Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3024–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Oversyn

1.1 Område

I denne proposisjonen kjem departementet med framlegg om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar, programområde 23 Finansadministrasjon, medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortinget sine eigne institusjonar. Av praktiske grunnar vert desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementet sin proposisjon, og beløpa er tekne med i oversyn over løyvingar på Finansdepartementet sitt område. Framlegg under programkategori 00.40 er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

1.2 Hovudoppgåver og organisering

Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å

  • medverke til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet

  • sikre finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter

  • samordne arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten

  • forvalte statleg formue og gjeld

  • medverke til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd

  • medverke til velfungerande finansmarknader

Politikken på dei ovannemnde områda er omtalt i Meld. St. 1 (2015–2016) Nasjonalbudsjettet 2016, Prop. 1 S (2015–2016) Statsbudsjettet for budsjettåret 2016 og Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016. Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.

Nedanfor er eit oversyn over verksemder på Finansdepartementet sitt område.

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementet sitt område i 2016

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementet sitt område i 2016

1 Ansvarstilhøvet mellom Noregs Bank og statsmaktene i m.a. budsjettsaker og administrative saker er regulert ved lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv.

2 Fondet er særskilt rettssubjekt, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet.

3 Verksemd med eige styre.

1.3 Oversyn over budsjettframlegget for Finansdepartementet

1.3.1 Samla utgifter og inntekter

Programområde under departementet

(i 1 000 kr)

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

2 131 750

2 319 171

2 670 500

15,1

Programområde 23 Finansadministrasjon

29 518 457

36 050 973

37 201 300

3,2

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

28 354 249

74 351 367

10 760 900

-85,5

Sum utgifter

60 004 456

112 721 511

50 632 700

-55,1

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

166 899

25 800

24 600

-4,7

Programområde 23 Finansadministrasjon

105 746 234

2 705 036

2 771 200

2,4

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

2 702 555

13 558 600

17 009 600

25,5

Sum inntekter

108 615 688

16 289 436

19 805 400

21,6

Utgifter

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar regjeringa og Stortinget med underliggjande institusjonar. Framlegg til løyving for 2016 under dette programområdet utgjer 2 670,5 mill. kroner. Av auken på 351,3 mill. kroner frå saldert budsjett 2014 gjeld 337,8 mill. kroner kap. 41 Stortinget. Auken gjeld særleg utgifter til rehabilitering av Stortingets eigedom Prinsens gate 26.

Framlegget under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

Programområde 23 Finansadministrasjon

Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla framlegget til løyving for 2016 under dette programområdet utgjer 37 201,3 mill. kroner. Det er ein auke på 1 150,3, mill. kroner frå saldert budsjett 2015. Av auken gjeld 422,5 mill. kroner Skatteetatens overtaking av skatteoppkrevjinga frå kommunane, 350 mill. kroner meir til nettoordnng for statleg betalt meirverdivgift og 220 mill. kroner auka meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren.

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 10 740,9 mill. kroner. Hovudgrunnen til ein reduksjon her på 63 590,5 mill. kroner frå saldert budsjett 2015 er at eit stort obligasjonslån har forfall i 2015, medan det for 2016 ikkje er rekna med nokon avdrag.

Inntekter

Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 19 805,4 mill. kroner. Av det er 17 009,3 mill. kroner utbyte og renteinntekter, m.a. 14 800 mill. kroner i overføring frå overføringsfondet i Noregs Bank. Statens renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank og andre krav i 2016 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og andre fordringar. Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016.

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-23

Driftsutgifter

10 767 010

15 634 311

16 623 800

6,3

30-49

Nybygg, anlegg m.m.

445 747

526 600

815 400

54,8

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

20 000

20 000

0,0

60-69

Overføringar til kommunar

18 505 442

20 200 000

20 350 000

0,7

70-89

Overføringar til private

13 080 257

14 921 600

12 823 500

-14,1

90-99

Utlån, avdrag m.m.

17 206 000

61 419 000

-100,0

Sum under departementet

60 004 456

112 721 511

50 632 700

-55,1

1.4 Krav om produktivitetsvekst

Regjeringa vil byggje sin politikk på ein effektiv bruk av dei ressursane som er i fellesskapet. Også i offentleg forvaltning er det eit potensial for effektivisering. Regjeringa har som føresetnad at alle statlege verksemder kvart år gjennomfører tiltak for å auke produktiviteten. For å gje insentiv til meir effektiv statleg drift og med dette skape rom for andre prioriteringar, har regjeringa difor sett i gang ein avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Delar av gevinstane frå mindre byråkrati og meir effektiv pengebruk trekk ein inn for å kunne nytte til andre føremål. Denne innhentinga vert sette til 0,5 pst. av driftsutgiftene i verksemdene. Sidan dette kravet kjem kvart år, får verksemdene høve til å planleggje og gjennomføre naudsynte effektiviseringstiltak. For å gjere ordninga føreseieleg, er berekningsgrunnlaget saldert budsjett året før. For budsjettkapitla under Finansdepartementet, eksklusive kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift, utgjer innsparinga for 2016 om lag 41,2 mill. kroner.

2 Nokre viktige oppgåver i 2016

Nedanfor er det gjort greie for nokre av dei viktige oppgåvene Finansdepartementet i 2016 skal utføre i tillegg til å samordne den økonomiske politikken.

2.1 Statens pensjonsfond

Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gjeve Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tek hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet. Her er det gjort greie for referanseindeksar og rammer for forvaltinga, og ein finn føresegner om risikostyring, rapportering og ansvarleg investeringspraksis. Mandata er prinsippbaserte, og dei føreset at Noregs Bank og Folketrygdfondet fastset meir detaljerte interne reglar.

Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 7 093 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2015. Av dette var 6 897 mrd. kroner i SPU og 196 mrd. kroner i SPN. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve.

Målet med investeringane i Statens pensjonsfond er høgast mogleg avkasting innafor moderat risiko. Fondet skal vere ein ansvarleg investor innafor den overordna finansielle målsettinga.

Finansdepartementet fastset investeringsstrategien for fondet og følgjer opp forvaltinga.

Arbeidet med Statens pensjonsfond er nærare omtalt i Meld. St. 21 (2014–2015) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2014 og i Meld. St. 1 (2015–2016) Nasjonalbudsjettet 2016.

2.2 Skatte- og avgiftsforvaltninga

2.2.1 Bakgrunn

Dagens organisering av skatte- og avgiftsadministrasjonen er eit resultat av ei lang utvikling. Oppgåvefordelinga mellom etatane har ikkje i tilstrekkeleg grad vore sett i samanheng. Dette har ført til ei lite tenlig oppsplitting av arbeidsoppgåver som mellom anna hindrar fagleg samordning og heller ikkje fremjar rettstryggleik og effektivitet i saksbehandlinga. Lite einsarta oppgåver trekkjer merksemd og ressursar bort frå kjerneoppgåvene som ingen andre etatar kan eller skal utføre. Det har vorte gjennomført fleire utgreiingar som har vist at betre samordning av dette området vil kunne frigjere ressursar, forbetre arbeidsprosessar og redusere kostnadane ved IKT-utvikling.

I statsbudsjettet for 2015 la regjeringa fram fleire forslag for å betre skatte- og avgiftsforvaltninga. Eit av tiltaka, å innlemme Statens innkrevjingssentral (SI) i Skatteetaten, vart gjennomført 1. januar 2015. Ved behandlinga av Prop. 120 LS (2014–2015) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, vedtok Stortinget å overføre ansvaret for særavgifter for registrerte særavgiftspliktige verksemder og motorvognavgiftene frå Toll- og avgiftsetaten til Skatteetaten. Fyrstnemnde skal frå 1. januar 2016 heite Tolletaten, og dette namnet og direktoratsnamnet Tolldirektoratet vert nytta i fortsettinga. Som ei naturleg følgje av nemnde overføring er det i Prop. 1 LS (2015–2016) lagt fram forslag om å overføre også ansvaret for særavgifter for ikkje-registrerte og for meirverdiavgift ved innførsel. Det vert samstundes lagt fram forslag til ei ny ordning for meirverdiavgift ved innførsel, der avgifta ikkje lenger vert kravt inn ved grensa. I samband med behandlinga av overføring av skatteoppkrevjinga til Skatteetaten bad Stortinget regjeringa om å belyse ein del forhold betre. Regjeringa fremjar no forslag om overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen frå kommunane til Skatteetaten frå 1. juni 2016.

Skatteetaten har som oppgåve å fastsetje og kontrollere skattar og å fastsetje, krevje inn og kontrollere innanlands meirverdiavgift. Frå 1. januar 2015 har Skatteetaten òg ansvaret for å handtere krav på vegne av 35 statlege oppdragsgjevarar. Frå 1. januar 2016 vert oppgåvene fastsetjing og innkrevjing av særavgifter og innførselsmeirverdiavgift overført frå Tolletaten til Skatteetaten. Då vil Skatteetaten ha eit meir heilskapleg ansvar for skattar og avgifter. I 2016 vil Skatteetaten ha om lag 7 300 årsverk. Dette inkluderer om lag 350 årsverk frå Tolletaten og om lag 950 årsverk frå dei kommunale skatteoppkrevjarane. Dei kommunale skatteoppkrevjarane har i dag ansvar for å krevje inn skattane, føre skatterekneskapen og gjennomføre arbeidsgjevarkontroll, og dei nyttar om lag 1 400 årsverk til desse oppgåvene.

Erfaringane frå tidlegare reorganiseringar av Skatteetaten og vellukka utvikling av IKT-systema i etaten, har vist at større fagmiljø og auka spesialisering gjev meir effektiv ressursbruk i etaten. Samanlikna med tidlegare, utfører Skatteetaten i dag fleire oppgåver med færre tilsette, har betre resultat, og det har vorte enklare for skattytarane. Dette syner at tiltaka som er gjennomførte i Skatteetaten dei seinare åra, har hatt effekt. Teknologien og det at Skatteetaten har landsdekkjande vedtaksmyndigheit gjer saksbehandlinga uavhengig av stad. Dette legg til rette for sterke kompetansemiljø også utanom dei største byane. Skatteetaten har allereie positive røynsler med ei slik organisering, mellom anna gjennom at dei fleste sjølvmeldingar frå Oslo vert behandla i Skatt nord. Dette er nyttige røynsler å ta med i utviklinga av skatte- og avgiftsforvaltninga.

Utviklinga dei seinare åra peiker ut fleire kriterium og føringar som er viktige i vurderinga av ei ny organisering av skatte- og avgiftsforvaltninga. Dei er mellom anna:

  • rettstryggleik – betre kvalitet i oppgåveløysinga, medrekna auka likebehandling

  • så enkle løysingar som råd er, for innbyggjarar og næringsliv

  • betre kompetansemiljø gjennom større einingar

  • stadsuavhengig organisering der det er mogleg – auka spesialisering

  • best mogleg samordning av innkrevjinga av skatte- og avgiftskrav

  • meir samordna arbeid mot økonomisk kriminalitet, mellom anna i kontrollarbeidet

  • best mogleg utnytting av ressursane, også på IKT-området

2.2.2 Organisatoriske endringar og tiltak

Det vert no gjennomført ei rekkje endringar i dei etatane som handterer skatt, avgift, toll og innkrevjing, og i oppgåvefordelinga mellom dei. Hovudmåla i arbeidet med ei betre skatte- og avgiftsforvaltning er:

  • styrking av arbeidet mot svart økonomi

  • betre grensekontroll

  • forenkling for innbyggjarar og næringsliv

  • redusert ressursbruk

Figur 2.1 Skatte- og avgiftsforvaltninga – ny organisering

Figur 2.1 Skatte- og avgiftsforvaltninga – ny organisering

Endringane inneber ei reindyrking av oppgåvene til både Skatteetaten og Tolletaten.

Toll- og avgiftsetaten skal frå 1. januar 2016 heite Tolletaten. Etaten skal reindyrkast som grenseetat og styrkjast for å utnytte den strategiske posisjonen han har på grensa til å drive effektiv grensekontroll og vareførselsadministrasjon.

Skatteetaten vil med desse tiltaka få heilskap i sitt ansvar for skattar og avgifter. Etaten vil i den nye organiseringa få det samla ansvaret for at rett skatt og avgift vert fastsett, innkravd og kontrollert, gjennom å overta ansvaret for fastsetjing og innkrevjing av særavgifter og innførselsmeirverdiavgift frå Tolletaten, overta ansvaret for dokumentavgifta frå Kartverket, overta ansvaret for skatteinnkrevjinga frå dei kommunale skatteoppkrevjarane og gjennom at Statens innkrevjingssentral har vorte lagt inn i Skatteetaten.

Ved å reindyrke fagområda og samle ansvaret og kompetansen på skatt og avgift i sterke einingar, skal det utviklast ei meir kompetent skatte- og avgiftsforvaltning. Oppgåvene skal løysast meir heilskapleg, betre og meir effektivt og samtidig gje meir eins behandling og rettstryggleik. Skattytarane vil med dette få berre ein etat å ha kontakt med i skatte- og avgiftssaker.

Vidare er det eit klårt behov for ei større IKT-samordning på området. Betre og meir utveksling av informasjon kan gje meir heilskap i forvaltninga av skatt og avgift og redusere kostnadene til drift og utvikling av system. Skatteetaten skal i perioden 2015–2018 utvikle eit nytt system for særavgifter (SAFIR). SAFIR skal handtere forvaltninga av særavgiftene, som vert overført frå Tolletaten til Skatteetaten frå 1. januar 2016.

Skatteetaten har greidd ut to alternative løysingar for reskontro i SAFIR: Å bruke Statens innkrevjingssentrals eksisterande løysing eller å utvikle ei ny. Utgreiinga viste at begge løysingane er mogleg å realisere og vil dekkje dei funksjonelle krava. Etaten har valt å gå vidare med den eksisterande løysinga til SI som vert nytta til både reskontro, rekneskap og inndriving. Dette viser at Skatteetaten allereie har begynt å hauste viktige synergiar av innlemminga av SI i etaten.

Behovet for modernisering av Tolletatens andre IT-system har ikkje direkte noko med avgiftsforvaltninga å gjere og er heller ikkje nokon føresetnad for overføring av oppgåver frå Tolletaten til Skatteetaten. Ev. investeringar for å løyse desse behova er difor heller ikkje naudsynt for innføringa av SAFIR eller for at særavgiftene kan flyttast til Skatteetaten. Ei ev. utvikling her må vurderast på lik line med alle andre utviklingsoppgåver i Tolletaten. Vidare utvikling av IT-funksjonalitet i Tolletaten må òg sjåast i lys av utviklinga elles i etaten, mellom anna oppfølginga av rapporten om styrkt grensekontroll og etaten si endra oppgåveportefølje. Tolletaten og Skatteetaten kjem til å samarbeide svært tett framover, og det vert no utreda i kva for utstrekning Tolletatens behov for kunderegister og kontrollsystem kan løysast betre i Skatteetatens system.

Særavgiftsforvaltning

Provenyet frå særavgiftene utgjer om lag 97 mrd. kroner. Av dette kjem om lag 31 mrd. kroner frå motorvognavgiftene. Avgiftene kan administrativt grovt grupperast i følgjande fire hovudkategoriar etter korleis dei er bygde opp, og kva som skapar avgiftsplikt: 1) vareavgifter der avgiftsplikta i utgangspunktet oppstår ved innførsel og innanlandsk produksjon, som til dømes avgift på alkohol, tobakk, sukker, sjokolade og bensin, 2) utskrivningsavgifter til eigarar av køyretøy, som til dømes årsavgift og vektårsavgift, 3) registreringsavgifter som til dømes eingongsavgift, omregistreringsavgift og dokumentavgift, 4) utsleppsavgifter, som avgift på sluttbehandling av avfall og avgifta på utslepp av NOX. Særavgiftsforvaltninga omfattar fastsetjing, innkrevjing, kontroll, klagebehandling, regelverksutvikling og drift av IT-løysingar. Tolletaten vil framleis innhente informasjon om varer som vert innførte, inkludert særavgiftspliktige varer, og ha ansvaret for grensekontrollen.

Overføring av særavgiftsforvaltninga til Skatteetaten er ein naudsynt og naturleg del av å gje denne etaten eit heilskapleg ansvar for alle skattetypar. Overføringa vil bidra til ei meir eins forvaltning av alle skatte- og avgiftstypar i ein etat. Tiltaket skal etter kvart gjere det enklare for næringsdrivande, mellom anna ved samordning av rapportering, innbetaling og kontroll.

Uavhengig av overføringa må det utviklast nye IT-løysingar for handtering av særavgifter, jf. omtale over. Systemstøtta til dagens teknologiske plattform i Tolletaten vil ta slutt ved utgangen av 2018. Å flytte oppgåva og systema til Skatteetaten vil gjere utviklinga av ny IT-løysing billigare, sidan eit nytt særavgiftssystem vil ha om lag dei same grunnelementane som dei skatte- og avgiftssystema Skatteetaten allereie forvaltar. Sjå særskild omtale under kap. 1618 Skatteetaten.

Meirverdiavgift ved innførsel

I dag vert meirverdiavgift betalt til Tolletaten ved innførsel av alle varer. Dette gjeld både næringsdrivande og privatpersonar. Meirverdiavgiftspliktige næringsdrivande kan frådragsføre avgifta i si omsetningsoppgåve til Skatteetaten, dersom varen er til bruk i avgiftspliktig verksemd. Meirverdiavgift ved innanlands omsetnad vert allereie i dag administrert av Skatteetaten, og ved å overføre ansvaret for meirverdiavgift ved innførsel til Skatteetaten vil han få ansvaret for heile meirverdiavgiftsforvaltninga.

Skattedirektoratet og Tolldirektoratet har saman greia ut korleis overføringa av meirverdiavgift ved innførsel kan gjennomførast. Finansdepartementet har hatt på høyring eit forslag til ny ordning for meirverdiavgift ved innførsel. Det er foreslått at næringsdrivande som er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og som innfører varer, skal gje opp og berekne meirverdiavgifta i den innanlandske omsetningsoppgåva i staden for til Tolletaten. For dei som ikkje er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret vil det i praksis ikkje verte vesentlege endringar. Departementet har gått gjennom høyringsinnspela, og forslag til ny ordning vert fremja i Prop. 1 LS (2015–2016).

Som følgje av behov for tid til tilpassingar av IT-system skal overføringa gjelde frå 1. januar 2017.

Frå årsavgift til avgift på trafikkforsikringar

Finansdepartementet har sett i gang eit arbeid med sikte på å erstatte årsavgifta med ei avgift som vert pålagt forsikringsselskapa ved sal av obligatoriske ansvarsforsikringar på køyretøy. Ei slik endring vil gje mange fordelar, mellom anna større fleksibilitet for bileigarane, til dømes ved kjøp av ny bil, eigarskifte, avregistrering og liknande, og ved at bileigaren vert belasta for avgifta berre for den tida køyretøyet er forsikra. Samstundes vil endringa gje meir effektiv ressursbruk. Den nye avgifta vil ha same struktur og nivå som dagens årsavgift, og den økonomiske belastninga på bileigarane vil verte om lag som i dag. Finansdepartementet hadde saka på høyring våren 2015. Basert på ein førebels gjennomgang av høyringsfråsegna legg Finansdepartementet opp til at innfasinga av den nye ordninga fyrst vil starte frå 1. januar 2017, slik at 2018 vert fyrste år der det ikkje skal betalast årsavgift. Grunnen er at forsikringsselskapa treng tid til å gjere tilpassingar i sine IT-system. Det vidare arbeidet med utforminga av ordninga vil skje i tett samarbeid med forsikringsbransjen. Det same gjeld informasjon til bileigarane, slik at dei skal være godt budd på den nye ordninga.

Finansdepartementet skal samtidig vurdere moglegheitene for etablering av ein TFF-ordning i Noreg. Dette er ei særskilt ordning for innkrevjing av trafikkforsikringspremie og trafikkforsikringsavgift for påregistrerte køyretøy utan forsikring. Omlegginga til trafikkforsikringsavgift er ikkje avhengig av ei TFF-ordning på anna måte enn at den vil gi auka inntekter frå avgifta. Vidare vil ei TFF-ordning truleg redusere talet på uforsikra køyretøy på vegane, noko som i seg sjølv er positivt. Høyringsinstansane er svært positive til eit slikt tiltak.

Styrking av grensekontrollen

Grensekontrollen til Tolletaten er viktig for å tryggje samfunnet. Etaten skal effektivt kontrollere gods, reisande og transportmiddel. I tillegg utfører etaten oppgåver på vegner av meir enn 20 andre etatar. Vareførselskontrollen omfattar legale varer, varer det er restriksjonar på å innføre som kjemikaliar og legemiddel, og illegale varer som narkotika. Etaten skal òg motverke import av piratkopierte varer. Dette vernar forbrukarane og gjev større produkttryggleik og jamnare konkurransevilkår i næringslivet, og er såleis eit viktig tilskot i kampen mot svart økonomi. Etaten oppdagar òg personar som vert mistenkt for å reise inn eller ut av landet i strid med utlendingslova.

Grensetrafikken har dei seinare åra auka monaleg. Stadig meir av den alvorlege smuglinga skjer i regi av kriminelle nettverk. Ein må difor vurdere tiltak som kan styrkje Tolletatens grensekontroll. Kontrolloppgåvene til etaten har auka i omfang og i kompleksitet. Det har vorte vanlegare med smugling inni kroppen, og kamufleringa av narkotiske stoff har vorte meir sofistikert. Smuglarar bruker òg avanserte kontraspaningstiltak for å unngå Tolletatens kontrollar. Ein aukande bruk av Internett for omsetjing og import av illegale varar, som til dømes syntetiske narkotiske stoff, er med på å gjere grensekontrollen meir innfløkt enn før.

