Rettleiing om desentralisert arbeid i staten

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Digitale løysingar har lagt til rette for at statlege arbeidsoppgåver i større grad enn tidlegare kan utførast same kvar i landet ein bur. Denne rettleiinga er meint som ein reiskap til statlege arbeidsgivarar som ønskjer å leggje til rette for desentralisert arbeid i verksemda.

Ei av fellesføringane i tildelingsbreva til statlege verksemder i 2023 er at verksemdene skal vurdere moglegheitene for desentralisert arbeid og leggje til rette for dette der det er formålstenleg. Rammene for dette er nærare gjort greie for i rundskriv H-1/23 Fellesføringar i tildelingsbreva for 2023.

Rettleiinga omtaler fleire forhold som arbeidsgivarar bør vere merksame på ved bruk av desentralisert arbeid. Oversikta er ikkje meint å vere uttømmande. Rettleiinga skal ikkje avgrense dei rettane eller pliktene som er forankra i lover, forskrifter og kollektive og individuelle avtaler.

Utviklinga i arbeidslivet på dette feltet går raskt, og rettleiinga må tilpassast og omarbeidast på bakgrunn av dei erfaringane arbeidsgivarar og arbeidstakarar gjer seg undervegs. Erfaringane vil vere eit sentralt kunnskapsgrunnlag for arbeidet med å vidareutvikle løysingar for desentralisert arbeid i staten.

Statlege verksemder er ulike, både når det gjeld storleik og kva oppgåver kvar enkelt verksemd skal utføre. I tillegg er verksemdene ulikt organisert og geografisk plassert. Det er kvar enkelt arbeidsgivar som har ansvaret for å utvikle personalpolitikken for verksemda, innanfor gjeldande regelverk. Verksemdene må sjølv vurdere moglegheita for å leggje til rette for slikt arbeid i verksemda, mellom anna økonomiske forhold.