nemndmøte i Utlendingsnemnda, og å opne for at nokre fleire enn i dag kan få innvilga behovsprøvd fri sakførsel ved eventuell etterfølgande domstolsbehandling av Utlendingsnemnda. Departementet foreslår også å lovfeste ei forholdsmessigheitsvurdering og ein hovudregel om at statsborgarskapet til barn ikkje kan kallast tilbake.

Departementet meiner at vedtak nr. 649, 9. mai 2017 er kvittert ut.

Vedtak nr. 651, 9. mai 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 651, 9. mai 2017, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:33 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Heikki Eidsvoll Holmås, Karin Andersen, Heidi Greni, Marit Arnstad, Kari Henriksen, Rasmus Hansson, Trine Skei Grande og André N. Skjelstad om domstolsbehandling ved tilbakekallelse av statsborgerskap, jf. Innst. 269 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen foreslå nødvendige lovendringer for å presisere at barn og barnebarn ikke kan miste statsborgerskapet som følge av feil begått av foreldre eller besteforeldre. Eventuelle unntak og avgrensninger med hensyn til umyndige barn må utredes og vurderes nærmere i lovarbeidet.»

Departementet har fremja Prop. 141 L (2018–2019) om tilbakekall av statsborgarskap på grunn av uriktige opplysningar m.m. der det blir foreslått at statsborgarskap som er erverva av ein person som var under 18 år på søknadstidspunktet som hovudregel ikkje kan tilbakekallast som følge av feil gjort av foreldra eller besteforeldra. Dette skal gjelde både personar som har blitt norske etter søknad eller melding og personar som har erverva det norske statsborgarskapet ved fødsel eller adopsjon. Departementet foreslår at det skal gjelde eit avgrensa unntak frå hovudregelen, som opnar for tilbakekall i tilfelle der personen etter ei konkret vurdering ikkje kan seiast å ha sterk tilknyting til Noreg. Barns statsborgarskap skal ikkje tilbakekallast om barnet blir statslaust og ikkje på ein enkel måte kan få anna statsborgarskap. I saker som gjeld barn, skal barnets beste vere eit grunnleggande omsyn.

Departementet meiner at vedtak nr. 651, 9. mai 2017 er kvittert ut.

Vedtak nr. 671, 22. mai 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2016–2017) Endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø), jf. Innst. 302 L (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede tidsfrister for Fylkesmannens behandling av meldinger og klager i mobbesaker med sikte på å innføre dette.»

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker blei innført hausten 2017, og antal melde saker til fylkesmannen viser at mange elevar og foreldre har brukt ordninga. Finansieringa er auka for å styrke kapasiteten hos fylkesmannen. For 2020 foreslår departementet å løyve 34 mill. kroner til ordninga. Departementet har gjort ei utgreiing av behovet for tidsfristar for saksbehandlinga og innrettinga av dette. Ettersom sakene er så ulike og ofte svært komplekse, vurderer departementet at dei ikkje er eigna for absolutte tidsfristar. Departementet vil likevel instruere fylkesmennene om at ei første tilbakemelding til den som melder saka, og ein plan for vidare saksgang skal vere klare i løpet av maksimalt fem verkedagar. Den same fristen vil gjelde for å avgjere om saka skal avvisast. Ein slik tidsfrist vil gi elevane tryggleik om at saka deira blir følgd opp.

Departementet legg til grunn at utgreiinga av tidsfristar og instruksen til fylkesmennene om frist for første tilbakemelding til den som melder saka, gjer at vedtak nr. 671, 22. mai 2017 er kvittert ut.

Vedtak nr. 672, 22. mai 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2016–2017) Endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø), jf. Innst. 302 L (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av de statlige oppreisningsordningene med sikte på å innlemme en kompensasjons- og oppreisningsordning for elever som er påført skade eller læringstap som følge av mobbing.»

Departementet har følgt opp vedtaket ved å gå gjennom eksisterande ordningar for erstatning, oppreising og rettferdsvederlag og vurdert om eksisterande ordningar dekkjer formålet. Det finst ordningar som fangar opp dei mest alvorlege mobbesakene. Skuleeigar kan bli erstatningsansvarleg etter reglane om arbeidsgivaransvar. I einskilde tilfelle kan også valdsoffererstatning og rettferdsvederlag vere aktuelt, men mobbing fell som hovudregel utanfor desse ordningane. Departementet vil greie ut nærare om det bør innførast ei oppreisingsordning som skal gjelde særskilt for mobbesaker, og kome tilbake til Stortinget med eit eventuelt forslag til ordning. Det overordna målet for regjeringa er at færre elevar skal bli utsette for mobbing og krenkingar, og at skulane skal oppfylle aktivitetsplikta si.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 681, 23. mai 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:43 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Torgeir Knag Fylkesnes, Snorre Serigstad Valen og Kirsti Bergstø om profittfri barnehage, jf. Innst. 283 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen vurdere om barnehagers rett til etablering og utvidelse bør endres for å ivareta mangfoldet av aktører, og komme tilbake til Stortinget med dette på egnet måte.»

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager), som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I høyringsnotatets kapittel 3 har departementet vurdert om barnehagars rett til etablering og utviding bør endrast for å vareta eit mangfald av aktørar. Departementet har vurdert fleire moglege tiltak som kan gjere det enklare for fleire aktørar å konkurrere om oppkjøp av eksisterande private barnehagar. Etter ei samla vurdering meiner departementet at det ikkje er hensiktsmessig å innføre regulering av kjøp og sal av private barnehagar. I høyringsnotatet har departementet også vurdert å gjere det enklare å få tilskot til nye private barnehagar. Departementet viser til at det er argument som talar både for og imot ei slik regulering, og departementet ber om høyringsinstansanes syn på om det bør bli enklare å få tilskot til nye private barnehagar, og kva terskel ein kommune skal ha for å avslå ein søknad om tilskot.

