Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 47 S (2016–2017)

Finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

5 Trafikkgrunnlag

Bruk av bompengar påverkar trafikantane sine reiseval. Reisetid og reisekostnader er to vesentlege faktorar når folk planlegg sin reisekvardag på kort sikt og val av bustad/arbeidsstad i eit større perspektiv. Statens vegvesen har vurdert korleis bompengeinnkrevjinga vil påverke trafikken gjennom dei planlagde bomstasjonane. Det er tatt utgangspunkt i dagens trafikk og ein regional transportmodell. I tillegg er det sett på samanliknbare prosjekt.

Totaltrafikken gjennom dei planlagde bomsnitta er rekna til om lag 242 800 køyretøy per døgn. Innføringa av bompengeinnkrevjing er venta å redusere trafikken til om lag 218 500 køyretøy per døgn, tilsvarande 10 pst. Den eksterne konsulenten har berekna vesentleg høgare bompengeinntekter enn det som er lagt til grunn i denne proposisjonen, samtidig som dei har peikt på at det ligg føre uvisse i omfang på el-bilar og trafikkvekst som vil påverke bompengegrunnlaget.

Basert på erfaringstal frå byområdet er det lagt til grunn 5 pst. tunge køyretøy. I tillegg er det lagt til grunn at 10 pst. av dei lette køyretøya er knytt til næringstransport. Næringslivstransportar utgjer dermed 15 pst. av passeringane i bomsnitta. For næringslivstransportar er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst i tråd med prognosane som vart nytta i arbeidet med NTP 2014-2023. Dette inneber at det er lagt til grunn ein vekst på 2,9 pst. i 2015–2018, 2,6 pst i 2019–2024, 2,4 pst. i 2025–2030 og 1,7 pst. etter 2030.

I trafikktala er det lagt til grunn at elbilar og andre miljøkøyretøy vil utgjere 5 pst. av passeringane i bomringen. Ved vurdering av bompengeinntektene er det lagt til grunn betalingsfritak for slike køyretøy.

Som grunnlag for vurdering av bompengeinntektene er det lagt til grunn nullvekst i personbiltrafikken frå og med oppstart av bompengeinnkrevjinga knytt til Bypakke Nord-Jæren. Det er i følgje Statens vegvesen si vurdering ikkje mogeleg å oppnå dette gjennom bompengeordninga åleine. Statens vegvesen meiner derfor at det vil vere naudsynt med sterkare verkemiddel om ein skal nå dei måla som lokale styresmakter har satt i denne saka.

Til toppen
Til forsida av dokumentet