Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5651, 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

Regjeringa vil medverke til å skape vekst og optimisme i bygde-Noreg. Landbruket er ei svært viktig næring i mange bygdesamfunn og regjeringa vil sikre rammevilkår som legg til rette for at næringa kan utvikle seg på ein god måte framover. Landbruket har ei kontrakt med samfunnet. I tillegg til sjølve matproduksjonen skal landbruket levere viktige fellesgode, m.a. trygg mat, levande bygder, og eit velstelt kulturlandskap.

Landbruket er heilt avhengig av støtte og legitimitet i befolkninga. Landbrukspolitikken må derfor innrettast slik at den set landbruksnæringa i stand til å innfri kontrakta med befolkninga. Ein brei inngang til landbrukspolitikken er nødvendig for å sikre ei framtidsretta utvikling av landbruket i Noreg. Dette inneber å utvikle landbruket i tråd med befolkninga sine forventingar og naturen sine føresetnader.

Regjeringa vil arbeide for å oppretthalde eit levande landbruk over heile landet, sikre utøvarane i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på lik linje med andre grupper og ha eit sterkt importvern for innanlandsk landbruksproduksjon. Eit levende og variert landbruk over heile landet vil òg medverke til å oppretthalde eit opent kulturlandskap.

Regjeringa sin ambisjon er at all mat som produserast og importerast skal vere trygg. Mattryggleiken i alle ledd skal styrkast m.a. gjennom utvikling av eit nasjonalt system for betre sporing av mat, bransjestandardar, målretta tilsyn og internkontroll.

Matproduksjon, skogbaserte næringar og landbruksbaserte tilleggsnæringar er sentrale i den samla verdiskapinga i Noreg. Med grunnlag i det aktive landbruket, og med utgangspunkt i landbrukseigedommen sine ressursar, vil regjeringa stimulere til auka verdiskaping og busetjing i distrikta framover. Den jordbruksbaserte matvaresektoren og matvareindustrien sysselset meir enn 100 000 årsverk og har ein produksjonsverdi på meir enn 100 mrd. kroner. Dette utgjer om lag 21 pst. av industriens samla produksjonsverdi. Innanfor skogbruk og skogindustrien er sysselsetjinga på om lag 30 000 årsverk med ein produksjonsverdi på om lag 40 mrd. kroner.

Landbruket spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store deler av landet og er berebjelken i mange bygder. Dei siste åra har det blitt gjennomført fleire strukturtiltak som vil ha effekt framover. Regjeringa meinar det er viktig med stabile rammevilkår for ei næring med langt tidsperspektiv. Regjeringa sitt budsjett for 2007 saman med jordbruksoppgjeret 2006/2007 inneber likevel ein klar kursendring for landbrukspolitikken.

Jordbruksavtalen styrkjer distrikts- og strukturprofilen, prioriterer bønder som hentar ein vesentleg del av inntektene frå garden, betrar kapitaltilgangen ved å auke investeringsverkemidla, styrkjer miljøprofilen, styrkjer tiltak for beiting med husdyr vesentleg, forbetrar velferdsordningane, styrkjer det økologiske jordbruket kraftig og legg til rette for næringsutvikling. Samtidig sikrar jordbruksavtalen 2006/2007 at ein tek vare på verdikjedeperspektiv og tek omsyn til konkurransekraft i industrien.

Eit aktivt landbruk over heile landet har som føresetnad at jordbruksdrifta har ei tilstrekkeleg lønnsemd i eit mangfald av produksjonar og bruksstorleikar. Det er viktig at det gis eit økonomisk grunnlag som gjer det interessant å drive i ulik skala og i ulike produksjonar. Jordbruksavtalen legg til rette for ei nivåheving i jordbruksinntektene. Utvidinga i jordbruksfrådraget er ein viktig del av dette.

Det er utfordringar knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifull matjord og kulturlandskap i mange delar av landet. Regjeringa vil ta vare på viktige kulturlandskap og satsinga på tiltak for auka beiting og auka bruk av bioenergi er viktige verkemiddel for å oppretthalde eit opent kulturlandskap.

For å halde oppe busetjinga og næringslivet i bygdene er det viktig at ein stimulerer til å ta i bruk heile gardens ressursar. Regjeringa legg derfor opp til ei auka satsing på Inn på tunet, grønt reiseliv, skog og bioenergi og økologisk jordbruk.

Landbruks- og matpolitikken femner om heile produksjonskjeda. Forutan å sikre ein nasjonal matproduksjon og forbrukarane trygge matvarer uavhengig av om produkta er produsert nasjonalt eller er importert, skal politikkområdet medverke til at ei rekkje sentrale samfunnsmål blir nådd. Dette gjeld m.a. ved produksjon av fellesgode knytt til miljø- og ressurspolitikk, distrikts- og busetjingspolitikk, nærings- og reiselivspolitikk og kultur-, helse- og ernæringspolitikk.

Det er ei aukande interesse for mat, matkultur, ernæring og helse i befolkninga. Regjeringa vil leggje vekt på å møte ønskjer og påverke kunnskap og vaner hos forbrukarane på ein positiv måte, samtidig som ein tek omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og deira valfridom.

Regjeringa legg vekt på å fremme verdiskaping og mangfald på matområdet. Merkeordningar skal medverke til større mangfald og utvikling av spesialprodukt. Regjeringa sin matpolitikk er basert på at maten skal vere trygg og opplevast som trygg. Maten skal òg vere sunn og gi gode matopplevingar. Matpolitikken tek opp i seg element frå fleire politikkområde, der dei mest sentrale er forbrukar-, helse-, ernærings-, miljø- og næringspolitikk.

Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av den samla næringspolitikken. Det er viktig å sikre berekraftig ressursforvaltning med miljøomsyn i næringsverksemda og utvikling av dei positive miljøbidraga frå landbruket.

Miljøarbeidet omfattar særleg vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne, bruk og vern av dei genetiske ressursane, reduksjon av forureining, auka satsing på økologisk landbruk, auka bruk av bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til m.a. opplevingar og friluftsliv.

Det skal leggjast til rette for at det norske landbruket kan dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Det er dei store grasbaserte produksjonane og kornproduksjonen som brukar det aller meste av jordbruksareala i Noreg og legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane samtidig som matvareindustrien må sikrast råvareprisar, som saman med andre tiltak sikrar konkurransekrafta.

