Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10 og 35° austleg lengde og 74 og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer ca. 16 pst. av Kongeriket Noregs totale landareal. Spitsbergen er den største øya i Noreg og er omtrent på størrelse med fylka Nordland og Troms til saman. Rundt 60 pst. av øygruppa er dekt av isbrear og under ti pst. har vegetasjon.

Svalbardtraktaten blei underteikna 9. februar 1920 og tredde i kraft 14. august 1925. Frå same dag blei Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg gjennom ei eige lov, Svalbardlova 17. juli 1925 nr. 11. Svalbardtraktaten er open for tiltreding og har i dag i overkant av 40 partar. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Sysselmannen har rolle både som politimeister og fylkesmann. I kraft av rolla som politimeister har Sysselmannen same ansvar og myndigheit som politimeistrane på fastlandet. Sysselmannen har ansvaret for redningstenesta og har òg ansvar innanfor samfunnsberedskapen. Hovudoppgåvene for denne delen av verksemda består av rednings- og beredskapsarbeid, i tillegg til politi- og påtalearbeid.

Etter Svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte forskrifter for Svalbard. Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er det største lokalsamfunnet.

Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. Det er registrert om lag 570 fastbuande. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingssørvis. Det er registrert om lag 40 heilårsbusette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 10 heilårsbusette.

Folketalet i Longyearbyen er relativt stabilt, jf. tabell under. Gjennomsnittleg butid i Longyearbyen er om lag sju år. Ved inngangen av 2016 hadde om lag ein fjerdedel av befolkninga budd der i meir enn ti år.

Tabell 1.1 Befolkningstal 2009–2017 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Longyearbyen

2112

2041

2084

2173

2125

2097

2169

2156

2140

Ny-Ålesund

37

43

39

40

34

38

43

37

43

Barentsburg

417

491

450

413

464

494

468

473

573

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Behovet for å synleggjere inntekter og utgifter på Svalbard er bakgrunnen for at det kvart år blir fremja eit eige svalbardbudsjett. Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er mellom anna verksemd på Svalbard som er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2017–2018) Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2018 er omtalt nærare under pkt. 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard har tidlegare vore lagt fram med om lag ti års mellomrom. Meldingane har medverka til å leggje føringar for utviklinga på øygruppa for ei rekkje år framover. Dei heilskaplege gjennomgangane har medverka til ei avstemt utvikling innanfor den ramma måla for svalbardpolitikken sett. Regjeringa la 11. mai 2016 fram Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, den femte i rekkja av slike meldingar. Regjeringa stadfesta i denne meldinga at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalde norske samfunn på øygruppa

Meldinga blei handsama i Stortinget 25. november 2016. Handsaminga i Stortinget, jf. Innst. 88 S (2016–2017), viste at det er brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Regjeringa legg vekt på at forvaltninga av øygruppa er føreseieleg og ber preg av kontinuitet. Ei fortsett føreseieleg forvaltning av Svalbard, i tråd med måla, medverkar både til tryggleik for folk i Longyearbyen og vil medverke til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

2.2 Justis- og beredskaps-departementets mål for polarpolitikken

Måla for svalbardpolitikken, den auka aktiviteten på øygruppa og det at fleire aktørar er til stades, gjer det naudsynt med ei sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtala under pkt. 4. Polarområda har ei politisk betyding som gjer det naudsynt å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for koordineringa av norsk svalbardpolitikk. Justis- og beredskapsdepartementet, har difor følgjande mål for politikken i Arktis, i tillegg til måla fastsett i stortingsmeldinga:

Tabell 2.1 

Mål

  • 1. Styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering

  • 2. Styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk

  • 3. Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen

2.2.1 Justis- og beredskapsdepartementets mål 1: Styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering

Regjeringa har som mål at befolkninga skal oppleve stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar. Den geografiske plasseringa til Svalbard, store avstandar og krevjande klima gir særskilte utfordringar på samfunnstryggleik- og beredskapsområdet. Den lokale beredskapen er ikkje dimensjonert for å handtere større eller samstundes hendingar over lang tid. I tilfelle større hendingar er det difor lagt til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet.

Dersom alvorlege hendingar inntreff, er det viktig å ha system for å oppretthalde samfunnet si grunnleggjande funksjonsevne. Det er vidare viktig å vere godt øvd og førebudd på å handtere situasjonar som kan oppstå.

Å styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering er eit verkemiddel for å redusere sårbarheita i samfunnet. Styrkja samhandling skal ein nå ved å avklare dei ulike aktørane si rolle, ansvar og mynde og ved å sikre eit godt samvirke mellom dei. Øvingar er sentralt og viktig for å styrkje samhandlinga.

Beredskapen på Svalbard blir vurdert fortløpande, i lys av aktiviteten på øygruppa og endringar i risikobildet, jf. Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016). Etter skredet i Longyearbyen 19. desember 2015 reiste Sysselmannen spørsmål om ein kunne tilkalle og bruke Sivilforsvaret som ressurs på Svalbard òg. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har utgreidd dette. Rapporten er til vurdering i Justis- og beredskapsdepartementet.

Skredsituasjonen

19. desember 2015 vart Longyearbyen utsett for ei snøskredulykke. To personar omkom og fleire vart skada. Mange hus blei øydelagde og vil ikkje kunne byggjast opp att i området dei sto i før raset.

2016 var prega av ekstremvær. Både i november og i desember 2016 sette Sysselmannen stab og innkalla beredskapsrådet på grunn av sterk vind, mykje nedbør og fare for jordskred (november) og snøskred (desember) i Longyearbyen. I november 2016 blei over 200 personar evakuerte frå heimane sine. I desember 2016 blei bustadområdet Nybyen evakuert. Sysselmannen samarbeidde nært med Longyearbyen lokalstyre og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) under aksjonane. Verken bustadar eller personar vart skada.

21. februar 2017 vart Longyearbyen ramma av eit nytt snøskred. Raset førte ikkje til personskadar. To bustadskompleks blei totalskada. Skredet kom uventa og var ikkje varsla av det lokale snøskredvarselet. Som følgje av skredet blei ytterlegare bustadar evakuerte.

Justis- og beredskapsdepartementet gav i januar 2016 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i oppdrag å evaluere skredet i 2015 med bistand frå Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og Politihøgskulen. Både det førebyggjande arbeidet og sjølve handteringa av hendinga skulle evaluerast med tanke på moglege forbetringspunkt. Evalueringsrapporten blei overlevert departementet i september 2016, og er offentleg tilgjengeleg. Rapporten identifiserte både positive erfaringar og nokre klare læringspunkt av betyding for den vidare beredskaps- og krisehandteringsevna på Svalbard.

Sjå pkt. 2.2.3 for utdjupande omtale av skredsikring og bustadbygging i Longyearbyen.

Varsling av flaum og skred

Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider om korleis flaum- og skredskadar kan førebyggjast på Svalbard. På Svalbard gjeld same ordningar innan flaum- og skredførebyggjing som på fastlandet. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) bidrar med faglege råd og økonomisk støtte til sikring og varsling. NVE prioriterer kvart år kva tiltak og kva område som kan få støtte innanfor gjeldande løyving.

På fastlandet varslar NVE flaum-, jordskred- og snøskredfare regionalt. Lokale myndigheiter må ta særleg stilling til korleis dei regionale varsla skal følgjast opp. På Svalbard oppretta NVE i 2016 regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöldland med Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) som samarbeidspartner for observasjonar. I tillegg etablerte NVE ei lokal varsling for Longyearbyen. Etter snøskredet i februar 2017 vart den lokale snøskredvarslinga gjennomgått av NVE og Norges geotekniske institutt (NGI). Gjennomgangen viser at varslinga må ta meir omsyn til usikkerheit og manglande data. Gjennomgangen synleggjorde òg behov for eit betre kvalitetskontrollsystem. Endringar i klima kan ha ført til at tidlegare skredhistorikk ikkje lengre er like gjeldande for dagens situasjon.

Sysselmannen på Svalbard – redning og beredskap

Sysselmannen på Svalbard er regjeringas øvste representant på øygruppa og har rolle både som politimeister og fylkesmann. Svalbard er i utstrekning Noregs største politidistrikt. Sysselmannen har mynde på lik linje med ein politimeister på fastlandet.

Sysselmannen har ei sentral rolle for å handtere oppståtte hendingar innan samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sysselmannen skal vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, jf. Instruks for fylkesmannens og Sysselmannen på Svalbards arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering (fastsett ved kgl. res. 19. juni 2015). Hendingane kan vere både ikkje-planlagde hendingar som til dømes naturkatastrofar, og planlagde hendingar som til dømes kriminalitet og terrorisme. Sysselmannen vektlegg samarbeidet med dei lokale beredskapsaktørane og overordna styresmakter. Målet er ein beredskap som gir befolkninga på Svalbard størst mogleg tryggleik.

Sysselmannen, som fylkesmann, leiar beredskapsrådet for Svalbard. Rådet skal medverke til eit felles risiko- og sårbarheitsbilete og ei felles plattform for planlegging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid på Svalbard, og vere førebudd på å hjelpe Sysselmannen ved krisehandtering. Sysselmannen utgjer ein statleg ressurs for oljevernberedskapen. Sysselmannen har saman med beredskapsrådet og sentrale aktørar i 2016 oppdatert ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for Svalbard.

Lokal redningssentral

Sysselmannen er, som politimeister, leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard. Redningsleiinga består i tillegg av representantar frå Longyearbyen lokalstyre, Longyearbyen brann og redning, Telenor Svalbard, Universitetssjukehuset i Nord-Noreg avdeling Longyearbyen, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Avinor/Svalbard Lufthamn, Sysselmannens helikopteroperatør og frivillige v/Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps. Faglege rådgivarar kan gi fagleg spesialkompetanse under ein redningsaksjon eller under førebuingar/planarbeid, etter organisasjonsplan for redningstenesta.

I 2016 koordinerte LRS Svalbard i underkant av 70 redningsoppdrag, noko som er på nivå med tidlegare år.

Ressursar – Sysselmannen

Auka aktivitet, i farvatna rundt Svalbard og i nordområda generelt, har følgjer for sjøtryggleiken på Svalbard.

