Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 17 (2006-2007)

Eit informasjonssamfunn for alle

Til innhaldsliste

2 Status og utviklingslinjer

2.1 Informasjons- og kommunikasjonsteknologien: livsnerve og mogleggjerar for heile samfunnet

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT 1), og spesielt Internett, har ført til store økonomiske og sosiale endringar i heile verda. Einskildindivid, næringsliv, offentleg forvaltning og andre organisasjonar stoler på og er avhengige av store og små datamaskinar, mobilkommunikasjon og Internett i dagleglivet. Samfunnet er blitt så avhengig av IKT/Internett at det er nødvendig å setje fokus på utviklinga, vurdere sterke og svake sider, og utforme nødvendig politikk og teknologiske krav for å sikre at IKT framleis kan vere ei vesentleg drivkraft for økonomisk vekst og velstand i framtida.

Liberaliseringa av telekommunikasjonsmarknadene og den raske teknologiske utviklinga har endra betydninga av IKT fundamentalt. Talet på breibandsabonnentar innan OECD-området har vakse frå om lag hundre tusen i 1998 til 158 millionar i 2005. Den vanlege forma for datakommunikasjon i 1998 var «oppringd linje» med hastigheit opp til 56 Kbps (tusen bits per sekund) 2, mens breiband i dag tilbyr hastigheiter frå 2 til 50 Mbps (millionar bits per sekund), og ved fibersamband 100 Mbps. Auka kapasitet og utbreiing gjer det mogleg å leggje nye tenester ut på nettet og fange opp nye brukargrupper. Utviklinga går så fort at politikkutforming og regulering har vanskeleg for å hengje med.

Teknologisk konvergens mellom faste og mobile nett vil venteleg ha stor betydning i åra som kjem. Billige brikker med radiobasert identifikasjon (RFID) og sensornettverk er venta å få stor innverknad og store konsekvensar. Brikkene som er knytte til Internett vil vere festa til daglegdagse ting som koffertar, postpakkar eller kledeplagg i butikkane, og gjere det mogleg å identifisere og følgje kvar einskild av dei. Desse teknologiane er venta å byggje bru mellom den fysiske verda og informasjonssystema på område som transport, logistikk og detaljhandel, og medverke til høgare produktivitet og sosiale fordelar.

Samtidig er netta i utvikling. Med neste generasjons nettverk meiner ein ikkje eitt nettverk, men eit system av fleire nettverk som er samankopla, og som verkar saman ved at dei nyttar Internett.

To hovudbodskapar i dette kapitlet er:

  • Den raske utviklinga held fram, i minst 10 år til. Den underliggjande teknologiske utviklinga held fram i same tempo, og dermed òg dei raske endringane i marknaden og hos brukarane.

  • Det trengst ein bevisst og heilskapleg politikk for IKT. Dei land som har ein gjennomtenkt politikk for å utnytte moglegheitene og hauste gevinstane ved IKT, og samtidig motverke eller dempe uønskte konsekvensar, vil oppnå meir vekst og betre velferd.

2.2 Vi har brukt IKT lenge, men er berre i starten av informasjonssamfunnet

I internasjonale samanlikningar om IKT er hovudbiletet at Noreg er langt framme i å ta i bruk ny teknologi. Noreg er ofte blant dei ti fremste i verda, men sjeldan nummer ein. Vi har nytta IKT i mange tiår, men vi står framleis i startgropa i utviklinga av det verkelege informasjonssamfunnet. Kommersielt Internett er litt over 10 år gammalt og vi arbeider framleis med å utforme standardar og skape tenester som «snakkar» saman. Mange står framleis utanfor det digitale samfunnet. Dei fleste unge har ei intuitiv forståing av IKT, men dei som har levd 40 år eller meir, med heilt andre referansar, har ikkje alltid ei like intuitiv forståing av det å logge seg på.

Register baserte på personnummer, organisasjonsnummer, forenklingar i administrative prosedyrar og fornuftig gjenbruk av tilgjengeleg informasjon, har gjort at vi i Noreg har ein del heil- og halvautomatiske løysingar der andre land har mange ulike elektroniske tenester. Det gir oss eit fortrinn. Internasjonalt er vi òg i fremste rekkje på forhold som tilgang til Internett, offentlege tenester på nett, spreiing av mobilteknologi, bruk av IKT i industri og næringsliv og effektive betalingsløysingar. Samtidig har vi ei velutvikla offentleg regulering på IKT-området med tilsyn som bl.a. Post- og teletilsynet, Datatilsynet, Konkurransetilsynet og Medietilsynet som sentrale aktørar. Trass i eit positivt bilete er det framleis store utfordringar knytte til IKT på nær sagt alle samfunnsområde, og den ibuande dynamikken gjer òg at vi heller aldri kjem heilt i mål. Behovet for endringar er kontinuerleg.

2.2.1 Bruksmønstra i befolkninga endrar seg raskt og kontinuerleg

Dei siste 10 åra er det særleg to typar IKT som har spreidd seg til praktisk talt heile befolkninga. Det er Internett og mobiltelefoni.

Internett i Noreg i dag

Sjølv om ikkje alle har breiband i heimen, har dei aller fleste tilgang til Internett, anten frå arbeidsplass, skule, bibliotek eller liknande. Dei fleste bruker Internett til e-post og til oppslag på verdsveven 3 og e-postbruken har no ei utbreiing som gjer at det til dømes ofte er mogleg å nå alle foreldre i ein skuleklasse. E-post er no ein naturleg og integrert del av kvardagen på dei fleste arbeidsplassar. Denne utviklinga gir nye føresetnader for spreiing av informasjon, for koordinering, og for samarbeid på jobben og heime.

Verdsveven blir flittig brukt til blant anna informasjonsinnhenting, til underhaldning, til bedriftsintern bruk og i samband med handelsverksemd. Den har utvikla seg til å bli ein nøkkel for å hente inn informasjon om produkt, alternativ og leverandørar ved ei rekkje typar kjøp av varer og tenester, også der sjølve handelen blir gjennomført på tradisjonelt vis. I takt med at fleire produkt blir reint digitale (til dømes musikk) blir det òg meir naturleg at heile handelen skjer elektronisk. I fleire bransjar satsar no dei store og tradisjonelle aktørane sterkt på elektronisk kundebetening, hardt utfordra av nykommarar som berre satsar på nett. Banknæringa er eit typisk døme i så måte, mange av oss set knapt foten i banken lenger.

Ved sida av e-post og bruk av verdsveven blir Internett mykje nytta til spill, lynmeldingar (til dømes MSN eller Oroni), deling av lyd-, bilete- og datafiler og deltaking i nettbaserte fora, diskusjonar på bloggar, m.v.

Boks 2.1 Lynmeldingar

Lynmeldingar er eit verktøy for å sende meldingar i sann tid. Lynmeldingar kallast også Instant Messaging (IM), augneblikksmeldingar eller hurtigmeldingar. Adresseboka i lynmeldingstenesta gir deg høve til å sjå dei av dine kontaktar som er på nett akkurat no, og dei som er opptekne eller borte. Fordelen med lynmeldinga er at den er like rask som telefonen, den er diskret på same måte som e-post, og den er gratis.

Kjelde: http://www.nettvett.no

Tabellen under viser bruken av lynmeldingstenesta Messenger, brote ned på kjønn og alder. Det er aldersgruppa 15 – 29 år som er storbrukarar av denne type nettenester. Unge nettbrukarar ser ikkje på e-post som det primære kommunikasjonsmidlet på Internett, og mange unge avgrensar da òg epostbruken til å sende vedlegg eller til å kommunisere med foreldre og besteforeldre.

Figur 2.1 Bruk av Messenger brote ned på kjønn og alder.

Figur 2.1 Bruk av Messenger brote ned på kjønn og alder.

Kjelde: TNS Gallup – Interbuss 01/06

Internett i tida framover – deltakarnettet

Utviklinga av Internett stoppar ikkje opp. Det er ei tydeleg rørsle i retning av ei meir aktiv brukardeltaking og at brukarane sjølve genererer innhald. Ei amerikansk undersøking viser at 57 prosent av alle amerikanske tenåringar har produsert innhald på nettet sjølve 4. Sør-koreanske «Ohmynews» er eit slikt døme. Her skriv innbyggjarane sjølve artiklar, som igjen blir samla under ein paraply. Nettstaden blir lesen av mange hundre tusen koreanarar kvar dag. Denne utviklinga med aktiv brukardeltaking vil truleg auke i åra som kjem. Dei enkle tekniske hjelpemidla som no er tilgjengelege for alle dei som tek del i det digitale samfunnet, vil spore vår kreativitet og medverke til auka deltaking også i produksjonen av innhald. To sentrale trekk ser ut til å prege utviklinga dei siste åra: Ein stadig auke i dei som deltek med å levere innhald på nettet, til dømes gjennom blogging og etableringa av nye grupperingar, «social networking», nettsamfunn.

I og for seg er ikkje dette nye ting. Lenge før Internett blei allemannseige, var det etablert omfattande diskusjons- og konferansefora. «Nyheitsgrupper» eller «news» er framleis eit høgst levande fenomen på nettet sjølv om dei ikkje får merksemd frå aviser og nyheitsmedium på same måte som prategrupper (chatting) eller blogging – ei form for dagbok eller journal på nett.

Den nye utviklinga har i fagkrinsar fått nemninga «Web 2.0». Dette omgrepet blei «oppfunne» av Tim O’Reilly i 2004. Omgrepet er lett misvisande, då det ikkje handlar om nokon ny teknisk versjon av noko. Det omfattar derimot ei rekkje nye bruksmåtar for nettet, med fellesnemnar aktiv bruk, og ikkje berre passivt mottak. Web 2.0 omfattar bl.a. blogging – eller Weblogs’, som er eit anna namn på fenomenet om at folks dagbøker eller synspunkt blir lagde ut på nett, og som i dag har trengt djupt inn i avis- og nyheitsredaksjonar 5. Blogging er eit ungdomsfenomen, og meir enn halvparten av bloggarane er under 30 år. Over halvparten av bloggarane har aldri tidlegare gitt uttrykt for sine tankar gjennom media, og halvparten av dei føretrekkjer å vere anonyme. Ei ny amerikansk undersøking viser at 12 prosent av nettbrukarane bloggar 6. Blogging er eit av dei fenomena på Internett som har eksplodert i løpet av siste femårsperiode.

Sosiale nettverk – social networking – betyr at folk knyter kontaktar på nettet og utvekslar informasjon og erfaringar. Det blir hevda i datapressa at MySpace, det mest kjente eksemplet akkurat no, har over 100 mill deltakarar og dei får 500 000 nye deltakarar kvar veke.

