Prop. 84 S (2016–2017)

Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå

Til innhaldsliste

Del 1
Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå

2 Reformbehov

Vi lever i eit komplekst samfunn prega av utfordringar som ingen aktør, sektor eller forvaltningsnivå kan løyse aleine. Fylkesinndelinga har stått urørt i meir enn 150 år og er tilpassa utfordringane i ei anna tid. På same måte som for kommunegrensene går fylkesgrensene delvis på tvers av reisemønster, bustad- og arbeidsmarknadsregionar og næringsstrukturar. Areal og funksjonelle strukturar som bør sjåast i samanheng, er i mange tilfelle langt større enn dagens fylke. Klimaendringar, demografiske endringar og omvelting i verdsøkonomien krev at mange aktørar må tenkje nytt. Internasjonale endringar i vare- og tenesteproduksjon krev omstilling i næringslivet og offentleg sektor for at vi skal kunne halde oppe det velstandsnivået vi ønskjer å ha både no og i framtida.

Handteringa av sentrale utfordringar i samfunnet krev utvida geografiske perspektiv. For å få dette til, og for å optimalisere offentleg ressursbruk, er det viktig at forvaltningsnivåa speler betre saman. Planlegging og innsats må byggje på og ikkje underminere kvarandre. Aktørar på alle nivå må koordinere innsatsen sin for å oppnå best moglege resultat. Dette er bakteppet for regionreforma.

2.1 Rolla som samfunnsutviklar

Regionreforma skal styrkje det regionale folkevalde nivået, slik at fylkeskommunane betre kan utøve rolla si som samfunnsutviklar. Større fylkeskommunar, desentralisering av oppgåver og styrking av regional planlegging er dei sentrale elementa i reforma.

Regjeringa meiner føresetnadene for å fylle ei strategisk rolle som samfunnsutviklar og møte utfordringane i samfunnet er tett knytt til regional struktur. Det gjeld både dei noverande fylkeskommunale oppgåvene og framtidig rolle og oppgåver for regionalt folkevalt nivå. Regionstrukturen må gjere det mogleg å sjå funksjonelle område i samanheng og å byggje opp under fylkeskommunane si evne og høve til å gje samfunnsutviklinga strategisk retning, mobilisere på tvers av sektorar, nivå og aktørar og koordinere offentleg innsats og verkemiddelbruk gjennom regional planlegging og utvikling. Ein ny fylkesstruktur er nødvendig for ei forsterka rolle som samfunnsutviklar. Stortingsfleirtalet støttar regjeringa si tilnærming, jf. Innst. 377 S (2015–2016). I Innst. 333 S (2014–2015) framhevar òg eit fleirtal på Stortinget at nye oppgåver til regionalt folkevalt nivå føreset at prosessen fører til færre fylkeskommunar av ein viss storleik.

2.2 Samhandling med staten

Grensene til viktige regionale statlege samarbeidspartnarar har blitt endra dei siste tiåra og fell ikkje lenger saman med fylkesgrensene. Produktivitetskommisjonen (NOU 2016: 3) peikar på at offentleg organisering på regionnivået er svært mangfaldig, og at koordineringa med fylkesmenn og fylkeskommunar er komplisert. Kommisjonen viser til at det for 38 statlege etatar er valt 36 ulike regionale inndelingar, og at dette gjer det vanskeleg å få til godt samarbeid på tvers av statlege etatar og mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Produktivitetskommisjonen meiner i den samanheng at tida er moden for ei reform i fylkesstrukturen med færre og større folkevalde regionar. Som ledd i ein slik reformprosess er det nødvendig å gjennomgå regional statleg forvaltning med sikte på betre samordning og eit meir effektivt og einsarta mønster i organiseringa, meiner kommisjonen.

Større fylkeskommunar vil ha betre høve til å vere likeverdige partar i samarbeid med statlege aktørar. Fylkeskommunane har allereie fleire samordningsfunksjonar, og større fylkeskommunar vil vere betre i stand til å oppfylle desse og til å fremje interessene til eigne innbyggjarar i møte med statlege etatar. Staten vil ha færre fylkeskommunar å samhandle med. Regjeringa varsla i Meld. St. 22 (2015–2016) også gjennomgang av dei statlege regiongrensene i lys av dei nye grensene for regionalt folkevalt nivå. I kapittel 6 utdjupar regjeringa rammene for den varsla gjennomgangen.

2.3 Styrking av fylkeskommunane som demokratisk arena

Større fylkeskommunar kan òg medverke til å styrkje demokratiet. I dag er interessa for regiondemokratiet lågare enn interessa for lokaldemokratiet. Større fylkeskommunar med ei forsterka samfunnsutviklarrolle vil få større innverknad og stå overfor fleire saker som må prioriterast opp mot kvarandre. Det styrkjer demokratiet på regionalt nivå. Større fylkeskommunar vil òg få styrkt fagmiljø som kan støtte opp om fylkespolitikarane og gje dei betre høve til å setje saker på dagsordenen ovanfor omverda og samarbeidspartar. Dei noverande fylkeskommunane er mange og kan i mange samanhengar oppleve at dei ikkje når fram i dialogen og samhandlinga med staten. Større og færre fylkeskommunar kan forsterke rolla si i dialogen og som avtalepart med staten, og dei vil betre kunne fremje interessene til innbyggjarane og næringslivet overfor nasjonale styresmakter.

2.4 Kapasitet og kompetanse

I mange fylkeskommunar er det i dag krevjande å utvikle robuste fagmiljø med kapasitet og/eller kompetanse til å ta hand om einskilde oppgåveområde, setje seg i førarsetet og ta nye konkrete initiativ eller til å styrkje samfunnsutviklarrolla si. Fleire av dei oppgåvene som vil bli overførte som del av regionreforma, vil forsterke behovet for større og meir robuste fagmiljø.

Større fylkeskommunar vil gje større administrative einingar som legg grunnlag for å byggje opp større kapasitet og kompetanse i oppgåveløysinga. Større og geografisk meir funksjonelle fylkeskommunar legg òg grunnlag for meir effektiv oppgåveløysing gjennom stordriftsfordelar i tenesteproduksjonen. Samla vil det innebere reduserte utgifter til administrasjon. Sjå kapittel 13.2 for nærare vurderingar av dette. Dette vil frigjere ressursar som til dømes kan nyttast til å styrkje tenestetilbodet til innbyggjarane.

3 Kriterium for ny inndeling av regionalt folkevalt nivå

I Meld. St. 22 (2015–2016) gjorde regjeringa framlegg om desse kriteria som grunnlag for den framtidige inndelinga av regionalt folkevalt nivå:

  • Fylkeskommunane bør utgjere funksjonelle einingar. Samanhengande bu- og arbeidsmarknader bør som hovudregel ikkje delast. Område som er knytte saman gjennom kommunikasjonar og næringar, bør liggje i same fylke. Dette legg grunnlag for å løyse noverande og framtidige oppgåver og roller og vil gje føresetnader for ei heilskapleg politikkutvikling som tek vare på regionale fortrinn og byggjer opp under vekstkrafta.

  • Eit regionalt folkevalt nivå som i større grad fell saman med dei regionale strukturane til kunnskapsinstitusjonar og statlege etatar innan infrastruktur og ressursforvaltning, kan betre leggje til rette for samhandling og samordning av innsats i fylket. Fylkeskommunane bør gjennom eigne oppgåver, planlegging og utviklingsarbeid kunne sikre eit heilskapleg perspektiv og vurdere ulike tiltak og konsekvensar opp mot kvarandre. Eit godt grunnlag for å kunne samhandle med næringsliv, kommunar og regional statsforvaltning er vesentleg for å fylle rolla som samfunnsutviklar.

  • Fylkeskommunane bør ha eit innbyggjargrunnlag som legg til rette for breie fagmiljø med kapasitet og kompetanse til å ta hand om noverande og framtidige oppgåver og funksjonar, slik at innbyggjarar i alle delar av landet kan ta imot gode tenester.

I handsaminga av Meld. St. 22 (2015–2016) støtta fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen «kriteriene som skal legges til grunn for den framtidige regioninndelingen, beskrevet i meldingen», jf. Innst. 377 S (2015–2016). Eit anna fleirtal i komiteen meiner at «regionene bør utgjøre funksjonelle enheter» og at «[s]ammenhengende bo- og arbeidsmarkeder bør som hovedregel ikke deles».

4 Prosessane og vedtaka i fylka

Kommunal- og moderniseringsministeren inviterte i brev av 2. juli 2015 alle fylkeskommunane og Oslo kommune til å innleie nabosamtalar. Brevet oppmoda til å gjere vedtak om strukturendringar på regionalt nivå innan hausten 2016. I brev av 22. august 2016 blei fylkeskommunane og Oslo kommune bedne om å gjere vedtak om samanslåing innan 1. desember 2016. Stortingsfleirtalet støtta oppmodinga frå departementet til fylkeskommunane om å gjere vedtak om samanslåing innan 1. desember 2016, jf. Innst. 377 S (2015–2016).

Alle fylkeskommunane og Oslo kommune har handsama sak om regionreform og spørsmålet om samanslåing i fylkestinget/bystyret.

I handsaminga av Meld. St. 22 (2015–2016) viser fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen (jf. Innst. 377 S (2015–2016)) til at:

regionreformen vil få konsekvenser for samhandlingen mellom kommunene, regionen og staten. I grenseområdene mellom de nye regionene kan det også være ulike meninger om hvor regiongrensene skal trekkes. Det er derfor viktig at kommunene engasjerer seg og deltar i prosessen med regionreformen.

Vidare meiner fleirtalet at «kommunenes innspill også må vektlegges i det videre arbeidet med regionreformen».

Nedanfor blir det gjort greie for prosessane og vedtaka i kvar einskild fylkeskommune og i Oslo kommune.

4.1 Østfold

Østfold fylkeskommune innleidde i 2015 nabosamtalar med tilgrensande fylke om ei mogleg framtidig samanslåing. Desse samtalane blei vidareførte i 2016. Fylkestinget vedtok i april 2016 å gå vidare med utgreiing om ei mogleg samanslåing av Akershus, Buskerud og Østfold. Det har blitt utarbeidd eit felles faktagrunnlag som gjer greie for dei tre fylkeskommunane: Akershus, Østfold og Buskerud – en felles folkevalgt region i framtiden?

I juni 2016 vedtok fylkestinget å vidareføre dette arbeidet. Samstundes blei det utnemnt eit forhandlingsutval, det blei opna for at Vestfold fylkeskommune kunne delta i samtalane, og det blei vedteke å sende spørsmålet om danning av ein ny region ut på høyring. I forhandlingsutvalet sat fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren og ein representant for det største opposisjonspartiet.

I perioden juni–november 2016 blei det gjennomført felles fylkestingsmøte, sonderingsmøte og forhandlingar mellom dei tre (fire) fylkeskommunane. Vestfold fylkeskommune deltok i sonderingane fram til september, da fylkestinget i Vestfold vedtok at deira primære ønske var ein region saman med Buskerud og Telemark.

I november blei forhandlingane om ein avtale om samanslåing av Akershus, Buskerud og Østfold sluttførte.

Høyring

Etter fylkestingsmøtet i juni 2016 blei underlaget for møtet sendt på høyring til kommunane, næringslivsorganisasjonar, regionale frivillige kulturorganisasjonar og organisasjonane til dei tilsette, i perioden juni–september 2016. Det kom i alt 21 høyringsinnspel, mellom anna frå 11 kommunar.

Dei fleste innspela er tydelege på at det er relevant å arbeide for ein større region og eit styrkt regionalt nivå. Gjennomgåande blir det uttrykt uro for at avstandane mellom kommunane og det regionale nivået kan bli stor – og at det tette og gode tilhøvet mellom fylket og kommunane/organisasjonen dermed blir skadelidande. Dei fleste som har gjeve konkrete innspel om geografiske grenser, kjenner sterkare samhøyrsel med Akershus og Oslo enn med Buskerud. Utfordringar knytte til manglande samsvar mellom administrative grenser og dei funksjonelle bu-, service- og arbeidsmarknadsregionane er eit gjennomgåande tema i mange av svara både frå kommunar og næringsliv.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av avtalen inngått mellom Akershus, Østfold og Buskerud vedtok fylkestinget i Østfold 7. desember 2016 at «(f)ylkestinget støtter ikke dannelsen av region Viken bestående av fylkene Akershus, Buskerud og Østfold».

Vedtaket blei gjort med 24 stemmer mot 11 stemmer.

4.2 Akershus

Som grunnlag for arbeidet med regionreforma har Akershus hatt førebuande samtalar med nabofylke. Akershus og Østfold blei einige om å gå i vidare dialog. Buskerud vurderte parallelt to alternativ: samarbeid med Vestfold og Telemark eller samarbeid med Akershus og Østfold. Fylkestinget i Buskerud vedtok i juni 2016 å gå inn i forhandlingar med Akershus og Østfold. Vestfold ønskte også å bli med i desse forhandlingane, men gjekk i september ut etter at fylkestinget vedtok at dei primært ønskte ein region saman med Telemark og Buskerud.

Som nemnt, har det blitt utarbeidd eit felles faktagrunnlag som gjer greie for dei tre fylkeskommunane: Akershus, Østfold og Buskerud – en felles folkevalgt region i framtiden? Fylkestinget i Akershus gjorde i juni 2016 vedtak om at Akershus held fram arbeidet med regionreform med sikte på samanslåing med eitt eller fleire nabofylke. Det blei òg vedteke at Akershus skulle føre vidare dialogen med Oslo kommune med sikte på eit tettare samarbeid og ei eventuell samanslåing.

I juni 2016 nedsette fylkestinget eit forhandlingsutval med mandat til å forhandle fram avtale med aktuelle fylkeskommunar. I forhandlingsutvalet sat fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren og ein representant for det største opposisjonspartiet.

I perioden juni–november 2016 blei det gjennomført felles fylkestingsmøte, sonderingsmøte og forhandlingar mellom dei tre (fire) fylkeskommunane. I november blei forhandlingane om ein avtale om samanslåing av Akershus, Buskerud og Østfold sluttført.

Samstundes har Akershus hatt politisk dialog med Oslo kommune med sikte på eit tettare samarbeid og eventuell samanslåing.

Høyring

I juni 2016 blei det sendt ut eit brev til kommunane, næringslivsorganisasjonane, regionale frivillige kulturorganisasjonar i Akershus og arbeidstakarorganisasjonar i Akershus fylkeskommune. I brevet blei det stilt ei rekkje spørsmål knytte til regionreform og spørsmålet om samanslåing med nabofylke.

I alt 21 kommunar har uttalt seg i saka. Kommunane er samstemde om at Oslo må bli ein del av regionen, og at den beste og mest funksjonelle regionen vil vere ei samanslåing mellom Akershus og Oslo kommune. Grunngjevinga kommunane har for å leggje så stor vekt på Oslo er den integrerte bu- og arbeidsmarknaden som Oslo og Akershus utgjer. Fleire av kommunane har som føresetnad at Oslo blir ein del av ei ny regiondanning omkring Oslo. Dersom det ikkje skjer, ber dei om at prosessen blir avslutta. Utover dette er det flest kommunar som gjev støtte til at Akershus kan slåast saman med Østfold dersom Oslo ikkje blir ein del av regionen.

Ei samanslåing mellom Akershus, Østfold og Buskerud får lita støtte frå kommunane. Det blir peikt på at ein slik region vil bli for stor både i folketal og areal, og at han vil vere lite funksjonell både politisk og administrativt. Berre Asker kommune peikar på Buskerud som ein aktuell samarbeidspartnar.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av avtalen inngått mellom Akershus, Østfold og Buskerud gjorde fylkestinget i Akershus 5. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Fylkestinget sier nei til avtalen om Region Viken slik den foreligger. Forutsetningene for struktur og virkeområde samt usikkerhet rundt fremtidige oppgaver, bidrar ikke til at denne reformen vil gi våre innbyggere et bedre tjenestetilbud.

  2. Akershus setter som forutsetning for en regionreform at Oslo blir en del av en ev. region Viken. Vi er i dag et felles bo og arbeidsmarked, og en slik sammenslåing ville gitt en positiv gevinst. Akershus fylkesting vil ikke at Akershus deles.

  3. Dersom Stortinget vedtar en ny region der Oslo og Akershus ikke er en del av en felles region, vil fylkestinget understreke behovet for et fortsatt nært samarbeid med Oslo. Storting og regjering bør i så fall legge tydelige føringer på å løse de utfordringene et felles bo og arbeidsmarked har på areal og transportsiden, der dagens avtaler vedrørende Ruter, bymiljøavtale, Oslo-pakke 3 samt regional plan for areal og transport må ses i sammenheng.

  4. En regionreform må bidra til at innbyggerne får bedre tjenester. Fylkestinget ønsker en mest mulig hensiktsmessig styring av oppgavene, der forenkling, effektivisering og en rasjonaliseringsgevinst blir viktig i den langsiktige prosessen.

Punkt 1 blei vedteke med 25 stemmer mot 18 stemmer. Punkt 2–4 blei vedtekne med 23 stemmer mot 20 stemmer.

4.3 Oslo

Oslo kommune har ikkje gjennomført formelle samtalar om samanslåing med omkringliggjande fylkeskommunar, men har hatt enkeltståande samtalar med Akershus og einskilde nabokommunar.

Vedtak gjort i bystyret

I samband med handsaminga av budsjett for 2017 og økonomiplan 2017 gjorde bystyret i Oslo kommune 7. desember 2016 dette verbalvedtaket:

  1. Oslo kommune viser til at regjeringen har satt i gang en omfattende reform der ønsket er å redusere antall kommuner. Samtidig er det på oppdrag fra Stortinget tatt initiativ til at flere fylker går sammen for å danne større regioner. Hensikten med reformen er større, mer robuste kommuner og regioner med økt makt og myndighet.

  2. Oslo i dag er landets eneste kommune med fylkeskommunale oppgaver. Slår man Oslo sammen med nabofylkene, så innføres det et nytt forvaltningsnivå for Oslo. Dette vil blant annet innebære at beslutningsmyndighet som i dag ligger i Oslo, flyttes til et nytt regionalt nivå. Oslo kommune kan ikke se at dette vil være til gavn for Oslos innbyggere, eller at det vil bidra til å nå regjeringens og Stortingets mål med reformen. Oslo kommune ønsker derfor at Oslo skal bestå som egen kommune med fylkeskommunale oppgaver som i dag.

  3. Oslo kommune ser samtidig et behov for, og ønsker, et nært og konstruktivt samarbeid med våre nabokommuner og fylkene nær oss for å finne gode løsninger på felles utfordringer innen blant annet arealplanlegging, samferdsel, videregående opplæring og næringsutvikling. Oslo kommune er derfor positive til å vurdere sammenslåing mellom Oslo og nabokommuner, og eventuelt se på justeringer av kommunegrensene. Dersom Stortinget velger å legge flere oppgaver ut til regionene, er det naturlig at Oslo som hovedstadsregion får tilført de samme oppgavene.

Punkt 1 og 2 blei vedtekne med 54 stemmer mot 5 stemmer. Punkt 3 blei vedteke med 51 stemmer mot 8 stemmer.

4.4 Hedmark

Hedmark fylkeskommune innleidde samtalar med Oppland fylkeskommune etter sondering om naboprat frå Opplands side. Fylkestinga i Hedmark og Oppland gjorde i juni 2016 likelydande vedtak om å be om ei utgreiing som avgjerdsunderlag for ei eventuell etablering av ein ny folkevald region i innlandet samansett av det som i dag er Oppland fylkeskommune og Hedmark fylkeskommune.

Det blei oppretta ei administrativ arbeidsgruppe med representantar frå begge fylkeskommunane som fekk i oppdrag å utarbeide utgreiinga som skal leggjast til grunn for eit eventuelt vedtak om samanslåing. Utgreiinga har vore på høyring til kommunar og regionråd i fylket. Ho er vidare send på høyring til tillitsvalde.

Høyring

Det blei gjennomført høyring av utgreiinga i perioden oktober–november 2016. I alt 14 kommunar, tre fagforeiningar, Regionrådet i Fjellregionen, fylkeshovudverneombodet, Hedmark fylkeskommunes Råd for likestilling for funksjonshemmede og Ungdommens fylkesting har uttalt seg i saka. I tillegg har fire politiske parti, Eldrerådet og Funksjonshemmedes råd i Kongsvinger uttalt seg.

Ti av kommunane som har uttalt seg, konkluderer med at dei ikkje ser noko grunnlag for at Hedmark og Oppland fylkeskommune bør slå seg saman. Ein av kommunane er positiv til at dei to fylkeskommunane utarbeider ei plattform for samanslåing. Også andre kommunar trekkjer fram at det ville vore føremålstenleg med ei felles plattform som kan sendast på høyring til kommunane. Den bør seie noko om lokalisering av administrasjonen, politisk styringsform og andre relevante tilhøve. Av høyringssvara kan ein lese at det nord i fylket, i Fjellregionen, og sør i fylket, Glåmdalen, er motstand mot samanslåing. I Mjøsområdet er kommunane positive til å slå saman dei to fylkeskommunane.

I høyringsutsegnene som støttar samanslåing, blir samferdsel og kollektivtrafikk framheva som område der ein kan tene på ein felles region. Det blir også trekt fram at det er føremålstenleg å endre fylkesgrenser for å fremje vekst og utvikling i Mjøsområdet.

I høyringsutsegnene som er mot samanslåing, blir det framheva at det er ulike behov i ulike delar av fylket, og det blir uttrykt skepsis til om ein ny stor region vil kunne fremje vekst i heile regionen. Det blir òg vist til at den nye regionen vil bli geografisk stor. Med mange kommunar vil det bli krevjande for fylkesadministrasjonen å følgje opp og rettleie i planarbeid. Fleire meiner det vil bli utfordrande å følgje opp dei vidaregåande skulane.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av utgreiinga og resultatet frå høyringa gjorde fylkestinget i Hedmark 14. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Hedmark fylkeskommune ønsker å få delegert myndighet og virkemidler, slik at det regionale folkevalgte nivå kan videreutvikle rollen som samfunnsutvikler.

  2. På bakgrunn av de oppgaver som er skissert i Meld. St. 22, kan ikke Hedmark fylkeskommune se at det er grunnlag for en endring i regionstruktur. Hedmark fylkeskommune sier nei til en sammenslåing av Hedmark og Oppland fylkeskommune.

  3. Det gode samarbeidet mellom Hedmark og Oppland fylkeskommuner videreutvikles.

Vedtaket blei gjort med 22 stemmer mot 11 stemmer.

4.5 Oppland

Våren 2016 innleidde fylkesordføraren i Oppland politisk kontakt med Hedmark, Akershus og Buskerud med sikte på å avklare interesse og moglegheiter for meir konkrete nabosamtalar. Konkrete samtalar blei vidareførte med Hedmark fylkeskommune. Fylkestinga i Oppland og Hedmark gjorde i juni 2016 likelydande vedtak om å be om ei utgreiing som avgjerdsunderlag for ei eventuell etablering av ein ny folkevald region i innlandet samansett av dagens Oppland fylkeskommune og Hedmark fylkeskommune.

Det blei oppretta ei administrativ arbeidsgruppe med representantar frå begge fylkeskommunane som fekk i oppdrag å utarbeide utgreiinga som skal leggjast til grunn for eit eventuelt vedtak om samanslåing. Utgreiinga har vore på høyring til kommunar og regionråd i fylket. Ho er vidare send på høyring til tillitsvalde og fylkeskommunale råd og utval.

Høyring

Utgreiinga blei send på høyring i perioden oktober–november 2016, og ho blei i tillegg lagd ut offentleg på internett. Det er motteke fråsegner frå fem regionråd, 20 kommunar, to organisasjonar, museumsforum i Oppland og MDG.

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal er positive til ei samanslåing av dei to fylka. Kommunane i Lillehammer-området er òg positive og delvis positive til samanslåing. Regionrådet i Gjøvik-regionen (med unntak av Nordre Land), regionrådet i Hadeland og mange av kommunane i Valdres er positive til regionreforma, men meiner ein òg må vurdere andre og nye grenser for framtidige regionar som ikkje følgjer dagens fylkesgrenser. Mange av kommunane her ønskjer sjølv å vurdere framtidig regiontilhøyrsle. Regionrådet i Hadeland og Regionrådet i Gjøvik-regionen meiner fylkeskommunen må ha parallelle prosessar med Akershus og Buskerud for å sikre seg ei opning for å velje ei eventuell framtidig regional tilknyting. Ut frå utgreiinga og framlegg til reform støttar ikkje Regionrådet i Midt-Gudbrandsdal samanslåing med nabofylke.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av utgreiinga og resultatet frå høyringa gjorde fylkestinget i Oppland 14. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Fylkestinget vil understreke den viktige rolla det regionale folkevalde nivået har, saman med kommunalt og statleg nivå, i forvaltning av oppgåver og tenester på vegner av innbyggarane våre. Uavhengig av regionreforma kan fylkeskommunen med dagens organisering også tilførast større oppgåver og ansvar.

  2. Fylkestinget viser til tidlegare vedtak, bl.a. i FT-sak 3/15 om at det regionale nivået må få eit klart definert ansvar for dei oppgåver som er viktige for den regionale utviklinga. I tråd med dette understrekar fylkestinget at folkevalde regionar må få overført oppgåver frå staten innanfor fylgjande område:

    1. Statens vegvesen sitt regionapparat/fylkesavdelingar

    2. Kulturrådet og tildelingar til regionale føremål frå Kulturdepartementet

    3. Delar av Forskingsrådet sitt program

    4. Konsesjonsoppgåver og rettleiingsoppgåver frå NVE og anna naturressursforvaltning av regional karakter

    5. Dei delar av BUF-etat som ikkje kan leggast til kommunane

    6. Delar av fylkesmannen sin portefølje innan miljø og landbruk

    7. Prosjektskjønnsmidlar

    8. Integrerings- og inkluderingsoppgåver, blant anna frå IMDi

    9. Andre oppgåver frå statlege etatar som er relevant overdregne til regional folkevald styring

    10. Tannhelse må framleis vere ei fylkeskommunal oppgåve

  3. Fylkestinget meiner at det som grunnlag for både kommune- og regionreforma burde ha vore gjennomført ei statsreform med utgangspunkt i forenkling og utflytting av ansvar og oppgåver frå statlege nivå over til kommunar og regionar. Med få eller ingen endringar av statleg sektor har ikkje dette gjeve eit naudsynt fundament å byggje endringar på i kommune- og fylkesreforma.

