St.meld. nr. 11 (1997-98)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1997 og fisket etter avtalene i 1995 og 1996

Til innholdsfortegnelse

5 Fiske etter avtalene i 1995 og 1996

I omtala av fisket etter avtalene for 1995 og 1996 har ein lagt hovudvekt på i kva grad Noreg og dei partane som blir tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane.

Først blir norske kvotar i andre statar sine soner og utnyttinga av desse presenterte, jf punkt 5.1 nedanfor. Deretter, i punkt 5.2, blir andre statar sine kvotar i norske område og utnyttinga av desse kvotane presenterte.

Kommentarane med omsyn på kvoteutnytting omfattar berre åra 1995 og 1996. Ein toårsperiode er eit noko kort tidsrom for å fastslå om endringane i kvoteutnyttinga gjenspeglar ein meir langvarig tendens.

I det følgjande blir omgrepet «fellesforvaltning» nytta om ein del sentrale artar. Fellesforvalting tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtalt å forvalta ein art saman fordi arten opptrer i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane blir avtalt totalkvote (TAC) for arten, som blir fordelt på dei aktuelle avtalepartnarane.

5.1 Norsk utnytting av kvotar i 1995 og 1996

I avsnitt 5.1 og 5.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalene, med eventuelle oppdateringar. Med mindre noko anna er sagt er fangsttala baserte på kva fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i 3. land (dette er hovudregelen). Desse tala kan avvike frå dei utlossa tala i sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta i motsetnad til dei kvanta som er rapporterte frå fiskefelta. Symbolet (-) i tabellene tyder anten ingen fangst eller inga kvote.

5.1.1 Noreg - Russland

5.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone (sjå tabell 5.2). Noreg sine reelle kvotar (etter overføringar til 3.land) og fangstar1) 1 av desse bestandane var følgjande i 1995 og 1996, sjå tabell 5.1.

Tabell 5.1 

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art
1995199619951996
Torsk:338.000334.000359.272350.096
Hyse:65.00085.00079.29794.182
Lodde:----

I tillegg til kvotane av torsk og hyse kjøpte norske reiarlag torsk og hyse frå Russland både i 1995 og 1996. I 1995 utgjorde kvotekjøpet frå Russland 18.300 tonn torsk og 2.850 tonn hyse, og i 1996 17.500 tonn torsk og 3.000 tonn hyse. 5.000 tonn kysthyse som årleg er reservert for norske fartøy er ikkje inkludert i hysekvoten. Det blei også teke fangstar av torsk og hyse til forsking, som er inkluderte i fangsttala. Når desse tilhøva blir tekne omsyn til, blir det tilsynelatande overfisket redusert til ingenting eller eit mindre kvantum.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art
1995199619951996
RØS:
Torsk:50.00050.0005.83119.340
Hyse:10.00014.0007.39513.378
Polartorsk:3.0003.000--
Haneskjel:----
Flyndre:1.0001.00013100
Reker:3.0003.0003.0632.999
Lodde:----
Andre artar:3.0003.00030813

5.1.1.2 Kommentarar til oversikten

Av fangstane nord for 62oN fiska Noreg i 1995 1,6 % av torskefangstane og 9,3 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 1996 var 5,5 % for torsk og 14,2 % for hyse. Noreg tar altså relativt små fangstar av torsk og hyse i RØS. I 1996 blei likevel hysekvoten godt utnytta, og det hadde vore interesse for større kvote hos fiskarane.

Haneskjel: Noreg sin haneskjelkvote var ikkje talfesta i 1995 og 1996. Fisket skal vere eit forsøksfiske i eit nærmare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår vart ikkje fastlagde i 1995 og 1996.

Flyndre: Flyndrekvoten galdt all flatfisk, det vil seie kveite, blåkveite og andre flyndreartar.

Reke: I 1995 var 41 reketrålarar med i fisket etter reker i RØS, medan 48 var med i 1996. Som tabell 5.2 viser vart rekekvoten både i 1995 og 1996 utnytta fullt ut.

Kvoten av andre artar var 3.000 tonn andre fiskeslag som bifangst.

5.1.2 Noreg - EU

5.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell sør for 62oN. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen (sjå tabell 5.4). Noreg sine reelle kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar2) 2 av desse bestandane var følgjande i 1995 og 1996, sjå tabell 5.3.

Tabell 5.3 

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art
1995199619951996
Torsk:10.75012.4407.3585.877
Hyse:25.56025.7502.4332.288
Sei:50.93052.72053.06755.100
Kviting:8.1006.70011464
Raudspette:8.0501.4206741.231
Makrell:109.880103.800106.47987.887
Sild:125.45043.400133.99871.976

Kvotane og fangstane av sei og makrell omfatta Skagerrak i tillegg til Nordsjøen.

Noreg sine kvotar av sei, makrell og sild vart utnytta fullt ut dei to åra. Dei store makrellfangstane må sjåast i samanheng med at Noreg hadde høve til å fiske inntil 60.000 tonn av makrellkvoten nord for 62oN, i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 1995 og 1996 (jf. figur 3.1 kart over ICES-statistikkområde), og at makrellkvoten vest av 4oV på 15.150 tonn i 1995 og på 10.100 tonn i 1996 også kunne fiskast i denne delen av Nordsjøen dei to åra. Dette forklarer óg den låge utnyttinga av Noreg sin makrellkvote vest av 4oV (sjå tabell 5.4).

Noreg sine sildefangstar inkluderer også fangstar av norsk vårgytande sild (NVG-sild) som er fiska sør for 62oN i perioden januar - mai. Makrell- og sildekvotane blir fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Slike fangstar varierer frå år til år i storleik og art. Frå slutten av 1980-talet har sild utgjort det største innslaget av bifangst.

5.1.2.2 Oversikt over Noregs kvotar i EUs farvatn (EUF) og oversikt over dei kvotane Noreg har fått tildelte frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar for 1995 og 1996.

Noreg fekk tildelt kvotar av blåkveite og kveite for fiske i grønlandsk sone av både EU og Grønland. For desse artane gjer ein den føresetnaden at EU-kvoten først blir utnytta. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane blir avrekna mot Noreg sine kvotar tildelt av Grønland (sjå tabell 5.6).

For fellesbestandane merke (*) avtaler EU og Noreg storleiken på totalkvotane (TAC) for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene, sjå vedlegg 2 tabell 1. I tabell 5.4 er det oppgjeve kor mykje Noreg kan fiska i EU-sonen.

Tabell 5.4 

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art
1995199619951996
EUF, NORDSJØEN:
Torsk*:11.40013.1002.3121.758
Hyse*:15.00015.000508502
Sei*:45.00045.00011.19314.061
Kviting*:8.1006.700187
Raudspette*:4.5002.670491919
Makrell*:50.88033.940-2.075
Sild*:60.00060.00062.23427.288
Augepål:20.00020.000 --
Tobis:30.00030.0005.56615.981
Brisling:25.00025.00026.68932.424
Reke:10010076
Hestmakrell:5.0005.0006.4401.972
Andre artar:5.0005.0001.3622.968
EUF, V 4o V:
Makrell:15.15010.100-110
Sild:6.2006.2002.1724.066
Kolmule:225.000259.000224.548278.376
Blålange:1.0003.000169126
Lange:11.00013.00010.09210.142
Brosme:5.0007.0004.6583.856
Pigghå:1.1001.10015-
Brugde (lever:100100--
Håbrann:200200315
Kombinert kvote:2.0002.000--
Blåkveite:1.7001.700-1.121
Andre artar:3.0003.000876604
EUGRL, VESTGRØNLAND:
Blåkveite:1.2001.2001.2001.200
Kveite:20020033
Skolest/Isgalt:8001.200--
EUGRL, AUSTGRØNLAND:
Reker:2.5002.5002.5002.530
Blåkveite:4001 0504001.050
Kveite:200200200200
Lodde:25.00025.000--

5.1.2.3 Kommentarar til oversikten

Augepål/tobis: I den delen av Nordsjøen som omfattar EU-farvatn kunne norske fartøy til saman fiske 50.000 tonn av industriartane augepål (inkludert uunngåeleg fangst av hestmakrell), kolmule og tobis i både 1995 og 1996. Inntil 10.000 tonn augepål kunne fiskast i EU-farvatn vest av 4oV. Dette skulle avreknast den samla industrikvoten for augepål, kolmule og tobis på 50.000 tonn. I praksis er det den norske industritrålarflåten (ca. 50 - 60 fartøy) som fiskar på denne kvoten.

Norske fartøy kunne i tillegg fiske på desse artane utan avgrensingar i norsk økonomiske soner. Samla fiska dei norske industritrålarane 118.081 tonn augepål og 236.490 tonn tobis i Nordsjøen i 1995. Tilsvarande tal for 1996 var 103.000 tonn augepål og 160.700 tonn tobis; 1995- kvantumet av tobis var uvanleg stort. Fisket i EU-sona utgjorde ein liten del av totalfangstane.

Kolmule: Av Noregs kolmulekvote kunne opptil 40.000 tonn fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 1995 og 1996. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 8.000 tonn vassild i både 1995 og 1996. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane og i færøysk sone. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 261.362 tonn kolmule i 1995 og 356.100 tonn i 1996 samla i desse områda. Omlag 30 fartøy av dei konsesjonspliktige ringnotfartøya var med i kolmulefisket dei to åra.

Blålange/lange/brosme: Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4o V (ICES område Vb, VI og VII). 70 - 80 norske linefartøy deltok i dette fisket både åra.

I fisket med line vest av 4o V kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25 % til kvar tid. Bifangsten kunne likevel overstige 25 % i dei første 24 timane etter starten av fiske på eit fiskefelt. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var avgrensa til 3.000 tonn.

Blålange, lange, brosme, kombinert kvote (sjå nedanfor), pigghå, brugde (lever) og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen (ICES område IV) i 1995 og 1996.

Kombinert kvote vest av 4o V: Kvoten galdt linefiske etter havmus, mora mora, skjellbrosme, isgalt, skolest og andre artar.

Andre artar (Nordsjøen): Kvoten omfattar fiske på artar der det ikkje er fastsett kvotar for Noreg i EU sine farvatn. Eit unntak er sjøtunge som norske fartøy ikkje har høve til å driva eit direkte fiske på.

