Prop. 75 L (2016–2017)

Endringar i pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova m.m. (styrking av rettsstillinga til barn ved yting av helse- og omsorgstenester m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår endringar i fleire lover på helse- og omsorgstenestefeltet. Dei fleste av forslaga gjeld endringar i lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (heretter pasient- og brukarrettslova) og lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (heretter helsepersonellova).

Ein større del av forslaga gjeld barn, blant anna barn sin rett til medverknad og medråderett ved yting av helse- og omsorgstenester, samtykke frå foreldre ved vaksinasjon av barn etter barnevaksinasjonsprogrammet og helsepersonell si ivaretaking av barn som pårørande til søsken med alvorlige helseproblem og som etterlatne etter foreldre og søsken som døyr.

Forslaget omfattar òg å harmonisere straffeføresegnene for brot på teieplikta etter helselovgivinga med straffeføresegna for brot på teieplikta i lov 20. mai 2005 nr. 28 om straff (heretter straffelova), ei presisering og fleire endringar av meir teknisk karakter i helsepersonellova, å oppheve kravet i lov 2. juni 2000 nr. 39 om apotek (heretter apoteklova) § 3-2 første ledd bokstav a og å tydeleggjere verkeområdet til lov 15. juni 2001 nr. 53 om erstatning ved pasientskader mv. (heretter pasientskadelova).

Nedanfor følger ei kort oppsummering av forslaga.

Barn sin rett til medverknad og medråderett ved yting av helse- og omsorgstenester

Utviklinga dei seinare åra, både samfunnsmessig og rettsleg, tilseier at vi bør gjennomgå føresegnene i pasient- og brukarrettslova om barn og unge sin rett til medverknad og medråderett ved yting av helse- og omsorgstenester. Departementet foreslår som følge av dette at:

  • Retten barn har til å få informasjon og bli høyrde skal gå direkte fram av pasient- og brukarrettslova.

  • Det skal innførast ein snever tilgang i pasient- og brukarrettslova til ikkje å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret, også når pasienten eller brukaren er under 12 år.

  • Det skal gå fram av pasient- og brukarrettslova at barn mellom 12 og 16 år i spesielle avgrensa tilfelle har sjølvstendig samtykkekompetanse.

  • Det skal innførast ein snever tilgang i pasient- og brukarrettslova til at den som yter helsehjelp, i særlege tilfelle kan ta avgjersle om strengt nødvendig og avgrensa helsehjelp for barn under 12 år.

  • Det skal gå fram av pasient- og brukarrettslova at frå eit barn er i stand til å danne seg eigne synspunkt om det samtykket dreier seg om, skal barnet få informasjon og høve til å seie si meining før spørsmålet om samtykke til helsehjelp blir avgjort. Dette skal gjelde seinast frå barnet fyller 7 år. Det skal vidare leggast vekt på kva barnet meiner, i samsvar med alder og modenskap, og frå fylte 12 år skal det leggast stor vekt på kva barnet meiner.

Samtykke frå foreldre ved vaksinasjon av barn etter barnevaksinasjonsprogrammet

Ut frå ei tolking av den gjeldande pasient- og brukarrettslova blir vaksinasjon i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet rekna som helsehjelp som er del av den daglege og ordinære omsorga for barnet. Dette gjer at det er tilstrekkeleg at den eine av foreldra eller andre som har foreldreansvaret samtykker til slik vaksinasjon. Departementet foreslår at dette skal gå fram direkte av pasient- og brukarrettslova.

Helsepersonell si ivaretaking av barn som pårørande til søsken og som etterlatne etter foreldre og søsken

I 2009 blei det innført nye føresegner i helsepersonellova og lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenester m.m. (heretter spesialisthelsetenestelova) for å sikre at helsepersonell skal bidra til å identifisere og sikre det informasjons- og oppfølgingsbehovet mindreårige barn kan ha som følge av at dei er pårørande til foreldre som er pasientar med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengigheit eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade.

For å sikre at helsepersonell skal bidra til å identifisere og sikre det informasjons- og oppfølgingsbehovet også mindreårige barn kan ha som pårørande til søsken med same alvorlege helseproblem som foreldre nemnd ovanfor, eller som etterlatne etter foreldre og søsken som døyr, foreslår departementet at lovgivinga også skal regulere dette.

Tydeleggjering av ansvaret for kommunale helse- og omsorgstenester for barn som er plassert utanfor heimen etter barnevernlova

Barn som oppheld seg i kommunen og som er plassert utanfor heimen etter lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester (heretter barnevernlova), er omfatta av ansvaret den kommunale helse- og omsorgstenesta har for å sørge for nødvendige helse- og omsorgstenester til personar som oppheld seg i kommunen. Dette gjeld uavhengig av kva som er grunnlaget for dette etter barnevernlova, og uavhengig av kva plasseringsalternativ barnet har opphald ved i kommunen.