Sysselmannen disponerer to Super Puma-helikopter med avansert utstyr. Helikoptra blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i naud innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar. I sommarhalvåret opererer òg Lufttransport AS og andre helikopter for ulike oppdragsgivarar på Svalbard.

Frå 2014 er det inngått leige av fartøyet «Polarsyssel» med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens nye helikopter. Auke i cruisetrafikken og annan skipstrafikk gir auka behov for inspeksjon, redningsberedskap og oppsyn.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2015–2016) å løyve 18 mill. kroner til utvida seglingssesong for «Polarsyssel» for Sysselmannen frå seks til ni månadar i året. Stortinget slutta seg til forslaget. Tenestefartøyet er ein sentral ressurs i samanheng med redning og beredskap, ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.m. I tillegg blir tenestefartøyet nytta i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde. Forlenga seglingssesong har styrkt kapasiteten til Sysselmannen til å drive myndeutøving på øygruppa og medverka til ytterlegare styrking av beredskapen.

Sysselmannen har i 2016 kjøpt inn beredskapsutstyr, m.a. ny vaktbåt og inngått avtale om ny beltevogn for levering i 2017.

Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29 som gjeld på Svalbard jf. Forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunar, og lokalstyret, skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Forskrifta pålegg lokalstyret sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og kvalitetsvist godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og vurdere behovet for eventuelle særskilte førebuingar. Sysselmannen på Svalbard fører tilsyn med lokalstyret si oppfølging av pliktene i forskrifta.

Førebyggjande sjøtryggleik

Ein viser til Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, Meld. St. 35 (2015–2016) om førebyggjande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining og Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan.

Analysane som Kystverket har utarbeidd av førebyggjande sjøtryggleik og av miljørisiko og beredskap rundt Svalbard og Jan Mayen, er eit viktig kunnskapsgrunnlag for regjeringa sitt arbeid. Analysane syner at skipstrafikken venteleg vil auke fram mot 2040, og at risikoen for uhell og ulykker med skip òg kan auke dersom ein ikkje set i verk tiltak. I stortingsmeldingane er det difor lagt fram fleire tiltak som kan vere med på å styrke sjøtryggleiken rundt Svalbard. Regjeringa vil mellom anna styrkje den maritime trafikkovervakinga rundt Svalbard gjennom å byggje ut landbaserte AIS-basestasjonar1 og vurdere å ta i bruk virtuelle navigasjonshjelpemiddel, jf. Meld. St. 33 (2016–2017).

Innan beredskap mot akutt forureining, vil Kystverket prioritere forsking og utvikling innan handsaming av akutt forureining og utstyr i islagte farvatn. Etaten vil óg gjennomføre tiltak som styrkjar oljevernberedskapen i nordområda.

Helseberedskap

Helse Nord RHF vil etablere vaktordning for anestesilege i tilknyting til Sysselmannens helikopter, kombinert med å plassere meir medisinteknisk utstyr i Longyearbyen. Beredskapen vil venteleg vere etablert ved årsskiftet 2017/2018. Tiltaket er mellom anna ei oppfølging av evalueringa av beredskapen ved skredet i 2015. Sjå pkt. 4.7 for utdjupande tekst.

2.2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål 2: Styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk

Regjeringa har som mål å ha ein samordna og koordinert svalbardpolitikk. Krav til koordineringa av svalbardsaker har blitt meir omfattande. Fleire departement har i dag ei rolle i utforminga av svalbardpolitikken enn kva tilfelle var nokre tiår tilbake. Forvaltninga og administrasjonen av Svalbard har endra seg og er mellom anna blitt meir desentralisert. Desentralisering av mynde fører til auka behov for koordinering mellom ansvarlege myndigheiter. Auka aktivitet på Svalbard har medført at stadig fleire lover gjeld for øygruppa. Longyearbyen har òg vakse dei siste åra med auke og meir variasjon i privat næringsdrift og meir omfattande aktivitet i felt, spesielt innan turisme og forsking.

Det interdepartementale polarutvalet

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne polarsaker i statsforvaltninga. Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit viktig verkemiddel i så høve. Polarutvalet er eit koordinerande og konsultativt organ for sentraladministrasjonen si behandling av polarsaker. Utvalet arbeider etter «Instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruken)» fastsett ved kgl. res. 18. oktober 2002. Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld framleis fagdepartementa si avgjerdsmynde og vedkommande fagstatsråd sitt konstitusjonelle ansvar for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året.

Sysselmannen

Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalestyresmakt, og miljøforvaltning på øygruppa. Det at både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon, mogleggjer ei god fagleg forvalting av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av natur- og kulturmiljø på Svalbard.

Sysselmannen er som fylkesmann regional, statleg miljøvernmyndigheit på Svalbard og har ansvaret for handhevinga av miljøregelverket og oppsynet med at regelverket blir følgt. Sysselmannen sine miljøvernoppgåver spenner over eit breitt spekter av oppgåver innanfor områdevern, artsforvaltning, kulturminne, naturinngrep og forureining. I tillegg kjem planarbeid der planansvaret ikkje er delegert til Longyearbyen lokalstyre. Saksførebuing og søknadshandsaming, regelverksarbeid og utarbeiding av forvaltningsplanar er viktige oppgåver for Sysselmannen på miljøvernsida.

Sysselmannen har i kraft av rolla som politimeister same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmannen har ansvaret for redningstenesta og har ansvar innanfor samfunnsberedskapen, jf. pkt. 2.2.1. Hovudoppgåvene for denne delen av verksemda består av rednings- og beredskapsarbeid og politi- og påtalearbeid.

Sysselmannen har jamleg kontakt med lokalsamfunn på Svalbard utanfor Longyearbyen, både med Barentsburg, Ny-Ålesund, den polske forskingsstasjonen i Hornsund, dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya og med fangstasjonar.

Lovgiving

Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lov om rettspleie gjeld for Svalbard, når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er fastsett særskilt.

Meld. St. 32 (2015–2016) gir ein gjennomgang av status for lovgiving på Svalbard. I meldinga slår ein fast at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt fastlandet og at ny lovgiving for fastlandet som hovuddregel skal takast i bruk for Svalbard, med mindre særlege forhold talar mot dette, eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde og bli handheva likt for heile øygruppa, med mindre det er behov for overgangsordningar eller andre former for innfasing. Stortinget har slutta seg til desse føringane.

All lovgiving blir likevel ikkje automatisk gjort gjeldande for Svalbard, jf. Svalbardlova § 2 ovanfor. På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Eksempel på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. Det kan òg vere nødvendig med andre former for innfasing, m.a. for å gi høve til omstilling for enkelte verksemder. I særskilte tilfelle vil det òg kunne vurderast unntaksheimlar for visse typar aktivitet. Administrative forhold kan òg gjere det naudsynt med tilpassingar, for eksempel fordi det ikkje finst motsvarande lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard som på fastlandet. I tillegg kan det vere hensiktsmessig å innføre lov som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld Longyearbyen arealplanområde.

Arktisk råd

I Arktisk råd samarbeider alle dei arktiske landa på regjeringsnivå. Rådet vart etablert i 1996. Medlemmane deler på å ha formannskapet med to år av gongen. USA hadde formannskapet i perioden 2015–2017. Frå 2017 til 2019 har Finland formannskapet. Utanriksdepartementet har ansvar for å koordinere den norske deltakinga i Arktisk råd med dei ansvarlege sektordepartementa.

Eigedom

I oktober 2016 blei Staten samd med eigarane av eigedomen Austre Adventfjord på Svalbard om å kjøpe denne. Austre Adventfjord ligg nordaust for Longyearbyen. Eigedomen er om lag 218 km2 og utgjer ca. 0,35 pst. av Svalbard sitt samla areal.

Regjeringa foreslo gjennom Prop. 25 S (2016–2017) å løyve 300 mill. kroner til kjøp av eigedomen. Stortinget slutta seg til forslaget. Kjøpet blei formelt gjennomført 7. april 2017. Etter kjøpet av eigedomen eig Staten rundt 99 pst. av Svalbards samla areal.

Utgreiing om framtidig energiforsyning

I samband med handsaminga av Meld. St. 32 (2015–2016) bad Stortinget Regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017).

Regjeringa legg til grunn at den framtidige energiforsyninga må gi ein forsvarleg forsyningstryggleik. Energiløysinga som blir valt for området bør vidare vere berekraftig og kostnadseffektiv.

Olje- og energidepartementet vil setje i gang ei ekstern utgreiing av framtidig energiforsyning for Svalbard. Longyearbyen lokalstyre vil bli involvert i det vidare arbeidet. For ytterlegare omtale av utgreiinga, sjå Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2017.

2.2.3 Justis- og beredskapsdepartementets mål 3: Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen

Regjeringa har som eitt av hovudmåla i svalbardpolitikken å halde ved lag norske samfunn på øygruppa. Målet vert oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen og til dels gjennom busettinga i Ny-Ålesund. Regjeringa har som mål at Longyearbyen skal vere eit levedyktig lokalsamfunn som er attraktivt for familiar og eit samfunn som medverkar til å oppfylle og understøtte dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Folketalet i Longyearbyen er relativt stabilt, jf. tabell 1.1. Talet på norske statsborgarar har gått noko ned. Gjennomsnittleg butid i Longyearbyen er om lag sju år. Ved inngangen av 2016 hadde om lag ein fjerdedel av befolkninga budd der i meir enn ti år.

Ei framhalden utvikling innan eksisterande verksemd vil medverke til busetting i Longyearbyen. Samstundes er det ønskeleg å leggje til rette for eit meir variert næringsliv. Talet på sysselsette i Longyearbyen gikk noko ned frå 2015 til 2016. Hovudårsaka til nedgangen er nedgang i tilsette i bergverk.

Longyearbyen lokalstyre som lokal utviklar

Longyearbyen lokalstyre blei oppretta i 2002, jf. Svalbardlova kap. 5. Formålet, jf. § 29, er å leggje forholda til rette for eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Lokalstyret skal sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor ramma av norsk svalbardpolitikk, med sikte på ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet.