Wikipedia, også kalla «folkets leksikon», er for tida verdas største leksikon på nett. (Sjå boks 2.2). Wikipedia er skapt av brukarane. Kven som helst kan leggje inn artiklar. Alle bidrag og endringar blir loggførte. I utgangspunktet er Wikipedia logisk umogleg: mange innsiktsfulle analytikarar peiker på at faren for juks og feil er så stor at det ikkje kan bli noko påliteleg leksikon. Men likevel: Det fungerer. Feil blir oppdaga, lukte ut, korrigerte. Tenestene blir stadig utvida og nye språk kjem til.

Boks 2.2 WIKIPEDIA

Uttrykka Wiki og WikiWiki blir brukte til å identifisere ein spesiell type dokument. Eit viktig prinsipp er at kven som helst, når som helst, kan redigere sider, og derfor har heller ingen eigarskap til sidene. Konseptet gjer arbeidet meir effektivt enn om alle hadde skrive kvar for seg. Ordet er hawaiisk og betyr rask, hurtig.

Wikimedia Foundation Inc. er ein ikkje-kommersiell stiftelse som står bak Wikipedia og andre prosjekt som Wiktionary, Wikiquote, Wikibooks, Wikispecies, Wikinews, Wikisource og MediaWiki. Stiftelsen har som målsetjing å fremje tilveksten og utviklinga av wikibaserte prosjekt med ope innhald og å gjere resultatet av desse prosjekta tilgjengelege for allmenta utan kostnad. Vidare utvikling er hovudsakleg basert på donasjonar, men Wikimediastiftelsen prøver òg å få inntekter gjennom alternative inntektskjelder, til dømes gjennom statlege tilskott eller frå sponsorar.

Nettleksikonet Wikipedia har per november 2006 1,5 millionar artiklar i si engelske utgåve. Den norske utgåva har om lag 105 000 artiklar, av desse 18 000 på nynorsk. Det var på same tid snautt 50 millionar oppslag i Wikipedia kvar dag.

Nettadressa er: http://www.wikipedia.org

«Folksonomiar» er eit anna fenomen. Korleis finne att informasjon på nettet? Dette er den folkelege varianten av fagomgrepet «taksonomi», velkjent frå bibliotekverda. Til artiklar og bøker knyter ein oppslagsord eller metadata, ofte kalla tagging. Gjennom at brukarane sjølve «taggar» sin informasjon blir det skapt nye attkjenningssystem. Kanskje eit tvilsamt internettfenomen sett med fagfolkas briller, men i full utvikling og bløming på nettet.

Det er altfor tidleg å seie om dei fenomena som er omtalte over, er levedyktige eller berekraftige på sikt, og om korleis dei nettsamfunna som er under etablering vil utvikle seg. Slik dei framstår no, har dei element av kaos. Samtidig ser vi starten på ei utvikling av meir formelle strukturar med kjøp, sal og internasjonalt samarbeid. Desse nye strukturane kan bety ei ny utvikling for utdanning, læring, folkerørsler, og demokrati. Kanskje samarbeid og nettsamfunn på Internett kan gi ei vitalisering av politisk verksemd, slik fjernsynet i si tid gav?

Internettutviklinga har i seg nokre grunnleggjande fellestrekk: Vi går bort fråein situasjon der kunnskap blei skapt, oppbevart og utvikla i meir eller mindre lukka miljø, etter strenge reglar og prosedyrar. Vi går inn i ein ny situasjon, der kunnskap blir spreidd vidt og ope, den er tilgjengeleg gjennom eit par tastetrykk, og ny kunnskap kan også publiserast og gjerast kjend gjennom eit tastetrykk. Det blir lettare å få kontakt med andre som har dei same interessene som ein sjølv. Dette utfordrar tradisjonell kvalitetssikring og alle kunnskaps- og meiningsmonopol.

Mobiltelefoni

Mobiltelefonen har på litt meir enn ti år gått frå å vere ein berbar telefon for utvalde forretningsfolk til å bli allemannseige. Det er no fleire mobilabonnement (faste eller kontantkort) enn innbyggjarar i Noreg, og det begynner no òg å bli vanleg med anna utstyr som inneheld SIM-kort, til dømes elektronikk til fjernstyring av straumen på hytta.

Boks 2.3 Fra 1 til 2 500 000 000 mobiler

Nå passerer verden 2,5 milliarder mobilbrukere. På veien fra de tidlige mobilene har 99,75 prosent av vekten forsvunnet. (…)

Bare ett år etter at antallet mobilabonnement i verden passerte 2 milliarder, rundet vi torsdag 2,5 milliarder, hevder analyseselskapet Wireless Intelligence. Veksten målt i antall enheter har aldri før vært så høy siden de første modellene kom på markedet.

De første mobiltelefonene dukket opp på midten av femti-tallet. (…) I flere tiår var mobiltelefoner digre og tunge kolosser, som ofte var fastmontert i biler. Med batteripakker som kunne veie 20 kilo var de ikke akkurat noe for innerlomma. (…) En reduksjon fra 20 kilo til 50 gram gir en slanking på 99,75 prosent.

Sjekk bildene her: http://www.dagensit.no/esc/article873792.ece

Norden i førersetet

I 1981 ble det automatiske mobilnettet, NMT 450, lansert i Skandinavia. Det var verdens første automatiske nett, og førte til en eksplosjon i mobilbruken. I 1985 overførte nettet i Oslo i gjennomsnitt 22.000 samtaler hver dag, til tross for at selve telefonene fremdeles var noen store drog. Trafikken var i meste laget for NMT-450-nettet, og det var behov for NMT 900, som kom i 1986 – 87.

To norske forsøk på Nokia

Den første mobilen som virkelig var lommeformat var Motorolas Micro TAC NMT 900, som kom i 1989. (…). Samtidig prøvde man i Norge å skape grunnlag for en norsk mobilindustri (…).

Norske Simonsen hadde trolig en historisk mulighet i 1989, da de fikk ferdigstilt en prototyp på en GSM-telefon. Men de fikk aldri sine GSM-telefoner i produksjon. Konkurrentene dumpet prisene og Simonsen gikk tom for kapital. Industrieventyrene fortsatte istedenfor i Sverige og Finland. Ti år senere, i 1999, ble Magcom startet. Selskapets første telefonkom så vidt på markedet før selskapet gikk konkurs.

SMS fremdeles størst

GSM har vokst til å bli en global standard. Selv USA, som lenge kun hadde sin egen standard, har nå også GSM-nett. Men for neste generasjons mobilnett har USA igjen gått en annen vei enn Europa.

GSM introduserte SMS, som fremdeles er den klart viktigste inntektskilden til Telenor og Netcom, etter taletrafikk. Det inntektsbildet er en skuffelse for alle som satset på neste generasjons mobiltelefoni, 3g, fra årtusenskiftet og fremover. Da begynte europeiske myndigheter å auksjonere bort lisenser til å bygge ut 3g, og hentet inn svimlende milliardbeløp. Finske Sonera ga full gass og tapte stort. Telenor var forsiktige, og var trolig blant de få som tjente på eventyret, mye takket være dyktig kontraktskriving i forbindelse med deres satsing i Tyskland.

Lynraske nett i vente

Salget av apparater derimot, går så det suser. I Norge finnes det nå flere mobilabonnementer enn innbyggere, og i stadig flere land vokser mobilpenetrasjonen med rekordfart. Telenor passerte nylig 100 millioner abonnementer, og har dermed 4 prosents markedsandel på verdensbasis, ettersom totalmarkedet nå passerer 2,5 milliarder.

Nye generasjoner mobilnettverk er under planlegging samt oppgradering av hastigheten i de gamle. Dagens 3g gir 384 kb/s nedlastingshastighet, mens man rundt år 2000 hevdet at det ville gi 2000 kb/s. Med oppgradering til HSDPA kan hastighetene mangedobles, og forsøk hos Samsung har gitt hastigheter som er omtrent 2500 ganger raskere enn dagens løsninger. Det kan nok få fart i markedet for mobiltjenester, men det er trolig lenger frem dit enn man i dag regner med.

Kjelde: Artikkelen er henta frå Dagens IT 22.09.2006

Mobilen har på kort tid glidd inn i kvardagen, og vi har blitt vande med å nå kvarandre kvar tid som helst. Det er ikkje lenger like viktig å ha alle avtalar klare i førevegen, det er berre å ringjast eller å sende ei tekstmelding (sms). I Noreg har vi vore gode på å ta i bruk tekstmeldingar, kanskje fordi det er kjapt, uformelt, og mindre forstyrrande enn å ringje.

Boks 2.4 Ungdommens mobilrevolusjon

I 1997 var det få ungdommar med mobiltelefon. Dette var før kontantkorta kom, og telefonane var dyre. To år seinare, i 1999, var biletet radikalt endra. Prosentdelen 16–17-åringar med mobiltelefon hadde vakse frå under 20 til over 70 prosent. Skiljet var ikkje lenger mellom 16–17-åringane og dei eldste ungdomane, men mellom 13–14- åringane og dei andre tenåringane. I 2001 hadde ca. 90 prosent av tenåringane mobil. I 2005 hadde praktisk talt alle tenåringar mobil, berre 1 – 2 prosent var utan. Og ikkje mindre enn ca. 50 prosent av niåringane og over 70 prosent av tiåringane hadde mobil i 2005. I løpet av mindre enn eit tiår har vi opplevd at mobiltelefonen har gått frå å vere ei særsyn blant norsk ungdom til å vere noko alle har.

http://www.telenor.com/rd/

(Sjå òg www.richardling.com)

Kjelde: Rich Ling ved Telenor R&I

Mobilen har hatt mykje å seie i næringslivet, og for mange næringar og yrkesgrupper er endringa vesentleg. Sjåførar, seljarar, handverkarar og andre er no tilgjengelege heile tida. Ein handverkar har kontoret med seg til kvar tid, og det er lettare enn før å koordinere innsatsen av ulike folk på same prosjekt.

Noreg er kanskje det landet i verda som har komme lengst i bruk av mobile tenester. Dette har blant anna samanheng med at mobiloperatørane samarbeider om nummerseriar og takstklassar som gjer at alle kan få bl.a. ringjetonar, busstider og telefonopplysning på mobilen. Dermed har ein òg skapt ei heil næring av mobile teneste- og innhaldstilbydarar. Fleire og fleire verksemder ser seg no tente med å bruke mobilen i kundebeteninga – til dømes er det mogleg å sjekke inn på flyet ved hjelp av mobilen. Det finst i dag òg ein del offentlege tenester på mobilen, så som innlevering av sjølvmelding, og fleire vil komme etter kvart.