I praksis viser det seg likevel at barn som er plassert utanfor heimen etter barnevernlova, ikkje alltid får eit tilstrekkeleg helsetilbod. Slik departementet vurderer det, er det viktig å sørge for at det ikkje er tvil om ansvaret den kommunale helse- og omsorgstenesta har overfor denne særlig utsatte og sårbare gruppa. Departementet foreslår derfor å tydeleggjere dette i lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (heretter helse- og omsorgstenestelova).

Harmonisering av straffeføresegnene for brot på teieplikt

Brot på teieplikta etter helsepersonellova, lov 20. juni 2014 nr. 42 om behandling av helseopplysninger ved ytelse av helsehjelp (heretter pasientjournallova) og lov 20. juni 2014 nr. 43 om helseregistre og behandling av helseopplysninger (heretter helseregisterlova) blir ramma både av den generelle straffeføresegna i straffelova § 209 og straffeføresegnene i dei nemnde lovene. Departementet foreslår å endre straffeføresegnene i særlovene slik at dei viser til straffelova § 209 for brot på teieplikt. Dette inneber at strafferamma for brot på teieplikt etter dei nemnde lovene blir endra frå bot eller fengsel inntil 3 månader til bot eller fengsel inntil 1 år. Departementet foreslår vidare å presisere at medverknad til brot på teieplikta etter dei nemnde særlovene framleis skal kunne straffast. I tillegg foreslår departementet å oppretthalde den særskilde påtaleregelen i helsepersonellova § 67.

Slik departementet vurderer det bør strafferamma i helsepersonellova vere den same for andre brot på lova. Departementet foreslår derfor å endre strafferamma for brot på helsepersonellova frå bot eller fengsel inntil 3 månader til bot eller fengsel inntil 1 år. På denne måten blir det samsvar mellom straffenivået for brot på teieplikt og brot på dei andre føresegnene i helsepersonellova.

Plikta til å gi informasjon til tilsynsstyresmaktene ved fare for pasienttryggleiken

Det har blitt reist spørsmål om opplysningsplikta i helsepersonellova § 17 inneber at helsepersonell pliktar å gi tilsynsstyresmaktene opplysningar som er omfatta av teieplikta, og som dei er kjende med i kraft av å yte helsehjelp til anna helsepersonell, når vilkåra i føresegna er oppfylt. Departementet foreslår å føye til ei presisering i føresegna, slik at det klart går fram at føresegna ikkje gir noko fritak frå teieplikta om dei helsemessige eller personlege forholda til pasientar.

Enkelte tekniske endringar i helsepersonellova

Departementet foreslår å gjere ei rekke tekniske endringar i føresegner i helsepersonellova, som skal bidra til å gjere innhaldet i føresegnene tydelegare. I tillegg foreslår vi å oppheve helsepersonellova § 38, som ikkje har tredd i kraft.

Oppheving av apoteklova § 3-2 første ledd bokstav a

Departementet foreslår å oppheve apoteklova § 3-2 første ledd bokstav a, som gjeld vilkår for konsesjon til drift av apotek (apotekar). Føresegna stiller opp eit sjølvstendig krav til utdanning som etter ordlyden inneber at kandidatar med utdanning frå andre EØS-land eller land utanfor EØS (tredjeland), og som har fått autorisasjon som provisorfarmasøyt, likevel kan bli nekta driftskonsesjon. Departementet meiner ordlyden kan vere i strid med forpliktingane våre etter EØS-avtalen og har derfor bede Statens legemiddelverk om å legge til grunn ei forståing av § 3-2 første ledd bokstav a som ikkje strider mot dei forpliktingane Noreg har etter EØS-avtalen. For å oppnå samsvar mellom ordlyden i apoteklova og gjeldande praksis foreslår departementet å oppheve kravet.

Tydeleggjering av verkeområdet til pasientskadelova

Pasientar som har blitt påført ein skade som kjem av behandling, undersøking, diagnostisering eller oppfølging hos helsepersonell eller personell ved institusjonar i helse- og omsorgstenesta, kan ha krav på erstatning etter pasientskadelova.

Departementet foreslår å tydeleggjere verkeområdet for pasientskadelova for dei tilfella der autorisert helsepersonell tilbyr behandling som dels er «helsehjelp» etter helsepersonellova og dels «helserelatert behandling» etter lov 27. juni 2003 nr. 64 om alternativ behandling av sykdom mv. (heretter alternativ behandlingslova).

Departementet foreslår ikkje å utvide tilgangen til å delegere vedtakskompetanse frå Helsepersonellnemnda til sekretariatet

Forslaget møtte stor motstand blant høyringsinstansane. Etter ei ny vurdering har departementet derfor komme fram til at lovendringsforslaget ikkje bør vidareførast.

Svalbard og Jan Mayen

Forslaga i propsisjonen fører ikkje til behov for endringar i forskrift om helselovgjevinga for Svalbard og Jan Mayen.

Til forsida