  4. Noreg er ein einskapsstat, ingen føderasjon der regionar kan ha makt uavhengig av staten. Reform av regionalt og lokalt styringsnivå må derfor vere nasjonalt balansert. Ein fragmentert region- og kommunereform vil leggje grunnlag for varig regional ubalanse, i strid med overordna mål for busetnads- og næringsmønster og med målet om likeverdige føresetnader for innbyggjarane uavhengig av kvar i landet ein bur.

  5. Fylkestinget går inn for at Oppland skal bestå som eige fylke.

Vedtaket blei gjort med 25 stemmer mot 12 stemmer.

4.6 Buskerud

Buskerud fylkeskommune har hatt nabosamtalar med Oppland, Telemark, Vestfold, Akershus og Østfold. Fylkestinget vedtok i april 2016 at ein skulle greie ut to alternativ for samanslåing: eitt saman med Vestfold og Telemark og eitt saman med Østfold og Akershus.

Etter vedtak i fylkestinga i Vestfold, Telemark og Buskerud, blei det gjennomført ei felles utgreiing: Utredning om samarbeid eller sammenslåing av Buskerud, Telemark og Vestfold. Føremålet med utgreiinga var å vurdere potensial og moglegheiter, utfordringar og konsekvensar ved eit tettare formalisert samarbeid mellom Telemark, Buskerud og Vestfold fylkeskommunar og ei samanslåing av dei tre fylkeskommunane.

I fellesskap med Akershus og Østfold blei det også utarbeidd eit faktagrunnlag som tok for seg fordelar og ulemper ved ei samanslåing av Akershus, Buskerud og Østfold: Akershus, Østfold og Buskerud – en felles folkevalgt region i framtiden?

I juni 2016 sette fylkestinget ned eit forhandlingsutval samansett av fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren og ein representant frå det største opposisjonspartiet. Fylkestinget vedtok i august 2016 å halde fram arbeidet med regionreforma med sikte på samanslåing med Akershus, Østfold og Vestfold. Forhandlingsutvalet blei gjeve fullmakt til å forhandle fram ein avtale om samanslåing. Fylkestinget vedtok samstundes at dersom Buskerud i forhandlingane blei samde om samanslåing med eitt eller fleire av nabofylka, skulle det bli vedteke ei samanslåing i desember 2016. Samtalane med Telemark blei avslutta.

I september gjekk Vestfold ut av forhandlingane som følgje av vedtak i fylkestinget der samanslåing med Telemark og Buskerud blei framheva som deira førsteval.

I perioden juni–november 2016 blei det gjennomført felles fylkestingsmøte, sonderingsmøte og forhandlingar mellom dei tre (fire) fylkeskommunane. I november kom det felles forhandlingsutvalet til semje om ein avtale om samanslåing av Akershus, Buskerud og Østfold.

Høyring

Fylkesutvalet var opptekne av å involvere kommunane/kommuneregionane i Buskerud i prosessen om regionreforma, og kommunane/kommuneregionane blei bedne om å kome med si vurdering av kva alternativ som var best ut frå kommunane sin ståstad. Av totalt 19 høyringssvar sa sju kommunar at dersom det blei ei regionreform, så ønskte dei samanslåing med Akershus og Østfold. Éin kommune ønskte samanslåing med Vestfold og Telemark, medan fire peikte på samanslåing med Vestfold og delar av Akershus. To ønskte samanslåing med Akershus.

Fylkeseldrerådet, Rådet for likestilling av funksjonshemmede i Buskerud og Buskerud Ungdommens Fylkesting har vore orienterte om og gjeve innspel til prosessen.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av avtalen om samanslåing gjorde fylkestinget i Buskerud 15. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Fylkestinget godkjenner den vedlagte framforhandlede avtalen mellom Akershus, Buskerud og Østfold og reglementet som beskriver fellesnemndas oppgaver og fullmakter.

  2. Dersom det blir en regionreform, vedtar Fylkestinget å søke Stortinget om å danne en ny region bestående av fylkene Akershus, Østfold og Buskerud.

  3. Dersom Stortinget finner det hensiktsmessig, bør Vestfold være en del av Viken.

Vedtaket blei gjort med 36 stemmer mot 7 stemmer.

4.7 Vestfold

Vestfold fylkeskommune innleidde i 2015 nabosamtalar med Østfold, Buskerud og Telemark. Etter vedtak i fylkestinga i Vestfold, Telemark og Buskerud blei det gjennomført ei felles utgreiing. Føremålet med utgreiinga var å vurdere potensial og moglegheiter, utfordringar og konsekvensar ved eit tettare formalisert samarbeid mellom Telemark, Buskerud og Vestfold fylkeskommunar og ei samanslåing av dei tre fylkeskommunane. Utgreiinga Utredning om samarbeid eller sammenslåing av Buskerud, Telemark og Vestfold skulle gje fagleg grunnlag for ei politisk avgjerd.

I juni 2016 valde Buskerud å avslutte samtalane med Telemark og å gå inn i samtalar og seinare forhandlingar med Østfold og Akershus. Vestfold, som tidlegare var invitert inn som deltakar/observatør, blei etter kvart aktivt med i samtalane/forhandlingane med dei tre andre fylkeskommunane. Frå slutten av august 2016 hadde Vestfold og Telemark også forhandlingar med sikte på å inngå ein intensjonsavtale.

Fylkestinget i Vestfold vedtok i september 2016 å halde fram forhandlingane med Telemark og med Østfold, Akershus og Buskerud. Som følgje av vedtaket gav Østfold, Akershus og Buskerud beskjed om at Vestfold ikkje lenger var ønskte med i desse forhandlingane. Vestfold heldt da fram forhandlingane med Telemark.

Forhandlingsutvala i Telemark og Vestfold kom 8. november 2016 fram til ein felles intensjonsplan for samanslåing av dei to fylkeskommunane.

Høyring

Fylkestinget vedtok i september 2016 å invitere kommunane til høyringsmøte. Vestfold fylkeskommune gjennomførte tidleg i november tre høyringsmøte (sør-, midt- og nord-kommunane) der alle kommunane med eitt unntak var til stades. I høyringsmøta gav alle dei 13 kommunane som var til stades, uttrykk for at ei samanslåing av Buskerud, Vestfold og Telemark var deira førsteval. Det blei òg sendt ut høyringsbrev med frist for innspel til 1. desember 2016, og det har alle kommunane uttalt seg til. Når det gjeld retningsval, kan ein summere opp dette ut frå høyringsfråsegna: I alt 12 av kommunane går primært inn for ei samanslåing av Buskerud, Vestfold og Telemark. Éin kommune går primært inn for Buskerud og Vestfold. Fire kommunar støttar ikkje ein region der Vestfold og Telemark går saman aleine. To kommunar støttar subsidiært intensjonsavtalen for Telemark og Vestfold.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av utgreiinga, intensjonsavtalen og resultatet frå høyringa gjorde fylkestinget i Vestfold 15. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Vestfold fylkeskommune ønsker at Buskerud, Telemark og Vestfold slår seg sammen til en folkevalgt region.

  2. Når Stortinget vedtar Buskerud, Telemark og Vestfold som en folkevalgt region, forutsetter Vestfold fylkeskommune at det gjennomføres nye forhandlinger mellom de tre fylkeskommunene.

Fylkestinget vedtok dette samrøystes.

4.8 Telemark

Telemark fylkeskommune hadde i 2015 nabosamtalar med Vestfold og Buskerud. Etter vedtak i fylkestinga i Vestfold, Telemark og Buskerud blei det gjennomført ei felles utgreiing. Føremålet med utgreiinga var å vurdere potensial og moglegheiter, utfordringar og konsekvensar ved eit tettare formalisert samarbeid mellom Telemark, Buskerud og Vestfold fylkeskommunar og ei samanslåing av dei tre fylkeskommunane. Utgreiinga Utredning om samarbeid eller sammenslåing av Buskerud, Telemark og Vestfold skulle gje fagleg grunnlag for ei politisk avgjerd. I juni 2016 valde Buskerud å avslutte samtalane med Telemark.

Fylkestinget i Telemark gav i juni 2016 eit forhandlingsutval i mandat å innleie forpliktande samtalar og forhandlingar med Vestfold fylkeskommune med sikte på samanslåing av dei to fylka. Vedtaket blei grunngjeve med at desse fylka saman ville kunne danne ein tenleg region, både når det gjaldt nærings- og samferdselsutvikling og busetjing. Fylkestinget vedtok samstundes å halde fast på at ei samanslåing av Buskerud, Vestfold og Telemark var det prinsipale valet, og at dei bilaterale forhandlingane med Vestfold ikkje skulle ha ei slik innretting at dei verka ekskluderande dersom Buskerud på eit tidspunkt skulle melde interesse for å ta del i prosessen.

Telemark fylkeskommune hadde i juni 2016 også nabosamtale med Aust-Agder. Det blei i dette møtet orientert om at Telemark hadde valt å greie ut eit nærare samarbeid eller samanslåing med Buskerud og Vestfold, og at dette var ei prioritert «retning» i den vidare prosessen.

Forhandlingsutvala i Telemark og Vestfold kom 8. november 2016 fram til ein felles intensjonsavtale for samanslåing av dei to fylkeskommunane.

Høyring

Utgreiinga blei send på høyring i kommunane i perioden juli–september 2016. Framlegget til intensjonsplan blei sendt på høyring til kommunane i perioden november–desember 2016.

Av dei 9 kommunane og to regionråda som uttalte seg i høyringa av utgreiinga, var 12 positive til ei samanslåing av Buskerud, Vestfold og Telemark. Éin kommune såg Agder som det mest naturlege alternativet, medan éin kommune ikkje ønskte noka regionreform. To kommunar understreka at det ikkje var ønskeleg med ei samanslåing berre med Vestfold. Grenlandsrådet støtta samanslåing med Vestfold. Éin kommune støtta opp om dei føringane som var lagde i vedtaket i fylkestinget i juni 2016.

I høyringa av intensjonsavtalen kom det inn utsegner frå ni kommunar. Éin av kommunane var positiv til intensjonsplanen, sju kommunar var negative, og éin kommune meinte Telemark måtte halde fram med å vere ein sjølvstendig fylkeskommune. Av dei sju kommunane som var negative, var fem positive til ei samanslåing av Buskerud, Vestfold og Telemark.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av utgreiinga, intensjonsavtalen og høyringsrunden gjorde fylkestinget i Telemark 8. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Telemark fylkeskommune legger til grunn at formålet med en regionreform er å styrke det folkevalgte nivå betydelig, tilføre flere oppgaver, samtidig som det må etableres en samordnet struktur mellom statlig regionalt nivå og folkevalgt regionalt nivå.

    De nye regionene bør bli så store og likeverdige at regionaliseringen blir hensiktsmessig og disse kan overta eller samordnes med de statlige regionaliserte oppgavene. En slik struktur vil forutsette at det etableres en tydelig harmonisering mellom regionale statlige etater og enheter, og det regionale folkevalgte nivået.

  2. Den framforhandlede intensjonsavtalen mellom Vestfold og Telemark er preget av et felles ønske om balansert utvikling i de to fylkene, og danner et godt grunnlag i den videre prosessen. For å kunne utføre betydelige økte oppgaver på hensiktsmessig vis, mener Telemark fylkeskommune likevel sammenslåing av Buskerud, Vestfold og Telemark som den mest aktuelle løsningen. Dette vil gi nødvendig befolkningsmessig tyngde, samtidig som regionen har betydelige felles interesser og utfordringer.

  3. Fylkestinget ber Stortinget blant annet vurdere å føre over følgende oppgaver til det regionale nivået, som grunnlag for sterkere folkevalgte regioner:

    • Styring av sykehusene. I første omgang ved å fjerne de regionale helseforetakene og beholde de etablerte sykehusforetakene, men med styrer hvor et flertall er oppnevnt av fylkestinget.

    • Ansvaret for det statlige barnevernet gjennom Bufetat til fylkeskommunene.

    • De distriktspsykiatriske klinikkene (DPS) fra stat til fylkeskommune.

    • Familievernet overføres fra stat til fylkeskommune

    • Regional vegadministrasjon som har ansvar for planlegging og drift av fylkesveiene, overføres fra Statens vegvesen til fylkeskommunene.

    • Regionapparatet til Innovasjon Norge overføres til fylkeskommunene

    • Deler av Forskningsrådets programmer overføres til fylkeskommunene.

    • Festivalstøtte fra Kulturrådet til fylkeskommunene.

    • Kulturminnevernet rendyrkes som fylkeskommunal oppgave.

    • Forvaltningsoppgaver som er lagt til fylkesmannens miljøavdeling og landbruksavdeling, overføres til fylkeskommunene.

    • Videregående opplæring, kollektivtrafikk og den offentlige tannhelsetjenesten skal videreføres som fylkeskommunale oppgaver.

Punkt 1 og 2 blei vedtekne med 27 stemmer mot 13 stemmer. Punkt 3 blei vedteke med 36 stemmer mot 4 stemmer.

4.9 Aust-Agder

Fylkestinget i Aust-Agder gjorde i desember 2015 vedtak om å gjennomføre nabosamtalar for å avklare grunnlaget for samanslåing med og/eller forsterka samarbeid mellom Aust-Agder og Vest-Agder. Parallelt ønskte fylkestinget å gjennomføre nabosamtalar med Telemark. Fylkestinget vedtok å opprette ei arbeidsgruppe samansett av fylkesordførar, fylkesvaraordførar og opposisjonsleiar med mandat til å følgje dette opp vidare. I april 2016 gjorde fylkestinget vedtak om at arbeidsgruppa fekk mandat til å gå inn i forhandlingar med Vest-Agder fylkeskommune om å etablere ein ny region Agder. Det blei samstundes vedteke at innbyggjarane i Aust-Agder skulle spørjast til råds gjennom ei representativ innbyggjarundersøking, og at det skulle gjennomførast ei brei høyring for å innhente vurderingar frå kommunane og aktuelle organisasjonar.

I juni 2016 blei det gjennomført felles fylkesutvalsmøte med Telemark. Telemark fylkesting vedtok seinare å innleie forpliktande samtalar og forhandlingar med Vestfold fylkeskommune. Eit framlegg om å innleie forhandlingar med Aust-Agder fekk ikkje fleirtal.

Arbeidsutvalet la i oktober 2016 frem utgreiinga En ny region Agder? som gjer greie for tenestetilbod, økonomi, politiske system og administrative tilhøve i Agder-regionen. Fleirtalet tilrår at det blir etablert ein ny region Agder frå 1. januar 2020. Utvalet legg til grunn at Arendal blir bygd opp som hovudsete for regional stat, med så mange statlege etatar og tiltak som mogleg i Arendal/Aust-Agder. Det regionale folkevalde nivået blir lagt til Kristiansand.

Høyring

Utgreiinga En ny region Agder? blei lagd ut på open høyring i oktober–november 2016. Samanlagt for dei to fylka blei det motteke 47 høyringsinnspel innan fristen. I alt 27 høyringsinnspel er positive til ein ny Agder-region, og eit fleirtal av desse positive innspela kjem frå kommunar. Fleire av desse er òg positive til å inkludere Rogaland og/eller Telemark. Tre kommunar støttar ikkje forhandlingsresultatet.

Innbyggjarundersøking blei gjennomført i oktober 2016 av Opinion. I undersøkinga svarer 50 prosent av dei spurde at dei ikkje ønskjer at Aust-Agder og Vest-Agder skal slå seg saman, medan 42 prosent seier ja til samanslåing. I Setesdal og vest i fylket er det fleirtal for samanslåing, medan det i austre del av fylket er 33 prosent som seier ja. Vidare viser undersøkinga at ved ein eventuell ny region er det 50 prosent som ønskjer at Aust-Agder skal slå seg saman med Vest-Agder, medan 36 prosent ønskjer Telemark. Her er det òg regionale skilnader: Ønsket om samanslåing med Vest-Agder er størst i Setesdal. Det er signifikant fleire i austre del av fylket enn i Setesdal og vest i fylket som ønskjer samanslåing med Telemark.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av utgreiinga frå forhandlingsutvalet og høyringsinnspela gjorde fylkestinget i Aust-Agder 13. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Aust-Agder fylkesting søker Stortinget om sammenslåing av Aust-Agder og Vest-Agder fylkeskommuner med virkning fra 1.1.2020. Avtalen forhandlingsutvalgets flertall redegjør for i utredningen En ny region Agder? legges til grunn for dette. Vedtaket forutsetter et sammenfallende vedtak i Vest-Agder fylkesting.

  2. Fylkestinget i Aust-Agder legger til grunn at regionreformen i hovedsak blir gjennomført i henhold til de føringene som ligger i stortingsmelding 22.

  3. Aust-Agder fylkesting ber Stortinget åpne opp for at eksisterende fylkesgrenser kan justeres ved ny regioninndeling. Grensekommuner bør få mulighet til å velge regiontilhørighet.

  4. De statlige etatene med oppgaver og funksjoner som er viktige for regional utvikling, har ulik inndeling. Aust-Agder fylkesting ønsker at Stortinget tar en overordnet vurdering av størrelsen på regionalt folkevalgt og statlig nivå slik at disse blir sammenfallende.

  5. Fylkestinget støtter forhandlingsutvalgets uttalelser om å opprettholde et godt tjenestetilbud i hele regionen. Fylkestinget merker seg også flertallets målsettinger om å styrke indre, østre, og vestre deler av Agder, og ber fylkestingene i Aust-Agder og Vest-Agder utarbeide konkrete tiltak for å bedre levekår, utdanningsnivå og næringsutvikling i de nevnte distriktene. ​

Vedtaket blei gjort med 19 stemmer mot 16 stemmer.

4.10 Vest-Agder

Fylkestinget i Vest-Agder ga i april 2016 eit forhandlingsutval mandat til å forhandle med Aust-Agder fylkeskommune om å etablere ein ny region Agder og til vidare dialog med andre fylkeskommunar. I forhandlingsutvalet sat fylkesordførar, fylkesvaraordførar og opposisjonsleiar.

Forhandlingsutvalet har gjennomført elleve møte. Det er gjennomført felles fylkesutvalsmøte mellom Vest-Agder og Aust-Agder, der det også var innspelsmøte med fylkesmannen, NHO, LO, NAV, UiA, regionråda og Arendal og Kristiansand kommune. Det er òg gjennomført møte mellom forhandlingsutvala i Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Rogaland valde å konsentrere seg om arbeidet med ein eventuell ny Vestlandsregion.

Forhandlingsutvalet la i oktober 2016 fram utgreiinga En ny region Agder?, som gjer greie for tenestetilbod, økonomi, politiske system og administrative tilhøve i Agder-regionen. Fleirtalet tilrår at det blir etablert ein ny region Agder frå 1. januar 2020. Fylkesutvalet vedtok i oktober 2016 å sende utgreiinga på høyring.

Høyring

Utgreiinga blei lagd ut på open høyring i perioden oktober–november 2016. Samanlagt for dei to fylka kom det 47 høyringsinnspel innan fristen. I alt 27 høyringsinnspel er positive til ein ny Agder-region, og eit fleirtal av desse positive innspela er frå kommunar. Kommunane er i all hovudsak positive til ei samanslåing av Vest-Agder og Aust-Agder. Fleire av dei er òg positive til å inkludere Rogaland og/eller Telemark. Samstundes er det fleire kommunar som ikkje støttar den avtalen som vart forhandla fram.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av utgreiinga og resultatet frå høyringa gjorde fylkestinget i Vest-Agder 14. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Vest-Agder fylkesting søker Stortinget om sammenslåing av Aust-Agder og Vest-Agder fylkeskommuner med virkning fra 1. januar 2020. Avtalen forhandlingsutvalgets flertall redegjør for i utredningen «En ny region Agder?» legges til grunn for dette. Vedtaket forutsetter et sammenfallende vedtak i Aust-Agder fylkesting.

  2. Fylkestinget i Vest-Agder legger til grunn at regionreformen i hovedsak blir gjennomført i henhold til de føringene som ligger i stortingsmelding 22.

  3. Vest-Agder fylkesting ber Stortinget åpne opp for at eksisterende fylkesgrenser kan justeres ved ny regioninndeling. Grensekommuner bør få mulighet til å velge regiontilhørighet.

  4. De statlige etatene med oppgaver og funksjoner som er viktige for regional utvikling, har ulik inndeling. Vest-Agder fylkesting ønsker at Stortinget tar en overordnet vurdering av størrelsen på regionalt folkevalgt og statlig nivå slik at disse blir sammenfallende.

  5. Fylkestinget støtter forhandlingsutvalgets uttalelser om å opprettholde et godt tjenestetilbud i heile regionen. Fylkestinget merker seg også flertallets målsettinger om å styrke indre, østre og vestre deler av Agder, og ber fylkestingene i Aust-Agder og Vest-Agder utarbeide konkrete tiltak for å bedre levekår, utdanningsnivå og næringsutvikling i de nevnte distriktene. ​

Vedtaket blei gjort med 25 stemmer mot 9 stemmer.

4.11 Rogaland

Fylkestinget i Rogaland vedtok i mars 2016 å vere positiv til naboprat med fylkeskommunane på Vestlandet og i Agder-fylka med mål om å forhandle fram ein intensjonsavtale for ein utvida region. Fylkestinget følgde opp med å opprette eit eige forhandlingsutval for prosessen i april 2016. Forhandlingsutvalet bestod av fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren, ein representant for mindretalet, fylkesrådmannen og ein representant for dei tillitsvalde. I perioden mars–september 2016 blei det gjennomført seks fellesmøte og felles forhandlingsmøte mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. I september 2016 blei det forhandla fram ein intensjonsplan for ein mogleg Vestlandsregion som blei underskriven av dei tre fylkesordførarane.

Rogaland har òg hatt samtalar med Vest-Agder. Andre alternativ enn Vestlandsregionen er ikkje greidde ut eller forhandla om.

Fylkestinget drøfta 25. oktober 2016 intensjonsplanen saman med omtale av fire andre alternativ. Dei andre alternativa var

  1. Rogaland som eigen region med same geografiske avgrensing som no

  2. Ein ny region der Rogaland får same geografiske avgrensing som Sør-Vest politidistrikt (dvs. Rogaland, fem kommunar i Hordaland og éin i Vest-Agder)

  3. Ein ny region mellom Rogaland og Hordaland

  4. Ein ny region mellom Rogaland og Agder-fylka, først og fremst Vest-Agder

Fylkestinget vedtok å sende dei fem alternativa ut på høyring. Samstundes vedtok fylkestinget at det skulle gjennomførast ei innbyggjarundersøking for å få eit breiare avgjerdsgrunnlag.

Høyring

Intensjonsplanen og dei fem alternativa blei i oktober–november 2016 sende på høyring til kommunane i Rogaland, ein del regionale statsetatar, fleire næringslivsorganisasjonar og andre organisasjonar. Av i alt 20 kommunar som uttalte seg i høyringa, sa fire seg positive til ein ny Vestlandsregion. I alt 14 kommunar ønskte at Rogaland skulle halde fram som eige fylke. Næringslivsaktørar og FoU-institusjonar gjekk inn for Vestlandsregionen. Av i alt 142 høyringssvar omhandla 72 prosent val av målform i alternativet med ein Vestlandsregion.

Innbyggjarundersøking blei gjennomført i november 2016. I undersøkinga meinte 44 prosent at Rogaland burde halde fram som eige fylke. Både alternativet med Vestlandsregionen og ein region som følgjer grensene for Sør-Vest politidistrikt, fekk 14 prosent oppslutning, medan alternativet Rogaland og Hordaland fekk 15 prosent oppslutning. Samanslåing med Agder fekk 10 prosent oppslutning.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av intensjonsplanen og resultata frå høyringa og innbyggjarundersøkinga gjorde fylkestinget i Rogaland 13. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Rogaland fylkesting vil at Rogaland består som egen region inntil videre.

  2. Rogaland fylkesting vil etter stortingsbehandlingen og avklaringer om nye oppgaver av tilstrekkelig omfang og karakter se om det er grunnlag for å ha en videre prosess mot Hordaland.

  3. Rogaland fylkeskommune forutsetter at dagens oppgaver, som kollektivtransport, videregående opplæring, fagskole og tannhelse, beholdes.

  4. Fylkestinget vil sterkt understreke Rogaland fylke som udelelig i den nye regionstrukturen, enten fylket videreføres som i dag, utvides, eller i en løsning sammen med andre fylker.

  5. Den statlige inndelingen må følge den nye regionstrukturen.

Fylkestinget gjorde dette vedtaket samrøystes.

4.12 Hordaland

I desember 2015 sette fylkestinget i Sogn og Fjordane fram ønske om nabosamtalar om ein Vestlandsregion (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal), og fylkestinget i Rogaland gjorde i mars 2016 vedtak om at Rogaland stiller seg positiv til slike samtalar. På bakgrunn av dette, oppnemnde fylkestinget i Hordaland i mars 2016 eit forhandlingsutval som fekk fullmakt til å innleie nabosamtalar med dei andre vestlandsfylka. Målet for samtalane var å forhandle fram ein intensjonsplan om ein utvida Vestlandsregion.