Breiare IKT-bruk

Det er mange andre døme på korleis IKT har blitt ein del av kvardagen. Digitalkameraet er eit slikt eksempel. Meir enn 95 prosent av alle fotoapparat selde i Noreg i 2005 var digitale, og er òg det utstyret som er vanlegast å kople til PC-en. Færre brukarar framkallar bilete på tradisjonell måte, anten fordi folk nøyer seg med å sjå bileta på PC-en, eller fordi dei skriv dei ut sjølve. Men samtidig har fotobransjen fått ein ny arena for kundebetening – dei som leverer inn bilete for framkalling på CD, minnebrikke eller over nettet. Bransjen har dermed måtta investere i nye løysingar og ny kompetanse samtidig med at omsetninga går ned. Også her er det nye utfordrarar som satsar utelukkande på Internett.

IKT-bruk er ikkje berre eit spørsmål om å kople opp nytt utstyr, men òg eit spørsmål om kva type programvare og kva typar tenester vi tek i bruk. I 2006 leverte 1,4 millionar nordmenn sjølvmeldinga på Internett og ytterlegare 320 000 gjorde det med SMS. Tenesta sparer mykje tid for brukarane, samtidig som den gir store effektiviseringsgevinstar for Skatteetaten. Bruken av elektroniske tenester, så som nettbank, tinging av reiser på nettet, digitale fototenester og annan bruk av private og offentlege digitale tenester, er med på å utvikle, fornye og effektivisere samfunnet.

Regjeringa ser ei slik utvikling som viktig både for den økonomiske utviklinga og for at vi som samfunn skal handtere dei utfordringane vi står overfor, med lengre levealder og ein høgare prosentdel pensjonistar. Slike gevinstar for samfunnet er berre mogleg dersom folk flest kan bruke dei nye løysingane. Digital inkludering, som er behandla i kapittel fire i meldinga, er eit nøkkelord for suksess for samfunnet. Kor viktig det er at alle har tilgang til same nett, ser vi blant anna i framveksten av sosiale, nettverksbyggjande bruksmåtar for IKT. Slike fenomen er i sterk frammarsj, og er moglege takk vere den store utbreiinga av mobiltelefoni og Internett. Dei som veks opp i dag opplever IKT som ein del av kvardagen og ser dette som ein naturleg måte å danne sitt sosiale nettverk på. Dermed blir det skapt nye arenaer for deltaking og engasjement i samfunnet, nye måtar å bli kjende på og nye normer for kva som er passande.

2.3 Offentleg IKT-politikk i Noreg – ei kort oversikt

I dei første tiåra etter krigen var det berre dei aller største og datatunge offentlege institusjonane og bedriftene som hadde datamaskinar. Ekspertane rådde. Fram til sytti talet brukte dei holkortbaserte stormaskinar med primitiv elektronikk. Om lag midt på sekstitalet kom dei første komiteane for databehandling – i helsevesenet, i Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Forskingsråd (NTNF) osv. På syttitalet kom minimaskinane. Når maskinane blei tilgjengelege for fleire, auka behovet for å samordne verksemda. På syttitalet vart ein oppteken av personvern og om arbeidarane kunne påverke innføringa av den nye teknologien 7. Men framleis var kunnskapen og vyane noko for dei få pionerane både i offentleg og privat verksemd. På 80-talet kom PC-ane, dei personlege datamaskinane, som skulle revolusjonere kvardagen, både på jobben og heime.

2.3.1 Offentleg IKT-politikk i 80- og 90-åra

I 1980–åra byrja arbeidet med ein nasjonal IKT-plan. Den kom i 1987, og fekk namnet Nasjonal handlingsplan for Informasjonsteknologi (sjå boks 2.5). Oppbygginga av ein norsk IKT-maskinvareindustri og bruk av IKT i industrien var ei sentral målsetjing, men ikkje den einaste. Andre viktige tema var utdanning, grunnforsking og bruksmåtar både i privat og offentleg sektor. Interessa for IKT som omformande kraft blei understreka av skipinga av Datapolitisk Råd i desember 1984. Rådet skulle

«følge utviklingen av datateknikken, anvendelsen av den i samfunnet, så vel i næringslivet og i den offentlige forvaltning som sosialt og kulturelt. Det skal bidra til at de politiske myndigheter tidligst mulig skal bli oppmerksom på og få et godt grunnlag til å vurdere utviklingsretninger og virkninger som kan tilsi offentlige tiltak.»

Rådet blei nedlagt i 1990.

PC-en og informasjonssamfunnet – Nasjonal handlingsplan for IT 1987 – 1990

Boks 2.5 Nasjonal Handlingsplan for Informasjonsteknologi 1987 – 90

Planen blei annonsert som del av Industridepartementets budsjettframlegg for 1987, og då som ein 4-årig «handlingsplan for den offentlige innsatsen på IT-området». Planen hadde 5 hovudområde. Desse var utdanning, utstyr knytt til forsking, kunnskapsutvikling, produktutvikling og bruk.

Ambisjonane og ressursane var omfattande. Eit vedlegg til Næringsdepartementets budsjettframlegg for 1990 oppsummerte satsingane og forslaga for planens siste år. Dei samla forslaga for 1990 var 1399,2 millionar kroner og 8 departement var involverte. Mykje av dette, men ikkje alt, var midlar innanfor eksisterande verkemiddel og rammer som blei grupperte inn under handlingsplanen.

Planen blei evaluert av eit utval leidd av Lars Harlem, oppnemnd i kongeleg resolusjon. Evalueringa blei sluttførd i juni 1990 og konkluderte bl.a. med at den kraftigaste styrkinga hadde skjedd på utdanningssektoren og innan forskinga. Ein av konklusjonane var òg at IKT-satsinga burde førast vidare i form av sektorplanar, med eitt departement ansvarleg for kvar delplan, og med Næringsdepartementet som ansvarleg for den samla IKT-satsinga.

Den nasjonale handlingsplanen omfatta løyvingar på om lag 5 milliardar kroner over 4-årsperioden 1987 – 90 (dåtidas kroneverdi), av desse var rundt rekna 0,5 – 1 milliardar «friske» midlar. Resten var budsjettmidlar innanfor eksisterande verkemiddel som blei grupperte inn under handlingsplanen. Planen uttrykte klare voner om nye arbeidsplassar, men talfesta det ikkje. Arbeidsplassar blei skapte, men ikkje i ein slik grad at dei kunne vege opp for det svært synlege tapet som samanbrotet til Norsk Data representerte. I ettertid er det utvidinga av utdanningskapasiteten i høgre utdanning, arbeidet med IKT i vidaregåande skule og auka forsking som står att som dei mest vellukka delane av planen.

Etter den store planen – sektorplanane på nittitalet

Etter den store planen gjekk ein over til å arbeide med sektorplanar på dei fire områda utdanning, helse, næringsliv og offentleg administrasjon. Forventningane til den nye teknologien hadde fått nokre kalddusjar – etter jappetida, samanbrotet i Norsk Data, problema med Winix i utdanningssektoren, den vanskelege IKT-satsinga i Rikstrygdeverket (TRESS-90), og med stagnasjon og auka arbeidslause. Dette la ein viss dempar på ambisjonane.

På helseområdet var dei sentrale tema gjennomgåande behovet for standardisering for å oppnå samarbeid, data- og informasjonsflyt – både for administrative og kliniske data mellom dei ulike delane av helsevesenet. Ein la stor vekt på at personvernet ikkje skulle bli skadelidande. Og ein arbeider med telemedisin, og det å gjere medisinsk informasjon tilgjengeleg. Eit sentralt dokument var den overordna «Handlingsplanen for informasjonsteknologi» for åra 1997 – 2000.

IKT-politikken i utdanningssektorenhadde fokus på tre viktige mål. For det førsteå skaffe tilstrekkeleg med IKT-spesialistar, dvs. dataingeniørar og informatikarar. For det andre å gjere alle elevane til kompetente brukarar av informasjonsteknologi, til dømes ved å gi dei kjennskap til tekstbehandling, rekneark og informasjonsinnhenting. Og for det tredje å bruke informasjonsteknologien som pedagogisk hjelpemiddel. Eit av dei prinsippa som vart slått fast, var at datautstyr i skolen er skuleeigar sitt ansvar. Trass i at utstyrssituasjonen ikkje alltid har vore som ein kunne ønskje, så har den vore blant dei beste i verda. Særleg vart utstyrssituasjonen i vidaregåande skule betre i samband med satsinga på Reform–94.

I høgare utdanning var det tidleg store IKT-prosjekt. Norsk høgare utdanning var mellom dei aller første i verda til å knyte forskings- og utdanningsinstitusjonar til det som først vart kalla ARPANET, seinare Internett. UNINETT i Trondheim, eit eige selskap eigd av Utdanningsdepartementet, vart skipa for å sikre moderne datakommunikasjon i forsking og høgare utdanning. Saman med dei andre nordiske landa vart Nordunet skipa for å sikre kommunikasjon med USA og andre land.

På området næringsliv la NTNF 1991 fram ein plan med undertittelen «IT – fra kjekt å ha til kjekt å bruke». Den nye planen hadde fokus på eit meir livskraftig næringsliv gjennom meir og betre bruk av informasjonsteknologi. Ein ønskte å satse på informasjonsteknologi i bransjar som betydde mykje for kostnader og effektivitet – slik som samferdsel, telekommunikasjonar, elektrisitetsforsyning, bank og finans. Blant dei konkrete prosjekta var kartløysingar, «elektronisk vegnett», nasjonal elektronisk fakturasentral, IKT-baserte rapporteringsystem for bedriftenes oppgåveplikt og internkontroll osb. Planen tok for seg seksten bransjar og sju tematiske område.

«Den norske IT-veien bit for bit (1996 – 2000): Forsøk på en helhetlig IT-politikk»

Ein viktig impuls til denne statssekretærrapporten frå 1996 var Internett og den offensive politikken rundt «Information Superhighways» frå Clinton/Gore- administrasjonen i USA. Mobiltelefonen og GPS er andre teknologiar som pregar visjonane i statssekretærrapporten. Rapporten vitnar om ein ny giv for samordning av IKT-politikken.

