Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 800–873, 2530 Inntektskapittel: 3821, 3822, 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

4 Nærmare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg lønns- og driftsutgifter til departementet og utgifter til stillingar som departementet finansierer i Europakommisjonen m.v.

Mål

For 2016 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

1. God og effektiv forvalting

1.1: Effektiv organisering og drift av departementet

1.2: Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder

1.3: Kunnskapsbasert forvalting og politikkutforming

Resultatrapport og strategiar

Delmål 1.1: Effektiv organisering og drift av departementet

Resultatrapport 2014/2015

I 2014 blei det innført ei ny organisering av BLD med formål å styrkje kapasitet og kvalitet i departementet og gjere organisasjonen meir robust med betre ressursutnytting og fleksibilitet. I 2014 og 2015 har departementet arbeidd særskilt med å få til meir tverrgåande arbeid og utvikle nye arbeidsformer. Departementet har også gjennomført tiltak for medarbeidarutvikling.

Departementet har i 2014 og 2015 arbeidd systematisk for å betre den interne og eksterne styringa og har i samband med dette gjort endringar og forenklingar i målstrukturen, sjå innleiinga til kvar programkategori.

Målet for beredskapsarbeidet i BLD er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå. BLD har ikkje sektoransvar for samfunnskritisk infrastruktur og har heller ikkje ansvar for objekt det er samfunnskritisk å sikre. BLD har likevel sektoransvar for område der det er viktig vere førebudd på kriser.

Departementet har i 2015 arbeidd systematisk med å utvikle feltet vidare. I denne samanhengen har departementet òg sett i verk tiltak for å lukke avvik som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fann ved tilsyn i 2014.

Strategiar og tiltak for 2016

Departmentet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga.

Departementet skal vere ein tydeleg etatstyrar og ivareta forvaltingsoppgåvene godt.

Som tiltak for å førebu oss på kritiske hendingar i framtida vil BLD også i 2016

  • halde øvingar både i departementet og saman med underliggjande etatar og tilknytte verksemder, for å teste eigen beredskap

  • gå gjennom erfaringar etter øvingane med sikte på læring og forbetring i planverket i eiga og underliggjande verksemder.

BLD har frå og med statsbudsjettet for 2016 utarbeidd ein ny budsjettstruktur. Den nye budsjettstrukturen skal medverke til betre oversikt over verkemidla innan politikkområda. Det er oppretta ein ny programkategori, 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, og nokre nye kapittel og postar. Nokre kapittel og postar har òg fått nye namn. Sjå omtale under det aktuelle kapittelet og posten for ei nærmare forklaring.

Regjeringa vil byggje politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Som i næringslivet er det òg i offentleg forvalting eit potensial for å bli meir effektiv. Regjeringa føreset at alle statlege verksemder gjennomfører årlege tiltak for å auke produktiviteten. For å gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skape handlingsrom for prioriteringar har regjeringa innført ei avbyråkratisering- og effektiviseringsreform. Delar av gevinstane frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane overførast i dei årlege budsjetta til fellesskapet. Denne innhentinga er sett til 0,5 prosent av driftsutgiftene til verksemda. For budsjettområda til BLD inneber dette at budsjettramma blir redusert med om lag 40 mill. kroner.

Delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder

Resultatrapport 2014/2015

Desse verksemdene ligg under BLD per 1. oktober 2015: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, Forbrukarrådet, SIFO, Forbrukarombodet, Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet, Likestillings- og diskrimineringsnemnda og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet. Under presenterer departementet dei viktigaste gjennomførte utviklingsprosjekta og tiltaka i førre periode og dei viktigaste planlagde utviklingsprosjekta og tiltaka i 2016.

Departementet har i 2014 og 2015 arbeidd systematisk for å vidareutvikle styringa av verksemdene våre.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

Busetjing av flyktningar og samarbeid med kommunane har vore dei høgast prioriterte oppgåvene i IMDi i 2014 og 2015. For meir informasjon, sjå resultatrapporteringa under programkategori 11.05, delmål 2.1 og 2.2.

Utviklinga av det nye IKT-systemet har òg vore ei sentral oppgåve for IMDi i 2014 og 2015. Arbeidet med IKT-utviklinga er eit digitaliseringsprogram med ulike delprosjekt. Våren 2015 blei det lansert ein ny versjon av Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) og ei ny løysing for behandling av norsktilskotet. Dette gir kommunane enklare og betre tilgang på kvalitatetssikra informasjon og medverkar til ei meir effektiv samhandling mellom IMDi og kommunane.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Bufdir har frå 2014 rolla som fagdirektorat for både det kommunale og det statlege barnevernet. Bufdir har gjort skiljet mellom direktoratet si faglege rolle og rolla som etatsstyrar av regionane under Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) tydelegare, ved at styringa av regionane skjer frå ei organisatorisk eining som er skild frå fagavdelingane. Den faglege rolla skal medverke til meir einskapleg praksis og gjere kunnskap og råd tilgjengeleg for heile barnevernet. Rolla som fagdirektorat vil bidra til utviklinga av eit kunnskapsbasert barnevern.

Direktoratet har gjennomført store omstillingar i etaten. Frå 2010 til 2014 har Bufetat redusert talet på stillingar med 663 årsverk. Ved behandlinga av Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven vedtok Stortinget at Bufdir skal avgrense oppdraget sitt til å utføre dei oppgåvene barnevernlova legg til Bufetat, og i mindre grad utføre oppgåver som etter lova er kommunale ansvar. I tråd med dette er Bufetat i ferd med å fase ut rettleiingsoppgåver og hjelpetiltak, som er kommunale ansvar. Bufetat har også effektivisert administrative oppgåver ved å samle ein del administrative oppgåver frå regionane og institusjonane under Bufetat i ei eiga eining, Bufetat Senter for administrasjon og utvikling (BSA).

Direktoratet har i 2014 arbeidd med omorganisering av inntaket til statlege barnevernstenester, og i 2015 blei det etablert éi regional inntakseining i kvar region. Formålet med omorganiseringa er mellom anna å betre kvaliteten i plasseringa av barn og unge i barnevernstiltak og å ta betre vare på bistandsplikta.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene heldt i 2014 fram arbeidet med å korte ned på saksbehandlingstida, få meir effektive rutinar og jamne ut forskjellar i saksbehandlingstid mellom fylkesnemndene.

For saker med forhandlingsmøte blei saksbehandlingstida redusert med gjennomsnittleg 12 dagar samanlikna med 2013 – frå 97 til 85 dagar. Talet på saker under behandling blei redusert med 10 prosent i løpet av 2014.

Talet på saker som kjem inn, varierer mykje, både over tid og mellom dei ulike fylkesnemndene. For å jamne ut saksbehandlingstida blei det utveksla ressursar mellom fylkesnemndene, og eksterne ressursar blei henta inn i enkeltsaker. Eit anna tiltak er flytting av oppfølgingsansvar frå éi fylkesnemnd til ei anna fylkesnemnd. Dette medverka til større fleksibilitet og til at fleire saker blei behandla. Det nye saksbehandlingssystemet, ProSak, vil bli implementert i alle nemnder i 2015. Det nye systemet er venta å medverke til meir effektiv intern saksbehandling.

Ei evaluering av fylkesnemndene var ferdig i mai 2015, og Riksrevisjonen gjennomførte ei undersøking av saksbehandlingstida og saksbehandlingspraksisen i fylkesnemndene. Sjå nærmare omtale av evalueringa og forvaltingsrevisjonen under delmål 6.3 Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira.

Gjennomgangen av verkemiddelapparatet på forbrukarområdet

I Prop. 1 S (2014–2015) orienterte BLD om at det, på bakgrunn av mellom anna ein fleirtalsmerknad frå Høgre og Framstegspartiet i familie- og kulturkomiteen hausten 2013, var sett i gang ein gjennomgang av det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet.

Gjennomgangen er gjort i to parallelle prosessar. I den eine prosessen har departementet vurdert verksemda til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO). I den andre prosessen har ein sett ser nærmare på den samansette rolla Forbrukarrådet har som forvaltingsorgan og interessepolitisk aktør, og på forholdet mellom Forbrukarrådet og Forbrukarombodet.

Verksemda til SIFO

Sidan SIFO er eit lite og sektortilknytt institutt med ein relativt avgrensa marknad for oppdragsforsking innanfor sitt kjerneområde, meiner departementet det vil vere krevjande å føre vidare og utvikle verksemda til instituttet på lengre sikt med dagens tilknytingsform og finansieringsmodell. Departementet bad derfor i 2014 styret om ei nærmare vurdering av mellom anna behova for omstilling av kjernekompetansen og forskingsområda, og om eit formalisert samarbeid med andre fagmiljø for å styrkje den forskingsmessige konkurranseevna var mogleg.

Dette førte til sonderingssamtalar mellom styret i SIFO og Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) og deretter ei felles utgreiing av konsekvensane av å leggje SIFO inn under Høgskolen. Forslaget byggjer på same modell som blei nytta da Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) blei innlemma i Høgskolen frå og med 2014.

På grunnlag av denne rapporten, og etter ei føregåande intern behandling ved dei to institusjonane, gjekk styra i SIFO og HiOA i juni 2015 inn for ei verksemdsoverdraging der SIFO blir innlemma i HiOA. Ein føresetnad var at grunnfinansieringa til SIFO på 19,7 mill. kroner av den totale basisløyvinga på 27,7 mill. kroner samtidig blir rammeoverført til Kunnskapsdepartementet sitt kap. 260 Universitet og høgskolar.

Ei av utfordringane til SIFO er at det er eit lite institutt med stor fagleg og tematisk breidd. Som ein del av høgskolen vil forbruksforskinga bli ein del av eit fellesskap med forskarar på tilgrensande fagområde, og av eit større miljø. Dei første erfaringane med overføringa av AFI og NOVA i 2014 indikerer at dette vil gi positive effektar for både den faglege kvaliteten og konkurranseevna innanfor forskingsarenaene.

Departementet legg òg til grunn at ei innlemming av SIFO i høgskolen vil vere i tråd med prinsippa regjeringa har lagt fram for strukturpolitikken i forskingssektoren.

BLD sluttar seg til forslaget frå styret i SIFO, og går inn for at SIFO 1. januar 2016 blir ein del av Senter for velferds- og arbeidslivsforsking ved HiOA, på linje med AFI og NOVA. Departementet meiner dette vil vere ei god løysing for å få til eit godt fagmiljø for forbrukarpolitisk forsking med god kvalitet og høve til vidareutvikling i større fagmiljø. BLD viser her til at det pågår ein parallell prosess med sikte på å innlemme Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) i HiOA.

Den delen av basisløyvinga til SIFO som ikkje blir rammeoverført til HiOA, det vil seie 8 mill. kroner, som dekkjer forvaltingsoppdraget til SIFO, vil bli disponert av departementet til forbrukarpolitisk forsking. BLD legg til grunn at desse midla i nokre år framover vil bli brukte til å føre vidare dei forvaltningsretta aktivitetane som blir flytta til høgskolen.

Rolla til Forbrukarrådet og forholdet mellom Forbrukarrådet og Forbrukarombodet

Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) fekk sommaren 2014 i oppgåve å vurdere verkemiddelapparatet på forbrukarområdet, med særleg vekt på den samansette rolla til Forbrukarrådet og forholdet mellom Forbrukarrådet og Forbrukarombodet. Vurderingsrapporten til Difi Gjennomgang av det statlige forbrukerapparatet (Difi-rapport 2015:4) blei lagt fram i mai 2015 og deretter sendt ut på høyring.

Difi konkluderer i rapporten med at verksemdene kvar for seg oppnår gode resultat. Både Forbrukarrådet og Forbrukarombodet har eit godt omdømme og ein solid posisjon i marknadene. Likevel meiner direktoratet at apparatet samla sett framstår som fragmentert og lite kostnadseffektivt. Difi peiker på fleire utfordringar.

Éi utfordring er knytt til at Forbrukarrådet har forvaltingsoppgåver i samband med klagebehandling og mekling samtidig med at dei driv interessepolitisk påverknadsarbeid. På prinsipielt grunnlag meiner Difi at forvaltingsoppgåvene bør skiljast frå dei interessepolitiske.

Ei anna utfordring er knytt til talet og storleiken på regionkontora til Forbrukarrådet. Mange små einingar fører til at desse er sårbare med omsyn til kompetanse, sjukefråvær mv., samtidig som apparatet er lite kostnadseffektivt. Difi meiner derfor at både organiseringa av arbeidsoppgåver i regionapparatet og talet og storleiken på regionkontora bør vurderast.

Difi er i tvil om «ombod» er eit dekkjande namn for oppgåvene og aktivitetane til Forbrukarombodet, og peiker på at overlappande aktivitetar mellom Forbrukarrådet og Forbrukarombodet medverkar til uklare oppfatningar blant folk flest om dei ulike rollene og oppgåvene til dei to organa.

Svara i høyringsrunden peiker i to ulike retningar. Organisasjonane for næringsdrivande og offentlege verksemder er samde med Difi i at forvaltingsoppgåvene i Forbrukarrådet bør skiljast frå dei interessepolitiske. Fleirtalet av dei ideelle organisasjonane meiner at det interessepolitiske arbeidet til Forbrukarrådet vil bli svekt med eit slikt skilje, og at forbrukarane si stemme i samfunnsdebatten dermed òg vil bli svekt. Mange instansar meiner det er behov for å gjere skiljet mellom Forbrukarrådet og Forbrukarombodet og rollane deira tydelegare.

Verkemiddelapparatet skal gi grunnlag for ein aktiv forbrukarpolitikk og vareta behova til forbrukarane. Elles vil Regjeringa i 2016 arbeide vidare med spørsmåla som Difi-rapporten tek opp, og kome tilbake til Stortinget med saka på eigna måte.

Strategiar og tiltak for 2016

Målet er at departementet skal gi tydelege styringssignal, unngå unødig detaljstyring og at verksemdene skal få det handlingsrommet dei treng i oppgåveløysinga. Dette vil også medverke til meir effektiv drift av dei underliggjande verksemdene.

KMD føreslår i sin budsjettproposisjon å opprette ei eining for inngå og forvalte sentrale rammeavtaler på vegne av statlege forvaltningsorgan. Dette skal gi meir effektive innkjøp i staten. Ordninga vil bli finansiert innanfor dei eksisterande rammene gjennom overføring frå departementa. For BLD inneber dette at budsjettramma blir redusert med 744 000 kroner.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

Det er i dag mange personar i mottak som ventar på ein kommune å busetje seg i, og IMDi vil derfor prioritere arbeidet med busetjing av flyktningar òg i 2016.

IMDi skal leggje til rette for at fleire flyktningar kan finne ein bustad sjølve etter avtale med IMDi og kommunen. IMDi arbeider for å betre resultata i introduksjonsordninga og redusere skilnadane mellom kommunane. I dette arbeidet inngår tiltak for å heve kompetansen i kommunane, tiltak for å utvikle nye metodar i kommunane og tiltak for at kommunane skal lære av kvarandre.

Vidare vil IMDi halde fram arbeidet med utviklinga av eit nytt IKT-system.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Arbeidet med å omstille inntaksfunksjonen og fosterheimstenesta og arbeidet med å effektivisere administrative støttefunksjonar vil halde fram i 2016.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Sentraleininga for fylkesnemndene skal framleis leggje til rette for å få ned saksbehandlingstida, jamne ut forskjellar i saksbehandlingstid og auke produktiviteten i nemndene. Det vil særleg bli lagt vekt på å redusere saksbehandlingstida for dei mest langvarige sakene. Ressursutveksling mellom nemndene blir ført vidare i 2016.

I 2016 skal nemndene starte arbeidet med å utvikle sikker elektronisk meldingsutveksling med domstolar, kommunar, advokatar med fleire. Departementet vil, i samarbeid med Sentraleininga for fylkesnemndene, følgje opp evalueringa av fylkesnemndene og Dokument 3:10 (2014–2015) Riksrevisjonens undersøking av saksbehandlingstid og saksbehandlingspraksis i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker.

Delmål 1.3 Kunnskapsbasert forvalting og politikkutforming

Resultatrapport 2014/2015

Forskingsverksemda til SIFO

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har ei sentral rolle i arbeidet med å få fram, forvalte og formidle kunnskap om tilhøva til forbrukarane. Kunnskapen instituttet bringar fram, skal vere til nytte for både styresmakter, politikarar, næringslivet, ulike organisasjonar og forbrukarane. Instituttet studerte i 2014 ei rekkje ulike tema, frå problemstillingar knytte til hushaldsøkonomi og gjeld og forholdet mellom forbruk og miljø til problemstillingar knytte til forbrukskultur. Til dømes leverte SIFO i 2014 den første rapporten om berekraftsindikatorar etter oppdrag frå BLD. Arbeidet med eit meir utvikla indikatorsett blei starta opp i 2014, og første rapport basert på dette indikatorsettet er lansert i 2015. Det blei òg publisert to rapportar om barn og unge, motar og kroppspress. SIFOs referansebudsjett for forbruksutgifter (tidlegare standardbudsjettet) er ein sentral del av verksemda på forbrukarøkonomifeltet. Referansebudsjettet blir mellom anna nytta ved fastsetjing av bidragssatsar. Instituttet arbeidde i 2014 vidare med å utvikle kvaliteten på og nytteverdien av referansebudsjettet. Forslaget om ein økonomisk minimumsstandard med utgangspunkt i budsjettet medverka òg til at eit arbeid med å utvikle eit forbruksbasert mål på fattigdom med særleg vekt på barnefattigdom blei sett i gang.

SIFO har sidan 2005 gjennomført årlege datainnsamlingar (SIFO-surveyen). Denne surveyen gir eit viktig empirisk bidrag til å følgje utviklinga av sentrale forbrukstema og til å samle inn data om aktuelle forbrukarpolitiske og forskingsrelevante tema. I 2014 blei det på grunnlag av dette materialet mellom anna produsert publikasjonar om forbrukstrendar og den økonomiske situasjonen i hushalda. Dei viktigaste tidsseriane blei presenterte på frukostseminar med deltakarar frå både sentrale politiske miljø, statsforvaltinga, forbrukarsektoren, media og ikkje-statlege organisasjonar og næringar.

Testlaboratoriet til SIFO

Basert på ein evalueringsrapport frå 2011, og etter at forsøk på å overføre testverksemda til eit eksternt miljø i 2013 ikkje førte fram, blei testlaboratoriet til SIFO avvikla i 2014.

Consumer Market Scoreboard

EU-kommisjonen publiserte sommaren 2014 eit nytt Consumer Market Scoreboard om korleis forbrukarane i kvart av dei 28 medlemslanda og Island og Noreg vurderer 52 vare- og tenestemarknader. Undersøkinga blir gjennomført annakvart år, og er ein del av EUs rammeprogram for forbrukarpolitikk, der Noreg er med. Formålet er mellom anna å finne ut kva marknader forbrukarane meiner fungerer dårleg, og som derfor kan krevje nærmare forbrukarpolitisk merksemd. Materialet er viktig som underlag for forbrukarpolitiske tiltak både nasjonalt og internasjonalt. Blant varemarknadene var norske forbrukarar denne gongen minst nøgde med marknadene for bruktbilar og frukt og grønsaker. På tenesteområdet var det investeringsprodukt, tv-kanalpakker og handverkartenester som kom dårlegast ut.

Strategiar og tiltak for 2016

Forskingsverksemda til SIFO

Verksemda til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) blir føreslått overført til Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) 1. januar 2016 (nærmare omtalt under delmål 1.2).

Nærmare om budsjettforslaget

Kap. 800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

166 227

162 556

163 925

21

Spesielle driftsutgifter

10 938

11 917

11 773

Sum kap. 0800

177 165

174 473

175 698

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter i departementet og hospiteringar i andre institusjonar. Posten er redusert med om lag 360 000 kroner til felles IKT-tiltak for departementa, mot ei tilsvarande auke på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 163,9 mill. kroner i 2016.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og utgifter til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen på likestillings-, barne- og ungdomsfeltet. Løyvinga kan òg nyttast til støtte til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

Departementet føreslår å flytte 428 000 kroner til Kommunal- og moderniseringsdepartementet til ei mellombels dekking av ei stilling som nasjonal ekspert.

Departementet føreslår ei løyving på 11,8 mill. kroner i 2016.

Kap. 3800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Tilfeldige inntekter

272

15

Refusjon av arbeidsmarkedstiltak

177

16

Refusjon av foreldrepengar

1 443

18

Refusjon av sykepengar

2 231

Sum kap. 3800

4 123

Programkategori 11.05 Integrering og mangfald

Hovudinnhald og prioriteringar

Hovudmålet for integreringspolitikken er at innvandrarar og barna deira skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet.

Mange flyktningar som har fått opphald, treng hjelp til å finne bustad og etablere seg i ein kommune. Rask etablering i ein kommune er nødvendig for god integrering. IMDi har ansvaret for å finne eigna busetjingskommunar til flyktningar som treng det. Det er likevel kommunane sjølve som avgjer kor mange flyktningar dei vil busetje. Busetjing av flyktningar er derfor ei oppgåve som stat og kommune må løyse i fellesskap. Dagens flyktningsituasjon gjer arbeidet med busetjing av flyktningar meir utfordrande i tida framover, og regjeringa vil følgje situasjonen nøye.

Å stille krav til den enkelte bidreg til integrering, og den enkelte innvandrar har eit sjølvstendig ansvar for å lære seg språket, arbeide og ta del i nærmiljø og lokalsamfunn. Mange innvandrarar treng mellom anna kvalifiseringstiltak, slik at dei kan delta i det norske samfunnet. Introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap er sentrale tiltak for nykomne innvandrarar, slik at dei raskt skal kome over i arbeid eller utdanning. Vidare er det viktig at innvandrarar og flyktningar får godkjent og brukt utdanninga og kompetansen dei har med seg.

Høg sysselsetjing er viktig for samfunnet. Arbeid gir fellesskap, nettverk og økonomisk sjølvstende og er derfor òg viktig for den enkelte. Arbeidslivet må i større grad enn i dag gjere seg nytte av ressursane og kompetansen til innvandrarar som skal bli buande i landet. Særleg må innvandrarkvinner delta på arbeidsmarknaden i større grad. Rapportar frå SSB viser at kvinner i større grad enn menn står utanfor arbeidslivet, har færre norske venner og opplever meir einsemd.

Regjeringa ønskjer å mobilisere dei frivillige organisasjonane slik at dei i enda større grad bidreg til at innvandrarar og barna deira deltek i lokalsamfunnet.

Offentlege tenester skal vere gode og effektive. Alle brukarar skal ha like god kvalitet på, og like god tilgang til, tenestene. Tilpassing av tenester til ulike delar av befolkninga er nødvendig for å oppnå like tenester for alle brukarar. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at brukarane får eit enklare møte med offentleg sektor og høgare kvalitet på tenestene.

Den enkelte fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle innanfor sitt område. Integreringspolitikken blir derfor sett i verk på tvers av politikkområde og sektorar.

Hovudmåla og delmåla på BLD sitt område tek for seg oppgåvene til departementet, både som samordnar og som ansvarleg fagdepartement.

Regjeringa fører vidare ordninga Mål for integrering som eit indikatorverktøy for samordning av integreringspolitikken. Indikatorane er delte inn i fire sentrale temaområde: arbeid og sysselsetjing; utdanning og kvalifisering; levekår; fellesskap og deltaking. Indikatorane er relevante for politikkutviklinga i dei departementa som deltek, og skal gjere det mogleg å følgje opp resultata av integreringspolitikken over tid på dei ulike departementa sine område. Det blir rapportert årleg i budsjettproposisjonen til BLD og andre departement. Sjå omtale i del III.

IMDi skal setje i verk den særskilde integreringspolitikken på ansvarsområdet til departementet. IMDi skal vere ein premissleverandør for utviklinga av politikken, gi faglege råd og vere eit kompetansesenter for kommunane og styresmaktene.

Medan IMDi har ansvar for busetjing av vaksne og einslege mindreårige over 15 år, har Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) ansvar for busetjing av einslege, mindreårige under 15 år. Sjå omtale av Bufdir sitt arbeid på feltet under delmål 6.1.

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, har det pedagogiske ansvaret for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar på oppdrag frå BLD. Vox har ansvar for læreplan, prøver, kompetansehevingstiltak for lærarar og leiarar i norskopplæringa, læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for behandling av statsborgarsaker, og Utlendingsnemnda (UNE) er klageinstans på området.

Utlendingsfeltet og integreringsfeltet heng tett saman. Ei heilskapleg utlendingsforvalting, med god flyt i heile tiltakskjeda og samarbeid mellom dei ulike forvaltingsledda, er ein føresetnad for rask busetjing av flyktningar og legg premissar for det vidare integreringsarbeidet. Ansvaret for utlendingsfeltet er delt mellom fleire departement og etatar. Dei mest sentrale er BLD, Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Utanriksdepartementet, UDI, UNE og IMDi.

Noreg har dei siste tiåra hatt høg innvandring. Per 1. januar 2015 var det om lag 669 000 personar i Noreg som hadde innvandra sjølve, og om lag 136 000 var fødde i Noreg med innvandrarforeldre. Dei utgjer til saman 15,6 prosent av befolkninga. Til samanlikning utgjorde den tilsvarande gruppa 1,5 prosent i 1970.

I perioden 1990–2014 var 37 prosent av innvandringa frå land utanfor Norden familieinnvandring, 34 prosent arbeidsinnvandring, 19 prosent på grunn av behov for vern og 10 prosent med utgangspunkt i utdanning og kulturutveksling. I 2014 aleine var samansetjinga slik: 43 prosent arbeidsinnvandring, 33 prosent familieinnvandring, 14 prosent på grunn av behov for vern og om lag 10 prosent med utgangspunkt i utdanning og kulturutveksling.

Det var ei relativt open arbeidsinnvandring til landet frå 1960-talet og fram til 1975, deretter var innvandringa frå land utanfor Norden i hovudsak flyktning- og familieinnvandring. Etter EØS-utvidinga i 2004 har det vore historisk høg innvandring til Noreg, særleg frå EU-land i Aust- og Sentral-Europa. Det siste året har talet på flyktningar i verda igjen auka mykje.

Innvandrarane i dag kjem frå over 220 land og sjølvstendige regionar. Det er flest innvandrarar frå Polen (99 400 personar), Litauen (39 300 personar), Sverige (39 100 personar), Somalia (37 600 personar) og Pakistan (35 200 personar).

Tal frå SSB viser at flyktningar og familieinnvandrarar har låg sysselsetjing i starten, men at dette endrar seg kraftig dei første åra. Trass i dette har dei mindre utteljing for yrkeserfaring enn norske arbeidstakarar. Innvandrarar generelt er også meir utsette for nedgangstider i arbeidsmarknaden, og det er ei utfordring for velferdsstaten å unngå at arbeidsledige innvandrarar hamnar på permanente trygdeytingar.

Tal frå SSB viser at i 4. kvartal 2014 var 63,4 prosent med innvandrarbakgrunn sysselsette, mot 69,4 prosent for heile befolkninga eksklusiv personar med innvandrarbakgrunn. Dette er ikkje eit eintydig bilete, og det er mellom anna store skilnader mellom landgrupper. Medan sysselsetjingsnivået blant innvandrarar frå Norden var på 76 prosent, var det blant innvandrarar frå Afrika på 42 prosent.

Dei fleste innvandrarar klarer seg godt, men eit mindretal har større utfordringar. I tillegg til systematiske skilnader på arbeidsmarknaden er det store skilnader på andre sentrale område, som levekår og deltaking. Skilnadene kan i mange tilfelle forklarast med kort butid, utdanningsnivå og innvandringsårsak. Samtidig veit vi at diskriminering på mellom anna bustad- og arbeidsmarknaden er med på å skape skilnader.

Inntekta blant innvandrarar aukar med tida dei har budd i Noreg. Studiar har likevel vist at nokre grupper av innvandrarar jamt over og over tid har lågare inntekt enn innbyggjarane elles. Låg yrkesdeltaking er den viktigaste årsaka til låg inntekt og dårlege levekår over tid i hushald. Vidare utgjer innvandrarane ein relativt stor del av gruppene med minst inntektsmobilitet over tid. Talet på barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt, aukar, viser tal frå SSB. Barn med innvandrarbakgrunn utgjer over halvparten av alle barn i økonomisk utsette familiar.

Mange barn med innvandrarbakgrunn klarer seg svært bra i utdanningssystemet. I grunnskole og vidaregåande opplæring oppnår fleire like gode eller betre resultat enn gjennomsnittet for alle elevar. Av dei som fullfører vidaregåande opplæring, er det relativt sett fleire elevar med innvandrarbakgrunn som går vidare til høgare utdanning, enn elevar utan innvandrarbakgrunn.

Samtidig er det systematiske skilnader mellom innvandrarar som gruppe og befolkninga elles når det gjeld deltaking og skoleresultat. Barn med innvandrarbakgrunn har lågare deltaking i barnehage enn barnegruppa sett under eitt, sjølv om dei aller fleste går i barnehage. I grunnskolen har elevar som sjølve har innvandra, dei lågaste snittkarakterane, medan elevar som er fødde i Noreg med innvandrarforeldre, ligg nærmare elevar utan innvandrarbakgrunn. Tal for 2014 viser at 52 prosent av dei som har budd meir enn seks år i landet, fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år.

Variasjonar og nyansar i utviklinga er sentralt for vidare utforming av verkemiddel på området. Det gjeld både dei målretta tiltaka for utvalde grupper og dei store velferdsordningane for alle.

For å førebyggje at fattigdom går i arv, og for å dempe negative konsekvensar av å vekse opp i familiar med vedvarande låg inntekt, la regjeringa våren 2015 fram strategien Barn som lever i fattigdom – regjeringens strategi 2015–2017. Strategien inneheld 64 tiltak som skal bidra til at alle barn får like moglegheiter til deltaking og utvikling.

Departementet arbeider med fleire stortingsmeldingar som har betydning for integreringspolitikken. Det vil mellom anna bli lagt fram ei melding om livslang læring. Målet med meldinga er å utvikle ein ny og heilskapleg politikk for vaksne som har svake grunnleggjande ferdigheiter. Det gjeld mellom anna nykomne flyktningar og innvandrarar. BLD utarbeider meldinga saman med Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet.

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unge sin fridom. Regjeringa vil òg halde fram arbeidet for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme, jf. Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme. Frivillige organisasjonar, foreldre og ungdomsmiljø er viktige samarbeidspartar for BLD i dette arbeidet.

Regjeringa sine hovudsatsingar på integreringsområdet vil i 2016 vere å

  • styrkje dei økonomiske verkemidla for å auke busetjinga av flyktningar i kommunane ved eit ekstratilskot på 50 mill. kroner

  • styrkje det særskilde tilskotet for busetjing av einslege mindreårige flyktningar med 25 mill. kroner

  • styrkje løyvinga med 10 mill. kroner til utvidinga av Jobbsjansen, samanlikna med Saldert budsjett 2015

  • styrkje løyvinga med 7 mill. kroner til ei betre og meir systematisk kartlegging av flyktningane sin kompetanse

  • halde fram arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme

  • styrkje ettervernet ved det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap med 2 mill. kroner

  • følgje opp tolkeutvalet si innstilling

  • vurdere endringar i statsborgerlova, mellom anna vurdere om det skal innførast reglar om tap av statsborgarskap, der ein statsborgar opptrer sterkt til skade for staten sine vitale interesser eller frivillig har tenestegjort i ein framand militær styrke

  • styrkje kompetansen for lærarar i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap

Mål

For 2016 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

2. Innvandrarar og barna deira skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet

2.1 Rask busetjing av flyktningar til kommunane

2.2 Rask overgang til arbeid eller utdanning for nykomne innvandrarar

2.3 God bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet

2.4 Innvandrarar deltek i demokrati og samfunnsliv

Rapporteringa på delmål 2.4 Høg oppslutning om norsk statsborgarskap og delmål 2.6 Offentlege tenester tilpassa mangfaldet i befolkninga i Prop. 1 S (2013–2014) for BLD har blitt flytta inn under delmål 2.4 Innvandrarar deltek i demokrati og samfunnsliv.

Delmål 2.1: Rask busetjing av flyktningar til kommunane

Flyktningar som har fått opphald i Noreg, treng som regel hjelp til å finne seg ein bustad og etablere seg i ein kommune. BLD har ansvar for busetjing av flyktningar, og IMDi har ansvar for å finne høvelege busetjingskommunar. Kommunane vedtek sjølve kor mange flyktningar dei vil busetje kvart år, og IMDi fordeler flyktningar til busetjingskommunane i tråd med behova som er fastsette av Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar mv. Retten til grunnleggjande kvalifisering gjennom introduksjonsprogrammet er knytt til at dei blir busette i ein kommune etter avtale mellom staten og kommunen.

Dei viktigaste tiltaka for å nå delmålet er tilskot til kommunane og busetjingsarbeidet til IMDi. FoU-arbeid og nye IKT-løysingar i IMDi, som skal gjere busetjingsarbeidet enklare og meir effektivt, er òg tiltak for å nå delmålet. Langsiktig planlegging i kommunane og ein samordna regional stat er òg avgjerande for rask busetjing.

Resultatrapport 2014/2015

I 2014 var det svært høg busetjing av flyktningar, då det blei busett 7 784 flyktningar i kommunane. Per 30. juni 2015 hadde kommunane busett 4 428 personar. Det er 21 prosent fleire enn på same tid i 2014. 47 prosent av dei busette personane i første halvår 2015 blei busette i løpet av seks månader etter vedtaket om opphald, samanlikna med 49 prosent i første halvår 2014.

Busetjinga i første halvår 2015 er 21 prosent høgare enn på same tid i fjor. Samtidig har talet på flyktningar i mottak som ventar på busetjing, auka med 289 sidan årsskiftet. Ved utgangen av første halvår 2015 venta 5 228 personar i mottak på busetjing i ein kommune.

I 2014 blei alle kommunar for første gang bedt om å busetje flyktningar. 60 nye kommunar blei oppmoda om å busetje, og 16 av desse busette flyktningar i 2014. 141 kommunar vedtok å busetje like mange som dei blei oppmoda om i 2014. 200 kommunar vedtok å busetje færre enn dei var oppmoda om, og 51 kommunar gjorde vedtak om ikkje å busetje flyktningar. 36 kommunar svarte ikkje på førespurnaden frå IMDi.

Ved utgangen av juni 2015 hadde 192 kommunar sagt ja til å busetje så mange som dei blei oppmoda om, 159 hadde vedteke å busetje færre enn dei blei oppmoda om, 29 kommunar svarte at dei ikkje vil busetje, medan 48 kommunar var utan vedtak for 2015. Sjølv om talet på busetjingsklare i mottak og ventetida i mottak har auka, er det positivt at stadig fleire kommunar gjer vedtak om å busetje flykningar, og at kommunane på frivillig basis har busett over 20 prosent fleire i 2015 enn i 2014.

Talet på busetjingsklare einslege mindreårige i mottak og omsorgssentre auka frå 141 til 316 frå 30. juni 2014 til 30. juni 2015. Per 30. juni 2015 hadde kommunane busett 235 einslege mindreårige under 18 år frå mottak og omsorgssenter. Av dei blei 23 prosent busette i løpet av tre månader etter at dei fekk vedtak om opphald, samanlikna med 70 prosent på same tid i 2014. Årsaka til at ventetida har auka så mykje, er at talet på einslege mindreårige som får opphald, har auka mykje i 2015, samtidig som kommunane ikkje har busett mange nok til å dekkje det aukande behovet. Det fører til at fleire einslege mindreårige må vente lenger på å bli busett i ein kommune.

Berre 15 prosent av barn i familiar blei busette i løpet av tre månader i første halvår 2015. Samtidig har talet på barn som ventar i mottak, gått noko ned. Ved utgangen av juni 2015 var det 645 barn i mottak som venta på busetjing, medan det var 655 på same tid året før.

Den 30. juni 2015 venta 5 228 personar i mottak på å bli busette. På same tid i 2014 var talet 5 042. Det høge talet på personar som ventar på busetjing, er ei stor utfordring. Det høge talet på asylsøkjarar, saman med vedtaket i Stortinget i juni 2015 om å ta i mot fleire flyktningar frå Syria, gjer at dette vil vere ei utfordring også i åra som kjem, både for einslege mindreårige, familiar med barn og andre.

Det er særlege utfordringar knytte til busetjing av flyktningar med store hjelpebehov. Enkelte ventar svært lenge i mottak på å bli busette i ein kommune. Ved utgangen av august 2015 var det om lag 25 flyktningar som oppheldt seg på institusjon eller tilrettelagd avdeling i mottak, og som det er særs vanskeleg å få kommunane til å busetje, mellom anna på grunn av dei store kostnadene.

Tabell 4.1  Busette flyktningar i kommunane og familiesameinte med desse

Busetjingsår

2011

2012

2013

2014

Per 30.06.15

Flyktningar

4 158

4 358

5 331

6 105

3 126

Overføringsflyktningar

1 265

1 236

958

1 264

1017

Familiesameinte1

1 555

1 852

1 716

1 917

1 104

Totalt2

7 003

7 491

8 106

9 351

5 277

Einslege mindreårige av desse

629

471

421

536

235

1 Personar som kommunane får integreringstilskot for.

2 Totaltalet inkluderer busette personer med skjerma identitet.

Tabell 4.2  Talet på personar i mottak som ventar på å bli busette

31.12. 11

31.12. 12

31.12.13

31.12.14

30.06.15

Ventande i mottak

1 967

3 829

5 443

4 939

5 228

Sjølv om talet på busetjingsplassar i kommunane har auka, har ikkje kommunane vedteke tilstrekkeleg med kommuneplassar til å dekkje behovet. Derfor er talet på busetjingsklare flyktningar i asylmottaka framleis for høgt.

Regjeringa har prioritert arbeid for auka busetjing både i 2014 og 2015. For kommunane er det viktig at integreringstilskotet gir ein stabil dekningsgrad av utgiftsnivået knytt til busetjing og integrering av flyktningar, og at rammevilkåra for arbeidet ligg fast. Regjeringa har styrkt integreringstilskotet, tilskotet til utleigebustader og det ekstra tilskotet ved busetjing av personar med kjende, alvorlege funksjonsnedsetjingar og/eller åtferdsvanskar. Regjeringa har ført vidare tilskotsordninga med utviklingsmidlar til kommunane for å arbeide systematisk med kvalitet i norskopplæring og introduksjonsprogram, jf. nærmare omtale under kap. 821, post 62 og delmål 2.2. God kvalitet i kvalifiseringa i kommunane legg til rette for å auke busetjinga. Tilskotsordninga har derfor òg vore eit viktig verktøy i dialogen med kommunane om auka busetjing. Sjølv om 2014 har vore det beste busetjingsåret på 20 år, er ikkje måloppnåinga god nok.

For mellom anna å auke busetjinga, blei det inngått ein samarbeidsavtale om busetjing av flyktningar i kommunane mv. mellom staten og KS i april 2013. Avtalen blei fornya i 2014 til å gjelde ut 2015 og inneheld konkrete resultatmål for perioden. Avtalen er følgd opp innanfor gjeldande konsultasjonsordning mellom regjeringa og KS. Trass i auka busetjing i 2014 blei ikkje måla i avtalen nådde.

I 2014 og 2015 har departementet gjennomført dialogmøte om busetjing av flyktningar med kommunar frå heile landet. I møta har departementet orientert om situasjonen, med om lag 5 000 busetjingsklare flyktningar i mottaka for asylsøkjarar, og informert om kva regjeringa har gjort for å betre rammevilkåra for busetjing og integrering av flyktningar i kommunane. Departementet har òg sendt brev til kommunane for å kartleggje kapasiteten i kommunane.

I 2015 blei det sett i gang eit prøveprosjekt med overføring av enkelte busetjingsoppgåver til Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Østfold. Prosjekta blir evaluerte, og departementet følgjer dei tett.

Også IMDi har prioritert arbeidet for å auke busetjinga av flyktningar i 2014 og 2015. Ein auka og tettare dialog med kommunane og større systematikk i busetjingsarbeidet ser ut til å ha vore ein viktig årsak til auken i busetjinga. Vidare viser IMDi til god effekt av eit styrkt samarbeid med andre aktørar på området, mellom andre UDI, KS, Husbanken og Fylkesmannen. Saman med desse aktørane har kommunane blitt informert om mellom anna økonomiske verkemiddel som Husbanken rår over, og om råd for å etablere og tilpasse passande bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige flyktningar. Likevel er måloppnåinga på busetjingsområdet ikkje god nok.

I tillegg til arbeidet med å få kommunane til å busetje fleire flyktningar arbeider IMDi kontinuerleg med å betre og effektivisere rutinane i busetjingsarbeidet. IMDi lanserte i mars 2015 delar av dei nye IKT-løysingane sine, mellom anna nytt Norsk introduksjonsregister (NIR). Vidare har IMDi utstrekt kontakt med fylkesmannsembeta når det gjeld busetjing og integrering. IMDi legg vekt på at kommunane må sjå arbeidet med busetjing og kvalifisering av flyktningar som ei permanent og langsiktig oppgåve. For å oppmode kommunane til å planlegge integreringsarbeidet, ber IMDi mellom anna om at kommunane skal gjere vedtak om å ta imot flyktningar for fleire år framover.

Strategiar og tiltak for 2016

Flyktningar som har fått opphald i Noreg, skal raskt få tilbod om ein stad å bu og starte det nye livet. Jo raskare ein flyktning får etablert seg i ein kommune, desto raskare kan vedkomande delta og bidra med sin kompetanse og sine ressursar i arbeidsliv og lokalsamfunn.

Dagens flyktningsituasjon gjer arbeidet med busetjing av flyktningar meir utfordrande i tida framover, og regjeringa vil følgje situasjonen nøye.

Overslaga på løyvingar på BLD sitt budsjett på utlendingsområdet er i hovudsak basert på siste overslag frå Beregningsgruppa for utlendingsforvaltningen (BGU) frå juni 2015. Tilstrøyminga av asylsøkjarar dei siste månadene har vore større enn prognosane tilsa. BGU vil leggje fram nye prognosar i oktober 2015, og regjeringa vil i lys av desse vurdere om det er behov for å kome tilbake til Stortinget med forslag om løyvingsendringar knytt til utlendingsområdet i eit tilleggsnummer til budsjettforslaget for 2016.

I 2016 vil det bli lagt særskilt vekt på at barn og barnefamiliar skal busetjast raskt i ein kommune.

Kommunar som legg vekt på å utvikle eit godt samarbeid med NAV, lokalt næringsliv og frivillige og private aktørar, kan ofte vise til gode resultat i arbeidet for at flyktningane raskt kan bli sjølvforsørgjande og integrerte i lokalmiljøet. Gjennom deltaking i ein frivillig organisasjon kan nykomne innvandrarar i ein kommune bli kjent med lokalsamfunnet, sine nye naboar og få høve til å praktisere norsk. Samarbeid med næringslivet lokalt gir kommunen moglegheiter til å innrette kvalifiseringstilbodet sitt til det arbeidskrafts- og kompetansebehovet som dei fleste deltakarane skal møte etter avslutta introduksjonsprogram.

Prognosane som ligg til grunn for forslag til budsjett for 2016, tilseier eit behov for å busetje om lag 12 800 flyktningar. Talet inkluderer personar som blir busette frå mottak og omsorgssenter, og overføringsflyktningar som blir busette når dei kjem til landet. I tillegg er det lagt til grunn at det vil kome om lag 1 800 familiesameinte til kommunane. Det er lagt til grunn eit behov for å busetje 690 einslege mindreårige flyktningar. Talet på personar i mottak som ventar på å få ein kommune å bu i, auka noko i første halvdel av 2015. Lang ventetid i mottak fører til at personane kjem seinare i gang med introduksjonsprogrammet, noko som forseinkar oppstart i arbeid eller vidare utdanning. Kommunane må derfor auke talet på busetjingsplassar. Kapasiteten i introduksjonsprogrammet må òg auke i takt med busetjingsbehovet.

Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar mv. er oppnemnt for perioden 2014–2017. Utvalet har like mange representantar for staten og kommunesektoren og blir leidd av staten ved IMDi. Som tidlegare skal utvalet vurdere og fastsetje eit måltal for busetjingsbehovet. Kvart år ber IMDi kommunane om å busetje eit visst tal flyktningar som får opphald i Noreg. Flyktningane skal fordelast på kommunane i samråd med KS, og talet skal vere basert på vurderingane frå Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar mv.

Integreringstilskotet skal gi ei rimeleg dekning av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har i samband med busetjing og integrering av flyktningar det året dei blir busette, og dei neste fire åra. Saman med tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal tilskotet sørgje for at kommunane kan gi eit godt kvalifiseringstilbod til flyktningane. Regjeringa føreslår for 2016 å styrkje integreringstilskotet med 50 mill. kroner til eit ekstratilskot til kommunar ved busetjing av flyktningar. Regjeringa føreslår òg for 2016 å styrkje det særskilde tilskotet ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar med 25 mill. kroner. Tilskota skal stimulere til høgare busetjing i kommunane.

Gjennom Husbanken kan kommunane søkje om lån og tilskot til etablering av utleigebustader til flyktningar og andre vanskelegstilte. Mange kommunar gir tilbakemeldingar om at mangel på eigna bustader ofte gjer at dei ikkje kan ta imot fleire flyktningar. Flyktningar kan finne seg bustad sjølve innanfor avtalen mellom IMDi og kommunane. For å oppnå auka busetjing oppmodar regjeringa til meir bruk av ei slik løysing.

Arbeidet med bustader til flyktningar må sjåast i samanheng med regjeringa sin nasjonale strategi for bustadsosialt arbeid, Bolig for velferd (2014–2020). Strategien skal styrkje kommunane sitt arbeid med å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Sjå Kommunal- og moderniseringsdepartementets Prop. 1 S (2015–2016) for meir informasjon om strategien.

IMDi sitt arbeid med langsiktige samarbeidsavtalar med utvalde kommunar held fram i 2016.

Ein ny samarbeidsavtale mellom staten og KS om busetjing av flyktningar i kommunane og om etablering og nedlegging av asylmottak og omsorgssenter blei inngått i april 2013. Den vidare forma på samarbeidet med KS vil bli vurdert hausten 2015.

Regjeringa er oppteken av fornying og effektiv ressursbruk. Det er derfor starta eit forsøk der fylkesmennene i Hordaland og Østfold skal bidra til auka og raskare busetjing av flyktningar i sitt fylke. Tidsramma for forsøket er to år – til utgangen av 2016. Ei følgjeevaluering er sett i gang, og departementet vil følgje prosjekta tett.

IMDi sitt arbeid med nye IKT-løysingar, som mellom anna skal gjere busetjingsarbeidet enklare og meir effektivt, held fram i 2016.

Busetjing og integrering av flyktningar heng saman. I tillegg til rask busetjing er det viktig at kommunane utviklar kvaliteten på introduksjonsprogrammet og norskopplæringa. IMDi skal arbeide nært saman med NAV, Vox og kommunane for å betre kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, og også i introduksjonsprogrammet. Regjeringa set òg i 2016 av midlar som kommunane kan søkje om til tiltak for å styrkje kvaliteten og resultata i desse ordningane. Dette for at dei som tek del i introduksjonsprogrammet, raskt kjem over i arbeid eller vidare utdanning og kvalifisering. Sjå nærmare omtale under delmål 2.2 og kap. 821, post 62.

Delmål 2.2: Rask overgang til arbeid eller utdanning for nykomne innvandrarar

Dei viktigaste tiltaka for å nå målet om rask overgang til utdanning eller arbeid er opplæring i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsprogram. Integreringstilskotet og tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar er viktige verkemiddel i denne samanhengen. Vidare er tilsynet frå Fylkesmannen, utviklingsmidlar til kommunane, FoU-arbeid og utvikling av nye IKT-løysingar i IMDi viktige tiltak.

Resultatrapport 2014/2015

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Ifølgje SSB deltok om lag 38 700 personar i denne opplæringa i 2013. Dei fleste av deltakarane hadde familie eller flukt som årsak til innvandring, og personar frå Eritrea, Somalia, Afghanistan og Thailand utgjorde dei største nasjonalitetsgruppene i opplæringa. 57 prosent av deltakarane var kvinner.

For at deltakarane så snart som mogleg skal lære norsk, bør personar med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap starte raskt i opplæringa. Tal frå IMDi viser at om lag 10 700 personar fekk rett og plikt til opplæring i 2013. Av dei hadde 83 prosent – 78 prosent av kvinnene og 89 prosent av mennene – starta opplæring innan det påfølgjande halvåret etter at dei fekk opphald. Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling i prosentdelen som startar i opplæring det første året etter at dei har fått opphald. Målet for 2014 var 85 prosent.

Det er òg viktig at dei som startar i opplæring, fullfører. Tal frå IMDi per 31. desember 2014 viser at av dei 9 991 personane som fekk rett og plikt til opplæring i 2011, var 8 546 framleis i målgruppa tre år etter. Av dei hadde 88 prosent – 87 prosent av kvinnene og 90 prosent av mennene – oppfylt plikta til 300 timar opplæring innan tre år.

Resultata på norskprøvene gir viktig informasjon om ferdigheitsnivået i norsk blant kandidatane. Kandidatane til prøva omfattar både dei som har rett til gratis opplæring, dei som betaler for opplæringa sjølve, og personar som tek prøva på eiga hand utan å ha fått opplæring. Den nye digitale prøva i norsk blei teken i bruk frå 1. mars 2014 og erstattar tidlegare Norskprøve 2 og Norskprøve 3. Ansvaret for den praktiske gjennomføringa av prøvene blei overført til kommunane frå same dato.

På Norskprøve 2 og 3 fekk kandidatane vurderinga bestått eller ikkje bestått. Den nye norskprøva måler norskferdigheiter på tre ulike nivå, og kandidatane får vurdering for kvar enkelt delprøve på skalaen A1, A2 og B1, der A1 er det lågaste nivået og B1 det høgaste. Ettersom vurderingssystemet er endra, er det ikkje mogleg å samanlikne prøveresultat før og etter 2014 direkte. Tabellen under viser resultata på den nye norskprøva i 2014. Talet på avlagde prøver er ikkje det same som talet på personar. Det er fordi det er mogleg å gå opp til éi eller fleire delprøver.

Tabell 4.3 Prøveresultat, norskprøva mai/juni og desember 2014

2014

Under A1

A1

A2

B1

Talet på fram-møtte

Talet på kandi-datar

Prosent

Talet på kandi-datar

Prosent

Talet på kandi-datar

Prosent

Talet på kandi-datar

Prosent

Munnleg prøve

11938

32

0,3

1025

8,6

6264

52,5

4392

36,8

Lytting

15241

54

0,4

1137

7,5

5093

33,4

8957

58,8

Lesing

15074

308

2,0

1709

11,3

3549

23,5

9508

63,1

Skriftleg framstilling

15707

196

1,2

3186

20,3

8681

55,3

3461

22,0

Tabell 4.4 Prosentdelen som fekk resultatet A2 eller betre på norskprøva 2014

Kandidatar med resultat A2 eller betre

Prosent

Munnleg prøve

Munnleg kommunikasjon

89, 3

Skriftleg prøve

Lytteforståing

86,6

Leseforståing

92,2

Skriftleg framstilling

77,3

Målet for 2014 var at 70 prosent skulle greie nivå A2 eller høgare på skriftleg prøve, og at 90 prosent skulle greie nivå A2 eller høgare på munnleg prøve. Det er langt fleire kvinner enn menn som går opp til prøve. Kvinner har òg betre resultat på prøvene enn menn, særleg på dei skriftlege prøvene.

Frå 2014 tek deltakarane ei prøve i samfunnskunnskap etter å ha fått opplæring i 50 timar samfunnskunnskap. Prøva er tilgjengeleg på 26 språk, i tillegg til bokmål og nynorsk. I 2014 tok 2 126 kandidatar samfunnskunnskapsprøva. Prøva blei gjennomført på 25 språk, i tillegg til norsk. 75 prosent av kandidatane bestod. Målet er at 90 prosent skal bestå. Plikta til å ta prøve i samfunnskunnskap er nyleg innført. Sjølv om resultata no ligg under målsetjinga, vil departementet ikkje vurdere endringar i målsetjinga.

God måloppnåing krev at opplæringa har høg kvalitet og er tilpassa målgruppene. For å heve kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, gjennomfører Vox i samarbeid med Fylkesmannen etterutdanningskurs og fagdagar for lærarar, i tillegg til leiarsamlingar. For å tilpasse kursa til lokale behov har Fylkesmannen i 2014 hatt ei meir sentral rolle i å planleggje kursa enn tidlegare. Vox har òg gjennomført særskilde kurs og konferansar om dei nye prøvene og om arbeidsretting av norskopplæringa. Vidare har Vox gjennomført kurs for å heve kompetansen hos tospråklege lærarar i samfunnskunnskap. Evalueringar viser at deltakarane er svært nøgde med kursa. Frå januar 2014 blei det starta opp vidareutdanning i grunnleggjande lese- og skriveopplæring for vaksne innvandrarar ved Høgskolen i Bergen.

Rettleiinga til kommunar som ønskjer å tilby nettbasert opplæring, har òg halde fram i 2014. Mange kommunar har nytta tilbodet og kome i gang med opplæring på nettet. Fleire departement har bidrege økonomisk til vidareutvikling av ein gratis nettbasert norskopplæringsressurs, Learn Norwegian on the web (LearnNow), som er utvikla ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Programma kan nyttast av arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje har rett til gratis norskopplæring. Tala viser at programmet har mange brukarar, og at det har vore ein sterk auke i bruken av programmet siste halvår 2014.

Asylsøkjarar over 16 år som bur i mottak, kan få inntil 250 timar norskopplæring. I 2014 var 8 296 personar registrerte som asylsøkjarar i NIR, av dei deltok 40 prosent i norskopplæring medan dei budde i mottak. Blant dei som søkte asyl i 2013, hadde 43 prosent av kvinnene og 50 prosent av mennene starta opplæringa innan utløpet av det påfølgjande halvåret. Tala viser òg at berre om lag 5 prosent av desse asylsøkjarane fullførte 250 timar opplæring i løpet av det første året etter søknad om asyl.

Våren 2015 blei det fremma ein lovproposisjon om endringar i introduksjonslova. Kommunane skal få ansvaret for å ta initiativ til å starte opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. Den enkelte deltakaren må òg vise at ho eller han har kjennskap til det norske samfunnet, for å få fritak frå plikt til opplæring i 50 timar samfunnskunnskap. Deltakarar i introduksjonsordninga skal ha rett til permisjon ved tilbod om ordinært arbeid. Målet med endringane er at fleire deltakarar skal kome raskare i gang med opplæring, og at fleire skal få den nødvendige opplæringa i samfunnskunnskap innanfor ramma av opplæringa. Forslaget skal behandlast i Stortinget i løpet av hausten 2015.

Våren 2015 blei det òg fremja ein lovproposisjon om endringar i statsborgarlova. Søkjarar mellom 18 og 67 år skal vise at dei har eit minimum av ferdigheiter i norsk munnleg og bestå ei prøve i samfunnskunnskap. Sjå òg omtale under delmål 2.4.

Saman med Arbeids- og sosialdepartementet og Kunnskapsdepartementet arbeider BLD med ei melding om livslang læring og utanforskap som skal leggjast fram for Stortinget våren 2016. BLD vurderer i samband med dette ulike tiltak for å auke kvaliteten på og gjennomstrøyminga i opplæringa.

Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar

Regjeringa har som mål at 70 prosent av deltakarane går over i arbeid eller utdanning etter introduksjonsordninga.

På oppdrag frå departementet utarbeider SSB kvart år ein eigen statistikk og ein monitor for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Tala viser at stadig fleire deltek i programmet, og i 2014 deltok totalt 14 700 nykomne i ordninga. Det er ein auke på vel 7 prosent frå året før. Over 70 prosent av deltakarane var frå Somalia, Eritrea, Syria, Afghanistan og Sudan. Talet på deltakarar frå Syria blei tredobla frå 2013 til 2014. Det var om lag like mange kvinner som menn som deltok. Tal frå SSB viser òg at 62 prosent av dei som gjekk ut av introduksjonsprogrammet i 2012, var sysselsette eller under utdanning i november 2013. Dette er eitt prosentpoeng lågare enn året før, og åtte prosentpoeng lågare enn den nasjonale målsetjinga på 70 prosent. 70 prosent av mennene og 52 prosent av kvinnene som avslutta programmet i 2012, var i arbeid og/eller utdanning eitt år etter.

Statistikk frå SSB viser at tala for deltaking i arbeid eller utdanning året etter avslutta program har vore relativt stabile i åra sidan 2008, og snittet har lege mellom 60 og 63 prosent.

Det er store variasjonar i resultatoppnåinga mellom kommunane, og det er store skilnader mellom kjønna. Introduksjonsordninga er retta mot nykomne flyktningar, og dei er i gjennomsnitt relativt unge. Ei forklaring på noko av kjønnsskilnaden er derfor at mange av deltakarane i introduksjonsprogrammet er i ein periode av livet der dei får barn eller er heimeverande med små barn. Den store forskjellen mellom kommunane tilseier at resultata på landsbasis kan bli betre, og departementet jobbar kontinuerleg for å utvikle og styrkje ordninga og betre resultata i kommunane.

Det er plikt til kommunal internkontroll og fylkesmannstilsyn med ordningane i introduksjonslova. IMDi set tema for tilsynet, og for åra 2013–2015 har temaet vore at introduksjonsprogrammet skal vere heilårig og på fulltid. Fylkesmannen skal føre tilsyn i minst to kommunar i kvart fylke. Det blei i 2014 berre gjennomført 33 tilsyn på landsbasis. Eitt embete har opplyst at det ikkje blei gjennomført tilsyn, medan eit anna embete berre har gjennomført eitt tilsyn i 2014.

I 2014 fekk fylkesmennene inn totalt 98 klagar på kommunale vedtak etter introduksjonslova. Det er ein auke på 21 saker frå 2013. 98 klagar er det høgaste talet med klagar i løpet av eit enkelt år i perioden 2009–2014.

I 2013 fekk IMDi i oppdrag, i samråd med Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), å auke kompetansen blant programrådgivarar i introduksjonsordninga og rettleiarar i Jobbsjansen om ordningar for godkjenning av utanlandsk utdanning. Tiltaket er eitt av fleire tiltak i handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse. I mai 2015 blei det første todagarskurset halde, og eit e-læringsprogram om godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning blei lansert.

Introduksjonslova § 25 blei i 2015 endra for å gi heimel i lov til å opprette personregister for behandling av personopplysningar som er nødvendige for gjennomføring, oppfølging og evaluering av mellom anna busetjing av innvandrarar og tilhøyrande tilskot. Auka fleksibilitet for den enkelte og arbeidsretting av introduksjonsprogrammet er viktig for å få til raskare overgang til arbeid. Våren 2015 blei det fremma ein lovproposisjon om å endre introduksjonslova, mellom anna slik at deltakarane får rett til permisjon frå introduksjonsprogrammet ved tilbod om arbeid. Målet er at ordninga skal bli meir fleksibel. Forslaget skal behandlast i Stortinget i løpet av hausten 2015.

I 2014 blei 65 prosjekt i 47 kommunar finansierte av tilskotsordninga med utviklingsmidlar for å styrkje arbeidet med introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap i kommunane. 6 prosjekt var interkommunale. I løpet av 2014 har IMDi vore med på å formidle erfaringar frå prosjekta. Effektane av midlane i kommunane har fram til no vore at samarbeidet mellom dei relevante aktørane har blitt betre, det gjeld både kommunane, staten og det private næringslivet, at tilbodet er blitt meir tilpassa behova til målgruppa, at kvaliteten på tiltaka i kommunane er betre, og at heilskapen i tiltaksapparatet retta mot nykomne innvandrarar er styrkt. I 2015 er det blitt tildelt midlar til 75 prosjekt i 63 kommunar. Arbeidsretting både i norskopplæringa og i introduksjonsprogrammet generelt er sentralt. Mange prosjekt vil mellom anna prøve ut yrkesretta kurs, fagkurs og bransjekurs og utvikle arbeidstreningsarenaer. Fem av prosjekta var relaterte til tiltak 3 i Handlingsplan 2013–2016:Vi trenger innvandrernes kompetanse, det vil seie betre tilpassa opplæring i norsk for innvandrarar med høgare utdanning. Vox har hatt ansvar for å følgje opp desse prosjekta. Oppfølging og formidling av erfaringar frå prosjekta skjer gjennom konferansar for lærarar og leiarar.

