St.meld. nr. 48 (1996-97): Kortversjon

Om lærarutdanning

St meld nr 48

(1996-97)

Om lærarutdanning

Stortingsmeldinga i kortversjon


I denne kortversjonen av linkdoc014005-040008#docSt meld nr 48 (1996-97) Om lærarutdanning presenterer vi hovudpunkta i meldinga.

Stortingsmeldinga byggjer i hovudsak pÅ lærarutdanningsutvalet si innstilling, linkdoc014005-020005#docNOU 1996:22 Lærerutdanning. Mellom krav og ideal, og dei omfattande høyringsfråsegnene som blei gitt i samband med innstillinga.

Lærarutdanning

  • allmennlærarutdanning 4-årig
  • førskulelærarutdanning 3-årig
  • praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag og yrkesfag 1-årig
  • faglærarutdanning 3-årig
  • yrkesfaglærarutdanning 3-årig

Bakgrunn

Samfunns- og arbeidslivet stiller stadig nye krav til dugleik, kunnskapar, kompetanse og arbeidsmåtar. På same tid skjer det endringar i familiemønsteret, bumiljø, fritid, internasjonalisering, tilgang på informasjon og verdiformidling. Denne utviklinga har konsekvensar for oppvekst og læringsvilkår hos barn og unge, og må møtast med endringar i opplæringssystemet.

I 1990-åra er det iverksett fleire store opplæringsreformer: høgskulereforma, R 94 og R 97. Opplæringsreformene har som mål å møte nye krav til kompetanse i arbeids- og samfunnsliv, utvikle arbeidsformer og arbeidsvanar og styrkje fellesskapet og den enkelte fagleg, personleg og sosialt.

Lærarutdanninga bør omformast for betre å vere i samsvar med måla, intensjonane og innhaldet i opplæringsreformene.

Det er behov for auka kunnskap og kompetanse på fleire område, særleg innan realfag, språkfag og informasjonsteknologi. Desse faga bør styrkjast i lærarutdanninga. Særleg viktig er det å motivere jenter /kvinner til å satse på realfag og informasjonsteknologi.

Elevane si læring og utvikling er hovudmålet med all opplæringsverksemd. Elevane skal delta aktivt i arbeidet med å planleggje, gjennomføre og vurdere opplæringa. Lærarutdanninga må ta omsyn til ei slik elevrolle.

90-tals reformene legg stor vekt på samanhengen mellom dei ulike nivåa i opplæringssystemet:

  • Felles generell læreplan for grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring.
  • Nytt læreplanverk for grunnskulen og vidaregåande opplæring.
  • Lovfesta rett til 3 års vidaregåande opplæring for ungdom mellom 16-19 år - Reform 94.
  • Senka skulestart til 6 år og 10 års obligatorisk opplæring i grunnskule - Reform 97.
  • Nedlegging av statlege spesialskular og etablering av statlege kompetansesentra.
  • Etablering av Noregsnettet for høgre utdanning og forsking.
  • Ny lov om universitet og høgskular.

Regjeringa har gjort framlegg om ny og felles lov om opplæring for grunnskule og vidaregåande opplæring, opplæringslova - jf Ot prp nr 36 (1996-97).

Førskulelærarutdanninga fekk ny rammeplan i 1995.

For å dekkje behovet for etter- og vidareutdanning i arbeidslivet, blir no ei reform om livslang læring utgreidd.

Nasjonal styring

Lærarutdanninga er eit nasjonalt verkemiddel for å sikre einskapsskulen og eit likeverdig opplæringstilbod og høg kvalitet på opplæringa. Lærarutdanninga blir styrt gjennom:

  • Lovverk og forskrifter.
  • Rammeplanar og dimensjonering.

Det blir foreslått at lærarutdanningslova blir oppheva, og at innhaldet i lærarutdanninga blir fastsett i medhald av universitets- og høgskulelova. Departmentet foreslår at heimelen til å fastsetje nasjonale standardkrav for undervisningskompetanse blir lovfesta, og at utdanningskrav for undervisningspersonale i grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring blir nærmare fastsette i forskrift.

