Randaberg kommune – motsegn til arealdelen av kommuneplanen 2018–2030

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner at det blir sett av eit område for akvakultur ved øya Alstein i arealdelen av kommuneplanen for Randaberg. Departementet legg vekt på at det er ei nasjonal interesse å leggje til rette for akvakulturnæringa, og at tiltaket er tilstrekkeleg utgreidd for kommuneplannivået. Departementet legg til grunn at omsynet til naturtypar i sjø, rømming og lusesmitte blir nærare vurdert i seinare handsaming etter akvakulturlova. Motsegna frå Statsforvaltaren i Rogaland er ikkje teken til følgje. Departementet endrar føresegnene til planen slik at det ikkje er tillate med faste installasjonar innanfor skyte- og øvingsfelta til Forsvaret, med unntak for det nemnde akvakulturområdet. Motsegna frå Forsvarsbygg er delvis teken til følgje.

Bakgrunn
Arealdelen av kommuneplanen for Randaberg er sendt til Kommunal- og moderniserings­departementet på grunn av uløyste motsegner. Departementet avgjer om motsegnene skal takast til følgje, slik det går fram av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd. Departementet viser til oversendinga frå Statsforvaltaren i Rogaland datert 5. juni 2020.

Motsegnene er fremja av Fylkesmannen i Rogaland (no Statsforvaltaren i Rogaland) og Forsvarsbygg, og gjeld område for akvakultur i sjø. Arealdelen av kommuneplanen blei vedteken av kommunestyret i Randaberg 20. juni 2019. Etter planvedtaket blei det klart at Forsvarsbygg si motsegn stod ved lag, og den 19. september 2019 vedtok kommunestyret å ikkje ta motsegna til følgje.

Statsforvaltaren i Rogaland fremja den 7. desember 2018 motsegn til eit område for akvakultur (VA) på ca. 350 dekar utanfor øya Alstein. Området ligg ca. 400 m frå land og er omgjeve av ei omsynssone (H190) for ankring av anlegget. Alstein er landskapsverna, og ligg innanfor forvaltningssone 7 «ytre skjærgård» i Jærstrendene landskapsvernområde. Statsforvaltaren peiker på at området har stor landskaps- og opplevingsverdi, og meiner at eit akvakulturanlegg vil vere i stor konflikt med det urørte preget og skape presedens for fleire akvakulturanlegg i nærleiken av landskapsvernområdet.

Statsforvaltaren meiner eit akvakulturanlegg ved Alstein kan påverke den nasjonalt viktige funksjonen som øyane og holmane utanfor Jærkysten har for hekking, matsøk og rasting for sjøfugl, og viser til nærliggjande fuglefredingsområde. Alstein er ein kjent hekkeplass for fleire fugleartar på den nasjonale raudlista, og området er nytta av rovfuglar som jaktfalk (nær truga) og vandrefalk. Statsforvaltaren peikar på at det er eit stort biologisk mangfald i tareskogen og på havbotnen som kan bli påverka negativt av utsleppa frå eit akvakulturanlegg. Mellom anna er det registrert nordleg slangestjerne, som har ein vesentleg del av si naturlege utbreiing i Noreg, og som difor er ein nasjonal ansvarsart. Rekefelta i området kan dessutan bli negativt påverka av kjemiske avlusingsmiddel.

Statsforvaltaren meiner vidare at eit akvakulturanlegg ved Alstein kan føra til meir genetisk innblanding i villaks frå rømt oppdrettslaks, og at det kan auka trykket frå lakselus mot villaks og sjøaure. Statsforvaltaren viser til at kysten utanfor Randaberg er viktig for ein stor del av villaksen og sjøauren som vandrar inn og ut frå viktige gyteelver i Ryfylke, og at Alstein ligg nær "kysten Jæren–Dalane nasjonale laksefjord". Ifølgje statsforvaltaren har det nasjonale laksevassdrag Håelva dårleg kvalitet i kvalitetsnorm for villaks på grunn av genetisk innblanding frå oppdrettslaks, og sjøauren i Figgjoelva kan etter statsforvaltaren si vurdering òg bli påverka negativt av lakselus.

