Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

14 Endring av fødselsnummer ved spedbarnsadopsjonar

Departementet gjer framlegg om ei endring i folkeregisterloven for å sikre at det framleis kan tildelast nytt fødselsnummer i samband med anonyme spedbarnsadopsjonar.

Etter tidlegare folkeregisterregelverk vart det gjeve nytt fødselsnummer i nokon adopsjonshøve, sjå adopsjonsloven 16. juni 2017 nr. 48 § 14 om spedbarnsadopsjonar. Det gjeld såkalla anonyme adopsjonar, som skjer i samband med fødselen på oppmoding frå dei biologiske foreldra. Dei biologiske foreldra får ikkje vite kven som vert adopsjonsforeldre, og adopsjonsforeldra får ikkje identifiserande opplysningar om barnet sin biologiske slekt. For å sikre anonymitet mellom partane, får barnet nytt fødselsnummer etter adopsjonen. (Barnet har etter fylte 18 år rett til å få opplyst kven som er biologiske foreldre.)

Ved ei inkurie falt heimelen til å gje nytt fødselsnummer i desse høva ut i ny folkeregisterlov. Departementet foreslår difor ei endring i folkeregisterloven 9. desember 2016 nr. 88 § 2-2, slik at det framleis kan tildelast nytt fødselsnummer til barnet i samband med anonyme spedbarnsadopsjonar.

Det vert vist til framlegg om nytt siste punktum i § 2-2 tredje ledd i folkeregisterloven.

Til toppen
Til forsida av dokumentet