Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 17 (2006-2007)

Eit informasjonssamfunn for alle

Til innhaldsliste

1 Ord og uttrykk

3G Tredjegenerasjons mobilnettverk, som opnar for raskare dataoverføringar.
ABM Arkiv, bibliotek, museum.
Autentisering Mekanisme for verifisering av påstått identitet – at ein er den ein utgir seg for å vere.
ADSL Asymmetric Digital Subscriber Line er ein transmisjonsmetode for breibandsoverføring på eksisterande telefonlinjer (koparkabel) til abonnentane. Ei asymmetrisk datalinje har ulike overføringshastigheiter for sending og mottak.
Back-up Tryggingskopi.
BIA Brukarstyrt innovasjonsarena. Næringsretta verkemiddel under Noregs Forskingsråd.
Biometri I samband med autentisering: måling av fysiske eigenskapar ved ein person (typisk karakteristika ved fingeravtrykk, ansiktsform, farge på øyets regnbuehinne).
BIT-programmet Program under Innovasjon Noreg som har som mål å auke konkurransekrafta i små og mellomstore bedrifter gjennom meir effektiv bruk av elektronisk forretningsdrift.
Bit/s Mengda av digitalisert informasjon som blir overført pr. tidseining i eit digitalt system. Normalt oppgitt i kbit/s og Mbit/s (kilobit/s og megabit/s.
BLD Barne- og likestillingsdepartementet.
BNP Bruttonasjonalprodukt.
Botnett Ei samling av datamaskinar som kan fjernstyrast frå ei sentral kjelde. Den infiserte datamaskinen blir fjernstyrt ved hjelp av eit bot-program og blir kalla ein (ro)bot eller zombie. Botnett kan f.eks. nyttast i samband med pengeutpressing der datamaskinen blir kommandert til å setje i gang distribuerte tenestenektangrep (DDoS) mot nettstaden til ei verksemd. (Sjå òg tenestenekt).
Brannmur Ei samling komponentar som er plassert mellom to datanettverk, og som til saman har desse eigenskapane: a) all trafikk frå innsida til utsida, og motsett, må passere gjennom brannmuren, b) berre autorisert trafikk, som er definert i lokalt oppsett, vil kunne passere gjennom brannmuren, og c) brannmuren er sjølv immun mot inntrenging.
Breiband Kommunikasjonslinje som gjer det mogleg å overføre større datamengder pr tidseining.
Brukargrensesnitt Det grensesnittet som gjer at ein brukar kan kommunisere med dataprogram.
Brukarterminal Utstyr som er kopla til eit datanett, f.eks. PC.
Bandbreidd Overføringskapasitet på ei datalinje. Di større bandbreidd di raskare overføring.
C++ Moderne, objektorientert programmeringsspråk.
CERT Computer Emergency Response Team. Ekspert-team som handterer tryggingshendingar. CERT er eit registrert varemerke for Carnegie Mellon University. Mange bruker derfor forkortinga C(S)IRT; Computer (Security) Incident Response Team.
CIP Competitiveness and Innovation Programme. Rammeprogram i EU for konkurranseevne og innovasjon som skal innehalde IKT-tiltak som skal stimulere til nye ehandelsmarknader, elektronisk innhald i europeiske medium og auka bruk av digital teknologi.Skal fremje inkludering og bruk av IKT i helse- og offentleg sektor.
Computer Forensic Å sikre, analysere, dokumentere og presentere spor frå elektroniske lagringsmedium.
DIADEM Delivering Inclusive Access for Disabled or Elderly Members of the community. Eit prosjekt under EU’s 6. rammeprogram, etter initiativ frå Norsk Regnesentral og Karde AS, som skal utvikle retningslinjer og teknologi som skal gjere elektroniske tenester meir tilgjengelege for eldre og personar med kognitive funksjonshemmingar.
Digitalisering Omgjering til digital form av informasjon lagra på analoge medium, som papir og lyd-/filmband.
