St.prp nr. 1 Tillegg nr. 4 (1996-97)

FOR BUDSJETTERMINEN 1997 Om ei ordning med førtidspensjon i særlovselskapet Postverket m.m.

Til innholdsfortegnelse

0

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram nokre saker under programkategoriane administrasjon og jernbaneformål og to saker til orientering under luftfartsformål.

Under administrasjon legg Samferdselsdepartementet fram forslag om at særlovselskapet Postverket for åra 1997, 1998 og 1999 skal få fullmakt til å gje tilbod om førtidspensjon til medarbeidarar frå fylte 60 år i samsvar med dei sentrale personalpolitiske retningslinene for omstillingsarbeidet i staten.

Dei to sakene til orientering under luftfartsformål gjeld ein omtale av anbod på regionale flyplassar og ein omtale av statleg overtaking av regionale lufthamner.

Under jernbaneformål legg Samferdselsdepartementet fram eit forslag om endringar i budsjettforslaget 1997 for kap. 1352 NSB Gardermobanen AS.

Førtidspensjonsordning i Postverket

Bakgrunn for framlegget

I tilknyting til restruktureringa av ekspedisjonsnettet har Postverket i samråd med organisasjonane til dei tilsette kome til at førtidspensjonering vil vere eit tenleg verkemiddel for å handtere ein del av det bemanningsoverskotet som vil oppstå. Restruktureringa inneber i sum ein bemanningsreduksjon på om lag 2.900 årsverk eller om lag 4.000 arbeidstakarar.

Ein del av dei postkontora som vil bli nedlagde, ligg på stader der det vil vere få alternative sysselsettingsmoglegheiter. Utanom dei tiltaka for omplassering og omskolering som blir nemnde nedanfor, vil difor førtidspensjonering vere eit viktig verkemiddel for å kunne gje eldre arbeidstakarar ei god avslutning på yrkeskarrieren.

Talet på medarbeidarar som er aktuelle for førtidspensjon

Førtidspensjon er føresett brukt selektivt på det viset at den vil bli tilbydd arbeidstakarar som er 60 år eller eldre og som vil bli direkte råka av nedlegging eller rasjonalisering. I følgje utrekningar frå Postverket vil dette i tidsrommet 1997-99 gjelde 550-600 arbeidstakarar. Det er for tidleg å kunne rekne ut nokolunde sikkert kor mange av desse som vil ønskje å nytte eit eventuelt tilbod om førtidspensjonering. I denne samanhengen må det takast omsyn til at førtidspensjon skal vere ei friviljug ordning for den enkelte, og at den ikkje skal nyttast på eit vis som pressar ut eldre arbeidstakarar.

Omstillingstiltak utanom førtidspensjonering

Som nemnt ovanfor, er det ein føresetnad at bruk av førtidspensjonering blir nytta selektivt. Vidare er det eit krav at det òg finst andre verkemiddel som kan gje bemanningsreduksjonar. For å møte dette kravet vil særlovselskapet Postverket nytte m.a. følgjande verkemiddel:

  • Omskolering/kompetanseendring internt eller ved ordinære lærestader utanfor verksemda.

  • Omplassering til andre arbeidsstader innanfor særlovselskapet Postverket, eventuelt i kombinasjon med kompetanseendring.

  • Stimulering til friviljug avgang m.a. gjennom fritak for arbeidsplikt i oppseiingstida, permisjon utan løn for å freiste anna arbeid utanfor særlovselskapet Postverket og økonomisk hjelp ved omplassering og flytting.

Nærare om førtidspensjonsordninga

Tilbod om førtidspensjon blir avgrensa til åra 1997, 1998 og 1999. Ordninga skal berre nyttast der det er reell overtalligheit. Førtidspensjon er dermed ikkje ein rett for alle arbeidstakarar frå fylte 60 år. Dei viktigaste vilkåra for ordninga er følgjande:

  • Førtidspensjon blir rekna ut på same vis som vanleg alderspensjon, dvs. at den utgjer 66 pst. av pensjonsgrunnlaget under føresetnad av full oppteningstid på 30 år i Statens Pensjonskasse.

  • For å stimulere til så tidleg avgang som mogleg vil det bli gitt tilbod om ei tilleggsyting på 1/4 G (grunnbeløpet i folketrygda) - for tida 10.250 kr - og medrekning av tenestetid fram til ordinær aldersgrense for dei som eventuelt ikkje har full oppteningstid i Statens Pensjonskasse.

  • Både ordinær førtidspensjon og tilleggsytingar blir regulerte ved at pensjonsgrunnlaget blir endra i takt med utviklinga av grunnbeløpet i folketrygda.

Pensjonsutbetalingane vil bli administrert av Statens Pensjonskasse. Alle kostnader ved ordninga blir dekte av særlovselskapet Postverket ved overføring til Statens Pensjonskasse.

Kostnader ved ordninga

Som det framgår ovanfor, er det usikkert kor mange som vil akseptere tilbod om førtidspensjon, sidan det er ein føresetnad at ordninga skal vere friviljug og ikkje verke til å presse ut eldre arbeidstakarar. Erfaringar frå m.a. NSB syner at ein del arbeidstakarar som kan få førtidspensjon, sjølv ynskjer å halde fram i arbeid noko lengre. Kostnadene er difor særs usikre. Utrekningar frå Postens sentralleiing tyder på at kostnadene i millionar 1997-kroner kan bli slik det framgår av oversynet nedanfor.

År1997199819992000200120022003200420052006
Mill. kr13334953494438302317

Kap. 1310 Flytransport

Samferdselsdepartementet har gitt Widerøes Flyveselskap ASA einerett for ruteflyging i tre år, rekna frå 1. april 1997, på alle dei regionale flyrutene som vart lyst ut på anbod 24. juni 1996. Anbodet omfattar trafikk ved 26 regionale lufthamner.

Widerøes Flyveselskap ASA hadde det lågaste anbodet, med eit transporttilbod som fyller alle dei krava som Samferdselsdepartementet har fastsett. For ei godtgjersle frå staten på 638 mill. kroner skal selskapet i tre år trafikkere det regionale flyrutenettet. Med utgangspunkt i føresetnadene for utrekning av anboda, er dette om lag 30 pst. lågare enn nivået for det statstilskotet som ein i dag gir for drifta av desse rutene.

Den endelege godtgjersla til Widerøes Flyveselskap ASA vil likevel bli fastsett fyrst etter at luftfartsavgiftene for 1997 er kjende og kontrakten mellom staten og selskapet for perioden 1. januar - 31. mars 1997 er forhandla ferdig. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med eit revidert forslag til løyving.

Kap. 1311 Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

På grunnlag av St.meld. nr. 15/Innst. S. nr. 128 (1994-95) Om statens engasjement i regional luftfart inngjekk Samferdselsdepartementet og representantar for eigarane av 24 regionale lufthamner (Kortbanesamanslutninga) i juni 1996 ein rammeavtale om dei retningslinene som skal gjelde for forhandlingar og inngåing av avtalar om statleg overtaking av dei regionale lufthamnene.

I samsvar med rammeavtalen har ein hausten 1996 gjennomført forhandlingar med semje om følgjande kompensasjon til dei enkelte kommunar:

Vadsø kommunekr 4 066 061
Berlevåg kommunekr 2 193 002
Gamvik kommune (Mehamn lufthamn)kr 3 886 893
Nordkapp kommune (Honningsvåg lufthamn)kr 6 741 791
Nordreisa kommune (Sørkjosen lufthamn)kr 3 899 422

Gebyr og kostnader i samband med overtakinga av eigedomane vil kome i tillegg og føre til mindre endringar i beløpa.

Dei fem lufthamnene blir teke over av staten v/Luftfartsverket 1. januar 1997 under føresetnad av at alle dei avtalemessige vilkåra er avklarte. Dette omfattar mellom anna semje mellom Luftfartsverket og den einskilde kommune om driftsløysingar ved lufthamnene etter statleg overtaking. I denne samanheng har Samferdselsdepartementet slege fast at ingen av dei som pr. juli 1996 er tilsett ved lufthamnene, skal miste jobben som følgje av den statlege overtakinga.

Kap. 1352 NSB Gardermobanen AS

Samferdselsdepartementet foreslår at det for 1997 blir løyvd 1 830 mill. kr i lån til NSB Gardermobanen AS, mot tidlegare foreslått 1 530 mill. kr. Av det nye forslaget gjeld 1 425 mill. kr post 90 Lån, mens 405 mill. kr gjeld post 91 Ansvarleg lån. Endra lånebehov kjem av at planane for framdrift og betaling på enkelte større kontrakter er endra og at det er noko større etterslep i faktureringane (uteståande fordringar) enn tidlegare føresett.

Samferdselsdepartementet foreslår også å auke post 70 Refusjon av meirverdiavgift frå 160 mill. kr som er foreslått i St.prp. nr. 1 (1996-97), til 215 mill. kr.

Samstundes som Samferdselsdepartementet legg fram forslag om å auke løyvingane til NSB Gardermobanen AS for 1997, vil det for Stortinget hausten 1996 bli lagt fram forslag om tilsvarande reduksjonar i løyvingane for 1996.

Desse tidsforskyvingane fører ikkje til endringar korkje i planane for når prosjektet skal vere ferdig eller i dei totale kostnadene for prosjektet.

Til forsiden