Rundskriv G-10/2003

Endringar i forvaltningslova - klagerett når klageinstansen avviser

Rundskriv G-10/2003
Jnr.: 200305161 E
Dato: 08.07.2003

Til Departementa, Fylkesmennene, Fylkeskommunane og Kommunane

Endringar i forvaltningslova – klagerett når klageinstansen avviser

Justisdepartementet gjer med dette merksam på ei nyleg vedteke endring i forvaltningslova § 28. Endringa, som tek til å gjelde frå 1. august 2003, jf. kgl. res. 27. juni 2003, inneber at ein får meir detaljerte reglar om når det er klagerett på klageinstansens vedtak om å avvise ei klage.

Endringa kom med lov 27. juni 2003 nr. 66 om endring i forvaltningslova (klagerett når klageinstansen avviser). Noverande § 28 første ledd andre punktum vart oppheva, samstundes som det vart vedteke eit utvida tredje ledd, med slik ordlyd:

”Med mindre Kongen bestemmer annerledes, kan klageinstansens vedtak i klagesak ikke påklages. Klageinstansens vedtak om å avvise klagen kan likevel påklages, unntatt:
a) når også underinstansen traff vedtak om å avvise klagen,
b) når underinstansen har prøvd avvisningsspørsmålet og kommet til at vilkårene for realitetsbehandling er til stede,
c) når Kongen vil være klageinstans,
d) når klagen er avvist av en uavhengig klagenemnd.
Er det klagerett over et vedtak om å avvise en klage som er truffet av et kommunalt eller fylkeskommunalt organ som klageinstans, går klagen til fylkesmannen.”

Noverande tredje ledd vart nytt fjerde ledd.

Heile § 28, slik han lyder etter endringslova, er teken inn i vedlegget.

Tredje ledd første punktum etter lovendringa svarar til noverande første ledd andre punktum (med ei redaksjonell endring). Hovudregelen er difor, som før, at det ikkje er klagerett på klageinstansens vedtak i klagesak. Andre punktum gjer unntak frå denne hovudregelen, og fastset at det som eit utgangspunkt er klagerett over klageinstansens vedtak om å avvise ei klage. Unntak frå dette unntaket igjen finn ein i bokstav a til d.

Bokstav a stadfestar gjeldande rett. Når underinstansen har avvist ei klage og avvisinga vert stadfesta av klageinstansen, føreligg ikkje vidare klagerett.

Både bokstav a og bokstav b kviler på det grunnsyn at avvisingsspørsmålet berre kan prøvast to gonger. Når underinstansen gjer vedtak om å avvise, jf. bokstav a, er det ikkje tvilsamt at spørsmålet er prøvd. Men når underinstansen sender ei klagesak vidare til klageinstansen, kan det vere vanskelegare å vite om avvisingsspørsmålet er prøvd, sjølv om det følgjer implisitt av forvaltningslova § 33 andre ledd tredje punktum at dei formelle klagevilkåra skal prøvast.

Etter bokstav b fell klagerett berre bort når avvisingsspørsmålet er prøvd. I det ligg eit krav om ei reell prøving av dei formelle vilkåra som kan vere omstridde i den aktuelle sak, og denne prøvinga må vere synbar for parten og klageinstansen. Ved tvil om underinstansen har prøvd avvisingsspørsmålet tilstrekkeleg til at klageorganet har fått kompetanse til å vedta avvising med endeleg verknad, kan klageorganet alltid sende saka attende til underinstansen for vidare handsaming, jf. fvl. § 34 fjerde ledd. Om dette ikkje vert gjort, og klageinstansen avviser klaga, må ein etterpå ta stilling til om underinstansen har prøvd avvisningsspørsmålet eller ikkje, jf. fvl. § 27 tredje ledd første punktum om at klagaren skal ha informasjon om m.a. mogleg klagerett samstundes med underretning om vedtaket.

Om klageinstansen har grunn til å tru at det formelle vilkåret som kan gje grunnlag for avvising i ei aktuell sak, er så vanskeleg at den aktuelle underinstansen – som ikkje har vurdert vilkåret – neppe heller vil vere i stand til å gjere ei vurdering av særleg verdi, kan det vere betre at ein tredjeinstans blir klageorgan dersom den ordinære klageinstansen avviser saka.

Etter bokstav c vil ein ikkje kunne påklage klageinstansens vedtak om å avvise ei klage til Kongen, sjølv om klageretten ikkje har falle bort etter bokstav b.

Etter bokstav d vil ein ikkje kunne påklage avvisingsvedtak i uavhengige klagenemnder, sjølv om klageretten ikkje har falle bort etter bokstav b. Dersom ei nemnd ikkje kan instruerast og det heller ikkje finst noko organ som kan omgjere vedtak frå nemnda etter fvl. § 35, vil ein normalt kunne leggje til grunn at nemnda er uavhengig i dei høve som er av interesse her.

Tredje punktum fastset at fylkesmannen er rett klageinstans når avvisingsvedtaket er gjort av kommunalt eller fylkeskommunalt organ som klageinstans. Regelen gjeld berre når klageretten ikkje allereie har falle bort etter bokstav a, b eller d.

I endringslova romertal II er det fastsett at dei nye reglane gjeld for alle avvisningsvedtak som ein klageinstans treffer etter ikraftsetjinga 1. august 2003, sjølv om saka kom inn før lova tok til å gjelde.

Førearbeida til lova er Ot.prp. nr. 83 (2002-03)

[ http://www.dep.no/jd/norsk/publ/otprp/012001-050067/index-dok000-b-n-a.html ] og Innst. O. nr. 113 (2002-03) [ http://www.stortinget.no/inno/inno-200203-113.html ].

Vi ber om at mottakarane av dette brevet varslar aktuelle underliggjande organ etc. om lovendringa.

Med helsing

Inge Lorange Backer e.f.

Ørnulf Røhnebæk

ekspedisjonssjef

lovrådgjevar

Vedlegg