St.prp. nr. 20 (2004-2005)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet medrekna folketrygda for 2004 under Arbeids- og sosialdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Sosiale formål på statsbudsjettet, endringar av løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda og inntektene under folketrygda for 2004.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2004 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap pr. 30. september 2004. Berekningsgruppa for folketrygda, som gjer anslag for regelstyrte ordningar under Arbeids- og sosialdepartementet sine programområde 09, 29 og 33, programområde 30 Helsevern, folketrygda under Helse- og omsorgsdepartementet, fødselspengar og adopsjonspengar under Barne- og familiedepartementet, har sett på overslaga i møte 18. oktober 2004. Forslag til endringar i løyvingar som vedkjem Arbeids- og sosialdepartementet sine område, er med mindre avrundingar m.m. basert på overslag i Berekningsgruppa. Dei andre departementa fremmar eventuelle forslag om endringar i sine proposisjonar.

Arbeids- og sosialdepartementet fremmar forslag om å auke løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Sosiale formål med 27,2 mill. kroner, å setje ned løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 2 106,7 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med om lag 289 mill. kroner. Samla foreslår Arbeids- og sosialdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla vert sett ned med 1 790,5 mill. kroner. Løyvingane under inntektskapitla foreslår departementet auka med om lag 5,2 mill. kroner. Samla finansieringsbehov vert såleis minska med 1 795,7 mill. kroner for 2004.

Til toppen
Til forsida av dokumentet