St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 — Utgiftskapittel: 1–2, 1500–1582, 2445 og 2470 Inntektskapittel: 4510–4550, 5445–5446, 5470 og 5607

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Fornying for velferd og verdiskaping

Det er ei viktig oppgåve for Regjeringa å styrkje, fornye og vidareutvikle velferdssamfunnet. Det trengst ein sterk og effektiv offentleg sektor for å sikre velferda, folk må kunne stole på det offentlege og dei løysingane som det offentlege tilbyr.

Regjeringa sitt mål med fornying av offentleg sektor er å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring, jf. Soria Moria-erklæringa. Regjeringa skal hausten 2007 presentere fornyingsstrategien. Strategien gjev hovudretning for Regjeringa sitt arbeid med fornying av offentleg sektor og skal stimulere til at fornying vert ein naturleg del av det daglege arbeidet i alle offentlege verksemder.

Tre store reformer, NAV-reforma, pensjonsreforma og forvaltningsreforma pregar arbeidet med fornying. I tillegg kjem mange tiltak som kvar for seg ikkje er store eller banebrytande. Det er summen av alle tiltaka og ein god heilskap som skapar ein betre offentleg sektor. Det er breidda i arbeidet, at arbeidet held fram og viljen til omstilling og fornying som er avgjerande.

Arbeidet med fornying må samordnast og gjevast ei retning. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for dette og for å sikre at det vert gjort eit aktivt fornyingsarbeid i offentleg sektor.

I arbeidet med å utvikle offentleg sektor skal ynskjer og etterspurnad frå innbyggjarane takast på alvor:

  • sommaren 2006 bad Regjeringa om innspel som kunne brukast som ein del av grunnlaget for fornyingsstrategien. Invitasjonen vart sendt til 100 ulike verksemder i privat, offentleg og friviljug sektor og over halvparten kom med innspel

  • våren 2007 arrangerte Fornyings- og administrasjonsdepartementet Regjeringa sin innbyggjarkonferanse. Folk frå heile landet vart inviterte til å medverke med sine røynsler i ein dialog med representantar for departement og andre styresmakter

  • med jamne mellomrom vert det halde møte med arbeidstakarorganisasjonane der Fornyings- og administrasjonsdepartementet mellom anna får synspunkt på utviklingstrong, omstillingar osv. Vi får òg innspel frå leiarane i staten, mellom anna gjennom toppleiarkonferansane.

Eit viktig område i Regjeringa sin fornyingsstrategi er at offentleg sektor skal gå føre når det gjeld mangfald, etikk og miljø. Auka deltaking og medverknad frå innbyggjarar og tilsette vil gje betre løysingar. Eit anna hovudelement er å nytte ny teknologi til å leggje offentlege tenester og informasjon til rette elektronisk. Når forvaltninga brukar mindre tid og ressursar på rutinemessige førespurnader, vert det òg meir tid til dei som treng det mest. Innbyggjarar som har behov for samansette tenester må få eit heilskapleg tilbod. Eit gjennomgåande omsyn i strategien er at dei tenestene og produkta som offentleg sektor leverer innbyggjarane, skal vere prega av høg kvalitet og effektiv produksjon, men det er ikkje berre kvalitet og effektiv produksjon som medverkar til konkurransevilkår. Gjennom gode velferdsløysingar medverkar ein sterk offentleg sektor òg til vekst og verdiskaping for norsk næringsliv. Fornyingsstrategien vil innehalde både mål for fornyingsarbeidet og forslag til einskilde tiltak.

I tillegg til det tverrgåande fornyingsarbeidet som vil fylgje av fornyingsstrategien, er Fornyings- og administrasjonsdepartementet sine eigne fagområde: IKT-politikk, konkurransepolitikk, personalpolitikk i staten og forvaltningspolitikk sentrale verkemiddel i fornyingsarbeidet.

1.1 Ein forvaltningspolitikk for betre organisering og leiing

Departementet vil halde fram arbeidet med ei ny plattform for organisering og leiing i staten. I tråd med måla for fornyingsarbeidet skal forvaltninga vere prega av effektivitet, brukarretting, openheit, medverknad og kvalitet. Forvaltningspolitikken skal støtte fornyingsarbeidet og samstundes sørgje for at forvaltninga fyller si rolle i det demokratiske systemet i tråd med strenge krav til fagleg kvalitet og rettstryggleik. Dette set store krav til leiarane og til medverknad frå dei tilsette og deira organisasjonar.