Samarbeidet mellom kommunane og NAV om deltakarane i introduksjonsordninga er viktig. Samarbeidet blei regulert av rundskriv A-27-2007 Samarbeid mellom kommunen og Arbeids- og velferdsetaten om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere, som no er erstatta av Rundskriv Q 27-2015. Rundskrivet blei revidert i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet for å styrkje samarbeidet mellom kommunane og NAV.

Strategiar og tiltak for 2016

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Regjeringa ønskjer å styrkje språkopplæringa for alle med innvandrarbakgrunn. Det er fordi gode norskkunnskapar og grunnleggjande kjennskap til det norske samfunnet ofte er ein føresetnad for å kunne skaffe seg arbeid og utdanning. Opphaldsgrunnlag og alder avgjer kva for rettar og plikter innvandraren har til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Sjå tabell 4.1.

Tabell 4.5 Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Personkrets1

Rett

Plikt

Gratis

Plikt til å avleggje avsluttande prøver

Omfang2

1) Personar som har fått asyl, personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameinte med desse gruppene og dei med kollektivt vern, 16–55 år

X

X

X

X

600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg

2) Familiesameinte med norske og nordiske borgarar busette i Noreg, 16–55 år

X

X

X

X

600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg

3) Personar frå gruppe 1) eller 2) i alderen 55–67 år

X

X

600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg

4) Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS-/EFTA- regelverket, 16–55 år

X

300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap)

1 Gjeld personar som har fått løyve etter 1. september 2005 som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve etter utlendingslova.

2 For dei med rett og plikt eller berre rett til opplæring som har fått løyve mellom 1. september 2005 og 1. januar 2012, er omfanget 300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 700 norsktimar i tillegg.

Departementet vurderer kontinuerleg tiltak som kan bidra til å heve kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap og til å spreie gode døme. Det er sett i gang ei evaluering av ordningane i introduksjonslova i 2015. Evalueringa vil gi viktig kunnskap som vil danne grunnlag for vidareutvikling av opplæringa. Departementet tek sikte på at evalueringa blir ferdigstilt innan utgangen av 2016.

Satsinga på etter- og vidareutdanning for lærarar held fram i 2016. Departementet starter i 2016 arbeidet med å utvikle tiltak for å heve kompetansen til lærarar som underviser i norskopplæring av vaksne innvandrarar.

Innføringa av obligatoriske prøver i norsk vil medverke til at fleire tek prøver og får dokumentasjon på ferdigheitene sine. Vox skal vidareutvikle norskprøva til å omfatte nivå B2, som er eit høgare nivå enn prøva i 2014. Prøva på B2-nivå skal etter planen innførast frå desember 2015. Frå hausten 2015 er nivå B2 i alle ferdigheiter på den avsluttande prøva i norsk godkjent som dokumentasjon på kunnskapar i norsk ved søknad om opptak til høgare utdanning.

Personar som har fått opphaldsløyve, har rett og plikt til å delta i opplæring medan dei bur i asylmottak og ventar på busetjing. Ikkje alle vertskommunar sørgjer for opplæring slik dei har plikt til etter introduksjonslova. Departementet vurderer tiltak for å betre dette.

Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar

Det er viktig å møte dei som har lovleg opphald i Noreg, med krav og forventingar om å bidra og å delta i det norske samfunnet. Deltaking i arbeidsliv og gode ferdigheiter i norsk er nøklane til deltaking i det norske samfunnet. Introduksjonslova gir nykomne innvandrarar mellom 18 og 55 år både rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram om dei har behov for grunnleggjande kvalifisering. Personkrinsen for rett og plikt til introduksjonsprogram er personar som har fått asyl, har fått kollektivt vern i ein massefluktsituasjon, er overføringsflyktningar eller har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl. I tillegg kjem familiemedlemmer til personar i desse gruppene og personar som etter samlivsbrot har fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet.

Regjeringa har som mål å auke prosentdelen som går over i arbeid eller utdanning etter introduksjonsordninga.

Regjeringa har òg som mål å auke prosentdelen innvandrarkvinner som deltek i arbeidslivet, både gjennom styrkt språkopplæring og andre målretta tiltak.

Departementet held fram arbeidet med tiltak for å få høgare kvalitet i introduksjonsprogrammet, for å få betre individuell tilpassing og meir arbeidsretting og for å styrkje resultata, særleg for kvinner. Formidling av erfaringar mellom anna frå ordninga med utviklingsmidlar til kommunane, er sentralt i den oppfølginga IMDi har av kommunane. Det gjeld til dømes korleis lokale arbeidsgivarar og frivillige organisasjonar kan bidra i introduksjonsordninga.

I arbeidet med meldinga om livslang læring vurderer departementet ulike tiltak for å auke kvaliteten og gjennomstrøyminga i ordninga og betre resultat. I dette inngår tiltak for betre å kunne kombinere introduksjonsprogram med grunnskole og vidaregåande opplæring.

Arbeidsgivarar, særleg på lokalt nivå, kan spele ei viktig rolle i kvalifiseringa ved å tilby praksisplassar, og dei kan bidra med kunnskap om arbeidsliv og behov for arbeidskraft. Dei kan òg, ved å samarbeide med kommunen, få betre innsikt i det potensialet for arbeidskraft som deltakarane i introduksjonsordninga representerer. Frivillige organisasjonar speler ei viktig rolle i integreringa, og kommunane bør ha eit systematisk samarbeid med frivillig sektor. Frivillige organisasjonar representerer ein lokal ressurs, og dei kan bidra til utvida nettverk og kjennskap til lokalsamfunnet. Departementet jobbar på fleire område for å styrkje samarbeidet mellom kommunar og frivillige organisasjonar og næringslivet om introduksjonsordninga. Det er mellom anna inngått eit samarbeid med NHO for å sjå korleis erfaringar frå Ringer i Vannet-prosjektet til NHO kan nyttast overfor deltakarane i introduksjonsordninga, slik det mellom anna er prøvd ut av Fønix Sandefjord AS og Sandefjord kommune. Det sentrale for samarbeidet er å få kommunane til å bli betre på arbeidsretting og arbeid opp mot den lokale arbeidsmarknaden.

Tilskotsordninga med utviklingsmidlar til kommunane som blei innført i 2013 for å styrkje kvaliteten og resultata i integreringsarbeidet, blir ført vidare i 2016. Sjå omtale under kap. 821, post 62. Ordninga skal betre både opplæringa i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsprogrammet.

Det er framleis eit stort behov for vidareutvikling av introduksjonsordninga for å oppnå betre resultat med introduksjonsprogrammet i fleire kommunar. Departementet har sett i gang ei evaluering av ordningane i introduksjonslova. Formålet med evalueringa er mellom anna å få ei vurdering av om formålet med lova blir oppfylt, og få forslag og anbefalingar som vil styrkje og vidareutvikle kvalifiseringa av nykomne flyktningar og innvandrarar i åra framover. Som eit ledd i evalueringa leverte Fafo rapporten Ti års erfaringer. En kunnskapsstatus om introduksjonsprogram og norskopplæring for innvandrere i april 2015.

Kunnskapsoppsummeringa peikte på fleire kunnskapshòl, mellom anna at vi treng meir kunnskap om kva som skal til for å etablere eit heildagstilbod med gode, individuelt tilpassa tiltak for alle deltakarane. Det er òg generelt forska lite på norskopplæringa, ifølgje Fafo, både som tiltak i introduksjonsordninga og som ei eiga ordning. Departementet tek sikte på at evalueringa vil bli ferdigstilt innan utgangen av 2016.

Delmål 2.3: God bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet

Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ei sentral rolle når det gjeld å setje i gang tiltak for å bidra til ei god utnytting av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet. BLD har ei pådrivarrolle for å nå målet om høgare sysselsetjing blant innvandrarar og god bruk av kompetansen deira.

Dei viktigaste tiltaka i BLD for å nå delmålet er å setje i gang utgreiingar for å medverke til raskare godkjenningsordningar, mål om rekruttering innanfor staten, Handlingsplan 2013–2016:Vi trenger innvandrernes kompetanse,Nettverk for mangfald i statlege, heileigde bedrifter,Mangfaldsportalen,Jobbsjansen, informasjonstiltak for arbeidsinnvandrarar og FoU-arbeid.

Resultatrapport 2014/2015

Delmål 2.3 er direkte knytt til målet om auka sysselsetjing av innvandrarar. Situasjonen for innvandrarar på arbeidsmarknaden er slik eit viktig bakteppe for måloppnåinga.

Sysselsetjingsprosenten for innvandrarar 15–74 år var på 63,4 per fjerde kvartal 2014. Det er 5,1 prosentpoeng lågare enn sysselsetjinga for heile befolkninga i aldersgruppa 15–74 år. Ser vi på dei mest yrkesaktive aldersgruppene, kjem det likevel fram større skilnader. I aldersgruppa 25–39 år er skilnaden 11 prosentpoeng, og for dei mellom 40 og 54 år 13 prosentpoeng. Det er store skilnader i sysselsetjinga mellom grupper av innvandrarar. Blant innvandrarar frå EØS-området er tilgang på arbeid ei svært viktig årsak til innvandringa, og sysselsetjingsnivået for desse gruppene ligg over 70 prosent i aldersgruppa 15–74 år. I gruppene frå Asia og Afrika, med mange flyktningar og familieinnvandrarar, er sysselsetjinga derimot respektive 56 og 42 prosent i same aldersgruppe.

Det er store variasjonar blant innvandrarkvinner når det gjeld deltaking i arbeidslivet. Mange kvinner som ikkje tek del i arbeidslivet, er heimeverande. Tiltaket Jobbsjansen rettar seg mellom anna mot denne gruppa, og fleirtalet av deltakarane er kvinner. Dei siste åra har det vore ei positiv utvikling i resultata for Jobbsjansen, sjølv om det var nedgang i resultata frå 2013 til 2014. Av dei 542 deltakarane som gjekk ut av Jobbsjansen i 2014, gjekk 55 prosent over i arbeid eller utdanning.

Handlingsplan 2013–2016: Vi trenger innvandrernes kompetanse inneheld tiltak på tre hovudområde: godkjenningsordningar for kompetanse frå utlandet, rekruttering til offentleg og privat sektor og etablerarverksemd. Dei fleste tiltaka frå handlingsplanen er sett i gang.

I 2014 blei det sett av til saman 3 mill. kroner til mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn. Formålet med ordninga er mellom anna at fleire personar med innvandrarbakgrunn får bruke kompetansen sin i arbeidslivet. IMDi rapporterer om at dei gode erfaringane frå tildeling av midlane i 2014 vil bli brukte til oppfølging av prosjekt i 2015. Tilskot blei gitt til fem mentorprogram og éi traineeordning fordelt på offentleg og privat sektor. 73 personar i målgruppa fekk tilbod om program. I 2015 blei det sett av til saman 3,198 mill. kroner til tilskotet. IMDi mottok søknader for prosjekt verdt om lag 10 mill. kroner. Det er gitt tilskot til sju søkjarar fordelt på private og offentlege verksemder.

I 2015 blei det sett av til saman 6 mill. kroner i tilskot til etableraropplæring for innvandrarar. IMDi mottok prosjektsøknader for om lag 10,5 mill. kroner. Det er gitt tilskot til 4 prosjekt. Norsk senter for flerkulturell verdiskaping i Buskerud fylkeskommune blei i rundskriv 8/2015 tilgodesett med 3,5 mill. kroner mellom anna for vidareutvikling av eit nasjonalt kompetansesenter for etablerarrettleiing for innvandrarar. Dei resterande 2,5 mill. kroner blei fordelte på tre prosjekt i Oslo, Rogaland og Telemark.

Innan statsforvaltinga er det innført ei ordning med at minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn skal kallast inn til intervju dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga. For å bidra til at fleire får brukt kompetansen sin i arbeidslivet, har IMDi sidan 2012 oppmoda kommunane om å innføre denne intervjuordninga. Registreringar IMDi har gjort, viser at 35 kommunar hadde innført ordninga i 2013, og tal frå IMDis kommuneundersøking viser at ytterlegare minst 10 kommunar hadde intervjuordning i 2014. Målsetjinga for 2014 var 15 nye kommunar.

Startpakka Ny i Norge inneheld nøkkelinformasjon om arbeid og opphald i landet for arbeidsinnvandrarar og familieinnvandrarar, og er utarbeidd av IMDi. Pakka har vore distribuert sidan 2009 og finst i papirutgåve på norsk, engelsk og polsk. Som nettutgåve finst ho i tillegg til desse språka på litauisk. I løpet av 2014 blei det distribuert 35 000 eksemplar av den oppdaterte papirversjonen. Trafikken på nettsida har auka med 20 prosent sidan 2013, med nesten 1,1 mill. sidevisingar og 325 000 besøk i 2014 . IMDi får svært gode tilbakemeldingar frå brukarane, både frå arbeidsinnvandrarane sjølve og frå dei som formidlar informasjonen til dei.

Strategiar og tiltak for 2016

Det er lagt opp til ein brei innsats for å få personar som står utanfor arbeidsmarknaden, over i arbeid, sjå Prop. 1 S (2015–2016) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Innvandrarar er ein viktig del av arbeidskrafta i Noreg. Eit større mangfald i arbeidslivet kan medverke til å løyse oppgåvene i eit meir samansett og variert norsk samfunn. Regjeringa vil arbeide vidare for ein inkluderande rekrutteringspolitikk og mot diskriminering, slik at den kompetansen innvandrarar har, kjem til nytte i det norske samfunnet på alle nivå i arbeidslivet. For meir informasjon om arbeidet mot diskriminering, sjå hovudmål 4.

Regjeringa vil sjå på statusen for tiltaka i Handlingsplan 2013–2016: Vi trenger innvandrernes kompetanse og vurdere ei vidare oppfølging av planen i 2016. Arbeidet med å utnytte ressursane og kompetansen til innvandrarar i større grad enn i dag kjem i tillegg til arbeidet med oppfølging av tiltak for å betre kvalifiseringa av nykomne innvandrarar. Låg kompetanse og svake grunnleggjande ferdigheiter samanlikna med krava i arbeidsmarknaden er ei utfordring og gjer at ein del innvandrarar også i 2016 vil ha behov for tilpassa opplæring og særskild hjelp for å kome i arbeid. Sjå òg delmål 2.2.

Regjeringa føreslår for 2016 å setje i gang eit system for betre kartlegginga av kompetansen hos flyktningar. Målet er at utdanningsnivået til flyktningar blir kartlagt så tidleg som mogleg for raskast og best mogleg arbeidslivsintegrering. Kommunar, arbeidsgjevarar og flyktningane sjølve vil ha god nytte av ei tidleg kompetansevurdering.

Det er viktig at offentleg sektor har ein mangfaldig arbeidsstyrke som speglar befolkninga, slik at dei kan tilby best moglege og likeverdige tenester. Dette vil også medverke til å styrkje tilliten til det offentlege tenesteapparatet i befolkninga. Offentleg sektor skal gå føre med eit godt døme. Plikta til å intervjue minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn til stillingar i staten dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga, vil bli ført vidare. IMDi vil også i 2016 arbeide for at fleire kommunar og fylkeskommunar skal innføre ei tilsvarande ordning.

IMDi vil jobbe vidare med å formidle gode erfaringar og eksempel frå prosjekta med god måloppnåing i Jobbsjansen. Regjeringa har som mål å få fleire kvinner med innvandrarbakgrunn til å delta i arbeidslivet, og Jobbsjansen blir ført vidare i 2016. Som ein del av strategien Barn som lever i fattigdom, blei Jobbsjansen utvida med 5 millionar kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2015. Utvidinga inneber grunnleggjande kvalifisering for foreldre i familiar med låg inntekt og prosjekta er særleg retta mot familiesameinte til norske og nordiske borgarar. Utvidinga er føreslått ført vidare i 2016, og er òg omtalt i stortingsmeldinga om likestilling mellom kvinner og menn. Med full verknad i 2016 blir auken på 10 millionar kroner.

Delmål 2.4 Innvandrarar deltek i demokrati og samfunnsliv

Deltaking i demokrati og samfunnsliv er avgjerande for å byggje eit trygt fellesskap basert på tillit mellom menneske og til offentlege institusjonar. Tilskot til frivillig verksemd på lokalt og nasjonalt nivå er verkemiddel for skape demokrati og deltaking i sivilsamfunnet. Arbeid for auka valdeltaking og statsborgarskapslovgivinga er andre viktige verktøy som departementet forvaltar.

Offentlege tenester må vere tilpassa behova til befolkninga. Dersom tilgangen til, og kvaliteten på, tenestene er godt tilpassa brukarane, kan dei medverke til sosial utjamning og rettferdig fordeling. Dei enkelte fagstyresmaktene har ansvar for tenestetilboda til alle innanfor sitt område. Oppgåver knytte til arbeidsliv, barnehage, skole og utdanning, helse og bustad ligg innanfor ansvarsområda til andre departement. BLD skal medverke til at fagstyresmaktene tek det ansvaret dei har for å nå måla for integreringspolitikken.

Resultatrapport 2014/2015

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla 2.4 Høg oppslutning om norsk statsborgarskap, 2.5 Innvandrarar deltek i demokrati og samfunnsliv og delmål 2.6 Offentlege tenester tilpassa mangfaldet i befolkninga, som blei presenterte i Prop. 1 S (2013–2014).

Mål for integrering er eit indikatorverktøy for å vise utviklinga over tid på sentrale område for innvandrarar i Noreg. Formålet er å forankre det ansvaret styresmaktene har for integrering på eigne område. BLD har arrangert samlingar om emnet for departementa og underliggjande etatar, slik at dei får eit betre grunnlag for å utvikle målretta politikk og tiltak som gir innvandrarar og barna deira like sjansar, rettar og plikter på sine område. Det blir vurdert fortløpande om fleire indikatorar bør inkluderast i ordninga. Den samla rapporteringa for 2015 finst i Del III.

Frivillige organisasjonar og deltaking i sivilsamfunnet

Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd på integreringsfeltet skal medverke til å auke deltakinga i samfunnslivet og til å styrkje frivillige organisasjonar si rolle i integreringsarbeidet. Sjå omtale under kap. 821, post 71. Det blir gitt driftsstøtte til lokale innvandrarorganisasjonar, til frivillig aktivitet i lokalsamfunn, til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, til arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting og til organisasjonar og grupper som gir målretta informasjon om det norske samfunnet til nye innvandrarar, inkludert organisasjonar som har intensjonsavtalar med IMDi. Vidare blir det gitt støtte til innsats for særleg utsette innvandrargrupper.

Formålet med tilskot til frivillig verksemd er å skape møteplassar og aktivitetar i lokalsamfunn på tvers av ulike grupper i befolkninga, der fellesskap og nettverk blir fremma gjennom aktivitetar og tiltak der personar med ulik bakgrunn deltek og samarbeider. Driftsstøtte til lokale innvandrarorganisasjonar har som mål å styrkje deltakinga i det lokale organisasjonslivet og til å auke tilgang til sosiale nettverk for denne delen av befolkninga. I 2014 fekk 216 innvandrarorganisasjonar driftsstøtte, og 583 tiltak og prosjekt fekk aktivitets- og tiltakstøtte.

Døme på tiltak som har blitt støtta, er nærmiljøtiltak som styrkjer lokale nettverk i og tilhøyrsle til området der ein bur. Andre tiltak er informasjonsarbeid der norske tilhøve er tema, og som skal gjere det lettare å vere deltakar i det norske samfunnet.

Frå 2015 blei innretninga på tilskota til lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd endra, og forvaltinga av tilskotsordninga blei flytta frå fylkeskommunane til 20 kommunar som har mange innbyggjarar med innvandrarbakgrunn. Formålet med denne endringa var å bidra til meir samarbeid mellom kommunar og innvandrarorganisasjonar, og ei meir effektiv og målretta ordning. Tilskotsordninga blei meir målretta, og dei 20 kommunane tildeler no midlar til frivillige innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd.

Dei nasjonale ressursmiljøa jobbar opp mot ulike grupper og med ulikt fokus, noko som bidrar til at dei formidlar røynsler og synspunkt frå eit breitt spekter av befolkninga. I 2014 var det 12 organisasjonar som til saman fekk 13,5 mill. kroner i støtte gjennom denne ordninga.

Tilskot til informasjon og rettleiing er primært for arbeidsinnvandrarar og familiesameinte som ikkje blir omfatta av introduksjonsordninga. Det er mellom anna gitt støtte til informasjonsentra for arbeidsinnvandrarar, som når mange med samfunnsinformasjon og rettleiing.

Sju landsomfattande, frivillige organisasjonar har inngått intensjonsavtalar med IMDi. Røde kors er éin av dei og organiserer mellom anna Til Topps saman med Den Norske Turistforening, som òg har intensjonsavtale med IMDi. Til Topps er eit integreringsarrangement med felles friluftsturar, mellom anna ein topptur til Galdhøpiggen, og andre sosiale hendingar. I 2014 deltok om lag 1 300 personar i Til Topps. Til saman har over 7 000 personar delteke på dei åtte arrangementa som har vore sidan 2007. Røde Kors driv òg omfattande norsktrening i mange kommunar. Prosjektet gir deltakarane høve til å praktisere norsk utanfor klasserommet og er eit frivillig supplement til norskundervisinga.

Gjennom støtte til innsats for særleg utsette innvandrargrupper har MiRA-senteret sett i gang tiltaket Mødre som veiledere. Målet er å førebyggje vald i barneoppdraginga og å styrkje alternative oppdragingsmetodar. Dette blir gjort gjennom å etablere lokale mødregrupper for auka kunnskap, handlingskompetanse og styrkt nettverk blant mødrer med innvandrarbakgrunn.

For å styrkje dialogen med innvandrarar og organisasjonane deira, held regjeringa ein årleg nasjonal konferanse med lokale innvandrarorganisasjonar og innvandrarråd og andre relevante aktørar. Første konferansen var i 2014, og rundt 200 deltakarar frå heile landet deltok. Den andre konferansen blir halden hausten 2015.

Statsborgarskap

I løpet av 2014 blei i underkant av 15 200 personar norske statsborgarar. Dette er om lag 2 200 fleire enn i 2013. Personar frå Irak, Afghanistan, Somalia, Myanmar og Filippinane utgjorde dei største gruppene med overgang til norsk statsborgarskap. 31 prosent av dei nye statsborgarane i 2014 var barn.

Det er klare mønster i kven som vel å søkje om statsborgarskap, avhengig av kva land dei kjem frå, og kvifor dei innvandrar til Noreg. Heilt frå midten av 1980-talet har søkjarar frå Asia toppa statistikken.

Departementet har ikkje tal på kor mange norske statsborgarar som også har eit anna statsborgarskap. Mange får dobbelt statsborgarskap ved fødsel, til dømes fordi ein av foreldra har eit anna statsborgarskap enn norsk. Vidare får mange av dei som søkjer norsk statsborgarskap, unntak frå kravet om å seie frå seg anna statsborgarskap før dei kan bli norske. Tal frå UDI for perioden 2010 til og med 2014 syner at om lag 56 prosent av dei som blei innvilga norsk statsborgarskap, blei fritatt frå kravet. Desse personane har dermed to eller fleire statsborgarskap.

I 2014 gjorde UDI vedtak om avslag i 2 030 saker om statsborgarskap. Av dei gjaldt 535 saker der statsborgarlova stiller krav om klarlagd identitet.

Departementet har følgt opp rapporten Identitet: Irakere i Norge om utfordringar ved kartlegging av identitet. Departementet vil ikkje føreslå endringar i regelverket om statsborgarskap som vil gjere det enklare å bli norsk statsborgar for dei som ikkje har klarlagt identiteten sin.

Nye statsborgarar over 12 år blir inviterte til ein frivillig statsborgarseremoni. Under seremonien gir deltakarar over 18 år eit truskapsløfte. Ansvaret for å arrangere seremoniane er lagt til fylkesmannsembeta, og IMDi har ansvar for å gi rettleiing til fylkesmennene. I 2014 blei det til saman gjennomført 24 seremoniar med i alt 2 121 deltakarar. Deltakinga blant dei inviterte var på 24,4 prosent, noko som er på nivå med deltakinga i 2013.

Bruk av tolk

Alle fagstyresmakter har ansvar for å sikre god kommunikasjon og at heile befolkninga får ta del i tenestetilbodet. Bruk av tolk vil i mange tilfelle vere nødvendig for å ta vare på rettstryggleiken til brukarane og for at offentlege tenesteytarar skal kunne utføre oppgåvene sine.

IMDi er den nasjonale fagstyresmakta for tolking av talespråk i offentleg sektor. IMDi har drift- og fagansvar for Nasjonalt tolkeregister. Registeret inneheld ei oversikt over tolkar etter språk og kvalifikasjonar og er tilgjengeleg på tolkeportalen.no. Registeret skal medverke til å auke tilgangen på kvalifiserte tolkar og stimulere tolkane til å forbetre kvalifikasjonane sine.

IMDi samarbeider med Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) om statsautorisasjonsordninga for tolkar. IMDi tildeler løyve som statsautorisert tolk til personar som har bestått ei praktisk prøve i tolking ved HiOA. Saman med ei nettbasert tolkeutdanning ved HiOA og tolkeregisteret skal autorisasjonsordninga medverke til å sikre kvaliteten på tolketenester.

Godt over to tredjedelar av dei som tek tolkeoppdrag i offentleg sektor, er ikkje oppførte i registeret. Praktiserande tolkar som ønskjer å bli registrerte, og som ikkje har fullført utdanning eller har statsautorisasjon, må ta ei språkprøve og gjennomføre eit innføringskurs i kva ansvar tolken har. For at språkprøva skal bli eit stabilt og tilgjengeleg verktøy for offentlige styresmakter, tolkar og andre aktørar på feltet, og for å kunne kome eit stadig veksande tolkebehov i møte, har IMDi i samarbeid med HiOA utarbeidd eit forslag til ny organisering av prøva.

HiOA har, med stønad frå IMDi, utvikla eit kursopplegg for kommunikasjon via tolk for tilsette i offentleg sektor.

Per 30.6.15 var 1 354 tolkar i 65 språk oppførte i tolkeregisteret. Av desse har 65 prosent statsautorisasjon og/eller tolkeutdanning, mot 64 prosent ved utgangen av 2014. Målsetjinga for 2014 var 1 400 tolkar, og 65 prosent var i dei høgaste kvalifikasjonskategoriane.

I september 2014 overleverte eit utval NOU 2014: 8 Tolking i offentlig sektor – et spørsmål om rettssikkerhet og likeverd til regjeringa. Oppdraget var å greie ut og fremme forslag til ei samordna, kvalitetssikra og effektiv organisering av tolking i offentleg sektor. Tolkeutvalet dokumenterer mellom anna at det er for lite bruk av tolkar i offentleg sektor, og at offentlege tenesteytarar nyttar tolkar som ikkje er kvalifiserte. Eit overordna forslag er ei plikt for offentleg sektor til å bruke kvalifisert tolk i visse situasjonar, og at dette blir heimla i ei tolkelov.

Områdesatsing og gratis kjernetid i barnehagar

I nokre område med store og samansette levekårsutfordringar går stat og kommune saman om ein ekstra innsats. Groruddalen, Oslo Sør og indre Oslo Aust er døme på slike område.

For Groruddalen har staten og Oslo kommune inngått ein avtale for perioden 2007–2016 om ei brei og heilskapleg satsing for å betre miljø- og levekår. BLD har det overordna ansvaret for staten sin innsats på felta oppvekst, utdanning, levekår, folkehelse, kulturaktivitetar og inkludering. I 2014 sette staten av om lag 49 mill. kroner og i 2015 om lag 48,6 mill. kroner til ekstraordinære tiltak til dette. Støtte på 10 mill. kroner til skoleutviklingsprosjekt i Groruddalen og Oslo Sør kjem i tillegg. Det er sett i gang ei sluttevaluering av Groruddalssatsinga. Ein rapport skal leggjast fram våren 2016.

Staten og Oslo kommune har òg inngått ein intensjonsavtale om Handlingsprogram Oslo Sør for perioden 2008–2017. Dette er eit forpliktande samarbeid for å betre oppvekst- og levekåra i bydel Søndre Nordstrand. Staten har gitt i underkant av 18 mill. kroner i ekstraordinære midlar til dette handlingsprogrammet i 2014. I 2015 ble det sett av om lag 18,3 mill. kroner frå staten til ekstraordinære tiltak til dette. Støtte til skoleutviklingsprosjektet kjem i tillegg, jf. avsnittet over.

I 2014 og 2015 har staten og Oslo kommune samarbeidd om ein særleg innsats for indre Oslo aust. Staten bidrog med om lag 25 mill. kroner årleg. Løyvinga er fordelt over budsjetta til fleire departement. På BLD sitt budsjett blei det i 2014 og 2015 gitt 1,85 mill. kroner til tiltak som skal medverke til auka deltaking for bebuarar med innvandrarbakgrunn i området.

Gratis kjernetid har vore eit viktig tiltak i områdesatsingane. Sidan 1998 har det vore ulike forsøk med gratis kjernetid i barnehage (20 timar i veka) i nokre utvalde område med samansette levekårsutfordringar og mange innbyggjarar med innvandrarbakgrunn. Hovudformålet med forsøka har vore å førebu barn på skolestart ved å medverke til betre kunnskap i norsk hos minoritetsspråklege barn.

I 2014 og 2015 omfatta forsøket seks bydelar i Oslo (dei fire bydelane i Groruddalen og bydelane Søndre Nordstrand og Gamle Oslo), Drammen og tre skolekretsar i Årstad i Bergen.

Frå august 2014 blei det sett i gong prøveprosjekt med å målrette forsøket mot familiar med låg inntekt i Bydel Gamle Oslo, Bergen og Drammen. Fleire aldersgrupper enn 4- og 5-åringar blei innlemma i forsøket. Samstundes blei det innført krav om at foreldra til barn i forsøket skal delta i aktivitet. Fafo har oppsummert erfaringane med dette forsøket. Rapporten viser mellom anna at målrettinga gjer at ein når fleire familiar som elles ikkje ville ha valt barnehage.

Det blei innført ei ny, nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage for alle 4- og 5-åringar i familiar med låg inntekt frå 1. august 2015, jf. Innst. 16 S (2014–2015) frå kommunal- og forvaltningskomiteen. Ordninga er forankra i forskrift om foreldrebetaling i barnehager, som Kunnskapsdepartementet er ansvarleg for.

Hausten 2013 blei det starta eit forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga. Formålet med forsøket er å sjå om gratis skolefritidsordning kan gi elevar betre føresetnader for å lykkast i skolen, og om det kan føre til at skolekretsen blir meir attraktiv. Forsøket blir gjennomført for elevar på 1.– 4. trinn på Mortensrud skole i bydel Søndre Nordstrand i Oslo, som ein del av Handlingsprogram Oslo Sør. Utdanningsdirektoratet rapporterer mellom anna at deltakinga i aktivitetsskolen (skolefritidsordninga) på Mortensrud har auka frå 30 prosent før prosjektstart til 93 prosent i 2014.

Arbeid mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom.

Regjeringa har ei rekkje tiltak på området tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom. Eit viktig tiltak er 30 minoritetsrådgivarar på ungdomsskolar og vidaregåande skoler. Andre tiltak er fire integreringsrådgivarar ved utanriksstasjonane og regionale koordinatorstillingar ved IMDi sine regionkontor. Kompetanse blir formidla til tilsette i førstelinja gjennom regionale kunnskapskonferansar og kurs. Det blir arrangert ein årleg nordisk ungdomskonferanse som bidreg til nettverk og medverknad frå ungdom. Rapporten Forskningsbasert politikk?, utarbeidd av Fafo, dannar grunnlag for arbeid med ein strategi for kunnskapsutvikling, som blir ferdigstilt hausten 2015. Koordineringa av Kompetanseteam mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting har i 2015 blitt flytta frå IMDi til Bufdir.

Institutt for samfunnsforsking har levert rapporten Hva med 2017?, som er den første rapporten i følgjeevalueringa av Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unge sin fridom (2013–2016). Desse evalueringane gir viktig innsikt med tanke på vidareutvikling og styrking av arbeidet, mellom anna for at tenestene betre skal kunne hjelpe dei som er utsette eller står i fare for å bli utsette, for tvangsekteskap, kjønnslemlesting eller andre alvorlege inngrep i fridommen sin.

Strategiar og tiltak for 2016

Frivillige organisasjonar og deltaking i sivilsamfunnet

Frivillige organisasjonar og sivilsamfunnet er viktige arenaer for integrering. Dei medverkar òg til å byggje nettverk og kompetanse som kan vere eit springbrett vidare til utdanning og arbeid. Ikkje minst speler frivillige organisasjonar ei viktig rolle som møteplass og for deltaking i lokalsamfunnet og bidrar til tillit og kjensle av fellesskap mellom innbyggjarane. I dagens situasjon med mange asylsøkjarar og med mange flyktningar som skal busetjast, vil samarbeidet med frivillig sektor bli enda viktigare.

Lokale innvandrarorganisasjonar er ein viktig ressurs både for innvandrarane sjølve, som samarbeidspartnarar for andre frivillige organisasjonar og for styresmaktene. Tilskot til lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd i lokalsamfunn blir vidareførte.

Ordninga med tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet blir òg ført vidare. Dei nasjonale ressursmiljøa bidreg mellom anna til eit meiningsmangfald rundt migrasjon, integrering og diskriminering.

Regjeringa vil halde fram arbeidet for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme, jf. Handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. I 2016 føreslår BLD å auke løyvinga til foreldrerettleiingsopplegget ICDP for å støtte og hjelpe foreldre som er bekymra for at barna deira står i fare for å bli rekruttert inn i eit ekstremistisk miljø, sjå omtale av arbeidet under programkategori 11.10. Vidare føreslår BLD å styrkje arbeidet mot hatefulle ytringar, omtalt under programkategori 11.40, og å gi stønad til drift av eit europeisk ungdomsnettverk som arbeider mot valdeleg ekstremisme og radikalisering. BLD føreslår å føre vidare stønad til førebyggjande arbeid lokalt, med tilskot til kommunar som samarbeider med frivillige aktørar om å engasjere og involvere ungdom. I tillegg har Regjeringa sendt på høyring ei utgreiing av om det bør innførast reglar om tap av norsk statsborgarskap dersom ein statsborgar opptrer sterkt til skade for staten sine vitale interesser eller frivillig har tenestegjort i ein framand militær styrke.

Arbeid og familie er hovudårsaker til innvandringa til Noreg. Det blir gitt tilskot til informasjon og rettleiingstiltak retta mot arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje er omfatta av introduksjonsordninga. Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar som har intensjonsavtalar med IMDi, for å styrkje arbeidet deira med integrering i lokalsamfunn.

Departementet vil føre vidare innsatsen for særleg utsette innvandrargrupper. Det blir gitt støtte til konkrete aktivitetar og tiltak som bidreg til å skape arenaer for utsette grupper, som Mødre som veiledere i regi av MiRA-senteret og PrimærmedisinskVerksted i regi av Kirkens Bymisjon.

Regjeringa ved Kulturdepartementet har sett i gang eit forskingsprogram om sivilsamfunn og frivillig sektor for perioden 2013–2017. BLD bidreg i dette arbeidet med vekt på å få meir forsking på deltakinga til barn, unge og innvandrarar i frivillig verksemd og kva rolle frivillig verksemd speler i å byggje tillit og fellesskap i samfunnet.

Det er viktig at innvandrarar som har stemmerett, bruker stemmeretten sin. IMDi skal planleggje tiltak for å stimulere til større valdeltaking blant personar med innvandrarbakgrunn ved stortingsvalet i 2017. SSB vil på oppdrag frå BLD gjennomføre ei undersøking av stemmegivinga blant veljarane med innvandrarbakgrunn ved kommune- og fylkestingsvalet 2015. Ei tilsvarande undersøking blei gjennomført ved stortingsvala i 2009 og 2013. Resultata vil liggje føre i 2016.

Frå og med 2016 vil forvalting og oppfølging av kurs for religiøse leiarar overførast til Kulturdepartementet.

Statsborgarskapsområdet

Alle norske statsborgarar har utan atterhald rett til opphald i Noreg, vern mot utvising, stemmerett ved stortingsval og rett til norsk pass. Regjeringa er oppteken av at det norske statsborgarskapet skal henge høgt. Statsborgarskapet er eit symbol på lojalitet og tilhøyrsle mellom borgar og stat. Det blir forventa at alle norske statsborgarar følgjer norsk lov og utfører pliktene sine, som del av fellesskapet. Dei viktigaste verkemidla for å nå delmålet er statsborgarskapsregelverket og statsborgarseremoniane.

Departementet har føreslått å innføre krav om bestått prøve i samfunnskunnskap for dei som ønskjer å bli norske statsborgarar. Det vil bli knytt rimelege unntaksreglar til kravet. Vidare skal dei som søkjer norsk statsborgarskap, meistre eit minimum av norsk munnleg.

Justis- og beredskapsdepartementet har hatt på høyring eit forslag om å auke butida som krevst for permanent opphaldsløyve i Noreg, frå tre til fem år. Å fylle krava til permanent opphaldsløyve er ein av føresetnadene for statsborgarskap etter søknad. Endringar i statsborgarlova har vore på høyring i samband med at butida for å få permanent opphaldsløyve skal aukast. Det er mellom anna føreslått at butida skal aukast til fem år for statslause søkjarar og for søkjarar som er gifte, registrerte partnarar eller sambuarar med norske statsborgarar.

Det er eit krav for å få norsk statsborgarskap at søkjaren seier frå seg andre statsborgarskap. Norske borgarar som frivillig byter statsborgarskap, mistar det norske statsborgarskapet automatisk. For barn går det norske statsborgarskapet tapt sjølv om berre éin av foreldra har samtykt til det nye statsborgarskapet. Departementet greier no ut unntak frå tapet av norsk statsborgarskap, mellom anna for barn som blir bortførte.

NOU 2015: 4 Tap av norsk statsborgerskap blei overlevert regjeringa i mars 2015. Utgreiinga tek for seg kva for høve ein har til å innføre reglar om tap av statsborgarskap dersom ein statsborgar opptrer sterkt til skade for staten sine vitale interesser eller frivillig har tenestegjort i ein framand militær styrke. Utgreiinga har vore på høyring. Departementet tar sikte på å fremje forslag til endring i lova basert på utgreiinga og innspel i høyringa.

Regjeringa vil sende på høyring forslag til enkelte endringar i statsborgarlova og statsborgarforskrifta. Endringane vil mellom anna gjere saksbehandlinga enklare og meir effektiv, og sikre at statsborgarregelverket samsvarer med tilstøytande regelverk.

IMDi vil arbeide for større deltaking i statsborgarseremonien. Seremoniane skal vere ei høgtidleg og verdig markering av overgangen til norsk statsborgarskap. Seremonien skal markere at nye statsborgarar sluttar seg til dei grunnleggjande verdiane som statsborgarskapet kviler på, med like rettar og plikter. Seremonien gir òg lokalsamfunnet og storsamfunnet høve til å ønskje nye statsborgarar velkomen.

Bruk av tolk

Kartleggingar av tolkebruk hos fastlegar, i barnevern, i straffesakskjeda, i grunnskolen og i NAV viser at det er eit stort underforbruk av tolkar i offentleg sektor. Tilgang på, og bruk av, kvalifiserte tolkar er derfor viktig.

NOU 2014: 8 Tolking i offentlig sektor – et spørsmål om rettsikkerhet og likeverd vil liggje til grunn for vidare arbeid på tolkefeltet. Sluttføring av arbeidet for ei lovregulering som hindrar bruk av barn som tolk vil bidra til arbeidet for betre bruk av tolk i offentleg tenesteyting.

Regjeringa vil følgje opp NOU 2014: 8 gjennom å setje i gang eit arbeid med ei tolkelov med plikt for offentleg forvalting til å bruke kvalifisert tolk i saker som særleg gjeld rettstryggleik og liv og helse. Regjeringa vil òg bidra til at offentleg sektor får tilgang på kvalifiserte tolkar i ulike språk, og oppmodar. offentlege etatar om å innføre retningslinjer for bestilling av tolketenester der det er relevant.

Regjeringa vil òg bidra til at offentleg sektor får tilgang på nok kvalifiserte tolkar i ulike språk, og til at offentlege etatar innfører retningslinjer for bestilling av tolketenester der det er relevant.

Områdesatsing og gratis kjernetid i barnehagar

Enkelte område i større byar har særskilde utfordringar knytt til dårlege levekår. Personar med innvandrarbakgrunn er ofte overrepresenterte i desse områda. Områdesatsing skal medverke til å betre levekåra ved å sjå fleire verkemiddel i samanheng og til å skape synergieffektar av statlege og kommunale midlar. Staten og Oslo kommune har inngått ei ny tiårig avtale om områderetta innsats i Groruddalen frå 2017 til 2026. Barnehage og skole, sysselsetting og nærmiljø blir sentrale område i den nye satsinga. Regjeringa fører også vidare områdesatsingar i Oslo Sør ut 2017 og i indre Oslo Aust 2015.

For å leggje til rette for at barn som ikkje har norsk som morsmål, skal meistre norsk så godt som mogleg ved skolestart, ønskjer regjeringa framleis å stimulere til å auke deltakinga i barnehage av barn med innvandrarbakgrunn.

I tillegg til den nye, nasjonale ordninga med gratis kjernetid i barnehage for 4- og 5-åringar i familiar med låg inntekt, vil regjeringa i 2016 halde fram med forsøk og utviklingstiltak knytte til gratis kjernetid. Tiltaka skal leggje til rette for at foreldra deltek i aktivitet og medverke til rekruttering av barn til barnehage.

Alle fire- og femåringar i Groruddalen og i Oslo Sør får tilbod om gratis kjernetid i barnehage, uavhengig av foreldra si inntekt. Dette tilbodet vil halde fram ut barnehageåret i avtaleperiodane for områdesatsingane. I Groruddalen blir tilbodet fasa ut ved utgangen av barnehageåret 2015/2016. I Oslo Sør vil tilbodet halde fram til utgangen av barnehageåret 2016/2017. I dei andre forsøksområda blir refusjon av foreldrebetaling fasa ut ved utgangen av barnehageåret 2015/2016.

Forsøket med gratis deltidsplass i aktivitetsskolen/skolefritidsordninga som ein del av Handlingsprogram Oslo Sør blir ført vidare. Forsøket er eitt av tiltaka i strategien Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi 2015–2017.

Departementet legg stor vekt på å underbyggje politikk og tiltak som gjeld innvandrarar og barna deira, med god og påliteleg kunnskap. Det er ein føresetnad for at BLD skal ta hand om samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa skal kunne ta hand om ansvaret sitt. Samarbeidet med SSB om statistikk som gjeld innvandring, integrering og levekår blant innvandrarar og barna deira, vil bli ført vidare. Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet, Transatlantic Council on Migration, Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og forskingsprogramma Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) og Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017 vil få støtte. BLD gir òg Institute of Strategic Dialogue tilskot til å drifte eit europeisk ungdomsnettverk mot valdeleg ekstremisme.

Arbeid mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom, og dei ulike tiltaka blir følgjeevaluerte. I 2016 blir det ei styrking av tilbodet om ettervern og større fleksibilitet for bebuarane ved bu- og støttetilbodet for personar som er utsette for tvangsekteskap. Departementet vil arbeide med vidareutvikling av innsatsen og betre samordning med arbeidet mot vald. Styrkinga er omtalt i stortingsmeldinga om likestilling mellom kvinner og menn.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.05 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

820

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

204 905

196 995

221 354

12,4

821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

6 522 137

7 751 957

8 837 954

14,0

822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 619 102

1 612 436

1 764 455

9,4

823

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene

1

Sum kategori 11.05

8 346 145

9 561 388

10 823 763

13,2

Inntekter under programkategori 11.05 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

3820

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

7 489

3821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

175 882

238 811

293 418

22,9

3822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

129 599

121 037

135 159

11,7

Sum kategori 11.05

312 970

359 848

428 577

19,1

Utgifter under programkategori 11.05 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-23

Drift

281 146

276 442

306 850

11,0

30-49

Nybygg og anlegg

39 648

47 498

48 780

2,7

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

6 614

6 791

6 953

2,4

60-69

Overføringar til kommunar

7 957 568

9 171 630

10 402 977

13,4

70-98

Overføringar til private

61 170

59 027

58 203

-1,4

Sum kategori 11.05

8 346 145

9 561 388

10 823 763

13,2

Kap. 820 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

204 905

196 995

221 354

Sum kap. 0820

204 905

196 995

221 354

Status for verksemda

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er BLDs utøvande organ for staten sin integreringspolitikk, og er ein premissleverandør for utviklinga av politikken på feltet og eit kompetansesenter for mellom anna kommunane. IMDi er organisert med kontor i Oslo, Gjøvik, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Narvik.

Ei prioritert oppgåve for IMDi i 2016 er å busetje flyktningar i kommunane i tråd med busetjingsbehovet, som blir fastsett av Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar mv. Vidare skal IMDi prioritere arbeidet med å utvikle nye IKT-løysingar for busetjing og integrering av flyktningar. Sjå kap. 821, post 45 for meir informasjon.

Målgrupper

Kommunane er den viktigaste målgruppa og samhandlingspartnaren til IMDi. Andre målgrupper er mellom andre næringsliv og arbeidsgivarar, statlege organ på både direktoratnivå og lokalt nivå, ulike organisasjonar, nykomne innvandrarar og meir etablerte innvandrargrupper, innbyggjarane generelt og personar i utlandet som skal busetje seg i Noreg.

Verkemidla

Dei viktigaste verkemidla til IMDi er kunnskap og kunnskapsutvikling, dokumentasjon, spreiing av erfaring, informasjon og haldningsskapande arbeid. I tillegg disponerer direktoratet økonomiske verkemiddel som tilskotsordningar, prosjektmidlar og utviklings- og forskingsmidlar.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift av IMDi. Innanfor ramma ligg oppgåver knytte til arbeidet med uttak og busetjing av overføringsflyktningar, mellom anna til kulturorienteringsprogram og til informasjonsverksemd om flyktningar.

Noregs Røde Kors vil få tilskot over posten for arrangementet Til Topps.

Oppgåva med koordinering av Kompetanseteam mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting blei flytta frå IMDi til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i 2015. Departementet føreslår derfor å overføre 4,33 mill. kroner frå posten til kap. 858, post 01.

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet at 1,2 mill. kroner til arbeidet med vidareutvikling og modernisering av tospråkleg sjekk for potensielle tolkar blir flytta frå kap. 821, post 72 til posten.

Departementet føreslår å styrkje posten med 7 mill. kroner til å setje i verk eit system for betre kartlegging av kompetanse hos flyktningar.

Departementet føreslår ei løyving på 221,4 mill. kroner i 2015, av dei er 19,3 mill. kroner sette av til IMDis arbeid i samband med avtalen om at Noreg skal ta imot fleire overføringsflyktningar frå Syria.

Kap. 3820 Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Diverse inntekter

807

15

Refusjon av arbeidstiltak

200

16

Refusjon av foreldrepengar

1 566

18

Refusjon av sykepengar

4 916

Sum kap. 3820

7 489

Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overførast

36 375

39 492

39 766

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

39 648

47 498

48 780

50

Noregs forskingsråd

6 614

6 791

6 953

60

Integreringstilskot, kan overførast

5 760 976

6 881 469

7 951 588

61

Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, overslagsløyving

396 620

434 534

534 507

62

Kommunale innvandrartiltak

200 735

283 146

198 157

70

Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging

1 925

1 989

2 047

71

Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

51 934

49 119

48 208

72

Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.

2 611

3 671

2 577

73

Tilskot

4 700

4 248

5 371

Sum kap. 0821

6 522 138

7 751 957

8 837 954

Post 21 Spesielle driftsutgifter – kunnskapsutvikling, integrering og mangfald, kan overførast

Målet med løyvinga er å få god og relevant kunnskap om integrering og mangfald i samfunnet, bidra til formidling av slik kunnskap og utvikle gode metodar og god praksis til bruk for kommunar og statleg forvalting.

Rapport 2014/2015

I 2014 og 2015 har mykje av midlane vore nytta til utvikling og vedlikehald av statistikk og nye analysar om migrasjon, integrasjon og levekår. Det er gitt midlar til prosjektet Levekår blant innvandrarar 2015–2017, til forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017, til kartlegging av forsking om tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom, til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sitt kompetanseutviklingsarbeid på området kjønnslemlesting og til Berekningsutvalet si kartlegging av kommunale utgifter til busetjing og integrering av flyktningar.

Det er lagt vekt på å skaffe systematisk kunnskap om unge med innvandrarbakgrunn i arbeid og utdanning, familieinnvandring, språktilbod til 3–5-åringar med minoritetsspråkleg bakgrunn og om haldningar til innvandring, integrering og mangfald blant personar med innvandrarbakgrunn og i befolkninga totalt. Andre sentrale tema for prosjekt har vore måloppnåing innanfor introduksjonsprogrammet for nye flyktningar, norskopplæring og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, forsking på nye prøver i norsk og samfunnskunnskap, likestilling blant innvandrarar og deira norskfødde barn, einslege mindreårige flyktningar i arbeid og utdanning, og valdeltaking. Ein kunnskapsstatus om forsking på førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme er utarbeidd.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår å flytte oppgåva med forvalting og oppfølging av kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet til Kulturdepartementet. Departementet føreslår derfor å flytte 465 000 kroner frå posten til kap. 341, post 78.

Departementet føreslår at 200 000 kroner til tiltak 12 i Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unge sin fridom blir flytta frå posten til kap. 840, post 70 for å sikre korrekt postbruk.

Departementet føreslår ei løyving på 39,8 mill. kroner. Løyvinga vil bli nytta til faste prosjekt og evalueringar og til prosjektet Levekår blant innvandrarar 2015–2017. Løyvinga blir òg nytta til prosjekt innanfor samarbeidsavtalen med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, kartlegging av kommunale utgifter til busetjing og integrering av flyktningar, utviklingsarbeid og formidling av kunnskap. Evalueringar, statistikkprosjekt og prosjekt knytte til handlingsplanar skal prioriterast. I kunnskapsarbeidet skal kjønnsperspektivet stå sentralt.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til å utvikle gode verktøy som skal gjere arbeidet med busetjing og tilskotsforvalting enklare. I 2015 blei det innført eit nytt og meir brukarvennleg personregister og registreringsverktøy for norskopplæringa og introduksjonsordninga.

Departementet føreslår ei løyving på 48,8 mill. kroner i 2016.

Post 50 Noregs forskingsråd

Midlane på posten skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) under Noregs forskingsråd.

Departementet føreslår ei løyving på 7 mill. kroner i 2016.

Post 60 Integreringstilskot, kan overførast

Formål

Formålet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetjing. Målet er at einslege mindreårige flyktningar og barnefamiliar skal busetjast i ein kommune innan tre månader etter at dei har fått opphaldsløyve, og at andre vaksne skal vere busette innan seks månader. Tilskotet skal gi ei rimeleg dekning av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningane i busetjingsåret og dei fire neste åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane driv eit planfast og aktivt busetjings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får arbeid og kan forsørgje seg sjølve og ta del i samfunnet. Tilskotet skal også medverke til rask busetjing av eldre og flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar.

Tildelingskriterium

Integreringstilskot

Kommunane får utbetalt integreringstilskot ved busetjing av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameining med flyktningar i fem år. For familiesameining med personar som har opphald på humanitært grunnlag, får kommunane utbetalt integreringstilskot for dei tre første åra.

Integreringstilskotet kan, i enkelte tilfelle og når særlege grunnar taler for det, bli utbetalt for personar som blir busette frå mottak sjølv om dei ikkje har opphald på grunnlag av søknad om asyl, er overføringsflyktningar eller har kollektivt vern. Ein føresetnad er at dei blir busette etter avtale med kommunen.

Alle kommunane får tilskot etter same satsstruktur og nivå. Kommunane får eit høgare tilskot for einslege vaksne enn for andre vaksne. Satsane er viste i tabellen under. Tilskotet blir utbetalt uavhengig av kva behov den enkelte flyktningen måtte ha for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen.

Tabell 4.6 Satsar for integreringstilskotet

Busetjingsår

Satsar 2012

Satsar 2013

Satsar 2014

Satsar 2015

Satsar 2016

År 1 (einslege vaksne)

210 000

215 000

225 000

232 000

234 000

År 1 (andre vaksne)

156 500

165 000

177 000

182 000

184 000

År 1 (einslege mindreårige)

156 500

165 000

177 000

182 000

184 000

År 1 (barn)

135 000

145 000

177 000

182 000

184 000

År 2

156 500

166 800

200 000

210 000

220 000

År 3

135 000

135 000

142 600

152 000

160 000

År 4

80 000

80 000

80 000

82 200

83 400

År 5

70 000

70 000

70 000

70 000

70 000

Sum (einslege vaksne)

651 500

666 800

717 600

746 200

767 400

Sum (andre vaksne)

598 000

616 800

669 600

696 200

717 400

Sum (einslege mindreårige)

598 000

616 800

669 600

696 200

717 400

Sum (barn)

576 500

596 800

669 600

696 200

717 400

Tilskot ved busetjing av personar over 60 år og personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar

Ved busetjing av personar som har fylt 60 år, får kommunen eit ekstra eingongstilskot. Satsen for 2016 er føreslått til 162 000 kroner.

Ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar, kan kommunane få ekstra tilskot på grunnlag av dokumenterte behov. Ordninga har to delar, og personar som kommunane søkjer tilskot for, kan utløyse anten tilskot 1 eller tilskot 2. Departementet føreslår å setje satsen for tilskot 1 til 181 000 kroner (eingongstilskot) for 2015. Departementet føreslår å setje satsen for tilskot 2 til 1 111 000 kroner. Tilskot 2 kan utbetalast for inntil fem år, det vil seie for same periode som for integreringstilskotet.

Tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar

Kommunane får eit særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, jf. kap. 821, post 61.

Barnehagetilskot

Ved busetjing av barn i barnehagealder (0–5 år) får kommunane eit eingongstilskot til særskild tilrettelegging for barn av nykomne flyktningar, til dømes med tospråklege assistentar. Satsen for 2016 blir føreslått til 24 500 kroner.

Overføringsflyktningar

I tråd med vedtak i Stortinget føreslår regjeringa å ta ut 3 000 syriske overføringsflyktningar i 2016. Til saman føreslår Regjeringa ein kvote på 3 120 overføringsflyktningar i 2016. Det blir utbetalt integreringstilskot ved busetjing av overføringsflyktningar. I tillegg blir det løyvt midlar til tiltak for gjenbusetjing av flyktningar på kap. 820, post 01 og kap. 490, post 73 Gjenbusetjing av flyktningar – støttetiltak. Sjå eigen omtale under postane. Midlane på kap. 490, post 73 kan nyttast under kap. 821, post 60.

Oppfølging og kontroll

Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap for integreringstilskotet. Berekningsutvalet kartlegg utgiftene kommunane har til busetjing og integrering. Sosialkontor/sosialtenester, introduksjonsprogram/introduksjonsstønad, barne- og ungdomsverntenester, innvandrar- og flyktningkontortenester, tolketenester, omsorg for personar med rusproblem, støttekontakt, bustad- og bustadadministrasjonstenester, sysselsetjingstiltak, yrkeskvalifisering og arbeidstrening, integreringstiltak i grunnskolen, kultur- og ungdomstiltak, barnehagar, utgifter til den kommunale helsetenesta og felleskostnader blir rekna som integreringstiltak.

Integreringstilskotet er mellom anna med på å finansiere introduksjonsprogramma til kommunane. Deltaking i introduksjonsordninga og i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap i kommunen skal registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR). Sjå rapportering under delmål 2.2.

Ekstratilskot for busetjing av flyktningar i 2016

Det vil bli utbetalt eit ekstratilskot til kommunar som buset fleire enn oppmodinga frå IMDi i 2015.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å auke busetjinga av flyktningar i kommunane.

Kriterium for tildeling

Kriteriet for å få tilskot er at kommunen i 2016 buset fleire enn oppmoda om i 2015. Tilskotet blir utbetalt med 50 000 kroner for kvar person kommunen buset utover dette i 2016.

Oppfølging og kontroll

Departementet vil gi nærmare retningslinjer for ordninga.

Rapport for 2014/2015

I 2014 blei det betalt ut integreringstilskot på til saman 5 455 mill. kroner. Det blei betalt ut eldretilskot på 15,4 mill. kroner, tilskot ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og åtferdsvanskar på 258,2 mill. kroner, barnehagetilskot på 27,7 mill. kroner og etterslep på skoletilskot på 4,5 mill. kroner.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår å styrkje posten med 50 mill. kroner til eit ekstratilskot til kommunar ved busetjing av flyktningar. Departementet vil fastsetje nærmare retningslinjer for utbetaling av tilskotet. Tilskotet skal stimulere til høgare busetjing i kommunane.

Det blir føreslått ei løyving på 7 951,6 mill. kroner, der 37 mill. kroner er knytte til avtalen om at Noreg skal ta imot fleire overføringsflyktningar frå Syria.

Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving

Særskilt tilskot blir utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar blir busette.

Tildelingskriterium

Alle kommunar får utbetalt tilskotet ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar. Tilskotet blir differensiert frå den månaden vedkomande blir busett. Tilskotet blir utbetalt til og med det året den einslege mindreårige fyller 20 år.

Rapport for 2014/2015

I 2014 blei det utbetalt særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar på til saman 396,6 mill. kroner. Satsen for 2015 var 191 300 kroner.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår å auke det særskilde tilskotet med 25 mill. kroner. Satsinga skal medverke til raskare busetjing av einslege, mindreårige flyktningar i kommunane.

Departementet føreslår ei løyving på 534,5 mill. kroner. Satsen for 2016 blir føreslått til 207 000 kroner.

Post 62 Kommunale innvandrartiltak

Formålet med løyvinga er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane. Midlane skal mellom anna brukast til desse tiltaka:

  • forsøk og utviklingstiltak knytte til gratis kjernetid i barnehage, aktivitetar for foreldre og rekruttering av barn til barnehage

  • forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga som del av områdesatsinga i Oslo Sør

  • områdesatsing i indre Oslo aust i samarbeid med Oslo kommune

  • Jobbsjansen

  • utviklingsmidlar til kommunane

  • nasjonalt bu- og støttetilbod for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap eller æresrelatert vald

  • tilskotsordning til regionale etablerarsenter for innvandrarar, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse

Rapport for 2014/2015

Gratis kjernetid i barnehage, aktivitetar for foreldre og rekruttering av barn til barnehage

Ei ny, nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage for 4- og 5-åringar i familiar med låg inntekt blei innført 1. august 2015. Kunnskapsdepartementet har ansvar for denne ordninga, som er forankra i forskrift om foreldrebetaling i barnehager. Det er òg innført ei moderasjonsordning for foreldrebetaling i barnehage. I samband med innføring av den nye ordninga har IMDi utarbeidd informasjon til kommunane, basert på erfaringar frå tidlegare forsøk med gratis kjernetid i Oslo, Bergen og Drammen. I tillegg har IMDi gjennomført regionale konferansar om kunnskapsoverføring til kommunar som ikkje har hatt slike forsøk.

BLD har ansvar for vidare forsøk, utviklingstiltak for aktivitet for foreldre og rekruttering av barn til barnehage. Midlar frå budsjettet til BLD vil samstundes dekkje refusjon av foreldrebetaling for 20 timar gratis kjernetid i barnehage per uke for fire- og fem-åringar som ikkje får rett til gratis kjernetid gjennom den nye nasjonale ordninga, i Groruddalen og Oslo Sør. I Groruddalen blir dette tilbodet fasa ut ved utgangen av barnehageåret 2015/2016. I Oslo Sør vil tilbodet halde fram ut barnehageåret 2016/2017. I dei andre forsøksområda blir refusjon av foreldrebetaling fasa ut ved utgangen av 2015/2016.

Løyvinga til forsøket var på 89,9 mill. kroner i 2014 og totalt på 140,9 mill. kroner i 2015. 51 mill. kroner blei overførte til kommuneramma i revidert nasjonalbudsjett 2015 for å dekkje innføringa av den nye, nasjonale ordninga med gratis kjernetid i barnehage for 4- og 5-åringar i familiar med låg inntekt frå 1. august 2015. Dei resterande 89,9 mill. kronene blei i 2015 nytta til forsøk og utviklingsprosjekt med aktivitetar for foreldre og rekruttering av barn til barnehage i Oslo, Drammen og Bergen. I 2014 fekk Oslo kommune 60,2 mill. kroner, Drammen kommune 9,6 mill. kroner og Bergen kommune 7,6 mill. kroner. I 2015 fekk Oslo kommune 62,3 mill. kroner, Drammen kommune 14,5 mill. kroner og Bergen kommune 3 mill. kroner.

Forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga

Det er starta eit forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga (aktivitetsskolen) for alle elevar frå 1. til 4. trinn på Mortensrud skole i bydel Søndre Nordstrand i Oslo. Forsøket blir finansiert av BLD og Kunnskapsdepartementet og forvalta av Utdanningsdirektoratet i samarbeid med IMDi. Forsøket hadde oppstart skoleåret 2013/2014. Løyvinga på budsjettet til BLD var på 2,2 mill. kroner både i 2014 og i 2015. Forsøket skal evaluerast.

Områdesatsing i indre Oslo aust i samarbeid med Oslo kommune

Regjeringa bidrog i 2015 med om lag 25 mill. kroner i eit spleiselag med Oslo kommune til områdesatsing i indre Oslo aust. Løyvinga er fordelt over budsjetta til fleire departement. Kommunal- og moderniseringsdepartementet koordinerer arbeidet på statleg side.

På BLDs budsjett blei det gitt 1,85 mill. kroner til integreringstiltak på kap. 821, post 62. Midlane gjekk til tiltak som skal bidra til at bebuarar med innvandrarbakgrunn i området får sjansen til betre å bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet.

Jobbsjansen

Over statsbudsjettet for 2015 blei det tildelt 87 mill. kroner til Jobbsjansen. IMDi fekk inn 65 søknader, og 56 prosjekt fekk tildelt midlar. Dei 56 prosjekta er fordelte på kommunar/bydelar. 46 av prosjekta er førte vidare frå 2014. 10 av prosjekta er nye prosjekt. Det er tildelt prosjektmidlar til kommunane på til saman 84,5 mill. kroner. Dei resterande 2,5 mill. kronene skal brukast på metodedokumentasjon.

Utviklingsmidlar til kommunane

Ordninga starta opp i 2013, og det blei i 2014 utbetalt 32 mill. kroner til 65 prosjekt i 47 kommunar. Mange av prosjekta knytte seg til å forbetre samordninga mellom sektorar, særleg når det gjaldt verkemiddelapparatet til Nav. Mange la òg vekt på arbeidsretting av kvalifiseringa, og ein del av prosjekta la vekt på opplæring/kvalifisering av personar med liten eller ingen skolebakgrunn. IMDi har sett i gong ei følgjeevaluering av arbeidet med kommunale utviklingsmidlar. I 2015 blei det utbetalt 32 mill. kroner til 77 prosjekt i 59 kommunar. IMDi fekk inn totalt 115 søknader. 5 prosjekt gjeld tiltak 3 i Handlingsplan 2013–2016: Vi trenger innvandrernes kompetanse. Kvinner og personar med liten eller ingen skolebakgrunn er hovudmålgruppa i mange av dei andre prosjekta. Arbeidsretting av både norskopplæringa og introduksjonsprogrammet står sentralt i dei fleste prosjekta. Lokalt næringsliv er ein premissleverandør i opplæringa og ein viktig aktør i kvalifiseringa.

Det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap eller æresrelatert vald

Bufdir har i samarbeid med enkelte kommunar etablert eit nasjonalt bu- og støttetilbod til unge over 18 år som står i fare for å bli eller har vore utsette for tvangsekteskap eller æresrelatert vald. Bu- og støttetilbodet blei styrkt med 1,4 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett i 2014, og vidare med 0,95 mill. kroner i 2015. I 2015 omfatta tilbodet 22 plassar, og løyvinga var på 13,2 mill. kroner. Institutt for samfunnsforskning har gjennomført ei kartlegging av det miljøterapeutiske arbeidet i tilboda. På bakgrunn av tilrådingar i rapporten blei det sett i gang eit prøveprosjekt for å betre ettervernet til dei som er mottakarar av tilbodet, og 0,8 mill. kroner blei sett av til dette formålet i revidert nasjonalbudsjett for 2015 over kap. 821, post 21.

Tilskotsordning til regionale etablerarsenter for innvandrarar

Det blei sett av 6 mill. kroner i 2015 til tilskotsordninga til etableraropplæring for innvandrarar. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje støtte til styrking og utvikling av det ordinære tilbodet om etableraropplæring, slik at dei kan leggje betre til rette for etablerarverksemd for innvandrarar og på den måten skape større sysselsetjing og vekst. Det er IMDi som forvaltar ordninga og fordeler tilskot etter rundskriv.

Etter ønske frå Stortinget blei Norsk senter for flerkulturell verdiskaping (NSFV) i Buskerud fylkeskommune gitt ei særskild stilling. NSFV skal etter søknad kunne innvilgast inntil 3,5 mill. kroner for å vidareutvikle verksemda si som eit nasjonalt kompetansesenter for etablerarrettleiing for innvandrarar.

Det blei søkt om tilskot til 9 prosjekt på til saman 10,6 mill. kroner. Av dei fekk 3 fylkeskommunar (Buskerud, Rogaland og Telemark) og 1 kommune (Oslo) tilsegn. Buskerud fylkeskommune fekk tilsegn på 3,5 mill. kroner.

Tilskot til lokal førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme

Kommunar kan søkje om økonomisk stønad til lokal førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Tilskotet blir forvalta av IMDi.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje den frivillige innsatsen for å førebyggje at unge blir rekrutterte til valdelege og ekstremistiske miljø. Ordninga rettar seg mot alle typar radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Kriterium for tildeling

Tilskota blir tildelte etter søknad. Tildelingskriteria går fram av retningslinjene for tilskotsordninga. Midlane skal stimulere til etablering av lokale arenaer for dialog, prosjekt og andre aktivitetar som rettar seg inn mot ungdom. Midlane kan også nyttast til kompetanseheving for offentlege og frivillige aktørar som er sentrale for å førebyggje valdeleg ekstremisme på lokalt nivå.

Midlane føreset samarbeid med lokale, frivillige aktørar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukt i samsvar med vilkåra for tildelinga. Departementet vil gi nærmare retningslinjer for ordninga.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår å styrkje det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap, med 2 mill. kroner.

Departementet føreslår å redusere posten med 105 mill. kroner til den nye, nasjonale ordninga med gratis kjernetid i barnehage for alle 4- og 5-åringar i familiar med låg inntekt. 104,96 mill. kroner av dette beløpet blir føreslått overført til kap. 571, post 60 og 41 000 kroner til kap. 480, post 50.

Departementet føreslår å flytte 3,2 mill. kroner frå posten til kap. 822, post 21 til å utvikle tiltak for å heve kompetansen til lærarar i norskopplæringa for vaksne innvandrarar.

Departementet føreslår å styrkje posten med 3 mill. kroner til tilskot til lokal førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Departementet føreslår å styrkje posten med 10 mill. kroner til Jobbsjansen.

Det blir føreslått ei løyving på 198,2 mill. kroner fordelt slik:

  • 38,9 mill. kroner til gratis kjernetid i barnehage, rekruttering av barn til barnehage og aktivitetar for foreldre

  • 2,2 mill. kroner til forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga

  • 1,85 mill. kroner til områdesatsing i indre Oslo aust i samarbeid med Oslo kommune

  • 97 mill. kroner til Jobbsjansen. Ein del av løyvinga skal nyttast til metodedokumentasjon

  • 33,4 mill. kroner til utviklingsmidlar til kommunane

  • 15,6 mill. kroner til det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap

  • 6,2 mill. kroner til ei tilskotsordning for regionale etablerarsenter for innvandrarar

  • 3 mill. kroner til tilskot til lokal førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme

Post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging

Midlane på posten skal nyttast til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår ei løyving på 2 mill. kroner. Midlane skal nyttast til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.

Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

Løyvinga på post 71 er delt i 1) tilskot til lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd i lokalsamfunn, 2) tilskot til drift av nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, 3) tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting og 4) informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar. I tillegg blir det over denne posten gitt midlar til innsats for særleg utsette innvandrargrupper.

1. Lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd i lokalsamfunn

Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) drift av lokale innvandrarorganisasjonar og b) frivillig verksemd i lokalsamfunn. Delar av løyvinga er øyremerkte til organisasjonar og aktivitetar i Groruddalen og bydel Søndre Nordstrand i Oslo, som ein del av områdesatsingane. Hovuddelen av midlane blir, på bakgrunn av rundskriv frå IMDi, fordelt på 20 kommunar som har mange innbyggjarar med innvandrarbakgrunn. Midlane blir fordelte mellom kommunane ut frå talet på utanlandskfødde personar og barna deira som er fast busette i kommunen, og som er fødde utanfor Norden, Sveits, USA, Canada, Australia og New Zealand. Tal frå Statistisk sentralbyrå per 1. januar det føregåande året ligg til grunn for berekninga av tilskotet.

Mål

Målet med driftstilskot til lokale innvandrarorganisasjonar er å medverke til og styrkje deltakinga i organisasjonslivet og i sosiale nettverk for denne delen av befolkninga.

Målet med tilskotet til frivillig verksemd er å skape møteplassar og aktivitetar i lokalsamfunn på tvers av ulike grupper i befolkninga. Tiltaka skal vere knytte til integrering av personar med innvandrarbakgrunn.

Begge tilskota skal medverke til å skape auka tillit til, og tilhøyrsle i, det norske samfunnet.

Rapport for 2014/2015

I 2014 var det 18,13 mill. kroner på denne tilskotsposten. Av desse midlane blei 2,25 mill. kroner sette av til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og Søndre Nordstrand. 15,88 mill. kroner blei sette av til fylkeskommunane. Av dei var 14,16 mill. kroner tilskot, og 1,61 mill. kroner blei brukte til administrasjon.

Det blei tildelt 3,04 mill. kroner til drift av lokale innvandrarorganisasjonar, fordelte på 216 organisasjonar. Det blei tildelt 10,68 mill. kroner i prosjektstøtte til 583 aktivitetar og tiltak. Av mottakarane er 231 innvandrarorganisasjonar og 352 andre aktørar. Om lag 92 prosent av tiltaka er gjennomførte i samarbeid mellom to eller fleire ulike aktørar.

Frå 2015 blei innretninga på tilskota til lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd endra, og forvaltinga av tilskotsordninga blei flytta frå fylkeskommunane til 20 kommunar som har mange innbyggjararar med innvandrarbakgrunn. Tilskotsordninga blei meir målretta, og 20 kommunar som har mange innbyggjarar med innvandrarbakgrunn, tildeler no midlar til frivillige innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd.

2. Nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet

Målet med tilskotet til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet er å medverke til auka deltaking i, og auka tillit til, samfunnet blant innvandrarar og barna deira. Tilskotet skal medverke til å gi alle dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å delta i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar.

Dei nasjonale ressursmiljøa har ei viktig rolle i å følgje innvandrings- og integreringsfeltet. Dei skal mellom anna vere ei kjelde til alternativ kunnskap, formidling av erfaringar og synspunkt frå innvandrarar og barna deira. Miljøa skal samle og formidle eksisterande kunnskap og kompetanse på integreringsfeltet basert på erfaring, ei brei kontaktflate og solid forankring i ulike miljø.

Departementet føreslår at det i 2016 blir gitt øyremerkte tilskot til nasjonale ressursmiljø, slik det går fram av tabellen nedanfor. Departementet vurderer at desse organisasjonane, stiftingane og sentera vil gi den nødvendige balansen mellom breidd, fornying og kontinuitet, jf. formålet med ordninga.

Tabell 4.7 Tilskot til nasjonale ressursmiljø

Organisasjon

Tilskot 2014

Tilskot 2015

Tilskot 2016

Antirasistisk senter (ARS)

2 175 000

2 175 000

2 175 000

Human Rights Service (HRS)

900 000

1 835 000

1 835 000

Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

800 000

800 000

600 000

Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)

1 265 000

1 265 000

1 265 000

Minotenk – minoritetspolitisk tenketank

750 000

750 000

750 000

MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

1 450 000

2 050 000

2 050 000

Multikulturelt Initiativ- og Ressursnettverk (MiR)

200 000

500 000

400 000

Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS)

1 970 000

1 970 000

1 970 000

Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)

1 440 000

1 440 000

1 200 000

Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)

1 850 000

1 850 000

1 850 000

LIM – Likestilling, Integrering, Mangfold

700 000

700 000

700 000

Utrop

500 000

500 000

-

Caritas Norge

-

1000 000

1 000 000

Samora

-

500 000

-

Totalt

14 000 000

17 335 000

15 795 000

3. Frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom

Mål

Målet med ordninga er å stimulere frivillige organisasjonar til å førebyggje tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom gjennom å arbeide for endring i haldningar og praksis i aktuelle miljø. Gjennom dette vil ein auke sjansane for at dei unge kan ta sjølvstendige val når det gjeld ektefelle, og hindre kjønnslemlesting av barn i Noreg.

Det blir gitt støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid, inkludert informasjonstiltak, nettverksbygging og andre former for dialog og kontakt retta mot unge med innvandrarbakgrunn og foreldra deira.

Rapport for 2014/2015

Frivillige organisasjonar kan søkje om støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og mot kjønnslemlesting. Ordninga blir forvalta av IMDi.

I 2014 fekk 25 organisasjonar støtte til 26 prosjekt på til saman 8 678 915 kroner. Av desse prosjekta var 19 vidareføringar frå 2013, medan 7 var nye prosjekt. 14 av prosjekta omhandla tvangsekteskap, 2 omhandla kjønnslemlesting og 10 omhandla både tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom. Dei aller fleste prosjekta, 22 i alt, hadde som mål å mobilisere ungdom, i tråd med tiltak 7 i Handlingsplanen mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlige inngrep i unge sin fridom, som eitt av fleire fokusområde. I 2014 blei 900 000 kroner sette av til administrasjon av ordninga – 70 000 kroner til eit erfaringsseminar for organisasjonane og 350 000 kroner til klagebehandlinga.

Per august 2015 har 24 organisasjonar fått støtte til 25 prosjekt på til saman 8,581 430 mill. kroner.

4. Informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar

Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) informasjon om det norske samfunnet retta mot arbeidsinnvandrarar og personar som ikkje er omfatta av introduksjonsordninga, og b) aktivitetar knytte til intensjonsavtalar mellom IMDi og frivillige organisasjonar. Ordninga blir forvalta av IMDi.

Mål

Nykomne innvandrarar treng kunnskap om det norske samfunnet. Ordninga skal bidra til å styrkje frivillige organisasjonar sitt arbeid med informasjon og rettleiing til nykomne innvandrarar i lokalsamfunn.

Rapport for 2014/2015

For 2014 var det sett av 7,45 mill. kroner. Organisasjonar har fått støtte på til saman 4,19 mill. kroner, fordelte på 11 søkjarar. Til samanlikning fekk til saman 13 søkjarar støtte i 2013. Støtta har mellom anna gått til informasjonssentera for innvandrarar, Caritas Norge, Chinese Professionals in Norway, JURK og Jushjelpa i Midt-Norge, som jobbar med å styrkje rettane til arbeidsinnvandrarar og å forhindre sosial dumping. I tillegg har dei sju frivillige organisasjonane som IMDi har intensjonsavtalar med, i 2014 fått støtte på til saman 2,8 mill. kroner. Desse organisasjonane er Raudekrossen Noreg, Norsk Folkehjelp, Norges Fotballforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening, Redd Barna, Frivillighet Norge og Den Norske Turistforening.

Per juni 2015 har 13 organisasjonar fått støtte på til saman 4,25 mill. kroner.

5. Innsats for særleg utsette innvandrargrupper

Formålet er å skape arenaer for direkte kontakt med utsette innvandrargrupper. Det blir gitt støtte til ulike tiltak som bidreg til myndiggjering og integrering av utsette innvandrargrupper. Tiltaka er bygde på samarbeid med ressurspersonar og brubyggjarar i ulike minoritetsmiljø.

Rapport for 2014/2015

For 2014 blei det sett av 2 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper. Av midlane fekk Kirkens Bymisjon / Primærmedisinisk Verksted (PMV) 1,1 mill. kroner, MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner 650 000 kroner til prosjektet Mødre som veiledere og NORSOMbro / Leadership Foundation 250 000 kroner.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår å omdisponere 2,34 mill. kroner frå ordninga Tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet til andre tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 48,2 mill. kroner. Midlane vil bli nytta til desse formåla:

  • 15,8 mill. kroner til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet

  • 13,43 mill. kroner til lokale innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd i lokalsamfunn, mellom anna 2,3 mill. kroner til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og Søndre Nordstrand

  • 9,53 mill. kroner til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting

  • 7,45 mill. kroner til informasjon og rettleiingstiltak retta mot innvandrar

  • 2 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper

Post 72 Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.

Løyvinga skal finansiere den faglege og administrative gjennomføringa av autorisasjonsprøva for tolkar. Det er HiOA som arrangerer sjølve autorisasjonsprøva, medan IMDi tildeler bevilling etter at prøva er gjennomført og bestått. Løyvinga skal òg nyttast til vedlikehald og oppgradering av Nasjonalt tolkeregister og leggje til rette for at fleire kan ta Tospråkleg sjekk for potensielle tolkar (ToSPoT) og innføringskurs i ansvarsområdet til tolken (TAO), systematisk vurdering av språkbehov og produksjon av ID-kort for tolkane som er oppførte i registeret.

Budsjettforslag 2016

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet at 1,2 mill. kroner til arbeidet med vidareutvikling og modernisering av tospråkleg sjekk for potensielle tolkar blir flytta frå posten til kap. 820, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 2,6 mill. kroner. I 2016 vil ein teste ut ei ny organisering av ToSPoT og TAO med sikte på ei permanent overføring av ansvaret for test og kurs til HiOA frå og med 2017.

Post 73 Tilskot

Løyvinga blir nytta til tilskot til deltaking i nasjonale og internasjonale kunnskapsforum og til ei tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn.

Rapport for 2014/2015

Løyvinga er nytta til Kunnskapssenter for velferdsetatane, administrativt underlagt Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, deltaking i Transatlantic Council on Migration, Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet og ei tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn.

Det blei sett av 3,2 mill. kroner til tilskotsordninga der verksemder i offentleg og privat sektor kan søkje om støtte til mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn i 2015. Det er IMDi som forvaltar ordninga og fordeler tilskot etter eit rundskriv. Det blei søkt om tilskot til 19 prosjekt på til saman om lag 10,2 mill. kroner.

Det blei gitt tilskot til 7 prosjekt. Desse prosjekta representerer både offentlege og private verksemder. Det er stor variasjon i storleiken på tiltaka og i typar tiltak som får støtte. Formålet med tilskotsordninga er at fleire personar med innvandrarbakgrunn skal få innpass i arbeidslivet, karriereutvikling og betre bruk av eigen kompetanse, og dessutan styrkje nettverka sine og få innsikt i nye arbeidsområde og verksemder.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår ei styrking av posten med 1 mill. kroner til Institute of Strategic Dialogue for drift av eit europeisk ungdomsnettverk mot valdeleg ekstremisme.

Departementet føreslår ei løyving på 5,4 mill. kroner. Midlane skal nyttast til tilskot til deltaking i Transatlantic Council on Migration, Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet. Løyvinga skal òg nyttast til ei tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn, og til drift av det europeiske ungdomsnettverket.

Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

137 390

204 390

240 135

02

Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter

37 957

34 421

53 283

Sum kap. 3821

175 882

238 811

293 418

Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar i kommunane kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD / DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 240,1 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, der 130,8 mill. kroner er knytte til avtalen om at Noreg skal ta imot fleire overføringsflyktningar frå Syria. Tilsvarande beløp blir førte som inntekt på kap. 3821, post 01.

Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD / DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 53,3 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 61 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på kap. 3821, post 02.

Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast

27 453

28 057

31 924

22

Prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

12 411

11 898

13 806

60

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 579 237

1 572 481

1 718 725

Sum kap. 0822

1 619 101

1 612 436

1 764 455

Post 21 Spesielle driftsutgifter – opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til å utvikle kompetanse, metodar, lærebøker og andre læringsressursar for den obligatoriske opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Løyvinga skal òg nyttast til å dekkje lønn og driftsutgifter i Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, som tek hand om dette arbeidet.

Rapport for 2014/2015

I 2014 fekk Vox tildelt 29,234 mill. kroner til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. I 2014 og 2015 blei det gjennomført leiarsamlingar, etterutdanningskurs for lærarar i norsk og nasjonale kurs for tospråklege lærarar som underviser i samfunnskunnskap. Vox har òg ansvaret for ei godkjenningsordning for private tilbydarar av opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår å omdisponere 3,2 mill. kroner frå kap. 821, post 62 til posten til å utvikle tiltak for å heve kompetansen til lærarar i norskopplæringa for vaksne innvandrarar.

Departementet føreslår ei løyving på 31,9 mill. kroner. Løyvinga skal mellom anna nyttast til å føre vidare arbeidet med etter- og vidareutdanning og til å utvikle norskprøver opp til eit høgare språknivå.

Post 22 Prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Frå 1. september 2013 blei det obligatorisk for alle som er omfatta av rett og plikt til opplæring frå same dato, å avslutte opplæringa med prøver i norsk og samfunnskunnskap. Det har i den samanhengen blitt utvikla nye prøver i norsk og samfunnskunnskap. Formålet med denne løyvinga er at ho skal dekkje utgifter til å utvikle og halde ved like prøvene, oppmelding, informasjon om og gjennomføring av prøvene, og sensur og tilbakemelding til opplæringsstadene om resultata.

Rapport for 2014/2015

I den nye norskprøva blir dei enkelte språkferdigheitene, som lytte, snakke, samtale og skriftleg framstilling, sensurerte kvar for seg. Det inneber at ein kandidat kan få ulikt resultat på dei enkelte delprøvene, og omgrepa «greidd» / «ikkje greidd» er ikkje lenger i bruk. Alle får eit prøvebevis. Ansvaret for den praktiske gjennomføringa av prøvene blei frå 2014 lagt til kommunane.

I 2014 blei det gjennomført til saman om lag 22 100 skriftlege og 17 600 munnlege norskprøver. Det blei gjennomført 2 130 prøver i samfunnskunnskap i 2014.

Budsjettforslag 2016

Regjeringa føreslår ei løyving på 13,8 mill. kroner, som omfattar utgifter til å utvikle og halde ved like prøvene, oppmelding, informasjon om og gjennomføring av prøvene, og sensur og tilbakemelding til opplæringsstadene om resultata.

Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Målet med tilskotsordninga er at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk til at dei kan fungere i yrkes- og samfunnslivet. Tilskotet blir òg nytta til norskopplæring for asylsøkjarar, og til gjennomføring av prøver i norsk og samfunnskunnskap.

Opplæringa skal skje i samsvar med introduksjonslova med forskrifter og retningslinjer for norskopplæring for asylsøkjarar. Tilskotet skal stimulere kommunane til å fremme effektivitet, gjennomstrøyming og resultat i opplæringa, mellom anna gjennom interkommunalt samarbeid. Vertskommunen for asylmottak skal sørgje for opplæring til personar som har fått opphaldsløyve, og som bur mellombels på asylmottak medan dei ventar på busetjing i ein kommune. Kommunane kan behalde eit eventuelt overskot av tilskotet dersom dei effektiviserer opplæringa gjennom formålstenleg organisering og god kvalitet innanfor ramma av lov, forskrifter og retningslinjer.

Tildelingskriterium

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova er todelt – ein har persontilskot og grunntilskot. I tillegg kjem tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar i mottak.

Persontilskot

Kommunen vil få tilskot for kvar person i målgruppa som har rett og plikt eller rett til opplæring, og som har fått opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve. Tilskotet har to satsar, éin for personar frå Afrika, Asia, Oseania (bortsett frå Australia og New Zealand), Aust-Europa, Sør-Amerika og Mellom-Amerika og ein lågare sats for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Grunngivinga for å ha to satsar er at dei som har eit morsmål som ligg nærmare norsk, og som meistrar det latinske alfabetet, lærer norsk raskare enn andre. Utbetalinga skjer over tre år.

Tabell 4.8 Satsar for persontilskotet

2014 Utbetaling over 3 år

2015 Utbetaling over 3 år

2016 Utbetaling over 3 år

Tilskotsår

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

År 1

12 200

31 900

12 200

31 900

13 100

31 900

År 2

21 200

54 700

21 200

54 700

22 600

58 200

År 3

12 400

34 100

12 400

34 100

13 300

39 500

Sum

45 800

120 700

45 800

120 700

49 000

129 600

Grunntilskot

For å betre dei økonomiske rammevilkåra for dei små og mellomstore kommunane er det eit grunntilskot for kommunar med 150 personar eller færre i personkretsen for rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova. Tilskotet blir utbetalt i to satsar: høg sats til dei kommunane som har 4–150 personar i personkretsen, og låg sats til dei som har 1–3 personar i personkretsen. Høg sats er om lag 575 000 kroner og låg sats om lag 185 000 kroner. Talet på personar i personkretsen som er registrerte i NIR per 15. januar 2016, vil liggje til grunn for den endelege fastsetjinga av satsane og utbetalinga til kommunane i 2016. Tilskotet gjer det også lettare for kommunar som ikkje har busett flyktningar tidlegare, å etablere opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Norskopplæring for asylsøkjarar i mottak

Norskopplæringa omfattar asylsøkjarar i ordinære mottak som er over 16 år, og som ikkje har fått endeleg vedtak. Ordninga gjeld ikkje personar over 18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren. Asylsøkjarar som er lenge i transittmottak fordi dei har store helseproblem, kan få norskopplæring. Asylsøkjarar kan få inntil 250 timar opplæring. Opplæringa skal avsluttast når den enkelte har fått 250 timar, eller når ho eller han har fått avslag utan utsetjande verknad. Asylsøkjarar som får positivt vedtak, har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.

Kommunane får tilskot per person som er omfatta av norskopplæring for asylsøkjarar. Heile tilskotet for den enkelte blir utbetalt det året asylsøkjaren kjem til eit ordinært mottak. Satsen for 2015 er 18 200 kroner.

Oppfølging og kontroll

Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap verken for tilskot til opplæring etter introduksjonslova eller for tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar. Gjennom den årlege kartlegginga frå Berekningsutvalet vil ein få oversikt over om det er eit rimeleg samsvar mellom tilskotet og kommunane sine utgifter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Kommunane skal registrere gjennomført norskopplæring for den enkelte som er omfatta av rett og plikt til opplæring, i NIR. Kommunane skal også registrere norskopplæring for asylsøkjarar i NIR. Dersom kommunane gjennomfører opplæring etter introduksjonslova og norskopplæring for asylsøkjarar til ein lågare kostnad enn det tilskotet dei har fått, beheld dei tilskotet uavkorta. Kommunane er ikkje forplikta gjennom lov til å gi asylsøkjarar norskopplæring, men når dei har fått tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar, må dei gi opplæring i samsvar med retningslinjene for dette tilskotet. Dersom norskopplæring for asylsøkjarar ikkje er gjennomført i tråd med retningslinjene, vil det etter ei konkret vurdering kunne bli aktuelt å krevje tilskotet tilbakebetalt.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår ei løyving på 1 718,7 mill. kroner til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i samsvar med introduksjonslova og til norskopplæring for asylsøkjarar, av løyvinga er 18 mill. kroner knytte til avtalen om at Noreg skal ta imot fleire overføringsflyktningar frå Syria.

Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

129 599

121 037

135 159

Sum kap. 3822

129 599

121 037

135 159

Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD / DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 135,2 mill. kroner av utgiftene på kap. 822, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på kap. 3822, post 01.

Kap. 823 Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

1 000

Sum kap. 0823

1 000

Rapport

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) blei oppretta i 1984, som eit rådgivande og uavhengig organ for styresmaktene i saker som angår personar med innvandrarbakgrunn. Den siste utvalsperioden var frå 2010 til 2013. Utvalet blei avvikla i 2014.

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

For statsbudsjettet 2016 føreslår BLD ein ny budsjettstruktur. I budsjettet er det mellom anna føreslått å skilje ut politikkområda likestilling, ikkje-diskriminering og nedsett funksjonsevne frå tidlegare programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering til eigen programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering. Formålet med endringa er å tydeleggjere verkemidla innan politikkområda.

Tiltak på familie- og oppvekstområde føreslår ein å samle i den nye programkategorien 11.10 Familie og oppvekst. Det inneber at heile og delar av budsjettpostar er flytta frå tidlegare programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge til ny programkategorien 11.10. Dette gjeld tiltak på adopsjonsområdet, tiltak mot vald, tiltak mot barnefattigdom og tiltak i barne- og ungdomspolitikken generelt. Det er eit mål å sjå verkemidla i familie- og oppvekstpolitikken meir i samanheng.

Endringa fører også til endra kapittelnummer og -namn. Desse endringane blir nærmare gjennomgått i kapittel- og postomtalane.

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa har som mål å styrkje familien si stilling i det norske samfunnet. Familien skaper ei trygg ramme omkring oppveksten til barna. Regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha likeverdige tilbod, og leggje til rette for at alle barn og unge har gode moglegheiter til å utvikle seg, utan omsyn til foreldra sin bakgrunn, livssituasjon og kvar i landet dei bur.

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samtidig er det familiar som fell utanfor på grunn av dårlege levekår, svak økonomi eller begge delar. Dette rammar barna. Regjeringa har som mål å skape moglegheiter for alle. Det er nødvendig med ein brei og samordna innsats for å motverke barnefattigdom og hindre at fattigdom går i arv. Regjeringa har laga ein strategi som vil stå sentralt i det vidare arbeidet: Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi 2015–2017. Dette er den første strategien i sitt slag.

Hovudsatsinga til regjeringa på familie- og oppvekstområdet i budsjettet for 2016 er å gjennomføre denne strategien.

Strategien inneheld 64 tiltak for å førebyggje barnefattigdom og dempe negative konsekvensar for barn som veks opp i fattige familiar. BLD føreslår i budsjettet for 2016 å følgje opp nokre målretta satsingar som blei vedtekne i samband med stortingsbehandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2015, jf. Prop. 119 S (2014–2015) og Innst. 360 S (2014–2015).

Arbeidet med oppfølging av strategien er koordinert av BLD i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ei samarbeidsgruppe på direktoratsnivå, som Bufdir leiar, skal sørgje for ei samordna og heilskapleg oppfølging av strategien. Direktoratsgruppa skal òg evaluere om innsatsområda i strategien treffer målgruppene. Bufdir har fått i oppdrag å koordinere kunnskapsinnhentinga på feltet. Ein legg opp til at det blir utarbeidd ein rapport om omfang og utviklingstrekk i barnefattigdom i Noreg annakvart år frå og med 2017. Dette inneber at rapporten vil bli gitt ut utover strategiperioden.

Frivillige organisasjonar på feltet, særleg barne- og ungdomsorganisasjonane, vil bli trekte inn i arbeidet med oppfølging og rapportering. Det same vil KS.

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot barnefattigdom blant frivillige organisasjonar og i kommunane. For å stimulere dette arbeidet føreslår ein mellom anna å auke løyvingane til fleire tilskotsordningar.

Boks 4.1 Barnefattigdom

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom har som formål å gi fleire barn og unge i fattige familiar høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til ordninga med 8 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett for 2015.

Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom har som formål å redusere fråfallet i vidaregåande skole ved hjelp av individuell oppfølging. Målgruppa for tiltaket er ungdom i alderen 14–23 år som er i ein vanskeleg situasjon. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til ordninga med 20 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2015.

Tilskotsordninga Utvikling av modeller for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk syke og barn av foreldre som misbruker rusmidler har som formål å få til ei betre oppfølging i kommunane av desse barna i kommunane. Tilskotordninga bygger på erfaringar frå Modellkommuneforsøket. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til ordninga med 19 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2015.

Regjeringa føreslår òg å auke løyvinga til foreldrestøttande tiltak i kommunane. Det er ei viktig satsing når det gjeld førebyggjande innsats for barnefamiliar. Arbeidet med førebygging og tidleg innsats vil òg bli styrkt gjennom samarbeid med tenester som til dømes helsestasjonar, familievernet, skolar og barnehagar. Løyvinga til tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak blir føreslått auka med 10 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2015.

I tillegg føreslår regjeringa å auke løyvinga til Grunnleggjande kvalifisering for innvandrarar – utviding av Jobbsjansen med 10 mill. kroner. Dette tiltaket er nærmare omtalt under programkategori 11.05 Integrering og mangfald.

Ei viktig satsing på familieområdet dei siste åra har vore å styrkje det førebyggjande arbeidet i familievernet. Familievernet sitt budsjett har blitt styrkt både i 2014 og i 2015. I budsjettet for 2015 blei det vedteke ein vesentleg auke i løyvinga til familievernet sitt førebyggjande arbeid og tilbodet til valdsutsette familiar og familiar med høgt konfliktnivå.

Regjeringa føreslår å auke budsjettet til familievernet med 5 mill. kroner i 2016. Midlane skal nyttast til å styrkje familievernet slik at dei kan gi fleire barn tilbod om barnesamtalar ved samlivsbrot. Aukinga i løyvinga til familievernet vil da vere på 75 mill. kroner sidan 2013.

Vald i nære relasjonar har store økonomiske konsekvensar for samfunnet og den enkelte. Regjeringa vil følgje opp tiltak i handlingsplanar og strategiar på valdsfeltet og utvikle og styrkje innsatsen mot vald ytterlegare. Regjeringa vil arbeide med å følgje opp vedtaket frå Stortinget om å fremme ein opptrappingsplan som skal redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje omsorga for barn som er utsette for vald og overgrep. Tiltaka som er nedfelte i En god barndom varer livet ut – tiltaksplan for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017) vil vere eit godt utgangspunkt for opptrappingsplanen. Hovudmålsettinga med planen er å førebyggje og hindre at barn og ungdom blir utsett for vald og seksuelle overgrep i eller utanfor heimen. Dei som oppleve vald eller overgrep må òg få riktig hjelp og behandling så raskt som mogleg. Planen skal gjennomførast i tett samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til programmet Nurse Family Partnership med 7 mill. kroner. Målet med programmet er å gi ekstra støtte til utvalde førstegongsforeldre. Ein legg vekt på å følgje opp utsette familiar som trenger ekstra støtte over tid gjennom mellom anna heimebesøk.

Regjeringa føreslår òg å løyve 3 mill. kroner til igangsetjing av utviklingsprosjekt for å stimulere kommunane til å styrkje tilbodet til utsette grupper som treng eit krisesentertilbod. Evalueringa av krisesentertilbodet viser at valdsutsette med tilleggsproblematikk knytt til rus og psykisk helse, valdsutsette med funksjonsnedsettingar og valdsutsette menn og barna deira ikkje får eit godt nok tilbod i mange kommunar.

BLD har ansvar for fleire tiltak i regjeringa sin Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme. Regjeringa føreslår å auke løyvinga for å utvikle og prøve ut rettleiingsopplegg (ICDP) retta mot foreldre og føresette som ledd i arbeidet med å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme. BLDs arbeid mot radikalisering og valdeleg ekstremisme er nærmare omtalt under programkategori 11.05 Integrering og mangfald.

Det er særs viktig å leggje til rette for brei deltaking blant barn og unge for å motverke utanforskap og ekstremisme. Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken, og regjeringa støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane. Aktiv medverknad frå barn og unge bidreg til eit levande demokrati for framtida.

Regjeringa vil hausten 2015 lansere ein eigen plan for barn og unge. Planen skal gi ein brei presentasjon av regjeringa sitt arbeid for å sikre gode oppvekst- og levekår for alle barn og unge. Planen skal løfte fram konkrete tiltak, både arbeid som alt er i gang, og nye satsingar, og vise fram prioriteringane og satsingane i barne- og ungdomspolitikken framover.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om familiepolitikken våren 2016. Familiemeldinga skal omtale dagens familiemangfald og identifisere og drøfte utfordringar som enkelte familiar møter. Meldinga skal gi retning for ein samla offentleg politikk på dei viktigaste områda som gjeld familiane. Meldinga skal òg drøfte oppvekstpolitikken, og målet er å utvikle politikken vidare, slik at ein betre kan møte dei utfordringane barn, ungdom og familiar står overfor.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om endringar i barnelova. Formålet med forslaget er å fremme likestilt foreldreskap og dempe konfliktar som rammer barna. Endringsforslaga tek sikte på å styrkje foreldreansvaret, styrkje samvær med barna for begge foreldre og hindre at samvær ikkje blir gjennomført.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal gå igjennom overføringsordningane og tenestetilbodet til familiar med barn under 18 år. Utvalet skal levere utgreiinga til departementet i mars 2017.

Departementet har sendt på offentleg høyring eit forslag om å stramme inn retten til barnetrygd under utanlandsopphald. Det blir føreslått at retten til å motta barnetrygd under utanlandsopphald blir avgrensa til tre månader, mot seks månader i dag. Formålet er å bidra til å motverke at elevar taper skolegang på grunn av langvarige opphald i utlandet. Høyringsfristen er 30. oktober 2015.

Mål

Hovudmåla og delmåla på familie- og oppvekstområdet tek for seg oppgåvene til BLD, både som samordnar og som ansvarleg fagdepartement. For 2016 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

3: Trygge rammer for familiane

3.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

3.2: Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna

3.3: Effektive verkemiddel i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep

5: Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

5.1: Like moglegheiter til deltaking for alle barn og ungdom

5.2: Redusere konsekvensar av fattigdom for barn og ungdom

Resultatrapport og strategiar

Delmål 3.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Politikken skal fremme valfridom og fleksibilitet og gjere det mogleg for familiane å velje dei løysingane som passar best for dei.

Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i delmål 3.2 Ein familiepolitikk som tek vare på barna sine behov og fremmar likestilling og delmål 6.3 Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira i Prop. 1 S (2013–2014) og delmål 3.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane og delmål 6.3 Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira i Prop. 1 S (2014–2015).

Resultatrapport 2014/2015

BLD har ansvar for sentrale overføringsordningar til barnefamiliar: kontantstøtte, barnetrygd og foreldrepengar. Ordningane blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten (Nav). Nedanfor vil utviklinga i bruk av kontantstøtte og barnetrygd bli gjennomgått i korte trekk. Det blir òg gitt ein statusrapport om Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs område. For omtale av foreldrepengar, sjå programkategori 28.50.

Kontantstøtte

I august 2014 blei kontantstøtta auka til 6 000 kroner per månad for alle eittåringane.

Stønadsperioden for kontantstøtte er inntil elleve månader, frå og med månaden etter at barnet har fylt eitt år, til og med månaden før barnet fyller to år (13 til 23 månader). Barn som er i barnehage mindre enn 20 timar i veka, har rett til halv kontantstøtte på 3 000 kroner per månad.

Tabell 4.9 Barn med kontantstøtte. Månadlege gjennomsnitt

Første halvår 2013

Andre halvår 2013

Første halvår 2014

Andre halvår 2014

Første halvår 2015

Barn i kontantstøttealder (13–23 månader)

56 465

56 392

55 923

55 517

55 192

Barn med kontantstøtte

22 125

19 414

23 640

19 860

22 530

– i prosent av talet på barn i kontantstøttealder

39,2

34,4

42,3

35,8

40,8

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

I 2014 var det ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet 41 145 eittåringar i barnehage.

Delen kontantstøttemottakare har auka litt frå 2013 og 2014. Ein ser ein liten nedgang i første halvår 2015. Det ser ut som om auka kontantstøtte har betydd mest for brukarane i familiar med norsk bakgrunn. I desse familiane har kontantstøttebruken auka litt, medan bruken av kontantstøtte for eittåringane i familiane med innvandrarbakgrunn har halde fram å gå ned.

Drygt to tredjedelar av kontantstøttebarna er 12 til 18 månader.

Figur 4.1 Prosentdel barn med kontantstøtte. Fylkesvise tal

Figur 4.1 Prosentdel barn med kontantstøtte. Fylkesvise tal

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå februar 2015.

Figuren viser prosentdelen barn i alderen 13–23 månader som det blir utbetalt kontantstøtte for. Det er framleis skilnader mellom fylka og ulike delar av landet når det gjeld bruken av kontantstøtte. Vest-Agder er på topp med 43,3 prosent i februar 2015, medan Nord-Noreg har den lågaste bruken i landet.

Barnetrygd

Den ordinære barnetrygda blei ført vidare utan endringar i satsar eller regelverk i 2015. Finnmarks- og svalbardtillegget blei avvikla frå 1. april 2014.

I 2014 var det om lag 670 000 mottakarar av barnetrygd. Av dei fekk om lag 19 prosent utvida barnetrygd. I overkant av ni av ti mottakarar totalt sett var kvinner, men blant dei med utvida barnetrygd var om lag 20 prosent menn. I 2014 var det drygt 4 000 mottakarar av småbarnstillegg til einslege forsørgjarar.

Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLD sitt ansvarsområde

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvalting av ytingane barnetrygd, kontantstøtte og foreldrepengar og regelverket for barnebidrag. Etaten har hatt utfordringar både når det gjeld talet på saker til behandling, og når det gjeld å forsikre seg om at det blir rett utbetaling til kvar mottakar.

Arbeids- og velferdsetaten har dei siste åra arbeidd målretta med å betre kapasiteten og kvaliteten på ytingsforvaltinga. Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere saksbehandlingstidene, og dei har òg sett i gang eit systematisk og langsiktig arbeid for å betre kontrollen og kvaliteten på ytingsforvaltinga.

Samla sett har saksbehandlingstida og kvaliteten på ytingsforvaltinga blitt betre dei seinare åra, men det er framleis utfordringar.

Arbeids- og velferdsetaten jobbar vidare med konkrete tiltak for å betre forvaltinga av sakene og informasjonen som blir gitt til brukarane.

Det er utarbeidd saksbehandlingsstandardar for dei ulike ordningane som etaten forvaltar. Kontrollen av kvaliteten i saksbehandlinga er mellom anna styrkt gjennom innføring av systematiske stikkprøver på bidragsområdet.

For å møte utfordringane knytte til saksbehandlingstid og kvalitet har Arbeids- og velferdsetaten samla saksbehandlinga i større einingar. Dette skal tryggje effektivitet og gi mindre variasjon i forvaltinga av ytingar. Det er framleis utfordringar knytte til saksbehandlinga av barnebidrag, men saksbehandlingstida på barnebidragsområdet er blitt redusert i løpet av 2015. Ein jobbar òg systematisk med å få høgare kvalitet på vedtak om barnebidrag. I 2015 er det for første gong sett eit konkret mål om at minst 90 prosent av førstegongsvedtaka i barnebidragssaker skal vere korrekte i 3. tertial.

Arbeids- og velferdsetaten har endra IKT-løysinga for søknad om foreldrepengar med verknad frå juni 2015. Den nye løysinga gjer det mogleg å søkje om foreldrepengar digitalt. Foreldre kan òg kommunisere med Nav, få rettleiing og sjå status på saksbehandlinga i den nye nettløysinga.

Som det går fram av omtalen av strategiar og tiltak, planlegg ein no arbeidet med ei fullt ut modernisert IKT-løysing på foreldrepengeområdet som ledd i det samla IKT-moderniseringsprogrammet i Nav.

BLD har lagt vekt på at utfordringane som er knytte til Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på ansvarsområdet til departementet må sjåast i samanheng med dei samla utfordringane for etaten. Det er viktig å ha ei heilskapleg tilnærming til utfordringane. BLD har derfor ein tett dialog med Arbeids- og sosialdepartementet og med etaten.

Ei nærmare utgreiing om status og strategiar for Arbeids- og velferdsetaten er gitt i Prop. 1 S (2015–2016) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Adopsjon

Våren 2014 vedtok Stortinget fleire endringar i adopsjonslova, mellom anna om flytting av utgreiingsansvaret frå kommunane til regionane i Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), utviding av høvet til å adoptere stebarn etter skilsmisse og død, høve for sambuarar til å adoptere saman og utvida heimel for departementet til å fastsetje forskrift om utanlandsadopsjon. Forskrift om adopsjon av barn frå utlandet er utforma under omsyn til at samtykke til utanlandsadopsjon skal skje etter ei heilskapleg vurdering av søkjarane, slik komiteen i Innst. 143 L (2013–2014) tok til orde for. Forskrifta og endringa om å flytte utgreiingsansvaret tok til å gjelde 1. februar 2015. Dei andre endringane tok til å gjelde 1. oktober 2014. Departementet har gitt ut retningslinjer og kommentarar til endringane.

Adopsjonslovutvalet leverte i oktober 2014 utgreiinga NOU 2014: 9 Ny adopsjonslov, til departementet. Utvalet har kome med ein revisjon av adopsjonslova og gjort ei fullstendig og prinsipiell vurdering av adopsjonsinstituttet. Utgreiinga har vore på brei høyring, og departementet arbeider med å følgje opp høyringa.

Talet på adopsjonar har gått ned med om lag 80 prosent i perioden 2004–2014. I 2014 blei det gjennomført 152 adopsjonar. Nedgangen har mellom anna samanheng med at heimlanda no har større moglegheit til å ta vare på barna sjølve.

Tre adopsjonsorganisasjonar, Adopsjonsforum, InorAdopt og Verdens barn, har fått tilskot til drift frå departementet. Midlane blei gitt for å følgje opp oppgåver innan utanlandsadopsjon og medverkar til ei trygg formidling av adopsjonane. Organisasjonane har òg fått støtte til arbeidet med å få nye land å samarbeide med.

Forsking

BLD har gitt midlar til Noregs forskingsråd gjennom forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon. I 2014 løyvde programmet midlar på til saman 200 mill. kroner til 22 nye prosjekt. Til saman består porteføljen av 70 prosjekt. Det er òg løyvt midlar til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar.

BLD har sett i gong fleire forskings- og utgreiingsprosjekt. SSB har utarbeidd ein kunnskapsstatus om fruktbarheit og samliv. Institutt for samfunnsforsking har fått i oppdrag å utarbeide eit temanotat om familiepolitiske overføringsordningar (foreldrepengar og kontantstøtte). Notatet skal liggje føre hausten 2015. Kunnskapsstatusar og temanotat er gode verkemiddel for å stille saman eksisterande nasjonal og internasjonal forsking. Med slike oversikter kan kunnskapshòl identifiserast og behovet for ny kunnskap tydeleggjerast.

Strategiar og tiltak for 2016

Kontantstøtte og barnetrygd

Det er ikkje føreslått endringar i regelverk eller satsar for kontantstøtte eller barnetrygd frå 2015 til 2016. Eingonggstønaden ved fødsel og adopsjon er føreslått prisomregna, sjå nærmare omtale under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon.

Regjeringa har i juli 2015 sendt på høyring eit forslag om å stramme inn retten til barnetrygd ved utanlandsopphald. Regjeringa føreslår å senke grensa for utanlandsopphald frå seks til tre månader. Grensa for utenlandsopphold vil da vere den same som det er for kontantstøtte. Det er ikkje føreslått endringar i unntaksreglane ved utanlandsopphold. Forslaget vil vere eit verkemiddel for å motverke at barn har langvarig fråvær frå skolen på grunn av utanlandsopphald. Forslaget tek omsyn til barnas læringssituasjon og integrering. Konsekvensane for barn som er lenge borte frå skolen, kan bli alvorlege for den enkelte. Regjeringa ser at barnetrygda kan vere eit verkemiddel for å redusere langvarig skolefråvær.

Gjennom EØS-avtalen er Noreg underlagt EUs koordineringsreglar for trygd. Noreg eksporterer derfor familieytingar til EØS-området. I EU er det starta ein prosess der ein vurderer moglege endringar i reglane for eksport av familieytingar. Noreg deltek i denne prosessen med sikte på å medverke til å redusere eksporten.

Utval om støtteordningar til barnefamiliane

Regjeringa oppnemnde i juni 2015 eit offentleg utval for ein brei gjennomgang av det offentlege tenestetilbodet og overføringsordningane til familiar med barn under 18 år. Det er viktig med gode velferdsordningar for barnefamiliane. Utvalet skal gå igjennom barnetrygd, skattefordelar, foreldrepengar og eingongsstønad, kontantstøtte, stønad til einsleg mor eller far, bidragsforskot, barnetillegg til trygdeytingar, bustøtte frå Husbanken, barnehagesubsidiar, skolefritidsordninga og utdanningsstøtte. Utvalet skal vurdere moglege endringar, mellom anna for å redusere barnefattigdom og for å få ein god bruk av samfunnet sine ressursar. Utvalet skal særleg vurdere om barnetrygda bør endrast, og sjå på ulike modellar for omfordeling av barnetrygda, mellom anna behovsprøving.

Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs ansvarsområde

Arbeids- og velferdsetaten vil halde fram med det målretta arbeidet for å betre kapasiteten og kvaliteten i ytingsforvaltinga og forvaltinga av regelverket om barnebidrag.

Utvikling av ei ny og moderne systemløysing for foreldrepengar og eingongsstønad skal etter planen vere ein sentral del av Prosjekt 2 i IKT-moderniseringsprogrammet i Arbeids- og velferdsetaten.

Planane for IKT-moderniseringa og resten av utviklingsarbeidet i Arbeids- og velferdsetaten er nærmare gjort greie for i Prop. 1 S (2014–2015) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Adopsjon

Departementet legg vekt på å følgje forpliktingane Noreg har internasjonalt på adopsjonsfeltet. Som følgje av nedgangen i talet på adopsjonar, har organisasjonane særlege utfordringar knytte til finansieringa av formidlingsverksemda. Departementet har sett av midlar til driftsstøtte til organisasjonane og støtte til arbeidet med å få nye samarbeidsland.

Eingongsstønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet, blei frå 1. januar 2015 sett til 88 370 kroner, tilsvarande 1G (folketrygda sitt grunnbeløp). Departementet føreslår at adopsjonsstønaden blir sett til 90 068 kroner for 2016, tilsvarande grunnbeløpet som gjeld frå 1. mai 2015.

Forsking

Ut frå kunnskapsoppsummeringar på fleire område, vil departementet vurdere å setje i gang ny forsking for å tette kunnskapshòl på familieområdet.

Fleksibel bruk av kontantstøtte – Oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 55, 1. desember 2014

For oppfølging av oppmodingsvedtak, sjå Del I, 3 Oppmodingsvedtak.

Delmål 3.2 Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna

Regjeringa ønskjer å styrkje stillinga til familien i det norske samfunnet. Familien skaper ei trygg ramme omkring oppveksten til barna, utan omsyn til kva form den enkelte familien har. Arbeidet i Familievernet med førebyggjing og tilboda deira til dei familiane som opplever vanskar, er viktige tiltak for å nå målet om trygge familierelasjonar.

Tilbod om mekling og samtalar om foreldresamarbeid for delte familiar er eit viktig verkemiddel for å nå målet om godt foreldresamarbeid til beste for barnet. For å nå målet om likestilt foreldreskap må ein leggje til rette for at begge foreldra får ta del i omsorga for barnet.

Resultatrapporteringa under dette delmålet tek utgangspunkt i delmål 3.2 Ein familiepolitikk som tek vare på barna sine behov og fremmar likestilling, delmål 3.3 Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna og delmål 3.4 Velfungerande og tilgjengelege familieverntenester i Prop. 1 S (2013–2014) og delmål 3.2 Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna i Prop. 1 S (2014–2015).

Resultatrapport 2014/2015

Familievernet

Samfunnsoppdraget til Familievernet er å medverke til gode og trygge oppvekstkår for barn og å førebyggje konfliktar og negative samspelsmønster i familiar. Gjennom lågterskeltilbodet medverkar familieverntenesta til å oppretthalde og utvikle stabile familieliv, førebyggje samlivsbrot og ta vare på foreldreskap etter samlivsbrot til beste for barna.

BLD gav i 2013, med bakgrunn i kritikk frå Riksrevisjonen, Bufdir i oppdrag å gå igjennom dimensjoneringa og organiseringa av familieverntenesta for å få til eit nasjonalt likeverdig tilbod. Gjennomgangen viste at tilbodet gjennomgåande har god kvalitet, men at dimensjoneringa og organiseringa av tenesta ikkje var likeverdig for befolkninga på landsbasis.

Stortinget auka løyvinga til familievernet for 2015. Den styrkte innsatsen i 2015 skulle auke behandlingskapasiteten ved familievernkontora med fleire fagstillingar, mellom anna for betre å kunne gi eit geografisk likeverdig tilbod. Tildelinga i 2015 er nytta til å auke aktiviteten og kvaliteten ved familievernkontora. Som resultat av budsjettauken har alle familievernkontora i landet fått auka løyvingane til behandlarstillingar i 2015. Dette auker kapasiteten i familievernet. Graden av styrking ved dei enkelte kontora varierer, i tråd med prinsippa om å gi eit likeverdig tilbod på landsbasis. Arbeidet skal rettast mot barnefamiliar med høgt konfliktnivå, familiar der det er vald og det førebyggjande arbeidet i familieverntenesta for å gi barn gode oppvekstvilkår.

For å nå målet om at tenestetilbodet som blir gitt, er i utvikling og basert på den best tilgjengelege kunnskapen, er det etablert tre spisskompetansemiljø ved utvalde familievernkontor på områda vald i familien, høgt konfliktnivå etter samlivsbrot og oppfølging av biologiske foreldre som er fråtekne omsorga for barna sine.

Tilboda ved familievernkontora ved par- og familiekonfliktar er kostnadseffektive og korttidsprega. 60 prosent av sakene er avslutta etter to samtalar, og 40 prosent av sakene er avslutta innan to månader.

Førebyggjande arbeid

Familievernkontora skal prioritere det førebyggjande arbeidet med mål om å gi barn gode, trygge og utviklingsfremmande oppvekstkår. Å tilby hjelp til familiar som ønskjer å oppretthalde eit stabilt familieliv har vore, og er, kjerneoppgåva til familievernet. Tilboda er samtaleterapi og gruppeterapi, foreldrerettleiing og spesialiserte tilbod som til dømes kurs for foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne. Eit aktivt samarbeid med andre førebyggjande tenester, som til dømes helsestasjonar, er nødvendig for å nå målet om gode oppvekstvilkår for barn.

Arbeid med familiar med høgt konfliktnivå

Det er godt dokumentert at foreldre som har vedvarande høgt konfliktnivå, kan utsetje barna for auka risiko for helsebelastingar og sosiale vanskar. Familievernet har styrkt tilbodet til desse familiane, og prioriterer både familiar som ønskjer å halde fram med samlivet og dei som vel å gå frå kvarandre. Alvorsgraden i foreldretvistane ser ut til å auke. Dette ser ein ved at fleire foreldre som kjem til mekling, vurderer å reise sak for retten og ved at familievernet sender bekymringsmeldingar i stadig fleire saker.

Arbeid med vald i familieverntenesta

Bufdir har i samarbeid med Alternativ til vold (ATV) utarbeidd to planar for korleis tenesta kan utvide tilbodet til familiar som opplever vald. Dette gjelder blant anna utvikling av familievernet sitt arbeid med barn og unge utsett for vald og unge valdsutøvarar og vaksne utøvarar av vald i familien. Arbeidet med å operasjonalisere og følgje opp planane er i gang. Å leve med vald kan gi alvorlege og livslange skader, og det er viktig med tidleg innsats og å gi verksam hjelp. Tilbodet frå familievernet når det gjeld vald i familien, skal styrkjast vidare. For nærmare omtale av familievernet sitt arbeid mot vald, sjå delmål 3.3.

Foreldre som har mista omsorga for barna

Familievernkontora har styrkt tilbodet til foreldre som har mista omsorga for barna etter inngrep frå barnevernet. Det er tilbod om sorgarbeid, betring av omsorgskompetanse, sinnemeistring og foreldrerettleiing. Tiltaka blir sett i verk i samarbeid med det kommunale barnevernet. Alle kontora skal ta vare på denne målgruppa, og i tillegg skal det utviklast særleg kompetanse ved utvalde kontor. Det er oppretta eit spisskompetansemiljø ved familievernkontoret i Sør-Rogaland, med ansvar for å utvikle faglege rettleiingar og kompetansehevingstiltak for tenesta. Organisasjonen for barnevernsforeldre (OFB) og Norsk barnevernlederorganisasjon (NOBO) har medverka i dette arbeidet.

Tilskotsordningane til samlivstiltak og foreldrestøttande tiltak i kommunane

Den overordna målsetjinga med tilskotsordninga til samlivstiltak er å støtte opp om samlivet i parforhold og å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Programma som blir nytta blir systematisk brukarevaluerte, og viser positiv måloppnåing. Løyvinga til ordninga blei auka med 2,5 mill. kroner frå 2014 til 2015, og er i år på 6,6 mill. kroner.

Bufdir har hovudansvaret for å følgje opp Program for foreldrerettleiing. Programmet blir gjennomført av ulike tenester i kommunane. ICDP (International Child Development Programme) er basisprogrammet som legg hovudvekt på relasjonar og samspel. Programmet er evaluert med gode resultat. Det har blitt arbeidd med å utvikle programmet digitalt og leggje til rette for nye målgrupper. I samband med Revidert nasjonalbudsjett i 2015 blei programmet tilført 2,5 mill. kroner til arbeid retta mot foreldre som er uroa for at barnet deira står i fare for å bli radikalisert og rekruttert inn i ekstremistiske miljø. I 2015 blei programmet utvikla for foreldre i asylmottak.

Gjennom tilskotsordninga Tilskot til kommunar til foreldrestøttande tiltak gir Bufdir stimuleringsmiddel til kommunane. Målsetjinga med tilskotsordninga er å stimulere fleire kommunar til å ta i bruk tiltak som er retta mot å gi barn tidleg hjelp i heimen gjennom foreldrerettleiing og andre foreldrestøttande tiltak. Av 120 søkjarar i 2014 fekk 17 kommunar tildelt støtte. Det høge talet på søknader vitnar om eit stort behov for foreldrerettleiande tiltak i kommunane. I 2015 blei det løyvd 6 mill. kroner til ordninga. Det blei i tillegg tilført 11,9 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2015, jf. Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015. Satsinga er ein del av Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi 20152017.

Barnebidrag

Det har over fleire år vore ein reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet for å få fastsett barnebidraget, og om lag 45 prosent av delte familiar bruker det offentlege tilbodet.

Ved utgangen av 2014 blei det utbetalt barnebidrag og/eller bidragsforskot for 107 944 barn. Delen mannlege bidragsmottakarar og delen kvinnelege bidragspliktige har dei siste åra stabilisert seg på 7–8 prosent.

Det er gitt ein nærmare omtale av Arbeids- og velferdsetaten si forvaltning på bidragsområdet under delmål 3.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Tabell 4.10 Barn som får bidrag / forskot på bidrag gjennom det offentlege, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner)

Talet på barn

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

14 783

1 495

Barn 6–10 år

25 677

1 684

Barn 11–14 år

27 674

1 848

Barn 15–18 år

27 251

2 148

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå april 2015.

Bustad og samvær

Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennomførte ei intervjuundersøking med foreldre om bustad og samvær i 2012. Fleire forskingsrapportar med utgangspunkt i tal frå denne undersøkinga har kome i 2014 og 2015.

Rapportane viser mellom anna at foreldre som har delt bustad for barnet, sjeldnare hadde konflikt enn foreldre med barn som budde mesteparten av tida hos den eine av foreldra.

Delt bustad er blitt vanlegare blant alle grupper av familiar. Men delt bustad er framleis meir vanleg blant foreldre med høg utdanning og inntekt og blant foreldre med lågt konfliktnivå.

SINTEF Teknologi og samfunn har undersøkt kva påverknad barn har på eigen bustad- og samværsordning når foreldra ikkje bur saman (rapport 2015-03-01). Barn har liten påverknad på samværsavtalen til foreldra, noko større påverknad på bustadordning og relativt stor påverknad når det gjeld det faktiske samværet i kvardagen. I tråd med gjeldande lovgiving har barnet større påverknad desto eldre det er.

Domstolsbehandling av barnelovsaker

I 2014 blei 2 721 saker etter barnelova bringa inn for tingrettane. Det er ein auke på 2,4 prosent frå året før. Saker etter barnelova utgjorde 16 prosent av alle tvistesaker som kom inn til domstolane i 2014.

Departementet lyste i 2015 ut eit oppdrag om å lage ei utgreiing om behandlinga av foreldretvistar etter barnelova i domstolane. Hovudformålet med utgreiinga er å få meir kunnskap om korleis domstolane organiserer og behandlar saker om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast og samvær etter barnelova. Departementet ønskjer òg kunnskap om behandlinga av barnelovsaker der det er uro for omsorgssituasjonen til barnet.