Forhandlingsutvala i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har hatt fire felles samlingar for å forhandle fram ein intensjonsplan for ein framtidig Vestlandsregion. Intensjonsplanen blei inngått i september 2016. I samband med forhandlingane om intensjonsplanen er det gjennomført utgreiingsarbeid i regi av fylkesrådmennene.

Fylkestinget i Hordaland vedtok i oktober 2016 å leggje intensjonsplanen for samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar ut på offentleg høyring. Som ein del av høyringsgrunnlaget blei fylkesrådmannen beden om å utarbeide ein samla rapport av felles utgreiingsarbeid som vart lagt til grunn for forhandlingane om intensjonsplanen.

Høyring

Intensjonsplanen blei lagd ut på open høyring i oktober–november 2016. I alt 23 av 33 kommunar og eitt regionråd i fylket har uttalt seg i høyringa. Høyringsfråsegnene stiller seg i all hovudsak bak intensjonsplanen om etablering av Vestlandsregionen i ny regionstruktur. Av kommunane som har sendt inn fråsegn, er det berre to kommunar som ikkje stiller seg bak intensjonsplanen for ei slik samanslåing.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av intensjonsplanen og resultatet frå høyringa, gjorde fylkestinget i Hordaland 14. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Fylkestinget viser til inngått intensjonsplan for etablering av Vestlandsregionen og går inn for at Hordaland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune går saman i ein ny folkevald region på Vestlandet. Det er ein viktig føresetnad at krava om oppgåver som er fremja i kapittel 10 i Intensjonsplanen vert følgt opp frå sentrale styresmakter både når det gjeld eksisterande og nye oppgåver. Fylkestinget søkjer med grunnlag i inndelingslova om slik samanslåing.

  2. Fylkestinget vil understreke at folketal og geografisk utstrekning ikkje må vere til hinder for etablering av Vestlandsregionen i ein ny regionstruktur, og at generalistprinsippet for oppgåvedeling mellom statlege og regionale ansvarsområde må kunne fråvikast i ein regionstruktur med svært ulikt innbyggjartal i dei nye regionane. Fylkestinget ber om at oppgåvedifferensiering vert lagt inn i mandatet til ekspertutvalet som skal vurdere overføring av nye statlege oppgåver til regionalt folkevalt nivå.

  3. Fylkestinget går inn for at nynorsk vert administrasjonsspråket i den nye Vestlandsregionen.

  4. Fylkestinget i Hordaland ønskjer primært ein Vestlandsregion som består av Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Fylkestinget i Rogaland har sagt nei til ei slik løysing. På denne bakgrunn gjev fylkestinget i Hordaland det oppnemnde forhandlingsutvalet for regionreforma fullmakt til å starta opp ny dialog og gjennomføra nye forhandlingar om ein intensjonsavtale for samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland. Fylkestinget i Hordaland er positiv til at einskilde kommunar i Nord-Rogaland som ønskjer å bli ein del av den nye Vestlandsregionen søkjer om det.

Vedtaket blei gjort med 41 stemmer mot 16 stemmer.

Med grunnlag i dette vedtaket har Hordaland fylkeskommune gjennomført nabosamtale og forhandlingar med Sogn og Fjordane fylkeskommune om ein intensjonsplan om samanslåing av dei to fylka. Denne intensjonsplanen vart lagd fram for handsaming på ekstraordinært fylkesting 3. februar 2017, der dette vedtaket vart gjort:

  1. Fylkestinget viser til regionreforma og Stortinget sitt vedtak om ny regionstruktur frå 01.01.2020 med om lag 10 regionar. I den nye strukturen går fylkestinget primært inn for at det vert etablert ein Vestlandsregion som består av Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

  2. Om den nasjonale regionreforma får som utfall at tal fylke/regionar vert ført vidare på tilnærma dagens nivå, og Stortinget ikkje finn grunnlag for å overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå, vil fylkestinget at Hordaland held fram og vert vidareutvikla som eige fylke / eigen region frå 2020.

  3. Fylkestinget viser til at Rogaland fylkeskommune har vedteke å bestå som eigen region inntil vidare på grunn av manglande avklaringar om overføring av nye statlege oppgåver og ansvarsområde i tilstrekkeleg omfang. Det er derfor framforhandla ein intensjonsplan for etablering av ein ny folkevald region på Vestlandet beståande av Sogn og Fjordane og Hordaland. Fylkestinget godkjenner denne intensjonsplanen som grunnlag for eventuell etablering av ei slik regionløysing på Vestlandet under føresetnad av at nye oppgåver/ansvarsområde vert tilført og tilsvarande vedtak gjort i fylkestinget i Sogn og Fjordane.

  4. Fylkestinget vil understreke at folketal og geografisk utstrekning ikkje må vere til hinder for etablering av Vestlandsregionen i ein ny regionstruktur, og at generalistprinsippet for oppgåvedeling mellom statlege og regionale ansvarsområde må kunne fråvikast i ein regionstruktur med svært ulikt innbyggjartal i dei nye regionane. Fylkestinget ber om at oppgåvedifferensiering vert lagt inn i mandatet til ekspertutvalet som skal vurdere overføring av nye statlege oppgåver til regionalt folkevalt nivå.

  5. Hordaland fylkesting legg til grunn at fondsmidlane omtala i punkt 7 bør brukast til fylkeskommunale/regionale investerings- og driftsoppgåver innan dagens grenser for Sogn og Fjordane.

Punkt 1 og 4 blei vedtekne med 34 stemmer mot 23 stemmer. Punkt 2 blei vedteke med 38 stemmer mot 19 stemmer. Punkt 3 og 5 blei vedtekne med 31 stemmer mot 26 stemmer.

4.13 Sogn og Fjordane

Fylkestinget i Sogn og Fjordane tok i desember 2015 initiativ til at dei fire Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal skulle greie ut ein ny folkevald region. Fylkesordføraren inviterte i januar 2016 til slike nabosamtalar. Rogaland og Hordaland fylkeskommunar valde å gå inn i eit felles utgreiings- og forhandlingsarbeid med Sogn og Fjordane. I møte mellom fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane i juni 2016 blei det varsla at fylkestinget i Møre og Romsdal ikkje såg trong for samanslåing for å kunne levere gode tenester og drive god samfunnsutvikling i framtida.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane etablerte i april 2016 eit utval som skulle forhandle fram ein intensjonsplan for ein framtidig Vestlandsregion saman med Hordaland og Rogaland. I utvalet sat fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren, ein representant frå den politiske opposisjonen i fylkestinget, fylkesrådmannen og ein tillitsvaldrepresentant. Forhandlingane resulterte 15. september 2016 i ein intensjonsplan om etablering av ein Vestlandsregion. Fylkestinget vedtok i oktober 2016 å leggje ut intensjonsplanen på ei brei offentleg høyring.

Høyring

Intensjonsplanen blei send på offentleg høyring i oktober–november 2016. Av i alt 21 kommunar som kom med fråsegn i høyringa, er 14 positive til ein Vestlandsregion og støttar eit vidare arbeid med utgangspunkt i intensjonsplanen. Sju kommunar stiller seg negative eller skeptiske til planen som grunnlag for ein ny forvaltningsstruktur på Vestlandet. Kommunane er samstemde i at Sogn og Fjordane ikkje skal splittast opp som følgje av regionreforma.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av intensjonsplanen og resultatet frå høyringa gjorde fylkestinget i Sogn og Fjordane 8. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Fylkestinget i Sogn og Fjordane er positiv til at det vert etablert ein sterk og attraktiv folkevald vestlandsregion med høg kvalitet i tenestene til innbyggjarane og ei framtidsretta samfunnsutvikling.

  2. Fylkestinget legg til grunn at eit fleirtal i Stortinget i handsaminga av Meld. St. 22 (2015–16) tidlegare i år har sagt at tal folkevalde regionar skal reduserast vesentleg. Fylkestinget vil at Sogn og Fjordane vert ein del av ein større region, og syner i denne samanheng til intensjonsplanen av 15.09.2016 og den gjennomførte høyringsprosessen. Fylkestinget syner særleg til dei innkomne uttalane frå kommunane.

    Fylkestinget vil, med grunnlag i inndelingslova, søkje statleg styresmakt om samanslåing med grunnlag i intensjonsplanen. Det er ein føresetnad at Hordaland og Rogaland fylkeskommunar søkjer tilsvarande.

    Fylkestinget vil nemne opp sine representantar til fellesnemnda i april 2017, jf. inndelingslova § 26. Fylkestinget vil då også ta stilling til kva mandat og avgjerdsmynde fellesnemnda bør få.

  3. Fylkestinget understrekar at det er heilt uakseptabelt å dele noverande Sogn og Fjordane mellom ulike regionar.

  4. Fylkestinget legg intensjonsplanen av 15.09.16 til grunn for ein ny vestlandsregion, med følgjande presiseringar:

    1. Det er ein viktig føresetnad at krava om oppgåver som er fremja i kapittel 10 i intensjonsplanen vert følgde opp frå sentrale styresmakter både når det gjeld eksisterande og nye oppgåver.

    2. Den framtidige administrasjons- og tenestestrukturen må byggje på desentralisering, maktspreiing og prinsippet om å ta heile regionen i bruk. Tilsette må gjennom ein brukarnær og desentralisert struktur kunne utføre sine oppgåver innanfor alle sentrale fagområde og sektorar, sjølv om dei ikkje arbeider der den administrative leiinga har hovudsete. Ved framtidig rekruttering må dette prinsippet stå sentralt.

    3. Fylkestinget i Sogn og Fjordane føreset at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Fylkestinget i Sogn og Fjordane føreset at Vestlandsregionen gjer vedtak om at staten bruker nynorsk til regionen.

    4. Dersom dei nye folkevalde regionane (nasjonalt) får svært ulike innbyggjartal, må Stortinget kunne fråvike generalistprinsippet for oppgåvedeling mellom staten og regionane.

    5. Ekspertutvalet som i 2017 skal opprettast i samband med regionreforma, må leggje til rette for at Stortinget kan overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå. Både rolla som samfunnsutviklar og rolla som leverandør av offentlege tenester og velferdsytingar må styrkast. Fylkeskommunane må vere godt representerte i nemnde utval.

    6. Fylkesmannsembetet på Vestlandet må få ei organisering og ei regional inndeling som samsvarer med det folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur.

    7. Fylkesmannsembetet må få ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane.

    8. Vi syner elles særleg til premissane i intensjonsplanen sitt kapittel 10, som også er omtala tidlegare i dette vedtaket.

  5. Dersom dei andre fylkeskommunane gjennom vedtak på fylkestinga i desember 2016, ikkje går inn for etablering av ein vestlandsregion, går fylkestinget inn for at det oppnemnde forhandlingsutvalet for regionreforma får fullmakt til å starte og gjennomføre ny dialog og forhandlingar om alternativ ny regionløysing: Samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland, der det også vert opna opp for å invitere Møre og Romsdal inn i forhandlingar om ei slik løysing.

    Slike eventuelle forhandlingar føreset at Møre og Romsdal, innan utgangen av 2016, stadfestar at dei vil vere med og forhandle om ein intensjonsplan med ein struktur og eit detaljeringsnivå tilsvarande planen av 15.09.16. Møre og Romsdal må òg akseptere ei framdrift som gjev grunnlag for nye fylkestingsvedtak innan utgangen av januar 2017. Dette føreset at også Hordaland aksepterer ein slik invitasjon.

    Dette føreset også at ein på statleg side aksepterer at vi får høve til å gjere nye fylkestingsvedtak innan utgangen av januar 2017. I dette tilfellet gjeld pkt. 2, 2. og 3. avsnitt, og pkt. 4 tilsvarande, men då tilpassa dei fylkeskommunar som vert med på ei slik subsidiær løysing.

Punkt 1 blei vedteke med 19 stemmer mot 12 stemmer, punkt 2 blei vedteke med 20 stemmer mot 11 stemmer, punkt 3 og 4 blei vedtekne med 20 stemmer mot 11 stemmer, og punkt 5 blei vedteke med 21 stemmer mot 10 stemmer.

Etter vedtaket gjekk Sogn og Fjordane fylkeskommune i samtale med Hordaland fylkeskommune for å forhandle fram ein intensjonsplan om samanslåing. På bakgrunn av intensjonsplanen gjorde fylkestinget i Sogn og Fjordane 3. februar 2017 dette vedtaket:

  1. Om den nasjonale regionreforma får som utfall at tal fylke/regionar vert ført vidare på tilnærma dagens nivå, og Stortinget ikkje finn grunnlag for å overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå, vil fylkestinget at Sogn og Fjordane held fram og vert vidareutvikla som eige fylke / eigen region frå 2020.

  2. Om Stortinget vedtek ei nasjonal regionreform som reduserer tal fylke/regionar til om lag 10, og legg til rette for styrking og overfører makt og oppgåver/funksjonar til det regionale folkevalde nivået, søkjer fylkestinget – i samsvar med inndelingslova – om at Sogn og Fjordane og Hordaland vert slegne saman til ein ny, folkevald region frå 2020 – Vestlandet/Vestlandsregionen.

    Fylkestinget legg til grunn at fylkestinget i Hordaland søkjer tilsvarande.

    Fylkestinget legg i dette tilfellet den framforhandla intensjonsplanen av 17.01.17 til grunn som rammeverk for Vestlandet/Vestlandsregionen, med følgjande presiseringar:

    1. Den framtidige administrasjons- og tenestestrukturen i den nye regionen skal byggje på desentralisering, maktspreiing og prinsippet om å ta heile regionen i bruk. Tilsette skal gjennom ein brukarnær og desentralisert struktur kunne utføre oppgåver innanfor alle sentrale fagområde og sektorar, sjølv om dei ikkje arbeider der den administrative leiinga har hovudsete. Ved framtidig rekruttering skal dette prinsippet stå sentralt.

    2. Ekspertutvalet som skal opprettast i samband med regionreforma, må leggje til rette for at Stortinget kan overføre nye og viktige oppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå. Fylkeskommunane må vere godt representerte i ekspertutvalet.

    3. Dersom nye folkevalde regionar får svært ulikt innbyggjartal, må Stortinget vurdere å fråvike generalistprinsippet for oppgåvedeling mellom forvaltningsnivåa.

    4. Det nye fylkesmannsembetet må få ei organisering og regional inndeling som samsvarer med det folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur. Det vert òg lagt til grunn at embetet skal ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, i vårt tilfelle med leiing frå Sogn og Fjordane.

    5. Fylkestinget stiller seg positiv til at kommunar i Rogaland og Møre og Romsdal, som eventuelt ønskjer å bli ein del av den nye folkevalde regionen på Vestlandet, søkjer om dette.

Punkt 1 blei vedteke med 19 stemmer mot 12 stemmer. Punkt 2 blei vedteke med 28 stemmer mot 3 stemmer. Fylkeskommunen legg til grunn at intensjonsplanen, med dei vilkåra planen er tufta på, blir lagt til grunn i det vidare arbeidet med regionreforma.

4.14 Møre og Romsdal

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i april 2016 å «greie ut og ta stilling til kva for fylke eller delar av fylke det kan vere aktuelt å etablere nye, større regionar saman med,» og å gjennomføre nabosamtalar med relevante fylke: Sør-Trøndelag, Oppland og Sogn og Fjordane.

Fylkesutvalet oppnemnde i mai 2016 eit forhandlingsutval. Forhandlingsutvalet blei ikkje gjeve mandat til å forhandle for delar av fylket eller om ei deling av fylket, noko som blei grunngjeve med den oppfatninga at reforma handlar om å slå saman dagens fylkeskommunar, ikkje om å dele dei.

Etter sonderingssamtalar i juni 2016 konkluderte forhandlingsutvalet med at det ikkje var grunnlag for vidare samtalar med Sogn og Fjordane, som ønskte å gå vidare med det samla vestlandsalternativet. Med bakgrunn i fylkestingsvedtaket var ikkje dette eit aktuelt alternativ for Møre og Romsdal. I august konkluderte forhandlingsutvalet med at det heller ikkje var grunnlag for vidare samtalar med Trøndelag, som ikkje såg det som mogleg å vurdere samanslåing samstundes med den pågåande prosessen for samanslåing i Trøndelag. Det er ikkje gjennomført sonderingssamtale med Oppland.

To rapportar er utarbeidde som kunnskapsgrunnlag for arbeidet med regionreforma – den eine av administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune: Regionreform – fylkeskommunen som tenesteprodusent og utviklingsaktør, eit kunnskapsgrunnlag for Møre og Romsdal, og den andre av Nordlandsforskning: Maktpolitiske konsekvenser av nye alternative regioner – virkninger for Møre og Romsdal. Alternativa som rapportane utgreidde er: Møre og Romsdal som eigen region, Møre og Romsdal/Trøndelag eller Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane/Hordaland.

Innspel frå kommunane

Fylkeskommunen har bedt om innspel frå kommunane gjennom regionråda, men det er ikkje gjennomført ei formell høyring i saka. Fylkeskommunen har motteke innspel frå to regionråd, NHO og seks kommunar.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av saksframlegg frå fylkesrådmannen gjorde fylkestinget i Møre og Romsdal 13. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer at Møre og Romsdal, med eventuelle grensejusteringar, held fram som eigen region frå 1.1.2020.

  2. Møre og Romsdal som eigen region er den løysinga som best svarar på måla i regionreforma når det gjeld regional vekst, samhandling og funksjonelle regionar.

  3. Møre og Romsdal fylkeskommune vil arbeide for at dei opplevde problema knytte til fylkesgrensene som hemmande for samarbeid med kunnskapsmiljø og næringsklynger vert redusert. Fylkestinget ber fylkesrådmannen komme attende til dette i arbeidet med revidert fylkesplan og tilhøyrande handlingsprogram.

  4. Møre og Romsdal fylkeskommune vil ikkje stille seg i vegen for Ringdal sin søknad om overføring til Trøndelag.

Punkt 1 og 3 blei begge vedtekne samrøystes. Punkt 2 blei vedteke med 40 stemmer mot 7 stemmer. Punkt 4 blei vedteke med 42 stemmer mot 5 stemmer.

4.15 Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag

Stortinget vedtok 8. juni 2016 å slå saman Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylke til Trøndelag fylke med verknad frå 1. januar 2018, jf. Innst. 361 L (2015–2016) og Prop. 130 LS (2015–2016). Forslaget frå regjeringa var i tråd med søknaden frå Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommunar av 27. april 2016 om samanslåing til Trøndelag fylke.

4.16 Nordland

Fylkestinget i Nordland gjorde i januar 2015 vedtak om at Nordland blir vidareført som eigen fylkeskommune, eventuelt med justering av grenser i sør og nord. Nordland har gjennomført nabosamtalar på fylkesrådsleiarnivå med Troms og Finnmark. Spørsmål knytte til grensejustering mellom fylka har i liten grad vore drøfta mellom Finnmark, Troms og Nordland.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av saksframlegg frå fylkesrådmannen gjorde fylkestinget i Nordland 5. desember 2016 dette vedtaket:

Nordland fylkesting legger vekt på at de nye regionene fra 2020 må få en sentral rolle som samfunnsutviklere og regionale utviklingsaktører.

Det er viktig at de nye regionene får en funksjonell størrelse i forhold til de tjenester som skal produseres.

  1. Med bakgrunn i geografi, næringsstruktur, funksjonalitet, infrastruktur, antall kommuner og andre samarbeidsaktører, foreslår Nordland fylkesting;

    primært at: Nordland blir en ny region

    sekundært at: Nordland blir en ny region, med en grensejustering mellom Sør-Troms og Nordland slik at Midtre Hålogaland inngår i region Nordland.

    Fylkestinget ber fylkesrådet inngå forhandlinger med fylkesrådet i Troms med sikte på å fremme en intensjonsavtale om etablering av en ny region.

  2. For at regionene skal kunne bli gode samfunnsutviklere, vil fylkestinget spesielt fremheve viktigheten av at de nye regionene får økt myndighet og oppgaver knyttet til planlegging, kompetanseutvikling, infrastruktur og næringsutvikling.

  3. Fylkestinget viser til vedtak i KS sitt hovedstyre i sak 14/80 Plattform for regionalt folkestyre. Fylkestinget støtter KS i at:

    Folkevalgte regioner bør få overført oppgaver innenfor følgende områder:

    1. Statens vegvesens regionapparat/fylkesavdelinger

    2. Kulturrådet og tildelinger til regionale formål fra Kulturdepartementet

    3. Kjøp av regionale jernbanetjenester

    4. Deler av Forskingsrådets programmer

    5. Konsesjonsoppgaver og veiledningsoppgaver fra NVE og annen naturressurforvaltning av regional karakter

    6. De deler av BUF-etat som ikke kan legges til kommunene

    7. Miljø/klima

    8. Landbruk

    9. Prosjektskjønnsmidler

  4. Fylkestinget anmoder Stortinget om å endre vedtaket om å overføre ansvaret for tannhelsetjenesten til kommunene. Etter fylkestingets mening vil regionene være langt bedre rustet til å ivareta ansvaret for tannhelsetjenesten i fremtiden enn kommuner med store variasjoner i befolknings- og ressursgrunnlag.

  5. Forslagene i Meld. St. 22 (2015–2016) om tilbakeføring av arbeidsoppgaver innen fiskeriforvaltning og forskning oppfattes som klare tilbakeskritt i forhold til utvikling av nye regioner, og kan ikke aksepteres.

  6. Hvis de nye regionene skal kunne bli reelle regionale utviklingsaktører, er det en forutsetning at alle regioner får tilført midler til regionalt utviklingsarbeid. Den reduksjonen som har blitt foretatt de siste årene må snus.

  7. Fylkestinget går inn for at regionen skal være del av forvaltningsområdet for samisk språk, dvs at alle har rett til å bli betjent på samisk når de henvender seg til regionen.

  8. Den folkevalgte regionen må få en formell rolle i utvikling og implementering av Nordområdepolitikken for å kunne sette premissene for utvikling i regionen.

Punkt 1 første ledd blei vedteke med 36 stemmer mot 9 stemmer. Punkt 1 andre ledd blei vedteke med 33 stemmer mot 12 stemmer. Punkt 1 tredje ledd blei vedteke med 29 stemmer mot 16 stemmer. Punkta 2–8 blei vedtekne med 36 stemmer mot 9 stemmer.

4.17 Troms

Fylkestinget gjorde i mars 2016 vedtak om at fylkesrådet våren 2016 skulle ta kontakt med Finnmark fylkeskommune og Nordland fylkeskommune for å innleie nabosamtalar. Vidare vedtok fylkestinget at dersom Finnmark og/eller Nordland «er interessert i å delta i en videre prosess der en mulig konklusjon kan være at det fattes vedtak i fylkestingene om sammenslåing av nordnorske fylker i oktober 2016, vil Troms delta aktivt i å analysere struktur og oppgaver fram til tidlig høst 2016».

Etter samtalar mellom fylkesrådsleiaren og politisk leiing i nabofylka blei det semje mellom Troms og Finnmark om å gå vidare med samtalane for i samarbeid å analysere og drøfte ei eventuell samanslåing av dei to fylka. I mars 2016 gjorde fylkestinget i Troms vedtak om å delta i vidare analysar. Det blei oppretta eit felles arbeidsutval på tvers av fylka samansett av fylkesrådsleiaren i Troms, fylkesråden for plan og økonomi (i Troms) og fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren i Finnmark. I november melde Finnmark frå om at dei ikkje ønskte å gå vidare med ein intensjonsavtale og ei felles utgreiing mellom Troms og Finnmark.

Troms har utarbeidd fleire bakgrunnsnotat, delvis i fellesskap med og med bidrag frå Finnmark, som grunnlagsmateriale for handsaminga av spørsmålet om samanslåing i fylkestinget.

Det er ikkje gjennomført høyring med kommunar og næringsliv.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av saksframlegget og grunnlagsmaterialet frå fylkesrådmannen gjorde fylkestinget i Troms 13. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Fylkestinget i Troms har behandlet sak om vurdering av sammenslåing av fylker til en større region.

  2. Fylkestinget mener regionreformen skal bidra til styrking av demokratiet på regionalt nivå. Deltakelse og demokrati er grunnleggende verdier. De som erfarer konsekvensene av offentlig politikk, skal kunne øve innflytelse på politikken. At folkevalgte har et ansvar for å legge til rette for samfunnsutvikling, har en demokratisk egenverdi og innebærer også maktspredning.

  3. Fylkestinget mener at sammenslåing av fylker må skje på bakgrunn av frivillighet, ut fra vedtak fattet i de respektive fylkestingene. Troms fylkesting vil med bakgrunn i en henvendelse fra Nordland fylkesting be fylkesrådet gjennomføre samtaler med Nordland og involvere partiene i Troms fylkesting underveis i prosessen.

  4. Fylkestinget mener at Troms har gode forutsetninger for fremtidig verdiskaping og vekst, særlig på bakgrunn av fylkets sterke kompetansemiljøer, muligheter innenfor næringslivet, demografisk utvikling og knutepunktsfunksjon innenfor samferdsel, tjenesteyting med videre. Fylkestinget ser at et sterkere samspill i Nord-Norge vil ha stor verdi, men mener at Troms vil være et fullgodt alternativ som en egen region.

  5. Fylkestinget stiller som ufravikelig krav at regionalt folkevalgt nivå tilføres makt og myndighet. En styrking av regionalt folkevalgt nivå må ivaretas innenfor et av følgende alternativer:

    1. En felles region i Nord-Norge

    2. Troms som selvstendig region, med en eventuell grensejustering mellom Sør-Troms og nordre Nordland, jf. pkt. 6

    3. En region for Troms og Finnmark med en vurdering av grensejustering mellom Sør-Troms og nordre Nordland, jf. pkt. 6

  6. Fylkestinget mener at en ny region bør utformes på en måte som tar hensyn til at dagens grense mellom Troms og nordre Nordland går gjennom det som i flere sammenhenger er en funksjonell region, blant annet innenfor samferdselssektoren og kompetansesektoren. Det naturlige geografiske skillet ved Tysfjord peker seg ut som et aktuelt alternativ med hensyn til å trekke grensa mellom Troms og Nordland.