Eit meir komplekst samfunn og aukande forventingar til offentleg sektor når det gjeld kvalitet i og auka omfang av velferdsgoder, stiller statsforvaltninga framfor store og til dels nye utfordringar. Dei ressursane som vert stilte til disposisjon for offentleg sektor, skal nyttast så effektivt som mogleg. I Noreg freistar vi å kome fram til organisasjonsutformingar og styringsformer som sikrar samordning, gode arbeidsprosessar, effektiv ressursutnytting og likehandsaming på tvers av sektorar, forvaltningsnivå og organisasjonseiningar.

For å oppnå høveleg organisering, god leiarskap og effektivitet må ein ofte vege ulike dilemma eller mål opp mot kvarandre, som til dømes:

  • folkevald og politisk styring og kontroll med viktige avgjerder, og samstundes delegere mynde nedover i systemet og byggje gode og sterke fagmiljø

  • desentralisering av avgjerder til lågast mogleg effektive nivå, og samstundes sikre nasjonale politiske mål, god fordeling, rettstryggleik og likebehandling

  • mål- og resultatstyring og god kontroll med ressursbruken innanfor offentleg sektor, og samstundes unngå overrapportering, detaljkontroll og målforskuving

  • samordning og heilskaptenking på tvers av sektorar og einingar, og samstundes ha ei klår ansvarsdeling og unngå for kompliserte strukturar og avgjerdsprosessar

  • bruk av marknaden og marknadsliknande prinsipp der det gjev det beste resultatet for samfunnet, og samstundes sikre politisk styring og offentleg ansvar på dei områda der marknaden kjem til kort eller produserer ulikskap, miljøforringing eller andre negative sideeffektar

Korleis desse omsyna skal vektast i valet av organisatoriske og andre verkemiddel, vil variere mellom sektorar og frå oppgåve til oppgåve. Det er samstundes svært viktig at slike kontinuerlege utfordringar vert handsama på ein heilskapleg måte. Vi må sikre at det ikkje er ugrunna variasjon, at like og harmoniserte ordningar vert fremja der det er mogleg, og at ulike delar av forvaltninga kan lære av kvarandre. Det er òg viktig at forvaltninga har eit eige apparat som kan støtte det kontinuerlege utviklingsarbeidet og som kan peike på område der det trengst forbetring. Dette er ein vesentleg årsak for opprettinga av det nye Direktoratet for forvaltning og IKT.

Direktoratet for forvaltning og IKT skal støtte arbeidet med å sikre at organisatoriske endringar er høvelege. Det skal òg sørgje for at det vert utvikla og formidla kunnskap om kva for effektar ulike endringar har på sektorpolitikken og korleis alternative organisasjonsutformingar og andre verkemiddel fungerer i høve til dei tverrgåande og overordna politiske måla. IKT vil vere eit viktig verkemiddel i arbeidet med å betre samhandling og effektivitet i forvaltninga, og gjev òg grunnlag for betre innsyn og openheit i høve til innbyggjarane.

Gjennomføring av forvaltningsreforma inneber at fleire oppgåver skal flyttast frå statleg nivå til folkevalde regionar. På fleire områder må ein difor finne fram til andre samordningsmekanismar og samarbeidsformer mellom stat og region enn i dag. Dette arbeidet vil involvere så vel dei aktuelle fagdepartementa som Fornyings- og administrasjonsdepartementet med det administrative ansvaret departementet har for fylkesmennene og organiseringa av regional stat.

Staten som arbeidsgjevar møter mange utfordringar. Ei stadig satsing på partssamarbeid, medverknad frå tilsette og brukarar og ei open forvaltning, er føresetnader for fornying og utvikling av statleg sektor. Statleg sektor skal òg ha eit godt omdøme og vise god etisk åtferd.

Andre utfordringar er mellom anna å gjere seg nytte av informasjonsteknologien, å ta omsyn til den demografiske utviklinga med ein eldre arbeidsstokk, ein stram arbeidsmarknad og eit meir fleirkulturelt samfunn og auka internasjonalisering.

Departementet vil difor leggje til rette for eit auka fokus på kompetanse, talent- og karriereutvikling i staten og eit inkluderande arbeidsliv med eit sterkare mangfald. Det trengst kompetanse og dugleik for å kunne levere tenester av god kvalitet til innbyggjarane.

Statens leiarar spelar ei viktig rolle i fornyingsarbeidet. Det er i dag mangel på samla og systematisert kunnskap om statlege leiarar sin bakgrunn og karriereutvikling, i tillegg til deira haldningar og forventingar til eiga leiarrolle. Regjeringa vil difor styrkje kunnskapsgrunnlaget om statleg leiing og leiarar ved betre utnytting av eksisterande data og målretta kartleggingar. Departementet har starta arbeidet med å formulere eit felles verdisett for leiing i statleg sektor. Dette vil bli meisla ut i ei felles leiarplattform. Det vert stilt store krav til statlege leiarar, ikkje minst i høve til gjennomføring av ein utviklande personalpolitikk og kravet til inkluderande arbeidsliv, og det trengst difor handlefridom. Fornyings- og administrasjonsdepartementet ynskjer å leggje meir ressursar i å støtte og utvikle statleg leiarskap i ei strategisk retning, og å leggje til rette for å styrkje personalleiinga. Mellom anna skal auka bruk av tenlege verkty, betre metodar for erfaringsutveksling og betre personleg rettleiing vurderast.

1.2 Arbeidstidsordningar

Kor lang arbeidstida skal vere og korleis den skal organiserast og fordelast over livsløpet, er ein nøkkel­faktor i korleis samfunnet fungerer. Tidsorganiseringa er styrande for kor godt og effektivt vi løyser produksjonsoppgåvene i arbeidslivet. Men denne organiseringa har òg store konsekvensar for korleis vi handterer oppgåver i andre samanhengar, slik som i familien, i grannelaget, i organisasjons­livet og i fritida.

Ei utfordring for den norske velferdsstaten er at det vil vere knapt med arbeidskraft i åra framover. Yrkesaktiviteten i Noreg er allereie høg i internasjonal målestokk, og arbeidskraftreservane er små. Avgangen frå arbeidslivet til ulike helserelaterte trygdeordningar har auka med heile 50 pst. den siste tiårsperioden. Redusert eller betre tilpassa arbeidstid kan vere eit verkemiddel for å halde på eller få fleire i arbeid. Dette gjeld særleg for visse grupper av arbeidstakarar.

Det er gjort lite forsking på samanhengen mellom redusert arbeidstid og sjukefråvær, pensjoneringstidspunkt, deltidsarbeid, offentlege finansar osv. Regjeringa har difor sett i gang eit prosjekt om tilpassa arbeidstid fram mot 2009. Prosjektet vil omfatte forsøksverksemd om arbeidstidsreformer i samarbeid med partane i arbeidslivet og forsking for å sjå korleis redusert arbeidstid verkar.

Forsøka starta hausten 2007. Om lag 330 medarbeidarar som er 62 år eller eldre i Skatteetaten, Statens vegvesen, fylkesmannsembeta og to bispedøme fekk tilbod om å arbeide 80 pst. av vanleg arbeidstid med full løn. Forsøka vil halde fram til hausten 2009, og målet er å undersøkje om tilpassa arbeidstid kan medverke til at eldre arbeidstakarar ventar med å gå av med pensjon. Forsøka må dokumenterast og evaluerast for at dei skal gje nyttig kunnskap. Eit eksternt kompetansemiljø er gjeve i oppdrag å følgje aktiviteten med analysar og dokumentasjon både ved oppstart, under og etter forsøka.

1.3 IKT som verkty for fornying og effektivisering

Regjeringa la i desember 2006 fram St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle (IKT-meldinga) for Stortinget. Norsk næringsliv må halde fram med å nytte dei moglegheiter som IKT generelt gjev for auka produktivitet og styrka konkurranseevne. Vidare er alle store og små IKT-verksemder innan ulike avanserte nisjar viktige, til dømes Opera med sin nettlesar og Fast med sin søkjemotor.

Sektoransvarsprinsippet står sentralt i norsk forvaltning, og det er den einskilde sektoren og etaten som er ansvarleg for eigne IKT-løysingar. IKT-politikken har over åra vore prega av store svingingar og spenningar i tilhøvet mellom suverene, individuelle løysingar og trongen for fellesløysingar. I dag trengst det tettare samarbeid og fellesløysingar for å kunne utnytte føremonene ved informasjonssamfunnet best mogleg, både gjennom tilbod til brukarane og billegare løysingar for det offentlege.

