Prop. 12 L (2015–2016)

Endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og lov om tilskott til livssynssamfunn (endring i tilskottsreglane ved avviklinga av buplikta for prestane i Den norske kyrkja)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kulturdepartementet legg med dette fram forslag om lov om endringar i lovgivinga om trus- og livssynssamfunn.

Prestane i Den norske kyrkja har frå eldre tid hatt tenestebustader som dei har hatt plikt og rett til å bu i. Frå 1. september 2015 har Kulturdepartementet oppheva buplikta for prestane. Grunnlaget for tenestebustadordninga, slik den har vore frå gamalt av, er dermed ikkje lenger til stades. Som følgje av denne endringa i arbeidsvilkåra for prestane, har alle prestane fått ein lønnskompensasjon frå 1. september 2015 i samsvar med avtale mellom Kulturdepartementet og tenestemannsorganisasjonane for prestane. Dei budsjettmessige verknadene er samla sett rekna til 77 mill. kroner for 2016. Summen er medrekna i forslaget til statsbudsjett for 2016 under kap. 340 Den norske kyrkja, post 01, der utgiftene til prestetenesta i Den norske kyrkja er budsjetterte, sjå Prop. 1 S (2015–2016) Kulturdepartementet.

I proposisjonen foreslår departementet at lov om trudomssamfunn og ymist anna og lov om tilskott til livssynssamfunn vert endra slik at løyvingar til Den norske kyrkja som skuldast at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane er avvikla, ikkje skal reknast med i grunnlaget for statstilskottet til samfunna.

Kulturdepartementet legg til grunn at lovforslaga ikkje er i strid med internasjonale konvensjonar om menneskerettar eller Grunnlova § 16. Dette rettslege spørsmålet er særskilt vurdert av Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet, og vurderinga frå Lovavdelinga er sitert i proposisjonen. Kulturdepartementet viser til denne.