Lokalstyret får i hovudsak driftsmidla sine via ei rammeløyving frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Longyearbyen lokalstyre har tryggja sin posisjon som lokal myndigheit og forvaltningsorgan. Lokalstyret har blitt ein viktig samarbeidspartner for sentrale myndigheiter. Dialogen lokalstyret har med departementa er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken. Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to gonger i året.

Lokalstyret har ansvar for forvaltninga av nærare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde. Oppgåvene er på fleire felt tilsvarande dei oppgåvene ein kommune på fastlandet er tillagt. Lokalstyret har i tillegg eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen som ikkje er tillagt staten eller andre. Lokalstyret har derimot ingen oppgåver eller utgifter til eldreomsorg sidan Longyearbyen ikkje er eit livsløpssamfunn. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester.

Longyearbyen lokalstyre er planmyndigheit i Longyearbyen arealplanområde. Lokalstyret hadde våren 2016 forslag til arealplan for Longyearbyen på høyring. Eit revidert høyringsutkast blei sendt ut før jul 2016. Revidert arealplan blei vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017.

Bustadbygging og skredsikring

Regjeringa har sett i verk tiltak for å betre bustadsituasjonen i Longyearbyen. Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016 å løyve 10 mill. kroner til bustadbygging og arealutvikling i Longyearbyen, jf. Prop. 122 S (2015–2016). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 400 S (2015–2016). Om lag 450 000 kroner er nytta til grunnundersøkingar. Resten av løyvinga er ubrukt pr. 30. august 2017. Longyearbyen lokalstyre tek sikte på å bruke løyvinga til grunnundersøkingar og utbygging av infrastruktur (veg, kloakk og vatn).

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 å løyve 28 mill. kroner til Statsbygg til grunnundersøkingar av aktuelle tomter og prosjektering av bustadar i Gruvedalen og Nedre Skjæringa. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 401 S (2016–2017). Statsbygg har difor fått i oppdrag å planlegge bygging av opp til 100 bustadar i Longyearbyen.

Statsbygg vil i 2018 bygge bustadar til Statsbygg sin eigen pool. Statsbygg tek sikte på at dei første 40–50 bustadane skal vere innflyttingsklare i løpet av 2018. Bueiningane skal bestå av 3-, 4- og 5-roms leilegheiter. Prosjektet skal bidra til å oppretthalde busettinga i Longyearbyen og sikre at innbyggjarane kan bu trygt. Prosjektet har som mål å imøtekome behovet for bustadar så snart som mogleg. Framdrifta vil avhenge av raske og effektive prosessar som går mest mogleg parallelt. Bustadane til Statsbygg sin pool vil bli finansiert gjennom gjeldande rammer for kurantordninga (statleg byggeprosjekt der husleiga blir dekt innafor gjeldande budsjettrammer, jf. rundskriv H-11/14 av 7. november 2014). Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil vere ansvarleg oppdragsgivar.

Kunnskapsdepartementet tar sikte på å gi tilsegn om tilskott til 62,5 hybeleiningar til nye studentbustadar. Sjå omtale i pkt. 4.3.

Longyearbyen lokalstyre fatta 26. juni 2017 følgjande vedtak:

«Longyearbyen lokalstyre inngår oppdragsavtale med Statsbygg om 20 boenheter. Det er søkt om 55 mill. kroner i statstilskudd i 2018 til finansiering av de 20 boenhetene. Dersom Longyearbyen lokalstyre ikkje mottar omsøkt statstilskudd vil hele/deler av beløpet lånefinansieres.»

Regjeringa har gjennom forslag til løyvingar i 2016 og 2017, jf. omtale over, lagt til rette for bygging av bustadar også til lokalstyret.

Regjeringa foreslo òg i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2017 å auke løyvinga på olje- og energidepartementets kap. 1820 Post 22 Flom- og skredførebyggjing med 20 mill. kroner for å framskunde arbeidet med skredsikringstiltak i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 401 S (2016–2017). Tiltaka vil beskytte dei bueiningane som står att rundt spisshusa som blei tekne av skredet i desember 2015. Tiltaka legg til rette for reetablering av busetnad i området som blei ramma av skredet. I 2017 blir det gjennomført detaljprosjektering og sikring mot sørpeskred. Det er utfordringar med permafrost, grunnforhold og fundamentering av sikringstiltak mot snøskred. Nye grunnundersøkingar må sluttførast før støtteførebygningar blir bygde. Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat blir sikringstiltaka difor sluttført i 2018.

Flytting av statlege arbeidsplassar

Regjeringa vurderer om det er mogleg å flytte statlege arbeidsplassar til Longyearbyen for å kunne sikre målet om å halde ved lag norske samfunn på øygruppa.

Regjeringa har bestemt at Forbrukarrådet skal ha ei hospiteringsordning med 3–5 medarbeidarar på Svalbard. Kontoret blei etablert i 2017 og etter planen vil det vere fire medarbeidarar frå Forbrukarrådet i Longyearbyen i 2018.

Regjeringa har pålagt Norsk Helsenett SF å etablere verksemd på Svalbard knytt til deira oppdrag om å etablere eit felles senter for tenester til den sentrale helseforvaltninga. Norsk Helsenett vil etablere inntil fem stillingar i Longyearbyen.

Bergverk

Utanriks- og forsvarskomiteen skreiv i Innst. 88 S (2016–2017), jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard følgjande:

«Komiteen mener det er viktig med en avklaring av selskapets retning og strategi fremover, både når det gjelder gruvedrift, boligutvikling, infrastruktur og eventuelle nye forretningsområder. Komiteen ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en sak om SNSK og der ta stilling til eventuelt endret formål og kategorisering av eierskapet.»

Regjeringa legg opp til at Store Norske Spitsbergen Kullkompanis (SNSK) framtidige hovudverksemd skal vere drift av Gruve 7, at anna verksemd som logistikkverksemd og turistverksemd kan vidareførast dersom det kan gjerast på forretningsmessig grunnlag og er i tråd med svalbardpolitiske omsyn, og at aktiviteten ut over gruvedrifta ikkje blir utvida. Nærings- og fiskeridepartementet vil vurdere nærare framtidig utvikling av bustadverksemda til selskapet. Sjå nærare omtale under pkt. 4.2 og budsjettproposisjonen til Nærings- og fiskeridepartementet.

Turisme

Talet på gjestedøgn har auka, jf. tabell under. Særleg har auken i åra frå 2012 til 2016 vore monaleg. Frå 2015 til 2016 har det vore ein auke i talet på gjestedøgn på 8,5 pst. 36 oversjøiske cruiseskip hadde anløp i Longyearbyen 2016. Skipa hadde i overkant av 41 000 cruisepassasjerar, ein auke på 10 pst. sidan 2015.

Utviklinga har gjort reiseliv til den største næringa på Svalbard. For lokalsamfunnet er utviklinga med auka aktivitet i reiselivsnæringa òg positiv i form av auka omsetning i avleidde verksemder.

Justis- og beredskapsdepartementet reviderte 8. januar 2015 forskrift om turisme og anna reiseverksemd på Svalbard (turistforskrifta). Forskrifta bidreg til god samhandling mellom Sysselmannen og reiselivsnæringa.

Auka turisme medfører nye utfordringar for Sysselmannen og andre myndigheiter på Svalbard.

Sjå omtale av Visit Svalbard i pkt. 4.2.

Tabell 2.2 Gjestedøgn i Longyearbyen pr. år

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Gjestedøgn

82 000

86 000

84 000

107 000

119 000

131 000

142 000

Kjelde:  Visit Svalbard AS, Innhenta frå kommersielle, statistikkpliktige overnattingsbedrifter i Longyearbyen, inkl. camping

Forsking og utdanning

Forsking er ein viktig del av nordområdesatsinga for Svalbard generelt og Longyearbyen spesielt. Forskingsverksemda medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen og er grunnleggjande for aktiviteten i Ny-Ålesund.

Regjeringa vil, jf. Meld. St. 32 S (2015–2016) Svalbard, utvikle ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Forskingsrådet er gitt ansvar for å utarbeide forslag til strategi basert på ein brei prosess. Forskingsrådet får det overordna ansvaret for evaluering av korleis strategien blir følgd opp. For mellom anna å styrkje den norske vertskapsrolla og for å støtte opp om svalbardpolitikken, skal det utarbeidast ein særskild forskingsstrategi for Ny-Ålesund.

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) spelar ei sentral rolle i vidareføringa av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis. UNIS er ein viktig del av nordområdesatsinga for Svalbard generelt og Longyearbyen spesielt. Senteret medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Sjå utdjupande omtale under pkt. 4.3.

Satellittverksemd

Satellittverksemda på Svalbard er ein strategisk viktig del av norsk romverksemd, som medverkar til gode overvakings- og navigasjonstenester i nordområda og som gjer Noreg til ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid om romverksemd. Verksemda medverkar òg positivt til auka sysselsetjing på Svalbard. Sjå nærare omtale under pkt. 4.2.

Hamn

Skipstrafikken rundt Svalbard består hovudsakleg av cruise- og godstrafikk, forskingsrelatert skipsfart og noko trafikk knytt til fiskeriaktivitet. Trafikken har auka dei siste åra. Det er avgrensa kapasitet ved hamneanlegga i Longyearbyen, og relativt stor trafikk skal betenast over ein kort sesong. Hamneinfrastrukturen i Longyearbyen vil, i lys av ein større kommersiell og industriell aktivitet i Polhavet, få auka verdi som base for rednings- og forureiningsberedskap, og som base for tilbod av maritime tenester. I dei siste åra har behovet for større hamnekapasitet i Longyearbyen auka. Utviklinga dei seinare åra syner at skipstrafikken til dei arktiske områda aukar både i tal og omfang, særleg cruisetrafikken.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2015–2016) å løyve 15 mill. kroner til å greie ut forskjellige løysingar for hamneinfrastrukturen i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. Samferdsledepartementet gav Kystverket i oppdrag å følgje opp forslaget. Ein rapport frå Kystverket blei overlevert til departementet i desember 2016 og inngår i grunnlaget for det vidare arbeidet med hamneinfrastrukturen i Longyearbyen.