Digital signatur Eit dataelement som følgjer ei elektronisk melding eller eit dokument, som bind dokumentet til ein identitet.Det tillet mottakaren å verifisere kvar dokumentet kjem frå, og om dokumentet er manipulert. Dataelementet blir generert ved først å kjøre ein hash-funksjon med utgangspunkt i dokumentet som skal signerast, og deretter kryptere med den private nøkkelen til den som skal signere. (Sjå òg PKI.)
Digitalt bakkenett Eit kringkastingsnett for digitalt fjernsyn. Sendestasjonane står på bakken (derav ‘bakkenett’), og overføringa av dei digitale fjernsynssignala skjer via radiobølgjer.
Digitalt sertifikat Ein elektronisk legitimasjon for eigaren av ein privat og ein tilhøyrande offentleg nøkkel som viser at den offentlege nøkkelen tilhøyrer vedkommande.
Distribuert tenestenekt Eit tenestenektangrep som blir utført frå fleire maskinar mot same mål samtidig (sjå òg Botnett og Tenestenekt).
Domenenamnsystem (DNS) Teneste i Internett som omset URLar (t.d. odin.dep.no ) til IP-adresser (t.d.. 195.225.0.230).
eGovernment Electronic Government. Temaområde under EU’s 6. rammeprogram.
eID Elektronisk identifikasjon av ein person, ei verksemd, eit datasystem el.l.
Ekom-loven Lov om elektronisk kommunikasjon.
Elektroniske spor Kronologisk lagra sekvens av logga transaksjonar, som kan nyttast som bevis for gjennomført forretningsprosess eller bruk av ein systemfunksjon.
EMD Den europeiske menneskerettsdomstolen.
EMK Den europeiske menneskerettskonvensjonen.
EPTA European Parliamentary Technology Assessment. Eit laust samansett nettverk av europeiske organisasjonar som utfører teknologivurderingar for nasjonale myndigheiter.
ESA European Space Agency. Den europeiske romfartsorganisasjonen.
Etablerarstipend Eit stipend som kan ytast til personar som skal utvikle og etablere ei eiga bedrift. Etablerarstipendordninga gjeld for heile landet og for alle næringar, unnateke offentleg verksemd og landbruk.
ETP European Technology Platforms – europeiske teknologiplattformer. EU-instrument for å auke næringslivets investeringar i forsking og utvikling.
EU15 EUs femten medlemsland – før siste gjennomførte utviding.
EU25 EUs tjuefem medlemsland – etter siste gjennomførte utviding.
EUREKA Eit europeisk nettverk for innovasjon som skal styrkje europeisk konkurranseevne ved å stimulere marknadsorientert forsking og utvikling.
Europol The European Police Office.
FAST FAST Search and Transfer. Norsk bedrift bygd på norskutvikla søkjemotorteknologi.
Feide Står for Felles Elektronislk IDEntitet. Jf. fotnote 128.
FAD Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
FoU Forsking og utvikling.
FP6, FP7 EU’s store rammeprogram for forsking, høvesvis 6. rammeprogram (6RP) og 7. rammeprogram (7RP).
GMES Global Monitoring of Environment and Security – Global overvaking av miljø og tryggleik. Eit samarbeidsprogram mellom EU og den europeiske romfartsorganisasjonen ESA.
GPRS General Packet Radio Services. Ei utviding av GSM-standarden som gir støtte for pakkesvitsja datatransport. GPRS, ofte omtalt som 2,5G, altså ein generasjon mellom andre generasjon (GSM) og tredje generasjon (f.eks. UMTS) mobiltelefoni.
GRID-infrastruktur Nettverksinfrastruktur for storskala databehandling der mange datamaskinar, ofte over heile verda, arbeider saman om å handtere store datamengder.
Geodata Geografisk basisinformasjon, dvs kart og elektronisk baserte tenester som dekkjer behovet for fastlegging av posisjonar.
GSM Global System for Mobile Communications. Felleseuropeisk digitalt mobiltelefonsystem. Blir omtalt som 2G, eit mobilkommunikasjonssystem av andre generasjon. I Noreg bruker vi to ulike frekvensband – 900 MHz og 1800 MHz. Såkalla «dual band»-telefonar dekkjer begge desse.