Eit av hovudmåla med flyttinga av oppgåver frå Tolletaten til Skatteetaten er å leggje til rette for ein betre grensekontroll. Med overføring av forvaltinga av særavgift og meirverdiavgift ved innførsel til Skatteetaten kan Tolletaten reindyrkast som grenseetat. Ei mindre og meir eins oppgåveportefølje vil gje etaten moglegheit for auka merksemd mot grenseoppgåvene.

Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2016 at Tolletatens grensekontroll skal styrkjast gjennom tre satsingsområde: elektronisk nærvær ved alle landevegs grenseovergangar, auka bemanning, inkludert døgnbemanning på dei største landevegs grenseovergangane, og betre etterretnings- og analysekapasitet. Forslaget inneber at bemanninga i grensekontrollen vert auka med om lag 120 årsverk. For 2016 føreslår departementet å løyve 91,5 mill. kroner til styrking av Tolletatens grensekontroll. Forslaget betyr at etaten får fleire tollarar på grensa, betre utstyr og fleire verkemiddel. Forslaget er ein del av oppfølginga av rapporten om styrking av grensekontrollen som Tolldirektoratet leverte i november 2014. Arbeidet med oppfølginga av denne rapporten vil halde fram i 2016. Som ei første oppfølging av Tolldirektoratets tilrådingar har regjeringa allereie gjeve etaten høve til permanent og landsdekkjande bruk av utrykningsstatus og blålys i grensekontrollen, jf. omtale i Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015.

Dokumentavgift

Det faglege ansvaret for dokumentavgifta og all saksbehandling vert overført frå Tolldirektoratet til Skatteetaten frå 1. januar 2016. Finansdepartementets kompetanse til å behandle klagesaker som gjeld dispensasjonar og tilleggsavgift, vil samstundes verte delegert til Skatteetaten. Finansdepartementet vil i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurdere nærare ei mogleg overføring av Kartverkets oppgåver som gjeld dokumentavgifta til Skatteetaten. Sjå nærare omtale i Prop. 120 LS (2014–2015), s. 46.

Flytting av skatteoppkrevjinga

Ansvaret for skatteoppkrevjinga er i dag delt mellom Skatteetaten, som har det faglege ansvaret, og kommunane, som har det administrative ansvaret. Ein god del kommunar har skipa interkommunale einingar, og det er i dag 275 kommunale skatteoppkrevjarkontor som nyttar om lag 1 400 årsverk på skatteoppkrevjarfunksjonen. I tillegg til skatteinnkrevjing driv kontora arbeidsgjevarkontroll og fører skatterekneskapen. Skatteoppkrevjing vert brukt som ei sams nemning om dei samla oppgåvene som ligg til skatteoppkrevjarfunksjonen. Skatteetaten på si side nyttar om lag 70 årsverk til å følgje opp skatteoppkrevjarane.

Dagens organisering av skatteoppkrevjinga er ikkje føremålstenleg, korkje når det gjeld fag, styring eller ressurshandtering. Spørsmålet om å flytte skatteoppkrevjinga til Skatteetaten er utgreidd fleire gonger, seinast i 2004 (NOU 2004: 12 Bedre skatteoppkreving ) og i 2007 (NOU 2007: 12 Offentlig innkreving). Fleirtalet i desse utvala tilrådde overføring av oppgåva. Skatteoppkrevjarfunksjonen er i dag ved lov lagt til kommunane. Denne organiseringa er historisk og ikkje fagleg underbygd i dag. Skatteoppkrevjing er ikkje ei naturleg kommunal oppgåve der lokalpolitiske forhold har innverknad, men ei regelstyrt oppgåve som vert utført på vegner av skattekreditorane staten, fylkeskommunen og kommunane. Desse oppgåvene er i liten grad prega av skjøn, og behovet for nærleik til publikum er difor lite. I behandlinga av Prop. 95 S (2013–2014) slutta Stortinget seg til at eit av kriteria for vurderinga av oppgåvefordelinga mellom stat og kommune er at «oppgaver som ikke skal la seg påvirke av lokalpolitiske oppfatninger og lokalpolitiske forhold, og som derfor er kjennetegnet av standardisering, regelorientering og kontroll, bør i utgangspunktet være et statlig ansvar».

I dag har skatteoppkrevjinga mange svært små einingar. Fleire fagmiljø er kritisk små, og over 60 pst. av kontora nyttar to eller færre årsverk. Regjeringa vil overføre dei kommunale skatteoppkrevjaranes oppgåver til Skatteetaten. Oppgåvene som skatteoppkrevjarkontora gjer for kommunane, medrekna innkrevjing og rekneskapsføring av kommunale krav og kommunal inkasso, skal ikkje flyttast.

Tiltaket vil gje større og betre fagmiljø, auka grad av likebehandling av skattytarar og betre rettstryggleik. For dei skatte- og avgiftspliktige vil tiltaket gje ei forenkling i og med at dei no berre treng å ha kontakt med ein etat med hele ansvaret for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.

Overføringa inneber at Skatteetaten må styrkast med om lag 950 årsverk. Til saman skal Skatteetaten nytte 1 015 årsverk på skatteoppkrevjinga. Inkludert i desse tala er ei styrking av arbeidsgjevarkontrollen med 50 årsverk samanlikna med ressursbruken i kommunane i dag. Som følgje av overføringa må budsjettet til Skatteetaten styrkast med 422,5 mill. kroner i 2016. Ramma til kommunane vert redusert med til saman 630 mill. kroner. Gevinsten av overføringa i 2016 vert då 207,5 mill. kroner. Med heilårsverknad vert gevinsten 356 mill. kroner årleg.

I Prop. 120 LS (2014–2015) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga vart det foreslått å overføre skatteoppkrevjarfunksjonen frå kommunane til Skatteetaten frå 1. januar 2016. Ved Stortingets behandling av forslaget vart det ikkje fleirtall for overføring per 1. januar. Komitefleirtalet bad regjeringa om å belyse enkelte forhold betre.

Spørsmålet om verksemdsoverføring har vore særleg viktig for kommunane og fagforeiningane. Finansdepartementet har etter ei konkret vurdering kome til at det vil vere riktig å tilby at oppgåveoverføringa vert handtert etter arbeidsmiljølovens reglar om verksemdsoverføring for alle kommunar. Då vil alle medarbeidarar som saka angår, verte behandla likt i så måte.

Ved Stortingets behandling av forslaget viste komitemindretalet i si merknad til at sentraliseringseffekten vert forsterka når det både vert foreslått endra kontorstruktur i Skatteetaten og overføring av skatteoppkrevjing frå kommunane. Regjeringa vil ikkje gjennomføre ein omfattande reduksjon i talet på kontoreiningar parallelt med at skatteoppkrevjarfunksjonen vert overført – sjå nærare omtale nedanfor.

Sjå Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016 for ei grundigare omtale av regjeringas vurderingar og framlegg. Det vert lagt opp til ei overføring frå 1. juni 2016.