Rammeplanar

Nasjonalt fastsette rammeplanar blir styrka i framlegget til ny lærarutdanning.

Det blir forslått:

  • Rammeplanane skal gi tydelegare og klarare styringssignal. Fagplanane i lærarutdanninga skal ivareta mål, innhald, arbeidsmåtar, vurderingsformer m m (i grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring.)
  • Det vil bli sett i verk tiltak som kan betre grunnlaget for å vurdere om opplæringa i lærarutdanninga er i samsvar med rammeplanane.
  • Rammeplanane for dei ulike lærarutdanningane vil ha eit felles generelt kapittel.

Følgjande hovudprinsipp vil bli lagde til grunn for ny lærarutdanning og for arbeidet med rammeplanar:

  • Studentane sin faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse skal styrkjast i samsvar med mål og krav i opplæringsreformene.
  • Prinsippet om einskapsskulen og det likeverdige opplæringstilbodet med vekt på fellesskap, likeverdig og tilpassa opplæring i eit fleirkulturelt samfunn skal utviklast vidare.
  • Studentane skal utvikle ei lærarrolle som set elevane si læring i fokus. Eleven skal vere aktiv, handlande, sjølvstendig og medverkande i opplæringa.
  • Studentane skal utvikle dugleik og evne til refleksjon over eige arbeid og val av undervisningsmetode.
  • Studentane skal møte arbeidsformer i lærarutdanninga som dei vil møte i grunnskulen, vidaregåande opplæring og i vaksenopplæring.
  • Studentane må utvikle kompetanse til å ivareta tverrfaglege tema som likestilling, samlivslære, forbrukarlære, trafikklære, alkohol/narkotika, bibliotekkunnskap, menneskerettar, entreprenørskap, teknologi o l i opplæringa.
  • Studentane må få kompetanse til å ivareta den estetiske dimensjonen i opplæringa.
  • Studentane må utvikle kompetanse til å nytte informasjonsteknologi i opplæringa.
  • Studentane må utvikle kunnskap og innsikt om heilskapen, samanhengen og kontinuiteten i opplæringssystemet, og innsikt i skulen som organisasjon.
  • Utdanninga må leggje grunnlag for å ivareta skulen si rolle i eit samfunnsperspektiv, i forhold til arbeidsliv og i skule-heimsamarbeidet særskilt.
  • Utdanninga må leggje grunnlaget for at lærarar kan møte utfordringar i eit framtidig opplæringssystem, jf prinsippet om livslang læring.

Lærarutdanninga må ha læring og utvikling hos elevane som hovudmål, og ta utgangspunkt i læraren sine oppgåver og dei måla som opplæringa byggjer på.

Utdanninga må ta vare på det som er det varige i læraryrket, og samstundes kunne endrast i høve til nye utfordringar.

Det er skuleeigar sitt ansvar å sørgje for at lærarkollegiet sin samla kompetanse er slik samansett at dei faglege og pedagogiske oppgåvene blir ivaretatt på den beste måten.

Lærarrolla

Læraren møter ulike utfordringar:

  • I møte med eleven
    • som tilretteleggjar, arbeidsleiar og rettleiar
    • som fagressurs og formidlar
    • som forbilde
    • som omsorgsperson.
  • I møte med kollegaer og leiing
  • I møte med foreldre og føresette
  • I møte med arbeids- og samfunnsliv

Lærarkompetanse, m.a.:

  • fagleg kompetanse
  • didaktisk og pedagogisk kompetanse
  • yrkesetisk kompetanse
  • sosial kompetanse
  • endrings- og utviklingskompetanse

Modellar

Allmennlærarutdanninga

Utdanninga må ta omsyn til allmennlæraren si rolle som klassestyrar og den faglege og pedagogiske breidda dette føreset.

Studiemodell

Det blir foreslått å innføre ein felles studiemodell for organisering av allmennlærarutdanninga. Allmennlærarutdanninga vil ha eit omfang på 80 vekttal, der 60 vekttal er obligatorisk og 20 vekttal er valfag.

I den nye studiemodellen er omfanget av obligatoriske fag auka med 10 vekttal. Engelsk og val av eitt praktisk og eitt estetisk fag er gjort obligatorisk. Matematikkfaget er styrka.