Statsforvaltaren meiner verknadene av eit akvakulturanlegg ikkje er tilstrekkeleg utgreidd, særleg når det gjeld villaks. Statsforvaltaren er heller ikkje samd i at anlegget vil ha ubetydelege verknader for fuglelivet, slik det er konkludert i konsekvensutgreiinga. Med bakgrunn i dei kjente miljøverdiane i området og manglar i konsekvensutgreiinga og risiko- og sårbaranalysen, meiner statsforvaltaren det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å opna for eit akvakulturanlegg i arealdelen av kommuneplanen.

Forsvarsbygg fremja den 3. desember 2018 motsegn til planforslaget på grunn av at det ikkje er teke tilstrekkeleg omsyn til skyte- og øvingsfelta til Forsvaret. Dette gjeld øvingsfelta END 251, R6, R7, R8 og R9. Forsvarsbygg meiner det må takast inn ei føresegn som sikrar Forsvaret sin aktivitet og hindrar nyetablering av faste sivile installasjonar eller verksemd som vil kunne hindre Forsvaret i å utnytte felta som føresett. Forsvarsbygg har bedt om at føresegna blir formulert slik:

«Innenfor området avsatt til skyte- og øvingsfelt for forsvaret, jf. temakart datert xxxxx, tillates skyte- og øvingsaktivitet for Forsvaret. Innenfor området avsatt til skyte- og øvingsfelt for Forsvaret tillates ingen nye faste installasjoner eller virksomhet som vil kunne forhindre Forsvarets skyte- og øvingsaktivitet».

Skyte- og øvingsfelta til Forsvaret er vist i eit temakart som er gjort juridisk bindande, og Forsvarsbygg har akseptert denne løysinga. Forsvarsbygg viser elles til at det er sett i gong eit landsdekkande prosjekt for gjennomgang av alle Forsvaret sine skyte- og øvingsfelt på sjøen. Resultatet kan bli at enkelte øvingsfelt går ut av bruk, medan andre får auka verdi. Forsvarsbygg skriv at det enno er for tidleg å avskrive nokon skyte- og øvingsfelt.

Randaberg kommune viser til at vekst i havbruksnæring er eit nasjonalt mål, og at regjeringa forventar at kommunane set av areal til dette samstundes som dei sikrar miljøomsyn og andre samfunnsinteresser. Kommunen meiner at statsforvaltaren si motsegn er vanskeleg å handtere når det blir peikt på behov for meir utgreiing, utan at det blir følgt opp med kva utgreiingar det er behov for. Kommunen meiner arealinnspelet er tilstrekkeleg utgreidd til at det kan leggjast inn i kommuneplanen no, og at utgreiingane viser at området har lågt konfliktnivå på fleire område. Kommunen meiner landskapsvernet av Alstein og Jærstrendene ikkje kan få verknad så langt utanfor verneområdet, og at ein må ta utgangspunkt i dei faktiske avgrensingane. Gjennom ei samla vurdering av føremoner og ulemper, har kommunen konkludert med at det er fleire positive sider, og at det difor er ønskjeleg med eit akvakulturanlegg i kommunen.

Kommunen meiner dei berre skal avklare akvakulturområdet etter plan- og bygningslova, og at det ikkje er deira oppgåve å gå inn i vilkåra for produksjonen, sjølv om dette kan vera utslagsgjevande for verknadene anlegget har for omgjevnadane. Det blir peika på at det er eit strengt regelverk knytt til lakselus som òg eit eventuelt akvakulturanlegg i Randaberg må ta omsyn til. Kommunen viser til at havbruk er styrt av regelverk og konsesjonsordningar som ligg utanfor kommunen sitt mynde. Det er konsesjonsstyresmakta som må ta stilling til om eit anlegg kan tillatast, kor mykje fisk som kan produserast og stille krav til produksjon, drift og utstyr.

Randaberg kommune valte å ikkje legge inn føresegna slik Forsvarsbygg foreslo, men la inn ei moderert føresegn om at område for bruk og vern av sjø og vassdrag og område for kombinerte føremål i sjø og vassdrag, kan nyttast som øve- og skytefelt for Forsvaret slik desse er vist i temakart. Det er ikkje teke med i føresegna at det innanfor området ikkje kan tillatast nye faste installasjonar. Kommunen viser til at dette ville ha hindra etablering av akvakulturanlegget ved Alstein, sidan dette anlegget ligg innanfor skyte- og øvingsfelta. Vidare viser kommunen til at skyte- og øvingsfelta til Forsvaret meir eller mindre dekker heile kommunen sitt sjøareal, og at Forsvarsbygg sitt forslag til føresegn vil gjere at det ikkje er mogleg å etablere akvakulturnanlegg i kommunen.

Kommunen viser til at Forsvarsbygg ved oppstart av kommuneplanarbeidet i 2015 melde frå om at dei arbeidde med å gå igjennom alle skyte- og øvingsfelt, men at dette ikkje er avslutta enno. Kommunen viser òg til at dei har fått munnleg tilbakemelding frå Forsvarsbygg om at skytefelt R6 og R8 ikkje har vore i bruk på lang tid, og at det er truleg at desse skal frigjevast. Randaberg kommune uttrykkjer forståing for behovet for å kartleggje og vurdere alle skyte- og øvingsfelt, samstundes som dei meiner det er uheldig at Forsvarsbygg ser ut til å leggje til grunn ein «føre-var-strategi» ved å halde på areal som ikkje har vore i bruk på lang tid. Kommunen meiner dette legg for store restriksjonar på kommunen sin arealbruk i sjø.

Mekling blei gjennomført 24. april 2019 mellom Randaberg kommune og Statsforvaltaren i Rogaland, utan at partane kom til semje om ei løysing. Statsforvaltaren opna for at akvakulturområdet ved Alstein kan vurderast på nytt ved neste kommuneplanrevisjon, i lys av teknologiutviklinga. Randaberg kommune bad statsforvaltaren sjå nærare på om det kan leggjast inn ei føresegn som seier at anlegget ikkje kan etablerast før teknologi og utstyr er godt nok, slik at området kan leggjast inn allereie no. Det vart ikkje funne noko løysing på dette. I eit drøftingsmøte mellom kommunen og Forsvarsbygg den 20. august 2019, kom ein fram til at det ikkje var føremålstenleg med mekling sidan Forsvarsbygg ikkje har moglegheit til å inngå nokon form for kompromiss.

Statsforvaltaren i Rogaland rår i oversendinga til Kommunal- og moderniserings­departementet 5. juni 2020 til at motsegnene frå Forsvarsbygg og Statsforvaltaren i Rogaland blir tekne til følgje. Statsforvaltaren meiner det ikkje bør opnast for nye sivile installasjonar før Forsvaret har avklart sin bruk av området, og kan ikkje sjå at dette vil ha særleg tyngande følgjer for kommunen ut over spørsmålet om ny akvakulturverksemd. Statsforvaltaren peikar vidare på at det er internasjonale, nasjonale og viktige regionale natur-, miljø- og landskapsinteresser i området, og at desse må avklarast i kommuneplanprosessen.

Møte om saka blei gjennomført på video den 16. september 2020 med representantar frå Randaberg kommune, Forsvarsbygg, Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Fiskeridirektoratet, Forsvarsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Klima- og miljødepartementet si fråsegn
I fråsegn den 5. november 2020 rår Klima- og miljødepartementet til at motsegna frå Statsforvaltaren i Rogaland til akvakulturområdet ved Alstein blir teken til følgje. Departementet meiner at akvakulturområdet som er føreslått vil kunne ha negative konsekvensar for fleire viktige miljøverdiar og at konsekvensane for naturtypar i sjø og for villaks og sjøaure ikkje er tilstrekkeleg utgreidd. Ut frå dette meiner departementet at nytten av den aktuelle lokaliteten ikkje veg opp for dei negative konsekvensane for nasjonale og vesentlege regionale miljøverdiar.

