Rundskriv G-77/00

Innbyding til sjefskurs nr. 27/00 ved forsvarets høgskule

Rundskriv G-77/00
Jnr.: 95/10949 PPO/KRB/sbs
Dato: 31.08.00

Politimeistrane
Sjefane for dei sentrale politiorgana

Innbyding til sjefskurs nr. 27/00 ved forsvarets høgskule (273)

Departementet har motteke innbyding til Sjefskurs ved Forsvarets Høgskule. Kurset vert avvikla i tida 3. - 12. januar 2001. Kurset vert halde på hotell Hadeland på Granavollen.

Målet med sjefskurset er å "Oppdatere nøkkelpersonell i militær og sivil sektor om problemstillingar som har innverknad på Totalforsvaret i lys av den utanriks- og tryggingspolitiske utviklinga og den ressursmessige stillinga i samfunnet."

Det er ein føresetnad at deltakarane representerer leiarsjiktet innan dei einskilde delane av Totalforsvaret på lands- og fylkesplanet. Kurset rettar seg mot embets- og tenestemenn i den øvre leiinga i departementet, politidistrikta og dei sentrale politiinstitusjonane.

Kurset er arbeidskrevjande og krev aktivt engasjement av den enkelte. Til ein viss grad går den programmerte verksemda ut over vanleg arbeidstid og i helgane. Det er difor ei føresetnad at deltakarane er fristilte frå det ordinære arbeidet sitt.

Søknad om deltaking skal sendast til departement seinast mandag 18. september 2000.

Vi ber om følgjande opplysningar om søkjaren: Namn, fødselsdato, telefon, tenesteerfaring, tittel/stilling, arbeids- og privatadresse og andre forhold som kan innverke på uttaket. Kursdeltakarane må vere tryggingsklarert for HEMMELEG/NATO SECRET, og dei av søkjarane som er klarerte, skal legge ved kopi av klareringa.

Med helsing

Kyrre Stenbro e.f.
avdelingsdirektør

Ragnhild Bendiksby
underdirektør