Regjeringa legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, gjerne i samarbeid med andre sektorar. For å sikre den langsiktige utviklinga av landbruks- og matsektoren, er det nødvendig med forsking av høg kvalitet og relevans. Både naturressursane på det enkelte bruket, dei menneskelege ressursane og samarbeidet mellom ulike sektorar inneber nye moglegheiter. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og nyskaping gjennom eit godt samarbeid mellom dei offentlege aktørane på dette området og næringane.

Regjeringa ønskjer å auke verdiskapinga i distrikta. Eigedomsressursane, både areal og bygningar, må nyttast betre for å nå dette målet. Politikken skal støtte opp under det tradisjonelle familielandbruket, og samtidig leggje til rette for dei som vil utvikle eigedomen med nye næringar og for dei som vil bu på eit gardsbruk men hentar inntekt frå annan verksemd.

Regjeringa vil leggje til rette for å auke den skogbaserte verdiskapinga og gjer framlegg om å styrkje verkemidla knytt til skogbruk og bioenergi vesentleg. Tilskotta til dette blei styrkt med 20 mill. kroner i jordbruksoppgjeret, og regjeringa gjer no framlegg om å styrkje skogfondsordninga ved å utvide formåla som kan nyttast med skattefordel og ved å auke skattefordelen. Rammevilkåra for transport blir forbetra. Avsetnad for skogressursane blir forbetra gjennom treprogrammet og det blir lagt til rette for auka bruk av bioenergi gjennom eit breitt spekter av verkemiddel.

Dei viktigaste utfordringane i reindriftspolitikken er knytt til beitegrunnlaget og den økologiske berekrafta i næringa. Dette er òg avgjerande for økonomisk og sosial berekraft. Departementet vil særleg leggje vekt på å få fastsett distrikts- og siidagrensene, beitetider og høgaste reintalet for reinbeitedistrikta. Reindrift er ei særs arealkrevjande næring. Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil derfor forsterke innsatsen for å finne fram til tiltak som kan redusere dette problemet. Dette vil bli følgt opp i ny reindriftslov, i reindriftsforhandlingane og i forvaltning av verkemidla.

Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde er nært knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg føringar for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile landbruks- og matpolitikken; jordbruk, skogbruk, mattryggleik og forsking. Miljøomsyn er integrert i alle desse politikkområda.

WTO-medlemmane lukkast ikkje å kome fram til semje om nytt regelverk om landbruksvarer innan fristen, og den 24.7.2006 blei WTO-forhandlingane suspendert utan nye fristar for framdrift. Regjeringa vil i samarbeid med andre land med likearta interesser (G-10 gruppa) støtte opp om arbeidet for å få forhandlingane i gong igjen. Frå norsk side har det i forhandlingane vore eit mål å sikre at det i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald og distriktsomsyn.

1.1 Hovudpunkt i budsjettframlegget for 2007

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett for Landbruks- og matdepartementet på om lag 14 mrd. kroner. Det er for 2007 lagt opp til å prioritere følgjande område:

  • styrkje distrikts- og strukturprofilen i jordbruksavtalen, ved å auke distriktstilskotta

  • styrkje strukturprofilen ved å auke strukturtilskotta med 100 mill. kroner, ved å setje tak på investeringstilskott for kvart føretak og å omfordele meir av mjølkekvotane sentralt

  • prioritere bønder som hentar ein vesentleg del av inntektene frå garden ved utviding av jordbruksfrådraget ved likninga

  • nivåheving av inntektene i landbruket

  • betre kapitaltilgangen ved å auke støtta til investeringar med 45 mill. kroner

  • styrkje miljøprofilen og kulturlandskapet, m.a. ved å auke tilskott til regionale miljøprogram og spesielle miljøtiltak i landbruket med i alt 60 mill. kroner

  • utvide tiltak for beiting med husdyr vesentleg ved å etablera eit eige beitetilskott innanfor ei ramme på 125 mill. kroner

  • forbetre velferdsordningane med om lag 60 mill. kroner. Både tilskott til avløysing ved sjukdom, ferie og fritid blir auka

  • styrkje det økologiske jordbruket med 25 mill. kroner til 150 mill. kroner. Det blir sett i verk tiltak i alle ledd i verdikjeda

  • leggje til rette for næringsutvikling, m.a. gjennom eit nytt heilskapleg kvalitetssystem, auke i midlane til Inn på tunet, grønt reiseliv, skog og bioenergi, og revisjon av strategiar og handlingsplanar for næringsutvikling

  • styrkje løyvingane til skogbruk og bioenergi i 2006 og 2007 med i alt 30 mill. kroner gjennom tilleggsproposisjonen for 2006 og Jordbruksavtalen for 2006/2007

  • styrkje verkemidla knytt til skogbruk og bioenergi m.a. gjennom endring i skattereglane knytt til skogfondsordninga innanfor ei ramme på 50 mill. kroner

  • leggje til rette for betre sporing av mat, styrkt innsats i kartlegging av E. coli og dokumentasjon av framandstoff i sjømat med til saman 10 mill. kroner

  • følgje opp effektiviseringsføresetnadane ved etablering av Mattilsynet og vidareføre ei særskilt løyving til omstilling knytt til utvikling av nytt fagsystem med 15 mill. kroner

  • ein monaleg reduksjon i omfanget av gebyrordningar under Mattilsynet

  • reduksjon i satsane for matproduksjonsavgiftene i Mattilsynet med 6 pst, etter ein del tekniske endringar

  • følgje opp E. coli evalueringa når den blir lagt fram i november

  • auke i løyvinga til omstillingstiltak i Bioforsk med 20 mill. kroner

  • omfattande omorganiseringar innan forskingsinstitusjonar for å sikre robuste og konkurransedyktige forskingseiningar

  • sluttføring av statens sitt bidrag til Åkneset/Tafjordprosjektet i Stranda kommune med ei løyving på 10 mill. kroner

  • ny reindriftslov, fastsetjing av distrikts- og siidagrensene og reduksjon i reintal i enkelte område er prioritert for å sikre berekraftig reindriftsnæring

  • etablere eit globalt sikringslager for frø på Svalbard

  • endring i regelverk for utanlandsk tilverking av landbruksvarer

  • prioritere barn og unge ved tildeling av midlar over ordninga støtte til organisasjonar innanfor ei auka ramme

 

mill. kr

Nemning

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Programområde 15 Landbruk og mat

15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m.:

117,0

123,3

5,4

15.10 Matpolitikk

1 273,2

1 291,1

1,4

15.20 Forsking og utvikling

340,7

367,9

8,0

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

12 065,9

12 262,1

1,6

Sum før lånetransaksjoner

13 796,7

14 044,4

1,8

Lånetransaksjoner

0,0

0,0

0

Sum Landbruk og mat

13 796,7

14 044,4

1,8

Sum LD

13 796,7

14 044,4

1,8

I det følgjande gjer ein greie for dei viktigaste endringane som budsjettet legg opp til.

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.10 Matpolitikk på om lag 1 291 mill. kroner. I forhold til saldert budsjett for 2006 er budsjettet auka med 17,9 mill. kroner. Dei største endringane er ein auke i budsjettet til Mattilsynet på 7 mill. kroner og ei auke i løyvinga til veterinær beredskap på om lag 8,7 mill. kroner. Det er i 2007 sett av 15 mill. kroner til omstilling i Mattilsynet og 10 mill. kroner for å kunne auke innsatsen innan betre sporing av mat, styrkt innsats i kartlegging av E. coli og dokumentasjon av framandstoff i sjømat.

Reduksjon i omstillingskostnader og effektivisering i matforvaltninga har gitt grunnlag for å redusere inntektene på matområdet. Satsane for matproduksjonsavgiftene blir etter ein del tekniske endringar redusert med om lag 6 pst.

Regjeringa gjer framlegg om 367,9 mill. kroner under programkategori 15.20 Forsking og utvikling i 2007. Dette er ein auke på om lag 27 mill. kroner. Endringane er knytt til ein auke i løyving til omstilling i Bioforsk på 20 mill. kroner og ein auke i løyvingane til forskingsinstitutta på 7 mill. kroner.

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak på om lag 12,3 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 196 mill. kroner og endringane er i hovudsak knytt til til kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen frå våren 2006.

1.2 Overordna mål for landbruks- og matpolitikken

Landbruket spelar ei viktig rolle for busetjing og sysselsetjing i store deler av landet. Landbruket i Noreg har fleire funksjonar: produsere trygg mat og sikre matforsyninga og samtidig medverke til å oppretthalde kulturlandskapet og sikre sysselsetjing og busetjing over heile landet. Landbruket er mangfaldig og omfattar jordbruk, skogbruk, beitebruk og reindrift, og den er viktig òg for næringar som reiseliv, kultur og næringsmiddelindustri. Norsk matjord er ein begrensa ressurs som det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på for våre etterkomarar. Målet er å halde ved lag eit levende landbruk over heile landet. Regjeringa vil òg sikre utøvarane i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper.

Hovudmål for landbruks- og matpolitikken

Ein landbruks- og matpolitikk som held ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.

Delmål for landbruks- og matpolitikken er:

  • trygge matvarer

  • fremme mangfald og andre forbrukaromsyn i produksjon og omsetnad av mat

  • god dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

  • ei berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet

  • berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring

  • eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet og som gir grunnlag for auka verdiskaping gjennom ny næringsverksemd

  • nasjonal matforsyning, ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande og berekraftig produksjon av varer og tenester

  • ei livskraftig reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart

I tillegg har departementet strategiar som er å utvikle:

  • handlingsrom for ein nasjonal landbruks- og matpolitikk innanfor internasjonale avtaler og forhandlingar og eit sterkt importvern for innanlandsk landbruksbasert matvareproduksjon

  • ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og stor grad av medverknad

  • forskingsinnsats av internasjonal kvalitet som fremmer ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet

1.3 Hovudelement i landbruks- og matpolitikken

1.3.1 Matpolitikk

Regjeringa sin matpolitikk er basert på at maten skal vere trygg og opplevast som trygg. Dette gjeld uavhengig av om maten er produsert for innanlands konsum, om den er importert eller om den skal eksporterast.

Regjeringa sin matpolitikk vil særleg leggje vekt på:

  • trygg mat

  • sunt kosthald

  • kvalitet, ærleg omsetnad og andre forbrukar­omsyn

  • nyskaping, mangfald, gode matopplevingar og verdiskaping

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat

  • langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon

Plantehelse og helse og velferd hos dyr og fisk er viktig, både i forhold til matpolitiske mål og som sjølvstendige omsyn.

Matpolitikken tek opp i seg element frå fleire politikkområde, der dei mest sentrale er forbrukar-, helse-, ernærings-, miljø- og næringspolitikk. Regjeringa vil arbeide for å utnytte moglege synergiar mellom desse politikkområda i forhold til mat og matproduksjon, samtidig som ein er medviten om interessemotsetnader mellom dei ulike områda.

FN-konvensjonen om økonomisk, sosial og kulturell rett som er nedfelt i norsk lov (jf. lov av 21. mai 1999), er viktig. I samsvar med denne skal alle innbyggjarane ha fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat for eit fullgodt kosthald som møter ernæringsbehov og preferansar og som gir grunnlag for eit aktivt liv med god helse.

Krava til produksjon og omsetnad av mat blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling som kjem til uttrykk m.a. i EØS-avtala og avtaler knytt til WTO. Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg viktige premissar for regelverk etter desse avtalene. Noreg har òg stor nytte av arbeidet i Nordisk Ministerråd. Regjeringa legg stor vekt på aktiv deltaking i internasjonalt arbeid for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt, og for å ta del i kunnskapsutviklinga. Det blir òg lagt vekt på bilateral kontakt med andre land sine styresmakter på matområdet med omsyn til betring av marknadstilgangen for norsk sjømat.

Det faglege ansvaret på det matpolitiske området er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har administrativt ansvar for Mattilsynet.

Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføring av politikken på matområdet gjennom å ta del i utviklinga av regelverk og gjennom rettleiing, tilsyn, kartlegging og overvaking langs matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarane.

Kunnskapen i institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gi grunnlag for at forvaltninga av området er godt fagleg og vitskapleg fundert. Helse- og omsorgsdepartementet har det administrative ansvaret for Vitskapskomiteen for mattryggleik som utfører uavhengige risikovurderingar for Mattilsynet som ledd i regelverksutviklinga.

Dei organisatoriske endringane ved matforvaltningsreforma blei gjennomført ved etablering av Mattilsynet og Vitskapskomiteen for mattryggleik, samt reorganisering av laboratorietenestene i 2004.

Omstillingstiltak er ein føresetnad for ei vellukka reform og eit grunnlag for å kunne ta ut effektiviseringsgevinstar. Omstillingsarbeidet i Mattilsynet har vore krevjande, og det har vore nødvendig å nytte av dei ordinære driftsmidla til omstillingstiltak. Mattilsynet har så langt ikkje oppnådd kostnadsreduksjonar i same omfang som dei effektiviseringsføresetnadane som har blitt lagt i budsjettet. Det vil i 2007 bli lagt vekt på å følgje opp effektiviseringsføresetnadane. Personalkostnader utgjer hovuddelen av kostnadene i Mattilsynet. Det er nødvendig å redusere talet på årsverk slik at ein får noko reduserte kostnader. Det vil òg bli vurdert organisatoriske tilpassingar for å få meir kostnadseffektiv drift på lengre sikt og auke organisasjonen sin evne til handtering av krevjande hendingar.

Det blir gjort framlegg om ein monaleg reduksjon i inntekter frå gebyr og avgifter for Mattilsynet i 2007. Omfanget av gebyrordningar for særskilte ytingar vil bli monaleg redusert i forhold til tidlegare år. Ei rekkje godkjenningsordningar vil bli avvikla for å følgje matlova sin føresetnad om verksemdene sitt eige ansvar for å sikre mattryggleiken og matforvaltningsreforma sitt mål om eit effektivt og målretta tilsyn. Det blir gjort ein del tekniske endringar der nokre gebyr for tilsyn og kontroll blir innlemma i eller gjort om til sektoravgifter. Etter desse tekniske endringane blir satsane for matproduksjonsavgiftene redusert med om lag 6 pst., tilsvarande om lag 30 mill. kroner

Å halde oppe ein høg standard for trygg mat og drikkevatn krev ein kontinuerleg innsats frå verksemdene si side, og eit målretta offentleg tilsyn med verksemdene og sluttprodukta. EU har vedteke eit nytt samla og heilskapleg regelverk for hygiene og kontroll langs heile matproduksjonskjeda som er i kraft i EU frå 1.1.2006. Det nye regelverket gir grunnlag for auka mattryggleik og eit meir målretta tilsyn. På mange område blir tidlegare detaljert regelverk erstatta med meir målretta og funksjonelt regelverk. Det nye regelverket fører vidare det meste av tidlegare hygienekrav. Regelverket understrekar verksemdene sitt ansvar for å etterleve regelverket, og for å dokumentere dette. Det blir òg stilt strengare krav til eigenkontrollen i verksemdene. Regjeringa vil leggje vekt på å utnytte fleksibiliteten i det nye regelverket slik at ein sikrar mattryggleiken, men tek nødvendig omsyn til ulike forhold i små og store verksemder. Aktiv informasjon, god rettleiing og effektivt tilsyn frå Mattilsynet blir viktig.

I etterkant av det alvorlege utbrotet av sjukdom grunna smitte med E. coli O:103 i spekepølse har regjeringa sett ned eit utval som skal evaluere alle relevante sider av saka, og rapportere innan 1.11.2006. Hendinga har vist at det er rom for forbetring, m.a. i rutinar for samhandling og kommunikasjon mellom interessentar, kunnskapsinstitusjonar og Mattilsynet. Regjeringa vil aktivt arbeide for forbetringar og følgje opp dei vurderingane utvalet kjem med. Hendinga syner òg at det er nødvendig å styrkje moglegheita for å kunne spore matvarene gjennom matproduksjonskjeda. Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt i samarbeid med bransjen for å få i stand eit betre system for sporing av mat. Målet er at det innan 2010 er på plass eit system som styresmaktene og aktuelle aktørar kan nytte. Dette prosjektet vil bli følgt opp aktivt i 2007.

For å tryggje forbrukarane, realisere verdiskapingspotensialet i sjømatnæringa og styrkje marknadstilgangen for norsk sjømat, vil ein m.a. leggje vekt på aktivt å møte dei stadig strengare krava frå handelspartnarar og forbrukarar til dokumentasjon knytt til ulike, potensielt skadelege stoff i sjømat. Dette vil òg vere viktig for å auke forbruket av sjømat i Noreg.

St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd fekk brei tilslutning ved Stortinget si behandling, jf. Innst. S. nr. 226 (2002-2003). Regjeringa legg vekt på oppfølging av tiltaka som blei omtalt, og det har komme og blir arbeidd vidare med nytt og oppdatert regelverk på fleire område. Ein tek sikte på å sende utkast til ny lov om dyrevelferd til høyring hausten 2006.

Forbrukarane syner aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett. Det er aukande interesse for mat, matkultur, ernæring og helse. Det er òg sterk interesse hos forbrukarane for norske matspesialitetar. Ein vil leggje vekt på å møte ønskjer og påverke kunnskap hos forbrukarane på ein positiv måte.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for eit kosthald som gir grunnlag for god folkehelse. I så måte har granskingar vist at fleire praktiske forhold rundt korleis matvarene er tilgjengelege for forbrukarane har stor innverknad på det daglege kosthaldet. Ernæringsarbeidet er nærmare omtalt i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg.

Når det gjeld genmodifiserte organismar (GMO), ønskjer regjeringa å føre ein restriktiv politikk som òg sikrar valfridom. Området er ein del av EØS-avtala og blir forvalta av fleire departement. Det er for tida ein diskusjon i EU om grenseverdiar for forureining med GMO i konvensjonelt og økologisk dyrka såfrø før det blir krav om særskilt merking. Ein vil frå norsk side arbeide for at grenseverdien for merkeplikt ved utilsikta innblanding av GMO skal settast til null for å sikre tilgang til GMO-frie såvarer.

1.3.2 Næringspolitikk

Regjeringa ønskjer å oppnå ei inntektsutvikling i jordbruket på linje med andre grupper i samfunnet, og politikken tek derfor større omsyn til familiejordbruket og dei små og mellomstore jordbruksverksemdene der jordbruksproduksjonen kan gi eit viktig bidrag til sysselsetjing og inntekt.