Klima- og miljødepartementet peikar på at det allereie er moderat til stor påverknad frå rømt oppdrettslaks og relativt høgt samla trykk frå lakselussmitte på laksen i elvane som renn ut i Boknafjorden, slik det går fram av konsekvensutgreiinga for akvakultur­lokaliteten som er føreslått ved Alstein. Tilsvarande vurdering for den nasjonale laksefjorden kysten Jæren–Dalane er ikkje gjort, men departementet peikar på at det er sannsynleg at smolt frå dei fire nasjonale laksevassdraga som munnar ut her vil vandra forbi Alstein. Av desse er det berre Håelva som er vurdert å ha dårleg tilstand på laksestammen på grunn av høg genetisk innblanding frå oppdrettslaks. Etter «kvalitetsnorm for ville bestander av atlantisk laks» (jamfør forskrift av 20. september 2013), er målet at den enkelte villaksstammen skal oppretthalde minst god kvalitet eller at god kvalitet skal nåast så snart som mogleg.

Klima- og miljødepartementet viser til at Jærkysten er eit viktig område for sjøfugl og andre fugleartar, der fleire av fuglefredingsområda er Ramsar-område med internasjonal verdi. Departementet peikar på at òg områda som ligg mellom fuglefredingsområda er viktige som vinteropphalds- og beiteområde for sjøfugl, og at det er dokumentert at fleire artar søker etter mat i det aktuelle planområdet. Av trua artar er det registrert lomvi (kritisk trua), alke (sterkt trua) og teist (sårbar), i tillegg til fleire andre artar som har negativ utvikling i populasjonane. Departementet peikar på at sjøfugl er under sterkt press, mellom anna på grunn av tapte leveområde og klimaendringar. I tillegg blir det vist til at Alstein er ein god lokalitet for rovfugl, mellom anna med dei nær trua artane jaktfalk og hønsehauk. Klima- og miljødepartementet meiner eit akvakulturanlegg ved Alstein kan føre til at området ikkje lenger vil vere attraktivt som matsankingsområde og at den økologiske funksjonen til området blir redusert. Vidare peikar dei på at forstyrringar i hekketida kan auke predasjonsfaren, og i verste fall redusere verdien som hekkeområde. Ut frå dette vurderer Klima- og miljødepartementet at akvakulturområdet vil kunne få negative konsekvensar for viktige fugleførekomstar.

Departementet peikar på at det er registrert tre naturtypar i sjø av stor verdi i nærleiken av det aktuelle området. Dette er ein tareskog (svært viktig, A-lokalitet), eit område med skjelsand og eit gyteområde for torsk. Tareskogen er i følgje departementet å rekne som ei nasjonal miljøinteresse. Utslepp av næringssalt og organisk materiale kan ha negative konsekvensar for dei marine naturtypane i ein avstand på inntil 500 m. Etter Klima- og miljødepartementet si vurdering bør det ikkje opnast for akvakultur før det er gjort meir detaljerte vurderingar av konsekvensane for dei nasjonalt viktige naturtypane i sjø.

Når det gjeld omsyn til landskap, legg Klima- og miljødepartementet vekt på at området for akvakultur er lokalisert 400 m utanfor landskapsvernområdet. Departementet vurderer at akvakulturområdet som er føreslått difor ikkje kan reknast som eit vesentleg inngrep i stor konflikt med landskapsverdiane i landskapsvernområdet.

Forsvarsdepartementet si fråsegn
I fråsegn 7. oktober 2020 skriv Forsvarsdepartementet at kjernepunktet i motsegna er å sikre at arealplanen ikkje gir ei generell opning for etablering av nye faste sivile installasjonar i eksisterande militære skyte- og øvingsfelt på sjøen. Departementet meiner likevel det kan liggje ei løysing i eit unntak frå den generelle føresegna for det aktuelle akvakulturområdet, i samsvar med Forsvarsbygg sitt samtykke til dispensasjon for etablering av eit akvakulturanlegg her i 2016. Forsvarsdepartementet skriv at Forsvarsbygg har stadfesta at dei har sett dette samtykket som gjeldande, og at dei ikkje vil gå imot at det blir vidareført. Departementet skriv at gjennomgangen av sakshistorikken kan tyde på at særskilte føresegner for akvakulturområdet ikkje har blitt realitetsdrøfta korkje i den ordinære planprosessen eller i oppfølginga av motsegna.