  7. Fylkestinget støtter ikke et alternativ med å overføre dagens Nord-Troms kommuner til Finnmark. Det vises til at disse kommunene har sterk tilknytning til det øvrige Troms og Tromsø. Det er lav dagpendling og ikke en sammenhengende bo- og arbeidsmarkedsregion over fylkesgrensa. Tiltakssonen for Nord-Troms og Finnmark inneholder i all hovedsak automatisk gjeldende virkemidler. Tiltakssonen kan og må videreføres med dagens soneinndeling, uavhengig av hvor de geografiske grensene for fylke eller framtidig region trekkes.

  8. Fylkestinget stiller som forutsetning at nytt regionalt folkevalgt nivå tilføres makt og oppgaver. Dette nivået må få et klart definert ansvar for de oppgaver/sektorer som er viktige for den regionale utviklingen, og for samordningen av disse oppgavene med kommunenes og statens virksomhet i regionen.

    1. Dette innebærer nye oppgaver og utvidet makt og ansvar innenfor samferdsel og næringsutvikling, samt at regional planlegging gjøres mer forpliktende. Den folkevalgte regionen må forvalte virkemidler tilpasset de utfordringene og mulighetene som regionen står overfor.

    2. Den folkevalgte regionen må få en formell rolle i utvikling og implementering av Nordområdepolitikken for å kunne sette premissene for utvikling i egen region. Gjennom den folkevalgte regionen må det satses på å bygge opp og forsterke kompetansemiljøene og engasjementet inn mot Barentssamarbeidet og arktiske spørsmål. Den folkevalgte regionen må forvalte regionale virkemidler for å hente ut vekstpotensialet i nordområdene.

    3. Sammen med overføring av oppgaver og myndighet må det følge med ressurser til folkevalgte regioner som gjør at oppgavene kan ivaretas og utvikles.

  9. Fylkestinget mener det er viktig å se regionreformen og kommunereformen i sammenheng. Fylkestinget konstaterer at det i overskuelig framtid ikke ligger an til en kommunestruktur bestående av store regionkommuner. Denne erkjennelsen må legges til grunn når det gjelder oppgavefordeling mellom nivåene. Fylkestinget forutsetter at folkevalgte regioner beholder ansvar for viktige velferdstjenester som videregående opplæring, fagskoler, kollektivtransport og tannhelse, uavhengig av antall folkevalgte regioner Stortinget vedtar.

  10. Fylkestinget mener en sammenslåing av fylker fordrer en forsterket innsats på regionens interne kommunikasjoner. Ullsfjordforbindelsen og Kvænangsfjellet blir viktige for å bedre regionens interne forbindelser. Fylkestinget forutsetter en forsert innsats for å realisere disse prosjektene. En stor region må knyttes sammen av et effektivt fly-, buss- og båttilbud. Det er behov for en ekstraordinær statlig bevilgning av midler til å ta igjen vedlikeholdsetterslep på dagens fylkesveger.

  11. Fylkestinget forutsetter at statens regionale inndeling i størst mulig grad endres i samsvar med inndelingen i nye folkevalgte regioner. Dette gjelder blant annet statens vegvesen og andre regionale transportetater, fylkesmannsembetet, NVE med flere. Dette er viktig for de folkevalgte regionene sin samordningsoppgave i den regionale samfunnsplanleggingen.

  12. Statlige arbeidsplasser av et betydelig omfang må flyttes til regionen. I tillegg må det utredes å lokalisere ledelse av direktorat(er) som er viktig for regional utvikling i den nye regionen.

  13. Fylkestinget legger til grunn at den nye regionens administrasjonssenter skal være Tromsø. Dersom det blir vedtatt sammenslåing, må det arbeides videre med å utrede distribuerte løsninger for å ivareta nødvendig nærhet til brukere og samarbeidspartnere for fagetatene i Vadsø og eventuelt i Bodø. Det må bygges videre på etablerte, sterke fagmiljøer.

  14. Dersom det blir vedtatt sammenslåing mellom fylkene skal det utredes om verdiene av eierskap til kraftselskap skal knyttes til aktivitet innenfor nåværende fylkesgrenser. Vedtak om løsning for disponering av slike ressurser må fattes i det fylkesting som i dag har eierskap.

  15. Fylkestinget forutsetter at Finnmarksloven også etter en eventuell sammenslåing av fylker skal omfatte det geografiske området – dagens Finnmark – som loven gjelder for i dag.

  16. Fylkestinget går inn for at den nye regionen skal være del av forvaltningsområdet for samisk språk, dvs. at alle har rett til å bli betjent på samisk når de henvender seg til regionen.

  17. Fylkesrådet bes arbeide videre opp mot regjeringen og Stortinget ut fra vedtaket i denne sak.

Punkt 1 blei vedteke med 34 stemmer mot 2 stemmer. Punkt 2, 3 (første setning), 8, 9, 13, 15 og 16 blei alle vedtekne med 31 stemmer mot 5 stemmer. Punkt 4, 6, 7, 10, 11, 12, 14 og 17 blei alle vedtekne samrøystes. Punkt 3 (andre setning) og 5 blei vedtekne med 29 stemmer mot 7 stemmer.

4.18 Finnmark

I mars 2015 gjorde fylkestinget i Finnmark vedtak om at «oppgaver skal overføres fra det regionale statlige nivå (fylkesmannen) til det regionale folkevalgte nivå (fylkeskommunen) og at Finnmark må bestå som eget fylke». I april 2016 blei det innleidd dialog med Troms fylkeskommune. I juni 2016 bad fylkestinget om at fylkesordføraren skulle halde fram nabosamtalane med Troms og Nordland fylkeskommunar, og at det skulle bli lagt fram sak for fylkestinget innan utgangen av 2016. På bakgrunn av dette vedtaket blei det etablert kontakt mellom dei tre nordnorske fylka for å avklare haldninga til gjennomføring av nabosamtalar. Nordland ønskte ikkje å delta i samtalane.

Hausten 2016 har det vore administrativ og politisk dialog mellom Finnmark og Troms med mål om å utvikle ein felles rapport om moglegheiter og utfordringar ved ei eventuell samanslåing. I oktober 2016 la Troms fram framlegg til intensjonsavtale som har føresetnad om fylkeshovudsete i Tromsø og parlamentarisme som styringsform. Delegasjonen frå Finnmark hadde ikkje mandat til å inngå i slike forhandlingar, og Finnmark trekte seg ut av samtalane. Finnmark fylkeskommune har utarbeidd ei eiga utgreiing av saka.

Det er ikkje gjennomført høyring av kommunar og næringsliv.

Vedtak gjort i fylkestinget

På bakgrunn av saksframlegg frå fylkesrådmannen og grunnlagsmateriale gjorde fylkestinget i Finnmark 7. desember 2016 dette vedtaket:

  1. Fylkestinget vedtar at Finnmark skal bestå som egen region

  2. Finnmark som egen region begrunnes med:

    • Opprettholdelse av desentrale strukturer

    • Vektlegging av nærhetsprinsippet når det gjelder folk og offentlige etater og institusjoner

    • Reell demokratiutvikling

    • Suverenitetshevdelse, med vekt på vår grense til Russland

    • Eierforholdet til land og vann i Finnmark

    • Den sterke identitetsfølelsen finnmarkingene har til eget fylke

  3. Fylkestinget understreker på det sterkeste at regionalt folkevalgt nivå må tilføres nye oppgaver og myndighet

    • Det må følge med ressurser ved overføring av oppgaver og myndighet

    • Det må utredes muligheter for å lokalisere statlige direktorater og arbeidsplasser til regionalt folkevalgt nivå når det er viktig for regional utvikling

    • Statens regionale inndeling må etableres i samsvar med inndelingen til folkevalgte regioner

  4. Generalistprinsippet må beholdes

  5. Fylkestinget mener at Finnmark har gode forutsetninger for vekst basert på naturressurser og sterke kompetansemiljøer

  6. Finnmark må framover få en formell utviklerrolle i utøvelsen av nordområdepolitikken

  7. Fylkestinget mener at sammenslåing av fylker må skje på bakgrunn av frivillighet

Vedtaket blei gjort med 25 stemmer mot 10 stemmer.

5 Forslag til ny inndeling av regionalt folkevalt nivå

5.1 Tilråding frå regjeringa

I tråd med avtalen om regionreform, inngått mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre 22. februar 2017, og som oppfølging av Meld. St. 22 (2015–2016) og Innst. 377 S (2015–2016), føreslår regjeringa at følgjande fylkeskommunar blir slått saman:

  • Hordaland og Sogn og Fjordane

  • Aust-Agder og Vest-Agder

  • Vestfold og Telemark

  • Oppland og Hedmark

  • Buskerud, Akershus og Østfold

Vidare føreslår regjeringa at Rogaland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Oslo kommune blir vidareført som i dag, i tråd med avtalen. I hovudstadsområdet vil regjeringa greie ut om etablering av eit hovedstadsråd vil bidra til eit meir effektivt arbeid med areal og transport i Osloregionen.

I avtalen om regionreform blir regjeringa bedne om å gjennomføre ein eigen prosess der det blir brukt litt tid på å finne inndeling i Nord-Noreg for å få til eitt eller to fylke. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil i dialog med fylkeskommunane vurdere korleis arbeidet med framlegg om samanslåing til eitt eller to fylke i Nord-Noreg skal organiserast. Endringar i fylkesstrukturen i Nord-Noreg skal tre i kraft frå 1. januar 2020, samstundes med gjennomføringa av regionreforma.

I avtalen blir det vist til at det i etterkant av regionreforma vil vere kommunar som på grunn av til dømes bu- og arbeidsmarknaden, vil ynskje å bytte fylke. Samarbeidspartia er samde om at det må setjast i gong eit arbeid/utval som ser på grensene mellom dei nye fylka. Regjeringa vil kome tilbake til oppfølginga av saka etter at Stortinget har handsama proposisjonen.

Nye Trøndelag fylkeskommune vil tre i kraft frå 1. januar 2018, jf. Prop. 130 LS (2015–2016) og Innst. 361 L (2015–2016). Regjeringa tilrår at andre endringar i fylkesinndelinga tek til å gjelde frå 1. januar 2020, samstundes med gjennomføring av kommunereforma.

I kapittel 5.3. blir det gjort nærare greie for regjeringa sitt forslag til ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, utgreiing av spørsmålet om eit eventuelt hovudstadsråd og vidare arbeid med inndelingspørsmålet i Nord-Noreg.

Tabell 5.1 Folketal, talet på kommunar og areal i ny fylkesinndeling (utanom Nord-Noreg)

Fylkeskommunar

Folketal 2016

Prosentdel av folketalet 2016

Areal

Prosentdel av samla areal

Talet på kommunar frå 2020

Østfold, Akershus, Buskerud

1 168 688

22,41 %

24 067

7,43 %

50

Oslo

658 390

12,63 %

454

0,14 %

1

Hedmark og Oppland

384 309

7,37 %

52 590

16,24 %

48

Vestfold, Telemark

410 857

7,88 %

17 464

5,39 %

23

Vest-Agder og Aust-Agder

298 486

5,72 %

16 434

5,08 %

25

Rogaland

470 175

9,02 %

9 377

2,90 %

23

Hordaland og Sogn og Fjordane

624 827

11,98 %

33 864

10,46 %

44

Møre og Romsdal

264 943

5,08 %

14 991

4,63 %

27

Trøndelag

452 781

8,68 %

42 819

13,22 %

36

Nordland

239 158

4,59 %

36 898

11,40 %

40

Troms

165 613

3,18 %

26 191

8,09 %

21

Finnmark

75 758

1,45 %

48 631

15,02 %

18

Totalt

5 213 985

100,00 %

323 781

100,00 %

356

Figur 5.1 Framlegg til ny inndeling av regionalt folkevalt nivå

Figur 5.1 Framlegg til ny inndeling av regionalt folkevalt nivå

5.2 Overordna vurderingar

Som nemnt i kapittel 2, meiner regjeringa at føresetnadene for å fylle ei strategisk rolle som samfunnsutviklar og møte utfordringane i samfunnet, er tett knytte til regional struktur. Ny struktur er òg ein føresetnad for å overføre nye oppgåver til regionalt folkevalt nivå. Mange av oppgåvene som blir overførte som del av reforma (sjå kapittel 10), føreset større og færre einingar enn i dag for å gje funksjonell oppgåveløysing og/eller nødvendig kapasitet og kompetanse i organisasjonen.

I avtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre er det semje om at regionreforma skal

  • styrkje lokaldemokratiet og medverke til å desentralisere makt ved at oppgåver og ansvar blir flytta frå stat til folkevalde på regionalt nivå. Avtalepartane viser her til Meld. St. 22 (2015–2016) og semja om å setje ned eit ekspertutval som kan sjå på ytterlegare oppgåveflytting, når regionreforma er gjennomført.

  • redusere byråkratiet og medverke til ei meir effektiv offentleg forvaltning. Færre fylkeskommunar skal samla sett føre til færre tilsette i administrative stillingar, færre heiltidspolitikarar på regionalt nivå og meir ressursar til tenester som kjem innbyggjarar og næringsliv til gode.

5.2.1 Meir funksjonelle einingar

Regjeringa meiner at framlegget til ny fylkesstruktur legg grunnlag for betre å kunne sjå større funksjonelle område i samanheng. Større fylkeskommunar vil kunne øve innverknad på og sjå større heilskap i løysing av oppgåver som strekkjer seg over større geografiske område, til dømes arealbruk, kommunikasjon og korleis ein møter kompetansebehova i arbeidslivet. Dette legg grunnlag for å utvikle overordna utbyggingsmønster for busetjing, næringsutvikling og infrastruktur, for betre å sikre klima- og miljøomsyn i planlegging og forvaltning, og for å leggje til rette for utvikling av kultur, kompetanse og næring i samarbeid med kommunane og regional statsforvaltning.

Regjeringa meiner framlegget til ny struktur gjev meir funksjonelle fylkeskommunar med omsyn til utvikling av viktige bu- og arbeidsmarknadsregionar. Regjeringa meiner den nye strukturen kan styrkje samspelet mellom dei ulike byane og tettstadene i kvart fylke.

Framlegget til ny fylkesinndeling vil føre til fylkeskommunar som omfattar større transportknutepunkt og samanhengande kommunikasjonsstrukturar. Regjeringa meiner inndelinga gjev eit godt grunnlag for vidareutvikling av infrastruktur i ulike delar av landet. Strukturen legg òg grunnlag for å overføre ytterlegare ansvar innan samferdsel til regionalt folkevalt nivå, jf. kapittel 10.1.

Utfordringane blir meir samansette når fleire innbyggjarar og samarbeidspartar, fleire omsyn og større mangfald av interesser fell inn under ansvarsområdet til fylkeskommunen. Regjeringa meiner dette gjev større politisk spelerom, mellom anna ved at fleire utfordringar kan sjåast i samanheng. Dette kan òg skape auka interesse for og vitalisere fylkesdemokratiet. Framlegget som regjeringa kjem med, inneber at fleire kommunar vil vere del av i ein ny fylkeskommune som er meir relevant for utviklinga deira enn i dag.

5.2.2 Betre samspel med staten

Større fylkeskommunar vil i auka grad leggje til rette for betre samordning og samarbeid med regionale statlege etatar og aktørar som i dag ikkje følgjer fylkesgrensene. Eitt av måla med regionreforma er å styrkje rolla som samfunnsutviklar og få fylkeskommune og stat til å spele betre på lag. Staten regionalt er avgjerande for utviklinga i det einskilde fylke. Statlege organ har ansvar for og plikt til å delta i regionale planprosessar og til å følgje opp vedtekne planar. Dette blir enklare når det er færre aktørar og regionale planar å ta omsyn til.

I Meld. St. 22 (2015–2016) varsla regjeringa gjennomgang av dei statlege regiongrensene i lys av dei nye grensene for regionalt folkevalt nivå. Regjeringa meiner framlegget til ny struktur for regionalt folkevalt nivå vil gjere det mogleg å oppnå større grad av samanfall med regionale statlege strukturar. I kapittel 6 gjer regjeringa nærare greie for den varsla gjennomgangen.

5.2.3 Auka kapasitet og kompetanse og meir til tenester

Reforma inneber at vi samla sett får større fylkeskommunar med potensial til å utvikle sterkare fagmiljø på fleire område og dermed styrkje kapasiteten og kompetansen i organisasjonen. Det vil gje enklare rekruttering til større og solide fagmiljø som vil støtte opp om fylkespolitikarane i arbeidet med å setje saker på dagsordenen overfor omverda og samarbeidspartnarar. Ein ny organisasjon gjev òg høve til nytenking. Større fagmiljø, meir kompetanse og auka kapasitet vil gjere regionalt folkevalt nivå betre i stand til å møte nye krav til tenesteyting og utvikling av samfunnet i framtida.

Regjeringa meiner framlegget til ny inndeling av regionalt folkevalt nivå vil innebere reduserte utgifter til administrasjon. Det vil frigjere ressursar som til dømes kan brukast til å styrkje tilbodet til innbyggjarane. Kapittel 13 inneheld meir konkrete vurderingar av potensialet for reduserte administrasjonsutgifter som følgje av reforma.

5.3 Fylkesvise vurderingar

5.3.1 Østfold, Akershus og Buskerud

Akershus har nesten 630 000 innbyggjarar og 19 kommunar etter kommunereforma, Østfold har 290 000 innbyggjarar og 13 kommunar etter reforma, og Buskerud har 255 000 innbyggjarar og 18 kommunar etter kommunereforma. Samla har dei tre fylka om lag 1 170 000 innbyggjarar eller 22 prosent av landets folketal, 50 kommunar og eit areal på om lag 24 000 km2. Fylkesadministrasjonane ligg i Sarpsborg, Oslo og Drammen.

I alt 90 prosent av innbyggjarane i Akershus bur i tettstader,1 og fleirtalet av desse bur i Oslo tettstad, som omfattar området frå Røyken i vest, Sørum i aust og Ski i sør. Oslo tettstad har nær ein million innbyggjarar, og nærare 350 000 av desse er busette i Akershus. Større senter i Akershus er Lillestrøm, Sandvika, Asker, Jessheim, Ski og Ås.

I Østfold bur 85 prosent av innbyggjarane i tettbygde strok. Dei største byane i Østfold ligg nær kysten – Fredrikstad, Sarpsborg, Moss og Halden. I Buskerud bur 80 prosent av innbyggjarane i tettbygde strok. Dei fleste av innbyggjarane bur i Drammens-regionen, på Ringerike og i Kongsberg.

Avstandane mellom dei største sentera i dei tre fylka er relativt korte. Til dømes er reiseavstanden med bil frå Kongsberg til Oslo vel 1 time og frå Drammen til Oslo vel 30 minutt. Frå Halden til Oslo tek det om lag 1 time og 20 minutt med bil, og frå Moss til Oslo vel 50 minutt. Avstandane frå nordre del av Buskerud er lengre. Frå Geilo i Hallingdal til fylkeshovudstaden i Buskerud – Drammen – tek det vel 3 timar med bil. Det tek 3 timar og 15 minutt å køyre bil frå Geilo til Oslo.

Med tog når ein Oslo sentrum frå Eidsvoll, Årnes, Askim, Råde, Spikkestad og Vestfossen i Øvre-Eiker kommune innan 1 time. E18, E6, E134, RV7 og E16 er viktige vegar i fylka. Nasjonale infrastrukturprosjekt er med på å byggje fylka saman. Follobanen med nytt dobbeltspor Oslo–Ski, ny Ringeriksbane og ny E16 mellom Sandvika og Hønefoss i tunnel er døme på prosjekt som vil auke transportkapasiteten og korte ned reisetidene innanfor og mellom dei tre fylka og binde regionen tettare saman.

Frå alle tre fylka er det mykje pendling mot Oslo, og frå Buskerud og Østfold er det mykje pendling mot Akershus. Akershus har om lag 105 000 innbyggjarar som pendlar til Oslo (om lag 35 prosent av alle sysselsette i Akershus), medan i overkant av 3000 pendlar til Østfold. Om lag 11 000 innbyggjarar pendlar frå Østfold til Oslo, medan om lag 9 500 pendlar frå Østfold til Akershus. Frå Buskerud pendlar om lag 13 000 til Akershus og 13 000 til Oslo (ein stor del av pendlinga skjer frå Røyken og Hurum, som frå 2020 er ein del av Asker kommune).

Samarbeid mellom fylkeskommunane

Dei tre fylkeskommunane deltek i Østlandssamarbeidet saman med dei andre fem fylkeskommunane på Austlandet. Østlandssamarbeidet arbeider med felles påverknad av eksterne avgjerdstakarar og for å utnytte stordriftsfordelar og jobbe meir rasjonelt gjennom felles prosjekt- og utviklingsarbeid. Buskerud, Akershus og Østfold er også medlemer av Samarbeidsalliansen Osloregionen, som er samansett av 78 kommunar og 5 fylkeskommunar i hovudstadsområdet.

Store delar av Akershus og heile Østfold inngår i vassregionen Glomma. Store delar av Buskerud og mindre delar av Akershus inngår i vassregionen Vest-Viken.

Akershus og Østfold samarbeider gjennom Interreg-program: Indre Skandinavia, Grenseløst samarbeid og Interreg V ØKS. Også Buskerud deltak i sistnemnde program.

Når det gjeld regionale forskingsfond, samarbeider Østfold med Buskerud, Vestfold og Telemark om Oslofjordfondet, medan Oslo og Akershus utgjer fondsregion Hovedstaden.

Akershus har eit omfattande samarbeid med Oslo. Begge fylkeskommunane er med i arbeidet med Oslopakke 3 og samarbeider om regional plan for Oslo og Akershus og selskapet Ruter, som har ansvar for å koordinere og planleggje kollektivtransporten i hovudstadsregionen.

Institusjonar

For størstedelen av staten går hovudskiljet i statlege regionstrukturar vest og aust for Oslofjorden. Det er få døme på statlege regionstrukturar som dekkjer Akershus, Buskerud og Østfold. Kartverket har ein region som omfattar Oslo, Østfold, Akershus og Buskerud. Kystverket og Fiskeridirektoratet har begge ei regioninndeling som dekkjer heile kysten frå svenskegrensa til Vestlandet i éin statleg region.

Buskerud inngår saman med Vestfold og Telemark i fleire statlege strukturar, som Statens vegvesen, Husbanken, Bufetat og politiet. Akershus og Østfold utgjer eitt politidistrikt, med unntak av Asker og Bærum, som inngår i Oslo politidistrikt. Elles inngår Akershus og Østfold som hovudregel i dei same statlege regionane i etatar der regionen også dekkjer Hedmark og Oppland. Mellom anna gjeld dette Statens vegvesen, NVE, Husbanken og Bufetat. Regjeringa har vedteke felles fylkesmannsembete for Oslo, Akershus, Østfold og Buskerud.

Høgskolen i Oslo og Akershus har studiestader på Kjeller, i Sandvika og i Oslo. Forskningsparken Kjeller i Akershus er eit av Noregs største forskings-, innovasjons- og teknologimiljø. Norges miljø- og biovitenskaplige universitet er lokalisert i Ås i Akershus. Høgskolen i Østfold er lokalisert i Fredrikstad og Halden. Høgskolen i Sørøst-Norge har åtte studiestader i Buskerud, Vestfold og Telemark, etter fusjonen mellom Høgskolen i Buskerud og Vestfold og Høgskolen i Telemark den 1. januar 2016.

Fylka har til saman fem ordinære helseføretak: Sjukehuset i Vestfold HF, Sjukehuset Telemark HF, Vestre Viken HF, Akershus Universitetssjukehus HF og Sjukehuset Østfold HF. Helseføretaka inngår i same helseregion Sør-Aust, saman med Oslo, Agder-fylka, Hedmark og Oppland.

Regjeringas vurdering

Regjeringa føreslår å slå saman Akershus, Buskerud og Østfold fylkeskommunar. Dei tre fylka har likskapstrekk, felles kjenneteikn og felles utfordringar, ikkje minst med tanke på nærleiken til Oslo og at mange av innbyggjarane er del av arbeidsmarknaden i hovudstadsregionen. Eit samla Buskerud, Akershus og Østfold kan leggje felles planar for ein balansert og fleirkjerna struktur for å styrkje lokalsentera i ulike delar av det nye fylket. Dette kan forenkle samarbeidet mellom stat og regionalt folkevalt nivå om dei store linjene for samfunnsutviklinga i det sentrale Austlandet. Eit stort fylke vil òg inkludere store delar av transportarbeidet, noko som vil forenkle samarbeidet med Oslo om å finne koordinerte løysingar.

Ei samanslåing vil leggje til rette for betre utnytting av utviklings- og plankompetanse i eit område med felles areal- og transportutfordringar. Eit felles fylkesting med felles fagadministrasjon vil kunne sjå fleire område og problemstillingar i samanheng.

Ei innvending mot samanslåinga av Buskerud, Akershus og Østfold er at den nye fylkeskommunen i liten grad fell saman med etablerte statlege regionstrukturar. Buskerud inngår i dag sjeldan i same struktur som Akershus og Østfold. Dei statlege grensene er historisk grunngjevne og ny infrastruktur og nye og forsterka pendlingslingsmønstre gjer at andre inndelinger kan vere meir naturleg framover. Regjeringa har vedteke eitt felles fylkesmannsembete for dei tre fylka og Oslo. Regjeringa vil etter at Stortinget har vedteke ny struktur, gjennomgå statens regionale strukturar i lys av den nye inndelinga for regionalt folkevalt nivå, jf. kapittel 6. Særskilt skal regjeringa vurdere regional stat som har breie kontaktflater seg imellom og med regionalt folkevalt nivå.

