St.prp. nr. 63 (1996-97)

Omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet 1997

Til innholdsfortegnelse

2 Dei einskilte forslaga for kvart departement

2.1 Utanriksdepartementet

Kap 101/3101 Utanriksrepresentasjon/kap 102 Særavtale i utanrikstenesta

Vidareføring av ordninga med Noregs Industriattachéar (NIA)

I St prp nr 1 (1996-97) vart det gjort framlegg om at ordninga med Noregs Industriattachéar (NIA) skulle avviklast. Fem stillingsheimlar på Utanriksdepartementet sitt budsjett vart i dette høve tilrådd inndregne. Lønn- og særavtaleutgifter knytta til stillingane blir dekte av Utanriksdepartementet etter refusjon frå Teknologisk Institutt, jf kap 3101 Utanriksrepresentasjon, post 10 Refusjon lønnsutgifter TI. Inntekt- og utgiftsløyvinga under Utanriksdepartementet sitt budsjett vart tilrådd redusert med 1,6 mill kroner som følgje av at NIA-ordninga skulle avviklast i løpet av 1997.

I Budsjett-innst S nr 8 (1996-97) vart det vedteke at NIA-ordninga skulle oppretthaldast, men stillingsheimlane og tilhøyrande busjettmidlar vart ikkje tekne inn igjen på Utanriksdepartementet sitt budsjett.

Utanriksdepartementet gjer derfor framlegg om at dei 5 stillingane blir løyvd på nytt under kap 101 Utanriksrepresentasjon. Samstundes blir løyvinga under kap 101 Utanriksrepresentasjon, post 01 Lønn og godtgjersle auka med 0,8 mill kroner og kap 102 Særavtale i utanrikstenesta, post 01 Lønn og godtgjersle auka med 0,8 mill kroner. Vidare blir det tilrådd at løyvinga under kap 3101, post 10 Refusjon lønnsutgifter TI blir auka med 1,6 mill kroner.

Kap 101/3101 Utanriksrepresentasjon og kap 142/3142 Lokale representasjonar

Post 89 Agio/Disagio

Fullmakt til føring av kurstap/-gevinst

Rekneskapane til utanriksstasjonane blir førde i dei ulike lokale valutaer, og rapportar over forbruk blir sende heim kvar tredje månad for føring i departementet/Norad. Når året er slutt blir midlane ved kvar einskild utanriksstasjon justert til norske kroner med den kurs Noregs Bank har den 31. desember mot dei midla Utanriksdepartementet og Norad har tilførd utanriksstasjonene. P.g.a. kursdifferansane vil det oppstå agio eller disagio.

Utanriksdepartementet ber om samtykkje frå Stortinget til å føre eventuelt kurstap på kap 101 Utanriksrepresentasjon, ny post 89 Agio og kap 142 Lokale representasjonar, ny post Agio. For eventuell kursgevinst fører ein opp ny inntektspost 89 Disagio, jf framlegg til vedtak.

Kap 153 Utviklingshjelp til andre prioriterte områder/kap 195 Tiltak for flyktningar i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)

Tiltak til sysselsetting for flyktningar som reiser tilbake til Bosnia-Hercegovina

Som følgje av eit mindrebehov på 10 mill kroner til tilbakevending av flyktningar frå Noreg, jf omtale under kap 521/3521 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar, gjer ein framlegg om at 10 mill kroner blir nytta til tiltak til sysselsetting i Bosnia-Hercegovina for å leggje tilhøva til rette for bosniske flyktningar som reiser tilbake frå Noreg.

Utanriksdepartementet gjer framlegg om at kap 153 Utviklingshjelp til andre prioriterte område, post 71 Tilskott til gjenoppbygging av det tidlegare Jugoslavia, kan overførast, blir auka med 10 mill kroner og kap 195 Tiltak for flyktningar i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA), post 21 Særskilde driftsutgifter, blir redusert med 10 mill kroner.

2.2 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Kap 200 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Post 01 Lønn og godtgjersle

Stortinget vedtok ved salderinga av statsbudsjettet for 1997 ein reduksjon i driftsbudsjettet til den sentrale utdanningsadministrasjonen på totalt 11,2 mill kroner. Kap 200 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vart redusert med 9,8 mill kroner, i høve til forslaget i St prp nr 1 (1996-97). Dette inneber ein reduksjon i departementet sitt driftsbudsjett på 7 pst.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har eit lågt driftsbudsjett målt ved lønns- og driftsmidlar per årsverk. Om lag 70-80 pst. av driftsbudsjettet er bunde opp i faste lønnsutgifter. I tillegg legg husleige klåre bindingar. Ein reduksjon i denne storleiken vil derfor føre til ein viss reduksjon i talet på tilsette. Departementet er midt oppe i arbeidet med omfattande reformer frå grunnskolen til etter- og vidareutdanning. Departementet har dessutan mange enkeltsaker samanlikna med dei fleste andre departementa. Ei årsak til dette er at utdanningssektoren ikkje er organisert med sentraladministrative organ under departementet.

Arbeidsvolumet gjer at departementet har store utfordringar når det gjeld å kombinere tempo og framdrift med omsynet til kvalitativt godt forvaltningsarbeid. Samstundes må ein leggje vekt på å ha eit tilfredsstillande arbeidsmiljø. Arbeidsbelastninga har i fleire år vore høg.

For å halde oppe ein tilfredsstillande kapasitet i departementet si bemanning i reformperioden, foreslår ein å redusere kuttet i driftsbudsjettet med 5 mill kroner. Ein foreslår derfor å auke løyvinga under kap 200 post 01 med 5 mill kroner.

Kap 203 Statens utdanningskontor

Post 11 Varer og tenester

Statens utdanningskontor i Nord-Trøndelag flyttar i mai 1997 inn i nye lokale i Statens hus Steinkjer. Ein foreslår å auke kap 203 post 11 med kr 112 000 som kompensasjon for auka husleige. Ein viser og til omtale under kap 2445 Statsbygg.

Kap 222 Statens grunnskolar

Post 11 Varer og tenester

Nye lokale til Sameskolen i Målselv vil vere ferdige til skoleåret 1997-98. Det er tidlegare ikkje løyvt midlar til nødvendig inventar til skolen og internatet. Ein foreslår å auke løyvinga under kap 222 post 11 med 2 mill kroner til inventar og utstyr.

I samband med Reform 97 blir Longyearbyen skole ombygd for å få lokale til 6-åringane. Det blir no gjort framlegg om ei løyving på 0,6 mill kroner til inventar og utstyr.

Longyearbyen skole leiger lokale til kroppsøving i Svalbardhallen. Leigeavtalen vart underskriven hausten 1996. Ein foreslår ei løyving på 1,14 mill kroner til å dekkje utgifter til leige av Svalbardhallen i 1997.

Kap 229 Andre formål i grunnskolen

Post 60 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Investeringskostnader for seksåringar som ikkje utløyser ny klasse

Kommunane har hatt høve til å søkje om investeringskompensasjon for seksåringar som ikkje utløyser ny klasse, jf St prp nr 39 (1995-96) Om investeringskostnadene ved grunnskolereforma. Søknadsfristen var 1. februar 1997. Det er 147 kommunar som har søkt om slik investeringskompensasjon. Søknadene gjeld 272 skolar og 1 761 seksåringar.

I St prp nr 39 (1995-96) heiter det om investeringskompensasjon for seksåringar som ikkje utløyser ny klasse:

«Beregningen bygger på det antallet nye klasser som utløses av seksåringer skoleåret 1997-98. Det innebærer at det ikke er beregnet noe investeringsbehov i de skoler der 6-åringene ikke utløser nye klasser. Det kan imidlertid være behov for bygningsmessige tilpasninger eller utvidelser av eksisterende areale i tilfeller hvor det blir en betydelig økning av antallet elever i den klassen som omfatter 6-åringer. Behovet for investeringer som følge av dette vil imidlertid være avhengig av den faktiske disponeringen av arealene på den enkelte skole. Departementet vil vurdere slike tilfeller på grunnlag av særskilt dokumentasjon fra den enkelte kommune, og med utgangspunkt i de pris- og arealstandarder som er forutsatt.»

Følgjande utrekningstekniske føresetnader er lagde til grunn for behandlinga av dei einskilde søknadene:

  • eit kvadratmetertal per elev som svarar til gjennomsnittet for seksåringar som utløyser nye klassar: 8,5 kvm per elev.

  • dei same prinsippa for geografisk differensierte kvadratmeterprisar for nybygg og tilpassing av skolelokale som Stortinget i samband med behandlinga av St prp nr 39 (1995-96) la til grunn for seksåringar som utløyser ny klasse.

  • omtalen i St prp nr 39 (1995-96) av seksåringar som ikkje utløyser ny klasse, opnar for kompensasjon for bygningsmessige tilpassingar eller utvidingar i dei tilfella der det blir «en betydelig økning i antall elever i den klassen som omfatter seksåringer.» På denne bakgrunnen er det foreslått kompensasjon for investeringskostnader berre ved skolar der det er oppgitt at det skal begynne minst sju seksåringar hausten 1997.

Den utrekna investeringskompensasjonen for seksåringar som ikkje utløyser ny klasse, er avgrensa til det talet på kvadratmeter og den summen det er søkt om. Det er ein føresetnad for kompensasjon at søknadene er tilstrekkeleg dokumenterte.

Med bakgrunn i dei nemnde kriteria foreslår ein at det blir gitt investeringskompensasjon for seksåringar som ikkje utløyser ny klasse, til 57 kommunar for seksåringar fordelte på 72 skolar. Totalt aukar investeringsramma knytt til skolestart for seksåringar med 45 mill kroner. Auken fordeler seg med 7 mill kroner til tilpassing av lokale og 38 mill kroner til nybygg.

Dette fører til ein auke i løyvinga for 1997 på 2,1 mill kroner.

Kommunane har i særs ulik grad dokumentert investeringsbehovet knytta til seksåringar som ikkje utløyser ny klasse. Ein kan ikkje sjå bort frå at det kan komme opplysningar som tilseier at nokre av dei kommunane som får avslag, likevel bør få tilskott.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet fekk ved utrekninga av den investeringsramma som vart lagt fram i St prp nr 1 (1996-97), ikkje med alle opplysningane om utrekningsgrunnlaget til somme kommunar. Korrigering av grunnlaget for desse kommunane har gitt ein auke i investeringsramma på 11 mill kroner. Løyvinga til investeringskompensasjon for 1997 aukar som følgje av dette med 0,3 mill kroner.

Den totale investeringsramma for kommunane blir med dette 4 837 mill kroner. Investeringskompensasjonen for 1997 blir auka med 2,3 mill kroner til 198 mill kroner.

Post 62 Kompensasjon for auka utgifter i samband med mellombels lokale, kan overførast

Post 63 Ekstraordinært tilskott til læremiddel, kan overførast

I Innst S nr 183 (1996-97) Om finansiering av lærebøker og status for tilrettelegging av skolelokale til seksåringar i samband med Reform 97, jf st meld nr 21 (1996-97), rår Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen Stortinget til å gjere vedtak om å løyve 150 mill kroner til tilleggslitteratur for perioden 1997-99. Komiteen foreslår og at det innanfor ei totalramme på 200 mill kroner blir løyvt 100 mill kroner til kommunane i Revidert nasjonalbudsjett for 1997, som kompensasjon for utgifter til bruk av mellombels lokale til seksåringane.

På denne bakgrunnen foreslår regjeringa å løyve 100 mill kroner på kap 229 ny post 62 Kompensasjon for auka utgifter i samband med mellombels lokale (kan overførast) og 50 mill kroner på kap 229 ny post 63 Ekstraordinært tilskott til læremiddel (kan overførast). Spørsmålet om ein treng løyvingar ut over 100 mill kroner som kompensasjon for utgifter til bruk av mellombels lokale vil ein komme tilbake til i Revidert nasjonalbudsjett for 1998, slik komiteen har bede om. I tråd med innstillinga legg ein òg til grunn at det i statsbudsjettet for dei kommande åra ikkje blir inkludert innsparing på 28 mill kroner når en reknar ut kommunane sine utgifter til lærebøker for åra 1997-99.

Kap 571 Rammetilskott til kommunar

Post 60 Innbyggjartilskott/utgiftsutjamning

Kompensasjon for auka driftskostnader knytte til skolestart for seksåringar blir utbetalt gjennom rammetilskottet til kommunesektoren over budsjettet til Kommunal- og arbeidsdepartementet, kap 571, post 60 og kap 572, post 60. Tabellen viser endringar i løyvinga i høve til vedtatt budsjett for 1997:

S III 1997RNB 1997
Undervisningsrelaterte kostnader724881
+ skolefritidsordning2525
+ skysskostnader (komm., fylkeskomm.)40*)40*)
- kommunale eigendelar106102
+ Tilskott til lærebøker352352
= SUM overføring over rammetilskottet1 0351 196

*) Talet for skysskostnader inkluderer 25 mill kroner i skysskompensasjon til fylkeskommunane, kap 572 post 60.

Undervisningsrelaterte kostnader

Sidan lønns- og arbeidstidsvilkåra for det pedagogiske personalet ikkje var endeleg fastsette, vart det ved behandlinga av St prp nr 1 (1996-97) løyvt ein sum til kommunane basert på lønns- og arbeidstidsvilkår som for førskolelærarar. Ein har inngått avtale med alle lærarorganisasjonane unnateke Lærarforbundet, om at arbeidstida for det pedagogiske personalet som underviser første klasse/førskolen, skal være den same som for resten av barnetrinnet, dvs leseplikt på 25 timar per veke. Ved å leggje dette til grunn aukar dei undervisningsrelaterte kostnadene årleg med 375 mill kroner. Løyvinga for 1997 til undervisningsrelaterte kostnader aukar med 156 mill kroner.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet hadde ved utrekning av driftskompensasjonen som vart lagt fram i St prp nr 1 (1996-97), ikkje fått med alle opplysningane om utrekningsgrunnlaget til somme kommunar. Korrigering av utrekningsgrunnlaget til desse kommunane har gitt ein årleg auke i dei undervisningsrelaterte kostnadene på 2 mill kroner. Løyvinga for 1997 aukar som følgje av dette med 0,8 mill kroner.

Årleg kompensasjon for undervisningsrelaterte kostnader aukar med i alt 377 mill kroner. Løyvinga for 1997 aukar som følgje av dette med 157 mill kroner.

Oppdaterte utrekningar av kommunal eigendel

Som varsla i St prp nr 55 (1995-96) Om kommuneøkonomien 1997 m.v. er dei kommunale eigendelane knytte til skolestart for seksåringar oppdaterte på bakgrunn av siste tilgjengelege statistikk for tilbodet til seksåringar under lov om barnehagar. Eigendelane er no baserte på talet på seksåringar med tilbod under lov om barnehagar per 1. januar 1997. Som føresett har ingen kommunar fått auka eigendel som følgje av desse justeringane. Dette fører med seg at den kommunale eigendelen blir justert ned med 9 mill kroner. For 1997 blir nedjusteringa 4 mill kroner. Driftskompensasjonen til kommunane aukar for 1997 med 4 mill kroner som følgje av dette.

Kap 231 Tilskott til vidaregåande opplæring

Post 60 Tilskott til landslinjer

Under behandlinga av St prp nr 55 (1995-96) vart det vedteke å skipe landslinjetilbod med fordjuping i folkemusikk. Tilbodet vart vedteke lagt til Valdres vidaregåande skole (tidlegare Fagernes vidaregåande skole) i Oppland og Valle vidaregåande skole i Aust-Agder. Skoleåret 1996-97 vart det ikkje starta folkemusikktilbod ved Valdres vidaregåande skole, jf St prp nr 88 (1995-96). Oppland fylkeskommune har vedteke å skipe landslinjetilbod for folkemusikk på grunnkurs, innanfor studieretning musikk, dans og drama frå skoleåret 1997-98. Tilbodet vil bli lagt til Vinstra vidaregåande skole.

Det var ikkje etablert tilbod med fordjuping i folkemusikk ved Valdres vidaregåande skole da Stortinget gjorde vedtaket om landslinja. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i lys av dette ikkje merknader til at landslinjetilbodet blir etablert ved Vinstra vidaregåande skole i staden for ved Valdres vidaregåande skole.

Post 62 Ekstratilskott til auka elevtal i fylkeskommunale vidaregåande skolar

Under behandlinga av statsbudsjettet for 1996 løyvde Stortinget 20 mill kroner til oppretting av elevplassar i vidaregåande opplæring for elevar utan rett til slik opplæring. Stortinget sette som ein føresetnad at fylkeskommunen måtte oppfylle omfangskravet på 375 prosent av eit årskull for å få del av tilskottet på 20 mill kroner.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet fordelte tilskottet til dei fylkeskommunane som innan den fastsette fristen rapporterte om eit omfang på minst 375 prosent av eit årskull.

Rett før fristen gjekk ut, mottok departementet melding frå Telemark fylkeskommune om feil i talgrunnlaget som fylkeskommunen hadde rapportert. Dette tok ein ikkje omsyn til ved fordelinga. Det var berre Telemark fylkeskommune som melde om feil før fristen gjekk ut.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har komme til at ein vil ta omsyn til rapporten med korrigerte elevtal frå Telemark fylkeskommune. Når ein legg desse elevtala til grunn, vil Telemark fylkeskommune få 1 664 000 kroner, som er deira del av tilskottet på 20 mill kroner. Dei andre fylkeskommunane skulle samla ha fått tilsvarande mindre i tilskott. Departementet foreslår at ein ikkje krev tilbake for mykje utbetalt tilskott frå dei andre fylkeskommunane.

Det blir på bakgrunn av dette foreslått å løyve 1,664 mill kroner på kap 231 post 62.

Modell for yrkessjåførutdanninga

Ved behandling av St meld nr 33 (1991-92) Om visse sider ved vidaregåande opplæring, slutta Stortinget seg til forslaget frå departementet om ein hovudmodell for opplæring i fag under lov om fagopplæring i arbeidslivet. Hovudmodellen i Reform 94 er to år i skole (grunnkurs og vidaregåande kurs I) og to år læretid i bedrift.

Stortinget har ved fleire høve teke opp spørsmålet om val av modell for yrkessjåførfaget.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjennomførte sommaren 1996 møte med tariffpartane i transportbransjen for i samarbeid å fastsetje ein modell for yrkessjåførfaget. Partane foreslo ein struktur som tek utgangspunkt i hovudmodellen i lov om fagopplæring i arbeidslivet. Det vil seie grunnkurs mekaniske fag, grunnkurs elektrofag, eller grunnkurs allmenne, økonomiske og administrative fag, og vidaregåande kurs I transportfag i skole. Deretter følgjer læretid på to år som lærling i bedrift. Det einaste unntaket frå hovudmodellen i Reform 94 er at partane foreslo at eit kvart år av opplæringa i bedrift skulle gjevast som tilbod i skole. Partane ønskte at denne kvartårsmodulen skulle omfatte køyretrening og erstatte dei tidlegare halvårskursa i landslinjene. Departementet vurderte partane sitt forslag til struktur for yrkessjåførfaget som godt, og fastsette ny struktur i faget i samsvar med forslaget.

Den modellen som er valt for yrkessjåførfaget, sikrar god kvalitet på fagopplæringa av yrkessjåførar. På samme måte som for andre fag under lov om fagopplæring i arbeidslivet, er dette eit tilbod også til vaksne. Som nemnt blir eit kvart år av læretida gitt i skolar. Desse linjene har status som landslinje, og kapasiteten er god i høve til søkinga til faget.

Stortinget har bedt Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet leggje fram forslag om eit halvårig kurs spesielt for vaksne, jf Budsjett-innst S II (1996-97) der det heiter:

«Flertallet er kjent med at modellen som departementet har vedtatt, avviker fra det som Stortinget har lagt opp til. Flertallet er videre kjent med at den valgte modellen skaper problemer både for lærlinger, driften av landslinjer og bedriftene. Flertallet ber om at Stortinget snarest blir orientert nærmere om oppfølgingen av vedtaket om yrkessjåførutdanningen. Flertallet forutsetter at Stortingets syn blir fulgt opp.»

Vidare heiter det:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Senterpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, er kjent med at departementets krav om at landslinjetilbudet for yrkessjåfører fortrinnsvis skal prioriteres for reformelever, har medført dårligere utnyttelse av kapasiteten på tilbudet. Flertallet minner om Stortingets forutsetning om at kapasiteten skulle videreføres, og mener skolene må få anledning til å sette i gang halvårige kurs for voksne som supplement til undervisningen av reformelever»

Departementet legg opp til at ein kan starte slike halvårlege kurs for vaksne.

Målet med å tilby eit halvårig kurs for vaksne må vere at deltakarane får ei utdanning som kan byggjast vidare på til fullt fagbrev i yrkessjåførfaget for dei som ønskjer det. Alle læreplanane i Reform 94 er bygde opp av modular for mellom anna å kunne tene til eit slikt formål. Gjennom det halvårlege kurset får deltakarane delkompetanse i yrkessjåførfaget.

Eit halvårig kurs spesielt for vaksne innanfor yrkessjåførfaget kan settast saman av studieretningsfag frå læreplan for vidaregåande kurs I transportfag og modular frå læreplan for opplæring i bedrift, totalt inntil 27 veker. I samsvar med generelle vedtak om kurs for vaksne kan kurset bli komprimert til 2/3 av tida, dvs. at kurset kan gjennomførast på ca. 18 veker. Modul 1 i læreplan for opplæring i bedrift som inneheld krava til køyretrening i den nye yrkessjåførutdanninga, vil mellom anna inngå i kurset. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil gi nærmare reglar om inntak og innhald.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i lys av søkinga til faget og behovet i bransjen fastsett kapasiteten ved landslinjene. Det er i dag ledig kapasitet ved fleire av skolane. Departementet foreslår at skolane kan etablere eit halvårig kurs for vaksne innanfor den kapasiteten skolane har i dag. Utbetalinga av tilskott til drift av skolane er i hovudsak knytt til fastsett kapasitet. Forslaget vil derfor ikkje ha budsjettmessige følgjer. Departementet vil vurdere kapasiteten ved skolane seinare.

Kap 232 Statlege skolar med undervisning på vidaregåande nivå

Statens navigasjonsfarty M/S «Sjøvegen»

I St prp nr 1 (1996-97) for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet føresette ein at ny struktur for nautisk utdanning under Reform 94 ville få konsekvensar for M/S «Sjøvegen» frå hausten 1997. Ved behandlinga av budsjettet for 1997 fekk derfor departementet fullmakt til å avvikle drifta av navigasjonsfartyet M/S «Sjøvegen» frå hausten 1997, og å avhende fartyet til interesserte fylkeskommunar eller til private, jf Budsjett-innst S nr 12 (1996-97), vedtak VI nr 1.

I læreplanen for VKII nautisk linje er det lagt inn instrumentopplæring på skip. Denne opplæringa har gått føre seg om bord på M/S «Sjøvegen». Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet hadde teke sikte på å avvikle VKII nautisk linje frå og med skoleåret 1997-98 som følgje av Reform 94. Det har likevel vist seg at det, som ei overgangsordning, er behov for å gi dette tilbodet eitt år til. Dette fører til at ein må tilby instrumentopplæring om bord på M/S «Sjøvegen» også i skoleåret 1997-98.

I lys av dette foreslår ein at M/S «Sjøvegen» blir driven av staten også ut skoleåret 1997-98, jf forslag til vedtak.

Post 21 Tryggleiksopplæring for fiskarar

Tryggleiksopplæringa for fiskarar blir administrert av Troms fylkeskommune ved Tromsø maritime skole.

Kvart år har ein forholdsvis stor del av fiskarane som har meldt seg på grunnleggjande tryggleikskurs, ikkje møtt fram til kurset. Dette fører til at kapasiteten på kursa blir dårlegare utnytta, det tek lengre tid å gi opplæring til alle og kostnadene per deltakar blir høgre enn nødvendig.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil vurdere å innføre tiltak frå hausten 1997 som gjer påmeldinga til grunnleggjande tryggleikskurs og repetisjonskurs meir forpliktande. Slike tiltak kan vere påmeldingsavgift eller depositum.

Kap 240 Private skolar mv

Post 70 Tilskott

Tilskott til private skolar blir fastsett kvart skoleår på grunnlag av elevtal per 1.10. og 1.04. Det er kome inn rapportar om elevtal per 1.04.97 og prognose for elevtal per 1.10.97. Desse rapportane syner at elevtalet blir lågare enn det som ligg til grunn for 1997-budsjettet. Ein foreslår derfor å redusere løyvinga på kap 240, post 70 med 20 mill kroner.

Kap 249 Andre tiltak i utdanninga

Tilskott til Nordland kunst- og filmskole

Ved behandlinga av budsjettet for 1997 ba fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget regjeringa komme tilbake med ein plan for å sikre drift ved Nordland kunst- og filmskole i Kabelvåg. Det er skipa ei løysing for drift av skolen ved at Nordland fylkeskommune får eit øyremerkt tilskott på kr 520 000 i 1997.

Det er rekna med at skolen hausten 1997 kan starte med ein klasse på inntil 24 elevar, og at han frå hausten 1998 kan ha inntil 48 elevar, dvs. 24 elevar på kvart klassetrinn.

Tilskottet er rekna etter dei reglane som gjeld for statstilskott til tilsvarande private skolar.

Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet vil vurdere skolen si vidare stilling i utdanningssystemet og spørsmål knytte til vidareføring av statstilskottet til skolen på grunnlag av Stortinget si behandling av Ot prp nr 36 (1996-97) om ny opplæringslov og konklusjonane frå den pågåande gjennomgangen av kunstutdanninga.

Studieforbund og fjernundervisingsinstitusjonar

I Budsjett-innst S II (1996-97) ber fleirtalet i finanskomiteen om at regjeringa i samband med Revidert nasjonalbudsjett 1997 gjer ei særskild vurdering av løyvingane til studieforbund og fjernundervisningsinstitusjonar. Ein har vurdert løyvingane og ikkje funne rom for endringar av desse.

Kap 260, 261, 263 og 278

Post 49 Kjøp av eigedom, kan overførast

Stortinget har gitt Kyrkje-, utdannings og forskningsdepartementet fullmakt til å overskride bevilgningen under post 49 på kapitla 260, 261 og 263 mot tilsvarande auke under post 49 på inntektskapitla 3260, 3261 og 3263. Ein ber om denne fullmakta også for post 49 på kap 278, jf utkast til vedtak. For å få til ei meir rasjonell eigedomsforvaltning foreslår ein at post 49 Kjøp av eigedom under kap 260, 261, 263 og 278 får stikkordet «kan overførast».For at det skal vere oppretta postar som stikkordet kan knytast til, foreslår ein å løyve 10 000 kroner på post 49 under kvart av kapitla mot tilsvarande auke under inntektskapitla 3260, 3261, 3263 og 3278.

Kap 262 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Stortinget vedtok ved behandlinga av Budsjett-innst S nr 12 (1996-97) følgjande:

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for et 5-årig sivilingeniørstudium fra 1997-98.»

For studentar som blir tekne opp frå og med hausten 1997, vil sivilingeniørstudiet ved NTNU bli utvida til fem år.

Post 49 Kjøp av eigedom, kan overførast

Ein kan overskride posten mot tilsvarande meirinntekter under kap 3262 post 49 Sal av eigedom. I 1996 var inntektene frå sal av eigedom vel 5 mill kroner høgre enn utgiftene til kjøp av eigedom. Posten hadde ikkje stikkordet «kan overførast», og ein kunne derfor ikkje overføre summen til 1997. Ein foreslår at løyvinga under kap 262 post 49 blir auka med kr 5 044 000 for at Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet skal kunne nytte inntektene av eigedom som vart selt i 1996.

Kap 269 Noregs musikkhøgskole

Det blir vist til Stortinget sitt vedtak XXXIII i Innst S nr 283 (1995-96) der det mellom anna heiter:

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at Norges musikkhøgskole og tidligere Østlandets musikkonservatorium samlokaliseres på Majorstua. Det tas opp forhandlinger med Menighetsfakultetet med sikte på å overta deres bygg.».

Ein har vurdert fleire ulike løysingar for samlokalisering av verksemdene til tidlegare Østlandets musikkonservatorium og Noregs musikkhøgskole.

Dei to mest aktuelle alternativa har vore påbygg i tilknyting til Noregs musikkhøgskole eller statleg overtaking og ombygging til musikkformål av det bygget som Det teologiske menighetsfakultet no eig på Majorstua (MF-bygget), jf det ovannemnde stortingsvedtaket.

Statsbygg har vurdert ei løysing med påbygg i tilknyting til Noregs musikkhøgskole til å koste om lag 90 mill kroner. Verdien av den statlege tomta som det eventuelt skal byggjast på er grovt anslått til om lag 20 mill kroner.

Det har vore halde forhandlingar mellom Menighetsfakultetet og staten ved Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet der Menighetsfakultetet la fram premissane sine for statleg overtaking av MF-bygget på Majorstua.

Det teologiske menighetsfakultetet meiner det vil koste om lag 140 mill kroner å relokalisere til Lovisenberg slik at staten kan ta over MF-bygget. Menighetsfakultetet har i forhandlingane lagt til grunn at staten skulle dekkje desse kostnadene fullt ut. I tillegg vil det etter ei vurdering frå Statsbygg vere nødvendig å bruke om lag 50 mill kroner til rehabilitering og ombygging av MF-bygget til musikkformål. Ut frå dette vil samla kostnad for å overta Menighetsfakultetet sitt bygg på Majorstua og byggje dette om til musikkformål vere på om lag 190 mill kroner.

Premissane som Det teologiske menighetsfakultetet har presentert for å la staten ta over høgskolen sitt bygg på Majorstua, vil føre til kostnader som er monaleg høgre enn kostnadene ved å byggje på Musikkhøgskolen og vesentleg over kva som kan vere aktuelt for staten å betale for MF-bygget. Det vart på dette grunnlaget konstatert brot i forhandlingane mellom Menighetsfakultetet og staten om statleg overtaking av MF-bygget på Majorstua.

Ein har ut frå ei samla vurdering komme fram til at det vil vere mest formålstenleg å arbeide vidare med ei løysing som inneber påbygg til Noregs musikkhøgskole. Ein vil komme tilbake til saka i St prp nr 1 (1997-98).

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil refundere kostnader Det teologiske menighetsfakultetet har hatt i samband med planlegging av relokalisering til Lovisenberg, jf omtale i Budsjett-innst S II for 1996-97.

Kap 274 Statlege høgskolar

Nye stillingar

I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 1997 vedtok Stortinget ei løyving på 15 mill kroner til oppretting av nye studieplassar ved statlege høgskolar. Som følgje av desse nye studieplassane, foreslår ein å opprette 30 nye stillingar, herav 3 i gruppe I for professorar/høgskoledosentar.

Noregsnettrådet

Stortinget vedtok ved behandlinga av Innst S nr 135 (1996-97), jf. St prp nr 32 (1996-97), etablering av Noregsnettrådet. I St prp nr 32 (1996-97) Om etablering av Noregsnettrådet varsla Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet at ein i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1997 ville komme attende til overføring av midlar og stillingar til drift av Noregsnettrådet. Ut frå dette blir det foreslått å omdisponere 6,5 mill kroner frå post 01, 3,51 mill kroner frå post 11 og 0,1 mill kroner frå post 21 under kap 274 til tilsvarande postar under kap 281. Vidare blir det foreslått å overføre 50 stillingar frå kap 274 til kap 281, fordelt med fire i gruppe I og 46 i gruppe II. Dei fire stillingane i gruppe I vil vere administrative leiarstillingar. Av dei 46 stillingane i gruppe II vil ni vere fireårsheimlar. Fire stillingar i gruppe II blir tildelt Høgskolerådet.

Gjennomgang av økonomien i høgskolesektoren

Stortinget ba i samband med behandlinga av St prp nr 1 (1996-97) om at regjeringa set i verk ein gjennomgang av økonomien i høgskolesektoren og presenterer resultata i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1997. Ein har i den samanhengen bedt Kostnadsberekningsutvalet (Hervik-utvalet) som gjorde ein gjennomgang av kostnadene ved skolestart for 6-åringer og Reform 94, om òg å gjennomgå den økonomiske situasjonen for dei statlege høgskolane. Ein vil komme tilbake til dette utgreiingsarbeidet i St prp nr 1 (1997-98).

Vidareutdanning av sjukepleiarar

Det er gjort vedtak om at dei bedriftsinterne vidareutdanningane for sjukepleiarar skal bli førte over til høgskolesystemet. Mykje av undervisninga skal likevel framleis bli gitt ved sjukehusa. Dette gjer det nødvendig å få i stand avtalar som sikrar ei klar ansvarsdeling mellom høgskole og fylkeskommune, og at kvaliteten på utdanninga blir halden oppe ved at høgskolane får tilgang på lokale, utstyr og praksisplassar. Rammeoverføringsbeløp kan først bli fastsett når føresetnadene for overføring er nærmare klarlagde. For å drøfte konsekvensar av overføringa til høgskolesystemet blir det sett ned ei breitt samansett utgreiingsgruppe. På bakgrunn av arbeidet i denne gruppa, vil ein komme tilbake til dei budsjettmessige konsekvensane av vedtaket.

Forkorta sjukepleiarutdanning

Stortinget sa i Budsjett-innst S nr II (1996-97):

«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Kristelig Folkeparti, viser til Budsjett-innst S nr 11 (1996-97) romertallsvedtak XI der Regjeringen bes om å utarbeide planer for gjennomføring av videreutdanning av hjelpepleiere til sykepleiere på kortere tid enn i dagens modell.»

Vidare heiter det:

«Komiteens flertall (...) er kjent med at det i Orkdalregionen i Sør-Trøndelag er interesse for et desentralisert opplegg for sykepleierutdanning.»

På oppmoding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har ei utgreiingsgruppe leia av Høgskolen i Sør-Trøndelag vurdert ulike modellar for slik utdanning. Ein har undersøkt rekrutteringsgrunnlaget i Orkdalregionen og funne at det er relativt få hjelpepleiarar som har generell studiekompetanse. Ei utdanning for denne yrkesgruppa må derfor ha eit større rekrutteringsområde.

Ein kan korte av utdanninga ved å ta bort den praksisretta undervisninga som ein kan halde ved høgskolen og som kan vere på 10 vekttal. I tillegg føreset ein at den eksterne praksisen blir redusert med 10 veker, og at dei to studieåra blir forlenga med 5-8 veker.

I utgreiingsgruppa var det ikkje fleirtal for avkorting av utdanninga. Det vart hevda at avkorting ville gå ut over den faglege kvaliteten.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil leggje vekt på å kombinere kravet til fagleg kvalitet med omsynet til at realkompetanse bør kunne gi utteljing i avkorta studieløp på enkelte utdanningar. Mangelen på sjukepleiarar i helsesektoren gjer slike tiltak særleg aktuelle for hjelpepleiarar som ønskjer å oppgradere utdanninga si. Behovet for å etablere avkorta studieløp for personar med relevant arbeidserfaring må ein også sjå i samanheng med ei framtidig reform for etter- og vidareutdanning. Avkorta sjukepleiarutdanning må ein vurdere i høve til EØS-direktiva for denne utdanninga.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet viser til vedtaket i Stortinget og tek sikte på å opprette ei avkorta sjukepleiarutdanning for hjelpepleiarar, med start våren 1998. Ein føreset at dette er mogeleg innanfor det gjeldande EØS-regelverket.

Statlege bibliotekoppgåver

Spørsmålet om organisering av dei rådgivande og nasjonalt samordnande bibliotekoppgåvene har vore greidd ut fleire gonger. IT-utviklinga har vore sterk dei siste åra og har endra måten arbeidsoppgåver blir utførte på i utdannings-, forskings- og kulturinstitusjonar i Noreg og i utlandet. Ein må sjå organiseringa av bibliotekoppgåver i ein slik samanheng. Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil arbeide vidare med dei nemnde organisasjonsspørsmåla ut frå dette utgangspunktet.

Kap 281 Bygg og fellesutgifter for universitet og høgskolar

Post 01 Lønn og godtgjersle og

Post 11 Varer og tenester

Post 21 Særskilte driftsutgifter

Ein viser til omdisponering av midlar og stillingar frå kap 274 til kap 281 i samband med etableringa av Noregsnettrådet, jf omtale under kap 274.

Kap 281 finansierer fellestiltak for universitet og høgskolar. Ein har som føresetnad at kapitlet kan finansiere tiltak under heile kategori 07.60 og 07.80.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 1997 vedtok Stortinget 15 mill kroner til rekrutteringsstillingar. Ein arbeider med tilpassing av nødvendige formalitetar i samband med etableringa av den nye stillingskategorien post doc. Med atterhald om oppretting av den nye stillingskategorien post doc, ber ein om at det blir oppretta 92 stillingsheimlar i gruppe II til post doc- og stipendiatstillingar på statsbudsjettet for 1997. Det vil vere aktuelt å fordele dei med 46 post doc-stillingar og 46 stipendiatstillingar.

Post 30 Bygg, kan overførast

Bygg for biologiske basalfag

Ved behandlinga av Budsjett-innst S nr 12 (1996-97) vedtok Stortinget følgjande:

«Stortinget ber Regjeringen snarest fullføre arbeidet med godkjenning av areal- og kostnadsramme for nytt bygg ved Universitetet i Bergen for biologiske basalfag og fremme forslag om byggestartsbevilgning ved framleggelsen av Revidert nasjonalbudsjett for 1997.»

Areal - og kostnadsramme for bygg for biologiske basalfag ved Universitetet i Bergen er framleis under utarbeiding. Ein finn derfor ikkje å kunne fremje forslag om byggjestartløyving no.

Teorifagbygg

Stortinget bad ved behandlinga av statsbudsjettet for 1997 om å bli orientert om den vidare framdrifta for bygg for jus-, samfunnsfag- og psykologistudium ved Universitetet i Tromsø. Det har vore halde arkitektkonkurranse, og det er no presentert eit vinnarutkast. Kostnadsramma for prosjektet er under utarbeiding.

Hopen meteorologiske stasjon

Stasjonen til Det norske meteorologiske institutt på Hopen brann i 1996. På bakgrunn av at staten er sjølvassurandør blir det foreslått å løyve 2,2 mill kroner til å dekkje kostnader ved gjenoppbygging av stasjonen.

Administrasjons- og forskingsbygget på Ås

I samband med behandlinga av Innst S nr 269 (1995-96), jf St prp nr 63 (1995-96), vedtok Stortinget at Noregs landbrukshøgskole skulle overførast til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med verknad frå 1. januar 1997.

I budsjettproposisjonen for 1994 foreslo Landbruksdepartementet prosjekterings- og startløyving til eit administrasjons- og forskingsbygg på Ås. Forslag til løyving vart ført opp under kap 1124 Noregs landbrukshøgskole (NLH). I samband med overføringa av NLH til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, er vidareføringa av prosjektet ført opp under kap 281 Bygg og fellesutgifter for universitet og høgskolar.

Prosjektet omfattar to ulike tilbygg:

  • Tilbygg til Meieribygningen for NLH, no under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

  • Tilbygg til Fellesbygget for Planteforsk og Landbrukstilsynet under Landbruksdepartementet.

Landbruksdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet går no inn for ei formell deling av byggjeprosjektet slik at tilbygga blir førde opp budsjettmessig under dei departementa og kapitla der dei høyrer heime, dvs. kap 281 for Meieribygget og kap 1112 for Fellesbygget.

Godkjend kostnadsramme er samla 148,6 mill kroner. Basert på ein ny gjennomgang gjer ein framlegg om ei ny kostnadsramme for prosjektet på samla 175,4 mill kroner. Ny kostnadsramme vil etter delinga av prosjektet vere fordelt med 108,6 mill kroner til Meieribygningen og 66,8 mill kroner til Fellesbygget.

Arbeidet med prosjektet har gått seinare enn tidlegare lagt til grunn. Ein foreslår derfor å redusere løyvinga for 1997 med 25 mill kroner.

Samla foreslår ein å redusere kap 281 post 30 med 22,8 mill kroner på statsbudsjettet for 1997.