Forsvarsdepartementet peikar elles på at skyte- og øvingsfelta på sjøen er avgjerande for Forsvaret si moglegheit til å opparbeide og vedlikehalde operativ evne. Samstundes er det eit auka press mot den samla øvingskapasiteten frå mellom anna ulike former for havbruk. Departementet meiner difor det er naudsynt å ta inn omsynssoner med føresegner som slår fast at faste installasjonar ikkje kan etablerast, for å unngå at slike hindrar Forsvaret i å vidareføre verksemda si. Forsvarsdepartementet stadfestar at dei aktuelle skyte- og øvingsfelta i Randaberg er føreslegne avvikla som del av ei heilskapleg omstrukturering, men meiner dette ikkje må forskotterast i planar etter plan- og bygningslova.

Nærings- og fiskeridepartementet si fråsegn
I fråsegn den 19. oktober 2020 rår Nærings- og fiskeridepartementet til at motsegna frå Forsvarsbygg blir teken delvis til følgje. Departementet meiner det bør opnast for akvakultur ved Alstein, men at det blir sett som vilkår for etableringa av faste installasjonar at skyte- og øvingsfeltet er avvikla, eller at det blir gjeve dispensasjon frå dette.

Nærings- og fiskeridepartementet ber om at Kommunal- og moderniseringsdepartementet går nøye gjennom det faglege grunnlaget for motsegna frå Statsforvaltaren i Rogaland. Departementet peikar på at statsforvaltaren sine vurderingar om påverknad på fugl står i motstrid til konklusjonen i konsekvensutgreiinga som er gjennomført av Rådgivende biologer AS for oppdrettslokaliteten som er føreslått ved Alstein. I denne utgreiingar går det fram at oppdrettsverksemda vurderast å kunne ha «liten negativ verknad» på sjøfugl. Det vert dessutan peika på at det ikkje er avklart at det er laks som eventuelt skal oppdrettast ved Alstein, og at konfliktnivået varierer med produksjonstypen. Vidare understrekar Nærings- og fiskeridepartementet at kommuneplanprosessen bør gje overordna avklaringar om arealbruken, utan å gripe inn i dei vurderingane som skal gjerast som ein del av lokalitetsavklaringa etter sektorlovgjevinga, under dette kva miljøkrav som skal stillast.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering
Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal i samsvar med plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd ta stilling til om kommuneplanen for Randaberg kan godkjennast slik kommunestyret har vedteke han, eller om planen i så stor grad er i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser at han må endrast.

I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, som blei vedtekne 14. mai 2019, forventar regjeringa at fylkeskommunane og kommunane legg til rette for å sikre arealbehovet til Forsvaret når det er nødvendig for å sikre forsvarsevna til landet og for å følgje nasjonale forsvarsplanar. Regjeringa forventar vidare at det blir sett av tilstrekkeleg areal til ønska vekst i oppdretts- og havbruksnæringa gjennom oppdaterte planar, som òg sikrar miljøomsyn og andre samfunnsinteresser.

Kysten er delt inn i tretten produksjonsområde for oppdrett av laksefisk. På bakgrunn av korleis lakselus påverkar villaksen i områda, bestemmer regjeringa om produksjons-kapasiteten kan aukast (grønt lys), må reduserast (raudt lys) eller vert halden uendra (gult lys). Randaberg ligg i produksjonsområdet Ryfylke, som i 2020 fekk grønt lys ut frå at påverknaden frå lakselus gjekk frå moderat til lågt nivå mellom 2018 og 2019. Det inneber at produksjonskapasiteten kunne aukast med inntil seks prosent i 2020.

