Rundskriv V-22N-2003

Rapportering om målbruk i departementa i 2003 (15.12.2003)

Rundskriv

Alle departement
Statsministerens kontor

Nr.

Vår ref

Dato

V-22N

2003/3946 KU/KU3 IE:pbp

15.12.2003

Rapportering om målbruk i departementa og ved Statsministerens kontor i 2003

Vedlagt følgjer to skjema for rapportering om målbruk i departementa i 2003.

Rapporteringa gjeld i utgangspunktet alt tilfang som fell inn under § 8 første ledd første og andre punktum i mållova, i praksis så godt som alt anna enn brev til enkeltadressatar. 1Statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene, slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei. Dersom det einskilde organet finn grunn for det, kan slikt tilfang gjevast ut i begge målformer. Vi registrerer sjølve alle stortingsdokument, og desse skal derfor ikkje vere med på skjemaet. Heller ikkje lov- og forskriftstekstar skal takast med i rapporten. Alt anna tilfang som departementet har laga i 2003, skal rapporterast.

Vi har som førre året lagt ved to skjema i rekneark, slik at summering og utrekning av nynorskprosent skjer automatisk dersom ein nyttar dei elektroniske versjonane. Desse kan hentast opp på Kultur- og kyrkjedepartementet sine sider på Odin.

Skjema 1

Dette skjemaet skal nyttast til å registrera alle dokument på under 10 sider. Her er det talet på dokument i dei ulike kategoriane som skal førast opp.

Dei kvite kolonnane gjeld talet på dokument under 5 sider, mens dokument med ei lengd på frå 5 til 9 sider skal førast opp i dei gule kolonnane. Desse vil telja dobbelt ved summeringa.

Kolonnane med overskrifta BÅDE B/N gjeld dokument som er laga både på bokmål og nynorsk, anten som parallellutgåver eller t.d. med bokmål på eine sida og nynorsk på hi sida. Ved summeringa vil desse telja 50 pst. i kvar målform.

Skjema 2

Dette skjemaet skal nyttast til registrering av dokument på minst 10 sider, og her er det nøyaktig sidetal for kvart enkelt dokument som skal førast opp.

Sidetalet for dokument som berre finst anten på bokmål eller på nynorsk, skal førast i dei kvite kolonnane.

Dersom eit dokument finst både på bokmål og nynorsk, altså som parallellutgåve, skal sidetalet førast opp i den blå kolonnen. Ved summeringa vil dette telja 50 pst. i kvar målform.

Dersom det er brukt ulik målform i eit dokument, skal sidetalet for kvar målform spesifiserast i dei gule kolonnane.

***

Siste frist for innsending av skjemaet til Kultur- og kyrkjedepartementet er 31. januar 2004.

Vi ber om at skjemaet både blir oversendt på papir med følgjeskriv og overført elektronisk til ingvar.engen@kkd.dep.no

Vi ber Dykk ta kontakt på telefon 48031 dersom noko er uklart.

Med helsing

Stein Sægrov e.f.
avdelingsdirektør

Ingvar Engen
seniorrådgjevar

Vedlegg: To skjema