Regjeringa legg gjennom Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 opp til å setje av 300 mill. kroner til utbetring av hamneinfrastrukturen i Longyearbyen hamn med ei stor flytekai med terminalbygg for passasjertrafikk. Utbetring av hamna vil gje auka kapasitet og betre fasilitetar for små og mellomstore skip, særleg i sommarsesongen med stor passasjertrafikk og forskingsverksemd. Utbetringa vil styrkje lokalsamfunnet gjennom å støtte opp under eksisterande næringsliv og leggje til rette for framtidig utvikling. Utbetringa er planlagd i første del av planperioden.

Infrastruktur

Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stor mon frå 1970-talet. Ein ser i aukande grad eit behov for å oppgradere til det som er vanleg standard elles. Dette gjeld både vegar, bustadar, røyrframføringar og liknande. Middeltemperaturen og nedbørmengda på Svalbard har auka. Varmare klima medfører at meir av nedbøren kjem som regn og ikkje som snø. Auka temperatur i permafrosten fører til eit djupare aktivt lag, meir ustabil grunn under bygningar og i skråningar, auka potensiale for erosjon og stor massetransport i elvene. Dette skaper utfordringar for infrastrukturen.

Longyearbyen lokalstyre har kontinuerleg merksemd på korleis dette vedlikehaldsetter-slepet kan handterast.

Energiforsyning

Longyearbyen lokalstyre er som eigar av Longyearbyen energiverk ansvarleg for leveranse av varme og energi i lokalsamfunnet. Dåverande Klima- og forureiningsdirektoratet påla Longyearbyen lokalstyre eit reinsekrav frå juli 2012. Tidspunktet vart seinare forlenga til utgangen av 2015. I budsjetta for 2012–2014 vart det til saman løyvd 114 mill. kroner over svalbardbudsjettet til å byggje reinseanlegget. Reinseanlegget blei sett i drift tidleg i 2016.

Den pågåande oppgraderinga av kraftverket gir verket ei forlenga levetid på om lag 20 år og vart i 2013 kostnadsberekna til om lag 98 mill. kroner i investeringar og ekstraordinære vedlikehaldskostnader. Regjeringa foreslår etter denne planen at det i 2018 blir løyvd 8,3 mill. kroner som statens del av utgiftene. Rehabiliteringa etter denne vedlikehalds- og finansieringsplanen er planlagd å vere ferdig i 2018. Utviklinga i utslepp frå kolkraftverket er som følgjer:

Tabell 2.3 Utslipp frå kolkraftverket i Longyearbyen

2012

2013

2014

2015

2016

CO2 (t/år)

50 014

54 657

63 698

64 220

69 768

SO2 (t/år)

405

336

536

511

0,24

NOx (t/år)

155

169

165

117

73

Støv (t/år)

85

92

116

112

7

Utslepp av SO2 og støv frå kraftverket er etter oppgraderinga nesten borte. Kolkraftverket har fortsatt høge utslepp av CO2 i forhold til den mengda energi kraftverket produserer.

Lokalstyret har utarbeidd ein ny og oppdatert vedlikehaldsplan som går fram til 2038. Planen viser framleis høge vedlikehaldskostnader med spesielt store kostnader til vedlikehald nokre år.

Longyearbyen lokalstyre disponerer eit reservekraftverk. Etter skredkartlegginga som blei gjennomført hausten 2016, ligg delar av reservekraftverket innanfor 100-års faresone for skred. Dagens reservekraftstasjon klarer ikkje å dekke lokalsamfunnets behov for elektrisitet dersom det ordinære kraftverket ikkje er i drift. Lokalstyret har fått utarbeidd ei ny tilstandsvurdering av reservekraftverket. Anlegget er i ein slik tilstand at utbetringar er påkravd. Samstundes kan vidare vedlikehald verte dyrare enn å byggje nytt reservekraftverk.

Longyearbyen lokalstyre har kontinuerleg merksemd på vedlikehaldsarbeidet i samband med energiforsyninga.

Svalbard kyrkje

Den norske kyrkja vart frå 1. januar 2017 eit sjølvstendig rettssubjekt som Svalbard kyrkje er ein del av. Løyvinga til Svalbard kyrkje er no eit øyremerkt tilskot som vert overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet. Kyrkja si særlege stilling på Svalbard, mellom anna kyrkja si rolle i den offentlege beredskapen i øysamfunna, er bakgrunnen for at løyvinga vert vidareført som ei særskild løyving over svalbardbudsjettet og ikkje inngår i rammetilskottet frå Kulturdepartementet til Den norske kyrkja. Svalbard kyrkje er eigd av staten. Statsbygg har forvaltningsansvaret for kyrkjebygget.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2018

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2018 er på 466,9 mill. kroner. Dette er 4 mill. kroner eller 0,8 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2017.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2018 er stipulert til 238,4 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot på JDs kap. 480 post 50 Tilskot. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Tilskotet til svalbardbudsjettet i 2017 var 320,9 mill. kroner.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala på kap. 3030. Skatteinntektene for 2018 er budsjettert til 220,7 mill. kroner, ein auke på 84,1 mill. kroner frå 2017. For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet er tilskotet på kap. 480 post 50 redusert med 82,6 mill. kroner i 2018. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 48 pst. av dei samla inntektene på svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 0006), som mellom anna inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 0005) og til Longyearbyen lokalstyre (kap. 0003), der det vert løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyret har ansvaret for. I tillegg inneheld svalbardbudsjettet fleire små budsjettkapittel, som til dømes tilskot til Svalbard kyrkje, løyving til Svalbard skattekontor, staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen og til Statsbygg sitt svalbardkontor.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i pkt. 5 nedanfor. I del II er det ein nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2018 er det foreslått løyvd netto om lag 683 mill. kroner på statsbudsjettet til svalbardformål utanom svalbardbudsjettet, eksklusive løyvingar til opprydding i Lunckefjell/Svea. Dette talet omfattar tilskottet til svalbardbudsjettet på Justis- og beredskapsdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte på budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2017 var om lag 798 mill. kroner.

4.1 Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har som eitt av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. For oversikt over dei spesifikke miljømåla for Svalbard, sjå Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Klima- og miljødepartementet har i Prop. 1 S (2017–2018) følgjande mål for miljøpolitikken på Svalbard.

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvaltning.

Svalbardmiljølova med forskrifter er det viktigaste verkemiddelet for å nå miljømåla på Svalbard. Føremålet med lova er å oppretthalde eit tilnærma urørt miljø på Svalbard når det gjeld samanhengande villmark, landskap, flora, fauna og kulturminne. Innanfor denne ramma gjev lova rom for miljøforsvarleg busetjing, forsking og næringsdrift. Miljøregelverket og miljømåla set rammer for all verksemd. Innanfor desse rammene er det handlingsrom for å utvikle verksemd knytt både til reiseliv, forsking og høgare utdanning vidare.

Miljøforvaltinga på Svalbard

Miljøvernmyndigheitene på Svalbard er Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Sysselmannen på Svalbard. Sysselmannen på Svalbard er lokal miljøvernstyresmakt på Svalbard med ei eiga miljøvernavdeling. Klima- og miljødepartementet har det faglege styringsansvaret for Sysselmannens miljøvernoppgåver. Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål. Longyearbyen lokalstyre har fått delegert kompetanse etter svalbardmiljølova på nokre avgrensa område for Longyearbyen arealplanområde.

Regjeringa har i tillegg i sitt forslag til statsbudsjett foreslått 183,5 mill. kroner til svalbardformål på budsjettet til Klima- og miljødepartementet. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1.

Resultat og utfordringar

Raske klimaendringar i kombinasjon med andre miljøpåverknader, inkludert endringar i aktivitet, er ei betydeleg og aukande utfordring for miljøvernet på Svalbard. I Arktis stig temperaturen rundt dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Arktiske arter og økosystem er spesielt sårbare for klimaendringar. Polarisen minkar og leveområda for mange av dei artene vi finn i Arktis i dag, som isbjørn og sel, blir reduserte. Mindre permafrost inneber at mange bygg får skadar på grunn av at grunnen tinar. Endringar i permafrost endrar òg stabiliteten i gamle deponi og påverkar korleis forureining spreier seg i grunnen. Mindre is og villare vêr gir større erosjon på strendene. Mange av kulturminna på Svalbard ligg nær sjøen, og for mange er det ein konkret trussel at dei kan rase i havet.

Den raske oppvarminga aukar óg faren for at fleire nye arter kan få fotfeste på Svalbard og i dei arktiske havområda der dei kan fortrenge nærverande naturleg førekommande arter. Sysselmannen sluttførte i 2016 arbeidet med handlingsplan for framande arter, og fleire tiltak i planen er allereie gjennomført.

Oppfølging av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard har vore sentralt for miljøvernforvaltinga på Svalbard sitt arbeid etter at meldinga blei lagt fram, til dømes når det gjeld tilrettelegging for reiseliv i Isfjordområdet.

Lokale utslepp påverkar miljøet i større grad enn det ein har trudd tidlegare. I 2016 har miljømyndigheitene gitt pålegg til fleire aktørar om å gjennomføre tiltak i område med forureina grunn. Sysselmannen og Miljødirektoratet har starta ein gjennomgang av regelverket for avfallshandtering på Svalbard.

Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. I regi av Sysselmannen blei det i 2016 rydda 93 kubikkmeter søppel på nordsida av øygruppa.

Sysselmannen har over fleire år utarbeidd forvaltingsplanar for verneområda på Svalbard som dekker om lag 65 pst. av landarealet. Miljøforvaltinga tek sikte på å ferdigstille forvaltingsplan for nasjonalparkane og fuglereservata på Vest-Spitsbergen våren 2018. Forvaltingsplanane er eit verktøy for å balansere bruks- og verneinteressene innanfor ramma av verneformålet.