Hacking Slangprega nemning på å gjere (ofte uautoriserte) endringar i datamaskinprogram. Ofte brukt i negativ tyding, og då om endringar som blir gjorde av uautoriserte personar med uheiderlige føremål.
Hash-algoritme Matematisk funksjon som lagrar eit «digialt fingeravtrykk» av ei mengd digitaliserte data. Ein god hash-algoritme vil alltid lage ulike fingeravtrykk for ulike mengder data, sjølv om forskjellen mellom dataa berre er éin bit.
Høykom Statleg tilskotsordning under Fornyings- og administrasjonsdepartementet organisert som eit program forvalta av Noregs forskingsråd. Ordninga skal stimulere etterspørsel etter breiband og bidra til fornying av offentleg sektor.
ICANN Internet Corporation for Assigned Names and Numbers. Øvste styringsorgan for Internett.
Identitetsforvaltning Eit breitt administrativt område som dekkjer identifisering av personar, verksemder eller datamaskinar innanfor eit system (som t.d. kan vere eit land, eit datanettverk eller eit dataprogram) og knyter desse til rettar og avgrensingar i bruk av ressursar i dette systemet.
IEEE 802.11b IEEE – Institute of Electrical and Electronics Engineers er ein organisasjon med 320 000 medlemmer i 147 land. IEEE arrangerer symposium og konferansar og publiserer avhandlingar om tema som IT og telekommunikasjon. IEEE er også eit betydeleg standardiseringsorgan. 802-standardar er eit sett standardar for lokale nettverk for datakommunikasjon utvikla gjennom IEEEs Prosjekt 802.
IFU Industrielle forskings- og utviklingskontraktar. Tilskotsordning under Innovasjon Noreg for utvikling av små og mellomstore bedrifter.
Ikkje-nekting («uavviselighet») Jf. fotnote 160. Tryggleik for at ein som har sendt ei melding gjennom eit informasjonssystem ikkje kan nekte for eller avvise at det er vedkommande som har utført handlinga.
IKT Informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
IKT-næringa IKT-næringa omfattar IKT-industri, IKT-varehandel, telekommunikasjons- og IKT-konsulentverksemd.
Immaterielle verdiar og rettar Alle former for intellektuell kapital ei bedrift kan ha. Det inkluderer idear, organisasjonsformer, know-how, prosesskompetanse og ein heil del fleire element som til saman utgjer det vi kan kalle nyvinningar. Immaterielle rettar er rettar som gir den som har skapt noko nytt og unikt, rett til å bestemme korleis det nye skal kunne utnyttast kommersielt. Dei fell i to hovudkategoriar, opphavsrettar og industrielle rettar.
Informasjonstryggleik Vern mot brot på konfidensialitet, integritet og tilkomst for den informasjon som blir behandla av systemet og systemet i seg sjølv.
Infrastruktur Grunnleggjande strukturer og system som er nødvendige for ein organisasjon, ei samling organisasjonar eller eit land for å fungere på ein effektiv måte.
Inkubatorstipend Eit stipend som kan tildelast av Innovasjon Noreg. Skal stimulere til auka etablering av konkurransedyktige, framtidsretta og nyskapande verksemder. Stipendet er ei ordning for nyetableringar med høgt kunnskaps- og teknologinivå.
Integritet Tryggleik for at informasjonen og informasjonsbehandlinga er fullstendig, nøyaktig og gyldig, og eit resultat av autoriserte og kontrollerte aktivitetar.
Internett Eit stort og ope internasjonalt datanettverk, som består av tusenvis av mindre nettverk over heile verda. Kommunikasjon over Internett føregår ved hjelp av IP-protokollar. Ei rekkje ulike tenester blir tilbydde via Internett, m.a. overføring av datafiler (FTP), elektronisk post, World Wide Web etc.
IST Information Society Technologies. EUs program for FoU innan IKT. Delprogram i FP6 og FP7.
Java Moderne, objektorientert programmeringsspråk.
Joint Technology Initiative EU-instrument som skal stimulere til utvikling av viktige teknologiar.
JD Justisdepartementet.
KD Kunnskapsdepartementet.
