Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

17 Opprettingar i lovtekst

17.1 Eigedomsskatt på maskiner mv. i verk og bruk

Stortinget vedtok i samband med handsaminga av framlegget frå regjeringa til statsbudsjettet for 2018 nye reglar for eigedomsskatt på verk og bruk. Dei nye reglane får verknad frå og med skatteåret 2019. Etter dei nye reglane skal produksjonsutstyr og ‑installasjonar ikkje takast med i eigedomsskattegrunnlaget, og kategorien verk og bruk opphøyrer som eigen kategori i eigedomsskatten.

Av omsyn til kommunane er det vedteke ein overgangsregel som fastset at eigedomsskattegrunnlaget som fell bort med dei nye reglane, skal fasast ut gradvis over ein periode på sju år. Etter overgangsregelen skal det bereknast eit særskilt grunnlag som skal trappast ned med ein sjudel kvart år i overgangsperioden.

Når verk og bruk har opphøyrt som eigen kategori, vil eigedomar som i dag vert rekna som verk og bruk, verte handsama etter reglane for næringseigedom. Etter framlegget i Prop. 1 LS (2017 – 2018) måtte kommunen skrive ut eigedomsskatt på dei aktuelle eigedomane i overgangsperioden for å kunne nytte overgangsregelen. Det vil seie at kommunar som berre hadde skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk, måtte ha utvida området for eigedomsskatten til å omfatte all næringseigedom for å kunne bruke overgangsregelen.

I innstillinga frå finanskomiteen til Stortinget, Innst. 4 L (2017 – 2018), punkt 7.1, vart det uttalt at «[f]lertallet mener det klart bør fremgå av lovteksten at kommuner som ønsker å benytte seg av overgangsordningen, ikke skal behøve å utvide eiendomsskatten i kommunen til øvrige forretningseiendommer.» Overgangsregelen vart i den samanhengen endra og lyder no:

«Kommunar som i skatteåret 2018 skreiv ut eigedomsskatt på verk og bruk som frametter vert rekna som næringseigedom kan frå og med skatteåret 2019 til og med skatteåret 2024 skrive ut eigedomsskatt på eit særskilt fastsett grunnlag. Det særskilte grunnlaget skal baserast på differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka av at produksjonsutstyr og -installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget. Dette særskilte grunnlaget skal i 2019 vere lik seks sjudelar av differansen, og skal reduserast med ein sjudel kvart påfølgjande år. Skattesatsen ved slik avtrappa utskriving kan ikkje vere høgare enn den som vart nytta for dei same eigedomane for skatteåret 2018.»

Finansdepartementet meiner at det no er rimeleg klårt at kommunen ikkje treng å skrive ut eigedomsskatt på næringseigedom heilt generelt for å kunne nytte overgangsregelen. Frå ulikt hald er det likevel hevda at regelen er uklår. Etter departementet si vurdering kan det vere formålstenleg å endre ordlyden i overgangsregelen, slik at lovgjevar sin intensjon kjem tydlegare fram. Når kommunen ikkje treng å skrive ut eigedomsskatt på næringseigedom for å nytte overgangsregelen, og verk og bruk har opphøyrt som eigen kategori, innebèr det at kommunen ikkje vil trenge å skrive ut eigedomsskatt etter § 3 for å kunne nytte overgangsregelen. Det skal altså vere mogleg for kommunen å berre skrive ut eigedomsskatt etter overgangsregelen. Departementet foreslår at ordlyden i overgangsregelen vert endra slik at dette kjem klårt fram.