Hovudmålet med dei framlagde endringane er at regelverket skal vere betre tilpassa utviklinga i barnehagesektoren. Endringane skal legge til rette for eit mangfald av barnehagar med høg kvalitet. Dei skal sikre gode driftskår for ulike typar barnehagar og barnehageeigarar, og sikre at offentlege tilskot og foreldrebetaling kjem barna til gode.

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er kvittert ut.

Vedtak nr. 774, 7. juni 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:96 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Iselin Nybø, Trine Skei Grande og Sveinung Rotevatn om Lærerløftet 2.0, jf. Innst. 375 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen utrede om det er behov for å beskytte lærertittelen.»

Departementet meiner at det framleis er behov for eit lærarløft, og vil mellom anna vurdere ei sertifiseringsordning for lærarar og mogleg vern av lærartittelen i løpet av perioden. Departementet viser også til merknaden frå Stortinget i Innst. 275 S (2017–2018) om korleis ein strengare kan regulere bruken av undervisningspersonale som ikkje oppfyller tilsettingsvilkåra i opplæringslova, og andre tiltak for å auke statusen til læraryrket.

Departementet vil sjå nærare på spørsmålet om å verne lærartittelen og dei andre tiltaka og kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 897, 13. juni 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:112 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Sigbjørn Toskedal, Line Henriette Hjemdal, Geir Jørgen Bekkevold og Anders Tyvand om en stortingsmelding om en styrket kulturskole for fremtiden, jf. Innst. 448 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge fram en egen stortingsmelding om en styrket kulturskole for framtiden.»

Vedtaket er omtala i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen viser til vedtaket hvor regjeringen ble bedt om å fremlegge en egen melding om en styrket kulturskole. Komiteen avventer meldingen før vedtaket kan kvitteres ut.»

Departementet har etter ei grundig vurdering bestemt at det er mest hensiktsmessig at kulturskule inngår som tema i den komande meldinga om barne- og ungdomskultur. Meldinga har som mål å sjå dei ulike verkemidla innanfor feltet barne- og ungdomskultur i samanheng, for i enda større grad å kome barn og unge til gode. Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet samarbeider om meldinga.

Vedtak nr. 900, 13. juni 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i samråd med sektoren se til at alle skoler skal ha tilgang på lærere med fordypning innen spesialpedagogikk.»

Regjeringa vil følge opp vedtak nr. 900, 13. juni 2017 i den komande meldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap som blir lagd fram for Stortinget hausten 2019, og vil kome tilbake med omtale i Prop. 1 S for 2021.

Vedtak nr. 901, 13. juni 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen sikre at alle elever med behov for spesialundervisning får rett til opplæring av fagpersoner med godkjent relevant utdanning.»

Departementet vil følge opp vedtak nr. 901, 13. juni 2017 i den komande meldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap som blir lagd fram for Stortinget hausten 2019, og vil kome tilbake med omtale i Prop. 1 S for 2021.

Vedtak nr. 903, 13. juni 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for at alle elever med behov for spesialundervisning får opplæring av fagpersoner med pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetanse.»

Departementet vil følge opp vedtak nr. 903, 13. juni 2017 i den komande meldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap som blir lagd fram for Stortinget hausten 2019, og vil kome tilbake med omtale i Prop. 1 S for 2021.

Vedtak frå 2015–2016-sesjonen

Vedtak nr. 439, pkt. 10, 12. januar 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 439, vedtakspunkt 10, 12. januar 2016, jf. Dokument 8:37 S (2015–2016) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Trond Helleland, Harald T. Nesvik, Knut Arild Hareide, Marit Arnstad og Trine Skei Grande om et felles løft for god integrering:

«Stortinget ber regjeringen om å vurdere å øke karenstiden for mulighet til å fremme søknad om statsborgerskap ved straffbare handlinger.»

Regjeringa hadde i 2017 ute på høyring forslag om auka karenstid for statsborgarskap ved straffbare handlingar. Oppmodingsvedtaket er under behandling. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på høveleg måte.

Vedtak nr. 480, 11. februar 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:146 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anne Tingelstad Wøien, Torgeir Knag Fylkesnes og Jenny Klinge om å lovfeste elevenes rett til leirskoleopplæring i løpet av grunnskolen, jf. Innst. 155 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide tiltak for å hjelpe skolene med å sikre minoritetselevers deltakelse på overnattingsturer i skolens regi.»

Vedtaket er omtala i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen viser til at vedtaket gjelder tiltak for å hjelpe minoritetselevers deltakelse på overnattingsturer. Komiteen forutsetter at regjeringen kommer tilbake til Stortinget med forslag til konkrete tiltak før vedtaket kvitteres ut.»

Utdanningsdirektoratet har som oppfølging av oppdrag i tildelingsbrevet for 2018 innhenta kunnskap om utfordringsbildet når det gjeld deltakinga til minoritetsspråklege elevar på overnattingsturar i regi av skulen. Deltaking på overnattingsturar er ei utfordring som gjeld fleire elevgrupper enn minoritetsspråklege. Støttemateriell til skulane må derfor bidra til å sikre deltaking for alle elevgrupper. Utdanningsdirektoratet vil derfor ta inn råd om denne tematikken i generelle rettleiingar om skule–heim-samarbeid. Dette generelle støttemateriellet vil bli gjort meir tilgjengeleg for minoritetsspråklege foreldre, mellom anna gjennom omsetjing til fleire språk.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 505, 1. mars 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 505, 1. mars 2016, gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:142 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Truls Wickholm, Åsmund Aukrust, Marit Nybakk, Marianne Aasen, Eirik Sivertsen og Stine Renate Håheim om et identitetsavklaringsprogram for irakere i Norge, jf. Innst. 157 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om et tidsavgrenset identitetsavklaringsprogram for irakiske statsborgere som har fått avslag på søknad om norsk statsborgerskap på grunnlag av manglende dokumentert identitet. Forslaget omfatter de saker hvor UDI ikke har lagt identitet til grunn som dokumentert, men likevel innvilget oppholdstillatelse.»