Regjeringa føreset at den nye fylkeskommunen inngår i eit tett samarbeid med Oslo og randkommunane rundt Oslo om areal og transport (samarbeidet med Oslo er nærare omtalt i kapittel 5.3.10).

Regjeringa legg vekt på desse argumenta som særskilt grunngjev samanslåinga av Buskerud, Akershus og Østfold:

  • Store delar av det sentrale Austlandet er samanvove til ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion der mykje rettar seg inn mot Oslo. Funksjonaliteten i transportsystema på Austlandet er i dag først og fremst knytt til korridorane inn og ut frå Oslo. Ei samanslåing av Buskerud, Akershus og Østfold inneber at store delar av det sentrale Austlandet blir samla i eitt fylke. Saman med etableringa av ein felles fylkeskommune for Telemark/Vestfold og Hedmark/Oppland vil intercitytriangelet og dei store vegane no omfatte tre fylkeskommunar, samanlikna med dagens sju fylkeskommunar. Ein reduksjon i talet på avgjerdstakarar vil forenkle samarbeidet om samfunnsutviklinga på Austlandet, medrekna utviklinga av dei strategiske transportkorridorane på Austlandet.

  • Samanslåing av Buskerud, Akershus og Østfold vil forsterke arbeidet for å utvikle ein fleirkjerna by- og senterstruktur i dette området. I ein felles fylkeskommune vil regionalt folkevalt nivå arbeide målretta for å ta ein større del av veksten utanfor Oslo tettstad. Utviklinga av sterkare lokale arbeidsmarknader er viktig for å demme opp for utbyggingspresset i Oslo og næraste omland og vil også vere eit tiltak for å nå transportpolitiske mål.

  • Ei samanslåing kan leggje til rette for utvikling av eit felles administrasjonsselskap for kollektivtransporten i pendlingsomlandet til Oslo på både aust- og vestsida av Oslo. Dette vil gi betre føresetnader for heilskaplege grep for å møte utfordringane knytte til framkomstforhold og klima.

  • Fylket vil omfatte distriktsområde med spreidd busetnad og store reiseavstandar. Det gjeld særskilt indre strok av Buskerud og Østfold, som står overfor andre utfordringar enn dei meir sentrale delane av fylket. Fylkeskommunen vil ha grunnlag for å utvikle sterke og spissa fagmiljø for å fremje særskilte satsingar for distriktsområda i fylket, til dømes innanfor jord- og skogbruk og reiseliv.

5.3.2 Hedmark og Oppland

Hedmark og Oppland er om lag like store i folketal. Oppland har nærare 190 000 innbyggjarar og 26 kommunar etter kommunereforma, medan Hedmark har i overkant av 195 000 innbyggjarar og 22 kommunar etter reforma. Fylkesadministrasjonane ligg i Lillehammer og Hamar. Samla har dei to fylka om lag 385 000 innbyggjarar og 48 kommunar. Dei to fylka har samla eit areal på om lag 52 500 km2 og nærare 7,5 prosent av folketalet i landet.

Oppland og Hedmark har fleire delregionar med tilhøyrande byar og tettstader: Østerdalen, Gudbrandsdalen, Valdres, Glåmdal, Hadeland og området rundt Mjøsa. Mjøs-regionen er den mest folketunge delen, med Lillehammer og Gjøvik i Oppland og Hamar i Hedmark som dei største byane. Reiseavstandane mellom sentera rundt Mjøsa er relativt korte. Det tek om lag 50 minutt å køyre frå Hamar til Lillehammer og 45 minutt til Gjøvik. Frå Lillehammer til Gjøvik er det om lag 35 minutts køyretid.

Fylka dekkjer store distriktsområde med spreidd busetnad og lange avstandar. Avstanden mellom Tynset og fylkeshovudstaden Hamar er om lag 220 km, eller om lag 3 timar med bil. Mellom Fagernes og fylkeshovudstaden Lillehammer er det om lag 110 km, som svarer til 1 time og 30 minutt med bil. Hedmark og Oppland er dei to mest spreiddbygde fylka i landet, med 43 og 42 prosent av innbyggjarane spreidd busette.

Om lag 3 prosent av dei sysselsette pendlar over fylkesgrensa mellom Oppland og Hedmark. Pendlinga skjer primært mellom kommunane i Mjøs-regionen. Pendlinga er meir omfattande frå begge fylka mot Oslo og Akershus.

Viktige vegar i fylka er E6, E16, E136 og Rv2, Rv3 og Rv4. Viktige jernbanelinjer er Dovrebanen, Gjøvikbanen, Rørosbanen og Kongsvingerbanen. Ingen av fylka har flyplass med ordinær rutetrafikk. Oslo lufthamn tener som flyplass for dei fleste av innbyggjarane.

Samarbeid mellom fylkeskommunane

Sidan 2004 har Hedmark og Oppland fylkeskommunar utvikla samarbeid om politikkområde som har innverknad på samfunnsutviklinga i Innlandet. Frå 2004 til 2014 gjekk samarbeidet under namnet Arena Innlandet. I samband med Stoltenberg II-regjeringa sitt arbeid med ny fylkesstruktur (forvaltningsreforma), var primærstandpunktet til begge fylkeskommunane i 2007 å slå seg saman, gjeve ei strukturreform med relativt få, sterke regionar.

Frå 2014 er organiseringa av samarbeidet endra, men det er vidareført på område som samferdsel, landbruk, kompetanse, innovasjon, forsking og utvikling.

Samarbeidet er grunngjeve med at Hedmark og Oppland har tydelege felles fortrinn og utfordringar. Fylkeskommunane har felles fylkesting minst éin gong kvart år, blant anna for å handsame årsrapportar for samarbeidet, medrekna status for samarbeidsprosjekt og andre saker av felles interesse.

Eit døme på konkrete samarbeidstiltak og -område er felles utvikling og oppfølging av Nasjonal transportplan. Fylkeskommunane samarbeider òg innan energieffektivisering og fornybar energi, og saman har dei etablert Energiråd Innlandet. Fylka utgjer ein felles forskingsfondsregion, har felles skog- og trestrategi og utviklar ein bioøkonomistrategi som etter planen skal vedtakast i 2017. I tillegg har fylka samarbeid på meir konkrete saksområde som til dømes reiseliv. På kulturområdet er fylkeskommunane saman om å eige Teater Innlandet. Fylkeskommunane har òg felles plan for Rondane–Sølnkletten og Dovrefjells-området og felles strategi for Innlandet universelt utformet 2025.

I tillegg har fylkeskommunane etablert samarbeidsrelasjonar med andre fylkeskommunar, men omfanget er mindre enn det tosidige samarbeidet mellom Hedmark og Oppland. Hedmark samarbeider til dømes med Sør-Trøndelag fylkeskommune og kommunane i regionrådet for Fjellregionen nord i Hedmark. Store delar av Oppland og Hedmark er del av same vassregion Glomma.

Begge fylkeskommunane tek del i Østlandssamarbeidet saman med dei seks andre fylkeskommunane på Austlandet. Østlandssamarbeidet arbeider med felles påverknad av eksterne avgjerdstakarar og søkjer å nytte stordriftsfordelar og arbeide meir rasjonelt gjennom felles prosjekt- og utviklingsarbeid. Fylkeskommunane er òg medlemer av Samarbeidsalliansen Osloregionen, der 78 kommunar og 5 fylkeskommunar i hovudstadsområdet deltek.

Institusjonar

Regjeringa har vedteke felles fylkesmannsembete for Oppland og Hedmark. Politiet, Kartverket og Innovasjon Noreg fell òg geografisk saman med Oppland og Hedmark. Oppland og Hedmark er del av same statlege region i etatar der den statlege regionen dekkjer større område enn dei to fylka. Dette gjeld mellom anna Statens vegvesen, NVE, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og Bufetat. Regjeringa har vedteke felles fylkesmannsembete for dei to fylka.

Innlandet har inntil 2016 hatt tre høgskular, men desse er no fusjonerte i større einingar. Høgskolen i Gjøvik blei frå 1. januar 2016 del av NTNU (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet), medan Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Hedmark blei fusjonerte frå 1. januar 2017 under namnet Høgskolen i Innlandet. Begge fylkeskommunane er deleigarar av Østlandsforskning AS.

Sjukehuset Innlandet HF fell òg saman med begge fylka og har verksemd ei rekkje stader i begge fylka.

Regjeringas vurdering

Regjeringa føreslår å slå saman Oppland og Hedmark fylkeskommunar.

Fylkeskommunane har allereie etablert eit omfattande samarbeid. Éin felles fylkeskommune som dekkjer begge innlandsfylka, vil støtte opp under utviklinga av dei naturgjevne og kompetansemessige fortrinna dei to fylka har, og det vil leggje grunnlag for felles satsingar innanfor område som reiseliv, jord- og skogbruk og tilhøyrande næringar. Etablering av éin fylkeskommune kan òg styrkje arbeidet med å utvikle relevant kompetanse i alle delar av det nye fylket, gjennom utvikling av eigne fagskular og vidaregåande skular, og gjennom nært samarbeid med institusjonane for høgare utdanning som begge fylka er ein del av. Fylkeskommunen blir stor i areal, men avstandane frå sentera rundt Mjøsa til ytterpunkta er ikkje lengre enn at tur-/returreiser kan gjennomførast på ein dag.

Regjeringa legg vekt på desse argumenta som særskilt grunngjev tilrådinga:

  • Dei to fylka har felles kjenneteikn og står overfor fleire overskridande utfordringar og interesser som bør handsamast i tilsvarande perspektiv, til dømes innanfor kompetanse- og utdanningspolitikk, folkehelse, samferdsel og kultur. Fylka har relativt lik næringsstruktur med mange av dei same moglegheitene og utfordringane. Eit felles perspektiv på næringsutvikling kan styrkje krafta og mobiliseringa i utviklingsarbeidet. Ikkje minst har fylka stort skog- og landbruksareal med tilhøyrande sysselsetjing, og ei rekkje biobaserte næringsaktørar og viktige kompetansemiljø har etablert seg. Fylka omfattar òg nokre av dei viktigaste fjell- og naturområda i landet, med unike kvalitetar. Ei samanslåing vil leggje til rette for felles forvaltning av områda der satsinga på turisme og naturopplevingar kan koordinerast og forsterkast.

  • Ei samanslåing vil innebere at Mjøs-regionen ikkje lenger blir delt av fylkesgrensene. Etablering av éin felles fylkeskommune kan styrkje området som ein integrert bu- og arbeidsmarknadsregion. Utviklinga av ein «innlandsby» sett saman av byar og tettstader som Hamar, Lillehammer, Gjøvik, Brumunddal, Moelv, Raufoss og Elverum, vil utgjere ei motvekt til Oslo-området og bli ein sterkare motor som kan gje vekstimpulsar til heile Innlandet. Ein ny «innlandsby» på meir enn 180 000 innbyggjarar vil kunne hevde seg i konkurransen om bedriftsetableringar og attraktiv arbeidskraft.

  • Særskilt har kommunane på Hadeland og i Glåmdal mykje pendling mot Oslo og Akershus, men omfanget er mindre enn for kommunane nærare Oslo. Med dette framlegget legg regjeringa vekt å på byggje opp under Innlandet si eiga utviklingskraft og ei senterutvikling som kan støtte opp under ein fleirkjerna struktur på Austlandet.

  • Ei samanslåing vil leggje til rette for betre samhandling med regional stat i og med at begge fylka i dag er del av dei same statlege regionstrukturane. Regjeringa har vedteke eitt fylkesmannsembete for dei to fylka. Fylka vil òg ha den same geografien som Sykehuset Innlandet og den nye Høgskolen i Innlandet. Større samanfall med andre regionalt organiserte verksemder vil forenkle og forbetre føresetnadene for samhandling og dialog i arbeidet for samfunnsutvikling, der ulike sektorar og interesser må sjåast i samanheng.

5.3.3 Telemark og Vestfold

Telemark har nærare 175 000 innbyggjarar og 17 kommunar etter kommunereforma, medan Vestfold har nærare 240 000 innbyggarar og 6 kommunar etter kommunereforma. Samla har dei to fylka om lag 410 000 innbyggjarar, eit areal på om lag 17 400 km2 og 23 kommunar frå 2020. Fylka utgjer 8 prosent av folketalet i landet.

Majoriteten av innbyggjarane i Telemark er busett i det tettbygde Grenlandsområdet. Om lag 110 000 av innbyggjarane i fylket (over 60 prosent) bur i Skien, Siljan, Porsgrunn og Bamble. Nærare 80 prosent bur tettbygd. Fylkesadministrasjonen ligg i Skien. For Vestfold si del er 85 prosent av innbyggjarane busette i tettbygde strok, og da primært i byane og tettstadene langs kysten. Dei største byane i Vestfold er Larvik, Sandefjord, Tønsberg, Horten og Holmestrand. Fylkesadministrasjonen held til i Tønsberg.

Vestfold er Noregs minste fylke i areal og kjenneteikna av korte reiseavstandar. Telemark dekkjer større distriktsområde med meir spreidd busetjing og lengre avstandar. Køyretida frå Vinje i Vest-Telemark til fylkeshovudstaden Skien er vel 2 timar. Gjennomsnittleg reiseavstand frå Skien til rådhusa i Telemark er 72 kilometer. Frå Sande aust i Vestfold til Skien er det 75 km, og køyretida er om lag 1 time og 10 minutt. Frå Tønsberg til Skien er køyretida om lag 1 time.

Både i Telemark og i Vestfold er hovudbiletet lokal sysselsetjing, og pendlinga går mot senter internt i fylket (dei største Vestfold-byane og Grenland). Det er i overkant av 1 500 som pendlar frå Vestfold til Telemark, og i overkant av 2 000 pendlar frå Telemark til Vestfold. Utpendlinga til Buskerud, Akershus og Oslo er større, særleg for Vestfold si del.

E18 og E134 er viktige vegar i begge fylka, og Sørlandsbanen og Vestfoldbanen går gjennom fylka. Skien og Vestfold-byane er del av intercitytriangelet på det sentrale Austlandet med svært mange reisande. Torp flyplass i Sandefjord (Vestfold) har mange reisande frå begge fylka.

Samarbeid mellom fylkeskommunane

Vestfold og Telemark deltek i Østlandssamarbeidet saman med dei andre seks fylkeskommunane på Austlandet. Østlandssamarbeidet arbeider med felles påverknad av eksterne avgjerdstakarar og for å utnytte stordriftsfordelar og jobbe meir rasjonelt gjennom felles prosjekt- og utviklingsarbeid.

BTV Innkjøp er eit administrativt innkjøpssamarbeid samansett av Buskerud, Telemark og Vestfold fylkeskommunar, kommunane i Buskerud og fleire kommunar i Telemark, Fylkesmannen i Buskerud og Telemark og Høgskolen i Sørøst-Norge. Saman med Buskerud, deltek dei to fylkeskommunane i samarbeid om IKT-system og felles regiongeolog.

Telemark og Vestfold inngår i dag, saman med Buskerud og Østfold fylkeskommunar, i felles fondsregion for regionale forskingsfond (Oslofjordfondet). Fylka inngår saman med andre fylke i vassregion Vest-Viken. Andre eksempel på samarbeid mellom Vestfold og Telemark er Jernbaneforum Sør, Biogass Oslofjord og EU-Viken.

Institusjonar

Regjeringa har vedteke felles fylkesmannsembete for Telemark og Vestfold, og fylka har felles kartverkkontor. Som hovudregel inngår Telemark og Vestfold i dei same statlege institusjonane som dekkjer større område enn dei to fylka. Mellom anna gjeld dette for politidistriktet og Høgskolen i Sørøst-Norge (som begge omfattar Buskerud òg), og Statens vegvesen, NVE, Bufetat og Husbanken (som omfattar fleire fylke). Buskerud og Vestfold har i dag felles Innovasjon Noreg-kontor, medan Telemark utgjer eit eige kontor.

Fylka har tre helseføretak: Sykehuset i Vestfold HF, Sykehuset Telemark HF og Vestre Viken HF. Helseføretaka inngår alle i Helseregion Sør-Øst.

Høgskolen i Sørøst-Norge blei oppretta 1. januar 2016, da Høgskolen i Buskerud og Vestfold fusjonerte med Høgskolen i Telemark. Skulen er samansett av åtte studiestader i Vestfold, Telemark og Buskerud.

Regjeringas vurdering

Regjeringa føreslår å slå saman Telemark og Vestfold. Fylket vil få eit innbyggjartal på 410 000, noe som ikkje er så langt unna folketalet i Trøndelag. Fylket vil liggje strategisk plassert mellom det sentrale Austlandet og Sørlandet, med gode kommunikasjonar. Samanslåinga vil byggje opp under ein heilskapleg politikk for område som har kvalitetar som utfyller kvarandre. Fylka har ein by- og næringsstruktur som byr på moglegheiter for framtidig vekst og utvikling. Størstedelen av innbyggjarane i dei to fylka bur og arbeider i byar og tettstader langs kysten og er kommunikasjonsmessig godt kopla saman.

Eit samla Telemark og Vestfold kan støtte opp om ein fleirkjerna struktur på Austlandet. Saman vil fylkeskommunane kunne jobbe målretta for å ta ein større del av veksten på det sentrale Austlandet.

Regjeringa legg vekt på desse argumenta som særskilt grunngjev tilrådinga:

  • Telemark og Vestfold blir eit fylke som er kjenneteikna av fleire byar som er vovne saman med ein solid infrastruktur. Vestfold-byane og Grenlandsområdet utfyller kvarandre og ein ny fylkeskommune vil gje grunnlag for ein samordna politikk som byggjer opp under fortrinn og kvalitetar i dei ulike områda.

  • Med tanke på kommunikasjon og næringsøkonomi er dei sentrale delane av Austlandet meir integrerte enn andre område av landet. Særleg i Vestfold er det mykje pendling mot Drammen, Asker, Bærum og Oslo. Samstundes utgjer Vestfold-byane eigne bu- og arbeidsmarknadsregionar med mykje intern pendling. Regjeringa legg vekt på å styrkje området si eiga utviklingskraft og senterutvikling for å støtte opp under ein fleirkjerna struktur på Austlandet.

  • Samanslåinga vil leggje til rette for betre samhandling med regional stat og viktige kompetanseinstitusjonar. Større grad av samanfall med andre regionalt organiserte verksemder vil forenkle og forbetre føresetnadene for å sikre samhandling og dialog i planprosessar og innsats som krev at ein ser ulike sektorar og interesser i samanheng. Høgskolen i Sørøst-Norge dekkjer begge fylka og vil vere ein viktig ressurs og samarbeidspart for den nye fylkeskommunen. Samanfallet med regional stat blir forsterka ved at regjeringa vil etablere eitt fylkesmannsembete for Telemark og Vestfold.

5.3.4 Vest-Agder og Aust-Agder

Aust-Agder har om lag 115 000 innbyggjarar, og Vest-Agder har 180 000 innbyggjarar. Samla gjev dette ein fylkeskommune på vel 300 000 innbyggjarar. Kvart av fylka har i dag 15 kommunar, og dei vil etter kommunereforma ha totalt 25 kommunar. Dei to fylka har samla eit areal på om lag 16 500 km2 og utgjer 6 prosent av folketalet i landet. Fylkesadministrasjonane ligg i Arendal og Kristiansand.

Majoriteten av innbyggjarane bur langs kysten frå Risør til Flekkefjord. Nesten alle tettstadene og byane i Agder ligg langs kysten. Folketalet i Arendal, Grimstad og Kristiansand utgjer til saman 50 prosent av det samla folketalet i Agder-fylka. Nesten 80 prosent av innbyggjarane bur i større og mindre tettstader etter SSBs tettstadsdefinisjon. Det er om lag 70 km mellom dei to største byane, Kristiansand og Arendal, og reisetida med bil er om lag 50 minutt. Avstandane frå Risør i aust til Flekkefjord i vest er om lag 220 km, eller 3 timar med bil. Regionen blir stadig bygd tettare saman gjennom forbetring av mellom anna E18 og E39, og særleg reiseavstandane mellom byane og tettstadene langs kysten vil bli kortare. Samstundes er både Vest-Agder og Aust-Agder samansette av innlandsbygder kjenneteikna av spreidd busetnad og lengre reiseavstandar, til dømes i Sirdal og Setesdal. Reiseavstanden med bil frå Hovden øvst i Setesdal til fylkessenteret i Aust-Agder, Arendal, er om lag 3 timar og 15 minutt (230 km), medan avstanden frå Sirdal til fylkessenteret i Vest-Agder, Kristiansand, er om lag 2 timar og 20 minutt (150 km).

Dei fleste arbeidsreisene skjer innanfor kvart fylke, men det er òg stor og aukande pendling over fylkesgrensene. Meir enn 7 500 personar pendlar dagleg mellom Aust-Agder og Vest-Agder. Godt over 5 000 pendlar dagleg frå Aust-Agder til Vest-Agder, og over 2 000 pendlar frå Vest-Agder til Aust-Agder. Særleg er pendlinga omfattande frå kommunane Lillesand, Birkenes og Iveland i Aust-Agder. Desse kommunane inngår i same bu- og arbeidsmarknadsregion som Kristiansand og dei andre nabokommunane i Vest-Agder. Dei same kommunane samarbeider med andre kommunar i Kristiansand-regionen gjennom Knutepunkt Sørlandet. Talet på pendlarar frå Agder-fylka til Rogaland og Telemark er mykje lågare.

E18, E39 og Rv9 er viktige vegar i regionen. Kjevik lufthamn er sentralt plassert midt i Agder.

Samarbeid mellom fylkeskommunane

Fylkeskommunane samarbeider på fleire område. Regionplan Agder 2020 er ei felles politisk plattform for utvikling av Agder. Hovudmålet med regionplanen er å utvikle ein sterk og samla landsdel som er attraktiv for busetnad og næringsutvikling både i kystsona og i dei indre distrikta. Heile landsdelen skal takast i bruk, med vekt på ei balansert utvikling og heilskapleg tilnærming. Det viktigaste grepet i planen er auka samhandling. For å nå målsetjingane i regionplanen har fylkestinga vedteke fleire delplanar som reiskapar i arbeidet med å gjennomføre planen:

  • Regional plan for likestilling, inkludering og mangfold

  • Regional plan for innovasjon og bærekraftig verdiskaping Agder 2015–2030

  • Regional transportplan Agder (RTP Agder 2015–2027)

Fylkeskommunane har felles regionale utviklingsprosjekt gjennom RUP-Agder. Fylkeskommunane utgjer ein felles region for regionale forskingsfond – Fondsregion Agder – og dei eig eit felles selskap for kollektivtrafikken i dei to fylka saman med Kristiansand kommune (Agder kollektivtrafikk AS). Fylkeskommunane er deleigarar av Kilden Teater og Konserthus i Kristiansand. Andre kulturinstitusjonar som fylka har i fellesskap, er til dømes Sørlandets kunstmuseum, Agder teater og Agder folkemusikkarkiv.

Institusjonar

Universitetet i Agder er lokalisert til Kristiansand og Grimstad. Universitetet samarbeider med regionalt næringsliv og offentleg sektor i Agder. Sørlandet sykehus HF har sjukehus i Arendal, Flekkefjord og Kristiansand og i tillegg verksemd fleire andre stader i fylka. Andre viktige institusjonar i samfunnslivet dekkjer som hovudregel begge fylka, medrekna NHO, særkrinsar i idretten og KS.

Den regionale staten dekkjer med få unntak begge Agder-fylka. Dei to fylka utgjer Agder politidistrikt (med unntak av Sirdal), er felles region i Kartverket, har felles fylkesmannsembete og felles Innovasjon Noreg-kontor. Agder-fylka inngår i same statlege region i etatar der regionen dekkjer større område enn dei to fylka.

Regjeringas vurdering

Regjeringa føreslår å slå saman Aust-Agder og Vest-Agder fylkeskommunar og følgjer dermed opp fylkestingsvedtaka frå desember 2017 i dei to fylka. Fylka har felles band og institusjonar, felles kjenneteikn og utfordringar. Éin samla fylkeskommune vil skape betre samanfall mellom dei utfordringane som skal handterast, og det politiske styringssystemet. Éin fylkeskommune i Agder vil støtte opp om samfunnsutviklinga i regionen og leggje til rette for samhandling med næringsliv, frivillige organisasjonar, kommunar, kompetanseinstitusjonar og regional statsforvaltning.

Regjeringa legg vekt på desse argumenta som særskilt grunngjev tilrådinga:

  • Dei to fylka har felles kjenneteikn og står overfor overskridande utfordringar som bør løysast i tilsvarande perspektiv, til dømes innan kompetansepolitikk, folkehelse, samferdsel og kultur. Fylka har relativt lik næringsstruktur som står overfor mange av dei same moglegheitene og utfordringane. Agder-fylka har eit næringsøkonomisk interessefellesskap som bør avspeglast i éin folkevald region som kan støtte opp under utviklinga i bedrifter og verksemder. Felles perspektiv kan styrkje krafta og mobiliseringa i utviklingsarbeidet og motverke suboptimale løysingar.

  • Den nye fylkeskommunen vil omfatte fleire større byar, felles infrastruktur og større institusjonar som til dømes Universitetet i Agder, Sørlandet sjukehus, Kjevik flyplass og kulturinstitusjonar. Byane og institusjonane tilfører regionen kraft og utvikling.