Ny kontorstruktur i Skatteetaten

I Prop. 1 S (2014–2015) vart det varsla ein gjennomgang av kontorstrukturen i Skatteetaten. Meininga med gjennomgangen var å leggje til rette for at etaten kan løyse oppgåvene sine på ein betre og meir effektiv måte. Overføringa av skatteoppkrevjarfunksjonen frå kommunane vil gje ei endring i oppgåveportefølja. Skatteetaten har allereie ansvaret for fagleg styring og oppfølging av skatteoppkrevjinga. Overføringa er difor ein av dei sentrale premissa for vurderingane av korleis kontorstrukturen i etaten bør vere i framtida, jf. òg omtale av finanskomiteens merknad om sentraliseringseffektar over. Regjeringa vil ikkje gjennomføre ein omfattande reduksjon i talet på kontoreiningar parallelt med at skatteoppkrevjarfunksjonen vert overført.

2.3 Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet

På finansmarknadsområdet har det gjennom mange år vore arbeidd mykje med å utvikle og tilpasse rammevilkåra for finansnæringa gjennom føremålstenlege lover og forskrifter. Regelverket skal medverke til at finansmarknadane og finansinstitusjonane er effektive. Samtidig skal det fremje tryggleik, soliditet og stabilitet i finansmarknaden. Det er lagt stor vekt på at den samla reguleringa skjer på ein konsistent måte for dei ulike typar finansinstitusjonar, med lik regulering av lik type risiko, uavhengig av kva slags finansinstitusjon som tek risikoen. Kundane sine interesser skal òg takast vare på når ein fastset reglar. Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet speglar i stor mon arbeidet med nye reglar i EU/EØS, i tillegg til enkelte nasjonalt initierte prosessar. Rapportering av gjennomførte regelverksoppgåver og gjennomgang av prioriterte regelverksoppgåver er omtalte i del II av proposisjonen under kap. 1600 Finansdepartementet.

Arbeidet med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra for finanssektoren. Ein omtale av dette området og av stoda i dei internasjonale finansmarknadene er gjeven i Meld. St. 1 (2015–2016) Nasjonalbudsjettet 2016 og i den årlege finansmarknadsmeldinga som har meir utførleg informasjon om utviklinga i finansmarknadene, utsiktene for finansiell stabilitet og omtale av finansmarknadsreguleringa. Meld. St. 22 (2014–2015) Finansmarknadsmeldinga 2014 vart framlagd i april 2015 og drøfta då Stortinget behandla Innst. 292 S (2014–2015). Som følgje av den internasjonale finanskrisa i 2008–2009 er det sett i gang omfattande internasjonale prosessar for å få på plass nye og betre reguleringar av finansmarknadene, jf. arbeidet til G 20, Baselkomiteen og EU. Mellom anna har EU i ei årrekkje arbeidd med nye og meir risikokjenslege soliditetskrav for forsikringsføretak. Reglar er tekne inn i det såkalla Solvens II-direktivet. Solvens II skal tre i kraft 1. januar 2016 i EU. Krava er gjennomførte i Noreg med den nye finansføretakslova og vil tre i kraft 1. januar 2016.

3 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Etatane under Finansdepartementet har omfattande kontakt med næringsliv, organisasjonar og publikum. Nokre av dei forvaltar kompliserte og omfattande regelverk. Alle vert dei møtte med store forventningar til service, enkelheit, tilgjengelegheit og informasjon. Enklare og ofte IT-baserte prosedyrar, samordning og automatisering kjem mange slike forventningar i møte. Dette er nokre av tiltaka på Finansdepartementets område som er eller vil verte gjennomførte:

  • I januar 2015 vart det innført ei ny sams ordning for rapportering av tilsetjings- og inntektshøve m.m. frå arbeidsgjevarar til Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og Statistisk sentralbyrå, den såkalla a-ordninga. Ordninga forenklar rapporteringa til det offentlege og bidreg til eit oppdatert, sams grunnlag for skatt, ytingar og statistikk.

  • I 2016 held Skatteetaten og Tolletaten fram med å følgje opp dei vedtatte endringane i oppgåvefordelinga mellom dei, jf. omtale i kap. 2.2 foran. Hovudmåla for arbeidet med ei betre skatte- og avgiftsforvaltning er: Styrkjing av arbeidet mot svart økonomi, betre grensekontroll, forenkling for innbyggjarar og næringsliv, auka rettstryggleik og redusert ressursbruk.

  • Ei korrekt oppføring i Folkeregisteret er ein viktig føresetnad for dei rettane og pliktane den einskilde borgar har i samfunnet. I 2016 skal Skatteetaten starte moderniseringa av folkeregisteret. Moderniseringa er eit viktig tiltak for mellom anna auka digitalisering av offentleg sektor, betre personvern og meir påliteleg identitetsforvaltning.

  • Ei ny forenkla sjølvmelding for næringsdrivande med enkle skatteforhold vert utvikla for lansering i 2016. Ein tredel av alle næringsdrivande kan nytte den forenkla meldinga og vil truleg få monaleg lågare administrative kostnader.

  • Tolletaten er i gang med tre ulike prosjekt for å effektivisere prosessane for vareførsel. Forventa resultat er m.a. raskare grensepasseringar og endå meir målretta kontrollar.

  • Finanstilsynet arbeider med å auke bruken av Altinn i samband med søknadshandsaming og rapportering.

  • Finanstilsynet og Finansdepartementet arbeider saman om å forenkle ymse regelverk slik at rapporteringsprosessar kan verte meir automatiserte.

  • Statistisk sentralbyrå (SSB) prioriterer arbeid som gjev meir effektiv drift av verksemda og betre statistikk. Talet på årsverk vart redusert med 22 frå 2013 til 2014, etter nedgang òg dei føregåande tre åra, utan at det har redusert den samla produksjonen.

  • SSB vil også i 2016 arbeide med å etablere nye datafangstløysingar i Altinn. Elektronisk samhandling gjennom nye rapporteringsløysingar, elektronisk meldingsteneste og meir effektive utval er viktige verkemiddel for å halde oppgåvebøra for næringslivet låg, samstundes som ein kan oppretthalde høg kvalitet i dei data som kjem inn frå oppgåvegjevarane.

  • Direktoratet for økonomistyring (DFØ) tilbyr økonomitenester på friviljug basis til verksemder i statsforvaltinga. Med verknad frå 2016 vil DFØ ha redusert antallet kontorstader frå åtte til tre. Dette gjer det mogleg å hente ut ein varig effektiviseringsgevinst for staten på 20 mill. kroner. Parallelt med denne omstillinga tilbyr DFØ betre tenester enn før. Til dømes vil DFØ i 2016 tilby kundane registrering av arbeidstid, reiserekningar og refusjonskrav på mobile plattformer. DFØ vil òg vidareutvikle rapportar frå statsrekneskapen og løns- og rekneskapssystema som vil gje leiinga betre oversyn og kontroll med ressursbruken. Det er allereie utvikla ei digital løysing for å følgje opp sjukefråvær.

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Finansdepartementet arbeider i fellesskap med å revidere krava til utgreiing av grunnlag for statlege tiltak (utredningsinstruksen). Arbeidet er del av program for betre styring og leiing i staten, og føremålet er å gje forvaltninga eit best mogleg grunnlag for statlege tiltak.