KKD Kultur- og kyrkjedepartmentet.
KRD Kommunal- og regionaldepartementet.
Konfidensialitet Tryggleik for at berre autoriserte personar har tilgang til sensitiv informasjon, og at den ikkje blir avslørt til uvedkommande.
Konvergens Samansmelting av medium med basis i digital teknologi. Internett har vore drivkrafta for at telekommunikasjon, kringkasting og informasjonsbehandling smeltar saman. Konvergens medfører at skiljet mellom data-, telekommunikasjons- og mediesektorane blir utydeleg og etterkvart viska ut.
KOSTRA KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) er eit nasjonalt informasjonssystem som gir styringsinformasjon om kommunal verksemd.
Kryptering Omskriving/koding av ein tekst slik at uvedkommande ikkje skal forstå den. Kryptering skjer ut frå faste algoritmar og nøkkelkodar som er avtalte/distribuerte mellom avsendar og mottakar.
KS KS er arbeidsgivarorganisasjonen for kommunane, fylkeskommunane og kommunale medlemsbedrifter og forhandlingspart overfor arbeidstakarorganisasjonane til dei kommunalt tilsette.
LMS Learning Management System. LMS er ei samlenemning for ulike system som har det til felles at dei kan organisere prosessar rundt læring.
Lynmeldingar Ei fellesnemning for ein type kommunikasjon over nett som skil seg frå e-post ved at samtalen skjer i tilnærma sanntid. Deltakarene loggar seg på hos direktemeldingstenesta, som held orden på kven som er tilgjengeleg eller ikkje. Meldingar blir sende frå den eine deltakaren til den andre så snart meldinga er skriven. Også kalla «Instant Messaging».
Mellomvare Programvare som sørgjer for at det er samband mellom komponentar og applikasjonar, på engelsk «middle ware».
MMS Multimedia Messaging Service. MMS er ei vidareutvikling av Short Message Service (SMS). MMS kan formidle multimediemeldingar med bilete, video, lyd osv. i tillegg til tekst.
NAV Ny arbeids- og velferdsforvaltning er resultatet av vedtak i Stortinget våren 2005 om å leggje ned Aetat og Trygdeetaten, og opprette ein ny arbeids- og velferdsetat (NAV) med verknad frå 1. juli 2006. I samarbeid med alle kommunane skal den nye etaten etablere lokale arbeids- og velferdskontor over heile landet innan 2010.
NCE-programmet NCE -Norwegian Centers of Expertise.Eit program utvikla av SIVA, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg for å støtte næringsklynger. Programmet skal velje dei beste regionale næringsmiljøa og styrkje dei ytterlegare. Programmet tilbyr finansiell og fagleg støtte til gjennomføring av langsiktige og målretta utviklingsprosessar, basert på initiativ og strategiar utvikla av sentrale aktørar i klynge.
Nedetid Den delen av avtalt opningstid som eit datasystem eller ei teneste er utilgjengeleg og ikkje kan nyttast av brukaren. Årsaker kan vere teknisk eller menneskeleg svikt. Normalt uttrykt i prosent.
NHD Nærings- og handelsdepartementet.
NVOD Near Video On Demand. Ei teneste der eit TV-selskap sender same program fleire gonger i løpet av ein kveld, og som startar med korte intervall, t.d. kvart 10. minutt.
NTNU Noregs teknisk naturvitskapelege universitet.
OFU Offentlege forskings- og utviklingskontraktar. Tilskottsordning under Innovasjon Noreg for finansiering av forskingssamarbeid mellom ein etat, ei bedrift og Innovasjon Noreg.
Operativsystem Den mest grunnleggjande programvaren som kjører på ein datamaskin. Alle datamaskinar har dette bl.a. for å starte opp og kjøre andre program, ta imot inndata frå tastatur og mus, sende utdata til skjermen, halde greie på filer og katalogar på disken, og kontrollere dei ulike einingane i maskinen.
Oppetid Ofte eit uttrykk for når systemet er tilgjengeleg. Den delen av avtalt opningstid som eit datasystem eller ei teneste er tilgjengeleg og kan nyttast av brukaren. Normalt uttrykt i prosent.
