Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

6 Gevinst og tap ved gåvesal av aksjar mm.

Reglar om oppjustering av aksjeutbytte og -gevinst vart innført 1. januar 2016. Reglane vart innført som ein konsekvens av at skattesatsen på allmenn inntekt vart redusert frå 27 til 25 pst. Oppjustering av utbytte mm. sikrar at marginalskatten på utbytte m.m. (inklusiv selskapsskatt) vert halden på om lag same nivå som tidlegare.

Reglane om oppjustering må endrast i ein samanheng. Det gjeld skatteloven § 10-33 tredje ledd om skattemessig kontinuitet ved gåvesal av aksjar og andelar. Ved gåvesal av aksjar og andelar blir gevinst/tap hos givar rekna ut i frå differansen mellom kostpris og faktisk salssum (ikkje den høgre marknadsverdien). Mottakar skal som utgangspunkt få same inngangsverdien som givar (kontinuitet), men korrigert for gevinst/tap hos givar. Denne løysinga skal sikra at utrekninga av gevinst/tap blir riktig for givar og mottakar samla sett. Men då reglane om oppjustering vart innført, blei denne løysinga endra ved ein inkurie. Det vart då bestemt i § 10-33 tredje ledd at inngangsverdi hos mottakar ikkje skulle bli korrigert for faktisk gevinst/tap hos givar, men for oppjustert gevinst/tap. Denne oppjusteringa gjer imidlertid at grunnlaget for utrekning blir feil. Har givar hatt gevinst, vil eit beløp svarande til oppjusteringa verte unntatt frå skatt. Har givar hatt tap, vil reglane derimot vere til ugunst for skattytar.

Reglane bør endrast slik at det er gevinst/tap utan oppjustering som blir lagt til/trukke frå inngangsverdien hos mottakar.

Det vert vist til framlegg om endring av § 10-33 tredje ledd i skatteloven.

Departementet gjer framlegg om at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2018.

Til toppen
Til forsida av dokumentet