Prop. 143 L (2021–2022)

Endringar i havenergilova (utlysing og tildeling av areal)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Departementet foreslår i denne proposisjonen endringar i lov 4. oktober 2010 nr. 21 om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova). Lovforslaget gjeld prosessen fram mot søknad om tildeling av konsesjon for produksjonsanlegg innanfor eit område som er opna for utvikling av fornybar energiproduksjon til havs. Dei foreslege endringane gir departementet heimel til å lyse ut og invitere til konkurranse om tildeling av område som er opna etter havenergilova § 2-2.

Departementet foreslår at det som hovudregel skal haldast ein konkurranse om areal for fornybar energiproduksjon. Departementet legg opp til at konkurranse om areal normalt vil gjennomføres som auksjon. Departementet foreslår vidare at departementet kan bestemme at eit område skal tildelast på grunnlag av andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår, og at departementet då kan fastsette storleiken på vederlaget. Lovforslaget seier også at departementet, i særlege tilfelle, kan tildele eit område etter søknad utan utlysing og konkurranse.

Lovforslaget handlar også om at ved ein tildeling av areal, må søkarar ha tilfredsstillande teknisk kompetanse og finansiell styrke, og oppfylle relevante krav til helse, miljø og sikkerheit. Det er vidare forslag om at departementet kan krevje at aktørane som vil delta i ein konkurranse om tildeling av areal, skal prekvalifiserast før deltaktelsen. Ved utlysing kan departementet også sette andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår.