Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5651, 5652

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegg

Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m.

Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1100

Landbruks- og matdepartementet:

121 435

116 957

123 260

5,4

Sum kategori 15.00

121 435

116 957

123 260

5,4

Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4100

Landbruks- og matdepartementet:

20 984

443

460

3,8

Sum kategori 15.00

20 984

443

460

3,8

Landbruks- og matdepartementet forvaltar politikken innanfor ein sektor som har eit breitt samfunnsansvar, og som har avgjerande betyding for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift og landbruksbaserte tilleggsnæringar er sentrale for den samla verdiskapinga, for å oppretthalde hovudtrekka i busetjingsmønstret og utvikle lokalsamfunna over heile landet og for å ivareta miljø og oppretthalde kulturlandskapet. Forvaltninga har eit breitt ressursforvaltningsansvar og forvaltningsoppgåver er knytt til heile næringskjeda, både primærprodusent, næringsmiddelindustri og omsetningsledda.

Tilsyns- og rettleiingsoppgåvene som t.d. Mattilsynet utfører er viktig for så vel forbrukarane, næringsmiddelindustrien, omsetningsledda og fiskeeksporten som for landbruksnæringane. Deltaking i og oppfølging av internasjonale prosessar set òg dagsorden. Forvaltninga står her ofte over for svært komplekse utfordringar som på mange område krev meir og andre ressursar enn tidlegare. Andre døme på sentrale samfunnsoppgåver og som involverer mange aktørar er arbeidet med sikring av miljø og berekraftig utvikling i bruken av arealressursane, tilrettelegging for nye næringar og vidareutvikling av landbruksnæringane. Vidare har forvaltningsapparatet ansvar for den langsiktige eigedoms- og ressursforvaltninga der både næringsomsyn, miljøomsyn og omsyn til alternativ ressursbruk vurderast.

Strukturen i sektoren er desentralisert. Oppgåveløysinga er såleis fordelt mellom dei ulike forvaltningsnivå; sentralt og regionalt statleg nivå og kommunalt nivå. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Statens landbruksforvaltning, Mattilsynet og Reindriftsforvaltninga.

Årsverk

Landbruks- og matdepartementet

155

Mattilsynet

1 357

Statens landbruksforvaltning

186

Reindriftsforvaltninga

52

Sum årsverk pr. 1.3.2006

1 750

Kjelde: Statens sentrale tenestemannsregister

I tillegg til verksemdene ovanfor blir viktige forvaltningsoppgåver på landbruksområdet òg utførde av kommunane (jf. reforma i 1993), fylkesmennene og Innovasjon Norge. Finansiering av desse oppgåvene inngår i kommunane sitt rammetilskott, i Fornyings- og administrasjonsdepartementets tildeling til fylkesmennene og godtgjering til Innovasjon Norge. I fylkesmannsembeta er om lag 500 årsverk knytt til oppgåver innanfor landbruksområdet. Oppgåvene er omtalte i Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjettproposisjon kap. 01.10 Fylkesmannsembeta. Kommunane sitt ansvar som landbruksmyndigheit gir eit breitt spekter av oppgåver frå forvaltning av landbrukslovgivinga til næringsutvikling. Når det gjeld kommunane og Innovasjon Norge, har desse sjølve ansvar for å allokere ressursar og organisere arbeidet for m.a. å sjå dette i samanheng med anna næringsutvikling, nyskaping og miljøarbeid, jf. òg nedanfor om forvaltninga si tverrsektorielle utvikling.

Status for området, mål og tiltak

Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga innanfor sektoren. Formålet med dette har vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og nivåa. Omorganiseringane omfattar utskiljing av oppgåver frå departementet og omstrukturering av verksemder. Forutan effektiviserings-gevinstar og ressursinnsparingar som følgje av omstilling og IKT-utvikling i den enkelte verksemd, er intensjonen at dette òg skal komme næringsdrivande, næringsmiddelindustrien, brukarane og andre forvaltningsnivå til gode. Med utgangspunkt i dette blei Statens landbruksforvaltning oppretta i 2000 og Mattilsynet i 2004.

I tråd med regjeringa sitt fornyingsarbeid vil ein arbeide vidare for å styrkje, fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga. I arbeidet legg ein særleg vekt på brukarretting, openheit, effektivisering, kvalitet og medverknad. Viktige tiltak i samband med dette er matforvaltningsreforma, fornying av instituttsektoren og utvikling av landbrukspolitikken knytt til forsking og innovasjon.

Til å gjennomføre politikken krevst det ein strategi for ei open, brukarretta og effektiv mat- og landbruksforvaltning som legg vekt på fornying og som er tilpassa innbyggjarane og næringsverksemda sine behov. Forvaltninga ønskjer mindre administrasjon og meir lokal fridom som sikrar innbyggjarane betre kunnskap om, og innverknad på politikkutforminga. Fornying skjer m.a. ved utvikling av samanhengande elektroniske tenester, endringar i regelverk som gir enklare saksbehandling og gjennom ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk som skal medverke til omstillingsdyktige verksemder og tilsette.

Forvaltninga har som hovudmål å gjennomføre og utvikle både landbruks- og matpolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane, samtidig som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen.

I samband med departementet sin styring av underliggjande verksemder tek ein framover sikte på at styring og kontroll i større grad tek utgangspunkt i systematiske risikovurderingar basert på den enkelte verksemds eigenart. For å ivareta departementet sitt overordna kontrollansvar er det nødvendig å kombinere eigne risikoanalysar med vurderingar som den enkelte verksemd gjer med utgangspunkt i verdsemda si eiga risikotenking og interne kontrollaktivitetar. Det er til dømes behov for ei tettare oppfølging i samband med nyetableringar og ved større omstillingsprosessar.

Ei open, brukarretta og effektiv matforvaltning

Matforvaltningsreforma

Dei organisatoriske endringane ved matforvaltningsreforma blei avslutta med etablering av Mattilsynet og Vitskapskomiteen for mattryggleik samt reorganisering av laboratorietenestene i 2004. Etableringa av Mattilsynet var ei stor reform i norsk forvaltning der om lag 1 300 årsverk i fire statlege verksemder og meir enn 80 kommunale tilsyn blei samla i ei verksemd med tre ulike forvaltningsnivå.

Omstillingstiltak er ein føresetnad for ein vellukka reform og eit grunnlag for å kunne ta ut effektiviseringsgevinstar. Omstillingsarbeidet i Mattilsynet har vore krevjande, og det har vore nødvendig å nytte av dei ordinære driftsmidla til omstillingstiltak. Mattilsynet har førebels ikkje oppnådd kostnadsreduksjonar i same omfang som dei effektiviseringsføresetnadane som har blitt lagt i budsjettet. Det vil i 2007 bli lagt vekt på å følgje opp effektiviseringsføresetnadane.

Mattilsynet har sett i gang arbeidet med å utvikle eit eige kvalitetssystem som byggjer opp under Mattilsynet sin produksjon og fører til kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessane og utføring av arbeidet.

Departementet legg vekt på at Mattilsynet skal vere ei synleg verksemd som gir god service til brukarar og forbrukarar, og at dei arbeider på ein måte som gir grunnlag for tillit til tilsynet, matproduksjonen og maten. I ei undersøking som blei gjort av MMI i mars 2006, svarte heile 88 pst. at dei ville ha mykje stor eller ganske stor tillit til informasjon om mattryggleik frå Mattilsynet. Tilsvarande tal i 2004 var 91 pst. og i 2005 var talet 86 pst.

Evalueringsutval

Regjeringa oppnemnte 12.5.2006 eit utval som fekk i oppdrag å evaluere korleis utbrotet av E. coli O:103 tidleg i 2006 blei handtert av styresmaktene, industrien og media. Føremålet med evalueringa er å kartlegge hendingane og vurdere rolleforståing og handtering av saka hos dei ulike aktørane, samt samhandling mellom aktørane, under dette informasjon og kommunikasjon. Viktige føresetnader for evalueringa vil vere matreforma og prinsippa for denne, slik dei blir omtala i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 100 (2002-2003). Evalueringa skal føre til at aktørane blir sett i stand til best mogleg å møte liknande saker i framtida på ein effektiv og god måte. Utvalet skal derfor òg peike på område for forbetring. For å sikre nødvendig avstand til hendingane, blei utvalet sine ni medlemmer i all hovudsak henta frå utlandet. Utvalet skal rapportere innan 1.11.2006.

Organisatoriske endringar innan instituttsektoren

For å møte utfordringane innan FoU-sektoren nasjonalt- og internasjonalt har departementet sett i gang fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Siktemålet er å skape ein meir robust instituttstruktur som sikrar ein god forskingskvalitet på kort og lang sikt, møter brukarane sine behov på ein betre måte, og som gir ein meir effektiv utnytting av FoU-midlane. Departementet legg i denne samanheng òg stor vekt på eit styrkt samarbeid og samspel mellom forskingsinstitutt og Universitets- og høgskolesektoren både innan forsking og utdanning, slik at institutta i stor grad kan fungere som universiteta sine organisasjonar for eksternt finansiert verksemd.

Som eit ledd i fornyinga av instituttsektoren blei Bioforsk etablert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter frå 1.1.2006 og omfattar dei tre tidlegare institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk. For omtale av instituttet og arbeidet med omstillingsplanen, visast det til kat. 15.20 og kap. 1137 post 51 og 52.

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) og Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) ble ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2006, slått saman til eit nytt institutt med særskilt fullmakt; Norsk institutt for skog og landskap frå 1.7.2006. Det visast til omtale av instituttet under kap. 1141 post 52.

I St.prp. nr. 66 (2005-2006) gjorde regjeringa greie for arbeidet med å omstrukturere forskingsinstitutta innanfor den blå-grøne sektoren. NOFIMA AS blei oppretta i 2005 og arbeider med å leggje grunnlaget for ei omstrukturering i tråd med føringane frå Stortinget. Arbeidet gjennomførast i nært samarbeid mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Det visast elles til budsjettproposisjonen for Fiskeri- og kystdepartementet, Programkategori 16.20.

I St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005 vart det gjort greie for vurdering og status i saka om framtidig organisering av Noregs veterinærhøgskole og Universitet for miljø og biovitskap. Kunnskapsdepartementet har i dialog med institusjonane utarbeidd eit grunnlagsmateriale som skal kvalitetssikrast av eit eksternt konsulentfirma i tråd med rutinane for kvalitetssikring av store statlige investeringsprosjekt. Ein tar sikte på å leggje fram saka for Stortinget i revidert nasjonalbudsjett 2007.

For nærmare omtale av instituttsektoren visast til kap. 1137 post 51.

Omorganisering av jordskifterettane

I samsvar med forslaga i Ot.prp. nr. 106 (2002-2003) og St.prp. nr. 1 (2003-2004) og Stortingets behandling av desse, blei administrasjonen av jordskifterettane flytta frå Landbruks- og matdepartementet til Domstoladministrasjonen frå 1.1.2006. Flyttinga medførte at 13 årsverk blei overført frå Landbruks- og matdepartementet.

Kommunikasjon og openheit

Landbruks- og matforvaltninga skal vere ei open forvaltning. Departementet skal raskt gå ut med kunnskap som føreligg på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at innbyggarane får svar på sine spørsmål og innsyn i verksemda innan sektoren.

Enkeltsaker er ofte berre ein del av ein større samanheng, og departementet satsar derfor på å få fram dei lange linjene og samanhengane i politikken. Skal Landbruks- og matdepartementet lukkast i målet om større demokratisk deltaking frå innbyggjarane må dei ulike informasjonskanalane utviklast vidare. Dette gjeld òg med sikte på å auke kunnskapen om politikkområdet og stimulere til ein konstruktiv samfunnsdebatt.

Landbruks- og matdepartementet og landbruks- og matforvaltninga har dei seinare år satsa svært offensivt på Internett som kommunikasjonskanal. Brukarane skal få aktuell informasjon av høg kvalitet og tilbod om nye interaktive tenester. Det er derfor lagt ned mykje arbeid i å vidareutvikle nettsidene på www.lmd.dep.no og Landbruks- og matdepartementet si nettside har dei tre siste åra hatt ein sterk brukarvekst. Landbruks- og matdepartementet scorar ekstra høgt på openheit og informasjon i Synovate-MMIs måling av omdømme i befolkninga til offentlege verksemder og organisasjonar i Noreg, og er av dei departementa som gjer det best. Departementet vil arbeide vidare med å utvikle ei netteneste som skapar interesse, har høg truverde og som legg stor vekt på brukarvennlegheit.

Landbruks- og matdepartementet har som første departement lagt sin offentlege postjournal på nettet. Det gir allmenta ein ny moglegheit til å halde seg orientert innanfor departementet sine fag- og politikkområde. Alle kan tinge kopi av dokumenta på e-post. Dokument som er opne for innsyn, blir sendt tingaren innan tre til fem dagar. Postjournalane ligg ute i tre månader på departementet si heimeside. Fram til no har den offentlege postjournalen berre vore tilgjengeleg for journalistar.

Landbruks- og matdepartementet må kjenne til den kunnskapen som finns og dei haldningar som gjer seg gjeldande innan landbruks- og matområdet. Det blir derfor jamleg gjennomført ulike undersøkingar, samtidig som departementet i sitt arbeid legg vekt på å ha brei kontakt med ulike miljø og samfunnssektorar. Ei slik kartlegging og analyse av samfunnet er nødvendig for å styrkje dialogen med eksterne interessentar og aktørar.

Fornying ved bruk av IKT

Eit overordna mål for offentleg IKT-satsing er å betre den elektroniske samhandlinga mellom offentlege verksemder, på tvers av forvaltningsområda og forvaltningsnivå. I tråd med desse initiativa har Landbruks- og matdepartementet utvikla ein handlingsplan for IKT i landbruks- og matforvaltninga.

Planen har resultert i konkrete tilrådingar. Ei slik tilråding er etablering av ein eigen tenestekatalog for elektroniske tenester som skal vere ein webbasert inngang til informasjon om datakjelder, nettenester og fagsystem i sektoren og korleis desse avheng av kvarandre. Målet er å gje ei oversikt over IKT-arbeidet i sektoren, noko som vil kunne gje ei vesentleg forenkling av utviklingsprosessar der teknologi er ein del av biletet. Ved å synleggjere korleis systema er avhengig av kvarandre vil leiinga i verksemdene og departementet få eit verktøy for å arbeide meir heilskapeleg med planlegging og styring på område, og samtidig bli meir medviten på føringar og retningslinjer som gjeld for IKT-arbeidet.

I landbruks- og matforvaltninga har det over tid vore arbeidd med å utvikle samanhengande, elektroniske tenester. I dag kan mykje av kontakta mellom verksemdene i sektoren og målgruppene skje elektronisk. Statens landbruksforvaltning har gjennom si satsing på IKT tilrettelagt for næringsutøvarane sin kontakt med landbruksforvaltninga og forenkla kommunane si saksbehandling.

Statens landbruksforvaltning nådde i 2006 måla om 30 pst. elektroniske søknader om produksjonstilskott og velferdstilskott. Målsetjinga for 2007 er at 40 pst. av søkjarane skal levere dei elektronisk. Nærmare omtale av verksemdenes IKT-utvikling er gjort greie for under den enkelte verksemd sitt fagkapittel.

Landbruks- og matministeren har på vegne av regjeringa varsla at sporing på matområdet skal vere eit matpolitisk satsingsområde. Det blir sett i verk eit rammeprosjekt kalla E-sporing, for gradvis utbygging av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matkjeda. Systemet skal i første omgang omfatte landbasert matproduksjon og omsetnad. Rammeprosjektet skal munne ut i konkrete tiltak som oppstart på utbygginga av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon. Ambisjonen er at systemet skal vere fullt operativt i 2010.

Landbruks- og matdepartementet sitt mål i kartpolitikken er å sikre enkel tilgang til detaljerte data for både forvaltninga og føretaka i landbruket. Dette skjer ved deltaking i Geovekst, der føremålet er at dei store kartbrukarsektorane saman finansierer etablering av detaljerte kart og flybilete og saman har eigarskap til det aktuelle datamaterialet. Forvaltninga og føretaka i landbruket får med dette utstrakt rett til bruk av digitale kart, som er heilt nødvendige i oppgåveløysinga. Landbruks- og matdepartementet vil i 2007 styrkje si deltaking i Geovekst-samarbeidet.

Samfunnstryggleik og beredskap

Samfunnstryggleik og beredskap er prioriterte område for Landbruks- og matdepartementet. Omsynet til liv og helse er overordna både i fred, krise og krig.

Beredskapsplanar skal sikre best mogleg behandling av ekstraordinære situasjonar og auke beredskapen administrativt. Planverket i Landbruks- og matdepartementet blir justert ved jamne høve, særskilt dersom hendingar eller øvingar syner behov for dette, slik at det til ei kvar tid skal vere eit høveleg reiskap til bruk ved beredskap og kriser. Som ei oppfølging av St.meld. nr. 37 (2004-2005) Flodbølgekatastrofen i Sør-Asia og sentral krisehåndtering og implementering av Sivilt Beredskapssystem (SBS) har det m.a. blitt sett i verk ei større revidering av planverket i 2006. Tydinga av eit skilje mellom det strategiske nivået og det operative nivået i krisehandsaminga blir vektlagd. Tilpassinga til tiltak for å styrkje det strategiske nivået, m.a. gjennom regjeringa sitt kriseråd, Krisestøtteeininga og utveljing av leiardepartement, blir innarbeidd i planverket.

Avklaring av roller og ansvar er nødvendig for god krisehandsaming. Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde er hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik. Det er på mange område nødvendig med eit tett og godt samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet for på best mogleg vis kunne takle krisehandsaming på matområdet. Samarbeidet mellom dei tre departementa vil bli utvikla vidare.

Mattilsynet har særleg beredskap knytt til hendingar innanfor matområdet og tek hand om det operative nivået i krisehandsaminga. Mattilsynet deltek òg i atomulykkeberedskapen som blir organisert av Statens strålevern. I tillegg har Mattilsynet grenseflater mot ei rekkje andre forvaltningsområdar. Under førebuinga av eit mogleg utbrot av aviær influensa våren 2006 oppretta Mattilsynet eit nært samarbeid med ei rekkje involverte verksemder, og utarbeidde og offentleggjorde ein eigen plan for førebygging og for å motverke denne sjukdommen.

Landbruksbaserte matvarer utgjer ein vesentleg del av norsk matvareforbruk. I NOU 2006:6 Når sikkerheten er viktigstblir omsynet til å oppretthalde ein tilfredsstillande nasjonal matvareproduksjon ut frå eit tryggleiksperspektiv understreka som viktig. Vidare omtalar utgreiinga matforsyning som ein kritisk samfunnsfunksjon. Nærings- og handelsdepartementet har eit samordningsansvar for forsyningsberedskap, men Landbruks- og matdepartementet har eit delansvar knytt til produksjon, foredling og mattryggleik. Fokus for Landbruks- og matdepartementet er å oppretthalde ein robust verdikjede, slik at landbruket så langt som mogleg kan sikre samfunnet i ei forsyningskrise. Statens landbruksforvaltning forvaltar tollvernet på landbruksprodukt og kan i ein krisesituasjon regulere tollsatsane for å avhjelpe matforsyninga inn i landet.

Landbruks- og matdepartementet ved Statens landbruksforvaltning forvaltar Lov av 25. mars 1994 nr. 7 om sikring mot og erstatning for naturskader (naturskadelova). Ordninga gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikra seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning.

Risiko- og krisekommunikasjon har lenge vore eit prioritert område innan beredskapsarbeidet i Landbruks- og matdepartementet. Departementet vil òg vidare vere ein pådrivar for at norske landbruks- og matstyresmakter har høg kompetanse om og praktiserer god krisekommunikasjon.

Enklare saksbehandling

Landbruks- og matforvaltninga driv eit kontinuerleg arbeide for å effektivisere og forenkle saksbehandlinga innan sektoren. Dette skjer særleg ved utvikling på IKT-området og fornying av lov- og regelverket.

I Ot.prp. nr. 75 (2005-2006), som blei lagt fram i statsråd 12.5.2006, har departementet framsett fleire forslag til endringar i jordlova. Eit av forslaga går ut på å oppheve føresegnene som gir heimel til ordningar med frivillige statlege kjøp og ekspropriasjon av m.a. tilleggsjord. Forslaget har samanheng med at Jordfondet, som gjennom åra har finansiert slike kjøp, er vedtatt avvikla. Dei eigedommane staten i dag eig vil bli avhenda etter gjeldande forskrifter. Proposisjonen fremmer òg forslag om å oppheve seks ulike lover som ikkje lenger er aktuelle på grunn av samfunnsutviklinga. Odelstingsproposisjonen ligg til behandling i Stortinget.

Den nye skogbrukslova, Lov av 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk, tok til å gjelde frå 1.1.2006. Lova er vesentleg forenkla i forhold til tidlegare lov frå 1965. Talet på forskrifter er halvert. Departementet arbeider no med vidare forenkling av forskrifter etter skoglova, m.a. er det fastsett ny forskrift om skogfond, som erstattar tidlegare forskrifter, og ny forskrift om berekraftig skogbruk samlar tre ulike forskrifter.

Desentralisering og delegering på landbruksområdet

Vidareutvikling og styrking av kommunane si rolle som ein landbrukspolitisk aktør og som ein pådrivar innan samfunnsutvikling og næringsutvikling er framleis eit prioritert område for Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet og KS har derfor inngått ei ny samarbeidsavtale for perioden 2006-2007. Vidareføringa av samarbeidsavtala skal medverke til å styrkje dialogen mellom regional stat og kommunesektoren, og utvikle kommunane som ein synleg nærings- og landbrukspolitisk aktør. Arbeidet skal skje innanfor lokalpolitiske rammer, og med spesiell vekt på å sjå landbruket som ein integrert del av samfunns- og næringsutviklingsarbeidet i kommunesektoren. Auka myndigheit til kommunane må òg sjåast i samanheng med Fylkesmannen si rolle som kompetanseformidlar i forhold til kommunane, jf. kap. 1144 post 77.

Frå 1.1.2006 rapporterar kommunane gjennom KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering) på saksbehandling etter jord- og konsesjonslovgivinga og plan- og bygningslova på landbruksområdet. Rapporteringa syner allereie at KOSTRA vil gje verdifull informasjon på sentrale rapporteringsområde for Landbruks- og matdepartementet, jf. kat. 15.30. KOSTRA betyr òg ei forenkling for kommunane.

Det vil i 2007 bli arbeidd vidare med utvikling av rapporteringa innan landbruksområdet, jf. kap. 1144 post 77.

Organisasjonsforhold og personalpolitikk

Landbruks- og matforvaltninga skal vere open, fleksibel og omstillingsorientert og ta utgangspunkt i brukarane sine behov. Det er stadig omstilling i forvaltninga og ein legg stor vekt på medverknad frå dei tilsette ved omorganiseringar i den daglege verksemda. Det har over fleire år blitt arbeidd målretta med leiarutvikling i samanheng med desse omstillingane. I arbeidet med å auke leiarkompetansen brukast verkemiddel som leiarkontrakt, leiarevaluering, resultatlønn og haldningsarbeid. Ei utfordring som følgjer av endringane er systematisk kompetanseutvikling og kompetanseendring, slik at forvaltninga er rusta til å løyse sine komplekse oppgåver på ein god og rasjonell måte.

Departementet meiner det er viktig med mobilitet hos dei tilsette i forvaltninga ved til dømes hospiteringsopphald eller utlån av medarbeidarar. Departementet ser på kompetanseoverføring internt i departementet og mellom statlege verksemder som verdifullt, og har derfor lagt forholda til rette for mobilitetstiltak innanfor landbruks- og matforvaltninga.

Arbeidet for eit breitt samansett og meir inkluderande arbeidsliv er eit prioritert område i departementet og underliggande verksemder. Det blir lagt vekt på å førebygge sjukefråvær, hindre utstøyting, styrkje rekrutteringa og tilsette fleire med redusert funksjonsevne. Det er òg eit mål å rekruttere fleire personar med innvandrarbakgrunn.

Likestilling i landbruks- og matforvaltninga

Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter ei målretta og planmessig pådrivarrolle for likestilling på alle samfunnområde. Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra hatt stor merksemd på likestilling, og utforma i 2000 ein eigen handlingsplan for å auke delen kvinnelege leiarar i departementet og i landbruks- og matforvaltninga. Det er m.a. etablert eit eige mentorprogram for kvinnelege leiarar og potensielle kvinnelege leiarar. Statens landbruksforvaltning (SLF) har dei siste åra hatt ansvaret for programmet som omfattar departementet og underliggande verksemder. Landbruks- og matdepartementet har hatt ei positiv utvikling i tala på kvinnelege mellom- og toppleiarar, jf. kap. 1100. Underliggjande verksemder rapporterar om status i likestillingsarbeidet i årsrapporten.

Grøn stat

Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av arbeidet til Landbruks- og matdepartementet. Hovudutfordringa i miljøsatsinga er å sikre ei berekraftig ressursforvaltning med miljøomsyn i næringsverksemd, vern om areal og ressursar i eit langsiktig perspektiv og å utvikle dei positive miljøbidraga frå landbruket. Landbruks- og matdepartementet si satsing på miljø omfattar kulturlandskap, vern om jord- og arealressursar, genressursar og biologisk mangfald, kulturminne, bioenergi og friluftsliv.

Landbruks- og matdepartementet har i tildelingsbreva lagt til grunn at alle underliggjande verksemder skal ha innført miljøleiing som styringsprinsipp innan 2005. Dette gjeld spesielt innanfor områda innkjøp, avfall, transport og energi. SLF, NILF og NIJOS (no del av Norsk institutt for skog og landskap)har rapportert at dei har innført miljøleiing medan dei andre, av ulike årsaker, er noe forsinka. Mattilsynet har fått eit års utsetjing.

Revidert økonomiregelverk i staten

Revidert reglement for økonomistyring i staten tok til å gjelde frå 1.1.2004, med 2004 som overgangsår. Siktemålet med regelverket er m.a. å sikre at:

  • statlege midlar blir nytta og inntekter blir oppnådde i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader

  • fastsette mål og resultatkrav blir nådde

  • statlege midlar blir nytta effektivt

  • statens materielle verdiar blir forvalta på ein forsvarleg måte

Det nye regelverket inneberer ei fornying av tidlegare regelverk m.a. gjennom større fridom til lokale tilpassingar, noko som set auka krav til dokumentasjon av rutinar og prosedyrar. I samband med implementeringa av økonomiregelverket har departementet og underliggjande verksemder gått gjennom instruksar og rutinar. Ved sida av å fastsette nye økonomiinstruksar og vidareutvikle interne kontrollrutinar, har departementet og særleg Statens landbruksforvaltning prioritert tilskottsforvaltninga. Tilskottsordningar med mange tilskottsmottakarar set store krav til gode forvaltningsrutinar som tek omsyn til Stortinget sine føresetnader med løyvingane samtidig som utgiftene til forvaltning av ordningane har eit rimeleg omfang. Sentralt i dette utviklingsarbeidet står vurdering av risiko og vesentlegheit i forhold til kor viktig kvar enkelt ordning er.

Under jordbruksavtalen, og i nokon grad under reindriftsavtalen, er det ei rekkje ordningar som har ei innretning som ikkje er tilpassa normalprosedyren for tilskottsforvaltning slik denne er fastsett i økonomiregelverket. Særleg gjeld dette i forhold til resultatrapportering, men òg fleire andre delar av normalprosedyrane må tilpassast eller er uaktuelle.

Bakgrunnen for behovet for slik særleg tilpassing er i hovudsak den same som departementet har gjort greie for fleire gonger tidlegare, jf. særleg St.prp. nr. 67 (1997-1998) kap. 4, der det blei orientert om at mange tilskottsordningar under jordbruksavtalen må følgje særskilt prosedyre for mål- og resultatstyring. Det blir her m.a. vist til at løyvingane til oppfølging av jordbruksavtalen inngår i eit samansett system av økonomiske og juridiske verkemiddel som verkar mot fleire mål samtidig. Systemet med tilskottsordningar, konsesjonsgrenser med vidare skal samla gi produsentane i jordbruket rimelege rammevilkår, medverke til ønskjelege tilpassingar i produksjonen og sikre kollektive gode. Rapportering om resultat og samfunnseffektar kjem derfor best til uttrykk i resultatrappor­teringa i dei årlege proposisjonane om jordbruksoppgjeret. Det blir her rapportert om utviklinga i primærproduksjonen og foredlings- og distribusjonsledda, sett i forhold til dei overordna måla for landbrukspolitikken.

Hovudtrekka i tilskottssystemet under Landbruks- og matdepartementet er uendra frå den gong. Framleis utgjer eit stort tal tilskottsordningar sentrale rammevilkår for jordbruket. Mål- og resultatrapportering i forhold til kvar enkelt ordning vil ofte gi liten styringsinformasjon da det er summen av tilskottsordningane og dei juridiske verkemidla som skal medverke til å nå dei landbrukspolitiske måla. Dessutan er mange av ordningane slik innretta at tilskottsforvaltninga må tilpassast særskilt. Dette gjeld t.d. fraktilskott som den enkelte produsent ikkje sjølv søkjer om, men inngår i prisen som omsetningsleddet betaler til produsenten. Etter Bestemmelser om økonomistyring i staten, pkt. 6.4.2 kan departementet derfor gjere avvik frå normalprosedyren for tilskottsforvaltninga når det gjeld tilskottsordningar til landbruksområdet som ikkje er tiltaksretta. Under omtalen i kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. og kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen, er det gjort nærmare greie for dette.

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

119 809

113 327

117 609

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan , kan overførast, kan nyttast under post 50

1 126

3 202

5 214

50

Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

228

237

70

Tilskott til drifta av Staur gard

200

200

200

96

Kjøp av aksjer i Bioparken AS

300

Sum kap. 1100

121 435

116 957

123 260

Mål- og strategiar

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for å følgje opp dei retningslinene som Stortinget og regjeringa gir for mat- og landbrukspolitikken. Departementets ansvarsområde er knytt til områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, husdyrhald, ressursvern og utvikling av nye landbruksbaserte næringar. Departementet er ein viktig premissleverandør når det gjeld forbrukarspørsmål og spørsmål om miljø, arealplanlegging, kulturvern, distriktsutbygging og utanrikshandel. Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde dekkjer heile kjeda frå primærprodusent til forbrukar. Dette inneber at forholdet til næringsmiddelindustri og annan næringsverksemd, samt sal og omsetning av landbruksvarer blir stadig viktigare.

Styrings- og forvaltningsoppgåvene som spring ut frå departementet sitt ansvarsområde er mange og samansette. Departementet har fleire ulike roller som er knytt til politikkutvikling gjennom å utvikle og sikre det fagleg grunnlaget for politiske avgjerd i mat- og landbrukspolitikken og styring og oppfølging av verksemdene. Andre sentrale oppgåveområde for departementet er kommunikasjon av landbruks- og matpolitikken for å få tilslutning og legitimitet i samfunnet, arbeid med oppfølging av internasjonale forpliktingar og sikre aktiv deltaking i internasjonale fora. Målrette og kommunisere økonomiske og juridiske middel og avklare roller og oppgåver i departementet sitt samspel med andre offentlege og private aktørar er òg vesentleg.

Det er ein føresetnad at departementet har ein fleksibel organisasjon. Organiseringa av departementet skal vere effektivt, fleksibelt og tilpassa oppgåveporteføljen og rolla som sekretariat for den politiske leiinga. Departementet har med basis i gjennomgang av mål, strategiar og oppgåver dei siste åra gjennomført fleire omorganiseringar av verksemda. Målet har vore å reindyrke rollene innanfor områda mattryggleik, næringsutvikling, langsiktig ressursutnytting, forsking, innovasjon og distriktsutvikling, og på det administrative og forvaltningspolitiske området. Delegering av oppgåver til underliggjande verksemder blir vurdert kontinuerleg. I tillegg søkjer ein å finne meir effektive arbeidsformer i departementet.

Særskilt rapportering

Likestilling

Likestillingslova stiller krav til alle verksemder om å rapportere om status i arbeidet med likestilling. Nedanfor følgjer tala for Landbruks- og matdepartementet. Underliggjande verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Departementet har ei relativt jamn kjønnsfordeling, 57 pst. kvinner og 43 pst. menn. Det er noko ulikskap mellom avdelingane. I Landbrukspolitisk avdeling er det 42 pst. kvinner, medan det i Administrasjons- og økonomiavdelinga er 64 pst. kvinner.

Departementet har gjennom dei siste åra hatt stor merksemd på å auke delen kvinnelege leiarar. Pr. juni 2006 er kvinnedelen i leiarstillingar på 47 pst. I 2000 var talet 22 pst. Toppleiargruppa i departementet har ein kvinnedel på 67 pst. På dei andre stillingskategoriane er kvinnedelen som følgjer; seniorrådgjevar 37 pst., rådgjevar 56 pst. og seniorsekretær, konsulent, førstekonsulent og seniorkonsulent 86 pst. Det er ikkje på nokon av stillingskategoriane vesentleg skilnad i lønn mellom kvinner og menn.

Det blei ikkje gjennomført lokale lønnsforhandlingar i 2005. Det siste året er det gjennomført 19 forhandlingar etter HTA pkt. 2.3.4 knytt til omgjering av stilling. 12 av desse gjaldt kvinner.

I løpet at 2005 blei det tilsett 11 personar i Landbruks- og matdepartementet. 7 av desse var kvinner.

13 tilsette blei i 2005 tildelt kompetansestipend, 7 kvinner og 6 menn.

Det er for tida 24 tilsette som arbeider deltid, 23 av desse er kvinner. Når det gjeld overtid blei det i 2005 arbeidd 3 000 timar overtid, 61 pst. av timane blei utført av menn.

Grøn stat

Landbruks- og matdepartementet har innført miljøleiing og til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ein kortfatta handlingsplan. Hovudmålsetjinga er at departementet skal gjennomføre sine oppgåver med ein så liten miljøpåverknad som mogleg. Omsynet til miljøet skal sikrast i planlegging og utføringa av alle departementet sine innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar.

I handlingsplanen er det spesielt fokusert på avfall, transport, energi og innkjøp. Departementet har i 2006 tatt i bruk nye skrivarar som produserer egne brevark med logo, noko som hjelper til å redusere papirforbruket. Det er etablert 3 møterom med telefonkonferansemoglegheiter, noko som er med på å minske reiseverksemda. Vidare har departementet tatt i bruk alle deler av dei returordningane for avfall som finnast i regjeringskvartalet.

Forvaltning og disponering av eigedommar

Departementet har dialog med Universitetet for miljø- og biovitskap om framtidig forvaltning og disponering av eigedommar/bygningar i Ås kor begge har interesser. Mellom anna tas det sikte på eigedomsskifte slik at heimel til eigedommen Syverud (gnr. 39 bnr. 29) overførast frå Landbruks- og matdepartementet til Universitetet for miljø- og biovitskap, og at tomter til verksemder under Landbruks- og matdepartementet blir frådelt universitetets eigedom og heimel blir overført til Landbruks- og matdepartementet. Dette er et ledd i opprydding i eldre eigarforhold.

Resultatrapport 2005

Landbruks- og matdepartementet syner til statusomtalene under programkategoriane. Mange av dei resultata som er omtalte der, er knytt til verksemd som Landbruks- og matdepartementet har tatt initiativ til og tatt del i.

Budsjettframlegg 2007

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved departementet og ordinære forvaltningsorgan under departementet.

Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene.

Verksemder under departementet forvaltar eigedommar og disponerer ein stor bygningsmasse. I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å selje festetomter/tomter, bygningar, areal til utbyggingsformål, veggrunn m.m. Ein gjer framlegg om at Landbruks- og matdepartementet kan selje innkjøpt og opphavleg statseigedom for inntil 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Departementet gjer vidare framlegg om at inntekt frå sal kan nyttast til ombygging og ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen. Ein gjer òg framlegg om at unytta meirinntekt frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten, jf. forslag til vedtak II.

Posten blei for 2006 redusert med 2,1 mill. kroner for å dekkje eingongsutgifter til nødvendig IKT-oppgradering i samband med at ansvaret for Jordskifterettane blei overført til Justis- og politidepartementet frå 1.1.2006.

Post 50 Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved forvaltningsorgana under departementet som får løyvd midlar over 50-postar. Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over løyvingane til verksemdene på kap. 1112 og 1141.

Post 70 Tilskott til drifta av Staur gard

Staur gard har vore i statleg eige sidan 1960 og fram til 1995 då garden blei overført til Statkorn Holding AS. Frå 1.7.2001 blei garden ført tilbake til Landbruks- og matdepartementet frå Cermaq ASA (tidlegare Statkorn Holding AS). Same tidspunkt stifta Landbruks- og matdepartementet eit heileigd driftsselskap, Staur Gård AS, for å stå for drifta av eigedommen. Det statlege eigarskapet skal sikre vidare bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve for Staur Gård AS å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på.

I samband med at bygningsmassen har hatt bruk for opprusting for å vere tenleg for kursverksemd m.m., har det vore redusert drift. Slik opprusting blei sluttført sommaren 2004. Det tek tid å byggje opp den nye verksemda. Departementet gjer derfor framlegg om ei løyving på 200 000 kroner som driftstilskott til Staur Gård AS.

Riksrevisjonen har stilt spørsmål ved om avgifta Staur Gård AS betaler for forpakting av Staur gard gjenspeglar marknadspris. Departementet vil derfor, med utgangspunkt i ekstern takst, vurdere forpaktingsavgift nærmare og leggje dette til grunn frå 1.1.2008.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Refusjonar m.m.

107

443

460

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

1 331

18

Refusjon sjukepengar

2 548

40

Sal av eigedom

16 091

51

Avvikling av fond

607

92

Uttak av innskutt kapital i Biopolis BA

300

Sum kap. 4100

20 984

443

460

Programkategori 15.10 Matpolitikk

Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

131 482

139 156

141 308

1,5

1115

Mattilsynet:

1 226 699

1 134 038

1 149 805

1,4

Sum kategori 15.10

1 358 181

1 273 194

1 291 113

1,4

Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

18 061

18 458

2,2

4115

Mattilsynet:

770 012

687 905

129 763

-81,1

Sum kategori 15.10

770 012

705 966

148 221

-79,0

Regjeringa sin matpolitikk er basert på at maten skal vere trygg og opplevast som trygg. Dette gjeld uavhengig av om maten er produsert for innanlands konsum, om den er importert eller om den skal eksporterast.

Regjeringa sin matpolitikk vil særleg leggje vekt på:

  • trygg mat

  • sunt kosthald

  • kvalitet, ærleg omsetnad og andre forbrukaromsyn

  • nyskaping, mangfald, gode matopplevingar og verdiskaping

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat

  • langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon

Plantehelse og helse og velferd hos landdyr og fisk er viktig, både i forhold til matpolitiske mål og som sjølvstendige omsyn.

Matpolitikken tek opp i seg element frå fleire politikkområde, der dei mest sentrale er forbrukar-, helse-, ernærings-, miljø- og næringspolitikk. Matpolitikken har òg grenseflater mot til dømes kulturpolitikken, skole- og utdanningspolitikken og bistandspolitikken.

Det er ei rekkje utfordringar i matpolitikken. Regjeringa vil arbeide for å utnytte moglege synergiar mellom dei ulike politikkområda i forhold til mat og matproduksjon, samtidig som ein er medviten om interessemotsetnader mellom dei ulike områda.

Ser ein på produksjon og omsetnad av mat i eit større perspektiv, endrar marknaden seg gradvis frå å vere lokal eller regional til i aukande grad å bli global. Matskandalar har påverka og vil kunne påverke matpolitikken samt preferansar og merksemd hos forbrukarane. Dette krev eit internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsynssystem som sikrar at maten er trygg og møter forbrukarane sine krav.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Dette kjem m.a. til uttrykk gjennom EØS-avtala og avtaler knytt til WTO. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar) og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg viktige premissar for regelverket etter desse avtalene. Noreg har òg stor nytte av arbeidet i grupper under Nordisk Ministerråd, m.a. som kanal til EU sine interne regelverksprosessar.

For Noreg og norske matprodusentar gir globaliseringa både moglegheiter og utfordringar. Noreg er i dag ein av dei leiande eksportørane av sjømat. Marknadstilgang for norsk sjømat er i så måte ei sentral utfordring. Norske landbruksprodukt vil bli utsett for sterkare konkurranse, men vil òg kunne få nye moglegheiter ut frå konkurranseføremoner som til dømes god dyre- og plantehelse, arktisk landbruk m.m.

Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å ta del i kunnskapsutviklinga som skjer på området. Ein legg òg vekt på kontakt med styresmaktene i andre land med omsyn til betring av marknadstilgangen for sjømat.

Det er ei aukande interesse for mat, matkultur, ernæring og helse hos folk. Regjeringa vil leggje vekt på å møte ønskjer og påverke kunnskap og vaner hos forbrukarane på ein positiv måte, samtidig som ein tek omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og deira valfridom.

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har administrativt ansvar for Mattilsynet. Helse- og omsorgsdepartementet har administrativt ansvar for Vitskapskomiteen for mattryggleik, og har eit særskilt ansvar for ernæringspolitikken.

Ansvaret etter matlova er delt både etter eit vertikalt grensesnitt og etter føremålet med den enkelte regelen. Det vertikale grensesnittet fastset at Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for alle omsyn etter matlova i innsatsvare- og primærproduksjonen, inkludert jakt, fiske og hausting av ville bestandar og viltveksande vekstar. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for plantehelse og dyrehelse, medan ansvaret for fiskehelse ligg i Fiskeri- og kystdepartementet.

Etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvar for alle reglar som er fastsett av omsyn til folkehelsa og ei rekkje reglar som både skal ivareta folkehelse- og forbrukaromsyn. Døme på dette er generelle merkereglar for mat, reglar om tilsettings- og framandstoff og om genmodifisert materiale i mat. I tillegg har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for reglar for produksjon av drikkevatn langs heile produksjonskjeda. Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for storparten av kvalitetsreglane og reglar som er fastsett av omsyn til aktørane langs matproduksjonskjeda, til dømes for å betre marknadsstilgangen eller verne om særskilte produksjonsformer eller produktnamn. Ansvaret mellom dei to departementa er delt ut frå om reguleringa er knytt til produksjon på land eller i vatn. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom departementa i regelverksutviklinga etter matlova.

Dyrevernområdet er regulert i dyrevernlova. Her har Landbruks- og matdepartementet ansvar for regelverk knytt til landdyr, medan Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverk knytt til fisk og krepsdyr.

Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken gjennom å ta del i utvikling av regelverk og gjennom rettleiing, tilsyn, kartlegging og overvaking langs matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarane.

Kunnskapen i institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gi grunnlag for at forvaltninga av området er godt fagleg og vitskapleg fundert. Som ledd i regelverksutviklinga, utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige risikovurderingar for Mattilsynet.

Ansvaret for å sikre trygg mat og for å etterleve regelverket ligg til den enkelte verksemda. Målretta tilsyn og god rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig i den samanhengen. Regjeringa legg vekt på at Mattilsynet skal vere eit aktivt og synleg offentleg organ som gir god service til brukarar og forbrukarar. Mattilsynet må arbeide på ein måte som gir grunnlag for tillit til tilsynet, matproduksjonen og maten.

Ei alvorleg hending på matområdet i 2006 var utbrotet av sjukdom etter smitte med E. coli O:103.Regjeringa nemnde 12.5.2006 opp eit utval som fekk i oppdrag å evaluere korleis dette utbrotet blei handtert av styresmaktene, industrien og media. Føremålet med evalueringa er å kartleggje hendingane og vurdere rolleforståing og handtering av saka hos dei ulike aktørane, samt samhandling mellom aktørane, herunder informasjon og kommunikasjon. Viktige føresetnader for evalueringa vil vere matreforma og prinsippa for denne, slik dei blir omtalt i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 100 (2002-2003). Evalueringa skal føre til at aktørane blir sett i stand til best mogleg å møte liknande saker i framtida på ein effektiv og god måte. Utvalet skal derfor òg peike på område for forbetring. For å sikre nødvendig avstand til hendingane, blei utvalet sine ni medlemmer i all hovudsak henta frå utlandet. Utvalet skal rapportere innan 1.11.2006. Hendinga har vist at det er rom for forbetring, m.a. i rutinar for samhandling og kommunikasjon mellom interessentar, kunnskapsinstitusjonar og Mattilsynet. Regjeringa vil aktivt arbeide for forbetringar og følgje opp dei vurderingane utvalet kjem med. Hendinga syner òg at det er nødvendig å styrkje moglegheita for å kunne spore matvarene gjennom matproduksjonskjeda. Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt i samarbeid med bransjen for å få i stand eit betre system for sporing av mat. Målet er at det innan 2010 er på plass eit system som styresmaktene og aktuelle aktørar kan nytte. Dette prosjektet vil bli følgt opp i 2007.

Matpolitiske prioriteringar frå dei enkelte matdepartementa

Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet vil i 2007 framleis leggje vekt på ei heilskapleg forvaltning av fiskeriressursane i tråd med heilkjedeperspektivet som ligg til grunn for matreforma.

Politikken på sjømatområdet byggjer på:

  • helseomsyn (mattryggleik og helse hos akvatiske dyr)

  • forbrukar- og marknadspolitiske omsyn (produksjonsmåtar, merkeordningar, ordningar for sporing, fiskevelferd, kvalitet og ærleg omsetnad)

  • næringspolitiske omsyn

For å realisere verdiskapingspotensialet i sjømatnæringa er det ein føresetnad at fiskevelferd, fiskehelse, mattryggleik og matkvalitet er av høg standard slik at norske sjømatprodukt opprettheld og utvidar sine marknadsdelar. Fokus på trygg og rein sjømat er av aukande betyding for marknadstilgangen for norske sjømatprodukt.

Departementet legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, både regelverk og tilsyn, blir fastsett og utøvd på ein slik måte at ein ikkje skapar urettferdige konkurransevridingar.

Fiskeri- og havbruksnæringa står for ein stadig større del av verdiskapinga i norsk matproduksjon. Om lag 95 pst. av produksjonen blir eksportert. Det må derfor leggjast vekt på dei krava næringa står overfor både nasjonalt og internasjonalt. Auka produksjonsvolum krev sterk merksemd på sjukdoms- og smittesituasjonen, særleg i oppdrettsnæringa. Smittsame sjukdommar er den enkeltfaktoren som gjennom åra har påført norsk oppdrettsnæring dei største tapa. Departementet legg derfor vekt på å tryggje ei god fiskehelse.

Forbrukarane har auka interesse for helsesidene ved å ete sjømat. Å synleggjere dei gunstige effektane av sjømat for folkehelsa er derfor ein viktig dimensjon. Departementet legg vekt på at tilgjengeleg fagleg og vitskapleg basert informasjon når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.

Forhold knytt til mattryggleik og matkvalitet blir viktigare i internasjonal handel med sjømat. Norsk sjømat skal vere trygg og av rett kvalitet. Desse kvalitetskrava har stor innverknad på omdømet til sjømat i dei ulike marknadane. Forvaltninga av norsk sjømatindustri har fleire perspektiv, eit globalt og eit nasjonalt. Ettersom det meste av produkta blir eksportert, er det særs viktig at ein tek omsyn til dei globale krava, samtidig med dei nasjonale.

Norsk sjømat skal produserast i samsvar med internasjonale avtaler. Den internasjonale handelen med sjømat må òg baserast på internasjonalt fastsette standardar. For at norsk eksport ikkje skal hindrast av urettvise importkrav, legg departementet vekt på at Noreg må vere leiande på risikovurderingar og forsking når det gjeld framandstoff i sjømat og helsefremmande effektar av konsum av sjømat. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale fora som fastset regelverk og standardar.

Helse- og omsorgsdepartementet

Folkehelsearbeidet blir omtalt i St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge. I denne meldinga er ei av hovudmålsetjingane å medverke til fleire leveår med god helse i befolkninga, samt å redusere helseskilnader mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn.

Områda ernæring og mattryggleik er ein del av folkehelsearbeidet. Ernæringsarbeidet er nærmare omtalt i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg og ligg i hovudsak under Sosial- og helsedirektoratet, men Mattilsynet har òg ei rolle i dette arbeidet. Det er derfor nødvendig og viktig med eit godt samarbeid mellom Sosial- og helsedirektoratet og Mattilsynet. Dette er spesielt viktig når det gjeld overvaking av kosthaldet og av matvarene sin samansetnad samt spørsmål om merking av matvarer.

Arbeidet med trygg mat har som mål å redusere risikoen for sjukdommar som kan bli overført med smittestoff og uønska framandstoff i mat og vatn, både på kort og lang sikt, samt å sikre ærleg omsetnad av matvarer på den norske marknaden. Produksjon og omsetnad må finne stad under gode hygieniske forhold slik at smittestoff og uønskt framandstoff ikkje blir ført over til menneske med mat eller vatn. Departementet legg vekt på at maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt innanlands eller importert. Tilsynet skal leggjast opp slik at ein sikrar at sluttprodukta er trygge gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda. Tilsyn med sluttprodukt er framleis nødvendig for å sikre og dokumentere at dei samla tiltaka i kvar del av matproduksjonskjeda har ønskt verknad. Krava til å ha system for sporing er viktige dersom helseskadeleg mat likevel kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekke denne tilbake frå marknaden på ein effektivt måte og gi riktig og klar informasjon til Mattilsynet og forbrukarane.

Merking av mat er eit område som har stor merksemd frå forbrukarane, matvarebransjen og styresmaktene. Departementet vil prioritere dette arbeidet i forhold til ærleg omsetnad for at forbrukarane skal få riktig informasjon, og for at forbrukarane lettare skal kunne velje sunn mat.

Ein grunnleggande føresetnad for arbeidet med trygg mat er god fagleg og vitskapleg dokumentasjon av samanhengen mellom risikofaktorar og helse. Helse- og omsorgsdepartementet har det administrative ansvaret for Vitskapskomiteen for mattryggleik, jf. kap. 710 i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg. Departementet vil framleis ha fokus på å sikre gode rammevilkår for komiteen sitt arbeid, under dette god samhandling med Mattilsynet og andre institusjonar. Det blir lagt opp til god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA), noko som blir omtalt i kap. 703 i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg.

Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet vil ha særleg merksemd på å sikre at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at sluttprodukta kan fylle matpolitiske mål når det gjeld helse, miljø og forbrukaromsyn. Ei viktig oppgåve er òg å sikre den nasjonale matforsyninga. Verkemidla skal stimulere til ein berekraftig matproduksjon med god plante- og dyrehelse og eit etisk forsvarleg dyrehald.

Departementet legg vekt på å følgje opp tiltaka som blei lagt fram i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd som fekk brei tilslutning ved Stortinget si behandling. Departementet tek, i samarbeid med Fiskeri- og kystdepartementet, sikte på å sende utkast til ny lov om dyrevelferd til høyring hausten 2006.

Departementet vil òg ha merksemd mot heile matproduksjonskjeda. Heilkjedeperspektivet femner òg om varehandelen der forbrukarane møter varene. Departementet vil i samråd med bransjen arbeide for at fleire nye og lokale produkt når fram til forbrukarane.

Forbrukaromsyn er viktige langs heile matproduksjonskjeda. Departementet legg vekt på forbrukarane sine ønskje og preferansar ved utforminga av både landbrukspolitikken og matpolitikken. Dette gir òg grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling i landbruket. Departementet vil i aukande grad sjå desse omsyna i samanheng med annan verkemiddelbruk i landbruket, jf. kat. 15.30. Samtidig vil ein arbeide for å auke forbrukarane sin kunnskap om mat og matproduksjon.

Målsetjinga er å danne grunnlag for ei heilskapleg og konsistent utvikling av landbrukspolitikken og matpolitikken. Merking av opphavet til varer er eit døme på eit sentralt forbrukaromsyn i matpolitikken. Ei rekkje aktørar har utvikla eigne ordningar for slik merking. Det er sett i gang eit arbeid med sikte på utarbeiding av rettleiingsmateriell for næringsaktørar som ønskjer frivillige merkeordningar. Ein vil leggje vekt på at slike ordningar medverkar til rettleiing av forbrukarane.

Departementet legg vekt på å fremme verdiskaping og mangfald på matområdet. Til dømes er norsk matkultur og reiseliv eit område med mange utviklingsmoglegheiter der ein kan auke opplevingane og gleda knytt til måltidet og maten, jf. kat. 15.30. Ein vil gjennom regelverk og rettleiing leggje til rette for mindre verksemder. Auka kompetanse i heile matproduksjonen om handtering av råvarer og matvarer er eit anna verkemiddel. Oppbygging av kompetanse og vidareutvikling av tilsynet si rolle som rettleiar er viktig i denne samanhengen.

Departementet har i arbeidet med utvikling av matpolitikken m.a. som mål å stimulere og vidareutvikle tilbodet om sunn mat, inkludert frukt og grønt, til barn og unge.

Som administrativt ansvarleg departement for Mattilsynet, vil departementet gjennom ein aktiv styringsdialog ha særleg merksemd mot at Mattilsynet utviklar seg i samsvar med måla for matforvaltningsreforma. Det er framleis nødvendig å ha merksemd mot arbeidet for å utvikle eit einskapleg, heilskapleg og effektivt tilsyn på dette omfattande området. Departementet vil òg leggje vekt på oppfølging av merknader frå Riksrevisjonen, jf. Dok. nr. 1 (2005-2006).

Mål for løyvinga innan programkategori 15.10

Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Bioforsk og Veterinærinstituttet. For Veterinærinstituttet syner ein òg til St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Fiskeri- og kystdepartementet. For Vitskapskomiteen for mattryggleik syner ein til St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Helse- og omsorgsdepartementet. Budsjettframlegget er viktig i forhold til dei fleste av regjeringa sine matpolitiske mål, og skal særleg medverke til å nå måla som er nedfelt i matlova, dyrevernlova, kosmetikklova og dyrehelsepersonel­-lova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanhang med matproduksjon.

Budsjettframlegget under kategorien omfattar ikkje næringspolitiske verkemiddel ut over det arbeidet Mattilsynet, Bioforsk og Veterinærinstituttet gjer for å medverke til verdiskaping. Til dømes vil arbeidet for å fremme god plante-, fiske- og dyrehelse medverke positivt til verdiskapinga i matproduksjonen. Likeeins vil utvikling av eit tenleg regelverk og aktiv rettleiing innan dei ulike saksområda leggje til rette for kompetanseheving hos næringsutøvarane, og i så måte støtte utvikling av næringsverksemd på matområdet.

Status samt endringar i budsjettrammene og i gebyr og avgifter

Omstilling og organisatoriske forhold

Dei organisatoriske endringane i matforvaltningsreforma blei gjennomført ved etablering av Mattilsynet og Vitskapskomiteen for mattryggleik, samt reorganisering av laboratorietenestene i 2004. Etableringa av Mattilsynet var ei stor reform i norsk forvaltning der medarbeidarar som utførte om lag 1 300 årsverk i fire statlege og meir enn 80 kommunale og interkommunale tilsyn, blei samla i ei statleg verksemd med tre ulike forvaltningsnivå.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) blei det signalisert eit mål om at matforvaltningsreforma samla sett skal gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. Det blir lagt opp til at dette målet skal vere nådd i 2008. Budsjettframlegget legg til grunn at det i 2007 blir gjennomført effektivisering på 20 mill. kroner i Mattilsynet. Det er med dette samla gjort særskilte effektiviseringskutt i Mattilsynet sitt budsjett på 88 mill. kroner sidan etableringa, eller knapt 9 pst. av den referanseramma som effektiviseringsgevinsten blir rekna ut frå. Utover kostnadsreduksjon som følgje av effektivisering i Mattilsynet, gir matforvaltningsreforma ein samfunnsøkonomisk gevinst gjennom ei meir marknadsbasert laboratorieverksemd.

Omstillingsarbeidet i Mattilsynet har vore krevjande. Omstillingstiltaka er ein føresetnad for ei vellukka reform og eit grunnlag for å kunne ta ut effektiviseringsgevinstar. Mattilsynet har prioritert omstillingsarbeidet høgt. Mattilsynet reknar ved utgangen av 2006 med å ha brukt i alt 464 mill. kroner til omstillingstiltak sidan 2003. Det er i same perioden gitt særskilte løyvingar på 397,4 mill. kroner til omstillingstiltak. Særleg har utviklingsarbeidet knytt til IKT synt seg å vere meir ressurskrevjande enn venta, både når det gjeld kostnader og bruk av tid, noko som òg blei omtalt i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Det er inngått kontrakt om utvikling av nytt fagsystem med ei samla kostnadsramme på om lag 110 mill. kroner for åra 2005-2009 med fleire delleveransar.

Mattilsynet har i 2006 opplevd budsjettramma som stram, både på grunn av fleire krevjande hendingar og fordi det har vore nødvendig å nytte av dei ordinære driftsmidlane til omstillingstiltak. Ein annan grunn er at Mattilsynet førebels ikkje har oppnådd kostnadsreduksjonar i same omfang som dei effektiviseringsføresetnadene som er lagt i budsjettet.

Utgiftsreduksjon og reduserte gebyr og avgifter

Mattilsynet sitt driftsbudsjett er redusert med 20 mill. kroner knytt til effektivisering som følgje av matforvaltningsreforma. Budsjettet er redusert med 20 mill. kroner som følgje av reduserte særskilte omstillingstiltak, slik at det er sett av 15 mill. kroner til omstilling i 2007.

Driftsbudsjettet er auka med 5 mill. kroner knytt til oppregulering av pensjonspremie til kommunale pensjonskasser for tidlegare kommunalt tilsette som no er ein del av Mattilsynet sin organisasjon. Budsjettet er vidare auka med 10 mill. kroner knytt til nye oppgåver som gir auka kostnader til eksternt tenestekjøp.

Departementa har gått gjennom finansieringsmodellen for Mattilsynet. Det blir lagt opp til forenklingar gjennom avvikling av ei rekkje godkjenningsordningar med tilhøyrande gebyr for særskilte ytingar. Både matlova og det nye regelverket om hygiene og kontroll legg til rette for at ei rekke godkjenningsordningar fell bort. Vidare legg ein opp til at det særskilte gebyret for tilsyn og kontroll med fôr til landdyr og fisk og gebyret for tilsyn og kontroll med plantevernmiddel blir avvikla og samordna med matproduksjonsavgiftene for norskproduserte produkt, jf. nærmare omtale i kap. 4115. Det tredelte systemet med gebyr for særskilde ytingar, gebyr for tilsyn og kontroll og avgift for tilsyn og kontroll blir vidareført.

Budsjettframlegget vil komme brukarane til gode ved ein reduksjon i avgifter og gebyr på 30 mill. kroner. Brukarfinansieringa blir med dette redusert frå om lag 65 pst. av Mattilsynet sitt driftsbudsjett i 2006 til om lag 63 pst. i 2007.

Faglege forhold

Hygiene, smittestoff og skadegjerarar

Vinteren og våren 2006 var prega av eit utbrot av sjukdom grunna smitte med E. coliO:103 i spekepølse. Atten personar blei sjuke og seksten av dei var barn. Eitt av barna døydde av nyresvikt. Saka vekte grunna frykt og stor allmenn interesse. I etterkant sette regjeringa ned eit eige utval som skal evaluere alle relevante sider av saka, og rapportere innan 1.11.2006. Det Norske Veritas har på oppdrag frå Mattilsynet gjort ei vurdering av Mattilsynet si handtering av E. coli-saka. Denne vurderinga vil truleg òg vere til nytte for det regjeringsoppnemnde utvalet.

Dei fleste tilfella av sjukdom som kan bli overført gjennom mat eller vatn blir ikkje melde, og årsaka til sjukdom blir såleis ikkje stadfesta. I dei tilfella der årsaka er kjent, er talet på tilfelle av dei mest vanlege meldepliktige sjukdommane ganske stabilt. I Noreg er campylobacteriose den mest vanlege sjukdommen som kan bli overført gjennom mat og vatn. Noreg har framleis relativt lite sjukdom grunna smitte med salmonellabakteriar. Rundt 80 pst. av dei som får salmonellose, er smitta i utlandet. Det var eit større utbrot av sjukdom knytt til innanlands smitte med Salmonella Kedougou i norskprodusert salami våren 2006.

Når det gjeld ikkje meldepliktige sjukdommar som kan bli overført gjennom mat og vatn, er det framleis grunn til å tru at særleg vatn er årsak til mange sjukedagar. Samfunnskostnadane ved slike sjukdommar er monalege og ofte undervurderte. Det kjem ikkje av at kvar enkelt til vanleg blir råka særleg hardt, men av at talet på dei som blir sjuke er høgt. Vanlege risikofaktorar er uhygienisk handtering og oppbevaring av mat i næringsmiddelverksemder og i heimen, og inntak av ureint drikkevatn frå mindre vassforsyningar.

Det er framleis nødvendig med stor innsats for å sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda slik at førekomsten av sjukdommar som kan bli overført med mat og vatn blir redusert. Særleg er det viktig med effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i alle verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka. Dette gjeld ikkje minst i omsetnadsledda og i serveringsverksemder.

Berre rundt 40 pst. av dei godkjenningspliktige vassforsyningsanlegga er så langt godkjende, sjølv om fristen for å søkje godkjenning gjekk ut 1.1.2003. Dei større anlegga i område av landet med tett busetnad er oftast godkjende, medan mindre anlegg i grissgrendte strøk ofte ikkje er godkjende.

Den norske dyrehelsa er framleis god, sjølv om det har vore utbrot av sjukdommane infeksiøs bronkitt hos fjørfe og American foulbrood hos bier. Tilstanden er òg god når det gjeld sjukdommar som smittar frå dyr til menneske (zoonosar). Det er eigne program for overvaking av zoonosar, zoonotiske smittestoff og antibiotikaresistens. Regelverket for kugalskap (BSE) og liknande sjukdommar (TSE) er under stadig utvikling.

Sjukdommen fugleinfluensa er ei utfordring som verdssamfunnet må møte i fellesskap. Mykje er enno ikkje kjent om viruset sine eigenskapar og om smittevegane. Samarbeid om forsking og open utveksling av informasjon er nødvendig. I samarbeid med dei andre EØS-landa er det utvikla regelverk og tiltak som skal hindre at sjukdommen smittar frå ville til tamme fuglar og sikre at landet er budd på moglege utbrot. Noreg har ikkje hatt utbrot av sjukdommen så langt.

God fiskehelse er ein viktig føresetnad for ei positiv utvikling av akvakulturnæringa. Helsesituasjonen i oppdrett er generelt tilfredsstillande. Virussjukdommar er viktigaste årsak til tap. Infeksiøs lakseanemi (ILA) er framleis ei utfordring. Førekomsten av pancreas disease (PD) og hjarte- og skjelettmuskulaturbetennelse (HSMB) er aukande. Dødelegheita i anlegga er høg.

Kontroll med smittestoffsituasjonen innan oppdrett er òg viktig med tanke på å minske smittepresset i miljøet og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Bruken av antibiotika i oppdrettsanlegg er lågt.

Gjennom offentlege overvakingsprogram er det framleis dokumentert fråvær av dei alvorlege virussjukdommane infeksiøs hematopoietisk nekrose (IHN) og viral haemorrhagisk septikemi (VHS) hos laksefisk og bonamiose og marteiliose hos østers. Særskilte utfordringar er knytt til kontrollen med krepsepest, lakselus og Gyrodactylus salaris fordi nedkjemping av sjukdommane har miljø- og samfunnsmessige konsekvensar som er omstridde.

Noreg har ei god plantehelse, sjølv om enkelte skadegjerarar skapar problem for næringa. I det siste har det til dømes vore fleire tilfelle av den frykta skadegjeraren potetål som fører til dyrkingsrestriksjonar i lang tid. Bakteriesjukdommen pærebrann er ein svært skadeleg sjukdom på m.a. eple og pære. Sjukdommen har spreidd seg i kyststroka på Sør- og Vestlandet. For å hindre at sjukdommen spreier seg ytterlegare, særleg til viktige fruktområde, må innsatsen førast vidare, m.a. med restriksjonar på flytting av bier og fjerning av vertsplanter.

Framandstoff

Overvaking av inntaket av framandstoff er eit viktig tiltak for å sikre folkehelsa. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk et av dei ulike matvarene og innhaldet av framandstoff i desse matvarene. Mattilsynet samarbeider m.a. med Sosial- og helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande konsumdata og utvide talet på matvarer som ein har konsumdata for.

Russland innførte 1.1.2006 forbod mot import av fersk fisk frå Noreg. Forbodet blei grunngjeve med at den russiske importkontrollen hadde påvist høge nivå av tungmetalla kadmium og bly i enkelte prøvar av norsk oppdrettsfisk, og at den norske overvakinga ikkje var omfattande nok til å sikre trygg sjømat. Norske styresmakter stiller seg uforståande til dei russiske påstandane. Tungmetalla inngår i dei nasjonale overvakingsprogramma som er godkjende av ESA (EFTA Surveillance Authority). Overvakinga dokumenterer nivå av bly og kadmium som er langt under EU sine grenseverdiar. Den russiske veterinærtenesta krev at kvar enkelt verksemd som ønskjer å eksportere fersk fisk til Russland skal inspiserast og godkjennast av russiske inspektørar. Status i starten av veke 39 i 2006 er at Russland har opna for import av fersk laks frå åtte norske verksemder, og det er for tida ikkje særskilte restriksjonar på anna eksport av fisk til Russland. Faren for importrestriksjonar frå 1. oktober blei følgt aktivt opp av norske styresmakter for å finne løysingar på kort og på lang sikt, gjennom Mattilsynet sin kontakt med den russiske veterinærtenesta og på politisk nivå. På kort sikt vil utvikling av ein ny type eksportsertifikat som er vanskeleg å forfalske vere eit viktig tiltak for å medverke til framleis å ha tilgang til den russiske marknaden. For villfanga fisk vil det bli ein eigen bilateral prosess der ein m.a. vil sjå nærmare på spørsmål knytt til mattryggleik og opphav.

På oppdrag frå Mattilsynet har Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) gjennomført ei vurdering av helseeffektar av å ete fisk og sjømat. VKM la 28.3.2006 fram rapporten Et helhetsyn på fisk og annen sjømat i norsk kosthold. VKM har vektlagt både gunstige og ugunstige effektar (pga. innhald av framandstoff som dioksin og dioksinliknande PCB) av å ete fisk og sjømat, og gitt konkrete vurderingar av inntak av fisk og sjømat i norsk kosthald. Rapporten vil vere eit viktig grunnlag for rådgiving om kosthald. Fleire andre (m.a. EU ved EFSA – European Food Safety Authority, Storbritannia og Danmark) har gjennomført tilsvarande vurderingar.

Radioaktiviteten i beiteplanter etter Tsjernobylulykka blir gradvis redusert, men behovet for nedfôring av beitedyr (sau og tamrein) varierer frå år til år, m.a. ut frå vêrtilhøva.

Med utgangspunkt i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel 2004-2008 blir arbeidet for å redusere bruken av plantevernmiddel og risikoen for helse og miljø ført vidare.

Kvalitet og forbrukaromsyn

Arbeidet med Handlingsplan for forbrukarretting av matpolitikken 2004-2005 blei forlenga ut 2006 av departementa med fagleg ansvar på matområdet og Barne- og likestillingsdepartementet. Planen presiserer mål, tiltak og verkemiddel for å styrkje forbrukarane sin påverknad på matpolitikken. Som ein del av arbeidet med handlingsplanen i 2006 har departementa gitt Mattilsynet tre oppdrag. Det mest sentrale er å lage eit læringsopplegg for barn og unge om matproduksjon, hygiene, kosthald og merking av mat i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Arbeidet vil bli ført vidare i 2007. Departementa er i gang med å vurdere om det skal utarbeidast ein ny handlingsplan.

Som ei oppfølging av barnematforskrifta har alle barnematprodukt som blir omsette på den norske marknaden, blitt kartlagt og registrert i ein database med informasjon om m.a. ingrediensar og næringsinnhald.

EU er no i ferd med å lage nye reglar innanfor det økologiske området. I økologisk produksjon er det eit totalforbod mot bruk av GMO. Dette blir òg slått fast i forslaget til nye EU-reglar.

Velferd hos landdyr og fisk

Arbeidet med å følgje opp tiltaka i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd er ført vidare. Framlegg til ny lov om dyrevelferd vil bli sendt til offentleg høyring hausten 2006.

Det blei i juli 2006 fastsett ei ny forskrift om velferd hos produksjonsdyr.

Det blir arbeidd med å utvikle forskrifter m.a. for å betre velferda ved transport, slakting og hald av fisk.

Dyrehelsepersonell

Landbruks- og matdepartementet og Den norske veterinærforening blei i februar 2006 samde om ei ny avtale om klinisk veterinærvakt. Avtala sikrar ei betre vaktordning for husdyrbruket enn den førre avtala, jf. òg kap. 1115 post 70 Tilskott til veterinær beredskap.

Landbruks- og matdepartementet har i lengre tid arbeidd med utfordringar knytt til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell, spesielt i distrikta. Tilfredstillande tilgang på veterinærtenester er viktig både for landbruket og befolkninga generelt. Landbruks- og matdepartementet har gjennomført høyring av eit endringsforslag til lov 15. juni 2005 nr. 75 Om veterinærer og annet dyrehelsepersonell. Endringsforslaget vil innebere at kommunane får ansvar for at det er tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell, herunder òg ansvar for klinisk veterinærvakt. Saka har vore behandla i konsultasjonsordninga mellom KS og regjeringa og blei omtalt i St.prp. nr. 61 (2005-2006). Det har òg vore dialog mellom departementet og KS for å greie ut dei økonomiske og administrative konsekvensane av eit slikt ansvar for kommunane. Departementet tek sikte på å fremme lovendringsforslaget for Stortinget våren 2007. Endringa vil då kunne ta til å gjelde frå 1.1.2008.

Utfordringar (mål og tiltak)

Det norske regelverket på matområdet er i hovudsak EØS-basert. EU har vedteke eit nytt samla og heilskapleg regelverk for hygiene og kontroll langs heile matproduksjonskjeda som er i kraft i EU frå 1.1.2006. Det nye regelverket gir grunnlag for auka mattryggleik og eit meir målretta tilsyn. På mange område blir tidlegare detaljert regelverk erstatta med meir målretta og funksjonelt regelverk. Det nye regelverket fører vidare det meste av tidlegare hygienekrav, men stiller strengare krav til eigenkontrollen i verksemdene. Ein hovudskilnad frå tidlegare regelverk er at all primærproduksjon blir omfatta med omsyn til hygienekrav. På enkelte avgrensa område er det rom for å fastsetje reglar nasjonalt. Regelverket er førebels ikkje tatt inn i EØS-avtala fordi diskusjonane om tilpassing mellom EØS-landa og EU ikkje er avslutta.

Dei nye reglane er meir generelle, enklare utforma og blir samla i færre forskrifter. Det blir lagt vekt på å utnytte fleksibiliteten i regelverket slik at ein både sikrar mattryggleiken og tek omsyn til små og store verksemder. Det er framleis nødvendig med styrkt innsats for å sikre god hygiene i alle typar verksemder. Verksemdene må vere medvetne om kor viktig dette er. Det nye regelverket legg vekt på verksemdene sitt ansvar for å etterleve regelverket, og for å dokumentere dette. Det er viktig at Mattilsynet aktivt rettleiar næringsaktørane om regelverket og er medvetne om fleksibiliteten. Gjennom dette vil ein leggje til rette for kompetanseheving hos næringsaktørane og slik støtte utvikling av næringsverksemd på matområdet.

EU har varsla ein gjennomgang og modernisering av regelverket på fleire viktige område, m.a. merking, ny mat (novel foods), tilsettingsstoff, økologiske landbruksprodukt, medisinbruk og reststoff samt dyrehelse. Det er viktig å følgje desse prosessane med omsyn til norske interesser og haldningar.

Det er nødvendig med auka tilsyn med vassforsyningsanlegga, slik at dei kan bli godkjende eller tekne ut av drift dersom dei ikkje er oppgradert i samsvar med dei krava som regelverket set. Det er ikkje akseptabelt at det framleis er store geografiske skilnader i tilgangen til trygt drikkevatn.

Utbrotet av sjukdom knytt til bakterien E. coli O:103 i spekepølse har vist at det er nødvendig betre å kunne spore matvarene gjennom matproduksjonskjeda. I mai 2006 starta matdepartementa eit prosjekt for betre sporing av mat i Noreg. Ein godt utbygd elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon mellom dei ulike ledda i matproduksjonskjeda og mellom offentlege og private aktørar, er ein føresetnad for betre sporing. Ambisjonen er at systemet skal vere mellom dei beste i Europa. Systemet skal utviklast fram mot 2010 og ta omsyn til forbrukarinteresser, næringsinteresser, beredskap og tilsyn. Matdepartementa samarbeidar derfor med andre relevante aktørar i gjennomføringa av prosjektet, òg når det gjeld kostnadane.

Gjennom å nytte forskingsresultat på dyrehelseområdet og ta del i førebyggjande og framtidsretta arbeid i samarbeid med andre land, kan Noreg tryggje husdyra si helse, redusere faren for sjukdom som kan smitte frå dyr til menneske og optimalisere produktiviteten. Auka eksport av avlsmateriale er eit resultat av m.a. dokumentasjon av god dyrehelse.

Det internasjonale engasjementet på dyrehelseområdet krev aktiv norsk innsats og gir oss del i god og rask informasjon om situasjonen i verda. Ei særleg utfordring i det internasjonale arbeidet er sjukdommar som kan smitte frå dyr til menneske (zoonosar). Eit aktuelt døme er fugleinfluensa der regelverket og tiltaka blir oppdatert ut frå smittesituasjonen og faren for smittespreiing til ei kvar tid. Overvaking og tiltak av førebyggjande art vil derfor bli ført vidare. Tiltak mot sjukdommen i dei landa der den er eit stort problem er viktig både for å hindre spreiing av dyresjukdommen og for å redusere risikoen for at smittestoffet kan endrast og gi opphav til influensaepidemiar hos menneske.

For å trygge forbrukarane, realisere verdiskapingspotensialet i sjømatnæringa og styrkje marknadstilgangen for norsk sjømat er det nødvendig at fiskevelferd, fiskehelse, mattryggleik og matkvalitet er av høg standard. God fiskehelse gir grunnlag for lønnsam produksjon. Når det gjeld tap for dei enkelte sjukdommane i norsk akvakultur, har ein så langt ikkje hatt eit godt og einskapleg nasjonalt opplegg for å framskaffe tal og data, eller berekningsmodellar for tap. Det er i denne samanhengen eit særskilt problem at det ikkje finst system for rapportering av sjukdom anna enn den melde- og rapporteringsplikta som gjeld for alvorlege smittsame sjukdommar. Utvikling av eit generelt meldeverktøy for fiskesjukdom er ei utfordring, jf. kap. 1023 i St.prp. nr. 1 (2006-2007) frå Fiskeri- og kystdepartementet.

Det er auka merksemd kring framandstoff i sjømat og helsekonsekvensane av dette. Det blir stilt stadig strengare krav, både frå styresmakter i andre land og forbrukarar, til dokumentasjon av innhald av ulike, potensielt skadelege stoff i sjømat. Eit døme på at dette er viktig er Russlandssaka. Det er behov for auka dokumentasjon om innhaldet av framandstoff i norsk sjømat slik at ein kan dokumentere dei fakta som ligg føre. Det er særs viktig at desse funna blir kommunisert i internasjonale fora for å sikre norsk sjømat tilgang til dei viktige marknadene. Risikovurderingar som er basert på vitskapeleg dokumentasjon, er viktige for regelverksutviklinga på området.

I St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge tek regjeringa opp både mattryggleik og tiltak for å nå det matpolitiske målet om eit sunt kosthald som grunnlag for god folkehelse. Dette målet skal følgjast opp gjennom ein ny handlingsplan for kosthald i befolkninga. Som ei oppfølging av meldinga skal det vurderast å setje i gang arbeid med ein ny plan for mat og smittevern.

Ernæringsarbeidet blir nærmare omtalt i budsjettframlegget for Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 719 og kap. 720. Mattilsynet er ein viktig aktør i ernæringsarbeidet m.a. gjennom utvikling av regelverk om merking, og som ein lokal samarbeidspartnar i ernæringsarbeidet.

Budsjettframlegget er sentralt for arbeidet knytt til regjeringa sitt matpolitiske mål om å ha dialog med forbrukarane og å ta omsyn til forbrukarane sine interesser. Departementa vurderer korleis ein vidare skal organisere arbeidet for å styrkje målet om dialog og omsyn til forbrukarane sine interesser. Mellom anna vurderer departementa oppfølging av ein rapport frå Statskonsult med evaluering av forbrukarpanela.

Når det gjeld genmodifiserte organismar (GMO), ønskjer regjeringa å føre ein restriktiv politikk som òg sikrar valfridom. Området er ein del av EØS-avtala og blir forvalta av fleire departement. Styresmaktene på matområdet spelar derfor ei aktiv rolle i EU sine organ og i globale fora som Codex Alimentarius Commission og Cartagena-protokollen. Aukande innblanding av genmodifisert materiale i mat, fôr og innsatsvarer er ei utfordring for forvaltninga av området. Det norske regelverket inneheld krav til godkjenning og merking av aromastoff, tilsettingsstoff og fôrvarer i tillegg til matvarer. Krava er harmonisert med EU sitt regelverk ved nasjonal gjennomføring i påvente av innlemming av regelverket i EØS-avtala. Styresmaktene har med dette sørgja for større produkt­tryggleik, samt at forbrukarane, primærnæringane og prosessindustrien får betre informasjon om innhald av genmodifisert materiale i slike produkt. Alle produkt skal vere godkjende før omsetnad. Mattilsynet vil utarbeide rettleiingsmateriale og retningslinjer til hjelp for aktørane.

Det er for tida ein diskusjon i EU om grenseverdiar for forureining med GMO i konvensjonelt og økologisk dyrka såfrø før det blir krav om særskilt merking. Ein vil frå norsk side arbeide for at grenseverdien for merkeplikt ved utilsikta innblanding av GMO skal settast til null for å sikre tilgang til GMO-frie såvarer.

Arbeidet med å følgje opp St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd må førast vidare. Forbrukarane syner aukande interesse for husdyrhald og husdyrproduksjon. Det er fokus på korleis dyra har hatt det på garden, under transport og på slakteriet. Når det gjeld hald, transport og slakting av fisk, må det takast etiske omsyn ut frå dei særskilte tilhøva som gjeld for fisk. Det er viktig at det nyttast norsk kompetanse i det pågåande internasjonale arbeidet for auka fiskevelferd i regi av Europarådet, EU og OIE. Ein tek i samarbeid med Fiskeri- og kystdepartementet sikte på å etablere ein nasjonal plattform for alternativ til bruk av dyr i forsøk.

Det vil i 2007 bli lagt vekt på å følgje opp effektiviseringsføresetnadene som blei lagt for matforvaltningsreforma. Ein vil i den samanhengen vurdere kva for tiltak som må gjennomførast for at Mattilsynet skal få meir kostnadseffektiv drift på sikt og auke organisasjonen sin evne til å handtere krevjande hendingar. Eit nødvendig tiltak er å redusere den samla bemanninga. Dette vil òg gi større budsjettmessig handlefridom til å møte hendingar som krev særleg innsats, sjå nærmare omtale i kap. 1115.

Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

69 981

71 010

72 733

51

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

47 520

50 725

50 492

52

Støtte til fagsentra, Bioforsk

13 981

17 421

18 083

Sum kap. 1112

131 482

139 156

141 308

Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinær­instituttet

Veterinærinstituttet er eit forskingsinstitutt innan dyre- og fiskehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Instituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og tilpassa finansieringsstrukturen med basisfinansiering frå Noregs forskingsråd, jf. kap. 1137 post 51.

Veterinærinstituttet mottek løyving til oppgåvene innan dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyving til oppgåvene innan fiskehelse ligg på Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett.

Veterinærinstituttet har kunnskap innan fagområde som er viktig for beredskap og førebygging av sjukdommar. Slik kunnskap er viktig som grunnlag for vedtak i forvaltninga og som støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar. Instituttet er ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneområda primært til Mattilsynet, men òg til departementa.

Veterinærinstituttet har regionale laboratorium i Tromsø, Harstad, Trondheim, Bergen og Sandnes. Hovudkontoret ligg i Oslo.

Mål og strategiar

Instituttet har som mål å vere ein viktig nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap og kompetanse innan mattryggleik og innan helse og velferd hos dyr og fisk.

For å nå desse måla må Veterinærinstituttet m.a.:

  • vidareføre forskinga innan kjerneområda til instituttet

  • styrkje beredskap, diagnostikk, overvaking og referansefunksjonar gjennom forsking og effektivisering

  • gi høg prioritet til sjukdommar og agens som kan påverke helsa hos menneske

  • vidareutvikle velferd hos dyr som fagområde

  • ha ein organisasjonsstruktur som er optimal for verksemda

  • styrkje samarbeidet med nasjonale og internasjonale institusjonar

Med sin kompetanse skal Veterinærinstituttet medverke til ei lønnsam og levedyktig næring tilknytt forvaltningsområdet.

Resultatrapport 2005

Helsesituasjonen hos norske dyr er generelt god. Dette gjeld både produksjonsdyr, familie- og sportsdyr og ville dyr. Kunnskapen ved Veterinærinstituttet er viktig for god beredskap og effektiv overvaking på dyrehelse- og matområdet. Kontinuerleg utvikling av laboratoriemetodane er ein viktig del av dette arbeidet.

Det er arbeidd vidare med å utvikle og forbetre dei diagnostiske metodane. Molekylærbiologiske teknikkar blir ein stadig viktigare reiskap i overvaking og anna diagnostisk arbeid. I nokre tilfelle er slike teknikkar einaste analysemetode, slik som for genmodifiserte organismar. Under andre forhold gjer dei at diagnosen kan stillast på kortare tid. Dette gjeld til dømes Campylobacter. Dessutan blir slike teknikkar nytta til å skilje mellom mikroorganismar som opptrer i ulike variantar. Fugleinfluensavirus og E. coli er døme på mikroorganismar der nærmare identifisering med molekylærbiologiske metodar kan gi svar på om det er ein farleg eller ufarleg variant av mikroorganismen.

Den administrative beredskapsplanen er oppdatert i 2005. Veterinærinstituttet har hatt ei viktig rolle i beredskapsøvingar m.a. for munn- og klauvsjuke. Når det gjeld fugleinfluensa, starta arbeidet med å forbetra metodane i 2004, slik at ein var godt førebudd då det blei behov for auka beredskap hausten 2005. Arbeidet med å granska ville fuglar for fugleinfluensa har dessutan vore ei nyttig øving i praktisk beredskapsarbeid.

Veterinærinstituttet har ytt støtte til Mattilsynet når det gjeld planlegging, laboratoriegranskingar og rapportering i samband med Mattilsynet sine ulike overvakingsprogram. Desse programma dokumenterer at helsesituasjonen hos norske husdyr generelt er god. For gris er situasjonen særs god i internasjonal samanheng ved at ingen av dei alvorlege virusinfeksjonane som finns i andre svineproduserande land, er påvist dei seinaste åra.

Hos fjørfe finn ein fleire sjukdommar som skuldast bakteriar, virus og parasittar. Døme på dette er Salmonella Pullorum, infeksiøs bronkitt og nye artar av koksidiar.

Veterinærinstituttet har òg i 2005 teke del i kunnskapsutvikling med sikte på at råvarene og produkta frå småskalaproduksjon og økologisk produksjon skal vere trygge.

Budsjettframlegg 2007

Veterinærinstituttet vil vidareføre kjerneoppgåvene knytt til beredskap, diagnostikk, referansefunksjonar, overvaking og rådgiving, og skal framleis vere ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneverksemdene primært til Mattilsynet, men òg til departementa. Veterinærinstituttet skal ha habilitet og integritet som produsent og formidlar av forskingsbasert kunnskap.

Kunnskapsutvikling og -formidling til Mattilsynet omfattar m.a. raske og kvalitetssikra svar basert på analytisk og diagnostisk kompetanse. Veterinærinstituttet skal gi Mattilsynet råd og forskingsbaserte vurderingar innan infeksjonsmedisin og toksikologi der Mattilsynet treng dette for dei tiltak som dei skal setje i verk for å nedkjempe, førebyggje eller kontrollere sjukdommar. Veterinærinstituttet må vidareutvikle kompetansen om behandling av helse- og sjukdomsdata innan kjerneverksemdene for å kunne gi optimal rådgiving til Mattilsynet og grunnlagsmateriale til Vitskapskomiteen for mattryggleik.

Mange faglege problemstillingar på matområdet krev kunnskapsutveksling mellom ulike fagmiljø. Det må derfor leggast vekt på samarbeid med andre kunnskapsinstitusjonar. Dei regionale laboratoria er viktige i instituttet sitt arbeid for å fange opp nye sjukdommar og overvake sjukdommar og helseproblem.

Sjukdommar som kan smitte mellom dyr og menneske (zoonosar) er framleis viktige område for Veterinærinstituttet. Døme på zoonosar er bakterieinfeksjon som skuldast Campylobacter og Salmonella, og virussjukdommen fugleinfluensa. Instituttet skal prioritere diagnostikk med kvalitetssikra metodar og ha referansefunksjonar på området. Løyvinga skal òg dekkje støtte til Mattilsynet i arbeidet med overvaking og rapportering av zoonosar og zoonotiske smitteemne i fôr, dyr og mat. Instituttet skal òg medverke til å førebyggje zoonosar hos dyr og medverke med sin kompetanse ved oppklaring av utbrot årsaka av zoonotiske smitteemne.

Veterinærinstituttet har ei viktig rolle ved å vidareutvikle metodar for påvising og mengdebestemming av GMO i fôr og mat, og å framskaffe anna kunnskap som grunnlag for risikovurderingar i samband med bruk av produkt med GMO.

Veterinærinstituttet vil vidareføre samarbeidet med Nasjonalt folkehelseinstitutt for å forbetre metodane for påvising av viktige allergiframkallande stoff i mat. Instituttet skal òg medverke til å utvikle prosessar som reduserer mengda av slike stoff ved framstilling av mat.

Merksemda kring dyrehald i samfunnet aukar. Veterinærinstituttet skal vidareføre arbeidet med å styrkje og formidle kunnskap om velferd hos dyr. Instituttet må ha brei kompetanse knytt til velferd hos landdyr. Når det gjeld fisk, er det særleg samanhengar mellom helse og velferd som Veterinærinstituttet skal arbeide med.

Internasjonalt arbeid, m.a. samarbeid og kontakt med vitskaplege institusjonar i andre land, må utviklast vidare. Dette gjeld m.a. samarbeid med dei nye medlemslanda i EU.

Kompetansen ved instituttet skal òg kunne nyttast av andre offentlege institusjonar og næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at tilliten til instituttet som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka og slik at statlege midlar ikkje verkar konkurransevridande i forhold til andre aktørar i marknaden.

For å styrkje Geovekst-samarbeidet og å samle overføringane til dette føremålet på ein stad er det overført 400 000 kroner frå posten til kap. 1141 post 52.

Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

Bioforsk blei etablert 1.1.2006 som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og er ei samanslåing av dei private stiftelsane Jordforsk og NORSØK samt forvaltningsorganet Planteforsk.

Planteforsk sine tidlegare oppgåver innanfor beredskap, kunnskapsutvikling og -formidling skal vidareførast i Bioforsk. Dette krev at Bioforsk er leiande i bruksretta forsking og utvikling innanfor planteproduksjon og eit nasjonal kompetansesenter i plantefaglege spørsmål.

Bioforsk har som mål å utvikle kunnskap og metodar som medverkar til:

  • effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet

  • miljøvennlege produksjonsformer, inkludert økologiske

  • god plantehelse

  • rasjonell og forsvarleg bruk av naturgrunnlaget

  • trygg mat fri for plantevernmiddel

  • redusert avrenning frå jordbruksareala

Rapport 2005 Planteforsk

Planteforsk var det einaste av dei tre institutta som inngår i Bioforsk, som fekk midlar over denne posten i 2005.

Kunnskapsutvikling og -formidling og utviklingsoppgåver har eit langsiktig perspektiv der fleire aktørar medverkar. Det er derfor vanskeleg å talfeste den enkelte aktøren sitt bidrag til dei endringane som kan målast. Nedanfor er omtalt nokre døme på praktiske resultat på område der Planteforsk har vore ein vesentleg leverandør av kunnskapsgrunnlaget.

Det blir heile tida arbeidd med å utvikle nye råd mot planteskadegjerarar med utgangspunkt i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel og i samarbeid med m.a. forsøksringane.

Arbeid med å utvikle biologiske nedkjempingsmetodar har ført til at insektmiddel nesten er ute av veksthuskulturane agurk-, tomat- og salatproduksjonen, og ein ser potensial i vidare utvikling av biologisk basert plantevern mot insekt og soppsjukdommar kombinert med utvikling av resistente sortar.

Bioforsk Plantehelse har i samarbeid med Mattilsynet etablert nettstaden www.plantevernguiden.no, som gir dagsaktuell oversikt over tilgjengelege kjemiske og biologiske plantevernmiddel for dei ulike kulturane.

Forskinga på miljøkonsekvensar frå plantevernmiddel syner at særnorske forhold gir andre effektar enn under anna klima. Dette har sett Planteforsk i stand til å utvikle nedkjempingsstrategiar som reduserer risikoen for utvasking under norsk klima.

Planteforsk utviklar metodar for lønnsam økologisk planteproduksjon i heile landet. Utvikling av dyrkingsmetodar for ein lønnsam og berekraftig økologisk kornproduksjon og utnytting av nordnorsk klima til å dyrke sjukdomsfrie økologiske settepoteter er to døme. Produksjonen frå dei tørråtefrie områda i Nord-Noreg dekkjer no den norske etterspurnaden.

Eit viktig arbeid innanfor ei rekkje vekstar er meir presise gjødslings- og dyrkingsteknikkar, noko som har gitt betre kvalitet på produkta og mindre miljøbelastning. Sortsprøvinga i Planteforsk er viktig for at norske produsentar og næringsmiddelindustrien skal få tilgang til dei best egna sortane til ulike produkt.

Planteforsk, saman med Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) og kraftfôrindustrien, arbeider for å auke mengda av norske råvarer i kraftfôrblandingane. Planteforsk samarbeider med næringsaktørar for å utnytte moglegheitene som ligg i å auke kvalitet og mangfald i norsk produksjon av frukt og grønt for å auke bruk av norskproduserte varer både innanlands og i eksportmarknadene.

Planteforsk har hatt sekretariatsoppgåva for Genressursutval for kulturplanter som har omfatta Nasjonalt program for bevaring av plantegenetiske ressursar til matproduksjon og landbruk. Oppgåva er frå 1.7.2006 lagt til Genressurssenteret under Norsk institutt for skog og landskap.

Kunnskapsformidling er ei sentral og omfattande oppgåve innanfor alle fagområda i Planteforsk. Planteforsk hadde omfattande formidling i eigne publikasjonar, andre fagtidsskrift, foredrag m.m. i 2005. Nettbasert informasjon spelar ei aukande rolle, m.a. var 3 200 publikasjonar frå Planteforsk å finne på nettsidene. Formidling av nyheiter får stadig større fokus, og ved utgangen av 2005 låg det om lag 700 nyheiter på Planteforsk sine nettsider. Svært mange av desse fann vegen vidare til ulike media.

Budsjettframlegg 2007 Bioforsk

Framlegget omfattar finansiering av vitskapeleg basert kunnskapsutvikling for Landbruks- og matdepartementet og underliggjande verksemder, m.a. Mattilsynet. Framlegget omfattar òg oppgåver Bioforsk skal utføre innanfor utvikling og kunnskapsformidling. Når det gjeld finansiering av forskingsaktiviteten ved instituttet, syner ein til omtalen under kat. 15.20 og kap. 1137, der òg omstillingsarbeidet er gitt ei nærmare omtale.

Framlegget under denne posten skal finansiere Bioforsk sine oppgåver og tenester for forvaltninga:

  • gi effektiv diagnostisering av planteskadegjerarar

  • vere kunnskapsbase for forvaltning på plantehelseområdet

  • skaffe data som grunnlag for godkjenning/rettsvern av norske og utanlandske plantesortar

  • skaffe data som grunnlag for godkjenning av plantevernmiddel

  • ha data og modellar som grunnlag for betre tilpassa gjødsling i heile landet

  • skaffe sikre måle- og analysedata for næringssalt og plantevernmiddel i avrenningsvatn til jordsmonnovervakingsprogrammet

  • gjennomføre analysar av restar av plantevernmiddel i norske og importerte vegetabil som grunnlag for effektiv matvarekontroll

  • gjennomføre langvarige forsøk for å dokumentere langtidsverknaden av ulike tiltak i jordbruket

  • vidareutvikle automatiske rettleiingstenester

Viktige oppgåver knytt til utviklingsarbeid og kunnskapsformidling er:

  • fremme posisjonen til norsk landbruk i global kontekst, med særleg referanse til WTO

  • tilpassingar til internasjonalt lovverk, særleg innanfor miljø

  • skaffe dyrkarane plantemateriale av godkjende sortar

  • drive utprøving for å medverke til redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel

  • redusere kostnadene i grovfôrproduksjonen

  • medverke til aktivt landbruk i dei nordlegaste delane av landet

  • ha kunnskap om kulturmark, beiting, biologisk mangfald m.m. utifrå eit kulturlandskaps- og dyrkingssynspunkt

  • skaffe fram meteorologiske data for varslingsteneste og forsking

  • fremme kunnskap om effektive dyrkingssystem som reduserer faren for avrenning av næringsstoff

  • gi råd om bruk av plantevernmiddel og gjødsel

  • fremme utviklinga av økologisk produksjon

  • handtering av landbruksprodukt med høgt nivå av framandstoff og naturleg danna uønska stoff, til dømes soppgifter i korn

Med utgangspunkt i handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, vil Bioforsk få oppgåver med å skaffe fram kunnskap.

Det blir i 2006 utarbeid nye resultatindikatorar for midlane på denne posten.

Kompetansen ved Bioforsk blir òg nytta av næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at tilliten til Bioforsk som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka, og slik at statlege midlar ikkje verkar konkurransevridande i forhold til andre aktørar i marknaden. Det er eit ansvar både for instituttet og forvaltninga å sikre dette.

For å styrkje Geovekst-samarbeidet og å samle overføringane til dette føremålet på ein stad er det overført 300 000 kroner frå posten til kap. 1141 post 52.

Post 52 Støtte til fagsentra Bioforsk

Dei fire fagsentra; Sæter i Hedmark, Fureneset i Sogn og Fjordane, Tjøtta i Nordland og Svanhovd miljøsenter i Finnmark blei etablerte i 1995.

Fagsentra har som formål å medverke til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø. Dei tilbyr òg tenester innanfor kunnskapsformidling og service. Fagsentra tek òg forskingsoppdrag, men då styrt av forskingssentra i Bioforsk.

Resultatrapport 2005

Sæter sine besetningar av sau og kasjmirgeit gir grunnlag for prosjekt innanfor dyrevelferd, fôring, beiting og gjengroing av kulturlandskapet.

Fureneset arbeider med problemstillingar knytt til landbruk, naturbruk og miljøspørsmål i kystregionar, m.a. innanfor kulturlandskap, ekstensivt arealbruk, overvintrings- og klimaspørsmål og økologisk landbruk. I tillegg har senteret viktige oppgåver i arts- og sortsutprøving og planteforedling.

Tjøtta har spesialisert seg innanfor beite og utmarksressursar. Sentralt står konflikt og samspel mellom landbruk/beitedyr, vilt/rovdyr og elles spørsmål knytt til bruk/vern problematikk. Dei har elles aktivitet retta mot dyrevelferd/beiting/fôring og økologisk landbruk.

Svanhovd er eit senter innanfor forsking, utvikling og miljøinformasjon om natur-, landbruks- og ressursforvaltning i Barentsregionen. Miljøsenteret har òg oppdrag frå lokale, regionale og nasjonale oppdragsgjevarar.

Viktigaste samarbeidspartnarar er Fylkesmannens landbruksavdeling og samvirkebedriftene i landbruket

Budsjettframlegg 2007

Løyvinga sikrar ei grunnfinansiering av fagsentra og medverkar dermed til deira mål om lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø.

Som ein del av omstillingsprosjektet i Bioforsk, vil aktiviteten ved fagsentra bli vurdert i 2007.

Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

30

Husleige, Bioforsk

18 061

18 458

Sum kap. 4112

18 061

18 458

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 18,5 mill. kroner knytt til husleigeinntekter frå Bioforsk. For ei nærmare omtale av husleigeordninga syner ein til St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006), s. 123.

Kap. 1115 Mattilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

1 151 881

1 053 158

1 060 167

70

Tilskott til veterinær beredskap

74 818

79 880

88 600

71

Tilskott til erstatningar , overslagsløyving

1 000

1 038

Sum kap. 1115

1 226 699

1 134 038

1 149 805

Mål og strategiar

Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn og forvalte verkemidla knytt til måla om trygg mat, forbrukaromsyn i matkjeda, god plante-, fiske- og dyrehelse og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har gjennom desse oppgåvene ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken, og skal stå fram som ein premissleverandør i politikkutviklinga. Mattilsynet har òg viktige oppgåver knytt til regelverksutvikling og beredskap. Forvaltningsområdet er sterkt prega av internasjonale rammevilkår. Mattilsynet medverkar i kraft av eigen oppgåveportefølje og brei fagkompetanse òg på andre område som verdiskaping, ernæring og matforsyning. Fagkompetansen nyttast òg til å løyse andre viktige oppgåver som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Dette gjeld m.a. tilsyn med planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, tilsyn med kosmetikk og kroppspleieprodukt, tilsyn med dyrehelsepersonell og tilsyn med omsetnad av reseptfrie lækjemiddel utanfor apotek.

Ansvaret for å etterleve regelverket kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet skal føre tilsyn. Informasjon og rettleiing om regelverket er ein viktig del av tilsynsarbeidet. Mattilsynet skal arbeide for å oppretthalde og vidareutvikle høg tillit til matforvaltninga.

Mattilsynet har som visjon å skape tryggleik og tillit gjennom kunnskap og handlekraft.

Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål i 2007:

  • trygg mat med omsyn til folkehelsa

  • friske planter, fisk og landdyr

  • etisk forsvarleg hald av fisk og landdyr

  • miljøvennleg produksjon

  • god kvalitet og ærleg produksjon og omsetnad.

Mattilsynet skal innanfor rammene av dei måla som er sett for verksemda, arbeide på ein slik måte at det legg til rette for verdiskaping på matområdet.

Hovudverkemidla i arbeidet er å:

  • utvikle, påverke og forvalte regelverk

  • rettleie om regelverk

  • føre tilsyn

  • overvake status og utvikling på området

  • ha beredskap

Mattilsynet har i 2006 opplevd budsjettramma som stram, både på grunn av fleire krevjande hendingar og fordi det har vore nødvendig å nytte av dei ordinære driftsmidla til omstillingstiltak. Ein annan grunn er at Mattilsynet ikkje har oppnådd kostnadsreduksjonar i same omfang som dei effektiviseringsføresetnadene som er lagt i budsjettet.

Det vil bli lagt vekt på at Mattilsynet i 2007 følgjer opp effektiviseringsføresetnadene, m.a. slik at ein gjennom reduksjon i talet på årsverk får noko reduserte kostnader. Ein vil òg sjå på andre tiltak som kan gi større budsjettmessig handlefridom til å møte hendingar gjennom året som krev særleg innsats. Reduksjon av talet på årsverk vil skje innanfor rammene av den hovudstrukturen for Mattilsynet som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003).

Mattilsynet er i sluttfasen av ein gjennomgang av kva for organisatoriske endringar som eventuelt bør gjerast for å få ein meir velfungerande organisasjon, meir kostnadseffektiv drift på sikt og auke organisasjonen sin evne til å handtere krevjande hendingar. Det kan i oppfølginga av denne gjennomgangen vere aktuelt å endre arbeids- og ansvarsfordelinga knytt til faglege funksjonar, særleg tilhøvet mellom hovudkontoret og regionkontor med faglege fellesfunksjonar for heile etaten. Organiseringa må vere fleksibel for å kunne ta seg av hendingar av ulikt omfang og alvor innanfor forvaltningsområdet.

Mattilsynet skal leggje vekt på å utvikle eit einskapleg og heilskapleg tilsyn. Utvikling av ein målretta tilsynspolitikk som blir gjennomført i heile organisasjonen, er sentralt. I dette arbeidet er det viktig at Mattilsynet tek omsyn til internasjonale plikter og korleis ein skal dokumentere etterlevinga av desse. Viktige instrument i dette arbeidet vil vere gode administrative strukturar samt styringssystem og fagsystem som gir oversikt over tilsynsobjekt, tilsynsaktivitet, ressursbruk og resultat.

Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet vil i 2007 ivareta referansefunksjonar og fagleg beredskap og yte anna kunnskapsstøtte til Mattilsynet med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa og eksisterande avtaler.

Mattilsynet skal òg leggje vekt på å føre vidare god kontakt med Vitskapskomiteen for mattryggleik, slik at uavhengige risikovurderingar frå komiteen kan liggje til grunn for Mattilsynet sitt arbeid når dette er nødvendig.

Mattilsynet har viktige beredskapsoppgåver, og skal leggje vekt på å vidareutvikle planverk for administrativ og fagleg krisehandtering.

Resultatrapport 2005

Omstilling og organisatoriske forhold

Ved utgangen av 2005 var dei viktigaste omstillingstiltaka gjennomførte, og dei mest sentrale verktya for styring og drift var tekne i bruk. Mattilsynet har fått til ein god integrasjon mellom dei administrative verktya knytt til styring og økonomi- og personalforvaltning. Dette gir eit godt grunnlag for styring. Det er lagt til rette for registrering av oppgåvetid frå og med 2006.

Mattilsynet har halde fram arbeidet med å etablere tenlege løysingar for IKT, og gjennomførte hausten 2005 siste steg i etableringa av elektronisk dokumentbehandling.

Det er gjennomført ein analyse av fordelinga av ressursar i det ytre leddet. Dette har gjort det mogleg å utarbeide eit grunnlag for omfordeling av ressursar mellom regionar som er breitt forankra og omforlikt i organisasjonen.

Regionkontoret for Nordland tok frå 1.1.2005 over driftsfunksjonane knytt til rekneskap, lønn og avgiftsinnkrevjing for heile etaten. Mattilsynet har gjennom 2005 hatt stor merksemd knytt til å følgje opp merknadene som Riksrevisjonen hadde til rekneskapen for 2004.

Mattilsynet inngjekk i desember 2005 ei avtale med ein ekstern leverandør om utvikling og implementering av eit nytt integrert fagsystem. Systemet skal gi arbeidsstøtte for å føre tilsyn, behandle søknader om godkjenning og utstede attestar og sertifikat. Det vil erstatte storparten av dei ulike fagsystema som Mattilsynet tok over frå dei fusjonerande tilsyna.

I 2005 gjennomførte ESA fem inspeksjonar i Noreg. ESA har gitt god tilbakemelding når det gjeld førebuing og gjennomføring av inspeksjonane. ESA har reist kritikk mot funksjonelle tilhøve i Mattilsynet og påpeika manglar på enkeltområde. Ein generell merknad har vore manglar ved instruksjons- og rapporteringsrutinane mellom dei ulike nivåa i Mattilsynet.

Mattilsynet har i løpet av året gjennomført fleire tiltak for å styrkje kompetansen på viktige område, m.a. knytt til innføring av nytt hygiene- og kontrollregelverk og nytt elektronisk saksbehandlingssystem. Det blei gjennomført særskilte kompetansetiltak i samband med tilsynskampanjar og særskilte satsingar. Hospitering, utlån av medarbeidarar og gjennomføring av felles revisjonar har òg vore viktige verkty for kompetanseutvikling.

Mattilsynet har utvikla og delvis sett i verk eit system for interessentdialog. Det kontinuerlege kommunikasjonsarbeidet medverkar til å løfte fram dei viktige samfunnsoppgåvene som Mattilsynet har.

Tilsynsaktiviteten var høgare enn i etableringsåret 2004, men òg i 2005 påverka bruken av driftsmidlar til omstillingstiltak den samla tilsyns- og kontrollverksemda.

Faglege forhold

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Mattilsynet har teke aktivt del i internasjonalt arbeid m.a. på aktuelle møte under Europakommisjonen, i FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar (Codex Alimentarius Commission) og i dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE). Mattilsynet registrerer at aktiv internasjonal deltaking over tid gir resultat. Dette har m.a. vist seg når det gjeld regelverk for merking, emballasje og nitritt/nitrat i mat samt grenseverdiar for dioksin og dioksinliknande PCB i fôr.

For å få eit best mogleg verkty for å førebyggje og nedkjempe fiskesjukdommar, har Mattilsynet arbeidd aktivt med å gi innspel til det nye EU-direktivet for sjukdommar hos akvakulturdyr. Dette direktivet er òg viktig for å sikre best moglege rammevilkår for norsk akvakulturnæring,

Mattilsynet etablerte hausten 2004 eit prosjekt for å førebu gjennomføring av EU sitt nye hygieneregelverk i norsk rett. Prosjektet har kravd mykje ressursar i 2005. Prosjektet blei sluttført i april 2006. Mattilsynet har òg førebudd gjennomføring av EU si nye forordning om offentleg kontroll.

Mattilsynet har teke aktivt del i arbeidet med å utarbeide utkast til ny lov om dyrevelferd. Det blei gjort gjeldande nye forskrifter om velferd for høvesvis småfe og hest. Det har òg vore arbeidd med å utvikle anna regelverk på dyrevernområdet. Område som Mattilsynet meinar er særleg krevjande, er beite/rovdyr og velferd for fisk og for reinsdyr.

Mattilsynet skreiv i juni 2005 under ei avtale med veterinærstyresmaktene i Ukraina om fryst sjømat som blir eksportert frå Noreg til Ukraina.

Hygiene, smittestoff og skadegjerarar

Det var ingen store endringar i talet på personar som blei rapportert sjuke av infeksjonar etter innan­lands smitte gjennom mat og vatn. Folkehelseinstituttet etablerte i 2005, i samarbeid med Mattilsynet, eit nytt samordna system for varsling og rapportering av utbrot av sjukdom gjennom mat og vatn.

På slutten av 2005 blei det funne salmonella i kjøttdeig framstilt av råvarer importert frå eit slakteri i Polen. Det blei straks innført forbod mot omsetnad, men ein stor del av partiet med smitte var då allereie omsett i butikk.

Resultata frå tilsyn med verksemder som produserer fisk og fiskevarer, viste ein monaleg reduksjon i delen av verksemder som får påpeikt manglar.

Sjukdomssituasjonen for fisk er ikkje vesentleg endra frå åra før. Det blei frå 2005 innført krav om internkontroll i akvakulturanlegg. Dette vil saman med den nye akvakulturdriftsforskrifta medverke til at både verksemdene og styresmaktene gir større merksemd til fiskehelse og fiskevelferd.

Det er ikkje rapportert vesentlege endringar i funn av dyresjukdommar i høve til åra før. Det er ei utfordring å få inn tilstrekkeleg prøvemateriale i overvakingsprogrammet for kugalskap og liknande sjukdommar (TSE), særleg når det gjeld sjølvdaude småfe.

Det blei sommaren 2005 for første gongen påvist aviær influensa av typen H5N1 i Europa. Dette utløyste òg stor aktivitet i Noreg i høve til å førebu seg på ei eventuell vidare spreiing. Overvakinga blei styrkt, og eit første utkast til ein plan for å førebyggje og nedkjempe aviær influensa i Noreg blei ferdigstilt hausten 2005.

Det er i 2005 vidareført overvakings- og kontrollprogram for sju planteskadegjerarar. Dei syner at tilstanden er om lag uendra for dei fleste skadegjerarane, medan det er ei negativ utvikling når det gjeld pærebrann og soppsjukdommen Phytophthora ramorum (greinråte).

Framandstoff

Det blei i 2005 funne høge nivå av kadmium i fôr. Det blei m.a. innført forbod mot omsetnad og krav om tilbaketrekking av unytta forureina fôr. Det blei òg funne høge nivå av dioksin og PCB i stor atlantisk kveite og ein auke i kvikksølv-innhaldet i fisk rundt den havarerte ubåten ved Fedje. Det blei òg avdekt ulovleg bruk av nitrittsalt i røykjelaks hos fleire verksemder. Etter denne avdekkinga blei det gjennomført ei landsdekkjande kartlegging. Kartlegginga viste at om lag 10 pst. av verksemdene som produserer røykjelaks, brukte nitrittsalt ulovleg i produksjonen.

Det er ikkje påvist overskridingar i framandstoffprogrammet for fisk og landdyr, men det har vore rapportert om enkelthendingar knytt til overskridingar i samband med import. På slutten av året dukka det opp påstandar om funn av bly og kadmium i norsk fisk eksportert til Russland. Saka utvikla seg raskt, og førte til at all eksport av fersk fisk til Russland blei stansa frå 1.1.2006.

Det blei i 2005 avdekt bruk av det ulovlege tilsetningsstoffet sudanraud i ulike chiliprodukt. Noreg har arbeidd saman med EU for å kartleggje status og leggje til rette for eit betre kontrollsystem for avdekking av ulovleg bruk av fargestoff i matvarer.

Talet på overskridingar som er avdekte i høve til plantevernmiddelrestar, auka svakt i 2005. Storparten av overskridingane var i importerte varer, først og fremst i urter og grønsaker frå asiatiske land.

Kvalitet og forbrukaromsyn

Det har vore stor merksemd kring kvaliteten på frukt og grønsaker i daglegvareforretningar i dei siste åra. Tala for 2005 syner at kvalitetshevinga har halde fram og at det ikkje lenger er store skilnader mellom kjedene.

Fleire marknadsaktørar har innført frivillig merking, til dømes knytt til sukkerinnhald i ulike produkt og kor grovt mjøl som er nytta i brødvarer.

Tilsyn med importørar, grossistar og produsentar i kosttilskottbransjen syner at det er mangelfull etterleving av merkereglane i kosttilskottforskrifta.

Overvaking av utviklinga på barnematområdet er ført vidare i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet.

Det er gjennomført ei rekkje tiltak i samsvar med Handlingsplan for forbrukarretting av matpolitikken.

Det har vore stor interesse for ulike offentlege merkeordningar for mat, m.a. knytt til informasjon om merkeordninga Beskytta nemningar.

DEBIO har ført tilsyn med økologisk produksjon på vegne av Mattilsynet. Det blir gjennomført minst eit tilsynsbesøk i året i kvar verksemd. Dette følgjer av krav etter EØS-avtala.

Det er gjennomført analysar og kontroll av dokumentasjon for å sjå til at mat- og fôrprodukt med mais og soya ikkje inneheld genmodifiserte organismar (GMO) som ikkje er godkjente.

Det er avdekt fleire forhold knytt til kosmetikk og kroppspleieprodukt som krev oppfølging. Den nye lova om kosmetikk og kroppspleieprodukt som blei vedtatt i 2005, har verkemiddel som skal gjere det lettare å reagere ved slike funn.

Mattilsynet har ansvar for nettstaden Matportalen. Interessa for denne har vore jamt stigande. Portalen hadde i 2005 i gjennomsnitt om lag 80 000 besøk kvar månad. Matportalen blei i 2005 kåra til ein av dei tre beste offentlege nettstadene i Noreg.

Velferd hos landdyr og fisk

Det er ført meir tilsyn med velferda for kalv, svin og fjørfe i 2005 enn i 2004. Oppstalling av dyr i ueigna miljø utgjer ein stor del av avvika. Underfôring og vanrøkt har ramma mange dyr. Det er rapportert om fleire overskridingar av regelverket for transport av dyr i 2005 enn året før. Det blei gjennomført eit fleirregionalt tilsynsprosjekt om transport av dyr, som syner at tilsynet med transport av dyr til slakteri ikkje er optimalt. Dette gjeld særleg mangelfull reaksjon ved regelverksbrot.

Det blei ført avgrensa tilsyn med velferda for fisk i 2005. Forarbeidet til regelverksutvikling på områda hald, transport og slakting av fisk kom langt, noko som legg til rette for at tilsynet med fisk kan betrast i åra som kjem. Det er òg utfordringar når det gjeld å etablere ein forvaltningspraksis for tilsynet med brønnbåtar.

Dyrehelsepersonell

Konflikten omkring klinisk veterinærvakt prega første halvåret av 2005, og kravde mykje ressursar. Ny forskrift om klinisk veterinærvakt blei vedtatt. Mattilsynet tok del i arbeidet i eit utval som gjekk igjennom vaktordningane for veterinærar.

Anna forvaltning

Etter avtale med Statens legemiddelverk, sette Mattilsynet i gang tilsyn med at vilkåra for omsetnad av visse reseptfrie lækjemiddel utanfor apotek blir etterlevd. Tilsynet er ein integrert del av tilsynet elles i aktuelle verksemder.

Budsjettframlegg 2007

Post 01 Driftsutgifter

Posten er redusert med 20 mill. kroner knytt til effektivisering som følgje av matforvaltningsreforma, sjå nærmare omtale av endringar i budsjettrammene under kat. 15.10.

Posten er redusert med 20 mill. kroner som følgje av reduserte særskilte omstillingstiltak. Det er sett av 15 mill. kroner til omstilling i 2007.

Posten er auka med 5 mill. kroner knytt til oppregulering av pensjonspremie til kommunale pensjonskasser for tidlegare kommunalt tilsette som no er ein del av Mattilsynet sin organisasjon.

Posten er vidare auka med 10 mill. kroner knytt til nye oppgåver som gir auka kostnader til eksternt tenestekjøp.

Omstillingsarbeid i 2007

Utviklingsarbeidet knytt til IKT har synt seg å vere meir ressurskrevjande enn venta, både når det gjeld kostnader og bruk av tid, noko som òg blei omtalt i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Utviklingskostnadene for det nye fagsystemet blir òg høgare enn dei førebelse anslaga før arbeidet med kravspesifikasjon og innhenting av tilbod starta. Det er inngått kontrakt om utvikling av system med ei samla kostnadsramme på om lag 110 mill. kroner for åra 2005-2009 med fleire delleveransar. Det er i 2007 sett av 15 mill. kroner til omstillingsarbeid, hovudsakleg for å medverke til delvis dekning av kostnadene Mattilsynet har til utvikling av nytt fagsystem.

Ein vil vere særskilt merksam på at Mattilsynet utviklar seg i samsvar med måla for matforvaltningsreforma, slik at tilsynet blir einskapleg, heilskapleg og effektivt. Det vil bli lagt vekt på oppfølging av dei merknadene Riksrevisjonen har hatt.

Faglege utfordringar

Det er sett av 10 mill. kroner for å styrkje innsatsen knytt til nye aktivitetar som fører til auka kostnader til kjøp av eksterne tenester. Dette omfattar m.a. arbeidet med eit nytt system for betre sporing, kartlegging/overvaking av førekomsten av visse typer E. coli i dyr og mat, og styrkt overvaking av framandstoff i sjømat.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Grunnlaget for det norske regelverket blir hovudsakleg utvikla i EU. Ein stor del av Mattilsynet si verksemd er derfor knytt til oppfølging av EØS-avtala. Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg òg viktige premissar for regelverket. Arbeidet knytt til Nordisk ministerråd vil bli ført vidare.

Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet med å utvikle nytt regelverk i tråd med norske interesser. Departementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale fora. I dette arbeidet er det viktig med ein tidleg og god dialog med relevante interessentar, slik at aktuelle problemstillingar kan bli identifisert og tatt inn i det internasjonale regelverksarbeidet i ein fase der det framleis er rom for påverknad. Mattilsynet skal òg medverke til at oppfølging av dei internasjonale pliktene finn stad til riktig tid og at gjennomføring i norsk rett blir gjort på føremålstenleg og brukarvennleg vis.

Mattilsynet har i tillegg oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit på bilateralt nivå med andre land sine styresmakter for å leggje til rette for marknadstilgang og eksport av norske varer.

Hygiene, smittestoff og skadegjerarar

Mattilsynet skal arbeide for at maten og drikkevatnet er trygt med omsyn til folkehelse, og for at helsetilstanden hos planter, fisk og dyr er god.

Ei hovudutfordring er å gjennomføre det nye hygiene- og kontrollregelverket som legg auka vekt på verksemdene sitt eige ansvar for å etterleve regelverket og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda.

Det nye hygieneregelverket stiller auka krav til fagkunnskap både hos verksemdene og i tilsynet, særleg for å kunne utnytte fleksibiliteten dei nye reglane gir. Bransjevise standardar for god hygiene er ein viktig føresetnad. Utvikling av slike standardar er ei stor utfordring for verksemdene. Mattilsynet vil vere ein pådrivar i dette arbeidet. Det nye regelverket gjer òg at ei rekkje nasjonale særkrav om godkjenning av verksemder kan avviklast.

Det nye kontrollregelverket legg til grunn at det skal vere eit einskapleg og heilskapleg tilsyn som m.a. tek omsyn til risiko i heile matproduksjonskjeda. Det er verksemdene sitt ansvar å etterleve regelverket. Tilsynet skal vere effektivt, regelmessig og kunne dokumenterast. Det skal lagast nasjonale kontrollplanar som skal liggje til grunn for prioritering og rapportering. Det nye regelverket fastset meir spesifikke krav til Mattilsynets overvaking og kontroll av skjel, pigghudar og sjø­sniglar.

Det må gjennomførast eit målretta tilsyn med produksjon og omsetnad av mat i serveringsstader og i daglegvarehandelen. Det er nødvendig med auka tilsyn med drikkevatn, slik at vassforsyningsanlegga kan bli godkjende eller tekne ut av drift om dei ikkje er i samsvar med krava som regelverket set. Det er ikkje akseptabelt at det er store geografiske skilnader i tilgangen til trygt drikkevatn. Det er estimert at det kvart år er om lag 100 000-300 000 tilfelle av sjukdom som skuldast dårleg drikkevatn. Mange av desse tilfella fører til tapte arbeidsdagar.

Mattilsynet må framleis ha særleg merksemd på at produksjonsverksemder for sjømat fyller bygnings- og driftsmessige krav og krava til eigenkontroll. For å halde oppe tilliten til norske sjømatprodukt både heime og ikkje minst på eksportmarknadene, er det avgjerande for ein stor sjømat-eksporterande nasjon som Noreg, at norsk sjømat blir produsert etter gjeldande internasjonale standardar.

Mattilsynet må innrette arbeidet med kartlegging og overvaking målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som er knytt til plikter etter internasjonale avtaler eller norske tilleggsgarantiar, må ha høg prioritet. Utbrotet i 2006 av sjukdom etter smitte med E. coli O:103 i spekepølse har vist at det er viktig med stadig ny kunnskap om førekomsten av aktuelle smittestoff i dyr og mat. Dette syner òg at prioriteringa av kartlegging og overvaking må tilpassast situasjonen og risikobildet til ei kvar tid.

Beredskapsarbeidet retta mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame dyresjukdommane er viktig. God fiskehelse er ein viktig føresetnad for ei positiv utvikling av sjømatnæringa. Arbeidet med overvaking av lakselus på vill laksefisk vil bli ført vidare.

Bakteriesjukdomen pærebrann er ein infeksjon som gjer stor skade på m.a. eple og pære. Både vêrtilhøve og insekt, m.a. bier, verkar inn på spreiing av sjukdommen. Sjukdommen har spreidd seg i kyststroka på Sør- og Vestlandet. For å hindre at sjukdommen spreier seg ytterlegare, særleg til viktige fruktområde, må innsatsen førast vidare, m.a. med restriksjonar på flytting av bier og fjerning av vertsplanter.

Framandstoff

Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med overvaking av framandstoff. Det er eit mål å vidareutvikle både tilsynet og næringa sin kompetanse på dette området, både når det gjeld kjente og nye stoff.

Arbeidet med å dokumentere innhaldet av framandstoff i norsk sjømat vil bli styrkt ved ein auke på 2,5 mill. kroner i løyvinga over Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett til NIFES. Det er særs viktig at resultata blir kommunisert i internasjonale fora for å sikre tilgangen til dei internasjonale marknadene.

Auka oppdrett av marine artar, som torsk, gir behov for sjukdomsovervaking, tilsyn med antibiotikabruk og dokumentasjon av denne. Det må òg i samarbeid med næringa arbeidast vidare med tiltaksplanane mot sjukdommar som er vist å vere årsak til store tap i fiskeoppdrettsanlegg.

Kvalitet og forbrukaromsyn

Mattilsynet skal arbeide for at mat og drikkevatn har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgd.

Arbeidet knytt til regelverk om sporing, merking og godkjenning av prosessert genmodifisert mat og fôr vil krevje merksemd. Det blir arbeidd vidare med regelverket på området, og Mattilsynet vil utarbeide rettleiingsmateriale og retningslinjer til hjelp for aktørane. Mattilsynet fører òg tilsyn med levande genmodifiserte organismar etter delegert myndigheit frå Miljøverndepartementet.

EU har utarbeidd retningslinjer for dyrking av GMO-vekstar som skal hindre overføring av GMO til konvensjonell eller økologisk produksjon. Det er opp til det enkelte land å lage bindande reglar. Mattilsynet vil utarbeide forskrifter basert på desse retningslinjene. Det er i dag ikkje godkjent nokon GMO-vekst som egnar seg for dyrking i Noreg og ein vil halde fram med ei svært restriktiv linje.

Nytt regelverk i EU om tilsetjing av vitamin og mineral i matvarer (beriking) og om bruk av helsepåstandar, vil krevje nasjonal oppfølging i 2007. Det same gjeld òg revidert regelverk for morsmjølkerstatningar. Innspel til EU i samband med utviklinga av nytt regelverk for ny mat (novel food) og nytt regelverk for tilsetjingsstoff til mat, vil òg vere viktig.

I EU blir det arbeidd med ein omfattande revisjon av det generelle regelverket for merking av mat, og av regelverket for næringsdeklarasjonar. Deltaking i dette arbeidet vil ha høg prioritet i 2007. Utfordringane knytt til kosthaldet i befolkninga gjer det òg aktuelt å vurdere ulike former for merking av kor sunn maten er. Mattilsynet vil ta del i dette arbeidet saman med Sosial- og helsedirektoratet.

Samarbeidet med Sosial- og helsedirektoratet om overvaking av kosthaldet i befolkninga og av matvarene sin samansetting vil bli ført vidare. Dette er nødvendig m.a. som grunnlag for å utarbeide risikovurderingar.

I 2004 blei det fastsett ny forskrift om kosttilskott. Oppfølging av forskrifta krev styrkt tilsyn og kontroll med naturmiddel.

Det er ei rekkje kvalitetsforskrifter som har heimel i matlova. Desse forskriftene treng revisjon. Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av dei.

Mattilsynet har ansvar for tilsynet med økologisk produksjon og DEBIO utfører dette tilsynet på vegne av Mattilsynet.

Mattilsynet skal vidare forvalte og føre tilsyn med ordninga Beskytta nemningar. Matmerk har ansvar for den førebuande saksbehandlinga. Mengda av søknader til ordninga er kraftig aukande.

Departementa har mottatt ei utgreiing frå Mattilsynet av ei ordning der det i serveringsstader og i daglegvarehandelen blir sett opp eit lettfatteleg symbol som særleg er knytt til tilsynet med dei hygieniske forholda i verksemdene (Smiley-ordning). Det vil bli arbeidd vidare med eit pilotprosjekt som vil gi betre grunnlag for å vurdere om ei slik ordning er aktuell i Noreg.

Mattilsynet vil ta del i arbeidet med revisjon og oppfølging av tiltak etter Handlingsplanen for forbrukerretting av matpolitikken og i oppfølginga av ny handlingsplan for betre kosthald i befolkninga.

Som ledd i oppfølginga av den nye kosmetikklova, vil det bli arbeidd med planar for å etablere eit nytt register for biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.

Velferd hos landdyr og fisk

Mattilsynet skal arbeide for at alt dyrehald er i samsvar med regelverket. Tilsynsaktivitet og regelverksutvikling for fiskevelferd må gjerast ut frå dei særlege tilhøva som gjeld for fisk. Arbeidet med å utvikle indikatorar for velferd hos fisk vil bli ført vidare.

Mattilsynet har ei viktig rolle i oppfølginga av St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd.

Mattilsynet har fagleg ansvar og budsjettansvar for dyrevernsnemndene som medverkar i det lokale arbeidet med dyrevelferd. For å få ei rasjonell og kostnadseffektiv arbeidsdeling mellom Mattilsynet og dyrevernsnemndene, fører Mattilsynet tilsyn etter forskrifter med heimel i dyrevernlova. Dyrevernsnemndene konsentrerer seg om saker der lekmannsskjønnet er særleg nyttig. Dette gjeld spesielt der det ikkje er gitt detaljerte krav i forskrifter.

Dyretragediar som skuldast manglande fôring, stell og omsorg for dyr, er ei utfordring i dyrevernarbeidet for produksjonsdyr og selskapsdyr. Slike saker kan i liten grad hindrast gjennom vanleg tilsynsarbeid. Her er det viktig at alle aktørane medverkar slik at Mattilsynet tidleg kan bli kjent med forhold som kan ende opp i dyretragediar. Ein tek sikte på å gjere framlegg om særlege varslingskrav på dette området i utkast til ny lov om dyrevelferd.

Dyrehelsepersonell

Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos veterinærar og anna dyrehelsepersonell.

Det er auka merksemd kring veterinærane og fiskehelsebiologane sitt ansvar for bruken av lækjemiddel til fisk og dyr. Mattilsynet må i aukande grad føre tilsyn med at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med bruk av lækjemiddel.

Post 70 Tilskott til veterinær beredskap

Resultatrapport 2005

Mattilsynet har medverka til veterinærdekninga i heile landet gjennom administrasjon av veterinærvakta. Arbeidet har bestått i å sørgje for bemanning av veterinærvakta og utbetaling av tilskott til vaktdeltakarane.

Budsjettframlegg 2007

I medhald av dyrehelsepersonellova skal det etablerast klinisk vakt for dyrehelsepersonell i alle delar av landet. Som grunnlag for vaktordninga skal Landbruks- og matdepartementet inngå ei avtale med Den norske veterinærforening (DNV) om organisering, gjennomføring og godtgjering/tilskott for deltaking.

Landbruks- og matdepartementet blei 8.2.2006 samd med DNV om ei ny avtale om klinisk veterinærvakt. Avtala kom i stand etter at eit utval hadde greidd ut vaktordningane for veterinærar som oppfølging av Stortinget sitt vedtak nr. 350 av 19. mai 2005. Den nye avtala gir monaleg styrking av ordninga med klinisk veterinærvakt i høve til den førre avtala, og det er no ei velfungerande vaktordning til beste for husdyrbruket i heile landet.

For å kunne følgje opp staten sine økonomiske plikter etter den nye avtala, blir det gjort framlegg om ei løyving på 88,6 mill. kroner i 2006. Dette er ein auke i forhold til saldert budsjett for 2006 på om lag 11 pst.

Landbruks- og matdepartementet vil arbeide vidare med planlagt etablering av kommunalt ansvar for å sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell, herunder ansvaret for klinisk veterinærvakt. Sjå nærmare omtale i kat. 15.10.

Post 71 Tilskott til erstatningar

På posten vil det bli ført middel til utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevernlova § 6 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det òg bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevernlova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.

Kap. 4115 Mattilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Gebyr m.m.

734 920

686 887

128 725

02

Driftsinntekter og refusjonar m.v.

5 988

1 018

1 038

15

Refusjon, arbeidsmarknadstiltak

586

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

15 554

18

Refusjon sjukepengar

12 964

Sum kap. 4115

770 012

687 905

129 763

Matforvaltningsreforma har gitt effektiviseringsgevinstar, jf. kap. 1115. Det blir derfor gjort framlegg om ein reduksjon i inntekter frå gebyr og avgifter for Mattilsynet i 2007. Det blir gjort ein del tekniske endringar som er provenynøytrale. Etter desse endringane vil satsane for matproduksjonsavgiftene blir redusert med om lag 6 pst. Det blir òg gjort enkelte endringar for å lette etablering og drift av mindre verksemder. Dei samla inntektene frå gebyr og avgifter er redusert med 30 mill. kroner, tilsvarande i overkant av 4 pst., jf. òg kap. 5576 post 70.

Stortinget bad i vedtak nr. 197 av 18. desember 2003 om at maksimalt 80 pst. av utgiftene til Mattilsynet kan dekkjast av avgifter og gebyr. I budsjettframlegget for 2007 utgjer inntektene frå avgifter og gebyr om lag 63 pst. av Mattilsynet sitt driftsbudsjett. Tilsvarande tal for 2006 var om lag 65 pst.

Post 01 Gebyr m.m.

Frå 2007 er inntekter frå avgifter i matforvaltninga sklid ut frå posten og budsjettert på kap. 5576 post 70.

Den finansieringsmodellen vi har for matforvaltninga i dag blei innført ved etableringa av Mattilsynet 1.1.2004. Det er i 2006 gjennomført ein brei gjennomgang av finansieringsmodellen.

Ein tek sikte på å føre vidare det tredelte systemet for finansiering som blei etablert i 2004. Den første delen gjeld innkrevjing av gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld innkrevjing av gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar og er klart avgrensa i forhold til andre tilsyns- og kontrolloppgåver i matforvaltninga. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Det tredelte systemet er vurdert å vere i samsvar med dei retningslinjene som gjeld for gebyr og for ordningar med sektoravgifter.

Omfanget av gebyrpliktige særskilte ytingar vil bli monaleg redusert i 2007 i høve til tidlegare år. Ulike krav i regelverket om godkjenning vil bli avvikla og erstatta av ei registreringsplikt som ikkje utløyser gebyrkrav. Det er i dag om lag 90 ulike gebyrklasser knytt opp mot godkjenningsordningar i Mattilsynet. Ein monaleg del av desse vil bli avvikla etter nærmare gjennomgang i Mattilsynet.

Det vil bli innført eit nytt gebyr for oppfølgjande tilsyn frå Mattilsynet etter at det er påvist regelverksbrot i ei verksemd.

Enkelte gebyr for tilsyn og kontroll har hatt ein berekningsmåte som er meir naturleg å nytte for sektoravgifter. Ein tek derfor sikte på å avvikle gebyr for tilsyn og kontroll med fôr og gebyr for tilsyn og kontroll med plantevernmiddel, og leggje desse inn i matproduksjonsavgiftene. Gebyret for tilsyn og kontroll med planter som ikkje blir nytta i matproduksjon, vil bli utforma som ei avgift med like satsar på norskproduserte og importerte varer. Gebyr for tilsyn og kontroll med kosmetiske produkt vil bli gjort om til ei avgift. Som følgje av ny kosmetikklov som fører til økt tilsyn og fleire tilsynsobjekt, er det berekna eit høgare proveny på kosmetikkområdet enn i 2006.

Dei tekniske endringane i matproduksjonsavgiftene har gitt ein auke i satsane for sjømat og for norskprodusert kjøtt, andre animaliar og vegetabilier. Etter desse endringane er satsane for alle matproduksjonsavgiftene redusert med om lag 6 pst.

Tabell 2.1 Oversikt over gebyr under kap. 4115

Nemning

Beløp (i mill. kr)

Gebyr for særskilte ytingar:

13,2

Gebyr for tilsyn og kontroll:

Fôr til landdyr og fisk

5,3

Plantevernmiddel

2,0

Innførsel av levande dyr og animalske produkt

7,8

Kjøttkontroll

99,0

Andre gebyr:

Gebyr for oppfølgjande tilsyn

1,0

Andre gebyr, tvangsmulkt m.v.

0,4

Sum gebyr

128,7

For ein oversikt over avgifter i matforvaltninga syner ein til kap. 5576 post 70.

Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.v.

På posten vil ein m.a. føre diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie lækjemiddel etter oppdrag frå Statens legemiddelverk, oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane og tilsyn med levande GMO. Ein vil òg føre inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.

Programkategori 15.20 Forsking og utvikling

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1137

Forsking og utvikling:

304 376

340 675

367 873

8,0

Sum kategori 15.20

304 376

340 675

367 873

8,0

Det er eit hovudmål å føre ein landbruks- og matpolitikk som held ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Landbruks- og matforskinga er eit sentralt verkemiddel for å nå dette overordna målet, og skal hjelpe med forskingsinnsats av internasjonal kvalitet som fremmer ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet.

Forsking og forskingsbasert kunnskap pregar samfunnsutviklinga og blir stadig viktigare både for næringsliv og offentleg sektor. Landbruks- og matsektoren er ein stor sektor. Innanfor området matproduksjon og skogbaserte næringar, fordelt på primærproduksjon og relatert industri, er det i dag over 130 000 årsverk i Noreg. Landbruket har nokon av dei mest komplette verdikjedene innan norsk næringsliv, frå forsking og produksjon av innsatsvarer og fram til forbrukarane. Jordbruksbasert matvaresektor har ein produksjonsverdi på meir enn 100 mrd. kroner, som er meir enn 20 pst. av industrien sin samla produksjonsverdi. For skogbruk og skogindustri utgjer produksjonsverdien over 40 mrd. kroner.

Mat- og skogbrukssektoren er i stor grad stadbunden og dannar òg grunnlag for anna sysselsetjing og verdiskaping i store delar av landet. Sektoren er òg sentral for å ivareta og produsere kollektive gode som kulturlandskap, rekreasjons-område, identitet og kultur.

Samtidig blir den nasjonale landbrukspolitikken og landbruksproduksjonen utfordra av dei nye internasjonale rammevilkåra på området.

Den store bredda, dei komplekse verdikjedene og dei store omstillingsbehova i sektoren gjer at forskinga må ivareta eit breitt spekter av utfordringar og fagområde. Forskinga skal danne grunnlag for auka konkurransekraft i sektoren, og utvikle nye marknader, produkt og tenester. Samtidig skal forskinga etablere kunnskap for å møte miljø- og ressursutfordringar, og leggje grunnlag for tillit i samfunnet til norsk mat, matproduksjon og dyrehald.

Forskinga har òg ei viktig rolle i å dekkje kunnskapsbehov knytt til politikkutforming, forvaltning og ivaretaking av forbrukaromsyn.

Forskingspolitikken til Landbruks- og matdepartementet er knytt til politikken til regjeringa gjennom m.a. St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning og Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon for 2007. Forskingsmeldinga legg særskilt til grunn ei styrking av dei tematiske områda energi og miljø, mat, hav og helse.

Den auka internasjonale eksponeringa på landbruks- og matsektoren fører til eit auka behov for internasjonalisering av forskinga og forskingspolitikken i sektoren. Internasjonalt forskingssamarbeid hjelper med auka kvalitet og fornying i norsk forsking og er særs viktig for inntak av ny kunnskap. Departementet vil forsterke si internasjonale satsing innan forsking.

Departementet vil følgje opp måla i forskingsmeldinga om å auke den samla forskingsinnsatsen til tre pst. av BNP i 2010, blant anna ved å leggje til rette for auka deltaking frå næringslivet. Dette hjelp samtidig til både å sikre relevans og kvalitet i forskinga, og gir auka moglegheit for kommersialisering av forskingsbaserte produkt og tenester.

Landbruket speler ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet, jf. St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet - Om regional og distriktspolitikken. Forskinga knytt til næringsutvikling i sektoren er eit viktig bidrag i regional- og distriktspolitikken. Sentralt står kompetanseutvikling og ein instituttsektor som medverkar til auka regional og lokal næringsverksemd og innovasjon ved å utnytte stadbundne fordelar og potensial.

Departementet utarbeider ein ny strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon for perioden 2007-2011. Strategien vil presentere Landbruks- og matdepartementet sine forskingspolitiske mål og vere retningsgivande for prioriteringar og styring av landbruks- og matforskinga.

Både dei regionale og dei nasjonale forskings­etiske komiteane er no lovfesta gjennom forskingsetikklova som blei vedteken av Stortinget 13.6.2006, jf. Ot.prp. nr. 58 (2005-2006). Kunnskapsdepartementet tek sikte på at lova blir sett i verk 1.7.2007. Dette er omtalt nærmare i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

Målområde for forsking og forskingsbasert innovasjon

Prioriterte målområde for forskings- og innovasjonspolitikk:

Forsking med høg kvalitet og relevans

Landbruks- og matforsking skal ha høg sektorrelevans og internasjonal kvalitet. Det er eit mål å vidareutvikle dei forskingsmiljøa som i dag arbeider innanfor sektoren, samtidig som det er eit mål å sikre eit breiast mogleg engasjement i heile det norske forskingssystemet for å løyse utfordringane i sektoren.

Auka internasjonalt forskingssamarbeid

Landbruks- og matdepartementet har som mål å auke internasjonaliseringa av landbruks- og matforskinga. Det er eit mål at internasjonalt forskingssamarbeid skal medverke til auka kvalitet og fornying i norsk forsking, og til at ny internasjonal kunnskap kjem til nytte innanfor sektoren. Landbruks- og matdepartementet vil derfor prioritere auka forskingssamarbeid og aktivt medverke i den internasjonale politikkutforminga på området.

Auka forskingsbasert innovasjon og kommersialisering

Det er eit mål å auke innovasjonsgraden i landbruks- og matsektoren. Forskingsmiljøa skal hjelpe til auka konkurransekraft og bedriftsetableringar i sektoren gjennom overføring av kompetanse til marknadsaktørane. Som ein del av dette skal forskingspolitikken betre forholda for forskarar og forskingsmiljø med vilje til å kommersialisere resultat frå forskinga.

Kunnskapsutvikling for forvaltninga

Forskinga skal hjelpe med kunnskapsutvikling i landbruks- og matforvaltninga. Forskinga er nødvendig for å ha ei landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og effektivitet. Oppdatert vitskapleg kompetanse er sentralt for å ta vare på tillit og legitimitet til landbruks- og matsektoren i samfunnet.

Betre forskingskommunikasjon og forskingsformidling

Det er eit mål å betre forskingskommunikasjonen. Resultat frå forsking skal gjerast meir synleg i samfunnet, og samtidig vise verdiskapingspotensialet i eit auka samarbeid mellom forsking og næringsliv. Ein god forskingskommunikasjon vil medverke til nytenking og inspirasjon i næringa.

All forsking innanfor Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde skal vere etisk og miljømessig forsvarleg, og skal til kvar tid følgje dei normer og reglar som samfunnet sett for forskinga. Landbruks- og matdepartementet vil òg leggje vekt på at likestillingsperspektivet blir teke med innanfor sektorens forskings- og forskingsbaserte innovasjonsarbeid.

Gjennomføring av politikken

Forsking med høg kvalitet og relevans.

Langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging er grunnleggjande, og departementet legg vekt på ein forskings- og innovasjonsaktivitet med høg kvalitet og relevans for landbruks- og matsektoren.

Viktige kvalitetskriterium for forskinga er publisering, evaluering og internasjonal deltaking.

Relevans kan m.a. målast ved privat og offentleg etterspurnad etter kompetanse. I forhold til innovasjon rettar dette seg mot kunnskap som medverkar til auka verdiskaping og konkurransekraft i sektoren. Auka bruk av brukarstyrte prosjekt vil sikre relevansen i forskinga.

Forskingsrådet sine fire program Mat, Areal, Tre og Miljø 2015 er sentrale i oppfølginga av dei sentrale kunnskapsbehova til sektoren. Sjå nærmare omtale av programma under kap. 1137.

Landbruks- og matdepartementet vil sikre ein sterk og fagleg kompetent instituttsektor som kan vere med på å løyse næringslivet, regionane og forvaltninga sine behov. Instituttsektoren er ein sentral leverandør av bruksretta kunnskap som er viktig for å kunne drive ei effektiv og framtidsretta forvaltning.

Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Departementet føreset at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom. Samtidig er det viktig at forskingsinstitusjonane i landbruks- og matsektoren konkurrerer på ein marknad som skjerpar krav både til relevans og vitskapleg kvalitet.

Det er gjennomført fleire organisatoriske prosessar for å etablere større og meir konkurransedyktige einingar; Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og NOFIMA AS. Det vises til nærmare omtale under kap. 1112 post 51 og kap. 1137 post 51.

Inndeling av sentrale forskingsområde for landbruks- og matsektoren er m.a. knytt til St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning sine tematiske prioriteringar og prioriteringar innanfor det kommande 7. rammeprogram i EU. Sentrale forskingsområde for landbruks- og matsektoren er:

Mat, helse og forbrukar

Noreg har gitt arbeidet med mattryggleik ein særs høg prioritet. Denne prioriteringa vil bli vidareført, og forsking og forskingsmiljøa på området er sentrale for å halde Noreg i den internasjonale forskingsfronten på området.

Den høge prioriteringa av matpolitikk krev at dei ulike fagdisiplinane på området i større grad må sjåast i ein samanheng. Dette gjeld til dømes område som genetikk, bioteknologi, biologi og medisin. Dette er ikkje minst sentralt i handteringa av komplekse forhold som sporing, logistikk, sjukdommar, zoonosar m.m. kor samanhengene i heile verdikjeda frå jord via dyr og planter til forbrukar er råka.

Auka handel med planter, dyr og dyreprodukt samt auka reiseverksemd krev auka beredskap på området. Det er viktig å utvikle risikoanalysar, analyseverktøy og overvaking for å hindre innførsel, etablering og spreiing av nye sjukdommar og skadegjerarar hos planter og dyr ved å ha kontroll med framandstoff og smittestoff som kan bli tilført langs heile matkjeda. Kunnskap om sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar) er spesielt viktig for mattryggleiken. Det er m.a. behov for å auke kunnskapen om fugleinfluensa og patogene E. coli-variantar.

Eit etisk forsvarleg og optimalt dyrehald er vesentleg for å fremme trivsel hos dyra og produsere trygge og kvalitetsmessig gode matvarer. Betre dyrevelferd er politisk eit høgt prioritert område. Det er viktig å styrkje denne forskinga og særskilt på dei områda der den vitskaplege basisen for forvaltninga er mangelfull.

Kunnskap om korleis mat påverkar helse, livskvalitet m.m. vil vere sentrale forskingsområde for å møte forbrukartrendar, samtidig som det vil vere eit viktig element for å lukkast med innovasjonar og styrkje norsk konkurransekraft på matområdet. Relatert til forbrukarane sine behov knytt til kosthald og ernæring er det vesentleg å kunne dokumentere effektar av ingrediensar, bakteriar, prosesser m.m. i matprodukt.

Kunnskap om forbrukarane sine oppfatningar, behov og kompetanse om mat er eit eiget forskingsfelt som må styrkast for å betre grunnlaget for politikkutforming på området. I dette ligg òg forsking på ulike grupper av forbrukarar med omsyn til behov knytt til kosthald og ernæring.

Relatert til helse, kvalitet og livsstil er det òg forskingsutfordringar knytt til å utnytte potensial i særnorsk/regional matproduksjon. Mat med lokal identitet og historie, og mat frå små produsentar etterspørjast i aukande grad. Det er her behov for forsking som kan hjelpe til auka produksjon samt til merkevarebygging med basis i lokal/regional konkurransefordel og andre særtrekk som matkultur og historie.

For å vere konkurransedyktige er det viktig å arbeide for å effektivisere og optimalisere i framstillinga av matprodukt. I denne samanhangen er det forskingsutfordringar relatert til både å auke utnyttingsgraden og til å auke effektiviteten i tilverkinga av råstoff.

Auka forsking knytt til økologiske produkt er nødvendig for å nå regjeringa si målsetjing om 15 pst. produksjon og forbruk av økologiske produkt innan 2015. Eit viktig område er å auke kunnskapen om samanhengen mellom dyrkingsmetodar og innhald av næringsstoff.

Tre, energi og tenester

Generelt er det eit behov for kunnskap om dei ulike verdikjedene frå skog for å auke lønnsomheita i alle ledda frå skogen til marknaden, for skog- og trebaserte produkt og produksjonen av tenester. Auka bruk av tre krev ny og forbetra kunnskap om dei tekniske og miljømessige eigenskapa og moglegheitene til trematerialet, og effektiv produksjon og foredling av virke er nødvendig for å nå måla knytt til skogbruk.

Det er eit politisk mål å auke bruken av meir miljøvennleg energi. Kunnskap som støtter opp under auka bruk av bioenergi frå skog og jordbruk, og auka lønnsemd i produksjonen, er nødvendig for å støtte opp under dette målet. På dette området er det særskilt viktig å søkje internasjonal kompetanse som støtte for å nå dei politiske måla på området.

Det er knytt eit økonomisk potensial til auka satsing på tenester innan grønt reiseliv som overnatting, matservering, og andre tilknytte aktivitetar. Sentrale kunnskapsområde er marknadsforsking, produktutvikling og merke- og sertifiseringsordningar.

Miljø- og ressursforvaltning

Innan området er forsking sentralt for å leggje til rette for å etablere ein god og langsiktige miljø- og ressursforvaltning. Dette krev at forskingsmiljøa aktivt hjelp til med å identifisere og utvikle målretta kunnskap på området.

Viktige forskingsspørsmål knyter seg til effekten av klimaendringar på dei biologiske systema, økologiske samanhenger i naturen og positive og negative effektar av jord- og skogbruk, inkludert nye relaterte næringar. Det er behov for kunnskap om effektar av tiltak som er sette i gang av klima- og miljøomsyn.

Det er behov for å forbetre det faglege grunnlaget for eit langsiktig, lønnsamt og miljøvennleg skogbruk. Dette inkluderer kunnskap både om skogressursane og dei ulike miljøverdiane i skogen, m.a. livsmiljøa til dei artane som lever i skog.

Det er eit politisk mål å sjå nye moglegheiter for bruk av arealressursane innanfor ei ramme av berekraftig bruk. For å nå jordvern- og kulturlandskapsmåla til regjeringa er det nødvendig med ny kunnskap om endringane i m.a. utbyggings- og behovsmønstra innanfor busetjing, og bruk knytt til nærings-, bustads- og fritidsformål.

Jordressursane er under eit stadig press og det er behov for kunnskap som kan opplyse forhold mellom det langsiktige jordvernet og utbyggingsinteresser både frå samfunnet og frå landbruksnæringa.

Departementet har som mål å sikre arealgrunnlaget for reindrifta. På dette området er det sentrale forskingsutfordringar knytt til å ivareta ulike samfunnsinteresser og næringsomsyn. I samband med dette arbeidet er det ein føresetnad at prosessane i førekant av inngrep, og dei ulike inngrepa sin verknad innanfor reinbeiteland, blir dokumentert gjennom forsking. Det er vidare behov for forsking som ser beiteressursane i samanheng med intensiteten i reindrifta.

Noreg har unike landbruksgenetiske ressursar som utgjer ein viktig del av vårt biologiske mangfald. Det er behov for auka merksemd på dokumentasjon av genetisk variasjon. Det er òg behov for meir kunnskap om m.a. berekraftig avl og foredling, og innsikt i korleis rammevilkåra verkar inn på driftsformer der nasjonale genressursar går inn som ein naturleg del. Det er vidare behov for auka kunnskap om fordelingsspørsmål knytt til retten og tilgangen til genetiske ressursar generelt og dei rettslege rammene for verdiskapinga som skjer ved avl og foredling.

Det er behov for meir kunnskap relatert til forureining til jord, vatn og luft frå jordbruksaktivitet. Dette gjeld m.a. effektar av ulike plantevernmiddel, under dette moglege kombinasjonseffektar av andre kjemikaliar, samt innhald av miljøgifter i avløpsslam brukt som gjødsel i matproduksjon. Andre viktige område er næringssaltavrenning, ammoniakktap og krinslaupsforsking relatert til matvarekjeda, medrekna korleis ein kan redusere matavfall og få til gode resirkuleringsordningar. Forureiningsforskinga bør ha eit økosystemperspektiv der ein fangar opp verknaden på naturen samla.

Landbruk og samfunn

Det er eit kontinuerleg behov for kunnskap om mål- og verkemidlar i landbrukspolitikken. Ei slik kunnskapsutvikling er sentral for forvaltninga i arbeidet med å utforme verkemidlar i landbruks- og matpolitikken.

Forskinga bør fokusere på viktige samfunns- og marknadsforhold som påverkar norsk landbruk og landbruksrelatert industri. Drivkrefter av overnasjonal art vil vere globaliseringa av økonomien og liberalisering av handelen med landbruksvarer mellom ulike land. På dette området er det viktig å auke kunnskapen om korleis internasjonale handelsavtaler og EUs felles landbrukspolitikk vil påverke rammene for norsk landbrukspolitikk og konkurranseforholda for norsk landbruk og landbruksindustri.

Landbruket har i aukande grad utvikla eit tilbod av tenester retta mot helse-, omsorgs- og utdanningssektoren. Forsking på effekten av slike tenester er eit prioritert område.

I regional- og distriktssamanheng er landbruket heilt sentralt med tanke på busetjing, bevaring av kulturlandskap og fellesgode, identitet, likestilling og livskvalitet. Det er behov for meir kunnskap om dei fleirsidige rollene til landbruket og korleis ulike drivkrefter påverkar desse.

Næringsutvikling i tilknyting til verneområda er politisk prioritert men gir ofte store utfordringar. Verneføremålet og landbruksdrifta heng ofte tett saman. Dette er eit samspel der det er nødvendig med kunnskap som kan lette grunnlaget for vekting mellom bruk og vern.

Norsk akvakultur og husdyravl er døme på resultat av bioteknologisk kunnskap og teknikkar. Utviklinga på dette området skjer stadig raskare, samtidig som områda for bruk blir utvida og gir nye moglegheiter og utfordringar. For landbruks- og matforskinga vil bioteknologien vere eit viktig verktøy for å oppretthalde og vidareutvikle ein konkurransedyktig, berekraftig og miljøvennleg produksjon, m.a. innanfor avl og planteforedling, dyre- og plantehelse, prosessering av råvarer og biprodukt, analysar og sporing av matvarer.

Auka internasjonalt forskingssamarbeid

Sektoren si auka internasjonalisering og medførande omstillingsbehov gjer det nødvendig å styrkje, målrette og effektivisere det internasjonale forskingssamarbeidet framover. Internasjonalt forskingssamarbeid medverkar til auka kvalitet og fornying i norsk forsking og er særleg viktig for inntak av ny kunnskap. Dette krev aktiv deltaking i det europeiske forskingsområdet og i det bilaterale forskingssamarbeidet. Landbruks- og matforskinga skal hjelpe til kunnskapsutvikling på område der sektoren er i front internasjonalt og der ein har særeigne utfordringar.

Noreg deltek i den europeiske komiteen for landbruksforsking Standing Committee on Agricultural Research (SCAR). SCAR er sentral for å koordinere og påverke forskingsagendaen innanfor landbruks- og fiskerelatert forsking i Europa. SCAR er ein viktig kanal for informasjon og for påverking av forskings– og teknologisamarbeid i Europa. Deltakinga er med på å styrkje relasjonane til kommisjonen for forsking i EU og skape nettverk mot viktige samarbeidspartar i Europa.

Departementet vil følgje opp forskingsmeldinga ved å forsterke sitt internasjonale arbeid m.a. i EUs 7. rammeprogram. Det kommande 7. rammeprogram i EU inneber i stor grad ei vidareføring av dei tematiske satsingane, men representerer òg nye initiativ og samarbeidsformar. Den tematiske satsinga Food, Agriculture and Biotechnology vil dekkje kunnskapsbredda i landbruks- og matsektoren. Det 7. rammeprogrammet må sjåast i samanheng med andre verkemiddel på europeisk og nasjonalt nivå, irekna 1. rammeprogram for innovasjon og ulike faglege nettverk, som til dømes ERA-Net. Formålet med ERA-Net er å auke koordineringa av forskinga i Europa mellom forskingsfinansierande organisasjonar, og etter kvart gjennom felles utlysingar på internasjonalt nivå.

Departementet vil halde fram det bilaterale samarbeidet med Nord-Amerika. Sentrale område er mattryggleik, bioenergi, kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd.

Som ei oppfølging av det norske formannskapsprogrammet, skal det hausten 2006 lysast ut midlar til nordisk Center of Excellence innanfor mat, ernæring og helse i regi av NordForsk og med finansieringsbistand frå dei nordiske forskingsråda.

Det må framleis arbeidast for å etablere meir effektive og kvalitetsfremmande prosedyrar for evaluering og finansiering av nordiske forskingsprosjekt innanfor sektoren. Som eit ledd i dette vil det hausten 2006, i regi av det norske formannskapet, bli gjennomført ein workshop for diskusjon av framtidig organisering og finansiering av forsking under Nordisk Ministerråd for fisk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk.

Auka forskingsbasert innovasjon og kommersialisering

Innovasjon er knytt til aktivitetar i føretak og bedrifter som har som mål å auke verdiskapinga i verksemda. Ofte er innovasjon knytt til kunnskapsrelaterte aktivitetar, og er resultat av samhandling mellom føretak, kundar, leverandørar, konkurrentar, forskings- og utdanningsinstitusjonar m.m. Geografisk nærleik mellom aktørane er viktig for innovativ aktivitet.

Landbruks- og matdepartementet vil medverke til å auke forskingsbasert innovasjon m.a. gjennom forskingsprogram, instituttpolitikken, kontakten med universitets- og høgskolesektoren og det offentlege verkemiddelapparatet, og gjennom internasjonalt samarbeide på område som til dømes Lisboa-strategien og 1. rammeprogram for innovasjon.

Tilsvarande som i andre næringar utgjer kunnskapselementet ein aukande del av grunnlaget for å styrkje konkurransekrafta i landbruks- og matsektoren. Auka samarbeid mellom forskingsmiljø og næringsaktørar i landbruks- og matnæringa vil styrkje næringa sine moglegheiter i marknaden og medverke til å møte mange utfordringar til ein sektor prega av mange og små føretak. Landbruks- og matdepartementet vil føre ein forskingspolitikk som stimulerer til auka kunnskapsoverføring mellom forskingsmiljøa, næringa og dei enkelte føretaka. Departementet ventar òg at forskinga og forskingsmiljøa i landbruks- og matsektoren aktivt søkjer å auke innovasjonsgraden i sektoren.

I følgje St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet - Om regional og distriktspolitikken skal politikken tilpassast regionale forhold, byggje på dei enkelte regionane sine eigne føremoner og fremme ein berekraftig bruk av naturressursane.

Landbruks- og matdepartementet vil framleis hjelpe til med utvikling av regionale innovasjonssystem for å skape auka samarbeid mellom bedrifter, næringsliv, kapital og forsking regionalt. Forskingsinstitutta må her spele ei aktiv rolle, dels ved å utnytte eigen desentralisert forskingsaktivitet og dels ved å trekkje inn annan nasjonal kjernekompetanse.

Auka involvering og delfinansiering frå næringslivet, der FoU-avgiftene i landbruket utgjer ein sentral del, er prioritert i programsatsingane til Forskingsrådet. Dette skal vidareførast, samtidig som aktivitet og program som knyt næringsliv og forsking tettare saman skal prioriterast.

Sterkare fokus på kommersialisering av resultat frå forskingsmiljøa er sentralt både i eit sektor- og eit bedriftsøkonomisk perspektiv. Evna til endring og utvikling i ein sektor er nært knytt til korleis den tek i bruk ny kunnskap. På same måte er innhenting av ny kunnskap vesentleg for økonomisk utvikling i bedrifta. Departementet vil medverke til at instituttsektoren på landbruks- og matområdet i auka grad prioriterer innovasjon og kommersialisering av forskingsresultat og legg vekt på dette i oppfølginga av institutta.

Som ein sentral del av innovasjonspolitikken vil departementet arbeide vidare med utfordringar knytt til eigarskap og IPR (immaterielle rettigheitar) frå resultat og funn frå forsking.

Departementet ventar at Forskingsrådet, Innovasjon Norge og institutta samarbeider for å auke innovasjonsgraden i sektoren.

Kunnskapsutvikling for forvaltninga

Forskinga har lange tradisjonar for å hjelpe til med kompetanse inn i politikkutviklinga på landbruks- og matområdet. Både innanfor realfag og samfunnsfag er politikkutforminga basert på resultat og råd frå forsking og forskingsmiljøa. Forskingsmiljøa har òg ei sentral oppgåve i å forvalte internasjonal kunnskap som beredskap i særskilte samanhenger. Departementet legg òg til grunn at landbruks- og matforvaltninga brukar resultat frå forsking og samarbeider med forskingsmiljø for å sikre høg kvalitet og effektivitet i deira arbeid.

Betre forskingskommunikasjon

Forskingskommunikasjon er viktig for å auke samhandlinga mellom næringsliv og forskingsmiljøa og skal medverke til å auke kvaliteten og relevansen i forskinga. Forskingskommunikasjon skal sikre at næringsliv og forvaltning har tilgang på og kan gjere seg nytte av resultat frå forsking på ein mest mogleg effektiv måte.

Forskingskommunikasjonen skal sikre heile befolkninga oppdatert kunnskap på landbruks- og matsektoren. Gjennom dokumenterbar kunnskap er det viktig å synleggjere korleis eit aktivt landbruk og norsk matproduksjon medverkar til å oppnå ulike samfunnspolitiske mål. Aktiv forskingskommunikasjon er òg sentralt for å sikre sektoren sin legitimitet og tillit i samfunnet.

Ein god forskingskommunikasjon er avhengig av at alle aktørar innanfor landbruks- og matsektoren prioriterer å styrkje arbeidet på dette området. Universitet, høgskolar, forskingsinstitutt, Forskingsrådet og Innovasjon Norge har sentrale roller i dette, men òg næringa og næringsorganisasjonane har her ei viktig rolle.

Finansieringsordningar

Kategorien omfattar departementet sine løyvingar over kap. 1137, m.a. finansiering av forskingsprogram i sektoren, samt basisløyving m.m. til seks av landbruks- og matforskingsinstitutta. Næringane si medverknad til finansiering av forsking innanfor landbruks- og matsektoren skjer hovudsakleg gjennom forskingsavgifter, jordbruks- og reindriftsavtalen og gjennom næringslivets eigendel i brukarstyrte prosjekt i forskingsprogramma. Midlar frå utviklingsfondet for landbruket, bygdeutviklingsmidlar og verdiskapingsprogram inngår òg i næringane sitt bidrag til finansiering av forsking og forskingsbasert innovasjon.

Tabell 2.2 Samla oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmidlar som finansierar FoU innanfor norsk mat- og landbruksforsking. (Tal frå 2006)

(i 1 000 kr)

Område

Beløp

Kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet

151 266

Kap. 1137 post 51 Basisløyving til forskingsinstitutt m.m.

183 409

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen

40 000

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen (Reindriftas utviklingsfond)

4 000

Fondet for FoU-avgift på landbruksprodukt1)

88 327

FoU-avgift på skogsvirke (Skogtiltaksfondet)1)

10 038

Utviklingsfondet i skogbruket (kap. 1149, post 51)

3 270

Forsking over Omsetningsavgifta

10 000

Sum

490 310

1)Tal frå 2005 ekskl. administrasjonsutgifter

Departementet har òg løyvingar til forskingsbaserte oppgåver over kap. 1112, 1115, 1141 og 1147. Dette omfattar kunnskapsutvikling og beredskap, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, og utviklingsoppgåver.

Departementet legg til grunn at dei ulike finansieringsordningane blir sett i samanheng og det gir eit auka samspel mellom dei ulike finansieringsordningane.

St. meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning slår fast at næringslivet har eit stort ansvar for å nå vekstmålet på 3 pst. i 2010. Landbruks- og matsektoren består av små aktørar med avgrensa evne til å finansiere forsking. Departementet har lagt vekt på å styrkje den næringsfinansierte forskinga gjennom auka avgifter og gjennom auka bruk av brukarstyrte prosjekt gjennom forskingsprogram.

I dei tre forskingsprogramma, Mat, Areal og Tre, er det teke i bruk ei ny verkemiddelportefølje, noko som var i tråd med anbefalingane i St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning. Dette medverkar til auka næringsfinansiering. Landbruks- og matdepartementet vil i fellesskap med Forskingsrådet følgje opp verkemiddelbruken.

Evalueringa av Skogtiltaksfondet syner at fondet har ført til auka vilje til å bruke ressursar på forskings- og utviklingsarbeid i skogbruksnæringa. Lov om avgift på skogsvirke blei oppheva med ny skogbrukslov f.o.m. 1.1.2006. Dei nødvendige forskrifter om avgifta på skogsvirke er heimla i den nye skogbrukslova og departementet arbeider no med revisjon av forskriftsverket. Skogtiltaksfondet si forvaltning er blitt evaluert av Østlandsforskning, og departementet har på dette grunnlag komme til at arbeidet blir vidareført etter dagens prinsipp.

Kap. 1137 Forsking og utvikling

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Forskingsaktivitet

137 812

151 266

151 266

51

Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

166 564

183 409

190 379

52

Omstillingsmidlar Bioforsk

6 000

26 228

Sum kap. 1137

304 376

340 675

367 873

Kap. 1137 omfattar løyvingar til forskingsaktivitet, hovudsakleg i regi av Forskingsrådet (post 50), basisløyvingar til forskingsinstitutta innanfor departementet sitt sektoransvar (post 51) samt løyving til omstillingstiltak i Bioforsk (post 52). Basisløyvingane omfattar grunnløyving, strategiske instituttprogram og nasjonale oppgåver.

Ein gjer framlegg om 367,873 mill. kroner til landbruks- og matforskinga i 2007. Inklusive midlar til omstilling i instituttsektoren gir dette ein vekst på om lag 8 pst. i forhold til saldert budsjett 2006. Ein gjer framlegg om å auke ramma med 20 mill. kroner til omstillings/utviklingstiltak i 2007 til Bioforsk, jf. omtale under post 52.

Regjeringa vil prioritere forsking på matområdet med 10 mill. kroner av avkastninga fra Fondet for forsking og nyskaping som skal gå til Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land, jf. kap. 286 post 50 i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

Post 50 Forskingsaktivitet

Resultatrapport 2005

Løyvingane har i hovudsak blitt brukt til forskingsprogram, strategiske program og andre forskingsaktivitetar i regi av Forskingsrådet. Noko av aktiviteten under post 50 er støtta opp med midlar frå post 51 av strategiske omsyn. Midlane frå Landbruks- og matdepartementet blei i 2005 brukt til finansiering av i alt tolv forskingsprogram. Ti av desse hadde òg finansiering frå andre departement.

Forskingsrådet sine verdikjedeprogram retta mot primærnæringane og avleia verksemd gjaldt for programperioden 2000-2005. Ein monaleg del av midlane frå departementet til Forskingsrådet har i denne perioden blitt kanalisert gjennom programma Bioteknologi i primærnæringane, Havbruk – produksjon av akvatiske organismar, Jord, planter og husdyr, Marknad og samfunn, Næringsmiddel og Skog – ressursar og verdiskaping. Sluttrapportar og andre sluttpublikasjonar frå desse programma er utarbeidde. Det er gjennomført eit omfattande arbeid for å etablere og setje i gang nye program for primærnæringane og avleidd verksemd, jf. omtale under Fornying av programstrukturen nedanfor.

Rapporteringa under er gjort i forhold til handlingsplanen Prioriteringar innanfor mat- og landbruksforskinga. Nærmare omtale av aktiviteten finn ein i Årsrapport 2005 frå Forskingsrådet under nettpublikasjonar på www.forskningsradet.no.

Trygge matvarer

Forsking for trygg mat inngår i fleire av programma i Forskingsrådet. Programmet Næringsmidler har hatt temaet matvarekvalitet, -tryggleik og forbrukartillit som det største satsingsområdet. Satsinga har m.a. omfatta kartlegging og metodeutvikling for å påvise næringsmiddelskadelege mikroorganismar og for å utvikle modellar for eit risikobasert inspeksjonssystem. Det er gjennomført prosjekt for å få fram kunnskap om antimikrobielle stoff og korleis desse kan utnyttast, og om korleis miljøet kan påverke bakteriar som kan overleve i næringsmiddel og som kan medføre matforgifting. Eit prosjekt om bruk av genmodifiserte planter som mat og fôr er avslutta, og ein held på å utvikle ein metode for påvising av ulike typar av genetisk modifiserte planter i matvarer. Det er òg avslutta eit prosjekt om risiko for smitte av E. coli og metodar for å påvise denne bakterien i matvarer. Denne forskinga blir ført vidare i eit nytt prosjekt. Satsinga på forvaltningsrelatert forsking på matvaretryggleik er vidareført.

Programmet Jord, planter og husdyr held på med eit prosjekt for å etablere eit norsk program for produksjonsstyring som kan gjennomførast ved hjelp av opplæring basert på kvalitetssikra vitskapeleg dokumentasjon, m.a. med vekt på korleis ulike innsatsfaktorar påverkar forbruket av antibiotika i mjølkeproduksjonen. Norsk og internasjonal fjørfekjøttproduksjon står framfor store utfordringar når det gjeld matboren smitte og sjukdom hos dyr, og det blir gjennomført eit prosjekt der ein ventar at resultata skal brukast til forbetring av dyrevelferd og produksjon av sikrare mat. Frå eit avslutta prosjekt er det komme fram resultat om effekten av kalde klimaforhold på transport og nedbryting av plantevernmiddel i jord. Resultata er viktige for rettleiingstenesta i jordbruket, bøndene og forvaltninga. Moderne bioteknologi har gjort det mogleg å gjere planter meir motstandsdyktige mot ulike typar sjukdom, og dette blir utnytta til å utvikle byggplanter med resistens mot Fusarium­sopp.

Produksjon av spesialiserte landbruksprodukt

Kunnskapsbehova knytt til produksjon av spesialiserte landbruksprodukt rekk over eit breitt spekter, frå samfunnsfaglege problemstillingar innanfor entreprenørskap, bedriftsutvikling og marknadsforhold, til produkt- og produksjonskunnskap. Det er sett i gang eit prosjekt om infeksjonskontroll ved småskala landbruksproduksjon med vekt på å kartleggje, kvalitetssikre og forbetre produksjonsprosessane. Prosjektet byggjer m.a. på resultat frå eit program om økologisk infeksjonskontroll, og vil omfatte mikrobiologisk forsking samt rådgiving knytt til småskala og økologisk matproduksjon for mjølk, ost og kjøtt. Eksemplar på prosjekter som er starta er utvikling av nye produkt av bær, utnytting av eigenskapar i byggkorn med mogleg effekt for helsa. Ein vesentleg del av Skogprogrammets midlar er knytt til produksjon av spesialiserte landbruksprodukt, m.a. forsking på skogproduksjon og vidareforedling av tre tilpassa behova i byggjeindustrien. Det blei òg sett i gang eit nytt prosjekt om nye tenester og produkt innanfor utmarkssektoren, og eit prosjekt om berekraftig elgforvaltning i skandinavisk skog. Reindriftsnæringa har eit klart potensial for nye produkt og produksjonar, og det er teke initiativ til eit tettare samarbeid mellom Forskingsrådet og Styret for forskingsmidlar over reindriftsavtala.

Kollektive gode

Kollektive gode er gode frå landbruksverksemd som til dømes kulturlandskap, levande bygder og bidrag til rekreasjon. Programmet Marknad og samfunn har sett dette i fokus, og fleire prosjekt er starta. Ein meir systematisk bruk av utmarka er viktig for å auke inntektene frå turisme, og eit prosjekt vil spesielt vurdere om innlandsfiske kan utnyttast betre. Dersom ein skal satse meir på turisme krev det ein positiv kollektiv innsats frå bygdene. I eit prosjekt vil ein spesielt sjå på om slike føresetnader er til stades og kva som eventuelt er flaskehalsane. Det er vidare behov for å vurdere den norske bruk og vern-tradisjonen, og eit prosjekt vil sjå nærmare på dette. Programmet Landskap i endring har starta fleire nye prosjekt med relevans for dette innsatsområdet, m.a. innanfor temaet Fjellområde og kulturlandskap.

Biologisk mangfald

Biologisk mangfald vil kunne vere kjelde til ny verdiskaping på fleire område og relevant forsking er gjennomført i fleire program i Forskingsrådet. Forskingsmessig oppfølging av Konvensjonen om biologisk mangfald har stått sentralt med vekt på dei internasjonale prinsippa om berekraftig bruk og integrert økosystemforvaltning. På fleire område er det hausta gode erfaringar med at store tverrfaglege forskingsprosjekt blir utvikla i nært samarbeid med brukarane og dannar grunnlag for bruk og forvaltning av ressursane. Det blir m.a. gjennomført to store tverrfaglege økosystemprosjekt i Finnmark og i det norske skoglandskapet som begge vil supplere landbruksforvaltninga med viktig ny kunnskap for ein heilskapleg økosystembasert forvaltning. Det er òg starta eit prosjekt der målet er å studere produksjon, bestandsdynamikk, forynging og biologisk mangfald etter lukka hogst i granskog. Artsdatabanken og Noregs forskingsråd arrangerte i juni 2005 eit seminar om framtida for norsk biosystematikk og taksonomi.

Klima og energi

Konsekvensar av klimaendringar for langsiktig produktivitet i dei kultiverte økologiske systema knytt til jordbruk, skogbruk og reindrift har vore forskingstema innanfor programmet NORKLIMA. Det er m.a. avslutta eit prosjekt som har studert endringar i vegetasjonsdekket på Finnmarksvidda grunna varmare vêr og meir regn. Innanfor Skogprogrammet er det i gang eit prosjekt som tek for seg klimaresponsar i boreale skogøkosystem med hovudvekt på endringar i produktivitet og vegetasjon. Bioenergi er eit sentralt tema innanfor programmet RENERGI. Eit prosjekt skal gi auka kunnskap om moglegheiter og hindringar for bruk av skogbasert bioenergi i Noreg, eit anna prosjekt skal utvikle prosessar for produksjon av biodrivstoff frå nordiske råstoff, t.d. tømmer.

Økologisk landbruk

Det er lagt vekt på oppfølging av prioriteringsdokumentet Prioritering av forskning på økologisk produkson om omsening. Rapport til Noregs forskningsråd Januar 2005 for vidare forsking innanfor økologisk landbruk. I programmet Marknad og samfunn blei det avsett 0,8 mill. kroner til igangsetjing av nye prosjekt som ein del av den planlagde fellessatsinga med m.a. Styret for forskingsmidlar over Jordbruksavtala. Samarbeidet i Rådet for økologisk produksjon og omsetnad er vidareført, noko som har stor verdi når det gjeld bruk av verkemidlar til utviklingstiltak og forsking på feltet. Det er gjennomført ei særskilt utlysing våren 2006 for å auke aktiviteten av nye prosjekt. Det er vidare nedlagt eit stort arbeid med nasjonale innspel til ERAnettet CORE Organic, som er eit internasjonalt samarbeidsorgan for å styrkje kvalitet, relevans og ressursutnytting i europeisk forsking innanfor økologisk landbruk og matproduksjon.

Kunnskapsgrunnlag for politikkutforming

Endringar i internasjonale rammevilkår reiser behov for fornying av så vel modellar som analyseverktøy i utvikling av matvarepolitikken, og Noreg treng å løfte sitt eige kunnskapsnivå om internasjonale reguleringar innanfor matvareområdet. Det er sett i gang to nye prosjekt som omhandlar dette. Produktivitetsutviklinga i primærnæringane held fram. Bygdesamfunn må kollektivt gjere sitt beste for å tiltrekkje seg og utvikle ny næringsverksemd innanfor t.d kulturnæring og naturbasert reiseliv for å halde på folkesetnaden. Her er det starta ny forskingsaktivitet for å identifisere flaskehalsar. Eit stort arbeid med å utgreie forskingsbehov innanfor dyrevelferd i Noreg blei avslutta våren 2005 med forslag til prioritering av forskingsbehova framover.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Forskingsrådet har i 2005 hatt formannskap og sekretariatsansvar for den nordiske samarbeidsorganisasjonen innanfor skogforsking SamNordisk Skogforsking (SNS), og for den tilsvarande nordiske organisasjonen på jordbrukssida Nordisk kontaktorgan for jordbruksforsking (NKJ). Ansvaret for begge desse nordiske organisasjonane er overført til Finland frå og med 2006. NKJ har teke initiativ overfor det norske formannskapet i Nordisk Ministerråd med tanke på å sjå forsking på matområdet i Norden under eitt. Trygg mat er eit høgt prioritert tema i heile Norden. Vidare er det etablert eit nordisk FoU-samarbeid på utvalde tema innanfor matvaretryggleik i Nordisk InnovasjonsCenter (NICe). Forskingsrådet har på vegne av Landbruks- og matdepartementet halde fram med å arbeide aktivt for å få dei norske FoU-miljøa og næringslivet til å delta i EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Det er gitt støtte til søknadsførebuingar til bedrifter og FoU-miljø. Delprogrammet Food Quality and Safety i EUs 6. rammeprogram er mest relevant for Landbruks- og matdepartementet. I 2005 fekk norske miljø tilslag for fleire viktige prosjekt innanfor matområdet der dei har vesentlege roller. Noreg er med i fleire ERA-NET prosjekt som er ein del av EUs 6. rammeprogram. Arbeidet med å førebu EUs 7. rammeprogrammet starta med full tyngde i 2005.

Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med Forskingsrådet teke del i arbeidet med vidareutvikling av Nord-Amerika-samarbeidet på landbruks- og matområdet. Stimuleringsmidlar blei tildelt 20 prosjekt innanfor tema mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt.

Forskingsmiljøa innanfor landbrukssektoren er òg aktive deltakarar i det internasjonale forskarnettverket som er organisert av COST (European Co-operation in the Field of Scientific and Technical Research).

Forskingsrådet har òg støtta norsk deltaking innanfor IEA-programmet (International Energy Agency) Bioenergy og stimulert til auka Eureka-samarbeid gjennom forskingsprogramma. Deltaking i Standing Committee on Agricultural Research (SCAR) har òg vore ei viktig oppgåve.

Forskarrekruttering

Talet på forskarrekruttar innanfor landbrukssektoren var aukande fram til 2003. Dei to siste åra har talet på årsverk doktorgradsstipend finansiert gjennom Forskingsrådet gått noko ned, frå 103 i 2004 til 99 i 2005, medan talet på postdoktorstipend har auka monaleg frå 43 i 2004 til 54 i 2005. Kvinnedelen for begge typar stipend var i 2005 63 pst. I tillegg til midlar frå Landbruks- og matdepartementet blei det brukt generelle midlar frå Utdannings- og forskingsdepartementet til forskarrekruttering i sektoren. Det blei avlagt 32 doktorgrader innanfor sektoren i 2005. 21 av dei blei avlagt av kvinner.

Fornying av programstrukturen i 2006

Det er etablert ein ny generasjon program frå og med 2006 innanfor landbruk og marin sektor. Programma skal vere med på å møte dei nasjonale innovasjonsutfordringane på ein betre måte, og stimulere til auka FoU-investeringar i næringslivet.

Dei tre nye programma Matprogrammet: Norsk mat frå sjø og land, Areal- og naturbasert næringsutvikling og Treer alle godt i gang etter fleire utlysingsrundar hausten 2005 og våren 2006. Målet er konkrete resultat i form av nye varer og tenester, nye næringsvegar i kyst- og bygdesamfunn og eit betre kunnskapsgrunnlag for forvaltning av biobaserte ressursar. I ein slik omleggingsfase finn departementet det nødvendig å gi ein kort statusrapport frå drifta av dei tre nye innovasjonsretta programma. Budsjettforslaget for 2007 er basert på desse nye verkemidla.

Matprogrammet: Norsk mat frå sjø og land

Programmet dekkjer heile verdikjeda frå primærproduksjon til marknad/forbrukar både for landbruksbaserte og for marine matvarer med unntak av havbruk. Programmet skal medverke til innovasjonar i primærnæringane, næringsmiddelindustrien og leverandørindustrien for å oppnå auka kunnskapsinnhald, mangfald og konkurransekraft i heile verdikjeda. Programmet skal òg medverke til innovasjonar ved auka forskingsbasert kunnskap i den offentlege matforvaltninga.

Det har vore stor interesse for Matprogrammet både i næringslivet og i forskingsmiljøa. Det er gitt støtte til 74 søknadar med eit samla beløp på 60 mill. kroner for 2006. Programmet har lukkast bra med den planlagde dreiinga mot meir næringsretta forsking.

I 2006 er Matprogrammet knytt direkte opp mot EUs 6. rammeprogram gjennom deltaking i felles utlysingar i tre relevante ERA-NET prosjekt. Dette gjeld SAFEFOODERA (Mattryggleik), CORE Organic (Økologisk produksjon) og ERASme (utlysing innanfor helsefremmande mat). Ein ser på dette som eit viktig skritt for å gjere den norske matforskinga endå meir internasjonal.

Areal- og naturbasert næringsutvikling (AREAL)

Programmet skal utvikle kunnskap til støtte for areal- og landskapsbasert næringsutvikling i form av m.a. naturbasert turisme og reiseliv, grøn omsorg og tilrettelegging av næringsutvikling i utmark og areal som ligg inntil verna område. Ein viktig del av programmet er å medverke til lønnsame vare- og tenesteproduksjonar som supplement til dei tradisjonelle volumproduksjonane i bygde- og kystsamfunna. Næringsutvikling på områda mat og tømmer blir ivareteke i dei to andre programma.

Programmet støtta 29 søknader med eit samla beløp på vel 21 mill. kroner for 2006. Programmet har i sitt første år medverka til ei sterkare nyskapings- og næringsorientering av forskingsinnsatsen.

Behovet for ei eiga satsing på politikkutforming er blitt stadfesta, og gjennom ein dialog med næring, forvaltning og fleire departement har AREAL-programmet prioritert områda bruk og vern, arealplanlegging og internasjonale avtaleregime innanfor handel.

TRE

Noregs forskingsråds program for skog- og treforsking skal medverke til auka verdiskaping gjennom forsking og utvikling i norsk skogbruk og skogbasert industri. Det er ei målsetjing at satsinga skal medverke til auka bruk av trevirke og skape vekstvilkår for norsk skogbasert industri. Utvikling av innovative produkt gjennom utradisjonell bruk av trevirke, og bruk av trevirke i samspel med andre materiale, vil vere viktige ledd i dette. Programmet er basert på meir brukarstyrt forsking og meir brukarmedverknad enn tidlegare program. Delen brukarstyrte prosjekt har auka frå 20 pst. til 55 pst. av ramma til programmet.

Noregs forskingsråd samarbeider med Innovasjon Norge gjennom det som har fått namnet Fellessatsing TRE. Innovasjon Norge forvaltar midlar for Landbruks- og matdepartementet i Trebasert innovasjonsprogram, som var nytt i 2006. Samarbeidet femner den delen av dei trefokuserte programma i dei to organisasjonane som støtter næringslivet sine forskings- og utviklingsprosjekt (brukarstyrt forsking). Det blei frå Forskingsrådet gitt tilsegn om støtte til 14 søknader, med eit samla beløp på 6 mill. kroner for 2006. Innovasjon Norge tok del i finansiering av to av desse søknadene. Internasjonalt samarbeid vil i 2007 bli styrkt gjennom deltaking i ERA-nettaktiviteten WoodWisdom-Net, der det i 2007 blir lagt opp til å gjennomføre felles utlysing av midlar til FoU-prosjekt innanfor skog- og trebasert verdiskaping.

MILJØ 2015

Programmet Miljø 2015 har planlagt oppstart i 2007 og omfattar viktige kunnskapsområde for Landbruks- og matdepartementet der m.a. utfordringar og kunnskapsutvikling om samfunnsmessige drivkrefter og rammer for berekraftig utvikling står sentralt.

Budsjettframlegg 2007

Post 50 Forskingsaktivitet

Departementet gjer framlegg om å løyve 151,2 mill. kroner til forskingsaktivitet innanfor landbruks- og matforskinga i 2007.

Aktiviteten knytt til post 50 er i hovudsak retta mot dei fire programsatsingane Norsk mat frå sjø og land, Areal- og naturbasert næringsutvikling, Tre og Miljø 2015. Landbruks- og matdepartementet støtter både innrettinga og den raske etableringa av programma, og vil i 2007 leggje vekt på at forskingsaktiviteten tek opp i seg dei forskingspolitiske og tematiske prioriteringane gitt i kat. 15.20.

Internasjonalt forskingssamarbeid vil hovudsakleg skje med basis i EØS-avtala, gjennom deltaking i EU sitt 6. og 7. rammeprogram, det Europeiske forskingsområdet, ERA og som observatør i SCAR. Arbeidet med å auke deltakinga i internasjonale forskingsnettverk må halde fram. På dette området fører Forskingsrådet vidare ordninga med delfinansiering av eigendelen når institutta får tildelt prosjekt frå EU.

Landbruks- og matdepartementet fører vidare satsinga på forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika innanfor områda mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt. Hausten 2005 ble det oppretta ei chair-ordning, the Norwegian Centennial Interdisciplinary Chair ved Universitetet i Minnesota, for å fremme mobilitet og forskingssamarbeid innanfor dei prioriterte områda. Etableringa vil skje som innbetaling til eit fond - the University of Minnesota Foundation. Landbruks- og matdepartementet vil gi økonomisk bidrag til dette.

Innanfor det nordiske forskingssamarbeidet vil departementet leggje vekt på oppfølging av arbeidet med å etablere meir effektive og kvalitetsfremmande prosedyrar for evaluering og finansiering av nordiske forskingsprosjekt innanfor vår sektor. Dette må sjåast i samanheng med Ministerrådets pågåande arbeid med å vurdere konsekvensane av, og eventuelt modeller for, å opne grensene mellom de nordiske land når det gjeld finansiering av forsking.

Landbruks- og matdepartementet vil fortsetje å delta i dei store programma Funksjonell genomforsking (FUGE), NORKLIMA og RENERGI.

Program for kommersialisering av FoU-resultat (FORNY) skal stimulera til kommersialisering av forskingsresultat. Landbruks- og matdepartementet støttar særleg prosjektutvikling og verifisering av teknologiske prosjekt. Løyvinga blir vidareført i 2007 på same nivå som i 2006. For å betre arbeidet med kommersialisering av FoU ga departementet i 2004 støtte til etableringa av Biopolis. Biopolis blei i 2005 slått saman med Bioparken til eit felles aksjeselskap for kommersialisering og næringsutvikling.

Stortinget vedtok i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehald og dyrevelferd å forby kastrasjon av hanngris frå 1.1.2009. Noreg er aleine om å ha vedteke eit totalforbod mot kastrering. I 2004 blei Hanngrisprogrammet med støtte frå næringa, og med ei samla ramme på 45 mill. kroner, sett i verk for å finne ei løysing på problema knytt til rånelukt på kjøtt frå ukastrert gris. Ein førebels rapport syner at gjennomføringa av programmet ikkje vil vere nok til å nå målet innan 2009. Ytterlegare internasjonal forsking og ein monaleg auke i ressursane òg i andre land ser ut til å vere nødvendig for å løyse problemet. Samtidig har programmet dokumentert at når kastrering utførast av veterinær med lokalbedøving gir dette god effekt på grisen sin velferd. Departementet meiner derfor at kastrasjon av hanngris bør vidareførast etter 1.1.2009. Forskinga på området må sjåast i samanheng med anna internasjonal forsking. Departementet vil komme tilbake til Stortinget når nye evalueringar er klare.

Noreg vil fortsetje å delta i EUs strålevernprogram (EURATOM) i perioden 2007-2011. Deltakinga er viktig for å oppretthalde Noregs kompetanse innanfor strålevern som har stor verdi i beredskapssamanheng.

Departementet legg framleis stor vekt på at midlane frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og avgifta på skogsvirke blir nytta fullt ut som eit viktig ledd i næringslivet si finansiering av forsking.

Departementet legg på same måte som tidlegare vekt på å halde oppe innsatsen innanfor forskarrekruttering. Rekrutteringa bør skje via både stipendiatar og post.doc forskarar.

I revidert nasjonalbudsjett 2005 og i Budsjett-innst. S. nr. 8 (2005-2006) var det ein omtale under Landbruks- og matdepartementet vedrørande utnytting av spillvarme til oppdrett. I samband med Stortingets behandling av saka blei Landbruks- og matdepartementet bedt om å leggje til rette for at prosjektet kan vidareutviklast. Prosjektet medføre fleire ulike problemstillingar som i hovudsak relaterast til den gjeldande havbrukspolitikken. I tråd med dette er den vidare oppfølginga overført frå Landbruks- og matdepartementet til Fiskeri- og kystdepartementet.

Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

Noregs forskingsråd har i 2007 ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til seks forskingsinstitutt som Landbruks- og matdepartementet har sektoransvar for: AKVAFORSK, Bioforsk, Bygdeforsking, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet.

Hovudoppgåvene for landbruks- og matinstitutta er å vere dei viktigaste som tilbyr bruksretta forsking til næringsliv og forvaltning, å vere reiskap i den offentlege FoU-politikken for å utvikle kunnskap på nasjonalt prioriterte område i arbeidsdeling og konkurranse med UoH-sektoren, og gjere forvaltningsretta oppgåver og spesialiserte tenester for det offentlege.

Fleire av landbruks- og matforskingsinstitutta utfører oppgåver innanfor kunnskapsutvikling og beredskap på vegne av departementet, jf. kap. 1112, 1139 og 1141.

Hovudtrekk i utviklinga

Etter å ha hatt eit samla positivt driftsresultat i perioden 2001-2004 fekk landbruksforskingsinstitutta eit nullresultat i 2005. Driftsinntektene har auka frå 638 mill. kroner i 2001 til 745 mill. kroner i 2005 (ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter). Nokre av institutta har likevel hatt negative driftsresultat i perioden.

Forskingsrådet kanaliserte i 2005 knapt 223 mill. kroner til institutta, fordelt med vel 148 mill. kroner som basisløyvingar (grunnløyving + strategiske instituttprogram) og knapt 75 mill. kroner som ordinære prosjektmidlar og andre løyvingar. Den samla basisløyvinga til institutta, som del av dei samla driftsinntektene, har vist ein svak reduksjon dei siste fem åra, frå knapt 22 pst. i 2001 til knapt 20 pst. i 2005. Grunnløyvingane til institutta er auka med 8,6 mill. kroner frå 2001 til 2005, medan løyvingane til strategiske instituttprogram er auka med 2,3 mill. kroner i same periode. Av strategiske omsyn er noko av forskingsaktiviteten ved institutta, finansiert under post 50, støtta opp med midlar frå post 51.

Tabell 2.3 Oversikt over økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2005

Drifts- inntekter 1

Drifts- resultat1

Grunn- løyving

Løyving til strategiske program

Basisløyving pr. forskar­årsverk

Basisløyving. i pst. av drifts­inntektene

Mill. kr

1 000 kr

Mill. kr

Mill. kr

1 000 kr

Pst.

AKVAFORSK

74,7

2 395

11,1

14,1

719

34 %

Bygdeforsking

17,5

263

2,8

3,4

361

36 %

Jordforsk

57,9

-2 208

5,5

4,6

256

17 %

NILF

41,9

1 013

5,0

2,6

245

18 %

NORSØK

12,4

-2 697

2,4

1,4

197

30 %

Planteforsk

247,6

-1 533

39,6

11,0

353

20 %

Skogforsk

74,3

1 060

20,7

8,5

525

39 %

Veterinærinstituttet

219,1

1 677

9,3

6,3

181

7 %

SUM

745,1

-30

96,4

51,9

Gjennomsnitt 347 20 %

1 Samla inntekter ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter.

Institutta har i 2005 hatt oppdragsinntekter frå offentleg forvaltning på 130 mill. kroner og same beløp frå næringslivet. I femårsperioden frå 2001 til 2005 har inntektene frå oppdrag for offentleg forvaltning auka med knapt 23 pst., medan dei har auka med vel 52 pst. for næringslivet.

Tabell 2.4 Oversikt over personale, publisering og formidling ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2005

Samla årsverk

Forskar­årsverk. i pst. av totalt antall årsverk

Tilsette med dr. grad pr. forskar­årsverk

Vit. artiklar m/referee pr. forskar­årsverk

Faglege rapportar pr. forskar­årsverk1

Annan formidling pr. forskar­årsverk 2

Antall

Pst.

Forh. tal

Forh. tal

Forh. tal

Forh. tal

AKVAFORSK

84

42 %

1,00

1,09

1,5

4,2

Bygdeforsking

22

79 %

0,53

0,29

1,3

9,9

Jordforsk

76

52 %

0,56

0,68

2,9

5,3

NILF

62

50 %

0,39

0,35

1,3

4,2

NORSØK

26

73 %

0,36

0,53

0,9

9,4

Planteforsk

345

41 %

0,63

0,40

0,4

5,3

Skogforsk

97

58 %

0,61

0,61

0,5

4,6

Veterinærinstituttet

272

32 %

0,77

1,22

0,7

3,5

Gjennomsnitt

43 %

0,64

0,67

0,9

5,0

1 Omfattar rapportar i eigen rapportserie, i ekstern rapportserie og rapportar til oppdragsgjevarar.

2 Omfattar fagbøker, lærebøker, kapitel/artiklar i bøker, foredrag/framlagde paper/poster, populærvitskaplege artiklar og foredrag.

Personalressursane utgjorde i 2005 984 årsverk, ein nedgang på 5 årsverk frå 2001. 43 pst. av desse årsverka er klassifisert som forskarårsverk. Dette er ein auke frå 40 pst. i 2001. Delen av forskarar med doktorgrad har auka frå 60 pst. i 2001 til 65 pst. i 2005. Delen av kvinnelege forskarar har auka frå 37 pst. i 2001 til 42 pst. i 2005. I alt 59 doktorgradsstipendiatar hadde arbeidsplass ved institutta i 2005, av desse var knapt 60 pst. kvinner. I tillegg kjem 21 andre tilsette som arbeider med doktorgrad, slik at samla tal på tilsette som arbeidde med doktorgrad i 2005 var 80.

I dialogen med institutta har Forskingsrådet fokusert på publisering i internasjonale tidsskrift. Fleire av institutta har innført ulike incentivordningar for å fremme internasjonal publisering. Talet på vitskaplege artiklar publisert i tidsskrift med referee-ordning har auka frå 214 i 2001 til 287 i 2005. Utrekna som artiklar pr. forskarårsverk er dette ein auke frå 0,52 i 2001 til 0,67 i 2005.

Fornying og samordning innan institutt og universitets- og høgskolesektoren

På landbruks- og matområdet er det dei siste åra gjennomført fleire tiltak for å etablere større, meir robuste og konkurransedyktige forskingsinstitusjonar.

Bioforsk blei etablert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter frå 1.1.2006 og omfattar dei tre tidlegare institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006). I samband med etableringa er det sett i gang eit stort arbeid med omstilling og utvikling av einingane i instituttet. Dette er nærmare omtalt i kap. 1137 post 52. Delar av instituttet si verksemd er elles omtalt i kap.1112.

Frå 1.7.2006 blei Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) slått saman for å styrkje og effektivisere kunnskaps- og informasjonsproduksjonen knytt til arealressursane skog, jord, utmark og landskap. Skogforskinga vil vere den viktigaste forskingssatsinga for Norsk institutt for skog og landskap òg framover.

Dei to nye institutta skal medverke til forsking, kunnskap og utvikling til støtte for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken. Desse institutta skal no gis moglegheiter til å prioritere arbeidet med fagleg og organisatoriske tilpassingar til auka nasjonal og internasjonal konkurranse. Landbruks- og matdepartementet har følgjande forventningar til Bioforsk og Norsk institutt for skog og landskap:

  • etablere internasjonalt konkurransedyktige forskingsmiljø

  • vere aktive premissleverandørar i lokal og regional næringsutvikling

  • integrere internasjonal, nasjonal og regional forsking og å auke synergiar på tvers av fagområda

  • styrkje samarbeidet mellom institutta innanfor sektoren og universitets- og høgskolesektoren

  • utnytte felles ressursar slik at ein unngår oppbygging av parallell kompetanse og infrastruktur.

Institutta er sentrale på ei rekkje tematiske område. Det er eit viktig mål å halde vedlike og vidareutvikle denne kunnskapsbasen. Kontakta med næringa og den fysiske nærleiken til oppdragsmarknaden gir òg instituttsektoren særlege føresetnader for å spele ei sentral rolle i kunnskapsoverføringa til næringslivet, og vere aktiv i utviklingsfasen av nye produkt og tenester innanfor eksisterande og nytt næringsliv.

I St.prp. nr. 66 (2005-2006) gjorde regjeringa greie for arbeidet med å omstrukturere forskingsinstitutta innanfor den blå-grøne sektoren. NOFIMA AS blei oppretta i 2005 og arbeider med å leggje grunnlaget ei omstrukturering i tråd med føringane frå Stortinget. Dette inneber m.a. vurdering av behov for eigenkapital i NOFIMA AS. Arbeidet gjennomførast i nært samarbeid mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, og det er eit siktemål at det endelege selskapet skal vere i funksjon frå 1.1.2008.

Det er ein føresetnad at forskingsaktiviteten innanfor ramma av NOFIMA AS skal haldast oppe og utviklast vidare på noverande lokalitetar i Bergen, Tromsø, Ås, Averøy og Sunndalsøra.

Når det gjeld omtale av framtidig organisering av Noregs veterinærhøgskole og Universitet for miljø og biovitskap, er det omtalt følgjande i Kunnskapsdepartementets budsjettframlegg:

I St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005 vart det gjort greie for vurdering og status i saka om framtidig organisering av Noregs veterinærhøgskole og Universitet for miljø og biovitskap. Kunnskapsdepartementet har i dialog med institusjonane utarbeidd eit grunnlagsmateriale som skal kvalitetssikrast av eit eksternt konsulentfirma i tråd med rutinane for kvalitetssikring av store statlige investeringsprosjekt. Ein tar sikte på å leggje fram saka for Stortinget i revidert nasjonalbudsjett 2007.

Budsjettforslag 2007, post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 190,379 mill. kroner som basisløyving til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving, strategiske instituttprogram og nasjonale oppgåver. I tillegg vil Landbruks- og matdepartementet vurdere behova knytt til etableringa av NOFIMA AS.

Med bakgrunn i St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning, har Utdannings- og forskingsdepartementet gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å utarbeide forslag til nytt finansierings- og tildelingsregime for basisløyvingane til forskingsinstitutt og forslag til nye retningsliner for statleg finansiering av desse institutta. Basisløyvinga som MATFORSK får frå forskingsavgifta på landbruksprodukt skal òg inngå i denne gjennomgangen. Ein kjem tilbake til saka i budsjettet for 2008.

Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Departementet føreset at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.

Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

(i 1000 kr)

Nemning

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Grunnløyving til forskingsinstitutt

109 105

113 251

Strategiske instituttprogram

62 972

67 512

Nasjonale oppgåver

9 264

9 616

Investeringsstøtte

2 068

0

Sum post 51

183 409

190 379

Grunnløyvingar til forskingsinstitutt

Grunnløyvingane skal gå til aktivitetar som er sentrale for forskinga ved institutta, slik som langsiktig kompetanseutvikling, fagleg fornying, rekruttering, forsking innanfor institutta sine kjerneområde, vitskapleg utstyr, kvalitetssikring, nettverksbygging, publisering og formidling.

Strategiske instituttprogram

Noregs forskingsråd tildeler strategiske program til institutt og forskings-miljø ved universitet og vitskaplege høgskolar innanfor Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar. Målet er å skape forskingsmiljø av høg kvalitet gjennom målretta grunnleggjande forsking, brukarretta forsking og kompetanseoppbygging, slik at dei kan utvikle seg til gode reiskap for forsking, forvaltning og næringsliv innanfor sektoren. Programma skal føre til fagleg styrking og spesialisering innanfor område som er aktuelle for næringsutvikling. Forskarutdanning skal vere eit sentralt element i programma. Gjennom strategiske program kan ein medverke til ei god arbeidsdeling og eit godt samarbeid mellom FoU-miljøa med sikte på arbeid på tvers av ulike fag- og institusjonsgrenser og betre utnytting av den samla spisskompetansen innanfor landbruks- og matforskinga.

Dei strategiske programma skal brukast til å utvikle kompetanse innanfor prioriterte forskingsfelt og felt der det er behov for rekruttering, og til å etablere og vidareutvikle faglege tyngdepunkt.

Nasjonale oppgåver

Løyvinga skal dekkje utgifter knytt til Norsk institutt for skog og landskap og Bioforsk som gjeld bibliotek, referansesamlingar, deltaking i internasjonale organisasjonar og utgreiings- og informasjonsoppgåver. Det er sett av midlar til medlemskap i Nordiske jordbruksforskarars foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremme jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden.

Investeringsstøtte

I 2007 blir det ikkje tildelt midlar til investeringsstøtte.

Landbruks- og matforskingsinstitutta

Institutt for akvakulturforsking AS (AKVAFORSK)

Rapport 2005

AKVAFORSK er eit aksjeselskap eigd av UMB, Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO), NVH, kommunane Sunndal og Averøy, Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Instituttet har ein stor del av verksemda si i Møre og Romsdal, medan hovudkontoret ligg på Ås. AKVAFORSK har som mål å vere leiande innanfor forsking og kunnskapsoverføring i moderne akvakultur. Kjerneområde er avl/genetikk, ernæring, produksjonsstyring/miljø og produktkvalitet.

AKVAFORSK sitt økonomiske resultat var positivt kvart år i perioden 2003-2005 etter å ha hatt driftsunderskott kvart år i perioden 2000-2002. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 25,2 mill. kroner i 2005, noko som er ein auke på 3,7 mill. kroner frå 2004. I 2005 var den 34 pst. av totalinntektene. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2001 til 2005 auka frå 76 til 84. Talet på forskarar som del av samla årsverk var i 2005 42 pst. AKVAFORSK hadde i 2005 tre strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2007

AKVAFORSK skal vere leiande innanfor sine spesialfelt avl/genetikk, ernæring og kvalitet. Instituttet skal produsere tverrfagleg kunnskap for å skape ei lønnsam akvakulturnæring innanfor rammene av ei berekraftig utvikling. Laks og aure er framleis hovudartar, men arbeidet for å overføre kunnskap frå dei etablerte artane til nye artar skal halde fram. Forskinga skal konsentrerast om hovudutfordringane: Avl med sikte på tilpassing av artar til oppdrett, god produktkvalitet, etisk produksjon og godt oppdrettsmiljø. Det skal særleg satsast meir på å få til effektiv utnytting av fôr og forsking på nye fôrmiddel. Totalkompetansen ved AKVAFORSK skal vere eit viktig verkemiddel for utvikling og større overskott for havbruksnæringa. Den breie kompetansen må nyttast i undervisninga AKVAFORSK utførar.

Det er viktig å halde oppe den faglege verksemda parallelt med aktiv deltaking i dei vidare prosessane i den blå-grøne matalliansen, der AKVAFORSK vil vere ein sentral aktør. I tillegg er det viktig å utvikle samarbeid med fagmiljøa knytt til Universitetet for miljø- og biovitskap, samt Noregs Veterinærhøgskole.

Bioforsk

Rapport 2005

Bioforsk er etablert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter frå 1.1.2006. Institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk har gått inn i Bioforsk frå same dato. Rapporten for 2005 omfattar derfor kvart av dei tre institutta.

Jordforsk hadde driftsoverskott i 2001, men har hatt driftsunderskott kvart år etter dette. Basisfinansieringa til instituttet var i 2005 på 10,1 mill. kroner, ein nedgang med 1,0 mill. kroner frå 2004. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var i 2005 17 pst. av dei samla driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2001-2005 vore stabilt på 75-78. Jordforsk har i 2005 hatt eitt strategisk instituttprogram som del av basisløyvinga frå Landbruks- og matdepartementet gjennom Noregs forskingsråd. I tillegg har instituttet hatt fleire strategiske instituttprogram finansiert av basisløyvinga frå Miljøverndepartementet gjennom Noregs forskingsråd.

NORSØK sitt økonomiske resultat har vore positivt kvart år i perioden 2002-2004, men instituttet hadde eit negativt driftsresultat i 2005 på heile 22 pst. av dei samla driftsinntektene. Basisfinansieringa blei redusert frå 4,3 mill. kroner i 2004 til 3,8 mill. kroner i 2005 og utgjorde i 2005 om lag 30 pst. av dei samla driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet har vore mellom 23 og 26 årsverk i perioden 2001-2005. NORSØK har i 2005 hatt eitt strategisk instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Planteforsk har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 2001-2004, men hadde i 2005 eit negativt driftsresultat. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2001-2005 gått ned frå 355 til 345. Basisfinansieringa var i 2005 på 50,5 mill. kroner som er ein nedgang på 2,6 mill. kroner frå 2004. Basisfinansieringa har i perioden 2001-2005 vore stabil på om lag 20 pst. av dei samla driftsinntektene. Planteforsk har i 2005 hatt seks strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2007, jf. òg kat. 15.20 og kap. 1112 post 51 og 52

Den overordna visjonen for Bioforsk er trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping basert på langsiktig ressursforvaltning. Bioforsk skal vere ein regional, nasjonal og internasjonal konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar gjennom forsking og utviklingsarbeid innanfor planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfaglege spørsmål. Instituttet skal medverke til auka innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvaltning og matproduksjon til nytte for næring, forbrukarar og samfunn.

Bioforsk er eit felles institutt for Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet med basisløyve frå begge, og skal vidareføre og vidareutvikle den forskingsbaserte faglege plattforma og profilen som Jordforsk, NORSØK og Planteforsk har hatt innanfor områda nemnt ovanfor. Instituttet må utvikle faglege strategiar som utnytter synergiane mellom dei tre tidlegare institutta, slik at Bioforsk står fram som ein sentral kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk med basis i forsking av høg kvalitet.

Samtidig skal Bioforsk aktivt hjelpe til med kunnskap for å fremme verdiskaping og berekraftig utvikling i fleire sektorar, men med eit særskilt ansvar for verdiskaping og nyorientering i norsk landbruk i vid forstand.

Arbeidet med å utvikle og gjennomføre dei faglege og organisatoriske tiltaka som dette breie ansvaret krev, parallelt med å etablere Bioforsk som eit anerkjent forskingsinstitutt, vil vere hovudutfordringa i 2007.

Som gjort greie for i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) er det i samband med etableringa av Bioforsk òg etablert eit husleigesystem for dei statlege eigedomane som Bioforsk treng i verksemda. Leigekontrakt er inngått med utgangspunkt i 10 års leige med moglegheit til å forhandle om endringar i leigetida. Leigeinntektene er budsjettert under kap. 4112. Leigesystemet har auka kostnadene for tenestene frå Bioforsk. Løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet til FoU og FoU-baserte tenester blei derfor auka i 2006, og dette er vidareført i framlegga for 2007. Husleigesystemet skal medverke til optimal bruk av eigedomsmassen, slik at eigedommar som ikkje trengs for FoU-verksemd kan nyttast på annan måte, ev. avhendast.

Norsk senter for bygdeforsking (Bygdeforsking)

Rapport 2005

Stiftelsen Bygdeforsking har som mål å vere eit nasjonalt senter som gjennom forsking og utviklingsarbeid skal gi fakta, analysar, idear og ny kunnskap som kan medverke til ei positiv utvikling på bygdene. Bygdeforsking har eit nasjonalt ansvar for å utvikle og ta vare på ein teoretisk og metodisk grunnleggjande forskingskompetanse innanfor bygdesosiologi.

Bygdeforsking har hatt eit positivt driftsresultat i heile perioden 2001-2005, med unntak av eit lite underskott i 2003. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 6,2 mill. kroner i 2005. Basisfinansieringa har i perioden 2001-2005 auka frå 31 til 36 pst. av dei samla driftsinntektene. Talet på årsverk har vore mellom 18 og 22 i perioden 2001-2005. Talet på forskarar som del av samla årsverk var i 2005 79 pst., same del som i 2001. Bygdeforsking har i 2005 hatt tre strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2007

Bygdeforsking skal framleis leggje vekt på kunnskapsutvikling og formidling innanfor felta:

  • næringsutvikling knytt til bygder og landbruk i omstilling

  • berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar i kyst- og bygdesamfunn

  • næringsmiddelindustrien og lokal foredling av matvarer frå naturbaserte næringar

  • matproduksjon, forbrukarspørsmål og miljø i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv

  • heilskapleg bygdeutvikling med fokus på småsamfunn, rekruttering og kjønnsspørsmål

Det er viktig at Bygdeforsking tek vare på den unike sosiokulturelle basiskompetansen med tanke på bruk av denne på nye område. Bygdeforsking vil satsa vidare innanfor forsking på tenester med basis i ressursane og arbeidskrafta på garden, under dette regionalt reiseliv og ressursbasert bygdeturisme. Det er viktig at Bygdeforsking opprettheld og vidareutviklar sitt omfattande samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, t.d. ved forskarutveksling og med deltaking i komparative prosjekt m.a. i USA, Oseania og Europa.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

Rapport 2005

NILF er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. NILF har som mål å medverke til høgt kunnskapsnivå i samfunnet og gi eit solid grunnlag for økonomiske og landbrukspolitiske avgjerder knytt til produksjon, foredling og omsetting av landbruksprodukt. Instituttet skal vere leiande innanfor næringsøkonomi og føretaksøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri. NILF tek òg oppdrag relatert til fiskeri- og havbrukssektoren, med særskilt vekt på handelspolitiske spørsmål.

NILF har hatt driftsoverskott i åra 2001-2005. Basisløyvinga frå Forskingsrådet var i 2005 på 7,6 mill. kroner, noko som er ein nedgang på 1,0 mill. kroner frå 2004. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet har gått ned frå 24 pst. av dei samla driftsinntektene i 2001 til 18 pst. i 2005. Talet på årsverk ved instituttet var i 2004 totalt 62, ein nedgang frå 67 i 2001. NILF har i 2005 hatt tre strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Forskingsrådet.

Målsetjing 2007 jf. kap. 1141 post 50

Forskingsverksemda til NILF må ta utgangspunkt i skisserte mål og oppgåver for instituttet. Generelt er det viktig at NILF orienterer seg etter marknaden og styrkjer kompetansen innanfor felt der ein kan rekne med at forsking og utgreiing vil bli etterspurd.

Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analyse av verdikjeda for matvarer skal framleis vere sentrale fagområde. Det er òg viktig at NILF utviklar kompetansen knytt til entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa. På dette feltet er det m.a. eit særskilt behov for analysar av offentlege tiltak og verkemiddelbruk. Data og analysar knytt til skattlegging av landbruksverksemd skal òg vere eit satsingsområde.

Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk)

Rapport 2005

Frå 1.7.2006 blei Skogforsk slått saman med NIJOS til eit nytt institutt; Norsk institutt for skog og landskap. Skogforsk har vore eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet har saman med Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) vore leiande på forsking i Noreg innanfor fagområde knytt til skog. Instituttet sitt oppdrag har vore å styrkje det vitskapelege grunnlaget for berekraftig verdiskaping, miljøinnsats og forvaltning knytt til skog- og utmarksressursane og dekkje samfunnet sine behov for kunnskap på området både på kort og lang sikt. Det er eit mål at resultata frå forskinga blir formidla effektivt med sikte på fornying av skogsektoren.

Skogforsk har i 2005 m.a. halde fram innsatsen innanfor økologi og skogbruk, og gitt viktige bidrag til auka forståing av dynamikken i naturen, arter og deira spreiingsevne og krav til leveområde. Mykje av arbeidet tek utgangspunkt i skoghistorikk.

Skogforsk har hatt positive driftsresultat i åra 2000-2005. Vidareutviklinga av instituttet har halde fram òg i 2005, i første rekkje når det gjeld kontakt og samarbeid med brukarane av forskingsresultata. Av dei tilsette var 35 pst. kvinner i 2005. Opp mot 70 pst. av forskarane hadde formell doktorgrad eller er rekna som kvalifiserte på nivå med doktorgrad. Instituttet hadde ei basisfinansiering på 29,2 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2005.

Norsk Institutt for skog og landskap

Målsetjing 2007, jf. òg kap. 1141 post 52

Ved samanslåinga har Norsk institutt for skog og landskap teke over oppgåvene til Skogforsk og NIJOS, sjå nærmare omtale under kap. 1141 post 52. Det nye instituttet skal vidareføre skogforskinga på eit høgt nivå, og særleg bruke kompetansen innanfor ressursforvaltning og biologisk mangfald. Skogforskinga vil vere det viktigaste forskingsområdet for Norsk institutt for skog og landskap òg framover. Samanslåinga er venta å gi synergiar og gevinstar som òg kan føre til at forsking på nye område på sikt kan bli aktuelt. Stiftinga av Norsk genressurssenter vil vere eit bidrag til dette, ved at ein samlar og koordinerer kompetansen og aktiviteten innan genressursområdet og legg det til dette instituttet. Senteret vil ha eit rådgivande fagråd der både miljø- og landbruksforvaltninga samt genressursaktørane er med. Departementet legg særleg vekt på områda berekraftig økonomisk utnytting av ressursane i skog og utmark, og utvida analysar av dei komplekse, dynamiske og sårbare økosystema. Kompetansen innanfor dei meir tradisjonelle felta må tilpassast aktuelle problemstillingar. Dei faglege prioriteringane må generelt tilpassast moglegheitene for inntekter, noko som inneber at forholdet til eksisterande og nye kundar og brukarar må vidareutviklast. Samarbeid og arbeidsdeling med andre institusjonar både her i landet og utanlands er nødvendig, og den internasjonale verksemda ved instituttet er viktig. Det skal leggjast stor vekt på samarbeid med dei miljøretta forskingsinstitutta.

Veterinærinstituttet

Rapport 2005

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Instituttet skal vere leiande og konkurransedyktig innanfor forsking, over­vaking og rådgiving med beredskap innanfor mattryggleik, dyrevelferd, fôrhygiene, landdyr-, fiske-, og skjelhelse i Noreg. Veterinærinstituttet utfører forvaltningsretta forsking og strategisk grunnforsking for å fylle oppgåva som kompetanse- og forvaltningsstøtteinstitusjon.

Veterinærinstituttet har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 2001-2005. Basisløyvinga frå Forskingsrådet var i 2005 på 15,6 mill. kroner, noko som er ein nedgang på 1,1 mill. kroner frå 2004. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2001-2005 auka frå 264 til 275. Talet på forskarar i forhold til samla årsverk har auka frå 27 til 32 pst. i perioden. Veterinærinstituttet har i 2005 hatt fire strategiske instituttprogram som ein del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2007, jf. òg kap. 1112 post 50

Det er viktig at forskingsverksemda ved Veterinærinstituttet held fram i minst same omfang som tidlegare. I tråd med evalueringane som er gjort av verksemda, legg ein til grunn at Veterinærinstituttet særleg skal leggje vekt på forvaltningsretta forsking innanfor instituttet sine kjerneområde patologi, mikrobiologi, immunologi, kjemi, toksikologi og epidemiologi.

Veterinærinstituttet må prioritere forsking på diagnostiske, analytiske og epidemiologiske metodar, med sikte på å gi forvaltninga betre grunnlag for å kunne ta rette avgjerder. Vidare må instituttet leggje stor vekt på internasjonalt samarbeid og deltaking i internasjonale forskingsprosjekt, samt å ivareta arbeidd knytt til blå/grøn sektor.

Post 52 Omstillingsmidlar Bioforsk

Bioforsk blei etablert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter frå 1.1.2006, jf. behandlinga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006). Den utarbeidde forretnings- og omstillingsplanen syner at det er behov for ei rekkje tiltak for å bringe balanse mellom inntekter og utgifter i åra framover.

I tråd med Stortingets vedtak ved behandlinga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006), vil hovudtiltaka vere:

  • Effektivisering ved at talet på årsverk reduserast med i underkant av 10 pst., faktureringsgraden aukast med 5 pst. samt auka utnytting av IT og samordning av fellestenester

  • Samlokalisering ved at:

    • FoU-verksemda ved Kise i Ringsaker leggjast ned og aktiviteten blir flytt til Apelsvoll i Austre Toten

    • FoU-verksemda ved Njøs i Leikanger leggjast ned og aktiviteten blir flytt til Ullensvang

  • Alternativ lokalisering for Kvithamar i Stjørdal vurderast

  • Alternativ lokalisering for Vågønes i Bodø vurderast

  • Betre utnytting av infrastrukturen

  • Ekstern bistand til omstilling for å redusere driftskostnader og vere med på ein generell effektivisering i tillegg til årsverksreduksjonen

I samsvar med dette har styret i 2006 vedteke flytting av forskingsverksemda frå Kise og Njøs. Endelege planar for Kvithamar og Vågønes skal behandlast av styret innan utgangen av 2006. Styret vil òg vurdere ei samanslåing av Løken i Austre Slidre og Sæter i Tynset.

For dei einingane der det ikkje lengre vil vere forskingsaktivitet er det sett i gang eit 4-årig prosjekt med ei årleg løyving på 2 mill. kroner for å medverke til etablering av alternative aktivitetar.

Lokale og regionale styresmakter og organisasjonar er trekt inn i ein aktiv dialog i samband med utviklinga av desse eigedommane, og medarbeidarane ved einingane er aktivt med i utviklingsarbeidet.

Det er utarbeidd ein revidert omstillingsplan der behovet for omstillingsmidlar er sett til 57 mill. kroner over fire år (2006-2009).

For 2006 blei det satt av 10 mill. kroner til omstillingstiltak. Av dette blei 6 mill. løyva over kap. 1137 post 52, medan instituttet sjølv skulle dekkje 4 mill. kroner ved bruk av overskott frå tidlegare år samt inntekter frå sal av eigedom.

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei auka ramme på 20 mill. kroner til omstillings/utviklingstiltak i 2007, fordelt på følgjande område:

  • Redusert bemanning med tilhøyrande kostnader fordelt mellom sluttavtaler og venteløn i 2006 og 2007

  • Bygningsmessige tiltak knytt til samlokalisering, flytting og effektivisering av FoU-verksemda

  • Bistand til omstillings- og omstruktureringsarbeidet

  • Finansiering av prosjekt for omstilling av einingar som ikkje trengs av omsyn til FoU-aktiviteten

Løyvingar til omstilling i Bioforsk for kommande år vil bli vurdert i forhold til utviklinga i prosjektet og effektivisering i samsvar med omstillingsplanen.

Det blir arbeidd med å skilje ut laboratorieverksemda frå Bioforsk. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med den saka.

Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

1138

Støtte til organisasjonar m.m.:

17 125

19 647

22 890

16,5

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar:

28 415

32 531

31 355

-3,6

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket:

36 294

36 802

102 193

177,7

1143

Statens landbruksforvaltning:

271 638

210 139

216 049

2,8

1144

Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket:

7 013

7 547

6 097

-19,2

1145

Jordskifterettane:

156 698

1146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging:

88 865

81 835

-100,0

1147

Reindriftsforvaltninga:

48 941

53 562

57 427

7,2

1148

Naturskade - erstatningar og sikring:

89 022

93 348

88 665

-5,0

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket:

333 340

367 259

41 945

-88,6

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.:

10 798 999

11 045 899

11 580 872

4,8

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen:

99 774

92 500

92 500

0,0

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift:

23 851

24 854

22 126

-11,0

Sum kategori 15.30

11 999 975

12 065 923

12 262 119

1,6

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

4143

Statens landbruksforvaltning:

36 891

30 152

31 298

3,8

4145

Jordskifterettane:

13 872

4146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging:

34 700

29 558

-100,0

4147

Reindriftsforvaltninga:

1 704

31

32

3,2

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen:

127 824

145 000

112 000

-22,8

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet:

151 775

171 000

715 800

318,6

Sum kategori 15.30

366 766

375 741

859 130

128,6

Kat. 15.30 omfattar næringspolitikk og miljø- og ressurspolitikk. Apparatet for gjennomføring av politikken omfattar kommunar, Fylkesmannen og sentralt nivå og er omtalt i kat. 15.00, 15.20 og i kapitla under denne kategorien. Regjeringa legg opp til ei løyving på om lag 12,3 mrd. kroner. Av dette er om lag 11,6 mrd. kroner knytt til kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Mål og strategiar

Regjeringa sine ambisjonar for landbruks- og matpolitikken er nedfelt gjennom ei rekkje punkt i Soria Moria-erklæringa. Hovudmålet for landbruks- og matpolitikken er å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.

Landbrukssektoren har ei av dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, frå forsking og produksjon av innsatsvarer og heilt fram til forbrukar. Den jordbruksbaserte matvaresektoren har ein samla produksjonsverdi på meir enn 100 mrd. kroner, og utgjer om lag 21 pst. av den samla produksjonsverdien i industrien. Jordbruk og matvareindustrien sysselsett meir enn 100 000 årsverk. Både marknadsdelen på heimemarknaden og delen som blir eksportert er fallande. Det er likevel eit aukande forbruk av norskproduserte varer fordi totalmarknaden aukar noko. Innan skogbruket og skogindustrien er det ei sysselsetjing på om lag 30 000 årsverk og ein samla produksjonsverdi på over 40 mrd. kroner. Næringa opererer i ein uskjerma verdsmarknad og eksporterer årleg for om lag 15-17 mrd. kroner.

Regjeringa vil ta heile Noreg i bruk og sikre eit aktivt landbruk med ein variert bruksstruktur i heile landet. Landbruket spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet, og er berebjelken i mange bygder. Regjeringa har som mål å auke verdiskapinga for primærprodusentane og verksemder som vidareforedlar råvarer frå norsk landbruk. Landbruks- og matpolitikken skal òg medverke til eit meir miljøvennleg og langsiktig landbruk enn det reine marknadsløysingar ville ha gitt. Næringsverksemd, ressursforvaltning og forvaltninga av fellesgode heng saman og krev ei samordna utforming av politikken. Kat. 15.30 femner om fleire av måla i landbruks- og matpolitikken, og departementet peiker i det følgjande på nokre hovudpunkt i samband med prioriteringane for 2007.

Miljø og berekraftig ressursforvaltning

Departementet skal sikre at miljøomsyn, positive miljøbidrag frå landbruket og berekraftig ressursforvaltning er integrerte delar av den samla landbruks- og matpolitikken. Innsatsen på dette området medverkar samtidig til dei fleste av dei miljøvernpolitiske resultatmåla.

Innsatsen er særleg knytt til jordvern, kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne, genetiske ressursar, forureining frå landbruket, økologisk landbruk, klimatiltak, bioenergi, bruk av tre, tilrettelegging for opplevingar og friluftsliv. God miljø- og ressursforvaltning skal gi grunnlag for nye næringar og medverke til å skape attraktive buplassar på bygdene.

Eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet

I St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet – Om distrikts- og regionalpolitikken presenterer Regjeringa ein samla politikk for å nå målet om aktivitet og busetjing i distrikta. Landbruks- og matpolitikken er heilt sentral i å nå dette målet. Landbruksareala med tilhøyrande bygningar, er grunnleggjande føresetnader for busetjing og næringsutvikling, både i bynære område og i grisgrendte strøk. Det er eit mål at desse eigedommane skal bli betre utnytta for å oppretthalde og auke busetjinga. Politikken skal støtte opp under det tradisjonelle familielandbruket og samtidig leggje til rette for dei som vil bo på eit gardsbruk, men hente inntekta si frå anna verksemd.

Trygge matvarer, mangfald og andre forbrukaromsyn

Produksjon av trygg mat med høg kvalitet er ein berebjelke i landbruks- og matpolitikken. Andre viktige forbrukaromsyn omfattar kvalitet, ærleg omsetning og mangfald i marknaden. Det er eit satsingsområde å auke mangfaldet på matvareområdet. Forbrukaromsyn er aktuelle langs heile produksjonskjeda, og forbrukarane syner aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett.

Nasjonal matforsyning, konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande vare- og tenesteproduksjon

Det er eit mål at det norske landbruket skal dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. I ein meir open marknad er det nødvendig med tiltak som kan auke effektiviteten og redusere produksjonskostnadene i dei store volumproduksjonane. Det er gras- og kornproduksjonane som brukar det aller meste av jordbruksareala i Noreg og legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane, samtidig som matvareindustrien må sikrast råvareprisar som er med på å sikre konkurransekrafta.

Landbruks- og matpolitikken legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar. Dette gjeld både bruk av naturressursane og dei menneskelege ressursane, og meir samarbeid mellom ulike sektorar vil kunne gi positive effektar. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og nyskaping knytt til tenesteproduksjonen i landbruket.

Berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring

Noreg har rike skogressursar av høg kvalitet. Skogbruk og vidareforedling av tre er viktige distriktsnæringar og auka bruk av tre og bioenergi er viktig for å nå måla i både miljø- og distriktspolitikken

Skogane er samtidig eit av dei viktigaste økosystema våre, og leveområde for ei mengd planter og dyr, nokre av dei truga eller sårbare. Det er viktig å forvalte skogressursane berekraftig slik at ein tek vare på viktige miljøverdiar samtidig som ressursane kan takast i bruk for auka aktivitet og verdiskaping til nytte for lokalsamfunna og nasjonalt.

Berekraftig reindrift

Målet for reindriftspolitikken er å få ei reindrift som er økonomisk, økologisk og kulturelt berekraftig. Det er derfor viktig å få fastsett område-, distrikts- og siidagrenser i tillegg til beitetider og reintal. Dette arbeidet vil ha høg prioritet. Reindrift er ei særs arealkrevjande næring, og inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil derfor forsterke innsatsen for å få redusert dette problemet.

For at reindrifta framover skal vere eit fundament for samisk kultur, er det viktig at den både blir oppfatta og forvalta som ei næring med økonomisk verdiskaping og effektiv produksjon. Departementet vil prioritere ei slik utvikling av reindrifta.

Internasjonale rammevilkår for næringsverksemd

Internasjonale avtaler og prosessar legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde. For landbruket er forhandlingane om ei ny avtale i World Trade Organization (WTO) spesielt viktige. Den pågåande Doha-runden blei suspendert 24. juli 2006 utan at det blei bestemt noko om vidare framdrift. Saman med andre land med likearta interesser (G10-gruppa), vil regjeringa støtte opp om arbeidet med å få forhandlingane i gang att.

Regjeringa si overordna målsetjing for forhandlingane på landbruk er å sikre at det òg i framtida vil vere rom for å føre ein nasjonal landbrukspolitikk, noko som gjer det mogleg å oppretthalde eit levedyktig landbruk over heile landet. Nasjonal produksjon vil vere avgjerande av omsyn til levande bygder, mattryggleik og kulturlandskapet. I forhandlingane skal det òg takast omsyn til u-landa sine spesielle behov.

I forhold til internasjonale skogpolitiske spørsmål og ei betre forvaltning av skogane i verda arbeider Noreg for eit meir forpliktande samarbeid mellom landa. FN sitt skogforum er ein viktig arena for dette. Noreg tek òg aktivt del i samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE) som m.a. tilrettelegg for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg tek del i koordineringa av denne europeiske skogpolitiske prosessen, og vil i nær framtid, truleg i 2008, overta leiinga av MCPFE. Noregs posisjon i det europeiske samarbeidet om skogpolitikk vil derfor bli vesentleg styrkt dei kommande åra.

Det er eit mål for regjeringa å vidareføre Noreg si rolle som brubyggjar innan dei internasjonale forhandlingane om genressursar i Verdas Matvareorganisasjon (FAO) og i Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD).

Gjennomføring av politikken

Jordbruks- og matpolitikk

Jordbruk

Regjeringa ønskjer å medverke til å oppretthalde bruk og mangfald i distrikta gjennom ein klarare distrikts- og strukturprofil. Det er viktig for målet at ein oppnår ei inntektsutvikling i jordbruket på line med andre grupper i samfunnet, og at politikken tek større omsyn til familiejordbruket og dei små og mellomstore jordbruksverksemdene, der jordbruksproduksjonen kan gi eit viktig bidrag til sysselsetjing og inntekt.

Det blir ei viktig utfordring å tilpasse den nasjonale landbrukspolitikken og strategiar for næringa til nye internasjonale rammevilkår, slik at ein samtidig når måla for politikken. Matsektoren er i aukande grad konkurranseutsett og importvoluma er aukande. Sektoren har hatt ein årleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 4,4 pst. siste 10 år, og investeringane er sterkt aukande. Det er viktig å utforme ein politikk som gir tilstrekkeleg konkurransekraft på heimemarknaden, både i volummarknaden, i nisjemarknadene og gjennom alternativ næringsutvikling.

Budsjettnemnda sitt materiale til jordbruksforhandlingane syner at arealbruken er stabil etter ein periode med auke, særleg i eng og beiteareal, jf. òg omtale under avsnittet om jordvern og kulturlandskap. Produksjonsvoluma er stabile eller svakt aukande, og det er ein viss reduksjon i driftskostnadsvoluma. Ytterlegare betring i kostnadsutviklinga både i jordbruket, i omsetningsorganisasjonane og i dei vidare omsetningsledda, vil ha stor verdi både for konkurransekrafta og for prisane til produsentane.

Den geografiske fordelinga av sysselsetjinga er relativt stabil på landsdelsnivå. Det er forhold som tyder på at utviklinga i jordbruket er minst positiv på Vestlandet, m.a. med omsyn på arealbruk og produksjon. Mykje av grunnlaget og verkemidla for jordbrukspolitikken blir meisla ut i jordbruksavtalen. Det blei i år inngått avtale med Norges Bondelag, jf. St.prp. nr. 68 (2005-2006).

Jordbruksavtalen gir landbruket eit nødvendig inntektsløft, og følgjer dermed opp målsetjingane regjeringa har satt for landbruks- og matpolitikken i Soria Moria erklæringa. Samtidig tek avtalen omsyn til verdikjedeperspektiva og til konkurransekrafta i industrien.

Regjeringa meiner dette vil leggje til rette for ei attraktiv landbruksnæring som produserer trygge kvalitetsvarer, tenester og fellesgode som samfunnet etterspør. Legitimiteten til landbrukspolitikken er i aukande grad knytt til sektoren sin produksjon av fellesgode, noko som krev ei kollektiv betaling frå samfunnet.

Avtalen:

  • styrkjer distriktsprofilen ved å auke distriktstilskotta

  • styrkjer strukturprofilen ved å auke strukturtilskotta med 100 mill. kroner, ved å setje tak på investeringstilskott for kvart føretak og å omfordele meir av mjølkekvotene sentralt

  • betrar kapitaltilgangen ved å auke støtta til investeringar med 45 mill. kroner

  • styrkjer miljøprofilen og kulturlandskapet, m.a. ved å auke tilskott til regionale miljøprogram og spesielle miljøtiltak i landbruket med til saman 60 mill. kroner.

  • utvidar tiltak for beiting med husdyr vesentleg ved å etablere eit eige beitetilskott innanfor ei ramme på 125 mill. kroner

  • forbetrar velferdsordningane med om lag 60 mill. kroner. Både tilskott til avløysing ved sjukdom og ferie og fritid blir auka

  • styrkjer det økologiske jordbruket med 25 mill. kroner. Det blir sett i verk tiltak i alle ledd i verdikjeda

  • legg til rette for næringsutvikling, m.a. gjennom eit nytt heilskapeleg kvalitetssystem, auke i midlane til grønt reiseliv, skog og bioenergi, og revisjon av strategiar og handlingsplanar for næringsutvikling

I samband med jordbruksforhandlingane varsla regjeringa at det i statsbudsjettet for 2007 ville bli føreslått ei utviding av jordbruksfrådraget ved likninga. Denne utvidinga inneber at bønder som hentar ein vesentleg del av inntektene frå garden blir prioritert.

Reindrift

Reindrifta blir utøvd i store delar av landet og under ulike tilhøve noko som gjer at utfordringane er mange og samansette. Regjeringa meiner at klare rammevilkår for næringa er ein føresetnad for å nå målet om ei berekraftig reindrift. Ei prioritert oppgåve er å få fastsett distrikts- og siidagrensene, beitetider og høgste reintalet for reinbeitedistrikta. Reindriftsutøvarar i område der desse vilkåra er fastsette har ei betre lønnsemd enn utøvarar der slike fundamentale tilhøve ikkje er avklarte. Marknadssituasjonen for reinkjøtt er framleis god. Den positive marknadsutviklinga har lagt til rette for framleis eit høgt slakteutak. Trass i dette har næringa i slaktesesongen 2005/2006 berre til dels følgt opp den auka etterspurnaden med tilsvarande auke i slakteuttaket. Noko av forklaringa kan relaterast til redusert produksjon og ein auke i tapa i enkelte reinbeitedistrikt. I samanheng med det omfattande arbeidet med å få ned reintalet i delar av Finnmark er det viktig at ein framover stimulerer til eit stabilt høgt slakteuttak i heile reindrifta, parallelt med at det stimulerast til auka omsetning av reinkjøtt.

Regjeringa tek hausten 2006 sikte på å leggje fram forslag om ei ny reindriftslov som både tek vare på reindrifta sine behov for ei gagnleg regulering av dei interne tilhøva, og gir meir operative reglar for styring og forvaltning av reindrifta, medrekna sanksjonsavgjerd.

Reindriftsavtalen 2006/2007 sine viktigaste mål er å leggje til rette for auka omsetning av reinkjøtt, samt stimulere næringa til størst mogleg slakteuttak og verdiskaping innanfor gitte rammer. Dei produksjonsavhengige tilskotta er vidareført. Desse tilskotta legg til rette for auka slakting og produksjon. Vidare er Reindrifta sitt utviklingsfond styrkt slik at det no ligg betre til rette for å imøtekomme næringa sine behov for infrastruktur. Eit anna område som særleg er vektlagt er kvinnenes stilling i reindrifta. Verdiskapingsprogrammet for rein blei skipa i 2001. Føremålet med programmet er å auke verdiskapinga i reindriftsnæringa på ein slik måte at det kjem reineigarane til gode. Programmet har så langt gitt støtte til over 100 prosjekt. Regjeringa ser det som viktig å ha eit langsiktig perspektiv på denne typen satsing, og at det arbeidet som skjer innanfor programmet blir vidareført.

Reindrift er ei særs arealkrevjande næring med marginale beiteområde, trong for ulike sesongbeite og flytte- og trekkvegar mellom dei. Inngrep og forstyrring innanfor beiteområda og fragmentering av beiteland er truleg ein av dei alvorlegaste truslane mot reindrifta sitt arealgrunnlag, og dermed mot det materielle grunnlaget for samane sin kultur. På bakgrunn av dette er det behov for å sikre reindrifta sine areal, særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift.

Regjeringa vil prioritere arbeidet med ein systematisk gjennomgang av de utfordringane ein står overfor med sikte på å få til ein god og heilskapleg arealpolitikk i høve til reindrifta både i høve til andre brukarar av areala og relevant lovverk.

Økologisk jordbruk

Satsinga på økologisk jordbruk skal medverke til å gjere det norske jordbruket meir berekraftig og til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Regjeringa har, jf. Soria Moria-erklæringa, som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. Det er nedsett ei interdepartemental arbeidsgruppe på politisk nivå der sju departement deltek. Arbeidsgruppa skal utforme ein strategi for korleis regjeringa si målsetjing skal nåast. Det vil m.a. bli lagt vekt på moglege tiltak som kan sikre at offentleg kjøp av matvarer kan støtte opp om ei positiv utvikling på dette området. Arbeidet skal vere ferdig innan utgangen av november 2006. Regjeringa vil på egna måte halde Stortinget orientert om den vidare oppfølginga.

Om lag 4,2 pst. av det samla jordbruksarealet blei ved utgangen av 2005 drive økologisk, inkl. areal som er under omlegging. Variasjonen mellom fylka er stor. Buskerud, Telemark og Sør-Trøndelag har i dag meir enn 7 pst. økologisk drive jordbruksareal. Talet på kommunar som har meir enn 10 pst. økologisk jordbruksareal var 48 pst. ved utgangen av 2005. Av desse har 13 kommunar meir enn 15 pst. økologisk dyrka areal.

Det har det siste året vore ein monaleg vekst i marknaden og auka etterspurnad etter økologiske produkt. Dette tyder på at vektlegginga av innsats retta mot marknaden og stimulering til organisert samarbeid mellom aktørane i bransjen har gitt resultat. Samtidig har det vore låg omleggingstakt og noko tilbakegang på produksjonssida. Dette understrekar behovet for å halde fram med ein balansert innsats retta mot alle ledd i verdikjeda frå butikk til primærproduksjon.

Løyvingane til økologisk produksjon over jordbruksavtalen blei for 2007 auka vesentleg. Innsatsen retta mot marknaden med sikte på å auke omsetning og etterspurnad er vidareført. For å sikre tilstrekkeleg produksjon til å dekkje etterspurnaden, er innsatsen retta mot å auke produksjonen av økologiske husdyrprodukt og korn forsterka vesentleg. Blant anna er det etablert eit eige satsingsprogram for økologisk lam- og saueproduksjon med mål om at ein vesentleg del av norsk saue- og lammekjøttproduksjon etter kvart bør bli økologisk. Vidare vil økologiske mjølkeprodusentar bli prioritert ved fordeling av statlege mjølkekvoter.

Skogbruk og bioenergi

Skogbruket er ei viktig næring i distrikta, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Auka bruk av fornybar energi og auka trebruk i staden for meir energikrevjande materialar vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskjeskapte klimautsleppa. Skog bind karbon og er derfor viktig i klimasamanheng. Skogen er leveområde for mange artar, er rik på kulturminne og er ei viktig kjelde for friluftsliv og opplevingar.

Skogbruket skapar store lokale verdiar, førstehandsverdien av det tømmeret som blir hogd og omsett ligg årleg rundt 3 mrd. kroner, noko som gir monalege ringverknader. Den samla verdiskapinga i skogsektoren var i 2005 på om lag 40 mrd. kroner. Verdiskapinga skjer i heile verdikjeda frå skogbruksverksemda, via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle eller konstruksjonsvirke o.a.

Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål. På tross av at dei norske skogane er rikare på virke enn nokon gong tidlegare i moderne tid, har avverkinga i skogbruket vore relativt låg i fleire år sett i forhold til tilveksten. Den årlege tilveksten i dei norske skogane ligg no rundt 28 mill. m3medan avverkinga ligg stabilt rundt 8-11 mill. m3. Sverige har ein samla årleg tilvekst på noe over 100 mill. m3, medan den årlege avverkinga er på over 75 mill. m3.

Rundt 1900 var det eit samla tømmervolum i dei norske skogane på om lag 350 mill. m3, og i dag er det samla volumet over 700 mill. m3. På landsbasis er det mogleg å auke den årlege avverkinga frå dagens nivå og opp til om lag 15 mill. m3 innanfor miljømessig forsvarlege rammer, om marknaden etterspør så store kvanta.

På oppdrag frå departementet har Norsk institutt for skog og landskap i rapporten Skogressursene i Norge 2006 oppdatert kunnskapen om skogressursane. Det er store regionale skilnader når det gjeld potensialet for avverking. Ei auka avverking krev meir hogst av lauvtre og furu og i område med lågare økonomisk avkastingsevne. Mykje av den skogen som kan avverkast i dei nærmaste 40-50 åra ligg i område med manglande vegdekning og vanskelege driftsforhold.

Under behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2005, jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005), bad Stortinget regjeringa om å utvikle nasjonale strategiar for auka avverking, jf. Stortingets oppmodingsvedtak nr. 574. Dette er omtalt i St.prp.nr.1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) Om endring av St.prp.nr.1 om statsbudsjettet 2006.

I arbeidet med oppfølging av dette har Landbruks- og matdepartementet m.a. fått innspel frå kunnskaps- og forskingsinstitusjonane på skogsida, og dei fleste fylka har komme med innspel som er blitt til etter prosessar mellom fylkesmennene, fylkeskommunane og skog- og trenæringa. I tillegg har ei samla skognæring presentert eit felles næringspolitisk program med ei rad krav og forslag til endra verkemiddel.

Det er ein føresetnad at forvaltninga av skogressursane skjer etter prinsippa om berekraftig skogbruk. Dette er sentralt i den nye skogbrukslova og i den nye forskrifta om berekraftig skogbruk frå 2006 som utfyller og presiserer lova når det gjeld miljøomsyn, forynging og skogskadar. Forskrifta byggjer på og supplerer det omfattande frivillige miljøarbeidet og sertifiseringssystemet knytt til Levende Skog-samarbeidet. Skognæringa og miljørørsla er nå i sluttfasen av ein revisjon av Levende Skog sine standardar for eit berekraftig skogbruk. Skognæringa har fram til i dag lagt stor vekt på å følgje opp Levende Skog i all skogbruksaktivitet. Då Stortinget behandla framlegget til ny skogbrukslov, jf. Ot.prp. nr. 28 (2004-2005), blei det vist stor tillit til skognæringa sitt miljøarbeid.

For å auke den skogbasert verdiskapinga er det nødvendig med ei brei tilnærming og godt samarbeid mellom aktørane knytt til skogsektoren både sentralt, regionalt og lokalt. Departementet vil m.a. syne til dei gode erfaringane ein har frå ulike stader i landet med særskilde samarbeidsprosessar som m.a. prosjektet Skognæringa i Trøndelag og prosjektet Innlandsskogbruket i Hedmark og Oppland. Dette er ei arbeidsform som er nødvendig i dei enkelte regionane om vi skal få til auka avverking og verdiskaping. Skogbruk er ei svært langsiktig næring og det er ikkje mogleg å hente ut potensialet for auka verdiskaping med ein gong. Dette må byggje på eit langsiktig perspektiv.

Lønnsemda i skognæringa er avhengig av avsetning for heile tømmerstokken og alle sortiment som blir utløyst ved hogst, og trelastindustrien treng avsetning for sine biprodukt hos treforedlingsindustrien. Dette gjer det nødvendig å sjå heile verdikjeda under eitt, frå skogen til marknaden, og følgjande område vil bli prioritert:

  • auka lønnsemd og aktivitet hos skogeigarane

  • konkurransedyktige rammevilkår for skogindustrien

  • auka bruk av tre

  • auka produksjon og bruk av bioenergi

Betre lønnsemd og auka aktivitet

Skogpolitikken byggjer på det grunnleggjande prinsippet om fridom under ansvar. Skogeigarane har råderett over skogressursane og eigedommen elles, og har samtidig ansvar for å forvalte skogen på ein måte som er gagnleg for samfunnet når det gjeld verdiskaping, gode miljøomsyn og forynging og stell av skogen til beste for kommande generasjonar.

Skogeigarane sine avgjerder om hogst er viktige for utviklinga i verdikjedene trelast, treforedling og bioenergi, og investeringar i ny skog er avgjerande for råstoff og kvalitet for kommande generasjonar. Skogpolitikken må derfor ha som eit siktemål å sikre aktive skogeigarar. Kommunane må aktivt bruke sitt apparat for å få meir medvitne skogeigarar, og dei må ha merksemd på behovet for å auke avverkinga på dei små eigedommane og der det finst mykje hogstmoden skog.

Det er over 120 000 skogeigedommar i Noreg, mange av dei er små. Stadig færre skogeigarar driv skogen sin sjølv og den relative verdien av skogsinntekta er mindre enn tidlegare. Dette har gjort det nødvendig med godt samarbeid for å sikre gode og effektive driftsløysingar, både mellom naboeigedommar og elles. Departementet vil vurdere om verkemidla i større grad kan medverke til meir effektive fellesløysingar. Det har dei siste åra blitt enklare for skogeigarar å kjøpe t.d. naboskog som ikkje blir drive aktivt. Det er framleis viktig å leggje tilhøva til rette for dei som har tru på framtida i skognæringa. Vidare er det viktig å sikre at skogeigarane sine organisasjonar òg framover kan halde fram med å handtere skogpolitisk prioriterte oppgåver på vegne av skogeigarane. Dette er bakgrunnen for at Landbruks- og matdepartementet, i samsvar med Stortinget sine føresetnader, i haust vil sende på høyring ei forskrift som sikrar det juridiske grunnlaget til dei norske skogeigarorganisasjonane og arbeidet deira i høve til konkurranselovgivinga.

Mange skogeigarar satsar òg på annan økonomisk bruk av areala enn berre skogbruk, til dømes utmarksturisme, jakt og fiske m.m., ofte som samarbeidsprosjekt der grunneigarorganisasjonane òg deltek. Med aukande kjøpekraft i store grupper er det all grunn til å vente at inntektspotensialet i slik verksemd vil auke i omfang framover. Dette er i samsvar med regjeringa si satsing på landbruksbasert reiseliv. Det blei i jordbruksoppgjeret fastsett eit eige utviklingsprogram for grønt reiseliv.

Det offentlege har ulike ordningar for å betre lønnsemda og å gjere det mogleg å drive ei berekraftig forvaltning av skogen, m.a. tilskott til nærings- og miljøtiltak og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, skogfondsordninga og skatteordningar som gjennomsnittslikning av skogsinntekt og skogfond med skattefordel.

I Soria Moria-erklæringa står det at staten skal ta eit sterkare medansvar for etablering av ny skog og at tilskottsordningane i skogbruket skal betrast.

Dette er allereie starta opp ved at tilskotta til skogbruk og bioenergi blei auka med til saman 31 mill. kroner i høvesvis tilleggsproposisjonen for 2006 og i jordbruksoppgjeret i 2006. Det er no på ny opna for at tilskotta kan nyttast til skogplanting.

For ytterlegare å stimulere til auka aktivitet i skognæringa har regjeringa vedteke å utvide og forbetre skogfondsordninga. Dette er ei tvungen avsetning av delar av skogsinntekta, der midlane skal nyttast til investeringar i skogproduksjonen. Skogeigaren oppnår ein skattekreditt på den delen av inntekta som blir sett i fondet, og det er òg redusert skatt knytt til nokre av investeringsformåla. Ordninga verkar fremmande både for avverkinga og for investeringsnivået, og er viktig for å sikre likviditet for nødvendige tiltak i framtidsskogen. Ordninga blir nå forbetra ved at skattefordelen blir auka til 85 pst. for dei formåla der skattefordelen i dag er 60 pst. Vidare blir det innført 85 pst. skattefordel for investeringar med skogfondsmidlar i vegformål (nybygging, ombygging, opprusting og vedlikehald), skogbruksplanlegging med miljø­registreringar, forsikring av skog og biovarmeleveransar frå gardsbruk, kompetansetiltak, sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) Skatte- og avgiftsopplegget 2007 - lovendringar. Endringane i skogfondsordninga har ei ramme på 50 mill. kroner.

Auken i tilskott og endringa av skattereglane knytt til skogfondsordninga gir ei vesentleg forbetring av investeringsevna til skogeigarane. Det er heilt nødvendig at skogbruket følgjer opp dette med auka investeringar i oppbygging av ny skog og i betre stell av den skogen som står og veks. Dette gjer òg at det er naturleg å vente ei auka satsing på å forhindre attgroing, ei satsing som er viktig i høve til kulturlandskapsarbeidet i jordbruket og som òg vil gi grunnlag for auka leveransar av virke til bioenergi.

Skogeigarane må ha god kompetanse om berekraftig bruk av skogressursane og kunnskap om viktige miljøverdiar i skogen, noko som er nødvendig for å kunne ivareta sitt forvaltaransvar og utnytte skogen på lønnsamt vis. Departementet vil føre vidare den økonomiske støtta til kompetansetiltak, og vil samtidig leggje til rette for at midla nyttast på ein mest mogleg treffsikker og effektiv måte.

Det er regionale skilnader i utfordringane for skogbruket. Dette gjer at bruken av verkemidla må tilpassast lokale og regionale tilhøve. Erfaringane med overføring av utbetalingsfullmakt til kommunane for delar av tilskottsmidlane til nærings- og miljøtiltak i skogbruket har gitt mange døme på auka lokalt engasjement knytt til bruken av skogareala. Samtidig kan det vere vanskeleg å få til heilskaplege løysingar på tvers av kommunegrensene, spesielt når det gjeld utvikling av vegnettet og spesielle driftsløysingar for vanskeleg terreng. Prosjekta er ofte store, og det er nødvendig å prioritere ulike veganlegg på fylkesnivå ved fordeling av midla. Det blir i snitt berre gjennomført skogbruksplanprosjekt i den enkelte kommune kvart femtande år, noko som gjer det mest rasjonelt å halde oppe kompetansen og kontinuiteten på dette høgteknologiske feltet på fylkesnivået. Departementet vil derfor føre ansvaret for utbetaling av tilskott til vegbygging, spesielle driftsformer og skogbruksplanlegging tilbake til Fylkesmannen. Det er viktig at ein samtidig tek vare på kommunane sitt engasjement når det gjeld å finne lokale løysingar. Departementet vil understreke at kommunane framleis vil vere skogbruksstyresmakt etter skogbrukslova, og at kommunane på same måte som i dag skal arbeide med tiltaksstrategiar for utvikling av skogbruket i kontakt med Fylkesmannen.

Auka innsats for å gjere skogen tilgjengeleg gjennom eit godt vegnett er nødvendig for å betre lønnsemda i skogbruket, men kan samtidig skape konfliktar i høve til miljøinteressene. All skogsvegbygging må ha særskilt løyve. Ved vurderinga skal det leggjast vekt på omsynet til landbruksfaglege heilskapsløysingar og på å unngå negative miljømessige verknader. Det er nedsett ei arbeidsgruppe som skal sjå på eventuelle behov for endringar i dette regelverket for å sikre gode overordna retningsliner og praksis for framtidig vegbygging. Dei enkelte veganlegga må bli utforma slik at viktige miljøomsyn blir ivaretekne. Eit særleg omsyn er ivaretaking av inngrepsfri natur, jf. omtala i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand der det heiter at det vil bli gjort ei gjennomgang av tilskottsregelverket med sikte på å hindre at det gis tilskott til vegbygging som kan gi tap av inngrepsfri natur. Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet vil saman førebu oppfølging av dette ved å gå inn i data for inngrepsfrie område og skogbruket sine behov for vegbygging, og klarleggje konsekvensar og moglegheiter med sikte på endring av tilskottsregelverket i 2007.

Det er brei politisk semje om å auke skogvernet i Noreg, jf. Stortinget si behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Det er fleire viktige skogtypar som det er prioritert å fange opp i skogvernarbeidet. For å betre kunnskapsgrunnlaget for skogvernarbeidet vil Miljøverndepartementet forsere arbeidet med kartlegging av spesielt prioriterte skogtypar. Det er sentralt å ha god kunnskap om viktige miljøverdiar i skogen og ta omsyn til desse i skogsdrifta. Slike omsyn blir tekne vare på gjennom skogbruksplanlegging med miljøregistrering og gjennom krava i den nye forskrifta om berekraftig skogbruk. Det er til no sett i gang miljøregistreringar på om lag 30 pst. av det produktive skogarealet i Noreg. Med auken i tilskott og utvidinga av skogfondsordninga som det no er gjort framlegg om, er det mogleg å auke innsatsen knytt til skogbruksplanlegging og miljøregistrering for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag om skogressursar og miljøkvalitetar. Det skal ikkje bli gitt løyve til vegbygging eller tilskott til planlagde veganlegg der vegen eller dekningsområdet til vegen rører ved nasjonalt verneverdige skogområde som er under konkret vurdering for vern etter naturvernlova eller anna lovverk. Vidare er det viktig å komme vidare i arbeidet med vern av verdifulle eller sårbare skogområde gjennom gode og effektive verneprosessar for å sikre slike verdiar. Regjeringa sitt forslag om fritak for skatt på erstatning for vern er eit viktig tiltak for skogvernet og gir eit betre grunnlag for balanserte løysingar som både fremmer bruk og vern av skog.

Rammevilkår for ein konkurransedyktig skogindustri

Lønnsemda og aktiviteten i skogbruket blir påverka av rammevilkåra i heile verdikjeda frå skogen via transport og til vidareforedling og sal.

Regjeringa legg til rette for verdiskaping m.a. gjennom ein forsvarleg makroøkonomisk politikk som gir gode, stabile og langsiktige rammevilkår for næringslivet. Norsk næringsliv si konkurranseevne i internasjonale marknader er avgjerande for verdiskapinga her i landet, og evne til omstilling og innovasjon blir stadig viktigare. Regjeringa legg til rette for dette med ulike verkemiddel, m.a. støtte til bedrifter og næringar gjennom til dømes Noregs forskingsråd, Innovasjon Norge og SIVA. Dette vil òg komme skognæringa til gode.

Skognæringa er ei transportintensiv næring, og transportkostnadene utgjer 25 pst. av skogindustrien sine råvarekostnader. For å leggje til rette for at tømmertransporten kan bli meir effektiv, vil Samferdselsdepartementet opne for at det på ruter som tåler slik belastning blir tillete med 56 tonn totalvekt der det i dag er tillete med 22 m vogntoglengde. Dette vil føre til at nyttelasta på vogntoga kan aukast med 20 pst. og at transportkostnadene tilsvarande kan bli redusert med 15 pst. på dei aktuelle strekningane. Dersom ei slik løysing blei sett i verk på alle strekningar der det i dag er tillete med 22 m vogntoglengde, ville dette gitt ei innsparing for skognæringa på om lag 40 mill. kroner årleg. Dette er ikkje mogleg i dag, og berekningar syner at dette krev investeringar for om lag 200 mill. kroner. Finansiering av desse prosjekta må vurderast i samanheng med regjeringa si samla satsing på samferdsel og i samband med Norsk transportplan for 2010-2019.

Det er eit mål for regjeringa å sikre norsk kraftintensiv industri inklusive treforedling føreseielege rammevilkår, som kan leggje til rette for langsiktig industriell aktivitet. Regjeringa arbeider derfor for å finne gode ordningar for denne industrien, innanfor ramma av EØS-avtala. Departementet syner til nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Olje og energidepartementet.

Auka bruk av tre

Analysar syner at ei positiv utvikling i treindustrien er avgjerande for å oppretthalde og auke verdiskapinga i skogbruket. Industrielt byggeri, høghus av tre i bymiljø, men òg nyskapande bruk av tre i ulike produkt som møbel, innreiing o.a, vil vere viktige drivkrefter for å sikre dette.

Dei siste åra er det i tresektoren gjort mykje bra utviklingsarbeid som har fått bedrifter i større grad enn tidlegare til å tenkje innovasjon og nettverk. Landbruks- og matdepartementet avslutta i 2005 Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke – Treprogrammet. Evaluering og erfaringar syner at det gav gode resultat. Framleis ligg den trebaserte industrien likevel lågt på offentleg innovasjonsstatistikk. Det er behov for å bringe satsinga på tre inn i ein ny fase, og å ta i bruk kunnskapen og resultata frå tidlegare satsing.

Landbruks- og matdepartementet har frå 2006 sett i gang eit nytt trebasert innovasjonsprogram, jf. kap. 1149, post 71. Det blei i 2006 løyvd om lag 34,5 mill. kroner til den nye satsinga. Visjonen « Noreg skal være eit førebilete i verdiskapande foredling og ny bruk av trevirke» er ført vidare. Programmet skal m.a. støtte opp under næringa sitt mål om å auke verdiskaping og trebruk frå dagens 0,55 m/innbyggjar/år, til 0,75 m/innbyggjar/år innan 2010.

Satsinga har tre konkrete tiltaksområde:

  • Industrielt byggeri

  • Treprodukt og tradisjonstre

  • Innovasjonssystem

Programmet er eit viktig element for auka skogbasert verdiskaping og vil bli utvikla i samråd med skognæring og industri gjennom fagleg møtearenaer. Programmet vil òg bli koordinert med forskingsinnsatsen på skog og tre i eit samarbeid mellom Innovasjon Norge og Noregs forskingsråd.

Auka produksjon og bruk av bioenergi

Auka bruk av ny fornybar energi, m.a. bioenergi er eit prioritert satsingsområde for regjeringa. Landbruket har ei viktig rolle i dette som den viktigaste leverandøren av råstoff til bioenergi. Til dømes gir 1 mill. m3 tømmer om lag 2 TWh energi. Tilrettelegging for auka bruk av bioenergi er viktig både for energiforsyninga og for auka skogbasert verdiskaping og gir samtidig miljøgevinstar. Ifølgje klimatiltaksanalysen til Statens forureiningstilsyn er bruk av bioenergi eitt av dei mest lønnsame tiltaka for å redusere utsleppa av CO2. Til dømes vil vi for kvar TWh fyringsolje vi erstattar med bioenergi, redusere dei norske CO2-utsleppa med 0,8 pst. og kan såleis medverke vesentleg til å oppfylle pliktene etter Kyoto-protokollen. Noreg er i ei særstilling når det gjeld å bruke elektrisk energi til oppvarming ved at om lag 70 pst. av oppvarminga blir dekt av elektrisk energi. Auka bruk av bioenergi til oppvarming vil frigjere vasskraft som dermed kan nyttast på område der dette er meir formålstenleg.

Bioenergiprogrammet til Landbruks- og matdepartementet blei skipa i 2003 og har som mål å auke lønnsemda og vidareutvikle bioenergi som forretningsområde, jf. kap. 1150. Satsinga har i 2006 ei ramme på 25 mill. kroner. Programmet vil gi grunnlag for auka sysselsetjing og verdiskaping innanfor landbruket. Erfaringstal tilseier at ein for produksjon av bioenergi kan rekne med fleire hundre årsverk pr. TWh. Departementet støtter næringa sitt mål om å auke bruken av bioenergi frå 16 TWh i dag til 26 TWh i 2015. I 2006 er det sett i gang to nye satsingar under programmet. Dette femner ei ordning med støtte til omlegging frå fyringsolje til bioenergi i veksthusnæringa som bruker til saman nærmare 1 TWh årleg. Nær halvparten av dette er fyringsolje som på sikt kan erstattast med bioenergi. Den andre satsinga er ei ordning for støtte til gardsvarmeanlegg. Desse to ordningane vil medverke til å gjere energibruken i landbruket meir miljøvennleg og byggje opp kompetansen på bioenergi innan næringa. Endringar i jordbruksfrådraget, som òg omfattar inntekter frå sal av bioenergi, gjer det meir lønnsamt enn før å satse på bioenergi for skogeigarar.

Regjeringa gjer framlegg om etablering av Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering på 10 mrd. kroner. Regjeringa tar sikte på å fremme forslag om eit kapitalinnskot på ytterlegare 10 mrd. kroner f.o.m. 1.1.2009. Avkastninga av fondet skal m.a. vurderast nytta til utbygging av infrastruktur for varme og tilskottsordning for hushald. Dette vil kunne vere positivt for ei auka satsing på bruk av bioenergi. Styrkinga av Enova sine rammer skal m.a. brukast til investeringsstøtte for utbygging av infrastruktur for fjernvarme og for å stimulere hushalda til å ta i bruk fornybar energi til oppvarming. Det skal òg etablerast ei vrakpantordning for oljekjelar. I tillegg til dette vil Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet arbeide vidare med å sjå på mogleg utvikling av plan- og bygningslova som eit verkemiddel for å sikre auka tilrettelegging for bruk av varmebasert energiforsyning ved utbyggingsprosjekt. Gjennomføring av krav om fleksible energisystem i alle nye offentlege bygg og ved rehabilitering av offentlege bygg på over 500 m2 er òg til vurdering.

Vidare har regjeringa fremma forslag om å fjerne CO2-avgifta på bioetanol (i rein form og innblanda i bensin) som ledd i ei omlegging av bilavgiftene i meir miljøvennleg retning. Det er òg fremma forslag om å innføre CO2-avgift på naturgass til mindre anlegg som til dømes vil omfatte gass til oppvarming av bustader. Dette er viktige tiltak for å få til ein overgang til meir biovarme. Samla sett vil dette forbetre rammevilkåra for bruk av bioenergi i Noreg vesentleg.

Innovasjon og næringsutvikling

Gode innovasjonsmiljø

Auka innovasjon i landbrukssektoren i vid forstand er ein viktig føresetnad for å oppnå auka mangfald og lønnsemd i produksjonen av varer og tenester frå sektoren. Regjeringa vil føre ein innovasjonspolitikk som har utspring frå regionalt nivå med kunnskap om regionale føremon og potensial. Dette skal medverke til å auke verdiskapinga innan landbruks- og matområdet, leggje til rette for å skape arbeidsplassar der folk bur og gi Noreg gode føresetnader for å møte den auka globale konkurransen i økonomi og næringsliv. Regjeringa vil gi stabile, pålitelege og konkurransedyktige rammevilkår på landbruks- og matområdet, og føre ein aktiv næringspolitikk der staten er engasjert i partnarskap med næringsliv, FoU-miljø og arbeidstakarane.

Staten må vere aktiv i innovasjonspolitikken, både for å styrkje utviklinga i dei ulike delane av landet og for å medverke til å utvikle den nasjonale konkurranseevna. Dette inneber m.a. å ta i bruk ny teknologi, utvikle nye produkt og tenester, etablere nye organisasjonsformer og gå inn i nye marknader. Dette krev eit høgt kunnskapsnivå, FoU, nyskapingsevne, tilgang på risikovillig kapital, konkurranse, godt samspel mellom privat og offentleg sektor og eit internasjonalt perspektiv. Dei nasjonale aktørane Innovasjon Norge, forskingsinstitusjonane på landbruks-og matområdet, Forskings­rådet, og fylkeskommunane og Fylkesmannen som regionale utviklingsaktørar, har sentrale roller i ein meir aktiv næringsretta distrikts- og regionalpolitikk. Det er viktig at desse aktørane samarbeider seg imellom og med regional stat og kommunar, slik at fleire verkemiddel kan bli vurderte i samanheng og bli best mogleg tilpassa verdiskapingsutfordringane i regionen. Regjeringa legg vekt på at samspelet mellom offentlege og private aktørar blir vidareutvikla. Regjeringa ønskjer òg å forsterke kommunane si rolle i å leggje til rette for næringsutvikling og entreprenørskap lokalt, som ein del av ei heilskapleg verkemiddelkjede. Det er viktig at forskingsmiljøa er aktive i dei regionale innovasjonsmiljøa.

Ny næringsutvikling

I tillegg til arbeidet med næringsutvikling i tilknyting til jord- og skogbruket, arbeider departementet med å vidareutvikle strategien for landbruksbasert næringsutvikling.

Den nasjonale strategien for næringsutvikling blir revidert hausten 2006 og skal gjelde frå 2007. I den nye strategien blir det lagt vekt på utvikling av levande bygder med eit moderne og livskraftig landbruk, samt auka og lønnsam produksjon av andre varer og tenester. Satsing på økologisk landbruk skal i større grad enn tidlegare inkluderast i den nasjonale strategien. Strategien skal femne om heile verdikjeda, frå primærproduksjon fram til forbrukar, og siktemålet er å auke den samla effektiviteten og verdiskapinga. Auka lønnsemd vil framleis vere hovudmålet for strategien, men dette målet kan òg oppfyllast på andre vis enn ved rasjonalisering av struktur. Det skal utviklast konkrete resultatmål for fleire satsingsområde. Det blir samtidig arbeidd med å utvikle nye mål- og resultatindikatorar som skal gi gode indikasjonar på om arbeidet med næringsutvikling knytt til landbruket gir gode nok resultat. Dei fylkesvise strategiane skal reviderast i etterkant av at den nasjonale strategien er etablert.

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon er viktig for å få fram eit mangfald av matprodukt og blir ført vidare i 2007. For å få til auka verdiskaping og lønnsame verksemder er det nødvendig at potensialet i ein nasjonal og internasjonal matmarknad blir utnytta betre. Det er nødvendig med eit heilskapeleg system for kvalitetssikring. Systema bør sjåast i samanheng med tiltak for heva kompetanse. Derfor blir sekretariatet for Kvalitetssystem i landbruket (KSL) og stiftelsen Matmerk slått saman. Dette vil gi synergieffektar, Godt Norsk merket avviklast og det skal utviklast ein ny merkeprofil i samarbeid med alle aktørane i marknaden.

Departementet har saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, ansvar for matpolitikken. Det viktigaste matpolitiske målet er å sikre trygg mat. I ein situasjon med auka konkurranse om den norske marknaden frå omverda, vil produksjon av trygge matvarer med høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Departementet vil i den samanhengen særleg ha merksemd mot å sikre at innsatsvarer og primærproduksjon er slik at sluttprodukta kan fylle målet om trygg mat.

Departementet har juridiske og økonomiske verkemiddel langs heile verdi- og produksjonskjeda for mat frå jordbruket. Det er nødvendig å styrkje heilskapen i landbruks- og matpolitikken, m.a. slik at verkemidla i næringspolitikken så langt som mogleg støtter opp om matpolitiske mål.

Dei ulike aktørane i verdikjeda er innbyrdes avhengige av kvarandre. Norske primærprodusentar treng ein aktiv og offensiv norsk næringsmiddelindustri for avsetning av produkta. Samtidig som mange arbeidsplassar i norsk næringsmiddelindustri er avhengig av eit aktivt landbruk i heile landet. Matprodusentane er vidare avhengig av både forsking og utvikling i den eine enda av verdikjeda og daglegvaremarknaden og forbrukarane i den andre enden av verdikjeda. Ein aukande maktkonsentrasjon på daglegvareleddet gjer det til dømes særleg krevjande for små matprodusentar å oppnå effektiv distribusjon og marknadstilgang. Departementet legg vekt på forbrukarane sine ønskje og preferansar som ein viktig premiss for næringsutviklinga i landbruket.

I landbruks- og matpolitikken er det òg viktig å utnytte synergiar og stimulere til samspel som kan fremme norsk matkultur, reiseliv, kulturlandskap og medverke til god helse og betre livskvalitet. Det er òg viktig å vere meir medviten om Noreg som matnasjon, for på denne måten å leggje til rette for næringsutvikling og verdiskaping i distrikta.

Det er innleidd eit samarbeid mellom næring og forvaltning med sikte på utbygging av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon mellom dei ulike ledda i matkjeda og mellom offentlege og private aktørar. Dette vil m.a. gi betre moglegheit for å spore kor maten kjem frå. Ei arbeidsgruppe skal innan utgangen av 2006 utarbeide ein mest mogleg heilskapleg plan for vidare arbeid for å nå dette målet i 2010. Utvikling av standardar på området blir eit sentralt element. Arbeidsgruppa skal òg foreslå konkrete tiltak for 2007. Ein legg opp til pilotprosjekt i 2007 med elektroniske sporingsløysingar i utvalde matkjeder.

Statsrådens kontaktutval for næringsutvikling blir vidareført, og vil femne innovasjon og forsking. Innovasjon Norge vil vidareføre dei etablerte faglege møtearenaene på utvalde område som skal vere møteplass for diskusjon av tema innan dei ulike bransjane.

Samla sett er det ein stor tenesteproduksjon i landbruket ut over den tradisjonelle landbruksproduksjonen. Landbruket representerer viktige verdiar og ressursar som kan nyttast til anna verksemd enn tradisjonell landbruksproduksjon, som t.d. reiseliv, helse- og omsorgstenester og alternative læringsformer. Det er eit stort behov for slike tenester i samfunnet, og dette kan samtidig bli viktige verksemder i landbruket. Det blei i samband med jordbruksforhandlingane i 2006 semje om å etablere eit utviklingsprogram for grønt reiseliv i Noreg. Næringa har store ambisjonar om auka verdiskaping basert på gardane og bygdene sine ressursar, og landbruket har mykje å medverke med i reiselivssamanheng. Lokal kulturhistorie, kulturlandskap, matkultur, jakt og fiske er viktige verdiar. Regjeringa ønskjer å synleggjere desse verdiane og medverke til samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar på dette området. Denne satsinga er samla under namnet Inn på tunet og slik verksemd utgjer ein viktig del av inntektsgrunnlaget på mange gardsbruk. I jordbruksforhandlingane 2006 blei det semje om at Inn på tunet-tenester bør bli ein viktig og prioritert del av tenestetilbodet innan helse-, omsorgs- og utdanningssektoren. Dette skal no følgjast opp gjennom m.a. kvalitetssikringssystem og auka kunnskap og kompetanse i næringa.

Departementet tek del i ei arbeidsgruppe som skal gi Miljøverndepartementet faglege råd i arbeidet med å lage ein handlingsplan for berekraftig forvaltning, skjøtsel og bruk av verneområde. Dette er ei oppfølging av Soria Moria-erklæringa og det påbegynte arbeidet med å utvikle nasjonalparkane som ein ressurs for lokalsamfunna og for lokal verdiskaping.

Likestilling i landbruket, og tiltak retta mot barn og unge

Likestilling

Noreg har ein føremon med høgt utdanna arbeidskraft og høg yrkesdeltaking blant kvinner. Samtidig har Noreg eit av Europas mest kjønnsdelte arbeidsmarknader, der kvinner i større grad arbeider i offentleg sektor enn i næringslivet. Dette er ei utfordring for landbruket.

Det er eit mål at kvinner og menn skal ha like høve til å drive næringsverksemd innanfor landbruket og tilknytte næringar, og at kvinner startar eigne føretak i og i tilknyting til landbruket. Utviklinga i landbruket dei siste 5 åra syner at delen kvinnelege eigarar har vore stabil. Delen kvinnelege personlege brukarar er nå på ca. 13 pst., medan kvinnelege eigarar utgjer ca. 25 pst. Gjennom lengre tid har kvinner blitt prioriterte i forskrifta som styrer tildelinga av pengar til bygdeutvikling. Statistikken syner at dette verkemiddelet fungerer og kvinner er godt representert i aktivitetar slik som Inn på tunet og G røn omsorg.

Departementet oppretta i 2006 ei arbeidsgruppe saman med næringa for å sjå på likestillinga i landbruket. Arbeidsgruppa skal sjå på målsetjingane for likestilling i landbruket og tilknytte næringar, fremme forslag til strategiar for auka likestilling og identifisere indikatorar for å måle utviklinga i likestillinga i og i tilknyting til landbruket. Arbeidsgruppa skal leggje fram konkrete innspel til jordbruksforhandlingane i 2007.

Tiltak retta mot barn og unge

Barn og unge er den framtidige omverda til landbruks- og matsektoren og dei er grunnlaget for framtidig rekruttering til sektoren. Samtidig har barn og unge eit meir distansert forhold til landbruk og naturforvaltning enn tidlegare. Det er eit mål å gi barn og unge forståing for langsiktig forvaltning av ressursane som kjelde til inntekt og velferd. Det er derfor viktig å ha ein politikk som òg vender seg aktivt mot barn og unge. Ein slik politikk skal vere med å leggje til rette for utviklingsmoglegheiter og positive opplevingar knytt til natur og landbruk, og gi kunnskap om og innsikt i landbruket.

Departementet vil auke støtta til organisasjonen 4H Noreg. Organisasjonen rettar seg mot barn og unge og legg vekt på å utvikle aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarsføling og respekt for natur og menneskjer. Organisasjonen har totalt 16 500 medlemmer.

Statskog gjennomfører aktivitetar for å stimulere til eit aktivt friluftsliv for barn og unge. Gjennom departementet si tresatsing har ein òg vore med og finansiert prosjekt for å skape auka engasjement om trebruk hos barn og unge. Skogen er ein verdifull arena for prosjekt retta mot barn og unge og Skogbrukets kursinstitutt (SKI) og Skogselskapet har stor aktivitet og kompetanse innan dette feltet. Departementet gir tilskott til miljølæreprosjektet Lære med skogensom er tilrettelagt frå barnehage- til høgskolenivå. Det er ønskjeleg med eit auka samarbeid mellom ulike aktørar innan skog, tre og utmark når det gjeld aktivitet retta mot barn og unge. Dette vil gi grunnlag for ei meir slagkraftig organisering av arbeidet og gi grunnlag for å vidareutvikle desse aktivitetane.

Departementet vil føre vidare satsinga på Noregs bygdeungdomslag og andre tiltak som prosjektet Ungt entreprenørskap og tilbodet om sunn mat, inkludert frukt og grønt til barn og unge.

Eigedoms- og busetjingspolitikk

Regjeringa vil auke verdiskapinga i distrikta. For å nå dette målet må menneskelege, økonomiske og arealmessige ressursar takast i bruk på ein betre måte enn i dag. Landbrukseigedommane og ressursane knytt til dei er grunnleggjande for verdiskaping. Det må derfor leggjast opp til ein politikk og bruk av verkemiddel knytt til eigedommane som legg til rette for at areala og bygningane på dei kan nyttast betre enn tidlegare både til næringsverksemd og bustad. Verkemiddelbruken må støtte opp under det tradisjonelle familielandbruket, samtidig som ein legg til rette for dei som vil utvikle eigedommen med nye næringar og for dei som berre vil bu på eit gardsbruk men hente inntekta si frå anna verksemd.

Det er viktig å leggje til rette for at dei som vil nytte landbrukseigedommen til verdiskaping får sleppe til anten verksemda er innanfor tradisjonelt landbruk eller går ut over dette. Verkemidla bør stimulere til slik utnytting av ressursane. I område eller på eigedommar der dette ikkje er mogleg, bør bygningane kunne takast i bruk til reine bustadformål, men det er ønskjeleg at areala blir drivne. Ein politikk som legg til rette for utnytting i tråd med dette inneber at ein ikkje kan sjå på eigedommen isolert som eit omsetjeleg investeringsobjekt for private. Det er nødvendig å knyte ansvar til det å eige ein landbrukseigedom, og det trengst verkemiddel knytt til omsetning av slik eigedom. Reglane i jordlova og konsesjonslova er sentrale for å oppnå dette, m.a. reglane om priskontroll på landbrukseigedom, og buplikt på landbrukseigedom. For å sikre at desse reglane er i tråd med ei ønskt utvikling, har departementet sett i gang ei kartlegging av kommunane sin praksis i saker som gjeld priskontroll etter konsesjonslova, og saker som gjeld dispensasjon frå buplikta på landbrukseigedom. Kartlegginga, saman med vurderingar knytt til verknadane av regelverket, vil danne grunnlag for eventuelle tiltak slik at priskontrollen og buplikta kan bli meir målretta enn i dag. Både auka rettleiing til kommunane og lovendring kan vere aktuelt i denne samanhengen.

For å sikre grunnlaget for verdiskaping på landbrukseigedomane er det viktig at ressursgrunnlaget ikkje blir svekt og at det blir stimulert til gode driftsløysingar. Dette var ein viktig grunn til at forslaget frå den førre regjeringa om oppheving av delingsforbodet ikkje blei følgd opp av regjeringa då Ot.prp. nr. 75 (2005-2006) blei fremma for Stortinget våren 2006. Ein annan viktig bakgrunn var omsynet til dei langsiktige måla for jordvern.

Det finst om lag 180 000 landbrukseigedommar. 125 000 av desse er utan aktiv jordbruksdrift sjølv om jorda som oftast haldast i hevd. Mange av dei er heilårsbustader, men om lag 46 000 er utan fast busetjing. Nokre er fritidsbustader, men ein del står heilt tomme. Ei undersøking gjennomført av Markeds- og mediainstituttet (MMI) syner at om lag 200 000 menneske kunne tenkt seg å flytte til eit småbruk. Det må bli enklare for dei som ønskjer å realisere slike planar. Departementet støtter initiativ som legg til rette for dette og arbeider med utvikling av aktuelle verkemiddel. I St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet Om distrikts- og regionalpolitikken foreslår regjeringa å opprette ein nettstad til bruk for kommunar som ønskjer informasjon og rådgiving om verkemiddel i areal- og eigedomspolitikken i landbruket. Her vil det m.a. bli gitt råd om korleis ein kan nytte ulike verktøy for å stimulere til å oppretthalde og auke busetjinga.

Kommunane har ei viktig rolle i gjennomføringa av eigedomspolitikken i landbruket etter at forvaltninga av reglane i jordlova, konsesjonslova, odelslova og skogbrukslova blei lagt til kommunane frå 1.1.2004. Innanfor rammene av nasjonale mål for jordvern og tenleg bruksstruktur gjer denne oppgåvefordelinga det mogleg for kommunane å leggje lokale og regionale behov til grunn. Lova, retningslinene for praksis, og praktiseringa må leggje til rette for ei ønskt utvikling. Verkemidla må kunne brukast aktivt og på ulikt vis ut ifrå ulike behov på bygda og i pressområde nær byar og tettstader.

Departementet fremma våren 2006 ein proposisjon med forslag til forenkling og modernisering av jordlova. Ein foreslo m.a. å endre jordlova § 6 slik at ordninga med frivillige statlege kjøp fell bort, og å oppheve dei ekspropriasjonsheimlane som finst i lova. Departementet arbeider òg for å leggje fram eit forslag til revidert og forenkla jordskiftelov. Målet med revisjonen er å oppdatere lova slik at ho høver med tida og tilhøva ut frå dei behova eigarar, rettshavarar og samfunnet har. Ein må sjå arbeidet i samanheng med endringane som er vedtekne i prosesslovgivinga elles, og med dei endringane som er gjort i dei seinare åra med å oppdatere og forenkle lovverket som gjeld eigedomsressursar, serleg i landbruket.

Departementet vurderer ei fornying og forenkling av odelslova slik at den blir betre tilpassa til samfunnet i dag.

Miljø og ressurspolitikk

Jordvern og kulturlandskap

Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken. For å ta vare på viktige kulturlandskap og verne om dyrka og dyrkbar jord arbeider regjeringa etter desse måla:

  • den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane skal halverast innan 2010

  • spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått ei særskilt forvaltning innan 2010

  • område som gror igjen med skog må skjøttast med tanke på næring og rekreasjon.

Dyrka og dyrkbar jord er grunnleggjande for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Som følgje av klima, terrengtilhøve og jordsmonn er berre 3 pst. av arealet i Noreg dyrka mark. Dei siste 50 åra har den årlege omdisponeringa av jordressursar vore monaleg. Tal frå KOSTRA syner no at omdisponeringa gjekk ned i 2005 samanlikna med dei siste 4-5 åra. I 2005 blei det omdisponert om lag 18 000 daa dyrka og dyrkbar jord, medan motsvarande tal for 2004 var om lag 22 000 daa. Tala syner samtidig ein auke i talet på samtykke til frådeling etter jordlova. Talmaterialet er noko usikkert fordi det er fyrste året med statistikk gjennom KOSTRA på dette feltet. Tala for jordbruksareal i landet har samla sett ikkje gått ned i takt med omdisponeringa, men mange av dei aller beste jordbruksareala er omdisponert og erstatta av m.a. nydyrka areal som i mange høve er meir marginale. Mykje står att før ein når målet om halvering av nedbygginga. Departementet meiner at det framleis er nødvendig med sterk merksemd kring jordvern både lokalt og sentralt dersom det skal vere mogleg å nå målet.

Det er kommunane som i all hovudsak treff vedtak om omdisponering av areal, og dei er derfor dei viktigaste aktørane i arbeidet med å nå måla for jordvern og kulturlandskap. Som eit ledd i å styrkje jordvernet og sikre at dei nasjonale måla blir følgt opp, er den statlege motsegnsretten mot kommunale planvedtak utvida. Statens landbruksforvaltning har fått motsegnsrett i dei høve der Fylkesmannen har tilrådd motsegn men fylkeslandbruksstyret ikkje har følgt tilrådinga.

Departementet har utarbeidd ein rettleiar for kommunane i arealplanlegginga for å kunne peike ut kjerneområde for landbruk. Denne rettleiaren er teken i bruk av fleire kommunar som eit nyttig hjelpemiddel. Departementet vil følgje utviklinga på området for å kunne vurdere korleis denne har blitt etter at kommunane fekk mynde til å avgjere slike saker i 2004, og vurdere behov for ytterlegare tiltak og verkemiddel.

Kulturlandskap forma av landbruket er viktig for identitet og tilknyting. Det gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv og for busetjing og turisme. Det er likevel utfordringar knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet. Med tanke på busetjing og trivsel og grunnlaget for reiseliv, lokal utvikling samt biologisk mangfald er det viktig å ta vare på slike kvalitetar. Tal frå NIJOS (no Norsk institutt for skog og landskap) syner at så mykje som 14 000 daa er i ferd med å gro igjen i løpet av ei 3-årsperiode berre i Oslofjord-fylka. Det er i hovudsak beitemark som går ut av bruk. Det er derfor i jordbruksavtalen i år etablert ei ny nasjonal beitetilskottsordning og dei regionale miljøprogramma og den kommunale ordninga spesielle miljøtiltak i landbruket er styrkt for å auke beiting og for betre kunne skjøtte kulturlandskapa.

Departementet har saman med Miljøverndepartementet starta eit arbeid med å dokumentere og peike ut spesielt verdifulle kulturlandskap. Arbeidet vil bli lagt til Fylkesmannen som saman med kommunane og regional kulturminneforvaltning, skal peike ut dei mest verdifulle kulturlandskapa på grunnlag av nasjonale føringar.

Forureining frå jordbruket

Verkemidla i nasjonalt og regionalt miljøprogram skal sjå til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff.

Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft skal følgjast opp gjennom dei regionale miljøprogramma. Det er òg lagt til rette for å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn innan landbruket. Departementet legg opp til ei vidare satsing på å redusere forureininga av fosfor og nitrogen til vassdrag og kystområde. Arbeidet skjer i samarbeid med miljøvernstyresmaktene.

Departementet arbeider no med ein sektorvis klimahandlingsplan og vil komme tilbake til eventuelle spesielle klimatiltak innanfor sektoren i neste års budsjettproposisjon.

I løpet av perioden 1998-2002 er miljø- og helserisikoen ved bruk av plantevernmiddel redusert med minst 25 pst. I 2004 blei handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel revidert og ein ny ambisiøs plan fram mot 2008 er vedteke. Målsetjinga er å redusere faren ved bruk til det halve samanlikna med 1998. For 2005 er det gjort framlegg om tiltak og verkemiddel for å følgje opp planen.

Biologisk mangfald og genetiske ressursar

Landbruket arbeider med grunnlag i naturen si produksjonsevne, og tiltaka i landbruket verkar inn på det biologiske mangfaldet. Det er derfor nødvendig å ha gode kunnskapar om det biologiske mangfaldet, både når det gjeld påverking, tolegrenser og kunnskap om geografisk utbreiing m.v.

I 2007 vil departementet føre vidare deltakinga i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, og føre vidare satsinga på tiltak knytt til miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, miljøretta tilskott o.a. Departementet vil halde fram med kartleggings- og registreringsarbeid retta mot verdifull genetisk variasjon innan skogstre, innan trua kulturplanter og innan trua rasar av storfe, småfe og fjørfe.

Regjeringa vil ikkje følgje opp framlegget om endringar i lov om planteforedling frå førre regjering som ville ført til at bøndene måtte betale for bruk av eige formeringsmateriale. Av den grunn gjer departementet framlegg om å auke løyvinga til norsk planteforedling, jf. kap. 1143, post 74.

Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er grunnleggjande for å halde oppe eit biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar.

Departementet er i ferd med å etablere eit globalt sikringslager for frø på Svalbard, og det vil bli lagt vekt på informasjonsarbeid, forsking og kunnskapsutvikling kring dei verdiane den genetiske variasjonen representerer for allmenta og næringa. Sikringslageret skal finansierast av Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet, der Landbruks- og matdepartementet skal ha det overordna ansvaret. Nordisk genbank skal stå for den daglege drifta.

Departementet har i 2006 skipa eit nasjonalt genressurssenter knytt til Norsk institutt for skog og landskap. Senteret skal medverke til ei meir kraftfull og samordna forvaltning av genressursane innan husdyr, skogstre og kulturplanter og skal bli eit rådgivande organ for departementet.

Nordisk ministerråd for fiskeri og havbruk, jordbruk, livsmiddel og skogbruk (NMR-FJLS) blei i 2006 einige om vidare framdrift for arbeidet med å samordne ressursbruken innanfor det nordiske genressurssamarbeidet og få til meir effektive organisatoriske løysingar i møtet med tverrfaglege utfordringar. Noreg leiar dette arbeidet i 2006-2007.

Departementet følgjer opp arbeidet med genetiske ressursar under FAO og Konvensjonen for biologisk mangfald.

Noreg vil følgje opp den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruksproduksjon som får full verknad etter ein konferanse i Madrid sommaren 2006. Denne skal sikre at alle land har tilgang til den genetiske variasjonen som er viktig for matproduksjon. Ein kontrakt som skal følgje plantegenetisk materiale, t.d. for bruk av frø til vidareforedling, blir introdusert i Noreg tidleg i 2007.

Kart og geodata

Landbrukssektoren tek del i det nasjonale samarbeidet om produksjon og forvaltning av digitale kart i Norge Digitalt og Geovekst. Dette gir samfunnet god tilgang til kart om landbruket og landbruksforvaltninga kan nytte andres data. Geovekst gir landbruket rettar til dei detaljerte grunnkarta og flybileta og desse kan brukast for alle formål der ein har behov. Departementet set no av meir midlar til dette for at landbruket skal bli ein meir aktiv part.

Internasjonalt arbeid

Utforming av ny landbruksavtale har vore den mest sentrale delen av forhandlingsrunden i WTO som kom i gang i Doha i 2001. Den 1.8.2004 blei det vedteke eit rammeverk som la føringar for dei vidare forhandlingane for landbruksvarer, industrivarer inkludert fisk og forenkling av handelsprosedyrar.

Dei viktigaste forhandlingsområda for landbruk har vore marknadstilgang for landbruksvarer, bruk av nasjonal landbruksstøtte og bruk av eksportsubsidiar. Det skulle vidare takast særleg omsyn til u-landa ved utforming av det nye regelverket.

Frå norsk side har det i forhandlingane vore eit mål å sikre at det i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald og distriktsomsyn.

På ministermøtet i Hong Kong i desember 2005 var det semje om å fastsetje eit nytt regelverk for handel med landbruksvarer i 2006. Det var vidare semje om å fjerne alle former for eksportstøtte innan utgangen av 2013 og å betre marknadstilgangen for produkt frå dei minst utvikla landa innan 2008.

I første halvår 2006 var det ein omfattande møteaktivitet i Genève for å komme fram til ei avtale. På landbruk var det m.a. omfattande drøftingar av ordningar knytte til marknadstilgang og nasjonal støtte. For marknadstilgang var det særleg viktig å få gjennomslag for å definere eit tilstrekkeleg tal produkt som sensitive. For sensitive produkt skal ein ta ein mindre reduksjon i tollsatsane enn for produkt som ikkje blir definert som sensitive. Det blei òg frå norsk side lagt ned eit omfattande arbeid i å unngå eit øvre tak på tollsatsane.

For den nasjonale støtta til landbruket har ein frå norsk side lagt til grunn at det ikkje skal bli øvre grenser for den samla støtta, men at ein må akseptere at støtta blir gjeve på andre måtar enn i dag. Dette inneber at det vil bli reduksjon i handelsvridande støtte, men ingen øvre reduksjonar i støtte som ikkje påverkar produksjonen.

Noreg samarbeider med den såkalla G10-gruppa i forhandlingane. I tillegg til Noreg inneheld denne gruppa blant anna Japan, Sveits, Korea og Taiwan. For alle desse landa er det avgjerande å sikre gode løysingar på spørsmålet om marknadstilgang. Landa står saman i arbeidet for å unngå eit tak på tollsatsane. Gruppa har samarbeidd godt sidan den blei etablert i 2003. Frå norsk side blir det lagt stor vekt på at ein kan vidareføre samarbeidet i gruppa, slik at ein sikrar høvet til å påverke forhandlingane framover.

WTO-medlemene lukkast ikkje i å komme fram til semje om nytt regelverk om landbruksvarer innan fristen, og den 24. juli blei WTO-forhandlingane avbrotne utan nye fristar for framdrift. For Noreg er det viktig å ha eit multilateralt regelverk som set retningsliner for handelen. For norsk landbruk og næringsmiddelindustri inneber det større uvisse om framtidige rammevilkår at forhandlingane har stoppa opp. Regjeringa vil derfor i samarbeid med andre land med liknande interesser (G-10 gruppa) stø opp om arbeidet med å få forhandlingane i gang igjen.

Frå regjeringa si side vil nye forhandlingar bli basert på eksisterande målsetjingar om å leggje til rette for ein aktiv jordbruksproduksjon i alle delar av landet. Dette er ei ambisiøs målsetjing som krev gode løysingar òg for norsk jordbruk i WTO-forhandlingane.

Noreg og EU har hatt eit innleiande møte om nye forhandlingar om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtala. Desse forhandlingane vil frå norsk side bli vurdert i samanheng med WTO-forhandlingane.

Landbruket inngår ikkje i EØS-avtala med unntak av spørsmål knytt til dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Krava ved produksjon og omsetnad av mat blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling som kjem til uttrykk m.a. i EØS-avtala og avtalar knytt til WTO. Dette gjer at sentrale delar av rammevilkåra på mattryggleiksområdet blir fastsette i EU og tekne over av Noreg som følgje av EØS-avtala. Samtidig sikrar EØS-avtala norske bedrifter like vilkår på dette området som europeiske partnarar og konkurrentar, noko som opnar for fleire sjansar innan den europeiske marknaden. Ei aktiv tilnærming på eit tidleg tidspunkt under utforminga av nytt regelverk på mattryggleiksområdet vil vere ein sentral del av den aktive europapolitikken som regjeringa legg opp til i St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken.

I det internasjonale skogpolitiske samarbeidet arbeider Noreg for eit meir forpliktande samarbeid mellom landa for å ta vare på og betre forvaltninga av skogane i verda. FN sitt skogpolitiske forum (UNFF) vedtok i 2006 eit rammeverk for det vidare internasjonale skogsamarbeidet i FN. Landa blei m.a. samde om fire globale mål som blir retningsgivande for samarbeidet i åra framover. UNFF skal på sitt 7. møte i april 2007 etter planen vedta ein internasjonal skogavtale og eit arbeidsprogram for den vidare oppfølginga. Noreg deltek òg aktivt i samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE) som m.a. tilrettelegg for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg tek del i koordineringa av denne europeiske skogpolitiske prosessen og vil i nær framtid, truleg i 2008, overta leiinga av MCPFE. Dette vil ytterlegare styrkje Noreg si rolle og innverknad i samarbeidet om skogpolitikk i Europa.

Det blir lagt stor vekt på bevaring av genetiske ressursar. Departementet deltek aktivt i Nordisk genressursråd og det nordiske samarbeidet knytt til dei nordiske genbankane for husdyr og planter og samarbeid om genressursar i skog. Departementet følgjer aktivt opp det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og FN sin konvensjon om biologisk mangfald. Etableringa av eit globalt sikringslager for frø på Svalbard i 2007 som er nemnd ovanfor i teksten er eit viktig tiltak.

Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Støtte til organisasjonar , kan overførast

17 125

17 647

18 847

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar , kan overførast

2 000

4 043

Sum kap. 1138

17 125

19 647

22 890

Post 70 Støtte til organisasjonar

Posten femner Landbruks- og matdepartementet si tilskottsordning for støtte til organisasjonar. Formålet med ordninga er å støtte organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Tilskotta tek sikte på å medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane og på denne måten medverke til eit levande og aktivt organisasjonsliv lokalt, regionalt og sentralt. Støtta gis til organisasjonar som:

  • fremmer miljøarbeid, næringsutvikling og forbrukarinteresser innan jord- og skogbrukssektoren

  • fremmer positive haldningar til, og forståing for grøne verdiar hos barn, ungdom og allmenta

  • arbeider med likestillingsspørsmål innan jord- og skogbruk

  • arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde

Midlar gis som grunnstøtte der det òg kan vere konkretisert nokre oppgåver departementet meiner det er viktig å gjennomføre det enkelte år. Storleiken på driftstilskota blir fastsett m.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå, den finansielle situasjonen og at tilskottet skal stå i eit rimeleg forhold til anna finansiering.

Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar og rekneskap stadfest av revisor samt eventuelle andre vilkår lagt til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjon.

Resultatrapport 2005

I 2005 blei støtta til organisasjonar fordelt etter ein open prosess basert på offentleg kunngjering. Det blei fordelt 17,1 mill. kroner til 24 organisasjonar, jf. tabellen. Totalt 33 organisasjonar søkte om støtte.

Tabell 2.5 Oversikt over støtte gitt i 2005

Organisasjon

Beløp

Det kgl. Selskap for Norges Vel

2 700 000

Norges Bygdekvinnelag

100 000

4H Noreg

4 800 000

OIKOS – Økologisk Landslag

2 750 000

Norsk bioenergiforening

150 000

Biologisk Dynamisk Forening

175 000

Slow Food Noreg

50 000

Norsk Villsaulag BA

20 000

Norsk Landbruksmuseum

3 500 000

Norsk Gardsost

50 000

Norsk kolonihageforbund

20 000

Det Norske Hageselskap

900 000

Dyrebeskyttelsen Noreg

100 000

Dyrevernalliansen

100 000

Landbrukstidsskriftet Norden

45 000

Foreningen Landbruksøkonomisk Forum (LØF)1

10 000

Blekkulfs miljødetektiver

20 000

Natur og Ungdom

100 000

Nyttevekstforeningen

10 000

Norges Naturvernforbund

75 000

WWF Noreg

75 000

Jenter i skogbruket

150 000

Stiftelsen Det norske arboret

300 000

Det Norske Skogselskap

900 000

Sum

17 100 000

Tidsskriftet Landbruksøkonomisk forum (LØF) blei ikkje utgitt. Støttebeløpet ble tilbakebetalt til Landbruks- og matdeparte­mentet i 2006.

Budsjettframlegg 2007

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 18,847 mill. kroner i grunnstøtte til enkelte organisasjonar som arbeider innanfor det landbrukspolitiske området. Tilskott til Det Norske Arboret på 300 000 kroner er flytta til kap. 1139 post 71 Tilskott til genressursforvaltning.

Tidlegare år har departementet lyst ut ordninga primo oktober, dvs. rett etter at St.prp. nr. 1 var lagt fram, og fordelt midlane etter at Stortinget har behandla budsjettet. For 2007 og seinare år legg departementet opp til å fordele det meste av støtta til organisasjonane direkte i St.prp. nr. 1. Dette inneber at søknadsfristen framover vil bli på våren og inngå i den ordinære budsjettbehandlinga. Departementet tek såleis sikte på å lyse ut ordninga for 2008 medio april 2007.

2007 vil derfor bli eit overgangsår. Departementet legg opp til å gi tilskott slik det går fram av tabellen nedanfor. I si prioritering har departementet lagt stor vekt på organisasjonar som er landsdekkande medlemsorganisasjonar, arbeider med barn og unge og som arbeider inn mot departementet si kjerneverksemd.

Ein vil i tillegg etter nærmare vurdering fordele resterande midlar på om lag 0,6 mill. kroner til andre organisasjonar som oppfyller vilkåra for støtte over posten.

Tabell 2.6 Budsjettframlegg 2007

Organisasjon

Støtte 2006

Forslag 2007

Det kgl. Selskap for Norges Vel

2 400 000

2 400 000

4H Noreg

5 850 000

6 500 000

Norsk landbruksmuseum

3 550 000

3 600 000

OIKOS – økologisk landslag

2 800 000

2 900 000

Biologisk Dynamisk Forening

175 000

175 000

Norsk Bygdekvinnelag

100 000

100 000

Norges Bygdeungdomslag

70 000

100 000

Natur og ungdom

100 000

100 000

Dyrebeskyttelsen Noreg

0

100 000

Det Norske Hageselskap

900 000

1 100 000

Det Norske Skogselskap

900 000

1 050 000

Jenter i skogbruket

150 000

150 000

Ufordelt

570 000

Sum

16 995 000

18 845 000

Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar

Posten blei oppretta i 2006. Den femner midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnadar knytt til rapportering o.a. Departementet vil leggje opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar i det internasjonale skogpolitiske arbeidet.

Budsjettframlegg 2007

Departementet gjer framlegg om 4,043 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk samarbeid o.a. Posten er styrkt for å dekkje auka utgifter i samband med Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE), som er viktig for utvikling av eit berekraftig skogbruk i europeisk og global samanheng.

Løyvinga vil i hovudsak bli nytta til arbeidet knytt til Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa, som er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk i Europa. Noreg har teke del i koordineringa og leiinga av prosessen sidan 1998. Noreg er for tida nestleiar i MCPFE og støtter finansieringa gjennom ein årleg kontingent. Noreg sin obligatoriske kontingent er 20 pst. av det samla budsjettet for prosessen i 2007. I tråd med innarbeidd praksis for leiing av og medfinansiering av prosessen vil Noreg sin medverknad auke i tida som kjem. Neste ministerkonferanse skal etter planen arrangerast i Warszawa hausten 2007 i samarbeid mellom Polen og Noreg. Noreg skal i tillegg til den årlege kontingenten finansiere 50 pst. av kostnadane knytt til å arrangere konferansen. Etter Warszawa-konferansen vil Noreg ta over leiarskapet. Som leiar for MCPFE skal Noreg m.a. halde eit sekretariat for prosessen dei påføljande åra. Dersom Warszawa-konferansen blir halden hausten 2007 slik det er planlagt, vil sekretariatet i Noreg òg bli etablert hausten 2007. Departementet vil avgjere lokaliseringa av sekretariatet og leggje til rette for rekruttering av personale. Departementet ser det òg som viktig å medverke til prosjekt, møter o.a. som følgjer av denne prosessen.

Noreg deltek òg aktivt i ei rekkje andre fora for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål. Løyvinga vil òg bli nytta til Noreg sin medverknad på desse områda. Med sikte på å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid er det aktuelt å bruke løyvinga til oppdrag o.a. til norske institusjonar og organisasjonar.

Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak , kan overførast

14 664

14 615

15 170

71

Tilskott til genressursforvaltning , kan overførast

13 751

17 916

16 185

Sum kap. 1139

28 415

32 531

31 355

Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak

Resultatrapport 2005

Det er nødvendig med god kunnskap og oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Over post 70 gav departementet støtte til miljøtiltak og ressurs­kunnskap i landbruket og skogbruket.

Miljø- og ressurskunnskap m.m.

Arbeidet med resultatkontroll og overvaking under Jordsmonnovervakingsprogrammet blei ført vidare i 2005 med 3,5 mill. kroner. Jordsmonnovervakinga er eit langsiktig program som m.a. gjer oss i stand til å rapportere til nasjonale og internasjonale fora om miljøtilstanden i jordsmonn og vassdrag. Vidare gir det rom for å måle og rekne ut effekten av tiltak for å redusere forureining av næringssalt og plantevernmiddel frå jordbruket. Med utgangspunkt i satsinga på meir miljøvennlege driftsformer er det planlagt å lage ein modell for å rekne ut mengda av utslepp av klimagassen N2O (lystgass). Arbeidet skal gi ein peikepinn om i kva mon det er råd å redusere utsleppa av lystgass frå landbruket. Dette arbeidet vil bli sluttført i 2006.

Departementet er med i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Det er gitt støtte til prosjektet Kartlegging og overvaking av trua arter, som skal skaffe eit betre kunnskapsgrunnlag for raudlista. I tillegg har departementet vore med og støtta arbeidet som blir gjort av den nasjonale artsdatabanken. Til saman blei det løyvd 1,4 mill. kroner til desse tiltaka.

Arbeidet med produksjon av digitale markslagskart er ein del av eit større prosjekt som det blei løyvd 1,3 mill. kroner til over denne posten. Arbeidet blei òg finansiert over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150, og kap. 1146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS).

Andre tiltak som fekk midlar over denne posten var arbeidet med å utvikle eit datagrunnlag for kartfesting av kjerneområde for landbruk. Arbeidet blei utført av NIJOS, og på dette grunnlaget har departementet laga ei elektronisk rettleiing om kva for areal i kommunen som representerer store landbruks- og kulturlandskapsverdiar, og som det bør takast omsyn til ved planlegging, arealforvaltning og ved utforming av lokal jordvernpolitikk.

Auka kunnskap og kompetanse om plantevern hos brukarar og rettleiingsteneste er rekna for å vere viktig for å nå målsetjingane i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008). I 2005 blei det gitt 600 000 kroner i støtte til Planteforsk til å gjennomføre informasjonstiltak innanfor planevernområdet. Midlane har vore nytta til å formidle kunnskap om plantevern m.a. ved å halde og delta i fagmøte, kurs og liknande.

Posten er òg nytta til å finansiere resultatkontroll i skogbruket. Denne kontrollen er knytt til overvaking av utviklinga av skogtilstanden, og planlegging og gjennomføring av konkrete kontrolltiltak i skog, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging, jf. nærmare omtale under kap. 1149.

Over post 70 gav Landbruks- og matdepartementet òg i 2005 støtte til vidare utvikling av eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar i skog – Miljøregistreringar i skog (MiS) med 4,8 mill. kroner. Skogforsk og NIJOS (no slått saman til Norsk institutt for skog og landskap) har hatt hovudoppgåvene i arbeidet, med ei rad publiseringar i regi av Skogforsk og med konkret oppfølging av miljøregistreringsarbeidet i regi av NIJOS. Miljøregistreringane blir i hovudsak gjort samtidig med andre ressursregistreringar i samband med at det blir laga skogbruksplanar for skogeigedommane. Det er i perioden 2001-2004 registrert om lag 18,5 mill. daa etter MiS-metodikken, og ytterlegare 2,6 mill. daa blei påbyrja i 2005.

Arbeidet som er knytt til utvikling av metode for kulturminneregistreringar i skog blei ført vidare i 2005 av NIJOS. Prosjektet har medverka til å auke kunnskapen om kulturminne blant skogeigarane og har samarbeidd med fylkesmenn og takstselskap om kulturminne i skog. Prosjektet har òg vore med å utvikle studieopplegg på høgskolar og universitet om kulturminne og registreringar i skog.

Miljøarbeidet i skogbruket krev høg kompetanse i heile sektoren. Landbruks- og matdepartementet støtta derfor i 2005 ein del prosjekt, møter og konferansar for kunnskapsformidling og informasjonstiltak for eit berekraftig skogbruk.

Arbeidet med opprydding etter tidlegare DDT-deponi ved norske skogplanteskolar heldt fram i 2005.

Budsjettframlegg 2007

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 15,1 mill. kroner på post 70 for 2007 og legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik tabellen under syner.

Tabell 2.7 Budsjett for kap. 1139 post 70 i 2006 og budsjettframlegg for 2007

    (i 1 000 kr)

Tiltak

Budsjett 2006

Budsjett 2007

Jordsmonnovervaking (JOVA)

3 500

3 605

Nasjonal kartlegging og overvaking av biologisk mangfald

1 500

1 500

Digitale markslagskart

1 325

1 325

Informasjonstiltak mv. knytt til jordbruk og kulturlandskap o.a

1 840

2 030

Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet)

5 700

5 700

Informasjonstiltak mv. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket o.a

750

1 010

Sum kap. 1139 post 70

14 615

15 170

Miljø- og ressurskunnskap m.m.

I 2007 vil departementet føre vidare arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskapen. Betre kunnskap er ein føresetnad for berekraftig areal- og ressursbruk og næringsverksemd. Slike tiltak blir finansiert både over dette kapitlet og over andre budsjettkapittel.

Departementet vil bruke midlane over denne posten til desse tiltaka:

  • Føre vidare Jordsmonnsovervakinga som verkemiddel for god kontroll med avrenning og forureining av vatn og vassdrag. I tillegg til å nytte informasjonen i samband med nasjonal og internasjonal rapportering, gir denne overvakinga rom for å måle og rekne ut effekten av tiltak for å redusere forureining av næringssalt og plantevernmiddel frå jordbruket.

  • Ta del i det interdepartementale arbeidet med Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. For Landbruks- og matdepartementet er det viktig å få fram betre kunnskap om dei trua og sårbare artane i kulturlandskap og skog som grunnlag for betre miljøtiltak i næringsverksemda.

  • Støtte arbeidet med å få fram god stadinformasjon som verktøy for arealplanlegging og ressursforvaltning gjennom tilskott til arbeidet med digitale markslagskart, DMK, jf. kap. 1141 og 1150.

  • Støtte miljøretta prosjekt og informasjonstiltak for jordbruk og kulturlandskap som til dømes tiltak som kan medverke til å nå måla i Handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel.

  • Føre vidare arbeidet i delprosjekt for miljøregistrering i skog (MiS) - biologisk mangfald - med særleg vekt på å integrere ny kunnskap i metodearbeidet, og sjå på samanhengen mellom registrerte miljøelement og omsyn i det praktiske skogbruket jf. kat. 15.30 om auka hogst, som òg krev at det blir lagt vekt på miljøomsyn. Ei vidareføring av Levende Skog-prosjektet vil òg krevje auka bruk av kunnskapen frå prosjektet omkring omsyn til biologisk viktige område, og prosjektet er òg sentralt når det gjeld kartlegging og overvaking av det biologiske mangfaldet.

  • Føre vidare støtta til MiS-delprosjektet for kulturminne i skog. I 2007 skal det arbeidast vidare med informasjon og rettleiing og kompetansehevande tiltak retta mot forvaltninga og skognæringa. Dette delprosjektet heng saman med anna kulturminnearbeid ved Norsk institutt for skog og landskap, m.a. programmet Tilstandsovervaking og resultatkontroll i jordbrukets kulturlandskap, jf. kap. 1141.

  • Støtte til prosjekt for kunnskapsformidling og informasjonstiltak for eit berekraftig skogbruk. Slike tiltak vil femne om tilskott til produksjon av informasjonsmateriell og seminar og til kunnskapsoppbygging og samlingar, m.a. retta mot offentleg og privat verksemd.

Post 71 Tilskott til genressursforvaltning, kan overførast

Posten femner tiltak til styrking av arbeidet med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.

Resultatrapport 2005

Over posten blir det løyvd midlar til arbeid som blir utført av Norsk genressursråd og dei tre genressursutvala for kulturplanter, husdyr og skogtre, og for å følgje opp nordiske strategiar og internasjonale forhandlingar innanfor genressursområdet. Det blei løyvd til saman om lag 6,6 mill. kroner til desse føremåla.

Norsk genressursråd har i 2005 arbeidd med spørsmål knytt til tilgang og rettar til genressursar, og har halde eit seminar i samarbeid med Bioteknologinemnda. I tillegg støtta rådet ein internasjonal work-shop i Sør-Afrika for å førebu møte i 2006 om konvensjonen om biologisk mangfald og internasjonale regime for utveksling av genetiske ressursar over landegrenser innanfor Food and Agriculture Organization (FAO). Det er òg laga ei utgreiing om å verdsetje genetiske ressursar. Rådet har engasjert seg i informasjonstiltak retta mot skoleungdom.

Arbeidet i genressursutvalet for kulturplanter er organisert i eit nasjonalt program for ta vare på og bruke plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Det er kartlagd og registrert genressursar i tråd med handlingsplan. I 2005 blei det arbeidd med engvekstar i kulturlandskap i endring, med kartlegging av hagevekstar, og med nyttbar diversitet i eplesortar og planter for grønt­anlegg. Det er òg laga ei rettleiing for å tryggje engareal med verdifull genetisk variasjon.

Genressursutvalet for husdyr har ansvar for små trua populasjonar av gamle husdyrrasar og for overvaking av dei populasjonane som er i aktiv avl. Utvalet har arbeidd med næringsutvikling knytt til gamle husdyrrasar. Vidare er utvikling av programvare for eit nytt web-basert kuregister ført vidare til liks med forskingsprosjekt på Sidet Trønderfe og Nordlandsfe, og kartlegging og forvaltning av små trua populasjonar.

Genressursutvalet for skogtre har ei rådgjevande og koordinerande rolle i arbeidet med å ta vare på skoggenetiske ressursar. I 2005 blei det òg arbeidd med å overvake genressursar hos utvalde treslag (bøk, alm, lind, barlind, kristtorn, søtkirsebær o.a.). Utvalet har òg arbeidd med spørsmål kring skjøtsel av edellauvskogreservat, bruk av norske treslag i kulturlandskapet, planter for norsk klima og ulike informasjonstiltak og publikasjonar for å spreie informasjon til samfunnet. Arbeidet Skogforsk gjer på genressursområdet internasjonalt og nasjonalt, m.a. som sekretariat for genressursutvalet for skogtre, blei dekt over posten.

Genressursarbeidet er samla i eit senter frå juli 2006, og departementet starta førebuinga av dette i 2005. Departementet har òg ført vidare arbeidet som blei teke opp i 2004 med utgreiing av eit globalt sikringslager for frø på Svalbard, og med deltaking i dei internasjonale prosessane for å få i stand internasjonale regime for utveksling av genetiske ressursar over landegrenser innanfor FAO og i Konvensjonen om biologisk mangfald. Arbeidet for å få til betre samordning av Nordisk ministerråd sitt arbeid for forvaltning av nordiske genressursar i Nordisk genbank og Nordisk Genbank Husdyr (NGH) og innanfor Nordisk skogbruks frø- og planteråd (NSFP) er følgd opp. Noreg sitt tilskott til NGH har i 2005 vore på same nivå som året før.

Midlane til Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter går til styrking av arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest. Norsk Hjortesenter fekk tildelt midlar for å arbeide med å utvikle hjort som ressurs.

Det norske Skogfrøverk er ein sentral institusjon for leveransar av frø til norsk skogbruk, og institusjonen har òg viktig kompetanse når det gjeld genressursspørsmål knytt til trevekstar. I 2005 har Landbruks- og matdepartementet gitt økonomisk stønad til forvaltningsoppgåver til m.a. dokumentasjon og opphavsmerking for skogfrø, til ulike genressursrelaterte oppgåver og til konglesanking. Strategisk plan for skogfrøforsyning, planteforedling og bevaring av genetiske ressursar ligg til grunn for aktiviteten ved Det norske Skogfrøverk. Redusert planteinnsats i skogbruket dei siste åra har ført til at Skogfrøverket har fått reduserte salsinntekter og svekka økonomi, og drifta har vore tilpassa dette.

Budsjettframlegg 2007

Genetiske ressursar er grunnleggjande for vidareføringa av alt levande biologisk materiale, og biologisk utvikling og framgang er avhengig av genetisk variasjon. Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er derfor grunnleggjande for å halde oppe eit biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar. Noreg har ansvar for å forvalte sine genetiske ressursar på ein berekraftig måte, noko som m.a. er stadfesta gjennom internasjonale konvensjonar og avtaler.

Departementet vil i 2007 styrkje arbeidet med forvaltning av landbruket sine genressursar innan ei ny og samla organisering av det nasjonale arbeidet i Norsk genressurssenter. Dette inneber ei monaleg endring i organisering av arbeidet. Norsk genressurssenter er organisert under Norsk institutt for skog og landskap (sjå kap. 1141 post 52), og 3,6 mill. kroner er ført over til grunnfinansiering av verksemda der.

Departementet vil òg medverke internasjonalt med skipinga av eit globalt frølager på Svalbard (Svalbard Global Seed Vault).

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 16,185 mill. kroner for 2007, og legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik tabellen under syner:

Tabell 2.8 Budsjett for kap. 1139 post 71 i 2006 og budsjettframlegg for 2007

    (i 1 000 kr)

Tiltak

Budsjett 2006

Budsjett 2007

Genressurstiltak

10 266

6 635

Svalbard globale frølager

1 600

Stiftelsen Det norske arboret

300

Nordisk Genbank Husdyr

1 100

1 100

Nord-Norsk Hestesenter, Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hjortesenter

2 800

2 800

Skogfrøforsyninga

3 750

3 750

Sum genressursforvaltning

17 916

16 185

Avsetninga til genressurstiltak på 6,635 mill. kroner går nominelt ned pga. flytting av 3,6 mill. kroner til kap. 1141 post 52. Ressursane til genforvaltning som skal stillast til disposisjon for Norsk institutt for skog og landskap/Genressurssenteret vil auke med om lag 800 000 kroner samanlikna med 2006.

Dei 3,6 mill. kronene som blir ført over til 1141 post 52, skal dekkje drift av Norsk genressurssenter, genressursutval og –råd, og deltaking i og kontingentar til internasjonale fora.

I samband med jordbruksavtalen for 2006 blei 750 000 kroner flytta frå kap. 1150 post 77.11 Tilskott til dyreavl m.m. til kap. 1139 post 71. Løyvingane gjeld tilskott til drift av Genbanken for fjørfe, samt stønad til arbeid med verneverdige storferasar. Frå 2007 blir løyvinga til arbeidet med reinrasa norsk sau flytta frå kap. 1150 post 77.11 med 40 000 kroner.

I samband med vedtak om å skipe eit globalt frølager på Svalbard har Miljøverndepartementet gjort framlegg om ei rammeoverføring på 350 000 kroner til kap. 1139 post 71, til opning og framtidig drift av frølageret.

125 000 kroner blir ført over frå kap. 1100 post 01 og 373 000 kroner frå kap. 1161 post 70 til styrking av genressursarbeidet.

Det norske arboret har tidlegare fått støtte over tilskottsordninga for frivillige organisasjonar budsjettert på kap. 1138, men blir frå 2007 budsjettert på kap. 1139 post 71 med 300 000 kroner.

Når ein tek omsyn til dei tekniske endringane ovanfor, har posten fått ei auke.

Arbeidet som til nå har vore forankra i tre genressursutval for kulturplanter, husdyr og skogtre og i Norsk genressursråd, har fått ei fastare og meir samordna organisering. Opprettinga av Norsk genressurssenter frå 1.7.2006 gir grunnlag for ei meir effektiv genressursforvaltning og styrkt informasjonsverksemd, m.a. når det gjeld tilrettelegging for auka bruk av internettbaserte tilbod. Senteret skal vere sekretariat for eit fagråd og for dei tre genressursutvala som held fram med å gi råd om oppfølginga av nasjonale strategiar og planar for genressursbevaring. Det skal òg følgje opp arbeidet i nordiske og internasjonale organ og samordne det nasjonale og nordiske arbeidet. Det nye senteret er ein del av Norsk institutt for skog og landskap, og driftsmidlar til senteret blir løyvd over kap. 1141 post 52.

Over kap. 1139 post 71 blir det løyvd midlar m.a. til arbeid som blir utført av Norsk genressurssenter og genressursutvala. Senteret skal arbeide vidare med informasjonstiltaka som er sette i gang på dette området. Senteret skal òg arbeide vidare med spørsmål kring retten og tilgangen til genetiske ressursar i Noreg.

Løyvingane til genressurstiltak gjeld òg drift av Genbanken for fjørfe, tilskott til arbeid med verneverdige storferasar og til Landslaget for reinrasa norsk sau sitt arbeid med å halde oppe avl på dei reine tradisjonelle norske sauerasane. Ein vil òg gi tilskott til leiing av kontrollutvalet for Det norske Skogfrøverk og relaterte internasjonale oppdrag.

Regjeringa har i 2006 vedteke å etablere Svalbard globale frølager, som skal vere eit spesialbygd fryselager med lagring av dublettar av frø frå frøsamlingar frå heile verda. Dette er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt matvekstar av stor verdi for matforsyninga. Lokaliseringa til Svalbard er eigna på grunn av permafrost, stabile politiske forhold og god infrastruktur i eit vitskapleg miljø. Det er lagt inn framlegg om løyvingar til oppstart og drift av Svalbard globale frøbank som skal stå ferdig hausten 2007, i eit samarbeid mellom Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Staten ved Landbruks- og matdepartementet skal eige dette, medan Nordisk genbank får ansvar for dagleg drift og den faglege verksemda. Frøa som blir lagde inn er deponerte av eigarinstitusjonane, som sjølv dekkjer kostnadene til innlegginga. Løyvinga dekkjer kostnader gjennom heile året til planlegging og oppstart av den faglege verksemda og drift av anlegget frå september 2007. Statsbygg har ansvar for sjølve bygginga, og Utanriksdepartementet vil òg medverke til finansieringa med eit eingongsbeløp til etableringa.

Midlar til Stiftelsen Det norske arboretet på Milde ved Bergen går til arbeid med samlingar av tre og busker eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd. Stiftinga samarbeider med Norsk genressurssenter om å ta vare på plantegenetiske ressursar for hagebruk og landskapsplantingar og tek aktivt del i informasjonsarbeidet om bevaring og bruk av genetiske ressursar.

Noreg sitt tilskott til Nordisk Genbank Husdyr (NGH) blei auka i 2006 med 100 000 kroner, og det blir gjort framlegg om å føre dette vidare på same nivå i 2007. Midlar til Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter går til å styrkje arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest. Norsk Hjortesenter får tildelt midlar for å utvikle hjort som ressurs.

Innanfor posten vil det bli gitt støtte til Det norske Skogfrøverk for å sikre dei langsiktige oppgåvene innanfor frøforsyninga i skogbruket. Bruk av rett frø er viktig for å sikre god tilgang på skogsvirke i framtida. Midlane blir prioriterte til frø- og konglesanking, frøproduksjonsanlegg og til arbeid for å sikre dei genetiske ressursane i skogen. Prognoser syner at 2006 kan bli eit godt frøår på Austlandet, og Skogfrøverket ventar ekstra utgifter i samband med konglesanking i 2006 og 2007. Innanfor ramma vil ein òg gi løyving til nødvendige forvaltningsoppgåver innan frø- og planteforsyninga, inkludert arbeid med import og eksport av frø og planter.

Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

3 000

50

Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

21 528

21 888

22 720

51

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap i skogbruket

14 766

11 914

52

Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressurser, skog og landskap

79 473

Sum kap. 1141

36 294

36 802

102 193

Post 01 Driftsutgifter

Posten blei oppretta som ein førebels post for 2006, og skal ikkje førast vidare i 2007. Post 01 har i 2006 vore nytta til utgifter knytt til førebuing og administrativ tilrettelegging for oppretting av Norsk institutt for skog og landskap som blei etablert frå 1.1.2006, med endeleg samanslåing av Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) og Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) frå 1.7.2006. Det blir vist til stortingsvedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett 2006.

Budsjettframlegg 2007

Departementet gjer framlegg om at budsjettert beløp på 3 mill. kroner for 2006 blir flytta til ny post 52 under same kapittel for 2007.

Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

Posten omfattar Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si kunnskapsutvikling m.m. for statsforvaltninga. NILF driv forsking, utgreiing, analyse og dokumentasjon av økonomiske og politiske forhold knytt til matvaresektoren og annan bruk av naturressursar. NILF sitt arbeid er grunnlag for politikkutforming, forvaltning, forsking, undervisning, rådgiving og næringsverksemd.

Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF, og dette arbeidet kan delast inn i fire hovudområde:

  • Sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket

  • Annan dokumentasjon av næringsøkonomi og matmarknad

  • Føretaksøkonomisk rettleiing og styring

  • Driftsøkonomiske data og analysar.

NILF har i tillegg ein del særskilde utredningsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.

Resultatrapport 2005

NILF har i 2005 utarbeidd driftsgranskingar for 2004 med rekneskapsstatistikk frå 947 gardsbruk over heile landet. Denne rekneskapsstatistikken er m.a. basis for referansebruksutrekningar som blir nytta i samband med jordbruksforhandlingane. I 2005 er driftsgranskingane i tillegg nytta til m.a. utgreiing av driftskredittilhøva i landbruket, verdiskapinga i landbruket på fylkes- og kommunenivå og korleis det regionale landbruket blir påverka av handelspolitiske rammevilkår. NILF har òg arbeidd med 10 spesialundersøkingar av spesielle driftsformer òg andre driftsøkonomiske tema. Driftsgranskingane og spesialundersøkingane syner både gjennomsnittstal og variasjonar i lønnsemd mellom bruksstorleiker, produksjonsformer og regionar.

Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket har NILF utarbeidd materiale som grunnlag for jordbruksforhandlingane, nasjonalbudsjett og nasjonalrekneskap, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar.

I juni 2005 arrangerte NILF PACIOLI-konferanse i Hardanger for personell som arbeider med landbruksrekneskapsundersøkingar i ulike land. I løpet av året blei det publisert både ein norsk og ein engelsk versjon av rapporten Utsyn over norsk landbruk.

I 2005 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet òg arbeidd med pris- og marginanalysar for matvarer, utgreiing om kombinasjon av landbruk og anna næring, biobrensel frå jordbruket og landbruksskattlegging.

Budsjettframlegg 2007

NILF skal i 2007 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene vil departementet framleis ha stort behov for utgreiing av særskilte problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.

Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analysar av matvaremarknaden vil framleis vere sentrale fagområde. Det er viktig å vidareutvikle data og analyser som omfattar næringsverksemd på landbrukseigedom i tillegg til den tradisjonelle jordbruksdrifta. Data og analysar knytt til skattlegging av landbruksverksemd skal òg vere eit satsingsområde. Ein legg vekt på at desse satsingane skal gi auka brukarnytte av driftsgranskingane. Det skal framleis vere vesentleg brukarfinansiering av produkta innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.

Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap i skogbruket

Løyvinga over post 51 er brukt til finansiering av forskingsbasert kompetanse til støtte for politikkutvikling og gjennomføring av forvaltnings- og informasjonsoppgåver. Dette femner m.a. oppdrag knytt til utgreiingar frå ulike kunnskapsinstitusjonar med sikte på nasjonale og dels internasjonale tiltak.

Resultatrapport 2005

Skogforsk utførte i 2005 informasjons- og rådgivingsarbeid òg andre fagoppgåver. Feltforsøka i skog der ein følgjer utviklinga i ulike skogtypar gjennom kartlegging av miljøforhold, ressursgrunnlaget og helsetilstanden har stor skogpolitisk verdi. Instituttet har gitt informasjon og halde oversikt over skadeomfang av til dømes sopp- og insektskadar. Det er òg nytta midlar til m.a. undersøkingar omkring spreiing av utanlandske treslag, insekt, sopp og karplanter innført ved tømmerimport, og korleis ein kan betre vedlikehaldet av skogsbilvegar. Det har òg vore arbeidd med skoghistoriske undersøkingar i verneområde for å dokumentere tidlegare kulturpåverknad. Slik kunnskap er eit viktig grunnlag for m.a. å vurdere verneverdi og forvaltning av verneområde, og har òg vore brukt i arbeidet med å definere miljøstandardar i skognæringa sitt sertifiseringsarbeid.

Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) er Noreg sitt bidrag i eit internasjonalt opplegg for skogovervaking som gir grunnlag for internasjonale vedtak og tiltak mot moglege skadeverknader av luftforureiningar. Omfanget av overvakinga er redusert i forhold til tidlegare år. Både Skogforsk og NIJOS utførte overvakingsoppgåver innanfor programmet.

I fleire internasjonale samarbeidsorgan har Skogforsk vore med som faginstans på vegne av Noreg. Døme på dette er m.a. samarbeid i Barentsregionen, Baltic 21 og International Energy Agency (IEA).

Ulike bidrag knytt til Ministerkonferansane om trygging av skogane i Europa blei finansiert over denne posten i 2005. Fleire mindre prosjekt innan internasjonale og nasjonale spørsmål i skogsektoren blei gjennomført ved ulike institusjonar.

Budsjettframlegg 2007

Som ei følgje av etablering av Norsk institutt for skog og landskap, og vedtak i revidert nasjonalbudsjett 2006 om å opprette ein ny post 52 for budsjettering av tilskott til kunnskapsutvikling m.v. om arealressursar; skog og landskap, gjer departementet framlegg om å avvikle post 51. 1,9 mill. kroner skal førast over til kap. 1138, post 71 og 10,4 mill. kroner skal førast over til ny post 52, jf. omtale under denne.

Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar; skog og landskap

Posten blei oppretta ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2006, og skal dekkje Landbruks- og matdepartementet sine overføringar til kunnskapsutvikling mv. på området arealressursar, dvs. skog, jord, utmark og landskap.

Ein vesentleg del av løyvinga på posten vil vere departementet sine overføringar til Norsk institutt for skog og landskap, men midlane kan òg nyttast til innhenting av kunnskap frå andre fagmiljø. I tillegg får Norsk institutt for skog og landskap forskingsløyvingar frå Noregs forskingsråd, jf. omtale under kap.1137, slik Skogforsk har hatt fram til og med 2006.

Frå 1.7.2006 blei Norsk institutt for skog og landskap etablert ved at Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) og Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) blei slått saman. I tillegg blei eit nytt genressurssenter lagt til det nye instituttet frå same dato. Desse organisatoriske endringane fører med seg omdisponeringar for 2007 frå ulike postar til ny post 52:

  • Kap. 1146/4146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging blir avvikla, og netto løyving skal førast over til ny post 52

  • Post 01 under kap. 1141 blir avvikla, og løyvinga skal førast over til ny post 52

  • Post 51 under kap. 1141 blir avvikla, og løyvinga til kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling i skogbruket skal førast over til ny post 52

  • 3,6 mill. kroner blir ført over frå kap. 1139, post 71 og 0,3 mill. kroner frå kap. 1161, post 70 til drift av Norsk genressurssenter, genressursutval og –råd og for deltaking i og kontingentar for internasjonale fora (ECP/GR, FAO og EUFORGEN)

I tillegg er det lagt inn 6,3 mill. kroner for å kompensere for auka utgifter som Norsk institutt for skog og landskap får til pensjonsinnskot m.v. For å styrkje Geovekst-samarbeidet og å samle overføringane til dette føremålet på ein stad, er det er overført 1,45 mill. kroner frå kap. 1144 post 77, og 1,3 mill. kroner frå andre verksemder under departementet, som fordeler seg med 400 000 kroner frå kap. 1115 post 01 Mattilsynet, 300 000 kroner frå kap. 1112 post 51 Bioforsk, 400 000 kroner frå kap. 1112 post 50 Veterinærinstituttet, 100 000 kroner frå kap. 1143 post 01 Statens landbruksforvaltning, og 100 000 kroner frå kap. 1147 post 01 Reindriftsforvaltninga.

Frå Mattilsynet og Statens landbruksforvaltning er det tidlegare òg rammeoverført 200 000 kroner frå kvar til Geovekst-samarbeidet, samt at midlane til Geovekst som låg i budsjettet til NIJOS (kap. 1146) òg ligg på denne posten.

Som ein konsekvens av at ansvaret for jordskifterettane i 2006 blei ført over til Justis- og politidepartementet og Domstoladministrasjonen, er det rammeoverført 1,5 mill. kroner til Justis- og politidepartementet sitt kap. 413 post 01. Midlane gjeld jordskifterettane sine kjøp av tenester innan kartlegging og verdsetjing mv.

Mål og strategiar

Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap og informasjon for å sikre ei berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane og ei god genressursforvaltning. Det er ein føresetnad for berekraftig arealbruk og næring at det ligg føre god oversikt over ressursar og miljøverdiar. Dette er viktig i forhold til departementet sine mål innan trygge matvarer, god dyre- og plantehelse, ressursforvaltning med vern av jordsmonnet, vedlikehald av kulturlandskapet og biologisk mangfald, berekraftig skogbruk og auka verdiskaping, aktivt landbruk over heile landet og nasjonal matforsyning. Det visast elles til omtalen av departementet sine mål i innleiinga i proposisjonen.

Eit viktig strategisk grep for å hjelpe med dette var etableringa av Norsk institutt for skog og landskap i 2006, som er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar. Instituttet skal forske og skaffe fram informasjon knytt til skog, jord, utmark og landskap. Instituttet skal formidle kunnskap for berekraftig forvaltning og verdiskaping til styresmaktene, næringslivet og allmenta. Vidare skal instituttet byggje opp og halde vedlike den nødvendige kompetansen som eit nasjonalt faginstitutt, og forskinga skal vere på høgt internasjonalt nivå.

Innanfor sitt ansvarsområde skal instituttet sjølv eller saman med andre forske og drive utviklingsarbeid. Instituttet må ha ein aktiv og mål­medveten kontakt med styresmakter, næringsliv og organisasjonar med sikte på oppdrag både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet skal produsere grunnleggjande faginformasjon av høg kvalitet om naturressursar, areal og miljø for landbruksforvaltninga, næringslivet og samfunnet elles, og skal representere landbrukssektoren ved vedlikehald og utvikling av den nasjonale infrastrukturen Norge digitalt.

Instituttet er eit statleg forvaltningsorgan som har unntak frå løyvingsreglementet § 3, 4. ledd, og såleis er nettobudsjettert, jf. Innst. S. nr. 205 (2006-2006), vedtak XIII.

Instituttet i sin noverande form er nytt, og vil òg i 2007 vere i ein omstillings- og utviklingsfase. Instituttet og departementet vil halde fram samarbeidet med å utvikle høvelege mål- og resultatindikatorar, og ein legg vekt på å få realisert både faglege og administrative synergiar og gevinstar, slik at samanslåinga av tidlegare NIJOS og Skogforsk kan hjelpe til med utvikling av ei ny verksemd som eit strategisk og effektivt verkemiddel i landbruks- og matpolitikken.

Budsjettframlegg 2007

Departementet gjer framlegg om 79,473 mill. kroner for 2007. Midlane vil bli nytta til kunnskapsutvikling m.v. knytt til arealressursar; skog, jord, utmark og landskap, til støtte for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken. Ein vesentleg del av løyvinga vil bli nytta til aktivitet ved Norsk Institutt for skog og landskap, under dette Norsk genressurssenter.

Norsk institutt for skog og landskap

Norsk institutt for skog og landskap vil i 2007 ha ei rad oppgåver innanfor forsking og kunnskapsutvikling knytt til skog, landskap og arealressursar. Instituttet vil føre vidare dei tidlegare hovudprioriteringane frå kap. 1146 post 01 og kap. 1141 post 51.

Aktiviteten ved instituttet vil i hovudsak vere knytt til fire hovudverksemdsområde; ressursundersøkingar og overvaking, forsking, geodatatenester og forvaltning/rådgiving.

Ressursundersøking og overvaking er for ein stor del langsiktige program som er etablert for å skaffe informasjon om tilstand og utvikling når det gjeld landbruket sine ressursar. Undersøkingane femner t.d. systematisk overvaking av kulturlandskapet gjennom programmet 3Q, eit større opplegg for kartlegging og formidling av informasjon om jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar kalla OPS, landsskogtakseringa som er eit omfattande og landsdekkjande informasjonssystem for skog basert på utvalskartlegging, og vegetasjonskartlegging i utmark for å gi betre grunnlag for utnytting av beiteressursane.

Desse undersøkingane skaffar fram viktig informasjon om korleis landbrukspolitikken verkar og gir grunnlag for målretta og langsiktig forvaltning og verdiskaping basert på arealressursane. Instituttet skal i aukande grad leggje vekt på at data som blir samla inn gjennom ulik kartlegging og overvaking blir teke i bruk, slik at dei kjem til nytte for samfunnet og brukarane i arbeidet for berekraftig verdiskaping og forvaltning av areal og ressursar.

Forskinga ved instituttet er i første rekkje ei vidareføring av skog- og miljøforskinga som Skogforsk tidlegare har utført. I tillegg til løyvinga over denne posten, får instituttet midlar til forsking frå Noregs forskingsråd, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1137. Med samanslåing av Skogforsk og NIJOS til ein ny institusjon er det skapt potensial for synergieffektar ved at ulike kompetansemiljø er sett saman i ein ny organisasjon. Etablering av ein ny og større organisasjon gir òg potensial for forsking på nye område.

Instituttet skal, med basis i dei midlane som blir tildelt over denne posten i 2007, utføre avgrensa forskings- og utgreiingsoppdrag for departementet innanfor m.a. ressursgrunnlag og produksjon, infrastruktur og hogst av skog, skog­skadar, og berekraftig verdiskaping frå skog og miljøspørsmål.

I tillegg til overvaking av skog og kulturlandskap skal instituttet forske og skaffe fram informasjon og utvikle metodane for registrering av biologisk mangfald og kulturminne, og ha enkelte oppgåver knytt til internasjonale prosessar og møte både på skogområdet og i andre samanhenger.

Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. I tillegg til å ta vare på historisk materiale gir desse feltforsøka eit grunnlag for vidare utvikling av berekraftig skogbruk.

Geodatatenesteneved instituttet er særleg knytt til produksjon, organisering og forvaltning av data slik at dei inngår i den felles nasjonale infrastrukturen. Instituttet skal òg følgje og ta vare på landbruket sine interesser i nasjonale kart- og datasamarbeid slik som Noreg digitalt og Geovekst. Geovekstarbeidet har fått ei auka prioritet i budsjettet. Midlane her må forvaltast i saman med midlar til digitale markslagskart (DMK) og flybilete med sikte på at landbruket skal få rett til å bruke alle kartdata som blir etablert årleg. Her må instituttet arbeide i god kontakt med brukarane som nytter produkta frå kart- og datasamarbeidet, m.a. fylkesmennene. Saman med vidareføring av satsinga på DMK skal dette vere med på å gi ein god dekning av detaljerte kart og flybilete av jord- og skogbruksareala.

Instituttet skal òg m.a. hjelpe til med arbeid med heilskapeleg arealstatistikk i samarbeid med SSB.

Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning femner dei oppgåvene instituttet har i kontakt med brukarar og samfunn, og ein del oppgåver der instituttet gjer særskilte forvaltningsoppgåver for departementet.

Instituttet skal yte kompetansetenester knytt til skogbruksplanlegging, og hjelpe til med effektivisering, kvalitetsheving og auka skogeigarmedverknad. Drift og vidareutvikling av ein database for rapportering av bruk av tilskottsmidlar til skogbruksplanlegging skal halde fram.

I tillegg til drift av Overvakingsprogrammet for skogskadar skal instituttet drive generell informasjon, rettleiing og rådgiving knytt til patologiske og entomologiske skadar på skog, m.a. gjennom nordisk samarbeid og informasjon over Internett. Departementet legg til grunn at instituttet i 2007 ser nærmare på både organiseringa og dei enkelte elementa innanfor eit samla skogskade- og beredskapsopplegg.

Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høg kompetanse og opptre ryddig som utøvar av forvaltningsoppgåver. Det er òg viktig at instituttet utviklar vilje og evne til å ta oppdrag i relevante marknader knytt til forvaltning, rådgiving og konsulent- og informasjonstenester.

Departementet legg til grunn at instituttet skal ha eit høgt ambisjonsnivå på formidling av konkrete resultat frå ressursundersøkingar, overvaking og forsking. Departementet legg særleg vekt på at instituttet utviklar gode internettsider som gir forvaltning, næring, organisasjonar og allmenta god tilgang til dei produkta instituttet arbeider fram.

Norsk genressurssenter

Med etableringa av Norsk institutt for skog og landskap er det òg etablert eit nytt felles genressurssenter. Senteret er ein del av Norsk institutt for skog og landskap. Gjennom denne etableringa legg departementet vekt på ei meir effektiv utnytting av kompetansen og dei økonomiske ressursane innan genressursforvaltninga, jf. òg omtale i kap. 1139. Den faglege kompetansen i dei noverande sekretariata for genressursutvala for husdyr, kulturplanter og skogtre blir samla og genressurssatsinga blir meir koordinert og slagkraftig. Dei overordna prioriteringane innan genressursforvaltninga skal instituttet handtere i samråd med dei aktuelle genressursmiljøa både i Noreg og i nordisk samanheng.

Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

157 479

153 609

158 847

50

Dekning av rentekrav EVL-fondet

4 400

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren , kan overførast

296

371

385

71

Tilskott til små slakteri , kan overførast

4 299

2 875

72

Erstatningar , overslagsløyving

275

302

302

73

Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar , overslagsløyving

23 606

40 354

41 887

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering , kan overførast

11 267

12 628

14 628

75

Tilskott til matkorn , overslagsløyving

70 016

Sum kap. 1143

271 638

210 139

216 049

Mål og strategiar

Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. SLF har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av mat- og landbrukspolitikken, og det er lagt opp til at SLF i tillegg til å administrere dei ulike ordningane òg skal ha ei rådgjevande rolle. SLF skal medverke til administrativ forenkling og til å utvikle gjeldande regelverk med sikte på auka måloppnåing.

Hovudmål for verksemda:

SLF skal innanfor dei landbrukspolitiske rammene medverke til å:

  • sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder

  • sikre matproduksjon og ei stabil matforsyning

  • sikre ein stabil marknad og ein godt fungerande næringsmiddelindustri

  • sikre eit godt fungerande importvern og oppfylle internasjonale avtalar.

SLF skal vere ei velfungerande verksemd med initiativrike, endringsdyktige og serviceinnstilte medarbeidarar som gjennom forvaltning og rådgiving skal sikre brukarane effektive tenester.

I SLF sin strategiske plan for perioden 2002-2006 har det vore lagt spesielt vekt på: heilskapleg forvaltning og rådgiving, samarbeid med andre og effektivisering av forvaltninga. Arbeidet med å utarbeide ein ny strategisk plan for perioden 2007-2012 er starta opp. Planen skal setjast i verk våren 2007.

Presentasjon av resultatområda

Areal- og ressursforvaltning

SLF skal medverke til å sikre ressursgrunnlaget for jord- og skogbruk gjennom langsiktig arealforvaltning og berekraftig bruk og ressursutnytting. SLF forvaltar eit breitt spekter av verkemiddel for å fremme næringsutvikling samt ivareta miljø- og kulturlandskapsverdiar. På arealområdet vil SLF både forvalte landbrukslovgiving, ha ei ny og viktig rolle i forhold til plan- og bygningslova, samt arbeide med kompetanseheving, informasjon og dokumentasjon. Innanfor området miljø og kulturlandskap er arbeidet med miljøprogram og miljøplan sentrale oppgåver saman med dokumentasjon av resultat og effektar av miljøinnsatsen. Forvaltning og utvikling av dei økonomiske verkemidla i skogbruket, erstatningsordningar for landbruket og naturskadeområdet er òg sentrale ansvarsområde.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

SLF skal medverke til å sikre matproduksjon og stabil matforsyning. SLF forvaltar inntekts- og velferdsordningar med primærprodusentar som målgruppe. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til forvaltning og utvikling av verkemidla innan areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, pristilskott, velferdsordningar, kvoteordninga for mjølk og husdyrkonsesjon.

Omsetning og marknadstiltak

SLF skal medverke til å sikre ein stabil marknad og ein godt fungerande næringsmiddelindustri. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til forvaltning og utvikling av verkemidla innan økologisk landbruk og innanfor marknadsordningane for mjølk, kjøtt, egg, grønt, potet og korn. Formålet med ordningane er å sikre avsetning for norske jordbruksråvarer. Omsetningsledd og annan næringsmiddelindustri er dei viktigaste målgruppene. SLF har òg ansvar for sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet og styrer på forskingsområdet.

Handel og industri

SLF skal medverke til å sikre eit godt fungerande importvern og oppfylling av internasjonale rettar og plikter. Dei viktigaste ansvarsområda er importvernet for landbruksvarer gjennom tolladministrering og tollkvotar, ordninga med råvarepriskompensasjon, ordningar for eksportstønad, og ordninga for utanlands foredling. Dessutan er overvaking av marknadane og innhenting av norske og internasjonale prisar viktige oppgåver.

Felles for ordningane er at importørar og næringsmiddelindustrien er viktige målgrupper, og at ordningane er knytt til internasjonale avtalar.

SLF skal arbeide målretta for ein effektiv kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt samla ansvarsområde.

Administrasjon

SLF skal vere ei velfungerande verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte og som gjennom forvaltning og rådgiving sikrar brukarane effektive tenester. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling av personal- og lønnspolitikk, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, dokumentasjon og informasjon, interne driftsoppgåver og IKT.

Resultatrapport 2005

Det strategiske arbeidet i SLF har vore prega av ei langsiktig satsing med grunnlag i Strategisk plan 2002-2006. I 2005 har SLF gjennomgått tre av resultatområda og sett i verk ulike tiltak for at verksemda skal vere rusta til å møte ein ny strategiperiode.

SLF har utarbeid ein eigen strategi for arbeidet med utvikling av elektroniske løysingar for dei ulike brukargruppene. Det er sett i gong mange prosjekt og satsa mykje på arbeid med å knyte systema betre saman og å få eit felles webbasert grensesnitt for å gjera SLF til ei e-forvaltningsverksemd. I 2005 blei det inngått samarbeidsavtale med Altinn og hausten 2005 lanserte SLF ei ny elektronisk teneste Skogfond på web. Her kan skogeigarane gjere oppslag, registrere utbetalingar og søkje om tilskott. Skogfond på web er òg eit saksbehandlingsverktøy for kommunane. Frå 2004 kunne alle landbruksføretak søkje om produksjonstilskott og velferdstilskott via Internett. I 2005 sendte 23 pst. av føretaka søknad via Internett.

SLF har i 2005 vidareført arbeidet med effektivisering og forenkling av erstatningsordningane i landbruket, og levert tre utgreiingar om emnet til departementet.

I 2005 blei første søknadsrunde om regionale miljøprogram gjennomført. Oppslutninga om dei nye ordningane har vore god, og om lag 30 000 føretak har søkt om tilskott til tiltak som skal ta vare på kulturlandskapsverdiar og redusere ureining frå jordbruket.

Tilskottsordningar i skogbruket er frå 2005 forvalta av SLF. SLF har styrkt kompetansen for å ivareta ei større breidde i forvaltningsoppgåvene på det skogfaglege området.

SLF har i 2005 styrkt kompetansen og kapasiteten på det planfaglege området, og det er etablert eit fagnettverk for saksbehandlarar som handterer areal- og plansaker hos SLF og Fylkesmannen.

Det er i gang arbeid med utvikling av innsynsløysingar for kartdata som gir brukarane, m.a. i kommunane, betre forhold til å sjå landbruks- og miljøomsyn i samanheng.

Dei økonomiske verkemidla som kommunen har fått på jord- og skogbruksområdet krev at det blir utarbeid strategiar og planar for bruken av midlane. Dette gjev moglegheit til å sjå landbruks- og miljøomsyn i samanheng med det andre planarbeidet i kommunen.

Gjennom ulike former for tilretteleggings- og formidlingstiltak er det grunnlag for ei meir heilskapeleg areal- og ressursforvaltning.

SLF har utarbeid faglege utgreiingar og grunnlagsdokumentasjon til jordbruksoppgjeret i 2005. Det har vore særleg merksemd på forbetringar i verkemiddelsystemet og tilpassing av regelverket med tanke på betre måloppnåing.

Ny norsk ullstandard er etablert og det er tatt i bruk eit nytt system for kontroll av klassifisert ull. Alle godkjende ullklassifisørar har fått opplæring i den nye ullstandarden.

2005 var det andre året med endra marknadsordning for mjølk. SLF har ein avtale med Tine BA. Avtalen skal sikre eit rekneskapsmessig skilje mellom Tine Råvare og Tine Industri, og at alle aktørar i meierimarknaden skal få kjøpt mjølk til ein likeverdig og ikkje diskriminerande pris. SLF har gjennomført etterkontroll av Tine Industri for 2005 og er i gang med etterrekninga for same periode.

Rammevilkåra for norsk landbruk og næringsmiddelindustri er i stor grad påverka av internasjonale avtalar. SLF har ansvaret for å utarbeide utrekningar og faglege analyser som grunnlag for internasjonale forhandlingar på landbruksområdet. I 2005 har WTO-forhandlingane prega dette arbeidet. Det har i 2005 vore merksemd på ordninga med utanlands foredling og å kommunisere rammevilkåra til næringsmiddelindustrien.

SLF forvaltar avtala med EU om handel med foredla landbruksvarer (RÅK-varer). Frå 2004 til 2005 har auken i importen av foredla landbruksvarer til Noreg halde fram. På slutten av året var auken i volum på 16 pst. Verdien av importen er nær uendra frå året før.

Riksrevisjonen la i 2005 fram resultat av ei større undersøking om omorganisering som forvaltningspolitisk verkemiddel. SLF var ein av 12 organisasjonar som blei undersøkt. Riksrevisjonen syner til at SLF i stor grad synest å ha nådd måla med omorganiseringa.

Nærmare omtale av aktiviteten finn ein i årsrapporten for 2005 frå SLF på www.slf.dep.no.

Budsjettframlegg 2007

I 2007 vil det vere viktig å utvikle organisasjonen vidare slik at SLF kan nå måla og gjennomføre dei strategiane som er lagt til grunn for verksemda.

Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare er knytt til IKT-området. Satsinga på IKT er nødvendig for å auke tilgjenge og service i tenesteytinga overfor brukarane. Viktige brukargrupper som bønder og næringsmiddelindustri ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere med SLF elektronisk når dei måtte ønskje det. Realisering av IKT-strategien vil medverke til dette og inneber ei betre forvaltning for brukarane av tenestene. Satsing på IKT i forvaltning av produksjonstilskott i jordbruksavtala, inneber redusert administrasjon i kommunane.

Under følgjer ein nærmare omtale av dei enkelte resultatområda:

Areal- og ressursforvaltning

Som nasjonal fagmyndigheit på arealområdet vil SLF ha ei viktig rolle i å forvalte juridiske, økonomiske og administrative verkemiddel og gje retningsliner for Fylkesmannen. Dette skal medverke til å nå måla om å halvere omdisponering av verdifulle jordressursar innan 2010 og å dokumentere og ivareta miljø- og kulturlandskapsverdiar. Desse to områda må sjåast i samanheng og knyttast til ulike plan- og utviklingsprosessar. SLF har òg fått ei ny formell rolle i behandling av saker om motsegn etter planlova som skal utøvast i tråd med regjeringa sin forsterka jordvernpolitikk.

SLF vil i 2007 arbeide for å fremme ein meir aktiv bruk av skogfondsordninga som eit verkemiddel for å realisere målet om auka avverking i skog.

SLF vil i 2007 sluttføre utgreiinga av endringar i naturskadelova og det tilhøyrande forvaltningssystemet. Målet med arbeidet er å tilpasse lova til utfordringar framover i forhold til endringar i m.a. arealbruk og klima, og gjennom dette oppnå auka målretting og effektivisering av verkemidla i lova.

SLF vil i 2007 vidareføre arbeidet med utvikling av erstatningsordningane i landbruket, m.a. gjennom å vidareutvikle samarbeidet med Mattilsynet og andre verksemder med oppgåver på erstatningsområdet.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

I 2007 vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle nettbasert forvaltning av tilskott med sikte på å bli meir brukarvennleg. Produsentane skal i aukande grad søkje om produksjons- og velferdstilskott via Internett, og kommunar og fylkesmenn skal nytte nettbaserte saksbehandlingssystem. Målsetjinga er at 40 pst. av søknadane i 2007 blir sendt inn via Internett. Innspel til målretting og forbetringar i dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er viktig òg i 2007. Arbeidet med å redusere oppgåvebyrdene til næringslivet skal førast vidare.

Nytt IT-system for forvaltning av kvoteordninga for mjølk og pristilskott kjøtt og mjølk vil bli tatt i bruk i 2007.

Omsetning og marknadstiltak

Oppfølging av prisutjamningsordninga for mjølk blir viktig òg i 2007. Ein viktig premiss for ordninga er å sikre aktørane like konkurransevilkår. SLF vil følgje opp det rekneskapsmessige skiljet mellom Tine Råvare og Tine Industri slik at alle aktørar blir sikra lik pris på råvara mjølk.

Satsinga på økologisk landbruk vil bli styrkt og innretta mot målet om at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015.

Beredskapsarbeidet vil òg vere eit viktig område i 2007.

Handel og industri

Dei siste åra har det vore forhandlingar om ny WTO-avtale. SLF vil leggje vekt på å utarbeide faglege analyser og grunnlagsmateriale til bruk i dei vidare forhandlingane.

For å oppnå brukarretting og forenkling innanfor forvaltninga av importvernet, utviklar SLF ei løysing for å ta i mot søknader om nedsett toll elektronisk. I løpet av 2007 vil løysinga, eller delar av denne, bli sett i drift.

SLF vil framleis leggje stor vekt på marknads- og prisovervakinga, og følgje nøye med på konkurransesituasjonen til RÅK-industrien.

Målretta ekstern kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt ansvarsområde er òg viktig.

Administrasjon

SLF vil i 2007 tilby brukarane nye elektroniske tenester gjennom internettsidene www.slf.dep.no. SLF vil halde fram med det generelle arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.

Merknader til dei enkelte postane

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje SLF sine driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter og ved evalueringar m.m.

Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren

Beredskapsordninga for mjøl til bakeribransjen i områda frå Ofoten/Vestfjorden og nordover byggjer på avtalar mellom handelsmøllene og SLF. I avtalen forpliktar handelsmøllene seg til, i tillegg til eige driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området. Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 385 000 kroner for 2007.

Post 71 Støtte til små slakteri

Tilskott til små slakteri blei oppretta i 1999 for å medverke til å jamne ut kostnadene som små slakteri har til kjøttkontroll. Siktemålet med ordninga er at tilsynskostnadene ikkje skal føre til at dei små slakteria blir nedlagde.

Dei årlege løyvingane har blitt gradvis reduserte sidan ordninga blei oppretta. Reinslakteria har blitt skjerma for dei årlege kutta då desse har hatt høgare kostnader til kjøttkontroll enn andre slakteri. Frå 1.1.2006 skal ikkje kjøttkontrollgebyret overstige kr 1,00 pr. kilo slakt som gjennomsnitt på årsbasis. Dette omfattar alle slakteri.

Med bakgrunn i dette er ikkje støtta lenger nødvendig, og støtta til små slakteri blir derfor avvikla frå og med 2007.

Post 72 Erstatningar

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 302 000 kroner som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar

Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik m.v. (matlova). Tilskottet skal òg dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.

Resultatrapport 2005

I 2005 blei det utbetalt store erstatningar i fem saker som gjaldt den sjeldne potetsjukdommen kvit potetcystenematode i Aust-Agder og Nord-Trøndelag. Størsteparten av erstatningsutbetalingane i husdyrproduksjon i 2005 gjaldt erstatning etter offentleg pålegg etter påvising av skrapesjuke variant NOR 98 på sau. Den største enkeltsaka gjaldt ein virussjukdom på fjørfe (ART) i Rogaland.

Budsjettframlegg 2007

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 41,9 mill. kroner i 2007.

Post 74 Tilskott til planteforedling og oppformering

Formålet med tilskottet er å medverke til at norsk landbruk har tilgang på plantemateriale som er kontrollert for skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Ein tek med tilskottet òg sikte på å medverke til utvikling av plantemateriale som gir produktivitetsauke i landbruket, betre produktkvalitet, og som tek omsyn til miljøet. Løyvinga omfattar òg oppgåver innan planteforedlingsforsking.

Tilskottet blir gitt Graminor AS som frå 1.1.2004 har ansvar for å foredle fram nytt norsk sortsmateriale av korn, engfrø, potet, frukt og bær. SLF har, etter retningsliner fastsett av Landbruks- og matdepartementet, forvaltningsansvar for midlane som blir gitt som tilskott etter søknad frå Graminor AS.

Resultatrapport 2005

Det er arbeidd med å utvikle forvaltninga av tilskott til planteforedling og oppformering. Instruks for forvaltning av ordninga blei fastsett av departementet i august 2005. Tilskottet blei i 2005 brukt til utvikling av nye sortar innanfor engvekster, poteter, frukt, bær og grønsaker. Det blei godkjent 5 nye plantesortar frå Graminor i 2005, noko færre enn året før.

Budsjettframlegg 2007

Ut frå ønskje om å halde foredlingsarbeidet på eit høgt nivå og tilpassing av inntektene til eksisterande lov om planteforedlarrett, gjer departementet framlegg om ei løyving på om lag 14,6 mill. kroner i 2007, som inneber at løyvinga er auka med 2 mill. kroner samanlikna med 2006. Dette kjem i tillegg til at det i jordbruksavtala er sett av 2 mill. kroner til prosjekter innan planteforedling som òg blir administrert av SLF. Tiltaka inneber at finansieringa av norsk planteforedling er styrkt med til saman 4 mill. kroner. Dette skjer for at bøndene framleis skal kunne bruke formeringsmateriale gratis og ikkje måtte betale for å bruke eige formeringsmateriale slik det var foreslått av førre regjering i eit lovendringsforslag som var på høyring i 2005.

Post 75 Tilskott til matkorn

Tilskottet til matkorn blei med verknad frå 2006 flytt frå kap. 1143 post 75 til kap. 1150 underpost 73.20.

Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsinntekter m.m.

32 979

30 152

31 298

18

Refusjon sjukepengar

3 912

Sum kap. 4143

36 891

30 152

31 298

Post 01 Driftsinntekter

Posten gjeld driftsinntekter som Statens landbruksforvaltning har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet og styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten. Det er budsjettert med om lag 31,3 mill. kroner i inntekter for 2007.

Kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

77

Miljøretta prosjektarbeid m.m. , kan overførast

7 013

7 547

6 097

Sum kap. 1144

7 013

7 547

6 097

Mål

Målet med løyvinga er å vere med på å styrkje arbeidet i samband med auka desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane, samt å styrkje Fylkesmannen sin funksjon som kompetansesenter innan næringsutvikling, busetjing, arealforvaltning og miljøarbeid.

Post 77 Miljøretta prosjektarbeid m.m.

Resultatrapport 2005

Over kap. 1144 post 77 blei det i 2005 gitt støtte til ulike tiltak knytt til miljø- og ressursarbeid og til prosjekt knytt til Landbruk Pluss og oppfølging av det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet.

(i 1 000 kr)

Tiltak/prosjekt

Beløp

Diverse prosjekt i regi av Fylkesmannen

4 604

Samarbeidsavtale KS og andre regionale og lokale satsingar

2 409

Sum utbetalt frå kap. 1144 post 77 i 2005

7 013

I 2005 blei det gitt støtte til prosjekt og andre former for utviklingsarbeid regionalt og lokalt m.a. knytt til:

  • oppfølging av kommuneretta arbeid i regi av fylkes­mannsembeta. Fylkesmennene melder om at tilskotta særleg blei brukt til å sikre ein god dialog mellom regional stat og kommunane om handtering av auka myndigheit og ansvar i landbrukspolitikken.

  • vidareføring av samarbeidsavtala mellom KS og Landbruks- og matdepartementet. Avtala medverkar til å sikre ei god oppfølging av det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet. I samband med at kommunane innan landbruksforvaltninga rapporterar sin aktivitet frå og med 2005 gjennom KOSTRA (kommune-stat-rapportering), har det blitt nytta midlar til utvikling og oppfølging av rapporteringssystemet.

  • vidareføring og avslutning av prosjektet KOLA-Viken i regi av fylkesmennene og Innovasjon Norge i Oslo og Akershus, Østfold, Buskerud, Telemark og Vestfold for å styrkje kompetansen innan landbruk og bygdeutvikling.

  • vidareføring av Norsk senter for bygdeforsking sitt fireårige følgjeforskingsprosjekt om kommunereforma. Prosjektet leverte i 2005 sin første delrapport. Prosjektet blir avslutta i 2007.

  • Rovviltforvaltning i tråd med St.meld. nr. 15 (2003-2004) i særleg utsette fylker. Det har særleg vore satsa på å vidareutvikle samarbeidstiltak med miljøvernforvaltninga.

Innanfor areal- og kartarbeidet blei arbeidet med jordvern og kulturlandskap prioritert i 2005, og det blei:

  • utforma ein rettleiar for kommunane om å kartfeste viktige landbruksområde ved kjerneområde landbruk. Rettleiaren er utvikla av Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med m.a. KS.

  • avsett ei løyving til Fylkesmannen i Hedmark og NIJOS for å lage eit dataprogram via Internett for kommunanes oppdatering av digitale markslagskart.

Budsjettframlegg 2007

For 2007 gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 6,1 mill. kroner. Reduksjon i løyve i forhold til 2006 skuldast at 1,4 mill. kroner er rammeoverført til geovekstformål på kap. 1141 post 52. Rammeoverføringa inneber at Fylkesmannen skal få dekka sine kartbehov gjennom dei samla løyvingar departementet har satt av til kartdata over kap. 1141.

Målsetjinga om å styrkje kommunane som landbrukspolitisk aktør og å sette landbruk på dagsorden i kommunane vidareførast. Arbeidet for å nå måla krev ein dialog mellom kommunane og Fylkesmannen om m.a. bruk av juridiske og økonomiske verkemiddel. Fylkesmannen si rolle som rådgivande kompetanseorgan skal derfor framleis styrkast og vidareutviklast. Landbruks- og matdepartementet ser i samanheng med dette behov for framleis å gi eit tilskott til Fylkesmannen sitt kommuneretta arbeid.

Landbruks- og matdepartementet og KS har inngått ei ny samarbeidsavtale for perioden 2006-2007. Vidareføringa av samarbeidsavtala om landbruks- og næringsutvikling i kommunesektoren skal vere med på å utvikle kommunane som ein synleg nærings- og landbrukspolitisk aktør. Arbeidet skal skje innanfor lokalpolitiske rammer, og med spesiell vekt på å sjå landbruket som ein integrert del av samfunns- og næringsutviklingsarbeidet i kommunesektoren.

Følgjeforskingsprosjektet i regi av Norsk senter for bygdeforsking har til formål å hauste erfaringar med auka oppgåveoverføring til kommunane på landbruksområdet. Prosjektet blir vidareført og avslutta i 2007. Erfaringane så langt syner at kommunane er blitt meir medveten rolla som landbrukspolitisk myndigheit, men at det tek tid både på politisk og administrativt nivå å sjå og utnytta det handlingsrommet som kommunane har fått.

Kommunane rapporterar på saksbehandling etter jord- og konsesjonslovgivinga og plan og bygningslova på landbruksområdet gjennom KOSTRA. Det vil i 2007 bli arbeidd vidare med rapporteringssystemet innan landbruksområdet. Det blir òg lagt vekt på å få ei målretta utnytting av datamaterialet som blir samla inn.

Fylkesmannen skal framleis i samarbeid med dei regionale rovviltnemndene føre vidare arbeidet knytt til rovviltforvaltning i tråd med St.meld. nr. 15 (2003-2004) og signaler gitt i Soria Moria-erklæringa, og utvikle langsiktige løysingar i forhold til næringsdrift basert på utmarksbeiting.

Landbruks- og matdepartementet vil i 2007 gje støtte til to prosjekt i regi av Fylkesmannen knytt til miljø- og ressursarbeid. Fylkesmannen i Nordland skal i 2007 sluttføre eit skogbruksprosjekt i samarbeid med Statsskog og Helgeland Museum. Prosjektet har som mål å synleggjere skogen og skogbruket i turist- og næringssamanheng. Fylkesmannen i Troms skal vidareføre prosjektet Økt kontakt med Russland. Prosjektet som skal styrkje og synleggjere samarbeidet og den prosjektorienterte kontakten i nordområda.

Kap. 1145 Jordskifterettane

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

156 698

Sum kap. 1145

156 698

Frå 1.1.2006 blei ansvaret for Jordskifterettane ført over til Domstoladministrasjonen. Av praktiske grunnar vil òg resultatrapporten for verksemda i Jordskifterettane i 2005 bli omtalt under Domstoladministrasjonen sitt kap. 410 i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Justis- og politidepartementet.

Kap. 4145 Jordskifterettane

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Saks- og gebyrinntekter

10 884

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

1 217

18

Refusjon sjukepengar

1 771

Sum kap. 4145

13 872

Kap. 1146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

88 865

81 835

Sum kap. 1146

88 865

81 835

Kapitlet skal ikkje førast vidare fordi Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) frå 1.7.2006, saman med Skogforsk, har etablert Norsk institutt for skog og landskap, som er eit nettobudsjettert institutt, jf. omtale i St.prp. nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2006. Nettobeløpet på 51,5 mill. kroner mellom utgiftskapitlet og inntektskapitlet er derfor ført over til kap. 1141 post 52. Det visast til omtale under kap. 1141 post 52.

Resultatrapport 2005

NIJOS har i 2005 produsert grunnleggjande faginformasjon av høg kvalitet om naturressursar, areal og miljø for landbruksforvaltninga, føretaka i landbruket og samfunnet elles. Informasjon frå NIJOS inngår som ein del av den nasjonale infrastrukturen av geografisk informasjon, Noreg digitalt. Data frå NIJOS blir i aukande grad nytta saman med andre data frå andre offentlege databasar på Internett. I 2005 har NIJOS og gitt bidrag til, og lagt til rette for, utvikling av ein ny kunnskapsinstitusjon for arealressursar.

Informasjon om Noregs skogressursar

Noregs skogressursar blir registrert gjennom Landsskogtakseringa. Slik taksering av skogen har ein hatt sidan 1919, noko som gir ei unik historisk oversikt over utviklinga i den norske skogen. I 2005 blei første år av det niande omdrevet gjennomført for dei permanente flatene. I tillegg starta registreringa av 1/5 av flatene for 5 fylkestakstar. Registrering i Finnmark er innarbeidd i det ordinære opplegget for barskogsområda, og dei første registreringane blei gjennomførte i 2005. Tilrettelegging av materialet frå åttande omdrev blei starta, og ny nasjonal skogstatistikk blir publisert i 2006. Data frå Landsskogtakseringa er òg ein del av grunnlaget for Noregs rapportering til Klimakonvensjonen og Kyotoavtalen, samt rapportering inn mot Ministerkonferansen for beskyttelse av Europas skogar (MCPFE). Resultatkontroll Skogbruk/Miljø 2003-2004 blei ferdigstilt og utsendt.

Informasjon om Noregs landskapsressursar

NIJOS har utvikla eit nasjonalt system for framstilling av kulturlandskapet i jordbruket. Dette gir svært relevant dokumentasjon av tilstand og utvikling av landskapet. I 2005 er andre omdrev av denne undersøkinga sett i gang, og tal for endringar vil komme i 2006. Tal for endringar i arealstruktur, biologisk mangfald, kulturminne og tilgang, vil gje grunnlag for utforming av politikk og verkemiddel knytt til kulturlandskapet. Programmet er òg finansiert frå Miljøverndepartementet.

Digitale markslagskart (DMK)

Digitale markslagskart (DMK) er etablert og ajourført for snautt 20 000 km2. Dette er ca. 2 000 km2 lågare enn målet for 2005 og skuldast tidkrevjande framstilling av nødvendige flybilete. Målet om ferdigstilling av DMK for alt jordbruksareal til bruk i forvaltning av arealtilskott innan 2006 er utsett til 2009, jf. St.prp. nr. 69 (2004–2005). NIJOS vil etablere DMK for heile landet i løpet av 2006. NIJOS har saman med Statens Kartverk og Fylkesmannen halde kurs for nær 100 kommunar i ajourhald av DMK. 15 kommunar er i full gang med oppgåva. Ei løysing for å gje tilgang til DMK og flybilete som gardskart via Internett har hatt om lag 250 vitjingar pr. dag.

Informasjon om Noregs jordressursar

Informasjon om jordkvaliteten på landbruksareala i Noreg gir viktig grunnlag for næringsutvikling og ei langsiktig, berekraftig forvaltning av jordressursane. NIJOS har i 2005 kartlagt 113 km2 jordsmonn. NIJOS har prioritert område der forvaltninga og føretaka treng informasjon knytt til erosjonsrisiko, jordvern og spesialproduksjonar. Jordsmonnkart dekkjer noko over 4 700 km2 og nyttast m.a. ved forvaltning av tilskott til endra jordarbeiding, omlegging til økologisk drift, jordvern og for å dokumentere jordkvalitet ved nye merkevarer, slik som til dømes mandelpotet.

Informasjon om Noregs vegetasjons - og utmarksressursar

Informasjonssystemet for beitebruk i utmark er oppdatert og er no tilgjengeleg via Internett for alle fylka. I regionar kor det er utført vegetasjonskartlegging er beitenæringa gitt rettleiing og rådgiving. Det er kartlagt 416 km2 i skog og utmark. Kartlegginga er delvis finansiert av brukarane.

Nasjonalt geodatasamarbeid

NIJOS gjer sine data tilgjengeleg gjennom den nasjonale geografiske infrastrukturen Norge Digitalt. I 2005 har NIJOS medverka til produksjon av digitale flybilete (ortofoto) i stort omfang, noko som gjev nyttig informasjon til mange oppgåver innan offentleg sektor og føretaka i landbruket. Det er utvikla ein sentral database for å gje tilgang til bilete via Internett. NIJOS tek del i eit samarbeid om ein nasjonal omløpsfotografering for å skaffe Noreg eit fast tilsig av flyfoto og ortofoto. NIJOS yter òg kompetansetenester knytt til geografisk informasjonsbehandling og bruk av geodata i landbruksforvaltninga. Eit viktig område for slike tenester er satsinga på bruk av gardskart i forvaltning av arealtilskott. NIJOS medverkar òg til standardisering og samordning av den nasjonale infrastrukturen av geografiske data og tenester.

Andre kompetansetenester m.m.

NIJOS driv rådgiving knytt til alle fagområda der instituttet samlar inn og formidlar data. Særleg har rådgiving knytt til skogbruksplanlegging, skogstatistikk, samt bruk og skjøtsel av utmark eit stort omfang. NIJOS har ytt tenester til Jordskifterettane knytt til informasjonsgrunnlag for verdsetting og bruk av geodata. Eit nytt system for utvalsbasert arealstatistikk på oversiktsnivå er utvikla saman med Statistisk Sentralbyrå og prøvd ut for fjellet i Hedmark fylke med godt resultat.

Kap. 4146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

02

Driftsinntekter

33 178

29 558

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

512

18

Refusjon sjukepengar

1 010

Sum kap. 4146

34 700

29 558

Det visast til omtalen under kap. 1146. Kapitlet skal ikkje førast vidare.

Kap. 1147 Reindriftsforvaltninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

38 156

37 719

38 528

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald , kan overførast

3 928

3 293

6 349

70

Tilskott til fjellstover

628

680

680

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark , kan overførast

6 229

11 870

11 870

Sum kap. 1147

48 941

53 562

57 427

Mål og strategiar

Innleiing

Reindriftsforvaltninga er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. Reindriftsforvaltninga har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det er lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad òg skal ha ei rådgivande rolle. Reindriftsforvaltninga skal leggje til rette for at måla i reindriftspolitikken blir nådde. Reindriftsforvaltninga forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen. Reindriftsforvaltninga er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret og områdestyra.

I forhold til dei overordna reindriftspolitiske måla har departementet trekt opp seks resultatområde som Reindriftsforvaltninga arbeider etter.

Ressursforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal på bakgrunn av m.a. grunnlagsdata om utviklinga i lavbeita, slaktevekter, klimatiske og driftsmessige forhold medverke til nødvendige tiltak som gir ein tilpassa reinbestand, samt kontrollere at rammene for bruk av beiteressursane blir haldne.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram arbeidet for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og sine rettar, samt arbeide for auka forståing av reindrifta sin bruk av areal og då særleg blant arealplanleggjarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare er det viktig å få gjort planleggjarane medvitne på sitt ansvar på alle nivå i forhold til den plikt desse òg har etter Grunnlova §110 a og folkeretten sine reglar om urfolk og minoritetar.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal medverke til utnytting og utvikling av reindrifta basert på prinsippet om ei berekraftig reindrift, under det etablering av tilleggsnæringar i samanheng med dei inntekts- og velferdspolitiske tiltaka retta mot reindrifta.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til ei effektiv og trygg forvaltning, eit enklare og betre regelverk for tilskottsordningane og betre forståinga av verkemidla sine innhald.

Samhandling - informasjon

Reindriftsforvaltninga skal vidareutvikle samarbeidet med andre offentlege institusjonar og då i særleg grad i forhold til miljøforvaltninga og Sametinget. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom Reindriftsforvaltninga og næringa sine representantar for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere omstillingsdyktig og føremålseffektiv og ha eit kostnadseffektivt rettleiings- og styringsapparat internt og overfor den enkelte reindriftsutøvar.

Resultatrapport 2005

Ressursforvaltning

Fastsetjing av ulike vilkår for reindrifta i Finnmark har teke vesentleg med ressursar og tid. Dette gjeld i særleg grad i forhold til oppfølging av Reindriftsstyret sitt vedtak om høgste talet på rein for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Eit eige prosjektkontor i Kautokeino har hatt ansvaret for å leia arbeidet med tilpassinga av reintala i nær dialog med næringa. I dette arbeidet har frivillig reduksjon av reintalet gjennom bonusordningar og avvikling av driftseiningar mot økonomisk kompensasjon stått sentralt. Sidan våren 2002, då prosjektkontoret starta opp sitt arbeid, har 29 driftseiningar frå Vest-Finnmark avvikla gjennom innløysing eller andre strukturtiltak. Av desse blei 19 einingar avvikla i 2005. Gjennom denne reduksjonen, som utgjer 11 pst. av talet på driftseiningar pr. 31.3.2002, har tilpassinga medverka til ein lette i potensiale for å auke reintala. I tillegg til avviklingsordningane blei det som eit ledd i arbeidet med tilpassinga av reintala i Vest-Finnmark innført to økonomiske bonusordningar for å få redusert reintala til det fastsette innan 1.4.2005. Ordningane var retta mot dei som avvikla si reindrift, samt mot dei som reduserte sine reintal. Reintala pr. 1.4.2005 viste om lag 91 000 rein. Dette talet er vesentleg høgare enn det fastsette på 64 300 rein. Med bakgrunn i at dei frivillige ordningane ikkje førde fram, blei det fremt forslag om endringar i reindriftslova. Desse endringane skulle m.a. leggje til rette for lovbaserte tiltak for ein tilpassing av reintala til beiteressursen og der igjennom ei økologisk berekraftig reindrift. Stortinget valde av fleire ulike årsaker å ikkje behandle lovforslaget i 2005.

Reindriftstyret vedtok på slutten av 2005 å evaluere prosessen med fastsetjing av høgste reintal i Vest-Finnmark. Evalueringa vil bli gjennomført i 2006.

I løpet av dei siste 25 åra har det vore stor merksemd kring tilstanden på lavbeita på Finnmarksvidda. Undersøkingar basert på satellittbilete tekne på 1970-, 1980- og 1990-talet dokumenterte ei klar negativ utvikling i lavbeita. På bakgrunn av den kritiske lavbeitesituasjonen, og for å skaffe kunnskapsgrunnlag for den framtidige forvaltninga av lavbeita, sette Reindriftsforvaltninga i verk eit overvakningsprogram i 1998. Programmet har omfatta både felt- og satellittregistreringar av lavbeita, og er blitt gjennomført av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og NORUT. Sommaren 2005 blei NINA engasjert på ny for å følgje opp sin del av overvakningsprogrammet. Førebels syner resultata no ein ny trend med ei viss positiv utvikling på lavbeita.

Arealforvaltning

Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har akselerert dei siste tiåra, og det er behov for å få ei betre sikring av reindrifta sine areal. Dette gjeld særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift.

Reindriftsforvaltninga har eit ansvar for å ivareta reindrifta sine arealinteresser i den allmenne arealforvaltninga. Ein vesentleg del av ressursane ved forvaltninga går med til denne type saker. Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å auke reindrifta sin innverknad gjennom dei verkemidla som styrer arealbruken. Ved endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken, har ein gitt innspel, og ein har delteke i styrings- og referansegrupper med sikte på å få fram reindrifta sine interesser. Dei siste åra har interessa for å etablere vindkraftverk auka. Mange av kraftverka er søkt lokalisert innanfor reinbeiteområda. Reindriftsforvaltninga har gjennomført ei tematisk konfliktvurdering av alle vindkraftprosjekt som var melde og konsesjonssøkte pr. 1.6.2005. Dei tematiske konfliktvurderingane blei utarbeidd etter spesifikke retningsliner frå departementet. Til saman er 24 vindkraftprosjekt vurderte.

Reindriftsforvaltninga har medverka til at reinbeitedistrikta utarbeider eigne distriktsplanar. Til no er det 75 pst. av reinbeitedistrikta som har fått stadfesta distriktsplanen av områdestyret. Vidare er det om lag 9 pst. av distrikta som enten har sendt planen ut på høyring eller der planen er klar for stadfesting. Dei resterande planane er under utarbeiding.

Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å utvikle ein metode for å verdiklassifisere reindrifta sine areal. Eit sentral spørsmål i dette arbeidet er om prioriterte areal kan gjevast eit vern gjennom Rikspolitiske avgjerder/Rikspolitiske retningsliner etter plan- og bygningslova. Dette spørsmålet har enno ikkje fått si avklaring.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Totalregnskapet for reindriftsnæringa for 2004/2005 syner at det er totalt 569 aktive driftseiningar og av desse er det 89 av driftseiningane som har kvinneleg leiar. Det er eit mål å auke reindriftskvinnene si deltaking i reindrifta. I den samanheng er det sett i gang tiltak for å synleggjere kvinna si rolle i reindrifta og i reindriftshushaldet. Når det gjeld fordelinga av totalt reintal mellom kvinner og menn i 2005 var fordelinga 24 pst. for kvinner og 76 pst. for menn. Det er med andre ord ein noko høgare del kvinner som har rein enn det er kvinnelege leiarar.

For å styrkje kvinna si posisjon i reindrifta, er det frå og med Reindriftsavtalen 2001/2002 øyremerka 1 mill. kroner årleg til kvinneretta tiltak. Formålet med satsinga er å sikre og auke kvinna si deltaking i reindrift og reindriftsrelaterte aktivitetar, leggje forholda til rette for yrkesmessig likeverd mellom menn og kvinner i næringa, sikre at kvinner er med på å styrkje og vidareutvikle det samiske kulturinnhaldet i næringa, samt hjelpe til å synleggjere kvinner si verdiskaping i reindriftsnæringa. I 2005 har Reindriftsforvaltninga utarbeidd strategiplan og retningsliner for bruken av dei avsette midlane.

Frå Reindrifta sitt Utviklingsfond (RUF) er det overført 2 mill. kroner til Samisk utviklingsfond. Midlane er nytta til binæringar knytte til reindrift. I forhold til Verdiskapingsprogrammet for rein har Reindriftsforvaltninga arbeidd aktivt for ei positiv samhandling med reindriftsnæringa og Innovasjon Norge i gjennomføringa av programmet.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga har utarbeidd rettleiingsmateriell og interne saksbehandlingsreglar i forhold til søknader om tilskott.

Det er gjennomført teljing av rein både i Aust- og Vest-Finnmark, samt i deler av dei andre reindriftsområda. I dei tilfella der det har vore større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar, er det sett i verk tiltak.

Ordninga med konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift er administrert av Innovasjon Norge sitt kontor i Tromsø. Midlane har i hovudsak gått til konfliktførebyggjande gjerdetiltak fordelt på dei fleste reindriftsområda.

Samhandling - informasjon

I 2005 er informasjon ofte brukt i samspel med andre verkemiddel for å oppnå ei større forståing for Reindriftsforvaltninga sine ansvarsområde. Gjennom ein direkte og aktiv informasjonsstrategi ønskjer forvaltninga å skape tillit og forståing i næringa, noko som er avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Gjennom kontaktmøte har forvaltninga informert om reindrift både på politisk og administrativt plan. Særleg har det vore stor aktivitet innan områda arealplanlegging vedrørande den auka satsinga på vindkraft som energikjelde.

Reindriftsnytt er utgjeve i 4 nummer i 2005. Magasinet har om lag 1 400 abonnentar og vender seg til reindriftsutøvarar og forvaltning i og rundt reindriftsnæringa. Ein del av artiklane er oversette til samisk.

Reindriftsforvaltninga si internettside blir oppdatert kontinuerleg. I tillegg til nyhendesaker finns m.a. alle publikasjonar, verkemiddel og søknadsskjema frå forvaltninga på nett. Informasjonen blir publisert både på norsk og nordsamisk. I 2005 blei det forsøkt med elektronisk levering av Melding om reindrift for alle driftseiningar i Nord-Trøndelag. Tenesta vil bli vidareutvikla i 2006.

Reindriftsforvaltninga utarbeider og gir ut Ressursregnskapet og Totalregnskapet i tillegg til Reindriftsnytt. Ressursregnskapet er forvaltninga sin årlege rapport om ressurssituasjonen i næringa. Totalregnskapet for reindriftsnæringa syner kva for verdiar som blir skapt i næringa samla sett ved bruk av produksjonsfaktorane arbeid og kapital.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga tok 1.5.2005 i bruk nytt elektroniske lønns- og personalsystem.

I høve til kompetanseutvikling har medarbeidarar ved forvaltninga gjennomført diverse kurs og opplæring. Spesielt er kompetansen styrkt gjennom ulike tema som innkjøp, juss, areal, arkiv og personal- og økonomiforvaltning.

Budsjettframlegg 2007

Budsjettframlegget nedanfor er retta inn mot dei seks resultatområda som reindriftsforvaltninga arbeider etter.

Ressursforvaltning

Ein prioritert oppgåve for styringsorgana er fastsetjing av vilkår for reindrifta. Etter departementet si meining er klare vilkår for reindriftsnæringa ein føresetnad for å nå måla om ei berekraftig reindrift. Dette blir underbygd av Riksrevisjonen sitt dokument nr. 3:12 (2003-2004) Riksrevisjonens undersøkelse av berekraftig bruk av reinbeiteressursene i Finnmark, der Riksrevisjonen m.a. påpeikar at det ikkje føreligg ein heilskapeleg strategi for å nå målet om ei berekraftig reindrift. Desse forholda blir òg påpeika av næringskomiteen i behandlinga av både Reindriftsavtalen 2005/2006, jf. Innst. S. nr. 226 (2004-2005) og Reindriftsavtalen 2006/2007, jf. Innst. S. nr. 222 (2005-2006).

Reindriftsforvaltninga og Reindriftsstyret har følgt opp Riksrevisjonen sine merknadar ved at Reindriftstyret har vedteke retningslinjer for fastsetjing av vilkår. Dette gjeld fastsetjing av grenser mellom reinbeiteområde, distrikt og siidaområde. Vidare gjeld det fastsetjing av beitetider for dei ulike årstidsbeitene, samt eit høgste reintal basert på det samla arealet av dei ulike årstidsbeita. Med bakgrunn i dei vedtekne retningslinjene har forvaltninga utarbeidd ein treårig plan for fastsetjing av dei resterande vilkår. Stortinget har lagt til rette for ei effektuering av planen ved behandlinga av statsbudsjettet for 2006. Forvaltninga har organisert arbeidet som eit prosjekt med delprosjekt. Det er venta at fastsetjing av vilkår vil mogleggjere ei effektiv oppfølging av dei juridiske verkemidla, og derigjennom ei tilpassing av reintalet til ressursgrunnlaget.

Forvaltninga skal òg i 2007 prioritere arbeidet med å gjennomføre den treårige planen. I den samanheng bør særskilt nemnast ei avtalebasert fastsetjing av beitegrenser og bruksmønster for fellesbeita i Finnmark, fastsetjing av områdegrenser mellom Troms og Vest-Finnmark og mellom Vest-Finnmark og Aust-Finnmark, nye distriktsgrenser i Karasjok Aust, gjennomgang av områdegrensa mellom Nordland og Nord-Trøndelag, samt ein gjennomgang av distriktsinndelinga i Nordland og soneinndelinga i Vestre Namdalen.

I løpet av dei siste åra har enkelte distrikt i Finnmark hatt ein redusert produksjon. Dette indikerer at ressurssituasjonen framleis er kritisk i enkelte område. På trass av gode klimatiske vilkår dei siste åra har både produksjonen og slaktevektene blitt reduserte. Av den grunn er det derfor viktig at forvaltninga framleis stimulerer til auka slakting, samt til ein reduksjon av reintala i enkelte distrikt.

For å ha påkravd kontroll med utviklinga i reindrifta skal forvaltninga innhente nødvendige grunnlagsdata om m.a. beitetilhøva og slaktevekter.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram å etablere nettverk og alliansar med andre offentlege organ og gjere desse kjent med reindrifta sine behov for samanhengande areal, samt konsekvensane for reindrifta av ulike tiltak innanfor reinbeiteland. Vidare skal forvaltninga arbeide aktivt for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.

Reindriftsforvaltninga skal vere ein aktiv pådrivar i forhold til endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse til det gjeldande regelverket mellom eigne tilsette, representantar i reindrifta sine styringsorgan og hos reindriftsutøvarane.

Reindriftsforvaltninga skal arbeide vidare med å få verdiklassifisert reindrifta sine areal for alle reindriftsområda, samt medverke til at resten av reinbeitedistrikta utarbeider eigne distriktsplanar.

I samband med at det er etablert ein metode for konfliktvurdering av særskilte område ved vindkraftutbygging, skal Reindriftsforvaltninga fort­løpande utarbeide ei tematisk konfliktvurdering i forhold til reindrift av melde og omsøkte vindkraftprosjekt.

Reindriftsforvaltninga skal betre dei eksisterande reindriftskarta og gjere desse kjende for aktuelle brukarar. Reindriftsforvaltninga skal tilpasse eige kartdatasett slik at ein oppfyller kravspesifikasjonane til Noreg Digitalt. Dette inneber òg ei omlegging av forvaltninga sine kartdatabasar.

Avgjerd om konsekvensutredningar etter plan- og bygningslova er blitt endra. Endringane er positive for reindrifta fordi ulike arealinngrep no kan utløyse konsekvensutgreiing på bakgrunn av moglege konsekvensar for reindrifta. På denne måten får ein kartlagd moglege konsekvensar som grunnlag for avgjerd om eventuell gjennomføring av tiltaket. Reindriftsforvaltninga skal hjelpe til med å gjere dei nye reglane kjent, samt med sin kompetanse i samanheng med utarbeiding av konsekvensanalysane.

I samanheng med Riast Hylling reinbeitedistrikt sine søknader om ekspropriasjon av område distriktet ikkje blei tilkjent beiterettar til gjennom Høyesteretts dom i Korssjøfjellsaka og Aursundensaka, har departementet sett ned eit forhandlingsutval for å forhandle med dei grunneigarane som saka vedkjem om reinbeiteavtaler i dei aktuelle områda. Siktemålet er å komme fram til ei balansert forhandlingsløysning. Det er sett av midlar til oppfølging av ei mogleg avtale, jf. omtalen under post 45. Om ein skulle komme fram til ei avtaleløysing, skal reindriftsforvaltninga hjelpe til ved ein effektuering av dei framforhandla avtalane.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta. Saman med næringa sine organ og andre aktørar, skal forvaltninga medverke til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein føremålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga i nært samarbeid med Innovasjon Norge arbeide for at verkemidla frå høvesvis Reindrifta sitt utviklingsfond og Verdiskapingsprogrammet for reindrift blir sett i samanheng, slik at den samla effekten blir størst mogeleg. Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å synleggjere kvinnene sin innsats og leggje til rette for å styrkje kvinners stilling i reindrifta. Det er sentralt at arbeidet med verdiskaping i reindrifta blir sett i samanheng med satsinga på dei kvinneretta tiltaka. I tillegg skal Reindriftsforvaltninga vidareutvikle arbeidet med å vurdere effektane i eit likestillingsperspektiv av nye og gamle tiltak. Eit særs viktig forhold i likestillinga er rekruttering til næringa.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til at tilskottsordningar blir forvalta effektivt og trygt, samt blir nytta systematisk for å oppnå ei større verdiskaping gjennom eit enklare og betre regelverk. Rettleiingsmateriellet skal gjerast kjent både på norsk og nordsamisk. Reindriftsforvaltninga skal sørgje for å føre vidare arbeidet med å leggje til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar og gi innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik behandling av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga halde fram med å telje rein i dei ulike reinbeiteområda. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar skal det setjast inn tiltak.

Reindriftsforvaltninga skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i forhold til andre næringsinteresser. Ein må til dømes sørgje for at konfliktane blir reduserte mest mogleg gjennom vilkår og rettleiing i dei tilfella der gjerdebygging og bruk av motoriserte hjelpemiddel er påkravd.

Når det gjeld midlane til forsking, skal forvaltninga medverke til at dei blir nytta til å framskaffe og formidle kunnskap med sikte på å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Samhandling - rettleiing og informasjon

Reindriftsforvaltninga må drive aktiv informasjonsverksemd om sine ansvarsområde overfor eit større publikum og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tek vare på.