Sild vest av 4oV: Kvoten var reservert for den norske ringnotflåten. 70 - 80 fartøy deltok.

Blåkveitekvoten kunne fiskast i EU sine farvatn nord for 62o N og vest av 4o V. Fisket vest av 4o V kunne berre utøvast med line. I følgje Fiskeridirektoratet sin sluttsetelstatistikk fiska norske fartøy 496 tonn blåkveite i EU-farvatn i 1995, medan tilsvarande tal frå EU viste at norske fartøy ikkje hadde fiska blåkveite i EU-farvatn i 1995, jfr tabell 5.4. Tala frå EU viste at norske fartøy i 1996 hadde fiska 1.121 tonn.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/ Grønland vert nærare omtalt i punkt 5.1.5.

I samband med reguleringa og avviklinga av fisket i grønlandsk sone, blei Noreg sine kvotar tildelte frå EU og frå Grønland handsama samla. Kommentarane tilknytta fisket i grønlandsk sone er samla i punkt 5.1.4 om norsk fiske i dette området.

5.1.3 Noreg - Færøyane

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone (FS) i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art
1995199619951996
FS:
Lange:4.0003.6501.5792.410
Brosme:--9281.767
Sei:1.5001.500339
Blålange:--220160
Blåkveite:500500166242
Håbrann/Pigghå:300300--
Breiflabb:100100660,5
Makrell:19.84010.200--
Hestmakrell:5.0005.000--
Kolmule:27.00027.0008.03532.455
Brugde (lever):100100--
Andre artar:--205741

5.1.3.1 Kommentarar til oversikten

Botnfiskkvoten: I 1995 hadde Noreg ein botnfiskkvote (lange, brosme, sei og blålange) på 5.500 tonn i færøysk sone og i 1996 var botnfiskkvoten på 5.150 tonn. Kvoten omfatta også bifangst av andre botnfiskartar. Innanfor botnfiskkvoten måtte ikkje seifangstane overstige 1.500 tonn. Kvoten omfatta også bifangst av andre botnfiskartar, til saman opp til 1.200 tonn. Av dette måtte bifangsten på den enkelte turen ikkje overskride 35 %. Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål.

Norske fartøy hadde, med heimel i kvoteavtalene mellom Noreg og Færøyane, høve til å fiske 500 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. Fisket resulterte i 166 tonn blåkveite i 1995 og 242 tonn blåkveite i 1996. Tre garnfartøy var med i fisket i 1995 og to fartøy i 1996. Fisket etter breiflabb resulterte i ein fangst på 66 tonn i 1995 og 0,5 tonn i 1996.

Samla blei det fiska 3.167 tonn botnfisk i færøysk sone i 1995 og 5.117 tonn i 1996. Fangsten av blåkveite og breiflabb er inkludert i desse fangsttala. I 1995 var 20 norske fartøy med i fiske på botnfiskkvoten i færøysk sone, mens 27 fartøy deltok i 1996.

Fisket etter håbrann/pigghå var eit prøvefiske i 1995 og 1996. Norske fartøy starta ikkje slikt fiske.

Kolmule: Norske ringnotfartøy plar fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Utbreiinga og førekomstane av kolmule i færøysk sone varierer frå år til år. Norske fartøy fiska 8.000 tonn kolmule i 1995 og 32.500 tonn i 1996.

5.1.4 Noreg - Grønland

Tabell 5.6 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar3) i grønlandsk sone (GS) i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art
1995199619951996
GS, VESTGRØNLAND:
Blåkveite:1.3007001.2994)714
GS, AUSTGRØNLAND:
Blåkveite:8006501.2984408
Kveite:200200336163
Blandingskvote:----
Uer:9001.0008431.35055 )
GS, VESTGRØNLAND OG
AUSTGRØNLAND:
Torsk:900950--

3) Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

4) I tillegg til Noregs kvote på 800 tonn, hadde norske fartøy høve til å fiske 250 tonn forskningsfangst.

5) Ved Austgrønland har Noreg ein kvote på 1.000 tonn frå Grønland og 1.000 tonn frå NEAFC, jfr punkt 5.1.8 Norsk fiske i Irmingerhavet.

5.1.4.1 Kommentarar til oversikten

Blåkveite: Fisket etter blåkveite ved Vestgrønland med trål måtte skje sør om 64o 30' N og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona.

Kveite: I 1995 blei blandingskvoten frå 1994 omgjort til ein kveitekvote.

Torsk: I dei siste åra har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland. Når situasjonen for bestanden betrar seg vil dette kunne vere ein viktig kvote for norske fartøy.

Uer: Noreg fiska nesten heile kvoten av uer i grønlandsk sone i 1995, og kvoten blei fullt utnytta i 1996. (Sjå også norske fangstar i Irmingerhavet, punkt 5.1.8).

Noreg hadde også høve til å ha inntil 10 % samla bifangst av andre arter.

Fisket ved Vestgrønland: I 1995 og 1996 blei det i hovudsak berre fiska blåkveite ved Vestgrønland. Det var 6 trålarar med i fisket i 1995, medan det var 5 trålarar og 8 linefartøy med i fisket i 1996.

