Rundskriv V-4N-03

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Budsjettrundskriv for 2004 (03.01.2003)

Til
faste tilskottsmottakarar under Kultur- og kyrkjedepartementet
( utanom: funsjonsdelingsinstitusjonane)

Nr.

Vår ref

Dato

V-4N/2003

2002/4248 AØ/Ø EAn

03.01.2003

Budsjettrundskriv for 2004

Innleiing

Generelt

Budsjettrundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjettframlegget for 2004 både når det gjeld innhald og utforming.

Budsjettrundskrivet er eit viktig ledd i departementets arbeid med å betre budsjett- systemet og kommunikasjonen med tilskottsmottakarane. Det er ei prioritert oppgåve for departementet å tilpasse tilskottsmottakaranes budsjettprosess mest mogleg til departementets eige arbeid med statsbudsjettet, både når det gjeld prosedyrar og krav til innhald.

Frist

Fristen for innsending av budsjettsøknaden for 2004 til Kultur- og kyrkjedepartementet er 1. mars 2003.

Budsjettsøknaden for 2004 må sendast inn i 3 eksemplar.

Budsjettsøknaden for 2004

Kultur- og kyrkjedepartementet mottek årleg ei stor mengd budsjettsøknader som er av varierande omfang. For departementet er det viktig at søknaden er kortfatte og poengtert, der følgjande går klårt fram innleiingsvis:

  • nye tiltak med behov for auka midlar
  • behov for budsjettauke for å vidareføre eksisterande verksemd
  • spesielle tilhøve som krev ekstraordinære eingongsmidlar.

Budsjettsøknaden for 2004 skal innehalde følgjande:

  • rapport for 2002
  • omtale av formål
  • budsjettframlegg for 2004

Tilskottsmottakarane må oppgi kva for bank- eller postgirokonto midlane skal overførast til.

Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-regneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet "Budsjett 2004 - rekneskap 2002 m.m. - funksjonsdelingsinstitusjonar og faste tilskottsmottakarar under Kultur- og kyrkjedepartementet". På side 1 i skjemaet er det opplyst kor på Internett skjemaet kan hentast opp og ei kort orientering om utfyllingen av skjemaet. Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse:

postmottak@kkd.dep.no

Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må óg leggjast ved budsjettsøknaden for 2004.

Rapport for 2002

Rapporten for 2002 skal innehalde følgjande:

-

foreløpig rekneskap for 2002

-

omtale av den samla aktiviteten i 2002 i forhold til dei formåla som er trekte opp i tilsagnsbrevet for 2002

-

omtale av eventuelle andre føresetnader for disponering av tilskottet som er trekte opp i tilsagnsbrevet for 2002

Formål

Tilskottsmottakarane må i budsjettsøknaden for 2004 gi ein omtale av kva som er formålet med den aktiviteten som tilskottsmottakaren driv.

Departementet viser i denne samanhengen til tilsagnsbrevet for 2003, der det er gjort greie for kva for formål og eventuelle andre foresetnader som tilskottsmottakaren skal oppfylle.

Formålet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten, og vere i samsvar med dei rammene for tilskottsmottakaren som er trekte opp i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument e.l. Dersom det vanskeleg let seg gjere å formulere eit formål for heile den aktiviteten som tilskottsmottakaren driv, må det formulerast formål for dei ulike hovudarbeidsområda.

Budsjettframlegg med talbudsjett for 2004

Omtale av hovudtrekka i budsjettframlegget

Tilskottsmottakarane må innleiingsvis gje eit samandrag av budsjettframlegget der det kort blir gjort greie for korleis tilskottsmottakaren vil gjennomføre aktiviteten innanfor noverande tilskott, kva for aktivitet som krev nye ressursar og endringar i forhold til 2003.

Krav til omtale av endringar i aktiviteten

Det budsjettet som er vedteke av Stortinget for 2003, dannar utgangspunktet for tilskottsmottakarens arbeid med 2004-budsjettet. Den samla aktiviteten for 2004 må derfor basere seg på dette. Ambisjonsnivået må ikkje setjast høgare enn den faktiske ressurstilgangen. Tilskottsmottakarane må derfor gjere greie for kva for aktivitetar som kan gjennomførast innanfor dei budsjettrammene ein i dag har til disposisjon.

Tilskottsmottakarane må gjere greie for korleis planlagde endringar i aktiviteten i 2004 vil endre tilskottsbehovet i høve til 2003-tilskottet. Tilskottsmottakarane må vere budd på omdisponering og effektivisering av noverande ressursar for å frigjere ressursar til ny aktivitet.

Det må gjerast greie for behovet for og målet med ny aktivitet, om aktiviteten kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar eller om det er behov for nye ressursar. Det må grunngivast kvifor aktiviteten krev nye ressursar. Det må vidare gjerast greie for kva gjennomføringa av aktiviteten totalt vil koste, både i 2004 og 2005, og korleis dette vil verke inn på statstilskottet.

Planlagte endringar og aktivitet som treng nye ressursar, skal førast opp med kostnadsoverslag i eiga oppstilling i prioritert rekkefølgje, jf. tabell 4 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet.

I tilknyting til omtalen av budsjettframlegget for 2004 må det også givast ein kort omtale av tilskottsmottakarens planar for 2005-2006.

Utarbeiding av talbudsjettet for 2004

Følgjande tabeller i det elektroniske skjemaet, jf. vedlagte kopi av skjemaet "Budsjett 2004 - rekneskap 2002 m.m. - funksjonsdelingsinstitusjonar og faste tilskuddsmottakarar under Kultur- og kyrkjedepartementet" skal fyllast ut:

-

tabell 1:

Administrasjon

-

tabell 2:

Budsjett og rekneskap utanom kolonne G, H og J

-

tabell 4:

Oppsummering av budsjettsøknaden for 2004 - tiltak som krev auka tilskott

-

tabell 5:

Ulike aktivitetar m.m. i 2001 og 2002 (fyllast bare ut av tilskottsmottakarar under Kulturavdelingen)

Alle beløpa i budsjettframlegget for 2004, jf. kolonne E i tabell 2, må kommenterast/grunngivast nærmare.

Utgangspunktet for budsjettframlegget er rekneskapet for 2002. Framlegget for 2004 må vidare byggje på ein detaljert disposisjonplan for 2003-budsjettet, som må vere i balanse.

Budsjettframlegget for 2004 må utarbeidast i 2003-kroner. Utgifter og inntekter må balansere.

Med helsing

Henning Gorholt e.f.
ekspedisjonssjef

Einar Andersen
seniorrådgjevar

Vedlegg