Fag:Vekttal:
Pedagogisk teori10
Norsk10
Matematikk10
Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering5
Engelsk5
Praktisk fag5
Estetisk fag5
Natur, samfunn og miljø10

Den valfrie delen av allmennlærarutdanninga ligg i det 4. studieåret og utgjer ei fordjuping i eller ei vidareføring av obligatoriske fag eller val av nye fag- og arbeidsområde på 10 eller 20 vekttal. Studentane kan velje mellom to alternativ.

I alternativ 1 skal 10 vekttal organiserast som styrt val. Studentane må velje 10 vekttal matematikk eller naturfag. Desse to fagområda ligg fast i ein 3-årsperiode frå hausten 1998.

Alternativ 110 vekttal
10 vekttal "styrt val"
Alternativ 220 vekttal

Allmennlærarutdanninga må ta omsyn til allmennlæraren si rolle som klassestyrar. Barn og ungdom veks opp i eit samfunn prega av vitskap, bruk av avansert teknologi og behov for å ta ansvar for naturen og livsmiljøet. Det er derfor ønskjeleg å styrkje opplæringa i matematikk, naturvitskap og teknologi.

Yrkesfaglærarutdanning

For å kunne møte behova som reformene i opplæringssystemet skaper, er det behov for endringar av struktur og innhald i grunnutdanninga til yrkesfaglærarar.

  • Det blir gjort framlegg om at det blir innført ein ny modell for 3-årig yrkesfaglærarutdanning med prinsipp, struktur og innhald som foreslått av lærarutdanningsutvalet.
  • Opptakskrav skal vere fag-/sveinebrev etter 2 +-modellen eller anna 3-årig fullført yrkesutdanning, to års relevant arbeidslivspraksis og generell studiekompetanse.
  • Utdanninga skal m.a.:
    • innhalde ein yrkesteoretisk og ein integrert pedagogisk del
    • formidle yrkesfagleg og pedagogisk kompetanse av høg kvalitet og relevans for alle yrkesfaglege studieretningar
    • forankre fag- og yrkesopplæring i den nye yrkesfaglege opplæringstradisjonen og -metoden gjennom eit tett samspel med arbeidsliv og fagopplæring
    • ha god innhaldsmessig, organisatorisk og strukturell samanheng og heilskap
    • ha struktur som gir god oversikt, bidra til effektiv gjennomstrøyming, god ressursutnytting og stabil rekruttering
    • vere fleksibel i organisering og gjennomføring.
  • Utdanninga skal gi kompetanse for undervisning i dei breie grunnkursa og vidaregåande kurs i yrkesfagleg studieretning i vidaregåande opplæring i det fagområdet som kandidaten har yrkeskompetanse i. I tillegg kan utdanninga kvalifisere for undervisning i enkeltfag på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen.
  • Det blir oppretta 11 fagretninger som tilsvarar studiestrukturen i yrkesfag i vidaregåande opplæring.
  • Innføringa skjer i to fasar: Oppretting frå år 2000 av dei fem yrkesfagretningane i helse- og sosialfag, hotell- og næringsmiddelfag, formgivingsfag, mekaniske fag og elektro fag (år 2000 er det første året Reform 94-elevar kan vere kvalifisert for opptak), og vidare utbygging av studieretningane til full utdanningskapasitet innan år 2006.
  • Ny yrkesfaglærarutdanning blir innført delvis ved endring av eksisterande faglærarutdanning, delvis ved å utnytte kompetanse og kapasitet i relevante fagmiljø i universitets- og høgskuleutdanning.
  • Den nye modellen kan organiserast som fulltids- og deltidsstudium, og som desentralisert utdanning.
  • Det vil bli lagt til rette for yrkesfagleg forsking og etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar.

Praktisk-pedagogisk utdanning

Det blir foreslått ein felles rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfaglærarar og yrkesfaglærarar for å få til ei samordning av to ulike utdanningstradisjonar.

Den eitt-årige praktisk-pedagogiske utdanninga for allmennfaglærarar vil bli evaluert, herunder røynsler med ulike organisatoriske modellar ved universiteta. Departementet vil leggje vekt på fag- og yrkesdidaktisk utviklingsarbeid.

