Rundskriv V-3N/2001

Utsett reform skal sikre ein meir stabil rettskrivingssituasjon

Forlag, utdanningsadministrasjon m.fl.

Nr.

Vår ref

Dato

V-3/2001

2000/768 KU/KU3 IE:lwi

10.01.2001

Utsett reform skal sikre ein meir stabil rettskrivingssituasjon

Kulturdepartementet vil gje Norsk språkråd høve til å arbeide vidare med den rettskrivingsreforma som vart vedteken på siste rådsmøtet. Det inneber at departementet, med nokre få unntak, ikkje har godkjent dei innsende endringane i bokmåls- og nynorskrettskrivinga.

Dei omfattande vedtaka frå rådsmøtet i Språkrådet i februar 2000, som med atterhald om departementets godkjenning har vore publiserte på nettsidene til Språkrådet, er dermed ikkje gjeldande rettskriving. Unntaket frå dette er dei endringane som framgår av vedlagde liste.

Vi ber om at mottakarane av dette rundskrivet, så langt dei finn det nødvendig, formidlar vidare informasjon om departementet si avgjerd, slik at det ikkje på grunn av mistyding blir teke i bruk skrivemåtar og bøyingsformer som ikkje er godkjende som gjeldande rettskriving. Særleg ber vi utdanningskontora vurdere trongen for nærmare informasjon i skolesektoren, til dømes i høve til vidaregåande skolar.

For fullnøyande grunngjeving m.m. viser vi til brevet frå Kulturdepartementet til Norsk språkråd av 5. desember 2000, som kan hentast opp på følgjande nettadresse: http://www.sprakrad.no/aar2000.htm

Departementet har med denne avgjerda ikkje underkjent det arbeidet Språkrådet har gjort, men har kome til at perspektivet for ei opprydding og forenkling av rettskrivinga bør utvidast utover det dei fastlagde tids- og prosedyrerammene i Språkrådet har tillate.

Formålet er å leggje grunnlaget for ein meir stabil rettskrivingssituasjon. Departementet ønskjer difor å vente med å gjennomføre endringar til ein har fått ein fullstendig gjennomgang av alle aktuelle spørsmål. Dermed er det von om å unngå så hyppige rettskrivingsendringar som det vi hittil har vore vande med. Dette er i samsvar med det Norsk språkråd sjølv har teke til orde for, og som også er nedfelt i St.meld.
nr. 13 (1997-98) som Stortinget behandla i mai 1998.

Departementet sluttar seg til ønsket frå Språkrådet om i praksis å avskaffe skiljet mellom hovudformer og sideformer i bokmål. Sideformer er former som ikkje er tillatne i statstenesta og i lærebøker, men som likevel skuleelevar kan nytte i dei skriftlege arbeida sine. Departementet reiser spørsmålet om ei tilsvarande reform også i nynorsk, og ber Språkrådet om å få dette nærmare utgreidd.

Med helsing

Stein Sægrov e.f.

avdelingsdirektør

Ingvar Engen

seniorrådgjevar

Vedlegg : Liste over rettskrivingsendringar frå Norsk språkråd som
Kulturdepartementet har godkjend med verknad frå 1. juli 2001.