Rundskriv T-2/16 Nasjonale og vesentlige regionale interesser på miljøområdet – klargjøring av miljøforvaltningens innsigelsespraksis gir ei oversikt over viktige miljøinteresser som skal leggjast vekt på i vurderinga av planforslag. Det går fram av punkt 3.6 at motsegn skal vurderast når føreslått arealbruk vil koma i konflikt med verneområde, òg når planforslaget ligg utanfor området som er omfatta av vernet. Motsegn skal vidare vurderast når planforslaget vil koma i konflikt med naturtypar av A- eller B-verdi, trua artar og deira leveområde og dei særskilde omsyna som følgjer av Stortinget sitt vedtak om nasjonale laksevassdrag og laksefjordar samt den forskriftsfesta kvalitetsnorma for ville bestandar av atlantisk laks.

På regionalt nivå har Rogaland fylkeskommune utarbeidd Regionalplan sjøareal havbruk som blei vedteken i 2017, og med retningslinjer som blei justerte i 2019. Dette er ein strategisk plan for utviking av havbruksnæringa og sjømatproduksjonen, og det er fastsett eit mål om å doble produksjonen i Rogaland frå 2010 til 2020. Det er lagt vekt på at kommunane må avklare areal til havbruksnæringa i dei kommunale planprosessane, og at planlegginga skal vera dialog- og kunnskapsbasert når ulike interesser skal avvegast.

Område for akvakultur (VA) ved Alstein og omsynet til miljøinteresser
Det er knytt nasjonale og vesentlege regionale interesser både til å sikre tilstrekkeleg areal for havbruksnæringa, og til å sikre omsynet til naturmangfaldet. Det er såleis to viktige interesser som må vegast mot kvarandre i spørsmålet om etablering av akvakultur ved Alstein.

Akvakulturområdet som er føreslått ligg ca. 1 km aust for Heglane og Eime fuglefredings­område, som omfattar ei langstrakt øygruppe med omkringliggjande sjøområde mellom Kvitsøy og Alstein. Forankringane til akvakulturanlegget vil strekkje seg nesten inntil dette fuglefredingsområdet. Akvakulturområdet som er føreslått vil på det næraste liggje ca. 3 km frå Jærstrendene fuglefredingsområde, som omfattar store sjøområde aust og sør for Alstein. Delar av dette inngår i Ramsar-området Rott–Håstein–Kjør, som ligg ca. 6 km sør for det aktuelle akvakulturområdet. Klima- og miljødepartementet peikar på at det er fleire trua sjøfuglartar som har tilhald i området, og som kan nytta områda utanfor Alstein som vinteropphalds- og beiteområde.

Kunnskapen om fuglelivet i området er relativt god, og i alle høve tilstrekkeleg til overordna avklaringar på kommuneplannivå, jamfør naturmangfaldlova § 8. Det avgjerande spørsmålet er kva påverknad eit akvakulturanlegg vil ha på trua sjøfuglartar. Konsekvensutgreiinga som er gjort av Rådgivende biologer AS konkluderer med «liten negativ konsekvens» for sjøfugl, medan Klima- og miljødepartementet meiner eit akvakulturanlegg ved Alstein kan redusere verdien av området for allereie pressa sjøfugl, i tillegg til at rovfugl på Alstein kan bli påverka negativt. Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner difor at kunnskapen om konsekvensar for sjøfugl og rovfugl er noko mangelfull, både av dette enkelttiltaket og den samla påverknaden av tiltak i området. Føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova § 9 inneber at ein i slike tilfelle skal ta sikte på å unngå mogleg vesentleg skade på naturmangfaldet. Kommunal- og moderniserings­departementet meiner risikoen for alvorleg eller irreversibel skade på sjøfugl og rovfugl, sett opp mot nytten av eit akvakulturanlegg, i denne saka er akseptabel.

