St.meld. nr. 13 (2004-2005)

Om incestsentra – tilbod, finansiering og forvaltning

Til innhaldsliste

4 Utviklingstiltak

4.1 Oppgåver som kan takast hand om av sentrale instansar

4.1.1 Finansiering av Stiftelsen fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO)

Stiftelsen fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO), som blei etablert i 1999, fungerer i dag som eit samlande organ for incestsentra. 16 av totalt 18 senter er medlemmer. Organisasjonen arbeider for kompetanseheving, distribusjon av informasjon og kunnskapsutveksling mellom sentra. Ved oppstart av nye senter kan FMSO gi fagleg og organisatorisk rettleiing. FMSO er også talerør mot det offentlege rommet, mellom anna i høve til politiske og administrative sentrale organ.

Det synest å vere behov for ein fellesorganisasjon som FMSO for sentra. FMSO hjelper til med kvalitetssikring av arbeidet ved sentra og kan også avlaste og verke effektiviserande for sentra når det gjeld ein del oppgåver. Ein viser også til Vista-rapporten frå 2001, som foreslår at nokre av behova blir dekte av ein eller fleire sentrale instansar, sidan det vil vere mest rasjonelt, og sidan det vil medverke til at dei ulike sentra får støtte frå sentralt hald. I den same rapporten blir det mellom anna føresett at sentrale instansar dekkjer behovet for rettleiing og støtte til lokale senter, til dømes når det gjeld å utvikle rutinar for samarbeid med andre hjelpeinstansar, og når det gjeld å ha oversikt over tilboda ved dei ulike sentra, informasjon til omverda og informasjonsflyt mellom sentra på overordna nivå. Vidare kan ei oppgåve vere å initiere meir omfattande tilbod ut frå dei behova som finst.

FMSO blir i dag i hovudsak finansiert gjennom støtte direkte frå departementa i form av enkelttilskot, i tillegg til eit mindre tilskot frå dei av incestsentra som er medlemmer. Direkte tilskot frå aktuelle departement og direktorat synast også i næraste framtid å vere den beste måten å gi FMSO tryggleik for vidare drift på. Dette er nødvendig for at FMSO kan ta seg av viktige faglege funksjonar ovafor incestsentra utan at for mykje tid og merksemd går med til å sikre drifta. Det ligg òg eit utviklingspotensial i oppgåvene til ein slik fellesorganisasjon. Ei tildeling av tilskot til drifta frå aktuelle departement og direktorat gjer det mogleg med ei viss form for påverknad av kva organisasjonen bør drive med, til dømes kompetanseutvikling når det gjeld hjelp til sjølvhjelp.

Som i dag vil FMSO i tillegg kunne søkje dei aktuelle departementa/direktorata om støtte til særskilde utviklingsprosjekt.

4.1.2 Hjelpetelefon for incestoffer

Det eksisterer mange ulike typar krise- og hjelpetelefonar her i landet. Prinsipielle spørsmål i denne samanhengen er i kva grad slike telefontenester bør differensierast etter alder og problemtype (til dømes incest, valdtekt, vald i heimen, rusproblem, psykiske vanskar osb.) og i så fall korleis samarbeidet mellom dei ulike telefon­tenestene bør systematiserast.

FMSO peiker i si fråsegn på at det er behov for ein døgnopen telefon for incestutsette. Ein slik telefon kan vere knytt til eit senter eller vere ei rullerande vaktordning, etter modell av Kirkens SOS. Vestfold incestsenter har i si fråsegn til Barne- og familiedepartementet gitt uttrykk for at senteret ønskjer at ein landsdekkjande telefon med grøn linje blir lagd til Vestfold incestsenter, som i praksis har fungert som landsdekkjande døgnopen telefon for incestutsette i 16 år.

Ei aktuell løysing og/eller samarbeidspartnar kan også vere hjelpetelefonen til Mental Helse, som er døgnopen og står til rådvelde for alle som slit med psykiske problem.

Ei formalisering av eksisterande telefon(ar) som landsdekkjande, krev likevel ei nærmare vurdering av tilbodet, kompetansen til dei som arbeider ved desse telefontenestene, og korleis eventuelle tilvisingar til andre instansar kan skje.

Nærmare vurderingar av behov og løysingar blir gjorde under gjennomføringa av desse tiltaka som skal gjennomførast i tidsperioden 2004 til 2006:

  • Tiltak 67 i regjeringa sin strategiplan for den psykiske helsa til barn og unge (publikasjon I–1088): Tiltaket tek utgangspunkt i at det finst mange hjelpetelefonar i regi av frivillige organisasjonar. Det er behov for å vurdere korleis desse telefontenestene dekkjer barn og unge sine behov, og om det bør etablerast eit felles nummer som er lett å hugse. Arbeidet startar opp i 2004. Ansvarlege er Sosial- og helsedirektoratet i samarbeid med Barne- og familiedepartementet.

  • Tiltak 11 i regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar (publikasjon G–03565): Eksisterande nasjonale rådgivingstenester på telefon og Internett skal styrkjast for å dekkje barn og unge sine behov for råd og hjelp når dei blir utsette for vald. Arbeidet skal gjennomføres 2005 til 2006. Ansvarlege er Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Justisdepartementet og Sosial- og helsedirektoratet.

  • Tiltak 12 i regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar: Det vil bli vurdert å opprette eit landsdekkjande «grønt nummer» for å gi kvinner og barn som er utsette for vald og mannlege valdsutøvarar, ein felles stad å kontakte for å få informasjon om kva for hjelpeinstans som er tilpassa deira behov. Arbeidet skal gjennomføres i 2005. Ansvarlege er Justisdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet.

Dei aktuelle departementa meiner at ein døgn­open telefon for incestutsette spesielt, anten knytt til andre telefontenester eller som eiga spesialisert eining, synest å vere den beste løysinga. Det er viktig med god og rett kompetanse for å kunne gi adekvat hjelp til incestutsette. Dei aktuelle departementa og direktorata vil greie ut denne saka nærmare.

4.2 Styrking av erfarings- og kompetanseutveksling mellom incestsentra og primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta

Incestsentra er eit lågterskeltilbod som vender seg til ei bestemt målgruppe, og som når ut til mange av dei. Det høyrer inn under kjerneoppgåvene til sentra å hjelpe brukarane med å kome i kontakt med aktuelle hjelpeinstansar. Incestsentra samarbeider med det eksisterande hjelpeapparatet, både i einskildsaker og generelt. Det går fram av fråsegna frå FMSO at dei fleste sentra uttaler at dei samarbeider godt med barnevernet, psykiatritenesta og helse- og sosialetatane i kommunane. Det blir opplyst at sentra er med som ein samarbeidsinstans i forvern, behandling og ettervern. Fleire av sentra er med i kontinuerlege tverrfaglege samarbeidsgrupper. Incestsentra har vidare lang tradisjon med å gi samtaletilbod og initiere sjølvhjelpsgrupper, basert på «hjelp til sjølvhjelp»-prinsippet. Sentra driv som nemnt ikkje behandling, men medverkar i endringsprosessar (med terapeutisk effekt), gir omsorg og tilbyr eit nettverk for brukarane.

Det potensialet for betre hjelp til brukarane som ligg i eit slikt samarbeid mellom incestsentra og helsetenesta, må utnyttast betre. Vidare er det eit særleg behov for gjensidig kompetanse- og erfaringsutveksling.

«Opptrappingsplanen for psykisk helse (1999–2006)» (St.prp. nr. 63, 1997–98), som har fått tverrpolitisk oppslutning i Stortinget, legg stor vekt på førebygging av psykiske lidingar, brukarperspektivet, meistring og eigne ressursar, desentralisering der brukaren bur og heilskap, samanheng og samarbeid. Incestsentra kan såleis vere ein av fleire viktige samarbeidspartnarar for helseføretaka når det gjeld å oppfylle måla i denne planen.