Domstoladministrasjonen fekk i 2014 og 2015 tildelt midlar til kompetanseheving i behandling av foreldretvistar etter barnelova. Eit viktig mål er å betre kvaliteten på samtalar med og høyring av barn i samband med endringane i barnelova i 2014.

Familievernet kan gi eit komplementerande tilbod til foreldre under og etter behandlinga av barnelovsaker for domstolen, for å hjelpe foreldre med konfliktmeistring og med å betre samarbeidet om barna. Domstoladministrasjonen har innleidd eit samarbeid med Bufdir med mål om å etablere felles kompetansehevande tiltak og informasjonsutveksling. Det kan på sikt medverke til å redusere talet på saker som kjem til domstolane. Målet er å gi familiar med høgt konfliktnivå eit godt og heilskapleg tilbod til beste for barna. Sjå òg omtalen av mekling under Familievernet.

Fastsetjing og endring av foreldreskap

Divisjon for rettsmedisinske fag ved Nasjonalt folkehelseinstitutt gjennomfører DNA-analysar i farskapssaker på oppdrag frå det offentlege (Arbeids- og velferdsetaten og domstolane). I 2014 blei det utført 989 analysar, medrekna eksterne kvalitetstestar. Dette er ein oppgang på 234 analysar frå året før. Auken kjem truleg av skjerpa vilkår for å reise sak om endring av farskap, og er venta å vere forbigåande.

Strategiar og tiltak for 2016

Familievernet

Verksemda ved familievernkontora skal innrettast slik at det er god balanse mellom

  • på den eine sida førebyggjande innsats med vekt på å styrkje kvaliteten på samliv, godt foreldreskap og førebyggjing av samlivskonfliktar og samlivsbrot

  • på den andre sida vekt på behandling, mekling og andre tiltak for å betre situasjonen for barn og vaksne som lever i høg konflikt og/eller med vald eller andre alvorlige problem.

BLD skal følgje opp arbeidet med å få til eit nasjonalt likeverdig og tilgjengeleg tenestetilbod til brukarane, med høg kvalitet på det faglege arbeidet og effektiv utnytting av ressursane. Bufdir fører vidare dette arbeidet, mellom anna på grunnlag av ein intern gjennomgang av dimensjoneringa og organiseringa av familievernet. Med bakgrunn i Stortinget si handsaming av Riksrevisjonen sin gjennomgang av meklingsordninga frå 2011 i Innst. 233 S (2012–2013) og dimensjoneringsrapporten frå Bufdir frå 2014, legg departementet til grunn at ein kan slå saman kontor med kort avstand seg imellom for å sikre meir robuste einingar med større fagleg miljø. Samtidig gir departementet føringar på at tilgjengelegheit og reiseavstand for brukarane av familievernkontora skal takast vare på, til dømes ved hjelp av utekontor. Når kontor legges under ei felles leiing skal det samtidig takast utgangspunkt i dagens familievern med både kyrkjelege og offentlege familievernkontor.

Førebyggjande arbeid

Satsinga på å styrkje det førebyggjande arbeidet til familievernet vil halde fram i 2016. Dette arbeidet er svært viktig for at barn og unge skal få ein god oppvekst, og for å hjelpe familiar til å leve betre saman.

Departementet vil i 2016 setje i gang eit utgreiingsarbeid som skal dreie seg om korleis familievernet kan styrkje det førebyggjande arbeidet i samarbeid med kommunale tenester.

Arbeidet med å byggje ut, vidareutvikle og implementere dei ulike eksisterande programma for oppdragarkompetanse og foreldrestøttande tiltak vil halde fram. Regjeringa vil auke løyvinga til rettleiingsopplegget ICDP for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme med 2 mill. kroner i 2016.

Det vil bli arbeidd vidare med utvikling av førebyggjande samlivskurs for foreldre.

Det er sett i gang eit særleg samarbeid mellom familievernet og helsestasjonane. Helsestasjonane møter dei aller fleste barn til kontrollar i dei første leveåra, og eit samarbeid vil kunne gjere det lettare å fange opp familiar som treng hjelp på eit tidleg stadium.

Mekling

Barn og unge kan ta skade av å leve med foreldre som har store og langvarige konfliktar. Nyare forsking viser at skadeverknadane kan vere større enn ein tidlegare har trudd. For å førebyggje skadar hos barn, skal familievernet prioritere arbeid med barnefamiliar der konfliktnivået er høgt, både under samlivet og etter samlivsbrot. Bufdir held fram arbeidet med å styrkje grunnopplæringa av meklarane, og følgjer opp med rettleiing og oppfølgingskurs. Det blir òg utarbeida faglege standarder for saker med høgt konfliktnivå og samtalar med barn.

I samband med behandlinga av Prop. 1 S (2014–2015) vedtok Stortinget, jf. romartalsvedtak VII i Innst. 14 S (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å fremme forslag for Stortinget om at alle barn skal tilbys en egen samtaletime hos familievernet når foreldrene er inne til mekling etter samlivsbrudd.»

Talet på barn som blir høyrt i meklingssaker i familievernet er fortsatt lågt, men delen barn auka noko frå 2013 til 2014. Regjeringa føreslår å auke budsjettet til familievernet med 5 mill. kroner i 2016 for å gi fleire barn tilbod om barnesamtalar ved samlivsbrot. Departementet legg til grunn at familievernkontora kan ta i bruk private meklarar for å frigjere kapasitet. Slik frigjort kapasitet kan mellom anna brukast til betre oppfølging av barn. BLDs oppfølging av oppmodingsvedtaket er omtalt i Del I, 3 Oppmodingsvedtak

Regjeringa vil elles satse vidare på informasjons- og samarbeidstiltak for å auke kjennskapen til meklingstilbodet til familievernet. Auka bruk av meklings- og foreldresamarbeidstilbodet etter samlivsbrot kan redusere konfliktane og gjere oppvekstvilkåra betre for barna.

Det er eit mål å redusere talet på foreldretvistar etter barnelova for domstolane. Tilboda ved familievernkontora kan vere eit alternativ til domstolsbehandling. Samarbeidet mellom familievernkontora og domstolane skal utviklast og styrkjast i alle regionar i saker der det er høgt konfliktnivå mellom foreldra.

Familievernet sitt arbeid med vald

I 2016 skal det arbeidast vidare med å utvikle og etablere eit styrkt tilbod til valdsutsette barn og familiar og til valdsutøvarar. Familieverntenesta står sentralt i dette arbeidet. For nærmare omtale av familievernet sitt arbeid mot vald, sjå omtale under delmål 3.3.

Andre tilbod i familieverntenesta

Regjeringa legg vekt på å gi eit godt tilbod til foreldre som opplever at barnevernet tek over omsorga for barna deira. Målet er å styrkje tilbodet om foreldrerettleiing og gi betre støtte til foreldra ved samvær med barna. Betre oppfølging kan medverke til å redusere konfliktar, førebyggje utilsikta rettslege prosessar og gi barna større stabilitet. Det kan òg vere viktig for barna å vite at foreldra får god oppfølging etter omsorgsovertakinga. Familievernkontora har fått ei større rolle i denne oppfølginga, og kompetansen og kapasiteten skal styrkjast. Barnevernet og familievernet samarbeider på dette området. Det er oppretta eit spisskompetansesenter på området som skal arbeide vidare med korleis tilbodet bør utviklast.

Familiemelding

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om familiepolitikk våren 2016.

Meldinga vil identifisere og drøfte utfordringane i ein framtidig familiepolitikk i eit generasjons- og livsløpsperspektiv. Med bakgrunn i ny kunnskap skal meldinga gi retning for ein samla offentleg politikk på område som er viktige for familiane. Regjeringa si familiepolitikk byggjer på at vala og levemåtene til familiane ikkje kan eller skal gjennomregulerast av stat og kommune.

Tilskotsordningane til samlivstiltak og foreldrestøttande tiltak

BLD vil føre vidare ordninga med tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak på samlivsområdet.

Tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak retta mot kommunane vil bli ført vidare i 2016. Eit viktig mål med ordninga er gi barn tidleg hjelp og hjelpe foreldra til å skape trygge rammer for oppvekst og utvikling i familien. Budsjettramma for tilskotsordninga blir føreslått styrkt med 10 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2015.

Likestilt foreldreskap

Forslag til endringar i barnelova som tek sikte på å fremme likestilt foreldreskap, blei sende på høyring i 2015. Formålet er å fremme likestilt foreldreskap og dempe konfliktar som rammer barna. Endringsforslaga tek sikte på å styrkje foreldreansvaret, styrkje samvær med barna for begge foreldra og hindre at samvær ikkje blir gjennomført.

Barnebidrag

Det følgjer av regjeringsplattforma at regjeringa vil gå gjennom bidrags- og støtteordningar knytta til omsorg for barn for å utvikle eit enklare og meir rettferdig regelverk. Dette arbeidet vil òg omfatte ein gjennomgang av utforminga av ordninga med bidrag etter fylte 18 år, jf. Prop. 1 S (2013–2014) og Dokument 8: 125 S (2010–2011). Departementet vil følgje opp dette i 2016.

Domstolsbehandling av barnelovsaker og utgreiing av særdomstolar

Departementet vil føre vidare den økonomiske støtta til Domstoladministrasjonen. Midlane skal nyttast til kompetanseheving i behandlinga av foreldretvistar etter barnelova. Eit viktig mål er å sikre høg kvalitet på behandlinga av desse sakene.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut om særdomstol i barne- og familiesaker og forvaltningsdomstol for utlendingssaker. Utvalet skal vurdere ulike alternative løysingar, mellom anna vurdere om det bør opprettast særdomstolar for barne- og familiesaker, om barnevernssaker bør flyttast til tingretten, om foreldretvistar skal flyttast til fylkesnemndene eller om systemet bør vere som i dag og styrkjast. Vidare skal utvalet vurdere om barneverntenesta kan vere partshjelpar, ha partsrettar eller særleg søksmålskompetanse i foreldretvistar. Utvalet skal òg vurdere bruk og kvalitetssikring av sakkunnigerklæringar og sakkunnig arbeid i barnelov- og barnevernlovsaker. Utvalet skal òg sjå på hurtigspor i dei alminnelege domstolane for enkelte sakstypar innanfor straffesakskjeda. Utvalet skal levere utgreiinga innan 31. januar 2017.

Betre behandling av foreldretvistar der barn er utsette for vald og overgrep og bortfall av foreldreansvar

Regjeringa vil greie ut ei lovendring med sikte på å endre foreldreretten og samværsretten til barn der far/stefar eller mor/stemor har blitt dømt for alvorlege overgrep mot eigne barn/stebarn. Departementet vil vurdere endringar i barnelova for å få til ei enklare behandling av spørsmåla om samværsrett med vidare etter straffedom for alvorlege overgrep mot eigne barn eller stebarn. Ein vil òg sjå på om det bør innførast ei lovfesta plikt for domstolen til å vurdere kontaktforbod i slike saker.

Ratifisering og oppfølging av Haag-konvensjonen

Regjeringa har føreslått at Noreg ratifiserer Haag-konvensjonen 1996, jf. Prop. 102 LS (2014–2015) Lov om gjennomføring av konvensjon 19. oktober 1996 om jurisdiksjon, lovvalg, anerkjennelse, fullbyrdelse og samarbeid vedrørende foreldremakt og tiltak for vern av barn, og endringar i enkelte andre lover, og samtykke til ratifikasjon av konvensjonen. Proposisjonen blei vedteken av Stortinget i juni 2015, jf. Innst 340 S (2014–2015). Det er eit krav etter konvensjonen at konvensjonsstaten peiker ut ei sentralstyresmakt som skal samarbeide med sentralstyresmaktene i andre konvensjonsstatar, rettleie om konvensjonen og informere om lover og tenester. Departementet arbeider med å etablere ei sentralstyresmakt, og det er sett av midlar til dette. Departementa og utanriksstasjonane har dei siste åra hatt ein aukande pågang frå utanlandske sentralstyresmakter særleg på barnevernområdet, der dei blir bedt om å gripe inn i eller løyse enkeltsaker. Utan dei rette verkemidla kan slike saker skape utanrikspolitiske vanskar. Tilslutning til Haag-konvensjonen 1996 inneber at internasjonale foreldretvistar og barnevernssaker kan førebyggjast og løysast hos rett styresmakt med støtte frå den norske sentralstyresmakta i dialog med utanlandske sentralstyresmakter.

Behandling av saker om ugyldige ekteskap

Stortinget vedtok i juni 2015 endringar i ekteskapslova og brudvigjingslova. Endringane inneber at ansvaret for å behandle saker om ugyldige ekteskap etter ekteskapslova §§ 16 og 18 a og brudvigjingslova § 11 blir flytta frå Bufdir og departementet til Fylkesmannen. Departementet tek sikte på at lovendringa kan setjast i verk frå 1. januar 2016, slik at Fylkesmannen tek over nye saker frå dette tidspunktet.

Delmål 3.3: Effektive verkemiddel i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn, ungdom og vaksne. Regjeringa set i verk tiltak i tiltaksplanen En god barndom varer livet ut og tiltak i handlingsplanen Et liv uten vold. Innsatsen er retta mot å førebyggje, avdekkje, behandle og utvikle kompetanse om offer for vald og seksuelle overgrep. Regjeringa vil òg betre koordineringa av arbeidet mot vald og tvang i nære relasjonar.

I 2016 vil regjeringa arbeide med å følgje opp vedtak i Stortinget om å leggje fram ein opptrappingsplan som skal medverke til å redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep.

Arbeidet mot vald og seksuelle overgrep omfattar ansvarsområde i fleire departement. BLD koordinerer regjeringa sin innsats for å kjempe mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom, medan Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer innsatsen mot vald i nære relasjonar.

Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i delmål 4.2 Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for seksuell trakassering og vald i nære relasjonar i Prop. 1 S (2013–2014) og delmål 3.3 Effektive verkemiddel i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar i Prop. 1 S (2014–2015).

Resultatrapportering 2014/2015

Arbeidet for å kjempe mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom

Regjeringa har styrkt innsatsen for å førebyggje og avdekke vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom og for at dei som blir utsette for vald og overgrep, skal få god hjelp og behandling. Det har blitt utarbeidd ein ny tiltaksplan for å kjempe mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom. Tiltaksplanen En god barndom varer livet ut (2014–2017) inneheld 43 tiltak. Planen er resultatet av eit tett samarbeid mellom BLD, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Tiltaksplanen blei lansert på 25-års jubileet for FN-konvensjonen om barnerettane.

BLD har gitt Bufdir i oppdrag å setje i verk tiltaka i planen på BLD sitt område og koordinere samarbeidet med andre aktørar. Ein statusrapport per juni 2015 er lagd ut på nettsidene til Bufdir. Direktoratet er godt i gang med å implementere tiltak på BLD sitt område.

Bufdir har òg gitt Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) i oppdrag å setje i gang eit forprosjekt om omfangsundersøking om vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom. Gjennom forprosjektet skal ein sikre at slike undersøkingar skjer på ein etisk forsvarleg måte.

Departementet har gitt Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) i oppdrag, i samarbeid med andre organisasjonar, å utvikle eit innspel til bruk i skolen om korleis ein i ei trygg ramme kan tematisere og skape rom for samtalar om psykisk helse, vald, overgrep, seksualitet, press, mobbing, familieproblem, omsorgssvikt, kjønnsroller og kjønnsidentitet.

Departementet har i 2014 og 2015 ført vidare støtta til dei statlege barnehusa. Det er Politidirektoratet som samordnar finansieringa av barnehusa, jf. omtale av Statens barnehus i Prop. 1 S (2015–2016) til Justis- og beredskapsdepartementet.

BLD har ført vidare støtta til fylkesmannsembeta for å sikre kommunetilsette som arbeider med barn og ungdom, eit kurstilbod i samtalar med barn om vanskelege tema som vald og seksuelle overgrep. RVTS-ane har utarbeidd kursopplegget, og rapporteringar frå fylkesmannsembeta tyder på at dei er godt i gang med å tilby kurs over heile landet.

Departementet har i 2015 etablert ei ny tilskotsordning til tiltak for valdsutsette barn. Bufdir forvaltar tilskotsordninga. Formålet med tilskotsordninga er å medverke til at barn og unge som er eller har vore utsette for vald og seksuelle overgrep, får betre meistring og betre livskvalitet.

Arbeid mot vald i nære relasjonar

I 2014 og 2015 har det kome to nye rapportar på området i regi av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS), som gir viktig kunnskap om omfanget av vald og overgrep i Noreg. På oppdrag frå fleire departement fullførte NKVTS ein nasjonal førekomststudie av vald og valdtekt i Noreg våren 2014. I 2015 har NKVTS fullført ei nasjonal intervjuundersøking av 16- og 17-åringar om vald og valdtekt i oppveksten. Studiane viser at omfanget av vald i nære relasjonar og valdtekt er stort i Noreg. Det gir særleg grunn til uro at mange ikkje melder frå om vald og overgrep til politiet og heller ikkje søkjer hjelp frå hjelpeapparatet. BLD gir driftstilskot til NKVTS for å styrkje kunnskapen om vald i nære relasjonar blant minoritetar og om vald og overgrep mot barn og unge.

BLD har ansvaret for å gjennomføre ei rekkje tiltak i handlingsplanen Et liv uten vold – Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2014–2017). Vidare har BLD hatt ansvaret for gjennomføringa av fleire tiltak i Handlingsplan mot voldtekt (2012–2014). Ansvaret for å følgje opp fleire av tiltaka er delegert til Bufdir.

Vald og overgrep mot utviklingshemma

Få overgrepssaker mot menneske med utviklingshemming blir avdekte og melde til politiet. Menneske med utviklingshemming er ei særleg utsett og sårbar gruppe for overgrep. For betre å kunne førebyggje, avdekkje og handtere seksuelle overgrep mot menneske med utviklingshemming har Bufdir utarbeidd nye retningslinjer og utvikla nettstaden vernmotovergrep.no, som har om lag 900 treff i månaden. Nettstaden vil bli vidare bygd ut i 2015.

Familievernet sitt arbeid med valdsutsette barn og familiar

Det samla arbeidet til familievernet er nærmare omtalt under delmål 3.2.

I 2014 har familievernkontora behandla i underkant av 900 saker der valdsproblematikk har vore eit tema.

Arbeidet med å styrkje kompetansen og kapasiteten til familievernkontora har blitt prioritert, slik at familievernet skal kunne gi behandling for valdsproblematikk. Nye behandlarar er tilsette, og arbeidet med kompetansehevande tiltak i tenesta er sett i gang.

Det blir mellom anna arbeidd for å etablere eit spisskompetansemiljø på vald i familievernet. I tillegg blir det utvikla ei felles rettleiing for arbeidet mot vald. Spisskompetansemiljøet vil få ansvaret for å utvikle kunnskapsbasert praksis på sitt spesialområde, og får i samarbeid med Bufdir eit nasjonalt ansvar for opplæring, kvalitetssikring og rettleiing av fagleg praksis i familieverntenesta.

Samarbeid mellom familievernet og ATV

Bufdir har, i samarbeid med Alternativ til Vold (ATV), utarbeidd to planar for familievernet sitt arbeid med barn og unge som er utsette for vald, unge valdsutøvarar og vaksne utøvarar av vald i familien, jf. tiltak 34 i tiltaksplanen En god barndom varer livet ut. Arbeidet med å iverksetje planane er i gang.

Familievernet samarbeider med Alternativ til vold (ATV) der ATV er etablert, for å gi eit heilskapleg tilbod til valdsutøvarar og familiar der vald er eit alvorleg problem. BLD har i 2014 og i 2015 gitt tilskot til drift av etablerte ATV-kontor. ATV skal gjennom tilskot gi eit behandlingstilbod til valdsutøvarar. Ordninga inneber at ATV har ansvar for å inngå samarbeidsavtalar om etablering og drift av ATV-kontor med aktuelle vertskommunar. Til saman har 1 061 klientar fått behandling gjennom ATV i 2014.

Det er i gang ei evaluering av ATVs hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. Ei førebels delrapportering av resultat frå evalueringa viser at valden som blei utøvd av dei undersøkte valdsutøvarane, var omfattande og hadde alvorlege konsekvensar. Fleirtalet av mennene i studien rapporterte mellom anna om psykiske vanskar og erfaringar med traume, og åtte av ti fortalde om erfaringar med fysisk mishandling frå foreldra, anna familie og/eller andre. Formålet med evalueringa er å vurdere effekten av den behandlinga som blir gitt til klientar som søkjer behandling for valdsproblem ved ATV.

Krisesentera

Alle kommunar har plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik, råd og rettleiing til utsette for vald i nære relasjonar.

I 2014 var det 46 krisesentertilbod1. Det er mindre endringar samanlikna med tidlegare år når det gjeld brukarane av krisesentertilboda og talet på senter. Krisesenterstatistikken for 2014 gir ny kunnskap om barn på krisesentera.

Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) har på oppdrag frå Bufdir gjennomført ei evaluering av implementeringa i kommunane av lov om kommunale krisesentertilbod. Evalueringsrapporten blei lansert i februar 2015. Evalueringa viser at kommunane sitt arbeid med krisesentertilbodet er på rett veg. Brukarane av krisesentera er nøgde med hjelpa dei får. Tilbodet til barn på krisesentera har blitt betre. Sentera har meir formalisert kontakt med barnevernet og sender fleire meldingar dit enn tidlegare. Majoriteten av sentera har eigne barnefaglege ansvarlege. På nokre viktige område er det framleis utfordringar. Få kommunar har eit heilskapleg tilbod til valdsutsette, noko som var ein sentral intensjon ved lovfestinga. Evalueringa viser òg store manglar i tilbodet til valdsutsette personar med rus- og/eller alvorlege psykiske problem. Krisesentertilbodet til menn og til personar med nedsett funksjonsevne er heller ikkje i tråd med krava i lova i mange kommunar.

Bufdir sette i 2014 i gang eit program for å prøve ut foreldrerettleiingsprogrammet ICDP som metode for å rettleie foreldre i krisesentera. Arbeidet med utprøvinga skal vere ferdig hausten 2015.

Tabell 4.11 Aktiviteten ved krisesentera 2010–2014

2010

2011

2012

2013

2014

Talet på registrerte krisetelefonar

14 533

14 564

16 493

Ikkje registrert

Ikkje registrert

Talet på dagbesøk

8 154

8 566

8 491

9 490

9 152

Talet på bebuarar:

– kvinner

2 038

1 895

1 929

1917

1 781

– menn

37

79

117

111

136

– barn

1 994

1 725

1 763

1 746

1 507

Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentera for alle bebuarar (talet på døgn), av dei for

29

28

30

28

27

– bebuarar utan innvandrarbakgrunn1

24

22

22

21

23

– bebuarar med innvandrarbakgrunn

35

32

37

34

33

Bebuarar med innvandrarbakgrunn (i prosent)

63

62

65

66

62

1 Personar med innvandrarbakgrunn er personar som er fødde i utlandet eller har to utanlandske foreldre.

Kjelde: Sentio Research Norge.

Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep

Sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit lågterskeltilbod utan krav til tilvising, som gir råd, støtte og rettleiing til personar som er blitt utsette for seksuelle overgrep, og deira pårørande. Dei 22 sentera får om lag 23 000 førespurnader i året. Sentera blir finansierte gjennom ei tilskotsordning som Bufdir forvaltar.

Det blei i 2013/2014 gjennomført eit utviklingsarbeid knytt til statistikken frå sentera, slik at den betre kan utgjere grunnlag for fagleg styring gjennom tilskotsordninga.

Tabell 4.12 Incestsentera. Talet på brukarar fordelt på kvinner og menn i perioden 2010–2014

2010

2011

2012

2013

2014

Førstegongskontakt med incestutsette1

Kvinner

1 104

2 007

1 552

1 563

1 857

Menn

445

695

464

514

519

I alt

1 549

2 702

2 016

2 077

2 376

1 Tala for 2010 gjeld berre førstegongs telefonkontakt. Tala for 2011–2014 gjeld førstegongskontaktar totalt, det vil seie telefon, SMS, e-post og brev.

Kjelde: Sentio Research Norge.

Bufdir har i 2014 revidert regelverket for statleg tilskot til senter mot incest og seksuelle overgrep og ressursenter mot valdtekt, jf. Rundskriv 10/2015.

Tilskot til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar

Bufdir forvaltar ei tilskotsordning til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar. Ordninga skal dekkje tilskot til frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider med å kjempe mot vald i nære relasjonar. Ordninga inneheld både eit aktivitetstilskot og eit driftstilskot. I 2014 fekk mellom anna Fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO), Krisesentersekretariatet og Norsk Krisesenterforbund driftsstøtte gjennom ordninga. Incestsenteret i Vestfold fekk støtte til å drifte Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte. Fleire organisasjonar fekk i 2014 aktivitetstilskot til tiltak for å auke kunnskapen om korleis ein møter utsette på ein god måte, eller for å gi slik informasjon til andre organisasjonar. Omfangsundersøkinga som NKVTS utførte, viser at aldersgruppa 15–24 år er den største risikogruppa når det gjeld valdtekt. Ein har derfor i 2014 prioritert å gi tilskot til tre tiltak mot valdtekt retta mot ungdom. Det er òg løyvt tilskot til tiltak som gjeld særskilde målgrupper, som innvandrarkvinner, samar og personar med nedsett funksjonsevne.

Strategiar og tiltak for 2016

Arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom

Regjeringa vil i 2016 arbeide med å følgje opp vedtak i Stortinget om ein opptrappingsplan som skal redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep, jf. Innst. 315 S (2014–2015). Tiltaksplanen En god barndom varer livet ut – tiltaksplan for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017) vil vere eit godt utgangspunkt for opptrappingsplanen. Bufdir koordinerer oppfølginga av tiltaksplanen og har ansvar for å setje i verk dei fleste av tiltaka BLD er ansvarleg for.

Departementet tek hausten 2015 sikte på å etablere ei ekspertgruppe som skal analysere eit utval alvorlege saker der barn og ungdom har blitt utsette for vald og seksuelle overgrep. Målet er å avdekkje svikt og utfordringar i det offentlege hjelpeapparatet. Departementet vil vurdere behovet for endringar i lovverket i samband med dette arbeidet.

Arbeidet med å implementere programmet Nurse Family Partnership, med tidleg intervensjon for førstegongsforeldre som treng ekstra oppfølging, vil halde fram i 2016. Målet er å redusere risikoen for skjevutvikling hos sped- og småbarn (0-2 år) og målgruppa er unge førstegangsforeldre i risiko. Familiar blir følgde opp av spesialutdanna helsepersonell gjennom heimebesøk frå tidleg graviditet og fram til barnet fyller to år. Programmet har vist god effekt på vidare utvikling for foreldra og betre samspel mellom foreldre og barn.

Tilskotsordninga Tiltak for valdsutsette barn blir forvalta av Bufdir og skal medverke til at barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep, får hjelp til betre meistring og livskvalitet.

Statens barnehus er eit samarbeidsprosjekt mellom BLD, Justis- og beredskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Departementet vil òg i 2016 medverke til finansiering av Statens barnehus.

Arbeidet med tilpassa informasjon til barn og unge, og opplæring i kommunane i å samtale med barn held fram.

Arbeidet mot vald i nære relasjonar

Departementet vil prioritere både tiltak for å førebyggje vald og overgrep og tiltak for å kunne gi gode og tilgjengelege tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Bufdir skal mellom anna føre vidare arbeidet med tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2014–2017).

Som eit ledd i oppfølginga av regjeringa sitt arbeid mot vald i nære relasjonar er det sett av midlar til tilskot til ideelle organisasjonar, stiftingar og institusjonar som arbeider på området. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir og er eit viktig verktøy for å leggje til rette for at ulike organisasjonar kan supplere det offentlege i innsatsen mot vald i nære relasjonar, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Ordninga skal òg medverke til å gjere drift for ideelle organisasjonar som arbeider mot vald i nære relasjonar, mogleg.

Familievernet sitt arbeid mot vald

I 2016 skal det arbeidast vidare med å utvikle og etablere eit tilbod i familievernet til valdsutsette barn og familiar og til valdsutøvarar. Tilbodet bør både rettast mot den som utøver valden, offer for valden, barna i familien og familien som heilskap. Eit nasjonalt kompetansekontor med spesialkompetanse på vald, skal etter etableringa kunne hjelpe dei andre familievernkontora med fagkunnskap om vald i nære relasjonar. Det skal i tillegg etablerast ressurskontor som skal hjelpe dei andre kontora med kompetanse, råd og rettleiing på valdsområdet der det er nødvendig.

Den samla satsinga på familievernområdet er nærmare omtalt under Strategiar og tiltak under delmål 3.2 Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna.

Samarbeidsprosjekt mellom familievernet og ATV

Departementet vil føre vidare ordninga med tilskot til stiftinga ATV til drift av ATV-kontor. ATV skal gjennom tilskot gi eit behandlingstilbod til valdsutøvarar. Tilbodet skal vere eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod, både om individuell behandling og gruppebehandling. ATV skal medverke til gode samarbeidsrelasjonar med familieverntenestene. Den avgrensa geografiske spreiinga av ATV-kontor (elleve kontor) gjer at familievernkontora vil vere det mest tilgjengelege hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar i dei aller fleste kommunar. Det skal arbeidast med å etablera ressurskontor innanfor familievernet som kan gi kvalifisert behandling i valdssaker. Desse kontora skal hjelpe andre kontor med kompetanse og rettleiing i valdssaker der det er nødvendig.

Bufdir har i samarbeid med ATV utarbeidd ein plan for familievernet sitt tilbod til barn som er utsette for vald, og til unge og vaksne med vald og aggresjon. Det er sett i gang eit samarbeidsprosjekt mellom ATV og Bufdir/familievernet for å styrkje kompetansen og behandlingskapasiteten på dette området, jf. tiltak 34 i tiltaksplanen En god barndom varer livet ut. Dette arbeidet skal utviklast vidare.

NKVTS

Departementet vil gi driftstilskot til NKVTS for å styrkje kunnskapen om vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn og unge. Det er Bufdir som forvaltar BLDs basistilskot til NKVTS, medan Helsedirektoratet koordinerer det samla basistilskotet til NKVTS.

I 2016 vil NKVTS arbeide vidare med å initiere eit prosjekt om sårbarheitsfaktorar knytte til vald i nære relasjonar. Sårbarheitsfaktorar det skal leggjast vekt på, er mellom anna seksuell orientering, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vidare skal NKVTS initiere prosjekt som gir kunnskap om korleis valdsproblematikk blir handtert etter barnelova.

NKVTS gjennomfører i 2015, på oppdrag frå BLD, ei kartlegging av både behandlingstilbodet til utøvarar av vald (vaksne), behandlingstilbodet til barn og ungdom som er utsette for vald og seksuelle overgrep, og behandlingstilbodet til unge valdsutøvarar og overgriparar. Resultata frå desse utgreiingane vil gå inn i arbeidet med å utvikle vidare hjelpetilbodet til kvinner, menn og barn som er utsette for vald og seksuelle overgrep, eller som sjølve utøver vald.

Krisesentera

Evalueringa av implementeringa av krisesenterlova i kommunane peiker på fleire utfordringar ved krisesentertilbodet, så vel som positive verknadar av lova. Departementet arbeider med å vurdere tilrådingane i evalueringsrapporten, og vil mellom anna vurdere behovet for å utarbeide nærmare føringar for ansvaret kommunane har etter krisesenterlova.

Fylkesmannen skal føre tilsyn med kommunane si plikt til å sørgje for eit krisesentertilbod basert på risikovurderingar. Behovet for eit tettare samarbeid mellom fylkesmennene og Bufdir som fagorgan for krisesentertilbodet vil bli vurdert nærmare. Målet er å stimulere kommunane til å gi eit heilskapleg og samordna tilbod til valdsutsette, i samsvar med krisesenterlova.

Evalueringa har avdekt utfordringar når det gjeld tilbodet til særleg sårbare grupper. Regjeringa meiner at staten bør hjelpe kommunane i arbeidet med å møte utfordringane på dette feltet. I 2016 vil det bli starta utviklingsprosjekt for å styrkje det kommunale krisesentertilbodet til utsette grupper.

Bufdir går i 2015 igjennom tilbodet til barn ved krisesentera, som vil bli følgd opp i 2016.

Direktoratet har i 2015 utarbeidd eit utkast til forskrift om fysisk sikring av lokala ved krisesentera. Utkast til forskrift om fysisk sikring av lokale vil bli sendt på høyring.

Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep

BLD vil føre vidare ordninga med tilskot til sentera mot incest og seksuelle overgrep og senter mot valdtekt. Bufdir går i 2015 igjennom tilbodet til barn ved sentera mot incest og seksuelle overgrep, jf. tiltak 27 b) i tiltaksplanen En god barndom varer livet ut (2014–2017). Ei vidare utvikling av tilbodet til unge under 18 år skal byggje på denne kartlegginga.

RVTS-ane speler ei viktig rolle når det gjeld kompetanseheving, rettleiing og etablering av nettverk innan det kommunale krisesentertilbodet og i sentera mot incest og seksuelle overgrep. Sentera er oppmoda til å samarbeide med RVTS-ane, og utviklinga av dette samarbeidet vil halde fram i 2016.

Bufdir har ansvaret for ein årleg statistikk frå sentera mot incest og seksuelle overgrep. Statistikken er eit viktig grunnlag for den faglege oppfølginga av sentera. Arbeidet med å vidareutvikle statistikken vil halde fram i 2016.

Delmål 5.1 Like moglegheiter til deltaking for alle barn og ungdom

Regjeringa vil at alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å delta i samfunnet. Det er òg viktig at barn og unge får høve til deltaking og innverknad, både i samfunnet og i eigne liv. Regjeringa vil leggje vekt på at fleire kommunar arbeider for brei medverknad for barn og unge. For å nå målet er det viktig at barn og ungdom får gi og motta informasjon på sine eigne premissar.

Resultatrapporteringa for dette delmålet tek utgangspunkt i delmål 5.1 Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og unge, delmål 5.2 Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge og delmål 5.4 Makt og påverknad for barn og unge i Prop. 1 S (2013–2014) og delmål 5.1 Like moglegheiter til deltaking for alle barn og unge i Prop. 1 S (2014–2015).

Resultatrapport 2014/2015

Barn og ungdom sine rettar, deltaking og medverknad

Samarbeidet mellom departementa om ein gjennomgåande politikk for barn og unge blei ført vidare gjennom ulike forum og arbeid med mellom anna handlingsplanar, felles strategiar og forskings- og utviklingsarbeid. Departementet gir årleg ut publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir eit oversyn over mål- og innsatsområde i statsbudsjettet og er eit godt verktøy for arbeidet med barne- og ungdomspolitikk i kommunane.

FNs konvensjon om barnerettane, barnekonvensjonen, feira 25 års-jubileum i 2014. Departementet arrangerte ei rekkje seminar og konferansar om konvensjonen. Ein nasjonal jubileumskonferanse om vern av barn mot vald og seksuelle overgrep avslutta markeringa i november 2014.

BLD har i 2014 og 2015 tildelt midlar til Fylkesmannen i Troms for å formidle Sjumilsstegmodellen til fleire fylkesmenn. Sjumilssteget er ein arbeidsmodell som hjelper kommunane med å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen, slik at dei kan brukast til å planleggje og kvalitetssikre tenestene til barn og unge. 18 fylke har så langt sett i verk eller vurderer å setje i verk Sjumilssteget eller liknande program. Resultatet av dette arbeidet er betre samhandling på tvers av tenester og at barn og ungdom blir sette på dagsordenen.

Departementet har avgjort at Årets barne- og ungdomskommune og Årets forbilde skal kåres annakvart år. Årets barne- og ungdomskommune vil bli kåra i 2015. Årets forbilde vil derfor bli kåra først i 2016.

Det er gitt midlar til forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017. Programmet dreier seg mellom anna om deltaking i politikk- og samfunnsliv, frivillig innsats og integrering i Noreg. Resultat frå prosjektet blir publiserte frå 2016.

For styresmaktene er det viktig å leggje til rette for samla og lett tilgjengeleg informasjon til barn og unge. Nettstaden ung.no tilbyr ungdom mellom 14 og 20 år informasjon om ungdom sine rettar, moglegheiter og plikter og andre ting dei lurer på. Ung.no har stadig fleire brukarar og nådde i 2014 nærmare 850 000 brukarar per månad, noko som er ein stor auke frå 2013.

BLD støttar det nasjonale og internasjonale arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom tilskotsordninga for nasjonal og internasjonal grunnstønad. Grunnstønaden medverkar til å leggje til rette for at barn og ungdom kan delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. I 2014 blei det fordelt drygt 100 mill. kroner i nasjonal grunnstønad til 90 organisasjonar. Vidare blei det fordelt knappe 4 mill. kroner i internasjonal grunnstønad til 25 organisasjonar. I tillegg fordelte Bufdir nasjonalt og internasjonalt driftstilskot til dei tre paraplyorganisasjonane LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede.

BLD vedtok 1. desember 2014, etter ein brei høyringsrunde, revidert forskrift om tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane.

Dei aller fleste kommunane og fylkeskommunane har i dag medverknadsordningar som til dømes barne- og ungdomsråd. Ordningane er ulikt organiserte og har ulike mandat.

Det er sett i gang eit arbeid for å samle kommunale medverknadsordningar i ei lov. Det vil seie eldreråd, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og medverknadsordning for ungdom. Medverknadsordninga for ungdom tek ein sikte på å gjere frivillig for kommunane, men om dei ønskjer å ha ei slik ordning, må ho følgje forskrift eller lov.

Noreg deltek i EU-programmet Erasmus+ (2014–2020), som dreier seg om utdanning, opplæring, idrett og ungdomsarbeid. Bufdir administrerer ungdomsdelen av programmet, tidlegare kjent som Aktiv Ungdom. Gjennom Erasmus+ får ungdom høve til å ta del i frivillig arbeid, kurs og utvekslingar på tvers av landegrensene.

Førebygging, eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom

Departementet har satsa breitt for å skape gode og trygge oppvekstvilkår for alle barn.

Modellkommuneforsøket i regi av Bufdir har vore ein del av tiltaka regjeringa har sett i verk for barn av psykisk sjuke og/eller rusmiddelavhengige foreldre. Forsøket har vore drive i 26 kommunar, og målet har vore å utvikle gode modellar for tidleg intervensjon (barn i alderen 0–6 år), førebyggjande tiltak og heilskapleg, systematisk og langsiktig oppfølging av barn i denne målgruppa. Forsøket blei evaluert i 2014. Erfaringane frå Modellkommuneforsøket viser at gode modellar bidreg til meir systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk sjuke og barn av foreldre som misbruker rusmiddel. Det er i 2015 oppretta ei ny tilskotsordning som byggjar på erfaringane frå Modellkommuneforsøket, jf. Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015. Kommunane kan søkje om tilskot til tiltak.

Det er gitt støtte til Pilotprosjektet FRI (Drammen og Vestfold) i regi av Kirkens Bymisjon. FRI følgjer opp kriminelle rusmiddelavhengige etter soning og hjelper dei med kontakt og samvær med barna sine. Det er òg gitt midlar til prosjektet Barnas Stasjon, som blir drive av Blå Kors Norge seks stader i landet. Barnas Stasjon er ein møtestad for småbarnsforeldre som har rusrelaterte problem og/eller psykiske vanskar, og som har barn i alderen 0–6 (8) år. I tillegg får ei rekkje organisasjonar som driv førebyggjande rusarbeid for barn og ungdom, støtte gjennom Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.

Bufdir forvaltar òg tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Midlane er nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 10–20 år med særskilde behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Ordninga omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. I 2015 var løyvinga til ordninga på om lag 28 mill. kroner. Ordninga blei i tillegg tilført 5 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2015, jf. Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015. Satsinga er ein del av Barn som lever i fattigdom Regjeringens strategi 20152017. Tilskotsordninga bidreg til å skape opne og inkluderande fritidstilbod til barn og ungdom i kommunane/bydelane. Dette er fritidstilbod som ikkje stiller krav til spesifikke ferdigheiter, og som har låg eller inga eigenbetaling for ungdommane.

Over halvparten av tiltaka som fekk støtte i 2014, var etablering av nye, opne møteplassar, både i tilknyting til eksisterande tilbod og heilt nye fritidsklubbar. Tilskotsmidlar har òg vore nytta til å pusse opp slitne lokale og investere i utstyr som vil gi eit breiare tilbod til ungdommane i nærmiljøet. Med bakgrunn i rapportering frå tilskotsmottakarar i 2014 kan ein anslå at om lag 10 000 ungdommar har nytta seg av tilboda som fekk støtte frå ordninga.

Formålet med tilskotsordninga Oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom er å medverke til å styrkje den kommunale oppfølginga av ungdom som har særleg risiko for å avbryte vidaregåande opplæring. Målgruppa for tilskotsordninga er ungdom i alderen 14–23 år som står utanfor, eller står i fare for å hamne utanfor, skole og arbeid.

I statsbudsjettet for 2015 blei det løyvt om lag 11 mill. kroner til ordninga. Det blei i tillegg tilført 10 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2015, jf. Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015. Satsinga er ein del av Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi 2015–2017. I 2014 fekk 26 kommunar tilskot. I 2015 fikk 44 nye kommunar støtte, og 6 kommunar som fekk stønad i 2014, fikk ytterlegare styrking.

Evalueringa av prosjektet gir grunnlag for å seie at ungdom som deltok i den første treårsperioden (2011–2013), har fått styrkt tilknytinga si til skole eller arbeid, i alle fall på kort sikt. Evalueringa visar òg at losane i høg grad arbeidde i tråd med vilkåra for ordninga, nærmare bestemt med høg grad av skreddarsaum, fleksibilitet og variasjon i det løpande arbeidet med ungdommane. På systemnivå viser evalueringa positive resultat. Losane samarbeidde aktivt med ei lang rekkje instanser både i og utanfor skolen, og opplevde i hovudsak at dei blei positivt mottekne. Evalueringa varte ikkje lenge nok til at ein kunne fastslå om det langsiktige målet om å fullføre vidaregåande skole eller kome i fast arbeid blei oppnådd.

I Revidert nasjonalbudsjett 2015 løyvde Stortinget 5 mill. kroner som ei eingongsløyving til ei tilskotsordning som skal medverke til å styrkje organisasjonane si evne til å drive førebyggjande arbeid blant utsette barn og ungdom. Bufdir forvalta ordninga i 2015. Midlane for tilskotsåret 2015 er tildelte organisasjonar som driv med utoverretta arbeid overfor utsette barn og ungdom, og som legg vekt på mobilisering og førebygging.

I Revidert nasjonalbudsjett 2015 blei det løyvd 2,5 mill. kroner til å utvikle og prøve ut eit rettleiingsopplegg (ICDP) retta mot foreldre og føresette som del i arbeidet med å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme.

BLD har gjennom tilskotsordninga Mangfald og inkludering støtta opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) har ansvaret for ordninga.

Strategiar og tiltak for 2016

Plan for barn og unge

Regjeringa vil hausten 2015 lansere ein eigen plan for arbeidet overfor barn og unge. Planen skal gi ein brei presentasjon av regjeringa sitt arbeid for gode oppvekst- og levekår for alle barn og unge. Planen skal løfte fram konkrete tiltak, både arbeid som alt er i gang, og nye satsingar, og vise regjeringa sine prioriteringar og satsingar i barne- og ungdomspolitikken framover.

Barn og ungdom sine rettar, deltaking og medverknad

BLD vil i 2016 koordinere arbeidet med Noregs 5. og 6. rapport til FNs barnekonvensjon som skal levarast i oktober 2016.

BLD vil saman med Kulturdepartementet halde fram med å støtte forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017.

Regjeringa vil føre vidare tilskotsordninga for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Ordninga omfattar grunnstønad til både nasjonalt og internasjonalt arbeid. Målet er å medverke til eit levande og mangfaldig organisasjonsliv for og med barn og unge. Regjeringa tek sikte på å føre vidare nivået på tilskotet. Departementet vil følgje nøye med på korleis kriteria for tildeling frå tilskotsordninga slår ut for den enkelte tilskotsmottakar.

Den norske deltakinga i EU-programmet Erasmus+ held fram i 2016. Internasjonal deltaking fremmar medverknad, aktivt medborgarskap, sosial inkludering og solidaritet. I tillegg bidreg kulturutveksling til auka kunnskap om og forståing for kulturskilnader, demokratiutvikling og menneskerettar.

Førebygging, eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper av barn og ungdom

Regjeringa vil halde fram med ein heilskapleg innsats i arbeidet med å skape gode levekår og oppvekstmiljø for barn og unge. Ein innsats på tvers av sektorar og fagområde er særs viktig.

I 2015 blei det oppretta ei tilskotsordning som ein oppfølging av Modellkommuneforsøket. Departementet føreslår at ordninga skal førast vidare i 2016, og løyvinga er føreslått auka med 15 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2015. I tillegg føreslår departementet å omdisponere 4 mill. kroner til ordninga. Dette er midlar som tidlegare er brukte til oppfølging av Modellkommuneforsøket.

Departementet legg til grunn at det òg i 2016 vil bli gitt støtte til tiltak gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.

BLD si tilskotsordning Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom er føreslått styrkja med 20 mill. kroner i 2016. Styrkjinga av ordninga inngår som ein del av regjeringa si innsats for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring og skjer i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet. Ordninga skal leggje til rette for meir samordna tilbod og tettare oppfølging av ungdom som er i ei vanskeleg livssituasjon. Målet er å styrkje ungdoms skoletilknytning, trivsel og meistring.

Innsatsen mot mobbing blir ført vidare mellom anna gjennom ulike innsatsar. Som ledd i oppfølginga av strategien En god barndom varer livet ut skal det mellom anna utarbeidast ein kunnskapsstatus om digital mobbing. Bufdir er ansvarleg for tiltaket.

BLD vil gjennom tilskotsordninga Mangfald og inkludering støtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Ordninga legg óg til rette for at frivillige organisasjonar og andre kan søkje om midlar til tiltak som førebyggjer radikalisering og valdeleg ekstremisme.

BLD vil òg i 2016 støtte opp om arbeid retta mot barn og unge med nedsett funksjonsevne, mellom anna gjennom jamleg dialog med Unge funksjonshemmede.

Delmål 5.2 Redusere konsekvensar av fattigdom for barn og ungdom

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samtidig er det familiar som fell utanfor på grunn av dårlege levekår, svak økonomi eller begge delar. Dette råkar barna. Regjeringa har som mål å skape moglegheiter for alle. Det sosiale tryggingsnettet skal styrkjast, slik at fleire blir løfta opp og færre fell utanfor. Regjeringa arbeider for at alle barn skal kunne delta i ferie- og fritidsaktivitetar.

Resultatrapporteringa under dette delmålet tek utgangspunkt i delmål 5.3 Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge i Prop. 1 S (2013–2014) og delmål 5.2 Effektive tiltak mot fattigdom blant barn og unge i Prop. 1 S (2014–2015).

Resultatrapport 2014/2015

Arbeid mot barnefattigdom

Riksrevisjonen la i 2014 fram ei undersøking om barnefattigdom (Dokument 3: 11 (2013–2014)). Målet med undersøkinga var å vurdere i kva grad statlege verkemiddel og tiltak som er sette i verk i kommunane, medverkar til å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Undersøkinga omfattar perioden 2002–2013. Riksrevisjonen fann at mange kommunar gjer for lite for at fattige barn skal kunne delta sosialt. Fleire kommunar har problem med å identifisere fattige barn, og innsatsen er derfor ikkje tilstrekkeleg målretta. Den statlege innsatsen kan koordinerast betre, og ordningane kan samordnast og forenklast. Det er òg behov for evaluering.

Regjeringa lanserte i mai 2015 Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi 2015–2017. Ein har gjennom arbeidet med strategien mellom anna søkt å ta omsyn til Riksrevisjonens undersøking. Sjå nærmare omtale av arbeidet på feltet under Strategiar og tiltak for 2016.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom

I 2014 etablerte BLD ei nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, der offentlege og private instansar, bydelar, frivillige organisasjonar og ungdomsgrupper kan søkje om midlar. Målet med tilskotsordninga er å gi fleire barn, ungdom og familiar høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Det er gjort eit anslag på at rundt 50 000 barn, unge og familiane deira fekk positive ferie- og fritidsopplevingar gjennom støtte frå tilskotsordninga i 2014.

For 2015 var det i utgangspunktet sett av 137 mill. kroner til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Posten blei i tillegg styrka med 10 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2015, jf. Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015 i samband med lanseringa av Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi 2015–2017.

I 2014 blei 108,9 mill. kroner fordelte til 491 tiltak. Av desse var 244 kommunale og 247 tiltak i regi av frivillige organisasjonar eller private instansar. Om lag 43 prosent av tilskotsmidlane blei tildelt frivillige organisasjonar og private instansar. For 2015 blei 146,9 mill. kroner (10 mill. gjennom løyving i Revidert nasjonalbudsjett 2015) fordelte til 433 tiltak. 79,8 mill. kroner blei fordelte på 186 tiltak i regi av frivillige organisasjonar (34 søkte direkte).

Tilskotsordninga har i 2015 betra vilkåra for at barn og ungdom skal få delta og utvikle seg uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra. Om lag halvparten av tilskotsmidlane blei tildelt frivillige organisasjonar og private instansar, den andre halvparten blei tildelt kommunar. Blant tiltaka er utlån av utstyr og ferie- og fritidsaktivitetar. Ved tildeling av midlane blei det lagt vekt på støtte til levekårsutsette område og tiltaksutvikling i samarbeid med frivillig sektor. Tiltak for integrering av barn og ungdom med innvandrarbakgrunn og tiltak retta mot barn som veks opp med foreldre med rusproblem / psykiske vanskar, blei prioriterte.

Kommunane rapporterer at tilskotsordninga bidreg til større merksemd og kunnskap om barnefattigdom, noko som har ført til utvikling av nye metodar for å avhjelpe fattigdom blant barn og unge. Bufdir erfarer at tiltak som er godt forankra i kommunen, ser ut til å gi gode resultat. Det blir òg gitt øyremerkte tilskot over posten. Tiltaket til Røde Kors Ferie for alle har fått ein auke i løyvinga for 2015. Tiltaket gjer at fleire barn og familiane deira får eit ferietilbod.

Det er gjort eit anslag på at rundt 50 000 barn, unge og familiane deira fekk positive ferie- og fritidsopplevingar gjennom støtte frå tilskotsordninga i 2014. Tiltaka varierer frå utlånssentralar og ferieklubbar som er gratis eller tilnærma gratis for deltakarane, til alternative meistringsarenaer som kan hjelpe unge til å kvalifisere seg til arbeidslivet. Røde Kors er ein stor aktør med tiltaket Ferie for alle. Dette er eit tilbod som skal sikre at barn frå familiar med svak økonomi skal få høve til å reise på ferie med familien på lik line med jamgamle. Ferie for alle samarbeider tett med kommunane (skolehelsetenesta, barnevernstenesta og Nav) om rekruttering, og sikrar på den måten at ein når familiane som har størst behov for tilbodet. Barnas Stasjon (Blå Kors) og FRI (Kirkens Bymisjon) får òg midlar frå posten, sjå omtale av dette under delmål 5.1 Like moglegheiter til deltaking for alle barn og unge.

Strategiar og tiltak for 2016

Strategi mot barnefattigdom

Regjeringa sin strategi mot barnefattigdom byggjer på samarbeidsavtalen mellom Venstre, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet og Høgre, og inneheld 64 tiltak for å førebyggje barnefattigdom og dempe negative konsekvensar for barn som veks opp i fattige familiar. Formålet med strategien er todelt: 1) prioritering av førebyggjande innsats for å motverke at fattigdom går i arv frå foreldre til barn, og 2) ei rekkje tiltak som skal dempe negative konsekvensar for barn og unge som veks opp i fattigdom.

Tiltaka i strategien er fordelte på sju innsatsområde:

  1. Førebygging ved å styrkje utsette barnefamiliar

  2. Gjennomføring av utdanningsløp – barnehage og skole

  3. Deltaking og inkludering – fritid, kultur og idrett

  4. Eit godt helsetilbod til alle barn og unge

  5. Tilgang til arbeidslivet for ungdom og foreldre

  6. Forsking og statistikk

  7. Ansvars- og kompetansedeling – stat, kommune og frivillig sektor

Arbeidet med oppfølginga av strategien er koordinert av BLD i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei involverte departementa, i samarbeid med dei respektive direktorata, følgjer opp tiltak på sine eigne ansvarsområde.

BLD har ansvar for ei rekkje tiltak, særskilt under innsatsområda 1 og 3.

Strategien følgjer opp Riksrevisjonen si undersøking av barnefattigdom (Dokument 3: 11 (2013–2014)). Riksrevisjonen tilrådde å betre samarbeidet mellom dei direktorata som har oppgåver knytte til utsette barn og unge, og peikte i tillegg på behovet for auka innsats mot barnefattigdom i kommunane. Bufdir har sett saman eit standardisert indikatorsett som gjeld for heile landet, med indikatorar som det er mogleg å følgje over tid. Indikatorane vil dekkje både sosiale og økonomiske forhold når det gjeld barnefattigdom. Eit slikt indikatorsett vil gjere kommunane i stand til å sjå kva som er utfordringar på fattigdomsområdet i eigne kommunar, og kvar det er formålstenleg å setje inn tiltak.

Det vil bli lagt til rette for meir erfaringsutveksling om arbeid mot barnefattigdom i samarbeid med kommunar og frivillige organisasjonar. Bufdir vil få i oppdrag å utvikle ein rettleiar og andre pedagogiske verktøy som kommunane kan nytte i arbeidet mot barnefattigdom.

Samarbeidet mellom Bufdir, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet på området skal halde fram i 2016. Det er òg starta eit arbeid med å betre koordineringa mellom barnevernet og arbeids- og velferdsforvaltninga for å hindre at barnevernsbarn fell utanfor arbeidslivet i overgangen til vaksenlivet.

Bufdir vil leie ei direktoratsgruppe som har i oppdrag å sørgje for koordinering av kunnskapsinnhentinga på feltet. Eit slikt samarbeid vil lette samordninga av tilskotsordningane for utsette barn og unge som blir forvalta av dei ulike direktorata. Direktoratsgruppa skal mellom anna utarbeide ein rapport annakvart år som skal vurdere om tiltaka i strategien treffer målgruppa, og gi ein status på omfanget av barnefattigdom i Noreg. Det blir lagt opp til rapportering utover strategiperioden. Den første evalueringa skal gjennomførast våren 2017.

Frivillige organisasjonar som temaet er aktuelt for, vil bli trekte inn i arbeidet med oppfølging og rapportering. Det same vil KS.

Regjeringa sitt arbeid mot barnefattigdom må sjåast i samanheng med arbeidet med å forsterke innsatsen overfor barnefamiliar og unge som ikkje bur bra. I 2014 la regjeringa fram ein nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid, Bolig for velferd (2014–2020). Strategien skal styrkje kommunane sitt arbeid med å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. For nærmare omtale av dette arbeidet, sjå Prop. 1 S (2015–2016) frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom

BLD vil leggje til rette for at barn og unge får høve til å delta og utvikle seg i samfunnet uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra. Bufdir forvaltar ei nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom som skal medverke til at barn og unge som lever i fattige familiar, kan ta del i fritidsaktivitetar og til at familiane kan få tilgang til ferieopplevingar. Frivillige organisasjonar som arbeider for å gi eit tilbod til barn i fattige familiar, kan sende søknad direkte til Bufdir. Løyvinga til ordninga er føreslått auka med 8 mill. kroner i 2016.

Frå 2016 skal kommunar som får midlar frå tilskotsordninga, sørgje for at det finst ein knutepunktfunksjon i kommunen. Denne funksjonen skal prioritere oppsøkjande arbeid mot familiar som elles er vanskelege å nå, og sørgje for at kommunane har god oversikt over relevante tiltak, både i kommunal og frivillig regi.

Det vil i 2016 bli starta opp ei forskingsevaluering av ordninga for mellom anna å vurdere kor godt tiltaka treffer målgruppa.

0–24-samarbeidet

For å styrkje arbeidet kommunane og fylkeskommunane gjer for utsette barn og unge under 24 år, har Kunnskapsdepartementet starta eit arbeid saman med BLD, Arbeids- og sosialdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. 0–24-samarbeidet skal avdekkje felles utfordringar og fremme felles tiltak og strategiar for betre oppfølging av utsette barn og unge. For nærmare informasjon, sjå omtale i Kunnskapsdepartementet sin Prop. 1 S (2015–2016).

Fritidsaktivitetar for alle

Regjeringa har som mål at alle barn, uavhengig av økonomien til foreldra, skal ha høve til å delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre. Derfor er KS, Frivillighet Norge, Norges Idrettsforbund og Nasjonal dugnad mot fattigdom inviterte til eit samarbeid for å få etablert felles mål og løysingar for korleis ein skal nå desse måla. Form og innhald i samarbeidet vil bli utvikla i samarbeid med KS og organisasjonane utover hausten 2015. Løysinga for å nå barn vil variere frå kommune til kommune, og frivillige organisasjonar og idretten, som allereie får offentleg støtte, er venta å medverke i dei ulike løysingane.

Nærmare om budsjettforslaget:

For statsbudsjettet 2016 føreslår BLD ein ny budsjettstruktur. Det fører til endra kapittelnummer og -namn. For nærmare omtale av den nye budsjettstrukturen, sjå innleiinga til programkategori 11.10.

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

840

Tiltak mot vald og overgrep

114 486

121 082

164 064

35,5

841

Samliv og konfliktløysing

27 134

31 567

34 394

9,0

842

Familievern

394 887

461 297

472 156

2,4

843

Adopsjonsstønad

4 593

4 838

13 421

177,4

844

Kontantstøtte

1 382 312

1 751 500

1 510 000

-13,8

845

Barnetrygd

15 138 713

15 235 000

15 170 000

-0,4

846

Familie- og oppveksttiltak

51 091

47 512

409 762

762,4

847

EUs ungdomsprogram

222 690

233 405

8 067

-96,5

848

Barneombodet

13 649

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

54 035

53 981

-100,0

Sum kategori 11.10

17 389 941

17 940 182

17 795 513

-0,8

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld gammel budsjettstruktur.

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

3842

Familievern

6 858

658

677

2,9

3847

EUs ungdomsprogram

2 300

Sum kategori 11.10

6 858

658

2 977

352,4

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld gammel budsjettstruktur.

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-23

Drift

299 823

366 202

394 899

7,8

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

57 060

57 087

3 180

-94,4

60-69

Overføringar til kommunar

75 746

79 980

340 923

326,3

70-98

Overføringar til private

16 957 312

17 436 913

17 056 511

-2,2

Sum kategori 11.10

17 389 941

17 940 182

17 795 513

-0,8

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld gammel budsjettstruktur.

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Spesielle driftsutgifter

3 162

3 120

26 698

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

75 746

79 980

82 299

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01

35 578

37 982

43 233

72

Tilskot til tiltak for valdsutsette barn

11 834

Sum kap. 0840

114 486

121 082

164 064

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld gammel budsjettstruktur.

Kapittelet har skifta namn frå Krisetiltak til Tiltak mot vald og overgrep som følgje av ny budsjettstruktur for 2016. Delar av løyvinga er flytta til kap. 840 frå tidlegare programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge. Dette gjeld delar av løyvinga på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet og heile løyvinga på tidlegare kap. 857, post 72 Tilskott til tiltak for valdsutsette barn. Endringa skjer fordi ein ønskjer å samle midlane BLD har til tiltak mot vald og overgrep, under eitt budsjettkapittel. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane på denne posten blir nytta til finansiering av ulike prosjekt og tiltak som er viktige i arbeidet mot vald, overgrep og valdeleg ekstremisme. Budsjettposten omfattar midlar frå post 21 på tidlegare kap. 840 Krisetiltak. Dette utgjer 3,2 mill. kroner.

Departementet føreslår å flytte midlane som i 2015 var sette av til tiltak mot vald og overgrep på post 21 under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet. Det utgjer 16,8 mill. kroner. Dette inneber at midlar til FoU-tiltak mot vald og overgrep blir samla under nytt kap. 840, post 21.

Budsjettforslag 2016

BLD føreslår å styrkje posten med 2 mill. kroner til tiltak for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme. Midlane vil bli nytta til å styrkja arbeidet med rettleiingsopplegget (ICDP) retta mot foreldre og føresette som er uroa for barna sine med tanke på radikalisering og valdeleg ekstremisme.