Alstein er omgitt av eit belte av naturtypen tareskog av nasjonal verdi, som på det næraste er 350 m frå akvakulturområdet som er føreslått. På motsett side av Alstein er det registrert ein viktig førekomst av naturtypen skjelsand, som på det næraste er ca. 1 km frå det eventuelle akvakulturområdet. Eit større område nordaustover frå Alstein er registrert som eit lokalt viktig gytefelt for torsk. I følgje Klima- og miljødepartementet kan utslepp av næringssalt og organisk materiale ha negative konsekvensar for dei marine naturtypane i ein avstand på inntil 500 m, og det bør etter deira vurdering ikkje opnast for akvakultur før det er gjort meir detaljerte vurderingar av konsekvensane. På grunn av avstanden mellom det eventuelle akvakulturanlegget og tareskogen, vurderer Kommunal- og moderniseringsdepartementet at det berre er ein liten del av tareskogen som risikerer å bli påverka negativt. Departementet meiner difor kunnskapsgrunnlaget er tilstrekkeleg for ei overordna avklaring på kommune-plannivå, jamfør naturmangfaldlova § 8. Departementet meiner såleis føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova § 9 ikkje gjer seg gjeldande. Kor stor påverknaden kan bli, eller om anlegget i det heile kjem til å påverke tareskogen, må etter departementet sitt syn vurderast i samband med seinare sakshandsaming i medhald av akvakulturlova. Behovet for miljøundersøkingar og avbøtande tiltak må vurderast i samband med dette.

Det føreslåtte akvakulturområdet ved Alstein ligg i eit relativt ope og eksponert kystlandskap, men samstundes slik at det vil kunne påverke laksefisk som vandrar inn og ut både av fjordane i Ryfylke og kysten Jæren–Dalane nasjonale laksefjord. Klima- og miljødepartementet viser til at det er elvar med genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks i Ryfylke, men òg i Håelva på Jæren. I tillegg er det peika på at det er relativt høgt trykk frå lakselussmitte på villaksen i elvane som renn ut i Boknafjorden. Samstundes ligg det føreslåtte arealet i eit produksjonsområde som er vurdert å ha låg påverknad frå lakselus, der det er gitt «grønt lys» for å auke produksjonskapasiteten. Når smittesituasjonen er slik at det blir vurdert som forsvarleg å auka produksjonen i området som heilskap, meiner departementet det skal meir til for at eit konkret akvakulturområde ikkje kan godkjennast på kommuneplannivå. Kommunal- og moderniseringsdepartementet kan ikkje sjå at det er godtgjort at dette akvakulturområdet ligg særleg uheldig plassert, og meiner på bakgrunn av dette at risikoen for påverknad på vill laksefisk ikkje er stor nok til at området må takast ut av planen. Departementet meiner såleis at føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova § 9 ikkje gjer seg gjeldande. Departementet meiner etter dette at omsyn til genetisk påverknad frå rømt laksefisk og lakselussmitte må avklarast når saka blir handsama etter akvakulturlova. Departementet viser i den samanheng til at det i forslaget til kommuneplan ikkje er avklart at det er laks som eventuelt skal oppdrettast her.

Når det gjeld omsyn til landskap, viser Kommunal- og moderniseringsdepartementet til at det føreslåtte området for akvakultur er lokalisert 400 m utanfor landskapsvernområdet på Alstein og ca. 3 km frå landskapsvernområdet på Jærstrendene. Departementet vurderer at akvakulturområdet som er føreslått difor ikkje kan reknast som eit vesentleg inngrep i stor konflikt med landskapsverdiane i landskapsvernområdet, slik òg Klima- og miljødepartementet har konkludert med.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg til grunn at det i seinare sakshandsaming etter akvakulturlova blir vurdert kva driftsmetodar og teknikk som skal tillatast for å unngå skadar på naturmangfaldet, jamfør naturmangfaldlova § 12.

Omsynet til skyte- og øvingsfelta til Forsvaret
Randaberg kommune ønskjer å leggje til rette for akvakultur, noko som førebels har blitt hindra av skyte- og øvingsfelta til Forsvaret, som legg beslag på det meste av sjøareala i kommunen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg til grunn at det er avgjerande for Forsvaret å ha tilgang til skyte- og øvingsfelt der faste installasjonar ikkje hindrar den aktuelle aktiviteten. Departementet meiner arealplanlegginga må avvente resultatet av den heilskaplege omstruktureringa av skyte- og øvingsfelta til Forsvaret, og meiner det er naudsynt med føresegner som sikrar at det ikkje blir installert faste installasjonar innanfor felta. Når prosessen med å vurdere om dei aktuelle felta skal avviklast eller ikkje har drege ut i tid, forstår departementet likevel at kommunen ønskjer å finna eit kompromiss.

I planen er det berre føreslått eitt konkret areal for akvakultur, som ligg ved øya Alstein innanfor skyte- og øvingsfelt R6. Det har tidlegare vore søkt dispensasjon for etablering av eit akvakulturanlegg i dette området, og Forsvarsbygg gav samtykke til dette i 2016. Forsvarsdepartementet viser til at dei føresetnadane som blei lagt til grunn ved dispensasjonssøknaden, framleis gjeld, og at det kan vere ei løysing å gje unntak frå den generelle føresegna for det aktuelle akvakulturområdet. Randaberg kommune har i e-post 17. september 2020 til Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslått ei løysing som inneber at Forsvarsbygg sitt krav om å ta inn ei generell føresegn blir godkjend, men med eit tillegg om at det kan etablerast eit akvakulturområde innanfor område VA, i samsvar med forslaget i kommuneplanen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner dette er ei god løysing.

Lovlegheitskontroll av kommunestyret sitt vedtak
Departementet fekk i brev 29. oktober 2019 frå Statsforvaltaren i Rogaland oversendt lovlegheitsklage frå 3 medlemar av Randaberg kommunestyre. Departementet svara i brev 6. november 2019 at klagen vil bli handsama av departementet saman med motsegnsaka.

Klagen gjeld kommunestyret sitt vedtak 20. juni 2019 om ikkje å imøtekome motsegna frå statsforvaltaren til akvakulturanlegget på Alstein. Klagarane meiner vedtaket er ulovleg av fleire grunner. Det er i strid med vassdirektivet fordi det vil gje utslepp som vil forringe vasskvaliteten. Vidare at det er i strid med forskrift om særskilte krav til akvakulturrelatert verksemd i eller ved nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar § 6, som krev avstand på 5 km frå nasjonalt laksevassdrag. Randaberg kommunestyre vedtok 19. september 2019 å ta klagen til orientering. I rådmannen si vurdering er det peika på at vassdirektivet og regionalplan for vannforvaltning i Rogaland er retningsgjevande og at tiltaket er vurdert opp mot desse. Forskrifta § 6 gjeld nasjonale laksevassdrag, og ikkje nasjonal laksefjord som saka her gjeld.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til at lovlegheitsklagen gjeld det same området for akvakultur som det er motsegn til, og som er vurdert nærare ovanfor. Departementet viser til fråsegna frå kommunen, og er samd i at det ikkje er grunnlag for å sjå på kommunestyret sitt vedtak i denne saka som ulovleg.

Vedtak

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner kommunestyret i Randaberg sitt vedtak av arealdelen av kommuneplanen 20. juni 2019, jamfør vedtak 19. september 2019, med unntak av følgjande endringar i føresegnene:

I punkt 15.1 og 15.2 blir siste setning erstatta med: «Innenfor områdene avsatt til skyte- og øvingsfelt for Forsvaret, jf. temakart datert 18. juni 2019, tillates skyte- og øvingsaktivitet for Forsvaret. Innenfor områdene avsatt til skyte- og øvingsfelt for Forsvaret tillates ingen nye faste installasjoner eller virksomhet som vil kunne forhindre Forsvarets skyte- og øvingsaktivitet. Dette er ikke til hinder for at det kan gis tillatelse til et akvakulturanlegg innenfor område VA, i tråd med punkt 15.3.»

Departementet ber om at kommunen endrar føresegnene i samsvar med vedtaket, og kunngjer planen etter plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd.
 

Med helsing

Nikolai Astrup

 

Kopi:

Fiskeridirektoratet

Forsvarsbygg

Klima- og miljødepartementet

Miljødirektoratet

Nærings- og fiskeridepartementet

Randaberg kommune

Rogaland fylkeskommune