Departementet har arbeidd med fleire moglege løysingar på Stortingets vedtak. Det har vore utfordrande å finne verifiseringsløysingar som ikkje senkar kravet til klarlagd identitet i statsborgarlova, og som har kapasitet til å verifisere eit større omfang saker. Hausten 2017 og våren 2018 gjennomførte Utlendingsdirektoratet (UDI) i samarbeid med Politiets utlendingseining (PU) på oppdrag frå departementet eit vellykka pilotprosjekt. Verifiseringa blei effektivt gjennomført og heldt den kvaliteten som UDI krev for å kunna legge verifiseringane til grunn for vurderinga si av om ein identitet er klarlagd, jf. statsborgarlova § 7 første ledd bokstav a. På denne bakgrunnen bad departementet UDI om å setje i verk eit tidsavgrensa identitetsavklaringsprogram for irakarar som er omfatta av Stortingets vedtak 505 frå 1. mai 2019 (F-03–19 Igangsettelse av eit tidsavgrenset identitetsavklaringsprogram for irakiske statsborgere – instruks om skjønnsutøving og prioritering av saker).

ID-avklaringsprogrammet omfattar personar som har fått innvilga opphaldsløyve eller fornya eit opphaldsløyve innan 31. desember 2010, sjølv om utlendingsmyndigheitene var kjende med at det var tvil om identiteten. Programmet omfattar ikkje personar som har gitt uriktige opplysningar om nasjonaliteten sin. Norske styresmakter gjer ikkje verifisering i tilfelle der det kan medføre risiko for han det gjeld. Personar som har løyve i Noreg på bakgrunn av behov for vern, er derfor ikkje omfatta av programmet.

Det er ein føresetnad at ein kjem frå det kurdiske sjølvstyreområdet eller Kirkuk, og er folkeregistrert hos dei kurdiske sjølvstyrestyresmaktene (KRG). Irakarar som opphavleg er frå ein by utanfor det kurdiske sjølvstyreområdet, men er folkeregistrerte i KRG, er også omfatta. Både irakarar som tidlegare har fått avslag på søknad om statsborgarskap, og irakarar som enno ikkje har søkt om statsborgarskap, er omfatta av programmet. Programmet er tidsavgrensa, og søknad om å få delta må fremjast innan 31. desember 2019. UDI kan vurdere å forlenge fristen ved behov.

I samsvar med dei føringane Stortinget har gitt for deltaking i identitetsavklaringsprogrammet, jf. Innst. 157 S (2015–2016), får irakarar som er omfatta av programmet og får verifisert identiteten sin som riktig, godskrive butid som er opparbeidd på uriktig identitet. Dette inneber at det ikkje skal fattast vedtak om tilbakekall av opphaldsløyve eller utvising åleine på grunn av at det er framlagt uriktige opplysningar om identitet i desse tilfella, jf. instruksen til Justis- og beredskapsdepartementet GI-01/2019 Tidsavgrenset identitetsavklaringsprogram for irakiske statsborgere – praktisering av utlendingsloven § 63 (tilbakekall) og § 66 (utvisning).

I retningslinje av 1.12.2008 (RA 05–370) uttalar Riksadvokaten på generelt grunnlag at det bør reagerast med straff, i tillegg til ein forvaltningsmessig reaksjon, når utlendingar nyttar uriktig identitet eller falske reisedokument. Det er opp til riksadvokaten og påtalemakta å vurdere om personar som eventuelt har gjort seg skuldige i straffbare handlingar, skal straffeforfølgast. Riksadvokaten har likevel i brev av 21. mars 2019 til statsadvokatane og politimeistrane i landet pålagt påtalemakta å vurdere om dei skal la vere å straffeforfølge deltakarar i programmet i medhald av straffeprosesslova § 62a anna ledd for eventuelle brot av straffelova §§ 361, 362, 363 og 365.

Søkarar som ikkje fyller resten av vilkåra for statsborgarskap etter verifisering, vil få avslag på søknaden om statsborgarskap. Ei positiv verifisering vil uavhengig av utfallet av søknaden om norsk statsborgarskap innebere at identiteten til søkaren er å anse som klarlagd, jf. statsborgarlova § 7 første ledd bokstav a.

Departementet meiner at vedtak nr. 505, 1. mars 2016 er kvittert ut.

Vedtak nr. 788, 7. juni 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.), jf. Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at kommunenes tilsynsansvar evalueres i løpet av en toårsperiode, for å sikre at det fortsatt er en positiv utvikling. Videre forutsettes resultatet fremlagt for Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket er omtala i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og Stortinget seier dette i Innst. 291 S (2018–2019):

«Komiteen viser til vedtakets ordlyd hvoretter resultatene av en evaluering skulle fremlegges for Stortinget på egnet måte, men har ikke funnet belegg for at det har skjedd. Komiteen avventer ytterligere dokumentasjon før vedtaket kan kvitteres ut.»

Tilsyn er kontroll med at barnehagane følger regelverket, og er eit viktig verkemiddel for å gi alle barn eit barnehagetilbod i tråd med lova. Hausten 2018 leverte Utdanningsdirektoratet ein rapport til Kunnskapsdepartementet med ei vurdering av tilsynsansvaret til kommunane og bruken av heimelen for fylkesmannen til å føre tilsyn med einskildbarnehagar. Av rapporten går det fram at dei fleste kommunane har fått auka kompetanse om regelverket gjennom tilsyn og rettleiing frå fylkesmannen og andre initiativ. Rapporten avdekte samtidig at det er variasjonar mellom kommunar. Det er særleg i samband med bruken av risikovurdering som grunnlag for tilsyn at nokre kommunar har utfordringar. Det vil seie at dei ikkje bruker den informasjonen dei har om barnehagane, til å gjere risikovurderingar. Det kjem òg fram at dei ikkje i god nok grad vurderer behovet for å bruke rettleiing og tilsyn som verkemiddel for å følge regelverket.