BLD føreslår å styrkje posten med 3 mill. kroner til utviklingsprosjekt som kan styrkje det kommunale krisesentertilbodet til valdsutsette med tilleggsproblematikk. Evalueringa av krisesentertilbodet viser at valdsutsette som òg har problem knytt til rus og psykisk helse, valdsutsette med funksjonsnedsettingar og valdsutsette menn og deira barn ikkje får eit godt nok tilbod i mange kommunar.

BLD føreslår å styrkje posten med 1,7 mill. kroner til gjennomføring av ei undersøking av omfanget av vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom og til drift av ei ekspertgruppe som skal analysere alvorlege valdssaker.

Departementet føreslår ei løyving på 26,7 mill. kroner i 2016.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 22 incestsenter og eitt valdtektssenter. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir i samsvar med retningslinjer for statleg tilskudd til sentre mot incest og seksuelle overgrep og ressurssentre mot valdtekt, jf. Rundskriv 10/2015. Desse overordna rammene blir lagt til grunn for tildeling av tilskott i 2016:

Mål

Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep og valdtekt, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet og med godt tilgjenge gjennom å mogleggjere drifta av incest- og valdtektssentera.

Kriterium for tildeling

Tilskota blir tildelte etter søknad. Rundskrivet frå Bufdir stiller nærmare krav til sentera som kan søkje om tilskot.

Finansieringa er delt mellom stat og kommune, slik at 20 prosent kommunalt tilskot, og eventuelt tilskot frå helseføretak eller fylkeskommunen, utløyser 80 prosent statleg tilskot. Statstilskotet er øyremerkt.

Oppfølging og kontroll

Incestsentera og valdtektssentera skal utarbeide årsrapportar og statistikk for verksemda. Vertskommunen for det enkelte incestsenteret eller valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og ha ansvar for økonomiforvaltinga.

Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2016

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga i 2015. Departementet føreslår ei løyving på 82,3 mill. kroner i 2016.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858, post 01

Løyvinga dekkjer tilskot til ulike valdsførebyggjande tiltak og tiltak for å auke kunnskapen på valdsfeltet.

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til vold (ATV). Det er gitt støtte til hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar gjennom tilskot til drift av eksisterande ATV-kontor.

Løyvinga har dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og tilskot til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane) sitt arbeid for kompetanseheving, nettverksbygging mv. innanfor det kommunale krisesentertilbodet og i incestsentera. Det er gjort nærmare greie for desse aktivitetane under delmål 3.3.

Løyvinga har òg dekt tilskot til Kirkens Bymisjon til drift av Lauras Hus, som er eit tilbod til kvinner som er offer for menneskehandel.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til ATV, NKVTS og RVTS-ane i 2016. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Løyvinga dekkjer òg ei tilskotsordning til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar. Tilskot til Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte inngår som ein del av ordninga. Ordninga blir forvalta av Bufdir. Desse overordna rammene blir lagde til grunn for tildeling av tilskot i 2016:

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å mogleggjere drift og konkrete tiltak i regi av ideelle organisasjonar som har hatt arbeid mot vald i nære relasjonar som kjerneverksemda si. Tilskotsordninga skal òg leggje til rette for at ideelle organisasjonar, stiftingar og institusjonar får høve til å medverke til debatt og haldningsendringar og fremme deltaking og kunnskap på området. Ordninga består av drifts- og aktivitetstilskot.

Kriterium for tildeling

Tilskota blir tildelte etter søknad. Tildelingskriteria går fram av retningslinjene for tilskotsordninga.

Tilskota skal mellom anna medverke til at regjeringa når måla i handlingsplanane mot vald i nære relasjonar (inkludert handlingsplanen mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting).

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskap og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Det er utarbeidd nærmare retningslinjer for tilskotsordninga.

Budsjettforslag 2016

Enkelte tiltak i handlingsplanen mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting er blitt lyste ut med eigne tildelingskriterium innanfor ramma av tilskotsordninga Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet på kap. 854, post 71.

BLD føreslår å samle tilskot til valdsførebyggjande tiltak under kap. 840, post 70. BLD føreslår derfor at midlane som har gått til slike tiltak på kap. 854, post 71, blir tekne inn som ein del av tilskotsordninga til tiltak mot vald og seksuelle overgrep (sjå over). I tråd med dette føreslår ein å auke kap. 840, post 70 med 4,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 854, post 71.

Ein mindre del av midlane til tiltak 12 Informasjonstelefon om tvangsekteskap og kjønnslemlestelse i Handlingsplan mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og alvorlige begrensninger i unges frihet er utbetalt over kap. 821, post 21. BLD føreslår å samle tilskot til informasjonstelefonen på kap. 840, post 70. I tråd med dette føreslår ein å auke kap. 840, post 70 med 0,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 821, post 21.

Departementet føreslår i tillegg å redusere løyvinga med 0,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 440, post 70 under Justis- og beredskapsdepartementet. Dette inneber at ein samlar tilskot til Kirkens bymisjon til drift av Lauras Hus på Justis- og beredskapsdepartementet sin budsjettpost.

Departementet føreslår ei løyving på 43,2 mill. kroner i 2016.

Post 72 Tilskot til tiltak for valdsutsette barn

Heile løyvinga under denne tilskotsposten er flytta frå tidlegare kap. 857, post 72 som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å støtte tiltak som kan auke livskvaliteten for barn som har blitt utsette for vald. Ein kan gi driftstilskot og støtte til tidsavgrensa og permanente aktivitetar.

Kriterium for tildeling

Ordninga er retta mot stiftingar, frivillige organisasjonar og andre aktørar som ønskjer å tilby tiltak for barn som er utsette for vald. Tilskot blir tildelte etter søknad. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar frå tilskotsmottakarane. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadane, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd. Det er utarbeidd nærmare retningslinjer for tilskotsordninga.

Budsjettforslag 2016

Regjeringa føreslår ei løyving på 11,8 mill. kroner til i 2016.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

9 789

13 185

13 566

22

Opplæring, forsking, utvikling mv.

6 298

6 920

6 534

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

7 096

7 330

7 542

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01

3 951

4 132

6 752

Sum kap. 0841

27 134

31 567

34 394

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekning av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter tilsvarande satsar som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår ei løyving på 13,6 mill. kroner i 2016.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving av meklarkorpset. Bufdir forvaltar midlane til opplæring av meklarar.

Midlane skal vidare nyttast til å følgje opp Riksrevisjonens merknader knytt til forvaltinga av meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og styrkje kompetansen deira i å samtalar med barn.

Midlane under posten skal òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen til kompetanseheving ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova, medrekna å sikre god praksis og samhandling i sakene og styrkje kompetansen knytt til samtalar med barn.

Posten dekkjer òg utgifter til forvaltinga av barnelova og ekteskapslova.

BLD føreslår å redusere posten med 0,6 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 858, post 21, jf. nærmare omtale under denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 6,5 mill. kroner i 2016.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Divisjon for rettsmedisin og rusmiddelforsking ved Nasjonalt folkehelseinstitutt utfører alle DNA-analysar som er rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap, og departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer direkte av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap.

Departementet føreslår ei løyving på 7,5 mill. kroner i 2016.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01

Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Løyvinga blir forvalta av Bufdir. Ordninga har desse overordna rammene:

Mål

Det overordna målet med tilskotsordninga er å støtte opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje familie- og samlivsoppløysing.

Kriterium for tildeling:

Midlane skal nyttast til to typar tiltak:

  1. lokale samlivskurs/samlingar for par

  2. utviklingstiltak i samlivsarbeidet

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskap og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane blir nytta etter føresetnadane, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Det er gitt nærmare retningslinjer for tildelinga i rundskriv frå BLD. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene blir førte vidare i 2016.

Budsjettforslag 2016

BLD føreslår å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 858, post 01. Midlane skal nyttast til samlivstiltak, jf. nærmare omtale under kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 6,8 mill. kroner i 2016.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

230 756

274 932

280 536

21

Spesielle driftsutgifter

15 960

28 390

29 064

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

148 171

157 975

162 556

Sum kap. 0842

394 887

461 297

472 156

Familievernet er ein del av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Bufdir leier dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvar for den faglege og administrative leiinga og drifta av familievernet. Familieverntenesta har familierelaterte problem som sitt fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter lov om ekteskap § 26 og § 51 i barnelova. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervisning retta mot hjelpeapparatet og publikum.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytt til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar tilskot til oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01), og dekkjer administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytt til familievernet.

BLD føreslår å auke løyvinga til familievernet med 5 mill. kroner for å gi fleire barn tilbod om barnesamtale ved samlivsbrot

Departementet føreslår ei løyving på 280,5 mill. kroner i 2016.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, utgreiing, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet.

Departementet føreslår ei løyving på 29,1 mill. kroner i 2016.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievern- teneste mv., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Dei kyrkjeleg eigde familievernkontora får midlar til drifta ved tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med inngått avtale om drift av familievernkontor. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01). Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern.

Departementet føreslår ei løyving på 162,6 mill. kroner i 2016.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Diverse inntekter

391

658

677

16

Refusjon av foreldrepengar

681

18

Refusjon av sykepengar

5 786

Sum kap. 3842

6 858

658

677

Post 01 Diverse inntekter

Departementet føreslår ei løyving på 0,7 mill. kroner i 2016. Inntektene er diverse kursinntekter mv.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

4 593

4 838

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

13 421

Sum kap. 0843

4 593

4 838

13 421

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld tidlegare kap. 843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda.

Tidlegare bei utgifter til likestillings- og diskrimineringsnemda førte på kap. 843. Frå 2016 blir dette endra og kap. gjeld no adopsjonsstøtte. Løyvinga knytt til Likestillings- og diskrimineringsnemnda på post 01 er flytta til programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 870 Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Løyvinga knytt til Adopsjonsstønad er flytta frå tidlegare programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge, kap. 852 Adopsjonstønad. Endringa skjer fordi departementet ønskjer å samle verkemidla i familie- og oppvekstpolitikken under éin programkategori. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Om tildelinga av eingongsstønad til adopsjon

Eingongsstønad ved adopsjon av barn frå utlandet blei innført i 1992 for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet.

Stønaden blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må anten vere gjennomført i Noreg eller i utlandet og registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir. Direktoratet skal ha fått dei rette dokumenta frå opphavslandet til barnet før dei behandlar søknaden. Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg da dei fekk omsorga for barnet, og da adopsjonen blei gjennomført eller registrert her i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få eingongsstønad dersom barnet har kome til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet da dei fekk omsorga for barnet.

Eingongsstønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet, var i 2014 på 46 920 kroner per barn. Frå 1. januar 2015 blei stønaden per barn sett til 88 370 kronar, tilsvarande 1G, frå 1. mai 2014.

Bufdir, som forvaltar stønadsordninga, godkjende 143 søknader om adopsjonsstønad i 2014, mot 171 søknader i 2013. 144 utanlandsadopsjonar blei formidla i 2013.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår at adopsjonsstønaden blir sett til 90 068 kronar i 2016, tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda gjeldande frå 1. mai 2015.

Departementet føreslår ei løyving på 13,4 mill. kroner i 2016.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskot, overslagsløyving

1 382 312

1 751 500

1 510 000

Sum kap. 0844

1 382 312

1 751 500

1 510 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål og kriterium for tildeling

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre. Målet med ordninga og tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som er administrativt underlagt Arbeids- og sosialdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeids- og sosialdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i resultatoppfølging og økonomikontroll blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå nærmare omtale av Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs ansvarsområde under delmål 3.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Budsjettforslag 2016

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar for

  • forventa tal på barn i kontantstøttealder (13–23 månader) basert på mellom anna den siste befolkningsframskrivinga til SSB

  • forventa utvikling i bruken av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet

Forslag til satsar for 2016 står i tabell 4.14.

Departementet føreslår ei løyving på 1 510 mill. kroner i 2016.

Tabell 4.13 Talet på barn med rett til stønad i 2014. Prognosar for 2015 og 2016

Gjennomsnitt 2014

Gjennomsnitt 20151

Gjennomsnitt 2016

Barn med rett til kontantstøtte

21 226

21 180

19 508

1 Saldert budsjett

Tabell 4.14 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2016 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage per veke

Kontantstøtte i prosent av full yting

Beløp per barn per månad

Maksimalt1 beløp per barn

Ikkje bruk av barnehageplass

100

6 000

66 000

Til og med 19 timar

50

3 000

33 000

20 timar eller meir

0

0

0

1 Maksimalt 11 månader med kontantstøtte per barn

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskot, overslagsløyving

15 138 713

15 235 000

15 170 000

Sum kap. 0845

15 138 713

15 235 000

15 170 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål og kriterium for tildeling

Barnetrygda skal medverke til å dekkje utgifter til forsørging av barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2016

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar for

  • talet på barn med rett til barnetrygd og talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet)

  • talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn 0–3 år.

Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Departementet føreslår ei løyving på 15 170 mill. kroner.

Tabell 4.15 Forslag til satsar for barnetrygd for 2016 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

970

11 640

Småbarnstillegg til einsleg forsørgjarar med barn 0–3 år

660

7 920

Tabell 4.16 Talet på barn med rett til barnetrygd i 2014. Prognosar for 2015 og 2016

Gjennomsnitt 2014

Gjennomsnitt 20151

Gjennomsnitt 2016

Barn med barnetrygd

1 130 441

1 134 902

1 137 929

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.17 Talet på stønadsmottakarar i 2014. Prognosar for 2015 og 2016

Gjennomsnitt 2014

Gjennomsnitt 2015

Gjennomsnitt 2016

Stønadsmottakarar med barnetrygd for1

– eitt barn

311 464

314 959

315 998

– to barn

259 713

262 628

263 493

– tre barn

82 887

83 817

84 093

– fire barn

12 930

13 075

13 118

– fem eller fleire barn

3 232

3 269

3 279

Sum stønadsmottakarar

670 226

677 748

679 982

Stønadsmottakarar med utvida stønad

129 226

129 385

126 651

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einsleg forsørgjar med barn 0–3 år

3 875

3 643

3 315

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar. Utrekning av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar o.a. i tabellane ovanfor vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2015 og 2016. Avviket kjem i hovudsak av etterbetalingar.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 og post 71

13 468

13 646

9 243

50

Noregs forskingsråd , kan nyttast under post 21

3 025

3 106

3 180

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

28 992

61

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

148 905

62

Utvikling i kommunane

80 727

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

12 608

10 426

121 319

71

Utviklings- og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

7 225

72

Tiltak for lesbiske og homofile

10 481

10 755

73

Tilskot til likestillingssentre

6 008

6 227

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

5 501

3 352

10 171

Sum kap. 0846

51 091

47 512

409 762

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld tidlegare kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

Kapittelet har skifta namn og innhald frå Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. til Familie- og oppveksttiltak som følgje av ny budsjettstruktur for 2016. BLD føreslår å tilføre midlar til kap. 846 frå tidligare programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge. Dette gjeld delar av løyvinga på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet og storparten av løyvinga på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak. Endringa skjer fordi departementet ønskjer å samle midlane til tiltak på familie- og oppvekstområdet. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane. Midlar som tidlegare har vore knytta til likestillings- og ikkje-diskrimineringstiltak er flytta til ny programkategori 11.40. Sjå òg omtale under den enkelte budsjettposten.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 og post 71

Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak og FoU-tiltak på familie- og oppvekstområdet.

Departementet føreslår å samle løyvingane til FoU-tiltak på familie- og oppvekstområdet under posten. Det inneber at midlane på post 21 under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak er foreslått innlemma i posten. Dette utgjer 3,6 mill. kroner.

Delar av midlane på post 21 under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet har blitt nytta til FoU-tiltak på familie- og oppvekstområdet i 2015. Departementet føreslår at også desse midlane blir flytta til kap. 846, post 21. Dette utgjer 10,7 mill. kroner.

Posten er i 2015 òg nytta til å finansiere FoU-tiltak på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Midlane til slike tiltak føreslår departementet å flytte til nytt kap. 871 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv., post 21, under programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering. Dette utgjer 10,6 mill. kroner.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår å redusere posten med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 846, post 62, jf. nærmare omtale under denne posten. Departementet føreslår vidare å redusere posten med 4,4 mill. kroner for å finansiere andre tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 9,2 mill. kroner i 2016.

Post 50 Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

Midlane skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon i regi av Noregs forskingsråd.

Departementet føreslår ei løyving på 3,2 mill. kroner i 2016.

Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Heile løyvinga under denne posten er flytta frå kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 60 som følgje av forslag til ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga under posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Bufdir forvaltar ordninga. Ordninga blir regulert av eit eige rundskriv. Desse overordna rammene er fastsette for tilskotsordninga:

Mål

Formålet er å medverke til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar: Oslo (åtte prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.

Tildelingskriterium

Løyvinga har barn og ungdom som målgruppe. Formålet er å skape opne møteplassar for barn og ungdom i alderen 10–20 år med særskilde behov, utsette ungdomsgrupper og -miljø.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor særskilde utfordringar, og arbeid og innsats som fremmar integrering, er høgt prioritert.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå kommunane til Bufdir.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår ei løyving på 29 mill. kroner i 2016.

Post 61 Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

Heile løyvinga under denne posten er flytta frå tidligare kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 61 som følgje av forslag til ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga under denne posten blir nytta til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.

I tilegg har løyvinga vore nytta til tilskot til Blå Kors sitt tiltak Barnas Stasjon, Røde Kors sitt tiltak Ferie for alle og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv.

Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til tiltaka Barnas Stasjon, pilotprosjektet FRI og Ferie for alle i 2016. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknadar frå dei nemnde tilskotsmottakarane.

Bufdir forvaltar tilskota på posten. Det er fastsett følgjande overordna rammer for den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom:

Mål

Målet er å gi fleire fattige barn og unge høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Formålet er å betre sjansane for at barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer uavhengig av inntekta og den sosiale situasjonen til foreldra.

Kriterium for tildeling

Målgruppa er barn og ungdom som er råka av fattigdomsproblem. Formålet er å leggje betre til rette for at barn og ungdom i familiar som er råka av fattigdomsproblem skal få høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar.

Ordninga er retta mot alle kommunane i landet. Frivillige organisasjonar kan søkje direkte til Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar som blir sende via kommunane. I tilfelle der utbetalinga skjer direkte til frivillige organisasjonar skal tilskotsmottakar sende rekneskapar og rapportar direkte til Bufdir.

Departementet vil gi nærmare retningsliner for ordninga i eige rundskriv.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår å auke budsjettramma for tilskotsordninga mot barnefattigdom med 8 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2015. Dette er eit ledd i arbeidet med å betre levekåra for sosialt og økonomisk vanskelegstilte barn og unge og ei oppfølging av Barn som lever i fattigdom- Regjeringens strategi (2015–2017).

Departementet føreslår ei løyving på 148,9 mill. kroner.

Post 62 Utvikling i kommunane

Delar av løyvinga under denne posten er flytta frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 61 som følgje av forslag til ny budsjettstruktur. Departementet føreslår å samla løyvingane til utviklingstiltak i kommunesektoren på familie- og oppvekstområdet under posten. Delar av midlane på kap. 854, post 61 har blitt nytta til utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet i 2015. Departementet føreslår å flytte desse midlane til kap. 846, post 62. Dette utgjer 22,2 mill. kroner. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Delar av løyvinga går til kommunar som driv utviklingsarbeid, førebyggjande arbeid og arbeid som skal hindre problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge.

Løyvinga dekkjer tre tilskotsordningar: Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom, Foreldrestøttende tiltak i kommunene og Utvikling av modeller for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk syke og barn av foreldre som misbruker rusmidler (som byggjer på det tidlegare Modellkommuneforsøket).

Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom skal leggje til rette for meir samordna tilbod og tettare oppfølging av ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon. Målet er å styrkje ungdommanes tilknyting til skolen, trivsel og meistring. Ein skal gjennom det bidra til å betre skoleprestasjonane og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Tilskotsordninga Foreldrestøttende tiltak i kommunene har som mål å gi barn tidleg hjelp gjennom å stimulere kommunane til å setje i verk foreldrestøttande tiltak. Målgruppa for tiltak er foreldre med særskilte utfordringar og med barn i alderen 0-18 år. Formålet er å hjelpe foreldre til å skape trygge rammer for oppveksten til barna og utvikling i familien ved å bli medvitne på behovet til barna og få hjelp til å kunne møte desse behova på ein god måte.

Tiltaka skal medverke til å førebyggje og/eller hindre ulike former for vald og seksuelle overgrep mot barn. Vidare skal det bidra til å skape trygge oppvekstsvilkår som legg til rette for positiv utvikling. Tiltaka kan òg ha som mål å hjelpe adoptivforeldre og fosterforeldre med å utvikle positiv omsut som støttar utviklinga til barnet.

Tilskotsordninga Utvikling av modeller for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk syke og barn av foreldre som misbruker rusmidler har som foremål å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk sjuke og barn av foreldre som misbrukar rusmiddel. Tilskotsordninga blei etablert i samband med Stortingets handsaming av Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i Statsbudsjettet 2015, Jf. Innst. 360 S (2014–2015). Etableringa av tilskotsordninga inneber at kommunar kan søkje om tilskot til tiltak som bygg på erfaringene frå Modellkommuneforsøket.

Kriterium for tildeling og andre rammer for dei tre tilskotsordninga er gitt i eigne retningslinjer som er utarbeidd for ordningane. Bufdir forvaltar ordningane og retningslinjene er publisert på Bufdir sine heimesider.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår å auke løyvinga til dei tre tilskotsordningane på posten samanlikna med Saldert budsjett 2015. Dette er eit ledd i arbeidet med å betre levekåra for sosialt og økonomisk vanskelegstilte barn og unge og ei oppfølging av Barn som lever i fattigdom- Regjeringens strategi (2015–2017).

Departementet føreslår å auke budsjettramma for tilskotsordninga Utvikling av modeller for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk syke og barn av foreldre som misbruker rusmidler med 15 mill. kroner. I tillegg føreslår departementet å flytte 4 mill. kroner frå kap. 846, post 21. Dette er midlar som i 2014 blei nytta til oppfølging av Modellkommuneforsøket. Samla ramme for den nye tilskotsordninga blir då på 23,5 mill. kroner.

Departementet føreslår å auke budsjettramma for tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom med 20 mill. kroner.

Budsjettramma for tilskotsordninga Foreldrestøttende tiltak i kommunene føreslår ein auka med 10 mill. kroner.

Som ledd i oppfølginga av Barn som lever i fattigdom- Regjeringens strategi (2015–2017) føreslår departementet òg å auke løyvinga til programmet Nurse Family Partnership med 7 mill. kroner.

BLD føreslår å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 858, post 01. Midlane skal nyttast til foreldrerettleiing og andre foreldrestøttande tiltak, jf. nærmare omtale under kap 858, post 01.

I tråd med dette føreslår departementet ei løyving på 80,7 mill. kroner i 2016.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Denne posten har skifta namn og innhald frå Tilskot til Barne- og ungdomsorganisasjoner som følgje av ny budsjettstruktur for 2016. Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Løyvinga knytt til tidlegare kap. 846 post 70 Tilskot er flytta til ny programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering, post 70 Likestilling mellom kjønn. Dette utgjer 10,7 mill. kroner.

Løyvinga til Barne- og ungdomsorganisasjonar er flytta frå tidlegare programkategori 11.10 Tiltak for barn og unge, kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar. Dette utgjer 121,3 mill. kroner. Flyttingane endrar ikkje bruken av midlane.

Departementet føreslår òg at posten nyttast til å gi støtte til forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017.

Mål

Formålet er å leggje til rette for barn og ungdoms deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane. Dei frivillige organisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. Dei er sosiale møteplassar for barn og unge, og dei medverkar til å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sørgje for at organisasjonane forblir ein arena for medverknad og demokrati.

Kriterium for tildeling

Tilskot til nasjonal grunnstønad for barne- og ungdomsorganisasjonar er regulert i ei eiga forskrift som er fastsett av BLD.

Midlane i den nasjonale ordninga blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BLD er klageinstans for vedtak som er gjort av Fordelingsutvalet.

Midlar til tilskotsordninga Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) har ansvaret for ordninga. Ordninga har eigne retningslinjer.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om driftstilskot til det nasjonale arbeidet sitt. Dette tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Krav til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner og instruks for Fordelingsutvalet. Andre tilskot på posten blir kontrollerte gjennom oppfølging av rapportering og rekneskapar.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår ei løyving på 121,3 mill. kroner.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

Posten er ny. Heile løyvinga under denne posten er flytta frå tidligare programkategori 11.20 Tiltak forbarne- og unge. Departementet føreslår å samle løyvingane til tilskot på familie- og oppvekstområdet under posten.

Delar av midlane på post 71 under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet har blitt nytta til tilskot på familie- og oppvekstområdet i 2015. Departementet føreslår at desse midlane flyttast til nytt kap. 846, post 71. Dette utgjer 5,6 mill. kroner.

I tillegg føreslår BLD å flytte midlane på tidligare kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 71 Utviklingsarbeid, til posten.

Flyttingane endrar ikkje bruken av midlane.

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysningsarbeid som kan gi auka kunnskap og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Prisen til Årets forbilde blir òg løyvt over posten.

Det er i 2015 gitt tilskot til organisasjonane Ungdom mot vold, Oslo Røde Kors og organisasjonen Barnevakten. Det er òg gitt tilskot til adopsjonsorganisasjonane Inoradopt, Verdens barn og Adopsjonsforum. I tillegg er det gitt driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS).

Departementet føreslår at det òg blir gitt tilskot til desse organisasjonane i 2016. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Budsjettforslag 2016

Etter Stortinget si handsaming av Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i Statsbudsjettet 2015, Jf. Innst. 360 S (2014–2015) etablerte BLD ein tilskotsordning for Trygge lokalsamfunn og gode oppvekstmiljø. Bakgrunnen var ein fleirtallsmerknad frå Kommunal- og forvaltningskomiteen i Innst. 16 S (2014–2015):

«Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti,Venstre og Sosialistisk Venstreparti vil ha en politikk der ildsjeler i norske lokalsamfunn i større grad kan bidra i samarbeid med det offentlige og andre aktører. Dette flertallet ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2015 om å overføre 5 mill. kroner fra kap. 500 post 21 Kommunal- og moderniseringsdepartementet til kap. 857 Barne- og ungdomstiltak som en engangsbevilgning for 2015, for å støtte organisasjoner som arbeider for å forhindre marginalisering, og for å skape gode oppvekstmiljø og trygge lokalsamfunn. Slik dette flertallet ser det, bør organisasjonen MOT kunne søke midler over denne posten for å styrke sitt forebyggende arbeid blant unge.»

På bakgrunn av komiteens understreking av at dette var ei eingangsløyving, føreslår departementet ikkje å føre vidare ordninga i 2016.

Departementet føreslår ei løyving på 7,2 mill. kroner i 2016.

Post 72 Tiltak for lesbiske og homofile

Posten er avslutta som følgje av ny budsjettstruktur. Løyvinga er flytta til programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering, post 72 Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Post 73 Tilskot til likestillingssentre

Posten er avslutta som følgje av ny budsjettstruktur. Løyvinga er flytta til programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering, post 73 Likestillingssentre. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

Denne posten har skifta namn og innhald frå Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid til Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid mv. som følgje av ny budsjettstruktur for 2016. Løyvinga knytta til Tilskot til internasjonalt likestillingsarbeid er flytta til programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering, post 79. Dette utgjer 3,4 mill. kroner.

Løyvinga knytta til Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid mv er flytta frå tidlegare programkategori 11.10 Tiltak for barn og unge , kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 79. Dette utgjer 10,6 mill. kroner.

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, enkeltpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.

Posten dekkjer Noregs bidrag til Det europeiske ungdomsfond i Europarådet (EYF). Posten dekkjer òg kostnadene Noreg har i samband med tiltak i regi av partnarskapet mellom Europarådet og Europakommisjonen.

Posten skal dessutan dekkje kostnader i samband med samarbeidet om barne- og ungdomspolitikk i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet, mellom anna tilskot til drift av informasjons- og rettleiingskontoret (BYCO) i Murmansk. Posten skal òg dekkje tilskot til eit fleirnasjonalt samarbeid i Barentsregionen, som blir forvalta av Barentssekretariatet. Posten kan òg nyttast til departementet si deltaking i mellomstatleg samarbeid om generell barne- og ungdomspolitikk.

Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstønad til det internasjonale arbeidet sitt. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til internasjonalt arbeid.

Departementet føreslår òg at det opnast for å gi tilskot til arrangementet Homeless Worldcup over posten. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknad frå den aktuelle tilskotsmottakaren.

Tildelingskriterium for tilskot på posten

Storleiken på bidraget til Det europeiske ungdomsfond blir fastsett av Ministerkomiteen i Europarådet. Tilskot til samarbeidet i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsett av departementet ut frå gjeldande avtalar og prinsipp. Fordelingsutvalet forvaltar tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane etter kriterium som er fastsette i eiga forskrift. Søknader frå LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede om tilskot til internasjonalt arbeid blir behandla av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Europarådets ungdomsdirektorat og Europarådets revisjonsstyre kontrollerer Det europeiske ungdomsfond. Tilskotet til ungdomssamarbeid i Barentsregionen blir forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes. Tilskotet departementet gir, blir følgt opp ved kontroll av rapport og rekneskap.

Bufdir og Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging og kontroll av tilskotet til LNU, Unge funksjonshemmede, Ungdom og Fritid og tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane.

Budsjettforslag 2016

BLD føreslår ein reduksjon på posten på 0,4 mill. kroner. Departementet føreslår ei løyving på 10,2 mill. kroner.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter, kan overførast

8 067

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

8 701

13 841

70

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

177 910

178 567

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan overførast, kan nyttast under post 21

21 590

26 029

72

Tilskot

14 489

14 968

Sum kap. 0847

222 690

233 405

8 067

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld tidlegare kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne.

Heile løyvinga under kap. 847 er flytta frå tidlegare programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge og tidlegare kap. 859 EUs ungdomsprogram, som følgje av ny budsjettstruktur. Heile den tidlegare løyvinga under kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne er flytta til ny programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 872. Flyttingane endrar ikkje bruken av midlane.

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

8,1 mill. kroner av løyvinga på posten er flytta frå kap. 859 EUs ungdomsprogram, post 01 Driftsutgifter som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Posten dekkjer lønn og utgifter til varer og tenester ved det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3859 som omhandlar Europakommisjonens bidrag til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. I 2015 vil det nasjonale kontoret ha ansvaret for behandlinga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspoliske tiltaka i programmet Erasmus+, i tillegg til å ha ansvaret for avslutninga av programmet Aktiv Ungdom.

Departementet føreslår ei løyving på 8,1 mill. kroner i 2016.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten er avslutta som følgje av ny budsjettstruktur. Løyvinga er flytta til programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 872 Nedsett funksjonsevne, post 21 Spesielle driftsutgifter. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Post 70 Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Posten er avslutta som følgje av ny budsjettstruktur. Løyvinga er flytta til programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 872 Nedsett funksjonsevne, post 70 Funksjonshemma sine organisasjonar. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Post 71 Tiltak for auke tilgjenge og universell utforming, kan overførast, kan nyttast under post 21

Posten er avslutta som følgje av ny budsjettstruktur. Løyvingane er flytta til programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 872 Nedsett funksjonsevne, post 71 Universell utforming og auka tilgjenge. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Post 72 Tilskot

Posten er avslutta som følgje av ny budsjettstruktur. Løyvingane er flytta til programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 872 Nedsett funksjonsevne, post 72 Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

Heile løyvinga under kap. 3847 er flytta frå tidlegare programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge kap. 3859 EUs ungdomsprogram, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Tilskot frå Europakommisjonen

2 300

Sum kap. 3847

2 300

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 ligg under kap. 3859.

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

2,3 mill. kroner av løyvinga på posten er flytta frå kap. 3859 EUs ungdomsprogram, post 01 Driftsutgifter som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innan ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+.

Bufdir skal utarbeide ein arbeidsplan for det nasjonale kontoret som skal godkjennast av departementet og Europakommisjonen. Departementet har ansvar for å kontrollere korleis det nasjonale kontoret forvaltar den delen av programbudsjettet som tilkjem Noreg for nasjonal avgjerd av søknader om tilskot.

Departementet føreslår ei løyving på 2,3 mill. kroner i 2016.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

13 649

Sum kap. 0848

13 649

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 ligg under kap. 850.

Heile løyvinga under dette kapitlet er flytta frå programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge, kap. 850 Barneombodet som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er uavhengig, sjølvstendig og partipolitisk nøytralt, oppretta gjennom lov av 6. mars 1981 nr. 5 om barneombod. Barneombodet si hovudoppgåve er å fremme barn sine interesser overfor det offentlege og det private, og følgje med på utviklinga av barns oppvekstvilkår. Instruksen til Barneombodet gir retningslinjer for arbeidet til ombodet.

Mandatet til Barneombodet er avgrensa, og Barneombodet har inga formell avgjerdsmakt.

Barneombodet skal:

  • ta vare på barns interesser i samband med planlegging og utvikling på alle felt

  • følgje med på om lovgivinga om vern av barns interesser blir følgde, og om norsk rett og forvaltingspraksis er i samsvar med dei forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barns rettar

  • føreslå tiltak som kan styrkje barns rettstryggleik

  • fremme forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunnet

  • følgje med på om det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om barns rettar, og om det blir sett i verk nødvendige tiltak.

Hovudbrukargruppene til Barneombodet er barn og unge og dei som tek avgjerder.

Resultatrapportering og strategiar

Resultatrapport for 2014/2015

Faglege mål

Tvang og makt mot barn har vore hovudprioritet i 2014. Prosjektet er avgrensa til bruk av tvang mot barn og unge som bur i psykisk helsevernsinstitusjonar, barnevernsinstitusjonar og fosterheimar. I prosjektet fekk Barneombodet informasjon frå barn, forskarar, relevante institusjonar og kontrollorgan. Prosjektrapporten blei gitt til relevante departementet i september 2015.

Barneombodets rapport frå prosjektet Helse på barns premisser blei gitt til helseministaren og barne-, likestillings- og inkluderingministaren 6. mars 2014. Barneombodet kjem her med ei rekke anbefalingar til styresmaktene. Rapporten blei godt teke i mot, og mange av anbefalingane i rapporten har allereie blitt implementert. Barneombodet har brukt mykje tid på oppfølginga av Helse på barns premisser.

Barneombodet var med i programmet for Grunnlovsjubileet 2014 med prosjektet Barneombussen, der Barneombodet reiser rundt i landet og besøkjer skoler. I 2014 har Barneombussen vore i fem fylke, deltatt på Grunnlovsjubileet på Eidsvoll og på Miniøya. Barneombodet har møtt til saman 1635 elevar på skuler, og om lag 1300 barn på dei andre arrangementa.

Gjennom heile året har Barneombodet arbeidd med mobbing og krenkingar i skolen på tre måtar: rettleiing i enkeltsaker, deltaking i faglege diskusjonar og offentleg debatt og arbeid for å få fram barn og unge sine eigne erfaringar og råd om korleis ein kan stanse mobbing og krenkingar i skolen.

Barneombodet fekk 80 nye formelle førespurnader om mobbing frå vaksne og 381 spørsmål om skole frå barn og unge via spørjetenesta Spør Barneombudet. Barneombodet svarar òg på ung.no. Svært mange av desse handlar anten direkte eller indirekte om retten til eit godt skolemiljø. Totalt har Barneombodet behandla mellom 300 og 500 førespurnader om retten til eit godt skolemiljø i 2014.

I 2013 gav Barneombodet innspel til Djupedalutvalet, som skulle komme med anbefalingar om politikk for å sikre barn eit godt psykososialt skolemiljø. For at utvalet også skulle få innspel frå barn og unge direkte, reiste Barneombodet i 2014 rundt i ulike deler av landet og snakka med 22 barn som hadde vore utsette for mobbing. Deira erfaringar og anbefalingar vart samla i rapporten Jeg vil drømme gode drømmer, som vart levert til utvalet i september 2014.

Barneombodet blir både spurd om å bidra internasjonalt for å starte opp barneombod, og om å dele kunnskap om ulike tema og røynsler med metodar for å jobbe med barnerettane. Ombodet har fått midlar frå Utanriksdepartementet til eit forprosjekt, der målet er at barnerettane skal ha blitt styrka i minst tre land ved at det er etablert sterke strukturar for å overvake og verkeleggjere FNs barnekonvensjon. Prosjektet starta opp i 2014.

Administrative mål og kommunikasjonsmål

I alt har Barneombodet tatt i mot og ekspedert 4 553 brev og e-postar, 2 077 telefonar og 1 480 spørsmål på Spør Barneombodet i 2014. I 2014 vart Barneombodet omtalt i totalt 2 199 medietreff.

Barneombodet sende seks uromeldingar til barnevernet, fem krav om innsyn og seks oppmodingar om tilsyn, ga 18 høyringssvar og innspel til tre offentlege utval i 2014. Barneombodet sendte 15 brev til offentlege styresmakter om synspunkta sine, og uroa for varetakinga av barn innanfor ulike sektorar av samfunnet.

Strategiar og tiltak for Barneombodet i 2016

Barneombodet har utarbeidd 21 langsiktige faglege mål og fem mål for organisasjonsutvikling for perioden 2012–2018. Barneombodet vel kvart år ut nokre av desse måla som det skal arbeidast spesielt med dette året. Barneombodet vil leggje vekt på desse måla i 2016:

Faglege mål

Barn med funksjonsnedsetjingar skal ha eit verdig liv og eit tilrettelagt tilbod uansett kvar dei bur

Barneombodet vil arbeide med rettar for barn med funksjonsnedsetjingar i 2016. Dette blir det faglege hovemåetlt i 2016.

Barn kjenner til barnekonvensjonen og Barneombodet

Barneombodet held i 2016 fram med prosjektet «barneombuss» der Barneombodet reiser rundt i landet og besøkjer skolar. Barneombodet har med seg eit skoleopplegg som informerer om barnekonvensjonen og Barneombodet.

Barn har reell innverknad på utforming av politikk og planar på alle nivå i samfunnet

Barneombodet vil halde fram med å involvere barn og unge i 2016. Barneombodet har laga ein pilot på eit opplæringsopplegg for kommuner om barns deltaking som Barnombodet vil arbeid vidare med i 2016. Barneombodet vil òg arbeide med å sikre barns deltaking i prosessen med rapportering til FNs barnekomité i samband med Barneombodets supplerande rapport til barnekomiteen.

Alle barn i Noreg får oppfylt retten til utdanning i ein trygg og inkluderande skole

Barneombodet vil fortsette det viktige arbeidet med psykososialt skolemiljø. Særleg vil det leggast vekt på oppfølging av Djupedalsutvalgets forslag om endringar i lovverk og førebyggjande arbeid.

Barn skal ikkje bli utsette for ulovleg tvang i nokon offentleg institusjon

Barneombodet følgjer opp tilrådingane sine frå rapporten som blei lansert i 2015 om bruk av tvang mot barn i barnevern og psykisk helsevern.

Barn i risiko for, eller som er utsett for, vald og overgrep, møter eit system som ser, følgjer opp og gir god behandling

Barneombodet vil arbeide for å få gjennomslag for sine tilrådingar om tiltak for å redusere vald mot barn gjennom heile 2016.

Post 01 Driftsutgifter

13,6 mill. kroner er flytta frå kap. 850 Barneombodet, post 01 Driftsutgifter som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter til Barneombodet.

Departementet føreslår ei løyving på 13,6 mill. kroner i 2016.

Kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Basisløyving

54 035

53 981

Sum kap. 0849

54 035

53 981

Kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet er avslutta, sjå omtale under kap. 873 Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Programkategori 11.20 Barnevernet

For statsbudsjettet 2016 føreslår BLD ein ny budsjettstruktur. Tiltak på familie- og oppvekstområdet føreslår ein å samle i den nye programkategorien 11.10 Familie og oppvekst. Det inneber at heile og delar av budsjettpostar er flytta frå tidlegare programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge til den nye programkategorien 11.10. Dette gjeld tiltak på adopsjonsområdet, tiltak mot vald, tiltak mot barnefattigdom og tiltak i barne- og ungdomspolitikken generelt. Gjenståande kapittel under programkategori 11.20 gjeld barnevern og programkategorien heiter derfor Barnevernet.

Endringa fører også til endra kapittelnummer og -namn. Desse endringane blir nærmare gjennomgått i kapittel- og postomtalane.

Hovudmål og prioriteringar

Alle barn i Noreg som treng hjelp på grunn av omsorgssvikt eller overgrep, skal raskt få eit godt tilbod. Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og ungdom som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får rett hjelp og omsorg til rett tid, og å medverke til at dei får trygge oppvekstvilkår. Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge når foreldra av ulike grunnar ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng.

Kommunane har sett i verk førebyggjande tiltak og auka ressursbruken i barnevernet. Departementet forventar likevel framleis ein aktivitetsvekst i det statlege barnevernet i 2016. Regjeringa føreslår derfor å styrkje det statlege barnevernet med 87 mill. kroner.

Tidleg innsats og foreldrestøttande tiltak er viktig for å førebyggje omsorgsovertakingar. Departementet vil styrkje det førebyggjande arbeidet, slik at ein kan kome tidleg inn med gode tiltak og unngå problemutvikling. Stortinget slutta seg ved behandlinga av Prop. 72 L (2014–2015) Endringer i barnevernloven (utvidet adgang til å pålegge hjelpetiltak) til forslaget om å utvide høvet til å påleggje hjelpetiltak. Lovendringa blir sett i kraft 1. april 2016. Formålet med lovendringa er å betre situasjonen til barna og å førebyggje meir inngripande tiltak som omsorgsovertaking.

Å lykkast i skolen er ein av dei viktigaste enkeltfaktorane for eit godt vaksenliv. Barn og ungdom med tiltak frå barnevernet gjer det ofte mindre bra i skole- og utdanningssamanheng enn andre. Regjeringa meiner at barn i barnevernet skal ha høve til å utvikle evnene sine på lik linje med andre barn, og vil halde fram satsinga på dette området. Barn i barnevernet har òg større helseutfordringar enn andre. For å lykkast med det førebyggjande arbeidet må barnevernet ha eit godt samarbeid med andre tenester. Sjå programkategori 11.10 Familie og oppvekst for omtale av førebyggjande tiltak som supplerer barnevernet sine tiltak.

Departementet har starta arbeidet med å greie ut kvalitets- og strukturendringar i barnevernet og vil prøve ut ny organisering i form av forsøksverksemd i eit utval av kommunar i 2016. Regjeringa føreslår eit forsøk med ei ny ansvarsdeling mellom det kommunale og det statlege barnevernet, der kommunane får eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Ambisjonen til regjeringa er eit betre barnevern som gir fleire barn rett hjelp til rett tid.

BLD vil i 2016 følgje opp evalueringa av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og Riksrevisjonens forvaltingsrevisjon. Rapportane gir eit godt grunnlag i det vidare arbeidet med mellom anna å få ned saksbehandlingstida.

Mål

For 2016 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

6: Utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling

6.1: Tiltak og tenester til rett tid tilpassa behovet til det enkelte barnet

6.2: Heilskaplege og samordna tilbod og tenester

6.3: Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Delmål 6.1: Tiltak og tenester til rett tid tilpassa behovet til det enkelte barnet

Resultatrapport 2014/2015

Rapporteringa tar utgangspunkt i delmål 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern og delmål 6.4 Tilstrekkeleg kapasitet i det kommunale barnevernet, som blei presenterte i Prop. 1 S (2013–2014).

Kunnskaps- og tiltaksutvikling

Departementet legg vekt på at barnevernet skal gi tiltak med best mogleg kvalitet i tråd med det brukarane sjølve seier, det erfaringane tilseier, og det forskinga viser at barn og unge treng. Det blei i 2014 arbeidd med å gjere tenestene meir kunnskapsbaserte.

Bufdir heldt fram med å systematisere erfaringar frå bruken av hjelpetiltak. Hensikta er å få eit meir kunnskapsbasert barnevern og at hjelpetiltak frå barnevernet blir betre tilpassa livssituasjonen til utsette barn og familiar. Direktoratet gav mellom anna økonomisk støtte til forskingsprosjektet (2012–2015) Forskningskunnskap om hjelpetiltak i barnevernet i regi av Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest), Uni Research Helse og NOVA, HiOA. Resultata frå prosjektet skal leggjast fram hausten 2015.

Innsatsen for å rekruttere fleire fosterheimar heldt fram i 2015, og Bufdir har sett i verk eit forskingsprosjekt for å identifisere gode rekrutteringsmetodar. Direktoratet arbeider framleis med å rekruttere fleire fosterheimar blant minoritetar og å auke prosentdelen plasseringar i fosterheimar i slekt og nettverk.

Ved utgangen av 2014 budde 9 861 barn i ordinære, kommunale fosterheimar. Blant dei var 2 636, om lag 27 prosent, i fosterheim i familie og nære nettverk, nær eitt prosentpoeng høgare enn i 2013. Tala gjeld barn og unge med ulike plasseringsgrunnlag.

Det kan vere uheldig å plassere barn med ulike behov i same institusjon. Derfor har direktoratet arbeidd med å differensiere institusjonstilbodet i barnevernsinstitusjonar. Det er no eit tydelegare skilje mellom akuttinstitusjonar, omsorgsinstitusjonar for ungdom og omsorgsinstitusjonar for barn, og tre kategoriar institusjonar for ungdom med alvorlege åtferdsproblem. Resultatet av differensieringa av tilbodet vil først vise seg over tid.

I 2014 styrkte direktoratet kvaliteten i det statlege barnevernet gjennom fleire tiltak i eit kvalitetsutviklingsprogram. Eit opplæringsprogram for institusjonstilsette om barns psykiske helse blei sett i verk i 2015.

Bufdir har i dialog med ekspertar frå utdanningssektoren og praksisfeltet mellom anna greidd ut om ei planlagd vidareutdanning i barnevernsleiing bør innehalde eigne modular for ulike målgrupper. Etter tilråding frå direktoratet føreslår departementet å opprette ei felles vidareutdanning i barnevernsleiing der leiarar i heile barnevernet er målgruppa. Denne utdanninga vil bli tilbydd ved RKBU Midt / NTNU i samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag, og startar i februar 2016.

Det var i 2014 og 2015 sett av midlar til Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing for tilsette i barnevernsinstitusjonar. Midlane skulle nyttast til studieplassar ved universitet og høgskolar. Det viste seg at eksisterande vidareutdanningar hadde problem med å rekruttere studentar både frå institusjonar og kommunalt barnevern. Tiltaket blei ikkje gjennomført.

Erfaringar viser at bakgrunnen for rekrutteringsproblemet er økonomi: arbeidsgivar må dekkje utgiftene til vikar, eller tilsette må gjennomføre utdanninga med redusert lønn. Departementet føreslår derfor å opprette ei tilskotsordning for barnevernfaglege vidareutdanningar frå 2016, slik at eksisterande vidareutdanningar kan utnyttast betre.

Stortinget slutta seg i 2014 til forslaget om ei kategoriendring i finansieringa av barnevernspedagogutdanninga. Kategorien blei endra frå F til E i finansieringssystemet for universitet og høgskolar, slik at utdanningsinstitusjonar som tilbyr barnevernspedagogutdanninga, vil få ei høgare basisløyving på grunnlag av oppnådde studiepoeng. Endringa får utteljing for utdanningsinstitusjonane frå og med 2016. Målet med å styrkje finansieringa var mellom anna å heve kvaliteten i utdanninga gjennom å utvikle meir robuste fagmiljø og med det auke kompetansen i barnevernet.

For å styrkje utgreiingskompetansen og vurderinga av bekymringsmeldingar i barnevernet, tildelte departementet i 2014 midlar til kurs i regi av fylkesmennene og til utviklingsarbeid koordinert av Bufdir. Kursa var del av ein større innsats som vil vise seg i form av betre kvalitet på sikt, etter at eit nasjonalt system for kartlegging av barn er sett i verk. Innsatsen for å betre systematikken både i arbeidet med undersøkingar og generelt i barnevernet blir vidareutvikla i 2015.

Atferdssenteret fekk i 2014 om lag 45,5 millionar kroner til forskings- og utviklingsarbeid frå departementet. Midlane blei nytta til forsking og utvikling av kvalitetssikra metodar retta mot barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, problemførebygging og iverksetjing av metodane. Senteret hadde også eit nasjonalt ansvar for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet.

Førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon

I Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven går det fram at departementet i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet vil setje i gang ei utgreiing av tiltak knytte til vern av barn som enno ikkje er fødde. Departementet har lagt fram En god barndom varer livet ut Tiltaksplan for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (20142017). Eitt av tiltaka er å forenkle og klargjere dagens reglar om opplysingsplikt til barnevernet. Opplysingsplikt som gjeld ufødd liv, inngår i dette arbeidet.

Direktoratet held på å lage ei rettleiing om funksjonshemma barn i barnevernet. Rettleiinga skal betre kompetansen i barnevernet om omsorgssvikt i kombinasjon med funksjonsnedsetjing. I 2015 vil direktoratet ha utkast til rettleiinga på høyring. Når den endelege rettleiinga er klar, vil direktoratet leggje til rette for at kunnskapen og tilrådingane blir tatt i bruk.

Senter for foreldre og barn

Av barn med omsorgstiltak, har delen av barn som er i alderen 0-2 år og 3-5 år auka markant dei siste åra. For å tryggje dei minste barna er senter for foreldre og barn eit viktig tiltak. Sentera for foreldre og barn gir eit døgnbasert og spesialisert tilbod med utgreiing og endringsarbeid for utsette sped- og småbarnsfamiliar. Å gi riktig hjelp så tidleg som mogleg i eit barns liv kan vere avgjerande for barnets vidare utvikling. Løyvinga til kjøp av plassar frå fem ideelle senter for foreldre og barn blei auka i 2015. Tre av sentera ligg i Bufetats innkjøpsområde. Dette gjeld Aglo barne- og familiesenter, Vilde og Solstrand. Dei to sentera Sebbelow og Nanna Marie ligg i Oslo. Auken i løyvinga blei fordelt mellom Bufetat og Oslo kommune etter talet på senter i dei to innkjøpsområda.

Gode omsorgstilbod til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

I 2008 blei bu- og omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år overført til barnevernet gjennom omsorgsreforma. Omsorgsreforma blei evaluert i 2014. Evalueringa konkluderer med at føringane som blei lagde ved iverksetjinga av omsorgsreforma, i hovudsak er blitt følgde, men at det er behov for ytterlegare tilpassingar av tilbodet for å etterleve intensjonane fullt ut. Mellom anna er det behov for å auke den flyktningfaglege kompetansen blant tilsette i omsorgssentera, og å presisere rettane til barna overfor hjelpeapparatet, særleg Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) og kommunalt barnevern. Vidare er det behov for å sikre at einslege mindreårige asylsøkjarar under 12 år blir prioriterte til plass i fosterheim. Bufdir arbeider med å følgje opp resultata frå evalueringa.

Bufetat har ansvar for å busetje einslege mindreårige frå omsorgssentra som har fått opphaldsløyve i ein kommune. I 2014 blei 94 barn busette i 37 kommunar. Gjennomsnittleg ventetid frå vedtak om opphald til busetjing var tre månader. Dette er innanfor målet om busetjing innan tre månader etter vedtak, og raskare enn i 2013.

Løyvinga til refusjonsordninga for kommunale barnevernsutgifter til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar har auka kraftig sidan innføringa. Det kan forklarast med ein auke i talet på busette einslege mindreårige, ein auke i prosentdelen busette som får eit barnevernsvedtak, og ein auke i dei gjennomsnittlege utgiftene per barn i barnevernstiltak. Kommunale utgifter som blir refundert frå staten, blei redusert frå 100 til 80 prosent frå 2014. Samtidig blei det særskilde tilskotet til einslege mindreårige flyktningar og integreringstilskotet styrkte. Ordningane blei førte vidare i 2015.

Arbeid mot vald og overgrep

Bufdir følgde i 2014 opp tiltaka i handlingsplanen mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Direktoratet arbeidde med kompetanseheving i barnevernstenesta om tvangsekteskap og kjønnslemlesting og gav tilskot til ei telefonteneste om dei same områda. Direktoratet vurderer at telefontenesta er eit viktig lågterskeltilbod som fungerer som brubyggjar mellom dei unge og det offentlege hjelpeapparatet og gir hjelp til å kome i kontakt med relevante instansar.

Handlingsplanen Sammen mot menneskehandel (2011–2014) blei sluttført i 2014. Forskingsstiftinga Fafo har i samarbeid med Institutt for samfunnsforsking (ISF) fått eit oppdrag for å betre kunnskapen om kva som er den faktiske situasjonen når det gjeld mindreårige offer for menneskehandel. Forskarane skal gi ei oversikt over samarbeidet mellom ulike tenester med vekt på barnevernet si rolle. Dei skal òg evaluere dei nye reglane i barnevernlova § 4-29, som blei sette i kraft 1. august 2012, om mellombels plassering i institusjon utan samtykke når det er fare for utnytting til menneskehandel. Resultata frå prosjektet blir lagde fram hausten 2015. Bufdir har i 2015 fått ansvar for å revidere rundskrivet Barnevernets ansvar for mindreårige som er utsatt for menneskehandel. Det er òg sett i gang eit arbeid med å utarbeide ein ny handlingsplan mot menneskehandel som vil liggje føre i løpet av 2015. Handlingsplanen vil ha eit klart barneperspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med handlingsplanen.

I 2014 blei det arbeidd med å implementere HandleKraft. HandleKraft er eit kompetansehevingsprogram om vald og overgrep for leiarar og tilsette i barnevernsinstitusjonar og fosterheimstenester. Ved utgangen av 2014 hadde om lag 1500 tilsette i Bufetat gjennomført delar av eller heile programmet, og direktoratet vil i 2015 vurdere korleis ein skal tilby programmet til private aktørar.

Tydelegare ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt barnevern

Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaget i Prop. 106 L (2012–2013) om ei tydelegare arbeidsdeling mellom kommunalt og statleg barnevern. Departementet presiserte den faglege ansvarsdelinga mellom statleg og kommunalt barnevern overfor Bufdir i tildelingsbrevet for 2014. I tråd med dette har Bufetat starta arbeidet med å fase ut oppgåver som etter lova er kommunale ansvar, som rettleiingsoppgåver og hjelpetiltak. Arbeidet skal skje over ein periode på tre år frå 2014. Samtidig er kommunebudsjetta styrkte, slik at kapasiteten er auka gjennom fleire stillingar i kommunale barnevernstenester.

Fagdirektoratsoppgåver til Bufdir

Bufdir blei frå 2014 tillagt rolla som fagdirektorat for heile barnevernet – både det kommunale og det statlege. Bufdir skal som fagdirektorat medverke til meir einskapleg praksis, gjere kunnskap og råd tilgjengeleg for heile barnevernet og gi fagleg rettleiing til kommunane. Bufdir har operasjonalisert skiljet mellom direktoratet si faglege rolle og rolla som etatsstyrar av Bufetat sine regionar ved at styring av regionane skjer frå ei organisatorisk eining, skild frå fagavdelingane.

Auka kapasitet og kompetanse i det kommunale barnevernet

Det kommunale barnevernet blei styrkt med 85 mill. kroner i 2014. Kommunane søkte om midlar til 150 nye stillingar. Kommunane søkte òg om midlar til kompetanse- og samhandlingstiltak. I 2015 er det kommunale barnevernet styrkt med ytterlegare 20 mill. kroner, som vil gi 30 nye stillingar. I 2015 er det løyvd om lag 627 mill. kroner, og om lag 920 stillingar er no øyremerkte det kommunale barnevernet.

Satsinga på det kommunale barnevernet har ført til betre kapasitet. Frå første halvår 2011 til andre halvår 2014 har talet på barn per saksbehandlar i barnevernet gått ned frå 12 til 10. Rapporteringar frå kommunane viser òg at satsinga har medverka til ein nedgang i delen fristbrot. Den totale effekten av fleire stillingar vil ein først sjå i etterkant av at det er tilsett i alle stillingar.

53 100 barn og unge fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2014, om lag det same som i 2013. 9 600 barn og unge fekk omsorgstiltak i løpet av 2014, og 43 500 fekk hjelpetiltak. Talet på barn under omsorg har auka frå 5,5 per 1 000 barn i 2005 til 7,6 per 1 000 barn i 2014. Barn med hjelpetiltak i alderen 0–17 år auka fram til 2010, men har frå 2010 til 2014 gått ned frå 24,1 barn per 1 000 til 22,0 barn per 1 000.

Fagråd

Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaget i Prop. 106 L (2012–2013) om å etablere eit nasjonalt fagråd for kommunalt og statleg barnevern. Departementet har sett i verk eit arbeid med å endre ansvarsdelinga mellom stat og kommune på barnevernsområdet. Endra ansvarsdeling vil skape behov for nye samarbeidsflater mellom stat og kommune. For å bli ein god samhandlingsarena bør nasjonalt fagråd innrettast slik at det er tilpassa fordelinga av oppgåver mellom forvaltingsnivåa i framtida. Opprettinga av nasjonalt fagråd er derfor utsett, og arbeidet med innretninga på fagrådet inngjekk i 2014 som del av eit større arbeid med å vurdere ansvarsdelinga mellom stat og kommune på barnevernsområdet.

Strategiar og tiltak for 2016

Ny ansvarsdeling i barnevernet

Ansvaret for oppgåver og finansiering i barnevernet er delt mellom staten (Bufetat) og kommunane. Regjeringa meiner at kommunane bør ha eit større økonomisk og fagleg ansvar. Det er kommunane som best kjenner behovet til det enkelte barnet. Departementet har starta arbeidet med å endre dagens ansvarsdeling. Målet er at fleire barn skal få rett hjelp til rett tid, og at det blir lagt sterkare vekt på førebyggjande verksemd.

Samtidig vil det framleis vere behov for ei andrelinjeteneste i barnevernet som utfyller det kommunale tenestetilbodet. Det gjeld særleg for lågfrekvente oppgåver i barnevernet der det er viktig med spisskompetanse. Det kan også gjelde for oppgåver der det er tydelege fordelar med stordrift og store opptaksområde.

BLD vil i 2016 setje i verk eit forsøk med auka kommunalt ansvar for barnevern. Forsøket skal gjennomførast i eit lite utval kommunar, og skal gi departementet kunnskap og erfaringar med ei ny ansvarsdeling. Forsøket skal følgjeevaluerast. Eit meir heilskapleg ansvar for kommunen vil gi sterkare insentiv til og større handlingsrom for å prioritere førebyggjande tiltak. Forsøket varer i fire år, eller til lovendringar om endra ansvarsforhold mellom stat og kommune i barnevernet blir sette i verk for alle kommunar i landet. Forsøkskommunane vil få ansvaret fullt ut for hjelpetiltak og fosterheimstilbod. Bufetat skal framleis ha ansvaret for å tilby institusjonsplassar og beredskapsheimar, men forsøkskommunane skal kunne velje og finansiere tiltak for det enkelte barnet.

Forsøkskommunane skal kompenserast for større ansvar gjennom ein auke i rammetilskotet under budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Auken i rammetilskotet til forsøkskommunane blir berekna ut frå kor mykje Bufetat i dag bruker på dei oppgåvene som skal overførast til kommunane i forsøket. I 2015 utgjer dette 4–4,5 mrd. kroner for landet totalt sett. Kostnadsnøkkelen for barnevern vil liggje til grunn for kor mykje den enkelte kommunen får overført. Det blir føreslått ein auke på 247,6 mill. kroner på kap. 571, post 60 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet til forsøkskommunane.

BLD føreslår midlar til auka tilsyn i samband med forsøket. Vidare føreslår departementet midlar til auka bruk av heimebaserte tiltak i kommunane som deltar i forsøket, og til kompetanse knytte til dei nye oppgåvene. Det er usikkerheit knytt til løyvingane til forsøket. Departementet kjem tilbake med eventuelle endringar etter at innretninga er endeleg avklart.

Framtidige endringar i ansvarsdelinga inneber også lovendringar. Departementet tar derfor sikte på å sende ut eit høyringsnotat med forslag til endringar i ansvarsdelinga i 2016.

Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet

Regjeringa legg vekt på å styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane retta mot utsette barn, unge og familiane deira, slik at tenestene kan kome tidleg inn med gode tiltak og førebyggje problemutvikling. Det er viktig å støtte og utvikle tiltak og metodar som kan betre omsorgsevna til foreldre, for å unngå at det blir nødvendig med plassering i fosterheim eller på institusjon. Målet er å finne gode førebyggjande tilbod til familiar som er i ein vanskeleg livssituasjon. Aktuelle tiltak er mellom anna foreldrerettleiingsprogram og andre støtte- og avlastingstiltak for familiar som treng det. Departementet vil arbeide for å betre kvaliteten i det førebyggjande arbeidet i barnevernet gjennom meir forsking og gjennom kompetansetiltak retta mot dei tilsette i tenesta.

Bufdir vil systematisere erfaringar frå bruken av kommunale hjelpetiltak. Dette skal medverke til eit meir kunnskapsbasert barnevern. Hjelpetiltak frå barnevernet skal tilpassast livssituasjonen til det enkelte barnet og den enkelte familien, og barn skal få hjelp som fører til positive endringar i livet deira. Det statlege barnevernet skal framleis utvikle og tilby forskingsbaserte hjelpetiltak. Omfanget av det statlege tilbodet skal vurderast ut frå omsynet til kva føresetnader kommunane har for å gjennomføre tilsvarande tiltak.

Det er særs viktig med god kartlegging før det blir sett i gang barnevernstiltak. Det er vidare nødvendig med ei grundig og systematisk utgreiing av barnet før ei eventuell plassering utanfor heimen. Det er behov for kompetansebygging på desse felta. Bufdir skal utarbeide forslag til eit nasjonalt system for kartlegging av barn.

Stortinget slutta seg ved behandlinga av Prop. 72 L (2014–2015) Endringer i barnevernloven (utvidet adgang til å pålegge hjelpetiltak) til forslaget om å utvide høvet til å påleggje hjelpetiltak. Formålet med lovendringa er å betre situasjonen for barnet og å førebyggje meir inngripande tiltak som omsorgsovertaking. Vedtak om pålegg av hjelpetiltak er eit tvangsvedtak og skal behandlast i fylkesnemnda. Lovendringa blir sett i kraft 1. april 2016.

Endringane inneber at barnevernet kan påleggje ulike tiltak for ein tidsavgrensa periode. Det føreset at frivillige tiltak er forsøkte eller vurderte. Det kan nyttast tiltak frå tre nye hovudkategoriar av tiltak. Kompenserande tiltak er til dømes opphald i besøksheim, avlastingstiltak, fritidsaktivitetar, leksehjelp eller bruk av støttekontakt. Omsorgsendrande tiltak inneber ulike former for foreldrerettleiing. Kontrolltiltak er til dømes urinprøver og meldeplikt.

I tillegg er vilkåra for å påleggje tilsyn i heimen mildna. Med lovendringa får barnevernet høve til å setje inn tilsyn i heimen før situasjonen er blitt så alvorleg at omsorgsovertaking er nødvendig.

Tiltak utanfor heimen

Talet på akutte tilfelle i barnevernet har auka dei siste åra. Dei akutte tiltaka som barnevernet set inn aukar også med omsyn til kor lenge dei varer. Departementet ønskjer å snu denne utviklinga. Bufdir vil derfor i 2016 arbeide vidare med å utvikle kompetansen og gi råd om det faglege arbeidet på akuttområdet.

Fosterheimsfeltet står overfor store utfordringar når det gjeld kapasitet og kompetanse. Utfordringane vil bli omtalte i ei melding til Stortinget om fosterheimsarbeid. Departementet tar sikte på å leggje fram meldinga ved utgangen av 2015.

Innsatsen for å rekruttere fleire fosterheimar vil halde fram i 2016. Bufdir vil rette særleg merksemd mot å rekruttere fleire fosterfamiliar frå grupper som er underrepresenterte i dag, mellom anna minoritetar og fosterforeldre som kan ta imot søsken. Bufdir vil jobbe vidare med tiltak for å hindre at barn må flytte frå fosterheimen sin utan at dette er tilsikta, og for å auke bruken av slekt og nettverk som fosterheim. Utviklinga av grupperettleiingstilbodet til Bufetat held fram. På fosterheimsområdet vil forsøk med ny ansvarsdeling i barnevernet i 2016 ha som mål å medverke til meir heilskapleg arbeid på feltet. Gjennom auka kommunalt ansvar vil det mellom anna bli betre samanheng mellom rekruttering og oppfølging av fosterheimane.

Institusjonstilbodet er dei siste åra blitt meir spesialisert. Tilbodet gjeld få barn, men tiltaka må likevel vere varierte nok til å møte barn med ulike behov. Utviklinga har ført til eit klarare skilje mellom ulike typar institusjonar og meir spesialiserte inntaksprosessar for å sikre at barn får eit eigna tilbod. Det er også lagt vekt på å utvikle gode system for innkjøp frå private leverandørar, mellom anna for å medverke til god oppfølging av kvaliteten i tilbodet. Arbeidet med eit differensiert institusjonstilbod for mellom anna å redusere risiko for negativ sosial læring skal halde fram.

Kontraktane med kommersielle og ideelle private aktørar for kjøp av institusjonsplassar går ut i mars 2016. Bufetat skal inngå nye kontraktar med ideelle og private aktørar frå april 2016. I samsvar med oppmodingsvedtak 15 frå Stortinget i 2014 vil kjøpet bli gjort i to konkurransar, der den eine er open for ideelle aktørar og den andre er open for både ideelle og kommersielle aktørar.

Boks 4.2 Kompetansehevende tiltak i barnevernet

BLD samarbeider med Kunnskapsdepartementet om å heve kvaliteten på utdanningane som kvalifiserer til arbeid i barnevernet. Som ledd i arbeidet, vil NOKUT gjennomføre målretta tilsyn med dei sosialfaglege utdanningane.

For å medverke til kompetanseheving i barnevernet, vil departementet støtte vidareutdanningar på høgt prioriterte felt:

  • Vidareutdanning om barnevern i eit minoritetsperspektiv

  • Nyoppretta vidareutdanning i barnevernleiing

  • Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing for kommunalt tilsette som hausten 2016 blir erstatta med eit tilsvarande tilbod som òg inkluderer tilsette i barneverninstitusjonar

I 2016 blir det oppretta ei ny tilskotsordning som skal stimulere til at fleire tilsette i kommunar og barnevernsinstitusjonar tar barnevernfaglege vidareutdanningar.

BLD dekkjer tilskot til langsiktig kompetanseutviklingsarbeid i barnevernet ved Atferdssenteret, dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU) og RBUP Aust og Sør.

I Bufetat vil prioriterte område for kompetanseheving mellom anna vere skolegang og psykisk helse for barn i barnevernet.

Kompetanseutvikling i barnevernet

I 2016 vil departementet arbeide vidare med å utvikle kunnskapsgrunnlaget på fleire område i barnevernet. Eit av dei sentrale måla er å gjere tenestene meir kunnskapsbaserte. Det gjeld til dømes kunnskap om behova til barn med barnevernstiltak når det gjeld støtte og hjelp frå andre tenester.

For at barnevernstenestene skal fungere til beste for barna, må tilgjengeleg kunnskap spreiast til kommunane. Bufdir har, som fagdirektorat for barnevernet, eit særleg ansvar for å fremme kvalitet og god praksis gjennom faglege tilrådingar. Fylkesmannsembeta og dei regionale og nasjonale kunnskaps- og kompetansesentera er viktige samarbeidspartnarar i dette arbeidet.

BLD samarbeider med Kunnskapsdepartementet om oppfølginga av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Meldinga inneheld fleire tiltak som kan betre kvaliteten i utdanningane som kvalifiserer til arbeid i barnevernet. Eitt av tiltaka er målretta tilsyn med dei sosialfaglege utdanningane (barnevernspedagog, sosionom og vernepleiar). NOKUT, som er tilsynsstyresmakt for høgare utdanning og fagskular, vil gjennomføre dette i 2016. Læringsutbytte og arbeidslivsrelevans vil vere viktige tema for tilsynet. Tilsynet vil avdekkje situasjonen ved dei ulike utdanningane og gi grunnlag for utviklingsarbeid.

For å stimulere til at fleire tilsette i barnevernsinstitusjonar og kommunalt barnevern gjennomfører relevant og tilrådd vidareutdanning, føreslår departementet å etablere ei ny tilskotsordning til barnevernfaglege vidareutdanningar. Ordninga vil bli administrert av Bufdir. Gjennom denne ordninga vil arbeidsgivarar kunne søkje om å få dekt vikarutgifter for tilsette som gjennomfører vidareutdanning. Kva for utdanningar som skal prioriterast, kan variere frå år til år. I 2016 kan det søkjast om tilskot til Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing for tilsette i kommunalt barnevern og tilsette i barnevernsinstitusjonar. Sjå postomtale under kap. 854, post 71 for ei meir detaljert framstilling.

Seks lærestader tilbyr etter avtale med Bufdir Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing for tilsette i kommunalt barnevern i perioden 2013–2016. Etter at avtaleperioden er slutt ved utgangen av første halvår 2016, vil eit tilsvarande utdanningstilbod for både kommunalt tilsette og tilsette ved barnevernsinstitusjonar bli ført vidare ved to lærestader med RKBU Nord som hovudansvarleg for utdanninga.

Det eksisterande vidareutdanningstilbodet om barnevern i eit minoritetsperspektiv blir ført vidare i 2016.

Finansiering av andrelinjebarnevernet i Oslo kommune

Oslo kommune blei ikkje omfatta av den statlege overtakinga av fylkeskommunale oppgåver i 2004. Kommunen har derfor sjølv ansvar for mellom anna å etablere og drive institusjonar og for å rekruttere og formidle fosterheimar. Tilskotet som er knytt til fylkeskommunen sitt ansvar for barnevernet, ligg på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Oslo kommune har stor vekst i befolkninga og i behovet for tenester frå barnevernet. Regjeringa føreslår derfor at tilskotet årleg aukast tilsvarande den prosentvise veksten i talet på barn under 18 år i kommunen. Auken blir finansiert innanfor veksten i kommunesektoren sine frie inntekter.

Digitalisering og IKT

Ein meir brukarfokusert velferdsteknologi vil kunne føre til auka effektivitet og til auka tilgjengelegheit. Digitalisering og auka merksemd på brukarane kan òg medverke til å forenkle og utvikle betre tilpassa tenester. Som grunnlag for å utvikle digitale løysingar vil involvering av brukarane og prioritering av ressursar vere sentralt. Bufdir skal arbeide systematisk med tiltak for å digitalisere systema sine for betre barnevernstenester og med utvikling av digitaliserte løysingar for forvalting og kunnskapsutvikling.

Delmål 6.2. Heilskaplege og samordna tilbod og tenester

Resultatrapport 2014/2015

Rapporteringa tar utgangspunkt i delmål 6.3 Heilskaplege og samordna tilbod og tenester, som blei presentert i Prop. 1 S (2013–2014).

Betre samordning av tenester for barn og unge

For å styrkje samarbeidet mellom barnevern og psykisk helsevern blei det i 2014 etablert eit samarbeidsforum mellom Helsedirektoratet og Bufdir. Dei to direktorata utarbeida i 2015 eit rundskriv om samarbeid mellom barnevern og psykiske helsetenester. Rundskrivet skal medverke til å klargjere ansvarsforhold og oppgåver, leggje til rette for kompetanseutvikling og stimulere til eit fleksibelt og godt samarbeid.

På oppdrag frå departementet arrangerte Bufdir i 2015 dialogkonferansar for tilsette i barnevernet og skolesektoren i alle fylka. Konferansane er ein del av satsinga på betre tilpassa skolegang for barn og unge i barnevernet.

Skolegangen til barnevernsbarn

Stortinget slutta seg ved behandlinga av Prop. 82 L (2014–2015) Endringar i opplæringslova og privatskolelova til forslaget frå Kunnskapsdepartementet om at barnevernstenesta mellom anna kan samtykkje til sakkunnig vurdering, spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp for barn som er under omsorg frå barnevernet. Endringane blei sette i kraft 1. august 2015. Desse tiltaka vil medverke til å gi barn og unge med barnevernstiltak ein betre tilpassa skolegang.

Innan utgangen av første tertial 2014 hadde alle statlege barnevernsinstitusjonar fått på plass ein skoleansvarleg. Dette er òg lagt inn som eit krav til private tilbydarar i konkurransen som blei utlyst i 2015. Kravet vil inngå i kontraktar slik konkurransen føreset.

Stønad til organisasjonar på barnevernsområdet

Departementet har to tilskotsordningar til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet. Den eine skal yte driftstilskot til organisasjonane og den andre tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet. Det blei i 2014 gitt tilskot til 13 prosjekt. Hovudområda brukarmedverknad og dialogarbeid mellom barnevernet og minoritetsbefolkninga blei prioriterte. Det blei gitt driftstilskot til 8 organisasjonar.

Strategiar og tiltak for 2016

Helsetenester til barn i barnevernet

I 2016 vil den særlege satsinga på helsetenester til barn i barnevernet frå 2015 bli ført vidare. Målet er å styrkje samarbeidet mellom helsetenestene og barnevernet, slik at barn i barnevernet får nødvendige og forsvarlege helsetenester. Bufdir vil mellom anna halde fram arbeidet saman med Helsedirektoratet for å sikre nødvendig og forsvarleg helsehjelp til barn på barnevernsinstitusjonar. Bufdir vil òg, saman med Helsedirektoratet, styrkje rusbehandlingstilbodet til barn i barnevernet.

Å betre tilbodet om psykisk helsehjelp til barn i barnevernsinstitusjonar er framleis ei stor utfordring. RKBU Midt-Noreg og NTNU la i mars 2015 fram ei kartlegging av den psykiske helsa til meir enn 500 barn og unge i barnevernsinstitusjonar. Kartlegginga viser at heile 76 prosent av ungdommane har éi eller fleire psykiske lidingar. Studien dokumenterer at mange barn i barnevernsinstitusjonar har store og samansette psykiske vanskar som går ut over det barnevernet har kompetanse til eller ansvar for å handtere.

Arbeidet med å styrkje samarbeidet mellom barnevern og psykisk helsevern vil derfor halde fram i 2016. Helsedirektoratet og Bufdir skal undersøkje erfaringane barn og unge i barnevernsinstitusjonar har med fastlegeordninga, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Dei skal òg greie ut korleis ein kan sikre nødvendig og forsvarleg helsehjelp til barna, og juridiske problemstillingar knytte til verksemda til helsepersonell i barnevernsinstitusjonar. Vidare skal direktorata samanfatte erfaringane med felles institusjonar for psykisk helsevern og barnevern og vurdere tiltak for å sikre eit tettare samarbeid mellom kunnskapssentera. Det er òg gitt eit oppdrag til dei regionale helseføretaka og regionane i Bufetat om å etablere strukturar og rutinar som sikrar at barn i barnevernsinstitusjonar får nødvendig utgreiing og behandling for psykiske lidingar og rusproblem. Departementet vil følgje opp dette arbeidet i 2016.

Skolegangen til barnevernsbarn

I 2016 vil satsinga på skole- og utdanningssituasjonen for barn med tiltak i barnevernet frå 2014 og 2015 bli ført vidare. Målsetjinga er å styrkje samarbeidet mellom skole og barnevern, slik at fleire barn i barnevernet får utnytte potensialet sitt og fullfører skolegangen. Ei rettleiing om samarbeidet mellom barnevern og skole skal implementerast i begge sektorar. Rettleiinga tydeleggjer samarbeidsflater og gir døme på gode samarbeidsmodellar for skole, barnevern, barn og unge og omsorgspersonane deira. Bufdir vil i 2016 mellom anna halde fram arbeidet med å følgje opp og utvikle kompetansehevande og haldningsendrande tiltak.

Samarbeid mellom barnevernet og NAV

Arbeids- og velferdsforvaltinga har ansvar for å setje inn tiltak for å redusere belastingar for barn og familiar som følgje av utfordringar i levekår og fattigdom, medan barnevernstenesta må setje inn tiltak når problembelastingar i familien har konsekvensar for omsorgssituasjonen for barnet, anten barnet er utsett for omsorgssvikt, eller det er høg risiko for omsorgssvikt. Barnevernet må ofte ta stilling til velferdsbehov hos barn og familiar, utan at situasjonen for barna nødvendigvis er prega av akutt risiko eller omsorgssvikt. Barnevernstenesta blir ofte ståande aleine med oppfølgingsansvaret for ungdom i alderen 18–23 år. Samarbeid mellom arbeids- og velferdsforvaltinga og barnevernstenesta er derfor viktig.

Bufdir og Arbeids- og velferdsdirektoratet skal lage felles retningslinjer for samarbeid og ansvarsdeling mellom barnevernstenesta og arbeids- og velferdsforvaltinga i samsvar med Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven. Felles retningslinjer vil kunne medverke til betre koordinering og samordning av tenester overfor barn, ungdom og familiar som har behov for tiltak frå begge tenestene.

Delmål 6.3. Rettstryggleik for barn, ungdom og familiane deira

Resultatrapport 2014/2015

Rapporteringa tar utgangspunkt i delmål 6.2 Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira, som blei presentert i Prop. 1 S (2013–2014).

Departementet har, saman med Justisdepartementet, sett ned eit offentleg utval som mellom anna skal greie ut særdomstolar for saker som omhandlar barn og familie. Departementet har òg lagt fram ein proposisjon om ratifikasjon av Haag-konvensjonen 1996 og forslag om ei ny lov om gjennomføring av konvensjonen i norsk rett. Departementet viser til nærmare omtale av desse sakene under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Barnevernlovutvalet

Departementet sette 28. november 2014 ned eit lovutval som skal gjennomføre ein språkleg, strukturell og teknisk gjennomgang av barnevernlova og vurdere korleis lova kan gjerast enklare. Målet er betre rettstryggleik og eit meir forståeleg og tidsriktig lovverk. Utvalet skal mellom anna vurdere spørsmål i grensegangen mellom barnelova og barnevernlova, ansvaret hos barnevernet når barn med barnevernstiltak er knytt til fleire land, lovfesting av faglege prinsipp for vurderinga av kva som er best for barnet, om barnevernet er eit egna område for fastsetjing av rettar, og korleis dette eventuelt kan regulerast i barnevernlova. Utvalet skal leggje fram innstillinga si 14. august 2016.

Barnevern over landegrensene

Barnevernssaker som gjeld barn og familiar som er knytte til fleire land, kan vere vanskelege for kommunane. Stadig fleire utanlandske styresmakter engasjerer seg i barnevernssaker som involverer barn frå deira land. Det har vore mykje negativ medieomtale av norsk barnevern. Det er behov for meir korrekt og tilgjengeleg informasjon om det arbeidet barnevernet gjer, og tryggleiken til barn og foreldre i barnevernssaker.

Det er lagt ut informasjon på nettsida til departementet om korleis utanlandske styresmakter (utanriksstasjonar) kan hjelpe sine eigne borgarar i barnevernssaker. Departementet utarbeider òg ei nettside på norsk og engelsk med relevant informasjon til utanlandske styresmakter, kommunar og andre om barnevernssaker som gjeld barn og familiar som er knytte til fleire land. Departementet skal vidare gi ut retningslinjer til kommunane om slike saker, med bidrag frå Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet.

Justisdepartementet har lagt fram ein lovproposisjon om internasjonal barnebortføring med mellom anna forslag til endringar i barnevernlova. Eitt av forslaga er å innføre utreiseforbod for foreldra når ei barnevernssak er send til fylkesnemnda.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene fekk inn til saman 5831 saker i 2014, om lag same nivå som året før. Nemndene har arbeidd med å få ned saksbehandlingstida i saker med forhandlingsmøte, få meir effektive rutinar og jamne ut forskjellane i saksbehandlingstida mellom nemndene. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i 2014 blei redusert med 12 dagar samanlikna med 2013 – frå 97 til 85 dagar. Dei aller fleste akuttsakene blei behandla innan den lovpålagde fristen på 48 timar, og det same gjaldt behandlinga av klagesakene. Fylkesnemndene blei tilført 5 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2014, noko som førte til auka kapasitet, og som har medverka til å redusere saksbehandlingstida i 2014. Sentraleininga arbeidde i 2015 med å setje i drift eit nytt saksbehandlingssystem, ProSak, i alle nemndene.

Ei evaluering av fylkesnemndene var ferdig i mai 2015. Frå 2007 til 2014 var det ein auke i talet på innkomne saker. Dei siste åra har det vore ei betring i effektiviteten og produktiviteten til nemndene. Nemndene oppfyller grunnleggjande prosessuelle krav til rettstryggleik. Nemndene overheld i hovudsak fristane i akuttsakene og klagesakene, men saksbehandlingstida i dei ordinære sakene er ikkje i samsvar med det som er utgangspunktet i barnevernlova.

Riksrevisjonen gjennomførte ein forvaltningsrevisjon om saksbehandlingstid og saksbehandlingspraksis i fylkesnemndene. Eit av hovudfunna frå revisjonen var at saksbehandlingstida for ordinære saker ikkje er i samsvar med formålet i barnevernlova. Vidare fann revisjonen at fylkesnemndene er blitt meir produktive, men at det framleis er eit potensial for å behandle fleire saker. Riksrevisjonen peiker også på svakheiter ved og rom for betring av departementet si styring av Sentraleininga for fylkesnemndene og i sentraleininga si styring av fylkesnemndene.

Sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova

Departementet førte vidare støtta til drift av utdanningsprogrammet for barnefagleg sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova, i regi av Norsk Psykologforening. Retningslinjene til departementet om bruk av skriftleg eigenmelding for sakkunnige i barnevernssaker fekk verknad frå 1. september 2014.

Ei evaluering av Barnesakkunnig kommisjon skal vere ferdig i oktober 2015. Evalueringa skal vurdere om kommisjonen fungerer etter formål og hensikt, og om det er behov for å gjere endringar for å oppfylle intensjonane med kommisjonen.

Strategiar og tiltak for 2016

God brukarmedverknad i barnevernet

Regjeringa vil stimulere til god brukarmedverknad i barnevernet. Etter barnevernlova § 4-1 andre ledd skal barn ha høve til å medverke, og det skal leggjast til rette for samtalar med barnet. Barn som barnevernet har overtatt omsorga for kan få høve til å ha med seg ein tillitsperson. Departementet tek i 2016 sikte på å utarbeide retningslinjer til forskrifta om medverknad og tillitsperson.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Departementet vil følge opp evalueringa og forvaltingsrevisjonen av fylkesnemndene i 2016. Arbeidet for å effektivisere drifta ytterlegare utan å redusere rettstryggleiken og kvaliteten på arbeidet vil halde fram.

I 2015 fekk Sentraleininga for fylkesnemndene i oppgåve å utarbeide indikatorar som skal liggje til grunn for å rapportere om saksbehandlinga er trygg og tillitsskapande i tillegg til å vere rask. Nemndene skal leggje til rette for medverknad frå barn og ungdom. Sentraleininga skal setje i verk forsøk med samtaleprosess i nokre nemnder, jf. barnevernlova § 7-25. Formålet med samtaleprosessen er å søkje etter einigheit mellom partane.

Departementet vil ha ein gjennomgang av saker i fylkesnemnda. Hensikta er å sjå nærmare på korleis saker som omfattar minoritetsbefolkninga er behandla, kva tiltak som blir satt inn og kva informasjon som har blitt formidla.

Sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova

Departementet vil føre vidare støtta til Norsk Psykologforening til å arrangere utdanningsprogram for barnefagleg sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova.

Barnesakkunnig kommisjon skal kvalitetssikre rapportar som er gitt av sakkunnige i barnevernssaker, og som er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane. Departementet vil vurdere korleis evalueringa av kommisjonen skal følgjast opp. Det skal i løpet av 2016 nemnast opp ein ny leiar og nye kommisjonsmedlemmer for ein ny periode.

Effektivt og målretta tilsyn

Forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjonar for omsorg og behandling gir nærmare reglar for institusjonstilsyn frå Fylkesmannen. Formålet med forskrifta er å leggje til rette for eit godt og forsvarleg tilsyn med barnevernsinstitusjonar og slik sikre rettane til alle barn og unge som oppheld seg der. Departementet skal sende på høyring forslag til revidert forskrift som er betre tilpassa dagens behov. Departementet tek sikte på å vedta ny tilsynsforskrift i 2016.

Betre kvalitet i barnevernsinstitusjonar

Forskrift om godkjenning av private og kommunale barnevernsinstitusjonar og Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjoner er viktige verkemiddel for å sikre god kvalitet i barnevernsinstitusjonane. Departementet skal sende på høyring forslag til reviderte forskrifter. Formålet er at forskriftene skal vere betre tilpassa dagens krav til kvalitet i institusjonar. Departementet tek sikte på å vedta forskriftene i 2016.

Barnevern over landegrensene

Det er ei viktig oppgåve å gi relevant informasjon til utanlandske styresmakter og andre om behandlinga av barnevernssaker som gjeld barn og familiar som er knytte til fleire land. Bufdirs arbeid med å byggje opp kompetanse til å gi informasjon til utanlandske styresmakter og til kommunar i slike saker blir ført vidare i 2016.

Departementet vil halde fram arbeidet for å ratifisere Haag-konvensjonen, mellom anna ved å opprette ei sentralstyresmakt for saker etter konvensjonen.

Nærmare om budsjettforslaget

For statsbudsjettet 2016 føreslår BLD ein ny budsjettstruktur. Det fører til endra kapittelnummer og -namn. For nærmare omtale av den nye budsjettstrukturen, sjå innleiinga til programkategori 11.20.

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

850

Barneombodet

13 908

13 607

-100,0

852

Adopsjonsstønad

6 535

16 663

-100,0

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

188 242

183 701

197 835

7,7

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 576 152

2 084 880

2 549 675

22,3

855

Statleg forvalting av barnevernet

6 164 955

6 346 718

6 417 205

1,1

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

184 292

201 677

225 241

11,7

857

Barne- og ungdomstiltak

282 103

309 877

-100,0

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

285 589

300 343

261 732

-12,9

859

EUs ungdomsprogram

8 964

8 030

-100,0

Sum kategori 11.20

8 710 740

9 465 496

9 651 688

2,0

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld gammel budsjettstruktur.

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

3850

Barneombodet

46

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

1 910

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 218 401

1 296 798

1 515 451

16,9

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

117 641

112 370

164 588

46,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

10 732

433

446

3,0

3859

EUs ungdomsprogram

4 228

2 300

-100,0

Sum kategori 11.20

1 352 958

1 411 901

1 680 485

19,0

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjelder gammel budsjettstruktur.

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-23

Drift

6 525 721

6 950 874

6 964 406

0,2

30-49

Nybygg og anlegg

8 005

7 257

7 453

2,7

50-59

Overføringar til andre statsrekneskaper

24 462

13 095

13 408

2,4

60-69

Overføringar til kommunar

1 917 007

2 227 510

2 562 375

15,0

70-98

Overføringar til private

235 546

266 760

104 046

-61,0

Sum kategori 11.20

8 710 740

9 465 496

9 651 688

2,0

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld gammel budsjettstruktur.

Kap. 850 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

13 908

13 607

Sum kap. 0850

13 908

13 607

Kap. 850 Barneombodet er avslutta, sjå omtale under kap. 848 Barneombodet.

Kap. 3850 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Diverse inntekter

2

18

Refusjon av sykepengar

44

Sum kap. 3850

46

Kap. 852 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

6 535

16 663

Sum kap. 0852

6 535

16 663

Kap. 852 Adopsjonsstønad er avslutta, sjå omtale under kap. 843 Adopsjonsstønad.

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

180 237

176 444

190 382

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

8 055

7 257

7 453

Sum kap. 0853

188 242

183 701

197 835

Status for verksemda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er eit domstolliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernlova. Fylkesnemndene har vedtaksmyndigheit i tvangssakene etter barnevernlova, helse- og omsorgstenestelova og smittevernlova. Fylkesnemndene gjer vedtak om omsorgsovertakingar av barn, tvangsplasseringar av ungdommar og tvangsplasseringar av rusmisbrukarar etter høvesvis barnevernlova og helse- og omsorgstenestelova. Godt over 90 prosent av sakene i fylkesnemndene er saker etter barnevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter, utgifter til drift, opplæring, leige av lokale, kjøp av varer og tjenester og andre utgifter i dei 12 fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Løyvinga dekkjer òg utgifter til lønn og andre driftsutgifter i sentraleininga for fylkesnemndene.

Departementet føreslår å auke satsane for honorar i fylkesnemndene med 3 prosent.

Stortinget slutta seg ved behandlinga av. Prop. 72 L (2014–2015) Endringer i barnevernloven (utvidet adgang til å pålegge hjelpetiltak) til forslaget om å utvide høvet til å påleggje hjelpetiltak. Sjå delmål 6.1 for nærmare omtale. Heilårseffekten av lovendringa er berekna til om lag 56,4 mill. kroner fordelte på meirutgifter til fylkesnemnda, domstolane og fri rettshjelp. Lovendringa blir sett i kraft 1. april 2016. Effekten i 2016 er berekna til 30 mill. kroner. Ein mindre del av midlane vil kunne nyttast til sentraleiningas administrasjon av lovendringa.

BLD føreslår at kap. 853, post 01 blir auka med 10,6 mill. kroner til å dekkje driftsutgifter i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, som følgje av utvida høve til å påleggje hjelpetiltak. Lovendringa vil òg påverke postar på Justisdepartementet sitt budsjett. Utvida høve til å påleggje hjelpetiltak vil føre til ein auke i utgiftene til fri rettshjelp i tillegg til meirutgifter for domstolane fordi pålegg om hjelpetiltak kan ankast.

Bufdir driftar i dag IKT-systema til fylkesnemndene. For å sikre korrekt postbruk blir løyvinga på posten auka med 1,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon i kap. 858, post 01. Midlane skal gå til drift av IKT-systema til fylkesnemndene.

Departementet føreslår ei løyving på 190,4 mill. kroner i 2016.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga blir brukt til utvikling og implementering av nytt saksbehandlingssystem for fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, ProSak. Fase 1 av prosjektet ProSak vil bli fullført i løpet av 2015. Fase 2, som blir sett i gang i 2016, inneber ei nødvendig vidareutvikling av systemet og inkluderer etablering av kommunikasjon med eksterne aktørar via sikker elektronisk meldingsutveksling.

Departementet føreslår ei løyving på 7,5 mill. kroner i 2016.

Kap. 3853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

16

Refusjon av foreldrepengar

114

18

Refusjon av sykepengar

1 796

Sum kap. 3853

1 910

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

62 177

92 288

66 247

22

Barnesakkunnig kommisjon

7 318

6 650

7 709

50

Forsking og utvikling

24 462

13 095

13 408

60

Kommunalt barnevern

570 113

627 183

653 371

61

Utvikling i kommunane

28 601

31 702

8 894

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

792 663

1 205 158

1 696 000

71

Utvikling og opplysingsarbeid mv., kan nyttast under post 21

30 133

41 949

32 252

72

Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet, kan overførast

60 666

66 855

71 794

Sum kap. 0854

1 576 152

2 084 880

2 549 675

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld gammel budsjettstruktur.

Delar av løyvinga under dette kapittelet er flytta til programkategori 11.10 Familie og oppvekst, kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep og kap. 846 Familie- og oppveksttiltak som følgje av ny budsjettstruktur for 2016. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten dekkjer utviklingstiltak i barnevernet, mellom anna utvikling og implementering av metodar i barnevernet, utgreiingar og evalueringar. Posten dekkjer òg kostnadar til konferansar, tilsynsopplæring, informasjon, kompetanseutvikling i kommunane, innkjøp på forskingsfeltet, refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard og internasjonale forpliktingar.

Vidare skal løyvinga gå til utvikling og utprøving av eit digitalt rapporteringssystem i kommunestatistikken, auka tilsyn i samband med forsøk med ny ansvarsdeling i barneværnet og til tiltak som følgje av fosterheimsmeldinga.

Det blir føreslått å setje av 2 mill. kroner for å styrkje tilbodet om psykisk helsehjelp for barn i barnevernet.

16,8 mill. kroner av løyvinga på posten er flytta til kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep, post 21 Spesielle driftsutgifter, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

10,7 mill. kroner av løyvinga på posten er flytta til kap. 846 Familie- og oppvekst, post 21 Spesielle driftsutgifter som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

For å sikre korrekt postbruk blir løyvinga på posten redusert med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke i kap 858, post 01, jf. omtala på kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 66,2 mill. kroner i 2016.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetssikre rapportar gitt av sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane.

Barnesakkunnig kommisjon skal ha kompetanse og innsikt til å kvalitetssikre sakkunnige rapportar.

Departementet føreslår å auke posten med 0,9 mill. kroner som følgje av utgifter til arbeidsgivaravgift for godtgjering til kommisjonsmedlemmene og ei teknisk omlegging av tidsregistrering som har ført til auka godtgjering per sak.

Departementet føreslår ei løyving på 7,7 mill. kroner i 2016.

Post 50 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten blir nytta av Noregs forskingsråd til forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) og til forsking på barne- og ungdomsfeltet. Løyvinga til VAM skal dekkje både barnevernsområdet og den generelle barne- og ungdomspolitikken. Noregs forskingsråd får òg ei løyving til arbeid med program for praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene. Departementet gir i tillegg midlar til programmet Effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL). Tenestene som inngår i programmet, er helse- og omsorgstenester, arbeids- og velferdstenester og barnevern. HELSEVEL skal gjennom forsking og innovasjon medverke til god kvalitet, kompetanse og effektivitet i desse tenestene. Løyvinga dekkjer òg ei overføring til Sametinget for arbeidet deira med barnevern.

Departementet føreslår ei løyving på 13,4 mill. kroner i 2016.

Post 60 Kommunalt barnevern

Løyvinga skal dekkje særskilde tilskot til kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet. Hovuddelen av løyvinga går til nye stillingar som blei oppretta i perioden 2011–2015. Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom rapportering frå kommunane til Fylkesmannen.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 8 mill. kroner i samband med forsøket med auka kommunalt ansvar for barnevernet. Løyvinga skal medverke til å dekkje auka bruk av heimebaserte og førebyggjande tiltak i kommunane som deltek i forsøket, og til kompetanse knytt til dei nye oppgåvene.

Departementet føreslår ei løyving på 653,4 mill. kroner i 2016.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til prosjekt og program i regi av kommunar og fylkeskommunar.

Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barne- og ungdomsvernet.

Hovuddelen av løyvinga dekkjer Alarmtelefonen for barn og unge, som Kristiansand kommune er driftsansvarleg for.

Som vanleg vil ei av barnevernvaktene i 2016 vere arrangør av den årlege landskonferansen for barnevernvakter og politi, og denne barnevernvakta vil også få midlar over denne posten.

22,2 mill. kroner av løyvinga på posten er flytta til kap. 846 Familie- og oppveksttiltak, post 62 Utvikling i kommunane som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Departementet føreslår ei løyving på 8,9 mill. kroner i 2016.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

Målet med den statlege refusjonsordninga er å medverke til at einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar med behov for tiltak etter barnevernlova får nødvendig hjelp, omsorg til rett tid og trygge oppvekstvilkår. Refusjonsordninga skal òg medverke til rask busetjing av einslege mindreårige flyktningar.

Kommunane blir omfatta av ordninga dersom dei set i verk barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Dersom utgiftene til bu- og omsorgstiltak med stønad og oppfølging er høgare enn den kommunale eigendelen, kan inntil 80 prosent av utgiftene refunderast av staten. Dette i samsvar med rundskriv Q-05/2015 Statlig refusjon av utgifter til kommunale barnevernstiltak for enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger mfl. Departementet føreslår å auke eigendelen til 17 100 kroner i 2016, tilsvarande prisjustering.

Overslaget for behovet på posten er i hovudsak basert på siste anslag frå Beregningsgruppen for utlendingsforvaltningen (BGU) frå juni 2015. Tilstrømminga av asylsøkjarar dei siste månadene har vore større enn prognosane tilsa. BGU vil leggje fram nye overslag primo oktober. Regjeringa vil vurdere om det er behov for å komme tilbake til Stortinget med forslag om endringar i løyvingane knytt til utlendingsområdet i eit tilleggsnummer til budsjettforslaget for 2016.

Departementet føreslår ei løyving på 1 696 mill. kroner i 2016.

Post 71 Utvikling og opplysingsarbeid mv., kan nyttast under post 21

Målet for løyvinga er eit betre barne- og ungdomsvern. Brukar- og interesseorganisasjonar innanfor barnevern og tilgrensande område er ein viktig del av det samla tilbodet til utsette barn, unge og familiane deira. Løyvinga skal medverke til brukarmedverknad og til at alle partar på barnevernsfeltet skal bli høyrde.

Dei to tilskotsordningane Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet blir førte vidare i 2016. Bufdir forvaltar ordningane. Nærmare prioriteringar og storleiken på løyvinga vil kome fram i dei årlege kunngjeringane av tilskotsordninga. Forandringsfabrikken skal få tilskot gjennom ordningane. Tilskot må vurderast på bakgrunn av søknad.

Vidare dekkjer løyvinga på posten drift av Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing for kommunalt tilsette. Denne vidareutdanninga blir avslutta våren 2016. Frå hausten 2016 blir ei tilsvarande vidareutdanning for både kommunalt tilsette og tilsette i barnevernsinstitusjonar oppretta. Sjå omtale under post 72.

Løyvinga dekkjer òg vidareføring av vidareutdanningstilbodet Barnevern i eit minoritetsperspektiv og eit forsøk med barnevern og psykisk helsevern i Levanger. Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing for kommunalt tilsette og Barnevern i eit minoritetsperspektiv blir forvalta av Bufdir og gjennomførte ved høgskolar og universitet. Direktoratet forvaltar også tilskotet til forsøket i Levanger.

Posten dekkjer også den norske støtta til barneeininga i Austersjørådet (EGCC) og ei øyremerkt løyving til Norsk Psykologforening til sakkunnig opplæring.

Ny tilskotsordning – tilskot til barnevernfagleg vidareutdanning

Å rekruttere studentar til vidareutdanningar, både frå institusjonar og kommunalt barnevern, har vore vanskeleg. Erfaringar viser at bakgrunnen for rekrutteringsproblemet er økonomi: arbeidsgivar må dekkje utgiftene til vikar, eller tilsette må gjennomføre utdanning med redusert lønn. Departementet føreslår derfor å opprette ei ny tilskotsordning for barnevernfaglege vidareutdanningar.

Målet for ordninga

Tilskotsordninga skal medverke til auka bruk av vidareutdanningstilbod for tilsette i kommunalt barnevern og i institusjonsbarnevernet ved at arbeidsgivarar kan søkje om midlar til å dekkje vikarutgifter. Målet med vidareutdanningane er å styrkje kunnskapsnivået i barnevernet og sikre ei kontinuerleg profesjonalisering.

Målgruppe

Fast tilsette i kommunalt barnevern og tilsette i statlege, private og ideelle barnevernsinstitusjonar. Tilsette i kommunale barnevernstenester vil bli prioritert.

Reglar for tildeling

Arbeidsgivarar kan søkje om tilskot. Ordninga gjeld både når arbeidsgivaren er ein kommune, og når arbeidsgivaren er ein institusjon. Tildelinga blir på 100 000 kroner per 30 studiepoeng. Tilskotet blir lågare ved færre studiepoeng, men ikkje høgare ved fleire studiepoeng. Dei utrekna utgiftene for 2016 byggjer på at alle vil ta 30 studiepoeng. Tilskotet skal dekkje vikarutgifter, reisekostnadar, litteraturkjøp o.l.

Kva for vidareutdanningar det kan søkjast om tilskot til, vil variere frå år til år. I 2016 kan det søkjast om tilskot til Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing for tilsette i kommunalt barnevern og i barnevernsinstitusjonar.

Bufdir skal administrere ordninga.

Rapportering

Tilskotsmottakar skal rapportere om måloppnåing og dokumentere at medarbeidaren er teken opp ved ei vidareutdanning, og at utdanninga er gjennomført.

Budsjettforslag 2016

For å finansiere tilskotsordninga for barnevernfagleg vidareutdanning føreslår departementet at posten blir auka med 2,4 mill. kroner. Heilårseffekten av ordninga er 4,8 mill. kroner.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 2,9 mill. kroner fordi Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing for kommunalt tilsette blir avslutta våren 2016.

Departementet føreslår vidare å redusere løyvinga med 4,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i kap. 840, post 70 for å samle tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv. under éin post.

5,6 mill. kroner av løyvinga på posten er flytta til kap. 846 Familie- og oppveksttiltak, post 71 Utviklings- og opplysingarbeid o.a, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Departementet føreslår ei løyving på 32,3 mill. kroner i 2016.

Post 72 Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet, kan overførast

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg.

Om lag 48 mill. kroner av løyvinga dekkjer ei vidareføring av tilskotet til Atferdssenteret. Senteret skal medverke til at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skolar får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. Atferdssenteret har eit nasjonalt ansvar for forskings- og utviklingsarbeid og tenestestøtte og for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet. I tillegg til å by på fagleg kompetanse til barnevernet skal senteret utvikle, halde ved like og spreie kunnskap og kompetanse om førebygging og metodar for behandling til andre relevante tenester. Tilskotet blir forvalta av Bufdir i samarbeid med andre løyvande styresmakter.

Løyvinga dekkjer òg tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt) og driftstilskot til Sped- og småbarnsnettverket ved RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera har som oppgåve å utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeid med barnevern og barn og unges psykiske helse. RBUP Aust og Sør har eit hovudansvar for å føre vidare det nasjonale kompetansenettverket for den psykiske helsa til sped- og småbarn ved å drive forsking, kunnskapsutvikling, kompetanseheving og utviklingsarbeid i samband med tiltak som fremmar den psykiske helsa til dei aller minste. Dei fire fagmiljøa blir også finansierte av Helse- og omsorgsdepartementet. Bufdir og Helsedirektoratet forvaltar midlane til dei fire fagmiljøa på vegne av dei to departementa.

Departementet føreslår å setje av 4 mill. kroner for å dekkje utgiftene til ei vidareutdanning i barnevernleiing som startar i 2016.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner til Vidareutdanning i barnevernfagleg rettleiing. Utdanninga rettar seg mot både tilsette i kommunalt barnevern og tilsette i barnevernsinstitusjonar. RKBU Nord vil få eit koordineringsansvar for utdanninga frå og med hausten 2016. Heilårseffekten blir 2 mill. kroner.

Det blir føreslått å auke denne posten med 2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 855, post 22. Midlane skal gå til forskingsoppdrag som er overført frå Bufdir til dei regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU) og regionssenter for barn og unge si psykiske helse (RBUP).

Departementet føreslår ei løyving på 71,8 mill. kroner i 2016.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

3 687 628

4 355 523

4 271 098

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

18 598

22 205

20 733

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

2 073 016

1 770 632

1 921 264

60

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak, kan nyttast under post 01

385 714

198 358

204 110

Sum kap. 0855

6 164 955

6 346 718

6 417 205

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Løyvinga på posten omfattar lønnsutgifter til tilsette i det statlege barnevernet, medrekna tilsette i regionkontor, institusjonar og fosterheimstenester mv. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, utgifter til opplæring og utgifter til varer og tenester. I tillegg dekkjer løyvinga i nokon grad lønnsutgifter til tilsette i Bufetat senter for administrasjon og utvikling og tilsette i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Barnevernsvedtak blir gjorde av kommunen eller fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Dette styrer inntaket i statleg barnevern. Auken i talet på barn og unge som har behov for spesialiserte barnevernstenester, har vore betydeleg dei siste åra. Bufetat er etter barnevernlova pålagt å gi eit tilbod til desse barna. Sidan Bufetat ikkje kan styre inntaket av barn og unge, er det vanskeleg å kjenne budsjettbehovet, men departementet ventar at aktivitetsveksten i det statlege barnevernet held fram.

Etaten har dei siste åra gjennomført eit betydeleg omstillingsarbeid. Regjeringa legg til grunn at det statlege barnevernet i løpet av året skal fase ut finansieringa av oppgåver som kommunane etter barnevernlova har ansvar for.

For å unngå at Bufetat betalar leige for bygg som ikkje lenger er i bruk føreslår regjeringa at Statsbygg i samråd med Bufetat kan selje disse eigendommane. Regjeringa føreslår at om det samla nettotapet overstig husleiga etaten elles ville ha betalt til Statsbygg, kan etaten dekkje resten av tapet i 2017, jf. forslag til romartalsvedtak.

BLD set i 2016 i gang eit forsøk med auka kommunalt ansvar for barnevernet i eit lite utval kommunar. Bufetat skal framleis ha ansvar for å tilby institusjonsplassar og beredskapsheimar, men kommunane som deltek i forsøket, skal i større grad velje og finansiere tiltak for det enkelte barnet. Med auka finansieringsansvar vil kommunane få sterkare insentiv til å vurdere alternative tiltak. Departementet føreslår å redusere posten med 99,4 mill. kroner fordi Bufetat truleg vil oppleve ein noko redusert etterspurnad etter statlege tiltak frå kommunane som deltek i forsøket. Det er usikkerheit knytt til dette beløpet.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858, post 01 for å sikre korrekt postbruk. Midlane skal nyttast til rekruttering av fosterheimar.

Departementet føreslår ei løyving på 4 271,1 mill. kroner i 2016.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer i hovudsak utgifter til forsking, men òg utviklingstiltak for å styrkje kvaliteten i barnevernet sitt arbeid, slik at brukarane får eit betre tilbod.

Det blir føreslått å redusere denne posten med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 72 for å sikre korrekt postbruk. Midlane skal nyttast til forskingsoppdrag til dei regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU) / Regionsenter for barn og unges psykiske helse.

Departementet føreslår ei løyving på 20,7 mill. kroner i 2016.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. I tråd med utviklinga dei seinare åra er det venta at aktivitetsveksten i det statlege barnevernet held fram. Auken i aktivitet er særleg knytt til kjøp av private fosterheimar. Regjeringa føreslår derfor å auke løyvinga med 87 mill. kroner.

Departementet føreslår å auke posten med 21,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858, post 01, for å sikre korrekt postbruk. Midlane skal gå til kjøp av plassar ved ideelle senter for foreldre og barn.

Departementet føreslår ei løyving på 1 921,3 mill. kroner i 2016.

Post 60 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjon av utgifter som overstig satsen for kommunale eigendelar til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak. Refusjonane er regulerte i rundskriv om oppgåve- og ansvarsdeling mellom kommunar og statlege barnevernsstyresmakter.

Departementet føreslår ei løyving på 204,1 mill. kroner i 2016.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Diverse inntekter

23 949

14 331

14 747

02

Barnetrygd

2 339

3 959

3 959

15

Refusjon av arbeidstiltak

672

16

Refusjon av foreldrepengar

25 677

18

Refusjon av sykepengar

100 730

60

Kommunale eigendelar

1 065 044

1 278 508

1 496 745

Sum kap. 3855

1 218 401

1 296 798

1 515 451

Post 01 Diverse inntekter

Størstedelen av inntektene på posten er eit resultat av at kommunen skal dekkje ekstrautgifter som gjeld den enkelte bebuaren, ved plassering i statlege tiltak når utgiftene ikkje er knytte til tiltak som er ein del av institusjonstilbodet. Dette er nærmare spesifisert i rundskriv Q-06/2007. I tillegg blir tilfeldige inntekter rekneskapsførte på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 14,7 mill. kroner i 2016.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter som motsvarer refusjonane, blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2016.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim eller ved tiltak i heimen. Departementet føreslår å prisjustere eigendelane til kommunane frå inntil 65 000 kroner per barn per månad til inntil 66 900 kroner per barn per månad for opphald i institusjon og senter for foreldre og barn. For andre tiltak blir eigendelen prisjustert frå inntil 30 600 kroner per barn per månad til inntil 31 500 kroner per barn per månad. Kommunane i forsøket med auka kommunalt ansvar for barnevernet vil betale særskilt fastsette prisar for statlege tiltak.

Utviklinga innan dei ulike tiltaka tilseier ein auke i inntektene frå dei kommunale eigendelane. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga med 140 mill. kroner – 7 mill. kroner ut frå utviklinga i bruken av dei ulike statlege tiltaka og 133 mill. kroner ut frå at kommunane i forsøket med auka kommunalt ansvar for barnevernet vil betale meir for tiltak frå det statlege barnevernet, jf. auke i rammetilskotet til forsøkskommunane under budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det er usikkerheit knytt til etterspørselen frå dei kommunane som deltar i forsøket, og derfor òg dei statlege inntektene som følgje av dette.

Departementet føreslår ei løyving på 1 496,7 mill. kroner i 2016.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

184 292

201 677

225 241

Sum kap. 0856

184 292

201 677

225 241

Post 01 Driftsutgifter

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har kome til landet og søkt asyl utan foreldre eller andre med foreldreansvar, tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar. Posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgssenter og til kjøp av plassar i private tiltak. Posten dekkjer også ei rekke forvaltingsoppgåver knytte til omsorgssentera, mellom anna arbeid med godkjenning av private senter, opplæring og oppfølging, arbeid med anskaffingar, administrasjon og arbeidet med busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år.

Løyvinga skal dekkje drift av fire statlege senter. Behov for plassar utover det statlege apparatet skal i hovudsak dekkjast gjennom kjøp frå private.

Løyvinga på posten er i hovudsak basert på siste prognose frå Beregningsgruppen for utlendingsforvaltningen (BGU) frå juni 2015 som tilseier at det i gjennomsnitt vil vere 100 barn i omsorgssenter i 2016. Tilstrøyminga av asylsøkjarar dei siste månadene har vore større enn prognosane tilsa. BGU vil leggje fram nye overslag primo oktober. Regjeringa vil vurdere om det er behov for å kome tilbake til Stortinget med forslag om endringar i løyvingane knytt til utlendingsområdet i eit tilleggsnummer til budsjettforslaget for 2016.

Departementet føreslår ei løyving på 225,2 mill. kroner i 2016.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Diverse inntekter

249

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

108 780

112 370

164 588

15

Refusjon av arbeidstiltak

21

16

Refusjon av foreldrepengar

2 506

18

Refusjon av sykepengar

6 084

Sum kap. 3856

117 641

112 370

164 588

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa føreslår at 164,6 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg som er godkjende som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter på Utanriksdepartementet sitt budsjett. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 164,6 mill. kroner i 2016.

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

3 995

3 475

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

25 593

28 175

61

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

114 303

136 934

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

114 835

117 900

71

Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21

5 556

1 572

72

Tilskot til tiltak for voldsutsatte barn

11 500

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

17 821

10 321

Sum kap. 0857

282 103

309 877

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak er avslutta, sjå omtale under kap. 846 Familie og oppvekst og kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855, post 01

235 657

287 175

247 701

21

Spesielle driftsutgifter

13 189

13 168

14 031

22

Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

36 743

Sum kap. 0858

285 589

300 343

261 732

Status for verksemda

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) medverkar til å fremme utvikling for barn, ungdom, vaksne og familiar. Direktoratet skal mellom anna vere ein god kunnskapsforvaltar og fagleg premissleverandør for heile barnevernet og familievernet, på adopsjonsområdet og innan arbeidet med likestilling, ikkje-diskriminering, vald og seksuelle overgrep.

Bufdir etatstyrer Barne-, ungdoms- og familieetaten. Hovudoppgåva til etaten er å gi barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med høg kvalitet i heile landet.

Ansvarsområda for etaten omfattar òg tiltak under desse budsjettkapitla:

  • kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

  • kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

  • kap. 841 Samliv og konfliktløysing

  • kap. 842 Familievern

  • kap. 843 Adopsjonsstønad

  • kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

  • kap. 847 EUs ungdomsprogram

  • kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

  • kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

  • kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855, post 01

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter i Bufdir, som opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvar for, men som blir finansierte over andre kapittel, til dømes oppgåver knytte til styring av det statlege barne- og familievernet som blir finansierte over kap. 855 og kap. 842.

Bufdir skal samanstille og formidle forsking og utarbeide gode, faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis i ulike delar av barnevernet sitt arbeid.

Det er vedteke at Noreg ratifiserer Haag-konvensjonen 1996. Ratifikasjon føreset at Noreg etablerer ei sentralstyringsmakt for konvensjonen. Departementet føreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner til dette formålet. Departementet føreslår òg å auke posten med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon i kap. 854, post 21, for å byggje opp kompetanse til å gi informasjon til utanlandske styresmakter og til kommunar i saker som gjeld barn og familiar som er knytte til fleire land.

Departementet føreslår å overføre arbeid med saker etter ekteskapslova § 18 a om anerkjenning av utanlandske ekteskap og § 16 om etterfølgjande godkjenning av ugyldige (norske) ekteskap, frå Bufdir til enkelte fylkesmannsembete. I samband med dette føreslår departementet å redusere posten med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke i kap. 525, post 01, under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Oppgåva med koordinering av Kompetanseteam mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting blei overført frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) til Bufdir 1. september 2015. Departementet føreslår derfor å flytte 4,3 mill. kroner til drift av kompetanseteamet og utgifter til heimreise til Noreg ved tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom frå IMDi til Bufdir.

Under budsjettforhandlingane for 2015 på Stortinget blei løyvinga på kap. 858, post 01 auka med 35 mill. kroner til kjøp av plassar i fem ideelle senter for foreldre og barn, Sebbelow, Nanna Marie, Vilde, Solstrand og Aglo barne- og familiesenter. Midlane blei i RNB 2015 flytta for å sikre korrekt postbruk. Midlane blei fordelte mellom Bufdir og Oslo kommune i samsvar med talet på senter i dei to innkjøpsområda. Dette utgjorde 14 mill. kroner til Oslo kommune og 21 mill. kroner til Bufdir. Departementet føreslår same fordeling i 2016. Departementet føreslår derfor å flytte 21,6 mill. kroner til kap. 855, post 22 og 14,4 mill. kroner til kap. 572, post 60 for å sikre korrekt postbruk.

Under budsjettforhandlingane for 2015 på Stortinget blei løyvinga på kap. 858, post 01 auka med 10 mill. kroner. Departementet føreslår no å flytte desse midlane frå posten for å sikre korrekt postbruk. Midlane blir flytta til kap. 841, post 70, kap. 846, post 62 og kap. 855, post 01. Midlane skal nyttast til samlivskurs, til foreldrerettleiing og andre foreldrestøttande tiltak og til rekruttering av fosterheimar.

Bufdir driftar i dag IKT-systema til fylkesnemndene. For å sikre korrekt postbruk blir løyvinga på posten redusert med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i kap. 853, post 01. Midlane skal gå til drift av fylkesnemndenes IKT-system.

Departementet føreslår ei løyving på 247,7 mill. kroner i 2016.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidareutvikling av IKT og digitalisering i Bufdir, og utbetalingar av godtgjering for medlemmene av Fordelingsutvalet.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner for å dekkje vedlikehald og utvikling av saksbehandlingssystemet SEP-SKIL.

Departementet føreslår ei løyving på 14 mill. kroner i 2016.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Diverse inntekter

3 051

433

446

15

Refusjon av arbeidstiltak

140

16

Refusjon av foreldrepengar

2 765

18

Refusjon av sykepengar

4 776

Sum kap. 3858

10 732

433

446

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Inntektene er knytte til eigendelar i samband med deltaking i Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 446 000 kroner i 2016.

Kap. 859 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter, kan overførast

8 964

8 030

Sum kap. 0859

8 964

8 030

Kap. 859 EUs ungdomsprogram er avslutta, sjå omtale under kap. 847 EUs ungdomsprogram.

Kap. 3859 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Tilskot frå Europakommisjonen

3 231

2 300

16

Refusjon av foreldrepengar

687

18

Refusjon av sykepengar

310

Sum kap. 3859

4 228

2 300

Kap. 3859 EUs ungdomsprogram er avslutta, sjå omtale under kap. 3847 EUs ungdomsprogram.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i marknaden. Det føreset at forbrukarane har gode rammevilkår og rettar, at det finst gode og effektive system for tvisteløysing, og at det finst informasjon som grunnlag for å ta opplyste og ansvarlege val.

Regjeringa legg i forbrukarpolitikken særleg vekt på

  • digitale løysingar

  • tvisteløysing

  • verkemiddelapparatet

  • gjeld og personleg økonomi

I større grad enn tidlegare kan ein no tale om «den digitale forbrukaren». «Den digitale forbrukaren» har Internett som primærkjelde for informasjon om forbruksval, og kan – uavhengig av tid og stad – kjøpe varer og tenester frå tilbydarar i ulike land. Utviklinga gir mange nye moglegheiter, men inneber òg utfordringar og behov for å tilpasse forbrukarpolitikken.

Éi utfordring er knytt til at mengda informasjon er blitt svært stor og vanskeleg å handtere. Ofte gir ulike kjelder motstridande informasjon om til dømes reglar og rettar som det kan vere problematisk å vurdere og ta stilling til.

Ei anna utfordring er knytt til å sikre at lovgivinga held tritt med endringane som teknologien og innovasjonen i vare- og tenestetilbodet opnar for. Det kan vere vanskeleg nok å vite kva reglar som gjeld ved tradisjonell handel, enda meir krevjande er det når handelen skjer på Internett og kanskje på tvers av landegrensene.

Det er òg utfordringar knytte til å handheve lovgivinga når endringar skjer raskt og store delar av handelen går føre seg på Internett. Det er ikkje tilstrekkeleg med eit effektivt handhevingsapparat nasjonalt, det trengst òg effektive ordningar for handheving over landegrensene.

EU-kommisjonen la våren 2015 fram ein strategi for arbeidet med å skape ein digital indre marknad med tittelen Digital Single Market (DSM). Strategien adresserer særleg utfordringane som ny teknologi og innovasjon skaper for forbrukarpolitikken. Regjeringa ønskjer DSM-strategien velkommen, men er oppteken av at oppfølginga ikkje skal føre til at rettane til norske forbrukarar blir svekte.

Regjeringa ønskjer å medverke til at det blir utvikla fleire gode digitale informasjonsløysingar om marknadsforhold som er tilpassa behova til forbrukarane. I 2016 skal det – i tråd med oppmodingsvedtak i Stortinget (vedtak nr. 436 3. mars 2015) – utviklast ein prisportal for daglegvarer. Det blir føreslått at Forbrukarrådet skal stå for arbeidet med å utvikle både denne portalen og ein ny marknadsportal for handverkartenester som skal samle og formidle kvalitetssikra informasjon om seriøsiteten til føretak i byggjenæringa. I tillegg vil Forbrukarrådet vidareutvikle dei eksisterande offentlege portalane Finansportalen og Tannhelseportalen.

I dei seinare åra har det vore ein sterk auke i talet på forbrukarar som vender seg til Forbrukarrådet fordi dei er misnøgde med ei vare eller teneste dei har kjøpt. Forbrukartvistutvalet (FTU) må òg behandle fleire saker enn før. Forbrukartvistar handlar ofte om mindre beløp, og ei domstolsløysing vil da vere både tidkrevjande og kostbart.

Med grunnlag i nye EU-reglar om alternativ tvisteløysing er regjeringa i gang med å betre tilbodet for løysing av forbrukartvistar utanfor rettsapparatet. Forbrukarrådet fekk frå 1. juli 2015 ansvar for å mekle på fleire saksområde. Regjeringa planlegg å leggje fram ein lovproposisjon om klageorgan for forbrukarsaker. Lova vil regulere dei nye meklingsoppgåvene til Forbrukarrådet og gi reglar for godkjenning av nemnder og meklingsorgan. Det blir òg arbeidd med ei ny lov om Forbrukartvistutvalet (FTU) som skal fylle krava i EU-direktivet om utanrettsleg tvisteløysing. Det vil bli føreslått at FTU kan behandle prinsipielle klagesaker.

Frivillige merkeordningar er viktig for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om val som er gode for miljøet og medverkar til etisk forbruk. BLD vil derfor halde fram med å støtte opp under dei offisielle miljømerka i Noreg – Svana og EU Ecolabel (miljømerket til EU).

Forbrukarombodet får svært mange klager på telefonsal. BLD sende sommaren 2015 på høyring eit forslag om endringar i marknadsføringslova som mellom vil avgrensa høvet næringsdrivande har til å drive med telefonsal overfor eksisterande kundar som har reservert seg mot slikt sal.