Det har òg vore hevda at det er uklårt om overgangsregelen gjev heimel til å skrive ut eigedomsskatt på bygningar og grunnareal i tidlegare verk og bruk. Departementet viser til fråsegna til finanskomiteen om at det bør kome klårt fram av lovteksten at kommunane ikkje skal trenge å utvide området for eigedomsskatten for å nytte overgangsregelen. I samsvar med denne fråsegna bør det òg gjerast klårt at kommunane heller ikkje treng å utvide området for eigedomsskatten for å kunne skrive ut eigedomsskatt på bygningar og grunnareal i overgangsperioden. Departementet foreslår difor at ordlyden i overgangsregelen vert presisert slik at det òg kjem klårt fram at han gjev heimel til å skrive ute eigedomsskatt på bygningar og grunnareal i tidlegare verk og bruk.

Formålet med overgangsregelen er å gje kommunane tid til å tilpasse seg inntektstapet som oppstår når det ikkje lenger kan skrivast ut eigedomsskatt på produksjonsutstyr og -installasjonar. Det særskilte grunnlaget som skal trappast gradvis ned i overgangsperioden, skal svare til det grunnlaget som fell bort med endringane. Bygningar og grunnareal skal difor ikkje vere med i det særskilte grunnlaget som skal trappast ned med ein sjudel kvart år i overgangsperioden. Departementet foreslår at regelen vert formulert slik at òg dette kjem tydeleg fram.

Dei foreslåtte endringane vil gjere overgangsregelen klårare. Departementet viser til framlegg til endringar i overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4.

17.2 Skatteforvaltningsloven § 8-2 tredje ledd

I Norge har ein etter kvart lang tradisjon med førehandsutfylt skattemelding. I forarbeida til ei prøveordning med forenkla skattemelding, Ot.prp. nr. 18 (1988 – 1989) punkt 1.2.1, går det fram at målet med ordninga er at det skal verte enklare for dei skattepliktige å levere skattemeldinga. Det går òg fram at skattestyresmaktene skal kunne bruke alle dei opplysningane dei har tilgjengeleg, når dei lagar den førehandsutfylte skattemeldinga. Det står nærare bestemt:

«Utfyllingen blir gjort enklere, blant annet ved å ta bort overføringer og summeringer mellom postene. I tillegg skal skattyter slippe å fylle ut poster hvor ligningsmyndighetene har tilstrekkelige opplysninger fra egne grunnlagsregistre eller fra tredjemenn.»

Opplysningane må ha høg kvalitet før dei kan verte tatt inn i den førehandsutfylte skattemeldinga, sjå til dømes Ot. prp. nr. 1 (1997 – 1998) punkt 16.2.

Ordninga med førehandsutfylt skattemelding er ført vidare i den nye skatteforvaltningsloven. I forarbeida, Prop. 38 L (2015 – 2016) punkt 14.3.3, skreiv departementet at ein foreslår å lovfeste den gjeldande ordninga. I punkt 14.3.1 er det understreka at skattemeldinga skulle kunne innehalde opplysningar frå mange kjelder:

«[d]e forhåndsutfylte opplysningene er basert på Skatteetatens grunnlagsdata, opplysninger som skattyter sjølv har gitt for tidlegare inntektsår og på opplysninger fra oppgavepliktige tredjeparter som arbeidsgjevare, trygdemyndigheter, banker mv. Disse grunnlagsdataene medfører altså at så og si alle personlige skattytere mottar helt eller delvis forhåndsutfylt sjølvangivelse.»

Departementet legg difor til grunn at meininga ikkje var at skatteforvaltningsloven skal setje nokre nye grenser for kva for nokre opplysningar skattestyresmaktene kan ta inn i den førehandsutfylte skattemeldinga. Paragraf 8-2 tredje ledd i lova fastset likevel at styresmaktene berre kan bruke «informasjon fra tidlegare skatteoppgjør og opplysninger som myndighetene mottar etter reglane i kapittel 7 når de utsteder den forhåndsutfylte skattemeldingen». Opplysningar som ikkje stammer frå tidlegare skatteoppgjer eller frå tredjepartar, men som likevel finst i grunnlagsregistra til Skatteetaten, er ikkje rekna opp i lova sjølv om dei er nemnd i forarbeida. Opplysningar den skattepliktige sjølv har gitt til Skatteetaten i løpet av inntektsåret, er eit døme på slike opplysningar. Departementet legg til grunn at denne innsnevringa i lova ikkje er tilsikta. Departementet foreslår difor å endre § 8-2 tredje ledd slik at den fastset at skattestyresmaktene kan bruke «informasjon som har betydning for fastsetting av skattegrunnlaget etter kapittel 9» i den førehandsutfylte skattemeldinga.