Jordbruksavtalen i 2006 gav landbruket eit nødvendig inntektsløft. Dette er ei viktig oppfølging av Soria Moria-erklæringa, og vil leggje til rette for ein attraktiv landbruksnæring som produserer trygge kvalitetsvarer, tenester og fellesgode som samfunnet etterspør. Viktige punkt i jordbruksavtalen er styrking av struktur- og distriktsprofilen, m.a. ved å auke strukturtilskotta med 100 mill. kroner. Vidare aukar investeringsstøtta med 45 mill. kroner, og det etablerast eit beitetilskott innanfor ei ramme på 125 mill. kroner. I samband med jordbruksforhandlingane varsla regjeringa at det i statsbudsjettet for 2007 ville bli føreslått ei utviding av jordbruksfrådraget ved likninga. Denne utvidinga inneber at bønder som hentar ein vesentleg del av inntektene frå garden blir prioritert. Avtalen forbetrar òg velferdsordningane og legg til rette for auka satsing på næringsutvikling.

Legitimiteten til landbrukspolitikken er i aukande grad knytt til sektoren sin produksjon av fellesgode, noko som krev ei kollektiv betaling frå samfunnet.

Reindrifta blir utøvd i store delar av landet og under ulike tilhøve, noko som gjer at utfordringane er mange og samansette. Regjeringa meiner at klare rammevilkår for næringa er ein føresetnad for å nå målet om ei berekraftig reindrift. Ei prioritert oppgåve er å få fastsett distrikts- og siidagrensene, beitetider og høgste reintalet for reinbeitedistrikta. Regjeringa tek hausten 2006 sikte på å leggje fram forslag om ei ny reindriftslov for å sikre ein meir gagnleg regulering og forvaltning av reindrifta.

Satsinga på økologisk jordbruk skal medverke til å gjere det norske jordbruket meir berekraftig og til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Regjeringa har som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. Det er sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som skal utforme ein strategi for korleis regjeringa sitt mål kan nåast. Det har det siste året vore ein monaleg vekst i marknaden og auka etterspurnad etter økologiske produkt. Dette tyder på at vektlegginga av innsats retta mot marknaden og stimulering til organisert samarbeid mellom aktørane i bransjen har gitt resultat.

Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål. På tross av at dei norske skogane er rikare på virke enn nokon gong tidlegare i moderne tid, har avverkinga i skogbruket vore relativt låg i fleire år sett i forhold til tilveksten.

Skogbruk og treforedling er særs viktige distriktsnæringar, og auka bruk av tre og bioenergi er viktig for å nå måla i klima- og energipolitikken. Det er nødvendig med ei brei tilnærming i heile verdikjeda og godt samarbeid mellom aktørane knytt til skogsektoren både sentralt, regionalt og lokalt.

Skogeigarane sine avgjerder om hogst er viktige for utviklinga i verdikjedene trelast, treforedling og bioenergi, og investeringar i ny skog er avgjerande for råstoff og kvalitet for komande generasjonar. Skogpolitikken må derfor ha som eit siktemål å sikre aktive skogeigarar. Kommunane må aktivt bruke sitt apparat for å få meir medvitne skogeigarar og at det blir sett fokus på behovet for å auke avverkinga på dei små eigedommane og der det finst mykje hogstmoden skog.

Regjeringa gjer framlegg om å styrkje verkemidla knytt til skogbruk og bioenergi vesentleg. Tilskottsmidla blei auka med 20 mill. kroner gjennom jordbruksavtalen 2006/2007. Forvaltninga av tilskottsmidla til veg, drift i vanskeleg terreng og skogbruksplanar blir ført tilbake til Fylkesmannen for å sikre heilskaplege løysingar. Vidare blir det gjort framlegg om å utvide og forbetre skogfondsordninga både ved å utvide formåla som kan nyttast med skattefordel og ved å auke den skattefrie delen slik at ein inntektsfører ein monaleg mindre del av dei midla som blir ført tilbake til skogen. Dette vil både stimulere avverkinga og auke investeringane i framtidsskogen. Det er heilt nødvendig at skogbruket følgjer opp dette med auka investeringar i oppbygging av ny skog og i betre stell av den skogen som står og veks. Dette gjer òg at det er naturleg å vente ei auka satsing på å forhindre attgroing, ei satsing som er viktig i forhold til kulturlandskapsarbeidet i jordbruket og som òg vil gi grunnlag for auka leveransar av virke til bioenergi. Vidare blir forholda for transport forbetra ved at det blir tillete 56 tonn totalvekt på vegar som tåler dette, noko som vil redusere transportkostnadene med 15 pst. på desse strekningane.

Satsinga på treprogrammet blir ført vidare og ein legg til rette for å ta i bruk ny kunnskap og løysingar for auka trebruk. Auka bruk av fornybar energi er eit prioritert område for regjeringa, og eit breitt spekter av verkemiddel blir presentert. Regjeringa gjer framlegg om etablering av Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering på 10 mrd. kroner. Regjeringa tar sikte på å fremme forslag om eit kapitalinnskot på ytter­legare 10 mrd. kroner f.o.m. 1.1.2009. Avkastninga av fondet skal m.a. vurderast nytta til utbygging av infrastruktur for varme og tilskottsordning for hushald. Dette vil kunne vere positivt for ei auka satsing på bruk av bioenergi. Bioenergiprogrammet under Landbruks- og matedepartementet førast vidare, og er sentralt for å leggje til rette for meir bondevarme.

Regjeringa vil føre ein innovasjonspolitikk med utspring frå regionalt nivå som skal medverke til å auke verdiskapinga innan landbruks- og matområdet, leggje til rette for å skape arbeidsplassar der folk bur og gi Noreg gode føresetnader for å møte den auka globale konkurransen i økonomi og næringsliv. Regjeringa vil føre ein aktiv næringspolitikk der staten er engasjert i partnarskap med næringsliv, FoU-miljø og arbeidstakarane.

Det er eit mål at kvinner og menn skal ha like høve til å drive næringsverksemd innanfor landbruket og i tilknytte næringar. Det er òg eit mål å gi barn og unge forståing for langsiktig forvaltning av landbruks- og naturressursar som kjelde til inntekt, opplevingar og velferd.