Kunnskap er ein føresetnad for god forvaltning av miljøet på Svalbard. Forsking er difor viktig for Svalbard. Samstundes er Svalbard viktig for forskinga, og Svalbard får ei stødig større rolle som forskingsplattform for norsk og internasjonal forsking. Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2016–2017) å løyve 20,5 mill. kroner til oppføring av eit nytt, felles bygg i Ny-Ålesund, i tråd med føringane i svalbardmeldinga. Klimaendringane og rask opptining av permafrosten påfører administrasjons- og servicebygget i Ny-Ålesund skadar. Regjeringa føreslo difor i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 å løyve 12 mill. kroner til Kings Bay til reparasjon av dette bygget. Stortinget slutta seg til forslaga.

Klima- og miljødepartementet endra 20. desember 2016 forskrift om motorferdsel på Svalbard. Området der tilreisande kan køyre snøskuter når dei deltek i organiserte turopplegg eller er i følgje med fastbuande, blei utvida. Bakgrunnen er at mindre fjordis på Tempelfjorden og Billefjorden har medført eit behov både for å skjerme dyrelivet mot motorferdsel på fjordisen, og eit behov frå reiselivets side for ei alternativ rute til Pyramiden når fjordisen er utrygg. Ved å opne for ei alternativ rute over bresystema, tek ein vare på både reiselivsnæringas behov for å kunne gjennomføre turar til Pyramiden og behovet for å unngå forstyrring av isbjørn og sel i ei sårbar tid på året.

Tiltak

Miljøvernarbeidet vil i 2018 ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard i ein situasjon der både klimaet, ferdsel og anna aktivitet er i endring. Forvaltinga vil sjå til at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Samstundes vil forvaltninga av Svalbards natur- og kulturminne ta omsyn til at både samfunna og miljøet på Svalbard er i endring, og leggje til rette for nødvendig omstilling og vidareutvikling i samsvar med dei måla som er sette i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna og som er viktige for reiselivet og lokalbefolkninga, skal sikrast. Miljøstyresmaktene skal arbeide vidare med å få på plass ein heilskapleg forvaltingsplan for området rundt Isfjorden, mellom anna for å leggje betre til rette for reiselivet innanfor forvaltningsområde 10. Prosessen knytt til etablering av næringshytter vil òg halde fram.

Det er viktig å ta omsyn til natur- og kulturminne innafor planområda i dei ulike planprosessane. Areal- og samfunnsplanlegginga i planområda må ta større omsyn til klimaendringane.

Den strenge praksisen når det gjeld løyve og vilkår for verksemd som medfører inngrep utanfor dei eksisterande busetjings- og gruveområda, vil bli ført vidare. Miljøstyresmaktene vil utarbeide ein plan for gjennomføring av mogleg vern av våtmarksområda i nedre Adventdalen.

Lokale forureiningskjelder som avfall og avløp skal følgjast opp for å redusere lokale utslepp. Det vil bli sett i verk tiltak nasjonalt og internasjonalt for å få på plass tiltak mot forsøpling av havet. Sysselmannen og Miljødirektoratet har òg starta ein gjennomgang av regelverket for avfallshandtering på Svalbard.

Sysselmannen vil prioritere å følgje opp arbeidet med dei industrielle kulturminna som til dømes dei freda taubane- og uteanlegga til gruvene i Longyearbyen, i tillegg til arbeidet med å sikre viktige, erosjonsutsette kulturminne.

Arbeidet med å styrkje norsk vertskap og koordinering av forskingsverksemda i Ny-Ålesund vil halde fram.

Svalbards miljøvernfond

Svalbards miljøvernfond gir tilskot til tiltak for å beskytte naturmiljø og kulturminner på heile øygruppa. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard. Sysselmannen på Svalbard er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir fatta av eit styre oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Midlane blir nytta til skjøtsel, vedlikehald av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål å undersøkje eller gjenreise miljøtilstanden. Over ein periode på ti år har fondet gitt støtte til 540 prosjekt med ein samla sum på 119 mill. kroner. I 2016 vart det tildelt 15 mill. kronar. Oversikt over tildelingar er å finne på nettsidene til Sysselmannen.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Klima- og miljødepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, oppdrag knytte til ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. For 2018 er om lag 101,4 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt på Klima- og miljødepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgivar for den sentrale forvaltninga, miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål. Instituttet skal skaffe og leggje til rette miljøfagleg kunnskap som grunnlag for vidare utvikling av verkemiddel og tiltak i miljøvernforvaltinga på Svalbard

Norsk Polarinstitutt produserer fortløpande nye og oppdaterte digitale kart basert på flybilete. Dei nye karta gjer mellom anna redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg mogleggjer karta betre overvaking av brear, noko som er eit viktig bidrag til norsk klimaforsking.

Norsk Polarinstitutt vil få ansvar for implementering og oppfølging av forskingsstrategien for Ny-Ålesund, jf. omtale under Kunnskapsdepartementet.

Sjå omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet for ytterlegare informasjon om Norsk Polarinstitutt.

Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund og har ansvaret for drift og utvikling av infrastrukturen på staden. Selskapet er 100 pst. eigd av staten. Klima- og miljødepartementet utøver statens eigarinteresser. Målet med den statlege eigarskapen er å syte for at Ny-Ålesund blir utvikla vidare som eit norsk senter for internasjonal arktisk naturvitskapeleg forsking. Per 31. desember 2016 var det engasjert 25 personar i Kings Bay AS. Selskapet sitt driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

Regjeringa foreslår å løyve 21,6 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2018 på kap. 1473, post 70. Sjå omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet for ytterlegare informasjon om Kings Bay AS.

Regjeringa har i Meld. St. 32 S (2015–2016) slått fast at det vil bli utarbeidd ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund som mellom anna skal gi føringar for utviklinga av infrastrukturen. Strategien er eit ledd i at regjeringa ønskjer å styrkje norsk vertskap i Ny-Ålesund, og sikre at ein nyttar dei unike, men avgrensa goda som Ny-Ålesund byr på meir effektivt og legg betre til rette for samarbeid.

Meteorologiske tenester

Klima- og miljødepartementet finansierer frå 1. januar 2018 drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen på budsjettet til Meteorologisk institutt (kap. 1412, post 50). Ansvaret ligg hos Kunnskapsdepartementet fram til 31. desember 2017. Utgifter til Meteorologisk institutt sin del av husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen blir finansiert på kap. 0019 på svalbardbudsjettet.

4.2 Nærings- og fiskeridepartementet

Aktivitet og omstilling på Svalbard

Historisk har koldrifta i lang tid vore kjerneaktivitet og drivkraft i den lokale økonomien på Svalbard. Longyearbyen har dei siste 20 åra fått eit vesentleg meir variert næringsliv. Den største aktiviteten på Svalbard i dag er knytt til bergverksdrift, forsking, undervisning, romrelatert verksemd, reiseliv og offentleg verksemd. Regjeringa vil, for å støtte opp om den vidare utviklinga av longyearbysamfunnet, leggje til rette for aktivitet og omstilling innan eksisterande og nye næringar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani (SNSK)

Utanriks- og forsvarskomiteen skreiv i Innst. 88 S (2016–2017):

«Komiteen mener det er viktig med en avklaring av selskapets retning og strategi fremover, både når det gjelder gruvedrift, boligutvikling, infrastruktur og eventuelle nye forretningsområder. Komiteen ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en sak om SNSK og der ta stilling til eventuelt endret formål og kategorisering av eierskapet.»

Merknaden blir kvittert ut i budsjettproposisjonen til Nærings- og fiskeridepartementet.

Nærings- og fiskeridepartementet legg opp til at Store Norske-konsernets framtidige hovudverksemd skal vere gruveverksemda i Gruve 7. Som det går fram av Prop. 52 S (2015–2016) antar ein at vidare drift i Gruve 7 vil vere forretningsmessig ulønnsam. Det blei derfor, av omsyn til m.a. sysselsetting i Longyearbyen og leveranse av kol til kraftverket, løyva midlar for å kunne vidareføre verksemda i Gruve 7. Det vart samstundes lagt til rette for at drifta i Gruve 7 kunne utvidast til to skift.

Nærings- og fiskeridepartementet vil vurdere nærare framtidig utvikling av bustadverksemda til Store Norske-konsernet, herunder òg andre organiseringsmodellar som tar hand om svalbardpolitiske omsyn.

Dagens øvrige verksemd som logistikkverksemd og turistverksemd kan vidareførast dersom det kan gjerast på forretningsmessig grunnlag og er i tråd med svalbardpolitiske omsyn. Regjeringa legg til grunn at aktiviteten ut over gruvedrifta ikkje vert utvida.

Svea/Lunckefjell

Store Norske Spitsbergen Kulkompani sitt dotterselskap Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG) har hatt store økonomiske utfordringar. Årsaken er reduksjon i kolprisane dei siste åra, kombinert med store tap på valutasikringsavtaler og krevjande marknadsutsikter for kol. Konsernet har difor fleire gonger dei siste åra fått tilført kapital, gjennom løyvingar frå staten.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2016–2017) at det blei løyvd 144 mill. kroner for gjennomføring av driftskvile i Svea/Lunckefjell i 2017. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 8 S (2016–2017).

Regjeringa foreslår no at gruveverksemda i Svea/Lunckefjell blir avvikla og at opprydding blir sett i gang. Infrastukturen i Svea blir skalert ned til eit minimum og det er ikkje aktuelt å leggje til rette for bruk av Svea til anna aktivitet når oppryddinga er gjennomført. Dette utelukkar ikkje at enkelte gjenverande «kalde bygg» kan stillast til disposisjon for reiseliv eller forsking på linje med forlatte bygg andre stadar på øygruppa. Regjeringa foreslår difor i fagproposisjonen for Nærings- og fiskeridepartementet at det i 2018 blir løyvd 141 mill. kroner til opprydding i Svea/Lunckefjell (kap. 900, post 31) og 43 mill. kroner til dekning av pensjonsplikter knytte til gruveverksemd (kap. 950. post 95) og tapsavsetning på kap. 950, post 51. Regjeringa foreslår i tillegg at Nærings- og fiskeridepartementet i 2018 kan pådra staten forpliktingar ut over budsjettåret for inntil 500 mill. kroner til gjennomføring av miljøtiltak i Svea og Lunckefjell.