  • Eitt Agder-fylke vil dekkje samanhengande bu- og arbeidsmarknader og dermed leggje til rette for ei felles by- og tettstadsutvikling som i dag er splitta opp av fylkesgrensa i Kristiansand-regionen. Eitt Agder kan gje ein meir samordna areal- og transportpolitikk.

  • For fylkeskommunen som samfunnsutviklar og planstyresmakt er samarbeid og samhandling med regional statsforvaltning vesentleg. I Agder dekkjer nær sagt alle statlege strukturar begge dei noverande fylka. Tilsvarande gjeld for mange organisasjonar innanfor anna samfunnsliv. Større grad av samanfall med regional stat og andre organisasjonar vil styrkje og forenkle føresetnadene for å sikre samhandling og dialog i arbeidet for samfunnsutvikling der ulike sektorar og interesser må sjåast i samanheng.

5.3.5 Rogaland

Rogaland har over 470 000 innbyggjarar, eit areal på om lag 9 500 km2 og 23 kommunar etter kommunereforma. Fylket har ni prosent av innbyggjarane i landet. Den største kommunen og byen er Stavanger, med over 130 000 innbyggjarar. Stavanger er sete for fylkesadministrasjonen. Fylket er delt i fire distrikt: Haugalandet med Haugesund som største by, Ryfylke med Jørpeland som største by, Jæren som mellom anna omfattar Nord-Jæren med det samanhengande storbyområdet Stavanger/Sandnes/Sola/Randaberg, og Dalane med Egersund som største by. Dei fire kommunane som utgjer storbyområdet på Nord-Jæren omfattar over halvparten av innbyggjarane i Rogaland. Nærare 90 prosent av innbyggjarane i Rogaland bur i større og mindre tettstader etter SSBs tettstadsdefinisjonar.

Fylket er relativt lite målt i areal. Med bil frå Stavanger når ein 22 av 26 kommunar i fylket innanfor ei reisetid på 2 timar. Frå Sokndal i sør til Stavanger tek det om lag 1 ½ time å køyre (100 km). Frå Sauda i nord til Stavanger tek det om lag 3 timar å køyre inkludert ferjer (125 km). Frå Haugesund til Stavanger tek det i dag om lag 1 time og 50 minutt inkludert ferje (80 km). Rogfast-prosjektet, som mellom anna inneber undersjøisk tunnel mellom Haugalandet og Nord-Jæren, vil kunne korte ned reisetidene mykje og binde dei to regionsentera ytterlegare saman. Sola lufthamn på Nord-Jæren og Karmøy/Haugesund lufthamn er stamflyplassar i fylket. Jærbanen er ei viktig transportåre i fylket og går mellom Stavanger og Egersund med stoppestad i byane Sandnes, Bryne og Egersund.

E39 går langs kysten gjennom heile fylket – i retning Vest-Agder i sør og resten av Vestlandet mot nord. E134 knyter fylket saman med Austlandet over Haukelifjell.

Samarbeid med andre fylkeskommunar

Rogaland fylkeskommune samarbeider i dag i særleg grad mot nabofylka i nord gjennom Vestlandsrådet. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet styrkje og koordinere innsatsen til beste for landsdelen innanfor definerte satsingsområde og ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene. Rådet har eit særleg ansvar for politisk sentrale og strategiske saker på Vestlandet. I den samanheng er saker om samferdsel sterkt prioriterte. Det same er innsats for kompetanse og utdanning, kultur, næringsutvikling, kystressursforvaltning og internasjonalt retta arbeid opp mot EU.

Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane inngår i dag i ein felles forskingsfondsregion – fondsregion Vestlandet.

Institusjonar

Rogaland utgjer eit eige politidistrikt, kartverkkontor og distriktskontor for Innovasjon Noreg. Regjeringa har vedteke å oppretthalde Rogaland som eige fylkesmannsembete. Utover dette inngår Rogaland som oftast i dei same statlege regionale strukturane som Hordaland og Sogn og Fjordane. Døme er Statens vegvesen, IMDi, Bufetat, Kystverket og Helseregionen. For einskilde statlege institusjonar er Rogaland del av same region som Agder-fylka og enda fleire fylke mot søraust. Dette gjeld blant anna Fiskeridirektoratet og NVE.

Universitetet i Stavanger har dei fleste institutta og avdelingane sine lokaliserte i Stavanger. Frå 2017 blei Høgskulen på Vestlandet etablert etter fusjon mellom Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund (Rogaland).

Fylket inngår i Helse Vest og er dekt av Stavanger universitetssykehus HF og Helse Fonna HF, som også dekkjer Sunnhordland, med mellom anna Haugesund sjukehus. I tillegg er det etablert fleire mindre helseinstitusjonar rundt om i fylket.

Regjeringas vurdering

Regjeringa føreslår å halde på Rogaland som eigen fylkeskommune. Fylket har ei stor folkemengd. Folkerike område både på Nord-Jæren og Haugalandet blir bygde stadig tettare saman. Med samspel mellom byområda og distrikta har Rogaland utviklingskraft for vidare vekst i denne delen av landet.

Regjeringa legg vekt på desse argumenta som særskilt grunngjev tilrådinga:

  • Rogaland utgjer ei eiga eining for fleire statlege institusjonar, under dette politidistrikt og fylkesmannsembete. Når det gjeld anna regional statsforvaltning som har mykje samhandling med fylkesmann og fylkeskommune, inngår fylket som hovudregel saman med Hordaland og Sogn og Fjordane. Regjeringa meiner Rogaland som eigen fylkeskommune vil leggje til rette for god samhandling mellom regional stat og fylkeskommune. Regional statsforvaltning på Vestlandet vil etter dette framlegget i hovudsak ha samhandling med berre to fylkeskommunar.

  • Fylket omfattar større byar og distrikt med rike naturressursar i sjø og på land. Fylket har viktige kompetansemiljø innan industri, primærnæringar og reiseliv, større sjukehus, større lufthamner på Sola og Haugesund/Karmøy, universitet i Stavanger og høgskulelokalisering i Haugesund. Fylket har mange innbyggjarar og er på mange vis ein komplett region med byar og institusjonar som tilfører regionen kraft og utvikling langs mange dimensjonar og på fleire område. Det legg til rette for å utvikle samspelet og dynamikken i fylket vidare.

5.3.6 Hordaland og Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har om lag 110 000 innbyggjarar og 19 kommunar etter kommunereforma, medan Hordaland har nærare 520 000 innbyggjarar og 25 kommunar etter reforma. Samla har fylket om lag 625 000 innbyggjarar som utgjer 12 prosent av folketalet i landet og 44 kommunar etter kommunereforma.

Om lag 60 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane er busette i spreiddbygde strok. Fylket er samansett av distrikta Sogn (Indre Sogn og Ytre Sogn) og Fjordane (Sunnfjord og Nordfjord). Dei tre byane i fylket er Florø og Førde i Sunnfjord og Måløy i Nordfjord. Sogndal er regionsenter i Indre Sogn. Fylkesadministrasjonen ligg i Leikanger. Sogn og Fjordane har ikkje noko klart senter med éin dominerande by. Gjennomsnittleg reiseavstand frå Leikanger, der fylkesadministrasjonen ligg, til rådhusa i fylket er 125 km. Ein kan nå 5 av 25 rådhus på 1 time i bil og 15 av 25 rådhus innan 2 timar med bil. Eit par døme kan illustrere reiseavstandane: Frå Øvre Årdal inst i Sognefjorden til fylkessenteret i Leikanger tek det om lag 1 time og 25 minutt å køyre inkludert ferje, og frå Måløy ytst ved kysten i nord til Leikanger tek det om lag 3 timar inkludert ferje. Fylket har ingen stamlufthamner for større passasjerfly, men fire lufthamner som er del av kortbanerutenettet.

Fylkeshovudstaden i Hordaland er Bergen. Byen har ei dominerande stilling, og om lag 55 prosent av hordalendingane bur i Bergen. Andre større byar og tettstader er Odda i Hardanger, Stord i Sunnhordland, Vossevangen på Voss og Knarvik i Nordhordland. Om lag 17 prosent av innbyggjarane bur i spreiddbygde strok. Gjennomsnittleg reiseavstand frå Bergen til rådhusa i fylket er 85 km. Ein kan nå 12 av 33 noverande rådhus innanfor ei reisetid på 1 time med bil og 23 av 33 rådhus innan 2 timar med bil. Eit par døme kan illustrere reiseavstandane: Frå Odda til Bergen tek det om lag 2 timar og 40 minutt med bil, frå Voss til Bergen 1 time og 25 minutt og frå Stord til Bergen 2 timar og 20 minutt inkludert ferje. Flyplassen i fylket er Flesland i Bergen.

E39 er ein hovudveg langs kysten både i Hordaland og i Sogn og Fjordane. Også Rv13 er eit viktig bindeledd mellom fylka.

Det er ei viss pendling til Bergen frå Sogn og Fjordane, men pendlinga er ikkje omfattande. Det er også ei viss pendling frå grensestroka mellom Nordfjord i Sogn og Fjordane over fylkesgrensa til Sunnmøre i Møre og Romsdal.

Samarbeid mellom fylkeskommunane

Hordaland og Sogn og Fjordane samarbeider tett gjennom Vestlandsrådet, der også Rogaland og Møre og Romsdal er med. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet har gjennom Vestlandsrådet mål om å styrkje og koordinere innsatsen til beste for landsdelen innanfor definerte satsingsområde, og om å ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene. Rådet har eit særleg ansvar for politisk sentrale og strategiske saker på Vestlandet. I den samanheng er samferdselssaker sterkt prioriterte. Det same er innsats for kompetanse og utdanning, kultur, næringsutvikling, kystressursforvaltning og internasjonalt retta arbeid opp mot EU.

Sogn og Fjordane og Hordaland inngår saman med Rogaland i ein felles forskingsfondregion – Fondsregion Vestlandet.

Institusjonar

Hordaland og Sogn og Fjordane inngår alltid i dei same statlege regionstrukturane. Som hovudregel inngår også Rogaland i desse strukturane, men det er fleire statlege etatar som berre dekkjer Sogn og Fjordane og Hordaland, til dømes politidistriktet, Kartverket og Fiskeridirektoratet. Regjeringa har vedteke felles fylkesmannsembete for dei to fylka. Frå 2017 blei Høgskulen på Vestlandet etablert etter fusjon av Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund. Universitetet i Bergen og Norges handelshøyskole er lokaliserte til Bergen. Helse Bergen HF og Helse Førde HF har fleire sjukehus og andre institusjonar i dei to fylka, medrekna Haukeland universitetssjukehus, Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus og Voss sjukehus.

Regjeringas vurdering

Regjeringa føreslår å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland og følgjer dermed opp fylkestingsvedtaka frå februar 2017 i dei to fylka. Ei samanslåing vil samle kompetansen, kapasiteten og merksemda om samfunnsutvikling i eit område som har felles fortrinn og interesser. Sogn og Fjordane og Hordaland kan saman styrkje arbeidet innanfor næringar der fylka har eit spesielt stort fortrinn og potensial. Dette gjeld blant anna innan petroleum, fiskeri, havbruk, landbruk, prosessindustri, reiseliv og fornybare energiressursar. Ein ny fylkeskommune vil ha eit regionalt og nasjonalt kraftsenter i Bergen og vil omfatte distrikt og mindre byar i Sogn og Fjordane og dei andre delane av Hordaland, som har mange samanfallande utfordringar.

Regjeringa legg vekt på desse argumenta som særskilt grunngjev tilrådinga:

  • Hordaland og Sogn og Fjordane vil bli eit fylke med føresetnader for utvikling langs mange dimensjonar og på fleire område. Den nye fylkeskommunen vil omfatte storbyen Bergen og mindre byar og distrikt. Ei samanslåing kan forsterke samspelet og dynamikken mellom storbyen og resten av regionen, og det blir lettare å sjå utfordringar og fortrinn i samanheng. Fylket vil omfatte store naturressursar på land og til havs, viktige utdannings- og forskingsinstitusjonar og eit variert næringsliv. Både Hordaland og Sogn og Fjordane har eit interessefellesskap som bør avspeglast i éin folkevald region som kan støtte opp under utviklinga i bedrifter og verksemder. Felles perspektiv kan styrkje krafta og mobiliseringa i utviklingsarbeidet.

  • Ein samanslått fylkeskommune vil, samanlikna med i dag, omfatte eit meir samansett næringsliv og ha ein næringsstruktur som gjer at regionen får fleire bein å stå på. I dag har særleg Hordaland sterke kompetansemiljø innanfor petroleumsnæringa og tilhøyrande tenester, men fylket er samstundes sårbart for konjunkturane innan oljenæringa. Ein ny fylkeskommune vil leggje rammer for utviklinga av nye næringar og marknader og vil kunne medverke i arbeidet for å gjere regionen mindre avhengig av olje.

  • Sogn og Fjordane og Hordaland (utanom Bergens-området) har fleire felles kjenneteikn og felles utfordringar. Primærnæringane står relativt sterkt, det same gjer reiselivet, og det er store industristader i begge fylka. Fiskeri og havbruk er viktige langs kysten, og begge fylka har store grøne energiressursar. Avstandane er relativt store, og det kan vere lang transportveg til marknadene. Begge fylka har kommunar med utfordringar i form av svak utvikling i og skeiv samansetjing av folkesetnaden. Ein ny og samla fylkeskommune vil kunne forsterke innsatsen for å møte utfordringane.

  • Reiseavstandane i fylket vil bli relativt store, men reforma vil i seg sjølv ikkje verke inn på stadbundne tenester som krev nærleik til innbyggjarane. Tvert imot vil større fagmiljø, større innkjøpsorganisasjonar og vinstar i form av reduserte utgifter til administrasjon og støttetenester kunne gje eit styrkt og desentralisert skuletilbod, lokalt kulturliv og båt- og bussruter til stadene der innbyggjarane bur.

  • Samarbeid og samhandling med regional statsforvaltning er viktig for rolla som samfunnsutviklar. Viktige samarbeidspartar for den nye fylkeskommunen vil ha same grenser som Hordaland og Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane og Hordaland inngår alltid i same statlege region i etatar der regionen dekkjer større område enn dei to fylka, og da som regel saman med Rogaland, til dømes regionane til Statens vegvesen. Regional stat får færre fylkeskommunar å samhandle med.

5.3.7 Møre og Romsdal

Møre og Romsdal har om lag 265 000 innbyggjarar, som utgjer 5 prosent av folketalet i landet, eit areal på om lag 15 000 km2 og 27 kommunar etter kommunereforma. Fylket har tre større byar med tilhøyrande omland: Nordmøre med Kristiansund som største by, Romsdal med Molde og Sunnmøre med Ålesund som største by. Fylkesadministrasjonen ligg i Molde. Dei fleste innbyggjarane i Møre og Romsdal bur i byar og tettstader langs kysten. Om lag 29 prosent av innbyggjarane bur i spreiddbygde strok. Fylket er mellomstort målt i areal, men er mange stader kjenneteikna av relativt lange reiseavstandar med bil og ferje. Frå Molde kan ein nå kommunesenteret i 22 av 30 kommunar innan 2 timar. Frå Molde til Ålesund tek det om lag 1 time og 45 minutt å køyre (inkludert ferje). Frå Molde til Kristiansund er reisetida kortare – det tek om lag 1 time og 10 minutt å køyre mellom byane. Kvar av byane Ålesund, Molde og Kristiansund har stamlufthamn. I tillegg driv Avinor lufthamna Ørsta/Volda, som er ei viktig lokallufthamn i området.

Ein rapport utarbeidd for Nordmøre regionråd (ORKidé) analyserer pendlarstraumane mellom distrikta i fylket og distrikt utanfor fylket.2 Den fylkesinterne pendlinga i ulike retningar mellom Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre omfattar om lag 4 500 arbeidsreiser. Tala viser at det er om lag 2 600 arbeidsreiser mellom Romsdal og Nordmøre, 1 600 arbeidsreiser mellom Romsdal og Sunnmøre og 350 reiser mellom Sunnmøre og Nordmøre. Pendlinga mellom Orkdal i Trøndelag og Møre og Romsdal er lågare og omfattar om lag 600 arbeidsreiser. Pendlinga mellom Nordfjord i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal utgjer om lag 800 arbeidsreiser.

Samarbeid med andre fylkeskommunar

Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider i dag med nabofylka i sør og i nord, men i liten grad mot aust. Mot sør er samarbeidet i stor grad knytt opp mot heile Vestlandet gjennom Vestlandsrådet. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet styrkje og koordinere innsatsen til beste for landsdelen innanfor definerte satsingsområde og ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene. Rådet har eit særleg ansvar for politisk sentrale og strategiske saker på Vestlandet. I den samanheng er saker om samferdsel sterkt prioriterte. Det same er innsats for kompetanse og utdanning, kultur, næringsutvikling, kystressursforvaltning og internasjonalt retta arbeid opp mot EU.

Nordover er det einskilde samarbeidsprosjekt med Trøndelags-fylka. Møre og Romsdal inngår mellom anna i Midtnorsk forskningsfondsregion saman med Trøndelag.

Institusjonar

Møre og Romsdal utgjer eit eige politidistrikt og distriktskontor for Innovasjon Noreg. Regjeringa har vedteke at fylkesmannsembetet for Møre og Romsdal skal vidareførast. Utover dette er hovudregelen at Møre og Romsdal inngår i dei same statlege regionale strukturane som Trøndelag. Døme er Statens vegvesen, Kystverket, Fiskeridirektoratet, Bufetat og IMDi. Når det gjeld statlege etatar med brei samarbeidsflate mot fylkeskommunen, er det berre NVEs regioninndeling som bryt med dette mønsteret og splittar fylket i to. Sunnmøre og Romsdal inngår i NVE Vest saman med vestlandsfylka, medan Nordmøre inngår i NVE Midt saman med Trøndelag.

Høgare utdanningsinstitusjonar finst ved dei to høgskulane i Volda og Molde og ved NTNU Ålesund. I Kristiansund er det etablert eit høgskulesenter der både Høgskolen i Molde og Høgskolen i Bergen tilbyr studium. Andre viktige forskingsinstitusjonar er Møreforsking AS og det nyetablerte SINTEF Ålesund AS.

Innanfor sjukehussektoren dekkjer Møre og Romsdal HF heile fylket og inngår i Helse Midt-Norge RHF. Verksemda er fordelt mellom Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus og fleire mindre institusjonar.

Regjeringas vurdering

Regjeringa føreslår å halde på Møre og Romsdal som eigen fylkeskommune. Regjeringa ser det slik at Møre og Romsdal ikkje har tydelege funksjonelle koplingar verken til Sogn og Fjordane eller til Trøndelag. Regjeringa meiner banda er sterkare, og samhandlinga innan fylket viktigare og meir omfattande, enn mellom Nordmøre og Trøndelag eller mellom Sunnmøre og Sogn og Fjordane. Regjeringa ønskjer derfor å byggje opp under ein struktur som kan styrkje den eininga som Møre og Romsdal i dag utgjer.

Regjeringa legg vekt på desse argumenta som særskilt grunngjev tilrådinga:

  • Fylkesmannsembetet for Møre og Romsdal skal stå ved lag i den nye inndelinga. Når det gjeld anna regional statsforvaltning som har samhandling med fylkesmann og fylkeskommune, inngår fylket som hovudregel saman med Trøndelag. Regjeringa meiner dette framlegget vil ta omsyn til samhandlinga mellom regional stat og fylkeskommunen. Regional statsforvaltning i Midt-Noreg vil etter dette framlegget i hovudsak ha samhandling med berre to fylkeskommunar.

  • Fylket omfattar tre større byar, felles infrastruktur, sjukehus, flyplassar og fleire høgskular og FoU-miljø. Møre og Romsdal har byar og institusjonar som tilfører denne delen av landet kraft og utvikling langs mange dimensjonar og på fleire område. Det legg til rette for å utvikle samspelet og dynamikken i fylket vidare.

  • Regjeringa ser at Nordmøre har felles strukturelle kjenneteikn og kommunikasjonar mot Trøndelag. Regjeringa har òg merkt seg at mange av kommunane ønskjer at heile eller delar av Møre og Romsdal bør inngå i eit nytt fylke saman med Trøndelag. For dei fleste av kommunane på Nordmøre er likevel pendlinga og samhandlinga med Romsdal meir omfattande enn mot Trøndelag. Dei to mest folketunge distrikta, Romsdal og Sunnmøre, er i liten grad orienterte mot Trøndelag. Romsdal og Sunnmøre er i større grad ein del av Vestlandet. Særleg gjeld dette Sunnmøre. Alternativet til å halde på Møre og Romsdal som eigen fylkeskommune ville dermed vere å dele fylket. Regjeringa vurderer det slik at dei tre distrikta i fylket blir bygde stadig tettare saman med omsyn til kommunikasjonar, og det er meir som sameiner enn som skil dei ulike delane av fylket.

5.3.8 Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag

Stortinget vedtok 8. juni 2016 å slå saman Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylke til Trøndelag fylke med verknad frå 1. januar 2018, jf. Innst. 361 L (2015–2016) og Prop. 130 LS (2015–2016). Framlegget frå regjeringa var i tråd med søknaden frå Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommunar av 27. april 2016 om samanslåing til Trøndelag fylke.

Regjeringas vurdering

Arbeidet med å slå saman Trøndelags-fylka er godt i gang. Regjeringa ser eit samla Trøndelag som ein funksjonell og naturleg ny fylkeskommune. Regjeringa vil ikkje i denne samanhengen gjere framlegg om endringar i det vedtaket som Stortinget allereie har gjort ved handsaminga av Prop. 130 LS (2015–2016), jf. Innst. 361 L (2015–2016).

5.3.9 Nord-Noreg

Dei tre nordnorske fylka Nordland, Troms og Finnmark har samla om lag 480 500 innbyggjarar. Samla areal er om lag 112 000 km2, og talet på kommunar er 79 etter kommunereforma. Fylkesadministrasjonane ligg i Bodø, Tromsø og Vadsø. Nord-Noreg utgjer over ein tredel av arealet i Fastlands-Noreg og nærare 10 prosent av det samla folketalet. Fordelt på dei tre fylka er biletet slik:

Folketal

Areal km2

Kommunar

Nordland

239 000

37 000

40

Troms

165 000

26 000

21

Finnmark

76 000

48 500

18

I Nordland og Troms er om lag 70 prosent av innbyggjarane busette i større og mindre tettstader eller byar. I Finnmark er nærare 80 prosent busette i større og mindre tettstader. I alle tre fylka er busetjinga i stor grad konsentrert langs kysten, medan innlandet er tynt folkesett. Om lag 50 prosent av innbyggjarane i Finnmark bur i bu- og arbeidsmarknadsregionar med færre enn 5 000 innbyggjarar. I Nordland og Troms er prosentdelen høvesvis 23 og 34 prosent. Bodø, Tromsø og Alta er dei tre største byane i fylka.

Reiseavstandane er store i heile Nord-Noreg. For å illustrere er gjennomsnittleg avstand frå rådhusa i Finnmark til fylkesadministrasjonen i Vadsø 307 km. Fire av dei noverande 19 kommunar i Finnmark ligg innanfor ein reiseavstand med bil på under 2 timar frå Vadsø. For Troms si del er gjennomsnittleg avstand frå Tromsø til rådhusa 172 km. Seks av dei 24 kommunane i fylket ligg innanfor ei reisetid på 2 timar. I Nordland er gjennomsnittleg avstand til rådhusa 315 km. I alt 7 av 44 kommunar ligg innanfor ei reisetid på 2 timar. Eit par døme kan ytterlegare illustrere reiseavstandane: frå Hammerfest i Vest-Finnmark til Vadsø i aust tek det vel 6 timar å køyre (420 km), medan det tek om lag 4 timar og 30 minutt å køyre frå Kvænangen i Sør-Troms til Tromsø (310 km). Begge strekningane krev bruk av ferje. Frå Brønnøysund sør i Nordland til Bodø tek det nærare 6 timar med bil (475 km).

E6 går gjennom heile landsdelen og er den viktigaste hovudvegen i alle tre fylka. Dei største lufthamnene er i Tromsø, Alta, Kirkenes, Harstad/Narvik og Bodø. Ved sida av stamflyplassane er kortbaneflyplassane viktige – særleg i Finnmark og Nordland. Fylka har òg eit omfattande båtrutenett. I mange samanhengar er båt raskare enn reiser med bil.

Nordland, Troms og Finnmark har stort mangfald av og rik tilgang på naturressursar, ulike kjelder til energi og store uutnytta areal. I heile landsdelen finst petroleumsressursar, mineral, fiskeri, havbruk, reiseliv, landbruk og fornybare energiressursar. Samstundes er det stor variasjon i næringsstrukturen mellom dei ulike fylka og områda i Nord-Noreg. Nordland har til dømes ein tydelegare profil som industrifylke enn dei to andre fylka. Nordområda er Noregs viktigaste utanrikspolitiske interesseområde. Nord-Noreg har ein framskoten posisjon i nordområda og representerer Noregs grense mot Arktis og Russland.

Samarbeid mellom fylkeskommunane

Det er etablert fleire samarbeidsordningar mellom fylkeskommunane i Nord-Noreg. Nedanfor er eit utval av ordningane presenterte.

Nordland, Troms og Finnmark samarbeider om eit felles regionalt forskingsfond (forskingsregion Nord). Dei tre fylkeskommunane inngår òg i Interregprogrammet Nord. Programmet legg til rette for grenseregionalt samarbeid mellom dei nordlegaste delane av Sverige, Noreg, Finland og Sápmi. Fylkeskommunane samarbeider òg gjennom Interreg-programmet Kolartic.