Departementet nemner at det er ein fordel for dei skattepliktige at den førehandsutfylte skattemeldinga inneheld så mange opplysningar som mogleg, slik forarbeida frå 1988 gjer greie for. Departementet nemner òg at kravet i personvernlovgivinga om at personopplysningar må vere korrekte og oppdaterte, gjelder når skattestyresmaktene lagar den førehandsutfylte skattemeldinga, på same måte som i andre tilfelle der dei handsamar personopplysningar.

Departementet syner til framlegg til endring i skatteforvaltningsloven § 8-2 tredje ledd fyrste punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

17.3 Skattebetalingsloven §§ 10-40 og 16-41

Ved ikraftsetjinga av skatteforvaltningsloven vart særavgiftsloven § 4 oppheva. Føresegna regulerte mellom anna kven som er avgiftspliktig ved rettsstridig bruk av merka mineralolje. Etter opphevinga kom det ikkje uttrykkjeleg fram at det er registrert eigar av motorvogna som er ansvarleg for avgifta. Dette vart difor presisert i særavgiftsforskrifta § 3-11-7 tredje ledd fyrste punktum, som er heimla i særavgiftsloven § 1. Presiseringa kodifiserte det som tidlegare fylgde av særavgiftsloven § 4. Skattebetalingsloven §§ 10-40 fyrste ledd bokstav d og 16-41 viser framleis til særavgiftsloven § 4, og departementet foreslår at tilvisinga vert endra til særavgiftsloven § 1.

Departementet viser til framlegg til endringar i skattebetalingsloven §§ 10-40 fyrste ledd bokstav b og 16-41. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

17.4 Skattebetalingsloven §§ 8-1 og 8-3

Etter avviklinga av den kommunale selskapsskatten vart tilvisinga til det felleskommunale skattefondet i skattebetalingsloven §§ 8-1 og 8-3, ved ein feil ikkje fjerna. Departementet foreslår at dette vert retta.

Departementet viser til framlegg til endringar i skattebetalingsloven §§ 8-1 andre og tredje ledd og 8-3 fyrste og andre ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

17.5 Skattebetalingsloven §§ 13-5 og 17-1 femte ledd

Skatteforvaltningsloven § 15-4 fyrste ledd og tolloven § 12-14 fyrste ledd fastset fristen for å reise søksmål til prøving av vedtak om høvesvis skatte- og tollfastsetjing til seks månader etter at melding om vedtaket vart sendt den skattepliktige. Skattebetalingsloven § 17-1 femte ledd utvidar fristen i saker om forføyning, ved at prøving kan verte kravd inntil tre månader etter den forføyninga som det vert klaga over. Etter ordlyden gjeld den utvida fristen i saker om tvangsfullføring og mellombels sikring.

Motrekning etter skattebetalingsloven er ifølgje forarbeida til skattebetalingsloven § 13-5, som angir den ordinære klagefristen på ein månad for motrekningserklæringar, òg ein type forføyning som gir høve til å prøve fastsetjingsvedtaket sjølv om fristen på seks månader er gått ut, jf. Ot.prp. nr. 83 (2004 – 2005) punkt 17.6.4.

Departementet foreslår at det vert presisert i skattebetalingsloven § 17-1 femte ledd, at motrekning er omfatta av føresegna. Vidare foreslår departementet at det vert presisert i skattebetalingsloven § 13-5 at den utvida fristen i § 17-1 femte ledd går føre den ordinære klagefristen for motrekningserklæringar, når klagegrunnen er at det underliggjande vedtaket er feil.