For ytterlegare omtale av Store Norske og Lunckefjell/Svea, viser ein til budsjettproposisjonen til Nærings- og fiskeridepartementet.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer Bergverksordninga for Svalbard, jf. kgl. res. 7. august 1925 med heimel i Svalbardtraktaten, og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. DMF har, etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal DMF, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument. Forskrifta er fastsett med heimel i svalbardmiljølova.

DMF tildeler utmål og gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagte gruver. Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for DMF:

«Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet.
Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål:
  • 1. DMF skal bruke sine verkemiddel overfor mineralnæringen slik at forvaltninga av mineralressursar er forsvarleg og berekraftig.

  • 2. DMF skal arbeide for størst mogleg samla verdiskaping i mineralnæringa.

  • 3. DMF skal arbeide for best mogleg kommunikasjon og brukarorientering på alle sine verksemdsområde.

  • 4. DMF skal redusere miljøkonsekvensar av tidlegare mineralverksemd og syte for forsvarleg sikring etter slik verksemd.

  • 5. DMF skal syte for forsvarleg og berekraftig forvaltning av mineralressursar på Svalbard»

Dei viktigaste oppgåvene til DMF er saksbehandling og tilsyn. DMF vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av DMF på kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2017–2018).

Visit Svalbard AS

Regjeringa foreslår å løyve 2,25 mill. kroner til Visit Svalbard AS på Nærings- og fiskeridepartements budsjett, kap. 900, post 74.

Visit Svalbard AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. For omtale av turisme sjå pkt. 2.2.3.

Romverksemd

Svalbard har ei sentral rolle innan norsk romverksemd. Svalbard si geografiske plassering er god både for utforsking av atmosfæren og nedlesing av satellittdata. Plasseringa er òg årsaka til at EU har valt å plassere sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus ved Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg deltek i begge dei store romprogramma i EU, noko som er med på å gi gode navigasjonstenester i nordområda. Deltakinga medverkar til å støtte opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap, klima og miljø. Regjeringa foreslår å løyve 355,1 mill. kroner til norsk deltaking i EUs romprogram i 2018.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon.

Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile føremål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan lese ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen.

Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund vart oppretta i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Space Center A/S, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet (90 pst.) og Kongsberg Gruppen (10 pst.). Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar.

Fiskeri og marine ressursar

Stortinget vedtok 5. april 2016 oppmodingsvedtak nr. 568:

«Stortinget ber regjeringen komme med forslag i den kommende Svalbard-meldingen til hvordan økt fiskeri og annen høsting av marine ressurser kan gi positive ringvirkninger for Svalbard.»

Oppmodingsvedtaket er overført til Nærings- og fiskeridepartementet og er under handsaming. Regjeringa vil komme tilbake til oppmodingsvedtaket i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret er eit statleg eigd aksjeselskap. Senteret medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Regjeringa foreslår å løyve 132,3 mill. kroner til UNIS i 2018 på budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Tabell 4.1 UNIS, utvikling av budsjettildeling, talet på tilsette og studentar

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Tildeling (mill. kroner)

97,2

105,2

112,2

117,9

125,4

124,4

Tilsette (i parentes, tilsette i mindre stillingsbrøkar)

69 (28)

84 (28)

99 (34)

106 (38)

110 (43)

113 (50)

Studentar (årsverk)

150

160

175

190

203

214

UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet. UNIS har utvikla kvalitetssikringssystem som skal sikre at utdanningsaktiviteten lever opp til krav sett av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). UNIS tilbyr forskings- og feltbasert undervisning og eit læringsmiljø prega av stor samhandling mellom studentar og tilsette.

UNIS har som mål å vere ein trygg og kjent samarbeidspartnar for både den einskilde studenten og dei norske universiteta og høgskulane. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og det er eit mål at studentmassen fordeler seg om lag likt på norske og utanlandske studentar. UNIS skal utøve forsking og undervisning med minst mogeleg negativ påverknad på miljøet. Senteret spelar òg ei sentral rolle i vidareføring av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

UNIS kjøpte i 2016 56 pst. av varer og tenester lokalt i Longyearbyen.

Bygging av studentbustader

Tilsegn om tilskot til bygging av studentbustader på Svalbard vil i 2018 bli gitt med dobbel tilsegnssats, det vil seie 600 000 kroner pr. hybeleining. Årsaka til dette er ekstraordinært høge kostnader ved oppføring og drift av bygg på Svalbard. Kunnskapsdepartementet tar sikte på å gi tilsegn om tilskott på 62,5 hybeleiningar innanfor årets budsjettramme, slik at dagens studentbustader i det rasutsette området i Nybyen på Svalbard kan bli erstatta med studentbustader i eit trygt område.

Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner vidt og omfattar ulike fagdisiplinar. I underkant av 20 pst. av norsk polarforsking (ca. 330 mill. kroner i 2016) vert finansiert gjennom ulike generelle verkemiddel og handlingsretta program i Forskingsrådet. Av dette er om lag 40 prosent svalbardrelevant forsking. Polarforskingsprogrammet (POLARPROG) får målretta midlar til polarforsking frå Kunnskapsdepartementet (vel 60 mill. kroner) og Klima- og miljødepartementet (3,2 mill. kroner). Om lag halvdelen av prosjekta i POLARPROG er svalbardrelevante. Nivået vil bli vidareført i 2018.

Noregs forskingsråd har eit særskilt ansvar for koordinering av og informasjon om forskingsverksemd på øygruppa. Svalbard Science Forum (SSF) er eit samarbeidsorgan organisert av Forskingsrådet, der dei viktigaste forskingsmiljøa på Svalbard er medlemmer. SSF er eit viktig reiskap for fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgiving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard og gir støtte til internasjonalt samarbeid på Svalbard.

Databasen Research in Svalbard (RiS) (http://www.researchinsvalbard.no), inneheld oversikt over norsk og utanlandsk forskingsaktivitet på Svalbard og havområda rundt.

Regjeringa arbeider med ein strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Forskingsrådet har medverka med innspel og ein involverande prosess. Kunnskapsdepartementet har òg gitt Forskingsrådet i oppdrag å utvikle ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund når den overordna strategien ligg føre.

Folkehøgskuleloven

Stortinget vedtok 14. februar 2017 følgjande oppmodingsvedtak: «Stortinget ber regjeringen igangsette arbeidet med å foreslå endring i folkehøyskoleloven slik at det åpnes opp for å kunne drive folkehøyskole på Svalbard.», jf. Innst. 178 S (2016–2017) og Dokument 8:20 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet har følgt opp oppmodingsvedtaket. Kunnskapsdepartementet sende 7. september ut forslag om å endre folkehøgskulelova slik at den òg gjeld på Svalbard, jf. forslag til ny § 1 a. Departementet foreslår samtidig å forskriftsfeste ein regel om at ein eventuell folkehøgskule på Svalbard maksimalt kan ha 10 pst. utanlandske statsborgarar som elevar. Høyringsfristen er 7. desember 2017.

Svalbard Integrated Arctic Observing System (SIOS)

Alle institusjonar på Svalbard med infrastruktur for jordsystemforsking har gjennom eit forprosjekt arbeidd med å etablere grunnlag for Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS). Målet er eit breitt samarbeid for deling, koordinering, vidareutvikling og utnytting av relevant forskingsinfrastruktur. I 2014 var forprosjektet avslutta med ei samla tilråding frå konsortiet om etablering, oppgåver og organisering av SIOS. Forskingsrådet finansierer eit treårig interimsprosjekt ved UNIS og Norsk polarinstitutt for å førebu sentrale tenester som samarbeidet skal omfatte. Fleire norske og utanlandske forskingsinstitusjonar deltek i arbeidet. Midlar for perioden 2019–2021 vil bli dekka av dei ordinære rammene til Noregs forskingsråd. I 2016 vart SIOS AS etablert som eit dotterselskap under UNIS for å fungere som juridisk eining for SIOS-samarbeidet. Partnarane i SIOS tek sikte på å signere ei juridisk ikkje-bindande avtale (MoU) i løpet av 2017.

EISCAT

EISCAT er ein vitskapeleg internasjonal organisasjon som driv fire store radaranlegg for atmosfæreforsking mellom anna på nordlys. Radaranlegga er lokaliserte i Noreg, Sverige og Finland. Noregs forskingsråd dekkjer årleg kontingent til EISCAT på i underkant av 5 mill. kroner. Eiscat er eigd av forskingsråd og institutt i medlemslanda Finland, Kina, Noreg, Storbritannia, Sverige, og Tyskland.

EISCAT har gitt Universitetet i Tromsø i oppdrag å drive dei norske anlegga som ligg i Tromsø og på Svalbard.

Barnehagar

Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Fylkesmannen i Troms gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som barnehagestyresmakt.

Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettets kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

4.4 Finansdepartementet

Skatt på Svalbard er regulert av ei eiga skattelov, svalbardskattelova. Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde.

På Svalbard gjeld to former for skattlegging, lønstrekk og ordinær skattlegging. Etter ordninga med lønstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto løn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn løn og pensjon vert skattlagt på ordinært vis, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar. På Svalbard blir løn og pensjon skattlagt etter ein sats på 8 pst. opp til 12G, og med 22 pst. for inntekt over 12G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt som til dømes kapital- og næringsinntekt vert som utgangspunkt skattlagt med 16 pst.

Skattesystemet på Svalbard skal vere tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår.

Selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, blir skattlagde etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (23 pst.) for slike overskot. Føremålet er mellom anna å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard vert utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa.

Svalbard skattekontor

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet, sjå omtale på kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard.

Svalbard skattekontor har mellom anna følgjande oppgåver:

  • utføre fastsetjing av skatt etter svalbardskattelova

  • administrere register over befolkninga på Svalbard, jf. forskrift av 4. februar 1994 nr. 111.

  • refusjon av avgifta for fastbuande ved innbetaling til Svalbards miljøvernfond, sjå omtale på pkt. 4.1.

  • rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Statistisk sentralbyrå

Statistikklova omfattar Svalbard. Utarbeiding av god statistikk er viktig for å kunne gi regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga i svalbardsamfunnet. Statistisk sentralbyrå (SSB) har dei seinare åra prioritert ei styrking av svalbardstatistikken. SSB leiar statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for svalbardstatistikk. Utvalet skal mellom anna hjelpe SSB med å kartleggje og grunngi dei enkelte brukargruppene sine behov for statistikk og analyse innan bestemte statistikkområde og gi råd om prioritering og om korleis resultata skal formidlast. Utvalet er breitt sett saman, med deltaking frå mellom anna departementa, Sysselmannen, Longyearbyen Lokalstyre og andre offentlege og private aktørar med verksemd på Svalbard.

Omfanget av offisiell svalbardstatistikk har dei siste åra auka monaleg. All ny statistikk blir publisert på ei eiga temaside (www.ssb.no/svalbard). Temasida blir oppdatert jamleg og brukarane får tilgang på eit breitt spekter av statistikk om svalbardsamfunnet frå denne sida. Formidlinga av svalbardstatistikken er òg styrkt ved opprettinga av publikasjonen «Dette er Svalbard».

4.5 Samferdselsdepartementet

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten budsjetterer med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester på Samferdselsdepartementets kap. 1370, post 70.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Avinor AS er eit aksjeselskap 100 pst. eigd av staten. Svalbard lufthamn AS vart 1. juni 2016 etablert som eit heileigd dotterselskap av Avinor AS.

Regjeringa foreslo i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 å setje av 300 mill. kroner til utbetring av hamneinfrastrukturen i Longyearbyen hamn. Utbetringa er planlagd i første del av planperioden.

Satellittforskrift

Samferdselsdepartementet har fastsett ny forskrift om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt på Svalbard. Tilsvarande forskrift er fastsett for Antarktis. Forskriftene gjeld frå 1. mai 2017. Dei nye forskriftene regulerer bruken av jordstasjonar i polare område og legg til rette for samfunnsnyttig drift av desse stasjonane innanfor rammene av Noregs folkerettslege plikter.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal føre tilsyn etter dei nye forskriftene.

4.6 Barne- og likestillingsdepartementet

Barnevernet

Utgiftene til refusjon for barnevernsutgifter for Svalbard er i 2018 rekna til 2,5 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Barnevernstenesta på Svalbard er regulert av forskrift om lov om barnevernstenesta på Svalbard. Forskrifta regulerer m.a. fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barnevernstenesta sine oppgåver etter barnevernslova blir utførte av Sysselmannen med mindre oppgåvene er delegerte til eit representativt folkevald organ, jf. § 3 i forskrifta. Barnevernstenesta sine oppgåver etter barnevernslova blir utførte av Longyearbyen lokalstyre for Longyearbyen planområde, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernstyresmakt ved Bufetat region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2.

Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barnevernstenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernslova § 2-3 tredje ledd. Staten gir refusjon for dekning av utgifter til barnevernstiltak som vert sette i verk på fastlandet, då barn ikkje kan plasserast utanfor heimen på Svalbard. Barn som må i institusjon eller fosterheim blir plasserte på fastlandet. Lokalstyret må betale Bufetat for opphaldet, men får opphaldsutgiftene refundert av Fylkesmannen i Troms.

Barnetrygd

I 2018 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard vil utgjere om lag 5,2 mill. kroner på kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Barnetrygd blir utbetalt til personar som oppheld seg på Svalbard og som er medlem i folketrygda, jf. barnetrygdlova og folketrygdlova § 2-3. Det vart i 2016 utbetalt barnetrygd til om lag 400 barn busette på Svalbard.

Kontantstønad

Kontantstøttelova gjeld for personar busette på Svalbard og som er medlem av den norske folketrygda. Alle barn på Svalbard som kvalifiserer til kontantstønad er forventa å ha heiltidsplass i barnehage i 2018. Regjeringa foreslår difor ikkje å løyve midlar til kontantstøtte for barn busette på Svalbard i 2018.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF (UNN) har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Dette inneber at Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus, skal syte for naudsynte helsetenester til dei norske busetjingane på øygruppa. Det vert òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som ferdast på øygruppa og havområda omkring. Det same gjeld vern mot smittsame sjukdommar. I Barentsburg er det eiga helseteneste. Longyearbyen sjukehus kan hjelpe til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling, og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Innleggingar blir vanlegvis avgrensa frå nokre timar eller dagar til ei uke slik at situasjonen enten blir avklart for utskriving eller at pasienten må overførast til sjukehus eller anna medisinsk tilbod på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre tenester som kan samanliknast med primærhelsetenesta på fastlandet, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helsesøsterteneste og fysioterapiteneste og smittevern. Sjukehuset har òg tannlegeteneste. Sjukehuset kan gjennom avtale med verksemder tilby bedriftshelseteneste.

Svalbard er ikkje eit livsløpssamfunn. Det inneber mellom anna at Longyearbyen sjukehus ikkje har pleie- og omsorgsfunksjonar. Dei som har behov for slike tenester vil få desse i heimkommunen sin på fastlandet.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk naudmeldeteneste, omgåande hjelp, ambulanseteneste, redning utanfor veg i samarbeid med frivillige, redningshelikopterteneste organisert via og i samarbeid med Sysselmannen og flyambulanse til fastlandet. Longyearbyen sjukehus har eit utstrekt samarbeid med UNN om mellom anna videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE) som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand mellom Longyearbyen sjukehus og UNN.

Styrkt beredskap på Svalbard

I etterkant av skredulykka i 2015 og snøskuterulykka i 2017 har Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) og Helse Nord RHF gjort vurderingar for å styrkje beredskapen på Svalbard. Løysinga blir å etablere vaktordning for anestesilege knytt til Sysselmannens helikopter, kombinert med å plassere meir medisinteknisk utstyr i Longyearbyen. Kostnadene ved å etablere vaktordninga med anestesilege er utrekna til 16 mill. kroner årleg. Eingongsutgiftene til utplassering av utstyr er utrekna til 1,6 mill. kroner. Beredskapen vil venteleg vere etablert ved årsskiftet 2017/2018.

Helse Nord har vurdert å stasjonere eit jetfly i Tromsø i vinterhalvåret for å styrkje beredskapen i den årstida som er mest krevjande. Helse Nord har konkludert med at eit slikt tiltak vil gi liten aktivitet til høg kostnad. Helse Nord har difor valt å prioritere tiltak som vil gi styrkt beredskap på Svalbard og gi ei varig heilårsløysing. Ved å utplassere tungt medisinsk utstyr reduserer vi tidstap ved å transportere dette frå fastlandet i akutte situasjonar. Helse Nord vil samtidig framleis utgreie andre alternativ for raskare pasienttransport mellom Longyearbyen og fastlandet.

Helselovgining

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og Landbruks- og matdepartementet (LMD) fastsette 22. juni 2015 føresegn om at ei rekke helselover og -føresegner skal gjerast heilt eller delvis gjeldande for Svalbard og Jan Mayen. Føresegna tok til å gjelde frå 1. oktober 2015. Hovudformålet med føresegna er å modernisere helselovgivinga for Svalbard og Jan Mayen og å leggje reguleringa tettare opp til fastlandslovgivinga. Føresegna inneber i stor grad ei kodifisering av allereie gjeldande praksis. Etter føresegna gjeld mellom anna helsepersonellova, helsetilsynslova, smittevernlova, helseberedskapslova og matlova heilt eller delvis for Svalbard. Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med helsepersonell og helseteneste på Svalbard. Tilsyn etter matlova og kosmetikklova er lagt til Mattilsynet. Formålet med føresegna har ikkje vore å innføre nye typar tenester eller rettar.

Regelverk for sal av øl

I behandlinga av Svalbardmeldinga (Meld. St. 32 (2015–2016)) bad utanriks- og forsvarskomiteen om ein gjennomgang av regelverket for sal av øl på Svalbard, med utgangspunkt i avgrensingane for sal og skjenking av alkohol som inneheld over 7 volumprosent alkohol, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Helse- og omsorgsdepartementet sendte ut eit høringsnotat 8. juni 2017, der det blir foreslått at volumprosentforbodet på Svalbard vert oppheva. Høyringsfristen var 31. august 2017.

Stillingar

Norsk Helsenett vil etablere inntil fem stillingar i Longyearbyen, jf. omtale under pkt. 2.2.3.

4.8 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Bygg og eigedomar

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedomane i Longyearbyen. I 2016 blei sysselmannsgarden, post- og bankbygget, nokre lagerbygg og bustadane innlemma i staten si husleigeordning i statsbudsjettet på kap. 2445 Statsbygg. Dei andre eigedomane som frå før er innlemma i husleigeordninga, er Kjell Henriksen-observatoriet (nordlysobservatorium), Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmannen sitt administrasjonsbygg og Svalbard kyrkje. Det same gjeld dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund.

Statsbygg Svalbard har kontor i Longyearbyen. Løyvinga til drift av Statsbygg Svalbard skjer over svalbardbudsjettet, kap. 0020. Kontoret har fem tilsette.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2017 å løyve 28 mill. kroner til prosjektering og grunnarbeid til bygging av nye bustadar i regi av Statsbygg etter rasa i 2015 og 2017. Sjå omtale i pkt. 2.2.3.

Statens kartverk skal etablere eit nytt geodetisk jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard. Observatoriet skal romme geodetiske instrument som skal gjere nøyaktige tidsmålingar, målingar mot kvasarar og måle endringar i lokalt tyngdefelt og nøyaktig avstand til satellittar i polare baner. Observatoriet blir ferdigstilt og kan starte opp drifta i 2018.

4.9 Kulturdepartementet

Svalbard Museum

Svalbard Museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard Museum er innlemma i det nasjonale museumsnettverket. I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettets kap. 0004 Svalbard Museum vert det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Svalbard Museum får i forslaget til statsbudsjett for 2018 ei løyving på 1,85 mill. kroner over Det nasjonale museumsnettverket, jf. Vedlegg 1.

I 2016 hadde Svalbard Museum 45 250 vitjingar, ein auke på 4 pst. frå 2015.

Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum opna Kunsthall Svalbard i Longyearbyen i 2015. Kunsthallen er lokalisert saman med Svalbard Museum.