4 Oppfølging av oppmodingsvedtak

4.1 Vedtak 1. desember 2014

Ved behandlinga av Meld. St. 1 (2014–2015), Prop. 1 S (2014–2015), Prop. 1 S Tillegg 1–3 (2014–2015), Innst. 2 S (2014–2015) og Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015) 1. desember 2014 gjorde Stortinget m.a. oppmodingsvedtak nr. 40, 42, 54, 56, 57, 59, 62 og 63 som er kommenterte nedanfor.

Vedtak nr. 40 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en helhetlig næringspolitikk for finansnæringen som en del av finansmarkedsmeldingen.»

Som følgje av Stortingets vedtak vart det i Meld. St. 22 (2014–2015) Finansmarknadsmeldinga 2014 teke inn eit eige kapittel om «Ein heilskapeleg politikk for finansmarknaden». I kapitlet vert det gjort greie for viktige trekk ved politikken for den norske finansmarknaden. Kapitlet handlar mellom anna om verkemidla styresmaktene tek i bruk for å sikre god handsaming av risiko og eit godt kundevern på finansmarknaden, korleis finanssektoren medverkar til effektiv ressursbruk i økonomien, og føresetnadane for produksjon av finansielle tenester i Noreg. Regjeringa vil kome attende til ulike sider av temaet i seinare finansmarknadsmeldingar.

Vedtak nr. 42 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen i fremtidige nasjonalbudsjett videreutvikle omtalen av bærekraftig utvikling med vekt på grønn vekst.»

Oppmodinga er teke omsyn til i Meld. St. 1 (2015–2016) Nasjonalbudsjettet 2016, kap. 3.

Vedtak nr. 54 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen utrede en modell for formuesskatt der arbeidende kapital fritas for beskatning.»

Meld. St. 4 (2015–2016) Bedre skatt – en skattereform for omstilling og vekst, inneheld ein kort omtale av arbeidande kapital. Regjeringa vil kome attende med ei nærare vurdering av lettar i formueskatten som er målretta næringsrelatert kapital.

Vedtak nr. 56 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen vurdere en avgift på plast basert på fossilt CO2-innhold, og samtidig unnta bioplast fra avgiften. Regjeringen bes om å vurdere om en slik avgift kan erstatte dagens grunnavgift på engangsemballasje»

Regjeringa gjer greie for oppfølging av vedtaket i Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016, kap. 9 Særavgifter.

Vedtak nr. 57 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen vurdere en modell for avgiftsendringer eller en incentivordning som vil bidra til økt lønnsomhet for fly som går på biodrivstoff»

Vedtaket er omtalt i Meld. St. 1 (2015–2016) Nasjonalbudsjettet 2016, kap. 3 Skatt på inntekt.

Vedtak nr. 59 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan avgiften på elektrisk kraft bør avgrenses med redusert sats i lys av det etableres ny energiintensiv virksomhet utenfor tradisjonell industri, bl.a. datasentre, og legge fram forslag i statsbudsjettet for 2016.»

Regjeringa gjer greie for oppfølging av vedtaket i Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016, kap. 9 Særavgifter.

Vedtak nr. 62 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å frita biodiesel fra veibruksavgift og innføre halv veibruksavgift på bioetanol i revidert nasjonalbudsjett 2015. Det bes særlig om at det tas hensyn til de avgiftstekniske, EØS-rettslige, miljømessige og økonomiske konsekvenser av endringene»

Vedtaket er omtalt i Prop. 120 LS (2014–2015), kap. 5. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2015 vedtok Stortinget å avgrense vegbruksavgifta på drivstoff til å gjelde mineraloljebasert autodiesel, bensin og biodrivstoff som er omfatta av omsetningspåbodet for biodrivstoff – sjå Innst. 360 S (2014–2015), kap. 3.2.1.

Vedtak nr. 63 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med arbeidet med mer gunstige avskrivninger på vindkraftanlegg også vurdere avskrivningsregler for vindkraft med 40 prosent meravskrivninger over de fire første år.»

Regjeringa har gjort greie for sitt syn i Prop. 120 LS (2014–2015), kap. 10.

4.2 Vedtak 15. desember 2015

Ved behandlinga av Prop. 1 S (2014–2015) og Prop. 1 LS (2014–2015) og Innst. 3 S (2014–2015) 15. desember 2014 gjorde Stortinget m.a. oppmodingsvedtak nr. 305 og 306 som er kommenterte nedanfor.

Vedtak nr. 305 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen med virkning fra 1. januar 2015 om å øke grensen for avgiftsfri import til 350 kroner og fastsette at transport- og forsikringskostnader skal medregnes ved fastsettelsen av varens verdi».

Frå 1. januar 2015 endra Finansdepartementet tollforskrifta i tråd med vedtaket.

Vedtak nr. 306 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen øke fradraget i vektavgiftsgrunnlaget i engangsavgiften til 26 pst. for ladbare hybridbiler med virkning fra 1. januar 2015.»

Oppmodingsvedtaket vart fulgt opp gjennom forskrift 17. desember 2014 nr. 1769 om endring av forskrift om engangsavgift på motorvogner som tok til å gjelde 1. januar 2015.

4.3 Vedtak 5. februar 2015

Ved behandlinga av Meld. St. 27 (2014–2015) og og Innst. 140 S (2014–2015) 5. februar 2015 gjorde Stortinget m.a. oppmodingsvedtak nr. 398 og 399 som er kommenterte nedanfor.

Vedtak nr. 398 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen vurdere virkemidler for å styrke insentivene til ansattes medeierskap og fremme dette for Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket er omtalt i Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016, del 4 Omtalesaker.

Vedtak nr. 399 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen utrede modeller, deriblant KLAS (Konti for Langsiktig Aksjesparing), slik at det blir enklere for folk flest å investere i aksjer og eierskap i norske bedrifter.»

Vedtaket er omtalt i Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016, del 4 Omtalesaker.

4.4 Vedtak 26. mars 2015

Ved behandlinga av Dokument 8:93 S (2014–2015) og og Innst. 148 S (2014–2015) 26. mars 2015 gjorde Stortinget m.a. oppmodingsvedtak nr. 482 og 483 som er kommenterte nedanfor

Vedtak nr. 482 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte legge til rette for at alle selskaper som driver transportvirksomhet i Norge, svarer merverdiavgift til den norske staten etter norske regler»

Vedtaket er omtalt i del II under kap. 1600 Finansdepartementet, avsnittet Budsjett 2016.

Vedtak nr. 483 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte legge til rette for at skattemyndighetene intensiverer kontrollen med transportnæringen for å hindre skatteunndragelser og ytterligere konkurransevridning til fordel for utenlandske transportører.»

Finansdepartementet vil innanfor sitt ansvarsområde, i samarbeid med Skatteetaten, fortsette arbeidet med å finne løysingar for å betre kontrollen med transportnæringa, i tråd med Stortinget sitt oppmodingsvedtak. Med grunnlag i rapporten «Kabotasje på veg i Norge» som vart levert til samferdselsministeren i mars 2014, er det sett ned ei samarbeidsgruppe som er leia av Vegdirektoratet og har deltakarar frå Politiet, Arbeidstilsynet, Tolldirektoratet og Skattedirektoratet. I denne samanheng vil det òg kunne vere aktuelt for Finansdepartementet, i samråd med Samferdselsdepartementet, å gje denne gruppa i oppdrag å vurdere ulike tiltak som kan bidra til å intensivere kontrollen av transportnæringa. Departementet vil kome attende til oppfølgjing av vedtaket.