Fram mot år 2000 blir det brukt mykje tid og ressursar for å sikre seg mot at overgangen frå to til fire siffer i årstala ikkje skal få store verknader. («År 2000-problemet»). Ein positiv effekt av dette var at det blei gjort omfattande nyinvesteringar både i privat og offentleg sektor. Men det forseinka nok òg gjennomføringa av nokre prosjekt, særleg dei tyngre infrastrukturprosjekta. Koordineringsbehova på IKT-området blei stadig meir tydelege utover i 1990-åra. Sommaren 2000 oppretta Stoltenberg I-regjeringa ei eiga IKT-politisk avdeling, som blei lagd til Nærings- og handelsdepartementet. Avdelinga skulle vere eit koordinerande organ for regjeringas IKT-politikk. Avdelinga har sidan 2004 lege i Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

2.3.2 Etter 2000 – eNoreg-planane

Den norske IKT-politikken og dei ulike handlingsplanane for eNoreg har over fleire år blitt utvikla med ei sterk tilknyting til europeisk IKT-politikk. Den første planen, eNoreg 1.0, blei lansert i juni 2000 av regjeringa Stoltenberg I, delvis som ein respons til at EU samtidig la fram sin første eEurope-plan. eNoreg har hatt som føremål å trekkje opp ei felles retning for IKT-utviklinga, hovudsakleg innan offentleg sektor. Gjennom jamlege tilstandsrapportar har status og tiltak for IKT-utviklinga blitt nærmare omtalt.

Fokus og innhald i eNoreg-planane har endra seg i takt med utviklinga. Planane kan grovt delast inn i tre generasjonar. Den første generasjonen eNoreg-planar (eNoreg 1.0, 2.0, 3.0) var i stor grad ei felles synleggjering av konkrete tiltak i dei einskilde departementa, 77 tiltak i alt. IKT-initiativa på tvers av departement og sektorar blei sette inn i ei felles ramme, og knytte til felles mål. Den neste generasjonen, eNoreg 2005, som blei lagd fram i april 2002, var meir prinsipiell og overordna.

eNoreg 2009 8

Den noverande planen, eNoreg 2009, vart lagd fram i juni 2005, og har tidsperspektiv fram mot 2009. Ein første undervegsrapport blei offentleggjort i oktober 2006 9. Regjeringa støttar prinsippa som blir slått fast i planen, og vil aktivt følgje opp realiseringa av desse måla. På visse område vil det likevel vere nødvendig å justere tidspunkt for realisering av målsetjingane.

eNoreg 2009 har tre overordna målområde. Det første hovudområdeter knytt til einskiltmennesket i det digitale Noreg. Det skal leggjast til rette for aktiv deltaking og brukarorienterte tenester frå offentleg og privat sektor. Elektronisk forvaltning skal utviklast til å bli hovudgrenseflata mot innbyggjarar og næringsliv. Utvikling av tenestene skal baserast på brukarane sine ulike premissar og behov. Offentlege tenester skal gjerast tilgjengelege via fleire plattformer og kanalar i tillegg til PC, til dømes gjennom mobiltelefon eller digital-TV. Eksempel på verkemiddel kan vere utsette fristar for innlevering og innrapportering til det offentlege, og at brukarane får raskare svar eller redusert saksbehandlingstid dersom leveringa skjer elektronisk. eNoreg-planen har som mål at alle som ikkje sjølve har tilgang til Internett, kan få utført tenester på nett i sitt nærmiljø. Viktig i så måte er bibliotek, kommunale servicekontor, NAV-kontor osv.

Det andre hovudområdeti eNoreg 2009 er knytt til vekst og verdiskaping. Staten speler ei viktig rolle i å gi stabile rammevilkår for næringslivet, og å forenkle kvardagen for bedriftene. Målsetjinga for dei elektroniske tenestene til næringslivet er at Noreg skal vere leiande internasjonalt i å tilby elektroniske tenester frå offentleg sektor. Det blir spesielt satsa på å gjere kvardagen enklare for bedrifter og unngå tungvinte former for innrapportering. Altinn er eit godt eksempel på dette.

Det tredje hovudområdetgjeld samhandlinga internt i offentleg sektor. Noreg har lenge vore ein aktiv brukar av IKT i offentleg sektor, og IKT har blitt ein viktig reiskap for å oppnå gevinstar knytte til effektivitet, til betre kvalitet av offentlege tenester, og til fornying av offentleg sektor generelt. I perioden fram til 2009 skal det leggjast til rette for digital samhandling i offentleg sektor slik at formell kommunikasjon mellom offentlege verksemder skal skje elektronisk.

Status per oktober 2006

Undervegsrapporten per oktober 2006 viser at vi har komme eit langt sprang nærmare med å realisere eNoreg 2009, og at det er ei markant utvikling for ei rekkje av måla. Vi er i fremste rekkje internasjonalt med omsyn til blant anna tilgang til Internett, offentlege tenester på nett, spreiing av mobilteknologi, bruk av IKT i industri og næringsliv, gode offentlege register og effektive betalingsløysingar. Bruken av offentlege digitale tenester er blitt ein naturleg del av kvardagen til innbyggjarane og bedriftene. Eit stort fleirtal av norske bedrifter leverer både sjølvmelding, omsetnadsoppgåve og aksjonærregisteroppgåve elektronisk gjennom Altinn. Suksessen for dei offentlege digitale tenestene skaper gode føresetnader for ytterlegare effektivisering og fornying av offentleg sektor. Trass i dette har bruk av IKT i næringslivet og elektronisk forretningsdrift framleis stort potensial.

For kommunesektoren har e-Noreg-planane vore ein rettleiande overbygning. Kommunesektoren, ved Kommunenes Sentralforbund, la fram ein eigen IKT-plan, eKommune 2009, hausten 2005. Dei to planane er godt samkjørte. Innan kommunesektoren har det vore ei positiv utvikling i IKT-bruken dei siste tre-fire åra. Kommunane har ansvar for hovuddelen av tenestene til innbyggjarane. Mykje tyder på at den positive utviklinga har halde fram, og til og med skote fart i 2006. Men det er vesentlege forskjellar kommunane i mellom når det gjeld IKT-bruk og det står mykje att før alle moglegheiter er utnytta. Kommunane står òg overfor viktige utfordringar når det gjeld bruk av IKT innanfor tunge sektorar som helse og omsorg og utdanning, og når det gjeld å utvikle elektroniske tenester til innbyggjarar og næringsliv.

Seks sentrale utfordringar

Undervegsrapporten peiker på seks sentrale utfordringar for arbeidet dei kommande åra med å nå måla i eNoreg 2009:

Utfordring 1: Sikre digital inkludering

Nordmenn generelt har solid bruk av IKT, men det er framleis store demografiske forskjellar. Det er særleg dei høgt utdanna og unge som i størst grad har tilgang til og nyttar Internett aktivt. Så godt som alle unge bruker Internett, mens under halvparten av nordmenn over 60 år har nytta Internett i løpet av dei siste 30 dagane. Dette er ei digital generasjonskløft som kan skape polarisering og gjere det vanskeleg for offentlege og private verksemder å utvikle digitale tenester til alle og samtidig oppnå gevinstar. Det er i høg grad bruk for ein nasjonal innsats for å auke den digitale kompetansen, for alle lag av befolkninga, men kanskje særleg for seniorane.

Utfordring 2: Bruk av IKT i undervising stagnerer på for lågt nivå

Det er gjennom dei siste åra investert store beløp i IKT i norsk skule, og digital kompetanse er nyleg skrive inn i alle læreplanar som ei av dei grunnleggjande ferdigheitene på lik linje med lesing, skriving og rekning i grunnopplæringa. Likevel er grunnskuleopplæringa prega av store forskjellar i tilgang til utstyr og infrastruktur og når det gjeld bruk av IKT i pedagogisk samanheng. Det er store variasjonar mellom skulane i bruksmengd, men liten variasjon i korleis IKT vert brukt. Om ein skal nå målet om digital kompetanse som ei basisferdigheit, er det behov for auka fokus på å få IKT inn i sjølve undervisninga.

Utfordring 3: Å utnytte digitalisering til å endre arbeidsprosessane i det offentlege

Mellom 80 og 90 prosent av departementa, fylkeskommunane og kommunane har innført elektroniske arkiv. Men berre halvparten av verksemdene har innført reell elektronisk saksbehandling. Dersom elektronisk saksbehandling ikkje blir sett i samanheng med arkivsystemet, vil ein i mindre grad hauste gevinstar av desse omstillingane. Interessant er det òg å registrere at den interne papirbaserte postomdelinga i sentralforvaltinga ikkje har falle markert i mengd frå 2004 til 2005. Det er nødvendig å setje sterkare fokus på bruken av elektronisk signatur og ID, og å leggje sterkare vekt på organisatorisk omstilling ved implementering av elektronisk saksbehandling. For leiarar i offentleg sektor inneber dette at det ikkje berre skal utviklast kompetanse til å styre IKT-prosjekt, men ein skal også utnytte IKT til målretta og strategisk verksemdsstyring. Det vil bli viktig å sikre at digital leiing blir ein integrert del av leiarrolla i det offentlege.

Utfordring 4: Fleire og betre digitale tenester retta mot innbyggjarar og næringsliv

Tenesteportalen Altinn har hatt stor suksess med å tilby offentlege digitale tenester til næringslivet. Dette gjeld bl.a. for store volumtenester som t.d. omsetnadsoppgåver. Det er likevel behov for å utvikle fleire og betre digitale tenester retta mot næringslivet, og å gjere tenestene betre kjende og lettare tilgjengelege. For å auke bruken må ein ta omsyn til at fleirtalet av norske bedrifter meiner at det finst for mange ulike offentlege portalar på Internett, og at det er for lita samordning av offentleg informasjon på nettet. Det trengst både å utvikle fleire digitale tenester retta mot næringslivet, og å gjere desse tenestene betre kjende og lettare tilgjengelege. Tilsvarande er det behov for å sikre tilstrekkeleg mange og gode tenester til innbyggjarane ved lansering av Miside.

Utfordring 5: Raskare overgang til elektroniske forretningsprosessar og ehandel i offentleg sektor

Det er eit mål at 25 prosent av volumet for offentlege driftsinnkjøp i 2009 skal vere heilt eller delvis skaffa til vegar gjennom konkurransar baserte på elektroniske prosessar for samhandling med næringslivet. Status per august 2006 viser at det har skjedd ein viss overgang, men at det er langt att til målet. Utfordringa no er å få ehandel inn som ein naturleg del av den strategiske tenkinga i alle føretaka i løpet av 2007. Sentrale element i dette arbeidet vil vere innføring av nytt innkjøpsregelverk frå 2007, i tillegg til utviding og forbetring av tilbodet på Marknadsplassen ehandel.no frå hausten 2006. Her må det framleis aktiv innsats til, då omsetnaden per juni 2006 på Marknadsplassen ehandel.no berre var om lag 2,4 prosent av dei samla driftsinnkjøpa i offentleg sektor.

Utfordring 6: Auka offentleg prioritering av forsking på IKT

Den offentleg finansierte IKT-forskinga har hatt minimal vekst frå 2000 til 2005 – frå 420 til 447 millionar kroner. Den prosentvise delen av midlar til IKT-forsking over Forskingsrådet sine budsjett har gått ned frå omkring 13,5 prosent i 2000 til under 10 prosent i 2005. Til samanlikning har dei fire andre områda som er prioriterte i Forskingsmeldinga frå 1999 (marin, medisin, helse og energi) hatt ein vekst på mellom 63 og 110 prosent. Forsking på IKT har slik sett vore underprioritert i forhold til andre satsingsområde.