Stiftinga Artica Svalbard

Kulturdepartementet skipa hausten 2016, i lag med Fritt Ord og kulturnæringsstiftinga SpareBank 1 Nord-Noreg, stiftinga Artica Svalbard. Føremålet med stiftinga er mellom anna å utvikle det norske kunst- og kulturfeltet, styrkje den kulturelle og kreative næringa på Svalbard og setje søkjelys på kor viktige nordområda er. Våren 2017 vart det opna ein kunstnarverkstad og kunstnarbustader i Longyearbyen. I kjerneverksemda inngår residensprogram for kunstnarar innanfor alle sjangrar; desse skal skape og formidle kunst og medverke til ordskifte om nordområda om tema som kultur, geopolitikk, klima, migrasjon og minoritetar. Artica Svalbard inngår i ein aktiv nordområdepolitikk, er eit ledd i satsinga frå regjeringa på kulturturisme og ei oppfølging av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Det vert lagt vekt på å knyte verksemda til lokalsamfunnet på Svalbard og å samarbeide om utviklinga vidare. Det er gjort framlegg om 2,555 mill. kroner i driftstilskot til stiftinga over Kulturdepartementets budsjett.

Anna tilskot

På Kulturdepartementets budsjett for 2018 er det sett av 165 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard på kap. 325 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre (LL).

Svalbardposten får mediestøtte frå Medietilsynet på kap. 335, post 71 etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedium. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før oktober same året. Svalbardposten fekk 481 000 kroner i produksjonstilskot i 2016.

4.10 Olje- og energidepartement

Førebygging av flaum- og skredskadar

Olje- og energidepartementet har det statlege forvaltningsansvaret for flaum og skred. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kan gi fagleg og økonomisk bistand innan kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking/varsling og beredskap. NVE må kvart år prioritere kva tiltak og kva område som kan få støtte innanfor gjeldande løyving. NVE sitt ansvarsområde på Svalbard vart avklart som ei oppfølging av Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene — om flom og skred.

NVE har fått på plass betre kartlegging av naturfarar i Longyearbyen. Ein ny rapport blei overlevert til Longyearbyen lokalstyre i desember 2016. Rapporten inneheld detaljert kartlegging av skredfaren i Longyearbyen planområde. Karta i rapporten viser at snøskred, sørpeskred, jord- og flaumskred er dei skredtypane som utgjer fare for busetjinga. Faresonekart viser at den øvre rekka av husa i Lia og Nybyen i tillegg til noko kritisk infrastruktur er innanfor 100-års faresone for skred. Det er til saman 154 bueiningar og to vandrarheimar som ligg innanfor 100-årsfaresona.

NVE støttar lokale myndigheiter med å vurdere kva sikringstiltak som kan vere aktuelle basert på kartleggingsrapporten. NVE samarbeider også med myndigheitene på Svalbard om flaum- og sørpeskred i Longyearelva og Vannledningsdalen.

NVE oppretta på Svalbard i 2016 regional varsling for regionen Nordenskiöldland. NVE har i tillegg etablert ei lokal varsling for Longyearbyen. Ved fare for naturleg utløyste skred som kan true busetnaden i Longyearbyen, vil NVE gjere lokale tilleggsvurderingar av denne skredfaren spesielt. Desse vurderingane vil vere baserte på generelt vêr- og skredvarsel, lokalt vêrvarsel, lokale skredobservasjonar og kunnskap om skredbaner i Longyeardalen.

Longyearbyen lokalstyre har i følgje beredskapsforskrifta ansvaret for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen. Når det blir varsla om naturleg utløyste skred, blir Longyearbyen lokalstyre kontakta for vurdering av oppfølgingstiltak. Oppfølging kan vere auka overvaking eller evakuering. Sysselmannen støttar ved behov Longyearbyen lokalstyre i å gjennomføre dette, i tillegg til å vedta og setje i verk eventuelt ferdselsforbod.

For å gi innbyggjarane i Longyearbyen auka tryggleik for vinteren 2017/2018, planlegg NVE å føre vidare snøskredvarslinga på Svalbard i hovudtrekk slik den blei etablert i januar 2016. Regjeringa foreslår å vidareføre løyvinga på 1 mill. kroner over NVE sitt budsjett for dette formålet. Longyearbyen lokalstyre skal etter planen overta denne lokale varslinga.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2017 å løyve 20 mill. kroner til skredsikring til NVE/Longyearbyen lokalstyre. Stortinget slutta seg til forslaget. Tiltaka vil beskytte attverande bustader rundt spisshusa som blei tekne av skredet i desember 2015. Tiltaka legg òg til rette for reetablering av busetnad i området som vart ramma av skredet. I 2017 blir det gjennomført detaljprosjektering og sikring mot sørpeskred. Det er utfordringar med permafrost, grunnforhold og fundamentering av sikringstiltak mot snøskred. Nye grunnundersøkingar må sluttførast før støtteførebygningar blir bygde. Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat blir desse sikringstiltaka difor sluttført i 2018.

Utgreiing om framtidig energiforsyning

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard bad Stortinget Regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar (jf. Innst. 88 S (2016–2017)).

Regjeringa legg til grunn at den framtidige energiforsyninga må gi ein forsvarleg forsyningstryggleik for busetjingane på Svalbard. Energiløysinga som blir valt for området bør vidare vere berekraftig og kostnadseffektiv.

Olje- og energidepartementet vil setje i gang ei ekstern utgreiing av framtidig energiforsyning for Svalbard. Longyearbyen lokalstyre vil bli involvert i det vidare arbeidet. For ytterlegare omtale av utgreiinga, sjå Prop. 129 S (2016–2017).

4.11 Landbruks- og matdepartementet

Utanriks- og forsvarskomiteen skreiv i samband med handsaminga av svalbardmeldinga, jf. Innst. 88 S (2016–2017) at «høringen påpekte behovet for å styrke dyrevelferden på Svalbard. Foreningen viste til at hovedutfordringen i dag er mangel på en stabil og forutsigbar tilgang på veterinærtjenester. Komiteen ber regjeringen vurdere om man kan finne en løsning på utfordringene knyttet til dyrevelferd og personalsituasjonen.»

Etter dyrehelsepersonellova er det kommunane som skal syte for tilfredsstillande tenester frå dyrehelsepersonell. Svalbard er derimot ikkje omfatta av dyrehelsepersonellova.

Landbruksdirektoratet forvaltar tilskot til kommunale veterinærtenester på kap. 1142, post 60. Eit mindre beløp kan nyttast på Svalbard. Etter søknad frå Svalbard Vet AS vart selskapet i 2016 tildelt 220 000 kroner. Landbruks- og matdepartementet tildeler midlane som blir brukte på Svalbard. Landbruks- og matdepartementet legg opp til å vidareføre denne ordninga for Svalbard, innanfor eksisterande rammer.

Frøkvelvet

Landbruks- og matdepartementet driftar Svalbard globale frøkvelv. Frøkvelvet er bygd inn i permafrosten i fjellet på Svalbard. Frøkvelvet er verdas største sikkerheitslager for frø. Ni år etter at frølageret blei etablert, er meir enn 900 000 frøprøvar deponerte for langtidslagring. Dette er meir enn ein tredel av det mangfaldet av frø som i alt er lagra i alle verdas frøbankar, ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Den store internasjonale merksemda frøkvelvet har fått frå internasjonale medium og myndigheiter i andre land, har medverka til å auke forståinga for kor viktig det er å ta vare på landbrukets biologiske mangfald, medverka til å auke det internasjonale medvitet om Svalbard og gitt besøkande til Svalbard eit ekstra interessepunkt.

Statsbygg eig og forvaltar bygningane til frøkvelvet. Statsbygg er i ferd med tekniske utbetringar i samband med vassinntrenging i ytre del. Bakgrunnen er at permafrosten ikkje har etablert seg som planlagt.

Regjeringa foreslår å løyve 6,1 mill. kroner til drift av frøkvelvet på kap. 1139, post 71.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2018

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2016, vedteke budsjett for 2017 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2018. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Utgifter

444 650

462 982

466 907

Inntekter

186 930

142 044

228 537

Utgifter på programkategori 06.80 fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

0001

Tilskot til Svalbard kyrkje

4 889

5 234

5 350

2,2

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

168 405

153 506

150 190

-2,2

0004

Tilskot til Svalbard Museum

11 924

12 250

12 520

2,2

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

53 986

64 616

66 640

3,1

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

193 849

198 500

202 867

2,2

0007

Tilfeldige utgifter

1 745

1 400

1 100

-21,4

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

1 937

1 975

2 020

2,3

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 659

1 800

1 840

2,2

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

3 432

3 520

3 600

2,3

0018

Navigasjonsinnretningar

6 700

7 200

7 360

2,2

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

6 635

7 120

7 190

1,0

0020

Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 3020)

3 831

2 061

2 110

2,4

0022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

3 757

3 800

4 120

8,4

Sum kategori 06.80

462 749

462 982

466 907

0,8

Utgifter på programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

01-23

Driftsutgifter

272 238

285 097

294 147

3,2

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

116

0

0

0

50-58

Overføringar til andre stats- rekneskapar

3 432

3 520

3 600

2,4

70-89

Overføringar til private

186 963

172 390

169 160

-1,9

Sum under departementet

462 749

462 982

466 907

0,8

Inntekter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

3005

Sysselmannen (jf. kap. 0005)

5 330

2 900

3 300

13,8

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 0006)

1 199

0

0

-

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

0

0

0

-

3020

Statsbygg Svalbard (jf. kap. 0020)

0

0

0

-

3022

Skattekontoret Svalbard (jf. kap. 0022)

295

280

330

17,9

3030

Skattar og avgifter

180 107

138 864

224 907

62,0

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

276 138

320 938

238 370

-25,7

Sum kategori 06.80

463 069

462 982

466 907

0,8

Fotnotar

1.

AIS er eit Automatisk Identifikasjons System og eit hjelpemiddel mot kollisjon som er innført av FNs sjøfartsorganisasjon IMO for å auke tryggleiken for skip og miljø, og betre trafikkovervaking og sjøtrafikktenester.

Til forsida