Ormar Programvare som er i stand til å spreie seg sjølv frå maskin til maskin. I tillegg til å kunne spreie seg sjølv, vil programvaren utføre uønskte handlingar, som å leggje att vondsinna programvare som tastaturloggarar, tenarar for fjerntilgang til datamaskinen, botnet etc.
PET Privacy Enhancing Technologies.Teknologi som støttar opp under personvern i elektronisk kommunikasjon over Internett.
Phishing Forsøk på å tileigne seg urettmessig informasjon som f.eks. passord og bankopplysningar. Eit typisk eksempel er ein falsk e-post frå banken, der mottakaren blir bedt om å følgje ein link til ei falsk side som tilsynelatande tilhøyrer banken. Der blir mottakaren bedt om å gi bankopplysningar.
Piratkopiering Kopiering av åndsverk utan løyve frå dei som eig rettane. Det kan gjelde bøker, dataprogram og -spel, filmar og lydopptak.
PKI Public Key Infrastructure. Ei samling tryggingstenester, tryggingskomponentar og aktørar som gjer det mogleg å bruke digitale signaturar i stor skala.
Produktivitetsvekst Ofte nytta som mål på økonomisk utvikling i eit land. I produktivitetsveksten måler ein kor mykje av produksjonsveksten som ikkje skyldast auka bruk av ressursar. Produktivitetsveksten er såleis eit uttrykk for evna til å produsere varer og tenester «smartare» enn før. Jo høgare produktivitetsveksten er jo meir vil vi kunne ta ut i form av eksempelsvis auka løn eller fritid. Veksten i eit lands produktivitet avheng mellom anna av effektiviteten til arbeidskrafta, tilgang på kapital, bedriftenes innovasjonsevne med meir.
Redundans Informasjon som gjeld etablert kunnskap; utplassering av doble sett med element i datanett- og system.
RFID Radio Frequency Identification. Radiofrekvens-basert identifikasjon. Ein metode for automatisk verifikasjon av identitet basert på lagring av identitetsopplysningar i små einingar kalla RFID-brikker. Informasjonen i eininga kan avlesast kontaktlaust over radiobølgjer. Avlesing skjer frå mottakseiningar (RFID-base) som må vere i en gitt (avgrensa) avstand fra RFID-brikka for å kunne ta imot informasjonen. Ein skil mellom aktive og passive RFID-brikker, avhengig av om dei har eiga kraftforsyning eller ikkje.
SD Samferdselsdepartementet.
SFF Senter for framståande forsking. Grunnforskingsverkemiddel under Noregs Forskingsråd.
SFI Senter for forskingsdrive innovasjon. Finansieringsordning under Noregs Forskingsråd for å styrke innovasjon gjennom langsiktig forsking i samarbeid mellom bedrifter og framståande forskingsmiljø.
SIMULA Eit norskutvikla programmeringsspråk som introduserer objektorientert programmering.
Skattefunn Eit regelstyrt verkemiddel som gir skattytarar med verksemd i Noreg eit frådrag i skatt på inntil 20 prosent av kostnader til forskings- og utviklingsprosjekt etter nærmare fastsette reglar.
SMS Short Message Service, teneste på dei fleste moderne mobiltelefonar. Gjer det mogleg å sende korte meldingar (også kalla SMS-meldingar eller tekstmeldingar) mellom mobiltelefonar, andre handhaldne einingar, og også fasttelefonar. SMS blei i utgangspunktet utvikla som ein del av GSM-nettverket, men er i dag tilgjengeleg på dei fleste nettverk, også 3G-nettverka.
Spam Søppel e-post. Dette dreier seg i hovudsak om masseutsending av reklame via e-post. Trusselen ligg i ressursforbruket knytt til behandling av desse meldingane, og at legitime meldingar kan drukne i all spamen. Spam kan òg nyttast til å spreie virus. På same vis som spam blir nytta om e-post, nyttar ein spim om spam via straksmeldingar (Instant Messages – IM).
SSB Statistisk sentralbyrå.