Dokumentasjon av reindrifta sin arealbruk og sine rettar er avgjerande for næringa si framtid. Dette stiller krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar, Reindriftsforvaltninga og andre offentlege organ for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling. Dette er særleg viktig i arbeidet med å fastsette dei nødvendige vilkåra i reindrifta.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere ei verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte og som gjennom forvaltning og rådgiving sikrar brukarane effektive tenester. Forvaltninga skal vidareføre innsatsen mot utvikling av personal- og lønnspolitikk, kompetanseoppbygging, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, einsarta forvaltning, interne driftsoppgåver samt IKT. I forhold til kompetanseoppbygging skal forvaltninga særleg prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk.

Post 01 Driftsutgifter

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 38,5 mill. kroner. Posten skal dekkje Reindriftsforvaltninga sine driftsutgifter. Ordninga med kvinne- og familieretta tiltak i reindriftsnæringa blir ført vidare. I samanheng med det etablerte fag- og formidlingssenteret i Kautokeino blir det òg avsett midlar på posten til drift av senteret. Senteret skal i 2007 finansierast med løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Utanriksdepartementet. Vidare skal posten dekkje utgiftene til avsluttande forhandlingar om ny norsk-svensk reinbeitekonvensjon, samt utgiftene i samanheng med arbeidet i norsk-finsk grensegjerdekommisjon. I tillegg skal posten dekkje utgiftene til forhandlingar om reinbeiteavtaler ved Aursunden og i Korssjøfjellet i Røros kommune. Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 6,3 mill. kroner. Posten er auka med om lag 3,0 mill. kroner i samband med ei overføring frå kap. 1143 post 71. Posten skal dekkje utgiftene til ei oppfyljing av Noregs ansvar i forhold til grensegjerdene mot Sverige, Finland og Russland, samt i forhold til ei eventuell effektuering av reinbeiteavtalar i Røros kommune

Post 70 Tilskott til fjellstover

Føremålet med tilskottet er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng til m.a. reingjetarane. Ein har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Reindriftsforvaltninga. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 680 000 kroner i 2007.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Ein gjer framlegg om ei samla løyving på om lag 11,9 mill. kroner. Av dette gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 9,9 mill. kroner i samband med vidare oppfyljing av 3 årleg plan for fastsetjing av vilkår i Finnmark, samt oppfølging av Reindriftsstyret sitt vedtak om høgste reintal for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Ei fastsetjing av vilkår er nødvendig for å få ei effektiv oppfylging av juridiske verkemiddel og der igjennom eit reintal i balanse med beiteressursen. I den samanheng er det òg påkravd med auka aktivitet hos reindrifta sine styringsorgan, samt behov for ei aktiv informasjonsverksemd.

I ein situasjon der ein ikkje har fått fastsett nødvendige vilkår i Finnmark og eit effektivt regelverk for oppfølging av vilkåra, er det sentralt at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetting av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk vil vere avhengig av m.a. den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.

Som ein del av kontrollarbeidet og oppfølginga av det fastsette øvre reintalet i Vest-Finnmark reinbeiteområde, skal forvaltninga utføre teljing av rein. Teljinga av rein i Finnmark blir løyvd over denne posten.

I tillegg til arbeidet med oppfølging av øvre reintal i Finnmark og fastsetjing av resterande vilkår, skal posten dekkje utgiftene til forlenga omstillingsløn. Det har vist seg svært vanskeleg å få omstillarar over 55 år over i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å medverke til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet, og for å hindre at dei tek opp att reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingsløn fram til den til ei kvar tid gjeldande ordinære pensjonsalder etter folketrygdlovgivinga. Føresetnaden for å kome inn under ordninga er at vedkomande si driftseining blir avvikla. Ordninga blir finansiert innanfor løyvinga til omstillingstiltak. For å dekkje behovet for omstillingsløn i 2007 gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 2,0 mill. kroner.

Kap. 4147 Reindriftsforvaltninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Refusjonar m.m.

567

31

32

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

383

18

Refusjon sjukepengar

754

Sum kap. 4147

1 704

31

32

Kap. 1148 Naturskade - erstatningar og sikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Tilskott til sikringstiltak m.m. , kan overførast

21 509

23 348

18 665

71

Naturskade, erstatningar , overslagsløyving

67 513

70 000

70 000

Sum kap. 1148

89 022

93 348

88 665

Mål og strategiar

Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning skal òg fremme sikring mot naturskadar m.a. gjennom å gi tilskott til sikringstiltak og farevurdering. Det skal prioriterast å gi tilskott til kommunar med spesielt vanskeleg økonomi og stort sikringsbehov.

Statens naturskadeordning er organisert med eit styre og ei ankenemnd. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret og ankenemnda. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar og søknader om tilskott til sikringstiltak får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.

Det er fleire aktørar og styresmakter som har eit ansvar for beredskap i samband med ulike typar ras og skred. Kommunane pliktar å treffe tiltak mot naturskadar slik som bestemt i plan- og bygningslova, samt ved nødvendige sikringstiltak. Samferdselsdepartementet ved Jernbaneverket og Vegdirektoratet har ansvar for sikring mot naturfarar som truar jernbanenettet og riks- og fylkesvegane. For naturskadar knytt til vassdrag har Olje- og energidepartementet ved Noregs vassdrag- og energidirektorat eit ansvar. Nærings- og handelsdepartementet ved Noregs geologiske undersøking skal halde vedlike og vidareutvikle skreddatabasen www.skrednett.no og halde fram arbeidet med oversiktskartlegging knytt til leirskred, snøskred og fjellskred. Justisdepartementet ved Direktoratet for samfunnssikring og beredskap har ansvar for å leggje til rette og stimulere til nasjonal, regional og kommunal beredskapsplanlegging.

Når det gjeld store fjellskred signaliserte departementet i St.prp. nr. 1 (2004-2005) at ein saman med andre aktuelle departement vil vurdere det vidare arbeidet innanfor overvaking/varsling av fjellskredutsette område. Det er sett ned ei tverrdepartemental arbeidsgruppe som skal skaffe fram nødvendig grunnlagsmateriale for å kunne ta stilling til omfanget av behovet for statleg engasjement på dette området. Gruppa skal òg vurdere tiltak for betre koordinering av statens innsats når det gjeld alle typar ras og skred samt behovet for eventuelle rettslege eller organisatoriske endringar. Departementet vil kome tilbake til saka på egna måte.

I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2006 uttala næringskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 8 (2005-2006) følgjande: «Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at hele det norske samfunnet i større grad må forberedes til å leve med klimaendringer, og dermed økt fare for naturskader. Komiteen vil på denne bakgrunn be Regjeringen vurdere en gjennomgang av regelverket for bygging i rasutsatte områder.»

Det er plan- og bygningslova som Kommunal- og regionaldepartementet og Miljøverndepartementet har ansvaret for, som har reglar for bygging i rasutsette område. Etter gjeldande reglar kan område som er utsett for fare på grunn av naturgitte forhold og/eller miljøforhold, leggjast ut i kommuneplanen sin arealdel til bandlagte område med sikte på regulering til fareområde i reguleringsplan. I slike område vil det da anten ikkje bli gitt løyve til oppføring av bygningar eller oppføring kan berre tillatast på nærmare bestemte vilkår.

Begge desse departementa arbeider nå med forslag til endringar i ny plan- og bygningslov. Regelverket for bygging i rasutsette område vil bli vurdert nærmare i samband med denne gjennomgangen. Miljøverndepartementet tek sikte på å fremme Ot.prp. om ny plandel av plan- og bygningslova hausten 2006. Det er m.a. aktuelt å følgje opp forslag frå Planlovutvalet om obligatoriske tryggleiks- og sårbarheitsanalysar i samband med kommunal arealplanlegging. Siktemålet er å etablere heimlar m.a. for at kommunane som planmyndigheit har nødvendige heimlar for å hindre uheldig utbygging. Kommunal- og regionaldepartementet tek sikte på å fremme Ot.prp. om ny byggjesaksdel av plan- og bygningslova hausten 2007 som oppfølging av Bygningslovutvalet sitt forslag. Regjeringa vil såleis kome tilbake til problemstillinga knytt til bygging i rasutsette område i desse varsla lovendringsforslaga.

Departementet har gitt SLF i oppdrag å gjere ein brei gjennomgang av naturskadelova. Dette arbeidet skal vere ferdig 1.3.2007. Departementet tek sikte på å leggje fram framlegg til eventuelle lovendringar i stortingssesjonen 2007-2008.

Post 70 Tilskott til sikringstiltak m.m.

Resultatrapport 2005

Det kom inn 15 søknader om tilskott til sikringstiltak med eit samla kostnadsoverslag på om lag 45,7 mill. kroner. Det blei gitt tilsegn om tilskott til 6 tiltak. Hammerfest kommune fekk tilsegn om 2,5 mill. kroner i tilskott til sikringstiltak mot skred i sentrumsområdet, Namsos kommune fekk tilsegn om 2,4 mill. kroner i tilskott til sikringstiltak mot skred i sentrumsområdet, Stryn kommune fekk tilsegn om 1,5 mill. kroner i tilskott til sikringstiltak mot skred på Kjenndalsvegen, Lier kommune fekk tilsegn om 1,5 mill. kroner til sikringstiltak mot flom langs Lierelva på Store og Nedre Valle, Kvinesdal kommune fekk tilsegn om 165 000 kroner i tilskott til utgreiing av fjellskredfare i Fedafjorden, og Stranda kommune og Norddal kommune fekk tilsegn om 21,5 mill. kroner i tilskott til sikringstiltak i Åkneset og Hegguraksla. Tilsegna om tilskott dekte i gjennomsnitt om lag 85 pst. av kostnadsoverslaga. Årsaka til den høge gjennomsnittlege dekningsgraden var løyvinga til Åknes-/Tafjordprosjektet kor staten sin del av utgiftene har vore høgare. Det blei òg gitt tilskott til eit FoU-prosjekt i samband med etablering med nasjonal skreddatabase.

Budsjettframlegg 2007

Statens naturskadefond vil føre vidare arbeidet med å gi tilskott til sikringstiltak i kommunar med store sikringsbehov. Fleire kommunar har meldt frå om at dei vil setje i gang større sikringsprosjekt for m.a. å sikre bustadfelt som er utsett for skred. Vidare arbeider Lier kommune med erosjonsvern og flaumførebygging langs Lierelva.

Hausten 2004 blei det etablert eit interkommunalt samarbeid mellom Stranda kommune og Norddal kommune (Åknes-/Tafjordprosjektet) for å byggje opp beredskap mot fjellskred og flodbølgjer i indre Storfjorden som følgje av at det er konstatert at to store fjellparti er ustabile. Det visast til omtale av prosjektet i St.prp. nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2006. I denne saka står kommunane ovanfor særs store utfordringar på grunn av dei naturgitte forholda, og prosjektet er krevjande både med omsyn til geoundersøkingar og for etablering av eit tilfredsstillande overvakings- og beredskapssystem. Dette er bakgrunnen for at staten i perioden 2004-2006 har løyvd over 54 mill. kroner til dette prosjektet, som til no har fått nær 100 pst. av utgiftene dekt av staten, medan andre kommunar normalt får inntil 75 pst. dekning over tilskottsordninga. På bakgrunn av søknad frå prosjektet frå oktober 2005 løyvde Stortinget totalt 30 mill. kroner i 2006, og ut frå same søknad meiner departementet det er viktig å gje ytterlegare statleg støtte i 2007 til sluttfinansiering av investeringar i overvakingsløysingar. Departementet gjer derfor framlegg om ei auke på posten for 2007 på 10 mill. kroner til investeringar ved Åknes/Tafjordprosjektet.

Statens naturskadefond mottok i slutten av august 2006 ein revidert søknad frå Åknesprosjektet der dei søkjer om 40 mill. kroner i 2007. Den nye søknaden omfattar òg m.a. utgifter til reint forskingsarbeid, midlar til investeringar i evakueringsløysingar som vegar og varslingsanlegg, samt etablering og drift av eit eige senter for beredskap. Dette er kostnader som etter departementet si vurdering ikkje kan prioriterast over sikringsløyvinga under naturskadefondet. Kostnader til prosjektet ut over dei 10 mill. kroner som departementet her foreslår blir løyvd må kommunane sjølv finne dekning for. Med løyving på 10 mill. kroner i 2007 sluttførast den statlege støtta til dette prosjektet, som til då vil ha fått i alt 64 mill. kroner i statleg tilskott, det heilt klart største prosjektet som har blitt støtta over naturskadeordninga nokon sinne. Elles visast det til eigen omtale om at det er i gang ei interdepartemental arbeidsgruppe som skal skaffe fram nødvendig grunnlagsmateriale for å kunne ta stilling til omfanget av og behovet for statleg engasjement på dette området, samt vurdere juridiske og organisatoriske forhold knytt til skred og rasfare i Noreg.

Ein gjer derfor framlegg om ei samla løyving på posten på om lag 18,6 mill. kroner. Vidare gjer ein framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 2 mill. kroner, jf. tabell 2.9 og forslag til vedtak IV. Dette vil gjere det mogleg å gi nye tilsegn til saman 20,6 mill. kroner. Sikringsbehova vil prioriterast innanfor denne ramma.

Tabell 2.9 Tilsegnsfullmakt sikringstiltak

(i mill. kr)

Beløp

Ansvar pr. 1.1.2006

18,3

Tilsegn i 2006

40,1

Sum

58,4

-(løyving 2006+overførte midlar)

58,4

Ansvar pr. 31.12.2006

0

Forventa nye tilsegn i 2007

20,6

Sum

20,6

Forslag til løyving i 2007

18,6

Tilsegnfullmakt i 2007

2,0

Post 71 Naturskade, erstatningar

Resultatrapport 2005

Det blei behandla 952 erstatningssaker med samla skadetakst på 112,1 mill. kroner. Samla erstatningsutbetalingar var på 62,9 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 0,7 mill. kroner i tilskott til FoU-tiltak og 3,8 mill. kroner til dekking av takseringskostnader. Flaum og storm/stormflo som særleg råka Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland utgjorde dei største skadeårsakene med om lag 46 og 21 pst. av totaltakst.

Budsjettframlegg 2007

Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.

Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering m.a. av skadar, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.

Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som medverkar til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som nyttast på naturskadeområdet.

Etter naturskadelova kan det setjast som vilkår for utbetaling av erstatning, at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt 25 000 kroner pr. sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga over post 71 skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Ut frå dette gjer ein framlegg om ei løyving på 70 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 36 mill. kroner, jf. tabell 2.10 og forslag til vedtak IV.

Tabell 2.10 Tilsegnsfullmakt naturskade- erstatningar

(i mill. kr)

Beløp

Ansvar pr. 1.1.2006

31,6

Tilsegn i 2006

82,4

Sum

114,0

-(prognose erstatningsutbetalingar 2006)

74,0

Ansvar pr. 31.12.2006

40,0

FoU-tilskott, takseringskostnader mv

6,0

Forventa nye tilsegn i 2007

60,0

Sum

106,0

Forslag til løyving i 2007

70,0

Tilsegnsfullmakt i 2007

36,0

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

295 500

326 488

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 170

3 271

3 271

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket , kan overførast

34 670

37 500

38 674

Sum kap. 1149

333 340

367 259

41 945

Post 50 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

Landbrukets utviklingsfond (LUF) er renteberande, og utgifter til administrasjon blir dekt over fondet. LUF hadde pr. 31.12.2005 ein eigenkapital på 2 147,3 mill. kroner. Av kapitalen var 733,3 mill. kroner inneståande i Noregs bank og 1416,9 mill. kroner var lånt ut. Fondet si kortsiktige gjeld var 3,2 mill. kroner og uteståande fordringar utgjorde 0,3 mill. kroner.

Løyvingane femner om ei rekkje nærings- og utviklingstiltak, m.a. verdiskapingsprogram, konkurransestrategiar og eigne tiltak innanfor skogbruk og bioenergi.

Frå 1.1.2007 er løyvinga til LUF samla under jordbruksavtalen. Løyvinga på kap. 1149 post 50 er derfor overført til kap. 1150 post 50. Det var semje om ei samla tildelingsramme for LUF i samband med jordbruksforhandlingane, jf. St.prp. nr. 68 (2005-2006) og kap. 1150 post 50.

Tabell 2.11 Oversikt over tildelingsramme for LUF utanfor jordbruksavtalen i 2005 og 2006

    (i mill. kr)

Tiltak

2005

2006

Overføring til Samisk utviklingsfond (SUF)

2,0

2,0

Verdiskapingsprogram for matproduksjon

114,6

100,7

Sentrale bygdeutviklingsmidlar

38,0

38,0

Skogbruk

133

144,2

Bioenergi

23,0

25,0

Mat, skole, helse1

5,0

Etablering av jordskiftesenter

1,0

Innlandet 2010

20,0

Sum tildelingsramme utanfor jordbruksavtalen

315,6

330,9

Inngår som ein del av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon i 2006

Resultatrapport 2005

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein nasjonal strategi for næringsutvikling; Landbruk -mer enn landbruk. Strategien er ein samla plan for å vidareutvikle norsk landbruk og dei enkelte verdikjedene som er basert på landbruksproduksjon. Det viktigaste målet er å oppnå auka lønnsemd med utgangspunkt i ressursane til landbruket og å styrkje og utvikle primærproduksjonen og auke merksemda mot heile verdikjeda. Strategien omfattar alle LUF-midlar, både innanfor og utanfor jordbruksavtalen.

I alle fylke er det i tillegg utarbeidd regionale strategiar for landbruksrelatert næringsutvikling. Strategiane er utarbeidd gjennom samarbeid mellom aktørane i det regionale partnarskapet. Dei regionale strategiane skal m.a. leggje grunnlaget for forvaltninga av dei fylkesvise BU- midlane.

Statsråden oppretta sitt eige kontaktutval for næringsutvikling, og Innovasjon Norge har etablert faglege møtearenaer med brei representasjon frå sentrale faglege aktørar.

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon (VSP-mat)

I tabellen over er summen til Verdiskapingsprogram for matproduksjon ei samling av det som blir stilt til disposisjon for tiltak i regi av VSP mat, offentlege strategiar og Matmerk.

I 2005 blei det løyvd 92,8 mill. kroner i stønad til satsingar innan bedriftsutvikling, kompetanseutvikling og mobiliseringstiltak. Av dette gjekk 75 pst. av midlane til nyskaping. Programmet har frå starten av hatt primærprodusentar som hovudmålgruppe. I byrjinga av programperioden gjekk derfor mesteparten av midlane direkte til denne gruppa inkludert gardsmatprodusentane. I 2005 har små næringsmiddelbedrifter blitt den største stønadsgruppa i VSP Mat. I 2005 gikk 45 pst. til denne delen av verdikjeda. I 2005 har 18 pst. av midlane gått til primærprodusentane og gardsmatprodusentane og 15 pst. til marknadsføring/distribusjon og sal. Dette er i tråd med dei vedtekne prioriteringane i programmet. Det er ein føresetnad at primærprodusenten skal få auka verdiskaping, noko som langt på veg er oppfylt. I prosjekta knytt til programmet blir det forventa at om lag 2 650 primærprodusentar vil bli positivt råka av tiltaka som er finansiert av programmet. Kompetansenettverket (nava) blei evaluert i 2005. Evalueringa konkluderer blant anna med at det har vore stor aktivitet, og at kursverksemda og besøksordninga har fungert bra. Tilbodet til produsentane har vore noko ulikt frå region til region, og nokon regionar har hatt eit for lite geografisk nedslagsfelt.

Matmerk

I 2005 blei det løyvd 14 mill. kroner til Matmerk. I dette ligg m.a. stønad til Merkeordninga Beskytta nemningar som blir forvalta av Matmerk. Merkeordninga har som mål å utvikle regional og lokal matproduksjon, samt møte forbrukarane sine ønskjer om kvalitetsprodukt. Status pr. 1.6.2006 var fem godkjente produkt, samt at fjorten søknadar er til behandling i Matmerk eller Mattilsynet. Matmerk si merkeordning Spesialitet har òg stor oppslutnad, og pr. 1.6.2006 var det 77 godkjente produkt. Matmerk blei i 2005 bede om å satse meir på å utvikle marknadstenester retta mot sine merkebrukarar og moglege nye merkebrukarar. Dette fordi det er ein stor etterspurnad etter meir kunnskap om kommersialisering av produkt. Matmerk driv no med rådgiving innan område som forretningsutvikling, merkevarebygging og marknadstilgang.

Offentlege strategiar

Gjennom offentlege strategiar under LUF blei det i 2005 satsa på profilerande og salsfremmande tiltak for norsk mat nasjonalt og internasjonalt, med sikte på auka næringsutvikling på matområdet. Internasjonalt gjeld dette presentasjonen av norsk mat og matbedrifter på Internationale Grüne Woche i Berlin, og i tillegg det interdepartementale samarbeidsprosjektet om mat som Noregs-profilering ved statsbesøk ute og heime. Her heime er det gitt delfinansiering til et samarbeidsprosjekt med Den norske turistforening (DNT) om lokal mat på DNT sine hytter og til aktivitetar for å skape auka merksemd om småskala osteproduksjon og ostemangfaldet. Midlane har vidare vore brukt til samarbeidet med Norges Kokkemesteres Landsforening og Norsk Kulturråd om eit kompetanseutviklande stipend til Unge kokker. Vidare til presentasjon av produkt og bedrift i regi av ungdom ved Den norske matfestivalen i Ålesund, i samarbeid med stiftinga Ungt Entreprenørskap. Samarbeidet med Ungt Entreprenørskap er auka frå 4 til 14 fylke og målet var å etablere 30 ungdomsbedrifter i samarbeid med vidaregåande skolar i fylka. Kåring av årets beste ungdomsbedrift på matområdet er ein av aktivitetane. Resultatet for 2005 syner at det er etablert langt fleire enn dei 38 ungdomsbedriftene som tok del i konkurransane på fylkesmessene rundt om i landet.

Sentrale bygdeutviklingsmidlar

Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) blir nytta til prosjektretta verksemd og tiltak av landsomfattande karakter innanfor områda reiseliv, likestilling og nasjonale utviklingsprosjekt.

Det blei nytta 23,5 mill. kroner til reiseliv, inkludert utmark. Midlane har vore nytta til marknadsføringsaktivitetar og utvalde prosjekt for å konkretisere satsinga på landbruksbasert reiseliv. Formålet med dette er å byggje opp under den natur- og kulturbaserte reiselivsnæringa og leggje til rette for auka lønnsemd i småskala reiselivsverksemder knytt til landbruket.

Det blei gjeve 1,5 mill. kroner i støtte til organisasjonen Norsk Bygdeturisme og Gardsmat. Organisasjonen arbeider for å ta vare på interessene til småskala- og temabaserte reiselivsbedrifter og bedrifter som produserar og sel eigenproduserte matvarer.

Det blei nytta 1,5 mill. kroner til forskingsprosjekt korn. Prosjektet skal klargjere om det er mogleg å ta i bruk meir eigenproduserte, proteinrike kraftfôrråvarer til husdyr. Prosjektperioden er frå 2002 til 2006.

Det blei nytta 1,5 mill. kroner til prosjektet landbruksbygg i arktiske strøk. Prosjektet har som mål å utvikle betre og billegare bygningar for mjølkeproduksjon. Prosjektperioden er frå 2002 til 2007.

Det blei nytta 1 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak mellom reindrift og jordbruk.

2 mill. kroner blei stilt til disposisjon for utviklingsprosjekt gjennom Innovasjon Norge. Desse midlane blei nytta til fylkesovergripande prosjekt og kompetansebygging.

1 mill. kroner blei brukt til gjennomføring av Streif, ei markering av 100-års-jubileet for unionsoppløysinga i 1905.

2 mill. kroner blei brukt til utviklingsprosjekt prioritert av Landbruks- og matdepartementet. Døme på slike utviklingsprosjekt er Slipp oss til som er eit prosjekt for å auke busetnaden i bygdene med utgangspunkt i landbrukseigedommar utan busetnad.

4 mill. kroner blei nytta til Landbruk Pluss, arbeidet med modernisering av landbrukspolitikken. Gjennom Landbruk Pluss blei det sett i gang fleire pilotprosjekt i kommunar og fylke. Målet med desse prosjekta er å utvikle metodikk og verktøy for å styrkje arbeidet med næringsutvikling, busetjing og arealforvaltning. Prosjekta byggjer opp under arbeidet med å styrkje kommunane som aktørar i landbrukspolitikken.

Bioenergi

I 2005 blei det over bioenergiprogrammet som blir forvalta av Innovasjon Norge, tildelt midlar til 92 prosjekt (mot 64 i 2004) med eit samla beløp på 19,3 mill. kroner. Dette er ein vesentleg auke i forhold til 2004, og eit teikn på at programmet har blitt godt kjend og at interessa frå næringa er stigande. Det skjer ei ønskt dreiing mot fleire varmeprosjekt. I 2005 gjekk nær 70 pst. av midlane til varmeanlegg når ein held støtte til biodrivstoffprosjekt utanom. I budsjettet for 2005 var 5 mill. kroner øyremerkt til biodrivstoff, og det blei samla tildelt 6 mill. kroner til to biodrivstoffprosjekt. Vidare gjekk om lag 10 pst. av midlane til kompetansetiltak og utgreiing. På våren 2006 blei det etablert to nye ordningar under programmet; ei ordning med generell stønad til investering i gardsvarmeanlegg og ei ordning med stønad til omlegging til biovarme i veksthus. Begge desse ordningane har som mål å gjere landbruket meir miljøvennleg og auke kompetansen til aktørane i landbruket om brenselproduksjon og drift av varmeanlegg. Det er registrert ei stor interesse for ordningane så langt.

Skogbruk

Midlane til skogbrukstiltak utgjorde i 2005 133 mill. kroner. Saman med 2,2 mill. kroner av tidlegare ubrukte midlar blei det fordelt 95 mill. kroner til tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket, 25 mill. kroner til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, 13 mill. kroner til landsdekkjande tiltak som kurs, opplæring o.a. og 2,2 mill. kroner til andre tiltak.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak

Gjennom ordninga for nærings- og miljøtiltak i skogbruket blei det i 2005 gitt tilskott til skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog, drift med taubane og hest og andre tiltak i skogbruket. Ordninga hadde ei ramme på 95 mill. kroner. Midlane blei forvalta av kommunane saman med midlane til ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbrukets kulturlandskap (SMIL) over jordbruksavtalen.

Av løyvinga til nærings- og miljøtiltak blei det i 2005 løyvd 35 mill. kroner i tilskott til skogkulturtiltak. Til saman blei det investert 172 mill. kroner i skogkulturtiltak. Dette var ein auke på 8 pst. i forhold til 2004. Totalt blei det planta til eit areal på 103 000 dekar og utført ungskogpleie på 283 000 dekar. Resultatkontrollen for foryngingsfelt i 2005 syner at 23 pst. av foryngingsarealet ikkje var lagt til rette for forynging to år etter hogst. Vidare syner kontrollen at skogbruket tek gode miljøomsyn ved til dømes å setje att kantsoner og rette opp kjøreskadar.

Av løyvinga til nærings- og miljøtiltak blei det i 2005 vidare løyvd 47 mill. kroner til bygging av nye vegar og ombygging av eksisterande vegar. Det blei totalt investert 97 mill. kroner i slike formål. Ombygging og modernisering av gamle skogsbilvegar utgjorde hovudaktiviteten på skogsvegsida. Totalt blei det ombygd 202 km bilvegar, ein nedgang på 33 pst. Det blei bygd 56 km nye bilvegar og 230 km traktorvegar, reduksjonar på høvesvis 40 pst. og 25 pst.

Om lag 5 mill. kroner av løyvinga til nærings- og miljøtiltak i 2005 gikk til tilskott til miljøtiltak i skog.

Tilskott til skogbruksplanlegging

Kunnskap om ressursgrunnlaget er ein føresetnad for eit aktivt og miljøretta skogbruk, og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blei gjennomført i tråd med planane for 2005. Det blei tildelt om lag 25 mill. kroner i tilskott. I 2005 blei det starta nye skogbruksplanprosjekt med miljøregistreringar på 2,6 mill. dekar, og det blei ferdigstilt prosjekt på 2,1 mill. dekar. Sidan 2000 er det starta skogbruksplanlegging med miljøregistreringar på 21 mill. dekar, det vil seie om lag 30 pst. av det produktive skogarealet. Av dette var 11 mill. dekar ferdigstilte prosjekt ved utgangen av 2005, medan 10 mill. dekar framleis var under arbeid.

I tillegg er det starta prosjekt med supplerande miljøregistreringar i område med eldre skogbruksplanar. I 2005 blei det starta slike prosjekt på 0,8 mill. dekar, medan det blei ferdigstilt 1,6 mill. dekar. Sidan 2000 er det starta supplerande miljøregistreringar på 12 mill. dekar. Av dette var 7 mill. dekar ferdigstilt ved utgangen av 2005, medan 5 mill. dekar framleis var under arbeid.

Tilskott til kompetansetiltak

Løyvingane til landsdekkjande kompetansetiltak var om lag 13 mill. kroner i 2005. Skogbrukets kursinstitutt (SKI) er ein sentral aktør i dette arbeidet både gjennom si satsing på kursseriar og kunnskapsspreiing gjennom ulike internettportalar og nettsider. SKI har såleis fått ei viktig rolle i skogbruket si nettsatsing. Oppslutninga om landsdekkjande tiltak i form av kurs og opplæring har vore god. Det blei òg arrangert korte distriktskurs for skogsarbeidarar og yrkesaktive skogeigarar i kystfylka. Om lag 10 pst. av kursdeltakarane er kvinner. SKI gjer ein aktiv innsats for å utvikle kurs retta mot og tilpassa kvinner, og for å auke kvinnedelen.

Andre tiltak

Det blei løyvd om lag 2,2 mill. kroner til andre tiltak. Av dette var 2,0 mill. kroner tilskott til skogeigarlaga på Vestlandet og i Nord-Noreg. I tillegg blei det gitt tilskott til avverking og drift av lauvvirke til industriformål i Nordland og Troms.

Mat, skole og helse

Landbruks- og matdepartementet sette i 2005 av 5 mill. kroner til ei rekke prosjekt på området mat, skole og helse for å styrkje arbeidet på matområdet. Eit prosjekt prøva ut økologisk skolemat ved 24 utvalde skolar i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Eit anna prosjekt utvikla grøntpakkar til barn og unge, dvs. utvikle ulike typar porsjonspakningar med oppkutta frukt og grønt tilpassa ungdom i alderen 13-19 år. Eit tredje prosjekt i lag med Hagelaget planta frukt og bærbuskar i nokre barnehagar i Oslo, og dyrka grønt våren 2006. Det var òg sett av midlar til prosjekt i regi av Ungt Entreprenørskap i Akershus, Agder og Oslo for stimulering til elevaktivitetar knytt til lokal produksjon av sunn mat. Erfaringa frå prosjekta synast lovande og departementet har ført vidare satsinga i 2006.

Budsjettframlegg 2007

Frå 1.1.2007 er løyvinga til LUF samla under jordbruksavtalen. Løyvinga på kap. 1149 post 50 er derfor overført til kap. 1150 post 50. Det var semje om ei samla tildelingsramme for LUF i samband med jordbruksforhandlingane, jf. St.prp. nr. 68 (2005-2006) og kap. 1150 post 50.

Post 51 Tilskott til utviklingsfondet i skogbruket

Resultatrapport 2005

Styret behandla 24 søknader med eit samla omsøkt beløp på om lag 6,6 mill. kroner. Det blei gitt tilskott på i alt 3,7 mill. kroner til 14 nye prosjekt, av dette eit utanlandsstipend.

Budsjettframlegg 2007

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,27 mill. kroner for 2007. Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Prosjekt som får støtte frå fondet er m.a. retta mot verdiskaping og ressursforvaltning i skogsektoren innanfor gruppene forsking og utstyr, utviklingsprosjekt, informasjon og opplæring og stipend.

I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innan skogsektoren representert. Sekretariatet ligg i Noregs forskingsråd.

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

Resultatrapport 2005

Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet)

Programmet blei skipa i 2000 som eit 5-årig program, og er omtalt i budsjettproposisjonane etter dette. Programmet var retta inn mot verksemder og andre aktørar i verdikjeda skog - marknad, for å auke bruken av tre og verdiskapinga knytt til tre. Programmet blei avslutta i 2005.

Totalt blei det i 2005 sett i gang 73 prosjekt. Sentrale aktivitetar har m.a. vore utviklingsprogram ved utdanningsinstitusjonar, samt prosjekt knytt til utvikling av trevirket sitt bruksområde, t.d. bruk av massivtre, trefasadar og laft. Om lag halvparten av verkemiddelbruken har i 2005 retta seg mot nyskaping og produktutvikling på bransje- og bedriftsnivå.

Østlandsforskning evaluerte Treprogrammet i 2004. Rapporten synte at programmet har lukkast med å skape engasjement og moglegheit for utvikling i skog- og trebransjen, og auka interesse for bruk av trevirke.

Totalt i programperioden er det gitt støtte til 327 prosjekt med eit samla beløp på 160,8 mill. kroner. Innovasjon Norge har forvalta programmet, og det er utvikla samarbeid mellom Fylkesmannen, Noregs Forskingsråd og Innovasjon Norge for å utnytte og styrkje alle sin kompetanse innanfor fagfeltet.

Programmet blei i 2005 innklaga til ESA av byggutengrenser.no. ESA fatta i 2006 sitt opningsvedtak om saka. Departementet har gitt ESA ei omfattande utgreiing av saka som tilsvar på vedtaket, og som syner korleis ordninga materielt sett har vore i samsvar med statsstøtteregelverket. Utgreiinga er gjort etter samråd med Innovasjon Norge, som har administrert programmet. Saka er framleis til behandling i ESA.

Det blei i 2005 arbeidd med planar for ei ny tresatsing basert på erfaringar frå det tidlegare Treprogrammet.

Transportstøtte

Det blei gitt direkte støtte til langtransport av skogsvirke frå vanskelegstilte område i Nord-Noreg òg i 2005. Løyvinga utgjorde 1,4 mill. kroner.

Omstillingsmidlar i skogplanteforsyninga

Skogplanteskolane i nokre regionar har hatt sviktande plantesal dei siste åra. I 2005 blei det gitt 1,5 mill. kroner til oppfølging av dei omstillingstiltaka som blei sette i verk i 2004 for å sikre ei framtidsretta skogplantesforsyning. Midlane blei fordelt på fire skogplanteskolar med 200 000 kroner til Bardufoss planteskole, 450 000 kroner til Alstadhaug planteskole, 750 000 kroner til Skogplanter Midt-Norge og 100 000 kroner til Brandsøy planteskole.

Budsjettframlegg 2007

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 38,67 mill. kroner på denne posten i 2007. Ramma vil bli fordelt med om lag 35 mill. kroner til Trebasert innovasjonsprogram og 3,7 mill. kroner til tiltak som tek sikte på å leggje til rette for effektiv transport og omsetning av trevirke. Posten kan òg bli nytta til andre prioriterte styrkingstiltak på skogområdet.

Posten blei for 2006 redusert med 0,9 mill. kroner for å dekkje eingongsutgifter i samband med at ansvaret for Jordskifterettane blei overført til Justis- og politidepartementet frå 1.1.2006. Desse midlane er for 2007 ført tilbake frå Justis-og politidepartementet sitt budsjett.

Trebasert innovasjonsprogram

Auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda er ein viktig del av departementet sin heilskaplege strategi for næringsutvikling knytt til landbruket, Landbruk mer enn landbruk. Det er her vist til at den innanlandske bruken av trelast er 0,55 m3/innbyggjar/år, og at næringa har 0,75 m3/innbyggjar/år som mål innan 2010. Strategien skal m.a. støtte opp under næringa sitt mål om auka verdiskaping og trebruk. Òg i samband med regjeringa sitt arbeid med auka skogbasert verdiskaping vil tresatsingstiltak vere eit sentralt verkemiddel.

I tillegg til å leggje eit betre grunnlag for eit robust primærskogbruk og halde oppe den verdiskapinga tremekanisk industri tilfører mange lokalsamfunn, gir auka bruk av tre mange positive miljøgevinstar m.a. ved forlenga karbonbinding. Tresatsinga byggjer derfor opp under både næringspolitiske, miljøpolitiske og distriktspolitiske målsetjingar.

Landbruks- og matdepartementet sette i 2006 i gang eit nytt trebasert innovasjonsprogram. Erfaringar syner at det er behov for å bringe satsinga på tre inn i ein ny fase, og å ta i bruk den kunnskapen og dei løysingane som er utvikla.

Hovudmålsetjinga for programmet er auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda. For å nå dette målet er det behov for å finne og utvikle talentar som kan utnytte moglegheiter og gjennom dette medverke til innovasjon. I denne samanheng er det viktig at nye koplingar mellom produkt og marknad blir tekne i bruk. I strategiar som ligg til grunn for arbeidet er det lagt vekt på å stimulere til kompetanseutvikling, stimulere til leverandør- og produktutvikling, utvikle pionerprosjekt, initiere og medverke til rasjonell logistikk, arbeide for auka kvinnemedverknad i næringa, og arbeide for sterkare medverknad og engasjement i verkemiddelapparatet knytt til innovasjon i skog- og trenæring.

Programmet byggjer på erfaringar frå det tidlegare Treprogrammet som blei avslutta i 2005. Visjonen frå det tidlegare Treprogrammet blir derfor ført vidare: «Noreg skal vere eit førebilete i verdiskapande foredling og ny bruk av trevirke».

Programmet er utforma slik at det er i samsvar med prinsippa som følgjer av EØS-avtala. Dette medfører blant anna at delar av programmet vil bli notifisert.

Innovasjon Norge forvaltar det nye programmet. Programmet vil òg bli koordinert i forhold til forskingsinnsats på skog og tre i eit samarbeid mellom Innovasjon Norge og Noregs forskingsråd. Samarbeidet er kalla Fellessatsing tre.

Tiltak for effektiv transport og omsetning av trevirke, samt andre tiltak

Som eit ledd i arbeidet med auka satsing på skog, jf. omtalen i kat. 15.30, vil departementet styrkje tiltak for m.a. effektiv transport og omsetning av trevirke på Vestlandet og i Nord-Noreg. Den tidlegare ordninga med tilskott til langtransport av skogsvirke for Finnmark, Troms og dei nordlege delane av Nordland blir integrert i dette.

Ordninga vil bli sett i samanheng med ordningane under kap. 1150 post 50 med tilskott til drift av lauvtrevirke i Nord-Noreg, tilskott til skogeigarpartslaga på Vestlandet og i Nord-Noreg til omsetning av skogsvirke og tilskott til korte distriktskurs i dei same områda.

Retningsliner for ordninga vil bli utvikla i kontakt med organisasjonar i skogbruket. Posten vil òg kunne bli nytta til andre styrkingstiltak innanfor prioriterte område i skogpolitikken.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Fondsavsetningar

307 200

411 590

751 003

70

Marknadsregulering , kan overførast

202 337

215 500

201 000

73

Pristilskott , overslagsløyving

2 027 266

2 022 800

2 077 316

74

Direkte tilskott , kan overførast

6 476 108

6 581 685

6 714 969

77

Utviklingstiltak , kan overførast

226 538

222 970

227 430

78

Velferdsordningar , kan overførast

1 559 551

1 591 354

1 609 154

Sum kap. 1150

10 798 999

11 045 899

11 580 872

Kap. 1150 og kap. 4150 om Jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har tingingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar knytt til produksjon og omsetnad innanfor jordbruket (marknadsordningane). Jordbruksavtalen 2006-2007 som blei inngått mellom staten og Norges Bondelag 16.5.2006, omfattar målprisane for perioden 1.7.2006 til 30.6.2007 samt tilskott som blir utbetalt i 2007. Norsk Bonde- og Småbrukarlag braut tingingane og staten skreiv avtale med Norges Bonde­lag. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremme fastlagte mål for jordbruket og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Årets jordbruksoppgjer blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 68 (2005-2006) og behandla i Stortinget den 15.6.2006, jf. Innst. S. nr.236 (2005-2006). Dette kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av jordbruksavtalen i 2007.

Mange av dei største ordningane på kap. 1150 er tiltak der søkjarane har rett på tilskott dersom dei oppfyller vilkåra. Løyvinga er oftast styrt av satsar pr. eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Derfor ser departementet det som naturleg at eit noko større behov på ein underpost kan dekkjast inn med ledige midlar på ein annan underpost på same løyving (post).

Mål og strategiar

Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinjene i landbrukspolitikken. For ei nærmare omtale av mål og strategiar i jordbrukspolitikken for komande budsjettperiode syner ein til innleiinga, kat. 15.30 i denne proposisjonen samt kap. 7 i St.prp. nr. 68 (2005-2006).

Dei langsiktige måla for jordbrukspolitikken blei sist fastlagt av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. I tillegg til produksjon av trygg mat og andre varer og tenester med bakgrunn i forbrukarane sine behov er hovudmåla i stor grad knytt til produksjon av kollektive gode for samfunnet. Målstrukturen frå St.meld. nr. 19 (1999-2000) er skissert i figur 2.1 nedanfor.

Nokre av dei kollektive goda kjem som eit resultat av jordbruksproduksjonen i Noreg. Både klima, topografi og at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskala struktur og norsk pris- og kostnadsnivå, gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Derfor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane fell i kategorien horisontale fordi dei verkar inn på fleire av dei kollektive goda samtidig. Det gjeld m.a. tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. I tillegg vil òg verkemiddel som er meir målspesifikke òg kunne påverke andre mål.

Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje sortere post for post på budsjettkapitlet i forhold til hovudmåla. Derfor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på dei enkelte ordningane. Jordbruksavtalen og dei fleste verkemidla verkar saman, og skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing for næringa og samfunnet.

I tilknyting til måla for landbrukspolitikken som omtalt m.a. i innleiinga, vil vi ha verkemiddel for å nå fleire av desse både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette gjeld både økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er grunnleggjande òg i næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Ein har òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett.

Figur 2.1 Hovudmål og verkemiddel for næringspolitikken
 i jordbruket.

Figur 2.1 Hovudmål og verkemiddel for næringspolitikken i jordbruket.

Resultatrapport 2005

Landbruket er ei langsiktig næring der tilpassinga til endra rammer vil ta tid. Det er derfor viktig for næringsaktørane å førebu seg på endringar som kan komme i internasjonale og nasjonale forhold, hos forbrukarane og i forhold til teknologi m.m. Dei ulike tiltaka over jordbruksavtalen skal gi dei næringsdrivande rammer som dei ut frå sin eigen situasjon kan tilpasse seg innanfor. Jordbruksavtalen skal fremme utvikling i næringa og tilpassingar som i så stor grad som mogleg er i samsvar med måla for landbrukspolitikken.

Utviklinga i dei viktigaste resultatmåla for landbruket som har samanheng med verkemidla over jordbruksavtalen skjer gradvis over tid og kan derfor i liten grad lesast over eit år. Ein del av dei økonomiske resultata vil òg kunne bli påverka av periodisering og andre forhold som gjer at utviklinga frå det eine året til det andre berre gir informasjon med avgrensa verdi. Fleire av resultatmåla er påverka av langsiktig og generell økonomisk utvikling. På kort sikt blir resultatmål òg påverka av forhold som renteutvikling og verdsmarknadsprisar med meir.

For ei meir detaljert rapportering av resultata i jordbrukspolitikken fram til 2005 syner ein til kapittel 3 i St.prp. nr. 68 (2005-2006).

Nokre viktige utviklingstrekk er:

  • Sett over tid har jordbruket hatt om lag same utvikling i inntekt som andre grupper.

  • Produktivitetsutviklinga er stabilt høg i næringa, talet på driftseiningar som søkjer om tilskott går ned medan samla produksjon og jordbruksareal er relativt stabilt.

  • Frå 1999 til 2005 blei talet jordbruksverksemder redusert med 24 pst. og gjennomsnittsstorleiken på bruka aukar. Nedgangen i talet på einingar har vore størst i Nord-Noreg, men det er ikkje store regionale skilnader. Nedgangen i talet på einingar har etter departementet sitt syn vore så høg dei seinaste åra at det vil verke negativt på mange distriktssamfunn.

  • Den marginale nedgangen i samla jordbruksareal dei seinaste åra har vore på Austlandet og på Vestlandet. Det er derfor framleis eit aktivt jordbruk over heile landet, men dersom det blir for få einingar i visse område kan produsentmiljøa bli trua.

  • Det har dei siste tiåra vore ein jamn nedgang i sysselsetjinga i jordbruket som i 2004 er rekna til 66 000 årsverk, eller om lag 3,4 pst. av den samla sysselsetjinga i landet. For perioden 2002-2005 er nedgangen i sysselsetjinga i jordbruket rekna til 3,3 pst. pr. år.

  • Etter at marknadsbalansen har vore god i fleire år har det for 2004 og 2005 oppstått overproduksjon innanfor fleire produksjonar, særleg for svinekjøtt, men òg for lam, korn og egg. Samla pristap for næringa er rekna til 250 mill. kroner i 2004 og 570 mill. kroner i 2005.

  • Arbeidet med næringsutvikling over Landbrukets utviklingsfond (LUF) styrkjer og utvidar næringsgrunnlaget i og i tilknyting til landbruket over heile landet.

  • I 2005 har ordninga med regionale miljøprogram blitt sett i verk i alle fylke. Midlane har blitt prioritert til ordningar som fremmar kulturlandskap og reduserer forureining. Særleg har stølsdrift blitt prioritert i dei områda der det er aktuelt.

  • Omlegging til økologisk produksjon går i rett retning, men i noko svakare tempo enn det som er ønskt.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Som gjort greie for under kat. 15.00 er det behov for tilpassingar i forhold til normal prosedyre for tilskottforvaltning. Det vil her bli gjort nærmare greie for hovudtrekka i tilpassingane i forhold til ulike grupper ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga.

Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott

Gruppa av tilskott utgjer ei rekkje ulike ordningar under jordbruksavtalen, jf. kap. 1150 postane 70 og 73, samt i eit mindre omfang under kap. 1150 post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum og distrikt m.m. Grunnlaget for tilskott som blir utbetalt produsentane via eit omsetningsledd vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetningsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samtidig mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer derfor samla basert på rapporteringa frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med dei årlege proposisjonane om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa frå Budsjettnemnda blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat som gir grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. Landbruks- og matdepartementet meiner såleis at ein har etablert eit godt resultatrapporteringssystem for dei ikkje-tiltaksretta ordningane. Av andre viktige tilpassingar i forhold til normalprosedyren kan nemnast at det normalt ikkje er tilskottsmottakar sjølv som søkjer då tilskotta blir utbetalt via eit omsetningsledd. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetningsleddet. Omsetningsledda gjer som oftast ikkje eigne vurderingar i forhold til forvaltninga av tilskotta. Dei vil derfor normalt ikkje bli rekna som tilskottsforvaltarar, men medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eige tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetningsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsent. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.

Direkte tilskott og velferdsordningar

Tilskottsordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150 postane 74 og 78 og er for dei direkte tilskotta basert på objektive kriterium som dyretal, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Når det gjeld velferdsordningar, utgjer desse særleg refusjon av utgifter til avløysar. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for ordningane marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott, jf. ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med jordbruksoppgjeret. I tillegg blir rapporteringa frå Budsjettnemnda supplert med vurderingsrapportar og statusnotat. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Vidare er det ikkje aktuelt å sende årlege oppdragsbrev til kommunane då deira oppgåver er fastsett i forskrifter, rettleiingar m.v. og arbeidet deira er ikkje styrt av ei budsjettramme knytt til kvar enkelte kommune.

Kollektive overføringar

På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet/Statens landbruksforvaltning (SLF) og direkte til ein sams mottakar, t.d. Rikstrygdeverket, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Dei største kollektive overføringane har bakgrunn i at produsentar i jordbruket betalar redusert trygdeavgift, på linje med lønnstakarar. Ordningane finnast særleg under kap. 1150 post 78. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetningsavgift for frukt og grønt, jf. kap. 1150 post 70.11. Oppfølginga av desse ordningane vil berre vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.

Etablering av forvaltningsorganisasjon

Etter etableringa av SLF i 2000 er hovuddelen av tilskottsforvaltninga delegert til den statlege verksemda. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane til drift av SLF og andre tilskottsforvaltarar og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og regionaldepartementet. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. Bruken av aktørar utanfor statsforvaltninga er derfor monaleg redusert. På ein del område legg ein likevel forvaltninga av enkelte tilskottordningar til organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge, Statskog SF og såvareforretningar. Kommunane har òg sentrale oppgåver i tilskottsforvaltninga, og omsetningsledda har som nemnd ovanfor ei medhjelparrolle i kanaliseringa av tilskott fram til produsentane. I samband med gjennomgangen av tilskottsforvaltninga har det blitt arbeidd med å klargjere ansvar og oppgåver for desse eksterne aktørane. På ein del område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, ofte partssamansett, skal tildele tilskottsmidlar medan Statens landbruksforvaltning eller Reindriftsforvaltninga er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengene ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.

Jordbruksoppgjeret 2006

Jordbruksavtalen 2006-2007 er basert på dei prinsipp som er trekt opp i St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, Innst. S. nr. 167 (1999-2000) frå Næringskomiteen, regjeringa si Soria Moria-erklæring og hovudmål for den økonomiske politikken.

Ved jordbruksoppgjeret i 2006 kom staten og jordbruket ved Norges Bondelag fram til ei forhandlingsløysing 16.5.2006. Norsk Bonde- og Småbrukarlag braut tingingane same dag, og staten forhandla vidare med Norges Bondelag i samsvar med Hovudavtalen sine retningsliner. Norges Bondelag har meddelt at styret i organisasjonane har godkjent avtalen.

Avtalen har ei ramme på 850 mill. kroner som inneber ein auke i løyvingane over kap. 1150 på 220 mill. kroner og ein auke i målprisane tilsvarande 40 mill. kroner. I tillegg er det rekna inn ei auke i jordbruksfrådraget ved skattelikninga som svarar til ein inntektsauke før skatt på 425 mill. kroner og ei omdisponering av ledige midlar tilsvarande 165 mill. kroner. Utslaget av ramma vil utgjere vel 14 000 kroner pr. årsverk, eller gi grunnlag for ein auke i inntektene pr. årsverk på om lag 6,5 pst. Betra marknadsbalanse vil kunne gi ytterlegare vekst i inntektene innanfor visse produksjonar.

Partane blei vidare samde om å setje ned ei arbeidsgruppe som skal gjere ei vurdering av ordninga med kjøp og sal av mjølkekvotar. Rapporten frå gruppa skal leggjast fram innan 1.1.2007. Partane blei likeeins samde om å få gjort ei vurdering av kva for verknader strukturutviklinga i norsk jordbruk dei seinaste tiåra har hatt i høve til moglegheitene for å nå politiske mål knytt til mattryggleik og –mangfald, ope kulturlandskap, distriktspolitikk og næringsutvikling.

Frå og med jordbruksoppgjeret i 2003 gjeld løyvingane over statsbudsjettet på jordbruksavtalen det følgjande kalenderåret, og ikkje avtaleåret. Det vil seie at jordbruksavtalen 2006 er basert på at Stortinget gjer vedtak om dei løyvingane i 2007 som er lagt til grunn i avtalen og lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 68 (2005-2006). Gjennom vedtak II til proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2006 har Stortinget gitt Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å setje i verk tiltak i forhold til avtalen som er knytt til løyvingar over budsjettet i 2007. I vedtak III har Stortinget slutta seg til at løyvingane til LUF over kap. 1149 frå 2007 blir løyvd over kap. 1150 post 50 saman med dei andre løyvingane til LUF.

Importvernet er ikkje forhandlingstema i jordbruksoppgjeret. Ramma for og fordelinga av jordbruksavtalen 2006-2007 er utforma innanfor Noregs plikter i forhold til WTO. I avtalen er det lagt til rette for at Noreg kan notifisere tilskott til beiting av husdyr som grøn støtte i WTO. Det aukar den grøne støtta med omlag 365 mill. kroner. Delar av denne er notifisert blå i dag.

Jordbruksoppgjeret med omfordeling av løyvingar i 2006 og verknad for statsbudsjettet i 2007, blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 68 (2005-2006). I denne proposisjonen blir Stortinget invitert til å gjere dei budsjettvedtak for 2006 som følgjer av avtalen som Stortinget slutta seg til ved behandlinga den 15. juni 2006, jf. Innst. S. nr. 236 (2005-2006).

Budsjettframlegg 2007

Budsjettforslaget for 2007 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir auka med om lag 536 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2006, frå omlag 11,046 mrd. kroner til om lag 11,581 mrd. kroner. Auken i 2007 er sett saman av følgjande forhold:

  • 220 mill. kroner auke som følgje av auka tilskott etter jordbruksoppgjeret 2006

  • 17,6 mill. kroner auke som følgje av volumauke på overslagsløyvingane (post 73)

  • 326,5 mill. kroner auke som følgje av flytting av løyvingar på statsbudsjettet.

  • 28 mill. kroner i konsekvensjustering som eit ufordelt kutt på post 74

Merknader til dei enkelte postane

Post 50 Fondsavsetningar

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50.11

Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

304 450

398 840

738 253

50.12

Tilskott til Landbrukets Skadefond

2 750

12 750

12 750

Sum post 50

307 200

411 590

751 003

Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

Etter LUF sine vedtekter kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekt over fondet.

Deler av løyvinga til fondet blei flytta ut av jordbruksavtalen og over til kap. 1149 post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF) frå budsjettåret 2004, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003). I samband med jordbruksforhandlingane i 2006 blei det bestemt at ein skulle samle heile løyvinga til LUF innanfor jordbruksavtalen frå budsjettåret 2007, jf. St.prp. nr. 68 (2005-2006) Om jordbruksoppgjøret 2006 – endringar i statsbudsjettet for 2006.

Ein gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2007 på 738,3 mill. kroner under kap. 1150 underpost 50.11. I St.prp. nr. 68 (2005-2006) Om jordbruksoppgjøret 2006 blei det lagt til grunn ein auke i løyvinga til LUF på kap. 1150 underpost 50.11 med 336,5 mill. kroner. Auken kjem som ein følgje av at løyvingane over kap. 1149 post 50 blir ført over til kap. 1150 post 50 underpost 11, ei overføring av 4 mill. kroner frå kap. 1150, post 74, og eit tillegg på 10,0 mill. kroner.

Tildelingsramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter og fondskapital slik det går fram av oppsettet under. Ein legg opp til ei samla tildelingsramme for LUF ekskl. rentestøtte på 945 mill. kroner i 2007.

(i mill. kr)

Beløp

Løyvingsframlegg kap. 1150 post 50.11

738,3

Renteinntekter1

24,4

Fondskapital

182,3

Framlegg om tildelingsramme

945,0

Det er renteinntekter for 2006 som er lagt til grunn for tildelingsramma i 2007

Den meir detaljerte fordelinga av tildelingsramma går fram av tabellen under.

Tabell 2.12 Oversikt over tildelingsramme for LUF i 2006 og framlegg om tildelingsramme for 2007

   

(i mill. kr)

Ordningar

20061

2007

Samanslåing av KSL, Matmerk og KIL, ny organisasjon2

2,0

42,0

Kompetansetiltak (KIL)

6,0

Kvalitetssystem i landbruket (KSL)

20,0

Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar3

241,0

371,0

Mjølke- og storfeprogram

85,0

Informasjons- og utviklingstiltak, miljø

12,0

11,0

SMIL

130,0

140,0

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk4

41,5

40,0

Utviklingsprogram for geitehaldet5

12,5

16,0

Andre utviklingstiltak i landbruket6

9,0

4,0

Sum innanfor jordbruksavtalen

559,0

Overføring til Samisk utviklingsfond (SUF)

2,0

2,0

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon7

105,0

76,0

Sentrale bygdeutviklingsmidlar8

38,0

28,0

Grønt reiseliv9

25,0

Skogbruk og bioenergi

169,2

190,0

Innlandet 2010

20,0

Etablering av Jordskiftesenter

1,0

Sum utanfor Jordbruksavtalen

335,2

Sum LUF, ekskl. rentestøtte

894,2

945,0

Tal frå St.prp.nr.1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) + økt innvilgingsramme, jf. St.prp. nr. 68 (2005-2006).

Sett saman av KIL, KSL, VSP-mat-løyvinga til Matmerk og ein auke på 2 mill. kroner i 2007. I tillegg ei utbetaling i 2006 på 2 mill. kroner til interimsperioden.

Dei fylkesvise BU-midlane i mjølke- og storfeprogram og andre tiltak blir samla f.o.m. 2007.

Utbetaling i 2006 på 3,5 mill. kroner til økologisk sau/lam. Posten blir auka med 2 mill. kroner i 2007.

1,5 mill. kroner til seminstasjon geit i 2006, 15 mill. kroner til prosjektet Friskare geiter og 1 mill. kroner til omstilling. Summen i tabellen avvik frå summen brukt i St.prp. nr. 68 grunna ei overføring frå kap. 1150 post 74 til kap. 1150 post 50.

2006: 1 mill. kroner til Norsk kulturarv, 1 mill. kroner til avsetningstiltak honning, 1 mill. kroner til Norsk landbruksmuseum, 2007: 2 mill. kroner til setersatsing, 2 mill. kroner til beiteareal for gjess.

Støtte til Matmerk blir teke ut av VSP mat og overført til ny organisasjon.

Blir avsett som ramme, fordeling skal takas i eige møte mellom avtalepartane, 2 mill. kroner blir øyremerkt Inn på tunet. Talet avvik frå St.prp. nr. 68 (2005-2006) knytt til overføring av 1 mill. kroner til prosjektet Fritt fram i Oppland.

Blir flytt frå sentrale BU-midlar til eigen satsing, auke på 2,6 mill. kroner.

Nærings- og miljøsatsinga over Landbrukets utviklingsfond blir vidareført og forsterka med ei samla tildeling på 945 mill. kroner. Det er ei auka tildeling til dei fylkesvise BU-midlane med 45 mill. kroner, og ei reduksjon i tildelinga til VSP mat med 15 mill. kroner. På dei andre postane er det ein mindre auke eller ein vidareføring av nivået frå 2006.

Rentestøtteordninga innanfor dei fylkesvise BU-midlane blir vidareført. Låneramma for lån med rentestøtte er 700 mill. kroner i 2007.

Landbruks- og matdepartementet legg opp til ei revidering av den nasjonale strategien for næringsutvikling hausten 2006. Ei breitt samansett arbeidsgruppe skal delta i heile prosessen. Dei fylkesvise strategiane skal reviderast i etterkant av at den nasjonale strategien er etablert. Nye strategiar på nasjonalt og regionalt nivå skal gjelde frå 2007.

Statsrådens kontaktutval for næringsutvikling blir vidareført. Dei faglege møtearenaene til Innovasjon Norge, med representasjon frå sentrale faglege aktørar, blir vidareført.

Samanslåing av Stiftelsen Matmerk og sekretariatet for Kvalitetssystem i landbruket (KSL)

I Jordbruksforhandlingane 2006 blei det semje om å slå saman Stiftelsen Matmerk og KSL-sekreteriatet. Formålet er å få ei betre utnytting av ressursane knytt til kvalitetsarbeidet og -merkinga av norsk mat, samt å etablere eit heilskapleg kvalitetssystem i primærproduksjon og produksjonsledd elles. Organisasjonen vil m.a. få ansvaret for KSL-arbeidet, merkeordninga Beskytta nemningar, arbeide med profilering og marknadstilgang for norske matspesialitetar og det heilskaplege kvalitetssystemet. For nærmare omtale sjå St.prp. nr. 68 (2005-2006) Om jordbruksoppgjøret 2006.

Den nye organisasjonen blir etablert formelt frå 1.1.2007. Det blir avsett 42 mill. kroner til den nye organisasjonen i 2007.

Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar

Formålet med bygdeutviklingsmidlane er å leggje til rette for næringsutvikling som dannar grunnlag for langsiktig, lønnsam verdiskaping og desentralisert busetnad med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt.

Det blir innført tak for maksimalt støttebeløp. Taket er sett til 600 000 kroner pr. søknad. Det blir ikkje innført tak for Nordland, Troms og Finnmark, samt Namdalen.

Lån med rentestøtte blir vidareført som tidlegare.

Informasjons- og utviklingstiltak, miljø

Det er stort informasjonsbehov overfor næringsutøvarar og kommunar når det gjeld kva som er mogleg med dei nye miljøordningane. Det er òg trong for informasjon og rettleiing for å betre miljøinnsatsen gjennom miljøplanarbeidet. Informasjons- og utviklingstiltaka skjer i regi av Fylkesmannen og Statens landbruksforvaltning.

Spesielle miljøtiltak i landbrukets kulturlandskap (SMIL)

Spesielle tiltak i jordbruket sitt kulturlandskap går i all hovudsak til enkeltføretak i jordbruket, men òg andre eigarar av landbrukseigedom og enkelte lokalt tilknytte lag og foreiningar mottek støtte. Den kommunale SMIL-ordninga kan bli brukt til mange typar miljø- og kulturmiljøtiltak som til dømes inngjerding av beite og til skjøtsel av viktige biotopar som gamle slåtteenger og lyngheier.

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk

Det har det siste året vore ein monaleg vekst i marknaden og auka etterspurnad etter økologiske produkt. Dette tyder på at vektlegginga av innsats retta mot marknaden og stimulering til organisert samarbeid mellom aktørane i bransjen no har gitt resultat. Samtidig har det vore låg omleggingstakt og noko tilbakegang på produksjonssida, noko som understrekar behovet for ein fortsett balansert innsats retta mot alle ledd i verdikjeda frå butikk til primærproduksjon.

Formålet med midlane er marknadsutviklingstiltak, herunder heilkjedeavtaler. Det er òg sett av midlar til rettleiing i samband med satsingsprogrammet for økologisk saueproduksjon.

Utviklingsprogram for geitehaldet

Det er behov for omlegging frå det tradisjonelle bukkeringbaserte avlsarbeidet til semin. Vidare sett EØS-regelverket hygienekrav som gir behov for eigen infrastruktur for produksjon og lagring av bukkesæd. Dette fører til behov for store investeringar. Det blir satsa vidare på prosjekt Friskere geiter.

Andre utviklingstiltak i landbruket

For 2007 er dette 2 mill. kroner til setersatsing i Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal, og 2 mill. kroner til beiteareal for gjess.

Overføring til Samisk utviklingsfond

Overføringa til Samisk utviklingsfond skal stimulere til næringsutvikling i landbruket i samiske område.

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon

Verdiskapingsprogrammet er ein del av ein samla strategi for å leggje til rette for produkt- og tenesteproduksjon basert på landbruket sitt samla ressursgrunnlag. Programmet medverkar til å styrkje konkurranseevna og betre lønnsemda for primærprodusentane og resten av den landbruksbaserte verdikjeda.

Sentrale bygdeutviklingsmidlar

Midlane går til prosjekt av fylkesovergripande og landsomfattande karakter med innovasjon og næringsutvikling som siktemål. Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane kan òg finansiere nødvendig utredningsarbeid og profileringsaktivitetar for å styrkje arbeidet med landbrukspolitikken.