Det skal etablerast regionale ressursmiljø på valds- og traumefeltet for å tilby betre og meir heilskaplege tenester (sjå handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, tiltak 2). Tiltaket vil også kome incestutsette til gode. Miljøa skal hjelpe tenesteapparatet med informasjon, rettleiing og kompetanseutvikling. Dei skal ha nær tilknyting til praksisfeltet og etablere samarbeid med og nettverk mellom alle relevante samarbeidspartar i regionen, herunder incestsentra.

På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har Sosial- og helsedirektoratet utarbeidd «Nasjonal plan for satsing på selvhjelp» (2003–2008). I «Folkehelsemeldinga» (St.meld. nr. 16, 2002–2003) er dette sett opp som målsetjing for ei nasjonal satsing på sjølvhjelpsarbeid:

«Det overordnede målet med den nasjonale planen er å styrke selvhjelpsarbeidet. Satsingen skal bidra til at tidligere erfaringer fra selvhjelpsrelatert arbeid og prosjekter tas i bruk og utvikles videre, og at selvhjelpsarbeidet i eksisterende nettverk styrkes. Planen skal på overordnet nivå bidra til å bygge opp og legge til rette for strukturer som sikrer at selvhjelpsarbeidet styrkes og videreføres etter 2006. Målet er å gjøre selvhjelp som metode tilgjengelig for flere, fremme systematisk kunnskap og metodeutvikling om selvhjelp og bidra til at selvhjelp som verktøy kan brukes innen psykisk helsearbeid, både for brukere og hjelpere.»

Departementa ser det som viktig at incestsentra blir trekte med i det vidare arbeidet som fylgjer av «Nasjonal plan for satsing på selvhjelp», der det mellom anna skal skje eit utviklingsarbeid både i høve til innhaldet i sjølvhjelpsopplegg og måtar å organisere dette arbeidet på. Inn under planen vil det etter kvart bli etablert ei tilskotsordning for å stimulere sjølvhjelpsarbeid.

4.3 Tilbodet til gutar og menn

I Oslo er det eit incestsenter for kvinner og eit incestsenter for menn. Dei andre incestsentra i landet er i utgangspunktet opne for begge kjønn. Samtidig tyder årsrapportar og annan informasjon frå sentra på at det i hovudsak er vaksne kvinner og jenter som er brukarar av sentra.

Eit av kapitla i publikasjonen «Seksuelle overgrep mot barn – utvalgte emner» (Nasjonalt ressurssenter for seksuelt misbrukte barn, 2002) oppsummerer kunnskapen om seksuelle overgrep mot gutar. Forfattarane strekar under at ein må vere varsam med å trekkje bastante konklusjonar. Nokre funn er likevel rimeleg klare: Mange gutar blir utsette for seksuelle overgrep, sjølv om det ser ut til at 1,5 til 3 gonger så mange jenter blir utsette. Generelt sett er det skilnader mellom gutar og jenter både med omsyn til sjølve overgrepssituasjonane, og korleis dei reagerer i ettertid på overgrepa, samtidig som det er store individuelle skilnader både blant gutar og blant jenter. Det kan også sjå ut som gutar sjeldnare enn jenter blir fanga opp av hjelpeapparatet.

I debatten om seksuelle overgrep mot gutar er det blitt trekt fram forsking som tyder på at tidlegare utsette gutar er statistisk overrepresenterte blant menn som blir overgriparar. Det må her poengterast at dette ser ut til berre å gjelde eit lite mindretal av dei utsette gutane. Barne- og familiedepartementet vil streke under at hovudfokuset i synet på gutar som blir utsette for seksuelle overgrep, må vere at dei er blitt grovt krenkte og derfor treng hjelp. Behandling av dei kan også vere førebygging av overgriparåtferd.

FMSO har framheva at dei behova mannlege incestoffer har, må dekkjast betre enn no. Barne- og familiedepartementet er samd i ei slik vurder­ing og vil sjå til at også denne problemstillinga blir drøfta i arbeidet med å vurdere kor tilgjengelege sentra er for brukarane, sjå punkt 3.5.

4.4 Tilbodet til barn og ungdom

Som oppfølging av mellom anna St.meld. nr. 29 (2002–2003) «Om familien – forpliktende samliv og foreldreskap», vil Barne- og familiedepartementet rundt årsskiftet leggje fram ein samla plan mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn. Planen blir laga i samarbeid med andre aktuelle departement og ytre etatar og vil gjelde perioden 2005–2009. Planen har fire hovudmålsetjingar:

  • å hindre overgrep

  • å avdekkje overgrep

  • å gi dei utsette god nok hjelp og behandling

  • å heve kompetansen i hjelpeapparatet om arbeid med seksuelle og fysiske overgrep mot barn og unge under 18 år.

Sett på bakgrunn av at fleire incestsenter alt gir eit tilbod til barn og unge, og at det ser ut som om talet på unge brukarar er aukande, er det aktuelt å vurdere å auke omfanget av og kvaliteten på tilbodet til barn og unge i form av rådgiving over telefon og Internett og i form av samtalegrupper.

Regjeringa vurderer det slik at det truleg er rådgiving til barn og unge over telefon som er det tilbodet som først og fremst bør styrkjast. Råd­givinga vil gjelde både dei som opplyser om kven dei er, og barn og unge som ved første førespurnad ønskjer å vere anonyme. Gjennom å få råd over telefon kan barn også få informasjon om andre hjelpeinstansar dei kan gå til, til dømes barnevern, politi eller helsetenesta. På denne måten medverkar sentra til at terskelen for at barn skal få vern og hjelp, blir senka. Etter det regjeringa kan sjå, er det truleg særleg som ein slik rådgivingsinstans at sentra kan dekkje behov blant barn og unge.

Skal sentra fungere godt som rådgivarar i denne samanhengen, er det grunn til å rekne med at personalet ved ein del av sentra bør skolerast meir om arbeid med barn og unge. Det at pårørande til incestutsette barn er ei av primærmålgruppene til incestsentra, gjer at fleire av sentra alt i dag har kjennskap til og eit visst samarbeid med hjelpeapparatet for barn.

Ein omtale av døgnopen telefon er gitt i punkt 4.1.2 ovanfor.

Av incestsentra har særleg senteret i Vestfold og senteret i Oslo utarbeidd informasjon på nettstadene sine. Senteret i Vestfold har her laga informasjon som er spesielt retta mot barn. Det er viktig at kunnskapen om dette tilbodet finst og når ut til aktuelle grupper. Offentlege organ må derfor leggje ut lenker til denne informasjonen på sine internettstader.

Nokre av sentra har eller har hatt eigne, vaksenstyrte samtalegrupper for ungdom. Senteret i Vestfold har tidlegare hatt liknande grupper for mindre barn (under 12 år). Det er grunn til å rekne med at incestutsett ungdom i heile landet kan ha behov for slike grupper. Incestsentra eller det lokale hjelpeapparatet kan stå for tilbodet. I denne samanhengen er det ønskjeleg med eit systematisk samarbeid med hjelpeapparatet, både med omsyn til generell planlegging og dimensjonering og i høve til den einskilde ungdommen. Incestsentra må finne lokale samarbeidspartnarar. Det kan vere det kommunale hjelpeapparatet, familievernkontora, BUP og fagteama i barnevernet.

Ein nærmare omtale av kompetanse- og samarbeidsfremjande tiltak er gitt i punkt 3.6.