IKT er eit viktig verkemiddel for utvikling av betre tenester og effektivisering av heile forvaltninga. Regjeringa vil ha ei sterkare samordning og styring av IKT i offentleg sektor. Ved etablering av det nye Direktoratet for forvaltning og IKT frå 01.01.2008, vil ein styrka arbeidet med IKT-politikken og legge til rette for effektivisering gjennom sterkare samordningsgrep. Direktoratet skal medverke til god utnytting av IKT i utviklinga av forvaltninga og meir effektiv elektronisk samhandling, og utvikling av betre tenester for innbyggjarar og næringsliv. På IKT-området vil direktoratet primært ha operative oppgåver knytte til gjennomføring av politikken, jf. kap. 1521. Det er brei politisk semje om at alle skal kunne delta i informasjonssamfunnet, uavhengig av alder, funksjonsevne, bustad og økonomi. Derfor legg Regjeringa mellom anna særskilt vekt på offensive tiltak retta mot eldre, innvandrarar og funksjonshemma.

Oppfølging av IKT-meldinga ligg til dei ansvarlege departement innanfor deira fagområde. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil ha samordningsansvaret for ei god oppfølging av meldinga. I 2008 vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet ha særleg fokus på dei områda som vert omtala nedanfor.

Offentlege elektroniske tenester og samhandling

Både kommunar og statlege etatar tilbyr i dag gode elektroniske tenester til innbyggjarar og næringsliv, og tilnærma alle har lagt ut informasjon og enkle tenester på Internett. Innbyggjarportalen Miside vart lansert 18.12.2006 (www.miside.no) og tilbyr innbyggjarane ein felles nettstad for dialog med det offentlege. Målet med Miside er å gjere tilgangen til offentlege tenester så enkel som mogleg for brukarane. Det er viktig at arbeidet med innbyggjarportalen Miside og næringslivsportalen Altinn vert vidareført. Departementet vurderer kontinuerleg føresetnader og rammevilkår for nye elektroniske offentlege tenester i tråd med målet om døgnopen forvaltning. Difor aukar Regjeringa samordningsløyvinga for 2008.

Utvikling av ei eID-løysing for offentleg sektor er ein sentral føresetnad for å få auka det elektroniske tenestetilbodet. For mange etatar og kommunar som arbeider med å sikre at flest mogleg brukarar nyttar dei elektroniske tenestene, er eID ein viktig premiss for å få med fleire. Eit forslag til strategi for eID og e-signatur for offentleg sektor har vore på omfattande høyring, og er no til handsaming i departementet.

Arbeidet med offentleg IKT-arkitektur og -standardar er grunnleggjande føresetnader for auka elektronisk samhandling og utarbeiding av nye elektroniske tenester. Forvaltninga må i større grad nytte dei same standardane og gjennom dette gjere elektronisk samhandling enklare mellom offentlege aktørar. Dette vil òg føre til at det trengst meir standardiserte innloggingsløysingar og grensesnitt for innbyggjarane. Arbeidet i standardiseringsrådet skal vidareførast i 2008. I tillegg har Fornyings- og administrasjonsdepartementet etablert eit samarbeid med statlege etatar og kommunesektoren som skal initiere og koordinere det vidare arbeidet med til dømes IKT-arkitektur i offentleg sektor.

Fri programvare

Det er eit mål at offentlege verksemder i større grad tek i bruk løysingar baserte på fri programvare. Bruk av fri programvare kan gjere det mogleg med gjenbruk av løysingar på tvers av offentlege verksemder. Særleg innanfor kommunal sektor kan det vere gevinstar å hente på denne måten, fordi alle kommunar i hovudsak skal tilby same type tenester til innbyggjarane sine. Auka bruk av fri programvare i offentleg sektor kan skape grunnlag for auka kompetanseutvikling i samfunnet. Ein kultur for å dele eigenutvikla programvare vil kunne kome organisasjonar, bedrifter, studentar og IKT-spesialistar til gode.

Sikker utveksling av informasjon

Regjeringa har vedteke nye retningsliner for informasjonstryggleik i september 2007. Formålet med å gje ut nasjonale retningsliner for informasjonstryggleik er å skape ei sams forståing for kva slag tryggleiksutfordringar vi står framfor på IKT-området, og identifisere kvar det trengst å gjere ein ekstra innsats for å styrkje informasjonstryggleiken i Noreg.

Personvern

Vi går mot eit stadig meir gjennomregistrert samfunn og personvernet vert ofte sett under press. Regjeringa vil at det skal takast omsyn til personvernet ved utforming av nytt regelverk, ved utarbeiding av nye tekniske løysingar og i samband med all handsaming av personopplysingar. For å få eit betre grunnlag for personvernarbeidet, har Regjeringa sett ned ein personvernkommisjon som skal gå igjennom status og greie ut korleis ein kan unngå at personvernet må vike i møte med andre interesser. Kommisjonen skal ta for seg den sårbare stillinga personvernet har i møte med den teknologiske utviklinga, og leggje fram forslag som kan betre personvernet. Eit viktig verkemiddel i personvernarbeidet er Datatilsynet. Regjeringa ser det som særs viktig å sørgje for at tilsynet har dei ressursane som trengst for å ta hand om oppgåvene i samband med informasjon og tilsyn på personvernområdet.

Breiband

For å nå målet om at heile landet skal ha tilbod om tilknyting til breibandssnett innan utgangen av 2007, støttar Regjeringa den marknadsbaserte breibandsutbygginga gjennom ei utviding og tilpassing av Høykom-ordninga. Medrekna løyvingane i RNB, er det i 2007 løyvd om lag 222 mill. kroner til breiband over Høykom sitt budsjett. I tillegg til løyvingane til breiband via Høykom kom i 2007 nær 155 mill. kroner til fylkeskommunane over KRD sitt budsjett, jf. St.prp. nr. 69 (2006–2007) – KRDs kap. 551, post 61. Dette gjev ei total løyving til breiband på om lag 377 mill. kroner i 2007. Kombinert med lokal offentleg og privat finansiering er det venta at dette vil gje rundt rekna 750 mill. kroner til breibandsutbygging i område som ikkje er kommersielt lønsame. Førebelse utrekningar viser, basert på tal frå søkarane, at når desse midlane er disponerte vil over 99 pst. av innbyggjarane ha tilgang til breiband. Regjeringa følgjer utviklinga i breibandsdekninga og vil fortløpande vurdere om det trengst ytterlegare tiltak for å auke breibandsdekninga.

Eit inkluderande og demokratiserande informasjonssamfunn

Når tenester i aukande grad vert digitaliserte, vert det særleg viktig å gjere tenestene brukarvennlege og universelt utforma. Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider difor saman om eit forslag om lovfesting av krav om at all IKT retta mot allmenta skal vere universelt utforma. Ein indikator som seier noko om i kva retning utviklinga går, er Noreg.no si årlege kvalitetsvurdering av offentlege nettstader. Andre døme er konkrete initiativ retta mot minoritetskvinner og IKT, barnehagar som arena for digital kompetanse, og eldre og IKT gjennom til dømes arbeidet til Seniornett.

Aktiv tilnærming til internasjonalt IKT-samarbeid

IKT-utviklinga er i aukande grad internasjonalt orientert. Svært mange land har som Noreg ambisiøse IKT-politiske målsetjingar. Særleg ser ein at EU legg sterk vekt på IKT som verkemiddel for fornying av offentleg sektor og som drivkraft for økonomisk vekst. Innan EØS-området er IKT stadig viktigare i handel og samkvem på tvers av landegrensene. Utfordringane til tryggleik er internasjonale. Gjennom medverknad i sentrale EU-program ynskjer Regjeringa å få til ei meir strategisk tilnærming til IKT og forvaltningsutvikling. Difor er det viktig å sikre at offentleg sektor og næringslivet nyttar den kompetansen og dei moglegheitane Noreg får gjennom medverknad i desse programma.

1.4 Konkurranse som verkemiddel

Konkurranse er eit viktig verkemiddel for å nå målet om effektiv bruk av ressursane i samfunnet. Riktig bruk av ressursane er ein viktig del av Regjeringa sin fornyingspolitikk. Verksam konkurranse gjer at marknadsaktørane vert meir effektive, og at verksemdene står sterkare i konkurransen på internasjonale marknader. Konkurranse medverkar til at forbrukarane står framfor eit betre tilbod av varer og tenester av god kvalitet til rimeleg pris.

Marknadsløysingar og konkurranse er hovudregelen i organiseringa av den norske økonomien. I mange marknader treng ein ikkje å setje i verk særskilde tiltak, eller offentlege tiltak kan gjennomførast utan stor innverknad på konkurransen. Dette krev like fullt eit aktivt tilsyn med marknadene, slik at styresmaktene kan gripe inn når det trengst. Konkurranselova og EØS-konkurranselova skal motverke framferd som freistar å hindre marknadsmekanismane i å verke, slik som misbruk av marknadsmakt og konkurranseavgrensande avtalar mellom føretak.

Effektiv bruk av ressursane i samfunnet til beste for forbrukaren, kan ein best syte for ved ei streng konkurranselov og eit handlekraftig konkurransetilsyn.