Heimelen som gir fylkesmannen høve til å føre tilsyn med einskildbarnehagar i særlege tilfelle, tredde i kraft 1. august 2016. I rapporten frå direktoratet går det fram at fylkesmannen gjennomførte fire tilsyn i perioden frå lova tredde i kraft, og fram til 15. mai 2018, medan to tilsyn blei starta opp. Tema for tilsyna spenner relativt vidt: til rettelegging for barn som treng ekstra stønad, sikring av eit trygt og godt barnehagemiljø, medverking for barn og foreldre, bemanning og pedagogisk rettleiing og bruk av offentlege tilskot og foreldrebetaling. Det kjem òg fram at fylkesmannen vurderte å føre tilsyn direkte i 59 tilfelle, men av ulike årsaker ikkje starta. I 35 av tilfella blei det vurdert at barnehagestyresmakta hadde følgt opp saka godt nok, I ti av sakene blei det funne ei anna løysing, og i 14 av sakene var det framleis aktuelt for fylkesmannen å føre tilsyn. Av dei 59 sakene gjaldt 44 saker innhaldet i barnehagen, miljø og samarbeid. Dei andre sakene gjaldt andre forhold, til dømes fysiske forhold i barnehagen. I årsrapporteringa for 2018 melder fylkesmennene at dei gjennomførte tre tilsyn direkte med barnehagar. Dette talet inkluderer ikkje tilsyn som er starta, men der mellombels rapport ikkje er send ut. I eit av dei tre tilsyna blei det ikkje funne brot på regelverket. I rapporten som er omtala over, skriv direktoratet at det låge talet betyr at fylkesmannen tek på alvor at heimelen berre skal bli brukt i særlege tilfelle. Direktoratet viser til at effekten av heimelen ikkje kan bli målt åleine gjennom talet på dei tilsyna som er gjennomførte. Direktoratet vurderer at heimelen gir høve til ekstra rettleiing og oppfølging av barnehagestyresmaktene som fører til at saker kan bli løyste utan at fylkesmannen opnar tilsyn. Direktoratet vurderer at heimelen har medverka til å styrke rettstryggleiken for barnehagebarn og foreldra deira. Heimelen fungerer også som eit kompetansehevande tiltak for barnehagestyresmakten.

Kunnskapsdepartementet sende våren 2019 ut på høyring eit forslag om å flytte ansvaret for det økonomiske tilsynet med private barnehagar frå kommunen til nasjonalt nivå. Økonomisk tilsyn med private barnehagar er ei særleg spesialisert og kompleks oppgåve. Departementet meiner det ikkje er å vente at alle kommunane i landet har tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til å handtere denne oppgåva. Forslaget inneber at ansvaret for tilsyn med anna regelverk, som ikkje gjeld økonomi, blir i kommunen. Dette er ei oppgåve kommunen framleis skal ha kompetanse til å handtere. Føresegnene om grunnbemanning og pedagogisk bemanning, at barnehagen sitt arbeid er tilstrekkeleg og kvalifisert planlagt, og andre forhold som er konkretiserte i rammeplanen for barnehagar, er sentralt. Tilsyn med kvalitet og innhald i barnehagetilbodet er ei oppgåve som i større grad enn økonomitilsynet krev innsikt i lokale forhold og prioriteringar. Slike tilsyn baserer seg i større grad på stadlege tilsyn og kjennskap til den aktuelle barnehagen det blir ført tilsyn med, og kan derfor best utførast av den einskilde kommunen.

Det er gjennomført fleire tiltak for å gi kommunen auka kompetanse til å føre tilsyn med kvalitet. Utdanningsdirektoratet har hatt ei eiga satsing der temaet for tilsynet til fylkesmennene med kommunen som barnehagestyresmakt har vore kommunen sine risikovurderingar, rettleiing og tilsyn etter barnehagelova §§ 8 og 16. Direktoratet har lagt til rette for at kommunane på eige initiativ kan ta i bruk rettleiingsmateriale om temaet gjennom eit elektroniske verktøy og ein rettleiar på nettsidene til direktoratet. Rolla til barnehagestyresmaktene og oppgåva med å gjere risikovurderingar, gi rettleiing og å føre tilsyn har vore tema på samlingar som fylkesmennene har gjennomført for nesten alle kommunar i landet. Departementet har merka seg at Utdanningsdirektoratet vurderer at det har vore ei positiv utvikling når det gjeld tilsynskompetanse i kommunane, sjølv om det framleis er utfordringar. Departementet har òg merka seg at direktoratet vurderer at fylkesmannen sitt høve til å føre tilsyn med einskildbarnehagar i særlege tilfelle ser ut til å fungere etter intensjonen, og at heimelen har ført til større rettstryggleik for barnhagebarn og foreldra deira.

Departementet meiner at vedtak nr. 788, 7. juni 2016, med dette er utkvittert. Sjå også omtalen av vedtak nr. 805, 31. mai 2018.