BLD har sett i gang eit arbeid med å vurdere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. I ein rapport som låg føre våren 2015, vurderer Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) forbrukarapparatet, med særleg vekt på den samansette rolla Forbrukarrådet har, og på forholdet mellom Forbrukarrådet og Forbrukarombodet. I rapporten konkluderer Difi mellom anna med at verksemdene kvar for seg oppnår gode resultat, men at apparatet samla sett framstår som fragmentert og lite kostnadseffektivt. BLD vil i 2016 vurdere korleis forslaga i Difi-rapporten eventuelt skal følgjast opp (nærmare omtalt under delmål 1.2 i programkategori 11.00).

BLD har vurdert verksemdsområdet til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO), og konkludert med at det vil vere krevjande å føre vidare instituttet med dagens tilknytingsform og finansieringsmodell. Departementet føreslår å overføre verksemda til Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) (nærmare omtalt under delmål 1.2 i programkategori 11.00).

Som ein del av gjennomgangen av verkemiddelapparatet er det òg sett i gang eit arbeid med å vurdere organiseringa av Marknadsrådet og om Forbrukarombodet bør styrkjast som tilsynsorgan gjennom å få utvida kompetanse til å treffe vedtak.

Personar med gjeldsproblem har ofte teke opp for mykje forbrukskreditt. I dag kan personar på kort tid ta opp svært mange slike kredittar, fordi kredittytarane ikkje har lov til å undersøkje kor stor gjeld kundane har frå før. Regjeringa vil som del av Strategi for boligmarkedet utarbeide eit lovforslag som opnar for ei bransjedriven registreringsordning, der finansføretak kan gi informasjon om gjelda kundane har vidare til kredittopplysingsselskap. Ordninga skal medverke til å førebyggje gjeldsproblem i private hushald gjennom at grunnlaget for kredittvurderingar blir betre. Departementet vil ha tett dialog med bransjen, slik at den eventuelle registreringsordninga blir effektiv og velfungerande.

BLD er òg i gang med å greie ut ei nettbasert hjelpeteneste for personar med gjeldsproblem. Tenesta skal vere eit supplement til gjeldsordningslova og den økonomiske rådgivinga i kommunane.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk inneheld løyvingar til Forbrukarrådet, Forbrukarombodet, Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet, Stiftelsen Miljømerking i Norge, forbrukarpolitiske tiltak, forbruksforsking og deltaking i EUs rammeprogram om forbrukarpolitikk.

Mål

For 2016 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

7: Ei sterk stilling for forbrukarane

7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

7.2: God og effektiv løysing av forbrukartvistar

7.3: Informerte, ansvarlege og miljømedvitne forbrukarar

Resultatrapport og strategiar

Delmål 7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

Under dette delmålet blir relevant lovarbeid i BLD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane omtalte.

Prioritert under dette delmålet i 2016 er oppfølging av og medverknad i aktuelle prosessar om nytt EU-regelverk om forbrukarvern, som regelverk om kjøp av varer og digitale produkt over Internett, gjennomgang av forbrukarapparatet, lovforslag som opnar for eit bransjedrive gjeldsregister og utvikling av ei nettbasert hjelpeteneste for personar med gjeldsproblem. På bakgrunn av ei høringsrunde vil BLD òg vurdere å endre reglane for telefonsal i marknadsføringslova.

Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i delmål 7.1 Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane i Prop. 1 S (2013–2014) og Prop. 1 S (2014–2015).

Resultatrapport 2014/2015

På bakgrunn av undersøkingar frå Statens institutt for forbruksforsking (SIFO), årlege rapportar frå Forbrukarombodet og innspel frå bransjeorganisasjonar har BLD evaluert reglane for telefonmarknadsføring. Rapportane viser at det framleis er mykje misnøye med telefonsal blant forbrukarane. Mange forbrukarar opplever at dei blir ringde opp av telefonseljarar sjølv om dei har reservert seg mot slikt sal. Sommaren 2015 sende BLD på høyring eit forslag om endringar i marknadsføringslova som mellom anna vil avgrense høvet næringsdrivande har til å drive med telefonsal overfor eksisterande kundar som har reservert seg mot slikt sal.

Pakkereiselova gir forbrukarane rettar ved kjøp av pakkereiser, og regulerer mellom anna krava til informasjon, marknadsføring og arrangøransvar overfor kundane. Lova byggjer på eit EU-direktiv frå 1990. EU-kommisjonen la i 2013 fram eit forslag om eit nytt direktiv om pakkereiser og assisterte reisearrangement (Com (2013) 512). BLD har arbeidd med å påverke utforminga av det endelege direktivet, slik at reglane skal bli best moglege for både forbrukarane og dei næringsdrivande (nærmare omtalt under Strategiar og tiltak for 2016).

Stadig fleire samfunnsområde blir regulerte med standardar som er utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar, til dømes gjennom den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO. For å sikre gode og balanserte standardar er det viktig med forbrukarpåverknad i arbeidet. Samarbeidet mellom Forbrukarrådet, Standard Norge og BLD om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei derfor ført vidare i 2014. Sekretariatet har knytt til seg eit nettverk av forbrukarar, ulike organisasjonar og styresmakter. Arbeidet har gått ut på opplæring, rettleiing og ulike temamøte for deltakarar i standardiseringsarbeid. Sekretariatet har òg delteke i den forbrukarpolitiske komiten (ISO/COPOLCO) til den internasjonale standardiseringsorganisasjonen. Vidare gav BLD i 2014 tilskot til reisestøtte til forbrukarrepresentantar i ulike standardiseringsprosjekt. Det medverka til at forbrukarrepresentantar deltok i nasjonale og internasjonale standardiseringsprosessar.

Strategiar og tiltak for 2016

Forbrukarvern står sentralt på agendaen til EU. Trygge forbrukarar er ein føresetnad for vekst og innovasjon og for at den indre marknaden skal fungere godt. Norske forbrukarar er aktive i den europeiske marknaden, både ved reiser, opphald i utlandet og netthandel. Gjennom EØS-avtalen har EU-lovgivinga mykje å seie for utforminga av norsk regelverk. Derfor er forbrukarpolitikken til EU viktig, og deltaking i EUs arbeid med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk avgjerande.

Eit viktig punkt på agendaen i 2016 vil vere EU-kommisjonen sitt arbeid med forordninga om handheving av forbrukarvernlovgivinga over landegrensene (forordning 2006/2004/EF). Forordninga regulerer samarbeidet mellom dei europeiske tilsynsorgana. Formålet med arbeidet er å kome fram til ordningar som meir effektivt stoppar lovbrot over landegrensene. BLD har gitt innspel til EU-kommisjonen og forbrukarstyresmakter/-departement frå andre EU/EØS-land. EU-kommisjonen tek sikte på å fremme endringar i reglane våren 2016. BLD vil følgje opp det som eventuelt blir fremma.

Det er politisk semje i EU om direktivet om pakkereiser og assisterte reisearrangement. Direktivet blir truleg vedteke hausten 2016. Direktivforslaget inneheld mellom anna krav til informasjon, ansvar for reisearrangøren og krav til ei reisegarantiordning for å verne forbrukaren dersom arrangøren går konkurs. Samla vil direktivet styrkje stillinga til forbrukarane. Dersom direktivet blir gjort til ein del av EØS-avtalen, blir det nødvendig å gjere endringar i den norske pakkereiselova. BLD vil derfor starte eit arbeid med sikte på å gjennomføre direktivet i norsk rett.

EU-kommisjonen la våren 2015 fram ein strategi for arbeidet med å skape ein digital indre marknad med tittelen Digital Single Market (DSM-strategien). Som eit ledd i arbeidet med å skape ein slik digital indre marknad har EU varsla nye reglar for kjøp av varer og digitale produkt over Internett. BLD vil følgje prosessen og gi innspel til EU. Frå norsk side vil det bli lagt vekt på at nasjonale reglar om forbrukarvern ikkje skal svekkjast.

På bakgrunn av høyringsrunden vil BLD leggje fram forslag om å endre reglane for telefonsal i marknadsføringslova (omtalt under Resultatrapport 2014/2015).

Regjeringa er oppteken av å motverke at personar får betalingsproblem som kan utvikle seg til alvorlege gjeldsproblem.

Personar med gjeldsproblem har ofte teke opp for mykje forbrukskreditt. I dag kan personar på kort tid ta opp svært mange forbrukskredittar, fordi kredittytarane ikkje har lov til å undersøkje kor mykje gjeld kundane har frå før.

BLD vil som ein del av Strategi for boligmarkedet utarbeide eit lovforslag som opnar for ei bransjedriven registreringsordning der finansføretak kan gi informasjon om gjelda kundane har, vidare til kredittopplysingsselskap. Ordninga skal medverke til å førebyggje gjeldsproblem i private hushald gjennom at grunnlaget for kredittvurderingar blir betre. Departementet vil ha ein tett dialog med bransjen, slik at den eventuelle registreringsordninga blir effektiv og velfungerande.

Departementet er òg i gang med å greie ut ei nettbasert hjelpeteneste for personar med gjeldsproblem. Tenesta skal vere eit supplement til gjeldsordningslova og den økonomiske rådgivinga i kommunane. Det vil i 2016 bli arbeidd med å utvikle tenesta.

Marknadsføringa av kreditt er omfattande og blir stadig meir oppfinnsam. BLD vil sjå nærmare på framlegg frå Forbrukarombodet om tiltak for å dempe slik marknadsføring.

Arbeidet med å utforme nasjonale og internasjonale standardar er ope for alle som ønskjer å delta. Næringslivet er ofte sterkt representert i standardiseringsarbeid. Det er viktig å leggje til rette for at også forbrukarinteressene blir tekne vare på i arbeidet, slik at standardane blir gode og balanserte.

BLD har i samarbeid med Forbrukarrådet og Standard Norge oppretta og finansiert eit fagråd for å fremme forbrukarinteresser og stimulere til forbrukardeltaking i standardiseringa. Sekretariatsfunksjonen ligg i Standard Norge. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap deltar òg. Sentrale oppgåver for sekretariatet er å koordinere og formidle kunnskap om forbrukarinteresser som er viktige i standardisering, og å lære opp og rettleie deltakarar i standardiseringsarbeid. Det er òg ei viktig oppgåve å oppmuntre til deltaking i nasjonalt og internasjonalt standardiseringsarbeid. BLD dekkjer reiseutgifter til forbrukarrepresentantar i standardiseringsprosjekt. Formålet med reisestønaden er å stimulere til forbrukardeltaking i standardiseringsprosjekt. Sekretariatet og reisestønaden vil bli ført vidare i 2016.

Delmål 7.2: God og effektiv løysing av forbrukartvistar

Under dette delmålet ligg behandlinga av forbrukarklager i Forbrukarrådet, arbeidet med sakene som går til Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet, og andre tiltak, medrekna lovtiltak, som skal gi forbrukarane tilgang til god og effektiv tvisteløysing.

Prioritert under dette delmålet i 2016 er tiltak for å betre tilbodet for løysing av forbrukartvistar utanfor rettsapparatet, medrekna iverksetjing og oppfølging av ei ny lov om klageorgan for forbrukarsaker og ei ny lov om Forbrukartvistutvalet (Forbrukarklageutvalet).

Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i delmål 7.2 God og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbukarområdet i Prop. 1 S (2013–2014) og delmål 7.2 God og effektiv løysing av forbrukartvistar i Prop. 1 S (2014–2015).

Resultatrapport 2014/2015

Forbrukarrådet fekk i 2014 inn 7 275 klagesaker frå forbrukarar som var misnøgde med varer eller tenester dei hadde kjøpt. Det er ein auke på 31 prosent frå 2013. Korrigerer ein for at svært mange av klagene gjaldt eitt firma, var auken på 10 prosent. Som i 2013 blei 75 prosent av klagesakene løyste ved mekling av Forbrukarrådet. Behandlingstida var i snitt på 63 dagar, mot 74 i 2013. Målet for 2014 var at behandlingstida skulle gå ned, og BLD er derfor nøgde med denne nedgangen. Forbrukarrådet har over fleire år hatt ein nedgang i behandlingstida for klagesakene. Nedgangen har samanheng med at Forbrukarrådet har lagt større vekt på munnleg kontakt og mekling.

Forbrukarrådet gjennomførte i 2014 for første gong kvartalsvise brukarundersøkingar av klagebehandlinga si. Undersøkingane viste at svært mange av både klagarane og dei klagene rettar seg mot, er tilfredse med behandlinga til Forbrukarrådet. Ikkje uventa var det fleire misnøgde blant dei som ikkje fekk medhald, enn blant dei som fekk medhald eller ei minneleg løysing.

Det kom i 2014 inn 1 768 saker til Forbrukartvistutvalet, mot 1 463 i 2013. Auken førte til at sakene i snitt fekk ei behandlingstid på 134 dagar, mot 93 i 2013. Målet om ei gjennomsnittleg behandlingstid på under fem månader blei dermed likevel oppfylt.

Til Marknadsrådet kom det i 2014 inn 13 saker, mot 21 i 2013. Sakene hadde i snitt ei behandlingstid på 56 dagar, mot 96 i 2013. Målet om ei gjennomsnittleg behandlingstid på under tre og ein halv månad for sakene som gjeld brot på marknadsføringslova, blei dermed oppfylt. Sakene til Marknadsrådet er svært ulike i innhald og omfang, og behandlingstida vil derfor variere frå år til år. Talet på saker varierer òg mykje.

For å gjere det enklare å klage på kjøp over landegrensene i EU og EØS-området har EU-kommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor i dei fleste europeiske landa (European Consumer Centres Network). Kontoret i Noreg (Forbrukar Europa) registrerte 2 184 førespurnader i 2014, ein auke på 4,1 prosent frå 2013. 1 675 førespurnader kom frå forbrukarar som ønskte hjelp i samband med ein klage. Resten (509) kom frå forbrukarar som ønskte informasjon. Dei fleste førespurnadene kom frå nordmenn.

EU vedtok våren 2013 eit nytt regelverk om utanrettsleg tvisteløysing av forbrukarsaker. Rettsaktene krev at alle EU- og EØS-landa skal ha tilbod om tvisteløysing utanfor domstolane for kjøp av nær alle typar varer og tenester. Det er minimumskrav til mellom anna kvaliteten på tvisteløysingsorgana.

Hausten 2014 sende BLD på høyring eit forslag til ei ny lov om klageorgan for forbrukarsaker. Forslaget var basert på EU-regelverket og forslag i NOU 2010: 11 Nemndsbehandling av forbrukertvister. Blant forslaga i lova var ei offentleg godkjenningsordning for klageorgan og at Forbrukarrådet skal mekle i alle forbrukartvistar som ikkje kan behandlast av andre klageorgan.

På grunn av komplikasjonar i EØS-prosessen er gjennomføringa av EU-regelverket i norsk rett forseinka. Etableringa av eit utvida tilbod om mekling i Forbrukarrådet blei likevel sett i verk frå 1. juli 2015. Forbrukarane har med dette fått eit mykje betre tilbod enn før for løysing av tvistar om kjøp av varer og tenester utanfor rettsapparatet.

BLD har i 2015 sendt på høyring ei ny lov om forbrukartvistar, som skal gi nye reglar for det offentlege tvisteløysingsorganet Forbrukartvistutvalet (FTU) (omtalt under Strategiar og tiltak for 2016).

Strategiar og tiltak for 2016

Det er eit viktig forbrukarpolitisk mål å gi forbrukarane tilgang til god og effektiv tvisteløysing. Tvistar som forbrukarar har med næringsdrivande om varer og tenester, handlar ofte om mindre beløp, og domstolsbehandling kan derfor bli for kostbart og ressurskrevjande. Det kan vere særleg vanskeleg å kome fram til ei løysing når kjøparen og seljaren held til i kvart sitt land.

Regjeringa vil i 2016 arbeide vidare med å utvide tilbodet for utanrettsleg tvisteløysing. Forbrukarrådet fekk i oppgåve frå 1. juli 2015 å mekle i nær alle saker mellom forbrukarar og næringsdrivande som ikkje er omfatta av eit anna tvisteløysingstilbod. Regionkontoret i Tromsø blir styrkt for å følgje opp utvidinga av tilbodet. Dette inneber ei betydeleg styrking av meklingstilbodet. Meklingstilbodet er samla på eit regionkontor for å bidra til eit sterkt fagmiljø og effektiv klagebehandling.

BLD planlegg å leggje fram ein lovproposisjon om klageorgan for forbrukarsaker. Lova vil regulere dei nye meklingsoppgåvene til Forbrukarrådet og gi reglar for godkjenning av nemnder og meklingsorgan som ønskjer å bli del av det nasjonale og europeiske tvisteløysingstilbodet på forbrukarområdet. Reglane skal medverke til god kvalitet, effektivitet og nøytralitet på klagebehandlinga i dei ulike organa. Lova gjennomfører dei nye EU-regelverka om utanrettsleg tvisteløysning på forbrukarområdet og nokre av forslaga i NOU 2010: 11 Nemndsbehandling av forbrukertvister.

Det vil tidleg i 2016 bli etablert ein felleseuropeisk klageportal. Portalen skal gjere det enklare å få behandla tvistar knytte til netthandel over landegrensene. Alle klageorgan som oppfyller dei nye EU-krava til tvisteløysingsorgan, skal knyte seg til portalen, òg dei norske. Klageportalen skal fungere på alle EU-språka og på islandsk og norsk.

I samband med arbeidet med å utvide området for utanrettsleg tvisteløysing arbeider regjeringa med ei ny lov om forbrukartvistar. I dag behandlar Forbrukartvistutvalet (FTU) klagar på forbrukarkjøp, handverkartenester og avtalar etter angrerettlova. Dette er tenkt ført vidare. Den nye lova skal fylle krava i EU-direktivet om utanrettsleg tvisteløysing. Det vil bli føreslått at FTU kan behandle prinsipielle klagesaker. Saman med dei andre utanrettslege klageorgana skal FTU (eller Forbrukarklageutvalet, som organet blir føreslått kalla) gi forbrukarane høve til å få løyst tvistar i forbrukarsaker på ein effektiv måte.

Delmål 7.3: Informerte, ansvarlege og miljømedvitne forbrukarar

Under dette delmålet blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal medverke til at forbrukarane kan gjere informerte val og opptre ansvarleg i ulike kjøpssituasjonar. Delmålet omfattar tiltak som skal gjere forbrukarane meir medvitne om ulike problemstillingar knytte til marknadsføring, og tiltak for å informere forbrukarane om rettane deira og kva konsekvensar produksjonen og bruken av ulike varer og tenester kan ha for mellom anna helsa og naturmiljøet.

Prioritert under dette delmålet i 2016 er utvikling av ein prisportal for daglegvarer, i tråd med oppmodingsvedtak i Stortinget (vedtak nr. 436 3. mars 2015), og ein portal om handverkartenester som skal samle og formidle kvalitetssikra informasjon om seriøsiteten til føretak i byggjenæringa.

Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i delmål 7.3 Informerte og opplyste forbrukarar i Prop. 1 S (2013–2014) og delmål 7.2 Informerte, ansvarlege og miljømedvitne forbrukarar i Prop. 1 S (2014–2015).

Resultatrapport 2014/2015

Forbrukarrådet hadde i 2014 omfattande kontakt med forbrukarane gjennom 71 308 telefonsamtalar, 26 355 e-postar/kontaktskjema og kvar veke i snitt 43 679 unike brukarar av nettstaden forbrukerradet.no. Talet på unike brukarar av forbrukerradet.no auka med heile 21 prosent frå 2013 til 2014. Regionkontora hadde om lag 3 600 besøk. Særleg eldre og personar som har problem med å gjere seg forstått på norsk, besøkte regionkontora. Dei fleste førespurnadene handla om kjøp av bil, angrerett, handverkartenester, mobiltelefonar og byggjevarer.

Forbrukarrådet gjennomfører kvart år fleire mediekampanjar som skal gi forbrukarane betre informasjon om rettane deira. I 2014 blei det mellom anna gjennomført ein kampanje om rettane til bilkjøparar.

Digitale informasjonsløysingar

Marknadsportalane som Forbrukarrådet driv, skal medverke til at forbrukarane får fullstendig og oppdatert informasjon om vala som er tilgjengelege i marknaden. Prisoversikter skal òg styrkje konkurransen om kundane.

Finansportalen (finansportalen.no) genererer marknadsoversikter for tenester knytte til bank, forsikring, investering og pengeoverføringar til utlandet. I tråd med Forbrukarrådet sin politikk om å dele data leverer portalen òg data til eksterne digitale verktøy og samanlikningssider for finansielle tenester. Finansportalen hadde i 2014 kvar veke i snitt 26 000 unike brukarar. Det er ein auke på 10 prosent samanlikna med 2013. Målet var at Finansportalen kvar veke skulle ha minst 23 000 unike brukarar. Ei måling viser at 35 prosent av befolkninga no kjenner til Finansportalen – ein auke frå 28 prosent. BLD er nøgde med denne utviklinga.

Det blei arbeidd både med å forenkle innrapporteringsløysinga bankane bruker for å innrapportere data til portalen, og med å skape betre design og brukaropplevingar når det gjeld nettsidene.

Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) er ei elektronisk teneste som gir forbrukarane informasjon om kva tannlegar tek betalt for ulike behandlingar. Forutan prisen på tannbehandlingar inneheld tenesta informasjon om mellom anna opningstider, parkeringsforhold, studentrabattar og tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne. I snitt hadde Tannhelseportalen i 2014 kvar veke 4 000 unike brukarar, noko som er i tråd med målet, og som BLD er nøgde med.

Forbrukarrådet fekk i revidert nasjonalbudsjett for 2014, jf. Prop. 93 S (2013–2014), i oppgåve å utvikle ein ny portal som skal gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne prisane frå ulike straumleverandørar. Portalen (straumpris.no) blei lansert i august 2015. Straumprisoversikta som Konkurransetilsynet har drive, er lagt ned. Behovet for ein straumprisportal er underbygd av at marknadsføring av straumavtalar ofte inkluderer rabattar, gåvekort, særskilde forsikringar o.a. som gjer den reelle prisen vanskeleg tilgjengeleg.

Det er viktig å arbeide for at fleire forbrukarar inngår skriftlege kontraktar når dei kjøper handverkartenester. BLD førte i 2014 vidare frikjøpet av Standard Norge sine standardkontraktar for handverkartenester på bustader. Formålet har vore å auke bruken av skriftlege kontraktar ved å gjere dei gratis tilgjengelege på Internett, for slik å redusere talet på tvistar mellom forbrukarar og handverkarar/entreprenørar. Tal for bruk og nedlasting av kontraktane indikerte at tiltaket ikkje verka som planlagt, og avtalen om frikjøp blei derfor sagd opp med verknad frå og med 1. januar 2015. Forbrukarane har framleis tilgang til gode standardkontraktar på heimesida til Forbrukarrådet.

Undervisning i forbrukaremne

BLD førte i 2014 vidare arbeidet med å fremme kunnskapar om forbrukaremne i skolen. Samarbeidet med Høgskolen i Hedmark (HIH) held fram. HIH utførte praktiske oppgåver i samband med undervisning i forbrukaremne og leidde ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervisning.

BLD la i 2014 stor vekt på tiltak som kan heve kunnskapane og forståinga om personleg økonomi hos unge forbrukarar. Forbrukarrådet fekk i 2014 eit tilskot for å utvikle digitale verktøy i Finansportalen (finansportalen.no) som kan fremme økonomifagleg opplæring, medrekna eit e-læringsverktøy til bruk i matematikkundervisninga i 10. klasse. Verktøya skal vere tilpassa kompetansemåla i matematikk og samfunnsfag og kunnskapsmåla innanfor OECD-programmet for Financial Education.

Departementet gav òg eit tilskot til Finans Norge for å utvikle ein nettstad (økonomilappen.no) for unge vaksne om personleg økonomi. Nettstaden blei lansert i mars 2015. Ambisjonen er at nettstaden skal fungere som ein nyttig og praktisk økonomiassistent for unge vaksne forbrukarar. Her skal dei unge finne informasjon og gode råd om lån, sparing, daglegøkonomi og forbrukarrettar. Finans Norge samarbeidde med Forbrukarombodet (FO) om utviklingsarbeidet.

Forbruk og miljø

Stiftelsen Miljømerking i Norge (Miljømerking) arbeider for ei meir miljøtilpassa produktutvikling og eit mindre miljøbelastande forbruk. Verkemidla er dei offisielle merkeordningane den nordiske Svana og miljømerket til EU (EU Ecolabel). Miljømerking søkjer å auke talet på miljømerkte produkt i Noreg, og informerer om at desse produkta er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

Mange produkt med miljømerke, og god kjennskap til merka, er viktige føresetnader for at forbrukarane kan ta miljøomsyn når dei gjer forbruksval. Ved utgangen av 2014 var det om lag 8 500 svanemerkte produkt og tenester i Noreg, mot om lag 5 400 ved utgangen av 2013. Den årlege kjennskapsundersøkinga (januar–februar 2015) viste at kjennskapen til Svana i befolkninga var på 91 prosent (mot 94 prosent i 2014). Kjennskapen til EU Ecolabel var på 21 prosent i den same undersøkinga (mot 10 prosent i 2014). BLD er nøgde med resultata for både talet på produkt/tenester med miljømerke og kjennskapen til dei.

BLD støtta i 2014 prosjektet ForMat, som har hatt som formål å redusere matsvinnet i daglegvarehandelen, næringsmiddelindustrien og private hushald. Ein viktig grunn for BLD til å delta har vore at ein stor del av svinnet kjem frå private hushald. Prosjektet fekk òg støtte frå Klima- og miljødepartementet (KLD), Landbruks- og matdepartementet (LMD), Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Prosjektet er tredelt og består av kartlegging, kommunikasjon mot forbrukarar og nettverksarbeid retta mot bedrifter. ForMat har sidan 2012 vore leidd av organisasjonen Matvett, som er eigd av NHO (Næringslivets hovedorganisasjon) Mat og Drikke, NHO Mat og Landbruk, Dagligvarehandelens Miljøforum og Dagligvareleverandørenes forening AS. ForMat-rapporten for 2014 viser at forbrukarane kasta mindre mat i 2014 enn i 2009. ForMat-prosjektet skal avsluttast i 2015, men Matvett vil arbeide vidare med matsvinn saman med styresmaktene og ulike bransjeaktørar (omtalt under Strategiar og tiltak 2016).

Skolen er ein viktig arena for å skape forståing for etikk-, miljø- og ressursproblem knytte til forbruk. BLD førte i 2014 vidare samarbeidet med Klima- og miljødepartementet og organisasjonen Ungt Entreprenørskap om eit undervisningsopplegg som skal fremme forståing om berekraftig forbruk. Undervisningsopplegget blei gjennomført for omkring 900 ungdomsskoleelevar i seks ulike fylke. Dette var som planlagt, men departementet ønskjer å involvere fleire elevar i framtida.

Det har vore eit mål å gjere forbrukarane meir medvitne om dei etiske og miljørelaterte aspekta ved forbruket. Gjennom tilskotsordninga for forbrukarretta tiltak støtta BLD utstillinga Lev Vel i regi av Norsk design- og arkitektursenter. Utstillinga viste korleis design og nyskaping kan inspirere forbrukarane til å ta miljøvennlege val i kvardagen.

Strategiar og tiltak for 2016

Informasjon er eit av dei viktigaste verkemidla i forbrukarpolitikken. Skal konkurransen i marknaden fungere tilfredsstillande, er det avgjerande at forbrukarane har god og tilstrekkeleg kunnskap om vare- og tenestetilbodet og om rettane og pliktene sine. Informasjon fremmar forbrukarmakt og gjer det mogleg for forbrukarane å ta medvitne val.

Forbrukarrådet har ei viktig rolle i arbeidet med å informere forbrukarane om viktige forbrukarsaker og gjeldande rett. I 2016 ventar Forbrukarrådet å ha individuell kontakt med mellom 70 000 og 80 000 forbrukarar gjennom e-post, brev og Forbrukartelefonen og kvar veke i snitt om lag 45 000 unike brukarar av heimesida (forbrukerradet.no), 17 000 unike brukarar av Finansportalen (finansportalen.no) og 4 500 unike brukarar av Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no). Måltal for den nye Straumprisportalen (omtalt under Resultatrapport 2014/2015) vil bli fastsette på grunnlag av trafikkmålingar hausten 2015.

Forbrukarrådet vil i 2016 halde fram med å gjennomføre informasjonskampanjar om aktuelle tema.

Digitale informasjonsløysingar

Ved behandlinga av Dok. 8:13 S (2014–2015), jf. Innst. 153 S (2014–2015), oppmoda Stortinget gjennom vedtak nr. 436 3. mars 2015 regjeringa om seinast i løpet av 2016 å etablere ein gratis tilgjengelig prisportal for daglegvarer. Ideen om ein daglegvareportal blei først lansert i NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt, og er seinare greidd ut av Forbrukarrådet på oppdrag frå BLD i rapporten Matmakt til forbrukerne – Er dagligvareportal løsningen? (2013).

Gjennom å informere om prisar og andre aspekt ved produkta, skal den nye portalen gi forbrukarane eit betre grunnlag for å gjere val i daglegvaremarknaden.

BLD legg opp til at første fase av etableringsarbeidet, som blir gjennomført i 2015, skal avklare grunnleggjande føresetnader for utviklinga av ein portal, og omtale kravspesifikasjonen for eit utviklingsprosjekt i 2016. BLD må vurdere om det må etablerast ei lovheimla plikt for dei næringsdrivande til å levere elektroniske data til portalen. Utgangspunktet til departementet er at § 10 i marknadsføringslova gir tilstrekkeleg heimel til å påleggje dei næringsdrivande å levere slike data. Dersom det blir aktuelt å forskriftsfeste ei leveringsplikt, må dette på vanleg måte sendast på høyring.

Det operative ansvaret for resten av prosjektet blir føreslått lagt til Forbrukarrådet, som frå før har kompetanse og erfaring frå arbeidet med Finansportalen, Tannhelseportalen og den nye prisportalen for straum. Drift av fleire prisportalar innanfor ein organisasjon kan gi rasjonaliseringsgevinstar fordi dette gir høve til gjenbruk av kompetanse og tekniske løysingar. Det er ein sentral del av strategien til Forbrukarrådet å utvikle og drive denne typen portalar på vegner av det offentlege. Det er ein føresetnad at utviklinga av daglegvareportalen skjer i samarbeid med dei viktigaste bransjeaktørane.

Kostnaden for utviklingsprosjektet er estimert til 7 mill. kroner. Av dette blei 1,5 mill. kroner løyvde ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2015, jf. Prop. 119 S (2014–2015). Dei seinare årlege driftskostnadene vil vere på om lag 6 mill. kroner.

Regjeringa vil i 2016 utvikle ein ny marknadsportal for handverkartenester. Portalen skal vere i drift frå og med 2017. Ansvaret for å utvikle og drifte portalen blir føreslått lagt til Forbrukarrådet, som frå før har erfaring med offentlege portalar (sjå omtale over).

Forbrukarane har store utfordringar med å finne påliteleg informasjon om handverkarar, til dømes om kompetanse og etterleving av lovar og reglar i føretaka. Handverkarportalen skal samle og formidle kvalitetssikra informasjon om seriøsiteten til føretak i byggjenæringa. Portalen vil gjere det enklare for forbrukarane å velje seriøse handverkarar, til dømes når dei skal pusse opp eigen bustad.

Handverkarportalen er ein del av oppfølginga av regjeringa sin Strategi mot arbeidslivskriminalitet, frå januar 2015. Portalen er òg eit ledd i oppfølginga av rapporten frå byggjenæringa Enkelt å være seriøs, som kom hausten 2014. Informasjon om seriøsiteten hos handverkarane kan medverke til å redusere svart arbeid i bransjen.

Kostnaden for utviklingsprosjektet er estimert til 2 mill. kroner. Dei seinare årlege driftskostnadane vil bli på om lag 1 mill. kroner. Handverkarportalen skal evaluerast i 2019, som grunnlag før å vurdere vidare drift.

Både Finansportalen og Tannhelseportalen skal i 2016 utviklast vidare med nye funksjonar. Mellom anna skal Finansportalen utvidast med ei teneste for rettleiing om og samanlikning av pensjonsprodukt og Tannhelseportalen utvidast med fleire prispakker for kjeveortopedi.

Undervisning i forbrukaremne

BLD arbeider for at barn og unge skal få god opplæring i ulike forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Opplæringa i skolen skal gi elevane kunnskapar om personleg økonomi, berekraftig forbruk, forbrukarrettar, kommersielle medium og teknologi. BLD vil i 2016 leggje særleg vekt på tiltak som kan heve kunnskapen og forståinga om personleg økonomi. Målet er å hjelpe ungdom til å få betre økonomistyring og unngå alvorlege gjeldsproblem i framtida.

Barn og unge er utsette for eit sterkt kommersielt press. Med auka bruk av digitale medium følgjer òg eksponering for nye marknadsføringsmetodar på ulike arenaer. Samanblanding av reklame og underhaldning kan gjere det vanskelegare å kjenne igjen marknadsføring og reiser problemstillingar knytte til skjult reklame. Departementet vil arbeide for å skape medvitne haldningar om dette.

BLD vil føre vidare prosjektsamarbeidet med organisasjonen Ungt Entreprenørskap om eit undervisningsopplegg som skal fremme forståing om berekraftig forbruk.

Departementet vil òg føre vidare samarbeidet med Høgskolen i Hedmark om oppgåver i samband med opplæring i forbrukaremne. Målgruppene for arbeidet er elevar, lærarstudentar og lærarar.

Forbruk og miljø

Regjeringa arbeider for at det skal bli enklare for forbrukarar å gjere miljømedvitne val. Det inneber å støtte opp om tiltak som kan gi forbrukarretta miljøinformasjon om varer og tenester. Dei offisielle merkeordningane Svana og miljømerket til EU (EU Ecolabel) er viktige verktøy for dette. Desse merka blir nytta til å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om produkt og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Stiftelsen Miljømerking i Norge (Miljømerking) vil halde fram med å informere om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval i kvardagen. Dei skal arbeide for å auke talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden. Miljømerking har som mål at over 90 prosent av befolkninga skal ha kjennskap til Svana. Miljømerking vil òg arbeide for å auke kjennskapen til EU-miljømerket.

Matsvinn er eit kostnadsmessig, miljømessig og etisk problem både i Noreg og internasjonalt. I Noreg blir det kasta om lag 360 000 tonn mat kvart år som kunne vore eten. Den største delen, rundt 230 000 tonn, kjem frå private hushald. Dette svarer til vel 46 kilo matsvinn per person i året eller om lag 64 prosent av matsvinnet. BLD deltek saman med Landbruk- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet i eit samarbeid med matvarebransjen for å redusere matsvinnet. Det er inngått ein intensjonsavtale om at partane i 2016 skal inngå ein bransjeavtale om matsvinn, som òg skal omfatte bransjeorganisasjonane for primærnæringane og storhushald. Samarbeidet er basert på ForMat-prosjektet, som blir drive av næringsmiddelindustrien sin eigen organisasjon Matvett AS (omtalt under Resultatrapport 2014/2015).

Nærmare om budsjettforslaget:

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

860

Forbrukarrådet

124 024

140 660

155 517

10,6

862

Positiv miljømerking

6 917

7 145

7 352

2,9

865

Forbrukarpolitiske tiltak

9 990

11 499

19 808

72,3

866

Statens institutt for forbruksforsking

26 557

27 013

-100,0

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

8 964

10 394

10 465

0,7

868

Forbrukarombodet

24 196

23 243

23 320

0,3

Sum kategori 11.30

200 648

219 954

216 462

-1,6

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

126

3868

Forbrukarombodet

1 178

Sum kategori 11.30

1 304

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-23

Drift

35 614

38 190

46 445

21,6

50-59

Overføringer til andre statsregnskaper

150 581

167 673

155 517

-7,2

70-98

Overføringer til private

14 453

14 091

14 500

2,9

Sum kategori 11.30

200 648

219 954

216 462

-1,6

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Basisløyving

107 351

122 566

129 491

51

Marknadsportalar

16 673

18 094

26 026

Sum kap. 0860

124 024

140 660

155 517

Status for verksemda

Forbrukarrådet er eit uavhengig interesseorgan som skal gjere forbrukarane dyktigare og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med at dei har kjøpt ei vare eller teneste, og som til dømes treng hjelp til å fremme ein klage.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er Forbrukarrådet gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3 fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva til dei tilsette er regulerte i tenestemannslova. Forbrukarrådet leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

Dei ti regionkontora til Forbrukarrådet står for kontakten med forbrukarane. I tillegg arbeider regionkontora opp mot næringslivet lokalt og mot pressa for å få merksemd om forbrukarsaker. Det interessepolitiske arbeidet blir leidd frå hovudkontoret i Oslo.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter til faste medarbeidarar, godtgjering til medlemmene av styret, utgifter til kontordrift, husleige og politiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer løyvinga utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, og kostnadene ved å bringe prinsipielle spørsmål inn for domstolane for å få avklart gjeldande forbrukarrett. Forbrukarrådet gir tilskot over posten til drift av forbrukarsekretariatet i Standard Norge (omtalt under delmål 7.1). Løyvinga på posten skal òg dekkje nasjonale utgifter i samband med deltakinga i European Consumer Centres-nettverket.

Løyvinga blir styrkt med 3,9 mill. kroner i 2016 for å vareta heilårsverknaden av at Forbrukarrådet frå 1. juli 2015 fekk i oppgåve å mekle i nær alle saker mellom forbrukarar og næringsdrivande som ikkje er omfatta av eit anna tvisteløysingstilbod. Sjå nærmare omtale under delmål 7.2.

Departementet føreslår ei samla løyving på 129,5 mill. kroner i 2016.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift og utvikling av Finansportalen (finansportalen.no), Straumprisportalen (straumpris.no) og prisportalen for tannhelsetenester (hvakostertannlegen.no).

BLD føreslår, som oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 436 av 3. mars 2015, å utvikle og drifte ein prisportal for daglegvarar. Arbeidet er starta i 2015, og det blir føreslått å styrkje posten med 5,5 mill. kroner i 2016 til det resterande utviklingsarbeidet. Sjå nærmare omtale under delmål 7.3.

BLD føreslår å styrkje posten med 2 mill. kroner for å opprette ein handverkarportal som skal samle og formidle kvalitetssikra informasjon om seriøsiteten til føretak i byggjenæringa. Midla blir flytta frå kap. 587 Direktoratet for byggkvalitet, post 22 Kunnskapsutvikling og informasjonsformidling. Den nye portalen skal utviklast i 2016, og drifta skal evaluerast i 2019, som grunnlag for å vurdere vidare drift. Sjå nærmare omtale under delmål 7.3.

Departementet føreslår ei samla løyving på 26 mill. kroner i 2016.

Kap. 862 Positiv miljømerking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking

6 917

7 145

7 352

Sum kap. 0862

6 917

7 145

7 352

Status for verksemda

Formålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Dette skal ein oppnå gjennom å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftelsen Miljømerking i Norge (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmene er oppnemnde av BLD, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Landsorganisasjonen (LO), Forbrukarrådet, handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2014 6,9 mill. kroner i statleg driftstilskot frå BLD. Av dei blei om lag 1,5 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking litt over 1,1 mill. kroner i tilskot frå Miljødirektoratet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 27,6 mill. kroner. Hovuddelen av desse inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking

Posten dekkjer tilskot til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

Departementet føreslår ei samla løyving på 7,4 mill. kroner i 2016.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

2 454

4 553

12 660

70

Tilskot

2 265

1 300

1 338

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

5 271

5 646

5 810

Sum kap. 0865

9 990

11 499

19 808

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midla på posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet. Arbeid med gjeldsmekling, som utvikling av ei nettbasert hjelpeteneste for personar med gjeldsproblem, og kunnskapar om personleg økonomi er særleg prioritert.

Middel vil bli nytta til arbeidet med å styrkje undervisninga i forbrukaremne i skolen. Departementet har eit samarbeid med Høgskolen i Hedmark, som leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervisning. Departementet vil òg føre vidare samarbeidet med høgskolen om andre praktiske oppgåver knytte til undervisning i forbrukaremne.

Løyvinga vil òg bli nytta til å finansiere marknadsundersøkingar som skal gi kunnskap om behov for tiltak som kan gjere marknaden tryggare og enklare for forbrukarane. Departementet gir oppdrag til SIFO, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet om å utvikle og gjennomføre slike undersøkingar, og Noreg deltek i EU-kommisjonen sitt arbeid med å overvake og dokumentere situasjonen for forbrukarane på ulike marknader. Posten dekkjer òg utgifter til ein ekspert i EU-kommisjonen knytt til rammeprogramma om forbrukarpolitikk.

Ved verksemdsoverdraginga av SIFO til HiOA, sjå nærmare omtale under delmål 1.2, blir delar av løyvinga til SIFO, 8 mill. kroner, flytta til denne posten. Midla er knytte til forvaltingsrelaterte og konkrete forskingsoppgåver som SIFO utfører basert på kunnskapsbehovet til departementet. Blant dei forvaltingsrelaterte oppgåvene SIFO utfører er mellom anna utarbeiding av referansebudsjett, SIFO-survey, EU scoreboards og arbeid om gjeld og betalingsproblem. BLD legg til grunn at desse oppgåvene blir ført vidare dei første åra, og at midla blir nytta inn mot SIFO i denne perioden. Sjå nærmare omtale under delmål 1.2 og 1.3.

Departementet føreslår ei samla løyving på 12,7 mill. kroner i 2016.

Post 70 Tilskot

Midla på posten blir nytta til tiltak og enkeltprosjekt som fremmar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa, herunder blir det føreslått å føre vidare tilskota til tre særskilte tiltak i 2016:

  • 0,5 mill. kroner til å delfinansiere drifta av Forbrukarsekretariatet i Standard Norge (nærmare omtalt under delmål 7.1)

  • støtte til organisasjonen Ungt Entreprenørskap om undervisningsopplegg i ungdomsskolen om berekraftig forbruk

  • prosjektsamarbeid med andre departement og bransjeorganisasjonar om ein bransjeavtale for å redusere matsvinn (nærmare omtalt under delmål 7.3). Tildelinga vil gå til Matvett AS, og BLDs bidrag vil vere retta mot å redusere matsvinnet i hushald

Departementet føreslår ei samla løyving på 1,3 mill. kroner i 2016.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Noreg deltek i EUs forbrukarprogram Consumer Programme 2014–2020. Dette programmet er i hovudsak ei vidareføring av rammeprogrammet for perioden 2007–2013, Consumer Programme 2007–2013. Sjølv om det førre programmet blei avslutta i 2013, held enkelte aktivitetar fram etter dette, og deltakarlanda vil kunne ha økonomiske forpliktingar i tre–fem år etter avslutningsåret. I 2016 vil departementet såleis ha utgifter knytte til begge programma, og hovuddelen av posten dekkjer desse kontingentkostnadene.

EUs forbrukarprogram har som mål å medverke til å verne helsa, tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane, så vel som arbeidet for rett til forbrukarinformasjon, utdanning og organisering av forbrukarinteressene. Programdeltakinga inneber mellom anna at Forbrukarombodet og andre tilsyn deltek i samarbeidet om handheving over landegrensene, og at Forbrukar Europa kan formidle råd og hjelp til norske forbrukarar som handlar over landegrensene.

Bidraga for deltaking i dei ulike EU-programma blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel som er nedfelt i EØS-avtalen. Storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen varierer med ulike faktorar, slik som aktiviteten under programma, EØS-budsjettet, utviklinga av BNP i EU og i Noreg og valutautviklinga. Det kan derfor vere vanskeleg å anslå utgiftene.

Revisjonsretten i EU og EUs internrevisjon kontrollerer bruken av budsjettmidlar i programma Noreg deltek i.

Løyvinga på posten skal òg dekkje departementet sin del av kontingentutgifta til EU-programmet om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land, Interoptability Solutions for European Public Administrations (ISA), der Kommunal- og moderniseringsdepartementet dekkjer 50 prosent av utgiftene til programmet og resten blir dekt av dei andre departementa som deltek, mellom andre BLD.

Departementet føreslår ei samla løyving på 5,8 mill. kroner i 2016.

Kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Basisløyving

26 557

27 013

Sum kap. 0866

26 557

27 013

Verksemda til Statens institutt for forbruksforsking blir føreslått overført til Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) 1. januar 2016, sjå nærmare omtale under delmåla 1.2 og 1.3 i programkategori 11.00.

Forslaget inneber at grunnfinansieringa til SIFO på 19,7 mill. kroner av den totale basisløyvinga på 27,7 mill. kroner blir føreslått overført til Kunnskapsdepartementet sitt kap. 260 Universitet og høgskolar, post 50 Statlege universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i fagproposisjonen til Kunnskapsdepartementet.

Dei resterande 8 mill. kroner blir føreslått overført til Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak, post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, da dei er direkte knytte til forvaltningsrelaterte og konkrete forskingsoppgåver som SIFO utfører for å dekkje kunnskapsbehovet til departementet. Sjå nærmare omtale under kap. 865 post 21. Kapitlet blir derfor lagt ned frå 2016.

Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

8 964

10 394

10 465

Sum kap. 0867

8 964

10 394

10 465

Status for verksemda

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (FTU) har som oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i Marknadsrådet og FTU. Førebuinga av sakene for FTU legg beslag på størstedelen av ressursane.

Marknadsrådet behandlar hovudsakleg saker om marknadsføring som blir lagde fram gjennom Forbrukarombodet. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkereglane i tobakksskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova. Marknadsrådet er òg klageinstans for vedtak som Statens medieforvalting har gjort i medhald av kringkastingslova § 3-1 tredje ledd om reklame for livssyn eller politiske bodskap.

FTU behandlar tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukarar og mellom private partar. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir bringa inn for tingretten. Ein tvist som forbrukaren ønskjer å bringe inn for FTU, må først ha vore behandla ved eit av regionkontora til Forbrukarrådet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn for tilsette og andre driftsutgifter ved sekretariatet i tillegg til godtgjering mv. til medlemmene i Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet.

Departementet føreslår ei samla løyving på 10,5 mill. kroner i 2016.

Kap. 3867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

18

Refusjon av sykepengar

126

Sum kap. 3867

126

Kap. 868 Forbrukarombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

24 196

23 243

23 320

Sum kap. 0868

24 196

23 243

23 320

Status og hovudoppgåver for verksemda

Forbrukarombodet skal føre tilsyn med at marknadsføringa overfor forbrukarar ikkje er i strid med marknadsføringslova. Forbrukarombodet skal føre tilsyn med at marknadsføringa og vilkåra i standardkontraktane til dei næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova.

Forbrukarombodet fører tilsyn med at næringsdrivande følgjer reglane i den nye angrerettlova. Forbrukarombodet er òg nasjonalt kontaktpunkt for e-handel etter e-handelslova. I tillegg har Forbrukarombodet ansvaret for å føre tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling og visse reglar om marknadsføring i kringkastingslova og finansavtalelova. Gjennom marknadsføringslova fører Forbrukarombodet òg tilsyn med anna lovverk som vernar forbrukarinteresser.

Dei fleste sakane Forbrukarombodet tek opp til behandling kvart år løyser seg gjennom dialog med dei næringsdrivande. Visse typar omfattande lovbrot og saker som ikkje løysast gjennom dialog kan leggast fram for Marknadsrådet, som kan fatte forbodsvedtak med tvangsmulkt eller vedtak om lovbrotsgebyr.

Forbrukarombodet arbeider òg for å betre vernet for sårbare forbrukargrupper. Ombodet legg særleg vekt på å forhindre ulovlege oppmodingar om kjøp til mindreårige og arbeider for rimelige kontraktsvilkår og korrekt marknadsføring til unge forbrukarar

Vidare arbeider Forbrukarombodet internasjonalt for å betre forbrukarvernet. Ombodet er med i eit europeisk samarbeid der tilsynsmakter i alle dei europeiske landa samarbeider for å hindre ulovleg marknadsføring over landegrensene. I tillegg er Forbrukarombodet aktivt i arbeidet i OECDs forbrukarkomité og ICPEN (International Consumer Protection and Enforcement Network).

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2014/2015

Rapporteringa tek utgangspunkt i strategiar og tiltak som blei presenterte i Prop. 1 S (2014–2015).

Redusere førekomsten av lovstridig marknadsføring

Forbrukarombodet brukte i 2014 store ressursar på å redusere lovstridige marknadsføringsmetodar innanfor marknadar som har stor økonomisk verknad for forbrukarane, som finans, bustad og IKT.

Innan finansmarknaden har ombodet prioritert å gripe inn mot lovstridig marknadsføring av forbrukslån. Samtlige selskap har innretta seg med unntak av eitt, som fekk medhald i Marknadsrådet om at marknadsføringa var god nok.

På bakgrunn av mange klagar frå forbrukarar som var blitt urettmessig fakturerte for abonnement på varer over mobilrekninga, blei Forbrukarombodet i samarbeid med Finanstilsynet einig med mobiloperatørane om at forbrukarar i ein slik situasjon kan klage til teleoperatørane og få kreditert beløpet. I tillegg blei partane einige om at all formidling av betaling for varer over telefonrekninga skulle stanse fram til operatørane fekk konsesjon frå Finanstilsynet og hadde teikna eigne avtalar med forbrukarane.

Forbrukarombodet har stilt krav til tre store musikkfestivalar om rask, og om mogleg automatisk tilbakebetaling av restbeløp etter festivalen, at pengane ikkje blir betalt inn for lenge før festivalen m.m. Dei tre festivalane har no endra sine vilkår og praksis i tråd med Forbrukarombodets krav.

Forbrukarombodet blei einige med eigedomsmeklarbransjen om ei revidert bransjenorm for marknadsføring av bustader. Det inneber at salsoppgåver bør gjerast tilgjengelege for forbrukarane på nettet seinast 48 timar før første vising. Forbrukarombodet har tatt opp ei rekkje tilsynssaker som gjeld villeiande marknadsføring av bustad kor aktørane har innretta seg etter lova. Marknadsføringa av husleigegarantiar (alternativ til depositum ved husleige) hos ni tilbydarar blei endra, da ombodet fann at marknadsføringa gav villeiande informasjon.

Forbrukarombodet avslutta tilsyn mot 23 tilbydarar av tv- og strøymetenester i januar 2014 som følgje av at dei alle godtok krava til vilkår om bindingstid og oppseiing og til prisopplysingar i marknadsføringa. Tilsynsaksjonar medførte at TV-reklamer, radioreklamer og annonsar med villeiande påstandar om hastigheit om 4G for mobiltelefon vart stogga eller endra.

Ombodet har gjennomført fleire tilsyn for å kontrollere at reglane i rettleiinga om marknadsføring i sosiale medium blir følgt.

Det blei gjennomført tilsyn mot salsmarknadsføring i sportsbransjen og møbelbransjen. I etterkant av dette vart det fatta eitt forbodsvedtak og innhenta fleire skriftlege stadfestingar.

Tilsyn med tilbydarar av private helsetenester viste at dei ikkje hadde lovpålagde prislister på nettsidene sine. Eit tilsvarande tilsyn er gjennomført mot advokatar i Oslo. Det blei avdekt at om lag 25 prosent ikkje hadde prislister på nettsidene sine. Alle føretaka retta seg etter oppfordring frå Forbrukarombodet.

Forbrukarombodet stogga fleire tilfeller av leasing- og billånsmarknadsføring utan lovpålagde eller naudsynte prisopplysningar.

Tilsyn med nettsidene til reiseselskap og pakkereisearrangørar avslørte at fleire aktørar ikkje inkluderte obligatoriske betalingsgebyr i totalprisen for reisa. Alle selskapa bekrefta at dei ville ta med dette heretter.

Forbrukarombodet greip inn overfor marknadsføringa til fleire kraftleverandørar. Det førte til at kampanjar med villeiande påstandar blei stansa eller endra.

Eit telefonsalsfirma genererte klagestorm til Forbrukarombodet og Forbrukarrådet. Ombodet fekk i overkant av 1 300 skriftlege klagar på salet av abonnement på helsekostprodukt frå dette firmaet. Forbrukarombodet vedtok 15. september å påleggje firmaet eit lovbrotsgebyr på 1,2 millionar kroner. Vedtaket blei stadfesta av Marknadsrådet i februar 2015. I mellomtida hadde firmaet gått konkurs.

Forbrukarombodet koordinerte og gjennomførte saman med Helsetilsynet eit tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling. Over 250 marknadsføringstiltak blei sjekka, og Forbrukarombodet sende ut 20 brev om lovbrot av ulik art i etterkant av tilsynet. Dei næringsdrivande innretta marknadsføringa si i samsvar med lova, med unntak av eit firma kor Marknadsrådet fastsette forbodsvedtak med tvangsmulkt.

Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Forbrukarombodet gjennomførte tilsyn med husleigeavtaler frå ti store utleigeaktørar i Oslo, Bergen og Trondheim. Fem av tilbydarane fekk pålegg om å endre kontraktar som inneheldt urimelege vilkår, mellom anna urimelege vedlikehaldsvilkår. Tilbydarane, som til saman har over 3 200 utleigeeiningar, har endra kontraktane sine. Forbrukarombodet forhandlar vidare med den siste.

Det vart også ført tilsyn med 5 store boligutbyggarar for å sjå til at mellom anna vilkår for overtaking ikkje var urimelige. Alle 5 utbyggere har innretta seg.

Marknadsutviklinga har ført til større konsum av innhald på Internett via strøyming og nett-tv, i tillegg til at fleire ønskjer å byte frå tradisjonell tv. Forbrukarombodet sende brev til kabeloperatørane om at eit vilkår som stiller krav til kjøp av tv-tenester for å få Internett-tilgang, utgjer eit urimeleg avtalevilkår etter marknadsføringslova § 22. Saka held fram i 2015 med forhandlingar med selskapa.

Betre vernet for sårbare forbrukargrupper

Ein av landets største privatskular endrakontrakten mht. mangelskrav, betalingsvilkår og force majeure etter ei tilsynssak.

Forbrukarombodet har teke opp tilsynssaker med fire ulike aktørar om direkte kjøpsoppmodingar retta mot barn i marknadsføring. Alle selskapa innretta seg i samsvar med marknadsføringslova. Forbrukarombodet har oppdatert rettleiinga om barn og reklame og har hatt ei rekkje føredrag der barn og reklame har vore tema, både til skoleklasser og til næringsdrivande.

I samarbeid med Finans Norge har Forbrukarombodet lansert nye økonomilappen.no. Ombodet har også i samarbeid med Finans Norge arbeidd for å fremme økonomiundervisning i skolen.

Arbeid internasjonalt for betre forbrukarvern

Forbrukarombodet sende før jul 2013 eit felles innspel frå styresmaktene i åtte EU/EØS-land til utvalde medlemmer i EU-parlamentet med kritikk av forslaget frå Kommisjonen om å totalharmonisere kontraktsvilkår i ekom-kontraktar (Ekom-forordninga). EU-parlamentet vedtok 3. april 2014 eit forslag som tek omsyn til dette innspelet. Dagens situasjon, der det er høve til å ha nasjonale reglar som går lenger i å verne forbrukarar enn minimumskrava i direktivet, blir dermed oppretthalden.

Forbrukarombodet har delteke i ein prosess der europeiske forbrukertilsynsmyndigheter har teke opp problemer kring in-app-kjøp i spel retta mot barn. Apple og Google har no stadfesta at dei innrettar seg etter krava som følgjer av det felleseuropeiske regelverket som vernar forbrukarar mot urimeleg handelspraksis, mellom anna forbodet mot urimeleg handelspraksis.

Strategiar og tiltak for 2016

Hovudmålet for Forbrukarombodet er å bidra til at forbrukarane kan ta enklare og tryggare val, og forhindre at det oppstår tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande.

Verne forbrukarar mot lovstridig marknadsføring på dei områda som har mest å seie økonomisk for forbrukarane

Forbrukarombodet vil føre tilsyn med at marknadsføring av lån og kreditt ikkje er villeiande, slik at forbrukarane ikkje går inn i kredittavtalar uten å vite kva prisen på kreditten er. Ombodet vil ha kontinuerleg tilsyn med spare- og pensjonsmarknadene, og gripe inn mot ulovleg marknadsføring for å bidra til at forbrukarane ikkje går inn i omfattande avtaler dei ikkje er gjort godt nok kjend med konsekvensane av.

Forbrukarombodet vil arbeide vidare for at marknadsføring av bustader gir god og riktig informasjon om alle kostnadene kjøparen er forplikta til å betale, og at ho heller ikkje er villeiande på annan måte. Forbrukarombodet vil arbeide for at det i bustadhandelen blir gitt god og riktig informasjon i samsvar med marknadsføringslova.

Forbrukarombodet vil halde fram arbeidet med å kontrollere at informasjon om pris og vilkår på IKT-marknaden er god og lett tilgjengeleg for forbrukarane.

Det vil i 2016 bli gjennomført tilsynsaksjonar med reklame i sosiale medium der skjult reklame, reklame til barn og uønska reklame vil vere sentrale tema. I tillegg vil Forbrukarombodet gripe inn mot lovstridige brukaromtalar som i realiteten er skjult reklame.

Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Forbrukarombodet vil gripe inn mot urimelege standardkontraktar på ulike livsområde, spesielt på område som er økonomisk viktige for forbrukarane.

Forbrukarombodet vil arbeide for rimelege og balanserte forbrukarkontraktar for finansielle tenester. Forbrukarombodet vil i 2016 arbeide vidare med å sikre at mellom anna nye elektroniske betalingsløysingar og låne- og leasingavtalar for forbrukarar er trygge, og at det ikkje blir nytta urimelege vilkår. EU har vedteke eit nytt bustadkredittdirektiv. Gjennomføring av denne reguleringa, først i norsk lovgiving og seinare i standardkontraktane mellom næringsdrivande og forbrukarar, vil vere eit prioritert område for Forbrukarombodet.

Forbrukarombodet vil halde fram med å arbeide for rimelege og balanserte kontraktar for forbrukarar som kjøper bustad under oppføring. Det er viktig å arbeide for at husleigekontraktar som profesjonelle utleigarar nyttar gir gode rettar for forbrukarane og er rimelege og balanserte, slik at ein unngår sivile tvistar i ettertid.

Forbrukarombodet vil arbeide for at kontraktane for både dei nye og dei tradisjonelle tilbydarane på IKT-marknaden er rimelege, og at dei mellom anna ikkje inneheld urimelege, innelåsande mekanismar som tek frå forbrukaren valfridommen.

Forbrukarombodet vil òg følgje med på om det er nødvendig å stille krav til, og eventuelt nytte sanksjonar mot, urimelege kontrakter på andre marknader.

Betre vernet for sårbare forbrukargrupper

Forbrukarombodet vil også i 2016 setje søkjelys på marknadsføring og kontraktar som er retta mot eller er av særleg interesse for barn og unge vaksne eller andre forbrukargrupper som er sårbare i ulike kjøpssituasjonar.

Arbeide internasjonalt for betre forbrukarvern

Tilsynsoppgåvene til Forbrukarombodet følgjer i stor grad av plikter som Noreg er pålagt som følgje av EØS-avtalen. CPC-forordninga (2006/2004/EF) pålegg alle EU/EØS-landa å etablere eit system for effektivt vern av forbrukarane sine kollektive interesser ved å føre tilsyn med at næringsdrivande overheld krava som følgjer av 17 forskjellige forordningar og direktiv. Forbrukarombodet har ansvaret for å føre tilsyn med det meste av dette regelverket. Som ein del av samarbeidet som er etablert gjennom CPC-forordninga, er Forbrukarombodet forplikta til å behandle klager på norske næringsdrivande frå tilsynsstyresmakter i andre land. Kommisjonen har òg sett i gang ein prosess med å revidere CPC-forordninga for å gjere handhevinga av regelverket meir effektiv. Forbrukarombodet har gitt innspel til kva som kan betrast, og vil prioritere å gi nye innspel i den vidare prosessen.

I samband med at EU-kommisjonen satsar stort på Digital Single Market, er det sett i gang arbeid med å utforme eit direktiv om forbrukarrettar ved kjøp av digitale ytingar, i tillegg til ei revidering av forbrukarkjøpsdirektivet. Desse direktiva vil, når dei er vedtekne, kome inn under CPC-forordninga. Forbrukarombodet vil i 2016 prioritere å gi innspel til det nye regelverket for å bidra til at forbrukarane får gode rettar.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukarombodet.

Departementet føreslår ei løyving på 23,3 mill. kroner.