Fisket ved Austgrønland: I 1995 og 1996 var det 19 reketrålarar som tilfredsstilte krava til deltaking i dette fisket. Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. I 1995 var alle 19 reketrålarar med i rekefisket, mens 17 fartøy var med i 1996.

I fisket etter blåkveite ved Austgrønland deltok 4 linefartøy og 2 garnfartøy i 1995, medan 2 linefartøy og 5 trålarar deltok i 1996.

I fisket etter kveite er det i prinsippet berre høve til å fiske med line. Dette gjeld både på Vestgrønland og Austgrønland. I 1995 fiska 4 linefartøy og 2 garnbåtar kveite på Austgrønland, og 2 linefartøy fiska kveite på Austgrønland i 1996. Det blei med andre ord gitt dispensasjon slik at også garnfartøy kunne fiske kveite på Austgrønland i 1995.

5.1.5 Noreg - Grønland - Island, om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar6) i dei to loddesesongane 1995/1996 og 1996/1997. Loddesesongen startar 1. juli og varer fram til 31. april det følgjande året.

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art
1995/961996/971995/961996/97
Lodde:151.500201.00027.740206.840

6) Fangsttala er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

5.1.5.1 Kommentarar til oversikten

1995/1996 Noregs endelege kvote var samansett av 126.500 tonn, som Noreg hadde etter avtalen med Grønland og Island, og 25.000 tonn som Noreg blei tildelt frå EU.

I utgangspunktet hadde norske fartøy høve til å fiske 157.000 tonn lodde om sommaren/hausten i farvatna omkring Grønland - Island - Jan Mayen. Denne kvoten var samansett av 132.000 tonn etter avtale med Island og Grønland og 25.000 tonn etter avtale med EU. Seinare blei TAC for 1995/1996 endra i forhold til forventa TAC. Dette resulterte i at Noregs kvote vart redusert til 151.500 tonn som vist i tabell 5.7.

I 1995/1996 sesongen blei det ikkje avvikla noko vinterloddefiske. Eit fartøy prøvde seg utan resultat.

Samla deltok 34 konsesjonspliktige ringnotfartøy i loddefisket sumaren/ hausten 1995.

Noreg sitt fiske i islandsk økonomisk sone (IØS) var i utgangspunktet avgrensa til maksimalt 79.200 tonn, men blei før vinterloddefisket, som følgje av at TAC blei endra i forhold til forventa TAC, endra til 75.900 tonn. Heile fangsten på 27.740 tonn blei fiska i IØS.

1996/1997: Noregs endelege kvote var samansett av 176.000 tonn, som Noreg hadde etter avtala med Grønland og Island, og 25.000 tonn som Noreg vart tildelt frå EU.

I utgangspunktet hadde norske fartøy høve til å fiske 206.500 tonn lodde om sommaren/hausten i farvatna omkring Grønland - Island - Jan Mayen. Denne kvoten var samansett av 181.500 tonn etter avtale med Grønland og Island og 25.000 tonn etter avtale med EU. Seinare blei TAC for 1996/1997 endra i forhold til forventa TAC. Dette resulterte i at Noregs kvote blei redusert til 201.000 tonn.

Til saman blei det fiska 201.010 tonn sommaren/hausten 1996 og totalt deltok 74 konsesjonspliktige ringnotfartøy.

Noregs Sildesalgslag fekk i byrjinga av januar tilsegn om kjøp av Grønland sin resterande kvote i 1996/1997 sesongen på 23.450 tonn lodde. Inntil 14.070 tonn kunne fiskast i islandsk økonomisk sone. Norske fartøy fisket totalt 830 tonn lodde i islandsk økonomisk sone innanfor denne kvoten.

7 ringnotfartøy som deltok i sommar/haust-fisket i 1996 deltok også i vinterloddefisket i 1997.

5.1.6 Noreg - EU (Sverige - Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat.

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei øvrige artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar7) i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art
1995199619951996
Torsk:648750168266
Hyse:420420134113
Sei:--226285
Kviting:2752802421
Rauspette:22422076106
Sild:18.66712.00019.51311.305
Makrell:--2.3081.104
Brisling:3.2303.230478998
Reker:5.2204.8905.1805.143

7) Fangsttala er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

5.1.6.1 Kommentarar til oversikten

Torsk: Fangstane av torsk i tabell 5.8 omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 1995 vart det fiska 860 tonn innanfor grunnlinja, medan tilsvarande tal for 1996 var 749 tonn.

Sei, makrell: For sei og makrell blei kvotane fastsette i kvoteavtala mellom Noreg og EU for Nordsjøen og Skagerrak (ICES område IV og IIIa). I 1995 og 1996 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak. Det var norske kystfartøy som fiska makrell i Skagerrak.

Sild: Sildekvoten blei delt med 2.000 tonn kvar til kystfartøya og trålarane, medan det resterande kvantumet kunne fiskast av ringnotgruppa. Kvotane av sild blei overfiska i 1995.

Brisling/reke: Brisling blei fiska av kystbrislingflåten, medan kystreketrålarane var med i rekefisket.

Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild.

5.1.7 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet (NAFO området).

Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art
1995199619951996
Torsk:1.0181.018--
Lodde:----
Reker:--9.2636.190

5.1.7.1 Kommentarar til oversikten

Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan i 1992. Det året hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn i 3NO. Totalt fiska 27 reketrålarar i 1995, medan 15 var med i fisket i 1996. Dette fisket var nytt frå våren 1993 da norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. I 1993 fiska 22 norske fartøy 7.255 tonn reker i området. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit svært viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland.

5.1.8 Norsk fiske i Irmingerhavet.

Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine fangstar av uer i Irmingerhavet i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art
1995199619951996
Uer:8.0005.4282.964

5.1.8.1 Kommentarar til oversikten

I 1995 deltok tre fartøy i uerfisket, medan åtte fartøy var med i 1996. I frå 1995 blei dei deltakande fartøya pliktige til å rapportere djupna fangstane var fiska på. Fisket etter uer i Irmingerhavet har ikkje vore kvoteregulert før 1996. I 1996 blei det derimot sett ein totalkvote på 153.000 tonn. Av ein TAC på 153.000 tonn fekk Noreg 6.000 tonn. Inkludert overføringar på 2.000 tonn frå andre avtalepartnarar var norsk kvote 8.000 tonn.

5.1.9 Firepartsavtalen - norsk vårgytande sild i 1996

Bestanden av norsk vårgytande sild var tilgjengeleg for fangst i internasjonalt område samt andre land sine økonomiske soner i 1996. Noreg er dermed ikkje lenger eineforvaltar av bestanden og fleire nasjonar er delaktig i prosessen med å fastsetje totalkvote, fordele denne og delta i fisket. Våren 1996 blei det inngått ei avtale mellom Færøyane, Island, Russland og Noreg, heretter kalt firepartsavtalen, om totalkvote og fordeling for 1996. EU fastsette i tillegg ein eigen unilateral kvote på 150.000 tonn. Frå 1997 vil ein få ei fempartsavtale fordi EU då er delaktig i prosessen med å fastsetje totalkvote, fordele denne og delta i fisket saman med dei fire andre partane.

Tabell 5.11 Oversikt over kvotar og fangstar firepartsavtalen i 1996:

NasjonKvoteFangstRest
EU (unilateral kvote)150.000194.912- 44.912
Færøyane66.00049.030+ 16.970
Island190.000164.654+ 25.346
Noreg695.000695.0000
Russland166.000119.070+ 46.930
Totalt (inkl. EU)1.257.0008 )1.222.666+ 34.334

8) Summen av kvotene i firepartsavtalen blir 1.117.000 tonn, og altså 10.000 tonn høyere enn totalkvoten. Årsaken til dette er at Noreg og Russland reserverte 10.000 tonn for «conservation purposes».

Tabell 5.12 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 1996:

(a)9 )FærøyeneIslandJan MayenNoregTotalt
EU-----194.912
Færøyane-29.974--19.05649.030
Island117.09027.8491.83017.885-164.654
Noreg5.500--7.500682.000695.000
Russland76---118.994119.070
Totalt122.66657.8231.83025.385820.0501.222.666

9) Definert som internasjonalt havområde

5.1.9.1 Kommentarar til oversikten:

Den norske kvoten på 695.000 tonn blei fordelt med 403.700 tonn til konsesjonspliktige ringnotfartøy, 228.750 tonn til kystfartøy og 62.550 tonn til trålare. Det norske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk for det meste i norsk økonomisk sone, men det blei også tatt 5.500 tonn i internasjonalt havområde og 7.500 tonn i Jan Mayen sonen. Noreg nytta kvoten sin fullt ut.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone, og det blei fiska berre 76 tonn i internasjonalt havområde. Russland nytta ikkje kvoten sin fullt ut.

Island har fisket i grenseområdet mellom internasjonal, færøysk og islandsk sone. Island nytta ikkje heile kvoten sin.

Det færøyske fisket har foregått i norsk økonomisk sone og færøysk sone. Heller ikkje dei klarte å nytte heile kvoten.

EU har rapportert til NEAFC at fartøy frå dets medlemsland har fisket 194.912 norsk vårgytende sild i løpet av sesongen 1996. EU har dermed overfisket sin unilateralt fastsette kvote med 44.912 tonn.

5.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske jurisdiksjonsområde i 1995 og 1996.

5.2.1 Russland - Noreg

5.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Russland sine kvotar av desse artane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til 3.land, og fangstar10) 3 var følgjande i 1995 og 1996, sjå tabell 5.13.

Tabell 5.13 

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art
1995199619951996
Torsk:314.000318.000296.155305.750
Hyse:57.00077.00054.51673.816
Lodde:----

Tabell 5.14 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art
1995199619951996
NØS N 62o N:
Torsk:150.000150.000115.45684.431
Hyse:25.00025.0006.9568.602
Sei:2.5002.5001.2191.155
Blåkveite:--21210
Steinbit:2.0002.0007211.089
Uer:1.0001.000551415
Snabeluer:6.0006.0006.267908
Kolmule:80.00050.0006.6951.496
Lodde:----
Sild:100.000120.00099.999118.152
Andre artar:13.0003.000906799
FISKERISONEN VED
JAN MAYEN:
Reker:7507504-

5.2.1.2 Kommentarar til oversikten

Russland sin kvote av torsk i NØS blir nytta godt. 77 % blei fiska av kvoten i 1995 og 56,3 % i 1996. Russland fiska 39 % av sin samla torskefangst på 296.155 tonn i NØS i 1995, medan tilsvarande tal i 1996 var 28 %.

Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 28 % i 1995 og på 34 % i 1996. Russland fiska 13 % av sin samla hysefangst på 54.516 tonn i NØS i 1995, medan tilsvarande tal for 1996 var 12 %. Altså fiska Russland relativt mindre hyse enn torsk i NØS.

Sei, steinbit og uer: Kvotane for sei, steinbit og uer er bifangstkvotar.

Kolmule: Kolmulekvoten kan også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

Sild: Russland utnytta kvotane for norsk vårgytande sild i norsk sone fullt ut.

Kvoten av andre artar for 1995 var samansett av 5.000 tonn akkar, 5.000 tonn vassild (bifangst i kolmulefisket) og 3.000 tonn andre fiskeslag som bifangst. I 1996 er denne kvoten ikkje spesifisert.

5.2.2 EU - Noreg

5.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar for konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.16. EU sine kvotar og fangstar 4 av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til 3. land var følgjande i 1995 og 1996, sjå tabell 5.15.

Tabell 5.15 

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art
1995199619951996
Torsk:108.600116.900103.09797.751
Hyse:93.40093.40072.44773.639
Sei:51.36053.28043.25448.159
Kviting:72.90060.30040.71235.312
Raudspette:106.95078.33094.25778.614
Makrell:25.44016.95028.724247.33112)
Sild:312.440222.230299.538105.010

12) Fangsttala på makrell i tabellen er høge. Talet fra EU-kommisjonen kan tyde på at fangsttalet fra Vest av 4oV er inkludert. Totalkvoten til EU for 1996 var fastsett til 261.100 tonn. Dersom talet i tabellen er det totale fangsttalet betyr det at EU ikkje har fiska heile kvoten sin.

Kvotane av sei og makrell omfatta Nordsjøen og Skagerrak. EU nytta ikkje kvotane sine fullt ut på fellesbestandane i 1995 og 1996. EU sine fangstar av makrell blir kommentert i punkt 5.2.2.2.

Tabell 5.16 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art
1995199619951996
NØS, N 62o N:
Torsk:28.80030.05028.72729.969
Hyse:3.5003.5003.3053.510
Sei:7.9007.0001.7112.948
Blåkveite:100100187204
Uer:1.7501.7501.098960
Snabeluer:1.7501.7501.026602
Makrell:15.15010.100--
Andre artar:450450255350
NØS, NORDSJØEN:
Torsk*:50.00050.00028.25822.838
Hyse*:53.00053.00024.50323.626
Sei*:45.00045.00023.17020.317
Kviting*:25.00025.0003.1451.907
Raudspette*:40.00040.0006.5843.514
Makrell*:25.44016.95032.70920.541
Sild*:50.00050.00048.74121.685
Augepål:50.00050.00057.74436.811
Kolmule:--3.40428.400
Tobis:150.000150.00099.49158.241
Reke:1.0801.080221470
Andre artar:10.00010.0007.8078.282
FISKERISONEN VED
JAN MAYEN:
Kolmule:1.0001.000--

Som nemnt i punkt 5.1.2.2 om norske kvotar på fellesbestandane merka (*) i EU-sona gjev tabellen ovafor på tilsvarande måte kor mykje EU og Noreg er samde om at EU-fartøy kan fiske i NØS, jfr vedlegg 2 tabell 1.

5.2.2.2 Kommentarar til oversikten

Torsk: EU sin torskekvote nord for 62oN inneheld 8.500 tonn torsk i 1995 og 9.750 tonn i 1996 som ein følgje av brevvekslinga mellom Noreg og EU av 2. mai 1992. EU fekk også ein kvote på 1.500 tonn uer i både 1995 og 1996.

Makrell nord for 62o N: EU sin kvote nord for 62o N kunne også fiskast sør for 62o N i ICES område IVa i 1995 og 1996. Dette forklarer avvika mellom kvotetal og fangsttal for Nordsjøen.

EU sin kvote av blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62oN er bifangstkvotar.

Utanom torsk har ikkje EU utnytta kvotane sine i NØS nord for 62oN i 1995 fullt ut. I 1996 har EU utnytta torske, hyse og blåkveitekvotane fullt ut.

EU sine fangstar i NØS sør for 62oN som andel av EU sine samla fangstar utgjer i 1995 og 1996 følgjande prosentar, for torsk 27 % og 23 %, for hyse 34 % og 32 %, for sei 54 % og 42 %, for kviting 8 % og 5 % og for raudspette 7 % og 4 %.

EU sin samla makrellkvote i NØS i Nordsjøen var 40.590 tonn i 1995 og 27.050 tonn i 1996. Med ei slik tilnærming som ovanfor vert EU si utnytting av makrellkvotane 81 % i 1995 og 76 % i 1996.

EU sine fangstar av sild i NØS av samla fangstar utgjer 16 % i 1995 og 21 % i 1996.

