Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Forord

Prop. 1 S (2017 – 2018) frå Klima- og miljødepartementet består av tre delar:

Del I presenterer hovudutfordringar, resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken, samt hovudprioriteringar innanfor departementets budsjett i 2018.

Klima- og miljødepartementet er eit sektorovergripande departement med ansvar for å samordne Regjeringas klima- og miljøpolitikk. I del I er det derfor gitt eit oversyn over klima- og miljøpolitiske satsingar i andre departement. I del I er det ein oversikt over oppmodingsvedtaka frå Stortinget.

Del II inneheld budsjettframlegget frå Klima- og miljødepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar. I del II blir det òg gjort greie for politikk for å nå dei nasjonale måla.

Del III er ei omtale av særskilte sektorovergripande klima- og miljøsaker. Her er mellom anna klimagassbudsjettet omtala, og klima- og miljøpolitikken i dei andre departementa. Del III gir òg ei omtale av miljøforvaltninga sitt arbeid innan samfunnsikkerheit og beredskap, fornyingsarbeid og likestilling i miljøforvaltninga.

Til forsida