Vedtak nr. 789, 7. juni 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.), jf. Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til ny § 2 første ledd i barnehageloven som ivaretar et eventuelt behov for lovhjemling av barnehagens behandling av personopplysninger, men som på ingen måte legger til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

Den nye personopplysningslova, som gjennomfører forordning (EU) nr. 2016/679 (generell personvernforordning) i Noreg, tredde i kraft 20. juli 2018. Departementet er i gang med det oppfølgande lovarbeidet, og vil i det vidare arbeidet vurdere korleis reglane for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysningar om barn i barnehagar bør vere for å vareta både personvernet til barnet og kravet om at barnehagen skal gi eit tilrettelagt barnehagetilbod for det einskilde barnet. Etter planen skal eventuelle forslag til lovendringar sendast ut på alminneleg høyring i løpet av våren 2020.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 789, 7. juni 2016 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 791, 7. juni 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.), jf. Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak som klargjør hjemmelsgrunnlaget for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysninger. Det understrekes at det ikke skal legges til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

Den nye personopplysningslova, som gjennomfører forordning (EU) nr. 2016/679 (generell personvernforordning) i Noreg, tredde i kraft 20. juli 2018. Departementet er i gang med det oppfølgande lovarbeidet, og vil i det vidare arbeidet vurdere korleis reglane for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysningar om barn i barnehagar bør vere for å vareta både personvernet til barnet og kravet om at barnehagen skal gi eit tilrettelagt barnehagetilbod for det einskilde barnet. Etter planen skal eventuelle forslag til lovendringar sendast ut på alminneleg høyring i løpet av våren 2020.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 791, 7. juni 2016 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 792, 7. juni 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om egen lovhjemmel om et trygt omsorgs- og læringsmiljø, jf. opplæringsloven § 9a.»

Departementet har sett i gang eit eige lovarbeid om psykososialt barnehagemiljø og har sendt eit forslag til endringar i barnehageloven ut på høyring i august 2019. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med ein lovproposisjon våren 2020.

Vedtak nr. 796, 7. juni 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.»

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2018–2019) om den delen av vedtaket som gjeld norsk språk, og at denne delen er kvittert ut gjennom ei lovendring som tredde i kraft 1. august 2018, jf. barnehagelova § 18a. Når det gjeld den delen av vedtaket som gjeld samisk språk, heng dette saman med oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk. Departementet er i gang med oppfølginga av utgreiinga, og vil som ein del av dette arbeidet også vurdere spørsmålet om samiskspråkleg kompetanse i samiske barnehagar.

Regjeringa er oppteken av eit godt opplæringstilbod for samiske barn og unge. Kommunal- og moderniseringsdepartementet la 21. juni 2019 fram Meld. St. 31 (2018–2019) Samisk språk, kultur og samfunnsliv. I meldinga peikar regjeringa på at mangelen på samiskspråklege tilsette er den største utfordringa for å styrke og utvikle samisk språk og identitet i barnehage og skule. Auka rekruttering til arbeid i barnehage og skule er viktig for å sikre at samiske barn og unge får rettene sine varetekne. Dette er eit langsiktig arbeid som òg heng saman med det generelle rekrutteringsarbeidet for å få oppfylt pedagognorma og bemanningsnorma i barnehagane. Arbeidet krev samarbeid mellom fleire partar, og departementet legg opp til ein god prosess med Sametinget og andre aktørar. Løyvinga til Sametinget blei auka med 5 mill. kroner frå 2017 for å styrke kvaliteten i barnehagen. Det er også viktig at kommunane blir flinkare til å rekruttere fleire tilsette med relevant kompetanse i barnehagane. Samisk høgskole har fått midlar øyremerkt for rekruttering til samisk utdanning, men det er ikkje nok kvalifiserte søkarar til å fylle alle ledige plassar. Som eit tiltak for å få fleire samiske studentar på barnehagelærarutdanninga (BLU), får kandidatar som har teke minst 60 studiepoeng i samisk språk i tillegg til BLU, sletta 50 000 kroner av studielånet sitt. Nord universitet planlegg å starte ei arbeidsplassbasert sør- og lulesamisk barnehagelærarutdanning frå 2020.

Departementet vil kome tilbake til den delen av vedtaket som gjeld samisk språk, overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 800, 7. juni 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sikre tiltak som kan rekruttere flere menn til å arbeide i barnehagesektoren.»

I Granavolden-plattforma seier regjeringa at ho vil styrke rekrutteringa av menn til barnehagane og at ho vil fremje ein strategi for å bidra til ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad. Kunnskapsdepartementet har bestilt rapporten Rekruttering av menn i grunnskolelærerutdanning frå Senter for profesjonsstudier ved OsloMet – storbyuniversitetet. Rapporten blir etter planen publisert hausten 2019, og omfattar mellom anna svar frå spørjeundersøkingar retta mot både mannlege lærarstudentar og elevar i siste året på vidaregåande skule. Resultata er interessante for å få fram kva som ligg til grunn for at unge menn i dag ikkje tek ei lærarutdanning. Det seier òg noko om korleis og kva tid ein kan setje inn tiltak for at fleire menn skal finne det attraktivt å vere lærar for dei yngste barna. Kunnskapsdepartementet skal følge opp rapporten, noko som vil ha relevans også for vurdering av tiltak for å auke rekrutteringa av menn til barnehagelærarutdanninga.

Viktige funn er følgande:

  • Studentane knyter negative opplevingar til det å høyre til det underrepresenterte kjønnet i utdanninga, men fagleg og sosial integrering ser ut til å motverke fråfall i studietida. Praksis kan motivere til å utjamne kjønnsforskjellane, og mannlege studentar har ofte erfaring med å arbeide med barn frå tidlegare.

  • Elevar i vidaregåande skule oppgir altruistisk (indre) motivasjon som ein viktig motivasjonsfaktor for læraryrket for både jenter og gutar. Låg lønn er ei viktig årsak til at gutar ikkje vil bli lærar.

  • Funna tyder på ein samanheng mellom det at gutar har erfaring med å jobbe med barn, og tendensen til å velje lærarutdanning. Derfor er prosjektet «Leikeressurs», som ein del kommunar har praktisert, særleg interessant. Der har gutar i ungdomsskulen fått tilbod om ekstrajobb i barnehage. Siktemålet er at dei skal få erfaring som kan motivere dei til å velje å arbeide med barn seinare, og dermed auke sjansen for at dei tek ei lærarutdanning.