2.4 IKT-politikken i Europa og EU

IKT-politikken kryssar både grenser og politiske fagfelt av natur. IKT-politikken er derfor eit av dei viktigaste områda for internasjonalt samarbeid og koordinering. I Europa er det konsensus om at dei fleste store utfordringane i IKT-politikken er felles, og berre kan løysast i fellesskap. Av same grunn har Noreg vore ein aktiv deltakar i utforminga av den europeiske IKT-politikken dei siste 10 – 15 åra.

Kort historikk

EU har hatt ein IKT-politikk sidan byrjinga av 1980-talet, og eit eige generaldirektorat for denne politikken sidan 1983. Utviklinga av IKT-politikk i EU og dei store landa i EU heng saman med forskingspolitikken, forsvarsteknologien og industripolitikken i USA og Japan. Mellom desse tre stormaktene er det både kappestrid, gjensidig læring og samarbeid.

Den økonomiske stagnasjonen tidleg på nittitalet gav eit politisk fokus der ein skulle skape arbeidsplassar. IKT-politikken kom meir i fokus som ledd i dette. For IKT-politikken var den såkalla Bangemannrapporten frå mai 1994 eit vasskilje. Med overskrifter som «A revolutionary challenge to decision makers», fekk ein i gang ein brei debatt. Bangemannutvalet var prega av store namn innan europeisk industri, som blant anna Volvos Per Gyllenhammar.

Sidan 1994/95 har IKT-politikken hatt høg prioritet i det europeiske samarbeidet. I juni 2000, samtidig med første versjon av eNoreg-planen, kom eEurope-planen. Den hadde tre hovudmål:

  • Å hjelpe alle europearar inn i den digitale alderen og å få dei på nett

  • Å sikre at borgarane i Europa beherskar den digitale teknologien og at innovasjonskulturen trivst

  • Å sikre at prosessen verkar sosialt integrerande og gir forbrukarane tillit til utviklinga.

IKT-politikken i EU i dag

Europas IKT-politiske utfordringar knyter seg til å tilpasse regelverk til allmenne utviklingar som konvergens, framveksten av nye tenester og det at tenester, næringar og innbyggjarar blir stadig meir grensekryssande. Vidare er arbeidsplassane i stigande grad IKT- og høgkunnskapsbaserte. Informasjonsteknologien har òg ei rolle i å møte miljøutfordringa. Andre utfordringar knyter seg til den aldrande befolkninga i Europa, og den sterke viljen til å krevje sosial inkludering. Det er eit overordna behov for å skape arbeidsplassar og auke konkurranseevna. EUs politikk er basert på subsidiaritetsprinsippet, og bruker ofte den såkalla opne metoden for koordinering: Det betyr å finne løysingane på det lågaste lokale nivået kor dei har praktisk effekt. Samtidig skal ein styre etter Lisboa-strategiens metodar om målstyring, der ein unngår detaljkontroll, men det er eit tett og nært samarbeid med medlemsland og EØS-land om både politikkutforming og politikkutføring. Politikken er utarbeidd i tett samarbeid med medlemslanda, der Noreg òg har delteke aktivt i ekspertgrupper på høgt nivå, med personellutveksling og i ministerfora. EUs politikk blir òg utforma etter kommisjonens nye retningslinjer for god verksemdsstyring, der effektanalysar, jamlege verksemdsvurderingar og etterevaluering står sentralt. Noreg har vore med i dette arbeidet, der blant anna andre departementa, SSB og norske ekspertar har gitt viktige bidrag.

IKT-politikken grip inn i svært mange andre arbeidsfelt. Den overstyrande planen for all IKT-politikk i dag, same kva ansvarleg direktorat og område det gjeld, er i2010, A European Information Society for Growth and Employment, som er det første underprogrammet under  «den nye Lisboa-strategien». Under denne paraplyen finst ei lang rekkje delpolitikkar og strategiar for einskildområde som eGovernment, eHelse, næringsvekst, kreativ sektor, kultur- og mediepolitikk eller forbrukar- og personvern. Arbeidsområdet er rekna som breiare og meir organisatorisk samla enn norsk IKT-politikk. Forsking står i ei særstilling gjennom dei store rammeprogramma, og å auke forskingsinnsatsen er ei av fanesakene i EU. 

Tre hovudpilarar blir sette opp i strategien i2010:

  • Eit felles europeisk informasjonsområde.

  • Investering og innovasjon i forsking.

  • Inkludering, betre offentlege tenester og livskvalitet.

Den første pilaren i i2010 er fokusert på rammevilkår, og omhandlar reguleringar og lovverk pluss andre koordineringstiltak som kan betre rammevilkåra til næringane, men samtidig verne innbyggjarane og vareta kulturelle målsetjingar. Føremålet er ein velfungerande indre marknad for EU/EØS, med like vilkår for alle deltakarar i informasjons- og medieøkonomien. Kommisjonen har lansert ein intensiv revideringsprosess av reguleringsrammeverket. Det er for tida høg aktivitet for å gå gjennom blant anna reguleringsregimet for media, tenestemarknadene og telekom-marknaden, så ein kan oppnå målet om eit «indre informasjonsområde».

Under denne pilaren rår det relativ konsensus om at både utfordringane og løysingane gjeld heile fellesskapet, dvs at nasjonale løysingar har avgrensa effekt. Dermed er debatten om europeisk politikk under denne pilaren ofte svært aktiv i medlemslanda. Rammeregelverket her legg òg i stor grad føringar for norsk lov gjennom EØS-avtalen. 

Andre pilar i i2010 fokuserer på ein kraftig auka forskingsinnsats, og bruk av IKT for innovasjon og effektivisering i næringslivet. Auken i forsking er rekna som tvingande nødvendig for konkurranseevna i framtida, men er òg viktig fordi forskinga legg grunnlaget for framgang på andre område som miljø, eldredeltaking i arbeidsliv og livskvalitet. EUs forskingsinnsats er langsiktig, brei og med ein svært høg IKT-del, 28 prosent i det 7. rammeprogrammet. EU-budsjetta på forsking er likevel under 5 prosent av totalforskinga i Europa, føremålet er derfor primært aktivitetar som ikkje blir dekte nasjonalt. Spesielt for å knyte nettverk og å formidle resultat, er EU-programma svært sentrale. Noreg og norske forskarar har vore tett integrerte i dette forskingssamarbeidet over lang tid, og det legg òg basisen for norsk forskings internasjonale samarbeid og tilknyting på ei rekkje område. Noreg har fått tilbakeført om lag like mykje ressursar som vi har ytt til programmet. 

EU har òg ein politikk for å auke innovasjon og bruk av eBusiness: Næringslivets bruk av IKT for effektivisering og nyskaping. Analysane viser at europeisk næringsliv investerer på eit akseptabelt nivå i IKT, men evnar ikkje å bruke IKT til å skape verdiar eller effektivisere drift i same grad som andre område i verda, med følgjer for produktivitetsveksten.

Den tredje pilareni i2010 femner om område knytte til eit betre liv for europeiske innbyggjarar. Inkludering i informasjonssamfunnet omfattar grunnleggjande tilgang til vital infrastruktur som breiband og politikk for å motverke teknologiske skiljelinjer i samfunnet. Kunnskapsheving står spesielt sentralt som verktøy. Ulike støtteprogram for opplæring og infrastrukturbygging vert administrerte primært gjennom strukturfonda. Reform av styresmaktene med fokus på betre tenester for innbyggjarar og ein meir open, gjennomsiktig og innbyggjarvennleg offentleg sektor, er òg eit viktig innsatsområde for EU. Reforma vil gi betydelege bidrag til å redusere kostnader og den byråkratiske børa for næringslivet, og dermed medverke til vekst og arbeidsplassar. Tenester, næringsliv og befolkning i Europa kryssar i dag landegrenser i raskt aukande tempo. Å syte for at det offentlege tenestetilbodet verkar uavhengig av opphaldsland, er spesielt viktig. Opne standardar og samarbeid er viktige verkemiddel. Forbrukarpolitikk, tryggleik, personvern og tillit har òg auka politisk fokus.

IKT er eit av dei sentrale verkemidla for å sikre ein berekraftig bruk av globale ressursar. Dette har leidd til eit eige såkalla flaggskipsprosjekt under i2010. Eit anna flaggskipsprosjekt er digitale bibliotek – ein del av kulturarvspolitikken, der ressursar blir sette inn for å sikre tilgang på kulturarven i ei digital framtid. Igjen er samarbeid og opne standardar sentrale verktøy. Bruk av IKT for å gjere kvardagen enklare for eldre, i tillegg til å få større deltaking frå eldre i samfunns- og arbeidsliv, er eit tredje flaggskipsprosjekt. Eit fjerde prosjekt er starta for intelligent trafikk – der IKT vert nytta for å gjere trafikken sikrare og meir miljøvennleg.

Ansvaret for utforminga av IKT-politikken ligg formelt under Kommissæren for informasjonssamfunn og media og kommissærens generaldirektorat, DG INFSO. Einskildområde vert i ein del tilfelle administrerte av andre generaldirektorat eller byrå. Politikken vert utforma i tett samarbeid med medlemsstatane og koordinert gjennom såkalla politiske «navprogram» som Modinis og CIP-programma. Navprogramma finansierer og organiserer møte på både ekspert- og politisk nivå, dei finansierer forsking, ekspertutveksling, best practice, studiar og analysar og resultatmålingar. Ettersom Noreg ikkje deltek i prosessane rundt EU-parlamentet og ministerrådet, har den aktive deltakinga i dei einskilde programma vore kjernen i norsk deltaking i EUs politikkutforming på IKT-sida. For dei neste åra er det flaggskipprogrammet CIP (konkurransevne og innovasjonsprogrammet) som vil vere navet i utforminga og oppfølginga av EUs politikk på IKT, media og teknologi, innovasjon, energi- og miljøteknologi. I IKT-politikken vil Noregs valmoglegheiter framleis vere svært influerte av EUs val av retning, ikkje berre gjennom EØS-deltakinga, men like mykje gjennom den grunnleggjande grensekryssande naturen til informasjonsteknologien. EU-landa står for ein stor del av denne grensekryssande aktiviteten for Noregs del.

2.5 Teknologiske utviklingslinjer

Datamaskinen som idé har røter tilbake til den industrielle revolusjonen tidleg på 1800-talet. Heilt på slutten av den andre verdskrigen blei dei første datamaskinane bygde, baserte på radiorøyr. Men det var ein helt ny teknologi som skulle gi det store gjennombrotet: halvleiarteknologien og transistoren. Den første brukbare transistoren blei laga i 1947. I byrjinga av 1970-åra blei dei første mikroprosessoranebygde. Ein mikroprosessor har eit stort tal transistorar samla på same brikke, og er den sentrale rekneeininga i kvar datamaskin.

Tabell 2.1 under viser blant anna korleis talet på transistorar per reknebrikke har utvikla seg sidan 1973 og kva som er overslaget for 2016, 10 år fram i tid. Gordon Moore formulerte i 1965 den spådommen som seinare blei kalla Moores Lov: at talet på transistorar per kvadratcentimeter ville fordoblast ca. kvar 18. månad. Slik har det også gått i store trekk, i over 30 år. Ein vanleg PC som blir seld over disk i dag, har ca. 1 milliard transistorar i den sentrale reknebrikka. Og utviklinga held fram: om 10 år vil talet vere minst 50 gonger høgare. Som tabell 2.1 viser har vi òg hatt ei tilsvarande utvikling for lagring av data.

Tabell 2.1 viser korleis talet på transistorar i reknebrikkene, hastigheita, og lagringskapasiteten har utvikla seg sidan 1973. (K = kilo = tusen, M = mega = million, G = giga = milliard, T = tera = tusen milliardar).

  1973 1997 2006 Anslag 2016
Reknebrikker (mikroprosessorar):
Tal transistorar i brikka 3.5 tusen 16 millionar 1.32 milliardar 64 milliardar
Instruksjonar per sekund 60 000 900 mill. 38 mrd. 800 milliardar
Minnebrikker for datalagring:
Minnekapasitet per brikke 4 kbit 64 Mbit 8 Gbit 128 Gbit
Minne per 1000 kroner 8 kbit 256 Mbit 32 Gbit 2048 Gbit
Optisk fiber:
Bits per sekund i ein einskild fiber 32 M 50 G 2.56 T 100 – 150 T

Kjelde: SINTEF.

Det er denne enorme auken i kapasitet som har gjort dagens IKT-samfunn mogleg, der IKT-bruk trengjer inn i kvar krinkelkrok av tilværet gjennom til dømes minibanken, fartsboksen, e-posten og nettbloggen. IKT-utviklinga har så langt vore prega av plutselege kvantesprang. Nokre døme er:

  • Overgangen frå store, sentrale datamaskinar («stormaskinar») til PC-ar i midten av 1980-åra.

  • Framveksten av Internett frå midten av 90-åra, som gjekk frå å vere eit verktøy i akademia til å bli verdas viktigaste økonomiske infrastruktur berre 10 år seinare.

  • Framveksten av mobil kommunikasjon.

  • Framveksten av strekkodar, som no er ein «moden» teknologi og som i løpet av forholdsvis få år kan bli utkonkurrert av merkelappar som kan identifiserast på avstand gjennom radiokommunikasjon, såkalla RFID (Radio Frequency Identification) 10.

Kvart kvantesprang har hatt dramatiske konsekvensar både i privat og offentleg sektor. Store bedrifter har forsvunne, heile bransjar har blitt omkalfatra og samansmelta, og nye har komme til. I offentleg sektor har utviklinga gitt store moglegheiter for gevinstar, men òg fallgruver og utfordringar.

Det er sjølve evna til å lagre, formidle og behandle informasjon som stadig blir forbetra. Og grensene blir flytta uhyre raskt. Minnepluggen er eit godt eksempel i så måte (sjå boks 2.6).

Boks 2.6 Minnepluggen

I dag er det vanleg å lagre data på såkalla minnepluggar, til ein pris av berre nokre få hundrelappar. På éin slik plugg vil ein kunne lagre kvar einaste melding som er fremja for Stortinget dei siste fem åra, og framleis vil ein ha god plass.

Det er vanskeleg å føreseie den teknologiske utviklinga framover med nokon særleg grad av presisjon. Ingen såg føre seg kor viktig sms skulle bli, og det var djup skepsis til om PC-en eigentleg hadde noka framtid. Internett blei òg sett på som eit fenomen av lita betydning. Dette manar til å vere varsam og audmjuk. Vi veit lite om kva «dingsar» og kva bruksområde for IKT som vil vere dei viktigaste om 10–20 år.

Det vi veit er at mange trekk frå den noverande teknologiutviklinga vil halde fram i minst 10 år til:

  • Datamaskinane vil gå raskare.

  • Lagringskapasiteten vil bli større.

  • Datasambanda vil bli hurtigare.

  • Trådlaus kommunikasjon vil bli vanlegere, hurtigare og krevje mindre straum (særleg over kort avstand).

  • Komponentane vil bli mindre.

  • Utfordringane innan IKT-tryggleik vil auke.

Grunnleggjande komponentar kjem til å falle i pris. PC-ar har blitt billigare, men ikkje så mykje som prisfallet på komponentar skulle tilseie. Nye PC-ar har vesentleg større kapasitet enn gamle, så vi får meir for pengane, men vi bruker om lag like mykje pengar på ein PC som før.

Utviklinga fører til at fleire og fleire produkt kjem til å innehalde mikroprosessorar, både kjende produkt som støvsugarar og fjernsynsapparat og nye produkt som til dømes mp3-spelarar, digitalkamera og mange andre produkt vi enno ikkje har sett. Det vil bli vanlegere at produkta kan kommunisere med kvarandre, gjerne trådlaust. På same måte som ein moderne bil i dag inneheld ei rekkje mikroprosessorar, kjem fleire og fleire andre ting også til å gjere det, i heimen, på arbeidsplassen og i handveska. Når «alt» kan kommunisere med «alt», dukkar det opp uante moglegheiter og tallause utfordringar. Mykje av det som var science fiction i går, blir kvardag i morgon.

Innan telefoni og kommunikasjon er det fleire kjende trendar som kjem til å halde fram, blant anna:

  • Dei fleste kjem til å skaffe seg breiband.

  • Fleire kjem truleg til å avskaffe fasttelefonen og erstatte denne med mobil eller med IP-telefoni (eller begge delar).

Infrastrukturen for det tradisjonelle telefoninettet har til gjengjeld fått ei ny og viktig i rolle i å gi tilgang til breiband. Teknologiutviklinga har gjort det «gamle» koparnettet veleigna til framføring av breiband. Med breiband er det mogeleg å få både telefoni, internettaksess og TV-tenester over denne tradisjonelle infrastrukturen.

For tida vert det gjort mykje arbeid med standardisering av nye radioteknologiar for datakommunikasjon 11. Det veks òg fram nye teknologiar for kommunikasjon på kort avstand, dvs. nokre meter. Samtidig blir mobilnetta vidareutvikla. Framtidas mobiltelefonar må kunne bruke ei rekkje ulike radionett. For kundane vil kombinasjonen av dei ulike netta framstå som eitt samanhengande nett.

2.5.1 Internett er blitt verdas viktigaste felles infrastruktur

Sidan 1994 – 95 har bruken av Internett vakse frå null til å forbinde drygt 1 milliard PC-ar og andre datamaskinar over heile verda, kvar med si unike «adresse» 12. I Noreg anno 2006 er dagleg bruk av Internett blitt ei sjølvfølgje for dei fleste, både på arbeidsplassen og privat. Slik er det òg i dei andre industrilanda, og i aukande grad også i mange av utviklingslanda.

Tabell 2.2 viser talet på brukarar av Internett per september 2006, fordelt på dei ulike verdsdelane. For 10 år sidan var det 45 millionar internettbrukarar. I dag er det i alt 1086 millionar brukarar, flest i Asia, følgd av Europa og Nord-Amerika. Veksten er størst i Afrika, Midtausten og Latin-Amerika. Engelsk er det mest brukte språket på Internett og vert nytta av ca. 30 prosent. Deretter kjem kinesisk med ca. 15 prosent og japansk med ca. sju prosent. Ingen av dei skandinaviske språka er blant dei 20 mest brukte.

Tabell 2.2 Internettbruk i ulike verdsdelar, 2006

Region Befolkning (2006 est.) Befolkning prosent av verda Internettbrukarar, sept. 2006 Prosent av befolkninga i regionen Prosent av verdas brukarar Bruksvekst 2000 – 2006
Afrika 915,210,000 14.1 % 32,765,000 3.6 % 3.0 % 625.8 %
Asia 3,667,774,000 56.4 % 394,872,000 10.8 % 36.4 % 245.5 %
Europa 807,289,000 12.4 % 308,712,000 38.2 % 28.4 % 193.7 %
Midt-Austen 190,084,000 2.9 % 19,028,000 10.0 % 1.8 % 479.3 %
Nord-Amerika 331,473,000 5.1 % 229,138,000 69.1 % 21.1 % 112.0 %
Latin-Amerkika 553,908,000 8.5 % 83,368,000 15.1 % 7.7 % 361.4 %
Oseania/ Australia 33,956,000 0.5 % 18,364,000 54.1 % 1.7 % 141.0 %
Sum Verda 6,499,697,000 100.0 % 1,086,250,000 16.7 % 100.0 % 200.9 %

Kjelde: www.internetworldstats.com. © Copyright 2006, Miniwatts Marketing Group. All rights reserved worldwide.

På overordna nivå er adressesystemet organisert med såkalla toppnivådomene. Det finst ca. 270 ulike toppnivådomene, med .com, .org, og .net som nokon av de mest kjende. Ca. 250 av toppdomena er tilordna einskilde land eller geografiske område. I Noreg er det Post- og Teletilsynet som har ansvaret for våre geografiske toppnivådomene, først og fremst .no, men også .bv og .sj, som er sette av til bruk for Bouvet-øya og Svalbard/Jan Mayen. Boks 2.7 gir ei oversikt over korleis dette er organisert i Noreg, og korleis sambanda er til den internasjonale organisasjonen ICANN, Internet Corporation for Assigned Names and Numbers.

Boks 2.7 Forvaltninga av .no-domenet

Eit domenenamn er ei unik adresse som fungerer som eit kjenneteikn for ei IP-adresse (IP = «Internett Protokoll»). Eit domenenamn sørgjer for å omsetje IP-adressa slik at informasjonen kjem fram til rette vedkommande (til dømes ein datamaskin). Domenenamn høyrer inn under ekomlovens føresegner om forvaltning av nummer, namn og adresser for elektronisk kommunikasjonsnett og -teneste.

Samferdselsdepartementet har det overordna ansvaret for .no-domenet, som er landkodetoppdomenet for Noreg i samsvar med det globale domenenamnsystemet. Reglar for forvaltninga av .no-domenet er gitt i domeneforskrifta, som trådde i kraft 1. oktober 2003. Forskrifta utgjer det offentlegrettslege rammeverket for forvaltninga av .no-domenet, og stiller blant anna krav til at tildelinga av domenenamn skal skje etter prinsipp om at den må vere ikkje-diskriminerande, kunne føreseiast, vere open og kostnadseffektiv. Det er registreringseininga for .no-domenet, Norid, som administrerer domenet. Norid er eit selskap i UNINETT-konsernet, som er eigd av staten ved Kunnskapsdepartementet. Oppgåva blei opphavleg tildelt Norid gjennom ein overeinskomst med organisasjonen IANA, som tidlegare hadde det internasjonale ansvaret for delegering av toppnivådomene. Funksjonen blei overført frå IANA til ICANN i 1998. Norid utøver ikkje forvaltningsmyndigheit, og tildelinga av domenenamn skjer etter privatrettslege reglar. Det er opp til Norid å fastsetje detaljerte reglar for tildelinga av domenenamn innan dei rammer som domeneforskrifta set. Før vedtak og vesentleg endring av tildelingsreglane skal det hentast inn synspunkt frå brukarrepresentantar og styresmaktene. I praksis sender Norid forslag til endring av tildelingsreglene ut på høyring før dei vert vedtekne. Post- og teletilsynet fører tilsyn med at krava i domeneforskrifta vert etterlevde.

Tvisteløysingsordning for domenenamn

I dei seinare åra har det oppstått ei rekkje tvistar om rettar til domenenamn. Gjennom domeneforskrifta blei Norid pålagd å etablere ei nemnd for å løyse slike tvistar. Domeneklagenemnda blei oppretta, og starta sitt virke samtidig med at forskrifta trådde i kraft. Nemnda har sidan behandla ca. 60 saker. Post- og teletilsynet gjorde i 2005 ei evaluering av nemnda si verksemd. Basert på ei brei høyring konkluderte tilsynet med at nemnda fungerer i tråd med føresetnadene: å vere rimeleg, hurtig, tillitvekkjande, ivareta rettstryggleik og ivareta begge partars interesser. Samferdselsdepartementet har på bakgrunn av høyringa rådd til at nemnda blir vidareført, og at det ikkje blir gjort vesentlege endringar i ordninga.

Den eksplosive veksten skaper store utfordringar for trafikken på og vidareutviklinga av Internett. Utfordringane knyter seg til fleire forhold, blant anna:

  • Tryggleik 13 . Sikring av samfunnskritisk IKT-infrastruktur og manglande tryggleik hos den einskilde brukar, til dømes virus, nettsvindel («phishing») og uønskt innhald («spam»).

  • Økonomi og forretningsmodellar. Mykje i og rundt Internett er gratis, eller blir oppfatta som gratis. Dette skaper utfordringar i forhold til å finansiere investeringar og til dømes i forhold til spørsmål om dei høgast betalte tenestene skal få fortrinn, til dømes ved raskare overføringshastigheit – «ulike fartsgrenser på Internett». Debatten om nettnøytralitet (network neutrality) er høgt på dagsordenen i USA. I Noreg er debatten framleis mindre synleg 14.

  • Skalering og oppgradering. Det trengst oppgradering og vidareutvikling av Internettprotokollen, blant anna for å auke talet på unike adresser. Dette må skje mens nettet er i full, normal drift.

  • Sensur og overvaking.

Utfordringane aukar fordi vi er på god veg inn i eit nytt teknologisk kvantesprang, knytt til radiokommunikasjon mellom objekt (RFID, Radio Frequency Identification). Bruk av RFID vil ha store økonomiske og bruksmessige fordelar i å følgje objekt, for til dømes koffertar, containerar, kledeplagg, matvarer, eller kjæledyr. Det inneber at kvart einskilt objekt vil ha sin eigen identitet på Internett. Dette framtidige og sterkt utvida Internett blir kalla «tingas Internett». Det medfører blant anna at talet på adresser vil auke dramatisk, med ein faktor på 10 000 til 100 000 samanlikna med i dag.

Boks 2.8 RFID – Radio Frequency Identification

RFID (Radio Frequency Identification) er eit konsept for automatisert identifikasjon av objekt ved bruk av radiobølgjer. Små integrerte krinsar (brikker) med informasjon blir festa til dokument eller integrerte i produkt eller emballasje. Ein RFID-lesar kan lese informasjonen på brikker innanfor rekkjevidd. Eit komplett RFID-system består av brikker, lesarar, eit databasesystem og gjerne òg ei form for avgjerdsstøtte.

RFID-brikker finst i aktiv og passiv utgåve. Aktive brikker har eige batteri og er derfor større enn passive brikker, dei kan òg innehalde meir funksjonalitet og verke over lengre avstandar (over 100 meter). Autopassbrikkene som blir nytta i bomvegssystem er typiske aktive brikker. Passive brikker har ikkje eige batteri, men får energi frå radiosignala til lesaren. Detaljhandelsindustrien er dei største potensielle brukarane av passive RFID-brikker, men eit anna viktig bruksområde er biometriske pass. Slike blir allereie utferda i Noreg, med passdata og ein digital versjon av passbiletet på brikka. Passive brikker kan vere veldig små – den minste kjende brikka i dag er mindre enn 0.44 mm på ei side. RFID-brikker kan dessutan vere read-only, slik at data på brikka blir lagde inn berre éin gong og seinare berre blir avlesne, eller dei kan tillate skriving av data. Slik oppdatering av informasjonen på brikka er nyttig der ei brikke blir brukt til å følgje eit produkt gjennom heile livssyklusen. Det er òg mogleg å kople RFID-brikker med ulike sensorar for måling av temperatur, lufttrykk, rørsle, akselerasjon, biokjemiske stoff eller liknande.

Bruksområde i dag.RFID blir i dag brukt på ei rekkje område for å spore og identifisere ulike typar objekt. Kort med RFID-brikker kan i stor grad òg brukast som elektroniske pengar, til dømes i form av førehandsbetalte reisekort til offentleg transport. Husdyr blir merkte mange stader med RFID-brikker, og merkinga kan følgje kjøttet helt til ferskvaredisken. Kjæledyr kan merkjast med RFID-brikke for identifikasjon slik at dei kan returnerast til eigaren om dei kjem bort. RFID blir nytta på bibliotek for å merkje bøker og automatisere prosessen rundt utleige og tilbakelevering. Deichmanske bibliotek i Oslo har allereie teke eit slikt system i bruk. RFID opplever aller sterkast vekst innan varelogistikk, der pallar og containerar blir merket for å optimalisere og automatisere vareflyten.

RFID-brikker kan òg implanterast under huda på menneske. Den vanlegaste grunnen er at menneske med spesielle medisinske tilstandar er redde for feilbehandling viss dei hamnar bevisstlause på sjukehus og ikkje kan fortelje om tilstanden sin. Verichipbrikka, som er godkjend av dei amerikanske helsemyndigheitene til bruk i menneske, er på storleik med eit riskorn.

«Radiomerking» av ting, dyr og menneske kan vere svært nyttig. Men det kan òg vere problematisk i forhold til vern mot unødig identifikasjon. Det er viktig at personvernomsynblir tekne med når ein vurderer bruksområde for RFID. Det er mogleg å treffe sikringstiltak der personvernet kan vere truga. Til dømes kan signala frå ei RFID-brikke sikrast mot lesing frå andre enn heilt spesifikke lesarar, eller signala som vert sende kan krypterast slik at ikkje kven som helst skal kunne lese innhaldet.

Kjelde: Teknologirådet.

2.5.2 Marknadsmessige utviklingslinjer

Marknaden for reine IKT-produkt skil seg frå andre marknader på nokre viktige punkt.

  • Når ei programvarebedrift først har utvikla ein ny versjon av eit programprodukt, er kostnadene små ved å lage fleire eksemplar (låge marginalkostnader). Dermed blir det svært lønnsamt å vere stor, og tilsvarande vanskeleg å vere nykommar.

  • Brukarane blir ofte avhengige av kvarandre; ein telefon har ikkje stor verdi utan at andre har det same apparatet kopla til same nett. Jo fleire som er kopla til nettet, jo betre er det. Det gir heller inga meining å bruke sms aleine. Sidan det er tenleg å oversende dokument elektronisk blir det òg lett slik at brukarar av program som tekstbehandlarar, rekneark, biletbehandling, m.v. blir avhengige av kvarandre.

Desse effektane gjer at det lett oppstår monopol med fare for misbruk av marknadsmakt. Derfor er det behov for god og oppdatert regulering for å sikre forbrukarane mot overpris, og for at mindre aktørar og nye løysingar skal kunne vinne fram. Det er òg ønskjeleg med standardar som gjer ein mindre avhengig av bestemte format og produkt frå visse bedrifter. Regulering og standardisering er krevjande verkemiddel. Det er vanskeleg å lage standardar utan å lage bremser for ønskt innovasjon. Det er fleire døme på at standardar med dei beste intensjonar, ikkje har hatt nokon reell innverknad, og iblant har verka mot føremålet ved å favorisere døyande produkt. Marknaden for IKT-produkt og tenester er globalt. Det er vanskeleg for små land å velje eigne standardar og teknologiar. Dette set rammer for nasjonal standardisering, men det gjer òg at teknologiar som slår igjennom internasjonalt kan oppnå så store volum at prisane går dramatisk ned. Eitt døme er korleis teknologien for breiband på telefonlinja (ADSL og liknande) har utvikla seg til å bli langt billigare og betre enn ein trudde for 10 år sidan, takk vere det internasjonale gjennombrotet for denne teknologien. Eit anna døme er korleis teknologien for trådlause nett 15 har falle dramatisk i pris fordi den dominerande mikroprosessorprodusenten Intel har satsa på å integrere støtte for teknologien i sine produkt. Dette har gjort denne teknologien vesentleg billigare, og i praksis bestemt kva som i dag er den viktigaste teknologien for trådlause nett.

Derimot er marknaden for elektronisk innhald og tenester ikkje berre prega av at det er godt å vere stor. Den smalaste stemme og den minste interessegruppe kan gjere seg gjeldande med eigne bloggar og andre internettsider, og sjølv produkt med marginal omsetning kan seljast med rimeleg margin på nettet. Mange bøker som sel i så få eksemplar at ingen bokhandel ser seg tent med å ta dei inn, kan seljast over Internett. Amazon.com, verdas største nettbokhandel, har større omsetning frå sal av slike bøker enn frå bøker som typisk finst i ein bokhandel. Fenomenet blir kalla «the long tail» og er eit uttrykk for at netthandel langt frå berre handlar om lågare priser. Det er òg ein måte å selje og informere på som gir tilgang til varer og informasjon som elles ville vere utilgjengeleg 16. Fenomenet er med på å gjere det mogleg for små produsentar og små land å gjere seg gjeldande på den internasjonale arena innanfor eigne nisjar.