Augepål, kolmule og tobis: Augepålkvoten gjeld augepål og kolmule. Ved fiske etter augepål/kolmule og/eller tobis kan den einskilde kvoten overskridast med inntil 40.000 tonn under føresetnad av at samla fangst av augepål/kolmule og tobis ikkje overstig 200.000 tonn. EU si utnytting av industrikvoten på 200.000 tonn var respektive 80 % i 1995 og 62 % i 1996.

EU hadde ei utnytting på 78 % av kvoten andre artar i 1995 og på 83 % i 1996.

5.2.3 Færøyane - Noreg

Tabell 5.17 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art
1995199619951996
NØS, N 62o N:
Torsk:5.6003.0005.6043.008
Hyse:590550654522
Sei:--172248
Blåkveite:--3516
Uer:5403503427
Kolmule:5.0006.000--
Lodde:----
Makrell:6.1443.980--
Andre artar:--26813.894
NØS, NORDSJØEN:
Sei:2.0002.1502.018503
Sild:1.1001.0001.5521.330
Augepål:20.00020.00012.5109.253
Makrell:--6.252350
Hestmakrell:5.0005.0001.195
Håbrann/pigghå:300300--
Andre artar:--1.602518
FISKERISONEN VED
JAN MAYEN:
Kolmule:5.0005.000--

5.2.3.1 Kommentarar til oversikten

Færøyane sine kvotar av torsk, hyse og uer nord for 62oN var samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av desse fiskast i NØS. I 1995 utgjorde kvotane frå Noreg 3.200 tonn torsk, 350 tonn hyse og 300 tonn uer, medan kvotane frå Noreg representerte 2.900 tonn torsk, 500 tonn hyse og 300 tonn uer i 1996. Differansen mellom kvotane i tabell 5.17 og kvotane frå Noreg representerer altså det kvantum Færøyane kunne fiske av russisk tildelte kvotar i NØS.

Uerkvoten nord for 62oN var ein samlekvote for uer, sei og blåkveite og andre artar enn dei som er nemnt. Det kunne ikkje fiskast meir enn 150 tonn kvar av artane uer og sei. Blåkveite og uer kunne berre fiskast som bifangst.

Makrell: Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vore fiska i Nordsjøen.

Sei, sild og augepål: Færøyane sin seikvote sør for 62oN inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Augepålkvoten på 20.000 tonn omfattar også tobis, kolmule og maksimalt inntil 2.000 tonn brisling. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule og tobis samla under augepål. Færøyane fiska ikkje brisling i NØS i 1995 og 1996. Augepålkvoten dekkjer også bifangst av andre artar bortsett frå sei og sild.

Kvotane på 5.000 tonn hestmakrell og 300 tonn håbrann/pigghå kan også fiskast nord for 62oN.

Færøyane fiska kvotane sine av torsk, hyse, sild og makrell i NØS både i 1995 og 1996. Kvotane av sei nord for 62o N og i Nordsjøen blei fiska i 1995. Færøyane har redusert fisket etter augepål, tobis, kolmule og makrell frå 1995 til 1996.

5.2.4 Grønland - Noreg

Tabell 5.18 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art
1995199619951996
NØS, N 62o N:
Torsk:3.7503.0503.7573.050
Hyse:150850321850
Andre artar:38038066297
NØS, NORDSJØEN:
Torsk:200200-1
Sei:800800-1
Andre artar:---87

5.2.4.1 Kommentarar til oversikten

Torsk/hyse nord for 62o N: I NØS nord for 62o N hadde Grønland i 1995 løyve til å ha inntil 10 % bifangst av andre arter i fisket etter torsk, unntatt blåkveite der bifangsten var 5 %. Grønland sin torskekvote i 1995 blei fastsett til 3.900 tonn. Dette blei på bakgrunn av ein førespurnad frå Grønland sine styresmakter endra frå 1.april 1995. Frå det tidspunkt fekk Grønland ein torskekvote på 3.750 tonn og ein eigen hysekvote på 150 tonn. I praksis innebar det at fartøy frå Grønland frå og med 1. april 1995 kunne ta meir enn 10 % hyse i kvar fangst. Etableringa av ein eigen hysekvote innebar at både direkte fangstar og bifangstar av hyse skulle avreknast hysekvoten. Bifangstar som var tekne av fartøy frå Grønland før 1. april 1995 skulle ikkje avreknast hysekvoten på 150 tonn. Pr. 1. april 1995 hadde Grønland teke 183 tonn hyse som bifangst i torskefisket.

I 1996 blei Grønland sin torskekvote fastsett til 3.050 tonn, og hysekvoten til 850 tonn.

Torsk, hyse, sei og annan botnfisk i Nordsjøen: I NØS sør for 62o N hadde Grønland i 1995 ein kvote på 1.000 tonn torsk, hyse og sei samla. Av dette kunne torsk utgjere maksimalt 200 tonn. I 1995 fekk Grønland høve til også å fiske annen botnfisk enn dei nemnte artene. Dette skulle kunne medverke til at også linefartøy frå Grønland skulle kunne ta del i fisket i Nordsjøen.

Grønland har utnytta kvotane sine av torsk nord for 62oN fullt ut, medan fartøy frå Grønland ikkje har fiska i Noreg sin økonomiske sone av Nordsjøen i 1995, og berre i liten grad i 1996.