Tiltaket «Leikeressurs» er òg omtala i strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022. Det er barnehageeigarane som har ansvaret for og moglegheita til å vareta likestillingsperspektivet i rekrutteringa av tilsette i barnehagane, noko som blir understreka i strategien. Østlandsforskning, Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning og Likestillingssenteret har saman publisert Ressurshefte for å rekruttere og beholde menn i barnehagen. «Leikeressurs» som tiltak, som er tilgjengeleg for alle barnehagar på nettet.

Kunnskapsdepartementet er i dialog med Kulturdepartementet om tiltak for likestilte utdanningsval, der også tiltak retta mot barnehagelærarutdanninga inngår. Kulturdepartementet via Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har utlyst prosjektet Utredning om rekruttering av menn til helse- og omsorgssektoren, med frist 23. august 2019. Størrelsen på utlysinga er 1 mill. kroner, og tidsramma er sju månader. Formålet med oppdraget er å gjennomføre ei utgreiing om korleis ein kan auke andelen menn i helse- og omsorgssektoren og få meir kunnskap om kva som påverkar menns haldningar til å gå inn i kvinnedominerte yrke. Dette er relevant også for barnehagelærarutdanninga, og Kunnskapsdepartementet vil følge med på prosjektet.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 853, 10. juni 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 90 L (2015–2016) Endringer i utlendingsloven mv. (innstramninger II) og Innst. 391 L (2015–2016).

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med ytterligere forslag om tiltak mot tvangsekteskap etter at saken er utfyllende belyst faglig gjennom faktisk dokumentasjon og forskning.»

Regjeringa har bidrege til meir dokumentasjon og forsking gjennom tiltak i handlingsplanen Retten til å bestemme over eget liv – handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og negativ sosial kontroll 2017–2020. Norsk kompetansesenter for vold og traumatisk stress (NKVTS) og Velferdsforskningsinstituttet NOVA har fått 6 mill. kroner årleg i perioden 2017–19 over kap. 291, post 21 til forsking om tema i handlingsplanen. Departementet fremja i Prop. 1 S (2018–19) forslag for Stortinget om tiltak for å styrke det førebyggande arbeidet mot tvangsekteskap, mellom anna ved å auka talet på minoritetsrådgivarar i skulen og å auka tilskot til haldningsskapande og førebyggande arbeid i regi av organisasjonar.

Med verking frå 1. november 2018 er utlendingslova § 53 endra, slik at mishandling frå andre medlemmar i husstanden enn samlivspartnaren, og frå svigerfamilie som ikkje er del av husstanden, også kan gi grunnlag for opphald på sjølvstendig grunnlag.

Departementet legg til grunn at vedtaket er kvittert ut.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Vedtak frå 2018–2019-sesjonen

Vedtak nr. 70, 3. desember 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 2 S (2018–2019):

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2020 gi en helhetlig vurdering av støtteordningene for studenter med barn, herunder vurdere forholdet til tilgrensende ordninger som foreldrepenger.»

Støtteordningane i Lånekassen inneheld fleire element som skal gi studentforeldre gode vilkår for å kunne gjennomføre utdanning. Mellom anna får dei som forsørger barn under 16 år, eit tillegg i livsopphaldsstøtta på 1 717 kroner per månad per barn (ved fleire enn to barn er satsen 1 118 kroner per månad for barn nr. 3, etc.). Denne tilleggsstøtta blir gitt som stipend, men stipendet er behovsprøvd og kan i ettertid bli omgjort til lån dersom inntekta eller formuen er over visse grenser.

Dersom barn under tolv år blir langvarig sjuke, kan studentforeldre òg ha rett til å få heile støttebeløpet for ein periode på opptil fire og ein halv månad omgjort til stipend.

Når det gjeld nybakte studentforeldre, finst det ei foreldrestipendordning som på sett og vis speglar foreldrepengeordninga i NAV. Ordninga inneber at mor vil få heile støtta som stipend i ein periode på inntil 49 veker. For far er perioden maksimum 40 veker. Foreldra kan ikkje få foreldrestipend samtidig. Det er ingen krav om studieprogresjon i foreldrestipendperioden sidan meininga er at ein skal kunne bruke all disponibel tid på å vere saman med barnet, og foreldrestipendet blir ikkje behovsprøvd. Stipendet blir likevel til ein viss grad samordna med foreldrepengar, då regelverket seier at ein ikkje kan få foreldrestipend dersom den andre forelderen samtidig får full foreldrepengeyting frå NAV.

Nybakte studentforeldre er også unnatekne frå dei ordinære reglane om total støttetidsramme og stans i støtte ved monaleg forseinking i studieprogresjonen.

Departementet meiner at dei eksisterande ordningane for studentar med barn jamt over er gode. Det kan likevel hende at personar i denne gruppa i ein del høve kan ha behov for livsopphaldsfinansiering utover det som blir tilbydd i dag, og departementet foreslår derfor å gi tilbod om tilleggslån til studentar og elevar over 18 år som forsørger barn under 16 år, frå undervisningsåret 2020–21. Sjå under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte for meir om dette.

Departementet ser også at personar som får barn kort tid etter at dei har fullført ei utdanning, kan kome uheldig ut slik regelverket er innretta i dag. I nokre tilfelle vil desse verken ha rett til foreldrestipend frå Lånekassen eller ha rokke å tene opp rett til foreldrepengar frå NAV. På denne bakgrunnen foreslår departementet å utvide foreldrestipendordninga, slik at personar som får barn opptil sju månader etter at dei har avlagd ein grad i høgare utdanning eller fagskuleutdanning, får rett til dette stipendet frå undervisningsåret 2020–21. Sjå under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte for meir om dette.

Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 198, 12. desember 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 12 S (2018–2019):

«Stortinget ber regjeringen, på bakgrunn av gjennomførte evalueringer og i forbindelse med den varslede stortingsmeldingen om internasjonal studentmobilitet, komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan studiemulighetene i Norge kan forbedres for studenter fra det globale sør gjennom en styrking av NORPART-programmet.»

Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART) skal støtte samarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i sør, og studentmobilitet skal vere eit element i programmet. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning forvaltar ordninga. NORPART er foreslått styrkt frå 40,3 til 54,7 mill. kroner i 2020 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Programmet blir i tillegg foreslått utvida ytterlegare med 15 mill. kroner over budsjettet til Utanriksdepartementet. Som ledd i styrkinga av NORPART foreslår regjeringa at programmet innanfor visse rammer kan dekke heil grad i Noreg for studentar frå det globale sør. Programmet skal samstundes jobbe for å sikre at studentane drar tilbake til heimlandet etter studiane i Noreg.

Kunnskapsdepartementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 199, 12. desember 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 12 S (2018–2019):

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med fordeling av midler til regionale forskningsfond i statsbudsjettet for 2019 legge til grunn samme antall fylker som ved forrige tildeling, slik at Trøndelag ikke kommer uforholdsmessig skjevt ut.»

I tildelinga av midlar til dei regionale forskingsfonda for 2019 har Kunnskapsdepartementet lagt til grunn det same talet på fylke per fondsregion som ved sist tildeling. Fondsregion Midt-Noreg (Trøndelag og Møre og Romsdal) blei såleis tildelt 4 mill. kroner meir enn departementet foreslo i Prop. 1 S (2018–2019). Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Tabell 3.2 Fordeling av midlane til regionale forskingsfond i statsbudsjettet for 2019 i tilskotsbrev av 18. januar 2019

(i 1 000 kr)

Fondsregion

Beløp

Nord-Noreg

30 895

Midt-Noreg

25 671

Innlandet

15 521

Hovudstaden

30 326

Oslofjordfondet

34 757

Agder

14 156

Vestlandet

31 929

Totalt

183 255

Vedtak frå 2017–2018-sesjonen

Vedtak nr. 379, 19. desember 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 12 S (2017–2018) og Innst. 291 S (2018–2019):

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for en masterutdanning innen luftfart ved neste prioritering av studieplasser innen universitets- og høyskolesektoren.»

I 2014 utarbeidde ei arbeidsgruppe ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) med deltakarar frå hovudaktørane i norsk luftfart ein kravspesifikasjon til eit mastergradsprogram i luftfartsvitskap. I 2016 starta UiT opp eit tilbod med emne i luftfart på masternivå for 20 studentar, over to år. UiT har til budsjetta for 2018, 2019 og 2020 foreslått finansiering av 20 plassar i masterutdanning i luftfart i kategori A som eitt av fleire forslag om auka løyving. Viss ein legg til grunn årleg opptak til 20 plassar i kategori A, er provenyverknaden 2,8 mill. kroner i 2020 og 18,8 mill. kroner i 2024 når plassane er trappa opp med løpande opptak av nye kull. Tala inkluderer stipend og rentestøtte frå Lånekassen.

I eit innspel frå NHO Luftfart til utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget i 2016 peikar dei på at det er etablert ei pilotutdanning på bachelornivå med gode kandidatar som er etterspurde i arbeidsmarknaden. Vidare peikar dei på at det er viktig å vidareutvikle eit sterkt kompetansemiljø ved UiT og forsterke fagmiljøet, og dermed òg bidra til å styrke norsk luftfart si konkurransekraft. I innspelet heiter det at utdanninga vil bli eit unikt tilbod i Noreg og Norden. I 2017 uttala Nord-Troms regionråd mellom anna at luftfart er ei av dei viktigaste transportformene i nordområda, og at han skal vere verdsleiande på å operere i arktiske strøk. Regionrådet peika på at dei var opptekne av å styrke den nasjonale kompetansen som er unik for nordområda, samstundes som etablering av eit slikt masterstudium ville styrke Bardufoss som eit senter for flykompetanse og tekniske flyfag.

For å vurdere det nasjonale behovet for ei masterutdanning innanfor luftfart har Kunnskapsdepartementet kontakta Samferdselsdepartementet. Samferdselsdepartementet opplyser at dei ikkje har fått innspel eller signal frå bransjen om at det er eit stort nasjonalt behov for eit mastergradstilbod. Luftfartstilsynet har heller ikkje registrert nokre innspel om at eit slikt tilbod burde opprettast.

Kunnskapsdepartementet viser til at universiteta og høgskulane har ansvar for å følge opp dei nasjonale sektormåla, der eitt av måla er god tilgang til utdanning, og dei skal setje eigne mål for verksemda og sine eigne styringsparametrar for måloppnåinga si. Institusjonane har i tråd med dette eit ansvar for å dimensjonere studietilboda sine innanfor gjeldande rammeløyvingar. Regjeringa vil i den samanhengen peike på at ein institusjon kan opprette ei masterutdanning innanfor luftfart innanfor den gjeldande ramma si. Institusjonane kan òg søke om bidragsfinansiering frå næringsliv eller andre kjelder. Eventuell auka tildeling for å finansiere slike studieplassar må vurderast i framtidige statsbudsjett. Departementet meiner vedtaket er følgt opp.

Vedtak nr. 381, 19. desember 2017

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 12 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen evaluere konsekvensene av utfasingen av kvoteordningen for utenlandsstudenter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte i løpet av 2018.»

I Prop. 1 S (2018–2019) for Kunnskapsdepartementet samanfatta departementet resultata av ei evaluering gjennomført av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) i samarbeid med analysebyrået Ideas2evidence. Evalueringsrapporten blei publisert av Diku i oktober 2018 (Evaluering av avviklingen av Kvoteordningen, Diku rapportserie 02/2018). Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp. Saka blir behandla vidare i samband med vedtak nr. 198, 12. desember 2018. Sjå omtale av dette vedtaket for forslag om styrking av NORPART-programmet i 2020.

