St.meld. nr. 5 (2005-2006)

Embetsutnemningar m.m. 1. juli 2004 – 30. juni 2005

Til innhaldsliste

1 Utgreiing og tilråding

Moderniseringsdepartementet legg med dette fram oppgåve over embetsutnemningar m.m. i Regjeringa i tida 1. juli 2004 - 30. juni 2005.

Ved lov 15. desember 2000 nr. 98 vart ymse føresegner i offentleglova endra. Endringane gjeld frå 1. januar 2001. Etter ikraftsetjinga gjev offentleglova § 6 nr. 4 nytt fjerde og femte punktum forvaltningsorganet høve til å unnta opplysningar om søkjarar frå innsyn, dersom søkjaren sjølv ber om det. I dei sakene der søkjarane ikkje ønskjer å få namna sine offentleggjorde, er det oppgjeve kor mange anonyme søkjarar dette gjeld. Dersom Stortinget som ledd i si kontrollverksemd ønskjer innsyn i dei komplette søkjarlistene vil desse bli sende over til Stortinget i eigen ekspedisjon.

Regjeringa gjer framlegg om at avtrykket av oppgåva (vedlegg 1) blir sendt Stortinget saman med særskilde oppgåver frå departementa pr. 30. juni 2005 over konstitueringar i embete og mellombels oppretta embete (vedlegg 2). I fordelinga på kvinner og menn er talet på dei som ikkje ønskjer å få offentleggjort namnet, sett i parentes (vedlegg 3). Etter oppmoding frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen inneheld vedlegg 1 søkjaranes fødselsår. Vedlegg 4 er sett opp i tråd med Kontroll- og konstitusjonskomiteens ønske om ei oversikt over utviklinga i talet på stillingar og søkjarar, pluss fordelinga mellom kvinner og menn i siste 5-årsperiode.

Til forsida