Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 47 S (2016–2017)

Finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Rogaland fylkeskommune og Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg kommunar er samde om å vidareføre satsinga på vegtiltak gjennom ei ny bompengepakke. Bypakke Nord-Jæren skal avløyse dagens Nord-Jærenpakke, og dagens bomstasjonar vert etter planen avløyste av eit nytt innkrevjingssystem tidleg i 2018. Lokale styresmakter har lagt til grunn bompengeinnkrevjing i 15 år.

Det er venta stor folketalsvekst på Nord-Jæren, og lokale styresmakter ønskjer gjennom Bypakke Nord-Jæren å bidra til nullvekst i personbiltrafikken framover. Dette føreset at delar av vegnettet får ei opprusting som er tilpassa dette målet. Lokale styresmakter ønskjer at trafikkveksten innan persontransport skal takast med kollektivtransport, sykling og gåing. Pakka skal styrke kollektivtilbodet og tilhøva for fotgjengarar og syklistar, særleg til område med stor næringsverksemd som Forusområdet. Det er i den vidare utviklinga av tiltak særskilt viktig at behovet for utvikling av mobilitet og framkomst, fysisk infrastruktur og miljøkrav er balansert i tråd med behov for økonomisk utvikling og verdiskaping.

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om finansiering av ei bypakke for Nord-Jæren i Rogaland, i tråd med ønskje og vedtak frå lokale folkevalde styresmakter. Pakka vil omfatte prosjekt og tiltak i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg kommunar.

Bypakke Nord-Jæren skal avløyse dagens Nord-Jærenpakke, der bompengeinnkrevjinga starta i 2001. Gjennom Nord-Jærenpakka er ei rekkje prosjekt og tiltak på vegnettet i Stavanger, Sandnes, Sola, Randaberg og Klepp kommunar realiserte. I arbeidet med ny Bypakke Nord-Jæren har lokale styresmakter vorte samde om at pakka berre skal omfatte dei fire nordlegaste kommunane på Jæren. Klepp, Hå og Time kommunar ønskjer å komme tilbake med ei eiga pakke når det ligg føre nærare planar.

Målet for Bypakke Nord-Jæren er nullvekst i personbiltrafikken fram mot 2032, samt god framkomst for alle trafikantgrupper med hovudvekt på kollektivtransport, sykling, gåing og næringslivstransport. Lokale styresmakter legg til grunn at trafikkveksten framover skal takast med kollektivtransport, sykling og gåing, noko som er i tråd med målet for storbyområda i klimaforliket frå 2012 og i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023.

Trass i dagens situasjon med stagnasjon i oljebransjen, er det venta vekst i folketalet på Nord-Jæren fram mot 2040. Fram til no har det vore stor vekst i arbeids- og handlereiser til område med låg kollektivdekning, slik som Forusområdet mellom Stavanger og Sandnes. Pakka skal styrke kollektivtilbodet og betre forholda for fotgjengarar og syklistar til område med stor næringsverksemd.

For å nå målet om nullvekst i personbiltrafikken og meir effektiv transport på Nord-Jæren er det lokalt vedtatt å gjennomføre følgjande hovudtiltak:

  • Etablering av sykkelekspressveg mellom Stavanger og Sandnes via Forus

  • Etablering av eit samanhengande bussystem på Nord-Jæren (Bussveien)

  • Etablering av ein transportkorridor for næringslivet på vestsida av dei mest folketette bustadområda (Transportkorridor vest) samt utbetring av E39 på strekningane Ålgård – Hove og Smiene – Harestad.

Tiltaka som er lagt til grunn for Bypakke Nord-Jæren, gir eit godt bidrag i retning av målet om nullvekst i personbiltrafikken. Det vert lagt til grunn at lokale styresmakter vil forplikte seg til dette målet. Ytterlegare tiltak for å nå målet vil vere tema i forhandlingane om byvekstavtale for Nord-Jæren.

Til toppen
Til forsida av dokumentet