Grønt reiseliv

Det blir etablert eit utviklingsprogram for grønt reiseliv i Noreg frå og med 2007. Målet med programmet er å realisere det potensialet som ligg i utvikling av Noreg som ferieland og næringa sine ambisjonar om auka verdiskaping med basis i garden og bygdene sine ressursar.

Skogbruk og bioenergi

Løyvingane til skogbruk og bioenergi under LUF er fastsett gjennom jordbruksavtalen. Den styrkte satsinga på desse tiltaka er ledd i arbeidet for auka skogbasert verdiskaping, jf. kat. 15.30. Departementet vil konkretisere satsinga i løpet av hausten 2006 og leggje opplegget fram for partane til drøfting i eit eige møte. Tiltaka får ei ramme på 190 mill. kroner.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blir forvalta av fylkesmennene og kommunane. Tilskott til bioenergitiltak blir forvalta av Innovasjon Norge. Det visast òg til omtale av tresatsing under kap. 1149.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Formålet med tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er å stimulere til aktiv ressursforvaltning og auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tekne vare på og vidareutvikla. Midlane er sentrale i ei heilskapleg satsing på næringsverksemda i skogbruket, og dei kan nyttast til tiltak innanfor skogkultur, skogsvegbygging, miljøtiltak og ulike andre tiltak i skogbruket.

Skogkultur omfattar fleire tiltak som er viktige for å få etablert skog med høg kvalitet. Dette gjeld m.a. planting, såing, markriving og stell av ungskog. Regjeringa vil at staten skal ta eit medansvar for desse mest langsiktige investeringane i skogbruket.

Vidare kan tilskotta til nærings- og miljøtiltak i skogbruket nyttast til nybygging og ombygging av skogsvegar. I ein del område er ikkje areala tilgjengelege for drift fordi dei manglar vegløysing, og i slike område er vegbygging det viktigaste tiltaket for å auke hogsten. Samla sett går mellom 40 og 50 pst. av tilskottsrammene til slike føremål.

Det kan òg bli gitt tilskott til ulike miljøtiltak i skog eller til skogsdrift med taubane, hest o.a. for å auke avverkinga i bratt og vanskeleg terreng, og for å fremme bruk av miljøvennlege løysingar i slike område. Dei bratte skogareala har store skogressursar, og virke frå bratt terreng er ein viktig del av virkesforsyninga for mange små og mellomstore sagbruk. Departementet opnar òg for at midlane kan nyttast til mindre nærings- og miljøtiltak som ikkje omfattast av andre ordningar og som lokalt kan vere viktige for utvikling av skogbruket.

Dei siste tre åra har tilskottsmidlane til nærings- og miljøtiltak blitt fordelte til kommunane som igjen har løyvd tilskott til enkelttiltak. Dette har gjort forvaltninga av tilskott til veg og tilskotta til drift med taubane, hest o.a. mindre effektiv, ikkje minst når det gjeld samarbeidsprosjekt mellom fleire skogeigarar. Departementet legg derfor opp til at tilskott til vegprosjekt og tilskott til drift med taubane, hest o.a. skal tildelast frå Fylkesmannen slik dette ble gjort til og med 2003. Tildelinga vil skje i nær kontakt med kommunane. Samtidig vil departementet arbeide vidare med spørsmål knytt til vegbygging og inngrepsfrie naturområde.

Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og landsdekkjande kompetansetiltak

Kunnskap om ressursgrunnlaget er ein føresetnad for eit aktivt og miljøretta skogbruk, og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er ein viktig reiskap for skogeigarane. Kommunevis eller områdevis gjennomføring av skogbruksplanlegginga gjer at Fylkesmannen fordelar løyvingsramma mellom kommunane etter ein hovudplan for fylket. Hovudplanen er eit resultat av m.a. innspel frå kommunane. Effektivisering og satsing på meir brukartilpassa planar står sentralt i departementet si oppfølging av skogbruksplanlegginga. Departementet legg opp til at midlane til skogbruksplanlegging med miljøregistrering skal forvaltas på same måte som tilskotta til vegbygging, dvs. tildelast av Fylkesmannen.

Det vil òg bli tildelt midlar frå denne underposten til kompetansesenteret for skogbruksplanlegging ved Norsk institutt for skog og landskap. Dette femner serviceoppgåver instituttet utfører overfor fylka og kommunane i saker omkring takst og skogbruksplanlegging.

Kompetanseutvikling og effektiv kompetansespreiing står sentralt i skogpolitikken, og Skogbrukets kursinstitutt (SKI) er ein viktig aktør gjennom satsinga si på kursseriar og kunnskapsspreiing gjennom ulike internettportalar og nettsider. Departementet gjer framlegg om støtte til å utvikle og gjennomføre kompetansetiltak på skog- og utmarksområdet retta mot offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet, hovudsakeleg i regi av SKI (Aktivt skogbruk mv.). SKI sitt arbeid retta mot barn og unge gjennom Lære med skogen, ulike nettilbod mv. er òg prioriterte oppgåver. Med utgangspunkt i den gode kontakten SKI har hatt med NIJOS og Skogforsk bør samarbeidet med Norsk institutt for skog og landskap vidareførast og styrkast. Kunnskapsbehova er i rask endring og SKI må byggje på eit kunnskapsgrunnlag frå eit stadig breiare spekter av kunnskapsinstitusjonar. Et godt samarbeid i sektoren er ein føresetnad for ei vellukka kompetanseutvikling.

Det blir sett av særskilte midlar som tilskott til skogeigarlaga på Vestlandet og i Nord-Noreg og tilskott til avverking og drift av lauvvirke til industriformål i nordlege delar av Nordland og Troms. Desse ordningane vil bli sett i samanheng med tilskott til korte distriktskurs og tilskott til langtransport av skogsvirke for Finnmark, Troms og dei nordlege delane av Nordland under kap. 1149 post 71.

Bioenergi

Bioenergi er ei næringspolitisk satsing for å skape inntekt og arbeidsplassar knytt til landbruksnæringa. Auka bruk av bioenergi er såleis eit viktig element i den auka satsinga på skogbruket. Bioenergi er likeins eit satsingsområde innanfor departementet sin strategi for næringsutvikling. Hovudmålet er å auke lønnsemda og vidareutvikle bioenergi som forretningsområde innanfor landbruket. Strategien støtter opp om næringa sitt mål om å auke bruken av bioenergi frå nivået i dag på 16 TWh til 26 TWh i 2015.

Bioenergiprogrammet er departementet sitt viktigaste verkemiddel for å fremme auka produksjon av biobrensel og leveranse av ferdig varme frå landbruket. Bioenergiprogrammet blei styrkt med 2 mill. kroner frå 23 til 25 mill. kroner for 2006. Dette gav rom for to nye satsingar under programmet; nemleg støtte til installasjon av gardsvarmeanlegg og omlegging frå fyringsolje til bioenergi i veksthus. Elles blir midlane under programmet prioritert til investeringsstøtte til varmeanlegg og anlegg for produksjon og sal av biobrensel, samt til nokre få utviklingsprosjekt vedrørande biodrivstoff basert på norsk råvare. I tillegg blir det nytta midlar til utgreiings- og kompetansetiltak. Departementet vil vidareføre og styrkje denne satsinga innanfor framlegget om auke i løyvinga til skogbruk og bioenergi med 20,8 mill. kroner for 2007, jf. tabell 2.12 ovanfor.

Kjønnsvurdering av bygdeutviklingsmidlane

Eit av formåla med BU-midlane er å leggje til rette for eit landbruk der kvinner og menn blir gitt like moglegheiter. Forskrifta legg opp til positiv diskriminering av det underrepresenterte kjønn, som i landbruket er kvinner. Tabellen under syner BU-midlane fordelt på type ordning og kjønn.

Tabell 2.13 Fylkesvise BU-midlar ekskl. rentestøtte. Fordeling av innvilging på ulike formål og kvinnetiltak i 2005.

Ordning

Innvilga tilskott (i mill. kr)

Prosentdel kvinner

Innvilga lån med rentestøtte (i mill. kr)

Prosentdel til kvinner

Etablerarstipend

21,6

68

Bedriftsutvikling

15,4

36

Investeringar, nye næringar

52,0

51

85,8

48

Investeringar, tradisjonelt landbruk

234,5

21

573,3

19

Andre tiltak

11,5

24

Sum 2005

335,0

29

659,1

22

Kjelde: Fylka sin bruk av bygdeutviklingsmidlar 2005. Innovasjon Norge 2006.

29 pst. av tilskotta og 22 pst. av lån med rentestøtte går til kvinner. Det er stor variasjon mellom dei ulike tiltaka. Kvinner mottar meir enn 50 pst. av tilskotta til etablerarstipend og investeringar i utviklingstiltak/nye næringar, medan dei berre mottar høvesvis 21 pst. og 19 pst. av tilskott og lån med rentestøtte til investeringar i tradisjonelt jord-, hage- og skogbruk. Samanlikna med delen kvinnelege eigarar av landbrukseigedommar, som er på 25 pst., ser ein at kvinner får litt mindre i lån med rentestøtte og litt meir i tilskott enn deira eigardel indikerer. Samanlikna med den generelle kjønnsfordelinga på bygdene ser ein at enkelte ordningar fungerer relativt godt, medan ein framleis har utfordringar innanfor andre delar av ordninga.

Underpost 50.12 Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon

Formålet med fondet er å gi økonomisk kompensasjon til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av forhold som føretaket ikkje rår over. Frå 2007 omfattar fondet følgjande ordningar:

  • erstatning for avlingssvikt i planteproduksjon

  • erstatning for tap av bifolk, og svikt i honningproduksjon

  • erstatning for tap av sau på beite

Frå 2004 er løyvingane til erstatningsordningane over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett organisert slik at alle ordningar som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg er samla utanfor jordbruksavtalen på kap. 1143 post 73.

Frå 2007 vil regelverket bli justert slik at statlege erstatningsordningar ikkje skal dekkje skader der det finnes allment tilgjengelege forsikringsordningar.

Skadefondet hadde ved inngangen til 2006 ein eigenkapital på 96,38 mill. kroner, medan det er prognosert eit forbruk på om lag 30 mill. kroner. Kapitalsituasjonen i fondet er derfor relativt god. Ein gjer framlegg om ei løyving på 12,75 mill. kroner i 2007.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70.11

Marknadstiltak

13 900

18 900

18 900

70.12

Tilskott til råvareprisordninga

176 799

189 100

175 100

70.13

Eksportrestitusjon

11 637

7 500

7 000

Sum post 70

202 337

215 500

201 000

Underpost 70.11 Marknadstiltak

Formålet med marknadstiltaka er å medverke til at ein kan nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og medverke til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekt av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta. Posten omfattar i 2007:

  • Avsetningstiltak hagebruk: 3,9 mill. kroner

  • Kollektiv dekking av omsetningsavgift hagebruk: 10,0 mill. kroner

  • Tilskott til kadaverhandtering: 5,0 mill. kroner

Ein gjer framlegg om ei løyving på 18,9 mill. kroner i 2007.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga

Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksportert. I 2006 blei prisnedskrivingssatsane for ein del meieriråvarer satt ned. Det har gitt eit noko lågare forbruk enn budsjettert.

Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer. I jordbruksoppgjeret blei målprisane auka tilsvarande 40 mill. kroner. Styresmaktene vil følgje utviklinga i konkurransesituasjonen nøye. Ut frå ei samla vurdering dels òg fordi eksportvoluma har gått ned, kan løyvinga til RÅK bli sett ned med 14 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 175,1 mill. kroner i 2007.

Underpost 70.13 Eksportrestitusjon

Underposten har omfatta ordningane: eksportrestitusjon til foredla kjøttprodukt (XRK-ordninga), Catering-ordninga og eksportrestitusjon for leveransar til spesialmarknader. Formålet med XRK-ordninga har vore å gjere det mogleg for norsk næringsmiddelindustri å levere foredla kjøttvarer til eksportmarknader. I 2005 blei det vedteke å fase ut ordninga for XRK til eksportmarknader, med grunnlag i at effekten av ordninga har vore avgrensa, og med omsyn på internasjonale føringar knytt til framtidig bruk av eksportsubsidiar. Frå og med 2005 blir det berre gitt støtte til spesialmarknader (oljeinstallasjonar, Svalbard, ambassadar m.m.).

Formålet med Cateringordninga har vore at norske cateringselskap som leverer menyar til fly i utanriksfart, skal kunne konkurrere med utanlandske selskap når dei nyttar norsk råvare. Catering-ordninga har blitt redusert i omfang dei siste åra og voluma er små og ordninga er avvikla frå 2006.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 7,0 mill. kroner i 2007 for leveransar til spesialmarknader.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

73.11

Tilskott til norsk ull

156 619

158 100

158 100

73.13

Pristilskott, mjølk

453 063

468 700

486 100

73.15

Pristilskott, kjøtt

663 488

633 200

659 300

73.16

Distriktstilskott egg

5 336

5 600

6 200

73.17

Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, ­grønsaker og potet

53 492

50 000

54 800

73.18

Frakttilskott

223 820

211 300

207 500

73.19

Prisnedskriving korn

452 450

409 600

411 496

73.20

Tilskott matkorn

67 300

74 820

73.21

Prisnedskriving potetsprit

18 997

19 000

19 000

Sum post 73

2 027 266

2 022 800

2 077 316

Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull

Tilskottet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg medverke til ei betring av kvaliteten på norsk ull, samt sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

Det blei ikkje foreslått endringar i tilskottet ved jordbruksoppgjeret, prognosert volum er uendra, og ein gjer framlegg om ei løyving på 158,1 mill. kroner for 2007.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.

Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Det er no berre geitmjølk som får grunntilskott. For å sikre avsetning av geitmjølka og betre effekten av å auke produktiviteten i produksjonen blir satsen auka i 2007 frå 2,35 kroner pr. liter til 2,47 kroner pr. liter.

Formålet med distriktstilskottet er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 170 øre pr. liter. I årets jordbruksoppgjer blei satsen satt opp med 2 øre pr liter for alle soner frå sone D og oppover.

Satsendringane inneber ei auka løyving i 2007 tilsvarande 22,7 mill. kroner, medan kvantumsjusteringa reduserer løyvingsbehovet med 5,7 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 486,1 mill. kroner til pristilskott mjølk for 2007.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.

Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/ kje med høvesvis 3,81og 5,15 kroner pr. kg kjøtt.

Formålet med distriktstilskotta er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for kylling og kalkun i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag er på 20 øre pr. kg. Satsane for distriktstilskottet på anna kjøtt varierer geografisk innanfor landet frå 0 og opp til 13 kroner pr. kg kjøtt. Dei høgaste satsane er for sau/lam i Nord-Noreg.

Det blei ikkje gjort satsendringar på nokre av desse tilskotta i jordbruksoppgjeret, men kvantumsjusteringa til 2007 volum inneber ei auka løyving tilsvarande 26,1 mill. kroner. Det er om lag same volum som ein fekk i 2006.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 659,3 mill. kroner til ordninga med pristilskott til kjøtt for 2007. Av dette utgjer grunntilskottet 103 mill. kroner, medan 556,3 mill. kroner er distriktstilskott.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for egg er for 2007 sett til 45 øre pr. kg for Vestlandet (unntatt Rogaland) og 105 øre pr. kg for Nord-Noreg. I jordbruksoppgjeret blei begge satsar heva med 5 øre pr. kg.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 6,2 mill. kroner til ordninga i 2007.

Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.

Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og sikre ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.

I jordbruksoppgjeret blei satsane auka noko liksom maksimalkvantumet for bær, tilsvarande 2,8 mill. kroner, medan kvantumsjusteringa medfører eit auka forbruk tilsvarande 2,0 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 54,8 mill. kroner til ordninga med distrikts- og kvalitetstilskott for frukt, bær, grønsaker og potet i 2007.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Underposten omfattar frakttilskott til slakt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr.

Frakttilskotta skal medverke til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar. Tilskott til mellomfrakt og engrosomsetting for kjøtt er gradvis avvikla i løpet av perioden 2004-2006.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort satsendringar, medan kvantumsjusteringa inneber ei innsparing tilsvarande 3,8 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 207,5 mill. kroner til frakttilskott for 2007, fordelt med 50,2 mill. kroner til slakt, 7,5 mill. kroner til egg og 149,8 mill. kroner til korn og kraftfôr.

Underpost 73.19 Prisnedskrivingstilskott til norsk korn

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. I jordbruksoppgjeret er satsen for oljefrø auka med 4 øre pr. kg medan nedskrivingssatsen for økologisk korn blir auka med 28 øre pr. kg samanlikna med anna korn til 60 øre pr. kg. Kvantumsjusteringa inneber ei innsparing på 1,4 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 411,5 mill. kroner for 2007.

Underpost 73.20 Tilskott til matkorn

Tilskottet til matkorn blir gitt både til norskprodusert og importert korn som brukast til produksjon av matmjøl. Formålet med ordninga er å halde prisen på matmjøl nede og å betre konkurransekrafta til norskproduserte bakevarer i forhold til import.

Ordninga har tidlegare vore ei teknisk tilbakeføring av tollinntektene fråtrekt kostnadene med prisnedskriving av norsk matkorn. Tilskottet blei endra til ei fast løyving frå 2006. Dette vil medverke til å sikre meir stabile rammevilkår for den mjølbaserte næringsmiddelindustrien.

I jordbruksoppgjeret blei satsen auka med 2 øre pr. kg til 20,2 øre pr. kg.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 74,8 mill. kroner i 2007.

Ny underpost 73.21 Prisnedskriving av potetsprit

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit gjennom marknadsordninga for potet.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 19 mill. kroner til ordninga i 2007.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

74.11

Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

1 067 381

1 026 100

979 700

74.14

Tilskott til husdyr

2 110 840

2 145 066

1 913 900

74.16

Beitetilskott

365 000

74.17

Areal- og kulturlandskapstilskott

3 012 230

3 025 819

2 999 669

74.18

Andre arealbaserte tilskottsordningar

164 940

74.19

Regionale miljøprogram

54 034

340 000

390 000

74.20

Tilskott til økologisk landbruk

66 682

79 700

94 700

74.21

Ufordelt beløp

-35 000

-28 000

Sum post 74

6 476 108

6 581 685

6 714 969

Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen, jamne ut skilnader i lønnsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, samt medverke til vidareføring av mjølkeproduksjonen i det sentrale Austlandsområdet. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å stimulere storfekjøttproduksjonen og styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 979,7 mill. kroner for 2007. Av dette utgjer tilskottet til spesialisert kjøttfeproduksjon 58,7 mill. kroner.

Underpost 74.14 Tilskott til husdyr

Tilskottet skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og etter storleik på bruk i husdyrhaldet. Ordninga skal òg støtte husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.

Tilskottet blir gitt pr. dyr/slakt og blir avgrensa oppover med ei beløpsgrense. Grensa for maksimalt tilskott er sett til 250 000 kroner pr. føretak med samdriftskvote i mjølkeproduksjon og til 200 000 kroner for andre føretak.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1 913,9 mill. kroner i 2007.

Underpost 74.16 Beitetilskott

Underposten er ny frå 2007 og består av eit tilskott til dyr som beitar over ei viss tid i utmark og eit tilskott til dyr som beitar i kulturlandskapet over ei noko lengre tid enn kravet på utmark. Formålet med ordninga er å pleie kulturlandskapet gjennom å få mange dyr ut på beite, samt å få ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane. Ordninga vil òg kunne ha ei positiv effekt på dyrevelferda ved at dyra faktisk får gå meir ute enn dei elles ville ha gjort.

Tilskottet til dyr på utmarksbeite er flytta hit frå underpost 74.14 Tilskott til husdyr. Det generelle beitetilskottet er ei ny ordning etter årets jordbruksoppgjer.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 365,0 mill. kroner der tilskott til dyr på utmarksbeite utgjer 240 mill. kroner.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

Ved jordbruksoppgjeret i 2002 blei det innført eit særskilt kulturlandskapstilskott med same sats pr. daa til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott. Dette kulturlandskapstilskottet er i dag på 187 kroner pr. daa. Tilskottet skal medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Det er m.a. eit krav at alle føretak skal ha ein miljøplan. Miljøplanen skal medverke til ein meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til vedlikehald og forbetring av miljøgode og kulturlandskap.

M.a. for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet blir det i tillegg gitt tilskott pr. dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker som skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, storleik på føretaka og distrikt innanfor planteproduksjon og husdyrproduksjon basert på grovfôr.

Av løyvinga på underposten har partane i jordbruksoppgjeret sett av 10 mill. kroner i 2007 som skal vere med å finansiere utviklinga av eit digitalt kartverk for heile landet fram til 2009. Ferdig utvikla vil dette gjere det enklare både for søkjarane og for forvaltninga å målrette og kontrollere ordninga.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 2 999,7 mill. kroner for 2007.

Underpost 74.19 Regionale miljøprogram

Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionale og lokale tilpassa regelverk for økonomisk støtte.

Hedmark og Hordaland har vore pilotfylke for utprøvinga av regionale miljøprogram i 2005. Frå 2006 har alle fylka i landet vore med i ordninga.

Rapportering tydar på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.

I jordbruksoppgjeret er det lagt til grunn ei auke i løyvinga på 50 mill. kroner i 2007, og at auken skal medverke til å hindre gjengroing og intensivere innsats for beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 390 mill. kroner i 2007.

Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk

Underposten dekkjer ordningane omleggingstilskott, ekstra arealtilskott og husdyrtilskott.

Dei ekstra tilskotta til økologisk areal og husdyrproduksjon blei samla på denne underposten frå 2004. Samtidig blei tilskott til organisasjonar på det økologiske området flytta saman med dei andre tilskotta til organisasjonar på kap. 1138 post 70. Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av landbruksproduksjonen i landet skjer i form av økologisk produksjon. Målet er at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket i 2015 skal vere økologisk.

I jordbruksoppgjeret blei partane samde om å etablere eit satsingsprogram for økologisk sau- og lammeproduksjon og det er lagt til grun ei auka løyving på 15 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 94,7 mill. kroner i 2007.

Underpost 74.21 Ufordelt beløp

Posten omfattar ein ufordelt justering innanfor ramma av kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen. Ved Stortinget sin behandling av jordbruksoppgjeret 2006 blei det vedteke å overføre løyvinga til Landbrukets utviklingsfond under kap. 1149 post 50 til jordbruksavtalen frå og med 2007, jf. St.prp. nr. 68 (2005-2006) og Innst. S. nr. 236 (2005-2006). Den nødvendige justeringa har samanheng med denne overføringa, og er i første rekkje knytt til at løyvinga til utviklingsprosjektet Innlandet 2010 på 20 mill. kroner blir avslutta i 2006.

Den nødvendige justeringa vil bli behandla i samband med jordbruksoppgjeret 2007, og det blir lagt til grunn at dette kan gjerast utan at det får innverknad på satsar og regelverk i jordbruksavtalen for 2006/2007.

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

80 773

81 110

81 070

77.12

Tilskott til frøavl m.m.

6 876

7 020

5 520

77.13

Tilskott til forsøksringar og forsking

70 491

69 400

73 400

77.14

Tilskott til pelsdyrfôrlag

23 200

23 200

23 200

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

37 197

34 240

36 240

77.17

Tilskott til fruktlager

8 000

8 000

8 000

Sum post 77

226 538

222 970

227 430

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Løyvinga skal medverke til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa vårt miljø. Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og medverke til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.

Frå 2006 blei tilskott til genressursar, miljø og ressursregistreringar ført over til kap. 1139 post 71. Frå 2007 blir løyvinga til Landslaget for reinrasa sau flytta ut av ordninga og over til kap. 1139 post 71 med 40 000 kroner. Det er for 2007 rekna 30 mill. kroner til semintenester, 38,3 mill. kroner til veterinærreiser og 12,8 mill. kroner til avlsorganisasjonar.

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 81,1 mill. kroner for 2007.

Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.

Formålet med tilskottet er å fremme frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 5,52 mill. kroner for 2007.

Underpost 77.13 Tilskott til forsøksringar og forsking

Underposten skal dekkje tilskott til forsøksringar og midlar til forsking over jordbruksavtalen. Tilskottsordninga skal medverke til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgiving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgivingstilbod over heile landet. Frå 2003 blei løyvingar til forsking frå fleire postar samla på denne underposten. Forskingsmidlane blir administrert av eit eige styre. For 2007 blei partane i jordbruksoppgjeret samde om at 3 mill. kroner av løyvinga skal øyremerkast forsking knytt til plantevern.

I jordbruksoppgjeret blei det lagt til grunn ein auke i løyvinga i 2007 på 4 mill. kroner. Av auken skal 2 mill. kroner av midla øyremerkast forsking på planteforedling.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 73,4 mill. kroner for 2007. Tilskottet til forsøksringane utgjer 33,4 mill. kroner og ramma for forsking er 40 mill. kroner.

Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr

Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å medverke til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremme ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr.

Tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt, medan pelsdyrskinn ikkje har noko grensevern. Refusjonsordninga skal medverke til at fôrkostnadene i næringa, som følgje av det høge prisnivået på korn og kraftfôr i Noreg, blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet er å gi norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurranseforhold med andre land.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2007. Løyvinga er fordelt med 17,8 mill. kroner til frakt av pelsdyrfôr og 5,4 mill. kroner i kostnadskompensasjon til pelsdyrfôr.

Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak

Underposten inneheld fleire ordningar som skal medverke til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet. Tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt, bær og grønsaker er ei kollektiv finansiering over jordbruksavtalen framfor via omsetningsavgift, og skal stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker. For å fremme omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten, til produsentsamanslutningar og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva.

I jordbruksoppgjeret blei det lagt til grunn ei auka løyving på 2 mill. kroner. Av desse skal 1 mill. kroner nyttas til å styrkje arbeidet med handlingsplanen for redusert bruk av plantevernmidlar, medan 1 mill. kroner skal nyttas til arbeidet med nytt regelverk for framavl av hagebruksvekstar.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 36,24 mill. kroner i 2007 som er fordelt som følgjer:

  • Produsentretta rådgiving vedrørande potet og støtte til produsentsamanslutningar 2,5 mill. kroner

  • Opplysningsverksemd frukt, grønt og potet 5,5 mill. kroner

  • Utvikling av plantemateriale 9,2 mill. kroner

  • Kvalitetstiltak settepotetavl 5,54 mill. kroner

  • Handlingsplan plantevernmiddel 13,5 mill. kroner

Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager

Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremme eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 8 mill. kroner til ordninga i 2007.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

78.11

Tilskott til avløysing for ferie/fritid

1 040 947

1 071 819

1 069 519

78.12

Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

142 393

147 800

166 800

78.13

Medlemsavgift til folketrygda

130 800

130 800

130 800

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

88 000

88 000

88 000

78.15

Andre velferdstiltak

36 774

28 000

32 000

78.16

Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

120 636

124 935

122 035

Sum post 78

1 559 551

1 591 354

1 609 154

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/ fritid

Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar i onneperiodar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å medverke til finansiering av innleie av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar pr. dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka. I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 3 pst. og det maksimale tilskottet pr. føretak blei auka med 1 500 kroner til 51 500 kroner pr. føretak. For å ha krav på refusjon må utrekna refusjonsbeløp vere minst 5 000 kroner. Tilskottet blir gitt for faktiske lønnsutgifter etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver.

For 2007 gjer ein framlegg om ei løyving på 1 069,5 mill. kroner.

Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å medverke til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon når brukaren av særlege grunnar, og for eit kortare tidsrom, ikkje kan ta del i arbeidet på bruket. Ordninga medverkar òg til å finansiere avløysing på driftseiningar med planteproduksjon eller honningproduksjon når brukaren som følgje av sjukdom ikkje kan ta del i arbeidet på driftseininga i onnetida.

Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk. I jordbruksoppgjeret blei partane samde om å auke den maksimale dagsatsen frå 850 kroner til 1 030 kroner pr. dag.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 166,8 mill. kroner for 2007.

Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda

Av den pensjonsgivande inntekta innanfor jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri og skogbruk skal den enkelte brukaren betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta som lønnsmottakarar betaler. Skilnaden mellom avgifta som er fastsett for sjølvstendig næringsdrivande (10,7 pst.) og avgifta som skal betalast av den enkelte brukaren (7,8 pst.), blir finansiert over jordbruksavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i pensjonsgivande inntekt i jord- og skogbruk. Midlane blir førte over sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 130,8 mill. kroner for 2007.

Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir ytt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget frå 1. dag. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir førte over sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2007.

Underpost 78.15 Andre velferdstiltak

Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga og tilskott til landbrukshelsa. Administrasjonstilskott til avløysarlag blei avvikla i 2006.

Landbruksvikarordninga skal medverke til at kommunane tilset landbruksvikarar for å betre brukaren sin tilgang til avløysar først og fremst ved akutte krisesituasjonar.

For å medverke til at kommunane kan oppretthalde si landbruksvikarteneste blir det gitt eit tilskott på 78 750 kroner pr. landbruksvikar. Dette blir gjort for å sikre at primærprodusentane har tilgang på arbeidshjelp ved akutte kriser. Det er sett av 17 mill. kroner til ordninga i 2007.

Landbrukshelsa er ei ideell stiftelse oppretta av Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggande tilbod til alle gardbrukarar og tilsette i landbruket. Landbrukshelsa skal medverke til at gardbrukarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet sitt, og for å skape ein sikker og triveleg arbeidsplass og eit trygt oppvekstmiljø for barna. Det blir sett av 15 mill. kroner til ordninga i 2007.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 32 mill. kroner for 2007.

Underpost 78.16 Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

Formålet med ordninga er å medverke til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 122,0 mill. kroner for 2007.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Tilbakebetaling av tilskott til reguleringsanlegg

3 381

80

Marknadsordninga for korn

124 443

145 000

85

Marknadsordninga for korn

112 000

Sum kap. 4150

127 824

145 000

112 000

Post 80 Marknadsordninga for korn

Posten er frå 2007 overført til post 85.

Post 85 Marknadsordninga for korn

Posten budsjetterer inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ordninga med å påleggje prisutjamning på proteinråvarer og karbohydratfôr som ikkje er importert med toll, har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr.

Det blei ikkje gjort endringar i jordbruksoppgjeret på føresetnadene for prisutjamninga, men den er òg påverka av prisane på verdsmarknaden. Kvantumsjusteringa syner at delen av norskprodusert soya i kraftfôr har gått ned til fordel for andre importerte råvarer. Det reduserer løyvinga på posten med 33 mill. kroner, men tollinntektene vil auke tilsvarande.

Ein gjer framlegg om ei løyving i 2007 på 112 mill. kroner.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

33 500

34 300

37 300

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

5 800

5 900

5 900

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott , kan overførast

55 705

50 500

47 500

79

Velferdsordningar

1 800

1 800

1 800

82

Kompensasjon for kostnader vedkommande radioaktivitet i rein

2 969

Sum kap. 1151

99 774

92 500

92 500

Mål og strategiar

Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen og ordninga med kompensasjon for kostnader vedkomande radioaktivitet i reinkjøt.

Dei mål og retningslinjer som ligg til grunn for reindriftspolitikken er trekte opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift, og Innst. S. nr. 167 (1991-92), samt dei justeringar og nye moment som er vektlagde ved Stortingets si behandling av den årlege reindriftsavtaleproposisjonen og ved den årlege behandlinga av statsbudsjettet. Hovudstrategien er å skape ei meir berekraftig reindrift. Med dette forstår ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i ein innbyrdes samanheng: Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gjer økologisk og økonomisk berekraft det mogleg å utvikle kulturell berekraft.

Reindrifta er ei lita næring i nasjonal målestokk, men både i samisk og lokal samanheng har den stor verdi når det gjeld økonomi, sysselsetjing og kultur. Reindrifta er derfor ein viktig del av det materielle grunnlaget for samisk kultur.

Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken.

For nærmare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken syner ein til omtale under kat. 15.30 og til St.prp. nr. 64 (2005-2006) og Innst. S. nr. 222 (2005-2006). Nærmare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapitlet går fram av budsjettframlegget for 2007.

Resultatrapport 2005

Reindrifta føregår i store delar av landet og under ulike tilhøve og vilkår. Utfordringane er mange og samansette. Framleis manglar ei rekkje vilkår for utøving av reindrift i delar av Finnmark. Vidare er rovdyrtap og arealinngrep framleis store utfordringar i dei fleste områda.

Totalregnskapet for reindrifta 2005 syner ei negativ endring i resultatmåla frå 2003 til 2004. Vederlag for arbeid og eigenkapital er redusert frå 155,3 mill. kroner i 2003 til 138,6 mill. kroner i 2004. Målt pr. årsverk reduserast vederlag for arbeid og eigenkapital frå 150 808 kroner i 2003 til 131 526 kroner i 2004. Trass dette syner totalregnskapet samla sett ei positiv utvikling ved at kjøttinntektene har auka frå 93,2 mill. kroner i 2003 til 121,7 mill. kroner i 2004, og at andre produksjonsbaserte inntekter har auka med vel 4 mill. kroner samtidig som ein har hatt ein vesentleg reduksjon i auken av reinhjordverdien i Finnmark. I den samanheng visar ein til at auken i reinhjordverdien frå 2000 til 2004 utgjer over 100 mill. kroner. Totalt sett bør det derfor i ein lett marknadssituasjon liggje til rette for ein framleis auke i dei produksjonsbaserte inntektene. Derimot blir det påpeika at utviklinga er urovekkjande i delar av Nordland og Nord-Trøndelag ved at produksjonen er vesentleg redusert grunna store rovdyrtap.

Radioaktivt nedfall etter Tsjernobylulukka i 1986 skaper framleis ekstra kostnader for reindriftsnæringa. Ein tiltakspakke blir finansiert av staten for å halde næringsutøvarane i reindrifta økonomisk skadeslause.

Reindriftsavtalen for 2006/2007

Avtalen legg vekt på å følgje opp dei føresetnadene som ligg i St.meld. nr. 28 (1991-1992) og Innst. S. nr. 167 (1991-1992). Reindriftsavtalen for 2006/ 2007 har ei ordinær ramme på 92,5 mill. kroner eksklusive midlar til tiltak mot radioaktivitet. Dette er tilsvarande løyving som for Reindriftsavtalen 2005/2006.

Regjeringa sin reindriftspolitikk er basert på Stortinget sine føresetnader og ut frå den situasjonen ein står overfor i næringa. Reindriftsavtalen sine viktigaste mål er å leggje til rette for auka omsetnad av reinkjøtt, og å stimulere næringa til størst mogeleg uttak av slakt og verdiskaping innanfor gjevne rammer. Dei tilskotta som er knytte til produksjon er vidareført. Desse tilskotta legg til rette for auka slakting og produksjon. Vidare er Reindrifta sitt Utviklingsfond styrkt slik at det no ligg betre til rette for å møte reindrifta sine utfordringar knytte til infrastruktur. Eit anna område som er særleg vektlagt er kvinna si stilling i reindrifta. Tiltaka som er forhandla fram underbyggjer den dreiing ein har hatt i reindriftsavtalen sine verkemiddel dei siste åra, med eit større næringsretta fokus og ein tilrettelegging for dei utøvarane som har reindrift som hovudnæring.

I tillegg til sjølve avtalen er det i sluttprotokollen til avtalen semje om finansiering av tiltak mot radioaktivitet i reinkjøtt. Vidare er det protokollert semje om at det skal nedsetjast ei arbeidsgruppe for å foreta ein gjennomgang av forhold kring radioaktivitetstiltak i reindrifta. Gjennomgangen skal bl.a. særleg vurdere om dagens tiltak framleis fungerer ut i frå formålet, samt om framtidige tiltak skal innarbeidast i Reindriftsavtalen sine ordinære verkemiddelsystem og økonomiske ramme.

Budsjettframlegg 2007

Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2007 i samsvar med Stortinget si behandling av reindriftsavtalen for 2006/2007, jf. Innst. S. nr. 222 (2005-2006). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for føremål og innhald i dei ulike ordningane. For nærmare omtale syner ein til St.prp. nr. 64 (2005-2006) og Innst. S. nr. 222 (2005-2006). Når det gjeld tilskottsforvaltninga, har ein til dels same behov for avvik i forhold til normalprosedyren fastsett i Bestemmelser om økonomistyring i staten som for ordningane under jordbruksavtalen. Dette gjeld ordningar under post 75 med omsyn til kriterium for måloppnåing, rapportering, kanalisering av midlane og kontroll. Når det gjeld post 79, utgjer forvaltninga berre overføring av midlar til Folketrygda.

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Reindrifta sitt utviklingsfond kan nyttast til praktiske tiltak i næringa som t.d. investeringar i anlegg til bruk i utøvinga av reindrift og investeringar knytte til tilleggsnæringar. Fondet kan òg gje støtte til faglege tiltak til fremme av reindrifta, samt støtte til tiltak av allmenn interesse for samisk kultur. Fondet kan yte lån eller tilskott knytte til etablering i næringa.

Frå fondet blir det gjort følgjande avsetjingar:

  • 4,0 mill. kroner til forsking og rettleiing,

  • 2,0 mill. kroner til Samisk utviklingsfond for å støtte opp under kombinasjonsnæringar der reindrifta går inn som ein komponent,

  • 1,2 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak,

  • 7,7 mill. kroner over RUF til verdiskapingsprogrammet for reindrift,

  • 1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak,

  • 2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga,

  • 2,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak,

  • 0,5 mill. kroner til sikring av reindrifta sine areal.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 37,3 mill. kroner for 2007.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskotet til NRL er føreslått vidareført med 5,9 mill. kroner, her medrekna 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta, samt 100 000 kroner til møter i Kontaktforumet for reinkjøttomsetning.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

75.11

Frakttilskott

2 077

2 500

2 500

75.12

Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

38 150

34 000

32 300

75.13

Distriktstilskott

8 667

8 000

8 200

75.15

Slakttilskott til feltslakteri og mobile slakteanlegg

1 170

1 000

75.18

Tidlegslaktetilskott i Finnmark og Troms

5 641

5 000

4 500

Sum post 75

55 705

50 500

47 500

Tilskotta skal medverke til å fremme ei berekraftig reindrift, kvalitet, produktivitet, heve inntekta, samt verke utjamnande mellom einingar i næringa. Ein gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 47,5 mill. kroner for 2007 som er ein reduksjon på 3,0 mill. kroner i forhold til 2006, jf. omtalen nedanfor.

Underpost 75.11 Frakttilskot

Føremålet med frakttilskotet er å medverke til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt. Ein gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner.

Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:

Produksjonspremie: Føremålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Driftseiningane sin produksjonspremie blir rekna med 25 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Ved sal av livdyr blir det rekna produksjonspremie berre i tilfelle der kjøparen har fått livdyrlån etter Forskrift om Reindriftens Utviklingsfond kap. 2. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 400 000 kroner pr. driftseining og 1 000 000 kroner pr. tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av driftseininga. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 18,5 mill. kroner til produksjonspremie.

Driftstilskott: Føremålet med ordninga er å kompensere for nokon av utgiftene i reindrifta. Tilskottet blir utbetalt med ein sats på 10 000 kroner pr. driftseining i alle reinbeiteområda. I dei driftseiningane kvinner står som enkeltinnehavarar og/eller driftsinnehavaren er under 30 år pr. 1.1.2006, er driftstilskottet på 25 000 kroner. Det er sett av 6,5 mill. kroner til driftstilskott.

Kalveslaktetilskott: Det er sett av 4,5 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott. Satsen for tilskottet er vidareført med 150 kroner pr. kalv. Kalveslaktetilskottet er avgrensa til å gjelde slakt i perioden frå 15.8.2005-31.12.2005 for å stimulere til størst mogleg haustslakting.

Ektefelletillegg: Som eit ledd i ein kvinne- og familiepolitikk blir det utbetalt eit ekstra driftstilskott med ein sats på 35 000 kroner til dei driftseiningar der begge ektefellar praktiserar aktiv reindrift. Dette er ein auke på 10 000 kroner samanlikna med Reindriftsavtalen 2005/2006. Eit slikt tilskott fell bort dersom ein av ektefellane ved siste likningsoppgjer har meir enn 150 000 kroner i brutto inntekt utanom reindrifta. Det er sett av 3,1 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.

Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 32,3 mill. kroner.

Underpost 75.13 Distriktstilskott

Føremålet med distriktstilskottet er å medverke til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Tilskottet skal òg gje grunnlag for at distrikta skal ha ansvar for finansiering av kostnader ved avløysing under sjukdom og svangerskap utover dei allmenne ordningane i Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 8,2 mill. kroner.

Underpost 75.18 Tidlegslaktetilskott i Finnmark og Troms

Ordninga med tidlegslaktetilskott blei innført i slaktesesongen 1993/94 grunna dei særlege problema knytt til vinterbeita i Finnmark og Troms. Føremålet med ordninga er å medverke til at rein blir slakta tidleg på hausten. Dette for å redusere trykket på marginale lavbeite, samt for å oppnå best mogeleg kvalitet på kjøtt og biprodukt. Satsane frå driftsåret 2005/2006 blir vidareførde med 10 kroner pr. kg slakt før 10. oktober, og 5 kroner pr. kg slakt etter denne dato og fram til og med 31. desember.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 4,5 mill. kroner.

Post 79 Velferdsordningar

Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.

Den enkelte reineigar skal betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta lønnsmottakarane betalar. Skilnaden mellom den avgifta som er fastsett for private næringsdrivande (10,7 pst.) og den avgifta som skal betalast av den enkelte reineigar (7,8 pst.) blir finansiert over reindriftsavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i utviklinga i pensjonsgjevande inntekt i reindrifta.

Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførde sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,8 mill. kroner.

Ordninga med tidlegpensjon og særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap blir vidareførd. Ordningane blir finansiert over Reindrifta sitt utviklingsfond.

Kap. 1161 Statskog SF - forvaltningsdrift

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Tilskott til forvaltningsdrift

16 922

17 703

14 703

75

Oppsyn i statsalmenningar

6 929

7 151

7 423

Sum kap. 1161

23 851

24 854

22 126

Mål og strategiar

Statskog SF er Noregs største grunneigar og forvaltar i alt 70 000 km2. Ei generell omtale av føretaket er teke inn i kap. 5652 post 85 Utbytte. Forvaltningsoppgåvene som Statskog SF gjer på oppdrag for Landbruks- og matdepartementet omfattar både lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver. Målet for Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettar bruksrettshavarar og andre har på eigedommane blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningslinjer. Føretaket skal òg arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Samtidig er det knytt kostnader til å vere til stades og ha oppsyn med store areal der det ikkje er aktuelt med næringsverksemd. Forvaltningsoppdraget er regulert i ei eiga avtale. Departementet styrer aktiviteten gjennom tilskottsbrev og styringsmøte på same måten som anna forvaltningsverksemd.

Lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver

Innanfor skogbruk følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytt til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda. Vidare gjer Statskog SF offentlegrettslege oppgåver, der føretaket handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Administrasjonsutgiftene knytt til tilskottsforvaltninga for post 75 går òg inn her. I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje ikkje lovpålagde oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningslinjer frå departementet. Statskog SF har sidan 1980-talet utvikla eit feltapparat knytt til naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland, Troms og fram til i 2006 i Finnmark. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging medverke til sikring av naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit geografisk areal på knapt 40 mill. daa. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgjevarar, m.a. miljøvernstyresmaktene. Det er inngått ei samarbeidsavtale mellom Statskog SF og Statens Naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO i Nordland og Troms.

Tilrettelegging for friluftslivet er ei hovudoppgåve for Statskog SF. Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive jakt, fiske og anna friluftsliv på føretakets areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket ope husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.

Resultatrapport 2005

På post 70 er det i 2005 rekneskapsført 16,922 mill. kroner som er i samsvar med løyvinga. Om lag 31 pst. av utgiftene skriv seg frå dei lovpålagde oppgåvene. Samanlikna med året før var det større aktivitet innan dei ikkje-inntektsgivande grunneigaroppgåvene og friluftsliv, og uendra eller mindre aktivitet innan dei andre områda.

I alt 17 300 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. Dette utgjer 31 pst. av balansekvantumet i statsallmenningar ved virkesrett. Alle aktuelle allmenningar har ferdig skogbruksplan.

Vidare utgjer utvisinga av ved i Finnmark 10 200 m3. I 2003 blei det teke initiativ til å utarbeide ein plan for heilskapeleg forvaltning av lauvskogen i Finnmark. Finnmarkseigedommen må på eige grunnlag ta stilling til vidareføring av dette arbeidet.

Vidare syner rekneskapen at det i 2005 blei brukt 1,9 mill. kroner til grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt, og 1,0 mill. kroner til offentleg-rettslege oppgåver.

Det blei i 2005 brukt 1,7 mill. kroner til fiskeordningane i Finnmark, dvs. likt som i 2004. Oppgåvene innan fiskeordningane knytt seg til planlegging, forvaltning og tilrettelegging for fiske i vatn og vassdrag. Til friluftsliv og anna tilrettelegging blei det i 2005 brukt 5,2 mill. kroner, noko som er 0,7 mill. kroner meir enn året før og heile 2,1 mill. kroner meir enn i 2003. Auken er i tråd med tilskottsbrevet frå departementet. Tiltaka omfattar fysisk tilrettelegging, deltaking på ulike type arrangement, utarbeiding av friluftsplanar m.v.

Til oppsyn i Nord-Noreg (fjelltenesta) syner Statskog si rapportering at det i 2005 blei nytta 4,8 mill. kroner, noko som er 0,6 mill. kroner mindre enn i 2004. Det blei òg i 2005 lagt auka vekt på oppsyn og kontakt med reindriftsutøvarane.

Fond knytt til forvaltningsoppgåvene

Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond kalla Grunneigarfondet. Bruken av Grunneigarfondet som pr. 31.12.2005 var på 19,158 mill. kroner, er regulert i §12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet m.a. brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. Grunneigarfondet blei redusert med om lag 2 mill. kroner frå 2004 til 2005. Frå og med 2000 har Grunneigarfondet blitt redusert grunna auka utbetaling av tilskott til godkjente tiltak i statsallmenningane, omlegging av finansiering av grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt frå statsbudsjettet til Grunneigarfondet m.v.

Allmenningsfonda, som pr. 31.12.2005 var på 22,4 mill. kroner, skriv seg frå salshogstar og erstatning for barskogvern med vidare i underskottsallmenningane. Fonda skal saman med skogavgiftsfonda brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning.

Oppsyn i statsallmenningane

I fjellova § 36 er det teke inn at oppsynsmenn blir lønt av fjellkassa og at når tilsettinga av slike oppsynsmenn er i samsvar med oppsynsordning som departementet har godkjent, har fjellstyret krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene av statskassa. Ordninga skal leggje til rette for å ivareta samfunnsinteresser og viktige oppsyns- og tilretteleggingsoppgåver der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar. I 2005 blei det gitt 6,929 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane.

Budsjettframlegg 2007

Post 70 - Tilskott til forvaltningsdrift

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,703 mill. kroner.

I samband med innføringa av Finnmarkslova fall Statskog sitt ansvar for Fjelltenesta i fylket bort, og det er derfor ført over 3 mill. kroner til Miljøverndepartementet sitt budsjettkapittel for Statens naturoppsyn.

Posten femner tilskott til Statskog SF sitt arbeid med lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver, det vil seie dei oppgåvene som inngår i forvaltningsoppdraget frå Landbruks- og matdepartementet til Statskog SF. Statskog SF si rapportering syner at det er ressursbehov i samband med ny taksering og miljøregistreringar knytt til skogressursane i statsallmenningane, oppgåver i samband med reindrifta, i arbeid med prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar, oppfølginga av nasjonal strategi for naturbasert næringsutvikling knytt til fjell- og verneområda, og arbeid knytt til samerettsutvalet. Vidare skal Statskog leggje til rette for allmentas bruk og tilgang til areala med mål om å auke friluftslivet. Gjennomgang av refusjonsordninga for fjellstyra, opplæring av allmenningstyra, og vidare arbeide med seterregisteret vil òg framleis vere viktige oppgåver for Statskog i 2007. Statskog SF har ut over dette monalege utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære, stigar, bruer m.v. som treng opprusting. Det er generelt eit etterslep òg med omsyn til vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast vedlike sjølv om dei ikkje har offisiell vernestatus. Det er behov for ein høg aktivitet når det gjeld tilsyn med Statskog SF sine areal. Dette m.a. for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka som ikkje gir inntekter. Døme på slike brukarar er reindriftsnæringa (arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk), forsvaret (grunn som ikkje blir festa, men rekvirerast ved øvingar) og eigedomstilsyn i forhold til kontraktlause byggverk m.m. Dette er m.a. viktige oppgåver for Fjelltenesta i Nordland og Troms.

Post 75 Oppsyn i statsallmenningane

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,423 mill. kroner.

Posten dekkjer tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova som lyder: «Fjellstyret kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn kan gjevast politifullmakt etter lov 4. aug 1995 nr. 53 § 20 om politiet. Oppsynsmenn blir løna av fjellkassa. Når tilsetjinga er skjedd i samsvar med oppsynsordning som departementet har godkjent, har fjellstyret krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene av statskassa. Fjellstyret gjev instruks for oppsynstenesta. Instruksen skal godkjennast av departementet». Formålet med ordninga er å sikre viktige samfunnsinteresser i område der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar. Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 mill. daa, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkninga sin rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å medverke til ei berekraftig bruk av statsallmenningane og sikre samfunnsinteresser der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar. Dei skal vidare førebyggje miljøkriminalitet og medverke til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Fjelloppsynet omfattar i dag om lag 60 årsverk. Landbruks- og matdepartementet vil i samarbeid med Miljøverndepartementet medverke til å gjere tydeleg behov for samarbeid og rolleforståing når det gjeld statleg oppsyn i statsallmenningar og forholdet mellom Statens naturoppsyn og fjellstyra sine oppsynsordningar.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Avgifter i matforvaltninga

540 800

71

Totalisatoravgift

102 760

96 000

100 000

72

Miljøavgift, plantevernmiddel

49 015

75 000

75 000

Sum kap. 5576

151 775

171 000

715 800

Det er på posten budsjettert sektoravgifter i matforvaltninga. Ein syner til kap. 4115 post 01 for nærmare omtale av gebyrordningane i Mattilsynet.

Ved etablering av Mattilsynet blei det etablert eit tredelt system for finansiering gjennom gebyr og avgifter. Den første delen gjeld gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

Avgiftene omfatta frå etableringa av Mattilsynet i 2004, avgift på fôr til selskapsdyr og ulike matproduksjonsavgifter. For å få ei meir tenleg inndeling mellom gebyr og avgifter, blei eit tidlegare gebyr for tilsyn og kontroll med drikkevatn gjort om til avgift frå og med 2006. Av same årsak blir det lagt opp til at gebyr for tilsyn og kontroll med høvesvis kosmetikk og planter som ikkje inngår i matproduksjon, blir gjort om til avgifter frå og med 1.1.2007. Vidare blir gebyra for tilsyn og kontroll med høvesvis plantevernmiddel og fôr avvikla og lagt inn i matproduksjonsavgiftene for sjømat og for norskprodusert kjøtt, andre animalia og vegetabilier. Desse endringane vil vere provenynøytrale.

Matproduksjonsavgiftene skal dekkje tilsyn og kontroll langs heile matproduksjonskjeda etter matlova. Avgiftene skal òg dekkje tilsyn og kontroll med dyrevelferd, med dyrehelsepersonell og med avl knytt til dyr som går inn i produksjon av næringsmiddel.

Matproduksjonsavgiftene er delt inn i 10 ulike avgifter. Nivået på avgiftene kjem an på om det er norsk eller importert vare. For norskproduserte varer er det ulikt avgiftsnivå for animalia og vegetabilier. For animalia er det òg ulikt avgiftsnivå for landbaserte varer og fisk/sjømat. Satsane er i pst. av verdi, med unntak av for kjøtt og fisk som har avgiftssatsar basert på vekt. For importerte varer skil avgiftene mellom råvarer og halvfabrikata/ferdigvarer.

Det er eit mål at etableringa av Mattilsynet og dei andre elementa som gjekk inn i matforvaltningsreforma skal gje ein samla effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. For 2007 blir inntekts- og utgiftsramma til Mattilsynet redusert med 30 mill. kroner. Sektoravgiftene blir redusert i om lag same omfang.

Dei tekniske endringane i matproduksjonsavgiftene har gitt ein auke i avgiftssatsane for sjømat og for norskprodusert kjøtt, andre animalia og vegetabilier. Etter desse endringane er avgiftssatsane redusert med om lag 6 pst.

Post 70 Avgifter i matforvaltninga

Tabell 2.14 Oversikt over avgifter under kap. 5576 post 70

Nemning

Beløp (i mill. kr)

Matproduksjonsavgifter:

Norskproduserte varer

265,3

Importerte varer

168,2

Sjømat

31,3

Andre avgifter:

Planter som ikkje er mat

16,0

Kosmetikk

4,0

Avgift på drikkevatn (vassverk)

34,0

Avgift på fòr til selskapsdyr

22,0

Sum avgifter:

540,8

Dette vil gi følgjande satsar for matproduksjonsavgift:

Norskproduserte varer:

  • kjøtt: 51 øre/kg

  • andre animaliar: 1,99 pst.

  • vegetabilier: 0,80 pst.

Importerte varer unntatt sjømat:

  • råvarer: 1,14 pst.

  • ferdigvarer og halvfabrikata: 0,71 pst.

Sjømat:

  • fisk til konsum landa frå EØS-fartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn (råstoff)

  • fisk landa frå tredjelandsfartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn

  • fisk tatt ombord på norsk fabrikkfartøy eller omlasta til utanlandsk fartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn

  • produksjonsavgift for oppdrettsfisk: 14,60 kroner pr. mottatt tonn fisk til slakting

  • importerte fisk og fiskevarer: 14,60 kroner pr. tonn

Post 71 Totalisatoravgift

Posten er i 2007 overført frå kap. 5571. Tal for rekneskap 2005 og saldert budsjett 2006 gjeld tidlegare kap. 5571 post 70.

Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.

I 2005 blei den samla omsetninga på totalisatorspel 2 781 mill. kroner. Dette var ein auke på 158 mill. kroner frå året før. For 2006 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 2 600 mill. kroner.

For 2007 gjer ein framlegg om ei løyving under posten på 100 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga.

For å hindre uønskt reklame, er det no fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel.

Stiftelses- og lotteritilsynet har fått oppgåva å kontrollera alt spel i Noreg. Dette inneber òg ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglement som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.

Post 72 Miljøavgift, plantevernmiddel

Posten er i 2007 overført frå kap. 5545. Tal for rekneskap 2005 og saldert budsjett 2006 gjeld tidlegare kap. 5545 post 71.

Miljøavgift er eit av fleire verkemiddel for å nå nasjonale og internasjonale miljømål. Gjennom­føringa av tiltaka er dokumentert i systemet med resultatkontroll i jordbruket.

Plantevernmiddel blir plasserte i sju avgiftsklasser i forhold til helse- og miljørisiko. Avgifta er arealbasert og differensiert etter midla sin risiko for helse- og miljøskadar.

Det er starta opp ein ny femårig handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel for perioden 2004-2008. Omsetningstala syner at ein har fått ein overgang til plantevernmiddel i lågare avgiftsklasser, dvs. middel med lågare miljø- og helserisiko.

For at avgifta skal få tilstrekkeleg effekt i forhold til målsetjinga knytt til plantevernmiddel, vurderast nivået på avgifta i samband med dei årlege budsjettframlegga. I tråd med framlegget i St.prp. nr. 1 (2004-2005) blei avgiftsnivået auka med 25 pst. frå 1.1 2005. Det var inga endring i avgiftsnivået for 2006. Det blir lagt til grunn uendra avgiftsnivå for 2007.

Programkategori 15.40 Forretningsdrift

Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet:

765

750

750

0,0

5652

Innskottskapital i Statskog SF:

8 500

8 500

8 500

0,0

Sum kategori 15.40

9 265

9 250

9 250

0,0

I kategorien er utbytte frå Graminor AS, Staur Gård AS, Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO), Kime Såvarelaboratoriet AS og Statskog SF budsjettert.

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

80

Utbytte

765

750

85

Utbytte

750

Sum kap. 5651

765

750

750

Post 80 Utbytte

Posten er frå 2007 overført til post 85

Post 85 Utbytte

Graminor AS

Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetting av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og statleg tilskott, jf. omtale under kap. 1143 post 74 når det gjeld statleg tilskott til planteforedling og oppformering.

Staten sin eigardel i selskapet er no 34,1 pst. Ein syner til St.prp. nr. 25 (2002-2003) der det blei lagt til grunn at det samla eigarengasjementet til staten i Graminor AS minimum skal vere 34 pst. som basis for å sikre eigar- og samfunnsinteressene når det gjeld planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde ein omsetnad på 39,1 mill. kroner og eit overskott etter skatt på 4,85 mill. kroner i 2005. Det blei utbetalt 1,59 mill. kroner i utbytte. Av dette blei om lag 0,45 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet. Det blir ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet i 2007, m.a. fordi det særskilt gode resultatet i 2005 var knytt til sal av aksjar i Bjørke Eiendom AS og fordi kapitalbehovet i verksemda til Graminor AS er stort.

Staur Gård AS

Staur Gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur gard. Garden er i statleg eige for å sikre bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på. Selskapet blei etablert for å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse samfunnsmessige omsyn.

Staur Gård AS hadde i 2005 ein omsetnad på 4,6 mill. kroner og eit overkott på 0,1 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet for resultatåret 2006. Ein syner elles til omtale under kap. 1100 post 70.

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO)

VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Landbruks- og matdepartementet eig 51 pst. av aksjane. Dei resterande 49 pst. av aksjane er eigd av SIVA. Omsetninga i 2005 var på 179 mill. kroner. Dette inneber ein liten reduksjon i omsetninga på 5 mill. kroner frå 2004. Den største delen av omsetninga er knytt til norsk oppdrett og akvakultur. Resultatet etter skatt blei 3,5 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte til Landbruks- og matdepartementet på 0,75 mill. kroner for 2005. Ein budsjetterer med 0,75 mill. kroner i utbytte frå selskapet i 2007 ut frå føresetnaden om ein statleg eigardel på 51 pst.

Kimen Såvarelaboratoriet AS

Kimen Såvarelaboratoriet AS blei etablert 1.7.2004 etter at det tidlegare Såvarelaboratoriet blei skilt ut frå Mattilsynet, jf. St.prp. nr. 63 (2003-2004).

Selskapet er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar.

Selskapet har sitt virke retta mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester m.a. til Mattilsynet, samt rettleiing og opplæring i såvarespørsmål, er ein del av hovudoppgåvene.

Statens eigardel i selskapet er 51 pst. I tillegg eig Felleskjøpet Øst Vest 34 pst. og Strand Brænderi AS 15 pst.

Selskapet hadde i 2005 ein omsetnad på 11,4 mill. kroner og eit overskot etter skatt på 0,9 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte til Landbruks- og matdepartementet på 204 000 kroner. Mellom anna på grunn av noko uvisse omkring inntektsutviklinga blir det ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet for resultatåret 2006.

Kap. 5652 Innskottskapital i Statskog SF

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

80

Utbytte

8 500

8 500

85

Utbytte

8 500

Sum kap. 5652

8 500

8 500

8 500

Post 80 Utbytte

Posten er frå 2007 overført til post 85

Post 85 Utbytte

Statskog SF si rolle som forvaltar av skog og utmark

Statskog SF forvaltar om lag 70 000 km2, noko meir enn 1/5 av landarealet. Statskog SF er òg landets største skogeigar og har om lag 7 pst. av det samla produktive skogarealet i landet. Skogen dekkjer likevel mindre enn 5 pst. av Statskog SF sitt samla areal. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein omfattande del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite m.m.).

Statskog SF er med sin kompetanse og erfaring innanfor skog- og utmarksoppgåver ein sentral aktør i forvaltninga av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg eit viktig instrument for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål.

Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.

Styret i Statskog SF har vedteke ein konsernstrategi med mål for perioden 2003-2006, og arbeider no med å fornye strategien. Hovudmåla i strategien er m.a. å medverke til å oppfylle nasjonale mål for bruk og vern av skog- og utmarksareala og leggje til rette for allmenta si tilgang til jakt, fiske og anna friluftsliv. Føretaket skal òg skape og sikre lønnsame arbeidsplassar gjennom rasjonell og forretningsmessig utnytting av kompetanse, kapital og areal. Auka verdiskaping i tilknyting til eigedommane er viktig, og det er ikkje minst eit mål å styrkje den lokale verdiskapinga i samarbeid med lokale aktørar. Samtidig skal føretaket leggje vekt på å styrkje sin posisjon som tenesteleverandør.

Stortinget vedtok i 2005 den nye Finnmarkslova, som inneber etablering av det nye rettssubjektet Finnmarkseigedommen. 1.7.2006 overtok Finnmarkseigedommen eigedomsretten til og forvaltninga av Statskog SF sine eigedommar i fylket vederlagsfritt. Arealet som Statskog SF forvaltar blei då redusert frå 110 000 km2 til om lag 70 000 km2, dvs ein reduksjon på 36 pst.

Forvaltninga av statleg grunn i Finnmark har tidlegare gitt eit viktig bidrag til det økonomiske resultatet i Statskog SF. Dei tilsette i Statskog SF Finnmark er overført til Finnmarkseigedommen og Statens naturoppsyn. Endringane i rammevilkåra for føretaket krev ei aktiv omstilling for å sikre ein framleis robust økonomi. Økonomiske konsekvensar av at areala i Finnmark ikkje lenger er ein del av Statskog SF sin forvaltning vil bli synleggjort i rekneskap og balanse til føretaket.

Nøkkeltal og utbytte

Konsernet hadde i 2005 eit driftsresultat på 26,3 mill. kroner etter skatt.

Utbyttet frå Statskog SF blir fastsett etter utbyttepolitikk fastsett av Landbruks- og matdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte i løpet av første halvår etter resultatåret. Utbyttet blir sett til 75 pst. av årsresultatet i konsernet inntil utbyttet svarar til statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførde eigenkapitalen til konsernet.

Bokført totalkapital i konsernet pr. 31.12.2005 var 308,3 mill. kroner og eigenkapitalen utanom skogavgiftsfondet 258,3 mill. kroner. Forrentinga av bokført eigenkapital (ekskl. skogavgiftsfond) har i åra 2003-2005 vore høvesvis 11,3, 6,6 og 10,5 pst.

Utbytte for 2005 er fastsett til 7,321 mill. kroner, i tråd med utbyttepolitikken.

Innføringa av Finnmarkslova medførte at statens areal i Finnmark blei overført frå Statskog SF til den nyetablerte Finnmarkseigedommen. Det er forventa at resultatet til føretaket vil minske som følgje av dette, men ikkje så mykje at det blir nødvendig å redusere utbyttet til eigar i 2007 i forhold til tidlegare år. Forventa utbytte er derfor sett til 8,5 mill. kroner for resultatåret 2006.

Endeleg berekning av utbytte vil bli gjort i tråd med utbyttepolitikken, og endringar vil bli tatt inn i revidert nasjonalbudsjett for 2007. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte våren 2007.

Føretakets namn

På det ekstarordinære føretaksmøtet i desember 2005 blei det vedteke at Statskog SF skal behalde namnet i staden for å gjennomføre det planlagde namneskiftet som blei vedteke under førre regjering. Namnet Statskog er ei godt innarbeidd merkevare, og eit namneskifte ville medført store kostnader utan tilsvarande nytteeffektar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet