Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 30 (2004-2005)

Om utbygging og finansiering av rv 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy - Hundvåkøy) i Hordaland

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om utbygging og finansiering av vegsambandet Huftarøy - Hundvåkøy (Austevollsbrua) i Hordaland. Austevollsbrua vil binde saman øyane Huftarøy og Hundvåkøy i Austevoll kommune. Med fullføring av denne brua får alle øyane med større busetnad i kommunen ferjefritt samband med kvarandre. Anleggsarbeida på prosjektet er planlagt å starte i løpet av første halvår 2005, med fullføring tidleg i 2008.

Finansieringa av Austevollsbrua er basert på alternativ bruk av ferjetilskot, bompengar, lokale tilskot og ordinære statlege midlar. Alternativ bruk av ferjetilskot og bompengar utgjer ein stor del av finansieringa. Prinsippa som er trekt opp for alternativ bruk av innsparte ferjetilskot ved ferjeavløysingsprosjekt er lagt til grunn, jf. Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 1 (2001-2002), St.prp. nr. 60 (2001-2002), St.prp. nr. 67 (2002-2003) og St.prp. nr. 69 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 261 (2003-2004).

Til toppen
Til forsida av dokumentet