Kap 287 Forskingsinstitutt

Post 50 Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA)

Post 52 Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

Som følgje av at NOVA og NUPI er omdanna til forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og dermed får nettoløyvingar, vil desse institutta ikkje lenger falle innanfor den sentrale avrekninga av innskott til Statens pensjonskasse. Frå 1. januar 1997 må dei betale innskott direkte til Pensjonskassa. Dette medfører at ein må auke løyvingane til dei to institutta for å kompensere for denne innbetalinga.

Ein foreslår på denne bakgrunnen å auke løyvingane på statsbudsjettet for 1997, kap 287 Forskingsinstitutt, med kr 770 000 på post 50 NOVA og kr 1 047 000 på post 52 NUPI.

Kap 291 Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

Post 70 Tilskott til lengre reiser, omlagløyving

I St prp nr 1 (1996-97) varsla Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet reforhandling av avtalen om reisemoderasjonsordninga for elevar og studentar inngått med Noregs Statsbaner, Hurtigruta og Nord-Noreg Bussen. Det er no forhandla ferdig ein ny avtale med NSB. Denne avtalen byggjer på dei eksisterande rabattordningane til NSB. Studentane får 60 pst rabatt på grøne avgangar og 40 pst på kvite. Ordninga er avgrensa til reiser over 150 km. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sin refusjonsdel utgjer i utgangspunktet 18 pst av ordinær billettpris. For 1997 er støtta frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet avtalt med ei øvre ramme på 58 mill kroner. Tilskottsavtalen vil bli reforhandla årleg, ma. på grunnlag av forventa reisevolum hos målgruppa.

Avtalene mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og dei andre reiseselskapa blir reforhandla etter same mønster, slik at elevar og studentar framleis vil kunne kjøpe modererte billettar for reise med desse selskapa.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Det har dei siste åra vore fleire samanslåingar av bustadstiftingar og samskipnader. Slike samanslåingar fører med seg dokumentavgifter, tinglysingsgebyr, konsesjonsgebyr og andre funksjonskostnader. Totale kostnader i 1997 som følgje av samanslåing av samskipnader, samt avvikling av bustadstiftingar, er utrekna til å bli 5,8 mill kroner. Ein foreslår ut frå dette at kap 291 post 74 blir auka tilsvarande på statsbudsjettet for 1997.

Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

Enkelte studentbustadprosjekt har seinare framdrift enn tidlegare lagt til grunn. Ein foreslår derfor at løyvinga på kap 291 post 75 blir redusert med 10 mill kroner mot ein tilsvarande auke i tilsagnsfullmakta til 24 mill kroner, jf utkast til vedtak.

Kap 297 Nidaros domkyrkje m m

Post 47 Andre middelalderkyrkjer og -anlegg

Stortinget løyvde 4 mill kroner på statsbudsjettet for 1997 til restaurering av Stavanger domkyrkje. Det er ikkje sannsynleg at arbeidet ved domkyrkja blir fullført i 1997. Posten må derfor få stikkordet « kan overførast», jf forslag til vedtak.

Kap 2410 Statens lånekasse for utdanning

Post 70 Utdanningsstipend, omlagløyving

Post 71 Andre stipend, omlagløyving

Stortinget vedtok ved behandlinga av Innst S nr 283 (1996-97), jf. St prp nr 58 (1995-96), følgjande:

«Stortinget ber Regjeringen starte en forsøksordning fra og med skoleåret 1996-97 hvor elever som går på godkjente tilbud i utlandet og som får dette innpasset som en del av en treårig videregående utdanning gis utdanningsstipend på linje med elever under aldersskillet som får slikt stipend når de bor borte fra hjemmet innenlands.»

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet foreslo ut frå dette ei prøveordning med fire klasser, jf. St prp nr 88 (1995-96). Stortinget vedtok ved behandlinga av saka å utvide ordninga til å gjelde sju klasser, jf. Innst S nr 16 (1996-97). Den utvida ordninga vil bli vidareført med sju klasser. Ein foreslår for 1997 å løyve 2,6 mill kroner på post 70 og 0,6 mill kroner på post 71 til å dekkje utviding og vidareføring.

Stortinget vedtok ved behandlinga av Innst S nr 91 (1996-97), jf. St meld nr 51 (1995-96), at elevar som tek folkehøgskole rett etter vidaregåande skole skal ha rett til utvida minstestipend til dei er 20 år. Det vart likevel ikkje løyvt midlar til tiltaket. Ein foreslår derfor å løyve 12,5 mill kroner på post 70 til tiltaket i 1997.

Vidare foreslår ein å løyve 2,7 mill kroner på post 70 for at aldersskiljet for elevar som har fått utsett skolestart etter sakkunnig vurdering, kan bli auka til 20 år frå og med hausten 1997, jf. St prp nr 1 (1996-97) for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Samla foreslår ein å auke kap 2410 post 70 Utdanningsstipend med 17,8 mill kroner og post 71 Andre stipend med 0,6 mill kroner.

Kap 3260, 3261, 3263 og 3278

Post 49 Sal av eigedom

Av budsjettekniske omsyn foreslår ein å løyve 10 000 kroner på post 49 under kvart av inntektskapitla mot tilsvarande auke på utgiftskapitla. Utgiftspostane kan overskridast mot tilsvarande auke i inntektspostane.

Kap 3274 Statlege høgskolar

Post 01 Inntekter ved oppdrag og

Post 02 Salsinntekter m v

I samband med etableringa av Noregsnettrådet foreslår ein å overføre 0,1 mill kroner frå kap 3274 post 01 til kap 3281 post 01 og 0,1 mill kroner frå kap 3274 post 02 til kap 3281 post 02.

Kap 3281 Bygg og fellesutgifter for universitet og høgskolar

Post 01 Inntekter ved oppdrag og post 02 Salsinntekter m v

Ein viser til omtale under kap 3274.

2.3 Kulturdepartementet

Kap 300 Kulturdepartementet

Utgifter til nasjonale ekspertar ved EU-kommisjonen

Noreg har frå hausten 1996 teke del i EUs kulturprogram og EUs medieprogram. Under kvart program er det høve til å stille med ein nasjonal ekspert. Utgiftene knytte til desse stillingane blir dekte av nasjonale styresmakter mot refusjon i medlemskontingenten.

Lønn mv. for dei to stillingane utgjer 1,2 mill kroner pr år. Utgiftene skal dekkjast under kap 300, post 01 Lønn og godtgjersle. Den vedtekne løyvinga under kap 300, post 01 gir ikkje rom for utgiftene i 1997. Meirutgifta på 1,2 mill kroner kan dekkjast ved tilsvarande innsparingar under andre budsjettpostar under Kulturdepartementets budsjett i 1997.

På denne bakgrunnen blir det foreslått at løyvinga under kap 300, post 01 blir auka med 1,2 mill kroner mot at løyvinga under kap 322 post 79 blir sett ned med kr 100 000, kap 324 post 79 med kr 200 000, kap 326 post 79 med kr 500 000, kap 328 post 79 med kr 200 000 og kap 334 post 79 med kr 200 000.

Omgjering av stilling i Kulturdepartementet

Det er gjort ei evaluering av Kulturavdelinga i Kulturdepartementet med sikte på ei mer effektiv og tenleg organisering av avdelinga. Ny utviklingsplan og organisasjonsmodell for avdelinga er vedteken, og dette inneber m.a. at avdelinga er delt inn i tre seksjonar.

Kvar seksjon skal leiast av ein avdelingsdirektør. To av avdelingsdirektørstillingane er oppretta frå før. Den tredje seksjonen blir i dag leidd av ein underdirektør. Den nye organisasjonsmodellen føreset derfor omgjering av ei stilling som underdirektør i gruppe II til stilling som avdelingsdirektør i gruppe I. Utgiftene til stillinga må dekkjast innanfor løyvinga under kap 300.

På denne bakgrunnen blir det foreslått at ei stilling som underdirektør i gruppe II blir omgjort til stilling som avdelingsdirektør i gruppe I.

Kap 301 og kap 3301 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Nedjustering av oppdragsinntekter og -utgifter

Den norske nasjonalkommisjonen for Unesco får kvart år inntekter frå ulike bidragsytarar til dekning av utgifter ved gjennomføring av seminar, konferansar, utgreiingar m.m. Utgifter og inntekter ved denne eksternfinansierte oppdragsverksemda vart i 1996 budsjettert til 3,0 mill kroner under kap 301 post 21 og kap 3301 post 02. Dette løyvingsnivået er vidareført i statsbudsjettet for 1997.

Dei faktiske inntektene vart i 1996 2,4 mill kroner. Av dette var om lag 1,5 mill kroner ekstraordinære inntekter i 1996 knytte til gjennomføring av Den 1. internasjonale konferanse om vern av bok- og dokumentasjonsarven. Ny vurdering for 1997 viser nå at oppdragsinntektene vil bli om lag 0,8 mill kroner.

På denne bakgrunnen blir det foreslått at oppdragsinntekt under kap 3301 post 02 blir sett med 2,2 mill kroner, og at utgiftsløyvinga under kap 301, post 21 blir sett ned tilsvarande.

Kap 320 Allmenne kulturformål

Post 60 Lokale og regionale kulturbygg, kan overførast

Under kap 320 post 60 Lokale og regionale kulturbygg, kan overførast, er det i 1997 løyvt 25,05 mill kroner. Reglane for tildeling av midlar til lokale og regionale kulturbygg er fastsette av Kulturdepartementet.

For lokale kulturbygg er det maksimale tilskottsbeløpet fastsett til følgjande:

  • 2,0 mill kroner pr bygg i Troms og Finnmark

  • 1,6 mill kroner pr bygg i Nordland og Namdalen

  • 1,0 mill kroner pr bygg i øvrige delar av landet

For regionale kulturbygg er det maksimale tilskottsbeløpet fastsett til 5,0 mill kroner pr bygg.

Kulturdepartementet går inn for å tildele midlar til kulturbygg i eit regionalt nettverk på Øvre Romerike. Denne satsinga må sjåast i samanheng med utbygginga av ny hovudflyplass på Gardermoen. Til lokale kulturbygg i kommunane Gjerdrum, Nannestad, Nes, Hurdal og Eidsvoll vil Kulturdepartementet dispensere frå gjeldande reglar for tildeling, og setje ei øvre grense pr. bygg på 3,0 mill kroner.

Eit regionalt kulturbygg i Ullensaker vil etter gjeldande reglar få 5 mill kroner.

Midlar til dei kulturbyggprosjekta som er omtalte ovanfor, vil bli dekte innanfor Kulturdepartementets budsjettramme under kap 320 post 60. 1,0 mill kroner av tilskottet til det lokale kulturbygget i Gjerdrum vil bli utbetalt alt i inneverande år.

Norsk Film AS - utbygging av filmparken

For at norsk spelefilmproduksjon skal kunne halde et høgt nivå er det viktig at produksjonen skjer i eit stabilt miljø som teknisk og på anna vis held høg standard.

Anlegget til Norsk film AS på Jar er eit sentrum i norsk filmproduksjon, men det er gammalt og tildels nedslite. Som ei følgje av dette har Norsk Film AS i løpet av dei siste tre åra gjennomført ei systematisk utbetring og oppgradering av filmparken for til saman 13 mill kroner.

Det er likevel nødvendig å forbetre og oppgradere anlegga ytterlegare for å sikre filmparken på Jar som eit sentrum i norsk filmproduksjon også i framtida, og for å sikre kvaliteten og ressursutnyttinga i tilbodet. Det er utarbeidd ein plan for oppgradering og utbetring av filmparken over ein periode på 3 år. Total kostnadsramme for prosjektet er kalkulert til 48 mill kroner. Behovet for statleg investeringstilskott er kalkulert til 36 mill kroner.

Det arbeidet Norsk Film AS har sett i gang og finansiert med eigne midlar vil snart vere avslutta. For å unngå opphald mellom desse arbeida og den vidare utbygginga av filmparken, blir det gjort framlegg om at Norsk Film AS får tilsegn om statlege midlar til den vidare utbygginga.

Den statlege finansieringa av prosjektet blir foreslått dekt av løyvinga under kap 320 Allmenne kulturformål, post 73 Nasjonale kulturbygg, kan overførast.

På denne bakgrunnen blir det foreslått at tilsegnsfullmakta under kap 320, post 73, blir auka med 36 mill kroner til 81,3 mill kroner, jf forslag til vedtak.

Kap 328 Museums- og andre kulturvernformål

Norsk Teknisk Museum - ekstraordinært tilskott til midlertidig dekning av dokumentavgift

Norsk Teknisk Museum er eigd og drive av ei privat foreining. Da Norsk Teknisk Museum fekk status som nasjonal institusjon i 1995 i samband med iverksetjing av ny funksjonsdeling på kultursektoren, informerte Kulturdepartementet museet om at det ville vere tenleg at museet vart omgjort til stifting. Før museet kan gjerast om til stifting, må dei rettslege tilhøva til Oslo kommune vere avklarte.

Det museumsbygget der Norsk Teknisk Museum held til i dag, er finansiert ved at Oslo kommune har teke opp og overteke lån for til saman 90,4 mill kroner. Oslo kommune krev derfor panteerklæring på dette beløpet. Dokumentavgift for tinglysing av panteerklæringa utgjer 2,5 pst av panteverdien, dvs 2,26 mill kroner. Etter at beløpet er innbetalt, vil det etter søknad kunne bli refundert.

Dokumentavgifta må innbetalast før det kan søkjast om refusjon. Behandlingstid for slik søknad er eitt til to år. Museet kan ikkje dekkje ei meirutgift på 2,26 mill kroner innanfor budsjettet for 1997 uten at det får dramatiske konsekvensar for verksemda. Dersom dokumentavgifta skal lånefinansierast i behandlingstida, vil museet få ein årlig rentekostnad på kr 140 000. Også dette vil få uheldige konsekvensar for museumsdrifta. Museet treng derfor eit ekstrordinært tilskott i 1997. Tilskottet vil bli tilbakeført til statskassa så snart refusjonen ligg føre.

På denne bakgrunnen blir det foreslått at løyvinga under kap 328, post 70 Nasjonale institusjonar blir auka med 2,26 mill kroner.

Tilskott til Det Norske Sivile Luftfartsmuseum

Det norske Sivile Luftfartsmuseum fikk tilskott over budsjettet til Forsvarsdepartementet til utgangen av 1996. I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 1997 uttalte fleirtalet i forsvarskomiteen at Forsvarsdepartementet si utbetaling til drift av den sivile delen av Luftfartssenteret ikkje samsvarar med premissane til Stortinget. Komitefleirtalet la til grunn at desse utgiftene blir budsjettert under budsjetta til dei relevante departementa.

Ein foreslår at Det Norske Sivile Luftfartsmuseum får tilskott over budsjettet til Kulturdepartementet frå og med 1997. Ein tek vidare sikte på at Det Norske Sivile Luftfartsmuseum skal overta Norsk Luftfartssenter Bodø AS frå 1998 gjennom oppretting av eit nytt selskap, Stiftelsen Norsk Luftfartsmuseum.

For å sikre at Det Norske Sivile Luftfartsmuseum utgjer eit godt fundament for det planlagte Norsk Luftfartsmuseum frå og med 1998, er det naudsynt å byggje opp Det Norske Sivile Luftfartsmuseum. Dette inneber mellom anna at ein må styrke den museumsfaglege bemanninga på museet.

Til dekning av driftsutgifter til naudsynt styrking av Det Norske Sivile Luftfartsmuseum blir det foreslått at løyvinga under kap 328 post 79 blir auka med 3,2 mill kroner.

2.4 Justisdepartementet

Kap 400 Justisdepartementet

Post 01 Lønn og godtgjersle

I samband med den såkalla «Furre-saka» har Justisdepartementet fått ekstraordinære utgifter som til dømes lønnsutgifter til to ekspedisjonssjefar. Dei ekstra lønnsutgiftene for 1997 vil venteleg vere om lag 1,05 mill kroner.

Det er sett ned eit utval for å vurdere ulike spørsmål rundt overvakingstenesta i politiet. Utvalet vil i 1997 koste om lag 1,3 mill kroner.

På grunn av desse ekstraordinære utgiftene blir det gjort framlegg om å auke løyvinga under kap 400, post 01 med 2,35 mill kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap 440, post 01.

I samband med omorganiseringa av Utlendingsavdelinga i Justisdepartementet treng ein å gjere om ein heimel som saksbehandlar i gruppe II til avdelingsdirektør i gruppe I.

Kap 405 Lagmannsrettane

Gulating lagmannsrett har i lengre tid hatt problem med saksavviklinga. Sjølv med stor arbeidsinnsats har det ikkje vore mogleg med dagens dommarbemanning å redusere saksavviklingstida i vesentleg grad. Justisdepartementet foreslår derfor å opprette tre nye dommarheimlar under kap 405 for tilsetjing i Gulating lagmannsrett.

Det blir også fremma forslag om å opprette to funksjonærheimlar under kap 405 for tilsetjing i Gulating lagmannsrett mot tilsvarande inndraging under kap 410 Herads- og byrettane, jf omtale under kap 410.

Kap 410 Herads- og byrettane

Post 01 og 11

Det blir foreslått å overføre ei funksjonærstilling frå kap 410 Herads- og byrettane til kap 440 Politi- og lensmannsetaten, jf. omtale under kap 440. Samstundes blir det foreslått omdisponert 0,25 mill kroner frå kap 410, post 01 til kap 440, post 01.

I samband med at Generaladvokaten flyttar ut av Oslo tinghus blir det foreslått å omdisponert 0,767 mill kroner frå kap 410 Herads- og byrettane, post 11 til kap 446 Kontrollen med den militære disiplinærmakta, post 11, jf omtale under kap 446.

I samband med utgifter til tomgangsleige og frikjøp av leigekontrakten for dei tidlegare lokala til Oslo statsadvokatembete blir det foreslått å omdisponere 2,58 mill kroner frå kap 410 Herads- og byrettane, post 11 til kap 445 Påtalemakta, post 11.

Justisdepartementet foreslår å inndra to funksjonærheimlar under kap 410 Herads- og byrettane mot tilsvarande oppretting under kap 405 Lagmannsrettane, jf. omtale under kap 405.

Totalt foreslår ein å redusere løyvinga under post 01 med 0,25 mill kroner og under post 11 med 3,347 mill kroner.

Post 21 Særskildedriftsutgifter

Posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret. Det blir foreslått å auke løyvinga under kap 410, post 21 med 0,1 mill kroner, jf. omtale under kap 3410.

Kap 3410 Rettsgebyr

Grunnsatsen for rettsgebyret vart sist auka frå kr 495,- til kr 505,-, gjeldande frå 1. januar 1997. Justisdepartementet foreslår å auke grunnsatsen for rettsgebyret frå kr 505,- til kr 535,- f.o.m. 01.07.97, som delvis inndekking av ekstraløyvinga tidlegare i år til politi- og lensmannsetaten. Ein reknar med at auken på heilårsbasis vil gje ei netto meirinntekt på om lag 64 mill kroner.

Post 01 Rettsgebyr

Posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, tvangsforretningar, skifte, konkurs, m.m. I samband med den foreslåtte auken i rettsgebyret blir det foreslått å auke løyvinga med 24,8 mill kroner.

Post 04 Gebyrinntektene til lensmennene

Posten dekkjer hovudsakleg dei gebyra som lensmennene krev inn i samband med tvangsforretningar. I samband med den foreslåtte auken i rettsgebyret blir det foreslått å auke løyvinga med 2,9 mill kroner.

Kap 430 Kriminalomsorg i anstalt

Byggeteknisk tilstandsanalyse av Oslo krinsfengsel

Sidan 1991 har i alt 73 mill kroner, inkludert Stortingets spesielle løyving på post 38 Oslo krinsfengsel, gått til ulike rehabiliteringsprosjekt i Oslo krinsfengsel. Framleis er det likevel eit vesentleg behov for rehabilitering ved anstalten. Før ytterlegare investeringar blir vurderte, vil Justisdepartementet gjennomføre ein byggjeteknisk tilstandsanalyse av anstalten.

Kap 435 Kriminalomsorg i fridom

Post 11 Varer og tenester

Husleiga har auka med 0,237 mill kroner i samband med innflytting i nye lokale i Statens hus, byggjetrinn II, i Steinkjer. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap 435, post 11 med 0,237 mill kroner. Sjå omtale under kap 2445 Statsbygg, post 24.

Kap 440 Politi- og lensmannsetaten

Inndekking av ekstraløyving

Ved behandlinga av Innst S nr 147 (1996-97) frå justiskomiteen vart Regjeringa beden om å foreslå inndekking av ekstraløyvinga til drift i Politi- og lensmannsetaten på 200 mill kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett 1997.

Regjeringa meiner det er nødvendig å gjenta dei inndekkingsforslaga som vart fremma i St prp nr 43 (1996-97). I denne proposisjonen foreslår ein i tillegg å redusere investeringsløyvinga under kap 481, post 45 med 1,4 mill kroner.

Post 01 Lønn og godtgjersle

Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap 440, post 01 med 2,35 mill kroner, jf. omtale under kap 400, post 01.

Vidare blir det foreslått å auke løyvinga under kap 440, post 01 med 0,25 mill kroner og å opprette ei funksjonærstilling, jf. omtale under kap 410.

Det blir også foreslått å gjere om to stillingar som politiinspektør i gruppe II til to stillingar som visepolitimeister i gruppe I ved Oslo politikammer. Oslo politikammer har allereie ei stilling som visepolitimeister. Endringa inneber at det vil vere 3 visepolitimeistrar ved Oslo politikammer.

Totalt foreslår ein å redusere løyvinga under kap 440, post 01 med 2,1 mill kroner.

Post 11 Varer og tenester

Inntrøndelag politidistrikt har flytta inn i nye lokale i Statens hus, byggjetrinn II, i Steinkjer. I samband med innflyttinga har husleiga auka med 1,306 mill kroner. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap 440, post 11 med 1,306 mill kroner. Sjå også omtale under kap 2445, post 24.

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast

Som delvis inndekking av ekstraløyvinga til drifta i politi- og lensmannsetaten blir det foreslått å utsetje nokre innkjøp. Ein foreslår å redusere løyvinga under kap 440, post 45 med 23 mill kroner.

Av omsyn til framdrifta når det gjeld investeringar, hovudsakleg til materiell og IT, blir det foreslått å auke bestillingsfullmakta under kap 440, post 45 med 15 mill kroner frå 70 mill kroner til 85 mill kroner, sjå utkast til vedtak.

Kap 3440 Politi- og lensmannsetaten

Post 01 Gebyr

Posten dekkjer inntekter frå behandlingsgebyr for pass, våpenløyve og lotterisaker. I samband med den foreslåtte auken i rettsgebyret blir det foreslått å auke løyvinga under kap 3440, post 01 med 4,5 mill kroner, jf. omtale under kap 3410.

Kap 444 Politiets materiellteneste

Post 01 og 11

I samband med overtaking av oppgåver knytt til uniformer for tollvesenet blir det foreslått å auke løyvinga under kap 444 med 0,338 mill kroner, fordelt med 0,225 mill kroner under post 01 og 0,113 mill kroner under post 11. Det blir og foreslått å opprette ei stilling under kap 444. Sjå omtale under kap 1610.

Kap 445 Påtalemakta

Post 11 Varer og tenester

Det blir foreslått å auke løyvinga under kap 445, post 11 med 2,58 mill kroner, jf. omtale under kap 410.

Kap 446 Kontrollen med den militære disiplinærmakta

Post 11 Varer og tenester

I samband med at Generaladvokaten flytter ut av Oslo tinghus blir det foreslått å auke løyvinga under kap 446, post 11 med 0,767 mill kroner. Av dette utgjer 0,35 mill kroner eit eingangsbeløp til innreiing av nye lokale, og 0,417 mill kroner 10 månaders leige i 1997. Sjå også omtale under kap 410.

Kap 3449 Statens innkrevjingssentral

Post 81 Bøter, inndragingar

Regjeringa tek sikte på, ved kongeleg resolusjon, å auke satsane for forenkla forelegg med om lag 25 pst i løpet av 1997 som delvis inndekking av ekstraløyvinga til Politi- og lensmannsetaten. Satsane har stått uendra sidan 1990.

Ei førebels utrekning syner at inntektene under kap 3449, post 81 med heilårsvirking kan auke med om lag 63 mill kroner. Berekningane er usikre. Det er førebels usikkert når ein eventuelt kan innarbeide ein budsjettverknad i 1997. Ein vil difor komme tilbake med forslag til eventuelle løyvingsendringar.

Kap 450 Sivile tenestepliktige

Post 11 Varer og tenester

Posten skal dekkje driftsutgiftene ved siviltenesteadministrasjonane, førskolen for dei sivile tenestepliktige og mannskapsavhengige kostnader.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap 450, post 11 med 1 mill kroner, jf. omtale under kap 455, post 01.

Utsetjing av planlagde tiltak

I St prp nr 1 (1996-97) la Justisdepartementet i samsvar med Innst S nr 177 (1995-96) inn ein føresetnad om endringar i siviltenesta i 1997, som til dømes redusert tenestetid og forenkla behandlingsrutinar ved søknad om fritak frå militærtenesta. Departementet baserte seg også på at dei sivile tenestepliktige utfører om lag 1900 årsverk. På grunnlag av desse føresetnadene gjekk departementet inn for å auke kostpengesatsen til mannskapa og satsinga på voksenopplæring i 1997.

Framlegg til ny føresegn om redusert tenestetid vart sendt på høyring i 1996. Det har teke tid å avklare dei motstridande omsyna i saka. Det er no bestemt at tenestetida blir redusert med verknad frå 1. august 1997.

Utsetjinga av tiltaket og erfaringane frå 1996 gjer grunn til å frykte at det melder seg ein kø av mannskap som vil avtene siviltenesta. Talet på søknader gjekk opp med 17 pst frå 1995, samstundes med at avslagsprosenten gjekk ned med 5. Samla blei det ført over 1998 menn til siviltenesta i 1996, mot 1561 i 1995. For å dempe køverknaden foreslår Justisdepartementet å utsetje den planlagde endringa av kostpengesatsen og den auka satsinga på voksenopplæring.

Mogleg utbygging på Dillingøy

Innanfor ramma av driftsløyvinga er det aktuelt å byggje ut dei eksisterande lokala ved Siviltenesteadministrasjonen Dillingøy, under føresetnad av at dei plantall verksemda er gitt i tildelingsbrevet for 1997 blir følgt opp.

Kap 455 Hovudredningssentralane

Post 01 Lønn og godtgjersle

Det er sett i verk ein reduksjon av aktiviteten på Hovudredningssentralane som er betre tilpassa dei økonomiske rammene. Reduksjonen har ført til at verksemda ved sentralane er kraftig redusert.

Justisdepartementet er uroleg for dei konsekvensane situasjonen fører med seg også for den operative tenesta, bl a er opplæring av nytilsette redningsleiarar stoppa opp, og så godt som all assistanse ved redningsøvingar er stansa. Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap 455, post 01 med 2 mill kroner, jf. også omtale under kap 455, post 45 og kap 450, post 11.

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast

Posten skal dekkje investeringar til IT, samband og anna spesialutstyr. Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap 455, post 45 med 1 mill kroner, jf. omtale under kap 455, post 01.

Kap 472 Trussamfunn m.m.

Utgiftene til tru- og livssynssamfunn for 1997 vart utrekna på grunnlag av erfaringstalla for 1996. Justisdepartementet har ved utrekning av årets tilskottssats teke utgangspunkt i Statskonsults forslag til utrekningsmåte, jf. Statskonsults rapport 1997:4. Den nye utrekningsmåten gir ein tilskottssats på kr 195,- pr. medlem, medan den gamle måten ville gitt ein tilskottssats på kr 201,- pr. medlem. Forslaget inneber ei forenkling av tidlegare års praksis og gir eit meir korrekt utrekningsgrunnlag.

Statstilskott til tru- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkje skal fastsetjast på grunnlag av årleg budsjetterte utgifter til Den norske kyrkje. Stortinget auka løyvinga til Den norske kyrkje med 100 mill kroner på kap 294, post 72 i samband med 1997-budsjettet. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga under kap 472 med 8 mill kroner, fordelt med 4,631 mill kroner under post 70, 1,254 mill kroner under post 71 og 2,115 mill kroner under post 72.

Kap 475 Bubehandling

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Utgiftene under kap 475, post 21 vart tidlegare førde på kap 414, post 21. Posten har mellom anna vore nytta til å dekkje utgiftene i samband med Anders Jahres dødsbu.

I St prp nr 58 (1995-96) kjem det fram at det på buets konto pr 31.12.95 stod eit unytta beløp på kr 13 643 195 og at midlar vart tilbakeførde staten i 1996. Det beløpet som vart tilbakeført var på kr 13 089 479. Det blir foreslått å løyse saka teknisk ved å redusere løyvinga til Anders Jahres dødsbu under kap 475, post 21 med 0,554 mill kroner.

Kap 481 Direktoratet for sivilt beredskap

Post 01 og 11

Husleiga har auka med kr 47 000 i samband med innflytting i nye lokal i Statens Hus, byggetrinn II, i Steinkjer. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga under kap 481, post 11 med kr 47 000. Sjå omtale under kap 2445, post 24.

Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap 481 med til saman 2,4 mill kroner, fordelt med 0,3 mill kroner under post 01 og 2,1 mill kroner under post 11. Det blir foreslått ein tilsvarande auke i løyvinga under kap 1510 Fylkesmannsembeta, jf. omtale under kap 1510.

Totalt foreslår ein å redusere løyvinga under post 01 med 0,3 mill kroner og under post 11 med 2,053 mill kroner.

Post 45 og 46

Det har oppstått eit akutt miljøproblem på Sivilforsvarets skole på Starum. Ein lekkasje gjer at det siv drivstoff ned i grunnen frå dei nedgravde tankane ved fyringsanlegget. Fyringsanlegget krev også mykje vedlikehald og er kostbart i drift. Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap 481, post 45 med 4,3 mill kroner, der 2,9 mill kroner går til ein auke under kap 481, post 46 medan 1,4 mill kroner går til inndekking i samband med ekstraløyvinga til politi- og lensmannsetaten, jf. omtale under kap 440.

2.5 Kommunal- og arbeidsdepartementet

Kap 521 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 72 Tilbakevending av flyktningar

Frå 1994 har det vore løyvd midlar på kap 521, post 72 Tilbakevending av flyktningar, til prosjekt som førebur og motiverer flyktningar til å reise tilbake til heimlandet. Målet med prosjektmidla er å tilretteleggje for at så mange flyktningar som mogleg skal kunne vende tilbake til heimlanda sine. Dei fleste tilbakevendingsprosjekta har vore retta mot bosniske flyktningar i Noreg. For 1997 er det løyvt 23 mill kroner til tilbakevendingsprosjekt her i landet. I tillegg kjem overført beløp frå 1996.

I dag er ein av dei største hindringane for tilbakevending til Bosnia-Hercegovina mangelen på arbeidsplassar på heimstaden. Ein viktig faktor for at bosniarar i Noreg skal kunne reise tilbake til heimlandet sitt, vil derfor vere å gi støtte til utvikling av nye arbeidsplassar i Bosnia-Hercegovina.

Ein vil derfor tilrå at deler av midlane som er sette av til tilbakevendingsprosjekt her i landet blir nytta i Bosnia-Hercegovina. Dette gir ein meir effektiv bruk av midlane. Målet med prosjekta i Bosnia-Hercegovina vil vere å leggje til rette for tilbakevending frå Noreg gjennom å utvikle arbeidsplassar i heimlandet til flyktningane.

Ein gjer framlegg om at 10 mill kroner blir omdisponert frå kap 521, post 72 Tilbakevending av flyktningar, til budsjettet til Utanriksdepartementet. Dette vil sikre ei betre samordning mellom desse midla og prosjekt som allereie er planlagde og sette i gang i det tidlegare Jugoslavia over Utanriksdepartementets budsjett.

Kap 3521 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 01 Tilbakevending av flyktningar

I følgje statistikkdirektiv frå OECD/DACS (Development Assistance Committee) kan utgifter knytta til å tilretteleggje for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlanda sine godkjennast som offisiell utviklingshjelp.

Som følgje av forslaget om å omdisponere 10 mill kroner frå kap 521, post 72 Tilbakevending av flyktningar til Utanriksdepartementet, må inntektene på kap 3521, post 01 Tilbakevending av flyktningar reduserast tilsvarande.

Kap 530 Arbeidstilsynet

Post 11 Varer og tenester

Ein viser til omtale av konsekvensane av utbygging av Statens hus i Nord-Trøndelag under kap 2445 Statsbygg.

Kap 536 Arbeidsmiljøtiltak

Post 70 Tilskott til informasjon og opplæring

Som ledd i oppfølginga av Internkontrollforskriften er det i 1997 sett i gang eit informasjonsopplegg. For å dekkje kostnadene ved dette tiltaket, foreslår ein å auke løyvinga under kap 536 Arbeidsmiljøtiltak, post 70 Tilskott til informasjon og opplæring, med 1,7 mill kroner. Samtidig foreslår ein at løyvinga under kap 536 post 71 Forsking og utgreiing blir redusert tilsvarande.

Post 71 Forsikring og utgreiing

Ein foreslår at løyvinga under Kap 536 post 71 blir sett ned med 1,7 mill kroner. ein viser til omtale under post 70 Tilskott til informasjon og opplæring.

Kap 551 Regional næringsutvikling i fylke og kommunar

Post 55 Etablererstipend

Etablerarstipendet er ei ordning for småbedriftsetablerarar i alle delar av landet. Målet med stipendet er å fremje økt etableringsverksemd, for å skape lønsame og varige arbeidsplassar. Ein ønskjer i større grad enn tidlegare å prioritere etableringsverksemd i dei fylka som er utsette for fråflytting. Det blir derfor foreslått å auke kap 551, post 55 med 1,5 mill kroner mot tilsvarande reduksjon på kap 2425 Statens nærings- og distriktsutviklingfond (SND) og fylkeskommunane, post 51 Distriktsutviklingstilskott.

Kap 2425 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og fylkeskommunane

Post 51 Distriktsutviklingstilskott

Ein foreslår at løyvinga under kap 2425 post 51 blir sett ned med 1,5 mill kroner. Ein viser til omtale under kap 551 post 55

Norges Kommunalbank

I samband med salderinga av statsbudsjettet for 1997 vedtok Stortinget å overføre 700 mill kroner av Kommunalbanken sitt reservefond til statskassa. Når ein reduserer Kommunalbanken sitt reservefond, fører dette isolert til at ein må auke innlåna til banken i marknaden tilsvarande for at verksemda skal oppretthaldast i same omfanget. Før beløpet frå reservefondet blir overført til statskassa, bør derfor banken si garantiramme for innlån aukast. For å medverke til at overføringa som er vedteken fører med seg så få endringar som mulig i Kommunalbanken si samla verksemd, ber ein Stortinget ved eit romertallsvedtak å auke garantiramma for Kommunalbanken sine innlån frå 31 mrd kroner til 32 mrd kroner for 1997. Stortinget vedtok i samband med Revidert nasjonalbudsjett 1996 ei tilsvarande auke av garantiramma som følgje av vedtaket i salderinga av statsbudsjettet 1996 om å overføre 1 100 mill kroner frå reservefondet til statskassa, jf St prp nr 58 (1995-96) og Innst S nr 283 (1995-96). Ein viser til forslaget til vedtak.

Kap 571 Rammetilskott til kommunar

Post 60 Innbyggjartilskott/utgiftsutjamning

Ein viser til særskild omtale under avsnittet for kyrkje-, utdanning- og forskningsdepartementet.

Etableringssituasjonen for ungdom

Dei nominelle bustadprisane har auka kraftig det siste halvtanna året. Dette var bakgrunnen for interpellasjonsdebatten i Stortinget om bustadetablering for ungdom den 20.03.97. Stortinget vedtok da at regjeringa i samband med revidert nasjonalbudsjett skulle fremje tiltak for å betre dagens låne- og tilskottsordningar for ungdom gjennom Husbanken. Fleire forslag vart oversendt regjeringa utan realitetsvotering.

Frå 1987 og fram til 1993 gjekk dei nominelle prisane på brukte bustader ned. Frå våren 1993 byrja prisane å stige att og dei har fortsatt å stige sjølv om realprisnivået enno ligg om lag 25 prosent under toppåret 1987.

Det er sentralt i dei store byane at prisane har auka mest. OBOS sin prisstatistikk for Oslo viser at prisane fortsett å stige i hovudstadsområdet, men at det er tendensar som tyder på at det kraftige etterspurnadspresset på bustadmarknaden i januar/februar byrjar å minke. Prisnivået i dei vestlege bydelane og i sentrum ligg langt over prisnivået i bydelane med dei lågaste bustadprisane. Også prisnivået på leigemarknaden har vorte vesentleg høgare.

På kort sikt er tilbodet av bustader gitt. Dermed vil endringar i etterspurnaden slå ut i endringar i pris. Den økonomiske utviklinga dei siste åra, med mellom anna auka sysselsetjing og låg rente, kan forklare store delar av den sterke prisauken på bustader. Den kraftige rentenedgangen har medført at ein i dag kan ha langt større lån enn før. Etter regjeringas vurdering er ikkje bustadprisane i dag høgare enn at fleirtalet av unge bustadsøkjande kan etablere seg i eigen bustad. Det er likevel slik at unge med låge inntekter, særlig unge utan arbeid, einslege barneforsørgjarar, uføre, flyktningar og innvandrarar kan ha problem med å etablere seg.

Det bustadpolitiske opplegget gjennom Husbanken kan i stor grad hjelpe unge i etableringsfasen. Dette gjeld både gjennom gunstige låne- og tilskottsordningar og i form av bustøtte. Det er viktig at dei bustadpolitiske virkemidla blir nytta aktivt for å avhjelpe etableringsproblema. Ordninga med etableringslån blir allereie i dag nytta aktivt av mange kommunar. I 1996 lånte kommunane inn 1 400 mill kroner frå Husbanken og videreformidla lån til om lag 8 000 husstandar. Hittil i 1997 har kommunane tatt opp 1 100 mill kroner i etableringslån. Det er likevel fleire forhold som tyder på at ordninga bør nyttast enda meir aktivt av kommunane for å hjelpe dei som har problem på bustadmarknaden.

Bustadkooperasjonen spelar ei sentral rolle i bustadpolitikken både som nybyggjar og forvaltar. Dei lokale bustadbyggjelaga og kommunane samarbeider ofte om bustadløysingar. Dette er eit samarbeid som ein bør satse enda meir på for å få til gode bustadløysingar, mellom anna for husstander med svak økonomi. Ei naturleg forlenging av dette samarbeidet er at bustadbyggjelaga kan gi og forvalte etableringslån som kommunen har teke opp i Husbanken. Allerede i dag formidlar fleire bustadbyggjelag lån til bustadsøkjande. Tildeling av lån må gjerast etter dei retningslinjer som kommunen har for etableringslån og som er utarbeidd etter Husbankens retningslinjer og Kommunal- og arbeidsdepartementets forskrift for ordninga. I dag kan kommunen setje av midlar frå bustadtilskotet i eit tapsfond for å dekkje eventuelle tap på vidareutlånte etableringslån. I 1996 kunne kommunane setje av opp til 10 prosent av bustadtilskotet i eit tapsfond. Frå og med 1997 er det opna for at kommunane i særskilte tilfeller kan setje av ein høgare andel. Etter regjeringas vurdering vil dette gi ei fornuftig risikodeling mellom stat og kommune. I tillegg vil KAD vurdere om Husbanken skal kunne forvalte kommunanes etableringslån. Desse endringane av etableringslåneordninga bør stimulere til at ordninga blir nytta enda meir aktivt.

I 1996 finansierte Husbanken 1 430 sosiale utleigebustader. I tillegg vart det finansiert om lag 1 800 omsorgsbustader som i stor grad blir organisert som utleigebustader. I 1997 er ordninga med bustadtilskott, som også blir nytta til å finansiere utleigebustader, ytterligare forbetra. I fjor vart tilskottet utmålt med opp til 30 prosent av godkjente kostnader. I tildelingsbrevet for 1997 har Kommunal- og arbeidsdepartementet gitt Husbanken melding om at den øvre grensa for tilskottsutmåling i særskilte tilfelle kan fråvikast. Departementet er innstilt på at Husbanken kan gi tilskott til utleigebustader opp til 50 prosent av dei godkjente kostnadene. I tillegg til auke av tilskotsutmålinga stiller ikkje lenger Husbanken krav om kommunal garanti i alle saker. Det vert imidlertid krevd at utbyggjaren har ei avtale med kommunen, for å sikre at utleigebustadene vert leigde ut til målgruppene for ordninga.

Regjeringa vil ut frå dette ikkje tilrå ein auke i tilskottsløyvingane eller låneramma for Husbanken i 1997.

Kap 580 Bustønad

Post 70 Bustønad

Stortinget vedtok 23. januar 1997 å samordne bustønad under budsjettet til Kommunal- og arbeidsdepartementet og ordninga med butilskott forvalta under budsjettet til Sosial- og helsedepartementet, jf Budsjett-innst S II (1996-97), St prp nr 19 (1996-97) og Innst S nr 99 (1996-97). Som ein direkte følgje av dette blir post 70 under kap 580 Bustønad, foreslått auka med 419 mill kroner. Auken på denne posten medfører ein reduksjon på kap 665 Bustønad for pensjonistar, post 60 Tilskott til kommunar til reduksjon av buutgifter på 634 mill kroner. Differansen mellom 634 og 419 mill kroner kjem av at ein går over frå ein til 3 betalingsterminar pr år. Dette gir ei tidsforskyving i utbetalingane. Løyvinga blir derfor redusert med 215 mill kroner i 1997.

Kap 581 Bustad- og bumiljøtiltak

Post 60 Handlingsprogram for Oslo indre aust, kan overførast (ny post)

I samband med St meld nr 14 (1994-95) Om levekår og boforhold i storbyene vart det sett fokus på opphopinga av levekårsproblem i Oslo indre aust. For å følgje opp dette la Oslos byråd i november 1996 fram utkast til eit handlingsprogram på ti års sikt etter oppmoding frå Kommunal- og arbeidsdepartementet. Bystyret i Oslo ga den 30.04.97 byrådet fullmakt til å forhandle med staten innanfor ei prioritering av tiltak for byfornying og satsing på eldre, skole, norskopplæring og tryggleik. Regjeringa og byrådet har no samla seg om ein plattform for samarbeid om gjennomføring av handlingsprogrammet for betre levekår i Oslo indre aust. På bakgrunn av bystyrevedtaket, plattforma og Stortingets handsaming av saka vil staten samarbeide vidare med kommunen om organiseringa av arbeidet med handlingsprogrammet.

Staten og kommunen vil på sine ansvarsområde og i fellesprosjekt prioritere arbeidet for å betre levekåra i Oslo indre aust. Statens del av løyvingar til gjennomføring av handlingsprogrammet vil bli vurdert i dei årlege budsjettprosessane. Kommunal- og arbeidsdepartementet gjorde i St prp nr 1 (1996-97) greie for dei viktigaste tiltaka i budsjetta til dei ulike departementa som har samband med levekårsutfordringane i Oslo indre aust. Eit nytt oversyn vil bli lagt fram i budsjettproposisjonen for 1998.

Oslo kommune har sett av 50 millionar kroner til handlingsprogrammet i sitt budsjett for 1997. Kommunen har og sett av same sum kvart år i sin økonomiplan for ein fireårsperiode. Regjeringa gjer framlegg om å følgje opp kommunen sitt handlingsprogram gjennom ei særskilt løyving i 1997 på 30 millionar kroner. Ein foreslår ei sekkeløyving over programkategori 14.10. Løyvinga vil bli fordelt på tiltak på områda butilhøve, oppveksttilhøve, tryggleik og sosiale tilhøve, kultur- og byutvikling, miljø- og trafikkforhold. Dette vil bli gjennomført i samarbeid med Oslo kommune. Løyvinga er foreslått på ein 60-post, men midlane kan førast på andre postar i rekneskapen så lenge som tiltaka fell inn under handlingsprogrammet.

I St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge, understrekar regjeringa at det er eit mål å motverke eit sosialt skille mellom personar med innvandrarbakgrunn og befolkninga elles. I stortingsmeldinga gjer regjeringa framlegg om tiltak som særleg vil få positive effektar i Oslo indre aust der det bur mange med innvandrarbakgrunn.

Som understreka i St meld nr 14 (1994-95), må ein skape stabile bumiljø der det er rom for variert folkesetnad for å betre levekåra. Det føreset ei utvikling av bustadmassen og tenestetilbodet, slik at denne delen av byen blir eit varig bualternativ for fleire grupper. Ved å ruste opp det fysiske miljøet kan eldre og barn få ein betre og tryggare omgivnad. Trafikksystemet bør utviklast og bli meir miljøvenleg. Ei utvikling av skolar, barnehagar og ungdomstiltak kan sikre at bydelane blir eit betre buområde for barnefamiliar.

Arbeidsløysa er redusert dei siste åra. Dette gjeld og i Oslo indre aust. Men i desse bydelane er det framleis mange langtidsarbeidslause og unge som ikkje får innpass på den ordinære arbeidsmarknaden. Dette heng mellom anna saman med at mange personar med innvandrarbakgrunn i Oslo indre aust har problem med å få arbeid. Staten vil leggje vekt på at samarbeidet med kommunen om ein effektiv innsats på dette området held fram. Tiltak for kvalifisering og betre norskopplæring med samfunnskunnskap vil bli prioritert.

Samferdselsdepartementet la i april fram St meld nr 36 (1996-97) Om avveininger, prioriteringer og planrammer for transportsektorene 1998-2007. Prioriteringane det blir lagt opp til innanfor transportsektorane vil ha mykje å seie for miljøet i Oslo indre aust. Det gjeld og St meld nr 37 (1996-97) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007 og St meld nr 39 (1996-97) Norsk jernbaneplan 1998-2007 der prosjekt i Oslo indre aust er tatt opp. Regjeringa vil og følgje opp Stortingets handsaming av St prp nr 33 (1996-97) Konsekvensutredning for jernbanetunnel under Gamlebyen i Oslo (jf Innst S nr 155 (1996-97)) med et samarbeid med Oslo kommune om ein heilskapleg og samordna planprosess etter plan og bygningslova for området Gamlebyen/Bjørvika/Bryn. Arbeidet med å tilretteleggje for eit miljøvenleg trafikksystem vil halde fram, m a gjennom utredning av kollektivtrafikken i Oslo-regionen.

Ein foreslår at fordelinga av den foreslåtte sekkeløyvinga på 30 millionar kroner skjer på dette grunnlaget:

Butilhøve: Bustadprisane har gått kraftig opp i Oslo-området dei siste åra. Dette kan gi større vilje til investering i nye bustader og bustadutbetring i tida som kjem. Aukande prisar i byggjemarknaden og gode marknadsutsikter i andre delar av byregionen, gjer det nødvendig med ein aktiv strategi for byfornying og utvikling av bustadmassen i Oslo indre aust. Regjeringa har merka seg at Oslo kommune har vedteke ein ny strategi for byfornying og reknar med at kommunen vil leggje til rette for aktiv byfornying. I delar av Oslo indre aust vil kommunens arbeid for å betre eigne bustader spele ei stor rolle i byfornyinga og påverke opphopinga av sosiale problem. Husbanken skal samarbeide med kommunen om ei positiv utvikling av tilbodet av sosiale utleigebustader i Oslo. Dette føreset at kommunen sjølv forvaltar dei verdiane som ligg i den kommunale boligmassen på ein god og samla måte.

Kommunaldepartementet vil stimulere arbeidet med å fjerne uverdige butilhøve m a ved å medverke til å kartleggje dårlege bustader og behovet for bustad- og miljøutbetring. Departementet vil ta initiativ til sikringsordningar som reduserer risiko og fjerner hindringar for auka byfornying i utsette bustadstrok. Departementet vil støtte prosjekt for å betre bumiljøa og mobilisere folk til felles innsats for tryggleik, lokale miljø- og kulturtiltak og arbeid for integrering av innvandrarar. Ein vil samarbeide med kommunen om løysingar på problema til dei bustadlause. Innsatsen for å betre forholda i den kommunale bustadmassen skal stimulerast. Opprusting av leike- og opphaldsareal i prioriterte område vil gje rask betring av bumiljø og daglegliv for mange. Husbanken vil bli trekt inn i forvaltinga av slike statlege tilskott. Innanfor Husbankens ordningar for forbetring av butilhøve vil også gode prosjekt i Oslo indre aust få høg prioritet.

Oppveksttilhøve: Oslo kommune legg i sitt utkast til handlingsprogram stor vekt på utvikling av oppvekstvilkår for barn og unge. Regjeringa deler denne haldninga, jf m a St meld nr 17 (1996-97). Departementa med ansvar på dette feltet vil derfor samarbeide med Oslo kommune om ein oppvekstdugnad i Oslo indre aust. Det vil bli satsa på barnehagetilbod, opplæringstilbod og utvikling av fysisk miljø og fritidstilbod. Blant tiltaka er vidare satsing på leksehjelp, tilbod om gratis korttidsbarnehage for femåringar som prøveordning i ein bydel, utviklingsarbeid og forsøk i skole og barnehage, og eksamensretta tilbod om opplæring for innvandrarungdom i alderen 16-20 år som ikkje har norsk grunnskole. Det vil også være viktig å styrke kontakten med elevane sine føresette.

Tryggleik og sosiale tilhøve: Regjeringa vil leggje stor vekt på tiltak for betre tryggleik i Oslo indre aust. Det vil bli disponert midlar til å prøve ut og gjennomføre førebyggjande tiltak på sosial- og helseområdet knytt til dei særlege utfordringane i desse bydelane. Ein vil stimulere til ei vidareutvikling av den aktive oppfølginga overfor rusklientar som kommunen har prøvd ut. Det vil bli tatt nye initiativ til å betre omsorgen for dei bustadlause. Utviklinga av nærpoliti i Oslo indre aust vil bli følgt opp m a ved samarbeid med kommunen om etablering av lokale politipostar. Regjeringas satsing på eldreomsorg vil kunne betre tilhøva for eldre også i Oslo indre aust.

Byutvikling, miljø og kultur: Staten og kommunen vil i samarbeid leggje til rette for ei byutvikling med positiv effekt for levekåra i Oslo indre aust. Planleggings- og samordningsdepartementet vil gi retningslinjer for vurderinga av lokalisering av statleg verksemd i Oslo indre aust i år.

Midlar vil bli sett av til prosjektutvikling og planlegging for å få til ein heilskapleg utvikling av miljø, kultur og levekår. Det kan bli nytta midlar til utvikling av lokale kultur- og aktivitetshus i bydelane innanfor ramma av handlingsprogrammet. Tiltak for å overvake og forbetre miljøet i Oslo indre aust skal styrkast. Tiltak for å utvikle grøne lunger, sikre skolevegar og lette presset frå biltrafikk i bumiljø og ved skolar, vil bli stimulert. Regjeringa ser og samarbeidet med Oslo kommune om handlingsprogram for Oslo indre aust i samanheng med planarbeidet for området Gamlebyen-Bjørvika-Bryn - jf oppfølginga av Innst S nr 155 (1996-97). Samarbeidet om handlingsprogrammet lyt og bli sett i samanheng med prosjektet Miljøbyen Gamle Oslo der staten og kommunen dei siste åra har samarbeidd med positivt resultat.

Post 81 Tilskott til individuell gjeldssanering

Den 18. desember 1996 gjorde Stortinget dette vedtaket:

«Dokument nr. 8:104 - forslag fra stortingsrepresentantene Eva Lian og Morten Lund om endring av lov av 1. mars 1946 nr. 3 om Den Norske Stats Husbank, slik at sameiere i byfornyede boligsameier vil bli omfattet av ordningen om gjeldssanering selv om sameiet ikke tidligere har vært organisert som borettslag - oversendes Regjeringen for oppfølging».

Kommunal- og arbeidsdepartementet arbeider med ein gjennomgang av gjeldssaneringsordningane i byfornyinga, med sikte på å leggje fram ei sak for Stortinget om kort tid. Det står att om lag 14 mill kroner av tilskottsmidla.

Kap 586 Tilskott til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

Post 62 Tilskott til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

Som følgje av regjeringas satsing for dei eldre foreslår ein å auke satsane for nye sjukeheimsplassar som aukar kapasiteten allereie frå 1 januar 1997. Tilskottet for nye sjukeheimsplassar blir auka frå 150 000 kroner til 250 000 kroner. Tilskottet for nye omsorgsbustader blir auka frå 100 000 kroner til 125 000 kroner. Tilskott for utbetring blir vidareført på kr 60 000. Det særskilde tilskottet for endring av fleirsengsrom til einsengsrom blir foreslått avvikla. Ein viser elles til St meld nr 50 (1996-97) Handlingsplan for eldreomsorgen, Trygghet-respekt-kvalitet.

Løyvinga for 1997 er 607 mill kroner. I tillegg er det overført 436 mill kroner fra 1996. Av desse var 368 mill kroner disponert, det vil seia at det er gitt tilsagn om tilskott slik at bygging kan starta. Midlane blir utbetalte når byggjeprosjektet er ferdigstilt. Det stod att 68 mill kroner som det ikkje var gjeve tilsagn for. Disponibel løyving i 1997 er derfor 675 mill kroner. Etterspurnaden etter tilskottsmidlar for å byggje nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar har til no i år vore lågare enn budsjettert. Ved utgangen av april var om lag 12 prosent av disponibel løyving nytta. Regjeringa finn derfor at det er grunnlag for å redusera løyvinga med 50 mill kroner sjølv om ein auker tilskottssatsene. Løyvinga vil etter dette dekkje både auka satsar og ein auke i etterspurnaden som er 3 gonger større enn så langt i år. I henhold til planane for antall omsorgsbustader og sjukeheimsplassar i St meld nr 50 og auken i tilskottssatsane vil dette for 1998 medføre ein auke i løyvinga på om lag 440 mill kroner.

Kap 2412 Den norske stats husbank

Post 90 Lån til Den norske stats husbank

Posten blir foreslått nedjustert med 500 mill kroner. Reduksjonen kjem av at ein ventar lågare utbetalingsvolum, noko som har samanheng med lågare søknadsinngang og lengre byggetid for byggeprosjektar.

Kap 3574 Den norsk stats husbank

Post 06 Forvaltningsgebyr

Summen av uteståande lån i Husbanken er blitt redusert som følgje av fleire ekstraordinære nedbetalingar enn det som vart lagt til grunn tidlegare. Inntekta frå Husbankens forvaltningsgebyr blir derfor foreslått nedjustert med 1,5 mill kroner.

Kap 5340 Lån til statsbankane

Post 91 Avdrag, Den norske stats husbank

Husbanken har til no hatt større ekstraordinære innbetalingar enn budsjettert. Posten blir derfor foreslått oppjustert med 2 000 mill kroner.

Kap 590 Arbeidsmarknadsetaten

Post 11 Varer og tenester

Ein viser til omtalen av konsekvensane av utbygginga av Statens hus i Nord-Trøndelag under kap 2445 Statsbygg.

Kap 2310 Ekstraordinære sysselsetjingstiltak

Post 70 Til disposisjon

I salderingsproposisjonen for 1997 vart det lagt til grunn at det i 1997 skulle setjast i gang eit nytt tiltakstilbod for personar som går ut av sin andre 80-vekers dagpengeperiode utan å ha kome i ordinært arbeid. Tilbodet er nærare omtalt i Revidert nasjonalbudsjett, St meld nr 2 (1996-97). Tiltakstilbodet vil bli iverksett 1.7.1997 og gjennomføringa vil isolert sett krevje ei tilleggsløyving på i alt 64 mill kroner. Dette heng saman med følgjande:

  • Deltakarane på tiltakstilbodet vil motta ein høgre stønad enn andre deltakarar på liknande tiltak.

  • Erfaringar hittil syner at korte yrkesretta kurs (AMO), mellom anna industrifaglege kurs, er godt eigna for ein større del av målgruppa enn tenkt. Det blir derfor foreslått ei endring av samansetjinga av tiltak i retning av fleire AMO-plassar og lågare omfang av praksisplassar/arbeidstrening. Dette vil føre til større kostnader enn opphavleg lagt til grunn.

På bakgrunn av dette blir kap 2310, post 70 Til disposisjon, foreslått auka med 64 mill kroner til i alt 1 869,4 mill kroner. Samla vil løyvinga under kap 591 Arbeidsmarknadstiltak og kap 2310 Ekstraordinære sysselsetjingstiltak gi grunnlag for om lag 24 300 tiltaksplassar i 2. halvår 1997.

Kap 2541 Dagpengar

Post 70 Dagpengar

Dagpengeløyvinga for 1997 er på 7 900 mill kroner, jf S III (1996-97).

Den gode utviklinga på arbeidsmarknaden har hittil i år gitt ei noko meir positiv utvikling i den registrerte arbeidsløysa enn tidlegare lagt til grunn. På bakgrunn av informasjon om første kvartal er det rimeleg å venta at det blir færre heilt ledige og delvis ledige dagpengemottakarar enn tidlegare lagt til grunn.

På bakgrunn av dette blir dagpengeløyvinga for 1997 foreslått sett ned med 400 mill kroner til 7 500 mill kroner.

2.6 Sosial- og helsedepartementet

Kap 600 Sosial- og helsedepartementet

Post 01 Lønn og godtgjersle

Ein gjer framlegg om desse endringane i stillingsoppsettet i departementet:

  • 1 ny stilling i gruppe II i departementet til handsaming av klager som følgje av konsekvensar av ny alkohollov - innføring av begrensa klageadgang

  • 1 tidsavgrensa stilling for 4 år blir gjort om til fast stilling

  • 2 faste stillingar blir trekte inn i samband med endringar i departementsstrukturen.

  • Framlegga samla fører til at det blir trekt inn ei tidsavgrensa stilling.

Kap 614 Tiltak for rusmiddelmisbrukare

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Ein treng auka løyving under kap 614 post 21 i 1997, m a på grunn av oppretting av forebyggingsforum og deltaking i internasjonale fora. Ein gjer framlegg om at løyvinga under kap 614 post 21 blir sett opp med 2 mill kroner mot at kap 614 post 63 blir redusert tilsvarende.

Post 63 Tilskott til rusmiddeltiltak, kan overførast

Ein gjer framlegg om at løyvinga blir sett ned med 2 mill kroner til inndekning av framlegg under kap 614 post 21

Kap 660 Krigspensjon

Post 71 Tilskott, sivile

Stortinget vedtok den 17. juni 1996 at jødar som kom til Noreg som flyktningar like etter krigen, skal ha ei form for krigspensjon. Desse jødane fyller ikkje vilkåra for krigspensjon etter krigspensjoneringslovane fordi dei først fekk si tilknyting til Noreg etter krigen. Ein viser til Innst S nr 242 (1995-96), jf Dok. nr. 8:59 (1995-96), pkt 2.

Dei fleste kom til Noreg i grupper mellom 1947-55, men nokre kom enkeltvis noko seinare. I St prp nr 1 (1996-97) vart tidsgrensa for «like etter krigen» fastsett til 1955. Fram til 1997 hadde Rikstrygdeverket motteke 37 søknadar frå jødar.

Ein vil tilrå at også jødar som kom enkeltvis før 1960 kjem inn under kompensasjonsordninga. Ved stortingsbehandlinga av kompensasjonsordninga for jødar, opplyste Sosial- og helsedepartementet at krigspensjon også var nekta andre grupper krigsoffer som ikkje var norske statsborgarar.

I stortingsvedtaket av 17. juni 1996 heiter det at:

«Stortinget ber Regjeringen, hvis det ved gjennomgang av de aktuelle saker skulle vise seg å være andre grupper i en tilsvarende situasjon, vurdere disse sakene og eventuelt forelegge dem for Stortinget i en passende form.»

Rikstrygdeverket har gjennomgått tidlegare avslagssakar. Dei fleste gjeld polske krigsfangar som tyskarane førde til Noreg under krigen. Det er funne fram til om lag 20 personar. På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om at politiske fangar som sat i tyske leirar i Noreg under krigen, får same kompensasjon og på same vilkår som jødiske flyktningar. Det må være ein føresetnad at dei er norske statsborgarar og busette her i landet. Det same gjeld enkelte personar som kom hit med "dei kvite bussane" frå konsentrasjonsleirar like etter krigen. Ein legg til grunn at utvidinga til den nye gruppa blir gitt verknad frå 1. juni 1997.

Dei to ordningane vil i alt knapt gjelde meir enn 70 personar, medrekna jødane. På årsbasis tilseier dette eit beløp på vel 2,5 mill kroner. Med noko etterbetaling, reknar ein med at utgiftene i 1997 vil utgjere 3,5 - 4 mill kroner.

For 1997 er det løyvd 5 mill kroner til den aktuelle kompensasjonsordninga for jødar og eventuelt andre grupper. Løyvinga er såleis vel 1 mill kroner større enn det viser seg å vere behov for. Løyvinga er såleis tilstrekkeleg til å dekkje meirutgiftene for dei nye gruppene.

Kap 665 Bostøtte for pensjonister

Post 60 Tilskott til kommunar til reduksjon av boutgifter

Stortinget har vedteke å samordne tilskottsordninga med Kommunal- og arbeidsdepartementet si bostøtteordning, jf St prp nr 19 for 1996-97 og Innst S nr 99 for 1996-97. Ein gjer framlegg om at løyvinga blir sett ned til kr 0, jf også omtale under kap 580 post 70 Bostøtte.

Kap 674 Handlingsplan for funksjonshemma

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga under kap 674 er ikkje stor nok til å dekkje alle prioriterte aktivitetar med omsyn til handlingsplanen, mellom anna ein del utgifter i samband med IT-prosjekt. Ein gjer framlegg om at kap 674 post 21 blir sett opp med 5,5 mill kroner mot at kap 2601 Hjelpemiddelsentralane m v post 01 blir sett ned tilsvarande.

Kap 700 Statens helsetilsyn og fylkeslegane

Post 11 Varer og tenester

Reiseutgifter WHO

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 1997 vart det vedteke at reiseutgifter til forhandlingar og deltaking i internasjonale organisasjonar skulle dekkjast av kvart einskild fagdepartement, og ikkje under kap 116 under Utenriksdepartementet som før. Reiseutgifter i samband med Verdens helseorganisasjon (WHO) vart ikkje ivareteke ved handsaminga. Ein gjer framlegg om ei styrking på kr 400 000 til reiseutgifter knytta til WHO-arbeid.

Reiseutgifter Standardiseringsarbeid

Bruk av EU- standardar inngår i den såkalla 83/189/EØF-prosedyren som inngår i EØS-avtalen. Som ein lekk i standardiseringsarbeidet er det nødvendig med ein del reiseverksemd. Tidlegare har Norsk almennstandardisering (NAS) dekka ein del av desse utgiftene, men i 1997 er Helsetilsynet bede om å dekkje desse reiseutgiftene sjøl, heilt eller delvis. Ein treng kr 300 000 til reiseutgifter i samband med standardiseringsarbeid.

Samla gjer ein framlegg om at post 11 blir sett opp med 0,7 mill kroner, mot at kap 760 post 65 blir redusert tilsvarande.

Kap 710 Statens institutt for folkehelse

Post 01 Lønn og godtgjersle

Særavtalene for underordna og overordna legar i staten er reforhandla, jfr. omtale under Rikshospitalet. På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 1,2 mill kroner.

Post 11 Varer og tenester

Ein gjer framlegg om at det blir løyvd 0,9 mill kroner til medisinsk fødselsregister mot at løyvinga under kap 719 post 21 blir redusert tilsvarande.

På grunn av tilleggsinvesteringer er leigeavtala mellom Statsbygg og Folkehelsa utvida, noko som gir ein meirutgift på 2,4 mill kroner.

I alt gjer ein framlegg om at løyvinga blir sett opp med 3,3 mill kroner.

Post 21 Formidlingsverksemd

I februar 1997 har ein ny kikhostevaksine fått markedsføringsløyve i Noreg. Meirutgiftene ved ny vaksine blir foreløpig rekna til 16 mill kroner. Vaksine for bruk i 1998 må tingast i 1997.

Stortinget har gitt Folkehelsa fullmakt til å tinge varer for inntil 33 mill kroner ut over gitt løyving i 1997. Ein gjer framlegg om at denne fullmakta blir sett opp med 16 mill kroner til 49 mill kroner.

Kap 711 Statens rettstoksikologiske institutt

Instituttet er nasjonalt analyselaboratorium for rusmiddel, medikament og gifter der analysesvaret kan få strafferettslege konsekvensar. Instituttet har hatt eit ressursproblem knytta til legebemanninga og instituttet har derfor ikkje hatt kapasitet til å utføre det antal sakkyndige uttalelser som er nødvendig av omsyn til rettstryggleiken. Utvalet for legestillingar og stillingstruktur (ULS) har no godkjend ei styrking av legebemanninga. Ein gjer framlegg om at det blir oppretta 1 ny stilling i gruppe I som overlege.

Kap 715 og kap 3715 Statens strålevern

Under kapitlet er rekna med meirutgifter mot tilsvarende meirinntekter på samla om lag 34 mill kroner. Dette gjeld prosjekt om atomsikkerhet i Russland, radioaktivitet, UV-stråling, mammografi, persondosemetriprosjektet og ei rekkje andre prosjekt finansiert via mellom anna organisasjonar og forskningsråd.

Det blir gjort framlegg om vedtak om samtykke til i 1997 å kunne overskride løyvinga under kap 715 Statens strålevern, post 01 Lønn og godtgjersle og post 21 Særskilde driftsutgifter mot tilsvarande meirinntekter under kap 3715, post 02 Sals- og leigeinntekter og post 03 Diverse lønnsinntekter.

Kap 716 og kap 3716 Kreftregisteret

Under kapitlet er det rekna med meirutgifter mot tilsvarande meirinntekter på samla om lag 7 mill kroner. Dette gjeld prosjekt som blir finansiert av eksterne bidragsytere som mellom anna Oljedirektoratet, Kreftforeninga, Noregs forskningsråd, Nordisk ministerråd og næringslivet, til sammen om lag 4,3 mill kroner. I tillegg kjem mammografiprosjektet som utgjør om lag 2,7 mill kroner.

Det blir gjort framlegg om vedtak om samtykke til i 1997 å kunne overskride løyvinga under kap 716 Kreftregistret, post 01 Lønn og godtgjersle mot tilsvarande meirinntekter under kap 3716, post 02 Salgs- og leieinntekter og post 03 Oppdragsinntekter.

Kap 719 Andre forebyggjande tiltak

Post 21 Tilskott til helsefremmande og forebyggjande tiltak i Sosial- og helsesektoren, kan overførast

Ein gjer framlegg om at 900 000 kroner blir omdisponert til kap 710 post 11 til dekning av utgifter til medisinsk fødselsregister.

Noreg bidrar med 5,1 mill kroner til EUs folkehelseprogram i 1997 til desse programma: HIV/AIDS, kreft og helsefremmande arbeid (Health promotion). Noregs bidrag blir løyvd over denne posten. Neste folkehelseprogram om «health monitoring» (helseovervåking) vil bli starta i 1997, og bidraget frå Noreg vil bli om lag 0,3 mill kroner. Samtidig gjer ein framlegg om at 1 mill kroner knytta til EU»s kreftprogram blir flytt frå kap 760.65 til kap 719.21.

På denne bakgrunn gjer ein framlegg om at løyvinga under kap 719 post 21 blir sett opp med 0,4 mill kroner.

Post 61 Mammografiscreening

Ein gjer framlegg om at løyvinga under post 61 blir sett opp med 7,0 mill kroner mot at løyvinga under kap 760 post 65 reduseres tilsvarande. Meirbehovet kjem først og fremst av ei auke i antall stillinger i prøvefylka grunna auka kvalitetskrav i prosjektet. Kvalitetshevinga er i samsvar med alle nasjonale screeningprogram i Europa i dag og er også hovedårsaka til at programmet i Noreg så langt synest å være faglig vellykka.

Kap 720 Rehabilitering

Post 63 Rehabilitering, forsøk

Etablering av forskingssenter for kvinnesjukdommer

I ein fleirtallsmerknad i Budsjett-innst S nr 11 (1996-97), ber sosialkomitéen Sosial- og helsedepartementet om å gjere framlegg om etablering av eit forskingssenter for kvinnesjukdommer i samband med revidert nasjonalbudsjett for 1997.

Sosial- og helsedepartementet har no starta arbeidet med å utgreie planane for eit slikt senter med sikte på å innarbeide eventuelle etableringskostnader i statsbudsjettet for 1998. Utgifter til utgreiing og planleggjing av senteret i 1997 blir finansiert under kap 720 post 63.

Kap 730 Rikshospitalet

Post 01 Lønn og godtgjersle

På bakgrunn av ny særavtale for underordna og overordna legar i staten gjer ein framlegg om at løyvinga under kap 730 post 01 blir sett opp med 108,4 mill kroner.

Konsekvensar av særavtalene for legar

Særavtalene for underordna og overordna legar i staten er reforhandla, og dei nye avtalene fører til vesentlege meirutgifter. Som kjend frå fylkeskommunal sektor vart den vedtekne satsinga på oppgjeret for offentleg tilsette sjukehuslegar forholdsvis kostbar.

Av dei offentlege sjukehusa forhandlar Kommunanes sentralforbund (KS) for om lag 85 pst av legane, Oslo kommune for om lag 10 pst og staten som sjukehuseigar for om lag 5 pst. KS inngjekk sine særavtaler med legeorganisasjonane med verknad frå 1. juli 1997 bygd over ei heilt anna avtale enn før med vesentleg større utgifter når legar skal utføre meirarbeid. Oslo kommune, som er statens viktigaste konkurrent om legearbeidskraft, gjekk inn på tilsvarande avtale 1. august 1996. Av omsyn til å sikre tilstrekkeleg legearbeid til statssjukehusa i ein konkurransesituasjon, og for i det heile å få slutta ny særavtale med leganes organisasjonar, var det nødvendig å slutte ei nær identisk særavtale også for statssjukehusa.

Tabell 2.1 Oversyn over budsjettkonsekvensar i 1997 av nye særavtalar for legar fordelte på kap/post:

KapPostBenevningBeløp
710Statens institutt for folkehelse
01Lønn og godtgjersle1 200 000
730Rikshospitalet
01Lønn og godtgjersle108 400 000
734Det norske Radiumhospital
01Lønn og godtgjersle22 470 000
735Statens senter for epilepsi
01Lønn og godtgjersle900 000
737Barnesjukehus
01Lønn og godtgjersle325 000
738Helsetjenesten på Svalbard
01Lønn og godtgjersle1 100 000
740Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri
01Lønn og godtgjersle1 005 000
Sum135 400 000

Korrigert driftsramme for Nytt rikshospital

1. Bakgrunn

I samband med St prp nr 55 (1994-95) vart antall pasientar ved Nytt rikshospital i år 2000 fastsett til 30 000 og stillingsramma til 2600.

I samband med behandlinga av St prp nr 1 (1995-96) vart driftsramma for nytt rikshospital fastsett til 1275 mill kroner, som innebar ei driftsinnsparing i forhold til S III 1995 på 170 mill kroner. Det var føresetnaden at driftsramma kunne korrigerast for nye funksjonar som Stortinget vedtok etter 1. januar 1995.

I samband med St prp nr 1 Tillegg nr 3 (1996-97) vart det vedteke at aktiviteten skal haldast på dagens nivå, dvs. 33 000 pasientar, slik at driftsinnsparinga berre vil gjelde innflytting i nytt bygg. Dette er rekna til om lag 150 stillingar og om lag 70 mill kroner i høve til S III 1995. Det vart uttalt at framlegg til løyving og korrigert driftsramme for Nytt rikshospital ville bli fremma i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1997.

Driftsramma på 1 275 mill kroner og stillingsramma på 2 600 var basert på at ein skal behandle 30 000 pasientar, og ut frå budsjettet pr. 1. januar 1995 (S III 1995). Auken til 33 000 pasientar fører til at ramma må aukast. Dessutan må ramma aukast fordi det etter 1. januar 1995 er vedteke etablering av nye og utvida funksjonar. Driftsramma på 1 275 mill kroner må òg korrigerast for lønns- og prisstigning frå 1995.

Revidert drifts- og stillingsramme (ekskl. Berg gård) basert på behandling i Stortinget går fram av tabellen nedanfor:

Budsjett/driftsrammeStillingarPasientar
S III 19951 445 mill kroner2 985
St prp nr 55 (1994-95)/St prp nr 1 (1996-97)1 275 mill kroner2 60030 000
(=1 445-170)
Tillegg nr 3 (1996-97)1 375 mill kroner2 83533 000
(=1 445-70)

2. Korrigering av driftsramma

Det er oppretta fleire nye funksjonar som er lagt inn i budsjettet for 1996 og 1997.

Ein gjer framlegg om at rammene blir korrigert med følgjande funksjonar (mill kr.):

St prp, hjemmelTillegg,
driftsramme
IntervensjonsklinikkSt prp nr 55 (1994-95)
St prp nr 1 (1995-96)11,3
Økt studenttilgangSt prp nr 1 (1995-96)6,0
Høreapp. døvblitte/St prp nr 1 (1995-96)2,3
døvfødteSt prp nr 1 (1995-96)1,0
Nevrokirurgi/pas.tyngdeSt prp nr 1 (1995-96)/St prp nr 1 (1996-97)7,0
Funksjonstilskott:St prp nr 1 (1995-96)
NOROD-seminar«
kvalitetsovervåking«
transpl. koord.«
Medisinsk genetikk«4,85
NyfødtmedisinSt prp nr 1 (1996-97)3,5
NyfødtscreeningSt prp nr 1 (1996-97)1,5
Utstyr post 45St prp nr 1 (1995-96)
St prp nr 1 (1996-97)27,0
MeirinntekterSt prp nr 1 (1996-97)15,0
Styrking 1996-97St prp nr 1 (1996-97) Tillegg nr 736,9
Sum116,35
Tidlegare rammer1 375,0
Nye funksjonar116,35
lønnsauke 1996/97, 34,8+49,584,3
prisauke 1996/97, 11,9 + 6,418,3
Berg gård24,4
Ny ramme1 618,35
S III 1997 -Sophies Mindes Ortopediteknisk Senter (44,41)1 699,1
Reduksjon i forhold til S III 1997-80,75

Ein gjer framlegg om at driftsramma for nytt rikshospital for år 2000 blir sett til 1618 mill kroner medrekna Berg gård. Dette inneber ei innsparing på om lag 80 mill kroner i forhold til S III 1997. Lønnsauken på til saman 84,3 mill kroner svarar til det beløpet som er lagt inn som kompensasjon for lønnsoppgjeret i 1995 og 1996, og som er lagt inn i S III 1996 og S III 1997. Tilsvarande er prisauken på til saman 18,3 mill kroner det beløpet som er lagt inn som prisjustering på drifts- og investeringspostane i S III 1996 og S III 1997.

Summane ovanfor i samband med dei nye funksjonane er delvis basert på ei overslag ut frå skjønn, da det er vanskeleg å skilje klart mellom midlar som er teke med i driftsramma ved påplussing i samband med 3000 pasienter og midlar i samband med andre funksjonar. Ein viser her til at det tidlegare vart forutsett ei innsparing på 70 mill kroner (1995-kroner) i samband med innflytting i nytt bygg. Den nye driftsramma inneber om lag det same innsparingskravet (80 mill 1997-kroner).

Med omsyn til stillingsramma for nytt rikshospital, blir det ikkje fremma forslag om endring i denne no.

Post 11 Varer og tenester

Meirutgifter i samband med etterslep av rekninger frå 1996 og medisinske forbruksvarer

Rikshospitalet har eit driftsunderskot i 1996 som må rettast opp. Etterslepet av rekningar vil gi meirutgifter i 1997 som det ikkje er tilstrekkeleg budsjettmessig dekning for.

Det har dei siste åra vore ein auke i kostnadene til medisinske forbruksvarer med 8-10 pst kvart år på Rikshospitalet. I 1997 utgjer auken 20-30 mill kroner i høve til 1996.

Til delvis inndekning av rekninger frå 1996 og til dei auka kostnadene til medisinske forbruksvarer gjer ein framlegg om løyvinga under post 11 blir sett opp med 10 mill kroner.

Tilskott til Oslo sanitetsforening for bruk av Oslo sanitetsforenings revmatismesykehus

Oslo sanitetsforening (OS) har kravd husleige for statens bruk av Oslo sanitetsforenings revmatismesjukehus (OSR) frå den tid OSR gjekk inn i nytt rikshospital i 1994 fram til innflyttinga på Gaustad i 1998. Staten har på si side presentert eit tilbakebetalingskrav og krav om utsteding av skadesløsbrev for statens dekning av avdrag på lån til investeringar i bygget.

Det er nå gjort avtale mellom partane om eit tilskott til OS på 12 mill kroner for bruk av OSR i perioden 1. januar 1994 til 31.desember 1998. Som ein del av totaloppgjeret fråfaller staten sitt potensielle tilbakebetalingskrav knytta til dekning av lån.

Det er i avtala også fastslått at staten har eigedomsrett til løst og nagelfast utstyr og inventar som er statleg finansiert, medan OS har eigedomsrett til anna laust og nagelfast utstyr. Fordelinga av utstyr vil bli løyst ved særskild avtale.

Ein gjer framlegg om at løyvinga under kap 730 Rikshospitalet, post 11 samla blir sett opp med 22 mill kroner.

Post 30 Nybygg, kan overførast

Tilbygg på Gaustad

I samsvar med framlegg i Tillegg nr 3 til St prp nr 1 (1996-97) vedtok Stortinget å auke behandlingskapasiteten på Gaustad til 33 000 døgn- og dagpasientar pr. år, å auke kontorkapasiteten, og å gi rom for nye funksjonar. Det vart fastsett ein samla auke av arealramma i prosjektet på 11 200 m2 . Investeringskostnadene var i tilleggsproposisjonen førebels rekna til 365 mill kroner, og det var forutsatt at framlegg til løyving og korrigert driftsramme skulle fremmast i samband med Revidert nasjonalbudsjett 1997.

Statsbygg har rekna ut byggekostnaden til 337 mill kroner på grunnlag av av utførte skissearbeid for nybygg og ombyggingar. Kostnadsramma er godkjend av Finansdepartementet. Kostnader til brukarutstyr er rekna ut til 68 mill kroner. Byggjeutgiftene for 1997 blir dekt innanfor den løyvinga som er gitt.

Kap 3730 Rikshospitalet

Post 02 Sals- og leigeinntekter, post 04 DRG-refusjon og post 60 Refusjon frå fylkeskommunar

Endring i gjestepasientinntektene under post 60 som følgje av økt prisomrekning

På statssjukehusa sine budsjett for 1997 er det lagt til grunn ein prisauke på kurdøgnsprisar med 1,25 pst. Etter at St prp nr 1 (1996-97) vart lagt fram er det avgjord at dei normerte gjestepasientprisane skulle aukast med 3,25 pst lik føresetnaden for kostnadsauken i kommunesektoren.

På denne bakgrunn gjer ein framlegg om at løyvinga under post 60 blir sett opp med kroner 13 535 000. Dette blir nytta til inndekning av lønnsoppgjeret for legane i staten.

Det blir innført DRG-refusjon på RH og DNR frå 1. juli. Dette vil ikkje ha verknad på framlegget om å setje opp løyvinga under 60-postane med bakgrunn i prisauke.

Endring av gjestepasientprisar

I salderinga for 1997 vart det omtala at gjestepasientprisane ved RH ville utgjere 58 pst og for DNR 74 pst av tidlegare priser. Siden post 60 er foreslått sett opp i proposisjonen vil også kurdøgnsprisen bli endra. Fylkeskommunane vil få fråsegn i eige rundskriv.

Inntekter for hjerteutgreiingar, PTCA og MR - overføring fra post 02 til post 60

Hjartepakka, dvs. utgreiingar og PTCA behandlinger i samband med Hjartesenteret blir inntektsført på post 02 med om lag 41 mill kroner pr. år. DRG-poenga for denne verksemda er lagt inn med full verknad under post 04, og post 60 er tidlegere korrigert ut frå dette. For å få riktige gjestepasientprisar, må post 02 bli sett ned med inntektene for hjarteverksemden og post 60 bli sett opp tilsvarande.