Dei tiltaka som konkurransestyresmaktene har gjennomført i luftfartsmarknaden, er døme på at konkurranse kan medverke til lågare prisar og meir effektiv ressursbruk. I 2002 fastsette Konkurransetilsynet forbod for SAS/Braathens mot å tilby opptening av bonuspoeng innanlands. Våren 2007 fastsette Fornyings- og administrasjonsdepartementet ei forskrift som avløyste dette vedtaket, og som sette eit generelt forbod mot opptening av bonuspoeng innanlands. Dette vil gjere sitt til å oppretthalde konkurransen og rimelege prisar på flyreiser innanlands. Rimelege prisar på flyreiser er viktig for folk og næringsliv i distrikta.

Det er samstundes viktig å minne om at marknaden ikkje sjølv løyser marknadssvikt i form av til dømes forureiningar, naturleg monopol som i kraftnettet og/eller produksjon av kollektive gode som vegar. Marknaden åleine tek heller ikkje tilstrekkeleg omsyn til fordeling av velferd. Offentleg styring og kontroll er naudsynt for å handtere ulike former for marknadssvikt.

Konkurransen er ikkje alltid eit effektivt verkemiddel for å nå viktige samfunnsmål. Marknaden skal takast i bruk der den verkar og støttar opp om Regjeringa si satsing på løysingar for fellesskapet. Innanfor viktige område som til dømes helse, omsorg og utdanning skal ein byggje på fellesskapsløysingar og offentleg styring framfor marknad og konkurranse. Regjeringa ynskjer ikkje ei kommersialisering av desse områda.

I tillegg til konkurranselova skal regelverket for offentlege innkjøp stimulere konkurransen. Regelverket er viktig for å sikre konkurranse om offentlege innkjøp for 276 mrd. kroner årleg. Dette gjev meir att for dei offentlege midlane, noko som igjen gjev ein betre offentleg sektor. Det er difor ei viktig oppgåve for Regjeringa å syte for at dette regelverket vert følgt. Etterleving og handheving av reglane syter for å minske problema knytte til kameraderi og korrupsjon, som er avdekte i media det siste året. Regjeringa har arbeidd for at det skal verte enklare å etterleve reglane, mellom anna gjennom å lage eit nytt og betre innkjøpsregelverk, supplert med ein omfattande rettleiar. Handhevinga av regelverket er òg styrka gjennom å innføre eit gebyr på opptil 15 pst. av verdien på ulovlege direkte innkjøp. Det nye direktoratet for forvaltning og IKT skal arbeide for at offentlege innkjøp skjer på ein ryddig og samfunnstenleg måte, og for at miljøpåkjenninga knytt til offentlege innkjøp vert minimert. Gjennom arbeidet med innføring av heilskaplege elektroniske innkjøpsprosessar i offentleg sektor vil direktoratet medverke til betre, enklare og sikrare offentlege innkjøp.

Reglane om offentleg støtte skal sikre at aktørane i næringslivet vert møtt på ein føreseieleg og lik måte. God etterleving av reglane vil hindre at norske verksemder opererer under andre og mindre gunstige vilkår enn konkurrentar i andre EØS-land. Reglane om offentleg støtte forbyr som hovudregel konkurransevridande støtte, men ei rekkje unnatak tillet støtte. Unnataka er viktige og til dels omfattande, og dei skal ta hand om styresmaktene sine ynskje om å stimulere til dømes til meir forsking og innovasjon, miljøtiltak, kompetanseheving og distriktsutvikling. Det er viktig for Regjeringa å nytte handlingsrommet innanfor reglane til å føre ein aktiv nærings- og distriktspolitikk. Vidare er det viktig for Regjeringa å finne moglegheiter innanfor reglane om offentleg støtte til å gjennomføre ambisiøse miljøtiltak som til dømes CO2-reining av gasskraftverk og auka produksjon av fornybar energi.

1.5 Fornyings- og administrasjonsdepartementet si rolle i arbeidet med fornying

Fornyings- og administrasjonsdepartementet leiar arbeidet med å utvikle ein heilskapleg fornyingspolitikk for Regjeringa og har eit overordna ansvar for Regjeringa sitt fornyingsarbeid. Departementet skal mellom anna:

  • vere pådrivar og koordinator for Regjeringa sitt fornyingsarbeid

  • gje støtte til andre sektorar som driv omstilling og ta initiativ på eigne fagområde

  • følgje og støtte fornyingstiltak i andre departement.