Departementet viser til framlegg til endringar i skattebetalingsloven §§ 13-5 og 17-1 femte ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

17.6 Folketrygdloven – endring i innhaldslista til kapittel 23

Folketrygdloven § 23-9 om tilskot frå kommunane og fylkeskommunane vart oppheva ved lov 12. desember 2008 nr. 97. Innhaldslista til kapittel 23 viser ved ein feil framleis til § 23-9. Departementet foreslår at tilvisinga vert retta. Departementet viser til framlegg til endring i innhaldslista i folketrygdloven kapittel 23. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

17.7 Bidragsinnkrevingsloven § 29 fyrste ledd

I samband med overføringa av ansvaret for Arbeids- og velferdsetaten sin innkrevjingssentral til Skatteetaten med verknad frå 1. april 2018, vart det ved lov 19. desember 2017 nr. 122 gjort ei rekkje endringar i bidragsinnkrevingsloven. Mellom anna vart tilvisinga til «Arbeids- og velferdsdirektoratet» i bidragsinnkrevingsloven § 29 fyrste ledd andre punktum erstatta med «Skattedirektoratet». Overføringa fekk likevel ikkje følgjer for denne føresegna. Departementet foreslår at feilen vert retta ved at ordlyden vert endra tilbake til «Arbeids- og velferdsdirektoratet». Departementet viser til framlegg til endring i bidragsinnkrevingsloven § 29 fyrste ledd andre punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

17.8 Tilvisingar til folkeregisterloven i barnelova, barnetrygdloven og konsesjonsloven

Ny lov om folkeregistrering (lov 9. desember 2016 nr. 88) tok til å gjelde 1. oktober 2017 og erstatta tidlegare folkeregisterlov av 16. januar 1970 nr. 1. Barnelova, barnetrygdloven og konsesjonsloven syner på nokre stader til den tidlegare, oppheva folkeregisterloven. Det er difor behov for å gjere opprettingar i desse lovane slik at dei syner til den nye folkeregisterloven.

Departementet syner til framlegg til endringar i barnelova §§ 15 og 57, barnetrygdloven § 14 og konsesjonsloven § 6. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

17.9 Skatteloven § 5-43 fyrste ledd

Skatteloven § 5-43 om skattefrie pensjonar, understønadar, trygdeytingar o.l. regulerar ulike former for økonomiske ytingar som ikkje skal reknast som inntekt. I § 5-43 fyrste ledd d nr. fem viser ein til tilleggsstønadar etter folketrygdloven § 11-12. Ei lovendring 16. juni 2017 flytta føresegna som stod i folketrygdloven § 11-12 om tilleggsstønadar etter folketrygdloven til ny § 11 A-4. Tilvisinga i skatteloven § 5-43 vart ved ein inkurie ikkje endra tilsvarande. Departementet foreslår at tilvisinga vert retta opp slik at § 5-43 fyrte ledd d nr. fem viser til folketrygdloven § 11 A-4.

Departementet viser til framlegg om endring i skatteloven § 5-43 fyrste ledd d nr. fem. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

17.10  Skatteloven § 6-30

I samband med at det vart innført ei ny ordning om individuell sparing til pensjon, vart det ved endringslov 21. juni 2017 nr. 78 lagt til ein ny bokstav d i skatteloven § 6-47 fyrste ledd. Samstundes vart eksisterande bokstav d til f gjort om til ny bokstav e til g. Tilvisinga til § 6-47 første ledd d til f i § 6-30 andre ledd vart ikkje endra tilsvarande. Departementet foreslår difor at skatteloven § 6-30 andre ledd blir retta slik at tilvisinga til § 6-47 fyrste ledd blir riktig.

Departementet viser til framlegg om endring av skatteloven § 6-30 andre ledd fyrste punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Til toppen
Til forsida av dokumentet