Vedtak nr. 520, 1. mars 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:48 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Jette F. Christensen, Torstein Tvedt Solberg og Nina Sandberg om studentombud, jf. Innst. 122 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag til lovendring som pålegger alle høyere utdanningsinstitusjoner å etablere et studentombud, enten alene eller i samarbeid med andre institusjoner.»

Stortinget vedtok i 2019 endringar i fagskulelova og universitets- og høgskulelova som pålegg styra ved institusjonane å sørge for at alle studentane har tilgang til eit studentombod, jf. Innst. 299 L (2018–2019) og Prop. 89 L (2018–2019). Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 553, 20. mars 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:95 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Leif Audun Sande, Torstein Tvedt Solberg og Nina Sandberg om å innføre den praktiske skolesekken for elever i barne- og ungdomsskolene, jf. Innst. 179 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sikre at bachelor i praktiske og estetiske fag (180 studiepoeng) kvalifiserer for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).»

Departementet følgte opp oppmodingsvedtaket gjennom endringar i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) hausten 2019. Etter dette kan søkarar med bachelor i praktiske og estetiske fag, og karakter C ifrå bachelorgraden, bli tekne opp til PPU inntil 2025. Søkarar med bachelor i utøvande og skapande kunstfag har kunna bli tekne opp til PPU sidan forskrifta om rammeplan for PPU blei fastsett i 2015 med krav om mastergrad for opptak.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen viser i Innst. 291 S (2018–2019) til at medlemmane i utdannings- og forskingskomiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at vedtaket ikkje er følgt opp, sidan kandidatar med bachelor i praktiske og estetiske fag utanom dei utøvande og skapande kunstfaga berre kan bli tekne opp til PPU inntil 2025. Dei kunne ikkje sjå faglege grunnar til at unntaket for utøvande og skapande kunstfag ikkje skulle gjelde tilsvarande for kandidatar med bachelor i praktiske og estetiske fag.

Unntaket frå kravet om mastergrad for opptak til PPU er retta mot dei som vil ha ein karriere som utøvande eller skapande kunstnarar, og samstundes arbeide med til dømes instrumentopplæring for barn i kulturskulen, eller som lærar i grunnopplæringa. Dette krev tung kompetanse som utøvar, og PPU. Dei same omsyna gjeld ikkje generelt for lærarar i praktiske og estetiske fag som ikkje kombinerer læraryrket med ein utøvande karriere i same grad.

I høyringa til forskriftsendringa uttala fleire instansar at det i utgangspunktet måtte vere same krav for å undervise i praktiske og estetiske fag som i andre fag. Det blei uttrykt skepsis til å formalisere A- og B-lag blant lærarar, med forskjellar i formell kompetanse og lønn, og det blei presisert at behovet for høg kompetanse for lærarar i praktiske og estetiske fag er like stort som i andre fag. Etter tidlegare høyringar har eit unntak frå masterkravet for kandidatar med bachelorgrad i idrettsfag blitt fjerna etter råd frå fagmiljøa, av nettopp desse grunnane. Samtidig uttala fleire instansar i høyringa at ein kunne vere tent med eit unntak frå kravet om mastergrad i ein overgangsperiode for kandidatar med bachelor i praktiske og estetiske fag.

Med det mellombelse unntaket til 2025 vil det kunne bli utdanna mange lærarar i desse faga. Søkarar som enno ikkje har mastergrad, har tid til å ta dette før unntaket frå opptakskravet går ut i 2025. Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 887, 11. juni 2018

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:196 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Knut Arild Hareide og Steinar Reiten om å gi bibelskoleelever to tilleggspoeng, jf. Innst. 387 S (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dagens regelverk for rangering av søkere til høyere utdanning, inkludert utdanning som i dag ikke gir poeng, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av regelverket for rangering, inkludert alle kvotar og tilleggspoeng i systemet for opptak. Som eit ledd i gjennomgangen har departementet gitt Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i oppdrag å evaluere rangeringsregelverket. Evalueringa skal vere ferdig i starten av 2020. Eventuelle endringar i regelverket vil tidlegast bli fastsette i forskrift hausten 2020 og kan såleis tidlegast få effekt for opptaket til studieåret 2021–22. Regjeringa vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2016–2017-sesjonen

Vedtak nr. 108, pkt. 26, 6. desember 2016

Oppmodingsvedtak gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2019, jf. Innst. 2 S (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen fremme en sak om kriteriene for innlemming av nye akkrediterte private høgskoletilbud i de statlige finansieringsordningene.»

Departementet sette ned ei ekspertgruppe med representantar frå universitets- og høgskulesektoren 1. desember 2016. Ekspertgruppa foreslo mellom anna at institusjonsakkreditering skulle vere eit kriterium for å kunne få statstilskot. Departementet sende ut forslag på alminneleg høyring om å gjennomføre endringar i lova om universitet og høgskular i mars 2019. I høyringsforslaget gjekk departementet inn for å lovfeste eit krav om at private høgskular må ha institusjonsakkreditering for å kunne få statstilskot. Sjølv om institusjonsakkreditering vil vere ein føresetnad for å få tilskot, inneber forslaget at tilskot til kvar einskild private høgskule framleis skal vere ei politisk avgjerd. For å halde på mangfaldet og bidra til utvikling i den private delen av universitets- og høgskulesektoren foreslo departementet å lovfeste eit unntak frå hovudregelen om institusjonsakkreditering som kriterium. I forslaget kan private verksemder som har akkrediterte studietilbod, men ikkje institusjonsakkreditering, få statstilskot om det er eit særskilt samfunnsbehov for verksemda. Fristen for høyringa var i juni 2019. Departementet tek sikte på å fremje forslag til lovendringar for Stortinget hausten 2019. Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Til forsida av dokumentet