Viktige tiltak i Regjeringa sitt fornyingsarbeid er:

NAV-reforma

Frå 01.07.2006 vart Trygdeetaten, Aetat og kommunane si sosialteneste samordna, og ein ny stor etat vart etablert. Innan utgangen av 2007 vil det vere etablert 135 NAV-kontor. Det er planar om å etablere om lag 140 NAV-kontor i 2008 og 180 NAV-kontor i 2009. Auka bruk av sjølvbeteningsløysingar på Internett og samling av forvaltninga av regelstyrte ytingar i spesialeiningar, skal medverke til ei meir effektiv forvaltning, som kan frigjere tid til individuell rettleiing og oppfølging.

Pensjonsreforma

Stortinget vedtok i eit breitt forlik hovudprinsippa for ei pensjonsreform i mai 2005. Regjeringa arbeider vidare med offentleg tenestepensjon, AFP og andre ordningar knytte til pensjonssystemet. Samla skal ordningane sørgje for å nå måla for det nye pensjonssystemet.

Forvaltningsreforma

Frå 1. januar 2010 skal det gjennomførast ei ny og omfattande forvaltningsreform. Noreg skal framleis ha tre forvaltningsnivå, men nye folkevalde regionar skal erstatte dagens fylkeskommunar, ansvars- og oppgåvedelinga mellom forvaltingsnivåa skal avklårast og ein skal gå igjennom den regionale statlege forvaltninga.

Redusert arbeidstid

Forsøk med redusert arbeidstid med tilbod til 330 tilsette som er 62 år eller eldre i staten er sett i gang. Forsøka skal gå over to år og gjennomførast i Skatteetaten, Statens vegvesen, to bispedøme og fylkesmannsembeta. Målet er å undersøkje om tilpassa arbeidstid kan medverke til at eldre arbeidstakarar ventar med å gå av med pensjon.

Innvandrarar sitt møte med offentleg sektor

Regjeringa vil kartleggje etnisk diskriminering og undersøkje korleis innvandrarar opplever møte med offentleg sektor.

Ei meir omfattande oversikt over fornyingstiltak vil gå fram av Regjeringa sin fornyingsstrategi. Fornyings- og administrasjonsdepartementet sine eigne fornyingsprosjekt er omtala under dei respektive kapittel i del II, jf. òg oversyn i del III.

1.6 Oppmodingsvedtak

I proposisjonens del III er følgjande oppmodingsvedtak omtala:

Vedtak nr. 247, 9. mars 2004:

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for å øke takten i bredbåndsutbyggingen slik at målet om bredbånd til alle husstander, bedrifter og offentlige institusjoner kan nås i løpet av 2007. Regjeringen bes kommentere status for framdrift i budsjettene.»

1.7 Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

Det kongelege hus

1

H.M. Kongen og H.M. Dronninga

129 182

143 968

145 930

1,4

2

H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. ­Kronprinsessa

16 606

18 529

20 287

9,5

Sum kategori 00.10

145 788

162 497

166 217

2,3

Sum programområde 00145 788162 497166 2172,3

Administrasjon mv.

1500

Fornyings- og administrasjons­departementet

231 126

263 954

277 099

5,0

1503

Midlar til opplæring og utvikling av ­tillitsvalde

109 180

110 256

115 348

4,6

1506

Noreg.no

35 566

35 344

-100,0

Sum kategori 01.00375 872409 554392 447-4,2

Fylkesmannsembeta

1510

Fylkesmannsembeta

1 300 266

1 089 484

1 113 506

2,2

Sum kategori 01.101 300 2661 089 4841 113 5062,2

Forvaltnings- og IKT-utvikling

1520

Statskonsult

29 000

1521

Direktoratet for forvaltning og IKT

112 943

1522

Servicesenteret for departementa

425 015

412 851

436 247

5,7

1523

Tilskot til kompetanseutvikling

1 746

20 000

20 000

0,0

Sum kategori 01.20455 761432 851569 19031,5

Partistønad

1530

Tilskot til dei politiske partia

294 785

303 937

323 003

6,3

Sum kategori 01.30294 785303 937323 0036,3

Pensjonar m.m.