4.5 Vedtak 28. april 2015

Ved behandlinga av Dokument 8:7 S (2014–2015) og Innst. 218 S (2014–2015) 26. mars 2015 gjorde Stortinget m.a. oppmodingsvedtak nr. 513-514 og 517 som er kommenterte nedanfor.

Vedtak nr. 513 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen utrede om Skatteetaten kan få bedre muligheter til å innhente relevant informasjon og sikre bevis, blant annet gjennom beslag.»

Vedtak nr. 514 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag som kan gi Skatteetaten bedre mulighet til å dele informasjon, som for eksempel ileggelse av skjerpet tilleggsskatt og manglende levering av selvangivelse, med andre offentlige etater, for å bekjempe svart virksomhet.»

Vedtak nr. 515 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen utrede om systemet med skatteattest kan bedres, slik at skatteattestene blir gyldige i sanntid og dermed blir et bedre virkemiddel i arbeidet mot svart virksomhet.»

Finansdepartementet vil hausten 2015 etablere ei arbeidsgruppe som skal greie ut dei foreslåtte tiltaka i vedtak 513, 514 og 515.

Vedtak nr. 517 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre holdningsskapende tiltak som kan bevisstgjøre forbrukerne på at kjøp av svarte varer og tjenester er ulovlig og innebærer støtte til kriminell virksomhet.»

Finansdepartementet vil fylgje opp vedtaket overfor Skatteetaten. Saman med KS, LO, NHO, Unio og YS tek Skatteetaten del i Samarbeid mot svart økonomi (SMSØ). SMSØ arbeider førebyggjande og holdningsendrande mot svart økonomi. Mellom anna gjennomfører SMSØ tiltak for å bevisstgjere innbyggjarane om deira ansvar for å handle kvitt. Dette arbeidet held fram i 2016 òg.

4.6 Vedtak 5. juni 2015

a. Ved behandlinga av Meld. St. 21 (2014–2015) og Innst. 290 S (2014–2015) 5. juni 2015 gjorde Stortinget dette oppmodingsvedtaket:

Vedtak nr. 595 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen be Norges Bank vurdere om det kan igangsettes en utarbeidelse av forventningsdokument for menneskerettigheter, og hvilke områder innen menneskerettigheter det er mulig å inkludere i et slikt dokument.»

Vedtaket er omtalt i Meld. St. 1 (2015–2016) Nasjonalbudsjettet 2016. Regjeringa vil gjere greie for oppfølging av vedtaket i meldinga om forvaltinga av Statens pensjonsfond i 2015 som kjem våren 2016.

b. Ved behandlinga av Dokument 8:57 S (2014–2015) og Innst. 298 S (2014–2015) 5. juni 2015 gjorde Stortinget dette oppmodingsvedtaket:

Vedtak nr. 602 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et norsk offentlig eierskapsregister for å sikre åpenhet om eierskap i norske selskap og styrke innsatsen mot skattekriminalitet, korrupsjon og hvitvasking. Et slikt register må følge opp Financial Action Task Forces tilrådingar fra 2012 om internasjonale standarder for bekjempelse av hvitvasking og bekjempelse av terrorfinansiering og spredning, og registeret må også følge opp EU-reguleringen på dette området.»

Finansdepartementet viser til at Stortinget ved behandlinga av Prop. 94 LS (2013–2014) fatta følgjande oppmodingsvedtak: «Stortinget ber regjeringen etablere en offentleg løsning med informasjon om eiere av aksjeselskaper som sikrer større åpenhet, med etablering i løpet av 2015.» I Meld. St. 4 (2014–2015) vart det varsla at Nærings- og fiskeridepartementet har starta arbeidet med å etablere ei offentleg løysing med informasjon om eigarar av aksjeselskap som sikrar betre tilgang til informasjon, og at arbeidet skjer i samråd med Finansdepartementet. Som eit ledd i arbeidet har Brønnøysundregistera greidd ut ei løysing som opnar for etablering av elektronisk aksjeeigarbok i Altinn. I brev 9. april 2015 frå finansministeren vart finanskomiteen informert om at Nærings- og fiskeridepartementet og Finansdepartementet er i dialog om korleis offentleg informasjon om aksjeeigarskap best kan sikrast, og at det vert vurdert alternative løysingar til forslaget frå Brønnøysundregistera. Det vart vidare vist til at regjeringa 6. februar 2015 sette ned eit kvitvaskingslovutval som har fått i mandat å vurdere endringar i kvitvaskingsregelverket for å følgje opp tilrådingar frå FATF og komande EØS-reglar som svarer til det fjerde kvitvaskingsdirektivet i EU. Ei vurdering av korleis informasjon om reelt eigarskap skal gjerast tilgjengeleg i eit offentleg register, inngår i utvalet si andre delutgreiing som skal leverast i august 2016. Utgreiinga vil sendast på allmenn høyring.

I Innst. 298 S (2014–2015) viser finanskomitéen til at Tax Justice Norway i samarbeid med ei rekkje andre organisasjonar greier ut alternative måtar å etablere ei norsk eigarregistrering på. Komitéen legg til grunn at regjeringa i arbeidet sitt vil avvente denne utgreiinga og vurdere dei løysingane som kjem fram i dette arbeidet på linje med alternativet frå Brønnøysundregistrene. Etter det opplyste vil rapporten frå Tax Justice Norway leggjast fram i løpet av hausten 2015. Nærings- og fiskeridepartementet og Finansdepartementet arbeider med eit høyringsnotat med alternative løysingar for å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak. Utgreiinga frå Tax Justice Norway vil vurderast som ledd i dette arbeidet. Ein tek sikte på å sende notatet på allmenn høyring i 2015. Løysinga bør vere slik at ho seinare kan tilpassast arbeidet som vert gjort i kvitvaskingslovutvalet for å følgje opp krava i tilrådingane frå FATF og det fjerde kvitvaskingsdirektivet om offentleggjering av informasjon om endeleg reelt eigarskap i selskap.

4.7 Vedtak 19. juni 2015

Ved behandlinga av Meld. St. 2 (2014–2015), Prop. 119 S (2014–2015) og Prop. 120 LS (2014–2015) og Innst. 360 S (2014–2015) 19. juni 2015 gjorde Stortinget m.a. oppmodingsvedtak nr. 790 og 792 som er kommenterte nedanfor.

Vedtak nr. 790 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2016 legge frem en plan for implementering av skattefradrag for ENØK i husholdningene.»

Regjeringa gjer framlegg om slikt skattefrådrag for ENØK-tiltak i Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016, kap. 5 Personskatt for øvrig.

Vedtak nr. 792 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå effekten av forskriften for LLR-rapportering målt mot Stortingets målsetting om å synliggjøre uønsket skattetilpasning og sikre at relevante opplysninger knyttet til LLR-rapporteringen fra datterselskaper og støttefunksjoner i tredjeland fremkommer i regnskapet. Stortinget ber regjeringen også vurdere hvordan det kan etableres et tilsyn med rapporteringspliktige etter LLR-regelverket.»