Også inntekter for MR-undersøkelser for inneliggjande pasienter blir no ført på post 02 med om lag 13,9 mill kroner pr. år. Ein meiner at dette må gå inn i DRG-grunnlaget, og ein gjer framlegg om at også disse inntektene blir overført til post 60.

I 1997 blir effekten for 4 mndr. eller 31 pst av heilårsverknad, jf omtale om effekt av aktivitet i feriemånadene. Hjartepakka utgjer da om lag 12,7 mill kroner. MR-undersøkelser for inneliggjande pasientar utgjer 4,3 mill kroner.

Etter dette gjer ein framlegg om at løyvinga under post 02 blir sett ned med 17 mill kroner og at løyvinga under post 60 blir sett opp med 17 mill kroner.

Effekt av redusert aktivitet i feriemånader

DRG-refusjonen for 1997 er budsjettert med 4 mnd. Beløpet på 96,2 mill kroner er rekna ut frå 1/3 av heilårsverknad i 1995 (40 800) som utgjer 13 600 DRG-poeng. I 1997 inkluderer dei 4 månadene feriemånader med lågare aktivitet enn normalt. Det blir derfor ikkje rett å bruke gjennomsnittsmånad her. Ein har rekna at perioden juli-oktober 1995 utgjorde 31,0 pst av årsaktiviteten i 1995. Antall DRG-poeng for perioden vil da utgjere om lag 12 648.

Dette fører til at DRG-refusjonen er sett for høgt. På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om at løyvinga under post 04 blir sett ned med 6,735 mill kroner mot at løyvinga under post 60 blir sett opp tilsvarande.

Samandrag inntekter Rikshospitalet

Ein gjer framlegg om at kap 3730 post 60 blir sett opp med 13,535 mill kroner i samband med prisjustering, 6,735 mill kroner i samband med reduksjon av DRG-refusjon og med 17 mill kroner i samband med omdisponering av inntekter for hjarteoperasjonar.

Samla gjer ein framlegg om at løyvinga under kap 3730 post 60 blir sett opp med 37,27 mill kroner, post 02 blir sett ned med 17 mill kroner og at post 04 blir sett ned med 6,735 mill kroner.

Kap 734 Radiumhospitalet

Post 01 Lønn og godtgjersle

Særavtalene for underordna og overordna legar i staten er reforhandla, jf omtale under Rikshospitalet. Ein rekner med meirutgifter for Radiumhospitalet på 22,47 mill kroner.

Stortinget auka løyvingene med 25 mill kroner ved salderingen av statsbudsjettet for 1997 til pasientbehandling m m. Etter framlegg fra Sosial- og helsedepartementet i St prp nr 47 for 1996-97 har Stortinget 6. mai 1997 oppretta 55 nye stillingar. Ein vil tilsetje i stillingane så snart som mogleg, men ein reknar med at det blir mindreutgifter på 10 mill kroner i 1997.

Nedanfor er det gjort framlegg om ei løyving på 2 mill kroner til erstatningsutval for vurdering av stråleskadde.

Samla gjer ein framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 14,47 mill kroner.

Erstatningsutvalg for vurdering av stråleskadesaka

Sosial- og helsedepartementet har 12. mars 1997 fått ein rapport om strålebehandling av brystkreft ved Det Norske Radiumhospital frå 1975 til 1986. Rapporten konkluderer med at pasientane fekk større biverknader enn forventa. Oppfølginga vart karakterisert som mangelfull. Dessutan fekk sju pasientar behandling på feil indikasjon.

Det er i første omgang naudsynt å få ein fagleg uavhengig gjennomgang og vurdering av rapporten frå Radiumhospitalet. Basert på den endelege faglege vurderinga må erstatningsspørsmålet vurderast, og det må utarbeidast kriterium for erstatning. Til dette arbeidet gjer ein framlegg om at det blir skipa eit erstatningsutval beståande av to norske spesialistar og tre juristar.

Sosial- og helsedepartementet gjer framlegg om at løyvinga blir sett opp med 2 mill kroner. Eventuelle erstatningsbeløp vil først bli aktuelle i 1998.

Stillingar til kvote for utenlandske legar

Ein gjer framlegg om oppretting av 10 overlegestillingar i gruppe I - øremerka for utenlandske legar. Stillingane blir oppretta for å betre legedekninga ved Radiumhospitalet, som i dag blir rekna som låg. Etter oppfatninga i Sosial- og helsedepartementet vil stillingane ikkje gå inn under stillingsstrukturavtala eller legefordelingsavtala og treng derfor ikkje godkjennast av Utval for legestillingar. Radiumhospitalet vil dekkje meirutgiftene innafor sitt budsjett.

Kap 3734 Radiumhospitalet

Post 04 DRG-refusjon og post 60 Refusjon frå fylkeskommunar

Effekt av redusert aktivitet i feriemånader

DRG-refusjonen for 1997 på 28 mill kroner er utrekna ut frå 1/3 av heilårsvirknad i 1995 (11860) som utgjer 3 950 DRG-poeng. Ein reknar at perioden juli-oktober 1995 utgjorde 31,3 pst av årsaktiviteten i 1995. Antall DRG-poeng for perioden vil da utgjere om lag 3 710. Reduksjonen tilsvarar 1,7 mill kroner og ein gjer framlegg om at post 04 blir tilsvarande redusert.

Ein gjer framlegg om at post 60 Refusjon fra fylkeskommunar blir sett opp med 1,7 mill kroner mot at post 04 DRG-refusjon blir redusert tilsvarande.

Kap 735 Statens senter for epilepsi

Post 01 Lønn og godtgjersle

Særavtalene for underordna og overordna legar i staten er reforhandla, jf omtale under Rikshospitalet. På denne bakgrunn gjer ein framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 900 000 kroner.

Kap 3735 Statens senter for epilepsi

Post 60 Refusjon frå fylkeskommunar

På statssjukehusa sine budsjett for 1997 er det lagt til grunn ein prisauke på kurdøgnsprisar med 1,25 pst. Etter at St prp nr 1 (1996-97) vart lagt fram, er det fastsett at dei normerte gjestepasientprisane skal aukast med 3,25 pst lik føresetnaden for kostnadsauken i kommunesektoren.

På denne bakgrunn gjer ein framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 1,3 mill kroner.

Kap 737 Barnesjukehus

Post 01 Lønn og godtgjersle

Særavtalene for underordna og overordna legar i staten er reforhandla, jf omtale under Rikshospitalet. På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 325 000 kroner.

Kap 3737 Barnesjukehus

Post 60 Refusjon frå fylkeskommunar

På statssjukehusa sine budsjett for 1997 er det lagt til grunn ein prisauke på kurdøgnsprisar med 1,25 pst. Det er etter at St prp nr 1 (1996-97) vart lagt fram, avgjord at dei normerte gjestepasientprisane skal aukast med 3,25 pst lik føresetnaden for kostnadsauken i kommunesektoren.

På denne bakgrunn gjer ein framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 90 000 kroner.

Kap 738 Helsetenesta på Svalbard

Post 01 Lønn og godtgjersle

Særavtalene for underordna og overordna legar i staten er reforhandla, jf omtale under Rikshospitalet. På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 1,1 mill kroner.

Kap 740 Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri

Post 01 Lønn og godtgjersle

Særavtalene for underordna og overordna legar i staten er reforhandla, jf omtale under Rikshospitalet. På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 1,005 mill kroner.

Kap 3740 Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri

Post 60 Refusjon frå fylkeskommunar

På statssjukehusa sine budsjett for 1997 er det lagt til grunn ein prisauke på kurdøgnsprisar med 1,25 pst. Etter at St prp nr1 (1996-97) vart lagt fram er det fastsett at dei normerte gjestepasientprisane skal aukast med 3,25 pst lik føresetnaden for kostnadsauken i kommunesektoren.

På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 0,9 mill kroner.

Kap 3741 Statens klinikk for narkomane

Post 60 Refusjon frå fylkeskommunar

På statssjukehusa sine budsjett for 1997 er det lagt til grunn ein prisauke på kurdøgnsprisar med 1,25 pst. Etter at St prp nr 1 (1996-97) vart lagt fram er det fastsett at dei normerte gjestepasientprisane skal aukast med 3,25 pst lik føresetnaden for kostnadsauken i kommunesektoren.

På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 280 000 kroner.

Kap 751 Apotekvesenet

Post 70 Tilskott til apotek

Posten omhandlar tilskott til apotek. I 1996 vart det ein innsparing på denne posten. Totalt vart det utbetalt 5,9 mill kroner i tilskott til apotek i 1996. Til no har det i 1997 kome om lag like mange søknader om tilskott til Helsetilsynet som i fjor. I år er det løyvd 15 472 000 kroner på denne posten. Ein gjer framlegg om at løyvinga blir sett ned med 7,5 mill kroner.

Post 72 Tilskott til fraktrefusjon av legemiddel

Postverket har sett opp oppkravsgebyret frå 17 kroner til 31 kroner. I tillegg kjem ein generell portoauke på 1 krone pr. pakke. Ein gjer framlegg om at løyvinga under posten blir sett opp med 7,5 mill kroner mot at løyvinga under kap 751 post 70 blir redusert med 7,5 mill kroner.

Kap 760 Fylkeskommunanes helse- og sosialteneste

Post 61 Refusjon poliklinisk verksemd ved sjukehus

Ein gjer framlegg om at løyvinga under posten blir sett ned med 3,2 mill kroner til inndekning av framlegg under kap 760 post 67.

Post 65 Tilskott til pasientbehandling, rehabilitering m m

Nytt system med innsatsstyrt finansiering (ISF) skal bli sett i verk frå 1. juli 1997. Både Rikshospitalet og Radiumhospitalet reknekapsfører utgifter og inntekter etter kontantprinsippet. Derfor vil midler knytta til ISF-finansieringa bli utbetalt for berre 4 månader til disse sjukehusa i 1997. Dette var det ikkje tatt omsyn til da budsjettet for 1997 vart utarbeidd.

På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om at løyvinga under post 65 blir sett ned med 66,8 mill kroner til å dekkje andre framlegg. I tillegg gjer ein framlegg om at 1 mill kroner som gjeld EU's kreftprogram blir flytt frå kap 760 post 65 til kap 719 post 21.

I alt gjer ein framlegg om at kap 760 post 65 blir sett ned med 67,8 mill kroner.

Post 67 Andre tilskott

Stortinget løyvde i 1996 3,2 mill kroner til yrkesmedisinsk avdeling ved Telemark sentralsjukehus. Ved en feil vart dette beløpet ikkje utbetalt til Telemark fylkeskommune i 1996.

Ein gjer framlegg om eit tilleggsløyve på 3,2 mill kroner mot at den vedtekne løyvinga under kap 760 post 61 Refusjon poliklinisk behandling i sjukehus blir redusert tilsvarande.

Kap 2600 Trygdeetaten

Post 01 Lønn og godtgjersle

Ein gjer framlegg om at det blir oppretta 1 stilling i gruppe I som assisterende trygdedirektør mot at 1 fast stilling i gruppe II blir trekt inn.

Ein gjer også framlegg om at løyvinga under post 01 blir sett ned med 11 mill kroner til inndekning av framlegg under kap 2603 m.fl.

Kap 2601 Hjelpemiddelsentralane

Post 01 Lønn og godtgjersle

Hjelpemiddelsentralane har dei siste åra vore under oppbygging. Det har tatt lengre tid enn forutsett ved budsjetteringa å tilsetje i nye stillingar. Dette har ført til at det er overført relativt store beløp frå eit år til neste. På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om at løyvinga blir sett ned med 5,5 mill kroner til inndekning av framlegg under kap 674, post 21.

Kap 2603 Trygderetten

Post 11 Varer og tjenester

Arbeidet med implementering av nytt edb-utstyr har gått noko seinare enn venta, slik at nytt Edb-system ikkje vart anskaffa i 1996 som planlagt. Det skal i staden kjøpast hausten 1997. Delar av løyvinga vart derfor ikkje nytta i 1996. Ein gjer framlegg om at løyvinga under post 11 Varer og tenester blir sett opp med 2 mill kroner, mot at kap 2600 post 01 blir sett ned tilsvarande.

Kap 2650 Sjukepengar

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m v

Det har vore ein jamn vekst i sjukepengeutbetalingane sida midten av 1995. I 1996 vart det utbetalt 10 396 mill kroner i sjukepengar for arbeidstakarar. Dette tilsvarar ein vekst i sjukefråværet på nær 8,5 pst samanlikna med året før.

På bakgrunn av dette og sjukepengeutbetalingene i første kvartal 1997 gjer ein framlegg om at løyvinga under post 70 blir sett opp med 120 mill kroner.

Kap 2711 Diverse tiltak i fylkeshelsetenesta

Post 74 Tilskott til særskilde helseinstitusjonar

Kap 2711 post 74 omfatter mindre ikkje-regionaliserte institusjonar som er godkjende etter reglane i § 1, anna ledd i sjukehuslova. Frå og med 1996 vart tre nye institusjonar, Glittreklinikken, Granheim lungesenter og Modum Bads nervesanatorium, plassert på posten, slik at han no omfattar 9 institusjonar.

Ein har ved fastsetjinga av budsjett for institusjonane for inneverande år ikkje kompensert for dei faktiske utgifter lønnsoppgjeret i fjor førte til.

På denne bakgrunn gjer ein framlegg om ei styrking av posten med 15 mill kroner. Det er da òg teke omsyn til at Glittreklinikken kan auke sitt kurdøgnsantall frå 15 695 til 19 710. Det er no mogleg etter ferdigstilling av eit moderniseringsarbeid.

Departementet gjer framlegg om at løyvinga under kap 2711 post 74 blir sett opp med 15 mill kroner.

Kap 2751 Medisinar m v

Post 70 Legemiddel

Ein viser til Dokument 8 - framlegg i Stortinget om refusjon for medisiner mot multippel sklerose. Flertallet gjer her følgjande framlegg:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag i Revidert Nasjonalbudsjett slik at godkjente legemidler for multippel sklerose gis refusjon under blåreseptordningen fra 1. juli 1997 til MS-rammede pasienter som etter vurdering av spesialist vurderes til å kunne dra nytte av medikamentet.»

Utgiftene for trygda blir førebels vurdert til 80 mill kroner pr år (40 mill kroner i 1997). Utgiftsoverslaget kan bli justert noko etter ein meir nøyaktig vurdering av indikasjonen i blåreseptordninga. Departementet gjer framlegg om at løyvinga under kap 2751 post 70 blir sett opp med 40 mill kroner.

Om statens eigarskap i norsk medisinaldepot (NMD)

1. Innleiing og hovudinnhald

I denne proposisjonen blir det bede om fullmakt frå Stortinget til Sosial- og helsedepartementet til å føre forhandlingar med sikte på sal (heilt eller delvis) av statens eigarinteresser i Norsk Medisinaldepot.

Proposisjonen omtaler dei marknadsmessige endringar som NMD har gjennomgått sidan etableringa som statsaksjeselskap 1. januar 1993 og dei utfordringane som bedrifta har vorte konfrontert med etter at monopolstillinga for NMD vart oppheva som følgje av EØS-avtala frå og med 1. januar 1995. Etter denne datoen vart det opna for fri etableringsrett på grossistleddet innanfor fastsette legemiddelfaglege konsesjonskrav.

Etter omdanninga av NMD til aksjeselskap, ref. St prp nr 112, 1991-92, og Innst S nr 19, 1992-93, har ikkje NMD lenger nokon helsepolitisk rolle. Institusjonen har innanfor dei etablerte rammevilkåra for grossistverksemd drive ordinær forretningsverksemd.

Dei motstridande interessene som kan liggje i Sosial- og helsedepartementets dobbeltrolle som regulator av legemiddelmarknaden og som eigar av den største grossisten, kan tilseie eit skilje mellom desse funksjonane.

Ut frå ovannemnde vurderingar blir dei ulike argumenta i proposisjonen for og mot sal av statens eigarinteresser i Norsk Medisinaldepot gjennomgått.

2. Bakgrunn

Fram til 1. januar 1995 hadde NMD einerett på import og engrosomsetnad av legemiddel forutan fleire forvaltningsmessige oppgåver. Etter denne datoen, og som følgje av EØS-avtala, vart det opna for fri etablering i grossistleddet, innanfor fastsette legemiddelfaglege konsesjonskrav.

Omdanninga av NMD frå statsbedrift til statsaksjeselskap vart vedteke av Stortinget på grunnlag av St prp nr 112 frå 1991-92 og Innst S nr 19 1992-93.

På side 5 i proposisjonen uttalte departementet mellom anna følgjande:

«Innenfor de nasjonale rammevilkår som fastsettes, vil NMD måtte drive ordinær forretningsvirksomhet i konkurranse med andre selskaper som får lisens for slik virksomhet ...........

De faglige og sikkerhetsmessige krav til slik virksomhet vil bl.a. bli ivaretatt gjennom de betingelser som myndighetene vil stille for å gi lisens til slik virksomhet. Videre må det understrekes at denne delen av legemiddelmarkedet fortsatt skal underlegges sterk offentlig faglig kontroll og inspeksjon/tilsyn.»

Eit fleirtal i Stortingets sosialkomite slutta seg i Innst S nr 19, 1992-93, til departementet sitt framlegg. På den bakgrunn fremma Sosial- og helsedepartementet i St prp nr 1, Tillegg nr 8 (1992-93) framlegg til fastsetjing av kapitalstruktur m.v. i Norsk Medisinaldepot. I samband med dette uttalte departementet på side 3 i proposisjonen:

«For fremtiden vil Sosialdepartementet legge til grunn at selskapet skal gi en avkastning på anslagsvis 13 pst av den reelle verdien i konsernet. Størrelsen på det årlige utbyttet vil bli fastsatt i forhold til det overskudd selskapet genererer.»

I Budsjett-innst S nr 11 Tillegg nr 1 (1992-93) slutta Stortinget seg til den foreslåtte kapitalstrukturen utan ytterlegare merknader.

Omdanninga av NMD til statsaksjeselskap inneber at rolla for bedrifta endra seg frå å vere eit statleg instrument for ivaretaking av viktige helsepolitiske oppgåver, til å skulle opptre på reine forretningsmessige vilkår i ein konkurranseutsett grossistmarknad. Dei helsepolitiske målsetjingane skulle etter dette ivaretakast gjennom konsesjonsvilkåra for grossistverksemda. Omlegginga innebar:

NMD's tidlegare helsepolitiske rolle:

  • sikre forsyning av legemiddel på landsbasis og levere eit fullstendig sortiment av legemiddel,

  • sikre beredskapsevnen,

  • sikre like legemiddelprisar over heile landet,

  • bidra til rett legemiddelbruk,

  • bidra til at samfunnets løyvingar til legemiddel blir lågast mogleg gjennom effektiv distribusjon.

Dagens ivaretaking av dei helsepolitiske omsyna:

  • krav til sortimentsbredde og leveringsplikt innan 24 timar er innarbeidd i konsesjonsvilkåra,

  • staten betaler for beredskapstenester,

  • prisregulering gjennom maksimal apoteksutsalspris,

  • rett legemiddelbruk blir ivareteke av Statens legemiddelkontroll og Helsetilsynet,

  • konkurranse skal sikre legemiddel til lågast mogleg pris og effektiv distribusjon.

3. Utviklingstrekk i grossistmarknaden

Heile den europeiske legemiddelgrossistbransjen har dei seinaste åra vore utsett for eit stort pris- og konkurransepress, hovudsakleg fordi styresmakter og forsikringsselskap som sluttbetalarar har vorte stadig meir prisbevisste på legemiddelkonstnadene. Leiande grossistar har respondert på denne utviklinga mellom anna ved å gå saman i større einingar med representasjon i fleire land. Gjennom dette har ein oppnådd meir effektiv drift samstundes som forhandlingsposisjonen for grossistane overfor legemiddelindustrien har vorte styrka. Frå 1989 til 1994 har ein følgjeleg observert at marknadsandelen til dei fem største aktørane i den sentraleuropeiske marknaden har stege frå 29 til 63 prosent.

I Sverige finns det to grossistar, ADA og Kronans Droghandel. Kronans Droghandel er 100 pst privateigd. ADA er eigd av Tamro AB, Finland, der Svenske apoteksbolaget eig 45,5 pst av aksjane. Den svenske staten eig igjen 2/3 av Apoteksbolaget. Svenske styresmakter har signalisert at dei vil selje seg ut av ADA.

I Danmarker det tre grossistar. Dei er alle eigde av private.

Etter at det i Noreg frå og med 1. januar 1995 vart opna for fri etablering i grossistleddet, innanfor fastsette legemiddelfaglege konsesjonskrav, har det kome to nye grossistar; Holtung AS (eigd 51 pst av Kronans Droghandel, Sverige og 49 pst av norske apotekarar) og ADA.

Pr. august 1996 hadde NMD ein marknadsandel på 75,1 pst, Holtung ein andel på 22,3 pst, mens ADA hadde ein andel på 2,6 pst. Ein oppstilling av omsetjingstal for dei tre aktørane viser at dei to nye aktørane så langt har oppnådd størst dekning i meir sentrale strøk. Det er likevel ingen indikasjonar på at dei nye grossistane ikkje innfrir dei gjeldande krava til sortimentsbredde og leveringsplikt.

3.1 Situasjonen for NMD

I St prp nr 1, Tillegg nr 8 (1992-93) vart det lagt til grunn ein avkastning på 13 pst av dei reelle verdiane i konsernet. Stortinget hadde ingen merknader til denne føresetnaden.

Den nye konkurransesituasjonen for legemiddelgrossistane har svekka den økonomiske situasjonen for NMD monaleg. Fallande marginar og tap av marknadsdelar har ført til at NMD sitt resultat før skatt har gått ned frå eit overskott på over 100 mill kroner i 1993 til et forventa tap i 1996 utrekna til 10 mill kroner.

Kostnadsstrukturen til NMD med langt høgre del faste kostnader enn hovudkonkurrenten Holtung gjer at NMD er meir sårbar for vidare tap av marknadsdel enn Holtung, som på eitt år har oppnådd ein marknadsdel på 23 pst. Med tanke på NMD sin framtidige posisjon i den norske grossistmarknaden, vil det derfor være nødvendig for selskapet å knytte til seg nye alliansepartnarar. Om den negative utviklinga for NMD held fram, er det ein monaleg fare for at selskapets verdi vil falle ikkje uvesentleg.

Styret i NMD har gripe fatt i denne situasjonen. På styremøtet den 1. mars 1996 gjorde ein følgjande vedtak:

«Styret ønsker en klarlegging av nasjonale og internasjonale utviklingstrekk knyttet til legemidler og legemiddelomsetning. I forbindelse med situasjonen i Norge ønskes særlig klarlagt:

  • omsetningsstruktur og vareflyt, herunder rammebetingelser for NMD og andre aktører i det norske marked,

  • de helsepolitiske målsetting knyttet til legemidler og distribusjon, og NMD's plass i dette bildet,

  • NMD's eierstruktur.

I et internasjonalt perspektiv ønskes klarlagt relevante utviklingstrekk og disses innvirkning på NMD's utvikling. I en slik sammenheng vil det være ønskelig å få klarlagt om det finnes samarbeidsformer med nordiske eller andre internasjonale aktører som kan bidra til NMD's videre utvikling og samtidig være tjenlige for NMD's utvikling og betjening av det norske marked innenfor selskapets primærområder.

Styret vil anse det formålstjenlig at det i dette arbeid engasjeres ekstern kompetanse,...... .

Styret anser det for meget viktig at selskapets eier informeres og gir sin tilslutning til den utviklingsprosess som her anbefales.»

I brev av 29. mai 1996 til NMD sitt styre gav Sosial- og helsedepartementet sin tilslutning til at dette arbeidet kunne settast i gang med ein tidsfrist for tilbakemelding til departementet innan 1. oktober 1996.

I juni 1996 fekk firmaet McKinsey & Company i oppdrag frå NMD sitt styre å gjennomføre eit oppdrag for å vurdere alternative strategiske opsjonar. Føremålet med prosjektet har vore å avklare NMD sine alternative vegvalg for å bli konkurransedyktig.

McKinsey's rapport låg føre 2. oktober 1996 og hadde følgjande hovudtilrådingar til styret:

  • NMD bør freiste å inngå i ein større pan-europeisk allianse

  • Rask løysing vil maksimere verdien for eigar

  • Velje alliansepartnarar blant fleire kvalifiserte selskap basert på kven som betaler mest, uavhengig av prognosar om utvikling av rammevilkåra på lang sikt

  • Fullstendig utsal av NMD til ein alliansepartner er beste løysing for eigar og NMD

På bakgrunn av rapporten frå McKinsey oppmoda NMD sitt styre i brev av 3. oktober 1996 til Sosial- og helsedepartementet om:

«et mandat som setter styret i stand til å gjennomføre en søke- og forhandlingsprosess med sikte på et tilfredsstillende realisering av eiers verdier i en tjenlig allianseløsning med en egnet strategisk partner.»

3.2 Strømutvalet

I NOU 1997:6 om Rammevilkår for omsetnad av legemiddel uttaler eit samstemmig utval på side 143:

«De motstridende interessene som ligger i rollen som regulator av legemiddelmarkedet og som eier av en av aktørene , tilsier et skille mellom disse funksjonene. Utvalget kan ikke se at NMD har en selvstendig helsepolitisk rolle i dagens situasjon med konkurrerende grossister. De helsepolitiske målsettingen må ivaretas gjennom de krav og vilkår som stilles generelt til grossistvirksomheten. Det er derfor ingen grunn til at staten skal eie NMD ut fra et reguleringshensyn.

Den eneste grunnen til et eventuelt offentlig eierskap av NMD ligger i de forventninger som legges til grunn om avkastning på sysselsatt kapital, med andre ord en vurdering av om det er god forretning for staten å eie en av grossistaktørene.»

4. Sosial- og helsedepartementets vurdering

Sosial- og helsedepartementet oppfattar situasjonen slik:

  • Norsk Medisinaldepot er pressa reint konkurransemessig. Bedriften har ikkje lenger tilfredsstillande inntening og treng tilførsel av risikovillig kapital og kompetanse for å kunne drivast vidare som ein livskraftig bedrift.

  • Lar ein vere å gjere noko nå, vil etter alt å døme verdien av NMD gradvis synke. Dette vil kunne innebere ein dårleg statleg kapitalforvaltning.

  • For å få ned prisane på medisinar må legemiddelmarknaden gjerest meir effektiv. Eit viktig bidrag i så måte vil vere å styrkje NMD si rolle som grossist. Dette kan best skje ved å bringe inn nye, strategiske eigarar i bedrifta.

  • Sosial- og helsedepartementet har ei uheldig dobbeltrolle både som regulator av legemiddelmarknaden og som grossisteigar.

NOU 1997:6, Rammevilkår for omsetning av legemiddel (Strøm-utvalet) og NOU 1997:7, Piller, prioritering og politikk (Grund-utvalet) er nå ute på høyring. Sosial- og helsedepartementet har på bakgrunn av desse utgreiingane varsla ein samla gjennomgang av legemiddelområdet til Stortinget. Dette kan eventuelt tilseie at spørsmålet om NMD sin eigarstruktur blir drøfta i den samanheng.

Sosial- og helsedepartementet vil likevel vise til styret sitt vedtak av 3. oktober 1996 og tilrådingane i rapporten frå McKinsey som understrekar behovet for strakstiltak på eigarsida. Omsynet til bedrifta si konkurranseevne, til arbeidsplassane og ein forsvarleg forvaltning av statlege eigarinteresser, tilseier at spørsmålet om NMD sin framtidige eigarstruktur må avklarast så raskt som mogleg.

Det kan nemnast ulike argument for og mot sal av statens eigarinteresser i Norsk Medisinaldepot. Nedanfor går ein på ein summarisk måte gjennom dei viktigaste argumenta.

Argument mot sal av NMD:

  • Det er viktig med offentleg eigarskap av ein legemiddelgrossist for å unngå at det oppstår private monopol som kan utnytte stillinga si.

  • Private eigarar kan velje å alliere seg med legemiddelindustrien for å ta ut profitt frå betalarar/folketrygda.

  • Bedriften sitt effektiviseringsbehov vil føre til tap av arbeidsplassar.

  • Framtidig forventning om god avkasting på statens kapital i NMD.

Argument for sal av NMD:

  • Dagens ordning gir ei uheldig samanblanding av Sosial- og helsedepartementet sine roller som regulator av legemiddelmarknaden og som eigar av grossistfirma.

  • På lengre sikt kan ikkje selskapet klare seg aleine utan tilførsel av meir kapital, nye alliansepartnerar.

  • Staten sit på store verdiar som raskt kan forringast ved uendra eigarstruktur.

  • Den helsepolitiske styringa av grossistmarknaden blir ivareteken gjennom konsesjonsvilkåra i grossistforskriften.

  • NMD som bedrift vil kunne styrkast gjennom sterkare alliansepartnarar. Kompetanseoverføring innan logistikk og IT-løysingar vil kunne styrkje den operasjonelle drifta. Ein sterkare grossist vil kunne forsterke forhandlingsposisjonen mot industrien og sikre konkurransen i marknaden.

  • Private eigarar vil ha sterkare incentiv for effektivisering av bedriften.

  • Meir konkurranse i grossistmarknaden vil gje lågare medisinprisar.

  • Det er relativt låge etableringskostnader i grossistmarknaden. Det er derfor lite truleg at private aktørar vil kunne utøve monopolmakt.

Dersom ein vel å selje står ein overfor følgjande handlingsalternativ:

  1. 1.

    Fullt utsal frå statens side

  2. 2.

    Staten held att ein minoritetsposisjon

  3. 3.

    Staten held att ein majoritetsposisjon

Nedanfor blir argumenta for og mot dei ulike salsalternativ gjennomgått:

- Fullt utsal:

Argument for:

  • gir truleg eigar best pris fordi det framstår som mest attraktivt for ein kjøpar,

  • gjer ein rask og effektiv realisering av synergier og kompetanseoverføring mogleg. Sikrar størst verdiskaping for bedrifta,

  • minimerer risiko for noverande eigar,

  • vil sikre den beste konkurransesituasjonen i grossistmarknaden,

  • unngår at staten på nokon måte kan kome i uheldige dobbeltroller.

Argument mot:

  • staten fråskriv seg sjansane til å påverke legemiddelmarknaden gjennom å inneha eigardeler i eit grossistfirma,

  • statleg eigardel i eit grossistfirma kan brukast som verkemiddel for å presse legemiddelindustrien,

  • avskjer det offentlege heilt frå ein mogleg verdiauke i selskapet i framtida.

- Staten som minoritetseigar:

Dette alternativet inneber at staten foretar eit majoritetsutsal på 66 prosent og sit att med negativt fleirtal.

Argument for:

  • gir staten «ei hand på rattet» når det gjeld å påverke strukturen i grossistmarknaden,

  • gjer det mogleg for staten å medverke til strategiske alliansar på grossistnivå for å effektivisere legemiddelmarknaden og derigjennom lågare legemiddelprisar,

  • gjer det mogleg å få del i en eventuell framtidig verdiauke i bedriften.

Argument mot:

  • vil gi staten ein dårlegare pris samanlikna med fullt utsal,

  • unngår ikkje at staten kan kome i dobbeltroller,

  • en minoritetsposisjon vil ikkje gi staten nok tyngde til å påverke effektiviseringa av grossist- og legemiddelmarknaden.

- Staten som majoritetseigar:

Argument for:

  • gir staten betre kontroll med NMD,

  • gir best forhandlingsstyrke i forhold til produsent og detaljist i legemiddelmarknaden og derigjennom lågare legemiddelprisar,

  • gir størst tyngde for staten mht. til å drive fram ei effektivisering av distribusjonsledda,

  • gjer det mogleg å få del i ein framtidig verdiauke i bedriften.

Argument mot:

  • gir truleg dårlegast pris til eigar samanlikna med fullt utsal eller majoritetsutsal,

  • gjer NMD mindre interessant for evt kjøparar,

  • gjer det vanskelegare å realisere synergier og kompetanseoverføring,

  • vil verke negativt mht. å få til effektivisering og auka verdiskaping i bedriften,

  • gir ein dårlegare konkurransesituasjon i grossistmarknaden,

  • staten oppretthalder si dobbeltrolle,

  • gjer at nåverande eigar (staten) framleis utset seg for betydelig risiko,

  • vil neppe gi ein framtidig akseptabel avkastning på kapitalen,

  • gir liten fridom for omstrukturering av bedriften,

  • hindrar nødvendig tilførsel av risikovillig kapital til bedriften,

  • lite attraktivt for strategiske alliansepartnarar.

5. Tilråding

Ut frå ei totalvurdering vil ein tilrå at ein går igang med forhandlingar med sikte på sal (heilt eller delvis) av statens eigarinteresser i Norsk Medisinaldepot.

Ettersom NMD etter omdanninga til statsaksjeselskap i 1993 og dereguleringa av grossistmarknaden ikkje lenger har nokon helsepolitisk rolle, men berre skal drive regulær forretningsverksemd, er det lite som tilseier at staten bør oppretthalde eigarskapet av selskapet. Dei helsepolitiske omsyna blir i dag ivareteke i tilstrekkeleg grad gjennom krava i grossistforskriften om fullsortiment og leveringsplikt. Desse vilkåra skal oppretthaldast.

Følgjande omsyn skal særleg vektleggjast i forhandlingane:

  • oppnå best mogleg pris for eigar,

  • sikre kjøpar/ alliansepartnarar som bidrar til auka konkurranse og effektiv ressursbruk i legemiddelmarknaden,

  • styrke bedriftens markedsposisjon og trygge arbeidsplassane,

  • sikre en forsvarleg beredskap av legemiddel.

Disse ulike omsyna må vegast opp mot kvarandre og vil til slutt vere avgjerande for i kva grad ein bør velje fullt utsal eller ikkje, og om ein eventuelt bør stå att som minoritets- eller majoritetseigar.

Om eigenjournal

Sosial- og helsedepartementet viser til innstilling frå sosialkomiteen om forslag om å be Regjeringa å fremje forslag om å innføre eigenjournal i norsk helsevesen (Dokument nr 8:44 for 1993-94)

Følgjande vedtak vart gjort på grunnlag av Innst S nr 21 (1994-95):

«Vedtak:

Dokument nr 8:44 for 1993-94 - Forslag frå stortingsrepresentant John Alvheim om å be Regjeringa å fremje forslag om innføring av eigenjournal i norsk helsevesen - blir oversendt regjeringa til utreiing og høyring.»

Ein definisjon av eigenjournal er at det er eit sett av helseopplysningar om ein person, som er i personens eige og varetekt, og som ein venter at personen gir vidare til helsepersonell som treng journalen.

I dag er det ikkje heimel for å påleggje helsepersonell å føre eigenjournal. Spørsmålet om innføring av eigenjournal i norsk rett reiser fleire sentrale problemstillingar. For det første kan det reisast spørsmål om forholdet mellom ulikt helsepersonell si journalføringsplikt og eigenjournal. Vidare spørsmål om alt helsepersonell eller ein avgrensa krets skal få tilgang til eigenjournalen. Det kan også reisast spørsmål om ansvar for dei opplysningar eigenjournalen inneheld, og eventuelt ansvar for manglande opplysningar.

Etter Sosial- og helsedepartementets vurdering er det nødvendig å utgreie disse spørsmål grundig, og andre relevante spørsmål i tilknyting til eigenjournal før det blir gjort framlegg om rettsleg regulering. Slik utgreiing kan knytast til arbeid med revisjon av journalforskrifta. Sistnemnde arbeid vil starte hausten 1997.

Om kontroll med innhaldet i rulletobakk

Sosial- og helsedepartementet viser til innstilling frå Sosialkomiteen om lov om endringer i lov av 9. mars 1973 nr. 14 om vern mot tobakksskader (Innst O nr 26 (1994-95).

Følgjande vedtak vart gjort på grunnlag av Innst O nr 26 (1994-95):

«Vedtak II C:

Stortinget mener det bør utøves kontroll med innholdet i tobakksproduktene, og ber Regjeringen vurdere om en kan ta dette inn under produktkontrolloven.»

Etter Sosial- og helsedepartementet si vurdering inneheld tobakksskadeloven nødvendig heimel for eventuelt å gje nærare lovføresegn om innhaldet i tobakksprodukt. Departementet viser til § 4 i loven som lyder slik:

«Departementet kan gi forskrifter om tobakksvarers innhold, herunder maksimalgrense for bestanddeler, vekt, filter, innpakning m.v.»

Vi finn det derfor føremålstenleg at framtidige lovføresegn om innhaldet i tobakksvarer blir heimla i tobakksskadeloven som er ein spesiallov på området, og ikkje i produktloven.

Å etablere ei analytisk kontrollverksemd som gjeld ingrediensar i tobakk (nikotin, tjære) er i følgje Statens institutt for folkehelse svært ressurskrevjande. Dette vil krevje spesiell prøvetakings- og analyseinstrumentering samt lengre tids utvikling. Dette gjeld også for utvikling av tilfredsstillande analysemetodar.

Det har vorte trekt fram at det internasjonale bransjeorganet CORESTA arbeider med å utvikle ein internasjonal analysemetode. Dette arbeidet ser no ut til å trekje ut i tid trass i press frå fleire land, mellom anna Noreg. Sosial- og helsedepartementet har bede Statens tobakksskaderåd om ei nærmare utgreiing om status for CORESTA sitt arbeid og moglege tiltak som Statens tobakksskaderåd har gjort/planlegg for å setje press i denne sammanhengen. Sosial- og helsedepartementet har vidare bede Statens tobakksskaderåd om å kome med forslag til alternative tiltak som kan oppfylle vedtaket.

2.7 Barne- og familiedepartementet

Kap 860 Forbrukarrådet

Post 11 Varer og tjenester

I samband med påbygginga av Statens Hus i Nord-Trøndelag har Forbrukarrådet flytta inn i nye og større lokaler. Dette gjev auka husleigekostnader for leigetakarane som for Forbrukarrådet sin del utgjer 53 000 kroner kvart år. Ein gjer framlegg om tilsvarande auke av løyvinga under kap 860 Forbrukarrådet post 11 Varer og tenester. Ein viser elles til omtale av konsekvensane av utbygging av Statens hus i Nord-Trøndelag under kap 2445 Statsbygg.

Kap 866/3866 Statens institutt for forbruksforskning (SIFO)

Statens institutt for forbruksforskning har utvikla og marknadsført ein del dataprogram på økonomiområdet retta mot den kommersielle marknaden, med privatpersonar og økonomiske rådgivarar som målgruppe. Dette vart gjort med utgangspunkt m.a. i Statens institutt for forbruksforsking si forsking og utgreiing på området hushaldsøkonomi og oppdrag frå styresmaktene på byrjinga av 90-talet med å utarbeide eit dataprogram for namsmennenes sakshandsaming etter gjeldsordningslova.

Arbeidet knytt til den såkalla «SIFO-modellen» har sysselsett inntil 13 personar ved instituttet, og det mest selde produktet, «SIFO-modellen Privatøkonomi», har i perioder vore eit av dei leiande PC-baserte økonomiprogramma i marknaden. Programvareverksemda, inkludert vedlikehald og kurs, gav i 1996 inntekter på om lag 8,5 mill kroner. Verksemda har både for 1995 og 1996 vist eit driftsunderskott i storleiken 1,7 mill kroner, slik dette kjem fram i statsregnskapen for desse åra. Ny gjennomgang som SIFO har gjennomført viser at underskottet for 1996 kan bli noko høgre. Førebels overslag for 1997 viser også eit markert underskott.