Kap. 3868 Forbrukarombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Diverse inntekter

72

16

Refusjon av foreldrepengar

480

18

Refusjon av sykepengar

625

Sum kap. 3868

1 178

Programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering

Ny programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering

For statsbudsjettet 2016 føreslår BLD ein ny budsjettstruktur. Departementet føreslår mellom anna å skilje ut politikkområda likestilling, ikkje-diskriminering og nedsett funksjonsevne frå tidlegare programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering til eigen programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering. Formålet med endringa er å tydeleggjere verkemidla innan politikkområda.

Endringane fører også til endra kapittelnummer og -namn. Desse endringane blir nærmare gjennomgått i kapittel- og postomtalane.

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa har som mål i likestillingspolitikken at alle skal ha like moglegheiter og fridom til å treffe eigne val. Eit godt rettsleg rammeverk og eit effektivt handhevingsapparat er sentralt for diskrimineringsvernet.

BLD har det overordna koordineringssansvaret i politikken retta mot likestilling og ikkje-diskriminering. Verkemidla i likestillingspolitikken er likestillings- og ikkje-diskrimineringslovene, apparatet som handhevar lovverket og tilskotsordningar. Sektordepartementa har ansvar for likestillingspolitikken på eigne sektorområde.

Utviklinga internasjonalt legg føringar for den nasjonale politikken. 2015 har vore eit viktig år for likestilling, med markering av 20-årsjubileet for Beijing-plattforma og -handlingsplanen. FN har forhandla fram nye berekraftmål for perioden 2015–2030 som skal avløyse tusenårsmåla. Det nye målsettet skal vedtakast på FNs generalforsamling hausten 2015. Likestilling er både eit eige mål og eit tverrgåande element. Kvinners rettar er også eit element ved klimamøtet i Paris i desember 2015.

Regjeringa vil i 2016 høyre forslag om ei ny, felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov. Målet er eit meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. Regjeringa vil òg sjå på korleis diskrimineringsvernet kan bli betre gjennom ei utgreiing av handhevingsapparatet. I utgreiinga skal det leggjast fram forslag til ny organisering, der ein skil mellom pådrivar- og handhevarrolla til ombodet.

Regjeringa skal hausten 2015 fremme ei melding for Stortinget om likestilling. Viktige tema for meldinga er oppvekst og utdanning, arbeidsliv, næringsliv og entreprenørskap, vald og overgrep og menns og kvinners helse. I tilllegg gjer meldinga greie for det internasjonale arbeidet for likestilling som Noreg deltek i.

Regjeringa si visjon er eit samfunn der alle kan delta. Regjeringa vil arbeide vidare for eit universelt utforma samfunn og tek sikte på å leggje fram ein handlingsplan for universell utforming med hovudvekt på IKT- og velferdsteknologi.

Det er framleis eit behov for å styrkje dei grunnleggjande rettane for lesbiske-, homofile-, bifile- og transpersonar (lhbt-personer) og motverke diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. For å koordinere og forankre arbeidet på ein god måte framover vil BLD, i samråd med andre departement, utarbeide ein tverrsektoriell handlingsplan for å styrkje grunnleggjande rettar for lhbt-personar og motverke diskriminering. Planen skal gjelde for perioden 2016–2019.

Etnisk diskriminering gjev utfordringar på fleire samfunnsområde. Regjeringa er oppteken av å finne dei rette verkemidla for å motarbeide etnisk diskriminering, og vil sørgje for god kunnskap på feltet.

Ytringar som spreier hat mot andre menneske er forbodne etter norsk lov. Regjeringa vil motverke hatefulle ytringar og vurderer korleis ein skal gå fram for å nedkjempe slike ytringar.

Mål

For 2015 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

4: Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

4.1: Eit meir likestilt samfunn med like rettar

4.2 Eit godt og effektivt handhevingsapparat

Resultatrapport og strategiar

Delmål 4.1 Eit meir likestilt samfunn med like rettar

Under dette delmålet blir det gjort greie for mellom anna lovarbeid, stortingsmeldingar og ulike typar innsats på likestilling- og ikkje-diskrimineringsområdet når det gjeld kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne. Dette delmålet blei omtalt under delmål 3.1 Eit godt grunnlag for å utvikle vidare politikken for likestilling mellom kjønna og delmål 4.1 Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne i Prop. 1 S (2014–2015).

Resultatrapport 2014/2015

Bufdir si rolle som fagorgan for å fremme likestilling og ikkje-diskriminering

Bufdir skal medverke til å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunnlag av kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet og seksuell orientering gjennom å samarbeide med styresmakter, kommunar, faginstansar og organisasjonar.

I 2014 fekk Bufdir i oppdrag å utvikle eit system som skal dokumentere levekår og livssituasjon knytte til diskrimineringsgrunnlaga kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet og nedsett funksjonsevne. Oppdraget omfatta ei vurdering av eksisterande indikatorar og utvikling av nye. I 2015 lanserte Bufdir ei nettbasert teneste på området.

Bufdir har òg arbeidd med å styrkje kompetansen til kommunar og statlege verksemder på områda likestilling og ikkje-diskriminering, mellom anna gjennom å arrangere konferansar og fagdagar.

Bufdir har initiert forsking og utvikling for å byggje opp kunnskapen innan likestilling og ikkje-diskriminering. Til saman blei 14 rapportar ferdigstilte i 2014. Oppdatert kunnskap om levekåra for menneske med utviklingshemming har vore prioritert i 2014, noko som gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet for å styrkje levekåra og rettstryggleiken for menneske med utviklingshemming.

Deltasenteret i Bufdir arbeider for større deltaking og tilgjengelegheit, og jobbar sektorovergripande på politikkområdet universell utforming med sikte på at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i samfunnet på lik linje med andre. I 2014 la senteret vekt på å betre kunnskapsgrunnlaget innanfor ei rekkje problemstillingar knytte til universell utforming. Samtidigs auka senteret innsatsen mot statlege og kommunale aktørar, mellom anna gjennom eit utstrekt nettverksarbeid.

Felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov

Det lovbestemte vernet mot diskriminering er i dag spreidd på fleire lover – likestillingslova, diskrimineringslova om seksuell orientering, diskrimineringslova om etnisitet og diskriminerings- og tilgjengelova, i tillegg til enkelte reglar i andre lover. BLD tek sikte på å høyre forslag til ny felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov hausten 2015, og leggje fram forslag til ny lov i 2016. Målet er eit meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering.

Likestilling mellom kvinner og menn

Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Likestillingssenteret, KUN – senter for kunnskap og likestilling, og Reform – ressurssenter for menn er viktige kunnskaps- og ressurssenter for å fremme likestilling og mangfald. Likestillingssentera skal følgje opp lokale og regionale verksemder gjennom opplæring, rettleiing og erfaringsutveksling i arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering. Reform har som hovudoppgåve å fremme eit mannsperspektiv og deltaking frå menn i likestillingsarbeidet. Likestillingssentera og ressurssenteret har på oppdrag frå BLD utvikla eit standardisert kurs for å styrkje kompetansen om fedrar og likestilt foreldreskap i offentleg tenesteyting. Kurset er retta mot tilsette i kommunale tenester som helsestasjonar og tenester for nykomne innvandrarar som deltek i introduksjonsprogram. Kurset blei utvikla i 2011 og 2012, medan gjennomføringa skjedde i 2013 og 2014 med til saman seks kurs. Der deltok studentar i helsesøsterutdanninga og lærarar i vaksenopplæringa, om lag 100 i 2013 og omtrent dobbelt så mange i 2014. I tillegg blei det informert om kurset i opplæringsinstitusjonar og vaksenopplæringstiltak.

Regjeringa skal fremme ei melding om likestilling mellom kvinner og menn hausten 2015. Viktige tema for meldinga vil vere oppvekst og utdanning, arbeidsliv, næringsliv og entreprenørskap, vald og overgrep og menns og kvinners helse.

Handlingsplanen Likestilling 2014 blei avslutta i 2014. Bufdir har på oppdrag frå departementet utarbeidd ei oppsummering av handlingsplanen og ein rapport knytt til måla og indikatorane i handlingsplanen. Oppsummeringa av indikatorrapporten blei lagd fram i slutten av 2014 og har vore eit viktig innspel til arbeidet med ny stortingsmelding.

Ei arbeidsgruppe for likestilling i arbeidslivet er sett saman av partane i arbeidslivet, Arbeids- og sosialdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Gruppa er eit nyttig kontaktforum mellom partane og for å forankre likestillingsarbeidet inn mot Arbeidsliv- og pensjonspolitisk råd (ALPR).

Likestilling har årleg vore tema i ALPR, sist i september 2014. Likestilling og diskriminering i arbeidslivet har òg vore tema i ALPR. Gjennom trepartssamarbeidet har regjeringa bidrege til at likestilling har fått nødvendig merksemd i samarbeidet med partane i arbeidslivet.

Kjernemiljø for forsking om likestilling (CORE) skal forske på utdanning og arbeidsmarknad, familie- og arbeidsliv og internasjonalisering, opinion og politikk. CORE driv kommunikasjons- og formidlingsarbeid, og gav i 2015 mellom anna ut boka Kjønnsdeling og etniske skiljar på arbeidsmarknaden. Boka dokumenterer at kjønnsdelinga på den norske arbeidsmarknaden er blitt mindre, og viser kva for endringsmønster som er særleg viktige. Kvinner vel i aukande grad kjønnsutradisjonelt, både når det gjeld utdanningstype og yrke, medan menn i mindre grad har endra vala sine.

CORE arrangerer ulike konferansar og seminar for forskarar og publikum og har vore eit viktig bidrag i likestillingsdebatten gjennom å styrkje og formidle kunnskap om likestilling. Det vil framleis vere eit behov for den forskinga CORE gjer, i arbeide med å fremme kunnskap om likestilling.

Boka Virkninger av kjønnskvotering i norsk næringsliv ble lansert våren 2015. Den presenterer den første breie undersøkinga av lova om kjønnsbalanse i bedriftsstyrer. BLD finansierte undersøkinga, som blei utført av Institutt for samfunnsforsking. I løpet av de siste ti åra har andelen kvinner i bedriftsstyrer som er omfatta av lovreguleringa økt frå tilnærma null til om lag 40 prosent. Til samanlikning har andelen kvinner i styra til aksjeselskap halde seg stabilt på eit lågare nivå, 17 prosent. Undersøkinga viser at den tilsette toppleiinga i næringslivet stadig er svært mannsdominert.

Nedsett funksjonsevne

God kunnskap er vesentleg for å betre levekåra og livssituasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Kunnskap og informasjon aukar og medviten i allmenta om det å vere funksjonshemma.

Noreg leverte sin fyrste rapport til FN-komiteen som overvakar konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i juli 2015.

Regjeringa har hatt dialogmøter med funksjonshemma sine organisasjonar på politisk nivå og videreført det avtalte samarbeidet som er regulert i eigne samarbeidsavtaler.

Bufdir har utvikla eit system for dokumentasjon av levekåra for personar med nedsett funksjonsevne slik at vi får oversikt over status på levekåra til gruppa. Oversikta gjer grunnlag for å identifisere sentrale indikatorar som skal følgjes over tid og inneheld dokumentasjon som ikkje kan talfestast, men som bidrar til eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag.

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjoner

Tilskot til drift av funksjonshemma sine organisasjonar blei lagt om med verknad frå 2014. Formålet med omlegginga var å få ei meir rettferdig, gjennomsiktig og effektiv saksbehandling. Det nye regelverket er utarbeidd i samarbeid med funksjonshemma sine organisasjonar. Bufdir forvaltar ordninga på vegne av departementet og har oppretta eit eige ekspertutval som hjelper direktoratet i saksbehandlinga.

Universell utforming

Handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelighet 2009–2013 blei avslutta i 2013. Ei ekstern evaluering av handlingsplanen konkluderte med at den breie satsinga i mange sektorar har gitt resultat som svarer bra på arbeidet for eit universelt utforma samfunn innan 2025. Evalueringa peikar på at handlingsplanar bør videreførast på området. (Evaluering av Regjeringens handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelighet 2009–2013, Oslo Economics, 2013). Gjennom breie innspelsprosessar er det innhenta synspunkt frå fagmiljø og organisasjonar som støttar konklusjonane i evalueringa.

I 2014 har Bufdir fått eit betre kunnskapsgrunnlag om universell utforming på fleire område, noe som har gitt eit betre grunnlag for å vurdere ulike tiltak og prioriteringar. Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) si undersøking om IKT-bruk i befolkninga er og eit eksempel på dette.

I 2014 gjekk Bufdir sitt Deltasenter inn som fagleg rådgivar i to kommunenettverk om universell utforming, Fylkes- og kommunerettet arbeid med universell utforming 2014–15, i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i samarbeid med Husbanken og Bufdir samt Enkle tiltak - universell utforming - Kommunenettverk, i regi av KS.

Registrering og kvalitetsvurderingar har gitt betre oversikt over ståa og utfordringane på dei ulike samfunnsområda:

  • 7 prosent av offentlege bygg i norske kommunar har tilgjengelege inngangsparti for bevegelseshemma.

  • 61 prosent av bygg som Statsbygg forvaltar har trinnfri hovedtilkomst

  • 1 prosent (3 stk.) av norske jernbanestasjonar var universelt utforma i 2013

  • 30 prosent (101 stk.) av norske jernbanestasjonar var tilgjengelege i 2013.

  • 51 prosent gjennomsnittleg kvalitetsoppnåing for nettstadar i private og offentlege verksemder.

Det arbeidas for å auke måltall og indikatorer nasjonalt og regionalt som hjelp i arbeidet med å prioritere tiltak framover.

Fleire av dei viktigaste tiltaka i handlingsplanen er førte vidare i 2014 og 2015. Dette gjeld mellom anna kommune- og fylkesretta nettverk for å styrke arbeidet med universell utforming, standardisering, arbeidet med innovasjon og utvikling i DogA – Norsk design og arkitektursenter kompetanseheving innan universitets- og høgskulesektoren mv.

Eit betre kunnskapsgrunnlag vil gje eit betre grunnlag for å vurdere ein mer målretta innsats. Regjeringen vil legge fram ny handlingsplan med hovudvekt på IKT og velferdteknologi.

Etnisitet

I 2014 fekk Bufdir ansvar for å byggje kompetanse om diskriminering på grunnlag av etnisitet og livssyn og kunnskap om innvandrarar og barna deira, samar og nasjonale minoritetar. Direktoratet har utarbeidd ein kompetanseplan for å styrkje arbeidet mot etnisk diskriminering, Likestilling og ikke-diskriminering knyttet til etnisk opprinnelse og livssyn (2014–2015). For å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane på feltet skal Bufdir opprette og koordinere eit forum om etnisk diskriminering. Formålet er å samle erfaringar og utveksle kunnskap mellom dei ulike aktørane om etnisk diskriminering.

På oppdrag frå BLD arrangerte Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) i 2015 konferansen Etnisk diskriminering og rasisme, som samla representantar frå dei nasjonale minoritetane, samar og innvandrarbefolkninga. BLD mottok ein oppsummeringsrapport med forslag til korleis regjeringa kan arbeide vidare mot etnisk diskriminering.

I 2015 samarbeider Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Utanriksdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og BLD om ei undersøking om nordmenns haldningar til jødar og andre etniske og religiøse minoritetar. HL-senteret, som òg gjennomførte den førre undersøkinga om dette temaet, skal gjennomføre undersøkinga som skal leverast i 2017.

I august 2015 blei Noreg høyrt av FNs rasediskrimineringskomité (CERD). Komiteen har gitt ei rekkje anbefalingar som dannar utgangspunkt for det vidare arbeidet på feltet.

Hatefulle ytringar

I 2014 sette Regjeringa temaet hatefulle ytringar på dagsordenen gjennom å arrangere ein større rundebordskonferanse. Mange organisasjonar og representantar frå ulike miljø deltok.

Regjeringa vil nedkjempe hatefulle ytringar gjennom ein målretta og samordna innsats. BLD samordnar dette arbeidet. Nedkjempinga av hatefulle ytringar var eit sentralt tema i anbefalingane frå FNs rasediskrimineringskomité (CERD) i august 2015.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

BLD gjennomførde i januar 2015 ein konferanse for aktuelle lhbt-organisasjonar og departement for å drøfte lhbt-personers rettar og levekår, mellom anna som grunnlag for vurdering av behov for ein ny handlingsplan.

Regjeringa sette i 2014 ned ei ekspertgruppe under Helse- og omsorgsdepartementet som hadde som mandat å gå igjennom dagens ordning for endring av juridisk kjønn og det eksisterande tilbodet om helsehjelp til transpersonar. Gruppa la fram ein rapport i april 2015. Helse- og omsorgsdepartementet sende i juni 2015, mellom anna med bakgrunn i anbefalingane frå ekspertgruppa, ut høyringsforslag om ny lov om endring av juridisk kjønn. Samtidig blir det arbeidd vidare i Helse- og omsorgsdepartementet med å styrkje helsetilbodet til personar med ulike slag kjønnstematikk.

Bufdir har bidrege til ei målretta og systematisk kunnskapsutvikling om levekår og livskvalitet for lhbt-personar sidan opprettinga av LHBT-senteret, Nasjonalt kunnskapssenter for seksuell orientering og kjønnsidentitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, i 2011. Senteret jobbar for å betre livskvaliteten til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Det skal òg medverke til at lhbt-personar i ulike livsfasar opplever alle tenester og arenaer som inkluderande, relevante og respekterande.

Strategiar og tiltak for 2016

BLD har det overordna samordningsansvaret i politikken retta mot likestilling og ikkje-diskriminering. Den enkelte sektorstyresmakta har det faglege ansvaret for å utvikle offentlege tenester innan eigen sektor, som er tilgjengelege, tilpassa behova til brukarane og av ein kvalitet som er i tråd med det den enkelte har krav på. Offentlege styresmakter har eit sjølvstendig ansvar for å gjere sitt til at kvaliteten på tenestene er tilpassa behova til brukarane, og at dei er tilgjengelege for alle, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, religion og livssyn.

Bufdirs rolle som fagorgan for å fremme likestilling og ikkje-diskriminering

Bufdir skal vere ein ressurs i departementet sitt arbeid med å fremme likestilling og ikkje- diskriminering. Dei skal vere eit gjennomføringsorgan for likestillingspolitikken og styrkje kompetansen i kommunar og andre sektorstyresmakter om likestilling og ikkje-diskriminering.

Bufdir er BLDs fagorgan for likestilling mellom kvinner og menn, nedsett funksjonsevne, etnisitet, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Bufdir skal utvikle eit system som dokumenterer levekåra og livssituasjonen for personar som kan knytast til desse diskrimineringsgrunnlaga. Dei skal både vurdere eksisterande indikatorar og utvikle nye.

Ved sida av det faglege utviklingsarbeidet skal Bufdir forvalte ulike tilskotsordningar for å fremme likestilling og ikkje-diskriminering.

I 2016 vil Deltasenteret arbeide med enkelttiltak, satsingar og koordinering av tiltak som er knytte til regjeringa sin handlingsplan for universell utforming. Senteret vil òg ta del i oppfølginga av oppgåver som er i gang på viktige samfunnsområde. Deltasenteret vil jobbe vidare med å innhente og utvikle kunnskap om universell utforming, mellom anna ved å utvikle indikatorar for universell utforming i samråd med andre fagmiljø.

Felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov

Regjeringa har som mål at alle skal ha like moglegheiter og fridom til å gjere eigne val. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern. Det lovbestemte vernet mot diskriminering er i dag spreidd på fleire lover – likestillingslova, diskrimineringslova om seksuell orientering, diskrimineringslova om etnisitet og diskriminerings- og tilgjengelova, i tillegg til enkelte reglar i andre lover. Departementet tek sikte på å leggje fram forslag til ny lov i 2016. Målet er eit meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering.

Likestilling mellom kvinner og menn

I likestillingsmeldinga vil det løftes fram likestillingsutfordringar på sentrale samfunnsområde; oppvekst og utdanning, arbeidsliv, vald og overgrep, helse og næringsliv og entreprenørskap. Både manns- og minoritetsperspektiva vil vere gjennomgåande. I meldinga presenteres strategiar og verkemiddel som skal bidra til eit meir likestilt samfunn.

Regjeringa vil med likestillingsmeldinga leggje eit langsiktig perspektiv for likestillingsarbeidet. Det krev eit langsiktig og målretta arbeid å møte utfordringane knytta til likestilling. BLD samordnar innsatsen til regjeringa og følgjer utviklinga over tid.

Som ein del av likestillingsarbeidet set regjeringa av midlar til å støtte arbeidet med verktøy og metodar for å skape likestilling og mangfald i arbeidslivet. Eit døme er initiativet Aust-Agder og Vest-Agder fylkeskommunar har teke for sertifisering av verksemder som møter ein likestillings- og mangfaldsstandard. BLD vil støtte det vidare arbeidet gjennom å bidra til eit pilotprosjekt om sertifisering av verksemder som kan oppfylle ein førehandsidentifisert likestillings- og mangfaldsstandard.

Jenter og teknologi er eit samarbeid mellom NHO, Universitetet i Agder og fleire andre med mål om å auke talet på jenter i realfag på alle nivå. Gjennom samarbeidet blir det mellom anna arrangerert årlege konferansar og opplevingsdagar for jenter på ungdomsskolar og vidaregåande skolar, der rollemodellar og bedrifter inspirerer og viser kva slags moglegheiter som finst innan realfag. Jenter og teknologi har medverka til at talet på jenter som studerer teknologi- og ingeniørfag ved Universitetet i Agder, har auka frå 128 til 395 i perioden 2005 til 2014. Regjeringa vil bidra til å rekruttere fleire jenter til realfaga gjennom å støtte prosjektet Jenter og teknologi i 2016.

Arbeidsmarknaden er eit viktig område når det gjeld å skape reell likestilling. Arbeids- og sosialdepartementet, BLD og partane i arbeidslivet vil føre vidare trepartssamarbeidet for å auke likestillinga i arbeidslivet. I Arbeidsgruppe for likestilling i arbeidslivet vil styresmaktene og partane arbeide for likestilling mellom menn og kvinner i arbeidslivet.

Departementet har forlengt oppdraget til Kjernemiljø for likestillingsforsking (CORE) til og med 2016. CORE skal framleis vere eit kjernemiljø for forsking om likestilling, og mellom anna etablere eit måleinstrument for å følgje utviklinga i kjønnsbalansen i toppleiarstillingar.

Departementet har lyst ut midlar til ei kunnskapsoppsummering om forsking på seksuell trakassering. Kunnskapsstatusen skal mellom anna brukast som eit grunnlag for å vurdere framtidig forsking på området.

Likestillingssenteret, KUN – senter for kunnskap og likestilling, Senter for likestilling ved Universitetet i Agder og Reform – ressurssenter for menn, er kunnskaps- og ressurssenter for å fremme likestilling og mangfald. BLD vil i 2016 gi driftstilskot til Likestillingssenteret og KUN, tilskot til Reform og prosjektstøtte til Senter for likestilling ved Universitetet i Agder. Likestillingssentera skal følgje opp lokale og regionale verksemder gjennom opplæring, rettleiing og erfaringsutveksling for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Reform har som hovudoppgåve å fremme eit mannsperspektiv og deltaking frå menn i likestillingsarbeidet. Tilskota blir forvalta av Bufdir.

Nedsett funksjonsevne

Regjeringa har sett ned Utvalg om grunnleggende rettigheter til mennesker med utviklingshemming (Rettighetsutvalget), jf. oppmodingsvedtak nr. 357, 25. februar 2014. Utvalet skal føreslå eigna og konkrete tiltak for å styrkje ivaretakinga av dei grunnleggjande rettane til personar med utviklingshemming og skal levere utgreiinga si innan 1. juni 2016.

Regjeringa vil halde fram dialogen med funksjonshemma sine organisasjonar på politisk nivå og føre vidare samarbeidet som er regulert i eigne samarbeidsavtaler.

På oppdrag frå BLD har Bufdir etablert basisdelen av eit dokumentasjonssystem for levekåra til menneske med nedsett funksjonsevne. Dette systemet vil bli utvikla vidare i 2016.

Bufdir følgjer òg opp informasjons- og utviklingsprogrammet for mennesker med nedsett funksjonsevne.

Universell utforming

Regjeringa vil arbeide vidare for eit universelt utforma samfunn. Det tas sikte på å utarbeide ein ny handlingsplan for universell utforming. Planen skal ha hovudvekt på IKT og velferdsteknologi, i tillegg til at oppgåver som allereie er i gang på sentrale samfunnsområde, som bygg, planlegging og uteområde og transport blir følgde opp. Stortinget har oppmoda regjeringa, jf. oppmodningsvedtak nr. 106, 5. desember 2012, om å leggje fram eit forslag til framdriftsplan for å nå visjonen om eit universelt utforma samfunn fram mot 2025. Arbeidet med å følgje opp oppmodningsvedtaket er i gang, og BLD vil kome tilbake til Stortinget på egna måte i løpet av 2016.

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar vil framleis vere eit viktigt bidrag for å fremme likestilling og ikkje-diskriminering.

Etnisitet

Det er framleis fordommar mot mellom anna jødar, muslimar og romfolk i Noreg. Saman med fleire andre departement har derfor departementet initiert ei undersøking av kva slags haldningar nordmenn har til jødar og andre etniske og religiøse minoritetar. HL-senteret har fått i oppdrag å gjennomføre undersøkinga, som mellom anna ser på om haldningane har endra seg over tid. Undersøkinga skal leverast i 2017.

Departementet ønskjer òg å setje i gang kartlegging og analyse av haldningane som religiøse og etniske minoritetar har til kvarandre. Denne undersøkinga skal gå parallelt med undersøkinga av kva slags haldningar nordmenn har til jødar og andre etniske og religiøse minoritetar og utføras av HL-senteret.

På oppdrag frå departementet arrangerte HL-senteret ein konferanse om etnisk diskriminering og rasisme i mai 2015. BLD har mottatt ein oppsummeringsrapport med forslag til korleis regjeringa kan arbeide vidare mot etnisk diskriminering. Departementet vil vurdere desse forslaga og sjå dei i samanheng med tilrådingane frå FNs rasediskrimineringskomité (CERD) frå august 2015.

Hatefulle ytringar

Regjeringa vil prioritere arbeidet mot hatefulle ytringar. BLD vil innhente meir kunnskap og forsking om omfanget av hatefulle ytringar og korleis dei kan motverkast, og støtte Stopp hatprat-kampanjen, som òg fekk støtte i 2014 og 2015.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Regjeringa skal i 2016 leggje fram ein tverrsektoriell handlingsplan for lhbt-politikken for perioden 2016–2019. Planen skal byggje på oppdatert kunnskap og forsking og medverke til eit målretta, godt forankra og godt koordinert arbeid på feltet dei komande åra. BLD koordinerer utviklinga av planen og Bufdir, lhbt-organisasjonar og andre relevante aktørar skal involverast i arbeidet.

Sentrale mål er å opne opp for mangfald og å nedkjempe hatkriminalitet og utstøyting av lhbt-personar på arenaer der dette skjer, i tillegg til å sørgje for tryggleik for utsette grupper. Ein tek sikte på at ei rekkje sektorar får ansvar for gjennomføring av tiltaka.

Delmål 4.2 Eit godt og effektivt handhevingsapparat

Under dette delmålet blir det gjort greie for handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda handhevar mellom anna lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, likestillingslova, lov om etnisk diskriminering og diskriminerings- og tilgjengelova. Sjå kap. 873 for omtale av Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Resultatrapport 2014/2015

Likestillings- og diskrimineringsnemnda har halde 11 møte og behandla til saman 75 saker i nemnda i 2014. For å redusere saksbehandlingstida blei talet på møte auka og talet på medlemmer i nemnda auka frå 12 til 16 (10 ordinære medlemmer og 6 varamedlemmer), jf. Prop. 88 L (2012–2013). Sakstilgangen har auka kraftig – frå 52 saker i 2013 til 75 saker i 2014. Førebels rapportering for 2015 tyder på ein ytterlegare auke i sakstilgangen og saksbehandlingstida har halde fram med å auke.

Strategiar og tiltak for 2016

For at diskrimineringslovgivinga skal vere effektiv, er det viktig med eit handhevingsapparat som har nødvendig gjennomslagskraft. Dette står sentralt i arbeidet med ny, felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov. Departementet har derfor sett i gang ei utgreiing av handhevingsapparatet.

Utgreiinga skal leggje fram forslag til ny organisering der pådrivar- og handhevingsrolla til likestillings- om diksrimineringombodet blir skilde. Utgreiinga skal også vurdere om det eventuelt må gjerast endringar mellom anna i saksbehandlingsforma, samansetjinga av og ressursane i Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Utgreiinga skal leverast departementet 1. mars 2016.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

870

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

5 860

871

Likestilling og ikkje-diskriminering

44 569

872

Nedsett funksjonsevne

239 701

873

Likestillings- og diskrimineringsombodet

52 964

Sum kategori 11.40

343 094

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 kan sjåast under programkategori 11.10.

Utgifter under programkategori 11.40 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-23

Drift

31 047

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

52 964

70-98

Overføringar til private

259 083

Sum kategori 11.40

343 094

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 kan sjåast under programkategori 11.10.

Kap. 870 Likestillings- og diskrimineringsnemnda

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

5 860

Sum kap. 0870

5 860

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 kan sjåast under kap. 843.

Heile løyvinga under dette kapittelet er flytta frå programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda, som følgje av ny budsjettstruktur. Endringa skjer for å tydeleggjere verkemidla på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Status for verksemda

Kompetansen og oppgåvene til Likestillings- og diskrimineringsnemnda er regulerte i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande forskrift.

Nemnda handhevar reglar om diskriminering i desse lovene: likestillingslova, diskrimineringslova om etnisitet, diskriminerings- og tilgjengelova, diskrimineringslova om seksuell orientering, arbeidsmiljølova kap. 13, bustadlovene og skipsarbeidslova.

Nemnda er eit sjølvstendig forvaltingsorgan som administrativt ligg under departementet. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om vedtak i enkeltsaker i nemnda.

Nemnda er eit kollegialt organ med 16 medlemmer: 1 leiar, 1 nestleiar, 8 andre medlemmer og 6 varamedlemmer. Nemnda er delt i to avdelingar, og leiaren og nestleiaren møter i kvar avdeling. Nemnda har eit eige sekretariat som førebur møta, legg fram saker for nemnda og utarbeider utkast til vedtak etter rådslåing i nemnda. Departementet har det administrative ansvaret for nemnda, med mellom anna tilsetjing i sekretariatet. Alle saker i nemnda blir først behandla av Likestillings- og diskrimineringsombodet, som gir ei fråsegn i saka. I hastesaker kan ombodet gjere bindande vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4. Da blir nemnda ordinær klageinstans.

Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene nemnda er sett til å handheve. Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan gi påbod om at det diskriminerande tilhøvet skal stansast eller rettast.

Post 01 Driftsutgifter

Heile løyvinga på posten er flytta frå kap. 843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda, post 01 Driftsutgifter, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Posten dekkjer lønn og andre driftsutgifter for sekretariatet, dessutan godtgjering og utgifter til nemndmedlemmer og til eventuelle vitne og sakkunnige som blir kalla inn.

BLD føreslår å styrkje saksbehandlingskapasiteten og bidra til rettsbehandling ved behov med 1 mill. kroner.

Departementet føreslår ei samla løyving på 5,9 mill. kroner i 2016.

Kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

11 017

70

Likestilling mellom kjønn mv.

13 128

72

Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar

10 967

73

Likestillingssentre

6 008

79

Internasjonalt likestillings- og ikkje- diskrimineringsarbeid, kan overførast

3 449

Sum kap. 0871

44 569

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 kan sjåast under kap. 846.

Heile løyvinga under dette kapittelet er flytta frå programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv., som følgje av ny budsjettstruktur. Endringa skjer for å tydeleggjere verkemidla på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Heile løyvinga på posten er flytta frå kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv., post 21 Spesielle driftsutgifter, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane. På grunn av flyttinga blir stikkordet kan nyttast under post 50 teke ut av postomtalen, da post 50 ikkje blir overført til nytt kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering. I staden får post 21 tilføydd stikkordet kan overførast fordi utbetalingstakten over løyvinga kan vere usikker.

Forskings- og utviklingsmidlane på posten skal nyttast til å finansiere større og mindre enkeltprosjekt som er særleg relevante på områda likestilling og ikkje-diskriminering. Løyvinga skal òg nyttast til å drifte det etablerte kjernemiljøet for kjønnslikestilling, sjå nærmare omtale under delmål 4.1. Løyvinga skal mellom anna nyttast til:

  • 1,3 mill. kroner går til innsats mot hatefulle ytringar. Det er ønskjeleg med ein systematisk, målretta innsats for å nedkjempe hatefulle ytringar, og for å kunne spisse ein slik innsats er det behov for grunnleggjande forsking på feltet. BLD ønskjer å kartleggje kven som blir ramma av hatefulle ytringar, omfang og skadeverknader. Sjå nærmare omtale under delmål 4.1.

  • 1 mill. kroner går til eit pilotprosjekt om sertifisering av verksemder som møter ein likestilling- og mangfaldsstandard, etter initiativ av Aust- og Vest-Agder fylkeskommunar. Tiltaket administreres av Vest-Agder fylkeskommune og inngår i likestillingsmeldinga, sjå nærmare omtale under delmål 4.1.

Departementet føreslår ei samla løyving på 11 mill. kroner i 2016.

Post 70 Likestilling mellom kjønn mv.

Heile løyvinga på posten er flytta frå kap. 846, Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv., post 70 Tilskot, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Tilskotsmidlane på posten skal nyttast til enkelttiltak og -prosjekt og til frivillige organisasjonar. Løyvinga har òg vore nytta til driftstilskot (grunnfinansiering) til Reform – ressurssenter for menn og til prosjekttilskot til Senter for likestilling ved Universitetet i Agder.

Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS) har medverka til ulike aktivitetar på departementet sitt ansvarsområde. Det er gitt tilskot til prosjekt i regi av KILDEN informasjonssenter for kjønnsforskning, og til Ung Innovasjonspris, som Trondheim kommune deler ut.

Ordninga med tilskot til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer som departementet gir i årlege rundskriv. Ordninga omfatter drifts- og aktivitetstilskot. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene for driftstilskot blir førte vidare i 2016. For aktivitetstilskot vil aktivitetar som bidreg til styrking av kjønnsutradisjonelle utdanningsval, likestillingsarbeid for kvinner med minoritetsbakgrunn samt likestillingarbeid knytt til menn si rolle bli prioritert.

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å sikre drift, bidra til mangfald og skape større aktivitet blant frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk. Med likestilling meiner ein i denne samanhengen likestilling mellom kjønna.

Tilskotsordninga skal leggje til rette for at frivillige organisasjonar får høve til å setje dagsorden, supplere og korrigere styresmaktene sitt familie- og likestillingspolitiske arbeid, utvikle demokratiet, bidra til deltaking og til kunnskap, debatt og haldningsendringar.

Kriterium for tildeling

Det kan løyvast tilskot til drift av frivillige organisasjonar som har familie- og likestillingspolitisk arbeid som kjerneverksemda si, og som kan dokumentere dette med vedtekter, målsetjingar og planar.

Ein kan gi aktivitetstilskot til aktivitetar som bidreg til styrking av kjønnsutradisjonelle utdanningsval, likestillingsarbeid for kvinner med minoritetsbakgrunn og likestillingsarbeid knytt til menn si rolle.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2016

Det blir føreslås nokre nye tiltak i 2016 som ikkje er omfatta av tilskotsordninga til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar:

  • 2 mill. kroner til tilskot til NHO sitt prosjekt Jenter og teknologi. Tiltaket er knytta til likestillingsmeldinga. Sjå nærmare omtale av tiltaket under delmål 4.1.

  • Innsats mot hatefulle ytringar, Stopp hatprat-kampanjen i regi av Norges Handikapforbund, med 0,2 mill. kroner.

  • Delfinansiering av «skyggerapportering» frå det sivile samfunnet, med 0,2 mill. kroner. I 2016 skal det utarbeidast ei skyggerapportering til FNs kvinnediskrimineringskomite (CEDAW).

Departementet føreslår å gi tilskot til desse særskilde tilskotsmottakarane:

  • Reform

  • Senter for likestilling ved Universitetet i Agder

  • FOKUS

  • KILDEN informasjonssenter for kjønnsforskning

  • Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS)

  • Ung innovasjonspris, i regi av Trondheim kommune

Alle tilskot blir vurderte på bakgrunn av søknader frå tilskotsmottakarane.

Departementet føreslår ei samla løyving på 13,1 mill. kroner i 2016.

Post 72 Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar

Heile løyvinga på posten er flytta frå kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv., post 72 Tiltak for lesbiske og homofile, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga går til tilskotsordninga for betre levekår og livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt).

Ordninga omfattar tilskot til tidsavgrensa aktivitetar drivne av frivillige organisasjonar og andre som arbeider for å betre levekåra og livskvaliteten for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Ordninga omfattar også driftstilskot til dei landsdekkjande lhbt-organisasjonane og magasinet Blikk, i tillegg til regelmessige aktivitetar for å betre levekåra og livskvaliteten for lhbt-personar. Ordninga blir forvalta av Bufdir i samsvar med regelverk fastsett av departementet.

Departementet har fastsett følgjande overordna rammer for ordninga:

Mål

Ordninga skal medverke til mangfald og skape auka aktivitet i organisasjonar som arbeider innanfor dette området. Det kan bli gitt driftstilskot og støtte til tidsavgrensa og permanente aktivitetar. Det overordna målet er å betre levekåra og livskvaliteten for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Tilskotsordninga skal gjere det lettare for lhbt-organisasjonar å drive interessepolitisk arbeid og gi service til eigne medlemmer.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga skal omfatte frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for betre levekår og livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. For organisasjonar som får driftsstøtte, vil det bli lagt vekt på at organisasjonane er av og for lhbt-personar, og at dei arbeider for samfunnsmessig likestilling og deltaking for gruppa dei organiserer.

Tilskot til aktivitetsstøtte blir gitt etter ei samla vurdering med utgangspunkt i måla for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Departementet og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Departementet gir nærmare retningslinjer for ordninga.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår ei samla løyving på 11 mill. kroner i 2016.

Post 73 Likestillingssentre

Heile løyvinga på posten er flytta frå kap. 846, Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv., post 73 Tilskot til likestillingssentera, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga delfinansierer Likestillingssenteret, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Hamar, og verksemda ved KUN – senter for kunnskap og likestilling, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Nord.

Det blir føreslått å redusere desse driftstilskota noko. Reduksjonen blir føreslått fordelt likt mellom dei to sentera, med 0,2 mill. kroner på kvar.

Departementet føreslår ei samla løyving på 6 mill. kroner i 2016.

Post 79 Internasjonalt likestillings- og ikkje diskrimineringsarbeid, kan overførast

Heile løyvinga på posten er flytta frå kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv., post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga dekkjer Noreg si deltaking i EU-program på BLDs ansvarsområde.

Noreg har delteke i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007–2013). Programmet inneheldt desse områda: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald.

Noreg har vidare delteke i EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007–2013). Det overordna målet for programmet er å medverke til å verne barn, ungdom og kvinner mot alle former for vald og å oppnå eit høgt nivå for helsevern, velferd og sosial utjamning.

Sjølv om programma blei formelt avslutta i 2013, held enkelte aktivitetar fram etter dette, og deltakerlanda vil kunne ha økonomiske forpliktingar i 3–5 år etter avslutningsåret. I 2016 vil departementet såleis ha utgifter knytte til begge programma.

Generelt varierer storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen med ulike faktorar, som til dømes aktiviteten under programma, EØS-budsjettet, utviklinga av BNP i EU og i Noreg og valutautviklinga. Det kan derfor vere vanskeleg å anslå utgiftene.

Departementet føreslår ei samla løyving på 3,4 mill. kroner i 2016.

Kap. 872 Nedsett funksjonsevne

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

14 170

70

Funksjonshemma sine organisasjonar

183 745

71

Universell utforming og auka tilgjenge, kan overførast, kan nyttast under post 21

26 784

72

Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet

15 002

Sum kap. 0872

239 701

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 kan sjåast under kap. 847.

Heile løyvinga under dette kapittelet er flytta frå programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne, som følgje av ny budsjettstruktur. Endringa skjer for å tydeleggjere verkemidla på likestillinsg- og ikkje-diskrimineringsområdet. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Heile løyvinga på posten er flytta frå kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne, post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga skal nyttast til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak som bidreg til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Hovuddelen av løyvinga blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår ei samla løyving på 14,2 mill. kroner i 2016.

Post 70 Funksjonshemma sine organisasjonar

Heile løyvinga på posten er flytta frå kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne, post 70 Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga går til tilskotsordninga for organisasjonane for funksjonshemma. Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å gi organisasjonane for funksjonshemma betre høve til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til medlemmene sine mellom anna i form av lokale velferdstiltak. I tillegg skal ordninga gi paraplyane Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) betre høve til å drive velferdspolitisk arbeid og yte service til medlemsorganisasjonane. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje organisasjonane når det gjeld sjølvhjelpsarbeid, og gi organisasjonane betre høve til å gjennomføre gode velferds-, fritids- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne.

Kriterium for tildeling

Søknadar blir vurderte etter desse kriteria:

For å bli godkjend må organisasjonen ha meir enn 250 medlemmer. Det er unntak for organisasjonar som organiserer personar med nedsett funksjonsevne med ein sjeldan diagnose. Organisasjonen må ha medlemmer i minst fem fylke. Organisasjonen må ha vedtaksfesta at personar med nedsett funksjonsevne sjølve, eller deira pårørande, skal ha fleirtal i dei styrande organa.

Oppfølging og kontroll

Bufdir avgjer om organisasjonen har rett til tilskot, og gjer vedtak om tilskot. Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår ei samla løyving på 183,7 mill. kroner.

Post 71 Universell utforming og auka tilgjenge, kan overførast, kan nyttast under post 21

Heile løyvinga på posten er flytta frå kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne, post 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga skal nyttast til målretta tiltak i regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge, primært til tiltak som går på tvers av sektorar. Ansvaret for eit universelt utforma samfunn kviler på ei rekkje departement, og arbeidet følgjer prinsippet om sektoransvar. BLD har ansvar for å koordinere arbeidet med handlingsplanen. I den nye handlingsplanen for universell utforming vil IKT og velferdsteknologi stå sentralt. Samtidig skal det løpande arbeidet på viktige samfunnsområde følgjast opp. Det gjeld mellom anna universell utforming av bygg, planlegging, uteområde og transport.

Departementet føreslår å gi tilskot til Standard Norge for utvikling av standardar for universell utforming, Norsk design- og arkitektursenter for innovasjonstiltak og kompetanseheving av formgivarar og KS til prosjekt for universell utforming i kommunesektoren over posten.

Bufdir forvaltar ei tilskotsordning som støttar arbeidet med universell utforming i handlingsplanen. Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål

Tilskotordninga skal styrkje kunnskapsutveksling, kompetanseheving og informasjon om universell utforming på viktige samfunnsområde som planlegging, bygg, anlegg, uteområde, transport og IKT.

Kriterium for tildeling

Aktuelle mottakarar av tilskot er statlege, fylkeskommunale, kommunale og private institusjonar og verksemder, stiftingar, forskingsinstitusjonar og interesse- og fagorganisasjonar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Departementet gir nærmare retningslinjer for ordninga.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår ei samla løyving på 26,8 mill. kroner i 2016.

Post 72 Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet

Heile løyvinga på posten er flytta frå kap. 847 Tiltak for personer med nedsett funksjonsevne, post 72 Tilskot, som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga skal nyttast til å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne. Ordninga blir forvalta av Bufdir. Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga vil omfatte frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for personar med nedsett funksjonsevne. Ein kan gi støtte til tiltak som er retta inn mot å medverke til debatt og haldningsendringar, skape deltaking og generere og spreie kunnskap. Tiltak som er direkte retta inn mot å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne, kan òg få støtte gjennom ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsforvaltaren og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Departementet gir nærmare retningslinjer for ordninga.

Budsjettforslag 2016

Departementet føreslår ei samla løyving på 15 mill. kroner.

Kap. 873 Likestillings- og diskrimineringsombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Basisløyving

52 964

Sum kap. 0873

52 964

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 kan sjåast under kap. 849.

Heile løyvinga under dette kapittelet er flytta frå tidlegare programkategori 11.10 Tiltak for likestilling og ikkje-diskriminering, kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet som følgje av ny budsjettstruktur. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Status og hovudoppgåver for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) er eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, administrativt tilknytt BLD. Formål og oppgåver går fram av diskrimineringsombodslova §§ 1 og 3.

Hovudoppgåva til LDO er å fremme likestilling og kjempe mot diskriminering uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Ombodet handhevar diskrimineringsforboda i likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, diskrimineringslova om seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, ikkje-diskrimineringskapittelet i arbeidsmiljølova og diskrimineringsforboda i bustadlova. Ombodet er eit alternativ til domstolsbehandling av saker om diskriminering og skal vere eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane. Ombodet gir òg rettleiing og er ein pådrivar for likestilling og mangfald.

I tillegg har ombodet ansvar for å overvake at norsk rett samsvarer med FNs kvinnekonvensjon (CEDAW), rasediskrimineringskonvensjonen (CERD) og konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2014/2015

I 2014 la LDO hovudvekt på fire område for å skape eit meir likestilt samfunn utan diskriminering. Desse områda har vore førande for prioriteringane i 2015.

Relevant og god hjelp til mange

I 2014 fekk LDO 1 526 førespurnader om rettleiing, og 207 klagesakar. Dette er ein auke frå 2013. Dei fleste som tek kontakt med LDO, gjer det fordi dei opplever seg urettferdig behandla på grunn av kjønn eller funksjonsevne.

I 2014 har det vore ein nedgang i saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida for klagesaker er redusert med over 20 prosent i 2014 – til 283 dagar. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for rettleiingssaker er óg vesentleg redusert. I snitt er ei rettleiing no avslutta innan 15 dagar.

Førebyggje diskriminering

Mykje av rettleiingsarbeidet til ombodet er å gi råd og rettleiing til arbeidsgivarar, styresmakter og andre for å førebyggje diskriminering, slik at dei jobbar på ein måte som fremmar like moglegheiter for alle.

I 2014 heldt LDO rundt 150 føredrag og innlegg – ein markant auke frå 2013. Ombodet gjennomførte fleire debattmøte i 2014. Eit døme er seminaret God rekruttering er likestilt rekruttering. Konferansen sette praktisk rekrutteringsarbeid i sentrum. Konferansen blei ein stor suksess med 150 deltakarar. Eit anna døme er debattmøtet LDO arrangerte i mai om hets og hatytringar.

Endring gjennom samarbeid

LDO har eit brukarutval som er sett saman av relevante interesseorganisasjonar innanfor dei prioriterte satsingsområda til ombodet. I 2014 blei det gjennomført fleire møte med brukarutvalet. Temaa som blei diskuterte i møta, var likestilt rekruttering i arbeidslivet, hatytringar og konsekvensar av hatpraten, og ny universell diskrimineringslov.

Kvart år markerer ombodet den internasjonale 16-dagarskampanjen mot kjønnsbasert vald. I 2014 samarbeidde LDO med Krisesentersekretariatet om kampanjen. Under tittelen «Taushet tar liv» sette ombodet og Krisesentersekretariatet fokus på partnardrap.

I arbeidet med diskriminering i arbeidslivet er samarbeid med arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane avgjerande. Ombodet har eit kvinnepolitisk nettverk, som består av kvinnepolitiske leiarar frå dei politiske partia.

LDO har eit samarbeid med spanske styresmakter om kjønnslikestilling, finansiert av EØS sin finansieringsmekanisme (EEA/Norway Grants). Programmet dekkjer kvinners tilgang til arbeidsmarknaden og entreprenørskap, likelønn, kjønnsbalanse i leiarstillingar og styre, høve til å kombinere arbeid og familieliv, og arbeid mot vald mot kvinner.

Tilsyn med FN-konvensjonar

I 2014 arbeidde ombodet særleg med ein supplerande rapport til FNs rasediskrimineringskomité (CERD-komiteen). For å utarbeide ein så god rapport som mogleg heldt LDO konsultasjonsmøte med det sivile samfunnet for å få innspel til dei meste sentrale spørsmåla i rapporten. LDO har òg arbeidd særleg med hatytringar og hatkriminalitet, og lanserte våren 2015 ein rapport med ti konkrete tilrådingar til regjeringa.

I 2014 deltok LDO for første gong med innlegg i Menneskerettsrådet i Genève, som ledd i den førebuande sesjonen Menneskerettsrådet arrangerte før eksaminasjonen av Noreg sommaren 2014. Våren 2014 hadde LDO òg møte med ECRI-komiteen (European Commission against Racism and Intolerance) da komiteen besøkte Noreg i samband med ECRI-rapporten om Noreg som kom våren 2015.

Som ledd i tilsynsarbeidet spesielt etter CEDAW-konvensjonen, deltok LDO under den årlege CSW (Commission on the Status of Women) i New York. I 2014 leverte LDO ein supplerande mellomrapport til CEDAW-komiteen som ledd i syklusen som er fastsett av CEDAW-komiteen fram mot Noreg si hovudrapportering til komiteen, som skal skje i 2016.

LDO har i 2014 begynt arbeidet med den første supplerande rapporten til CRPD-komiteen.

Strategiar og tiltak for 2016

LDO vil halde fram arbeidet med å gi enkeltpersonar god rettleiing, og målet om at dei skal få hjelp før førespurnadene blir formelle klagesaker. LDO vil prioritere å ta tak i prinsipielle diskrimineringsspørsmål på eige initiativ.

Ombodet vil halde fram med å arbeide for at alle som har plikter etter lovverket, skal kjenne til desse og ha kunnskap om korleis dei kan leggje til rette for likestilling og motarbeide diskriminering i praksis. LDO vil gi rettleiing til verksemder, handheve diskrimineringsforboda i lovverket og vere ein pådrivar for likestilling og mangfald.

Tilsynet med FNs konvensjonar skal framleis vere uavhengig, tilgjengeleg og effektivt.

Post 50 Basisløyving

55,3 mill. kroner er flytta frå kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet, post 50 Basisløyving. Flyttinga endrar ikkje bruken av midlane.

Løyvinga skal dekkje lønn til dei tilsette og andre driftsutgifter. Departementet føreslår å redusere løyvinga til ombodet med om lag 1 mill. kroner nominelt samanlikna med 2015 for å finansiere tiltak på andre delar av BLDs ansvarsområde.

Departementet føreslår etter dette ei løyving på 53 mill. kroner i 2016.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Mål

Regjeringa sitt mål er ei foreldrepengeordning som gir foreldre valfridom og fleksibilitet til å velje den beste omsorgsløysinga for sitt barn. For 2016 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

3: Trygge rammer for familiane

3.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Foreldrepengeordninga er ein viktig del av familiepolitikken. For ei samla framstilling av politikkområdet, sjå innleiinga til programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Resultatrapport og strategiar

Delmål 3.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Eit tiltak for å nå målet om valfridom og fleksibilitet for familiane er at foreldra sjølv kan fordele ein større del av stønadsperioden for foreldrepengar slik dei ønskjer. Fellesperioden blei derfor auka med åtte veker frå 18 til 26 veker frå 1. juli 2014. Kvotane blei samstundes sett til ti veker for både mor og far.

Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i delmål 3.6 Ei foreldrepengeordning som bidreg til å fremme likestilt foreldreskap i Prop. 1 S (2013–2014) og delmål 3.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane i Prop. 1 S (2014–2015).

Resultatrapport 2014/2015

Uttak av foreldrepengar

Om ein ser på alle dagar med foreldrepengeutbetaling i 2014, blei 77 prosent av dagane tekne ut av mødrer og 23 prosent av fedrar. Til samanlikning tok fedrar ut 21,7 prosent i 2013 og 20,3 prosent i 2012. Fedrar som tok ut foreldrepengar i 2014 kan ha fått barnet i 2011, 2012, 2013 eller 2014, ettersom foreldrepengar kan utbetalast inntil barnet fyller tre år. Alle som tok ut fedrekvote i 2014 hadde rett til minst 10 veker. Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratat visar at det i første halvår 2015 er nokre fleire menn som tok ut 10 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten for barn født frå 1. juli 2014) samanlikna med uttaket i første halvår 2014. Ein vil likevel ikkje få full oversikt over korleis familiane har tatt ut foreldrepengar etter endringa i 2014 før etter 2-3 år.

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser òg at stadig fleire foreldre tek ut foreldrepengar i 49 veker med full sats framfor i 59 veker med redusert sats. For 2014 var delen med full sats 65,3 prosent og i første halvår 2015 var det heile 67 prosent. Det er ein stor auke frå berre 24 prosent i 2005.

Tabellen nedanfor viser òg at delen menn med gradert uttak av foreldrepengar har auka mykje dei siste åra. Sidan 2011 har det blitt om lag 4 000 fleire menn som velger å ta ut foreldrepengar i kombinasjon med arbeid. Det kan sjåast i samanheng med aukinga i lengden på fedrekvoten dei siste åra. I 2014 var det 14 800 menn som nytta moglegheiten for gradert uttak. Det tilsvarer 1 av 4 menn med foreldrepengar. Til samanlikning er det berre om lag 1 av 20 kvinner som velger gradert uttak.

Tabell 4.18 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2011–2014

2011

2012

2013

2014

Endring 2013/2014

Talet på fødslar

59 417

59 403

58 174

58 344

170

Talet på levandefødde barn

60 220

60 255

58 995

59 084

89

Talet på foreldrepengedagar ved fødsel og adopsjon

12 739 344

12 514 314

12 482 424

12 651 525

169 101

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

– Kvinner, prosent

82,2

79,7

78,3

77,0

-1,3

– Menn, prosent

17,8

20,3

21,7

23,0

1,3

Talet på kvinner som har motteke foreldrepengar ved fødsel

89 522

88 626

85 509

86 285

776

– av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

44 328

38 133

35 132

29 921

-5 211

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved fødsel

116

112

114

113

-1

Talet på menn som har motteke foreldrepengar ved fødsel

55 184

58 426

58 916

59 524

608

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved fødsel

41

43

46

49

3

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kr)

323 715

333 654

345 869

358 867

12 998

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kr)

378 538

383 820

395 232

407 591

12 359

Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

5 307

5 330

4 810

4 774

-36

Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

10 784

13 239

14 127

14 783

656

Talet på kvinner med svangerskapspengar

4 421

4 892

5 110

5 312

202

Talet på kvinner med minst éin dag foreldrepengar ved adopsjon

536

448

327

287

-40

– av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

297

234

156

101

-55

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved adopsjon

104

981

89

98

9

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved adopsjon

424

393

288

228

-60

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved adopsjon

41

46

53

51

-2

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved adopsjon (kr)

357 395

373 600

369 210

399 425

30 215

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved adopsjon (kr)

400 731

408 518

417 995

433 453

15 458

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 181

1 063

1 0921

1 178

86

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn utan rett til fedrekvote

83

80

80

80

0

Talet på kvinner med eingongsstønad ved fødsel

10 177

9 350

9 8271

10 559

732

Talet på menn med eingongsstønad ved fødsel

30

25

251

24

-1

Kjelde: SSB og Arbeids- og velferdsdirektoratet

Eingongsstønad

Kvinner utan rett til foreldrepengar får ein eingongsstønad ved fødsel og adopsjon. Eingongsstønaden blei auka med nær 3 500 kroner til 38 750 kroner frå 1. januar 2014. Frå 1. januar 2015 blei stønaden auka ytterlegare til 44 190 kroner. Stønaden har dermed blitt auka med 25 prosent sidan 2013. Det har over tid vore ein nedgong i talet på eingongsstønadsmottakarar, men både i 2013 og i 2014 har det vore ein auke. Ifølgje tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet var det 10 583 personar som mottok eingongsstønad i 2014. I første halvår 2015 har det blitt utbetalt eingongsstønad til 5 827 personar, om lag på nivå med same perioden året før.

Høyringssak om unntak frå kvotane i foreldrepengeordninga

Regjeringa sendte i juni 2014 på høyring ei sak om ei ny, utvida unntaksordning for kvotane i foreldrepengeordninga. I høyringsnotatet blei det føreslått å opne for at fleire grunnar gir rett til å overføre kvoten til den andre forelderen. På den måten kan foreldra saman utnytte heile foreldrepengeperioden, sjølv om den eine forelderen ikkje har moglegheit til å ta ut heile eller deler av sin kvote. Høyringsfristen var 15. oktober 2014. Dei fleste av høyringsinstansane var negative til forslaget, først og fremst på grunn av den føreslåtte kontrollmodellen for ordninga og frykt for at manglande kontroll ville undergrave fedrekvoten.

IKT-løysing for søknad om foreldrepengar

Arbeids- og velferdsetaten har endra IKT-løysing for søknad om foreldrepengar med verknad frå juni 2015. Den nye løysinga gjer det mogleg å søkje om foreldrepengar digitalt. Foreldre kan òg kommunisere med NAV i den nye nettløysinga, og få rettleiing og sjå status på saksbehandlinga. Den nye løysinga er ei forenkling for brukarane i påvente av ei fullt modernisert IKT-løysing for foreldrepengar. Den langsiktige løysinga er ein del av det store IKT-moderniseringsprosjektet i etaten.

Strategiar og tiltak for 2016

Foreldrepengar

Eingongsstønaden er føreslått prisomrekna frå 2015 til 2016, og aukar frå 44 190 til 45 295 kroner per barn. Det er elles ikkje føreslått endringar i regelverket for foreldrepengar frå 2015 til 2016.

Departementet vil sjå forslaget om ei tillitsbasert unntaksordning for kvotane i foreldrepengeordninga i samanheng med andre moglege endringar og forenklingar i regelverket. Tidsløpet for dette arbeidet vil bli samordna med IKT-moderniseringsprosjektet i NAV, kor ein mellom anna skal etablere ei ny elektronisk sjølvbetjeningsløysing for foreldrepengar. Departementet vil arbeide med sikte på å setje i verk alle endringane i regelverket samtidig med den nye sjølvbetjeningsløysinga. Departementet vil kome tilbake til konkretisering av tidspunkt for når det vil skje.

Utvikling av ei ny og moderne systemløysing for foreldrepengar og eingongsstønad vil etter planen vere ein sentral del i Prosjekt 2 i IKT-moderniseringsprogrammet i Arbeids- og velferdsetaten.

Planane for IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten er nærmare gjort greie for i Prop. 1 S (2014–2015) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Nærmare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

17 385 734

18 093 000

19 330 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

394 354

449 700

460 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

445 980

465 000

475 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

63 257

55 000

65 000

Sum kap. 2530

18 289 325

19 062 700

20 330 000

Mål

Stønadene under dette kapitlet skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Tildelingskriterium

Tildelingskriterium er omtalte under dei enkelte budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Oppfølging og kontroll

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. omtale av tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2016

Det er ikkje føreslått endringar i regelverket for foreldrepengar.

Satsen for eingongsstønad ved fødsel og adopsjon er føreslått auka til 45 295 kroner.

Utgiftsanslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå. Den forventa auken i løyvinga til foreldrepengar frå 2015 til 2016 kjem i all hovudsak av at ein ventar auke i foreldra sitt oppteningsgrunnlag og dermed auke i utbetalinga per familie.

Departementet føreslår ei løyving på 20 330 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-4 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønt utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir oppteningsrett til foreldrepengar. Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 59 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Val av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.

Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2015 utgjer grunnbeløpet 90 068 kroner. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 49 veker, kan det maksimalt betalast ut 509 231 kroner per stønadstilfelle.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 10 veker øyremerkte til seg (mødrekvoten og fedrekvoten). Mor må starte sin permisjon seinast tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkte til kvar av foreldra, kan foreldra dele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. Fellesdelen i stønadsperioden er på 26/36 veker avhengig av valt dekningsgrad.

Når berre far har rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 40/50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. Når mor har uførepensjon, kan far ta ut inntil 10 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til mors aktivitet, jf. folketrygdlova § 14-14.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ei skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden når den som tek imot foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer også svangerskapspengar som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketryglova § 14-17. Stønaden er i 2015 på 44 190 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn. Departementet føreslår å prisomrekne stønaden, slik at han i 2016 vil vere på 45 295 kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei første 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 46 veker, kan det maksimalt utbetalast 478 053 kroner per stønadstilfelle. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 10 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten).

Sjå elles omtalen under post 70.

Fotnotar

1.

Inkludert i dette talet er eit eige krisesenter for menn på Sunnmøre.

Til toppen
Til forsida av dokumentet