Den nasjonale strategien for næringsutvikling blir revidert hausten 2006 og skal gjelde frå 2007. I den nye strategien blir det lagt vekt på utvikling av levande bygder med eit moderne og livskraftig landbruk, samt auka og lønnsam produksjon av andre varer og tenester. Departementet legg i denne samanheng òg vekt på forbrukarane sine ønskje og preferansar som ein nødvendig og viktig premiss for næringsutviklinga i landbruket. Satsing på økologisk landbruk skal i større grad enn tidlegare inkluderast i den nasjonale strategien. Strategien skal femne om heile verdikjeda, frå primærproduksjon fram til forbrukar, og siktemålet er å auke den samla effektiviteten og verdiskapinga. Auka lønnsemd vil framleis vere hovudmål for strategien, men dette målet kan òg oppfyllast på andre vis enn ved rasjonalisering av struktur. Satsinga knytt til verdiskapingsprogramma blir ført vidare i 2007.

Samla sett er det ein stor tenesteproduksjon i landbruket ut over den tradisjonelle landbruksproduksjonen. Dette femnar om grønt reiseliv, Inn på tunet-tiltak og andre tiltak for velferd og folkehelse som gjennomførast i tilknyting til landbruket. Slik verksemd utgjer ein viktig del av inntektsgrunnlaget på mange gardsbruk og departementet legg opp til å forsterke innsatsen på dette området.

1.3.3 Miljø- og ressurspolitikk

Regjeringa legg stor vekt på å sikre verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap. Det er ei målsetjing at den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane skal halverast innan 2010, at spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått ei særskilt forvaltning innan 2010, og at område som gror igjen med skog må skjøttast med tanke på næring og rekreasjon. For å nå måla har Statens landbruksforvaltning fått motsegnsrett i dei høve der Fylkesmannen har tilrådd motsegn, men fylkeslandbruksstyret ikkje har følgt tilrådinga. Det er nødvendig med merksemd kring utfordringane for jordvernet. Departementet vil følgje utviklinga og vurdere behov for ytterlegare tiltak og verkemiddel.

Kulturlandskap er viktig for identitet og tilknyting, for busetjing og trivsel, som grunnlag for reiseliv, lokal utvikling og for biologisk mangfald. Det er store utfordringar knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i store delar av landet. For å hindre denne utviklinga er det etablert ei ny nasjonal beitetilskottsordning, samt at dei regionale miljøprogramma og den kommunale ordninga for spesielle miljøtiltak i landbruket er styrkt for å auke beiting og betre skjøtselen av kulturlandskapet. Vidare har departementet saman med Miljøverndepartementet starta eit arbeid med å dokumentere og peike ut spesielt verdifulle kulturlandskap.

Jordbruksproduksjonen skal i minst mogleg grad føre til forureining og tap av næringsstoff. Departementet legg opp til ei vidare satsing på å redusere forureininga av fosfor og nitrogen til vassdrag og kystområde, og til å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn innan landbruket.

Landbruket arbeider med grunnlag i naturen si produksjonsevne, og tiltaka i landbruket verkar inn på det biologiske mangfaldet. Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er grunnleggjande for å halde oppe biologisk mangfald, mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar. Departementet aukar satsinga på dette, og har etablert eit nasjonalt genressurssenter og er i ferd med å etablere eit globalt sikringslager for frø på Svalbard.

1.3.4 Eigedoms- og busetjingspolitikk

For å nå målet om å auke verdiskapinga må menneskelege, økonomiske og arealmessige ressursar takast i bruk på ein betre måte enn i dag. Det må leggjast opp til ein politikk og bruk av verkemiddel knytt til landbrukseigedom som støttar opp under det tradisjonelle familielandbruket, samtidig som ein legg til rette for dei som vil utvikle eigedommen med nye næringar og for dei som berre vil bu på eit gardsbruk men hentar inntekta si frå anna verksemd.

Verkemidla bør stimulere til at eigarar som vil nytte ressursane på landbrukseigedomen til verdiskaping får tilgang på eigedomsressursane. Manglar det interesse for slik utnytting, kan eigedomen takast i bruk som bustad. Omsynet til gode driftsmessige løysingar og til ikkje å svekke landbrukseininga er viktige.

Kommunane har innanfor dei nasjonale rammene for jordvern og bruksstruktur ei viktig rolle i gjennomføring og lokal tilpassing av eigedoms- og busetjingspolitikken. Lova, retningslinene for praksis og praktiseringa må leggje til rette for ei ønskt utvikling. Verkemidla må kunne brukast aktivt og på ulikt vis ut ifrå ulike behov på bygda og i pressområde nær byar og tettstader.

Departementet arbeider med ein gjennomgang av fleire verkemiddel med sikte på å få til endringar som både tener målet om auka verdiskaping, og ønsket om ei tenleg lokal utvikling basert på landbrukseigedomane sine ressursar. Departementet har sett i gang ei kartlegging av kommunane sin praksis i saker som gjeld priskontroll etter konsesjonslova og saker som gjeld dispensasjon frå buplikta på landbrukseigedom. Kartlegginga og vurderingar knytt til verknadene av regelverket vil danne grunnlag for eventuelle tiltak slik at desse verkemidla kan bli meir målretta enn i dag. Departementet vil òg opprette ein nettstad til bruk for kommunar som ønskjer rådgiving i areal- og eigedomspolitikk, først og fremst med tiltak som kan auke busetjinga. Ein proposisjon med forslag til forenklingar i jordlova ligg til behandling i Stortinget, og departementet arbeider med ein full revisjon og fornying av jordskiftelova. Ei modernisering av odelslova med sikte på at reglane blir betre tilpassa til samfunnsforholda i dag er òg under vurdering.

1.3.5 Internasjonale forhold for næringspolitikken i landbruket

Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde er knytt nært opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg føringar for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile landbruks- og matpolitikken. Det er ei målsetjing å arbeide aktivt internasjonalt for å ta vare på nasjonale interesser og samtidig arbeide konstruktivt i dei internasjonale prosessane.

