Rundskriv V-22 N/2004

Overføring av ansvaret for å prøve vilkåra for å inngå ekteskap til folkeregistra — konsekvensar for kyrkjebokføringa (05.10.04)

Presteskapet

Nr.

Vår ref

Dato

V-22 N/2004

2004/1999 KIA mtb

05.10.2004

Overføring av ansvaret for å prøve vilkåra for å inngå ekteskap til folkeregistra – konsekvensar for kyrkjebokføringa

Vi viser til brev 9. september 2004 frå Barne- og familiedepartementet om at folkeregistra frå 1. oktober 2004 har ansvaret for prøvinga av vilkåra for ekteskap.

Før vigsel kan gjennomførast, må vigslaren ha teke mot ”Prøvingsattest/Melding om vigsel/Vigselbok” (skjema Q-0309 B/N) frå eit folkeregister. Kyrkjebokføraren skal behalde originalen av skjemaet, som etter vigselen fyllast ut og setjast inn i ein samleperm som utgjer vigselboka. Kyrkjebokføraren skal returnere ein stadfesta kopi til folkeregisteret innan tre dagar. Kyrkjebokføraren skal ikkje utstede vigselattest der eit folkeregister har gjennomført prøvinga av vilkåra for ekteskap. Stadfesta kopi av skjemaet nemnt ovanfor skal overleverast brudeparet og utgjer mellombels vigselattest.

Omlegginga fører med seg at vigselboka i samleperm etter dette erstattar føringa av vigselen i kyrkjeboka. Oppteljinga i samband med statistikk skjer frå den nye vigselboka.

Prøvingsattest er gyldig i fire månader frå prøvinga er gjennomført. Fram til 31. januar 2005 vil det difor kunne skje vigslar der vilkåra for ekteskap er prøvd av andre enn folkeregistra. Desse vigslane skal førast i kyrkjeboka.

Med helsing

Anne-Lise Brodtkorb e.f
avdelingsdirektør

Marianne T. Brekke
rådgiver