Prop. 95 L (2023–2024)

Endringar i karantenelova (informasjonsplikt, godtgjering og reaksjonar m.m.)

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet fremmar i denne proposisjonen forslag til endringar i karantenelova. Lova gir reglar om karantene og saksforbod når politikarar, embetsmenn og statstilsette går over til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga, eller etablerer næringsverksemd. Forslaga følger i hovudsak opp forslag som blei fremma av Karantenelovutvalet. I proposisjonen blir det fremma forslag til endringar i informasjonsplikta for politikarar om overgangar som er omfatta av lova, og i reglane om godtgjering for politikarar som blir ilagde karantene. Det blir også foreslått endringar i reglane om saksforbod, i reglane om reaksjonar ved brot på karantenelova eller vedtak gjorde med heimel i lov, og at lova får ei ny formålsføresegn.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget