Rundskriv F-017-02

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Ressursar til fastlønna tillitsvalde i skoleverket - skoleåret 2002/03

Rundskriv
F-17-02

Saksnr. 02/1329

04.06.2002

Dette rundskrivet erstattar rundskriv F-35/01.

Statens utdanningskontor

Fylkeskommunar
Fylkesrevisjonar
Kommunar
Kommunerevisjonar
Lærarorganisasjonane

Ressursar til fastlønna tillitsvalde i skoleverket - skoleåret 2002/03

Utdannings- og forskingsdepartementet har, etter drøftingar med lærarorganisasjonane, fastsett ressurs til fastlønna tillitsvalde i skoleverket for skoleåret 2002/03.

Når det gjeld praktiseringa av hovudavtalen del II §§ 33-35, syner vi til Handboka om særavtalar m.m. for skoleverket (F-4073)s. 35.

1. Utdannings- og forskingsdepartementet har fastsett følgjande ressursar til fastlønna tillitsvalde i skoleverket for skoleåret 2002/2003:

Skoleverket totalt

Grunnskolen88,9 årsverk

Vidaregåande skole36,0 årsverk

Grunnskolen

Utdanningsforbundet 86,5 årsverk

Skolenes landsforbund 1,2 årsverk

Norsk Skolelederforbund 0,8 årsverk

Musikernes Fellesorganisasjon 0,4 årsverk

Vidaregåande skole

Utdanningsforbundet25,9 årsverk

Skolenes landsforbund 3,6 årsverk

Norsk Sjukepleiarforbund 0,8 årsverk

NITO 1,0 årsverk

Lærernes Yrkesforbund 0,8 årsverk

Norske Sivilingeniørers Forening 0,5 årsverk

Norsk Skolelederforbund 0,7 årsverk

Musikernes Fellesorganisasjon 1,1 årsverk

Norsk Lektorlag 1,2 årsverk

Norsk Naturforvalterforbund 0,4 årsverk

2. Hovudavtalen med tilpassing av Del I til skoleverket skal følgjast. Utdannings- og

forskingsdepartementet har fastsett følgjande:

A) Dei tildelte ressursane skal berre nyttast av tillitsvalde i verksemdene, jf. tilpassingsavtalen til hovudavtalen § 2 pkt 1 der den enkelte kommune/ fylkeskommune er definert som verksemd i grunnskolen/den vidaregåande skolen.

B) Formuleringa "styremøter og møter i faste organ" i hovudavtalen § 34 dekker òg møte i utval som er oppnemnde av og/eller rådgjevande for styret.

Uttrykket "styremøter og møter i faste organ" i hovudavtalen skal òg omfatte organisasjonane sine årsmøte, styremøte og leiarmøte samt møte i rådgjevande utval på fylkes- og landsplan.

C) Arbeidsgjevaren skal gje dei tillitsvalde best moglege arbeidsvilkår slik at dei skal kunne utføre verva sine (jf. Hovudavtalen i staten – tilpassing av del 1 til skoleverket, § 1 pkt. 7). Den einskilde kommunen/fylkeskommunen kan derfor tildele ytterlegare tgidsressurs der ein ser dette som tenleg for oppfylle ovannemnde målsetting.

D) Ved delvis permisjon etter § 35 betaler arbeidsgjevar full lønn og krev refusjon frå vedkommande organisasjon for den prosentsatsen det er gitt permisjon for.

3. Årsverka som er avsette til arbeid som tillitsvalde i den einskilde verksemda (fastlønna tillitsvalde), jf pkt 1, vert fordelte på dei ulike verksemdene (kommunar/fylkeskommunar) slik det går fram av vedlagde lister (Vedlegg 1 og 2).

4. Ordninga gjeld for skoleåret 2002/03.

Dette rundskrivet erstattar rundskriv F-35/01.

Med helsing

Ulla Werner e.f.

avdelingsdirektør

John Røyrvik

underdirektør

Vedlegg 1 Ressurs til tillitsvalde 02-03 Grunnskolen

Vedlegg 2 Ressurs til tillitsvalde 02-03 Vidaregåande skole