Nord-Noregs Europakontor blei oppretta 1. januar 2005 for å fremje og forsterke nordnorske interesser i EU. Det er fylkeskommunane Nordland, Troms og Finnmark som eig kontoret. Fylkeskommunane inngår i Nordkalottrådet som er eit grenseoverskridande samarbeid etablert av Nordisk ministerråd. Fylkeskommunane eig Barentssekretariatet som arbeider for å utvikle norsk-russiske samarbeidsprosjekt. Fylkeskommunane har etablert samarbeidsorganet Nordnorsk råd. Siktemålet er å samordne, styrkje og fremje saker av felles interesse for landsdelen.

Fylkeskommunane deltek i ei rekkje samarbeidsarenaer innanfor kulturområdet, til dømes gjennom nordnorsk kulturavtale. Føremålet med avtalen er å vidareutvikle kultursamarbeidet i Nord-Noreg. Fylkeskommunane har felles eigarskap til fleire kulturinstitusjonar. Fylkeskommunane har òg etablert fleire samarbeid innan næringsutvikling. Dei driv saman NordNorsk reiseliv. Fylkeskommunane er i gang med å utvikle ein mineralstrategi for Nord-Noreg. Fylkeskommunane deltek òg i Nordnorsk petroleumsråd. Rådet medverkar til å fremje utviklinga av petroleumsnæringa i landsdelen gjennom politisk og administrativt samarbeid.

Institusjonar

For NAV, fylkesmannen, Kartverket og Politiet utgjer dei tre fylka eigne statlege regionar. For etatar som IMDi, UDI, Bufetat, Mattilsynet og Vegvesenet utgjer dei tre fylka ein felles statleg region. NVEs region i nord dekkjer Finnmark, Troms og størstedelen av Nordland. Fiskeridirektoratet og Kystverket har to statlege regionar i nord, der Troms og Finnmark er saman, medan Nordland utgjer ein eigen region.

Regjeringa har vedteke å oppretthalde eigne fylkesmannsembete i kvart av dei tre fylka i nord. Denne inndelinga vil bli vurdert i lys av framtidige endringar i fylkesinndelinga i Nord-Norge.

Innovasjon Noreg har i dag regionkontor i Nordland og felles kontor for Troms og Finnmark.

Noregs arktiske universitet har størstedelen av verksemda si i Tromsø, men er òg lokalisert i Alta, Hammerfest, Kirkenes, Harstad og Narvik. Frå 2016 blei Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Nesna til Nord universitet. Det nye universitetet har verksemd i Stokmarknes, Bodø, Mo i Rana, Sandnessjøen og Nesna (i tillegg til Namsos, Steinkjer, Levanger og Stjørdal).

Regionalt helseføretak dekkjer heile Nord-Noreg; Universitetssykehuset Nord-Norge HF dekkjer Troms, Finnmarkssykehuset HF dekkjer Finnmark, medan Nordlandssykehuset HF og Helgelandssykehuset HF dekkjer Nordland.

Regjeringas vurdering

I tråd med avtalen om regionreforma inngått mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre gjer regjeringa framlegg om at Nord-Noreg blir delt inn i eitt eller to fylke. Dette vil styrkje balansen mellom fylka på landsbasis og støtte opp under samfunnsutviklingsarbeidet i Nord-Noreg. I tråd med avtalen vil regjeringa vurdere spørsmålet om fylkesstrukturen i nord nærare før det kjem framlegg om ei ny inndeling. Endringar i fylkesstrukturen i Nord-Noreg skal ta til å gjelde frå 1. januar 2020 – samstundes med gjennomføringa av regionreforma.

Trongen for vidare vurdering av ny inndeling er særleg grunngjeven i to omsyn – som kan stå i motstrid når det gjeld Nord-Noreg. På den eine sida er målet å byggje fylkeskommunar som kan ta ei sterkare samfunnsutviklarrolle. I dette ligg det at fylkesinndelinga skal leggje rammer for innsats for positiv samfunnsutvikling ut frå felles fortrinn og interesser, betre samhandling med staten og andre regionale aktørar for mobilisering og samordning av innsats for positiv utvikling i landsdelen. Inndelinga skal òg leggje grunnlag for å overføre nye oppgåver både på kort og på lang sikt. Det er dermed eit spørsmål om å sikre geografisk funksjonalitet, tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til nye oppgåver og ansvar og god samhandling med regional stat og andre regionale aktørar. På den andre sida er spørsmålet kva for særlege omsyn ein må ta til dei store avstandane i landsdelen, det vil seie konsekvensar for å utøve fylkeskommunane sin samfunnsutviklerrolle og dialogen og kontakten med kommunar, næringsliv og andre.

Tre hovudalternativ

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg opp til å fremme ein proposisjon om saka seinast våren 2018. Regjeringa føreslår at tre hovudalternativ blir vurderte nærare i lys av måla for reforma og kriteria for fylkesstrukturen:

  1. Samanslåing av dei tre nordnorske fylka.

  2. Troms og Nordland blir slått saman, og Finnmark held fram som eige fylke, eventuelt med grensejustering.

  3. Troms og Finnmark blir slått saman, og Nordland held fram som eige fylke, eventuelt med grensejustering.

Figur 5.2 Oslo tettstad: SSB

Figur 5.2 Oslo tettstad: SSB

For kvart av dei tre alternativa skal aktuelle grensejusteringar vurderast. I tillegg skal ein drøfte fylkeskommunane sin kapasitet og kompetanse til å løyse dagens og framtidige oppgåver.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil i dialog med fylkeskommunane vurdere korleis arbeidet med framlegg om samanslåinger til eitt eller to fylke i Nord-Noreg skal organiserast.

5.3.10 Oslo

Oslo er både fylke og kommune og har om lag 660 000 innbyggjarar. Kommunen har både kommunale og fylkeskommunale oppgåver, under dette vidaregåande opplæring og kollektivtransport, og er dermed i ei særstilling.

Oslo er sentrum i hovudstadsregionen, som i vid forstand omfattar store delar av det sentrale Austlandet, inkludert Akershus og delar av Østfold, Hedmark, Oppland, Buskerud og Vestfold, som alle har stor innpendling mot Oslo og Akershus. Hovudstadsregionen omfattar også Oslo tettstad, som har meir enn 975 000 innbyggjarar, og som strekkjer seg over ni kommunar i Akershus og to i Buskerud. Akershus fylke omkransar Oslo, med Asker og Bærum på vestsida og Follo og Romerike på aust- og sørsida.

Godt over ti offentlege utgreiingar/stortingsmeldingar har peikt på styringsutfordringane i hovudstadsregionen, og spesielt utfordringane med å utvikle ein heilskapleg areal- og transportpolitikk for Oslo og Akershus. Kort sagt peiker utgreiingane på at Oslo og Akershus treng eit politisk styringsorgan med ansvar for heilskapelege vurderingar innan areal- og transportpolitikken. Etter at Stortinget hadde handsama Ot.prp. 10 (2008–2009) Om gjennomføring av forvaltningsreformen, vedtok regjeringa å påleggje Oslo og Akershus å utarbeide felles areal- og transportplan for Oslo og Akershus. Ein slik plan blei vedteken i desember 2015 av Akershus fylkeskommune og Oslo kommune. Planen dannar blant anna grunnlag for arbeidet med byutviklingsavtalar og seinare byvekstavtalar med staten. Oslo og Akershus samarbeider òg på andre viktige område. Begge eig Ruter AS, som har ansvaret for å planleggje, samordne, bestille og marknadsføre kollektivtrafikken i regionen, og begge inngår i samarbeidet om Oslopakke 3, som er ein overordna plan for utbygging og finansiering av vegar og kollektivtrafikk i Oslo og Akershus. Dei store kommunane kring Oslo deltek i for liten grad i desse prosessane. Den kan vere ein svakheit ved den noverande organiseringa.

Boks 5.1 Regional plan for areal og transport i Oslo og Akershus

I Ot.prp. nr. 10 (2008–2009) Om gjennomføring av forvaltningsreformen står det:

Styringsutfordringene på tvers av fylkesgrensene er særlig store i hovedstadsområdet. Regjeringen mener det er nødvendig å treffe vedtak om pålagt plansamarbeid mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Dette er det ene av fire alternativer for bedre samordning og styring som ble skissert både i St.meld. nr. 12 (2006–2007) Regionale fortrinn – regional framtid og i St.meld. nr. 31 (2006–2007) Åpen, trygg og skapende hovedstadsregion (Hovedstadsmeldingen).

Dette framlegget fekk tilslutning i Stortinget. Regional plan for areal og transport i Oslo og Akershus var resultatet av Stortingets pålegg. Planen blei vedteken i desember 2015 av Akershus fylkeskommune og Oslo kommune etter medverknadsprosessar der kommunane blei involverte i fleire rundar gjennom høyring, møte og politiske handsamingar, regionvis og i alle kommunar. Planen har overordna strategiar for regional areal- og transportstruktur, i tillegg til separate arealstrategiar og transportstrategiar. Han skal leggjast til grunn for vidare statleg, regional og kommunal planlegging.

Det er inngått ein samarbeidsavtale mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune for å følgje opp den regionale planen. Som del av samarbeidsavtalen er det etablert eit politisk samarbeidsråd med representantar frå fylkesordføraren i Akershus fylkeskommune og byråd for byutvikling i Oslo kommune, saman med ytterlegare to politikarar frå kvar av dei to planeigarane. Samarbeidsrådet møtast to gonger i året. Det er òg etablert eit administrativt kontaktforum med representantar frå de to planeigarane. Gjennom samarbeidet skal partane ettersjå at også andre aktørar utfører oppgåvene sine. Akershus fylkeskommune og Oslo kommune organiserer sjølv det interne arbeidet med vidareføring av planen. Kommunane i Akershus er ikkje part i denne samarbeidsavtalen.

Kommunane i Akershus legg den regionale planen til grunn i rulleringa av kommuneplanane. Dette blir følgt opp av fylkeskommunen gjennom regionalt planforum og plansakshandsaming. Samstundes riggar Akershus fylkeskommune no oppfølginga av den regionale planen med fokus på tiltaka i handlingsprogrammet. Her vil kommunane bli involverte når tiltaka har innverknad på dei.

I avtalen om regionreforma, inngått mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre 22. februar 2017, viser partia til dei særskilde transport- og arealutfordringane i hovudstadsområdet, og ber regjeringa vurdere ulike modellar som kan sikre betre koordinering inklusive Oslo. Dei store kommunane rundt Oslo må òg inkluderast.

Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementets vurdering

Trass i dei etablerte samarbeidsordningane meiner regjeringa at fylkes- og kommunegrensene i Oslo og Akershus skaper utfordringar for ein samordna areal- og transportpolitikk i hovudstadsregionen. Oslo er navet i ein funksjonell region der fleire hundre tusen menneske pendlar og innbyggjartalet veks. Avgjerder som Oslo, omkringliggjande kommunar og Akershus fylkeskommune tek i areal- og transportpolitikken har konsekvensar ut over eigne grenser. Isolert sett talar dette for å slå saman Oslo og Akershus. Ansvaret for transport- og regional planlegging kunne då bli lagt til eit politisk organ som i stor grad fell saman med areal- og transportutfordringane.

Samstundes meiner regjeringa at Oslo har fordelar av å kunne sjå kommunale og fylkeskommunale oppgåver i samanheng. Innanfor opplæringsfeltet kan kommunen sjå utdanningsløpet frå grunnskule til vidaregåande opplæring i samanheng. Innanfor areal og transport har Oslo ein fordel av å ha ansvaret for både kollektivtransporten og arealavgjerdsmakta. I byområda må til dømes arealbruk, bustadbygging, parkeringspolitikk og drift og investeringar i kollektivtransporten og veg sjåast i nær samanheng for å nå transport- og miljøpolitiske mål. Oslo har ein openberr fordel av å ha hand om desse oppgåveområda. Generelt sett er etablering av byvekstavtalar i dei ni største byane, mellom anna Oslo/Akershus, det viktigaste verkemidlet for å løyse areal- og transportutfordringane i dei store byområda.

Regjeringa føreslår at Oslo held fram som eige fylke. Samstundes meiner regjeringa at det er nødvendig å effektivisere og forbetre samordninga av arbeidet med areal og transport i Osloregionen. Det er óg nødvendig at kommunane i bybandet deltek på ein betre måte. Derfor vil regjeringa greie ut ulike løysingar som kan medverke til eit meir effektivt arbeid med areal og transport i Osloregionen. Dette skal óg involvere dei store kommunane rundt Oslo i større grad. Utgreiinga skal m.a. vurdere moglegheiter for forenkling av noverande løysingar, og etablering av nye, permanente organ, som til dømes eit hovudstadsråd.

Eit mogeleg hovudstadsråd må koordinerast og sjåast i samanheng med styringssystemet for byvekstavtalen. Det blir lagt til grunn at eit eventuelt hovudstadsråd vil ha medlemer frå Oslo kommune, den komande fylkeskommunen rundt Oslo, kommunane i bybandet og kommunar med regionale byar som er definert i regional plan for Oslo og Akershus, og statlege styresmakter. Dette kan bli eit råd som dekkjer eit stort geografisk område og som har mange deltakarar. Fordeler og ulemper ved eit eventuelt hovudstadsråd i arbeidet med areal og transport i hovudstadsområdet, inkludert forholdet til den framtidige styringsgruppa for byvekstavtalen, skal greiast ut.

Det blir lagt til grunn at eit eventuelt hovudstadsråd skal vere eit samarbeidsorgan og få sin avgjerdskompetanse delegert frå deltakande kommunar og fylkeskommune.

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med orientering om framdrifta i arbeidet med utgreiinga av eit hovudstadsråd våren 2018. Dersom det blir vedtatt at eit hovudstadsråd skal opprettast, bør det takast sikte på at rådet blir etablert 1. januar 2020, samstundes med regionreforma.

Boks 5.2 Byvekstavtale

Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet, Oslo kommune og Akershus fylkeskommune har forhandla fram ein bymiljøavtale for Oslo og Akershus for perioden 2017–2023. Før avtalen blir endeleg inngått, skal den behandlast i Oslo bystyre, fylkestinget i Akershus og regjeringa. Avtalen byggjer på Nasjonal transportplan 2014–2023. Det er etablert ei styringsgruppe for bymiljøavtalen, som skal følgje opp avtalen når den blir inngått. Oslopakke 3 er ein del av bymiljøavtalen, og er eit samarbeid mellom Akershus fylkeskommune, Oslo kommune, Jernbanedirektoratet og Statens vegvesen om utbygging og finansiering av veg- og kollektivtiltak. Det blir tatt sikte på å inngå byutviklingsavtale for byområdet i 2017 for å sikre god oppfølging i arealpolitikken fram til ein byvekstavtale kjem på plass.

Regjeringa har vedtatt at bymiljøavtalane og byutviklingsavtalane skal samordnast til ein avtale som skal kallast byvekstavtale. Byvekstavtalen skal sikre ei betre samordning mellom bruk av areala og investeringar i transportsystemet. Det er vidare vedtke ein modell for organisering av byvekstavtalane både i forhandlings- og oppfølgingsfasen. Forhandlingane vil bli organisert med ei politisk styringsgruppe og ei administrativ forhandlingsgruppe. For Oslo og Akershus vil ei slik samordning kome på plass ved første attforhandling av bymiljøavtalen til ein samordna byvekstavtale, som vil skje etter at Stortinget har handsama Nasjonal transportplan 2018–2029. Då vil òg ny modell for organisering bli innført. Innan den tid vil den etablerte styringsgruppa følgje opp avtalen. For å gje politisk forankring i oppfølgingsfasen før den nye modellen blir innført, vil det, dersom det er nødvendig, bli gjennomført møte mellom Samferdselsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og styringsgruppa.

5.4 Justering av fylkesgrenser

I avtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti blir det vist til at det i etterkant av regionreforma vil vere kommunar som på grunn av til dømes bu- og arbeidsmarknaden, vil ynskje å bytte fylke. Det kan òg vere grenser mellom dei nye fylka som må endrast på grunn av tilhøyrigheita til kommunar eller av andre grunnar. Samarbeidspartia er derfor einige om at det må setjast i gong eit arbeid/utval som ser på grensene mellom dei nye fylka. Regjeringa vil kome tilbake til oppfølginga av saka etter at Stortinget har handsama proposisjonen.

6 Gjennomgang av statlege regionale strukturar

Med føresetnad om tre folkevalde nivå er målet med regionreforma å få ein meir heilskapleg forvaltningsstruktur som kan møte utfordringane som kjem i framtida, og der dei ulike ledda fungerer godt saman, jf. Meld. St. 22 (2015–2016). I meldinga står det at regjeringa vil gjennomgå dei statlege regionale grensene i lys av dei nye fylkesgrensene. Føremålet med gjennomgangen er å styrkje samhandlinga mellom staten og regionalt folkevalt nivå. Produktivitetskommisjonen (NOU 2016: 3) understrekar at manglande samanfall mellom fylkesinndelinga og dei regionale inndelingane til staten skapar utfordringar for samhandling og samordning av innsats. Staten har gjennomgåande valt inndelingar i færre og større regionar enn fylka, og dei ulike delane av staten har valt kvar si unike inndeling. Ved inngangen til 2016 hadde 38 statlege etatar valt 36 ulike regionale inndelingar. Produktivitetskommisjonen seier tida er moden for ei reform i fylkesstrukturen med sikte på markant færre og større fylkeskommunar, og at det som ledd i ein slik reformprosess er nødvendig å gjennomgå regional statleg forvaltning med sikte på betre samordning og eit meir effektivt og einsarta mønster i regional organisering.

Eit breitt fleirtal i Stortinget støttar regjeringa sine vurderingar og den varsla gjennomgangen av regional stat i lys av nye regiongrenser, jf. Innst. 377 S (2015–2016). Stortingsfleirtalet viser til at rolla som samfunnsutviklar er den viktigaste rolla dei nye fylkeskommunane skal fylle, og meiner derfor at den regionale statsforvaltninga og dei nye fylkeskommunane må spele meir på lag. Fleirtalet meiner at staten regionalt er avgjerande for utvikling av den einskilde regionen. Derfor meiner fleirtalet at regjeringa må vurdere regioninndelinga av statlege etatar i lys av den nye fylkesinndelinga.

I Meld. St. 29 (2016–2017) Perspektivmeldinga 2017 står det at eit godt samspel mellom statleg sektoradministrasjon og den kommunale og fylkeskommunale forvaltninga er ein føresetnad for effektiv forvaltning og god ressursutnytting. Grensene til viktige regionale statlege samarbeidspartnarar er blitt endra dei siste tiåra og fell ikkje lenger saman med fylkesgrensene. Det er også nødvendig å vurdere utforminga av statens regionale strukturar for å få til best mogleg samhandling og samordning på regionalt nivå. Større og færre fylkeskommunar vil leggje til rette for at statens regionale struktur i større grad kan vurderast samordna med dei nye fylkesgrensene. I meldinga seier Finansdepartementet at ein naturleg hovudregel etter regionreforma kan vere at regional statleg forvaltning blir samordna med den nye inndelinga av fylkeskommunane. Dette vil også leggje til rette for betre samhandling i staten.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner dei etablerte inndelingsomsyna i staten må liggje til grunn for den varsla gjennomgangen:

  • Kostnadseffektivitet: Staten si regioninndeling må ta omsyn til effektiv oppgåveløysing.

  • Brukarretting: Inndelinga må ta omsyn til at tenestene skal vere tilgjengelege for brukarane.

  • Kompetanse: Omsynet til kapasitet og kompetanse innanfor dei ulike verksemdene må sikrast.

  • Samordning: Når oppgåvene krev samarbeid med andre statlege verksemder og/eller kommunar/fylkeskommunar, skal inndelinga ta omsyn til dette.

Samstundes må utgangspunktet vere at omsynet til samhandling skal ha større vekt enn i dag – det vil seie samhandling mellom stat og fylkeskommunane og samhandling internt i staten. Føremålet med gjennomgangen er å vurdere endringar som kan medverke til å gje meir samanfallande grenser. Særleg vil det gjelde for dei delane av regional stat som har mykje samhandling seg imellom og med regionalt folkevalt nivå. Målet om meir samanfallande grenser må bli balansert mot den aktuelle statsetaten si evne til å sikre sektorspesifikke omsyn og mål, og mot kostnadene ved ei endring.

Ei avgjerd om eventuell ny regional inndeling av den einskilde statlege etaten må ta omsyn til særlege tilhøve som gjeld for den konkrete etaten, mellom anna knytte til eventuelle pågåande omorganiseringsprosessar og andre relevante faktorar.

Vidare prosess

Styrkt samhandling mellom sektorar og mellom stat og fylkeskommunar er viktig for samordna forvaltning og for handtering av viktige utfordringar i samfunnet. Ei inndeling på om lag ti fylkeskommunar gjev potensial for større samordning av regionale strukturar, men det er verken realistisk eller føremålstenleg å sjå for seg ein gjennomgang av alle statlege etatar med regionale strukturar. Spørsmålet er kven som samhandlar mykje med kvarandre, og som vil dra nytte av mest mogleg lik struktur.

Regjeringa vil rette søkjelyset mot dei etatane som har mest samhandling med fylkeskommunen og fylkesmannen, der regionale avklaringar og dialog er nødvendig mellom anna for samhandlinga med kommunane. Fylkesmannen har ansvar for å samordne den regionale staten overfor kommunane og fylkeskommunane. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil setje i gang arbeidet med å konkretisere gjennomgangen hausten 2017, med føresetnad om ei ny inndeling på om lag ti fylkeskommunar.

7 Konsekvensar ved ny fylkesstruktur

Det vil vere både direkte og indirekte konsekvensar ved å vedta endringar i fylkesstrukturen, både for dei aktuelle fylkeskommunane og andre organisasjonar. Kapittelet greier ut konsekvensar av dei samanslåingane som regjeringa føreslår i denne proposisjonen.

7.1 Prosess etter vedtak i Stortinget

Kommune- og fylkesgrenser blir regulert av lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova). Inndelingslova i seg sjølv seier ikkje noko om når ei grense bør endrast eller kvar ho skal gå, men gjev reglar for kva som skal skje ved endring av kommune- og fylkesgrenser. I etterkant av handsaminga av proposisjonen i Stortinget vil departementet kalle inn til felles fylkestingsmøte for alle fylkeskommunane det er vedteke å slå saman. På slike fellesmøte skal desse sakene drøftast, jf. inndelingslova § 25:

  • Forslag til namn

  • Kor mange medlemer det skal vere i det nye fylkestinget

  • Kriterium for samansetjing og funksjonar til fellesnemnd, jf. § 26

  • Val av revisor for fellesnemnda

  • Oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga

Dersom det er andre saker som er viktige for å gjennomføre den aktuelle samanslåinga, bør det diskuterast i møtet. På fellesmøte kan ein òg drøfte om fylket skal ha eit offisielt samisk namn. Samisk namnekonsulent og Sametinget skal i så fall uttale seg om valet av namn.

Etter fellesmøtet må dei aktuelle fylkeskommunane gjere formelle vedtak, som vil vere grunnlaget for arbeidet i departementet med å førebu kongeleg resolusjon for kvar einskild samanslåing. Det er ein fordel om eit eventuelt samisk namn er avklart innan departementet utarbeider resolusjonen, i tillegg til eventuelle unntak frå regelverket som er nødvendige for å gjennomføre samanslåinga. Dersom fylkeskommunane allereie har gjort dei nødvendige vedtaka kan departementet gjere unntak frå kravet om felles fylkestingsmøte.

Departementet vil utbetale eingongskostnader etter at Stortinget har handsama denne proposisjonen.

7.2 Rettleiing, oppfølging og støtte

Departementet har utarbeidd fleire rettleiarar for kommunesamanslåing. Rettleiarane vil òg vere nyttige for fylkeskommunar som skal slå seg saman. Det er mange fellestrekk mellom samanslåing på kommune- og på fylkeskommunenivå. Kommunelova og inndelingslova gjeld likt for dei to delane av kommunesektoren. Sentrale problemstillingar og utfordringar i ein samanslåingsprosess er parallelle, slik som til dømes utarbeiding av milesteinsplanar, organisering av arbeidet og tilhøvet til dei tilsette.

Desse rettleiarane kan vere aktuelle å nytte i arbeidet med samanslåing:

  • Formelle rammer i byggingen av nye kommuner (KMD)

  • Å bygge en ny kommune – råd fra tidligere sammenslåinger (KMD)

  • Veileder til reglene om offentlige anskaffelser i forbindelse med kommunereformen (Inventura as på oppdrag frå KMD)

  • Arbeidsgiverpolitikk i kommunesammenslåinger (Deloitte på oppdrag av KS)

  • Selskaper og kommunereform (KS / KS advokatene)

Statlege etatar og KS har òg utarbeidd utgreiingar og rettleiarar knytte til tema som arkiv og digitale konsekvensar ved samanslåing. Dei fleste rettleiarane er tilgjengelege på nettsida kommunereform.no.

Nokre tilhøve vil òg skilje samanslåingar på kommune- og fylkesnivå. Dei økonomiske verkemidla har noko ulik innretting.

Fylkeskommunane har større og meir ressursrike organisasjonar enn mange av kommunane som slår seg saman. Oppgåveporteføljen er òg annleis samansett i fylkeskommunane. Trass i desse skilnadene vil det vere ei rekkje fellestrekk ved sjølve samanslåingsprosessen, og fylkeskommunane vil òg ha nytte av erfaringar frå gjennomførte kommunesamanslåingar.

Departementet har i samarbeid med KS, Unio, LO, YS og Akademikerne etablert eit oppfølgingstilbod for kommunar som skal slå seg saman. Partane arrangerer ei seminarrekkje for å heve kunnskapsnivået på viktige område i samband med samanslåing og for å utveksle erfaringar. Som ein del av dette oppfølgingstilbodet, tek ein òg sikte på å gje eit tilbod om seminar for fylkeskommunar som skal slå seg saman. Tilbodet vil bli etablert etter at Stortinget har handsama proposisjonen våren 2017. Fylkeskommunar som har vedteke å slå seg saman har òg fått tilbod om å delta i seminarrekka for kommunane som skal gjennomførast våren 2017.