5.2.5 EU (Sverige - Danmark) - Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

For torsk, raudspette og reker er referanseområdet Skagerrak. For dei øvrige artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

1995:

Tabell 5.19 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar13) i 1995

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art19961996
Torsk:19.35218.535
Hyse:9.5802.154
Kviting:14.925244
Rauspette:10 9768.980
Sild:121.33391.427
Brisling:39.77051.249
Reker:5.9804.729

13) Fangsttala er oppgitt av EU-kommisjonen. Det mangler tal for Sverige for november og desember 1995.

5.2.5.1 Kommentarar til oversikten

Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar. Til dømes har Nederland ein viktig raudspettekvote i Skagerrak.

EU utnyttar dei fleste regulerte artane i Skagerrak/Kattegat godt. EU sin brislingkvote blei betydeleg overfiska i 1995.

På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei som det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse er tunge, lysing og sjøkreps.

1996:

Tabell 5.20 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art19961996
Torsk:22.25016.958
Hyse:9.5803.908
Kviting:14.920216
Rauspette:10.9807.470
Sild:104.00084.534
Brisling:39.77027.309
Reker:5.6105.646

5.2.5.2 Kommentarar til oversikten

I 1996 har EU utnytta rekekvoten sin fullt ut i Skagerrak/Kattegat. Dei fleste artane er utnytta godt. Til dømes vart 81% av silde-, 76% av torske-, 69% av brisling- og 68% av raudspettekvoten utnytta.

5.2.6 Sverige - Noreg

Tabell 5.21 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art
1995199619951996
NØS, NORDSJØEN:
Torsk:460460616531
Hyse:1.040850670654
Sei:1.0601.0601.185947
Kviting :-1901601
Augepål:800800218-
Makrell:3002403.6131.833
Sild:1.0508403.3302.222
Reke:16515015382
Andre artar:--205205

5.2.6.1 Kommentarar til oversikten

Torsk, hyse, sei og kviting/lyr: Innanfor botnfiskkvoten, som i både 1995 og 1996 var på 2.560 tonn og omfatta artane torsk, hyse, sei og kviting/lyr, var det i 1995 fastsett eit øvre kvotetak for torsk og sei, medan ein i prinsippet kunne fiske uavgrensa av hyse og kviting/lyr innanfor den samla kvoten for konsumartene på 2.560 tonn. I 1996 var det fastsett kvotar for kvar av artane for torsk, sei, hyse og kviting/lyr.

I oversikten er fangstane av kviting og lyr samla under kviting. Fangstane av lyr utgjorde 160 tonn i 1995 og 1 tonn i 1996. Altså fiska svenskane svært lite kviting dei to siste åra.

Augepålkvoten til Sverige omfattar også annan industrifisk (kolmule, tobis, brisling og hestmakrell), av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under augepål. Med unntak for hestmakrell fiskar svenske fartøy svært lite industrifisk i NØS. Svenske fartøy fiska 214 tonn hestmakrell i NØS i 1995 og 95 tonn i 1996.

I fiske på dei kvoteregulerte artane tek svenske fartøy også andre artar som bifangst. I dei to føregåande åra har desse fangstane i gjennomsnitt utgjort vel 220 tonn.

I samband med at Sverige blei medlem i EU frå 1. januar 1995 fekk svenske fartøy høve til å fiske på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige, om svensk tilslutning til EU.

Dette resulterte i følgjande kvotar til Sverige i 1995: 150 tonn torsk, 450 tonn hyse, 610 tonn sei, 10 tonn kviting, 4.480 tonn sild og 5.230 tonn makrell. Desse kvotane kunne fiskast i EU-farvatn av Nordsjøen og i NØS innanfor dei kvotane som begrensa EU sitt fiske i NØS (sjå tabell 5.16). Sverige sin andel av EU-kvotane forklarer kvifor Sverige tilsynelatande har overfiska kvotane som er presenterte i tabell 5.21.

I hovudsak fiskar Sverige kvotane sine av torsk, sei, makrell, sild og reke.

5.2.7 Polen - Noreg

Tabell 5.22 Oversikt over Polen sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde i 1995 og 1996

Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Område/art
1995199619951996
NØS, N 62o N:
Kolmule:3.0003.000--
Andre artar:100100--
NØS, NORDSJØEN:
Torsk:--317
Sei:850790592369
Andre artar:85604934
FISKERISONEN VED
JAN MAYEN:
Kolmule:5.0005.000--

5.2.7.1 Kommentarar til oversikten

Kvoten av andre artar nord for 62oN gjeld bifangst i fiske etter kolmule.

I 1995 blei Polen sitt kvotearrangement i Nordsjøen endra. Botnfiskkvoten blei da omgjort til ein seikvote, der det var tillatt med inntil 10 % bifangst av andre arter i fisket etter sei.

Polske fartøy er primært interesserte i sei. Polakkane fiska litt mindre i NØS i 1996 enn i 1995.

Fotnoter

1.

Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

2.

Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

3.

Tala frå 1995 og 1996 er førebels tal rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

4.

Fangsttala er frå EU-kommisjonen. Det manglar tal for Sverige for november og desember i 1995.

Til forsiden