Finansdepartementet viser til at nye regler om «land-for-land-rapportering» («LLR») vart vedtekne av Stortinget 10. desember 2013, med oppmoding om at det i LLR-regelverket vert innarbeidd mål om å synleggjere uynskt skattetilpassing. Oppmodinga vart fulgt opp i LLR-forskrifta som vert fastsett av Finansdepartementet 20. desember 2014. Regjeringa vil søkje å få målt effekten av LLR-forskrifta, målt opp mot Stortingets målsetting om å synleggjere uynskt skattetilpassing, i samanheng med den evalueringa som vart varsla i Prop. 1 LS (2013–2014). Regjeringa meiner evalueringa bør basere seg på LLR-rapportar frå minst to rekneskapsår, dvs. for rekneskapsåra 2014 og 2015, og bør kunne ferdigstillast seinast våren 2017. Vidare vil regjeringa få utgreidd korleis relevante opplysningar knytte til LLR-rapporteringa frå dotterselskap og støttefunksjonar i tredjeland, skal kome fram i rekneskapen, samt moglege tilsynsordninger, med sikte på framlegg til naudsynte regelendringar i løpet av 2016.

5 Oversynstabellar for budsjettet

Statens innkrevjingssentral er frå 1. januar 2015 ein del av Skatteetaten. I tabellane nedanfor er Statens innkrevjingssentral ikkje med i 2014-tala for kap. 1618 Skatteetaten og kap. 4618 Skatteetaten.

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Regjeringa

20

Statsministerens kontor

101 068

99 502

100 300

0,8

21

Statsrådet

160 905

154 549

159 600

3,3

24

Regjeringsadvokaten

84 118

76 920

84 600

10,0

Sum kategori 00.30

346 091

330 971

344 500

4,1

Stortinget og underliggjande institusjonar

41

Stortinget

1 243 627

1 413 300

1 712 800

21,2

42

Ombodsmannsnemnda for Forsvaret

6 895

6 800

7 000

2,9

43

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

63 311

64 300

74 100

15,2

44

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

12 137

13 000

14 300

10,0

45

Nasjonal institusjon for menneskerettar

9 300

9 700

4,3

51

Riksrevisjonen

459 689

481 500

508 100

5,5

Sum kategori 00.40

1 785 659

1 988 200

2 326 000

17,0

Sum programområde 00

2 131 750

2 319 171

2 670 500

15,1

Finansadministrasjon

1600

Finansdepartementet

393 460

385 629

407 900

5,8

1602

Finanstilsynet

349 718

338 372

351 600

3,9

1605

Direktoratet for økonomistyring

400 064

352 154

350 800

-0,4

1608

Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring

16 579

17 383

15 700

-9,7

Sum kategori 23.10

1 159 821

1 093 538

1 126 000

3,0

Skatte- og avgiftsadministrasjon

1610

Tolletaten

1 654 836

1 583 392

1 370 600

-13,4

1618

Skatteetaten

5 337 756

5 461 776

6 221 300

13,9

Sum kategori 23.20

6 992 592

7 045 168

7 591 900

7,8

Offisiell statistikk

1620

Statistisk sentralbyrå

772 062

742 267

743 400

0,2

Sum kategori 23.30

772 062

742 267

743 400

0,2

Andre føremål

1632

Kompensasjon for meirverdiavgift

20 268 493

22 020 000

22 240 000

1,0

1633

Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift

5 150 000

5 500 000

6,8

1634

Statens innkrevjingssentral

324 167

1645

Statens finansfond

1 322

Sum kategori 23.40

20 593 982

27 170 000

27 740 000

2,1

Sum programområde 23

29 518 457

36 050 973

37 201 300

3,2

Statsgjeld, renter og avdrag m.m.

1650

Statsgjeld, renter m.m.

11 148 249

12 912 367

10 740 900

-16,8

1651

Statsgjeld, avdrag og innløysing

17 206 000

61 419 000

-100,0

Sum kategori 24.10

28 354 249

74 331 367

10 740 900

-85,5

Statlege fordringar, avsetningar m.m.

1670

Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken

20 000

20 000

0,0

Sum kategori 24.20

20 000

20 000

0,0

Sum programområde 24

28 354 249

74 351 367

10 760 900

-85,5

Sum utgifter

60 004 456

112 721 511

50 632 700

-55,1

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Regjeringa

3020

Statsministerens kontor

809

3021

Statsrådet

1 104

300

-100,0

3024

Regjeringsadvokaten

17 911

14 400

14 800

2,8

Sum kategori 00.30 19 824 14 700 14 800 0,7

Stortinget og underliggjande institusjonar

3041

Stortinget

130 599

8 500

7 400

-12,9

3042

Ombudsmannsnemnda for Forsvaret

2

3043

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

1 653

3044

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

330

3051

Riksrevisjonen

14 491

2 600

2 400

-7,7

Sum kategori 00.40

147 075

11 100

9 800

-11,7

Sum programområde 00 166 899 25 800 24 600 -4,7

Finansadministrasjon

4600

Finansdepartementet

52 342 211

499

700

40,3

4602

Finanstilsynet

27 220

10 490

10 700

2,0

4605

Direktoratet for økonomistyring

64 535

48 954

41 900

-14,4

5580

Sektoravgifter under Finansdepartementet

308 693

335 900

341 000

1,5

Sum kategori 23.10 52 742 659 395 843 394 300 -0,4

Skatte- og avgiftsadministrasjon

4610

Tolletaten

79 605

76 068

44 700

-41,2

4618

Skatteetaten

280 328

2 008 933

2 097 800

4,4

Sum kategori 23.20 359 933 2 085 001 2 142 500 2,8

Offisiell statistikk

4620

Statistisk sentralbyrå

262 080

224 192

234 400

4,6

Sum kategori 23.30 262 080 224 192 234 400 4,6

Andre føremål

4634

Statens innkrevjingssentral

2 381 562

4645

Statens finansfond

50 000 000

Sum kategori 23.40

52 381 562

Sum programområde 23 105 746 234 2 705 036 2 771 200 2,4

Statlege fordringar, avsetningar m.m.

5341

Avdrag på uteståande fordringar

686

8 000 300

300

-100,0

5351

Overføring frå Noregs Bank

3 000 000

14 800 000

393,3

5605

Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar

2 618 439

2 474 100

2 119 600

-14,3

5692

Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken

82 270

82 700

88 300

6,8

5693

Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.

1 160

1 500

1 400

-6,7

Sum kategori 24.20

2 702 555

13 558 600

17 009 600

25,5

Sum programområde 24

2 702 555

13 558 600

17 009 600

25,5

Sum inntekter

108 615 688

16 289 436

19 805 400

21,6

5.1 Bruk av stikkordet «kan overførast»

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2015

Framlegg 2016

1600

21

Spesielle driftsutgifter

17 238

61 600

1605

21

Spesielle driftsutgifter

1 686

0

1608

21

Spesielle driftsutgifter

3 514

15 700

1618

22

Større IT-prosjekt

207 304

302 300

1620

21

Spesielle driftsutgifter

55 272

216 100

Overførbare løyvingar på Finansdepartementets område er knytte til prosjekt og ordningar som går over fleire år, og der det kan vera noko uvisse om framdrifta. Oversynet gjeld ikkje postgruppa 30–49 Nybygg, anlegg m.m.

Til toppen
Til forsida av dokumentet