7.3 Eingongskostnader ved fylkessamanslåing

Regjeringa presenterte i proposisjonen om samanslåinga av Sør- og Nord-Trøndelag (Prop. 130 LS (2015–2016)) ein modell der samanslåingar som blir vedtekne av Stortinget utløyser ei utbetaling på mellom 30 og 60 million kroner til dekking av eingongskostnader, jf. tabell 7.1. Støtta blir differensiert etter talet på fylke i samanslåinga, ved at det blir utbetalt 15 million per fylke som inngår i samanslåinga.

Tabell 7.1 Modell for dekking av eingongskostnader i regionreforma (kroner)

Fylkeskommunar som er med i samanslåinga

Kroner

2 fylkeskommunar

30 000 000

3 fylkeskommunar

45 000 000

4 fylkeskommunar

60 000 000

Støtte til eingongskostnader blir utbetalt ved etablering av nye fylkeskommunar og ikkje dersom det berre blir gjennomført grensejusteringar.

7.4 Gjennomføring av val

Dette kapittelet omtalar dei konsekvensane endringar i administrativ inndeling på regionalt folkevalt nivå har for gjennomføringa av fylkestingsval og stortingsval. Departementet skisserer korleis vala i 2019 og 2021 kan bli gjennomførte utan større endringar i regelverk.

Regjeringa har beslutta å setje ned eit nytt vallovutval som blant anna skal sørgje for vidare utgreiing av desse problemstillingane og føreslå tilpassingar i valordninga.

7.4.1 Fylkestingsval

Konsekvensar av ny fylkesstruktur for val til fylkesting

Val til fylkesting er regulert av vallova med forskrifter. Ved fylkestingsval utgjer kvart fylke eitt valdistrikt. Veljarane stemmer på lister og kandidatar for heile valkrinsen under eitt, og dei folkevalde blir rekna som representantar for alle innbyggjarane i fylket.

Konsekvensane av samanslåing av fylke er at kvart fylkesting skal representere eit større og meir samansett område. Ny fylkesstruktur vil føre til at mange av fylka blir større, både i areal og i innbyggjartal. Det vil òg kunne bli større skilnader mellom dei ulike fylka.

Konsekvensar for geografisk representasjon – lokale interesser

Både veljarane og partia reknar ei god geografisk fordeling av representantane som eit gode. Geografisk representasjon vil vere påverka av mekanismar i valordninga, gjennom partilistene og gjennom den innverknaden veljarane har på kandidatkåringa.

Ved val til fylkesting utgjer heile fylket eitt valdistrikt, og det er ingen mekanismar i valordninga som regulerer kor mange kandidatar som blir valde frå ulike delar av fylket. Dette heng saman med at fylkestinget skal representere heile fylket, og at representantane blir valde meir som representantar for politiske parti enn som representantar for delar av fylket. Dei politiske partia har tradisjon for å ta omsyn til dei ulike delane av fylket og prøver å ha ei god fordeling av kandidatar frå ulike delar av fylket på listene.

Ein viktig dimensjon i valordninga er kor mange representantar som skal veljast. Det har direkte innverknad på representativiteten, både partipolitisk og geografisk. Dersom talet på representantar som skal veljast i ein valkrins aukar, vil eit parti trenge færre stemmer for å bli representert. Det er òg enklare å ta omsyn til geografi når det er fleire som skal veljast. Folkevalde organ med høgt medlemstal kan derfor gje høve til brei politisk deltaking og sikre større representativitet. Det kan òg medverke til økt politisk kapasitet og gje meir rom for politisk spesialisering for representantane. Samstundes kan store folkevalde organ føre til meir tungrodde avgjerdprosessar, og dei vil vere meir kostbare enn fylkesting med færre representantar.

Det er fylkeskommunane som avgjer kor mange representantar som skal veljast i valdistriktet. Kommunelova § 7 regulerer kva som er det minste talet på medlemer eit fylkesting skal ha. Minstetalet er knytt til kor mange innbyggjarar fylket har.

Minstekrava i dag er slik, jf. tabell 7.2. Ved samanslåingar av fylke vil fleire av dei nye einingane hamne i den siste kategorien av minstekrav. Fleire av dei nye fylkeskommunane kan få dobla eller tredobla talet på innbyggjarar. I dag er det berre fire fylke som har færre enn 150 000 innbyggjarar og dermed er bundne av minstekravet i den første kategorien. Minstekrava ovanfor vil dermed bli mindre relevante, og ein bør vurdere å innføre nye intervall i kommunelova § 7 for tilhøvet mellom folketal og medlemer i fylkestinget som er betre tilpassa ny fylkesstruktur.

Tabell 7.2 Minstekrav til medlemer i fylkestinget

Innbyggjarar

Medlemer i fylkestinget

<150 000

Minst 19

150 000–200 000

Minst 27

200 000–300 000

Minst 35

>300 000

Minst 43

Ved å stille minimumskrav til kor mange medlemer fylkestinget skal ha, sikrar ein at tinget får ein viss grad av politisk og geografisk representativitet. Den tidlegare fylkeskommunelova, som blei oppheva av den nye kommunelova i 1993, regulerte også det maksimale talet på representantar i fylkestinget.

Sjølv om valordninga ikkje sikrar direkte representasjon av ulike delar av valdistriktet, vil partia framleis ha insentiv til å sikre geografisk spreiing på kandidatane. Dersom eit parti ikkje evnar å fange opp interesser frå mindre geografiske område, vil veljarane kunne straffe partiet ved å ikkje stemme på det. Med høg grad av representativitet vil det òg vere enklare å oppnå mandat for små parti. Det vil derfor vere mogleg å fremje lokale interesser gjennom å stille lokale lister.

Veljarane har òg høve til å påverke partia si rangering av kandidatar gjennom personstemmer. Veljarane kan ved fylkestingsval gje personstemme og søkje å endre på rangeringa til partia. Personvalordninga ved fylkestingsval har til no vore relativt lite brukt, og ho har dermed hatt liten effekt på kandidatkåringa. I 2011 var det berre 1–2 prosent av representantane som blei valde inn på bakgrunn av personstemmer aleine.

Evaluering av personvalordninga ved lokalval i Noreg viser at personstemmer blir gjevne på bakgrunn av den politiske erfaringa til kandidaten, standpunktet kandidaten har i politiske saker, kor god kjennskap veljarane har til kandidaten, og kor synleg kandidaten er i media.3 I stor grad synest veljarane å vere einige i rangeringa til partia. Toppkandidatane får i all hovudsak flest personstemmer.

Dersom veljarane i større grad enn i dag nyttar høvet til å påverke kandidatvalet og i større grad gjev personstemmer, kan denne ordninga bli viktigare framover. Det vil vere naturleg å følgje med på bruken av personstemmer for å sjå kor viktige dei er i ein ny struktur.

Konsekvensar for dei politiske partia

Etter vallova § 6-1 kan same parti eller gruppe berre stille éi liste i kvart valdistrikt, og det er berre eitt partiledd som får partistøtte i kvart valdistrikt. Samanslåing av fylke til større einingar fører dermed til at partia må omorganisere seg. For å få partistøtte må partiledda på fylkesnivå slå seg saman slik at dei er tilpassa den nye fylkesinndelinga.

Partia får utbetalt statleg tilskot (partistøtte) på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. Reglane for utbetaling av partistøtte blir regulerte av partilova. Det følgjer av partilova § 12 (1) at ein fylkesorganisasjon for eit parti kan søkje om støtte. Partilovnemnda har i ei tolkingsfråsegn presisert at det er partiledd knytte til den nye fylkeskommunen som vil ha rett til partistøtte etter at samanslutninga er gjennomført. Støtta vil bli rekna ut med utgangspunkt i dei samla stemmetala til dei tidlegare partiledda, som da vil vere fusjonerte, ved førre val. Støtta til det samanslåtte partileddet vil svare til summen av støtta til dei to tidlegare partiledda. Når fylka er slått saman og nye samanslåtte partiledd på fylkesnivå er oppretta, vil det ikkje lenger bli betalt ut støtte etter den gamle fylkesinndelinga.

Partiledd kan slå seg saman og søkje støtte som samanslått partiledd frå det tidspunktet samanslåinga er vedteken. For Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag vil tidspunktet vere 8. juni 2016, ettersom Prop. 130 LS (2015–2016) da blei vedteken i Stortinget. Det vil seie at dei kan søkje om støtte saman for 2017. For dei andre samanslåingane vil tidspunktet vere når Stortinget vedtek denne proposisjonen. Det vil seie at dei tidlegast kan søkje om støtte til den samanslåtte organisasjonen for 2018.

Partiledd må seinast slå seg saman frå det tidspunktet fylkessamanslåinga blir sett i verk. For Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag vil det vere 1. januar 2018 (støtta for 2018). For dei andre samanslåingane vil det vere 1. januar 2020 (støtta for 2020).

Departementets vurdering om gjennomføring av val til fylkesting 2019

Valet til nye fylkeskommunar i 2019 kan gjennomførast med den valordninga for fylkestingsval som gjeld i dag. Som nemnt i Meld. St. 22 (2015–2016) vil det vere naturleg å føre vidare hovudprinsippa som i dag gjeld for fylkestingsval. Kvar nye fylkeskommune vil utgjere eitt valdistrikt.

Etter inndelingslova § 17 kan Kongen gje nærare reglar for å sikre gjennomføring av vedtak om grenseendring etter denne lova. I Ot.prp. nr. 41 (2000–2001) blir denne heimelen tolka slik at han opnar for manntalsføring og gjennomføring av kommunestyreval som om samanslåinga allereie var gjennomført, i kommunesamanslåingar der samanslåinga enno ikkje er sett i verk. Denne heimelen blir mellom anna brukt ved gjennomføring av ekstraordinært val til kommunestyre i nye Færder kommune. Ut frå målet til regjeringa om at både ny kommunestruktur og ei ny inndeling for fylkeskommunane kan tre i kraft frå 1. januar 2020, legg departementet her den same vurderinga til grunn for samanslåingar av fylke. Dette vil altså seie at val til fylkesting i 2019 vil bli gjennomførte som om samanslutninga av fylka allereie var gjennomført. Fylkeskommunane vil da ha eitt valstyre, og dette kan peikast ut av fellesnemnda i fylkeskommunen. Departementet vil sørgje for nødvendige endringar av regelverk i forkant av valet i 2019.

Slik departementet ser det, bør ein før valet i 2019 vurdere å justere minstekrava til kor mange representantar fylkestinga må ha. Dette har bakgrunn i at folketalet i einskilde nye fylkeskommunar blir mykje høgare enn dei innbyggjartala som er nemnde i lova. Minstekravet er viktig for å oppnå eit fungerande lokaldemokrati, fordi det gjev gode vilkår for representativitet i fylkestinga. Utover minstekrava kan fylkestinga sjølv velje kor mange medlemer dei skal ha.

Når Stortinget har vedteke ny fylkesstruktur, bør det gjerast ein heilskapleg gjennomgang av valordninga der ein greier ut dei nærare konsekvensane av ny fylkesstruktur. Dette vil inngå i arbeidet til vallovutvalet.

7.4.2 Stortingsval

Konsekvensar av ny fylkesstruktur for stortingsval

Stortingsval er regulert av Grunnlova og vallova med forskrifter. Fleire sentrale føresegner om stortingsval er regulerte i Grunnlova. Dette omfattar reglar om stemmerett, kven som er valbare, tidspunkt for val, godkjenning av valet, valordning og mandatfordeling.

Grunnlova slår fast at det skal vere 169 mandat, og at det skal vere 19 valdistrikt. Vidare står det at det skal vere eitt utjamningsmandat frå kvart valdistrikt. For å fange opp demografiske endringar, skal mandata fordelast mellom valdistrikta kvart 8. år etter ein viss formel. Mandata blir fordelte mellom valdistrikta basert på folketal og areal. Dagens fordeling blei gjort i 2012, og neste gong dette skal skje, er i 2020, med verknad frå stortingsvalet i 2021. Grunnlova regulerer ikkje kva som skal utgjere valdistrikta – det er vallova som slår fast at fylka er valdistrikt. Det er stor variasjon mellom fylka når det gjeld både folketal, areal og talet på mandat.

150 av mandata blir valde som distriktsmandat. Dei siste 19 representantane blir valde som utjamningsmandat, eitt frå kvart valdistrikt. Utjamningsmandata er hovudsakleg til for å jamne ut avstanden mellom prosentdel stemmer og prosentdel mandat på landsbasis, men har òg ein viss innverknad på den geografiske representasjonen.

Bakgrunnen for at sentrale reglar er fastsette i Grunnlova, er at dei utgjer grunnleggjande element i valordninga. Dersom ein endrar på desse elementa, vil den politiske og geografiske balansen i Stortinget bli endra. Det er ønskjeleg at dei politiske spelereglane er føreseielege, slik at både veljarar og politiske parti veit korleis valordninga fungerer, og kva for valordning som skal brukast framover. Det er òg eit vern for mindretalet på Stortinget at fleirtalet ikkje kan endre valordninga for å sikre sine interesser og sin representasjon.

Den endringa av fylkesstruktur som her blir føreslått, vil ha direkte konsekvensar for valordninga ved stortingsval, sidan fylka utgjer valdistrikta. Anten må talet på valdistrikt reduserast og tilpassast den nye fylkesstrukturen, eller så må dagens 19 valdistrikt vidareførast utan kopling til fylka.

I Noreg har valdistrikta til stortingsval tradisjonelt vore samanfallande med einingane på det regionale folkevalde nivået. I andre land er det ikkje i same grad samsvar mellom folkevalde einingar på lågare nivå og valdistrikt til nasjonalforsamlinga. Verken i Sverige eller i Danmark har ein tilsvarande samanfall som i Noreg.

Gjennomføring av val til Stortinget i 2021

Utan endring av Grunnlova vil stortingsvalet i 2021 bli gjennomført med 19 valdistrikt. Det er vallova som avgjer at fylka er dei 19 valdistrikta. Den mest naturlege løysinga er å føre vidare den valdistriktsinndelinga som er etablert i dag, til 2021. Det vil krevje tilpassingar i valregelverket, men vil vere mogleg å gjennomføre utan større endringar. Dette vil gje eit føreseieleg utfall når det gjeld geografisk og partipolitisk representasjon, ettersom det ikkje fører til endringar av sjølve valordninga.

Det vil likevel vere nødvendig med ei utgreiing om korleis valdistrikta skal delast inn på lengre sikt.

Det skal gjerast ei ny mandatfordeling mellom fylka før stortingsvalet i 2021. Mindre justeringar som kjem av kommunesamanslåingar og endringar i innbyggjartal, vil dermed bli fanga opp.

Det er allereie teke grep for å sikre at framgangsmåten ved kommunesamanslåingar på tvers av dagens fylkesgrenser skal vere føreseieleg. Departementet har lagt ei prinsippavgjerd til grunn, og denne sørgjer for at kommunane i samanslåingsvedtaket blir knytte til eitt av dagens fylke. Det vil dermed ikkje bli nokon diskusjon om kva valdistrikt kommunen skal høyre til ved stortingsval.

Konsekvensar for veljarane

Ei slik overgangsordning vil føre til at veljarane i 2019 og 2021 får ulike valdistrikt å halde seg til. Ved fylkestings- og kommunevalet i 2019 vil dei ha stemmerett i det nye fylket, medan dei i stortingsvalet i 2021 vil ha stemmerett i det opphavlege fylket. Dette vil ikkje vere merkbart i sjølve gjennomføringa av valet, ettersom det er kommunen som gjennomfører begge vala, og som er den instansen veljarane møter direkte.

Konsekvensar for dei politiske partia

Partia er i dag organiserte etter folkevalde forvaltningsnivå, og fylkesledda er ansvarlege for å nominere lister til stortingsval og fylkestingsval.

Dersom valet i 2021 blir gjennomført med dagens fylkesinndeling som valdistrikt, må partia stille lister i tråd med denne inndelinga. For parti som allereie har tilpassa seg ny fylkesstruktur for valet i 2019, vil dette kunne vere krevjande. Vallova legg ingen føringar på kva partiledd som nominerer liste i eit valdistrikt. Eit nytt fylkespartiledd kan dermed framleis ha ansvar for nominasjonen i fleire valdistrikt, så lenge partileddet sørgjer for å stille ei liste i kvart valdistrikt.

Partia kan velje å stille med dei same listene i fleire valdistrikt. Ein kandidat som blir valt frå fleire valdistrikt, må gje melding om kva for val han eller ho vil ta imot, jf. vallova § 11-9. Om partia stiller ulike lister i kvart valdistrikt, vil det vere mest forståeleg for veljarane og mest likt tidlegare praksis. I tillegg vil det gjere det meir føreseieleg kven som blir vald. For somme parti kan det vere meir tenleg å stille med like lister i fleire valdistrikt. For parti som er komne langt i integreringa, slik det truleg vil kunne vere i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, kan partiet velje å stille «éi liste», dvs. to like lister i kvart sitt valdistrikt.

Praktiske og administrative konsekvensar

Det er ei rekkje praktiske og administrative tilhøve å ta stilling til ved ei overgangsløysing. Eitt av spørsmåla vil vere om det skal vere valstyre i kvart valdistrikt som i dag, eller om det kan vere eit felles valstyre som har ansvar for fleire valdistrikt. Departementet vil fremje forslag til praktisk innretning av dei administrative tilhøva i god tid før stortingsvalet i 2021.

Grunnlovsforslag om endring av valordninga

Det er hausten 2016 fremja tre grunnlovsforslag om endringar i valordninga med bakgrunn i endringar i fylkesstruktur og regionreform. Dette vil seie at dei føreslåtte endringane kan få verknad frå valet i 2021 dersom dei blir vedtekne av Stortinget. Dei føreslåtte endringane går ut på å redusere talet på valdistrikt og å endre talet på utjamningsmandat. Det er òg eit framlegg om å flytte føresegner i Grunnlova til vallova, for å gjere det lettare å tilpasse valordninga til den nye inndelinga av fylkeskommunane.

Framlegga kom før regjeringa sitt forslag til ny inndeling av fylkeskommunane og er såleis ikkje baserte på konkrete vurderingar av den strukturen som det no blir gjort framlegg om. Unntaket er framlegget om å gjere endringar i talet på valdistrikt for å fange opp samanslåinga av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag.

Endring i fylkesstrukturen får direkte konsekvensar for valordninga for stortingsval. Anten må talet på valdistrikt reduserast gjennom ei grunnlovsendring, eller så må vallova endrast slik at det ikkje lenger er fylka som utgjer valdistrikta. Dette er eit spørsmål som bør greiast ut grundig, både prinsipielt og med omsyn til geografiske og partipolitiske konsekvensar.

Departementet vil ikkje tilrå endringar i Grunnlova no, ettersom dette handlar om grunnleggjande spelereglar i demokratiet vårt. Departementet vil heller tilrå ei grundig og brei utgreiing av valordninga, og viser til at det vil bli satt ned eit lovutval som får dette i oppdrag.

Dersom Stortinget likevel ønskjer å vedta endringar i valordninga no, vil det vere mogleg, ettersom det blei fremja forslag før utgangen av 2016-sesjonen. Eit vedtak om å endre føresegna i Grunnlova om val til Stortinget kan da få verknad frå valet i 2021. For å sikre ein forsvarleg prosess må ein likevel rekne med at det vil gå ein del tid frå endringa blir vedteken, til ho blir sett i kraft. Dei politiske partia må få tilpasse seg ny struktur, valadministrasjonen må endrast, det må gjerast fleire endringar i vallova med forskrifter, og det må gjerast endringar i valadministrasjonssystemet som blir brukt til gjennomføring av val og valoppgjer. Av omsyn til dette vil departementet tilrå at eit grunnlovsvedtak om reduksjon i talet på valdistrikt ikkje blir gjort seinare enn våren 2018 dersom det skal ha verknad ved stortingsvalet i 2021.

Når det gjeld forslaget om å endre talet på valkrinsar til 18 for å fange opp samanslåinga av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, ser departementet at denne saka er noko annleis. Vedtak om samanslåing blei gjort 8. juni 2016 og vil ta til å gjelde allereie frå 1. januar 2018. Samstundes synest det å vere ei mellombels løysing, ettersom Stortinget har slutta seg til ei regionreform med sikte på ti fylkeskommunar. Det er nødvendig å sjå samanslåinga av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag i samanheng med denne reforma, slik at ein får ein samla gjennomgang av endringane som følgjer av reforma. Ei endring av Grunnlova som truleg vil bli mellombels, er ikkje tilrådeleg slik departementet vurderer det.

Når det gjeld forslaget om å flytte reglar frå Grunnlova til vallova, vurderer departementet det slik at dette spørsmålet fortener ei større utgreiing. Det er gode grunnar til at føresegna ligg i Grunnlova, fordi desse reglane verkar direkte inn på maktbalansen i Stortinget.

7.5 Inntektssystemet

Kommunesektoren blir i hovudsak finansiert gjennom frie inntekter, det vil seie rammetilskot og skatt. Rammetilskotet utgjer om lag 33 prosent av dei samla inntektene til kommunesektoren, medan skatteinntektene utgjer om lag 40 prosent. Til saman vil fylkeskommunane ha om lag 65 milliard kroner i frie inntekter i 2017.

Dei frie inntektene blir fordelte gjennom inntektssystemet. Inntektssystemet skal jamne ut skilnader i dei økonomiske føresetnadene til fylkeskommunane, slik at dei kan gje gode og likeverdige tenester over heile landet. Det inneber at fylkeskommunane blir kompenserte for skilnader i folkesetnadsmønster, geografi og andre tilhøve som gjer at kostnadene ved å tilby tenester varierer. Hovudprinsippet er at fylkeskommunane skal få full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper, det vil seie tilhøve dei ikkje kan påverke sjølv. Kompensasjonen blir gjeven gjennom utgiftsutjamninga i inntektssystemet.

Utgiftsutjamninga skjer gjennom ein kostnadsnøkkel, sett saman av ulike kriterium og vekter, som forklarer kvifor utgiftene varierer mellom fylkeskommunane.

Endringar i fylkesinndelinga og nye oppgåver til regionalt folkevalt nivå inneber at inntektssystemet bør bli tilpassa den nye strukturen og dei nye oppgåvene. Hovudprinsippet er at dei frie inntektene skal fordelast etter dei faste kriteria i inntektssystemet.

Departementet tek sikte på å presentere eit framlegg til revidert inntektssystem i kommuneproposisjonen for 2020. Fylkeskommunane og andre partar som endringane gjeld for, vil få høve til å kome med innspel under prosessen.

7.6 Fylkes- og kommunenummer

Noreg er i dag geografisk delt inn i eit logisk hierarkisk system som vil bli påverka av ei samanslåing av to eller fleire fylke. Departementet gjorde i Prop. 130 LS (2015–2016) greie for ulike modellar som ville vere aktuelle for samanslåinga av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag til nye Trøndelag fylke. Departementet kom etter ei heilskapleg vurdering til at den beste løysinga ville vere at det nye fylket fekk eit nytt nummer, på same måte som ein ny kommune får nytt nummer ved ei kommunesamanslåing. Departementet har vedteke at nye Trøndelag vil få fylkesnummer 50. Som ei følgje av samanslåinga vil også alle kommunane i nye Trøndelag få nye kommunenummer som begynner på 50. Departementet vil leggje til rette for same praksis ved samanslåingane som er føreslått i denne proposisjonen.

Endring av fylkes- og kommunenummer i eit slikt omfang vil ha størst konsekvens for dei statlege felleskomponentane – matrikkelen, det sentrale folkeregisteret og einingsregisteret – og brukarane av desse. Ein kommune som får nytt kommunenummer, vil òg måtte tilpasse seg dette.

7.7 Fylkesnamn

Fylkesnamn er regulerte i lov om forandring av rikets inndelingsnamn (bispedømme- og fylkeslova). Det er nødvendig med endringar i lova etter at talet fylkeskommunar er fastsett og namn på fylkeskommunane er vedtekne. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med eit forslag til endringar i lova.

Regjeringa er oppteken av å ta vare på samiske språk og vil oppmode fylkeskommunane innanfor dei tradisjonelle samiske områda til å vurdere eit offisielt samisk namn på fylket. Samisk namnekonsulent og Sametinget skal i så fall uttale seg om valet av namn.

Etter fellesmøtet, jf. kapittel 7.1, må dei aktuelle fylkeskommunane gjere formelle vedtak, som vil vere grunnlaget for det arbeidet departementet gjer med å førebu ein kongeleg resolusjon for kvar einskild samanslåing. Det er ein fordel om eit eventuelt samisk namn er avklart før departementet utarbeider resolusjonen, i tillegg til eventuelle unntak frå regelverket som er nødvendige for å gjennomføre samanslåinga.

Fotnotar

1.

Ei hussamling blir registrert som ein tettstad dersom det bur minst 200 personar der og avstanden mellom husa ikkje overstig 50 meter. Skilnadene mellom tettstader er store, og omgrepet omfattar stader frå 200 til fleire hundre tusen innbyggjarar.

2.

Mariussen, Å. og A. Gjertsen (2016): Maktpolitisk vurdering av framtidig regionstruktur for Nordmøre. Arbeidsnotat 1012/2016. Nordlandsforskning.

3.

ISF rapport 2014:08 Personvalg ved stortingsvalg – Konsekvenser av en endring av personvalgreglene ved stortingsvalg. Christensen, D.A., T. Midtbø, H.E. Ringkjøb og J. Aars (2008) To valg med ny personvalgordning – Kontinuitet eller endring? Rapport 2008:9. Bergen: Rokkansenteret.

Til toppen
Til forsida av dokumentet