1541

Pensjonar av statskassa

24 572

20 900

23 800

13,9

1542

Tilskot til Statens Pensjonskasse

7 589 954

7 567 000

9 443 000

24,8

1543

Arbeidsgjevaravgift til folketrygda

849 000

829 000

852 000

2,8

1544

Bustadlån for statstilsette

1 084 747

1 900 000

1 300 000

-31,6

1546

Yrkesskadeforsikring

70 711

96 800

85 000

-12,2

1547

Gruppelivsforsikring

70 104

78 700

84 000

6,7

2470

Statens Pensjonskasse

20 028

25 174

31 465

25,0

Sum kategori 01.409 709 11610 517 57411 819 26512,4

Konkurransepolitikk

1550

Konkurransetilsynet

105 706

83 112

84 209

1,3

Sum kategori 01.50105 70683 11284 2091,3

IKT-politikk

1560

Spesielle IKT-tiltak

138 891

152 546

60 899

-60,1

1561

Internasjonalt IKT-samarbeid og utvik­lingsprogram

6 441

10 500

22 500

114,3

1562

Elektronisk samhandling og for­enkling av forretningsprosessar

1 400

1 400

1 400

0,0

1563

IKT-tryggleik

4 000

4 000

4 000

0,0

Sum kategori 01.60150 732168 44688 799-47,3

Personvern

1570

Datatilsynet

24 264

25 059

25 443

1,5

1571

Personvernnemnda

1 600

Sum kategori 01.7024 26425 05927 0437,9

Statsbygg

1580

Byggjeprosjekt utanfor husleige­ordninga

1 142 085

1 500 236

1 561 616

4,1

1581

Eigedomar til kongelege føremål

113 072

84 765

59 457

-29,9

1582

Utvikling av Fornebuområdet

72 003

57 500

44 500

-22,6

1583

Utvikling av Pilestredet Park

7 421

2445

Statsbygg

1 100 801

1 248 804

1 094 404

-12,4

Sum kategori 01.80

2 435 382

2 891 305

2 759 977

-4,5

Sum programområde 01

14 851 884

15 921 322

17 177 439

7,9

Sum utgifter

14 997 672

16 083 819

17 343 656

7,8

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

Administrasjon mv.

4500

Fornyings- og administrasjons­departementet

3 223

4506

Noreg.no

8 973

21

-100,0

Sum kategori 01.0012 19621-100,0

Fylkesmannsembeta

4510

Fylkesmannsembeta

257 550

14 728

15 361

4,3

Sum kategori 01.10257 55014 72815 3614,3

Forvaltnings- og IKT-utvikling

4521

Direktoratet for forvaltning og IKT

5 022

4522

Servicesenteret for departementa

144 718

129 994

135 584

4,3

Sum kategori 01.20144 718129 994140 6068,2

Pensjonar m.m.

4546

Yrkesskadeforsikring

147 426

165 000

116 000

-29,7

4547

Gruppelivsforsikring

42 939

42 000

43 000

2,4

5470

Statens Pensjonskasse

33 571

40 898

17 059

-58,3

5607

Renter av bustadlånsordninga for statstilsette

360 643

465 000

772 000

66,0

Sum kategori 01.40584 579712 898948 05933,0

Konkurransepolitikk

4550

Konkurransetilsynet

2 937

193

201

4,1

Sum kategori 01.502 9371932014,1

Personvern

4570

Datatilsynet

491

Sum kategori 01.70491

Statsbygg

4581

Eigedomar til kongelege føremål

337

120

125

4,2

5445

Statsbygg

1 020 589

1 335 555

900 000

-32,6

5446

Sal av eigedom, Fornebu

30 908

7 400

-100,0

Sum kategori 01.80

1 051 834

1 343 075

900 125

-33,0

Sum programområde 01

2 054 305

2 200 909

2 004 352

-8,9

Sum inntekter

2 054 305

2 200 909

2 004 352

-8,9

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

01-23

Driftsutgifter

10 681 507

10 459 738

12 474 064

19,3

24-24

Driftsresultat

-350 723

-371 448

-466 318

25,5

30-49

Nybygg, anlegg mv

2 776 551

3 282 316

3 275 824

-0,2

50-59

Overføringar til andre statsrekne­skapar

251 957

270 344

161 795

-40,2

70-79

Overføringar til private

533 633

542 869

598 291

10,2

90-99

Utlån, avdrag mv.

1 104 747

1 900 000

1 300 000

-31,6

Sum under departementet

14 997 672

16 083 819

17 343 656

7,8

Under Fornyings- og administrasjonsdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2007

Forslag 2008

1500

21

Spesielle driftsutgifter

112 867

1500

22

Forskning

10 000

1521

21

Spesielle driftsutgifter

9 283

1521

22

Miside

13 000

1523

70

Tilskot

20 000

1560

22

Samordning av IKT-politikken

50 899

1560

50

Breiband

10 000

1561

70

Tilskudd til internasjonale program

22 500

1582

21

Spesielle driftsutgifter

1 000