Tradisjonelt har samfunnet etablert nye IKT-tenester som telegraf, fasttelefon, radio, fjernsyn, mobiltelefon osv. ved å byggje nye infrastrukturar for desse frå botnen av. Dermed har det oppstått uavhengige tekniske løysingar for desse tenestene, gjerne organiserte som vertikale «siloar». Men digitaliseringa (og særleg overgangen til internetteknologi) har endra dette biletet. No kan det same nettet vere transportveg for ei rekkje ulike tenester. Det kan etterkvart føre til at den vertikale modellen forsvinn, og at vi kan få ein horisontal modell der det blir vanleg å tilby tenester ved hjelp av infrastruktur levert av andre. På mobilnettet ser vi dette tydeleg. I Noreg er det mogleg å selje og kjøpe mobile innhaldstenester uavhengig av val av mobiloperatør. Ei vidareutvikling av dette er overgangen til IP-telefoni (breibandstelefoni), der telefoni blir ei teneste som er eit tilbod til alle med eit velfungerande internettsamband. Dersom utviklinga blir slik, har det vidtrekkande konsekvensar for marknaden for transport, tenester og innhald. Dei som leverer datatransport må ta seg betalt for sjølve transporten, sidan dei ikkje kan rekne med betaling for tenester som telefoni, SMS eller TV-program. For kundane vil dette kunne føre til noko av det same som vi opplevde med elektrisk straum, der det blei innført separate rekningar for høvesvis produksjon og distribusjon av elektrisitet. Utviklinga vil òg føre med seg ei vidare internasjonalisering av marknaden. Det blir dermed eit monaleg spelerom for internasjonale leverandørar av musikk, pengespel, bøker, reiser, etc. Dei gamle, vertikale siloane gav kontroll til dei som beherska den fysiske infrastrukturen, og la grunnlaget for ein nasjonal politikk innan til dømes fjernsyn. Når ein slik grunnleggjande kontroll forsvinn, endrar det òg premissane for nasjonal politikk, og politikken blir meir internasjonalisert.

2.5.3 Konvergens av tele-, data-, og mediesektoren

Digitaliseringa og den tekniske utviklinga har ført til at fleire sektorar har fått ein felles basis i digital teknologi. Dette medfører igjen at dei tradisjonelle sektorgrensene mellom til dømes telekommunikasjon, informasjonsteknologi og kringkasting blir bygde ned. Denne samansmeltinga av tele-, data- og mediesektorane blir kalla for «konvergens». Endringane fører til at aktørar tilbyr fleire tenester over same infrastruktur, same tenester over forskjellige infrastrukturar, og at mottakarar tek imot fleire tenester på same terminal. Endringsprosessane finn stad i heile verdikjeda.

Boks 2.9 Konvergensen reint praktisk

Mobiltelefonen er ikkje lenger berre eit verktøy for taletelefoni, den har òg ei rekkje andre bruksområde slik som SMS/MMS, Internett, mp3-spelar, radio, mobil-TV, kamera og som betalingsmiddel. Tilsvarande blir kabel-TV-nettet ikkje berre brukt til utsending av TV-signal, men òg til IP-telefoni, Internett og Video-On-Demand-tenester (VOD). Dei funksjonelle forskjellane mellom ulike nett blir dessutan mindre som følgje av at dei fysiske infrastrukturane får større distribusjonskapasitet og meir interaktive eigenskapar.

Det er dei tekniske skilja som fell først. Det er for tidleg å seie kor fort skilja mellom tenestene endrar seg. For svært mange er TV framleis berre TV, og PC berre PC. Dels er det teknisk krevjande å kople tinga saman slik at skilja verkeleg forsvinn, dels liker mange å lene seg tilbake i sofaen og sjå på TV, mens dei er meir aktive og framoverbøygde når dei bruker PC. Det har vakse fram tradisjonar for korleis dei ulike media vert nytta, og desse lever vidare sjølv om den tekniske avgrensinga er i ferd med å forsvinne. På same måte ser vi at både bøker og vekeblad klarer seg fint, sjølv om mange lenge har spådd deira undergang.

Når dei tekniske grensene forsvinn, oppstår det likevel utfordringar på politisk nivå. Regulering av TV var til dømes enkelt den gongen TV berre blei levert på éin måte. Det same gjeld telefoni, publiseringsverksemd m.v. Å handheve norske reglar for TV-reklame for TV-program distribuerte i Noreg, vil ved ein framtidig distribusjon over Internett gi nye regulatoriske utfordringar. Denne typen utfordring kjem på ei rekkje politikkområde. Dette har bl.a. vore synleggjort ved problema med spelavhengige og den enkle tilgangen til pengespel på Internett. For politikken betyr dette at IKT ikkje kan vere eit område berre for dei spesielt interesserte.

Utviklinga innan IKT går hurtig, og det er vanskeleg å komme med sikre spådommar om kva for teknologi som er den rette, kva som er den rette standarden, m.v. Derfor bør politikken og reguleringa som hovudregel vere teknologinøytral. Tung offentleg verkemiddelbruk for å fremje bestemte teknologiar kan lett få vesentlege negative sideeffektar 17.

2.6 Måla for IKT-politikken og rollene til det offentlege

IKT-utviklinga fører med seg ei rekkje spennande men krevjande politiske utfordringar. Ein vellukka IKT-politikk skal bidra til å nå regjeringa sine mål på ei rekkje felt, mellom anna:

  • fornyinga av offentleg sektor,

  • nærings- og arbeidslivspolitikken,

  • utdanningspolitikken,

  • helse- og sosialpolitikken,

  • regionalpolitikken, og

  • miljøpolitikken.

Det er derfor vanskeleg å avgrense IKT-politikken, og det vil vere behov for å utøve tverrgåande IKT-politikk innan nær sagt alle tradisjonelle politikkområde. Den teknologiske dynamikken er slik at det stadig oppstår behov for ny politikk og ny regulering, samtidig som IKT viser seg å endre premissane for noverande regulering innan ei rekkje politikkområde, til dømes innan kulturpolitikken.

Det raske tempoet i utviklinga på IKT-området er ei utfordring i seg sjølv. I vårt styresett tek det til dømes ein god del år å førebu og fremje lovforslag: først ein utgreiingsfase, så høyring, så endeleg utforming og kvalitetssikring i fagdepartementet, og til slutt Stortinget sitt arbeid med saka. På IKT-området skjer det gjerne vesentlege endringar i løpet av eit år, dette kan leie til at vurderingar og forslag «går ut på dato».

Dei ulike rollene til det offentlege

Det offentlege har minst fire ulike roller på IKT-området:

  • Regelmakaren: Definere nasjonale «spelereglar» (lovar, forskrifter, standardar) for å skape eit effektivt samspel mellom einingane i forvaltninga og næringslivet, og med samfunnet elles. Rolla blir utøvd best i tett, konsultativt samspel med dei sentrale aktørane i offentleg sektor og næringslivet, spesielt IKT-bransjen.

  • Losen: Leie utviklinga mot ein kunnskapsøkonomi i ein æra av stor global rørsle og konkurranse, der landegrenser ikkje lenger betyr så mykje. Rolla handlar først og fremst om nasjonal kompetansebygging og arbeidskraftpolitikk, der IKT er heilt vesentleg.

  • Tenesteytaren: Vidareutvikle dei offentlege tenestene til bedrifter og borgarar ved hjelp av IKT. Offentleg sektor har tradisjonelt vore vertikalisert, dvs. at informasjonen flyt oppover og nedover innan åtskilde, sideordna «siloar», men lite på tvers. Oppgåva er å sørgje for ein betre integrert offentleg sektor, med sterkare samordning og informasjonsutveksling mellom offentlege etatar slik at behova til bedrifter og individ blir dekte.

  • Utbyggjaren: Unntaksvis byggje (dvs finansiere) IKT-infrastruktur i brei forstand på:

    1. område som heilt klart tilhøyrer fellesskapet, eller

    2. der marknaden/ andre aktørar ikkje maktar å ta på seg den økonomiske risikoen (marknadssvikt). På dei fleste område er leverandørane i marknaden i dag godt posisjonerte til å byggje infrastruktur på marknadsmessige premissar.

Eit aktuelt døme er breibandsutbyggjinga. Her har Noreg med stort hell stimulert til offentleg etterspørsel (gjennom HØYKOM-programmet frå 1999), og elles satsa på ei marknadsbasert utbygging av breibandsnettet. Dette har vore lite kostnadskrevjande samanlikna med einskilde andre lands direkte støtte til utbygging av breiband. Noreg ligg no i verdstoppen både når det gjeld prosentdelen av huslydane som har tilbod om breiband, og dei som faktisk har installert det. Men ca. 5 prosent av innbyggjarane vil ikkje få breibandstilbod frå marknaden. Det er regjeringa sitt mål at alleskal ha tilbod om breiband. Staten må derfor ta eit ansvar for å understøtte den marknadsbaserte utbygginga. (Jf. forslag i St. prp. Nr. 1 for 2007).

Fotnotar

1.

Vi har i meldinga valt å bruke IKT i staden for IT for å synleggjere kommunikasjonsaspektet Det er ikkje store forskjellar – om nokon – mellom omgrepa.

2.

Mengd av digitalisert informasjon som blir overført pr. tidseining i eit digitalt system.

3.

World Wide Web eller www.

4.

Jf. Pew Internet & American Life Project sin rapport frå november 2005 om unges bruk av Internett i America.

5.

http://www.pewinternet.org/pdfs/PIPprosent20Bloggersprosent20Reportprosent20Julyprosent2019prosent202006.pdf)

6.

Sjå også: http://www.internetworldstats.com/blog.htm

7.

Mellom partane i arbeidslivet vart det inngått ein «rammeavtale om datamaskinbaserte systemer» i 1975.

8.

http://odin.dep.no/fad/norsk/tema/ITpolitikk/enorge/bn.html

9.

http://odin.dep.no/fad/norsk/dok/andre dok/rapporter/071021-22000/dok-bn.html

10.

Sjå boks 2.8.

11.

Det er allereie delt ut lisensar for WiMax-standarden.

12.

IP-adressa (IP=Internet Protocol)

13.

Sjå kapittel 9.3 for nærmare omtale.

14.

Sjå og 4.2.3.3.

15.

WLAN, standarden IEEE 802.11b

16.

Sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Long_tail. Wikipedia er sjølv eit eksempel på dette fenomenet, med svært mange oppslagsord, mange altfor spesielle til at dei kunne ha vore i noko trykt leksikon.

17.

Lovregulering for sektorane som konvergerer, er handsama nærmare i kapittel 6.7.8.

Til toppen
Til forsida av dokumentet