St.prp. nr. 17 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 m.m. under Fiskeri- og kystdepartementet

Til innhaldsliste

1 Om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Fiskeri- og kystdepartementet

Kap. 1020 Havforskingsinstituttet

Post 01 Driftsutgifter

I samband med statsbudsjettet for 2004 vart det foreslått å etablere eit nytt selskap, Mariculture AS. 2,2 mill. kroner av løyvinga til etablering av selskapet var knytt til lisensinntekter frå sal av forsk­ingsresultater ved Havforskingsinstituttet. Som følgje av blant anna prosessen knytt til etableringa av forskningskonsernet Nofima AS, vart selskapet ikkje etablert. Løyvinga kunne ikkje overførast, og lisensinntektene vart derfor trekte inn i statskassa.

Det vert vurdert som rimeleg at opptjente lisensinntekter skal tilfalle forskarane ved Havforskingsinstituttet, og at midlane derfor bør løyvast på nytt.

På denne bakgrunn vert det fremma forslag om å auke løyvinga på kap. 1020 post 01 med 2,2 mill. kroner i 2008.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Havforskingsinstituttet har dei seinare åra hatt ein betydeleg vekst i den eksterne oppdragsvirksomheten. Også i 2008 vil oppdragsverksemda auke utover dei overslaga som vart gjort ved fastsetting av inntekts- og utgiftssida i 2008.

For å ivareta omsynet til realistisk budsjettering må det gjerast ei justering av inntekts- og utgiftssida på dei kapitlar og postar i 2008 som er knytt til bruttobudsjettering av Havforskingsinstituttets oppdragsverksemd.

Samla er det nødvendig å gjere desse endringane som framgår av tabell 1.1:

Tabell 1.1 

Kap./postGjeldande løyving 2008Forslag til auke/reduksjonForslag til ny løyving for 2008
1020/21260 750 00070 000 000330 750 000
4020/03260 750 00070 000 000330 750 000
1021/2152 150 0005 000 00057 150 000
4021/0152 150 0005 000 00057 150 000

På bakgrunn av dette vert det fremma forslag om at kap. 1020 post 21 Spesielle driftsutgifter skal aukast med 70 mill. kroner i 2008, mot ein tilsvarande auke av kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter.

Post 70 (Ny) Tilskot til nedskriving av aksjekapital i Protevs AS

Ved etableringa av selskapet Protevs AS vart det i statsbudsjettet for 2002 løyva til saman 660 000 kroner i aksjekapital, likt fordelt på kap. 1020 post 90 og kap. 1023 post 90, knytt til Havforskingsinstituttet og NIFES sin samla eigarandel på 66 pst. av selskapet. Resterande aksjekapital på 340 000 kroner stod Universitetet i Bergen for, slik at samla aksjekapital i selskapet var 1 mill. kroner.

Selskapet vart etablert i ei tid då dei økonomiske utfordringane i havbruksnæringa etter kvart vart store. I tillegg vart prosessen knytt til det som i dag er blitt det nye forskingskonsernet Nofima AS sett i gang. Samla sett bidrog dette til at selskapet ikkje har fått opp den nødvendig aktiviteten som var tenkt ved etableringa. Samtidig vil Nofima kunne ivareta dei viktigaste intensjonane ved selskapet.

Eigarane er derfor einige om at det mest tenlege vil vere å gjennomføre ei styrt avvikling av selskapet. Avvikling er vedtatt på ekstraordinær generalforsamling, med atterhald om fullmakt frå Stortinget, og dei formelle avviklingsprosedyrene er sette i gang. Det er venta at selskapet vil vere avvikla innan utgangen av 2008. Det er også venta at store deler av aksjekapitalen i selskapet vil vere tapt. Det føreligg likevel ikkje endeleg oversikt over eventuell attverande aksjekapital etter at alle kostnader er dekte inn. Det bør derfor takast høgde for at heile aksjekapitalen vil vere tapt.

Budsjetteknisk vert det foreslått at dette vert handtert gjennom å fremme forslag om å løyve eit tilskot til nedskriving av aksjekapitalen i Protevs AS på 1 mill. kroner over kap. 1020 post 70 (Ny) Tilskot til nedskriving av aksjekapital i Protevs AS, med tilsvarande inntektspost kap. 4020 post 96 (Ny) Aksjepost i Protevs AS.

På denne bakgrunn vert det fremma forslag om å løyve 1 mill. kroner i 2008 på kap. 1020 post 70 (Ny) Tilskot til nedskriving av aksjekapital i Protevs AS.

Kap. 1021 Drift av forskingsfartøya

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Det vert vist til omtale under kap. 1020 post 21 over. Det vert fremma forslag om at kap. 1021 post 21 Spesielle driftsutgifter vert auka med 5 mill. kroner i 2008, mot ein tilsvarande auke av kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter.

Kap. 1070 Loran-C

Post 01 Driftsutgifter

Som følgje av auka kostnader knytt til flytransport, auka oljeprisar til drift av straumaggregat og nødvendige oppgraderingar av Loran-C, vert samla kostnader til drift av samfunnet Jan Mayen og Loran-C rekna til å verte om lag 2 mill. kroner høgre enn løyvinga på kap. 1070 post 01.

På bakgrunn av dette vert det fremma forslag om at kap. 1070 post 01 Driftsutgifter skal aukast med 2 mill. kroner i 2008.

Kap. 4020 Havforskingsinstituttet

Post 03 Oppdragsinntekter

Det vert vist til omtale under kap. 1020 post 01.

På bakgrunn av auka oppdragsverksemda vert det fremma forslag om å auke løyvinga på kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter med 70 mill. kroner i 2008.

Post 96 Aksjepost i Protevs AS

Det vert vist til omtale under kap. 1020 post 70.

Det vert fremma forslag om å løyve 1 mill. kroner i 2008 på kap. 4020 post 96 (Ny) Aksjepost i Protevs AS knytt til avvikling av Protevs AS.

Kap. 4021 Drift av forskingsfartøya

Post 01 Oppdragsinntekter

Det vert vist til omtale under kap. 1020 post 01.

På grunn av auka oppdragsverksemd vert det fremma forslag om å auke løyvinga på kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter med 5 mill. kroner i 2008.

Kap. 4062 Kystverket

Post 01 Gebyrinntekter

Som følgje av lønskompensasjonen for 2008 er det behov for å auke løyvinga på kap. 4062 post 01 med 17,8 mill. kroner. Det vert derfor fremma forslag om at løyvinga på kap. 4062 post 01 skal aukast med 17,8 mill. kroner i 2008.