Faglærarutdanning

Talet på faglærarutdanningar med eigne rammeplanar blir redusert frå 6 til 2.

Det blir foreslått å:

  • Endre den noverande faglærarutdanninga i ernæring, helse- og miljøfag til yrkesfaglærarutdanning basert på søkjarar med fagbrev, yrkespraksis og generell studiekompetanse.
  • Avvikle ordninga med eigne rammeplanar for faglærarutdanning i kroppsøving, faglærarutdanning i naturfag med matematikk og faglærarutdanning for økonomisk-administrative fag.
  • Vidareføre og fornye dei to faglærarutdanningane i musikk og forming og formingsfag som faglærarutdanning i musikk, dans og drama og faglærarutdanning i formgiving, kunst og handverk, begge med eigne rammeplanar.
  • Vurdere om andre utdanningsvegar som fører fram til faglærarkompetanse bør gjennomgåast med tanke på samordning av innhald og organisering.

Undervisningskompetanse

Allmennlærarutdanninga skal primært kvalifisere for arbeid på alle steg i grunnskulen og for vaksenopplæring i faga i grunnskulen.

På det nye småskulesteget vil allmennlærarar og førskulelærarar kunne undervise, men førskulelæraren må ha relevant vidareutdanning for å kunne undervise 2.-4. klasse. Det betyr at førskulelæraren kan undervise i 1. klasse utan vidareutdanning.

I tillegg til allmennlærarar kan følgjande lærarkategoriar tilsetjast på mellomsteget og ungdomssteget i alle fag dei har relevant kompetanse i:

  • Faglærar.
  • Lærar med praktisk-pedagogisk utdanning.
  • Yrkesfaglærarar som er utdanna etter den nye modellen for yrkesfaglærarutdanning.

Om å vere skikka for yrket

Heile lærarutdanninga skal sikre at studentane blir skikka for yrket, dvs at dei tileignar seg den lærardugleik, dei kunnskapar og haldningar som lærarrolla krev og som er rammeplanen sitt mål for utdanninga.

  • Studenten sitt arbeid, framferd og haldningar blir vurdert gjennom heile studiet. Dette må dokumenterast gjennom utført pedagogisk praksis og anna fagleg arbeid.
  • Underkjenning av praksis kan skje etter kvar praksisperiode.
  • Rammeplan og fagplan skal gi klare kriterium for krav til godkjend praksis og retningslinjer om høve til ny praksisperiode og prosedyre for å nekte dette.
  • Departementet vil fastsetje felles kriterium og retningslinjer i rammeplanen.
  • Vurdering av om ein student er uskikka som lærar fordi vedkommande har vist alvorlege disiplinære problem, er dømt /tiltalt for kriminelle handlingar o l fell inn under ¤ 42 i universitets- og høgskolelova.
  • I framlegg til ny opplæringslov har departementet foreslått at det før tilsetjing av ein lærar kan stillast krav om politiattest.
  • Departementet vurderer ei endring i ¤ 42 i universitets- og høgskolelova som inneber at det kan stillast krav til studentar om å leggje fram tilfredsstillande politiattest før praksisopplæring.

På dette grunnlaget er det departementet sitt syn at det ikkje skal fastsetjast ein eigen lovheimel for vurdering om lærarstudentar er skikka for yrket. Ei slik vurdering må gjerast innafor ramma av dei vurderingane som skal skje i høve til rammeplanen sitt mål for utdanninga og etter dei retningslinjer som rammeplanen gir for slik vurdering.

Kandidatår

Departementet tar ikkje opp utvalets forslag om kandidatår, men vil ta initiativ til eit avgrensa prøveprosjekt med rettleiing av nyutdanna lærarkandidatar i samarbeid mellom barnehage-/skuleeigar og utdanningsinstitusjon. Prosjektet vil bli utprøvd i ein tre-års periode.

Døve

Departementet vil foreslå at det blir utvikla ein eigen studieplan for døve. Departementet vil leggje forholda til rette for at det blir organisert eit permanent tilbod for høyrande lærarar i teiknspråk.