Norsk landbruk og næringsmiddelindustri møter aukande internasjonal konkurranse på heimemarknaden, m.a. som følgje av internasjonale handelsavtalar som WTO og EU-avtalar. Slik auka konkurranse stiller norsk landbruk og næringsmiddelindustri overfor utfordringar om marknadsdelane skal kunne oppretthaldast.

Spesielt viktig for landbruket og næringsmiddelindustrien er WTO-forhandlingane som kom i gong i Doha i 2001. Dei viktigaste forhandlingsområda for landbruk har vore marknadstilgong for landbruksvarer, bruk av nasjonal landbruksstøtte og bruk av eksportsubsidiar. Det skulle vidare takast særleg omsyn til u-landa ved utforming av det nye regelverket.

Frå norsk side har det i forhandlingane vore eit mål å sikre at det i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald og distriktsomsyn.

På ministermøtet i Hong Kong i desember 2005 var det semje om å fastsetje eit nytt regelverk for handel med landbruksvarer i 2006. WTO-medlemmane lukkast ikkje å komme fram til semje om eit nytt regelverk for landbruksvarer innan fristen, og den 24. juli blei forhandlingane avbrotne utan nye fristar for framdrift.

Regjeringa vil i samarbeid med andre land med liknande interesser (G-10 gruppa) støtte opp om arbeidet med å få forhandlingane i gong igjen. Frå regjeringa si side vil nye forhandlingar bli basert på eksisterande mål om å leggje til rette for ein aktiv jordbruksproduksjon i alle delar av landet. Dette er et ambisiøst mål som krev gode løysingar for norsk jordbruk i WTO-forhandlingane.

Noreg og EU har hatt eit innleiande møte om nye forhandlingar om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtala. Desse forhandlingane vil frå norsk side bli vurdert i samanheng med WTO-forhandlingane.

Ei ny forskrift om utanlandsk tilverking av landbruksvarer tok til å gjelde frå 1.7.2005. Regjeringa legg opp til å endre forskrifta frå 1.1.2007. Dette er nærmare omtala i Del III Omtale av særlege tema.

Innanfor ramma av EFTA er det forhandla ferdig ein frihandelsavtale med SACU (South African Customs Union). Det føregår forhandlingar med Thailand, Algerie og Gulfstatane. Desse frihandelsavtalene omfattar gjensidige konsesjonar, òg for landbruksvarer.

1.4 Forsking og utvikling

Forsking er ein føresetnad for å oppfylle landbruks- og matpolitiske målsetjingar. Målsetjinga er at landbruks- og matforskinga skal medverke med forskingsinnsats av internasjonal kvalitet, som fremmer ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med stor tillit i samfunnet. Departementet gjer framlegg om 367,9 mill. kroner til forskingsaktivitet innan landbruks- og matforskinga i 2007. Dette gir ein auke i forskingsbudsjettet på 8 pst. i forhold til saldert budsjett 2006.

Regjeringa vil prioritere forsking på matområdet med 10 mill. kroner av avkastninga fra Fondet for forsking og nyskaping som skal gå til Matprogrammet Norsk mat fra sjø og land, jf. kap. 286.50 i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

Forskinga må ivareta eit breitt spekter av utfordringar innanfor Landbruks- og matsektoren som følgje av dei komplekse verdikjedene og dei store omstillingsbehova. Forskinga skal danne grunnlag for auka konkurransekraft i sektoren, og utvikle nye marknader, produkt og tenester. Samtidig skal forskinga etablere kunnskap for å møte miljø- og ressursutfordringar, og leggje grunnlag for tillit i samfunnet til norsk mat, matproduksjon og dyrehald.

Dei prioriterte målområda for departementet sin forsking- og innovasjonspolitikk som skal sikre ei langsiktig utvikling av landbruks- og matsektoren er:

  • forsking med høg kvalitet og relevans

  • auka internasjonalt forskingssamarbeid

  • auka forskingsbasert innovasjon og kommersialisering

  • kunnskapsutvikling for forvaltninga

  • betre forskingskommunikasjon og forskingsformidling

Langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging er grunnleggjande, og departementet legg vekt på ein forskings- og innovasjonsaktivitet med høg kvalitet og relevans for landbruks- og matsektoren. Departementet vil vidare sikre ein sterk og fagleg kompetent instituttsektor som kan medverke til å løyse behova i næringane, regionane og i forvaltninga.

Departementet utarbeider ein ny strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon for perioden 2007-2011. Strategien vil presentere Landbruks- og matdepartementet sine forskingspolitiske mål og vere retningsgivande for prioriteringar og styring av landbruks- og matforskinga. Inndeling av sentrale forskingsområde for landbruks- og matsektoren er m.a. knytt til St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning sine tematiske prioriteringar og prioriteringar innanfor det kommande 7. rammeprogram i EU.

På landbruks- og matområdet er det dei siste åra gjennomført fleire tiltak for å etablere større, meir robuste og konkurransedyktige forskingsinstitusjonar. Målsetjinga er at forskingsmiljøa skal kunne møte dei ulike brukarane sine behov på ein betre måte og sikre ein god forskingskvalitet på kort og lang sikt.

Sektoren si auka internasjonalisering og medførande omstillingsbehov gjer det nødvendig å styrkje, målrette og effektivisere det internasjonale forskingssamarbeidet framover. Internasjonalt forskingssamarbeid medverkar til auka kvalitet og fornying i norsk forsking og er særleg viktig for inntak av ny kunnskap. Departementet vil å halde fram med forskingssamarbeidet med Nord-Amerika, samt å auke innsatsen mot EUs rammeprogram for forsking og nordisk forskingsarbeid.

Bioforsk blei etablert som eit forvaltningsorgan med særskilt fullmakt frå 1.1.2006, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006). I samband med etableringa er det sett i gang eit stort arbeid med omstilling og utvikling av einingane i instituttet. I samband med dette gjer ein framlegg om ein auke på 20 mill. kroner til arbeidet med omstilling i 2007. Dette er nærmare omtalt i kap. 1137 post 52.

Norsk institutt for skog og landskap blei etablert 1.7.2006, jf. St.prp. nr. 66 (2005-2006). Norsk institutt for skogforsking og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) blei slått saman for å styrkje og effektivisere kunnskaps- og informasjonsproduksjonen knytt til arealressursane skog, jord, utmark og landskap. Bioforsk og Norsk institutt for skog og landskap skal no gis moglegheiter til å prioritere arbeidet med fagleg og organisatoriske tilpassingar til auka nasjonal og internasjonal konkurranse.

Arbeidet med å omstrukturere forskingsinstitutta innanfor den blå-grøne sektoren, jf. St.prp. nr. 66 (2005-2006) blir gjennomført i nært samarbeid mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

1.5 Oppmodingsvedtak

I denne proposisjonen blir følgjande oppmodingsvedtak omtalt:

Vedtak nr. 288, 17. mars 2005

«Stortinget ber Regjeringen utrede muligheten for å innføre regelverk som sikrer forbrukerne ytterligere datomerking på matemballasjen, og orientere Stortinget om utfallet av utredningen på egnet måte».

Vedtak nr. 350, 19. mai 2005

«Stortinget ber Regjeringen nedsette et utvalg, også med uavhengige representanter, for å gjennomgå størrelse på og antall vaktområder for veterinærer, samt en tilpasning av bemanning av områdene etter behov. Utvalgets arbeid bør være avsluttet innen oktober 2005 og må ta utgangspunkt i de økonomiske rammene for den vedtatte avtalen».

Vedtak nr. 574, 17. juni 2005

«Stortinget ber Regjeringen utvikle nasjonale strategier for økt avvirkning av skog»

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Landbruks- og matforvaltning m.m.:

1100

Landbruks- og matdepartementet:

121 435

116 957

123 260

5,4

Sum kategori 15.00 121 435 116 957 123 260 5,4

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

131 482

139 156

141 308

1,5

1115

Mattilsynet:

1 226 699

1 134 038

1 149 805

1,4

Sum kategori 15.10 1 358 181 1 273 194 1 291 113 1,4

Forsking og utvikling

1137

Forsking og utvikling:

304 376

340 675

367 873

8,0

Sum kategori 15.20 304 376 340 675 367 873 8,0

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.:

17 125

19 647

22 890

16,5

1139

Genressursar, miljø- og ressurs­registreringar:

28 415

32 531

31 355

-3,6

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket:

36 294

36 802

102 193

177,7

1143

Statens landbruksforvaltning:

271 638

210 139

216 049

2,8

1144

Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket:

7 013

7 547

6 097

-19,2

1145

Jordskifterettane:

156 698

1146

Norsk institutt for jord- og skogkart­legging:

88 865

81 835

-100,0

1147

Reindriftsforvaltninga:

48 941

53 562

57 427

7,2

1148

Naturskade - erstatningar og sikring:

89 022

93 348

88 665

-5,0

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket:

333 340

367 259

41 945

-88,6

1150

Til gjennomføring av jordbruks­avtalen m.m.:

10 798 999

11 045 899

11 580 872

4,8

1151

Til gjennomføring av reindrifts­avtalen:

99 774

92 500

92 500

0,0

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift:

23 851

24 854

22 126

-11,0

Sum kategori 15.30

11 999 975

12 065 923

12 262 119

1,6

Sum programområde 15

13 783 967

13 796 749

14 044 365

1,8

Sum utgifter

13 783 967

13 796 749

14 044 365

1,8

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Landbruks- og matforvaltning m.m.:

4100

Landbruks- og matdepartementet:

20 984

443

460

3,8

Sum kategori 15.00 20 984 443 460 3,8

Matpolitikk

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

18 061

18 458

2,2

4115

Mattilsynet:

770 012

687 905

129 763

-81,1

Sum kategori 15.10 770 012 705 966 148 221 -79,0

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4143

Statens landbruksforvaltning:

36 891

30 152

31 298

3,8

4145

Jordskifterettane:

13 872

4146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging:

34 700

29 558

-100,0

4147

Reindriftsforvaltninga:

1 704

31

32

3,2

4150

Til gjennomføring av jordbruks­avtalen:

127 824

145 000

112 000

-22,8

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet:

151 775

171 000

715 800

318,6

Sum kategori 15.30 366 766 375 741 859 130 128,6

Forretningsdrift

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet:

765

750

750

0,0

5652

Innskottskapital i Statskog SF:

8 500

8 500

8 500

0,0

Sum kategori 15.40

9 265

9 250

9 250

0,0

Sum programområde 15

1 167 027

1 091 400

1 017 061

-6,8

Sum inntekter

1 167 027

1 091 400

1 017 061

-6,8

1.6 Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast »

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2006

Forslag 2007

1138

70

Støtte til organisasjonar

46

18 847

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar

4 043

1139

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak

2 208

15 170

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning

3 294

16 185

1143

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren

107

385

1143

71

Tilskott til små slakteri

6

1143

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering

2 817

14 628

1144

77

Miljøretta prosjektarbeid m.m.

544

6 097

1147

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark

5 971

11 870

1148

70

Tilskott til sikringstiltak m.m.

20 705

18 665

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

6 052

38 674

1150

70

Marknadsregulering

11 280

201 000

1150

74

Direkte tilskott

29 280

6 714 969

1150

77

Utviklingstiltak

1 838

227 430

1150

78

Velferdsordningar

25 148

1 609 154

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

1 443

47 500

Løyvingar blir i stor grad tildelt prosjekt som ikkje blir avslutta ved årsskiftet. Det kan dermed kome utbetalingar i påfølgjande år.

Når det gjeld løyvingane under kap. 1150 og 1151 inngår desse i den samla ramma som blir fastsett i næringsavtalene mellom staten og næringsorganisasjonane. Ein mindre del av desse løyvingane kjem normalt ikkje til utbetaling i budsjettåret, utan at dette bryt med kravet om realistisk budsjettering innanfor budsjetterminen. Dette skuldast dels at ein på førehand ikkje kan berekne med full visse når tilskotta kjem til utbetaling, dels at departementet fastset satsane slik at risiko for overskriding av budsjettet blir redusert. Fordi midlane utgjer ein del av den samla ramma for næringsavtalane, finn departementet det mest rett å føre desse over til avtaleforhandlingane i neste år. Stortinget blir såleis i proposisjonane om jordbruksoppgjeret/reindriftsavtalen orientert om storleiken på midlane som er ubrukte i budsjettåret som var, og korleis partane ønskjer å nytte desse i den nye avtaleperioden.

Til toppen
Til forsida av dokumentet