I mars 1997 vart det ved kongeleg resolusjon gjort vedtak om at SIFO skal avvikle sitt engasjement når det gjeld utvikling og marknadsføring av dataprogram. Vedtaket vart gjort ut frå ei vurdering av det økonomiske underskottet, den økonomiske risikoen og det meir prinsipielle om at staten ikkje bør subsidiere slik verksemd som konkurrerer i ein privat marknad. På grunn av kostnadene ved vidare drift og vedlikehald av dataprogramma og fordi nøkkelpersonell hadde sagt opp stillingane sine, var det viktig at det vart teke ei rask avgjerd. På grunn av dette og for å avgrense tapa for staten vart saka avgjort ved kongeleg resolusjon.

Etter annonsering, og etterfølgjande forhandlingar, vart det 23. april 1997 inngått avtale med eit datafirma (daTax Software AS) om overdraging av rettar og forpliktingar knytt til dei tre reint kommersielle programvariantane ( « SIFO-modellen Privatøkonomi», « SIFO-modellen Standard» og programkonseptet « Proff»). Kontantvederlaget for dei tre produkta samla er kr 400 000. Avtalen inneber at kjøpar skal ivareta alle eksisterande forpliktingar overfor SIFO sine kunder.

Barne- og familiedepartementet går no gjennom alle økonomiske sider knytta til avhendinga av SIFO-modellen. Stortinget vil få orientering om dei samla budsjettmessige konsekvensane av salet, herunder det regnskapsmessige underskottet.

Dei to enkeltprogramma som tener som direkte støtte for sakshandsaming etter gjeldsordningslova, vil inntil vidare bli ført vidare i regi av dei berørte departementa.

Kap 2530 Fødselspengar

I samband med handsaminga av Velferdsmeldinga, har Stortinget bede regjeringa om å fremje forslag om endringar i folketrygdlova slik at fedre får fødselspengar uavhengig av mora sin stillingsbrøk.

Av langtidsprogrammet 1998-2001 går det fram at regjeringa vil arbeide med sikte på sjølvstendig oppteningsrett til fødselspengar for yrkesaktive fedre. Spørsmålet om fedre skal få fødselspengar basert på eigen fulltids opptening sjølv om mor arbeider deltid vil bli vurdert i samband med innføring av sjølvstendig oppteningsrett for fedre.

2.8 Nærings- og handelsdepartementet

Kap 900 Nærings- og handelsdepartementet

Post 11 Varer og tenester

Ved salderinga av statsbudsjettet for 1997 fekk Nærings- og handelsdepartementet eit tillegg på kr 375 000 som kompensasjon for meirkostnader i samband med omorganiseringa. Det vart derimot ikkje tatt omsyn til og lagt inn midlar til andre meirutgifter i samband med endra lokalisering og deling av departementa.

Nærings- og handelsdepartementet og Olje- og energidepartementet skal lokaliserast i R4 i Regjeringskvartalet. Den endelege innplasseringa av departementa kan ikkje fastleggjast før Fiskeridepartementet har flytta inn i nye lokalar utanfor R4. Fiskeridepartementet vil etter dei planer som ligg føre, ikkje kunne gjennomføre full utflytting før vinteren/våren 1998.

Det er likevel klart at både Nærings- og handelsdepartementet og Olje- og energidepartementet vil få auka utgifter, både eingongsutgifter og årleg auka driftsutgifter, som følgje av at administrative funksjonar må splittast og i ein overgangsperiode delvis dublerast. Det er ikkje mogleg å ha full oversikt over meirutgiftene på noverande tidspunkt. På grunnlag av førebels utrekningar vil årlege driftsutgifter knytt til edb, bibliotek og andre fellesfunksjonar auke med om lag 1 mill kroner for kvart av departementa. Dette tilsvarar den effektiviseringsvinsten på 2 mill kroner som vart trekt inn i budsjettet for 1994 etter samanslåinga av Næringsdepartementet og Olje- og energidepartementet, jf. St prp nr 1 for 1993-94 for Nærings- og energidepartementet. I tillegg vil det bli utgifter i samband med ombygging og flytting. Tele- og datainfrastruktur må leggjast om/graderast opp for å knyte dei nye lokala til resten av lokalnettet for kvart av departementa.

Nærings- og handelsdepartementet reknar med ein samla sum på minst 2,5 mill kroner til å dekkje nødvendige meirkostnader i samband med omorganiseringa. Av dette vil om lag 1,5 mill kroner vere eingongsutgifter og om lag 1 mill kroner permanent auka administrasjons- og driftskostnader. I tillegg kjem meirutgifter til ombygging og flytting i 1997 og 1998 som ikkje kan dekkjast innanfor budsjetta til OED eller NHD. Ein må kome tilbake til dette seinare når dei økonomiske konsekvensane ved endra plassering i R4 er endeleg klarlagt.

I samband med rokkeringsprosjektet i Regjeringskvartalet i 1996 vart årleg husleige for det daverande Nærings- og energidepartement justert opp med om lag 2,9 mill kroner med verknad frå 1.7.96. Budsjettvirkninga for 2. halvår 1996 vart dekt ved tilleggsløyving på NOE sitt budsjett gjennom St prp nr 15 for 1996-97. Husleiga for det gamle NOE er førebels lagt inn på OED sitt budsjett under kap 1800, post 11 for 1997 med eit årsbeløp tilsvarande den gamle leiga som galdt før leigereguleringa pr. 1.7.96.

Endringen av departementsstrukturen krev ytterlegare rokkering internt i R4. Vidare vil det samla arealet til NHD og OED auke som følgje av at departementa overtar dei lokala som Fiskeridepartementet no disponerar i R4. Både NHD og OED sine budsjettrammer må korrigerast når den endelege innplasseringa i R4 er klarlagt og når nye husleigekontraktar ligg føre. Dei nye husleigekontraktane vil truleg ikkje kunne vere klare før våren 1998. På bakgrunn av dette foreslår ein derfor at husleigeauken på 2,9 mill kroner, som følgje av rokkeringsprosjektet i 1996, førebels blir lagt inn i OED si budsjettramme for 1997 som ein tilleggsløyving under kap 1800, post 11 Varer og tenester.

Etter dette vil ein gjere framlegg om auke av løyvinga under kap 900, post 11 Varer og tenester, med 2,5 mill kroner på statsbudsjettet for 1997, frå kr 23 245 000 til kr 25 745 000.

Post 70 Tilskott til internasjonale organisasjonar

Nærings- og handelsdepartementet har for 1997 ei samla løyving på 11,267 mill kroner under kap 900, post 70 Tilskott til internasjonale organisasjonar. Heile løyvinga gjeld forpliktingar/avtaler som vart overført frå Utanriksdepartementet i samband med etableringa av Nærings- og handelsdepartementet, jf. St prp nr 1 Tillegg nr 7 for 1996-97. Løyvinga er fordelt på desse organisasjonane:

Kroner
International Maritime Organization (IMO)7 481 000
Internasjonal ispatruljeteneste3 634 000
Det internasjonale handelskammer110 000
Det internasjonale utstillingsbyrå42 000
Sum11 267 000

For inneverande år er løyvingane til IMO, Det internasjonale handelskammer og Det internasjonale utstillingsbyrå i samsvar med dei medlemsbidraga departementet har fått krav om. For internasjonal ispatruljeteneste, som gjeld refusjon av Noreg sin fastsette/avtalefesta del av utgiftene til tenesta i 1994, blir utgiftene om lag 1,3 mill kroner høgre enn budsjettert.

Etter avtala av 4. januar 1956 om finansieringa av ispatruljetenesta i det nordlege Atlanterhavet er Noreg forplikta til å betale eit årleg bidrag fastsett på grunnlag av norsk andel av den samla bruttotonnasjen som passerer gjennom isfjellområda som blir overvåka av ispatruljetenesta i issesongen 15. februar - 1. juli. Noregs andel vil derfor variere frå år til år, avhengig av kor stor skipstrafikken har vore det aktuelle året. Dersom store bidragsytarar melder seg ut av ordninga, aukar Noreg sin relative del. Innbetalingane av medlemstilskot frå deltakerlanda dekkjer dei utgiftene den amerikanske kystvakta faktisk har hatt i USD til ispatruljetenesta det aktuelle året. Desse varierar med dei klimatiske tilhøva frå eitt år til det andre.

Storleiken på bidraget for kvart einskild deltakarland i 1994 var derfor avhengig av tilhøve som først vart kjente i 1997. Noregs ambassade i Washington har bede amerikanske styresmakter om å få overslag over utgiftene på førehand, utan at dette til no har ført fram. Av budsjett-/rekneskapsoversikten for tenesta i 1994 utgjer Noreg sin del om lag 0,7 mill USD. Etter kursen på betalingstidspunktet tilsvarte det om lag 4,9 mill kroner, som er om lag 1,3 mill kroner over det budsjetterte beløpet. Løyvinga under kap 900, post 70 Tilskott til internasjonale organisasjonar, må derfor aukast med 1,3 mill kroner, frå kr 11 267 000 til kr 12 567 000.

Kap 950 Sydvaranger ASA

Post 70 Tilskott, kan overførast

Det har i dei seinere åra funne stad ei sterk reduksjon i talet på tilsette ved hjørnesteinsverksemda Sydvaranger ASA i Kirkenes, jf omtale i St prp nr 62 for 1995-96. Per 1. mai 1997 var jernmalmbasert produksjon avslutta og selskapet hadde om lag 35 tilsette. Hausten 1994 vart det etablert ei frivillig førtidspensjonsordning ved Sydvaranger som omfatta om lag 60 personar i aldersgruppa 60-67 år i perioden 1994-96. Pensjonsytinga utgjorde 80 pst. av pensjonsgrunnlaget. Ordninga vart finansiert med ei statleg tilskottsløyving på 58,4 mill kroner, jf. St prp nr 41 og Innst S nr 175 for 1993-94.

I dei tidlegare omstillingsplanane for Sydvaranger ASA har det vore lagt til grunn at jernmalmverksemda skulle vidareførast med 160-200 tilsette. Avviklinga av jernmalmverksemda inneber at også desse arbeidsplassane fell bort. Blant dei som nyleg er blitt eller blir ledige frå Sydvaranger ASA, er det 55 personar i aldersgruppa 56-60 år som ein reknar med vil ha spesielt store vanskar med å finne seg nytt lønt arbeid. Fleire av dei har vore tilsette i verksemda i nærare 40 år.

Norsk Arbeidsmandsforbund og Grubeforeningen Nordens Klippe tok i januar 1997 opp med departementet spørsmålet om etablering av ei ny førtidspensjonsordning ved Sydvaranger ASA.

Nærings- og handelsdepartementet går inn for at det blir etablert ei ny frivillig førtidspensjonsordning for tilsette og nyleg oppsagte ved Sydvaranger ASA, og at ordninga blir finansiert ved statleg tilskotsløyving. Det er ein føresetnad at utgiftsløyvinga skal dekkjast fullt ut av inntekter som staten vil få som aksjonær ved den foreståande avviklinga av Sydvaranger ASA.

Ein gjer framlegg om desse rammevilkåra for førtidspensjonsordninga:

  • Tilbodet skal gis til alle tilsette og oppsagte ved Sydvaranger ASA som i perioden 1.1.1997 - 31.12.2001 fyller 60 år. Ordninga skal ikkje diskriminere mellom organiserte og uorganiserte arbeidstakarar eller mellom ulike organisasjonar/fagforeiningar.

  • Ordninga skal gjelde frå fylte 60 år og til fylte 67 år.

  • Dekkjingsgraden skal vere 66 pst av pensjonsgrunnlaget.

  • Pensjonsgrunnlaget blir regulert den 1. februar kvart år, første gong 1.2.98. Reguleringa skjer i takt med endringar i grunnbeløpet (G) i folketrygda.

  • Pensjonsgrunnlaget blir avgrensa slik at pensjonsdekkjinga svarar til det som er vanleg i privat og offentlig sektor.

  • Ein stiller ikkje krav om minimum antall år med ansiennitet i selskapet.

  • Førtidspensjonen fell bort ved alderspensjon eller uførepensjon. Vidare fell førtidspensjonen bort eller blir redusert ved overgang til lønt arbeid.

  • Ordninga dekkjer ikkje premieinnbetalingar til vidareføring av den kollektive pensjonsordninga frå fylte 67 år.

  • Ein som er førtidspensjonert skal gi dei opplysingar om sine arbeids- og inntektstilhøve som det er rimeleg å krevje for å vurdere om vilkåra for førtidspensjon er oppfylt.

I følgje Sydvaranger ASA vil til saman 55 personar oppfylle vilkåra for å få tilbod om førtidspensjonering.

Nærings- og handelsdepartementet har henta inn konkurrerande tilbod frå ulike forsikringsselskap basert på den ordninga som her er skissert. Etter ei totalvurdering av tilboda vil ein tilrå ei førtidspensjonsordning plassert hos Storebrand Livsforsikring AS. Den samla kostnaden er rekna ut til om lag 63 mill kroner (noverdi pr. 1. juli 1997). Dei faktiske kostnadene for ordninga vil kunne bli lågare som følgje av at nokre kjem over i anna lønt arbeid, blir uføretrygda eller fell frå før fylte 67 år.

Det blir gjort framlegg om ei tilskottsløyving på 63 mill kroner over kap 950 Sydvaranger ASA til å etablere ei førtidspensjonsordning på dei vilkåra som er skisserte over. Av denne summen gjer ein framlegg om at 3 mill kroner blir løyvd på statsbudsjettet for 1997, medan resten blir ført opp på statsbudsjettet i seinare budsjettår.

Føresetnaden er at ordninga blir sett i kraft frå 1. juli 1997 og at Storebrand Livsforsikring AS står for administrasjon og pensjonsutbetalingar frå dette tidspunktet. Avtale om førtidspensjonering skal teiknast mellom forsikringsselskapet og kvar einskild pensjonist/forsikringstakar.

For å sikre best mogleg samsvar mellom premieinnbetalingane til forsikringsselskapet og dei faktiske kostnadene, vil det bli etablert eit system med årlege innbetalingar til selskapet/pensjonsfondet.

Forslag til vedtak er utforma i samsvar med dette.

Kap 951 Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S

Post 70 Tilskott, kan overførast

Ein foreslår at løyvinga under kap 951, post 70 blir redusert med 1 mill kroner, frå 64 til 63 mill kroner, for å dekkje inn løyving under kap 954 Sulitjelma Bergverk A/S, jf omtale under dette kapitlet.

Kap 952 Svalbard Samfunnsdrift A/S

Post 70 Tilskott, kan overførast

Ein gjer framlegg om at løyvinga under kap 952, post 70 blir redusert med 1,5 mill kroner, frå 50 til 48,5 mill kroner for å dekkje inn løyving under kap 954 Sulitjelma Bergverk A/S, jf omtale under dette kapitlet.

Kap 954 Sulitjelma Bergverk A/S

Ny post 70 Tilskott til avvikling og miljøtiltak, kan overførast

I St prp nr 1 for 1996-97 for Nærings- og energidepartementet vart det ikkje foreslått løyving til Sulitjelma Bergverk A/S. Ein tok likevel atterhald om at staten ved Nærings- og energidepartementet kunne få krav om midlar til ein oppryddingsplan - «Prosjekt opprydding etter 100 års gruvedrift i Sulitjelma» - som Fauske kommune har utarbeidd.

I tillegg må det på grunnlag av avsluttande synfaringsrapport frå Bergvesenet, gjennomførast einskilde supplerande tiltak på dei anlegg og sikringar som Sulitjelma Bergverk A/S, dvs. staten, er direkte ansvarleg for.

Oppryddinga i regi av Fauske kommune vil bli gjennomført i samråd med Miljøvernavdelinga i Nordland fylkeskommune for å sikre kulturspor etter gruvedrifta for framtida.

Ein fører opp ei løyving på 2,5 mill kroner over kap 954, ny post 70 til desse føremåla. Av beløpet gjeld 0,5 mill kroner avsluttande sikringstiltak i regi av Sulitjelma Bergverk A/S, medan 2 mill kroner er statleg bidrag til Fauske kommune sin oppryddingsplan. Framlegget blir dekt ved omdisponering frå kap 951 Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S, og kap 952 Svalbard Samfunnsdrift A/S, jf. omtale under desse kapitla.

Kap 955 Norsk Koksverk A/S

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Sidan 1990 har staten gitt tilsegn om refusjon for oppreinskingstiltak på Koksverktomta. Etter den presiseringa som vart gjort om bruken av garantiomgrepet i St prp nr 1 (1996-97) Gul bok, side 52, er denne ordninga ikkje ei garantiordning, men tilsegn om refusjon under visse vilkår. Det opprinnelege tilsegnet hadde ei ramme på 100 mill kroner, som vart utvida til 130 mill kroner i statsbudsjettet for 1995. Etter initiativ frå Nærings- og energidepartementet vart oppreinskingsarbeidet stansa i 1995 for å få utarbeidd ein tiltaksplan med kostnadsanslag for dei gjenståande tiltaka som er nødvendige for å oppfylle krava frå Statens forureinsningstilsyn (SFT). I samband med dette ba SFT i 1996 Rana kommune om å utarbeide ei betre grunngjeving for korleis dei foreslåtte tiltaka vil oppfylle SFT sine pålegg frå 1991 og ein tidsplan for gjennomføring av dei aktuelle tiltaka. Kommunen har følgt opp dette seinest ved brev til SFT i februar 1997.

Kommunen har rekna ut at dei pålagte rehabiliteringsarbeida som står att vil koste i overkant av 64 mill kroner. Kostnadene er rekna ut frå ei vidareføring av incitamentskontrakt med firmaet Øijord & Aanes om oppgraving og fjerning av forureina masse og kontrakt for fjerning av tjæredeponi. Vidare er det tatt med kostnader for asfaltering, legging av ny kulvert, førebehandling og eksport av spesialavfall, etterkontroll av utslepp, konsulentarbeid og påslag for incitamentskontrakten. Dei resterande arbeida skal etter planen vere avslutta i begynnelsen av oktober 1998.

Norges Geotekniske Institutt (NGI) har på oppdrag frå departementet gått gjennom forslaget frå Rana kommune og vurdert kvart einskild tiltak i tilhøve til volum og kostnader som kommunen la til grunn då arbeida vart midlertidig stansa i 1995. Med utgangspunkt i SFT si inndeling i arealmessige og/eller helsemessige og miljømessige grunngitte tiltak legg NGI til grunn at helsemessige og miljømessige tiltak skal gjennomførast som første prioritet. Tiltak som er grunngitte ut frå arealmessige vurderingar, må vurderast ut frå ei kost-/nyttevurdering. SFT har bede kommunen om å prioritere gjenverande tiltak ut frå ei slik vurdering.

Ut frå eit tiltenkt behov for areal til industriformål argumenterer kommunen for masseutskifting av eit avgrensa område på om lag 2,3 mål. Dette arbeidet er kostnadsrekna til 19 mill kroner. Det er fagleg semje om at det ikkje er nødvendig å reinske dette området ut frå miljømessige omsyn. NGI konkluderer med at ut frå ei kost-/nyttevurdering bør massen i dette området ikkje skiftast ut. Området bør i staden dekkast med tett overflate og klausulerast slik at det i framtida ikkje blir tillate gravearbeid eller installasjonar i grunnen.

Nærings- og handelsdepartementet er samd i NGI sitt forslag om tildekking og klausulering av området og har ved brev av 3.4.97 underretta SFT med kopi til Rana kommune.

NGI peikar vidare på at incitamentskontraktsformen som ligg til grunn for noverande kontrakt med Øijord & Aanes ikkje lenger er føremålstenleg no som ein har betre oversikt over typer forureining, volum og behandlingsmåtar. Metoden som hittil har vore nytta for utgraving, gjorde det vanskeleg å førehandsrekne voluma, og kostnadene auka ukontrollerte. NGI tilrår at dei tiltaka som står att blir vurderte separat og sett ut på anbud kvar for seg eller i grupper.

I tillegg kjem refusjonar til Rana kommune til andre tiltak og utbetalingar til konsulenthjelp frå NGI og revisjonsselskapet Coopers & Lybrand.

Pr. dato står det att om lag 5 mill kroner av tilsegnsramma på 130 mill kroner til rehabilitering av Koksverktomta.

På grunnlag av tiltaksplanen frå Rana kommune og kommentarar og tilrådingar frå NGI foreslår ein at ramma blir utvida med ytterlegare 50 mill kroner til 180 mill kroner for 1997, jf. forslag til vedtak. Ein legg vidare til grunn å oppretthalde den etablerte rutinen for utbetaling av refusjon for utførde miljøtiltak etter særskilt fullmakt frå Stortinget og løyving av midlar mot slutten av året (nysalderinga).

Regjeringa legg til grunn at staten har oppfylt sine pliktar når det gjeld oppreinsking av Koksverktomta når alle pålagte tiltak innanfor den utvida tilsegnsramma på 180 mill kroner er utført og betalt.

Kap 962 Omstillingstiltak

Ny post 71 Omstillingstilskott til Sør-Varanger, kan overførast

Ved handsaminga av St prp nr 80 for 1990-91 vart det fastsett ei ramme på 400 mill kroner for statleg støtte til omstillingstiltak i Sør-Varanger. Ramma vart utvida med 30 mill kroner i 1996, jf. St prp nr 62 (1995-96) Om A/S Sydvaranger og omstillingen i Sør-Varanger.

I samband med statsrekneskapen for 1996 er kr 5 207 000 av omstillingsløyvinga til Sør-Varanger ført tilbake til statskassa etter 3-års regelen for overførbare løyvingar. Heile ramma på 430 mill kroner til omstilling i Sør-Varanger er disponert og bundne ved tilsegn til ulike formål og prosjekt. Ein gjer derfor framlegg om ei løyving på 5,2 mill kroner til omstillingstilskott til Sør-Varanger til erstatning for den summen som vart dratt inn.

I styremøte 24. april 1997 gjorde styret i Kværner Kimek a.s. vedtak om å gi administrasjonen i selskapet mandat til å gå inn i drøftingar med dei tilsette om avvikling av den noverande verksemda. Administrasjonen vil saman med organisasjonane til dei tilsette vurdere nedbyggingsforslaget fram til det endelege vedtaket vert fatta på styremøte 28. mai d.å.

Etter styrevedtaket bad nærings- og handelsministeren om eit møte med leiinga i Kværner ASA. I møte 2. mai d.å. vart den vanskelege situasjonen ved Kværner Kimek drøfta. Det var semje om at innsatsen framover bør konsentrerast om å arbeide aktivt for å finne moglege løysingar som kan gi grunnlag for fortsatt drift ved anlegget i Kirkenes.

Kap 966 Støtte til skipsbygging

Post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar

Stortinget la i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 1997 til grunn at regjeringa skulle kome attende til spørsmålet om skipsstøtteordninga dersom avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien, OECD-avtalen, ikkje var sett i kraft i løpet av dei første månadene av 1997.

USA har enno ikkje ratifisert OECD-avtalen, og det er framleis usikkert om og når avtalen vil bli sett iverk. For å kunne sikre norske skipsverft like konkurransevilkår som sine utanlandske konkurrentar, foreslås det at den noverande støtteordninga videreførast fram til utgangen av 1997 med dei til einkvar tid gjeldande maksimalsatser fastsett gjennom EØS-avtalen. Det er her lagt til grunn at OECD-avtalen ikkje vil tre i kraft i løpet av inneverande år. Dersom det likevel skulle skje, vil ordninga berre gjelde fram til dato for ikrafttreden av avtalen.

Når det gjeld kontraktsinngangen for inneverande år, legg ein til grunn at den vil bli på vel 9 mrd kroner, dvs. om lag same nivå som for 1996. Med dette kontraktsvolumet baserer ein seg på eit støttebehov på 800 mill kroner for kontraktar inngått i 1997. I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 1997 vart det løyvd 400 mill kroner til støtte til skipskontraktar som inngås i 1. halvår 1997. Behovet for løyving til dette fondet for støtte til skipskontraktar som vart inngått i 2. halvår, er også 400 mill kroner basert på uendra kontraktsvolum og gjeldande støttesatsar. Ein vil kome attende til spørsmålet om eventuell ytterligare forlenging av vilkåra for støtteordninga for skipsbyggingsindustrien etter 1997 i samband med budsjettet for 1998 til hausten.

Etter dette vil ein gjere framlegg om auke av løyvinga under kap 966, post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar, med 400 mill kroner på statsbudsjettet for 1997, frå 400 til 800 mill kroner.

Kap 5320 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

Post 50 Tilbakeføring av utviklingstilskott

Løyvinga til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) sitt utviklingstilskott blir overført i budsjetterminen til ein særskilt oppretta fondskonto i Noregs Bank. Samstundes med at midlar blir førte over til fondskontoen, blir tilsvarande beløp utgiftsført på SND sitt utgiftskapittel 2420, post 50 i statsrekneskapen. Føresetnaden er at unytta del av løyvinga for eitt år skal tilbakeførast til statskassa det etterfølgjande året når årsrekneskapen ligg føre. I tillegg skal det gjerast endeleg avrekning for tilsegn frå utviklingstilskottet som vart gitt fire år tidlegare. Det siste inneber at dei midlane som det vart gitt tilsegn om frå løyvinga for 1993 og som ikkje var utbetalte innan utgangen av 1996, også skal tilbakeførast til statskassa i 1997.

Det er budsjettert med ei tilbakeføring på 5 mill kroner i 1997. Den faktiske tilbakeføringa vart kr 15 133 365, dvs. kr 10 133 365 høgre enn budsjettert. Det meste av beløpet - om lag 15,08 mill kroner - gjeld tilbakeføring av ikkje utbetalte tilsegn frå 1993. Tilsegnsramma for 1996 vart på det næraste utnytta fullt ut.

På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om å auke inntektsløyvinga under kap 5320, post 50 med kr 10 134 000, frå kr 5 000 000 til kr 15 134 000.

Post 51 Tilbakeføring fra tapsfond

Løyving til tapsfond for SND sine landsdekkjande risikolån- og garantiordningar blir overført i budsjetterminen til særskilte oppretta fondskonti i Noregs Bank. Samstundes med at midlar blir førte over til fondskontiane, blir midlane utgiftsførte på SND sitt utgiftskapittel 2420, postane 51 og 52 i statsrekneskapen. Føresetnaden er at tapsfondsmidlar som refererer seg til unytta del av låne- eller garantiramma, skal tilbakeførast til statskassa det påfølgjande året etter at årsrekneskapen ligg føre. Endeleg oppgjer på tapsfondsmidlar knytte til annullerte låne- og garantitilsegn som er gitt fire år tidlegare samstundes skal tilbakeførast til statskassa. Dette siste inneber at den delen av tapsfonda for 1993 som gjeld låne- og garantitilsegn som ikkje var utbetalte eller stilt garanti for innan utgangen av 1996, skal tilbakeførast i 1997.

Det er budsjettert med ei tilbakeføring på 5 mill kroner i 1997. Den faktiske tilbakeføringa vart kr 46 578 245, dvs. kr 41 578 245 høgre enn budsjettert. Den store tilbakeføringa gjeld i det alt vesentlege annullerte lånetilsegn frå 1993. Desse utgjer om lag 46,4 mill kroner. Låne- og garantiramma for 1996 vart på det næraste utnytta fullt ut.

På denne bakgrunnen gjer ein framlegg om å auke inntektsløyvinga under kap 5320, post 51 med kr 41 578 000, frå kr 5 000 000 til kr 46 578 000.

Kap 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting

Post 80 Utbytte

I St prp nr 1 er det samla ført opp 757 mill kroner i aksjeutbytte frå selskap der Nærings- og handelsdepartementet forvaltar det statlege eigarskapet. Etter dei opplysingar Nærings- og handelsdepartementet har fått frå dei aktuelle selskapa, kan det samla utbytteoverslaget for rekneskapsåret 1996, med utbetaling i 1997, aukast til om lag 898 mill kroner.

Endringa kjem i hovudsak av høgre utbytte frå Norsk Hydro ASA enn det ein la til grunn i budsjettframlegget.

På dette grunnlag blir inntektsløyvinga under kap 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting, post 80 Utbytte, ført opp med ein auke på 141 mill kroner, frå 757 til 898 mill kroner.

Kap 5682 Innskottskapital i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

Post 80 Utbytte

Det alt vesentlege av innskottskapitalen i SND er knytt til grunnfinansieringsordninga. Ordninga er i hovudsak ein vidareføring av den tilsvarande ordninga i Industribanken. Bokført innskottskapital utgjer om lag 629,8 mill kroner. SND skal betale utbytte til staten av innskottskapitalen.

Utbyttet frå grunnfinansieringsordninga for perioden 1995-98 er fastsett til 75 pst. av årsresultatet. Det er likevel avgrensa oppover til staten si innlånsrente multiplisert med innskottskapitalen. Staten si innlånsrente for 1996 er no utrekna til 5,98 pst. basert på gjennomsnittleg fem års statsobligasjonsrente gjennom året. Utbyttet for 1996 med utbetaling i 1997 vart budsjettert med 41 mill kroner ut frå ein føresetnad om maksimal utbetaling og ei innlånsrente på 6,5 pst. Årsresultatet for grunnfinansieringsordninga i 1996 vart om lag 80,5 mill kroner, noko som gir grunnlag for maksimal utbytteutbetaling. Fordi innlånsrenta vart om lag eit halvt prosentpoeng lågare enn anslått på budsjetteringstidspunktet, blir det faktiske utbyttet på om lag 37,7 mill kroner (5,98 pst x 629,8), dvs. 3,3 mill kroner lågara enn budsjettert.

På denne bakgrunn tar ein opp forslag om å redusere inntektsløyvinga under kap 5682, post 80 med 3,3 mill kroner, frå 41 til 37,7 mill kroner.

Svensk-Norsk Industrifond

Ved handsaminga av St prp nr 58 og Innst S nr 283 for 1995-96 ga Stortinget sitt samtykke til at Nærings- og energidepartementet kunne gi ein garanti til Svensk-Norsk Industrifond (SNI) for låneopptak for inntil motverdien av 80 mill SEK, jf. forslag til vedtak XVI i proposisjonen og innstillinga. Saman med ein svensk garanti på 20 mill SEK ville garantien gi SNI høve til å låne ut nokre av sine bundne midlar og på den måten gjere det mogleg for fondet til å halde sitt noverande aktivitetsnivå i om lag fem år.

Etter ei nærare vurdering av korleis garantien skal nyttast, er det klart at Nærings- og handelsdepartementet må garantere for kvart einskild låneopptak som SNI gjer. Dette inneber at fullmakta til å garantere for SNI sine låneopptak må fornyast kvart år i samsvar med § 8 i løyvingsreglementet. I forslag til vedtak er ført opp vedtak om garantifullmakt for 1997.

Overdraging av aksjane i AS Kongsberg Våpenfabrikk til Kongsberg Gruppen ASA

AS Kongsberg Våpenfabrikk (KV) har vore under akkordhandsaming sidan 1987. I 1996 vart dei to siste gjenverande sakene løyst. Det vart betalt eit dividendekrav for Kongsberg Limited i London med om lag 1,2 mill kroner og inngått forlik om krav mot DARPA (forskningsinstitusjon tilknytt US Army) der DARPA forplikta seg til å betale om lag 2,6 mill kroner.

Dette ga grunnlag for å utbetale sluttdividende til kreditorane. Det vart utbetalt sluttdividende på 1,271 pst i desember 1996. Uprioriterte kreditorar har dermed fått dekking for 63,77 pst. av fordringane i tillegg til full dekking av dei første kr 10 000. Etter at sluttdividenden er utbetalt, reknar ein akkorden for avslutta.

I akkordavviklingsperioden har selskapet vore underkasta tilsyn av ei tilsynsnemnd oppnemnd av Kongsberg skifterett. Ved brev av 23. desember 1996 til Kongsberg skifterett har tilsynsnemnda lagt ned sitt verv og meldt frå at AS Kongsberg Våpenfabrikk ikkje lenger er under tilsyn. I følgje årsrekneskapen for 1996 har AS Kongsberg Våpenfabrikk ein eigenkapital på 4,7 mill kroner ved utgangen av året. Selskapet har ingen tilsette.

KV-saka vart løyst med forliket ved at søksmålet som dei 22 utanlandske bankane reiste for tap på lån til A/S Kongsberg Våpenfabrikk i 1989 vart trekt tilbake. Staten dekte sakskostnadene for dei andre partane i saka (styret, adm. direktør og selskapets revisor) og, som ledd i forliket, delar av bankane sine sakskostnader. Dette utgjorde om lag 3,2 mill kroner og vart dekt av Næringsdepartementet over kap 900, post 21 utan tilleggsløyving. Staten dekte dessutan eigne kostnader i samband med saka. Etter at staten har fått refundert delar av sine utlegg, vil det stå attende nokre midlar i selskapet. Noko av dette vil vere avsetjing til dividendeutbetalingar der det har vore vanskeleg å finne rett adressat for utbetalingane.

Etter Nærings- og handelsdepartementet si vurdering er det heretter ingen reelle eller praktiske omsyn som talar for at AS Kongsberg Våpenfabrikk bør oppretthaldast som eit statsaksjeselskap Eit aktuelt alternativ er å overdra aksjane for eit nærare avtalt vederlag til Kongsberg Gruppen ASA (tidlegare Norsk Forsvarsteknologi A/S), som vart etablert i juni 1987 på basis av Forsvarsdivisjonen i A/S Kongsberg Våpenfabrikk. I denne samanheng kan ein også inngå avtale med kjøpar om mellom anna arkivhald og visse tenester til pensjonistar og tidlegare tilsette i KV.

Ein fremjer med dette forslag for Stortinget om fullmakt for Nærings- og handelsdepartementet til å overdra staten sine aksjer i AS Kongsberg Våpenfabrikk til Kongsberg Gruppen ASA, jf. forslag til vedtak. Vederlaget vil om lag tilsvare dei gjenståande midlane i KV justert for moglege framtidige utbetalingar og andre tenester. Dette må avtalast nærare mellom Nærings- og handelsdepartementet og Kongsberg Gruppen ASA. Ein rekner med å kunne fremje framlegg om løyving i samband med salet og om nedskriving av statens aksjekapital ved nysalderinga av statsbudsjettet for 1997 til hausten.

2.9 Fiskeridepartementet

Kap 1000 Fiskeridepartementet

Spesialrådgivarstilling

Fiskeridepartementet har ein viktig funksjon som overordna departement i reguleringsspørsmål i den norske fiskeriforvaltninga. Ein må styrkje den juridiske kompetansen med særleg vekt på den juridiske overbygninga for ressursforvaltninga. Fiskeridepartementet treng ein jurist med solid erfaring og kompetanse og ein gjer framlegg om ein ny stillingsheimel for spesialrådgivar. Lønnsmidlar for stillinga vil bli dekt innanfor budsjettramma.

Kap 1020 Havforskingsinstituttet

Forskarstillingar ved Senter for havbruk

Som ei oppfølging av St meld nr 48 (1995-96) Havbruk - en drivkraft i norsk kystnæring, er det i statsbudsjettet for 1997 sett av 5 mill kroner til den auka innsatsen innan havbruksforsking. Midlane er forutsett nytta til å styrkje den langsiktige kompetanseoppbygginga innan grunnleggjande lakseforsking og forsking på marine artar ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Ein må tilsetje forskarar innanfor dei fagdisiplinane som treng tilførsel av ekstra ressursar for å setje instituttet best mogeleg i stand til å følgje opp målsetnadene i stortingsmeldinga. Ein gjer på dette grunnlaget framlegg om å opprette 10 faste forskarstillingar under kap 1020 Havforskingsinstituttet. Stillingane vil vere knytt til Senter for havbruk ved Havforskingsinstituttet. Lønns- og driftsmidlar for stillingane vil bli dekt av dei nemnde 5 mill kronene.

Post 01 Lønn og godtgjersle

Post 11 Varer og tenester - Omdisponering av innsparte midlar frå kap 1021 Drift av forskingsfartøya

Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 2,5 mill kroner under kap 1020 Havforskingsinstituttet mot tilsvarande reduksjon under kap 1021 Drift av forskingsfartøya. Summen blir fordelt med kroner 1 450 000 på post 01 og kroner 1 050 000 på post 11. Midlane vil dekkje lønn og driftsmidlar for engasjert personale ved Ressurssenteret ved Havforskiningsinstituttet. Dei vidare konsekvensane av omdisponeringa vil bli teke opp i Fiskeridepartementets St prp nr 1 for budsjetterminen (1997-98).

Kap 1021 Drift av forskingsfartøya

Post 01 Lønn og godtgjersle

Post 11 Varer og tenester - Omdisponering av innsparte midlar ved utleige av G.M. Dannevig

Drifta av forskingsfartøyet G.M. Dannevig vil frå og med 1997 bli finansiert med statlege midlar og prosjektinntekter, men også med leigeinntekter frå andre institusjonar. Utleige av G.M. Dannevig vil føre til innsparing av driftsmidlar under kap 1021 Drift av forskingsfartøya. Fiskeridepartementet har lagt til grunn at innsparte midlar skal nyttast til ei styrking av ressursforskinga ved Havforskingsinstituttet.

Ein gjer på dette grunnlaget framlegg om ein reduksjon på 2,5 mill kroner under kap 1021 mot tilsvarande auke under kap 1020 for å styrkje ressursforskinga ved Havforskingsinstituttet. Reduksjonen er fordelt med 1 500 000 kroner på post 01 og 1 000 000 kroner på post 11.

Kap 1064 Hamnetenesta

Post 60 Tilskott til fiskerihamneanlegg

Stikkordet «kan nyttast under kap 1064, post 30 og 33» vart ikkje ført opp ved post 60 under kap 1064 Hamnestenesta i St prp nr 1 (1995-96) for Fiskeridepartementet. Mindreforbruket på post 60 i 1996 på 7,456 mill kroner vart derfor ikkje nytta til å dekkje tilsvarande meirforbruk under postane 30 og 33, men er ført over til budsjetterminen 1997. Vedtaket om tilgang til å omdisponere mellom postane er teke inn att i St prp nr 1 (1996-97). Ein gjer framlegg om at det overførte beløpet på 7,456 mill kroner under kap 1064 Hamnetenesta, post 60 Tilskott til fiskerihamneanlegg blir trukke inn i 1997.

Kap 1067 Drift av trafikksentralar og kap 4067 Inntekter

Trafikksentral Oslofjorden

Prosjektet Oslofjorden trafikksentral som blir prosjektert over kap 1060 Kystadministrasjon, post 45 Store nyinnkjøp, er forseinka i forhold til den opprinnelege framdriftsplanen. Sentralen vil vere klar for førebuande drift medio 1998. Den første driftstida vil vere ein innkøyringsfase fram til full operativ drift kan startast hausten 1998.

Det er to hovudårsaker til at sentralen først kan setjast i drift eitt år seinare enn først planlagt. Elektrikarstreiken i 1996 førte aleine til eit tidstap på 2-3 månader. Kystverket måtte også gjennomføre ein meir omfattande tilbodsprosedyre enn det ein opprinneleg la til grunn. Resultatet av ei ny vurdering vart at Kystverket måtte utarbeide ei meir utfyllande tilbodsinnbyding etter reglane for offentlege innkjøp og EØS-avtalen, samtidig som tilbodsfristane i kjøpsprosessen vart lenger enn det Kystverket hadde lagt til grunn.

Kystverket har no overteke ansvaret for bygningsmassen i medhald av den inngåtte kontrakten med Statsbygg om bruk av lokalitetane i det nye senteret i Horten. Losoldermannen er flytta inn med tilhøyrande stab, og opplæringsrom med meir er teke i bruk. Arealet til sjølve trafikksentralen vil stå tomt inntil monteringa blir starta ved årsskiftet 1997-98. Tekniske innretningar som er etablerte langs fjorden og som er eit ledd i trafikkovervakingssystemet, vil medføre driftsutgifter i heile 1997. Tilsetjing av personell vil starte i andre halvår av 1997 med tilsetjing av to trafikkleiarar. Den eine av desse skal fungere som operativ leiar medan den andre skal ha ansvaret for teknisk vedlikehald.

I statsbudsjettet for 1997 er det innarbeidd driftsmidlar på tilsaman 10 630 000 kroner under kap 1067 Drift av trafikksentralar, postane 01 og 11 for trafikksentralen for Oslofjorden. Dette gjeld 12 trafikkleiarar. Som følgje av at trafikksentralen ligg etter det opprinnelege tidsskjemaet vil ein ikkje trenge driftsmidlar i det omfanget det vart lagt opp til i St prp nr 1 (1996-97) for Fiskeridepartementet. Oppsettet nedanfor viser kva ein no reknar med av driftsutgifter i 1997:

Lønnsmidlar250 000 kroner*)
Husleige2 500 000 kroner
Elkraft100 000 kroner
Drift av uteanlegg300 000 kroner**)
Diverse driftsutgifter100 000 kroner
Sum3 250 000 kroner

*) Gjeld lønnskostnader for operativ leiar pluss ein person i 4 mnd i 1997.

**) Gjeld driftskostnader for 6 radarstasjonar (straum, ventilasjonsanlegg m m).

Dei budsjetterte inntektene på 10 630 000 kroner frå tryggleiksavgift vil derfor heller ikkje bli realiserte i 1997. Dette fører til at det ikkje vil bli det forholdet mellom inntekter og utgifter for trafikksentralen som Stortinget har vedteke ved handsaminga av statsbudsjettet for 1997.

Som ein følgje av dei forseinkingane som har oppstått gjer ein framlegg om at løyvinga under kap 1067 Drift av trafikksentralar blir redusert med 5,4 mill kroner på post 01 og 2 mill kroner på post 11.

Det blir vidare gjort framlegg om at løyvinga under kap 4067 Inntekter, post 04 Tryggleiksavgift trafikksentral Oslofjorden, blir redusert til 0.

Fiskeridepartementet vil prøve å avgrense perioden med driftsutgifter som overstig inntektene frå tryggleiksavgifta.

Kap 4070 Elektroniske navigasjonshjelpemiddel

Ny post 03 Inntekter avhending Decca

Navigasjonssystemet Decca er avvikla med verknad frå og med 1997. Forsvarets tele- og datateneste vil i samband med denne avviklinga avhende ein del utstyr og eigedomar som har tilhøyrt Decca stasjonane. Omfanget av desse inntektene må reknast som usikkert.

Forsvarets tele- og datateneste har ingen inntektspost som passar for inntektsføring av dei omtalte inntektene. Ein gjer framlegg om at det blir oppretta ein ny inntektspost under kap 4070 Inntekter, med løyve til å postere inntekter frå avhending av utstyr og eigdomar frå Decca. Posten vil få namnet 03 Inntekter avhending Decca og løyvinga er foreslått sett til 10 000 kroner i 1997.

Fiskebåtfinansiering

På bakgrunn av og Stortinget sitt vedtak om å integrere Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktutviklingsfond (SND), er det vedteke at også fiskeflåten skal få tilgang på dei distriktsretta investeringstilskottsordningane under SND frå 1. juli 1997, jf Ot prp nr 15 (1996-97) og Innst S nr 29 (1996-97).

Det framgår av Ot prp nr 15 (1996-97) at ei slik løysing reiser ein del spørsmål om styringa av kapasiteten i fiskeflåten, rutinar for sakshandsaming med meir. I odelstingsproposisjonen er det lagt vekt på at ein ved bruk av økonomiske verkemiddel til fornying skal unngå at kapasiteten i fiskeflåten aukar. Dette er ein vanskeleg balansegang sidan nye fartøy normalt vil vere meir effektive enn dei som blir skifta ut. Det framgår også av Ot prp nr 15 at all støtte til fysiske investeringar (nybygging og ombygging) først må ha fått kontraheringstilskott for å kunne få tilgang på distriktsretta investeringstilskott.

Det spesielle med fiskeflåten i forhold til andre næringar er at fartøya er mobile og at flåten konkurrerer om ein avgrensa naturressurs. Ei opning for fiskeflåten reiser derfor ein del spørsmål med omsyn til innretninga av tilskottsmidlane i forhold til den nasjonale styringa av kapasiteten, i forhold til styringa av strukturen og ikkje minst i forhold til den regionale fordelinga av tilskottsmidlane.

Det er både eit distrikts- og fiskeripolitisk hovudmål å medverke til å halde oppe hovudtrekka i busetnadsmønsteret. Fiskerinæringa er grunnlaget for busetnaden i ein stor del av våre kystdistrikt. Korleis ein utformar bruken av økonomiske verkemiddel i forhold til fiskeflåten har derfor distriktspolitiske konsekvensar. Ein finn det riktig å leggje til grunn Kommunal- og arbeidsdepartementet sine forskrifter og rundskriv av 24. mars 1995 om SND og fylkeskommunane si forvaltning av bedriftsretta distriktspolitiske verkemiddel. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil innan kort tid starte arbeidet med å gjennomgå regelverket for forvaltninga av dei distriktsretta verkemidla, herunder verkeområdet for ordninga. Når ein utformar regelverket vil det bli teke omsyn til at flåten er blitt ein integrert del av verkemiddelapparatet i SND og hos fylkeskommunane.

Styringa av strukturen i fiskeflåten blir utøvd blant anna gjennom konsesjonstildeling og kvotereguleringar, og dessutan gjennom bruk av offentlege tilskottsordningar. Målsetnaden med bruk av offentlege tilskott må vere å fremme ein formålstenleg flåtestruktur der utsiktene for lønnsam drift er til stades.

Det er framleis overkapasitet innan delar av den norske fiskeflåten. Årsaka til dette er blant anna bruk av subsidiar og den teknologiske utviklinga som har funne stad. Det blir ei utfordring framover å leggje til rette for bruk av distriktsretta investeringstilskott utan at dette fører til kapasitetsoppbygging innanfor delar av fiskeflåten. Ein meiner at det beste verkemidlet for fiskeripolitisk styring er at det blir stilt som vilkår for eventuell innvilging av distriktsretta investeringstilskot at prosjektet først har fått innvilga kontraheringstilskott.

Ein vurderer at ein unntaksvis, og berre ved heilt spesielle høve, kan gi distriktsretta investeringstilskott til kjøp av brukte fiskefartøy. I slike tilfelle vil det ikkje vere kopling mellom kontraheringstilskott og distriktsretta investeringstilskott. Slike unntak er nødvendige for å kunne sikre medverknad til oppbygging av ein bestemt flåtestruktur i enkelte særleg fiskeriavhengige og næringssvake regionar. Dette vil kun bli gjort i dei tilfella der det dreiar seg om prosjekt som blir vurderte som formålstenlege av drifts- og distriktsmessige omsyn.

Ein legg til grunn at styringa av strukturen og den regionale utviklinga skal skje gjennom dei overordna fiskeripolitiske retningslinjene frå Fiskeridepartementet for verkemiddelbruken i forhold til fiskeri- og havbruksnæringa forvalta av SND, fylkeskommunane og kommunane. Dette vil danne utgangspunktet for dei prioriteringane SND gjer mellom låne- og tilskottssaker i fiskerinæringa.

Fiskeridepartementet utnemnde 6. mars 1997 medlemar og varamedlemar til 2 rådgivande utval for handsaming av flåtesaker. Desse er knytte til SND-kontora i Bergen og Ålesund. I Nordland og Troms er det inngått avtalar med fylkeskommunane om eigne distriktskontor for SND. SND-styra i Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark vil derfor bli utvida med 2 flåterepresentantar. Valet av representantar frå flåtesida blir basert på forslag frå Norges Fiskarlag.

2.10 Landbruksdepartementet

Kap 1100-2411 Reduksjonar i driftsløyvingar på Landbruksdepartementet sitt område

Av omsyn til det samla budsjettframlegget, gjer ein framlegg om at driftsløyvingane (post 11) til verksemder på Landbruksdepartementet sitt område blir redusert med samla 4 mill kroner og med denne fordelinga:

1 000 kr
Kap 1100 Landbruksdepartementet-638
Kap 1103 Reindriftsforvaltninga-110
Kap 1107 Statens dyrehelsetilsyn-714
Kap 1110 Statens landbrukstilsyn-556
Kap 1114 Statens næringsmiddeltilsyn-490
Kap 1145 Jordskifteverket-838
Kap 1146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging-300
Kap 2411 Statens Landbruksbank-354
Sum-4 000

Reduksjonar i løyvingar til forskingsprogram og forskingsinstitutt på Landbruksdepartementet sitt område

Av omsyn til det samla budsjettframlegget, gjer ein framlegg om at løyvingane til forskingsprogram og forskingsinstitutt på Landbruksdepartementet sitt område blir redusert med samla 2 mill kroner og med denne fordelinga:

1 000 kr
Kap 1112 post 53 Utvikling og kunnskapsformidling-163
Kap 1137 post 50 Forskingsprogram-792
Kap 1137 post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt-1 045
Sum-2 000

Kap 1102 Fylkesmannens landbruksavdeling

Kap 1145 Jordskifteverket

Kap 1146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging

Statens hus i Nord-Trøndelag - kompensasjon for husleigeauke

Fylkesmannens landbruksavdeling, Jordskifteverket og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging har fått auka husleigeutgifter som følgje av flytting til og tilbygg av Statens hus i Nord-Trøndelag. Verksemdene bør få kompensasjon for husleigeauken.

Ein gjer på dette grunnlaget framlegg om at post 11 blir auka med 319 000 kroner under kap 1102, 36 000 kroner under kap 1145 og 130 000 kroner under kap 1146.

Kap 1140 Miljø- og næringstiltak i jordbruket

Post 78 Konkurransestrategiar for norsk mat

Av omsyn til det samla budsjettframlegget, gjer ein framlegg om at posten blir redusert med 4 mill kroner til 15 mill kroner.

Kap 1142 Miljø- og næringstiltak i skogbruket

Stortinget ba regjeringa kome tilbake i Revidert nasjonalbudsjett med framlegg om korleis skogpolitikken skal bidra i klimasamanheng.

Skogsektoren har eit monaleg potensial i klimasamanheng. Potensialet er knytt til auka binding av karbon i skogbiomasse og reduserte utslepp av karbon gjennom auka bruk av trevirke, til energiføremål og i bygningskonstruksjonar o.l.

I 1997 blir det gjennomført ei satsing for å auke bruken av bioenergi. Bioenergi basert på skogflis og biprodukt frå skogindustrien, som erstattar fossilt brensle, fører til reduserte utslepp av karbon.

Ei utgreiing som pågår vil gi betre grunnlag for å vurdere kva for tiltak som vil gje best kostnadseffektivitet. I utgreiinga blir klimaeffektar av ulike skogpolitiske tiltak vurdert, med særleg vekt på at tiltaka ikkje skal kome i konflikt med andre viktige miljøomsyn.

Landbruksdepartementet vil kome tilbake til saka i budsjettframlegget for 1998.

Kap 4107 Statens dyrehelsetilsyn

Privat karanteneordning for hund og katt

Ein viser til St prp nr 58 (1995-96) og Innst S nr 283 (1995-96) om omlegging til privat karanteneordning for hund og katt.

Bygningane ved Statens karantenestasjon for dyr er seld for kr 525 000 inkl frådrag for meklargebyr. Salsprisen kjem av dårlegare grunntilhøve enn før lagt til grunn, framlegg til ny reguleringsplan for området og låg alternativ bruksverdi for bygningane. Festekontrakten er som ledd i salet overdrege til den nye eigaren med verknad frå 1. mars 1997. Karanteneordninga for hund og katt er frå same dato lagt om i tråd med retningslinjene i St prp nr 58 (1995-96). Det blir ytt eit statleg driftstilskott på om lag kr 400 000 i 1997.

Inntektene frå statleg karanteneordning for hund og katt fell bort som følgje av omlegginga. Dette reduserer inntektene på kap 4107 post 02 med 1 mill kroner i 1997.

Effektiviseringa som omlegginga inneber vil bli nytta til å styrkje kontrollen på mottaksstaden og anna karanteneverksemd.

På dette grunnlaget gjer ein framlegg om at kap 4107 post 02 Driftsinntekter blir redusert med 1 000 000 kroner. Ein gjer vidare framlegg om at det på kap 4107 (ny) post 40 Sal av eigedom blir løyvd 525 000 kroner.

Kap 4161 og kap 5609 post 80 Statskog SF

Statskog SF innbetalte i januar 1997 det statlege lånet på opphavleg 70 mill kroner. Lånet hadde ved årsskiftet ein saldo på vel 24,1 mill kroner.

På dette grunnlaget gjer ein framlegg om at kap 4161 post 91 Avdrag blir auka med kr 18 334 000 til kr 24 167 000. Vidare gjer ein framlegg om at kap 5609 post 80, der renteinntektene av lånet blir førte, blir redusert med kr 1 644 000 til kr 56 000.

Kap 5311 Statens Landbruksbank

Post 03 Husleigeinntekter

Inntekter frå utleige av lokale i Landbruksbanken sitt administrasjonsbygg har dei seinare åra vore høgt budsjetterte. I 1996 vart det såleis rekneskapsført 3 mill kroner i husleigeinntekter på posten medan det var budsjettert med vel 4,5 mill kroner.

Ut frå kravet om realistisk budsjettering gjer ein framlegg om at kap 5311 post 03 blir redusert med kr 1 572 000 til kr 3 000 000 for 1997.

Kap 5609 Renter av lån i selskaper under Landbruksdepartementet

Post 82 Drevsjø Trelast AS

Driftskredittlånet til Drevsjø Trelast AS vart gjort om til aksjekapital i 1996, jf St prp nr 8 (1996-97). Det er såleis ikkje grunnlag for å budsjettere inntekter på kap 5609 post 82 i 1997.

Ein gjer framlegg om at kap 5609 post 82 blir ført opp med 0, dvs ein reduksjon på 416 000 kroner.

2.11 Samferdselsdepartementet

Kap 1301 Forsking og utvikling

Post 70 Tilskott til rasjonell og miljøvennleg transport

Overføringane frå år til år har vore relativt store på denne posten. Dette har særleg samanheng med at departementet for å sikre forsvarleg bruk av midla, ved prosjektstart normalt berre utbetaler mellom 1/2 og 2/3 av tilskott som det er gitt tilsegn om. Resten blir utbetalt når godkjent prosjektrapport ligg føre. Med dette sikrar ein korrekt og tilstrekkeleg rapportering frå prosjekta.

I St prp nr 1 (1996-97) Gul bok, kap 7.3, er m a vist til at det bør vurderast å gjere større bruk av tilsegnsfullmakt for å unngå at løyvingane blir større enn det som kan kome til utbetaling, jf også Innst S nr 130 (1996-97) Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av manglende utnyttelse av gitte bevilgninger.

For å få betre samsvar mellom løyvinga for 1997 og dei utbetalingar ein reknar med i løpet av året, blir det gjort framlegg om å redusere løyvinga på kap 1301, post 70, med i alt 20 mill kroner. Av dette må 5 mill kroner sjåast i samanheng med inndekking av utgifter til planlegging av Ringeriksbanen, jf omtale nedanfor. For å kunne oppretthalde eit tilfredsstillande aktivitetsnivå på dei områda som tilskotta går til, blir det gjort framlegg om fullmakt til i 1997 å gi tilsegn for 20 mill kroner ut over løyvinga på kap 1301, post 70.

Kap 2450 Luftfartsverket

Post 30 Flyplassanlegg

Som ein del av det samla budsjettframlegget har ein funne det tilrådleg med ein mindre reduksjon av investeringsaktiviteten i Luftfartsverket. Ein slik reduksjon kan gjennomførast ved mindre forskyvningar av nokre prosjekt. Det blir etter dette gjort framlegg om å redusere kap 2450, post 30, med 20 mill kroner. Som ein konsekvens av forslaget, blir det og gjort framlegg om å redusere løyvinga under kap 5450, post 35 med 20 mill kroner.

Kap 4320 Vegadministrasjon (jf kap. 1320)

Vegdirektoratet har gjort eit nytt overslag for inntektene på kap 4320 Vegadministrasjon i St prp nr 1 (1996-97). På bakgrunn av rekneskapen for 1996 og utviklinga så langt i 1997, er auken i inntektene på dette kapitlet rekna ut til om lag 16 mill kroner. Endringane er knytt til post 2 Diverse gebyr og post 4 Kontrollgebyr.

Alle tal i mill kroner

Nytt forslag
S III 1997Endringar1997
Post 2 Diverse gebyr94,724,8119,5
Post 4 Kontrollgebyr31,4-8,423,0
Sum126,116,4142,5

Meirinntekta på post 2 Diverse gebyr har si årsak i større etterspurnad av førarprøver. Årsaka til reduksjonen i inntektene på post 4 Kontrollgebyr er at vegvesenet sin del av EØS-kontrollen av lette og tunge kjøretøy er blitt mindre enn tidlegare budsjettert. Det er framleis knytt uvisse til gebyrinntektene.

Meirinntektene fører med seg meirutgifter og ein foreslår at kap 1320 Vegadministrasjon får ein auke tilsvarande auken på inntektssida.

Kap 1350 Jernbaneverket

Post 23 Drift og vedlikehald

Ved handsaminga av St prp nr 64 (1995-96)/Innst S nr 12 (1996-97) vedtok Stortinget at det skal gjennomførast hovudplanlegging av to ulike korridorar for Ringeriksbanen. For 1997 er planutgiftene rekna til 20 mill kroner. Det vedteke budsjettet for 1997 er basert på planleggjing av ein korridor og det er sett av 10 mill kroner til dette. Ein foreslår derfor å auke løyvinga på kap 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald, med 10 mill kroner i 1997.

Av omsyn til budsjettbalansen for 1997 legg Samferdselsdepartementet opp til at auken i løyvinga blir dekt ved reduksjonar i høve til vedtekne løyvingar på

  • kap 1300 Samferdselsdepartementet, post 11 Varer og tenester, med 2 mill kroner

  • kap 1301 Forsking og utvikling m.v., post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik m.v., med 3 mill kroner

  • kap 1301 Forsking og utvikling m.v., post 70 Tilskott til rasjonell og miljøvennleg transport, med 5 mill kroner.

Reduksjonane kan gjennomførast fordi det står igjen ubrukte løyvingar for 1996 som er blitt overførte til 1997.

Postbanken

Stortinget gjorde ved sin behandling av St prp nr 2/Innst S nr 31 (1996-97) og Ot prp nr 2/Innst O nr 10 (1996-97) følgende vedtak:

«Stortinget ber Regjeringen foreta en bred vurdering av Postbankens forretningsstrategi i forhold til Stortingets forutsetninger bl a innenfor rammene av statens egen samlede bankvirksomhet og av eventuelle følger for Postverket.»

Regjeringa vil kome attende til dette på eit seinare tidspunkt.

2.12 Miljøverndepartementet

Kap 1406 Miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta

Post 11 Varer og tenester

På bakgrunn av auka kostnader for Fylkesmannens miljøvernavdeling i Nord-Trøndelag knytt til auka husleige for dei nye lokala i byggjetrinn II i Statens Hus Steinkjer, blir det foreslått at Stortinget aukar løyvinga med 474 000 kroner under kap 1406, post 11 Varer og tenester.

Post 70 Tilskott til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast

For å dekkje delar av merutgiftene på budsjettet til Miljøverndepartementet, gjer ein framlegg om at løyvinga under kap 1406 post 70 Tilskott til kalking og lokale fiskeføremål blir redusert med 7 mill kroner. 16,6 mill kroner vart overført frå budsjettåret 1996 til 1997 under denne posten. Dette kjem av at einskilde kalkingsprosjekt vart sette ut i tid i forhold til dei opprinnelege planane. Reduksjonen vil ikkje røre ved kalkingprosjekt som er satt i gang eller som er planlagt i 1997, men det kan bli naudsynt å gjennomføre einskilde justeringer i planlagte forskings- og overvakingsaktiviteter.

Kap 1427 Direktoratet for Naturforvalting

Post 01 Lønn og godtgjersle

Post 11 Varer og tenester

Oppretting av 10 stillingar til Statens naturoppsyn (SNO)

Regjeringa har ved fleire høve understreka behovet for å styrkje naturoppsynet i Noreg. Særleg er det nødvendig å utvide oppsynet og rydde opp i mellombels eller uoversiktlege ordningar for ein del nasjonalparker og andre store verneområde i Midt- og Sør-Noreg. Dette er område med store naturverdiar som samtidig blir brukte aktivt til m a landbruk, friluftsliv og turisme. Ein fremjer med dette forslag om å opprette i alt 10 stillingar til Statens naturoppsyn (SNO) frå 01.09.97. I tillegg til disse stillingane treng ein å føre vidare kjøp av oppsynstenester frå Statskog SF og fjellstyra. Det blir lagt opp til tett samarbeid mellom dei ulike oppsynsordningane, inklusive politiet.

Dei 10 stillingane vil bli fordelte som følgjer: Dovre/Rondane 2 stillingar, Femundsmarka 1 stilling, Hardangervidda 4 stillingar, Jostedalsbreen 1 stilling, Jotunheimen 1 stilling og Trollheimen 1 stilling. Stillingane for Hardangervidda må sjåast i samanheng med forslaget til justering av verneforskrifta som ligg til slutthandsaming i departementet. Justeringa vil m.a. innebere ein endra forvaltningsmodell for nasjonalparken. I Jostedalsbreen, Jotunheimen og Trollheimen har ein i dag oppsyn på heiltid som anten førebur eller gjer enkeltvedtak på vegne av fylkesmennene som forvaltingsmyndigheit. Slike forvaltingsoppgåver bør ikkje baserast på kjøp av tenester.

Omfanget av oppsynet i nasjonalparkane vil variere over året. Det vil derfor vere aktuelt å leggje også andre oppsynsoppgåver til stillingane.

I samband med handsaminga av St prp nr 1 (1996-97) ba fleirtalet i Stortinget regjeringa kome tilbake til Stortinget med ei orientering om gjennomgangen og opplegget for SNO med grundig utgreiing for finansieringa. Ein vil kome tilbake med ein slik gjennomgang i statsbudsjettet for 1998.

Styrking av driftsbudsjettet til Direktoratet for naturforvalting for 1997

Driftsbudsjettet til Direktoratet for naturforvalting (DN) for 1997 treng styrking under kap 1427 post 11. Dette har fleire årsaker:

Fleirtallet i energi- og miljøkomiteen hadde som føresetnad i Budsjett-innst S nr 9 (1996-97) at tilskott til lokale vilt- og fisketiltak som blir gitt over post 21 Spesielle driftsutgifter, og blir refundert gjennom inntekter frå Vilt- og Fiskefondet, ikkje lenger skal kunne dekkje enkelte administrative kostnader i DN med å gjennomføre vilt- og fisketiltak.

Ein legg til grunn at DN framleis må kunne få dekt hovuddelen av dei administrative kostnadene med å gjennomføre vilt- og fisketiltak som blir finansiert av Vilt- og Fiskefondet. Det er eit godkjent prinsipp for statleg oppdragsverksemd at prosjekt som statlege institusjonar gjennomfører på oppdrag frå andre og som blir finansiert/refundert gjennom særskilte inntekter, må bere hoveddelen av sine eigne administrative kostnader. Gjennom dette blir prosjekta sine reelle kostnader synleggjorde.

Det blir likevel lagt opp til at frå 1997 vil ein mindre del av DNs administrative kostnader med å gjennomføre ulike tiltak/oppsyn bli belasta prosjekta og utgiftsført på post 21. For at utgiftene som tidlegere vart belasta post 21 ikkje skal fortrenge løyvingar knytt til andre drifts- og utgreiingsoppgåver som skal finansierast over post 11, må ein styrke post 11 i budsjettet for 1997.

Videre vil det i 1997 vere behov for fleire prosjekt og tilleggsutgreiingar innafor viktige område m a knytt til gjennomføringa av Nasjonalparkplanen. Det vil også kome kostnader når DN flytter inn i nytt bygg på Tungasletta. I samband med dette vil ein trenge midler til investeringar i inventar og utstyr.

Ein gjer derfor forslag om at løyvinga under kap 1427 post 01 Lønn og godtgjersle, blir auka med 0,833 mill kroner, og at post 11 Varer og tenester blir auka med 8,133 mill kroner.

Post 70 Tilskott til fiskeføremål

Orientering om handlingsplan mot Gyrodactylus salaris

Ein viser til merknader frå Energi- og miljøkomiteen i Budsjett-innst S nr 9 (1996-97) om at det er påvist smitte av lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Lærdalselva og Rauma.

Det vart i 1996 utarbeidt ein handlingsplan for tiltak mot Gyrodactylus salaris. Handlingsplanen bygde på den kunnskapen som da var tilgjengeleg om m a spreiing av parasitten, effekter av allereie gjennomførte tiltak, planlegging av attverande prosjekt, tilgjengelege økonomiske ressursar, motarbeidingsmetoder o l.

Da parasitten vart påvist i Lærdalselva og Rauma i oktober 1996, oppsto ein ny situasjon i og med at parasitten har vorte spreidd til ein ny region utan kjend årsak (Lærdalselva) og ny påvising av parasitten etter rotenonbehandling (Rauma). Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet har derfor bede Direktoratet for naturforvalting og Statens dyrehelsetilsyn om å utarbeide forslag til ein revidert strategi. Forslaget vil bli behandla av dei to departementa, og skal leggjast til grunn for ein ny handlingsplan som skal gjerast ferdig hausten 1997.

Det vart gjennomført ei avgrensa rotenonbehandling i Lærdalselva i april 1997 som eit smitteavgrensande tiltak for vassdraga i Sognefjorden. Det er også teke sikte på ei eventuell full behandling av Lærdalselva hausten 1997.

Moglege tiltak i Rauma vil inngå i den nye handlingsplanen, og ei eventuell behandling kan tidlegast setjast i verk neste år. Miljøverndepartementet vil kome tilbake med ei nærare utgreiing i samband med statsbudsjettet for 1998.

Post 71 Tilskott til viltføremål

Orientering om handlingsplan for gjess

I Budsjett-innst S nr 9 (1996-97) viste komiteens fleirtall til den ferdigstilte handlingsplanen for forvalting av gjess, jf DN-rapport 1996-2, og bad Miljøverndepartementet kome med forslag til vidareføring av planen i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1997.

Handlingsplanen for gjess vil bli vidareført gjennom tilpassing av økonomiske og administrative verkemidlar innafor Direktoratet for naturforvalting sitt arbeidsområde. Det er våren 1997 m a vedteke nye jakttider for perioden 1997-2002. Vidare er det utarbeidd utkast til ei rekkje lokale forvaltingsplanar for grågås, som både brukarane, rettsshavarane, kommuner og fylkesmennenes miljøvern- og landbruksavdelingar tar del i. Etterkvart som planane blir sette i verk vil ein stadig trenge evaluering av virkningar og økonomiske behov. Tiltak knytt til gjennomføringa vil ein vurdere årleg innanfor ramma av kap 1427 Direktoratet for Naturforvalting.

Post 73 Erstatningar og førebyggjande tiltak mot rovviltskader, kan overførast

Erstatningskrav for rovviltskader på bufe og rein har auka sterkt dei siste åra. Erstatningane for bufe har auka frå om lag 5 700 sau/lam i 1990 til om lag 39 500 sau/lam i 1996. Erstatningane for rein har auka frå om lag 1 700 i 1989/90 til om lag 3 900 i 1994/95.

Aukinga kjem av fleire forhold, m a betre skadedokumentasjon frå rein- og saueeigarar, at gaupeskader gir rett til erstatning, ein aukande jerv- og gaupebestand i delar av landet samt ei auking i sauehaldet.

Ein legg til grunn at den enkelte dyreeigar ikkje skal bli påført urimelege økonomiske tap.

På denne bakgrunnen blir det fremma forslag om å auke løyvinga under kap 1427, post 73 Erstatningar og førebyggjande tiltak mot rovviltskader med 20 mill kroner.

Ein viser elles til omtale under kap 1427 post 73 i St prp nr 1 (1996-97) som gjeld ny erstatningsordning for rovviltskader på tamrein og til omtale under same kapittel og post i St prp nr 21 (1996-97) om erstatningssatsane for bufe og tamrein. Miljøverndepartementet viser i denne samanheng til St meld nr 35 (1996-97) Om rovviltforvaltning som nyleg vart lagt fram. Miljøverndepartementet går her m a inn for at erstatningssatsane for bufe og tamrein blir fastlagde med utgangspunkt i dei prisane som blir oppnådde gjennom dei årlege jordbruks- og reindriftstingingane, og at satsane blir lagde fram for Stortinget i samband med dei årlege budsjettframlegga.

Kap 1429 Riksantikvaren

Post 72 Vern og sikring av freda og bevaringsverdige kulturminner og kulturmiljøer, kan overførast

Ein foreslår å redusere løyvinga med 1,8 mill kroner for å dekkje forslag om auka løyving under andre poster under Miljøverndepartementet, jf omtale under kap 1429 post 74 Vernebygg Domkyrkjeruinen på Hamar.

Post 74 Vernebygg Domkyrkjeruinen på Hamar, kan overførast

Energi- og miljøkomiteen ba i Budsjett-innst S nr 9 (1995-96) om at arbeidet med vernebygget blir gjeve prioritet med tanke på sluttføring i 1997. Komiteen forutsatte at byggjekostnadane vart fordelte på statsbudsjettet for 1996 og 1997. Med bakgrunn i komiteens merknader og ut i frå ei kostnadsvurdering på 52 mill kroner, vart det i St prp nr 58 (1995-96) gjort framlegg om løyving på 15 mill kroner. Stortinget slutta seg til regjeringa sitt forslag, jf Innst S nr 283 (1995-96). I statsbudsjettet for 1997 er det løyvd ytterlegere 20 mill kroner til prosjektet. Bygget skal etter planen gjerast ferdig i november 1997.

Etter avslutta tilbodsrunde er kostnaden med å gjennomføre prosjektet rekna til 66,8 mill kroner. Auken i høve til tidlegare kostnadsvurderingar, kjem i det vesentlege av utviklinga på byggjemarknaden og meirutgifter til å dekkje tilleggsarbeid med fundamentering av byggjet og arkeologiske utgravingar. Vidare at prosjektet er ein ny type bygg kor ein har lite erfaringsmateriale å ta utgangspunkt i.

Finansiering:kroner
Investeringskostnader66 800 000
Testamentarisk gåve10 000 000
Sponsormidlar4 900 000
Tidlegare løyving35 000 000
Rest16 900 000

Etter vurderingar frå Statsbygg vil delar av sluttutbetalinga kome til utbetaling i 1998.

Etter dette blir det gjort framlegg om at løyvinga under kap 1429 post 74 Vernebygg Domkyrkjeruinen på Hamar blir auka med 9,8 mill kroner i 1997.

Kap 1441 Statens forureiningstilsyn

Post 63 Tilskott til planlegging og investering i kommunale avløpsanlegg, kan overførast

Posten vart redusert med 50 mill kroner i samband med salderinga av statsbudsjettet 1997. Fleirtalet i komiteen ba regjeringa om å kome tilbake med ei vurdering av dette i samband med Revidert nasjonalbudsjett 1997. Ein ventar ikkje no at reduksjonen vil få negative konsekvensar. Dette kjem av ei uventa stor overføring av ubrukte midlar frå 1996 på 55 mill kroner. Utbetalingane på posten avheng av framdrifta av dei ulike prosjekta i kommunane, og er vanskeleg å gje nøyaktig. Overføringane kjem i hovudsak av utsetjing av ein del større nitrogenreinseanlegg, og at nokre prosjekt har teke lengre tid å gjennomføre enn venta. Problem med ny teknologi på VEAS har ført til at ei planlagt utbetaling på 23 mill kroner er vorte utsett.

Ein foreslår at bygginga av 6 anlegg for nitrogenfjerning med avrenning til Hvaler-Singlefjorden vil bli utsett til nærare 2005.Tilsegnsfullmaktaunder kap 1441 post 63 for 1997 kan derfor reduserast med 180 mill kroner, jf forslag vedtak. Utsetjinga vil ikkje redusere behovet for løyving i 1997, sidan det ikkje er budsjettert med utbetalingar til dei aktuelle nitrogentiltaka i denne perioden.

Orientering om tiltak for å redusere tilførslane av nitrogen frå kommunalt avløpsvatn og landbruk til Hvaler-Singlefjordområdet.

Arbeidet med å redusere nitrogentilførslane til ytre Oslofjord har vorte utsett medan ein ventar på den nye gjennomgangen av saka som Miljøverndepartementet sette i gang i april 1995, jf. utgreiinga i St prp nr 1 (1996-97) Miljøverndepartementet s. 70-72. Utgreiinga er basert på rapporten frå ekspertgruppa som vart etablert for å gjennomgå det faglege grunnlaget i saka. Miljøverndepartementet varsla om at det vidare arbeidet i denne omgangen vil bli konsentrert om Hvaler-Singlefjordområdet.

Rapporten frå forskargruppa dokumenterer at det har vore ei negativ utvikling i ytre Oslofjord, og at årsaka til dette er både norske utslepp og langtransporterte tilførslar. Ein kan ikkje sjå bort frå den påviste langsiktige forverringa i området. Det klårt dokumenterte tilskottet frå norske kjelder taler for at også vi i Noreg må gjennomføre tiltak i området. Hvaler-Singlefjorden er spesielt utsett. Den største samlinga av planktonalger finn ein her, og ein mogleg giftig og eutrofirelatert algeart har her eit kjerneområde. Norske tilførslar er heilt dominerande i dette området.

Noreg har tidlegare definert området frå svenskegrensa til Jomfruland som område som er utsett for nitrogen i følgje EU-direktivet og nordsjødeklarasjonane. Miljøverndepartementet legg no opp til å definere to sårbare område; indre Oslofjord innanfor Drøbak-terskelen, der gjennomføringa av tiltak har kome langt, og eit område som strekk seg frå svenskegrensa til vestenden av Hvaler/Strømtangen fyr.

Av dei menneskeskapte tilførslane av nitrogen til Hvaler-Singlefjorden står kommunal sektor for om lag 1/3 og landbruket for om lag 2/3, medan industrien sitt bidrag er lite. Statens forureiningstilsyn har gjort ein ny gjennomgang av utsleppskjeldene og kostnadene ved aktuelle tiltak. Resultata stadfester at tiltaka innan kommunal- og landbrukssektoren som no blir foreslått er dei mest kostnadseffektive.

I tillegg til dei 3 nitrogenrenseanlegga som allereie er ferdigstilt eller er under bygging, har det hittil vore planlagt 6 nye anlegg i nedbørsfeltet til Hvaler-Singlefjorden. Det synest føremålstenleg med ei gradvis gjennomføring. Dei største og mest kostnadseffektive anlegga, anlegg som allereie er kome langt i byggeprosessen, og anlegg som òg har positiv lokal effekt, blir prioritert først. Gardermoen sentralrenseanlegg og RA-2 ved Lillestrøm har allereie fått tilsegn om investeringstilskott og er i gang med bygginga. Desse to store anlegga utgjer saman med det ferdige Lillehammer reinseanlegg og dei tre anlegga i indre Oslofjord første etappe i utbygginga av nitrogenfjerningsanlegg. Tiltaka i indre Oslofjord har ikkje vore til vurdering no, og gjennomføringa her held fram som forventa. Pålegg om bygging og krav om sluttføring av dei resterande store anlegga med avrenning til Hvaler/-Singlefjorden vil bli utsett til nærare 2005. Nitrogenrenseanlegga på vestsida av ytre Oslofjord er som tidlegare varsla utsett inntil vidare. Dersom situasjonen i ytre Oslofjord utviklar seg raskare i ei negativ retning, vil det bli aktuelt å framskunde anlegga.

Utsetjinga av anlegga vil gi kommunane tid til å gjennomføre tiltak på leidningsnettet som dei sjølve har ønskt å prioritere før bygging av nye reinseanlegg. Slike tiltak vil auke kapasitetsutnyttinga ved dei nye reinsetrinna, forenkle drifta av anlegg og betre reinseresultata.

Stortingets energi- og miljøkomité ber i Budsjett-innst S nr 9 (1994-95) s. 28-29 og Budsjett-innst S nr 9 (1995-96) s. 31-32 Miljøverndepartementet gjennomføre ei vurdering av ulike alternativ med sikte på betra stønadsordningar til kommunar som gjennomfører store investeringar på avløpsområdet, inkludert alternativa for å dele kostnadene ved nitrogenreinsing på fleire av kommunane i nedslagsfeltet som medverkar til forureiningsproblema. Alle alternativa til det system som gjeld i dag krev anten nytt lovgrunnlag, eller vedtak i Stortinget om ei øremerka finansieringsavgift for nitrogenfjerning. Det vil skape store prinsipielle og praktiske problem. Med eit avgrensa tiltaksomfang slik ein no legg opp til, vil kostnadene ved å etablere nye virkemiddel i tillegg vere store. Miljøverndepartementet kan derfor ikkje sjå noko reelt alternativ til dagens ordning med investeringstilskott over statsbudsjettet.

Ein tar av den grunn sikte på å føre vidare ordninga med statstilskott over kap 1441 post 63. Innanfor denne tilskottsordninga gir ein for ordinær fosforreinsing berre tilskott til kommunar som har samla avløpskostnader over gjennomsnittet i landet. Den same grensa vil bli nytta til å differensiere nitrogentilskotta, slik at anlegg med kostnader under gjennomsnittet i landet får inntil 50 pst tilskott som i dag, medan anlegg over gjennomsnittet for landet får inntil 70 pst tilskott.

Ein har gjennom fleire år sett i verk verkemiddel innanfor jordbruksavtalesystemet for å redusere tilførslane frå jordbrukssektoren. Det er og gjennomført monalege tiltak og oppnådd gode resultat, men det er framleis behov for å føre vidare tiltaksgjennomføringa. Nitrogentiltak i landbruket vil bli sterkare fokusert mot område med avrenning til ytre Oslofjord, i første rekkje dei områda av fylka Østfold, Akershus, Hedmark og Oppland som drenerer til Glomma og Haldenvassdraget.

Ein tar derfor sikte på å oppnå ein vesentleg reduksjon av avrenning av nitrogen frå opent åkerareal, i samanheng med disponering av husdyrgjødsel. Ein legg opp til å føre vidare og styrke arbeidet hos fylkesmannen i dei aktuelle fylka, og å trekke organisasjonane i næringa inn i arbeidet på grunnlag av deira ansvar og arbeid med miljø- og ressursplanar. Ein skal konsentrere innsatsen om å samordne gjennomføringa av tiltak i nedbørsfeltet til forureina resipientar, og gjennomføre rettleiing, storskalaforsøk, demonstrasjonsprosjekt m v der ein fokuserer særleg på tiltak mot nitrogen. Tilskottsmidlar som ein set inn overfor den einskilde gardbrukaren vil bli henta frå dei ordinære ordningane som til ei kvar tid finst under jordbruksavtalen.

Kap 1442 Vannmiljø-, og avfalls- og spesialavfallstiltak

Post 70 Tilskott til avfallsreduksjon, attvinning og kompetanseformidling, kan overførast

Løyvinga under posten blir foreslått redusert med 17 966 000 kroner, noe som vil føre med seg at det vil bli gitt mindre tilsegn. Posten er redusert for å dekkje opp meirbehov under andre postar under Miljøverndepartementet.

Kap 1443 Miljøovervåking og akutt forureining

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast

Løyvinga under posten blir foreslått redusert med 2 mill kroner for å dekke opp meirbehov under andre postar under Miljøverndepartementet.

Kap 1465 Statens kjøp av tenester i Statens kartverk

Post 21 Betaling for statsoppdraget

Posten vart redusert med 15 mill kroner i samband med salderinga av statsbudsjettet 1997. Fleirtalet i finanskomiteen la til grunn at Statens kartverk gjennomfører prioriterte oppgåver innanfor dei vedtekne budsjettrammene. Fleirtalet i komiteen bad regjeringa koma tilbake i Revidert nasjonalbudsjett 1997 med ei vurdering av dette. Fleirtalet i komiteen viste i samanheng med dette til fråsegna frå energi- og miljøkomiteen om at det står att omfattande oppgåver for Statens kartverk.

Det syner seg vanskeleg å setja i verk ein så stor reduksjon i statsoppdraget utan at dette får konsekvensar for prioriterte oppgåver innanfor statsoppdraget, og for drifta av Kartverket. Ein foreslår derfor å auke løyvinga under kap 1465, post 21 med 4 mill kroner mot å setje ned løyvinga under kap 2465, post 45 med tilsvarande beløp.

Den attverande reduksjonen i statsoppdraget får størst utslag for arbeidet med digitalt økonomisk kartverk der framdrifta blir om lag 10 pst mindre. Kartverket baserer seg da på at interessa frå kommunar, vegvesenet og andre for å samarbeide om felles kartleggingsprosjekt let seg halde oppe utan tilsvarande reduksjon frå deira side. Bidrag gjennom slike prosjekt vil etter dette finansiere meir enn halvparten av arbeidet med digitalt økonomisk kartverk. Reduksjonen i statsoppdraget vil ut over dette bli fordelt på fleire område, m a blir arbeidet med tidsmessig sjømåling av norskekysten noko mindre.

Kap 2465 Statens kartverk

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast

Posten omfattar den samla investeringsramma til Kartverket. Ein foreslår å redusere denne med 4 mill kroner i 1997, jf kap 1465. Reduksjonen inneber at innføringa av meir effektivt produksjonsutstyr, m a til sjømåling og edb-basert kartproduksjon blir utsett.

Minka statsoppdrag og investeringar reduserer i lengda kartproduksjonen og svekker dermed grunnlaget for ekstern inntening. Kartverket reknar i 1997 likevel med å kunne kompensere mindre betaling for statsoppdraget med fleire konsulentoppdrag. Kartverket vil og styrke arbeidet for å få fleire kartprosjekt dekte saman med andre offentlege organ. Ein foreslår derfor ikkje å endre dei samla inntekter og utgifter under post 24. Kartverket vil søke å overføre tilsette som no arbeider med den geografiske informasjonsinfrastrukturen som statsoppdraget ikkje lengre dekkjer, over til tenesteproduksjon og anna salsretta verksemd.

Med bakgrunn i dette legg ein fram forslag om å setje ned løyvinga under kap 2465, post 45 Store nyinnkjøp med 4 mill kroner.

2.13 Planleggings- og samordningsdepartementet

Kap 11 Slottet, Bygdø kongsgård og Oscarshall

Post 01 Lønn og godtgjersle samt post 11 Varer og tenester

Ein gjer forslag om at Slottsforvaltninga får ei ny midlertidig stilling (toårig heimel) med tilhøyrande lønns- og driftsmidlar til å følgje opp ombyggingsarbeida på Slottet til desse er fullført sommaren 1998. Sidan tilsetjinga i 1997 vil gjelde i om lag eit halvt år, fører ein opp ei tilleggsløyving på 100 000 kroner på post 01 og 100 000 kroner på post 11.

Kap 1500 Planleggings- og samordningsdepartementet

Post 01 Lønn og godtgjersle

Til å ivareta etterbruksarbeidet av Fornebu foreslår ein at det skal opprettast ein særskild prosjektstab i Planleggings- og samordningsdepartementet med to nye mellombels stillingar (fireårige heimlar). Det blir foreslått ei tilleggsløyving på 300 000 kroner på post 01.

Post 11 Varer og tenester

Auka driftsmidlar i samband med etterbruk av Fornebu blir ført opp med 100 000 kroner på post 11. (Jf. omtale under post 01).

Nytt økonomireglement for staten fra 10.01.97 inkluderar regler om likvidbehandling i samband med statens konsernkontoordning. Planleggings- og samordningsdepartementet har overteke oppgåvene som rekneskapsførar for eiga verksemd fom 01.10.96, og har frå same tidspunkt gått inn på statens konsernkontoordning. Teknisk svikt i betalingsformidlingssystemet i perioden rundt årsskiftet medførte at betaling for varer og tenester som ein fekk i 1996 først kom til utbetaling i 1997. Det blir derfor gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 1,3 mill kroner på post 11.

Overføring/endring av stillingsheimlar

I samband med organisering av Konkurransepolitisk avdeling i to seksjonar, gjer ein framlegg om å gjere om ei stilling som rådgjevar i stillingsgruppe II til stilling som avdelingsdirektør i stillingsgruppe I. I samband med oppretting av Plan- og samordningsavdelinga i Planleggings- og samordningsdepartementet, og ved at departementet overtok Samferdselsdepartementet si myndighet til å avgjere klager over vedtak fatta av Statens teleforvaltning av konkurransemessig karakter, foreslår ein at det blir overført to stillingsheimlar fra kap 1550 Konkurransetilsynet til kap 1500 Planleggings- og samordningsdepartementet, jf omtalen under kap 1550 Konkurransetilsynet.

Omtale av utgreiing om sikkerhetssertifisering

I Budsjettinnstilling S I (1996-97) ba Stortinget i romertalsvedtak III om at regjeringa legg fram for Stortinget eiga sak om oppretting av eit sertifiseringsorgan for å sikre dataløysingar i løpet av våren 1997. Saka blir no utgreid i regi av Rådet for IT-sikkerhet. Ein ventar at utgreiinga blir ferdig før sommaren 1997. Ho vil da bli lagt fram for behandling i rådet, som sender si tilråding til Planleggings- og samordningsdepartementet. Tilrådinga om eit sertifiseringsorgan for sikre dataløysingar må sendast på brei høyring. Saka vil derfor bli framlagt for Stortinget hausten 1997.

Kap 1503 Tilskott til tenestemannsorganisasjonanes opplysnings- og utviklingsfond

Post 70 Tilskott

Ein har gjort eit nytt overslag av det tariffesta tilskottet med utgangspunkt i regulativlønnsmassen pr. 01.10.96. Talet på årsverk har auka med 1 821 fra 01.10.95 til 01.10.96. Løyvinga skal etter gjeldande tariffavtale vere 0,24 pst. av lønnsmassen, som utgjer kr 125 935 284. Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på kr 7 056 000.

Kap 1510 Fylkesmannsembeta

Post 01 Lønn og godtgjersle,

Post 11 Varer og tenester

Stortinget vedtok ved salderinga av statsbudsjettet for 1997 ein reduksjon på 50 mill kroner for fylkesmannsembeta. 24,4 mill kroner vart vedteke som reduksjon på kap 1510, medan resten av reduksjonen fekk konsekvensar for berørte budsjettkapittel under Landbruksdepartementet (kap 1102) og Miljøverndepartementet (kap 1406). Samanlikna med det opprinnelege budsjettframlegget vart det vedteke ein reduksjon på 21,4 mill kroner på kap 1510, etter nokre mindre tekniske justeringar av kapitlet, jf. forslag i St prp nr 1 Tillegg nr. 7 (1996-97). Fleirtalet i finanskomiteen ga i salderingsinnstillingen (S II) ein merknad om at regjeringa vart bede å vurdere kor mogleg det er for embeta å gjennomføre dei nye lovpålagte oppgåvene innanfor vedtekne budsjettrammer. Regjeringa si tilbakemelding skulle framleggjast i tilknyting til RNB 1997. Planleggings- og samordningsdepartementet har gjort ei vurdering av status som gjeld kap 1510 i samarbeid med dei andre fagdepartementene som er involvert i aktiviteten ved fylkesmannsembeta.

I St prp nr 1 (1996-97) vart det foreslått ei styrking av kap 1510 Fylkesmannsembeta for 1997. I St prp nr 1 (1996-97) var det ei reell styrking av kapitlet med 16 mill kroner og 28 nye og faste stillingar. 9 mill kroner vart omprioritert innanfor Administrasjonsdepartementet si ordinære utgiftsramme. Ved styrkinga var føresetnaden at embeta skulle:

  • føre naudsynt tilsyn med institusjonar etter barnevernlova,

  • føre betre kontroll med dei statlege tilskottsordningane, som barnehagetilskott, tilskott til tru- og livssynssamfunn og konfliktråd,

  • løyse oppgåva som klageinstans på vedtak etter plan- og bygningslova, sosiallova og barnevernlova slik at saksbehandlingstida blir tilfredsstillande,

  • styrkje arbeidet med tilsyn med kommunal økonomi, samordning av statlig styring i høve til kommunane og rapportering mellom kommunane og staten,

  • styrkje kontrollen med stiftingar.

Etter regjeringa si vurdering kan ein ikkje realisere dei intensjonane som vart lagt til grunn for å styrkje kap 1510 innanfor ei budsjettramme som er vesentleg lavere enn det som var utgangspunktet før regjeringa fant det naudsynt å foreta ei styrking. Planleggings- og samordningsdepartementet har fått samla tilbakemelding frå embeta om konsekvensane dersom ein gjennomfører reduksjonen, både med tanke på utføring av oppgåver og bemanningssituasjonen. Kort oppsummert vil desse områda bli skadelidande:

  • Gjennomføringen av 6-åringsreformen

  • Gjennomføringen av eldresatsingen

  • Tilsyn med barnevernsinstitusjonane, rus- og omsorgsinstitusjonar

  • Forvaltningstilsynet retta mot kommunale barneverninstitusjonar

  • Arbeidet med utbyggjing av barnehagar slik at behovet er dekka innan år 2000

  • Saksbehandlingstida for klagesaker etter barnevernlova, ekteskapslova, sosialtenestelova og plan- og bygningslova vil bli mykje lengre (er i dag på opptil 10 mnd)

  • Fri rettshjelp, voldsoffererstatning og arbeidet med tru- og livsynssamfunn

  • Kontroll med barnehagetilskottet og tilskottet til tru- og livsynssamfunn

  • Arbeidet overfor kommunane med gjeldsrådgjeving

  • Sluttføring av HVPU-reformen og rettstryggleiken knytta til tvangsinngrep overfor psykisk utviklingshemma

  • Samordning av statleg styring

  • Rettleiing og rådgjeving overfor kommunane.

Fylkesmannsembeta fikk som nemnt foran, ein samla budsjettreduksjon på 50 mill kroner i samband med salderinga av 1997-budsjettet og 29 mill kroner av denne summen er innarbeidd i fylkesmannsembeta si verksemd innanfor landbruks- (kap 1102) og miljøvernavdelingane (kap 1406). Planleggings- og samordningsdepartementet finn det ikkje mogleg å innarbeide ein reduksjon på 21,4 mill på kap 1510 uten at dette får alvorlege konsekvensar for viktige lovpålagte oppgåver. Med bakgrunn i framstillinga foran, finn ein det naudsynt å foreslå ei tilleggsløyving på kap 1510 i 1997 som medfører oppjustering til det same reelle nivået som opphavleg foreslått av regjeringa i St prp nr 1 (1996-97). Det blir gjort framlegg om ein auke på 21,4 mill kroner, av dette 13,7 mill kroner på post 01 og 7,7 mill kroner på post 11. Forslaget må sjåast som ei omdisponering frå kap 2445 post 31, Statsbygg/vidareføring av bygg, jf omtalen under kap 2445 Statsbygg.

Rammeoverføring frå Direktoratet for sivilt beredskap

I samband med spesielle prosjekt som fylkesmannsembeta skal utføre i 1997 på vegner av Direktoratet for sivilt beredskap (DSB), foreslår ein ei omdisponering på 2,4 mill kroner frå DSBs kap 481 til kap 1510, av dette 300 000 kroner på post 01 og 2,1 mill kroner på post 11.

Husleigekompensasjon Statens hus i Steinkjer

Fylkesmannen i Nord-Trøndelag får ein husleigeauke på 759 000 kroner som følgje av flytting til byggetrinn II i Statens Hus i Steinkjer. Ein viser til omtalen av kap 2445 Statsbygg og naudsynte justeringar på driftsbudsjettet. Kompensasjonsmidlane blir ført opp under post 11.

Totalt blir framlegget om tilleggsløyvingar under kap 1510 på 24,559 mill kroner, av dette 14 mill kroner på post 01 og 10,559 mill kroner på post 11.

Kap 1522 Statens forvaltningsteneste

Post 01 Lønn og godtgjering,

Post 11 Varer og tenester

a) Flytting av Fiskeridepartementet

Det er fastsett at Fiskeridepartementet (FID) skal flytte til Grubbegt. 1, og etter planen vil ein få ei førebels innplassering innan 1. juli d å. Permanente lokale for FID i Grubbegt. 1 skal stillast til disposisjon i løpet av mars 1998. Flyttinga vil medføre auka utgifter for Statens forvaltningstjeneste (Ft) i 1997, i form av etableringskostnader og auka driftskostnader for å etablere same type fellestenester som for andre departement.Dei totale etableringsutgiftene som blir påført Ft ved lokalisering av FID i Grubbegt. 1, er kostnadsrekna til 8 mill kroner som kan henførast til post 11. På heilårsbasis reknar ein med at rammene for Ft må aukast med 14 nye stillingar forutan heilårseffekt på 5 mill kroner i lønns- og driftsmidlar.Det er lagt til grunn at heile Grubbegt. 1 etter kvart vil bli nytta til kontor for departementa i Regjeringskvartalet, og naudsynte sikringsanlegg, tele- og datatilknyting må etablerast i heile bygget.

Ein foreslår oppretta 14 nye stillingar og ei tilleggsløyving ifm. flyttinga av FID på 10,5 mill kroner, av dette 1,7 mill kroner på post 01 og 8,8 mill kroner på post 11. Løyvinga dekkjer etableringsutgifter og halvårseffekt av auka driftsutgifter.

b) Husleigekompensasjon

Ein viser til St prp nr 1 Tillegg nr. 7 (1996-97) der det vart foreslått å gi Ft ein husleigekompensasjon på 2,9 mill kroner for auka husleige i Regjeringskvartalet. Den samla husleigeauken for Ft er på 5,9 mill kroner. Ein foreslår derfor ei tilleggsløyving på 3 mill kroner på post 11.

c) Kopinor-avtalen

Avtalen med Kopinor gjeld statsadministrasjonen sin del av kopiering som fell inn under åndsverklova. Kopinor-avtalen gjekk ut i 1995 og ein gjorde nye registreringar i 1996 for å få fastsett ny avgift. Den nye avgifta medfører at Ft sine utgifter til avtalen har auka. Ein foreslår ei tilleggsløyving på 2,6 mill kroner på post 11 relatert til denne avtalen.

d) Finansavisen som nytt annonseorgan

Finansavisen er vorten godkjent som annonseorgan for statsannonsane med verknad frå veke 4/97, og talet på Oslo-avisar som har rett til fellesannonsar er følgjeleg auka fra åtte til ni. Dette er rekna å medføre ein brutto auke i Ft sine utgifter i 1997 på om lag. 3,7 mill kroner. Av dette vil venteleg 1,2 mill kroner vere relatert til annonsar utover 240 anslag, som blir fakturert vidare til oppdragsgivar. Ein foreslår ei tilleggsløyving for Ft sin netto auke i annonseutgiftene på 2,5 mill kroner, post 11.

Totalt blir det ei tilleggsløyving på 18,6 mill kroner, av dette 1,7 mill kroner på post 01 og 16,9 mill kroner på post 11.

Kap 1540 Statens Pensjonskasse

Post 01 Lønn og godtgjersle, post 11 Varer og tenester

Talet på søknader om ventelønn vil venteleg auke kraftig ift. dei prognosar som opprinneleg låg til grunn for 1997, jf omtalen under kap 1545. Ein foreslår å tilføre Statens Pensjonskasse 6 nye og mellombels stillingar (fireårige heimlar) og ei tilleggsløyving på 2,5 mill kroner til lønns- og driftsutgifter knytta til arbeidet med ventelønnsordninga. Av dette kjem 1,5 mill kroner på post 01 og 1 mill kroner på post 11.

Kap 1545 Ventelønn mv.

Post 01 Lønn og godtgjersle

I 1996 og i starten av 1997 er det observert ein sterk auke i talet på ventelønnsmottakarar. Dette kan illustrerast ved følgjande tabell:

Tidspunkt01.01.9501.01.9601.09.9601.01.97
Tal på ventelønnsmottakarar353382602875

Talet på ventelønnsmottakarar vil venteleg passere 1 000 innan utgangen av april 1997, og ein må vente ein aukande tilgang utetter i 1997. Det er førebels utarbeida følgjande prognoser:

  • Telenor, 500-800 nye søknader

  • Postverket, 180 nye søknader

  • Kirke-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF), 100 nye søknader

I tillegg kan det også ventast søknader om ventelønn frå fleire andre verksemder. På denne bakgrunnen vil det truleg vere ca. 1 900 ventelønnsmottakarar pr. 31.12.97. Overslaget er usikkert. Ein foreslår ei tilleggsløyving på 36 mill kroner for å sikre finansiering av venta auke i ventelønnsutgiftene.

Kap 1550 Konkurransetilsynet

Post 11 Varer og tenester

Konkurransetilsynet har dårleg inneklima i sine kontor. Ein gjer framlegg om ein auke på 1,115 mill kroner for å iverksettje Arbeidstilsynet sine krav i nødvendig handlingsplan. Forslaget må sjåast som ei omdisponering av løyving på kap 2445 post 31, Statsbygg/vidareføring av bygg, jf. omtalen under kap 2445 Statsbygg.

Overføring/endring av stillingsheimlar

Ein foreslår at to stillingsheimlar blir overført frå kap 1550 Konkurransetilsynet til kap 1500 Planleggings- og samordningsdepartementet, jf omtale under kap 1500.

Kap 2445 Statsbygg

Post 24 Driftsresultat

Driftsbudsjettet for Statsbygg for 1997 må endrast som ein følgje av auka husleigeinntekt og lågare renteutgifter. Følgjande oppstilling viser endringane:

1 000 kr
Endring
UnderpostBetegnelseS III 1997*ift S IIIRevidert 1997
24.1Driftsinntekter-1 884 918-7 120-1 892 038
24.2Driftsutgifter658 5360658 536
24.3Avskrivinger80 000080 000
24.4Renter av statens kapital139 237-16 875122 362
24.5Til investeringsformål997 1457 1201 004 265
24.6Til reguleringsfond016 87516 875
Post 24Driftsresultat-10 0000-10 000

*) Tala i kolonnen S III 1997 er korrigert for ein inkurie som har tyding for underpostane 24.1 og 24.5 forutan kap 5445, post 39. Dette kjem av at auka driftsinntekter knytt til husleige frå institusjonane Statens senter for epilepsi og Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri vart lagt inn i driftsbudsjettet i St prp nr 1 Tillegg nr. 7 (1996-97), medan det allereie var tatt omsyn til desse husleigeinntektene i St prp nr 1 (1996-97).

Statsbygg sine auka husleigeinntekter blir motsvara av ein tilsvarande utgiftsauke for Statens hus i Steinkjer og Statens institutt for folkehelse. Endringane for kvar einskild institusjon går fram av følgjande tabell:

kroner
Etat og kapittelEndring
Riksrevisjonen, kap 51, post 1194 000
Statens utdanningskontor, kap 203 post 11112 000
Kriminalomsorg i friheit, kap 435, post 11237 000
Politi- og lensmannsetaten, kap 440, post 111 306 000
Direktoratet for sivilt beredskap, kap 481, post 1147 000
Arbeidstilsynet, kap 530, post 1132 000
Arbeidsmarknadsetaten, kap 590, post 11686 000
Statens institutt for folkehelse, kap 710, post 112 400 000
Forbrukerrådet, kap 860, post 1153 000
Fylkesmannens landbruksavdeling, kap 1102, post 11319 000
Jordskifteverket, kap 1145, post 1136 000
Norsk institutt for jord- og skogkartlegging, kap 1146, post 11130 000
Miljøvernavdelingen ved fylkesmannsembeta, kap 1406, post 11474 000
Fylkesmannsembeta, kap 1510, post 11759 000
Toll- og avgiftsdirektoratet, kap 1610, post 1174 000
Skattefutane, kap 1615, post 1172 000
Skattedirektoratet, kap 1618, post 11257 000
Statens kartverk, kap 246532 000
Sum7 120 000

Beløpet for renter av statens kapital på Statsbyggs sitt driftsbudsjett er justert pga lågare rentesats (frå 7,3 pst. til 6 pst), lågare faktiske investeringar i 1996 enn budsjettert og lågare budsjetterte investeringar i 1997 enn opprinneleg budsjettert.

Post 30 Igangsetjing av byggeprosjekt

Nytt tollbygg på Gardermoen

I samband med ny hovudflyplass på Gardermoen i 1998, treng tollvesenet eit nytt bygg på flyplassen. Bygget er prosjektert med ei kostnadsramme på 47,7 mill kroner. Byggestart vil vere i 1997, og det er naudsynt med ei startløyving på 8 mill kroner for 1997. Ein gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 8 mill kroner.

Post 31 Vidareføring av byggeprosjekt

Flytting av Fiskeridepartementet

Fiskeridepartementet skal flytte til Grubbegt. 1, jf omtalen under kap 1522 Statens forvaltningsteneste. I Administrasjonsdepartementets St prp nr 1 (1995-96) vart det presentert ei kostnadsramme på 29 mill kroner for å pusse opp Grubbegt. 1. Nytt utgiftsoverslag medfører at kostnadsramma må aukast med 12 mill kroner som ein treng som tilleggsløyving i 1997.

Faseforskyvingar

Faseforskyving for andre byggeprosjekt innebærer at ein gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 31 med 32,6 mill kroner.Forslaget medfører mellom anna ein omdisponering av 22,6 mill kroner, jf omtalen under kap 1510 Fylkesmannsembeta og kap 1550 Konkurransetilsynet. Samla sett blir framlegget at løyvinga under post 31 Vidareføring av byggeprosjekt blir sett ned med 20,6 mill kroner.

Statens hus i Bergen, orientering om auke av kostnadsramma

I Administrasjonsdepartementet sin St prp nr 1 (1996-97) står Statens hus i Bergen oppført med eit kostnadsoverslag pr. 01.07.97 på 100 mill kroner. I tillegg er det ført opp 12 mill kroner til tomtekjøp. Som følgje av ei arealutviding på 1 852 kvm, endra føresetnader og høgre prisstigning er kostnadsramma for prosjektet utvida med 32,8 mill kroner til 132,8 mill kroner pr. 15.01.97. I tillegg kjem kostnadene til tomtekjøp med 12 mill kroner. Saka vil ikkje ha konsekvensar for løyvinga under kap 2445 før i statsbudsjettet for 1999. Utviding av kostnadsramma vil ikkje få konsekvensar for leigetakarar som allereie har inngått leigeavtale i nybygget.

Etterbruk av Fornebu, orientering om forslag til utvida romertallsfullmakt

I samband med stortingsbehandlinga av statsbudsjettet for 1997 vart det gitt særskilt fullmakt til sal av statens eigedomar på Fornebu. For å sikre handlefridomen, finn ein grunn til å presisere at fullmakta også gjeld bortfeste av eigedomar. Ein viser til utkast til romertallsvedtak om dette.

Kap 5445 Statsbygg

Kap 5445, post 39 Avsetning til investeringsformål foreslås endra som følgje av ei tilsvarande endring av kap 2445 Statsbygg, underpost 24.5, Til investeringsformål, korrigert for den inkurien som er omtalt i fotnoten til den reviderte oppstillinga av driftsbudsjettet. Det skal vere samanheng mellom driftsbudsjettet og kap 5445, post 39, som må aukast med 4,640 mill kroner.

2.14 Finans- og tolldepartementet

Rammereduksjonar på Finansdepartementets områder

Regjeringa har i kapittel 1 fordelt reduksjonane på til saman 239,9 mill kroner i dei statlege driftsutgiftene som Stortinget har vedteke. Om lag 28 mill kroner fell på Finansdepartementet sine verksemder.

I framlegg til fordelinga av Stortingets rammereduksjonar av driftsutgiftene til statlege verksemder, er det ikkje mogleg å skjerme skatte-, toll- og avgiftsetatane. Rammereduksjonane gjer det naudsynt å sjå på organisatoriske tiltak for å sikre forsvarleg sakshandsaming og kontrollnivå, særleg innan tolletaten og skatteetaten, jf m a Stortinget si handsaming 22. april 1997 av Dok nr 3:7 (1996-97), Innst S nr 157 (1996-97).

Kap 20 Statsministerens kontor

Post 01 og 11

Løyvinga under kapitlet blir foreslått auka med 3,8 mill kroner. Av dette er 0,5 mill kroner løn til tilsette i arkivet og regjeringa si bilteneste, medan vel 1,7 mill kroner er til sikring av EDB-nettverk, auka telefonutgifter og til ordninga med open telefonlinje. Den siste delen av forslaget er 1,6 mill kroner til teknisk utstyr og møblar i samband med ombyggingsprosjektet.

Kap 21 Statsrådet

Post 01 og 11

Løyvinga under kapitlet må aukast med 4,2 mill kroner til løn til statsministeren, statsrådane og dei politiske rådgjevarane. I tillegg blir det foreslått å auke løyvinga med 0,22 mill kroner for å styrkje den politiske leiinga i departementa med ei stilling som statssekretær. Samla auke vil etter dette være 4,42 mill kroner.

Kap 1600 Finans- og tolldepartementet

Post 21 Særskilde forskings- og utgreiingsoppdrag

Løyvinga under post 21 omfattar midlar til ulike forskings- og utgreiingsoppdrag. Ein gjer framlegg om at løyvinga blir sett ned med 1,0 mill kroner.

Kap 1610 Toll- og avgiftsdirektoratet - Toll- og avgiftsetaten

Uniformssamarbeid med Politiets materielltjeneste (PMT)

Tolletaten har innleidd eit samarbeid med Politiets Materielltjeneste om kjøp m v av uniformar og uniformseffektar. I samband med dette blir det foreslått at ein stillingsheimel samt løns- og driftsmidlar med til saman kr 338 000 blir omdisponert frå kap 1610 til kap 444.

Nytt tollbygg på Gardermoen

I samband med ny hovudflyplass på Gardermoen i 1998, treng tollvesenet eit nytt bygg på flyplassen. Bygget er prosjektert med ei kostnadsramme på 47,7 mill kroner. Byggjearbeidet vil starte i 1997, og det er naudsynt med ei startløyving på 8 mill kroner for 1997. Beløpet blir foreslått løyvd over kap 2445 Statsbygg, post 30 Igangsetting av byggeprosjekter.

Kap 1615 Skattefutane

Etatsleiinga for skattefutane blir overført frå Finansdepartementet til Skattedirektoratet 1. juli 1997. Driftsbudsjetta til skattefutane blir foreslått styrka med 1,0 mill kroner. Driftsbudsjetta vil framleis vere stramme. Departementet vil sjå nærare på dei fastsette resultatkrava for 1997 for å få realistiske mål. Dette vil kunne innebere at ein reduserer ambisjonane (måla) noko med omsyn til nedbygging av restansane og tilsyn med dei kommunale skatteoppkrevjarane.

Kap 1616 Andre utgifter til skatte og avgiftsinnkreving

Kemneren i Stavanger krev inn skatt frå skattepliktige som ikkje er knytt til nokon kommune i Noreg. Godtgjeringa til Stavanger kommune for 1997 er fastsett til 4,7 mill kroner, jf St prp nr 1 (1996-97).

Lov om skatt på honorar til utanlandske artistar mv, jf Ot prp nr 77 (1995-96) og innst O nr 22 (1996-97), blir gjort gjeldande frå 1. januar 1998, og ein må førebu nokre tiltak for innfordring i 1997. Finansdepartementet går derfor inn for at godtgjeringa til kemneren i Stavanger blir auka med 500 000 kroner i 1997. Beløpet blir dekt inn ved å omdisponere innanfor kap 1616.

Kap 1618 Skattedirektoratet - skatteetaten

Post 21 Særskilde driftsutgifter

I samband med salderinga av statsbudsjettet for 1997, slutta finanskomitéen i Stortinget seg til framlegget om å redusere løyvinga under kap 1618 post 21 med 2 mill kroner, jf Budsjett-innst S II (1996-97), s 216. Vedtaket i Stortinget lyder likevel på at løyvinga skal aukast med 2 mill kroner, utan at saka vart drøfta i ordskiftet. Løyvinga for 1997 synest såleis å vere 4 mill kroner for høg.

Finansdepartementet gjer framlegg om at dette blir retta opp ved at løyvinga blir sett ned med 4 mill kroner.

Kap 2309 Tilfeldige utgifter

Post 11 Varer og tjenester

Det blir foreslått ein reduksjon på 878,4 mill kroner på posten.

Ved behandlinga av St prp nr 1 (1996-97) var lønns- og arbeidsvilkåra for det pedagogiske personalet som underviser første klasse/førskolen, ikkje endeleg fastsett. Det vart sett av reservar på løyvinga for tilfeldige utgifter for å dekkje meirutgiftane ved ein avtale med lærarorganisasjonane om arbeidstida. Reserven for tilfeldige utgifter blir derfor no redusert med 156,8 mill kroner som motsvarar tilleggsløyvingane som blir førte opp under kapittel 571 for å kompensere for auka undervisningsrelaterte kostnader i 1997.

Ut over dette blir reserven for tilfeldige utgifter redusert med 721,5 mill kroner for å dekkje tilleggsløyvingar som er foreslått tidligare i år og i denne samleproposisjonen.

Kap 4615 Skattefutane

Økonomitenesteprosjektet i skattefutetaten har som mål at skattefutkontora skal kunne utøve si rolle som rekneskapssentral for statlege verksemder på ein effektiv måte, jf St prp nr 1 (1996-97). I samband med dette kan det bli aktuelt å ta betalt for nokre økonomitenester som blir utført for andre statlege verksemder. Slike inntekter vil bli rekneskapsførte under ein ny inntektspost under kap 4615. Finansdepartementet vil gi skattefutane fullmakt til å kunne overskride løyvinga, når dei ekstra utgiftene blir finansierte med slike inntekter.

Kap. 5341 Avdrag på utestående fordringer

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon under kap 5341, post 91 Alminnelege fordringar med 39,345 mill kroner etter nye overslag over kva som vil bli innbetalt i 1997.

Kap 5342 Tilbakeføring av midlar frå Statens Fiskarbank

Dette kapittel vart oppretta i forbindelse med integreringa av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond frå 01.01.97.

Post 01 Vågnadsfondet til Statens Fiskarbank

Det er budsjettert med 37 mill kroner på kap 5342, post 01 Vågnadsfondet til Statens Fiskarbank i S III 97. Saldoen for vågnadsfondet pr 31.12.96 vart 40,8 mill kroner, som er det SND skal tilbakeføre til staten i 1997. Ein foreslår derfor at posten blir oppjustert med 3,7 mill kroner.

Post 91 2. prioritetsfondet

Det er budsjettert med 2,2 mill kroner på kap 5342, post 91 2. prioritetsfondet i S III 97. Saldoen for 2. prioritetsfondet pr 31.12.96 vart 0,6 mill kroner, som er det SND skal tilbakeføre til staten i 1997. SND betalte inn saldoen på 581 836 kroner 21.03.97. Ein foreslår derfor ei nedjustering med 1,6 mill kroner.

Kap 5541 Avgift på elektrisk kraft

Post 71 Produksjonsavgift

Produksjonsavgifta blir lagt på all elektrisk kraft produsert i Noreg.

Regjeringa gjer med dette framlegg om å auke produksjonsavgifta på elektrisk kraft frå 1,39 øre/kWh i 1. halvår 1997 til 1,88 øre/kWh i 2. halvår 1997. Dette auker inntektene for staten med 250 millionar kroner i 1997. I samband med overgangen til eit nytt skattesystem for kraftverk vart det vedteke å oppheve produksjonsavgifta frå 1.1.1998.

Kap 5601 Renter frå statsbankane

Post 85 Statens Fiskarbank

Statens Fiskarbank betalte i 1996 renter til staten 1. juni (renter for 01.12.95- 31.05.96) og 1. desember (renter for 01.06.96 - 30.11.96). Fiskarbanken vart integrert i Statens næring- og distriktsutviklingsfond frå 01.01.97, og det skal derfor ikkje betalast renter til staten for 1997. På den andre sida sto det att å betale renter for desember 1996. Det er budsjettert med 13,9 mill kroner i renter i 1997. Fiskarbankens rekneskap for desember viste at banken skal betale 10,6 mill kroner, som vart betalt inn 01.04.97. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 3,3 mill kroner.

Kap 5603 Renter av statens kapital i statens forretningsdrift

Under kap 5603, post 80 Renter av statens faste kapital blir budsjettert staten sine renteinntekter på kapitalen i Statsbygg, Luftfartsverket, Statens kartverk, Rikshospitalets apotek og Radiumhospitalets apotek. Ein foreslår at løyvinga på kapitlet blir sett ned med kroner 17 991 000. Årsaka til reduksjonen er i første rekkje at renteinntektene på staten sin kapital i Statsbygg blir lågare i 1997 enn tidlegare forutsett. Dette heng saman med at Statsbygg sine investeringar vart lågare i 1996 enn opphavleg budsjettert. Dessutan vart det ved salderinga av 1997-budsjettet gjort vedtak om redusert investeringsnivå i 1997 i høve til det nivået som vart lagt til grunn for budsjetteringa av renteinntekter i St prp nr 1 (1996-97). Elles kjem reduksjonen av at rentesatsen for staten sin kapital i den statlege forretningsdrifta for 1997 no er fastsett til 6,0 prosent, medan det i St prp nr 1 (1996-97) vart lagt til grunn ei vidareføring av rentesatsen for 1996 på 7,3 prosent.

Kap 5691 Avkastning på bevilget kapital i Statens bankinvesteringsfond

Post 80 Avkastning

Statens Banksikringsfond vil få eit høgare overskot i 1996 enn det som vart lagt til grunn ved Stortinget sitt vedtak av statsbudsjettet for 1997, jf Budsjett-innst S III (1996-97). Heile auken på 14,38 mill kroner blir tilført statskassa i 1997. Departementet gjer framlegg om at løyvinga blir auka tilsvarande.

Ny folketrygdlov - Reglar om administrasjon av Folketrygdfondet

Finansdepartementet gjer framlegg om endringar i reglar om administrasjon av Folketrygdfondet og om forvalting av midlane, revisjon, m v. Reglane er fastsette av Stortinget 15. februar 1990, sist endra 21. juni 1996. Endringane er naudsynte som følgje av at ny lov om folketrygd trådde i kraft 1. mai 1997. Dei endrar ikkje realitetane. Finansdepartementet gjer framlegg om at endringane blir gjennomførte ved at Stortinget vedtek nye reglar i medhald av lov om folketrygd i staden for dei gjeldande reglane som er gitt med heimel i den gamle folketrygdlova, jf. utkast til vedtak.

Endring av Finansdepartementets fullmakt til opptak av kortsiktige lån

Ved Stortingets vedtak 3. desember 1996, jf St prp nr 18 (1996-97) og Innst S nr 54 (1996-97), fekk Finansdepartementet fullmakt til å ha maksimalt 100 mrd kroner uteståande i kortsiktige marknadslån. Denne fullmakta omfattar opplåning i form av statssertifikat og andre kortsiktige statspapir, og dessutan kortsiktige kontolånsinnskot frå Folketrygdfondet.

Statens kortsiktige opplåning blir nytta i den pengepolitiske styringa for å balansere likviditeten i den innanlandske pengemarknaden. Rundt årsskiftet vart det behov for inndraging av likviditet som ei følgje av Noregs Banks intervensjonar i valutamarknaden. Hittil i år har opplåninga blitt sterkt påverka av dette behovet. For å nøytralisere verknaden av kronesalet vart det lagt ut statssertifikat for om lag 40 mrd kroner utover det programmet Finansdepartementet i utgangspunktet hadde lagt opp til. På det meste var det uteståande statssertifikat og kortsiktige innskot frå Folketrygdfondet på 97 mrd kroner, og fullmaktsramma for uteståande i slike lån var dermed på det næraste uttømd. Ved forfall av eit statssertifikat i mars, vart samla uteståande statssertifikat og kortsiktige innskot frå Folketrygdfondet sterkt reduserte. Uteståande pr 30. april 97 var om lag 62 mrd kroner.

For å sikre handleromet for likviditetspolitikken er det ønskjeleg å utvide ramma for kortsiktige lån. Finansdepartementet legg derfor fram forslag om at fullmakta for samla uteståande kortsiktige marknadslån blir auka med 50 mrd kroner, frå 100 til 150 mrd kroner, jf utkast til vedtak. Ein syner elles til omtale av penge- og valutapolitikken i Revidert nasjonalbudsjett 1997.

Vidareutvikling av rekneskaps- og registersystem i Toll- og avgiftsetaten (TVIST 2000)

I St prp nr 1 (1995-96) Finansdepartementets fagproposisjon, blir det sagt mellom anna følgjande om videreutvikling av toll- og avgiftsetatens rekneskap:

«Toll- og avgiftsdirektoratet har i løpet av de siste årene nedlagt et betydelig arbeid for å bedre den regnskapsmessige sikkerheten og internkontrollen. Finansdepartementet anfører i St prp nr 1 (1994-95) at det fortsatt er behov for å styrke visse sider ved toll- og avgiftsetatens regnskapsfunksjon.

I Dokument nr 1 (1994-95) påpeker Riksrevisjonen betydelige svakheter i systemer og rutiner som ligger til grunn for toll- og avgiftsetatens regnskaper. På denne bakgrunn ble det foreslått at det skulle utarbeides en forpliktende framdriftsplan knyttet til systemer og rutiner som ligger til grunn for toll- og avgiftsetatens regnskap.

I Innst S nr 98 (1994-95) forutsettes det at en slik forpliktende framdriftsplan utarbeides. Finansdepartementet har i samråd med Toll- og avgiftsdirektoratet utarbeidet en slik plan.

En samlet plan for det videre arbeid med å forbedre toll- og avgiftsetatens regnskapssystemer/-rutiner må nødvendigvis strekke seg over flere år, og omfatter:

  1. 1.

    Forbedring av eksisterende tiltak (kortsiktige tiltak)

  2. 2.

    Utvikling av nye regnskapssystemer bl.a. til erstatning for nåværende systemer som ikke fullt ut vil kunne tilfredsstille regnskaps- og revisjonsmessige krav.

Tiltak vedrørende de enkelte systemer omfatter foruten selve systemene også tilhørende manuelle rutiner, oppfølging av kompetansekrav samt etterfølgende kvalitetssikring. Det legges i denne sammenheng vekt på at de edb-messige mulighetene for maskinelle avstemninger utnyttes.

Utvikling av nye regnskapssystemer, herunder utvikling av nytt motorvogn- og reskontrosystem som vil være et viktig element i arbeidet med å forbedre systemene som ligger til grunn for toll- og avgiftsetatens regnskap, er bygget inn i planene til Toll- og avgiftsdirektoratets prosjekt TVIST 2000, jf. St prp nr 51 (1994-95). Hovedhensikten med TVIST-prosjektet er å samordne og integrere de ulike edb-systemer, for best mulig å høyne kvaliteten på etatens oppgaveutførelse, herunder sikre tilfredsstillende regnskaps- og revisjonsmessig funksjonalitet.

Finansdepartementet legger i henhold til forpliktende plan vekt på en rask fremdrift av dette arbeidet.»

I brev av 7. februar 1995 til Riksrevisjonen opplyste departementet at ein tok sikte på iverksetjing av nytt motorvognavgiftssystem ved årsavgiftsutskrivinga i 1997.

Ein samla plan for å forbetre rekneskapsføringa i toll- og avgiftsetaten, herunder utvikling av nytt motorvognavgiftssystem i toll- og avgiftsetaten, vart sendt over til Riksrevisjonen i brev av 16. mars 1995. På dette tidspunktet var det for fleire av tollvesenet sine system for forvaltning av avgifter ikkje gitt bruksløyve frå Riksrevisjonen, mellom anna for vrakpantsystemet og system for refusjon av mineraloljeavgift (minol). I tillegg såg både etaten og Finansdepartementet andre behov som det var nødvendig og rasjonelt å dekkje gjennom nye rekneskapsrelaterte system i tollvesenet, mellom anna tollvesenet sin tilgang til kundeopplysningar og betre rapportering av statistikk om avgiftsinngangen. TVIST 2000-programmet vart såleis primært igangsett for å betre rekneskapsfunksjonane i etaten. Men etaten og departementet hadde samtidig som mål å oppnå meir effektive arbeidsformer generelt gjennom eit meir heilskapleg økonomisystem i etaten.