Motivere unge med innvandrarbakgrunn

Det er behov for fleire lærarar med innvandrarbakgrunn. Det blir derfor foreslått at studentar med innvandrarbakgrunn som er fritatt frå eksamen i sidemål i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå kravet om eksamen i begge målformer i allmennlærarutdanninga.

Samisk lærarutdanning

Det er viktig å styrkje rekrutteringa til samisk lærarutdanning.

Det vil bli utvikla ein eigen studieplan for samisk allmennlærarutdanning.

Departementet vil ta initiativ til ei eiga utgreiing om samisk lærarutdanning som inkluderer alle dei tre samiske språkgruppene.

Vaksenopplæring

Det er eit aukande behov for vaksenpedagogisk kompetanse hos lærarar på alle nivå, m a på grunn av den foreslåtte etter- og vidareutdanningsreforma om livslang læring.

Departementet vil foreslå at vaksenpedagogikk inngår i pedagogisk teori i all grunnutdanning for lærarar.

Departementet vil utarbeide rammeplan for vaksenpedagogikk med omfang 10 + 10 vekttal.

Lærarar er leiarar av elevane sitt arbeidsfellesskap. Framgang avheng ikkje berre av korleis lærarene fungerer i høve til kvar av elevane, men også av korleis dei får elevane til å fungere i høve til kvarandre. I eit godt arbeidslag hevar deltakarane kvaliteten på arbeidet til kvarandre

Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, generell del

Opplæringa skal møte barn, unge og vaksne på deira eigne vilkår og samtidig føre dei inn i grenseland der dei kan lære nytt ved å opne sinn og prøve evner.

Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, generell del

Samfunnet har ansvar for å sjå til at lik
rett til lik utdanning blir reell.

Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, generell del

Lærarane skal verke saman med foreldre, arbeidsliv og styresmakter som utgjer
vesentlege delar av det breie læringsmiljøet i skolen.

Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, generell del

Undervisninga må leggjast slik opp at elevar og lærlingar sjølve kan
vere med og vidareutvikle praksis og hente inn ny kunnskap.

Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, generell del

Opplæringa må knytast til eigne observasjonar og opplevingar: Ho må leggjast slik opp at elevane etter kvart får praktisk røynsle med at kunnskap og tame er noko dei sjølve kan vere med på å utvikle.

Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, generell del

Opplæringa må tilpassast slik at barn og unge får smaken på den oppdagargleda som kan finnast i nye tame, praktisk arbeid, forsking eller kunst.

Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, generell del

Det viktigaste av alle pedagogiske oppgåver er å formidle til barn og unge at dei stadig er i utvikling, slik at dei får tillit til eigne evner.

Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, generell del

Oppfostringa skal gi elevane lyst på livet, mot til å gå laus på det og ønske om å bruke og utvikle vidare det dei lærer.

Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, generell del

Lærarutdanninga må vere i samsvar med opplæringsreformene. Det er derfor foreslått endringar i innhald, organisering og struktur i utdanninga av lærarar til alle nivå i opplæringssystemet.

  • Lærarutdanninga skal sikre einskapsskulen og eit likeverdig opplæringstilbod
  • Sterkare nasjonal styring gjennom ramme-planane
  • Læring er sjølvstendig arbeid og lagarbeid
  • Styrking av realfaga
  • Ein felles studiemodell for allmennlærarutdanniga
  • Fleire obligatoriske fag i almennlærarutdanninga
  • "Styrt val": Matematikk eller naturfag
  • For å dekkje mangfaldet i læraroppgåvene på ulike opplæringsnivå, er det behov for differensiert lærarutdanning og eit allsidig fagtilbod
  • 3-årig høgskuleutdanning for yrkesfaglærarar
  • Yrkesfaglæraren skal kunne undervise i grunnskulen
  • 2 faglærarutdanningar
  • Vurdering av om ein lærar er skikka skal skje gjennom studiet
  • Felles rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfaglærarar og yrkesfaglærarar
  • Vaksenpedagogikk skal inngå i pedagogisk teori i lærarutdanninga
Lagt inn 20 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen

Følg meldingen videre på www.stortinget.no