StatRes System for å utvikle og formidle kunnskap om statleg tenesteproduksjon, kvalitet, resultat og ressursbruk. Første versjon vil vere tilgjengelig frå 2007.
STORFORSK Større forskarinitierte prosjekt. Grunnforskingsverkemiddel under Noregs Forskingsråd.
Sårbarheit Dei svake punkt og manglar som finst i systemet og spesielle omstende som gjer det meir sannsynleg at truslar vil materialisere seg i ei tryggleikshending. Systemet kan gjerast mindre sårbart ved å gjer det meir robust.
Talesyntese Programvare for maskinell opplesing av tekst på skjerm.
Tilgjengelegheit Det at ei teneste oppfyller bestemte krav til stabilitet, slik at aktuell informasjon er tilgjengeleg ved behov.
Tenestenektangrep Denial of Service Attack. Angrep mot ein nettstad i form av ei stor mengd førespurnader for å gjere det vanskeleg for andre å oppnå kontakt med tenesta ein ønskjer å ramme. I verste fall kan dette føre til at det tenarane til nettstaden ein går til åtak mot vil bryte saman. Slike angrep kan innebere bruk av fleire kraftige datamaskinar (evt. eit nettverk av datamaskinar) samtidig (sjå også Botnet).
Totalfaktorproduktivitet TFP måler bidraget til produksjonsveksten som ikkje kan tilskrivast auka bruk av ressursar, ofte omtalt som «rein produktivitetsvekst». Rein produktivitetsvekst inneber derfor at ein får noko «gratis». Derfor er rein produktivitetsvekst ei av dei fundamentale drivkreftene bak auka økonomisk velstand. Viktige faktorar bak rein produktivitetsvekst er auka kunnskap, forskingsresultat og innovasjonar som ikkje taper seg om fleire får glede av dei. TFP-veksten blir òg påverka av endra kapasitetsutnytting, stordriftsfordelar, bidrag frå uspesifiserte innsatsfaktorar, osv.
Trojanarar Vondsinna programvare forkledd som eit legitimt program. Føremålet kan f.eks. vere å gi fjerntilgang til datamaskinen, eller å lekke informasjon frå datamaskinen. Den kan anten liggje i dvale og vente på ei ekstern hending, eller jobbe aktivt i bakgrunnen.
TØI Transportøkonomisk institutt.
UiO Universitetet i Oslo.
UMTS Universal Mobile Telecommunications System er eit av systema for tredje generasjons mobiltelefoni og skal kunne gi datakapasitet opp til 2 Mbit for stasjonære brukarar (teoretisk), og 384 kbps for brukarar i rørsle. I tillegg til å overføre tale og data vil UMTS gjere det mogleg å sende og ta imot bilete, grafikk, video og annan breibandskommunikasjon via mobiltelefon.
UNINETT AS Statleg selskap som driv nett og nettenester for universitet, høgskolar og forskingsinstitusjonar i Noreg.
URL Universal Resource Locator – unik identifikator av ei nettside som er gjort tilgjengeleg på Internett.
VERDIKT Kjernekompetanse og verdiskaping innan IKT-forsking. Eit program for IKT-forsking i Noregs Forskingsråd.
Virus Vondsinna program som reproduserer seg sjølv. Det ligg gjerne som ein del av eit anna program. Når dette programmet blir kjørt, kjører også virusprogrammet.
VOD Video On Demand, dvs. video på førespurnad. Teknologi som gjer det mogleg (normalt mot betaling) å sjå for eksempel TV-program, filmar eller nyheiter på det tidspunkt som passar best for brukaren.
VPN Virtual Private Network
WAI Web Accessibility Initiative eit initiativ for å gjere verdsveven betre tilgjengeleg. Ei undergruppe under den internasjonale standardiseringsorganisasjonen for verdsveven, World Wide Web Consortium (W3C).
WLAN Wireless Local Area Network. Trådlaust lokalnett som gir trådlaus tilgang frå ein PC eller anna kommunikasjonsutstyr via eit tilgangspunkt. Dei mest kjende WLAN-ar er baserte på standarden 802.11.

Til toppen
Til forsida av dokumentet