Milepælane for arbeidet med utvikling av nytt motorvognavgiftssystem vart i den samla planen fastsett slik (frister for Toll- og avgiftsdirektoratet):

-Forprosjektrapport2. kvartal 1995
-Endeleg kravspesifikasjonårsskiftet 1995/96
-Søknad om bruksløyveårsskiftet 1996/97

Med dette utgangspunktet skulle vidare framdrift gjere det mogleg å skrive ut årsavgift på motorvogner i nytt system våren 1998. Finansdepartementet viser til at i forhold til departementet sitt opprinnelege mål i brev av 7. februar 1995, jf. ovanfor, innebar dette ein utsetjing på eitt år.

I desember 1995 låg Toll- og avgiftsdirektoratet si første kravspesifikasjon for ny reskontro føre (system som viser fordringar og plikter overfor kundar og leverandørar og deira tilhøyrande inn- og utbetalinger). Reskontro er ein av 7 moduler i TVIST-systemet. Finansdepartementet valde å vente på ein revidert versjon av denne modulen saman med kravspesifikasjoner for dei øvrige delsystema i TVIST 2000 før ein tok endeleg stilling til kravspesifikasjonane for TVIST 2000 samla. Generelt treng ein å sjå alle delar i eit økonomisystem i heilskap. I «Funksjonelle krav til økonomiforvaltning i staten» av 24.10.96 blir det stilt krav til integrasjon. Mellom anna er det eit krav når det blir brukt hjelpe- og forsystem i eit økonomisystem, at alle hjelpe- og forsystem der det blir produsert data som seinere skal medføre ei inn- eller utbetaling, må være knytt til ein reskontro.

Funksjonelle kravspesifikasjonar for til saman 5 modular, som utgjer brorparten av TVIST 2000-programmet, vart i desember 1996 oversendt Riksrevisjonen med søknad om utsegn. I arbeidet med å stille ferdig dei funksjonelle kravspesifikasjonane i TVIST 2000 programmet vart det klart at framdriftsplanen var noko ambisiøs. Dette kjem i hovudsak av at ein primo 1995 var i starten av ein komplisert planprosess. Derfor hadde ein ikkje konkretisert utforminga av dei systema som skulle utviklast for å møte dei krava som er nemnde ovanfor. I tillegg la departementet vekt på å gå grundig gjennom dei funksjonelle krava for TVIST 2000 for å sikre at krava som er stilte i nytt «Økonomireglement for staten» er ivaretekne i det nye systemet.

Departementet arbeider no etter ein revidert framdriftsplan, der utskriving av årsavgift etter nytt system etter planen skal kunne skje i 1999. Når ein har vege omsynet til rask framdrift og til kvalitet i utviklingsarbeidet opp mot kvarandre, har departementet lagt vekt på at kvalitetskrava i prosjektet skal kunne bli meistra på eit forsvarleg vis. Omtalen i St prp nr 1 (1996-97) byggjer på den informasjonen som låg føre hausten 1996, og departementet si vurdering da. Departementet vart varsla om at det kunne bli nødvendig å revidere framdriftsplanane i oktober 1996. Departementet si stadfesting av ein revidert framdriftsplan for TVIST 2000 låg føre første kvartal 1997. Det kan opplysast at departementet som ledd i si handsaming av kravspesifikasjonane, fekk gjennomført ei ekstern risikovurdering av TVIST 2000. I risikovurderinga blir det konkludert med at prosjektet vil la seg gjennomføre med den teknologien som er valt, dersom ein er merksam på risikoane og følgjer dei opp i tilstrekkeleg grad. Det blir særleg peika på at det er høg risiko for at prosjektet kan bli forseinka.

Revidert framdriftsplan er framleis stram. Samtidig er krava til kvalitet i systemløysingane nødvendige for å kunne tilfredsstille rekneskaps- og revisjonskrav. For å handtere risiko forsvarleg, prioriterer derfor departementet ein forsvarleg kvalitetssikring samstundes som ein som nemnd tar sikte på at til dømes utskrivinga av årsavgift etter nytt system skal skje i 1999.

Inntil TVIST 2000 blir iverksett vil det vere svake sider og manglar ved rekneskapsfunksjonen i toll- og avgiftsetaten. Derfor er framdrifta i prosjektet viktig.

2.15 Forsvarsdepartementet

Kap 1760 Nyinnkjøp av materiell og nye bygg og anlegg

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast, kan nyttast under kap 1790 post 45

Det blir foreslått ein reduksjon under post 45 på 25 mill kroner ut frå det ein reknar med vil bli utbetalt i 1997. På grunn av betre betalingsvilkår for dei såkalla FMS-kjøpa, seinast omtalt i St prp nr 1 Tillegg nr 7 (1996-97), er det mogleg å bruke innbetalte midlar for å dekkje betaling som ein har plikt til i 1997. I tillegg blir nokre prosjekt som går inn i FMS-kjøpa forseinka. Fordi om ein ut frå realistisk budsjettering kan redusere løyvinga i 1997, er midlande likevel bundne til kontraktar som vil kome til full utbetaling i framtidige budsjetterminar.

Forsvarets relokalisering Gardermoen - lokale for den gjenverande flysamlinga

Det blir foreslått ein auke under kapittel 1761, post 47, Nye bygg og anlegg med 36 mill kroner og ein auke under kapittel 4761, post 47, Sal av bustader med 15 mill kroner.

Riving av hangar D og to mindre bygningar som i dag gir rom for flysamlinga, og utgifter til eit nytt erstatningsbygg, vart opphavleg ikkje prosjektert inn i Forsvarets relokalisering Gardermoen. Oslo Lufthavn AS (OSL) har seinare ønskt å frigjere området ved hangar D. Det vil seie at hangaren må rivast. Forsvarsdepartementet gjekk med på dette under føresetnad av at ein ny hangar for flysamlinga kunne finansierast over kapittel 1761, post 47. Prosjektet vart omtalt for Stortinget i St prp nr 1 (1996-97), der det vart føresett at flysamlinga skulle flyttast ut av hangar D innan 1 juli 1998.

Ein ny hangar er rekna til å kosta 51 mill kroner. Det har i ettertid vist seg at dei resterande midlane på kapittel 1761, post 47 ikkje er fullt ut tilstrekkelege til å finansiere hangaren. Derfor ber ein om ei tilleggsløyving på 21 mill kroner til forsvarsbudsjettet. I tillegg blir 15 mill kroner dekka innanfor ramma av forsvarsbudsjettet på kapittel 1761. I Forsvarsdepartementet sin investeringsproposisjon i 1997, St prp nr 57 (1996-97) er det nemnd at forslag til vedtak om desse løyvingane vil bli lagt fram i samband med Revidert nasjonalbudsjett. 15 mill kroner blir foreslått dekt innanfor avsetninga til Luftfartsverket sitt budsjett for grunnerverv og erstatningar til Forsvaret. Desse midlane blir også foreslått løyvd på forsvarsbudsjettet under kapitttel 1761 post 47 og kapittel 4761, post 47.

2.16 Olje- og energidepartementet

Kap 1800 Olje- og energidepartementet

Post 11 Varer og tenester

Ved salderinga av statsbudsjettet for 1997 vart det etablert auka lønns- og driftsutgifter i samband med skipinga av nye stillingar i Olje- og energidepartementet som følgje av endringar i departementsstrukturen. Det vart ikkje teke omsyn til meirutgifter i tilknyting til endra lokalisering og deling av departementa.

Det vil bli meirutgifter, både eingongsutgifter og årleg auka driftsutgifter, som følgje av at administrative funksjonar som edb, arkiv og bibliotek blir splitta. Det vil òg kome utgifter i tilknyting til ombygging og flytting av ovannemnde funksjonar og kontor elles. Eingongsutgiftene er totalt rekna til 1,5 mill kroner. Vidare har departementet lagt til grunn at årlege driftsutgifter knytte til edb, bibliotek og andre fellesfunksjonar aukar med om lag 1 mill kroner som følgje av at stordriftsfordelane for fleire administrative funksjonar blir borte.

Rokeringsprosjektet i regjeringskvartalet i 1996 førte til ein årleg husleigeauke på 2,9 mill kroner for det daverande Nærings- og energidepartementet. Budsjettverknaden for 1996 (2. halvår) vart innarbeidd i St prp nr 15 for 1996-97. Ved salderinga av statsbudsjettet for 1997 vart heilårsverknaden på 2,9 mill kroner lagd inn i inntektsbudsjettet for Statsbygg utan at utgiftsløyvinga under det daverande Nærings- og energidepartementet vart tilsvarande justert. Endringa av departementsstrukturen fører til ytterlegare rokering internt i regjeringskvartalet. Ein gjer derfor framlegg om at husleigeauken på 2,9 mill kroner som følgje av rokeringsprosjektet i 1996 inntil vidare blir lagd inn i budsjettet for Olje- og energidepartementet for 1997.

På bakgrunn av ovannemnde gjer ein framlegg om at kap 1800, post 11 Varer og tenester, blir auka med 5,4 mill kroner, frå 29,3 til 34,7 mill kroner, i 1997. Av dette utgjer husleigeauken 2,9 mill kroner.

Post 22 (ny) Utgifter ved forlik

Olje- og energidepartementet og AS Norske Shell (heretter kalla Shell) har med atterhald om samtykkje frå Stortinget vorte samde om eit forlik som resulterer i ei utbetaling frå staten til Shell på 47,5 mill kroner. Saka gjeld spørsmål om frådrag i produksjonsavgifta for betalt arealavgift. Tilsvarande tvistemål var eit viktig element i forliket med rettshavarane i utvinningsløyve nr. 006, jf St prp nr 15 for 1996-97. Utbetalinga fører til ei endeleg avslutning på saka, som departementet i lengre tid har prøvd å finne ei løysing på.

Utvinningsløyve nr. 011 er gitt med heimel i 1965-resolusjonen. Det følgjer av 1965-resolusjonen § 27 første ledd at rettshavarane som hovudregel har krav på fullt frådrag i produksjonsavgifta for betalt arealavgift. Da petroleumslova tok til å gjelde i 1985, vart føresegna om frådrag i produksjonsavgifta for betalt arealavgift ført vidare. I forskrift til petroleumslova § 50 nr. 5 er det likevel gjort ei endring i høve til 1965-resolusjonen § 27. Etter forskrifta § 50 nr. 5 tredje ledd kan det berre givast frådrag for dei blokkene som dekkjer førekomsten.

På bakgrunn av at løyvet er gitt med heimel i 1965-resolusjonen, godtek ikkje Shell at forskrifta § 50 nr. 5 tredje ledd skal gjelde. Det er derfor sett fram krav om fullt frådrag i samsvar med 1965-resolusjonen § 27 første ledd.

Forliket fører til at staten innan 1. juli 1997 betaler til Shell eit kontant oppgjer på 47,5 mill kroner. Dersom forlikssummen blir utbetalt etter 1. juli 1997, vil det inntil betalinga skjer, bli lagt til renter i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forseinka betaling m.m.

Forliket har til følgje at Shell gir avkall på kravet om frådrag i samsvar med 1965-resolusjonen, og aksepterer at forskrifta § 50 nr. 5 blir lagd til grunn for framtidige oppgjer. Vidare fører forliket til at Shell gir avkall på eventuelle andre krav som gjeld spørsmålet om frådrag i produksjonsavgifta for betalt arealavgift.

Kontantsummen på 47,5 mill kroner til Shell blir tilrådd løyvd under kap 1800 Olje- og energidepartementet, ny post 22 Utgifter ved forlik. Dei innbetalte avgiftene som forliket omfattar, er inntektsførte i statsrekneskapen under kap 5507, post 73 Produksjonsavgift.

Kap 1810 Oljedirektoratet

Post 01 Lønn og godtgjersle

Lønnsbudsjettet til Oljedirektoratet vart i salderinga av budsjettet for 1997 redusert med 6 mill kroner. Oljedirektoratet har vurdert konsekvensane av eit slikt kutt og funne at det får store innverknader på vilkåra direktoratet har til å gjennomføre pålagde arbeidsoppgåver. Faste lønns- og driftsutgifter (postane 01 og 11), som er meir eller mindre bundne, svarar til om lag 87 pst. av den totale løyvinga.

Petroleumsverksemda på norsk sokkel har vore i sterk vekst gjennom ein lengre periode utan at talet på tilsette i Oljedirektoratet (OD) er auka. Opp gjennom åra har forvaltningsoppgåvene til OD retta mot næringa vorte stadig fleire, meir omfattande og komplekse, mellom anna på grunn av auka volum, ny teknologi, felt i ulike fasar, aldrande innretningar og avviklingsproblematikk. Det er venta at denne utviklinga vil halde fram dei næraste åra. Oljedirektoratet har til no møtt denne utviklinga med ei streng prioritering og effektivisering. I tillegg til dei primære forvaltningsoppgåvene har Oljedirektoratet òg vorte pålagt nye oppgåver som direktoratet gjennom sin faglege kompetanse og relasjonar til petroleumsverksemda har særskilde føresetnader for å ta hand om på ein god og effektiv måte, og som kan gi ein høg samfunnsgevinst.

Ein reduksjon på 6 mill kroner i lønnsløyvingane til OD svarar til ei nedtrapping på om lag 15 stillingar, som det er vanskeleg å gjennomføre på eitt år. I budsjettilrådinga for 1997 frå Energi- og miljøkomiteen strekar fleirtalet under kor viktig det er at OD har eit godt og stabilt personale for å kunne ta hand om oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte.

På bakgrunn av ovannemnde gjer ein framlegg om at løyvinga under kap 1810, post 01 Lønn og godtgjersler, blir auka med 5 mill kroner, frå 124 til 129 mill kroner, i 1997. Ein viser til framlegget om auka inntekter på 7,3 mill kroner under kap 4810, post 03.

Kap 1820 Noregs vassdrags- og energiverk

Post 11 Varer og tenester

Noregs vassdrags- og energiverk (NVE) treng meteorologiske data og prognosar frå Det norske meteorologiske institutt (DNMI) for å kunne gjennomføre vassføringsprognostisering og flaumvarsling. Flaumvarsling er svært viktig for å kunne setje i verk nødvendige beredskapstiltak lokalt og for å koordinere beredskapsinnsatsen regionalt og sentralt. Ein av dei viktigaste faktorane for å kunne gjennomføre flaumvarsling er kunnskap om den framtidige vêrsituasjonen, slik at ein på eit tidlegast mogleg tidspunkt kan varsle ein eventuell flaum. Dermed kan ein setje i verk tryggingstiltak for å berge liv og materielle verdiar og på den måten redusere skadeverknadene av flaumen.

Sidan 1989 har det vore eit uformelt samarbeid mellom NVE og DNMI knytt til vassføringsprognosar og flaumvarsling. Før flaumen i 1995 tok mellom anna NVE imot kvantitative nedbør- og temperaturprognosar for utvalde vassdrag frå DNMI, i tillegg til vêrkart éin gong per dag. Desse tenestene var alt utvikla og etablerte på oppdrag frå vassdragsregulantar til bruk i driftsplanlegginga deira ved kraftproduksjon. For slike tenester betalte NVE 50 000 kroner per år, tilsvarande DNMIs faktiske utgifter. Seinare har det vorte klart at desse tenestene ikkje er tilstrekkelege for ei effektiv landsdekkjande flaumvarsling, og tenestene er derfor, i samarbeid med NVE, vidareutvikla av DNMI. I tråd med tilrådinga frå Flaumtiltaksutvalet (NOU 1996:16) er det no forhandla fram ein formell samarbeidsavtale mellom NVE og DNMI med sikte på å samordne varslinga og samstundes oppnå ei meir effektiv utnytting av allereie eksisterande informasjon i DNMI i tilknyting til flaumvarslinga. Årlege kostnader for data og andre produkt frå DNMI er rekna til 3 mill kroner. Kostnadsauken følgjer i hovudsak av at DNMI no vil fakturere NVE for alle tenestene sine, i tillegg til at nye produkt inngår i samarbeidsavtalen. Det siste er for å stette tilrådinga frå Flaumtiltaksutvalet og NVEs spesifikasjonar og krav. Avtalen er tenkt gjord gjeldande i andre halvår 1997, og ein gjer derfor framlegg om å auke NVEs driftsbudsjett med 1,5 mill kroner, tilsvarande dei auka driftsutgiftene NVE har ved underskrivinga av avtalen i andre halvår 1997.

På bakgrunn av ovannemnde gjer ein framlegg om at løyvinga under kap 1820, post 11 Varer og tenester, blir auka med 1,5 mill kroner, frå 74,2 til 75,7 mill kroner, i 1997. Auken på 1,5 mill kroner skal dekkjast inn ved ein tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap 1825 Energiøkonomisering, post 21 Informasjon og opplæring m.v.

Post 61 (ny) Kompensasjon til kommunane Trysil og Engerdal for tapt fiske i Trysilelva

Trysilelva/Klarälven har frå gammalt av vore kjend som ei svært god fiskeelv. Vasskraftutbygging i vassdraget har likevel ført til at fisket har gått sterkt tilbake.

I tilknyting til konsesjonshandsaminga av Höljesanlegget, jf St prp nr 110 for 1960-61 og kgl.res. av 30. juni 1961, sette kommunane Trysil og Engerdal fram krav om at Noreg tok opp att spørsmålet om vänerlaksen. Dette med tanke på å få føresegner om laksetrapper forbi alle damanlegg i Sverige.

Noregs vassdrags- og energiverk (NVE) fann det sannsynleg at bygging av kraftverk nedanfor Höljes på svensk side gradvis hadde redusert fisket av vänerlaks i Noreg. NVE gjekk likevel ut frå at når det gjaldt samtykke til Höljesutbygginga, kunne ein berre setje vilkår som tok sikte på at den same laksemengda som før skulle gå forbi dammen (eller grensa). Departementet slutta seg til desse synspunkta og rådde til å vidareføre forhandlingane mellom norske og svenske fiskeristyresmakter om vänerlaksens frie gang oppover dei svenske elvane til Noreg.

22. juli 1969 gjorde Noreg og Sverige ein avtale om vänerlaksens frie gang. Desse hovudpunkta låg til grunn:

  1. 1.

    Undersøkings- og forsøksarbeidet som vart sett i gang samstundes med Höljesutbygginga, skulle halde fram i endå ti år. Dersom forsøksprogrammet på grunn av uventa vanskar ikkje kunne gjennomførast som avtalt, skulle forsøksperioden utvidast.

  2. 2.

    Kostnadene i tilknyting til forsøksarbeidet skulle i hovudsak dekkjast frå svensk side.

  3. 3.

    Straks undersøkings- og forsøksarbeidet var fullført, skulle ein ta endeleg stilling til spørsmålet om laksetrapper for å sikre laksetilgangen i den norske delen av Klarälven.

Resultatet av forsøksprogrammet vart vurdert i 1988. Rapporten la til grunn at ei arbeidsgruppe skulle utarbeide program og materiale som grunnlag for ei endeleg vurdering av tiltak i samsvar med avtalen frå 1969. Arbeidsgruppa, som hadde representantar for norske og svenske fiskeriinteresser, la fram vurderingane og tilrådingane sine i ein rapport i 1990.

Etter fleire forhandlingar mellom norske og svenske styresmakter vart ein i desember 1996 samd om ein svensk kompensasjon på 3 mill NOK. Olje- og energidepartementet har fått ein bankgaranti på ein tilsvarande sum frå Klarälvens Kraft AB, ansvarleg drivar av kraftverka i Klarälven. Vilkåret frå svensk side er likevel at norske styresmakter opphevar pkt. 2 om vilkår for vänerlaksen, vedteke i kgl.res. av 30. juni 1961 om bygging av dam i elva. Samstundes fell dommen i Västerbygdens vattendomstol av 13. april 1962 bort, om omfanget av opptransportert laks på svensk side av vassdraget.

Det er svært viktig at spørsmålet om kompensasjon til kommunane blir avgjort. Etter samråd med Utanriksdepartementet kan ikkje Olje- og energidepartementet sjå at det finst noko rettsleg grunnlag for ytterlegare krav frå norske styresmakter overfor Sverige i denne saka. Olje- og energidepartementet vil derfor rå til at det framforhandla tilbodet frå svensk side på 3 mill kroner blir akseptert. Kompensasjonen frå svensk side er likevel ikkje stor nok til å gi kommunane Trysil og Engerdal full kompensasjon for det tapte fisket i Trysilelva.

Olje- og energidepartementet gjer derfor framlegg om at kommunane får kompensasjon med ytterlegare 7 mill kroner frå norsk side, slik at den samla kompensasjonen blir på totalt 10 mill kroner. Olje- og energidepartementet går ut frå at summen blir brukt til å hjelpe opp fisket i Trysilelva etter nærare føresegner gitt av Direktoratet for Naturforvalting. Tilskottet frå norsk side skal dekkjast gjennom uttak frå Konsesjonsavgiftsfondet.

På bakgrunn av ovannemnde gjer ein framlegg om at det blir løyvd 7 mill kroner under kap 1820, ny post 61 Kompensasjon til kommunane Trysil og Engerdal for tapt fiske i Trysilelva. En gjer framlegg om at dette blir dekt ved å auke uttaket frå Konsesjonsavgiftsfondet, jf kap 4829, post 01 Overføring frå fondet.

Post 71 Refusjon av dokumentavgift

Staten gir refusjon av dokumentavgift ved samanslutning av energiverk og ved omgjering av kommunale energiverk til aksjeselskap. I St prp nr 1 for 1996-97 vart ordninga med refusjon av dokumentavgift utvida til også å gjelde ved oppsplitting av energiverk eller ved omgjering til konsern. Dette gjeld når nettverksemda blir skild frå dei konkurranseutsette verksemdene (omsetning og produksjon) i sjølvstendige selskap, eller som eit eige selskap direkte styrt av eigaren. Slike oppdelingar er i tråd med intensjonane i energilova og medverkar til å lette monopolkontrollen. Det skjer ei særskild vurdering av kvar søknad, ut frå om oppdelinga i stor grad medverkar til å lette monopolkontrollen. Det er sentralt at organiseringa av selskapet faktisk fremmer sjølvstendig drift av nettverksemda.

Etter at ordninga med refusjon av dokumentavgift vart innført, har Olje- og energidepartementet gitt refusjon i mindre saker innanfor ramma av vedteke budsjett. Større refusjonssaker er lagde fram for Stortinget med framlegg om særskild tilleggsløyving.

Opning for refusjon av dokumentavgift ved fleire former for omskiping har, i samsvar med intensjonane i energilova, ført til ein positiv auke i talet på omorganiseringar innanfor energisektoren. Auken i saksmengda og omfanget av sakene har likevel gjort det vanskeleg for departementet å vurdere løyvingsbehovet for kvart år. Omorganiseringa skjer etter initiativ av energiverka sjølve. Olje- og energidepartementet påverkar derfor i svært liten grad kor mange og kva for energiverk som under ein budsjettermin søkjer om refusjon av dokumentavgifta. Så lenge energiverka fyller krava, får dei godkjent refusjon. I tillegg er det problem knytte til fastsetjinga av det nøyaktige refusjonsgrunnlaget i kvar av sakene på budsjetteringstidspunktet. Det gjer det igjen vanskeleg å fastsetje løyvingsbehovet. Den store mengda eigedommar som skal overførast, særleg ved omgjering til konsern, resulterer ofte i at tinglysinga av eigedomsoverføringane kan strekkje seg over fleire år. Dette påverkar i sin tur tidspunktet for refusjonsutbetaling, som dermed kan strekkje seg over fleire budsjetterminar.

På bakgrunn av ovannemnde gjer Olje- og energidepartementet framlegg om ei budsjettomlegging og ei administrativ forenkling når det gjeld handsaminga av kurante saker som innfrir dei før nemnde vilkåra for refusjon av dokumentavgift. Departementet vil framleis gjere ei særskild vurdering av kvar søknad og granske om dei organisatoriske endringane er i samsvar med intensjonane i energilova.

Olje- og energidepartementet foreslår at det ved framlegginga av statsbudsjettet kvart år blir lagt inn ei løyving for totale utbetalingar under denne ordninga i budsjetterminen basert på forventa utbetalingar. Så lenge løyvinga omfattar både uoppgjorde saker for tidlegare år og nye saker i budsjetterminen, er det ikkje lenger nødvendig at posten kan overførast. Vidare blir det gjort framlegg om at Finansdepartementet kan samtykkje i at løyvinga under kap 1820, post 71 Refusjon av dokumentavgift, kan overskridast mot inntektsføring av tilsvarande beløp under kap 5565 Dokumentavgift, post 70 Avgift, jf framlegg til vedtak.

Olje- og energidepartementet vil i nysalderinga kvart år gjere ein korreksjon av løyvinga og gi ei utgreiing til Stortinget som syner kva for saker som er handsama gjennom året, og kva for saker som står uoppgjorde. Refusjonssaker av prinsipiell karakter blir framleis lagde fram særskilt for Stortinget.

På bakgrunn av ovannemnde omlegging gjer ein framlegg om at løyvinga blir auka til 450 mill kroner i 1997, ein auke på 272,7 mill kroner, som er eit overslag over utbetalingar under ordninga i 1997. Framlegget endrar ikkje budsjettbalansen, ettersom utgifter til refusjon av dokumentavgift blir motsvara av tilsvarande inntekter under kap 5565 Dokumentavgift, post 70 Avgift.

Kap 1825 Energiøkonomisering

Post 21 Informasjon og opplæring m.v.

For å dekkje inn løyvingsauken på 1,5 mill kroner under kap 1820 Noregs vassdrags- og energiverk, post 11 Varer og tenester, gjer ein framlegg om at løyvinga under denne posten blir redusert tilsvarande, frå 41,6 til 40,1 mill kroner i 1997.

Kap 1861 Statkraft SF

Post 81 (ny) Tilbakeføring av renter

Med bakgrunn i St prp nr 26 for 1996-97 vedtok Stortinget å konvertere 3 mrd kroner av Statkraft SFs ansvarlege lån til innskotskapital i 1996, jf Innst S nr 95 for 1996-97. Konverteringa vart gjennomført 15. desember 1996.

I statsbudsjettet for 1996 vart det budsjettert med 500 mill kroner i avdrag på det ansvarlege lånet, men det vart ikkje budsjettert med renteinntekter fordi rentene på det ansvarlege lånet er knytte opp til overskot i foretaket, jf St prp nr 1 for 1991-92 og St prp nr 20 for 1992-93. Den oppdaterte resultatprognosen som vart lagd til grunn i St prp nr 26, gav likevel grunnlag for å budsjettere med 200 mill kroner i renter på det ansvarlege lånet etter konvertering. Statkraft SF betalte inn rentene på det ansvarlege lånet 16. desember 1996. Rentene vart inntektsførte under kap 5608, post 81.

Innføringa av ny skattlegging av energiverk har ført til at Statkraft SFs resultat for 1996 er monaleg redusert i høve til resultatprognosen som vart lagd til grunn for budsjetteringa av renteinnbetalinga i St prp nr 26. Dette som følgje av at foretaket har kostnadsført utrekna utsett skatt i resultatrekneskapen for 1996. Statkraft SF og Olje- og energidepartementet hadde ikkje oversyn over rekneskapskonsekvensane knytte til føring av utsett skatt da renteoverslaget vart budsjettert i St prp nr 26. Som ein konsekvens av ovannemnde er overskotet i Statkraft SF etter skatt i 1996 redusert frå om lag 940 mill kroner til 317 mill kroner. Dei avtalefesta prinsippa som regulerer renteinnbetalinga, fører dermed til at Statkraft SF ikkje kjem i renteposisjon på det ansvarlege lånet i 1996. Rentene som Statkraft SF betalte inn i 1996, må i staden tilbakeførast til foretaket.

På bakgrunn av ovannemnde gjer ein framlegg om at totalt 205 mill kroner, dvs. renteinnbetalinga i 1996 pluss renter, blir tilbakeført til Statkraft SF under nytt kap 1861 Statkraft SF, post 81 Tilbakeføring av renter.

Kap 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Gjeldande løyvingar for 1997 under kap 2440 og kap 5440 baserer seg på Budsjettinnst S III for 1996-97 og på framlegget til løyvingsendringar som regjeringa har lagt fram for Stortinget i 1997:

  • St prp nr 38 for 1996-97 Godkjennelse av ny plan for utbygging og drift av oljen i Troll vest gassprovins, hvor kap 2440, post 24 Driftsresultat, overskudd foreslås redusert med 60 mill kroner, post 30 Investeringer foreslås økt med 1445 mill kroner og post 31 Utgifter, prosjekter under vurdering, foreslås redusert med 1505 mill kroner. Videre er kap 5440, post 80 Renter, foreslått økt med 45 mill kroner og post 81 Inntekter, prosjekter under vurdering, foreslått redusert med 45 mill kroner.

  • St prp nr 53 for 1996-97 Utbygging og drift av petroleumsforekomster i Oseberg Sør, hvor kap 2440, post 24 Driftsresultat, overskudd foreslås økt med 350 mill kroner, post 30 Investeringer foreslås økt med 620 mill kroner og post 31 Utgifter, prosjekter under vurdering, foreslås redusert med 270 mill kroner. Videre er kap 5440, post 80 Renter, foreslått økt med 15 mill kroner og post 81 Inntekter, prosjekter under vurdering, foreslått redusert med 15 mill kroner.

Framlegga til løyvingsendringar under kap 2440 og kap 5440 som blir lagde fram i denne proposisjonen, baserer seg på gjeldande løyvingar og ovannemnde framlegg i St prp nr 38 og St prp nr 53 for 1996-97.

Endring av løyvingar på statsbudsjettet for 1997 under kap 2440 og kap 5440. Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda:

(i 1000 kr)
Post/Framlegg til
KapUnder-Nemning«Gjeldandeny løyvingEndring
postløyving 1997»for 1997
2440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
24.1Driftsinntekter-68 475 000-74 700 000-6 225 000
24.2Driftsutgifter12 125 00012 800 000675 000
24.3Leite- og feltutviklingsutgifter1 900 0002 200 000300 000
24.4Avskrivingar15 500 00015 200 000-300 000
24.5Renter9 060 0009 100 00040 000
24Driftsresultat-29 890 000-35 400 000-5 510 000
30Investeringar16 165 00021 800 0005 635 000
31Utgifter, prosjekt under vurdering3 925 0003 500 000-425 000
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond1 200 000600 000-600 000
Sum kap 2440-8 600 000-9 500 000-900 000
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
30Avskrivingar15 500 00015 200 000-300 000
80Renter9 060 0009 100 00040 000
81Inntekter, prosjekt under vurdering340 000100 000-240 000
Sum kap 544024 900 00024 400 000-500 000
Kontantstraumen til SDØE:
Innbetalingar68 475 00074 700 0006 225 000
Utbetalingar34 975 00040 800 0005 825 000
Nettoinntekt frå SDØE33 500 00033 900 000400 000

I gjeldande budsjett for 1997 er overslaget for kap 2440, underpost 24.1 Driftsinntekter, basert på ein gjennomsnittleg oljepris på kr 125 per fat. Den same oljeprisen er lagd til grunn i framlegget til revidert budsjett for 1997. Auken på 6 225 mill kroner kjem i hovudsak av høgre forventa produksjon av olje og gass for SDØE.

Overslaget for kap 2440, underpost 24.2 Driftsutgifter, er auka med 675 mill kroner. Auken kjem i hovudsak av høgre produksjon frå ei rad felt.

Overslaget for kap 2440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter, er auka med 300 mill kroner. Årsaka er at ein ventar noko høgre leiteaktivitet for SDØE i 1997 enn tidlegare pårekna.

Overslaget for kap 2440, underpost 24.4, og kap 5440, post 30 Avskrivingar, er tilrådd redusert med 300 mill kroner. Overslaget under denne posten blir rekna ut etter produksjonseiningsmetoden og er dermed påverka av både endringar i forventa produksjon og endringar i estimata for utvinnbare reservar for felt i produksjon. Reduksjonen på 300 mill kroner i høve til det siste overslaget følgjer av at estimatet for utvinnbare reservar har auka meir enn endringa i produksjonsoverslaga for SDØE.

Overslaget for kap 2440, underpost 24.5, og kap 5440, post 80 Renter, er tilrådd auka med 40 mill kroner. Auken følgjer av eit høgre overslag for SDØEs investeringar i 1997, men dette blir mykje motverka av at rentesatsen for utrekning av kalkulatoriske renter er redusert.

Ovannemnde endringar fører samla sett til at SDØEs pårekna driftsoverskot under kap 2440, post 24 Driftsresultat, aukar med i alt 5 510 mill kroner, frå eit overskot på 29 890 mill kroner til eit overskot på 35 400 mill kroner for 1997.

Kap 2440, post 30 Investeringar, er tilrådd auka med 5 635 mill kroner i 1997. Det kjem i hovudsak av at fleire prosjekt i utbyggingsfasen er forserte.

Løyvinga under kap 2440, post 31 Utgifter, prosjekt under vurdering, gir eit overslag over utgifter for dei prosjekta som ein reknar med blir vedtekne i budsjettåret. I St prp nr 1 for 1996-97 vart denne posten sett til 5 700 mill kroner. Samstundes streka ein under feilmarginen i overslaget. Per i dag er forventa netto utgifter for alle prosjekt som er venta vedtekne i 1997, på om lag 5 200 mill kroner. Reduksjonen skriv seg frå oppdatering av overslaget over utgifter for prosjekt som ein reknar med blir vedtekne i budsjettåret. Netto utgifter for dei prosjekta som er vedtekne, eller som er lagde fram for Stortinget, kjem totalt opp i 1 750 mill kroner. Desse utgiftene blir omgrupperte frå post 31 Prosjekt under vurdering til andre relevante budsjettpostar under kap 2440. Netto utgifter for prosjekt som er venta vedtekne ut året, er rekna til 3 500 mill kroner. Ein gjer derfor framlegg om ei løyving på 3 500 mill kroner under denne posten. I samsvar med tidlegare praksis vil ein kome tilbake med ei samla orientering om dei prosjekta som er vedtekne under fullmakta med forenkla handsaming i nysalderinga for 1997.

Den årlege overføringa til Statens petroleumsforsikringsfond skal svare til det Statoil reknar med å betale i premie i forsikringsmarknaden, justert for skilnader i partar. I St prp nr 58 for 1995-96 vart overføringa til Statens petroleumsforsikringsfond justert ut frå ei utrekna reell premieinnsparing for 1995 på kr 1 076 148 000. I ettertid har det synt seg at den korrekte premieinnsparinga for 1995 var kr 1 066 440 000. Ein gjer derfor framlegg om at differansen for 1995 på kr 9 708 000 blir justert ved å redusere løyvinga for 1997 tilsvarande. For 1996 vart premieinnsparinga for SDØE ved sjølvforsikring sett til 1 100 mill kroner. Det endelege premieoversynet for Statoil i 1996 viser at den reelle premieinnsparinga for SDØE ved sjølvforsikring i 1996, basert på premiesummar Statoil faktisk har betalt, er kr 770 948 000. Ein gjer derfor framlegg om at differansen for 1996 på kr 329 052 000 blir justert i 1997 ved å redusere løyvinga tilsvarande. Samstundes reduserer ein overslaget over premieinnsparing i 1997 fordi ein no ventar lågare premiar i forsikringsmarknaden. På grunn av dei omtalte endringane gjer ein framlegg om at denne posten samla blir redusert til 600 mill kroner i 1997, ein reduksjon på 600 mill kroner i høve til det vedtekne budsjettet.

Ovannemnde endringar fører samla sett til at SDØEs kontantstraum aukar med 400 mill kroner, frå 33 500 til 33 900 mill kroner. Dette gir isolert sett ein tilsvarande auke i overføringa til Statens petroleumsfond, jf kap 2800, post 50 Overføring til fondet.

Kap 4810 Oljedirektoratet

Post 03 Refusjon av kontrollutgifter

Posten omfattar refusjon frå rettshavarane for utgifter Oljedirektoratet (OD) har hatt i samband med tryggings- og måleteknisk tilsyn med petroleumsverksemda. Desse inntektene er som tidlegare nemnt vanskelege å fastsetje, og OD har først i slutten av februar fått endeleg oversyn over planane for 1997.

Refusjonsinntektene er venta å auke til om lag 58 mill kroner i 1997, ein auke på 7,3 mill kroner i høve til det vedtekne budsjettet. Meirinntektene heng saman med ei prisjustering av gebyrsatsane, etterslep i innbetalingane frå rettshavarane for 1996 og auka aktivitet i 1997, særleg på tryggingssida.

OD har gått ut frå at det kan gjennomførast ein prisauke på 7,1 pst. frå 1.7.1997. Dei nye satsane er baserte på justering i samsvar med endringane i konsumprisindeksen for perioden 1993-96. Ved innføring av nye satsar frå 1.7.97 blir OD tilført ei meirinntekt på om lag 1,5 mill kroner i 1997. Vidare hadde OD om lag 2 mill kroner i fakturerte refusjonskrav for 1996, som ikkje vart inntektsførte før i 1997. OD reknar vidare med at auka aktivitet på tilsynssida vil gi ei meirinntekt på om lag 3,8 mill kroner.

Inntektsløyvinga under kap 4810 Oljedirektoratet, post 03 Refusjon av kontrollutgifter, blir på dette grunnlaget tilrådd auka med 7,3 mill kroner, frå 50,7 til 58 mill kroner, på statsbudsjettet for 1997.

Kap 4829 Konsesjonsavgiftsfondet

Post 01 Overføring frå fondet

Ein viser til omtale under kap 1820, ny post 61 om kompensasjon til kommunane Trysil og Engerdal for tapt fiske i Trysilelva, som følgje av ei vasskraftutbygging på svensk side av elva. Utbetalinga blir tilrådd dekt ved uttak av midlar frå Konsesjonsavgiftsfondet. Ein gjer derfor framlegg om å auke overføringa frå fondet med 7 mill kroner, frå 99,5 til 106,5 mill kroner, i 1997.

Kap 4860 Statnett SF

Post 80 Inntekter frå oppgjersordninga for utanlandshandelen med kraft

I St prp nr 1 for 1996-97 vart det budsjettert med 35 mill kroner knytte til inntektsordninga frå oppgjersordninga for utanlandshandelen med kraft. Inntektsgrunnlaget i ordninga omfattar prioritetsavgifter og prisskilnader knytte til kortsiktig utveksling med Sverige, Finland og Russland. Med den organiseringa av utanlandshandelen med kraft Noreg har i dag, omfattar inntektsgrunnlaget prioritetsavgifter frå bilaterale avtalar med prioritet i overføringssambandet og Statnett SFs del av inntektene som skriv seg frå innskrenkingar i overføringane (flaskehalsinntekter) mellom Noreg og Sverige.

Som følgje av meir frekvente innskrenkingar i overføringssambandet mellom Noreg og Sverige vart inntektsoverslaget monaleg høgre enn det som låg til grunn i St prp nr 1 for 1996-97. Årsresultatet til Statnett SF for 1996 syner at dei faktiske inntektene knytte til ordninga er på om lag 101,5 mill kroner. Ein gjer derfor framlegg om å auke løyvinga under kap 4860, post 80, med 66,5 mill kroner, frå 35 til 101,5 mill kroner.

Post 90 Avdrag

Stortinget har gitt samtykke til at departementet gjennomfører eit sluttoppgjer med Statnett SF for å dekkje det akkumulerte underskotet i oppgjersordninga for utanlandshandelen med kraft, jf St prp nr 37 og Innst. S. nr. 162 for 1994-95. Sluttoppgjeret med Statnett SF vart gjort i 1996. Samstundes nedbetalte Statnett SF den statlege gjelda si med ein sum tilsvarande det akkumulerte underskotet i oppgjersordninga, jf St prp nr 1 for 1995-96. Statnett SF valde å la avdraget på 400,2 mill kroner i serielånet, med forfall 15. desember 1997, gå mot sluttoppgjeret. Verknaden av dette vart ikkje innarbeidd i overslaget for avdrag i 1997 i St prp nr 1 for 1996-97.

Ein gjer derfor framlegg om å setje ned løyvinga under kap 4860, post 90, med 400,2 mill kroner til null. Løyvingsframlegget fører ikkje til endring i budsjetterte renteinntekter for 1997 under kap 5608 Renter av lån til statsforetak under Olje- og energidepartementet, post 80 Statnett SF.